Didrik, Bibelen og SIDE 4
Som ung var Ragnar Didrik, alias Didrik, ein urnerd. No er det verste han veit å rette prøver og stilar.
Vi set oss inn på møteromet, eg og han. Blå genser og ei heilt ordinær dongeribukse. Ser så avslappa ut, Ragnar Didrik. Med seg har han ein kaffikopp fylt til randa, og ser på meg med eit smil. ”Skal vi byrje?” Visst skal vi det. Tilfeldigheiter Ragnar Didrik, eller Didrik som han er mest kjend som, hadde eigentleg ikkje tenkt til å bli lærar. ”Litt tilfeldigheiter. Læraryrket har vore eit aktuelt yrke i familien min. Mor mi har vore lærar, i tillegg til fleire andre personar i familien.” Han sukkar. Ser på kaffikoppen. ”Eg har alltid vore interessert i ting som har med bøker å gjere. Og.. Ja. Eg var med mor mi på skulen når eg var liten og sånt. Det var liksom aktuelt for meg.” Han stirar på kaffikoppen. ”Eg hadde eigentleg bestemt meg for å ikkje bli lærar. Men så er det jo slik at viss ein kjem ut i høgskulesystemet og ikkje har ein plan, så er det veldig fort det er lærar ein blir.” Han klarar ikkje halde seg lenger. Tek tak i kaffikoppen og lempar innpå med det brune innhaldet. ”Ja, slik blei det.” Eg ser på han. ”Kvar tok du utdanninga di?” Han fiklar med hanken på kaffikoppen. ”Nei, eg har jo gått på skule her. Gjekk på gymnaset i Volda i si tid. Har faktisk også gått eit år på yrkesskule. Det var litt sånn.. Kom ikkje inn på det eg eigentleg ville. Og så var eg et år i Molde.” Han ser i veggen. ”Resten har eg stort sett frå høgskulen her i Volda.” Ungdomsskulen då? ”Ja, eg gjekk på ungdomsskule i Austefjorden. Der eg kjem i frå. Det var ein hyggeleg plass å vekse opp. Trygt og godt. Stort sett.” Film og musikk Han skiftar stilling i stolen. Legg hendene i kors. ”Familie? Barn?”
spør eg han. ”Jess. Eg har sambuar, og to søner på snart sju og elleve år. Nei. Snart sju og tolv år.” Det kjem fram eit smil. Ser på kaffien. Handa nærmar seg koppen, men han trekk den tilbake. ”Hobbyar då?” Han ombestemmer seg. Tek tak i koppen. Heller inn litt koffein. Set koppen tilbake på bordet. Dreg litt på spørsmålet før han svarer: ”Eg er veldig interessert i film og musikk, og sånt. Prøver å få med meg det viktigaste. Og.. Det er vel der næraste eg kjem ein hobby. Elles så jobbar eg, då.” Ragnar Didrik underviser i norsk, samfunnsfag og historie. Og nøgd med at han enda opp på Volda vidaregåande, det er han: ”Ja, eg har valt å gå her sjølv. Eg var lærar på Ørsta vidaregåande i ti år, men søkte meg hit. Og eg
er nøgd med at det blei slik.” Dårleg tid Han nippar til kaffikoppen. Igjen. Ser på meg. Set kaffien tilbake på bordet i det eg spør han kva han gjer på fritida. ”Eg prøver å ta meg av barna mine,” seier han og smiler lurt, ”og så går det med ein del tid til hobbyane mine, som er film og musikk og sånt. Høyrer ein del på musikk, og så prøver eg å sjå mest mogleg film. Helst på kino, og sånt. Så prøver eg å få lest litt, men eg les alt for lite med tanke på at eg er norsklærar. Norsklærarar har dårleg tid.” Men kva tykkjer eigentleg Ragnar Didrik om elevane sine? ”Elevane her på skulen er stort sett veldig hyggelege, veldig sosiale, og eg har fått eit inntrykk av at alle elevane her på skulen likar seg