Valdeleg og vond barndom For dei fleste er barndommen noko godt å tenkte tilbake til, men for Gunn Toril Hakaas (58), er det nesten bare vonde minner. Etter ca 30 minutt leiting finn vi og nokon bilete frå barndommen hennar, og minnene begynner og strøyme på som om alt skjedde i går. Tekst: Edel Susann Bjørkedal Korleis var det å bu på barneheim? Det var heilt grusomt. Sunnmøre barneheim, eller Sunnmørs heimen som det heiter no, var ein forferdeleg oppleving for meg og søskena mine dei tre første åra, derfor har vi og alle dei andre som budde på barneheimen den tida endeleg bestemt oss for og gå til sak mot barnevernet, for eit barn skal ikkje måtte trenge og ha det så vondt i den tida som liksom skal vere den beste. Vi fekk mykje juling, vart stengde inne på badet i kjellaren for den minste ting, f.eks. Så var det ein liten gut som fann ein streng som han laga ein sirkel av, der etter gjekk han inn på kjøkkenet og tok litt zalo så han kunne blåse bobbler. Det var grunn god nokk til at vi fekk juling og vart kasta inn på badet i kjellaren der det var heilt mørt, kun eit vindauge, og mus i veggane. I tilleg måtte vi arbeide mykje frå tidleg morgen til seint kveld, alle frå 3-4 år og oppover måtte jobbe hardt. Gunn Toril tek eine handa opp mot andletet for å tørke bort nokon tårer som har begynt å renne frå augo. Det er eigentleg heilt forferdeleg å snakke om dette her, seier ho med skjerande røyst og tørker bort fleire tårer. Gåver og klede, korleis var det med slike ting? Kvar gong vi fekk gåver frå familien vår, så tok dei som jobba på barneheimen det vi fekk og enten gøymte det eller gav det til sine eigne ungar. Kleda som vi hadde såg ut som om dei var minst 200 år gamle, kanskje og overdrive litt, men når eg seier at dei såg heilt forferdelege ut, så tullar eg ikkje litt eingong. Dårleg behandling og fryktelege bestyrarar Etter skulen fekk vi ikkje lov til å verken ha med oss venner heim eller noko sånt, vi fekk heller ikkje lov til å vere ute å leike med vennane vore på sommaren, kun arbeide heile tida og tidleg i seng uansett ferie eller ikkje.
Her er Gunn Toril Hakaas saman med søskena sine og feirar jul.
og tisse seg ut. Når ho gjorde det, fekk ho juling av bestyrerinda. Derfor, kvar gong ho tissa seg ut, tok vi av lakenet og alt og gøymde det vekk før styrerinda kom slik at ho ikkje fekk juling. Gunn Toril ristar på hovudet og pustar tungt ut når ho forteljar dette, mens ho førebuar seg på og fortelje noko av det verste som skjedde på barneheimen. Det er spesielt ein kveld eg aldri kjem til og gløyme og som har plaga meg gjennom heile livet. Ein av bestyrarane kom ein kveld inn på soverommet til meg og nokon andre som budde på barneheimen og begynte og beføle oss på dei mest intime plassane til eit menneske, stappa fingrane opp i, ja eg skal ikkje gå alt for mykje inn i detaljar, men du forstår kva eg meiner. Han brukte og å vere med oss ned på badestranda, og mens vi badet sat han på ein stor stein ved strand kanten og onanerte mens han såg på oss. Han brukte og å take av oss kleda og seie : « Nei sjå! Dei har begynt og få kjønnshår!» Det var rett og slett heilt forferdeleg. Seier Gunn og tørkar vekk ei tåre frå auge kroken mens eg stryk henne på ryggen for og gi henne litt komfort.
Eg er ganske bitter no på grunn av at då vi prøvde og fortelje om det som skjedde så trudde ikkje dei som jobba i kommuna eller politiet på oss. Det er faktisk ein mann som no jobbar i Der var ei lita jente på 3-4 år så brukte kommuna som tvang meg og ein annan
gut som er litt yngre til og onanere han. Det var heilt forferdeleg. Eg er brennsikker på at det fortsatt skjer slike ting den dag i dag. Etter alt som skjedde med meg og dei andre, har eg ikkje tiltru til verken kommuna, politiet, eller barnevernet, og eg vert veldig lett mistenksom på folk. Ny bestyrar, betre behandling I 1965 fekk vi heldigvis ei ny og betre styrarinde, og då vart alt saman mykje betre. Denne styrerinda var med oss ut og leikte på sommaren, ja ho akte til og med saman med oss på vinteren. Før i tida fekk vi ikkje eingong dra heim i ferien, men etter ho nye kom, så fekk vi vere mykje oftare heime saman med familien vår, feire jul og slike ting. Eg fekk til og med vere med far min på ferga nokon turar fram og tilbake, sidan han jobba der. Seier Gunn Toril og smiler mens ho visar meg bilete av far sin på båten, der han stend med ein gamal heimestrikka ullgenser og sigarett i eine handa på eit svart kvitt bilete. Eg hugsar og ein gong eg og søskena mine tok ein gammal stasjonsvogn trur eg det var og køyrde den ned til kanten på kaien, og der stod den og vinglet fram og tilbake. Heldigvis så datt den ikkje ut i vatnet, hadde den gjort det hadde far min vorte ganske så sur trur eg. Flirar ho høgt og slår handa svakt på låre. Sølv om Gunn Toril og søskena budde på barneheim så hadde dei ein far. grunnen til
at dei måtte bu på barneheimen var på grun av at moren til Gunn Toril døyde då ho var lita jente, og sidan faren måtte jobbe, så kunne han ikkje passe på ungane åleine og valgte då å sende ungane på heimen. Vi hadde ein gammal stygg utedo på barneheimen heilt fram til 1965, sidan dei gamle leiarane ikkje hadde tatt seg råd til og lage eit skikkeleg toalett. Då den nye leiaren kom, så gjekk eg og kanskje fem eller seks bort til den gamle utedoen og knuste den til pinneved. Då vi gjorde det jubla den nye leiaren; «No får vi endeleg eit skikkeleg toalett!» Det var utruleg kjekt og rive ned den gamle rønna hugsar eg. Seier ho og ler høgt. Største lukka og gleda Det er fleire gongar eg har tenkt på og berre gi opp livet mitt, men så har eg slått frå meg den tanken når eg tenkjer på alle barna og barnebarna mine. Dei betyr alt for meg og er min største skatt, det er dei som har haldt meg oppe gjennom alle desse vonde åra. Blant anna du er min største skatt, sidan du er født nøyaktig på dagen 37 år etter at mor mi døde, eg har liksom fått noko godt igjen ut av det. Her er litt av staben som jobbet på barneheimen der Gunn Toril budde saman med søskena sine. Seier Gunn Toril og smiler med tårer i augene før ho gir meg ein stor klem. Skulle gå til sak mot barneheimen Gunn Toril, søskena og fleire av dei som budde på barneheimen skulle eigentleg gå til sak mot barneheimen, men sidan dei ikkje kom nokon veg så har dei no valgt å gi opp. Saka har tatt alt for mykje på oss, og vi er slitne etter å ha prøvd og bevise det for komuna i long tid, seier Gunn Toril og sukkar. Vi har difor valgt å avslutte saka og heller berre prøve å leve livet mest mogleg normalt her etter. Ei slik hending som dette som vi opplevde på barneheimen er ikkje lett å gløyme, men vi har ikkje noko anna valg enn å prøve å gløyme det. Fortid er fortid, og det er ikkje noko ein kan gjere med det.
Gunn Toril og ein liten gut ute i snøven og leikar seg.