Veteranen på Volda Eigentleg skulle Arvid Mundal bli veterinær, men etter 31 år ved Volda vidaregåande skule har han ikkje angra eit sekund på at det var lærar han blei. Eg sit på lærarkontoret og ventar. Rundt meg sit lærarar. Dei ler. Snakkar om lærarting. Eg har venta i 5 minutt no. Avtala eit par dagar i førevegen at eg skulle intervjue han. Han virka ikkje heilt overbevist. Hadde ikkje høyrt om skuleavisa før. Likevel sa han ja. Så kjem han. Opnar opp døra til eit møterom, og nikkar meg inn. Ikkje noko smil, ikkje noko ord. Berre nikkar meg inn. Eg går inn. Han lukkar døra. Vi set oss ned. Eg tek fram opptakaren min, og vi er i gang. Kjernefysikar ’Kvifor valde du yrket lærar?’ spør eg han. ’Det var eigentleg ganske tilfeldig’. Sogn-dialekta som kjenneteiknar Arvid Mundal er framleis i god behald. ’Eg hadde først tenkt å bli veterinær, men så kom eg ikkje inn på veterinærskulen.’ Han ser i bordet, men held fram; ’eg tenkte for meg sjølv at eg måtte jo ta meg til med noko. Så eg byrja på universitetet i Oslo. Eg tenkte at det berre skulle bli eit år eller noko slikt. Men så heldt eg fram med studiane, og dreiv på med det i sju år.’ Han tar ei pause. ’Og då var eg utdanna kjernefysikar.’ Han ser så tjomslig ut, Arvid. Minner meg mest om ein bestefar. Men eg har sjølv hatt han som lærar, og veit godt at det lune ytre kan lure dei fleste. ‘Det var snakk om at dei skulle bygge kjernekraftverk i Noreg på 70-talet, men det blei det ingenting av. Difor var det lite å hente når det gjaldt arbeid. Då søkte eg
8
.
meg inn i skuleverket i 1975, og har vore der sidan.’ Han smiler. 34 år i skuleverket er ikkje dårleg. Og angrar, det gjer han vertfall ikkje: ’Eg tykkjer det har vore interessant å jobbe med ungdommen. Det har vore interessant å vere lærar, sjølv om eg tenkte at eg aldri skulle bli det. Så.. Sånn har det gått.’ 31 år Som veteran ved Volda vidareg-
åande skule, er det mange som veit kven Arvid Mundal er. Han er den læraren som har vore (eventuelt heldt ut) lengst på skulen. Han underviser i matematikk, geografi og fysikk. ’Eg har ikkje kvidd meg til ein einaste skuledag. Eg har i grunnen likt meg veldig godt på denne arbeidsplassen her. Og det viser igjen, eg har jo vore her så lenge. Heilt sidan 1978, og no er det 2009.’ Matematikklæraren må grave fram litt av