Ørsta avisa

Page 1

ØRSTA

SIDE 10–11

SIDE 8–9

SIDE 2-3

– hjartet av Sunnmørsalpane TORSDAG 23. juni 2016


2 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

Gågate på offensiven Ørsta sentrum si flotte gågate bognar av både blomster og butikkar.

Framover sommaren skal det vere mange og spennande aktivitetar i gata. I tillegg er gata i ferd med å verte fullteikna i alle lokalitetar. Det er framoverlente og offensive næringsdrivande som ønskjer velkomen til sommarhandel i gågata i Ørsta. Gata står fram innbydande og vakker, og ønskjer innbyggarar og besøkande velkomne til bygda.

Møteplass

Næringssjefen i Ørsta, Odd Mag-

ne Vinjevoll, er glad for at gågata i Ørsta blomstrar. Kontrastane til Amfisenteret eit steinkast mot sjøen er store, men gode og spanande med tanke på tilbodet til kundane i Ørsta sentrum.

Særpreg

– I gågata er det små spesialbutikkar med særpreg. Det er eit glimrande krydder på handleturen i supplement til det store kjøpesenteret med kjedebutikkar på Amfi. Fleire og fleire som besøker bygda vår oppdagar det

fantastiske miljøet i gågata, seier ein entusiastisk næringssjef til Møre-Nytt. Han rosar dei næringsdrivande i gågata som kjem opp med kreative og oppfinnsame idear om vidare utvikling. – Ein av dei største utfordringane no er å få på plass soneparkering, som gjer at kundane finn parkeringsplassar i nærleiken til gågata. Dette er like rundt hjørnet, og då vil ein parkeringsplass vere i bruk i tre timar før ein må flytte på seg, påpeikar Vinjevoll.


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

Spennande: Gågata i Ørsta er ei perle med mange spennande butikkar. Butikkdrivrane oppmodar folk om å ta turen innom når dei er på handel i Ørsta.

Aktivitetar

I sommar vil det vere mange aktivitetar i gågata i Ørsta. Butikkane tek gjerne med seg litt av utvalet ut på gata, men det vil også vere underhaldning av ymse slag. I samband med Dei Nynorske Festspela vil det vere mykje kunst å sjå i gata. Då vil både lokale kunstnarar og barnehagane i kommunen presentere sine bidrag. I slutten av juli kjem «Europe In Town» tilbake

til Ørsta. Då vil gågata bogne av ost og spekemat frå heile Europa i tre hektiske sommardagar. I månadsskiftet juli/august er det Naturfestival i Ørsta og gågata vil vere ein naturleg møteplass for fleire arrangement. tillegg blir det korpsmusikk og mykje meir utover sommaren. Vinjevoll oppmodar også lag og organisasjonar i kommunen om å ta kontakt for å låne dei to salsbuene som gågata disponerer.

– Frå desse bode kan ein selje det meste for å få innbringande kroner til laget eller organisasjonen. Samstundes skaper det liv og røre i gågata, seier han.

MAGNE J. KRUMSVIK, MJK MEDIA

2016 3


4 torsdag 23. juni

2016 MĂ˜RE-NYTT

Største utval i herrekonfeksjon pü Sunnmøre

Mote for jenter og damer

Størst pü jeans

Spesialist pĂĽ fjellsport

Stort utval i skaljakker turbukser, lettdun, fjellsko og stegjarn

Dressar str. 40 – 70

Stort utval i

SKO

ryggsekkar

400 m2 med merkevarer – din faghandel – Vikegata (GĂĽgata) Ă˜rsta www.staurset.no tlf. 70 06 62 84

Bursdagsfeiring med knalltilbod Vi byr pĂĽ marsipankake og kaffi i butikken laurdag frĂĽ kl. 11

2for1 frĂĽ 195,-

10 ĂĽr i Ă˜rsta

Ope: 10 – 18 (16)

Glas alltid inkludert

  Â? Â? Â? Â? Â? Â? Â? Â?  ­ € ‚ Â

Vikegata 38, Ă˜rsta Tlf. 700 69 700 Bestill synsundersøking pĂĽ specsavers.no


MĂ˜RE-NYTT torsdag 23. juni

2016 5

Mykje ďŹ nt i badetøy i alle størrelsar. Du kan velge blant vĂĽre gode merker som: Freya, Fantasie, Marlie Deckers, Lise Charmel, Prima Donna, Marie Jo, Huit, Elomi ‌

Betre helse og fysisk form m med Bruset-modellen! Trening – kosthald – motivasjon – vektreduksjon Nytt kurs startar 31. august. Informasjon eller pümelding sendast til post@topptrening.no Meir informasjon pü www.topptrening.no/tilbod

TO PP TR EN ING .NO

Velkomen til oss i GĂĽgata

FASADEN frisør, parfymeri & undertøy Ă˜rsta Torg, 6150 Ă˜rsta, tlf. 70 06 79 12

sĹ? ĹšÄ‚ĆŒ

dhZ^<K Ć&#x;ĹŻ ĚĞĹ?ÍŠ

sommar Vi ynskjer alle ein god

Saman mot nye høgder

Dalevegen 6, 6153 Ă˜rsta e-post: postmottak@orsta.kommune.no Tlf. 70 04 97 00 Telefax: 70 04 97 11

orsta.kommune.no


6 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

2

3

– Det har vore e Rekkedal gjestehus har teke imot gjester i 20 år. – Det har vore eit

••

Marius Myklebust marius.myklebust@morenytt.no Det er stille på tunet når vi svingar inn ein onsdag føremiddag tidleg i juni, men inne er førebuingane i full gang. Til helga skal Bjarne og Margrethe Rekkedal vere vertar for 120 personar, det største enkeltselskapet dei nokon gong har teke imot. Garden på Rekkedal har historie tilbake til folkevandringstida (700 e.kr.), og har vore eigd av Bjarne sin familie sidan 1500-talet. Dei to er 19. generasjon på garden. Det seier seg med andre ord sjølv at det er mykje historie i veggane på Rekkedal gjestehus.

20 år

Bjarne og Margrethe flytta heim til Rekkedal i 1973, og dreiv mjølkeproduksjon på garden i mange år i tillegg til

jobbar utanom. Etter kvart starta dei også med utleige på garden og ut på 1990-talet kom ideen om å starte med servering i gamlestova, bygt i 1880. – Etter nokre år med hobbydrift måtte vi bestemme oss: Skal vi halde fram som slik, eller skal vi satse på dette for alvor? Vi bestemte oss for det siste, og avvikla gardsdrifta i år 2000, seier Bjarne Rekkedal. Grindløda som i dag står på tunet vart flytta frå Volda. – Det er vi veldig stolte av. Dette bygget er unikt, seier Bjarne og kikar på Bondalselva som fossar på andre sida av vindauget. Etter kvart vart løda for lita. Nyestova, med plass til 80 gjester, kom på plass. Det siste tilskotet er fjøsen, som har ein røffare stil. Det blir dermed drive servering i fire hus på tunet på Rekkedal. 20 år etter oppstarten, har

ryktet om dei mange store opplevingane på Rekkedal gjestehus spreidd seg i både innland og utland. Framleis er det Bjarne og Margrethe som driv, med god hjelp frå eit stort og flott serveringspersonale. Vertskapet lagar all maten sjølve, i godt samarbeid med familien. Det er opplevingar som er det sentrale på Rekkedal. – På veggen nede står det «der eit måltid er mykje meir enn å verte mett». Det prøver vi å leve opp til. Vi fortel historia om staden og let gjestane suge inn stemninga her før dei går til bords. Rekkedal gjestehus tek i dag imot rundt 5.000 gjester i året, fordelt på næringslivet, offentleg sektor og private selskap. – Det er eit tal vi er komfortable med. Vi har ikkje behov for å drive masseturisme.

Eldst: «Sengjabuda» er det eldste huset på tunet. Fagfolk har tidfesta det til først på 1600-talet. Huset har vorte flytta fleire gonger, og har alltid tilhøyrt garden. Lokalmat

Lokalmat står sentralt på Rekkedal. Bjarne og Margrethe vart inspirerte av det lokale fokuset i den italienske agrotu-

rismen. – Vi får spekemat frå Tind på Stranda, ost frå meieriet i Ørsta og kjøtet vårt kjem frå Johs. Jacobsen i Volda. Noko av ma-


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

1

4

2016 7

1: Bjarne og Margrethe Rekkedal har teke imot gjester på garden i Bondalen i 20 år. 2: Det var i gamlestova frå 1800-talet det heile starta. 3: I grindløda var det allereie gjort klart til helgas storinnrykk då Møre-Nytt var på besøk. 4: Bjarne og Margrethe utanfor gamlestova, eller Iverstova, frå 1870. Stova er restaurert, og fekk Godt vern-prisen i 2001.

Tunet: Gjestene blir ofte tekne imot på tunet når dei kjem til Rekkedal. Der får dei servert eit glas godt drikke, og får høyre historia om garden før dei set seg til bords. foto: privat

eit eventyr eventyr, seier Bjarne og Margrethe Rekkedal.

ten foredlar vi sjølve, men vi har også eit godt samarbeid med Toregarden på Vartdal. Vi får også plukke ut fisk i oppdrettsanlegget på Vartdal, som vi sender til Toregarden for tilarbeiding. I morgon får vi levert 40 sider med varmrøykt smålaks. Det er eit veldig godt døme på korleis vi ønskjer å drive. Og oppdrettslaksen held ein veldig god kvalitet.

har vi no også begynt å arrangere vin- og matcruise. Til neste år har vi leigt ein båt i Porto, som vi skal reise med på elvane innover landet. Vi driv ikkje reiseselskap, men vi formidlar reiser gjennom samarbeidet i Piemonte. Vi gjer dette for å auke tilbodet til gjestene våre, og tilby noko som har høg kvalitet og ein fornuftig pris.

Italiensk inspirasjon

Mykje av nøkkelen til suksessen ligg i dei gode vegsambanda Søre Sunnmøre har fått dei siste åra. – Vi brukar å seie at vi har ein timesirkel. Alle reiselivsundersøkingar viser at ein gjest er villig til å reise om lag ein time for å ha ei oppleving. Vi når om lag 120.000 menneske på éin time. Det er fordelt på Ålesund og omland, Sykklven, Stranda, Stryn, Ytre Søre, Ørsta og Volda. Eiksundsambandet har

Dei er likevel ikkje redde for å bli inspirerte av andre land på Rekkedal, og då er det først og fremst Italia det handlar om. Gjestehuset har eit tett samarbeid med vingarden Desderi i Piemonte, og importerer vinar direkte frå fleire italienske vingardar. Vinbøndene kjem til Bondalen jamleg, og det blir ofte arrangert vinturar til NordItalia. – Som om ikkje det var nok,

Timesirkelen

vore eit eventyr for oss. Du kan sette deg i bilen i Ulsteinvik og vere her på 45 minutt. Med blandinga av forskjellige typar gjester, har ikkje effekten av oljenedturen vore veldig stor for Rekkedal. – Familieselskap har mellom anna auka mykje i det siste. Det har også fjellturismen, både på sommar og vinter. Dei har gjerne gaida turar, og gaiden har lagt inn eit besøk til oss. Hjørundfjorden er i ferd med å få eit namn innanfor dette segmentet, men vi har lang veg å gå før vi er like kjende som til dømes Lyngsalpane. Vi kan tilby eit unikt spenn av opplevingar innanfor svært korte avstandar. Det er kort veg frå fjordar og fjell i Hjørundfjorden til kystlandskapet på øyane. Vi som driv med reiseliv samarbeider om å lage gode opplevingar gjennom Destinasjon Ålesund og Sunnmøre,

seier Bjarne Rekkedal. Han legg til at gjestehuset også har eit nært samarbeid med hotella. Rekkedal gjestehus har vanlegvis berre ope på bestilling, og krev eit visst tal på personar for å opne. I år blir det likevel også eit utvida bordbestillingstilbod. Første fredagen i august ber dei inn til grillkveld i fjøsen, og i haust er det tid for den årlege vinmakarmiddagen med to av vinbøndene frå Italia. I lag med vertskapet lagar dei ein sjuretters middag med italienske vinar. Råvarene er lokale, men laga til på italiensk vis. 20 år ut i livet til gjestehuset, er det med andre ord ikkje mangel på aktivitet på tunet på Rekkedal. – Denne reisa har vore eit eventyr, og slik satsar vi på at det skal halde fram, seier Bjarne og Margrethe Rekkedal.

Visjon: «Når eit måltid er mykje meir enn å verte mett», står det på veggen i kjellaren i grindløda. Det er visjonen dei lever etter på Rekkedal .


8 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

Elskar softis: Frå venstre Louise Ryste, Tore Sætre Hovden og Gerd-Elise Myklebust frå Ørsta. Foto Magne J. Krumsvik, MJK Media.

Regionen sin super-ki På Ose,i Ørsta, ligg regionen sin superkiosk på Ørsta Camping.

Frå heile søre Sunnmøre kjem det kundar for å handle mat og kioskvarer. Den store salsfavoritten er biffbaguett, men på flotte sommardagar går det over 100 liter softis ut frå luka til campingkiosken. I fjor vart Ørsta Camping kåra til årets handelsbedrift 2015 i Ørsta kommune. Ein stor del av æra for dette må delast mellom dei 16 tilsette. Kiosken på campinga har blitt ein svært populær arena, der pågangen frå svoltne kundar er stor. – Vi sel mykje gatekjøkkenmat, men den mest populære retten er biffbagetten, seier Anne Lise Ose til Møre-Nytt. Lokalavisa møter eit knippe av dei tilsette ein varm og fin sommardag, like før kiosken opnar

dørene. – Det kjem kundar frå heile søre Sunnmøre for å kjøpe denne svært populære bagetten, smiler Ose. Saman med dei andre tilsette har ho fått god trening i å lage det avlange brødet krydra med biffkjøt, salat, dressing og ost på toppen. – Rett og slett nydeleg god, samstemmer dei tilsette på Ørsta Camping.

100 liter softis

Det er også mange andre rettar som er populære hos kundane til kiosken. Ikkje minst hamburgarar i alle variantar. Likevel, softis er midt i blinken på varme sommardagar. – Vi har faktisk selt over 100 liter med softis fleire dagar no i

juni, seier Marthe Kile Takseth. Ho viser til at det er mange typar strø å velje mellom, og at den mest populære er syrleg jordbær. – Så lenge sola er oppe og varmar sel vi mest softis. Deretter er det mest mat som vert laga, seier ho.

Telefonbestilling

Sidan pågangen ved campingkiosken er så stor, er det mange som ringer til kiosken for å bestille varer. På den måten er måten slepp ein å stå i kø for å bestille, men dei tilsette påpeikar at det er kundane som står i kø som er førsteprioritet. – Vi må prioritere å ta oss av kundane som kjem til campinga for å bestille. Likevel prøver


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

2016 9

Trivsel: Tilsette ved Ørsta Camping og den svært populære campingkiosken. Frå venstre, Anna Emilie Melle, Julianne Ose Flø, Daniel Orlando Aarsheim, Marthe Kile Takseth, Veronica Hafezi og Anne Lise Ose. Foto Magne J. Krumsvik, MJK Media.

Nam-nam: Daniel Orlando Aarsheim klar for å servere den ettertrakta Biffbaguetten på Ørsta Camping. Foto Magne J. Krumsvik, MJK Media.

iosk vi å gjere så godt vi kan, og også ta oss av dei som ringer oss, understrekar Julianne Ose Flø. Ho er dotter til eigar Vivian Ose Flø, og kan fortelje om nyoppussa kiosklokale med gode sitjeplassar både inne og ute. – I fjor var campingkiosken 30 år, så det vart total oppgradering. Dette er kjekt for både oss som jobbar her og for kundane, påpeikar ho.

Godt arbeidsmiljø

Daniel Orlando Aarsheim er ein av to menn som jobbar på Ørsta Camping. Saman med kollega Veronica Hafezi framhevar han det gode arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. – Det er hardt arbeid, men vi har det veldig fint på jobb. Vi er

stort sett 3–4 på jobb kvar dag, men i helgane aukar dette til seks tilsette. Vi har kunden i fokus, og vi har svært mange blide og hyggelege kundar som stikk innom, seier dei. Femkløveret på Ørsta Camping vil nytte høvet til å ønskje alle kundar ein riktig god sommar. Leiinga og dei tilsette er audmjuke i forhold til den store kundemassen dei opplever, og presiserer at alle kundar er like viktige.

MAGNE J. KRUMSVIK, MJK MEDIA

Is: Marthe Kile Takseth serverer softis til ein kunde på Ørsta Camping. Foto Magne J. Krumsvik, MJK Media.


10 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

Nynorsk: Aasen-tunet i Ørsta er verd eit besøk.

Fjell: Saksa ved Urke har fått ei oppblomstring etter at det vart laga flott stig til toppen i fjor. Foto: Unni Lise Dahl.

Idyll: Romedalen i Ørsta er ei perle med vakker og vill natur.

Frå fjord til fjell i Ørsta

Ørsta kommune er eit fargerikt møte mellom fjord og fjell.

kjøpesenteret Amfi i Ørsta sentrum. Lokalet som er lokalisert vis a vis Narvesen, fungerer også som turistkontor.

Romedalen Frå frodige dalar og irrgrøne lier til dei høgste tindar med kvite brear. Men alt treng ikkje vere ekstremt for ei god oppleving. – Mange spør meg om fotturar i kommunen. Det er ulikt kva folk er ute etter. Det er slett ikkje alle som søkjer dei mest spektakulære toppturane, men meir enkle og overkommelige turar. Gjerne for familier, seier Siri Dahl, dagleg leiar i Ørsta Reiselivslag. Dahl og reiselivslaget går mot den første sommaren i sine nye lokaler på

– Turistar og andre som stikk innom det nye lokalet til reiselivslaget spør sjeldan eller aldri om ekstremturar til Sunnmørsalpane. Dei aller fleste finn flotte turopplevingar i kommunen, sjølv om det ikkje er ekstremt. Romedalen er ein slik typisk bortovertur, påpeikar Dahl. Ho fortel at Romedalen går om lag åtte kilometer mot nord frå garden Årsæter i Follestaddalen. Dalbotnen er flat. På båe sider er det høge alpine fjell, slik som Kolåstinden og Romedalstinden på austsida. På vestsida finn ein toppane

Kjerringa, Sveddalstinden og Høgehornet. – Det er fleire overgangar til andre fjelldalar. Romedalsskaret mot aust fører til Lisjekoppen i Ytre-Standal. Steinstøylskaret mot aust til Molladalen. Barstadskaret mot nord til Barstaddalen. Skjerva mot nordvest til Nordre Vartdal. Ørstaskaret mot vest til Langedalen, forklarar ho. Dahl viser til at Romedalen er ein gamal seterdal. – Her ligg setrane, Årsætersetra, Kubbestøylen, Moastøylen, Romedalsstøylen og Steinstøylen. Det vert ikkje drive seterdrift lenger. Sela tener no som fritidshus og dei vert i stor grad haldne ved like i gamal stil. Dalen vert beita av sauser og storfe, og kulturlandskapet


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

2016 11

Turistsjef: – Ørsta har eit rikt tilbod med stort mangfald for alle , seier turistsjef Siri Dahl.

Tun: Bakketunet på Bjørke er verd eit besøk. Tunet er drifta av Marita Bett Aakre som tek imot besøkande kvar helg..

vert på den måten i stor grad halde i hevd, påpeikar ho.

Saksa i Hjørundfjorden.

Den daglige leiaren i reiselivslaget har ikkje problem med å kome opp med flotte turalternativ. Ho er såleis redd for å ikkje nemne alle dei flotte tilboda, men erkjenner at det ikkje er plass til å få med alle i reportasjen. Såleis er dette berre eit lite utval at alt som finst av flotte alternativ i alpelandskapet Ørsta.

Turstig

Dahl blir likevel blank i auga når ho rosar arbeidet med å få til den flotte turstigen til Saksa i Hjørundfjorden. – I løpet av juni skal dei dyktige sherpane som har vore i

sving så langt, også legge til rette for nedre del av ruta, seier ho, og viser til at berre turen frå Urke til gapahuken er veldig populær. Dei som føler seg spreke kan naturlegvis ta turen heilt opp til Saksa. – Veldig mange var på Saksa i fjor haust. Dette er også ein tur ein kan kombinere med eit besøk på Kaihuset i Urke. Bygda har også sin eigen landhandel og campingplassen er rusta opp. Her finn ein nostalgiske hytter i gamal stil, seier Dahl, som legg til at bygda Urke verkelig har fått til mykje etter at Hurtigruta valde å legge faste turar innom den vakre fjorden. - No skin det verkeleg av bygda, understrekar ho.

Bjørke i Hjørundfjorden

Hjørundfjorden og Bjørke er også fantastiske turmål. Siri Dahl fortel at Bakketunet er det mest profilerte og kjente turmålet, som absolutt er eit besøk verdt. Ho viser imidlertid til at bygda i seg sjølv, med spennande arkitektur heilt tilbake til middelalderen, er ei stor perle. – Naustrekkjer, tingstova, landhandel med Jakobbuda, Postkjellaren, kvernhusa langs elva, klyngetunet på Finnes og gardstuna på Leira og Viddal. Dette er gardstun med eit spesielt klima som også har opna for vinproduksjon, smiler ho. Bjørke har også «Prillar-Guri». Den raude telefonkiosken er bolta fast med kjetting og store steinar. Historia fortel at

montørar frå Telenor hadde kome for å ta vekk kiosken på Bjørke, men hadde problem med å løyse den frå fundamentet. Montørane bestemte seg difor for å kome tilbake neste dag med kraftigare utstyr. «Telenor kom som ein lommetjuv for å ta kiosken utan å spørje, det vart oppdaga heilt tilfeldig.» Dette uttalte Ørstaordførar Nils Taklo om telefonkiosken “Prillar-Guri” på Bjørke 5. juni 1997. Bygdefolket samla seg til ein felles protest, og overskrifter over heile verda fortalde om kampesteinar, kjettingar, stoltheit og staheit. Vesle David besigra Goliat og den raude telefonkiosken står der endå. I tillegg er den no verna av Goliat og er blitt ein turistattraksjon.”

Aasentunet

På grensa mellom Ørsta og Volda finn ein eit nasjonalt senter som er mykje meir enn Dei Nynorske Festspela. – Aasentunet har eit rikt program for born. Mellom anna ein sti opp mot Høgetua, lydsti og bibliotek for aldersgruppa 3 til 10 år. Tunkatten Lurivar er også på plass, seier Dahl, som oppmodar familiar og andre om å ta seg ein tur til senteret. – Då kan ein gjerne kombinere besøket med ein tur i kafeen, som har mykje godt på menyen, seier Siri Dahl og viser til informative heimesider for tunet.

Festivalsommar

Der er naturleg nok festivalsommar, også i Ørsta. Både Trandal, Bjørke og Ørsta sentrum kan by på festivalar denne sommaren. Naturfestivalen er i regi av reiselivslaget. - I år går Naturfestivalen over to veker. Vi arrangerer mellom anna naturcamp i Romedalen, der ballansekunstnar Eskil Rønningsbakken kjem tilbake. På denne familiecampen set deltakarane opp telt inne i dalen. Det er mange tilrettelagte aktivitetar denne helga, der dei aller fleste er gratis å vere med på, seier Siri Dahl i Ørsta Reiselivslag. Ho kan også fortelje om Saudehornet rett opp, 14 dagar etterpå. Fram til dette tradisjonsrike motbakkeløpet frå fjord til fjell, skjer det noko i heile perioden i mellom. - Musikkfestivalen Sommarljom er i denne perioden, i tillegg til 50 ulike arrangement rundt om i kommunen. Her er alt frå toppturar til kulturvandringar og konsertar. Programmet har stor variasjon i aktivitetane, og det skal vere noko for einkvar smak, påpeikar Dahl. Naturfestivalen omfattar også nabokommunane med friluftsleikar på Sunnmøre.

MAGNE J. KRUMSVIK, MJK MEDIA


12 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

Jaktar lakselukka i Ørstaelva – Første gang ein laks bit på kroken er du biten av basillen.

••

Joachim Kroken Åsebø joachim@morenytt.no

På slutten av 60-talet og byrjinga på 70-talet hadde laksefisket i Ørstaelva si stordomstid. Eventyrlege fangstar, som det i dag er vanskeleg å førestille seg, vart drege i land, og det var trongt om plassen i elva. 14,5 tonn med fisk er den registrerte fangstrekord i Ørstaelva, og det skjedde i 1975. I desse åra vart det eit overfiske i elva, og det var ikkje avgrensingar. – Det var nesten utelukkande smålaks under tre kilo som vart fiska. I dag er det hovudsakleg fisk mellom 3–7 kilo som vert teke i Ørstaelva, seier Daniel Breivik og Kjell Jack Brautaset. Breivik er leiar i Ørsta Jeger og Fiskarforeining, og Brautaset sit i styret til Ørstavassdraget elveeigarlag.

Gode fangstar siste åra

Sidan fangstane byrja å bli registrert i 1967 har fangsttalet i Ørstaelva variert veldig. 1998 var eit svart år for elva med ein total fangst på 214 kilo, og det førte til at elva vart stengt året etterpå. I løpet av dei siste åra har det blitt fleire gode sesongar. Tre tonn med fisk vart teke ut av elva i 2015-sesongen, og den høgaste totalen i dei seinare åra var på 4,2 tonn. – Vi har von om at Ørstaelva kan stabilisere seg på eit rimeleg bra nivå. Det er mange forhold som kan påverke dei ulike årskulla, men vi jobbar for å klare å halde eit jamt bra nivå over tid, seier Breivik. Fylkesmannen i Møre og Romsdal set grensene for lak-

sefisket. – Tradisjonelt så har vi enno strengare reglar i Ørstaelva. Det er mange utfordringar knytt til m.a. villaksen. No handlar ikkje fisket lenger om matauk, og då tømmer vi heller ikkje elva. Kvoten i dag er to fiskar per dag, og ti fiskar pr. sesong. – Dette vert respektert av fiskarane.

Kultivering

På 60-talet vart Follestaddalselva retta ut for å leggje betre til rette for jordbruksareal. Elva var ein viktig gyteplass, men etter at den vart retta ut fekk elva mykje større fart enn når den slyngja seg nedover dalen. Dette gjorde at yngelen


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

1

2016 13

2

3

1. Sesongopning: Laksefisket i Ørstaelva hadde sesongopning 15. juni, og i år varer sesongen til 31. juli. Her frå Høgebrua. 4

2. Rekord: Rekordfangsten i Ørstaelva er det Oddbjørn og Knut Olav Melle som har på 17,55 kilo. Den fisken kom på land i 1992. 3. Rekruttering: Fiskedagen for barn og ungdom under Naturfestivalen er eit populært arrangement. I fjor fekk Simone Røbekk fisk på første kastet under fiskekonkurransen. 4. Von om god sesong: F.v. Daniel Breivik, Kjell Jack Brautaset og Sindre Moe.

vart tekne då isen losna om våren. – Det er hovudsakleg grunna Follestaddalselva at vi får drive med kunstig kultivering. I ein periode frå 1995 til 1999 fekk ikkje elveeigarane og fiskeforeininga drive med kultivering. – Då det var stopp vart det registrert mindre yngel og smolt i elva. Ørstavassdraget elveeigarlag og Ørsta Jeger og Fiskarforeining samarbeider om kultiveringsarbeidet. Klekkeriet er ved Ørsta ungdomsskule. Det er mykje frivillig innsats som vert lagt ned, både av dei som er rutinerte i faget og yngre krefter. – Vi ynskjer å bruke dei gode åra til å byggje opp stammen i

elva, og det vert gjort ein god og seriøs jobb her. Vi har stor tru på at det vi driv med er viktig for elva, og ein vesentleg faktor for å halde oppe bestanden.

Trekk til seg besøkjande

Stordomstida trekte til seg mange tilreisande fiskarar til Ørstaelva. Nokre av desse kjem framleis tilbake til elva når sesongen opnar i midten av juni, og det dukkar stadig opp nye andlet. I løpet av ein laksesesong er det hundrevis av laksefiskarar som prøver lukka i Ørstaelva. – Det er mykje folk som vi ikkje kjenner som kjem utabygds for å fiske i elva. I dag er profileringa enklare gjennom sosiale medium. Det skal ikkje meir til enn at ein fiskarar legg ut eit bilete av

ein god fangst, og då spreier ordet seg raskt.

Rekruttering

Utfordringa for dei lakseinteresserte er rekrutteringa. – Ungdomane har ikkje den same interessa i dag, og laksefisket må konkurrere med mange andre ting. Dei siste åra har Ørsta Jeger og Fiskarforeining arrangert fiskedag for barn og ungdom under Naturfestivalen, og det har vore ein suksess. – Fiskedagen står også på programmet i år, og datoen er 2. august. Det skal ikkje meir til enn at ein laks bit på kroken for første gang, og du er biten av basillen. Interessa for laksefisket i Ør-

staelva har dei siste åra fått seg ein oppsving, og det vonar både elveeigarane og fiskarforeininga skal halde fram. – Dette har med at vi har fått fleire god år, og er det fisk i elva så kjem og fleire fiskarar. At det stort sett er lett å få fiskekort i elva, til ein rimeleg pris, har mykje å bety. Årets første fiskedag i Ørstaelva gav totalt ein fangst på 22 fiskar, og det var mykje fin fisk som vart teken. Laksefisket er ope fram til og med 31. juli, og før den tid vonar fiskarane at det kjem litt meir vatn i elva og at laksen bit.

Ørstaelva •• Det har blitt registret fangsttal i Ørstaelva sidan 1967, og fangstrekorden i elva er på 14,5 tonn frå 1975 •• I fjor vart det fanga tre tonn med fisk, og det er von om at Ørstaelva kan stabilisere seg på eit bra nivå •• Rekordfangsten i Ørstaelva er 17,55 kilo frå 1992 •• Laksefisket er ope frå 15. juni fram til og med 31. juli


14 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

���� ��� ��� ���� ��� �� ���� �����

­ ��� ����� ����� ��� � �� ��� ��� ��� � � ����� ��� ������� ������� ���� ������� ����� ���� ������������� ����� ������

��� ����� ���������� � �� �� ������� ����� �� � ��� ��������

���

����� ���������� �� ����� ������ �������

��� ����� �� �� ����� � ���� ������ � � ���� ���� �� ����� ������� ������� ����

���

������ �� ���� �� ������� �� � �� � ���������� ������ ��� ��� ���� ���� ������� ������� ������

���


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

Christian Gaard 1. og 2. juli 2016

Chris Thomas King (US) Tony Dowler’s Hellhounds (UK) Thorbjørn Risager & The Black Tornado (DK) Adam Douglas (US/N) Spoonful of Blues (N) Christina Skjølberg (N) MK's Marvellous Medicine (N) Sykkylven storband (N) TightRope (N)

trandalblues.no Volda Bygg AS STANDAL KNUSEVERK AS SAND- OG GRUSTAK 6120 FOLKESTAD

E-post: post@standalknuseverk.no www.standalknuseverk.no

Urke Fiskeoppdrett

2016 15


16 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

Stamgjest: :Stig Bergmann er fast kunde hjå Lowcarberia. Han kjøper oftast brød, og tek seg i tillegg gjerne tid til ein kaffi og noko godt attåt medan han les i aviser.

Triveleg stemning: Lowcarberia er eit fargerikt innslag lengst vest i Vikegata i Ørsta. Knallgrøne bord og stolar og rosa blomsterpotter skapar triveleg stemning gågata.

Juicing: Heike Weise har nyleg invistert i juicemaskin, og ferskpressa juice viser seg å vere ein suksess. – Ein skikkeleg vitaminboost for livgivande energi, lovar Heike

Dagsfersk bakst: Fire dagar i veka tilbyr Heike Weise ferskt bakst frå det populære handverksbakeriet i Geiranger. N

Tysk alternativ i gågata

Med knallgrøne utemøblar og sjokkrosa blomsterpotter, har Heike Weise (37), som driv Lowcarberia sett sitt glade preg på Vikegata i Ørsta. Vareutvalet og konseptet er noko endra etter at Heike starta opp verksemda si for vel eit halvår sidan. Som namnet tilseier, fokuserte ho i starten hovudsakleg på lavkarbovarer. – På etterspurnad frå kundane, har eg etter kvart teke inn fleire andre produkt. Grunntanken er likevel den same, sunt, økologisk, og allergivenn-

leg. Eg har lenge hatt stor sans for økologisk mat, og har i fleire år prøvd å bruke mest mogleg av denne type produkt sjølv. Det er ikkje den store prisskilnaden lenger, slik det var i starten då det var få produsentar på marknaden. På Lowcarberia har eg mellom anna tatt inn ulikt snacks, musliblandingar og forskjellige typar te, fortel ho. Produkta er pakka i delikate og fargerike pakningar som passar midt i blinken til den friske og lette stilen Heike har lagt opp til. Lokalet er enkelt og minimalistisk innreidd, med sprelske fargar som blikkfang. I kafédelen er det fleire sitjegrupper, og du kan velje om du vil sitte ved langbord, lett henslengt på

puter i vindaugskarmen, med beina dinglande på barkrakkar, eller i sofaen framfor fjernsynet. Dei minste har fått eige leikebord. På veggane heng gamle Ørstabilete, på utlån frå fotograf Marta Lystad Johansen.

Ismaskin og juicing

Heike har nyleg investert i ismaskin og juicepresse. I staden for softis, har ho valt yoghurtis, ein meir feittfattig variant som viser seg å vere svært populær, og visstnok mist like god. – Issalet har tatt heilt av! Kundane vel sjølve mellom ulike toppringar. Eg kan òg lage milkshake og iskaffi av yoghurtisen, fortel ho. Ferskpressa


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

2016 17

Ferskt: Jorunn Hitland kjøper helst bakarvarene sine hjå Lowcarberia i Vikegata.

Noko som har slått godt an og gitt henne mange faste kundar.

juice viser seg også å vere ein suksess. Kva type frukt og grønsaker juicen skal lagast av, er opp til kunden sjølv å bestemme ut ifrå frå dagens utval. – Ein skikkeleg vitaminboost for livgivande energi, og fem om dagen i eit glas! forklarar Heike entusiastisk medan ho puttar bitar av eple, appelsin, sitron, gulrot og riven ingefær i juicemaskina. Smaken er fantastisk frisk, og ingefæren riv passeleg godt i halsen!

Småprodusentar

Bakarvarer frå Geiranger Bakeri har vore på menyen sidan starten. Dagsferske kvalitetsprodukt baka av mjøl frå Mylna. Eit produkt eg var bevisst på at eg ville ha med då eg starta opp. Eg har ulike brødsortar. Kva type varierer noko frå dag til

dag. Bestseljaren er nok ølbrødet. Det er det mange faste kundar som kjøper. I tillegg har eg søtbakst som kanelsnurrar og skulebollar, og horn og flaguettar, fortel Heike. I kjøledisken har ho glutenfrie kaker, salatar frå kollegaen Kaffikoppen i Volda, ramslaukprodukt frå Norddal, og saft og sylte frå Valldal Safteri. Heike har òg avtale med ein kjøtprodusent og eit meieri. Begge økologiske. Ho tek opp tingingar i butikken, og sender inn samla ordrar. – Då kan kundane sjølve bestemme kva og kor mykje dei vil ha, og etter avtale hente varene her på Lowcarberia, seier Heike.

Positiv aktivitet

Å drive næring i enden av gågata, kan ha sine utfordringar. Heike er likevel svært optimistisk, og opple-

Fast kunde: Ingebjørg Røyrhus Øyehaug er fast kunde, og har stor spesielt stor sans for ølbrødet frå Geiranger Bakeri.

ver at stadig fleire oppdagar verksemda hennar og får auga opp for vareutvalet ho tilbyr. Ho har mange faste kundar. Somme er innom fleire gongar i veka. Fleire av dei tilsette i bedriftene i bygga rundt, gjer seg òg ofte ein tur innom for å handle lunsj. Heike leverer i tillegg mat på bestilling. Gjere påsmurt, eller montert som Heike kallar det. Horn eller flaguettar med ulikt fyll. Ho marknadsførar seg aktivt på sosiale medium, og får god respons attende. Det hender òg både titt og ofte at ho slår til med eit godt tilbod, i alle fall om det er noko spesielt på gang i gata. -Aktivitet dreg folk. Det er heilt klart! På laurdagar som då det var luftkjølte Volkswagen stilt ut i gågata, eller liknande arrangement er det ofte mykje folk og god stemning. Det likar Heike, som opphavleg er

tysk og oppvaksen i millionbyen Berlin. -I Berlin er det å møtast på kafé langt vanlegare enn her. Spesielt har brunsj vorte svært populært. I somme delar av byen ligg det bruchkafèar side om side, og det er tett med folk og yrande liv til langt utover ettermiddagen, fortel ho. Heike har tidlegare erfaring frå servisbransjen, men innanfor kafékonseptet er ho heilt fersk. Ho stortrivast med arbeidet. Eit par ekstrahjelper trår til på spesielt folksame dagar. Elles er ho åleine om drifta. – Eg likar å vere i farta og ha mykje å gjere. God planlegging er viktig. Eg førebur alltid neste dag godt slik at eg er i forkant, fortel ho.

Beate Mork


18 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

Trandalblues: Trandalblues blir kalla Noregs vakraste bluesfestival.

Rett opp: Saudehornet rett opp er del av Naturfestivalen på Søre Sunnmøre.

Opnar: Dei nynorske festspela er først ut blant festivalane i Ørsta og Volda, og blir arrangert førstkomande helg. I fjor stod DDE på scena i Aasen-tunet i Hovdebygda.

Indiefjord: Stig Ulv spelte på Indiefjord i 2015.

Festivalar i heile sommar Sommartid er festivaltid i Ørsta og Volda. Både kultur og natur blir feira gjennom sommarmånadene. Det er tett mellom festivalar og arrangement gjennom alle sommarmånadane. Nokre arrangwement er allereie gjennomført, men komande helg blir sommaren sparka i gang for alvor i Ørsta og Volda, med Dei nynorske festspela. Helga etter følgjer Trandalblues i Hjørundfjord, og deretter går det slag i slag med Indiefjord på Bjørke, Naturfestivalen, Sommarljom og Vartdalsstranddagane, for å nemne

noko. Nokre av arrangementa i Ørsta og Volda, som til dømes Trandalblues, har lange tradisjonar, medan andre berre har vorte arrangert nokre få gonger før. Musikkinteresserte har spesielt mykje å glede seg til i sommar. Her blir musikk i svært mange sjangrar, frå blues, via indiepop og country, til klassisk feira gjennom heile den lyse årstida. Vi har gjort eit forsøk på å samle nokre av arrangementa på denne sida. I tillegg er det mange mindre arrangement i kommunane som også er verdt å ta turen til. e

Sommaren i Ørsta og Volda 23. til 26. juni: Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda.

29. juli til 31. juli: Sommartreff på Øye.

1. og 2. juli: Trandalblues på Trandal i Hjørundfjord.

6. august: Trivselshelg på Urke

9. til 11. juli: Indiefjord. Indiepopfestival på Bjørke i Hjørundfjord. 23. juli til 7. august: Naturfestivalen på Søre Sunnmøre. Saudehornet rett opp blir arrangert 6. august. 27. juli til 30. juli: Sommarljom i Ørsta sentrum.

12. til 14. august: Trandal countryfestival på Trandal i Hjørundfjord. 27. og 28. august: Vartdalsstranddagane 8. september til 10. september: Sunnmøre kammermusikkfestival


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

To veker med spennande sommaraktivitetar i Ørsta og på Sunnmøre 28. juli:

Program 23. juli:

24. juli:

25. juli: 26. juli:

Foto: Knut Hustad

27. juli:

Opning i Vikegata Første dag av Romedalscampen med m.a. tur til Bladet, matlagingskurs og familieaktivitetar som fisking og padling på campområdet. Andre dag av Romedalscampen med tur til Hallehornet og leikar og familieaktivitetar på campområdet. Opplevingar i Bakketunet Lurivarframsyning og songstund for born Topptur til Snøhornet Familietur til Vasstøylen Sky running Rundefjellet rundt Lurivarframsyning for born Tur til Kvamsedalsreset Barnebokstund Sommarljomkonsert i Bogafjøra

29. juli: 30. juli:

31. juli: 1. august: 2. august: 3. august: 4. august: 5. august: 6. august:

7. august:

Oppdatert program:

naturfestivalen.no

Lurivarframsyning og bokkafé Trimtur til Tua på Hustadneset Sommarljomkveld Topptur til Blåtindane Lurivarframsyning Sommarljomkveld Korpskonsert i Vikegata Musikkverkstad for born i Vikegata Sykkeltur rundt Dalsfjorden Sommarljomkveld Opplevingar i Bakketunet Maritim dag på Vartdal med MS Hindholmen Blomevandring Songstund for born Trimtur til Lønndalsmannen Tur til Uglesetra på Dimna Fiskedag i Ørstaelva Blomeverkstad og barnebokstund Skattejakt i fjøra på Runde Tur til Pølsa, Dinglavatnet og Ossetra Bokkafé Trimtur til Koppen og Heimste Tveradalen Blomeverkstad og eventyrstund Familiedag på Raudøya Motbakkeløpet Saudehornet rett opp Barneløp til Skåla Gratis frukost i Vikegata Dans på Ørsta småbåthamn Vandring med Embla frå Kile til Bjørkedalsvatnet

2016 19


20 torsdag 23. juni

2016 MØRE-NYTT

Farfar: Ein farfar i live sku alle hatt. Frå Bjørkedalen. Saudehornet: «Når ein kan nye dagens Møre-Nytt på denne måten! Frå Saudehornet i Ørsta. foto: @astridbjordal

foto: @Hildebjørg66

Utsikt: Frå Middagshornet på Nordre-Vartdal. foto: @Sylviakarolineee

Sommarstemning i Ørsta I samband med Ørsta-avisa, har vi i Møre-Nytt gjort ekstra stas på dei som deler bilde med oss på Instagram. Vi har arrangert fotokonkurranse, og alle som har delt bilde med oss på emneknaggen #mørenytt. Vi har fått inn svært mange bilde, og det har ikkje vore lett å velje ut ein vinnar. Vi fall ned på bildet du ser til høgre. Dette synest vi var noko utanom det vanlege. Vi gratulerer! Premien er ein flott Pinell Go radio, som kan hentast i Møre-Nytt sine redaksjonslokale i Parkvegen 2 i Ørsta. På denne sida ser du også mange av kandidatane til det beste bildet.

Fotball: Taktikkmøte før kamp på Grodås cup. foto: @

siljelia79

Vinnarbildet: Lykka er å ha ein haug med høy å boltre seg i. Høy er gøy! foto: @attamora

Slåtten: Sommaridyll på Mo i Ørsta. foto: @vartdalen

Fjellflora: Fjellsmelle lyser opp steingrunnen. Åvasstinden (1233 moh) i bakgrunnen. foto: @lailahva

Nedkjøling: Nedkjøling i elva for både hest og ryttar etter gårsdagens økt på ridebana. foto: @eikencanu


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

Godt utval i IMPREGNERT MATERIAL Vi har Royal terrassebord 28x120 i brunt og grått på lager.

2016 21

Vi har eit stort utval av trelast og byggevarer og nyttar berre godkjende leverandørar. Vi leverer tingingane dine i vår region med eigne bilar fraktfritt. Vi har køyreruter til Vartdalsstranda kvar torsdag. Bondalen og Sæbø kvar fredag. Ynskjer du pris på til dømes: l Vindu og altandører l Nytt tak l Bordkledning l Parkett og Laminat l Inner- eller ytterdører Ta kontakt eller kom innom!

PÅBYGG ELLER REHAB? SPØR OSS OM RÅD

Industrivegen 16, 6155 Ørsta Tlf. 70 04 75 00 • post@orstatrelast.no orstatrelast.no Måndag-fredag 0800-1700 Laurdag 0900-1400

$5.,7(.77(*1$ %867$' GHVLJQ GLWW HLJH KXV

1RUGERKXV HU P\NMH PHLU HQQ HLQ LQQKROGVULN KXVNDWDORJ +RV RVV NDQ GX RJV¦ I¦ HLQ DUNLWHNWWHJQD EXVWDG VRP HU GHVLJQD NXQ IRU GHJ RJ GL WRPW 'HW VDPH JMHU DQGUH DUNLWHNWDU PHQ YL E\JJMHU KXVHW L WLOOHJJ 'HW HU HLQ VWRU IRUGHO IRU GHJ

, WLOOHJJ E\JJHU YL L (QHUE\JJ %ROLJ KXVHW GLWW YHG KMHOS DY HOHPHQW 'HW EHW\U NRUWDUH E\JJHWLG RJ EHWUH NYDOLWHW S¦ GLQ Q\H EXVWDG

ZZZ HQHUE\JJ QR 7D NRQWDNW PHG RVV IRU PHU LQIRUPDVMRQ %ROLJNRQVXOHQW &DUROLQH (JVHW 7OI (SRVW VDOJ#HQHUE\JJ QR (1(5%<** %2/,* $6 ,QGXVWULYHLHQ ™UVWD 7OI


22 torsdag 23. juni

TRAFIKKSIKRING

2016 MĂ˜RE-NYTT

LYSMASTER

BERGSIKRING

MARINA

 �� �

 -

Star MC-rekkverk

Vik Ă˜rsta

- Plastskinna som reddar liv

Â? ­ ­Â€Â‚ ƒ„… † ‡ ˆ ‰ † ‡

STAR MC-rekkverk er ei skinne som vert montert under sjølve vegrekkverkskinna

- ei leiande kunnskapsbedrift leverer produkt og løysingar innan marknads for ĂĽ beskytte motorsyklistarsom ved velt. Underkøyringshinderet er konstruert for ĂĽ omrĂĽda lysmast, tunnelsikring ogikkje trafikksikring i Noreg. Vi er ogsĂĽ ein leiande fange opp MC-føraren slik at han treff rekkverksstolpane. marinaleverandør gjennom kvalitetsmerket Ă˜rsta Marina Systems. Vik Ă˜rsta AS N-6150 Ă˜rsta 70 04 70 00 Vik Ă˜rsta AS firmapost@vikorsta.no

R R Q

Z

N-6150 Ă˜rsta 70 04www.vikorsta.no 70 00 firmapost@vikorsta no

LQJ Z U Z

Velkomen til Ă˜rsta A A

 Â? Â? Â?Â? ­Â€ ­Â‚ ‚ƒ ƒ ­­ Â? „ Â…  Â† ‡ ƒˆ‰‚ Š ‹ ÂŒ    Â? ÂŽ Â… Â

Velkomen til oss MĂĽndag–torsdag Fredag og laurdag Søndag

13–22 13–23 13–22

RESTAURANT – PIZZERIA Holmegata 6c, Ă˜rsta, tlf. 70 06 92 22

 Â?Â? Â?Â? Â? ­Â? € ­Â?‚ Â? ­  Â€ Â?ƒÂ? Â?Â? „…­ †  Â‡ ˆ ‡  Â? Â?

Sommarkampanje Smell & enjoy Bodylotion og dusjsĂĽpe Pr. stk.

99,-


MĂ˜RE-NYTT torsdag 23. juni

2016 23

midtsumar PĂ… BJĂ˜RKE 23-26 JUNI TO: FR:

Jonsokfeiring pĂĽ Haukly - frĂĽ kl 18. Kveld i Notanaustet - frĂĽ kl 20. Levande musikk, kafďŹ og kaker.

LA: BRYGGEDANS med Tore Leiren - frü kl 21. Kr 250,18 ür, sal av øl og vin, kiosk, utescene og danseplatting.

Bakketunet - kl 12 - 17. Utstilling med Trine Røssevold. Glaskunst med Ingrid Cecilie Ulla. Sal av middag og kafďŹ mat. Notkasting i Bjørkevikja - kl 17. Kasting av sildenot pĂĽ gamlemĂĽten frĂĽ vakre trebĂĽtar. Postkjellaren Tekstil & Nostalgi - ope 12 - 17 J-buda - ope 12 - 17 Mork Antikk - ope 12 - 17

SĂ˜:

Tur til Kjerringkjeften - Oppmøte v/telefonkiosken kl 10.30.

     Â? Â

Gratis tur pü eige ansvar. Arr: Bjørke Idrettslag.

Bakketunet - ope 12 - 17 Postkjellaren Tekstil & Nostalgi - ope 12 - 17 J-buda - ope 12 - 17 Mork Antikk - ope 12 - 17

For detaljar sjĂĽ Facebook: “Midtsumar pĂĽ Bjørke 2016â€?

– hjartet av Sunnmørsalpane

Førarkort?

)Fce XÂŽc%)

Vii kan hjellpe deg!

�  � ���

ck ô %e :Ž%)c) )eU)‰

Vi tilbyr: klasser: A1, A, B, BE, T, T141/148 og AM146 Ta kontakt for ein hyggjeleg førarkortprat Ivar Aasengata 4, 6150 Ă˜rsta tlf.: 70 06 82 82 mob.: 957 43 562 alitet vsel og kv

Tri

Â?  ­ ­Â€ ‚ƒ ƒ­ „„„…Â? Â? †… Â?

 Â?  Â?Â?Â?  Â?Â

 �����

 Â? Â?Â?Â?  ­Â€ ‚ ƒ „… Â? Â? Â?‚‚ † ‡ ˆ ‰  Â? Â? ƒ Š ƒ † ‹ƒ Â? ÂŒ  Â? ‹Ž Â? ‘ Â’ Â? „„ Â?  Â‹ „ Š  Â?  Â? “ƒ “ ƒŠŠ Â? ‡ ‰ ‚’ ”•


MØRE-NYTT torsdag 23. juni

23.–26. juni 2016 Tema: Morsmål Festspeldiktar Ruth Lillegraven

Torsdag 23. juni

20.00–21.15 Uteamfiet, Aasen-tunet

10.00 Ivar Aasen-statuen, Ørsta

Blomar ved bauta: Ivar Aasen-statuen

Ingebjørg Bratland Kr 350 i amfiet / 325 / S U 250 / B 200

16.30 Kunsthuset, Ørsta

22.00–22.45 Salen, Ivar Aasen-tunet B.R.U.S. Olav Hove, Arild Torvund Olsen

Ole Lislerud: Kalligrafi – ÆØÅ Opning med kunstnaren til stades

18.00–19.00 Salen, Aasen-tunet Opningshøgtid Jon Aasen, Ruth Lillegraven, Martine Rørstad Sand, Hibba Sarmadawy mfl. Kr 150 / S U 100

Blomar ved bauta: Ivar Aasen-bautaen 19.30–20.15 Ute, Aasen-tunet

Kurt Johannessen: Det å drikke vatn saman med eit tre 20.00–20.30 Salen, Aasen-tunet Årets nynorskbrukar 2016 Martine Rørstad Sand, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn Kr 150 / S U 70 21.00–22.15 Uteamfiet, Aasen-tunet

Heine Totland og Gisle Børge Styve Kr 300 i amfiet / 275 / U 225 / B 200

23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta

Målbar Ruth Lillegraven Kr 50 (23.30–23.45)

Fredag 24. juni 09.00–10.30 Kafeen, Aasen-tunet Frukost i tunet Ole Lislerud Kr 100 for frukost

11.00–11.45 Volda omsorgssenter

Kjent og kjært i ord og tonar

Ruth Lillegraven og Songlaget i BUL i Oslo 11.00–11.30 Uteamfiet, Aasen-tunet

Festsprell: Eg ler meg ihel Kr 50 Utandørsaktivitetar (11.30–13.30)

11.00–17.00 Kunsthuset, Ørsta

10.30 Gågata, Ørsta sentrum og 11.00 Volda sentrum

Festspelfrukost

11.00–11.45 Møre folkehøgskule Lyrikk i tida Ruth Lillegraven, Øystein Hauge, Margunn Vikingstad Kr 120 / U 70 11.00–12.00 Ørsta folkebibliotek

Festsprell: Jakta på firkløveren

Christian Wiik Gjerde, konkurransar og leikar Kr 50 11.00–13.30 Kunsthuset, Ørsta Kurs i kalligrafi Ole Lislerud, for ungdom 12–15 år 12.00–12.30 Fru Svendsen kunst- og kulturkafé, Ørsta Kaffi, bokstaveleg talt Jostein Sæbøe og Knut Ødegård om George Mackay Brown Kr 50 / U 30 12.00 Spinneriet kjøpesenter, Volda

Parkert piano og Songlaget i BUL i Oslo 13.00–15.00 Volda bygdetun

Festsprell: Fargerik familiedag Kr 50 Menneske og språk på vandring Kr 150 / H 100 / S U 50

14.00–14.30 Det Grøne Treet, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Marit Eikemo Kr 50 / U 30 15.30–16.30 Salen, Aasen-tunet Det nye landet Jorun Systad Kr 120 / S U 70 17.00–18.00 Volda kyrkje

Den song som all ting heilar Songlaget i BUL i Oslo, Jorun Marie Kvernberg Kr 180 / U 130 / B 90

19.00–20.00 Salen, Aasen-tunet

Mellom oss: Tett på hovudpersonen Marit

Eikemo, Ruth Lillegraven, Margunn Vikingstad Kr 120 / S U 70

Ole Lislerud: Kalligrafi – ÆØÅ

21.00–22.15 Uteamfiet, Aasen-tunet

12.00–13.00 Volda samfunnshus Morsmålskafé Dessale B. Abraham

Kr 300 i amfiet / 275 / S U 225 / B 150

12.00–12.30 Kantina Furene AS, Volda Kaffi, bokstaveleg talt Eirik Ingebrigtsen 12.00–12.45 Salen, Aasen-tunet

Medietimen

12.30–13.15 Volda folkebibliotek

Festsprell: Leseland på biblioteket Kr 50 13.00–13.45 Bakk-Ola-marka, Ørsta Ei reise i tid Ingunn Røyset, Frode Haltli 13.00–13.45 Salen, Aasen-tunet

Verda den vide: Morsmål er det språket du kan banne på Guy Puzey Kr 120 / S U 70 13.00–16.00 Samfunnshuset, Volda

Debattkurs for ungdom frå 16 år

14.00–14.30 Kantina Tussa, Hovdebygda Kaffi, bokstaveleg talt Eirik Ingebrigtsen 14.00–14.45 Salen, Aasen-tunet

Litteratur med Landro: Festspeldikt ktar t Ruth Lillegraven Kr 150 / H 100 / S U 50 15.00–15.45 Salen, Aasen-tunet

Kvardagen med ulike morsmål Hibba Sarmadawy, Arpád Kun, Anders Nilsen Kr 150 / H 100 / S U 50 17.00–18.30 Samfunnshuset, Volda Ungdomsarrangement Kåring av vinnar i skrivekonkurransen, debatt om språk og integrering, teikneserieskapar Øystein Runde 17.00–18.30 Salen, Aasen-tunet Heime – hæm Ruth Lillegraven, Guri Sørumgård Botheim, Ingebjørg Loe Bjørnstad, Frode Haltli Kr 250 / H S U 200 / B 150

Simone Eriksrud og Bugge Wesseltoft 23.00 Det Grøne Treet, Volda

Kviss med Allkunne.no Kr 50 23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta

Målbar

Søndag 26. juni 11.00–12.00 Uteamfiet, Aasen-tunet

Festspelgudsteneste i det fri

12.00–17.00 Kyrkjekaffi og søndagskafé 12.00 og 13.00 Ved Hovden møbel, Hovdebygda

Hovderittet www.orstask.no

13.00–13.30 Høgetua ved Aasen-tunet og på barneboktuer i kommunane rundt

Festsprell: På Barneboktua sjå festspela.no 13.00–13.50 Salen, Aasen-tunet

Sigd – ein poetisk konsert

Ruth Lillegraven, Benedicte Maurseth Kr 200 / S U kr 150 13.00–14.00 Uteamfiet, Aasen-tunet

På kyrkjebakken

13.00 Salmekunstnaren Peter Hognestad, Per Halse 13.30 Språk for tru, Anders Aschim

Ungdomsprisane er støtta av ordninga Kulturrabatt for ungdom

Foto: Paal Audestad, Carl Christian Raabe, Sandra Boer, Svein Finneide og Atle Richter Schie

Laurdag 25. juni

Miguel Pacheco, Anders Aanes, Unn Røyneland, Birgitte Fondevik, Per Erling Parr Sætre, Heidi Fagna

Ivar Aasen-minneforedraget: Morsmål i det fleirspråklege samfunnet Unn Røyneland Kr 120 / U 70

#festspela

Målbar Øystein Runde Kr 50 (23.30–24.00)

10.00–13.15 Volda samfunnshus 10.30–11.15 Salen, Aasen-tunet

Billettar og informasjon: festspela.no

23.00–02.00 Møre folkehøgskule, Ørsta

13.00–15.00 Salen, Aasen-tunet

Leseland om lettlesne bøker Seminar Kr 100

Festspelpass kr 1550

Kr 100

09.00–09.45 Volda stadion

Festsprell: Alle mann i forsvar

2016 24

14.30–15.15 Salen, Aasen-tunet

Litteratur med Landro: Knut Ødegård Kr 120 / S U 70

16.00–17.30 Uteamfiet, Aasen-tunet

Aasen-stemnet 2016

Stemnetale: Johan Myking

Konsert med Jovan Pavlovic Trio Kr 200 / H 150 / U B 100

U=Ungdom H=Honnør S=Student B=Born

Med atterhald om endringar


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.