18
Regionavisa
Onsdag 6. februar 2013
MUSIKAL: I fjor var musikalen frå Volda VGS basert på ”Fame”. FOTO:RANDI NORDNES
KLARE: Pernille K. Egset, Markus S. Haddal og Trygve U. Solstad utgjer nokre av hovudrollene i år. FOTO: PÅL PAULSEN
MANUS-DEBUT: Musikklærar ved Volda VGS, Gunnar Sigve Aurdal (33) står bak manuset til musikalen ”Kingdom of Desire” som har premiere 13. februar. Dei siste to åra har Gunnar nytta store delar av fritida si til å lytte til TOTO og skrive manus. FOTO: ROGER OLDEIDE
Musikalfeber i Volda – Det har til tider vore altoppslukande, seier musikklæraren Gunnar Sigve Aurdal (33) som har brukt to år på å skrive manuset til musikalen. 13. februar er det premiere for Volda vidaregåande skule (Volda VGS) sin eigen musikal "Kingdom of Desire" i Ørsta kulturhus. Elevane ved linjene Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon ved Volda VGS samarbeidar om musikalen som over tre framsyningar er venta å trekke nærare 1000 publikummarar til Ørsta kulturhus. Over 100 elevar har sidan nyttår øvd intensivt på den snaut to timar lange musikalen, men for manusforfattaren begynte arbeidet for heile to år sidan;
– Det har vore spanande. Det er første gong eg skriv eit manus, så det har teke si tid, men musikalen tek form og eg trur det blir ein svært god musikal. Eg har ikkje hatt tid å kjenne på nervane enno, men dei kjem nok før premieren, seier musikklæraren Gunnar Sigve Aurdal som står bak manuset.
TOTO Årets musikal delar namn med TOTO-albumet "Kingdom of Desire" frå 1992 og det er på ingen måte vilkårleg. Musikalen er nemlig basert på det amerikanske bandet sin musikk og songtekstane er bakteppet for manuset; – Under arbeidet med manuset har eg høyrt enormt mykje på TOTO, det er nesten som eg kan høyre dei spele i søvne, fortel Gunnar som ikkje har teke lett på oppgåva; – Eg har lagt ned mykje arbeid
i dette, men eg har også fått ein del nyttige tips frå dramalærar og regissør Bente-Elin Johnsen i prosessen. Det har blitt ein del forandringar undervegs, men eg har heile tida forsøkt å vere tru mot detaljane i TOTO sine tekstar. Eg trur musikalen kan ha ein god appell til det vaksne publikumet og spesielt for dei som kjenner til TOTO, fortel Gunnar.
Stor produksjon Referansane til TOTO-songane er mange; "Hydra", "Africa" og "Roseanna" og disse er sentrale namn i musikalen. Sjølve handlinga går føre seg i Sør-Afrika og New York frå seint på 80-talet fram til i dag. Ein mann med suksess i forretningslivet må etter kvart velje mellom si rolle i Hydra-konsernet og sin eigen familie. – Tidsklemma kan vel seiast å vere eit sentralt tema, seier Gunnar.
SHOW: Ved sidan av skulearbeidet har elevane øvd intensivt på musikalen sidan nyttår. FOTO: PÅL PAULSEN
Han har god kjennskap til skulen sin musikal. Sjølv debuterte Gunnar i musikalen første gong den vart arrangert i 1995. Mykje har skjedd med skulen sitt årvisse musikalprosjekt sidan då; – Musikalen er blitt meir profesjonell for kvart år og det har etter kvart blitt ein stor produksjon. Vi nyttar profesjonelle lyd- og lysfolk og arrangerer på ei skikkeleg scene i Ørsta kulturhus, påpeikar han. Musikalen er også i år sponsa av lokalt næringsliv.
For fulle hus – Musikalen gir dessutan elevane ei unik sceneerfaring ved å opptre framfor eit såpass stort publikum. For nokre av elevane blir dette noko å sjå tilbake på med glede, for andre fungerer det som eit springbrett, forklarer Gunnar som legg til at musikalen bruker å gå for fulle
hus ved alle framsyningar. For hans eigen del ligg betalinga i det å sjå si eiga tekst manifestere seg på scena. – Elevane er veldig flinke og har fått eit visst spelerom til å tolke karakterane sine. Det er veldig kjekt å sjå at ein tanke eller ein ide i manuset spirer og bli til ein levande musikal på scena, forklarar han. – Vi er i rute med musikalen, no er det berre for publikum å sikre seg billettar. Det er verdspremiere 13. februar, smiler han. TEKST: ROGER OLDEIDE
Tid: 13. februar (To framsyningar torsdag 14. februar) Stad: Ørsta Kulturhus
ØVING: Kordirigent Siv Aurdal instruerar elevane. Over 100 elevar og 15 lærarar tek del i årets musikal. FOTO: BENEDIKTE KRØVEL