Nokon kjem til å komme
Libretto
Opera i ei akt Komponist: Knut Vaage Libretto: Jon Fosse * Urframført på Ultima 2000 Regissør: Michael McCarthy Scenograf: Simon Banham Lysdesign: Ace McCarron Produsert av Opera Vest
*Jon Fosses skodespel Nokon kjem til å komme er omarbeidd til libretto av Jon Fosse og Knut Vaage
I Ho og han kjem gåande inn i tunet framfor eit gammalt ganske forfallent hus med utsikt til havet HO
Muntert No er vi snart i huset vårt
HAN Huset vårt HO Eit gammalt vakkert hus Langt borte frå andre hus og frå andre folk HAN Du og eg åleine HO Du og eg åleine saman HAN Og så skal ingen komme Dei stiller seg opp, står og ser mot huset HO Huset vårt der vi skal vere saman Der du og eg skal vere åleine saman Langt borte frå dei andre Huset der vi skal vere saman Åleine i kvarandre Huset som er vårt Huset vårt
HAN Ingen skal komme
Huset vårt Huset som er vårt Huset der vi skal vere saman du og eg åleine i kvarandre
Dei går rundt og ser på huset HO Litt bekymra Men det er så audt her Tenk kor langt det er til folk Tenk kor stille det kjem til å bli Tenk korleis det blir om hausten når vinden 1
går gjennom veggene og berre du og eg er i huset Og så langt frå folk HAN Ja så langt frå folk Men no er vi endeleg åleine Vi reiste bort HO Vi reiste bort frå dei alle Vi reiste bort frå dei alle saman Vi reiste bort bort frå alle andre Vi vil jo berre vere saman med kvarandre Åleine saman Åleine i kvarandre Vi ville jo berre vere åleine med kvarandre Åleine i kvarandre HO
Kan ein det Kan ein reise bort Kan ein reise bort frå alle dei andre
Men får vi vere åleine Det er liksom, det er liksom nokon her HAN Fortvila Bryt inn Nokon er, nokon er her Nei HAN Held roleg fram Det er berre vi som er her Han snur seg bort frå henne, stiller seg opp og ser mot havet. Pause Det er berre vi Det er jo ingen her Og der Peikar er havet Og ingen kjem til å komme Ho kjem bort til han, stiller seg opp attmed han. Ho òg ser mot havet Og sjå kor vakkert havet er Vi er åleine Og ingen kjem Ingen kjem til å Ingen kjem Ingen kjem til å komme Ingen kjem Sjå havet Sjå bølgjene Bølgje etter bølgje Der ute 2
Så langt som auga rekk er berre hav å sjå Bølgje etter bølgje, bølgje etter bølgje Og der Jo Ho ser lita og redd ut Ja Litt bekymra Det kjem ikkje nokon Det kjem ikkje, kjem ikkje nokon HO
HAN
Eg kjenner vel Eg kjenner vel på meg at nokon kjem til å komme Nokon er her, nokon er her Nokon er her, nokon er her Det er alt nokon, det er alt nokon som er her Nokon er er alt nokon Nokon er her, nokon er her Nokon kjem til å komme Eg veit at nokon kjem til å komme
Ikkje nokon Nei vi er åleine Vi er åleine Endeleg er vi åleine No er vi åleine saman i kvarandre Nei vi er åleine saman i kvarandre Endeleg er vi åleine Endeleg er vi åleine
HAN Ser igjen mot havet Og der Peikar er havet Stort og fint HO Ser mot havet Men eg hadde ikkje trudd at det skulle vere slik å komme hit Havet er så stort Det var annleis enn eg trudde å komme hit HAN Men vi klarte jo ikkje å vere der dei andre er Vi måtte jo bu der ingen andre er HO Men her er så audt på ein måte Og så er det liksom nokon her
HAN Langt vekke Langt borte 3
Her er så audt Her er så audt på ein måte Men her er så audt Her er så audt på ein måte Det er
Langt borte Langt borte Langt borte frå alle dei andre
HAN Slik er vel gamle hus HO
No er det lyst Men tenk når mørkret kjem Når hausten kjem Når det er mørkt og kaldt Han prøver å få ho med i ein slags vals. Ho ser ikkje på han Nokon er her, nokon er HAN Eg veit at nokon er her Vi får vere i lag Og nokon kjem til å komme No skal vi endeleg Eg veit at nokon få vere i lag kjem til å komme Åleine i kvarandre Nokon er her Nokon er Vi skal, vi skal vere saman åleine i kvarandre Nokon kjem til å komme Berre du og eg Ho drar seg brått unna åleine i kvarandre Fortvila Vi kjem aldri til å få vere åleine saman Nokon kjem til å komme Eg veit det Eg kjenner vel på meg at nokon kjem Ingen er her Nokon vil ikkje Ingen kjem til å komme la oss få vere i lag Nokon kjem til å komme Ingen kjem til å komme
HAN Ingen skal komme Vi har jo Han ser fortvila mot henne Ho ser ikkje på han Han er redd Kven kjem til å komme HO Du vil heller vere saman med andre enn med meg Du vil heller vere saman med andre 4
Nokon kjem Nokon kjem til å komme Nokon kjem til å komme og komme Nokon kjem til å banke på døra Banke og banke på døra Nokon kjem til å banke på døra Kjem til å banke og banke på døra (....) HAN Nei Trøystande Ingen kjem til å komme HO Ho kjem Ho kjem og ser deg inn i auga Eg veit at HAN nokon kjem til å komme Ingen kjem Nokon kjem Ingen kjem til å komme Nokon kjem til å komme og komme Og ho kjem Ikkje ho Ho kjem til å stå der Ikkje nokon andre med auga sine Ikkje ho Ho kjem Ikkje nokon andre til å komme HAN No er det berre meg og deg HO Meg og deg HAN Meg og deg HO Meg og deg HO/HAN Meg og deg HO Brått Var det steg Det er nokon her Der var det igjen Det er nokon som kjem Han går omkring i tunet, ser uroleg rundt seg, lyttar 5
HO
Spørjande Ingen Han ristar på hovudet, ser vidare, går sakte ut rundt hushjørnet Ingenting Du ser ikkje noko Ingenting
HAN Utanfrå Nei Ho begynner å gå sakte bortover i tunet. Og så ser ho ein mann komme inn rundt det venstre hushjørnet, ein ganske vanleg mann. Ho ser mot han, så ser ho ned. Mannen kjem bort til henne, stiller seg opp framfor henne MANNEN Stolt, litt brautande Er det du som har kjøpt huset Det er eg Det er eg som har selt huset Bestemor ja bestemor mi budde der men ho døydde ja bestemor døydde Ho var den siste som budde i huset Det er ikkje mykje folk her Det kan vel bli einsamt å bu her Ho nikkar Nesten ingen Nesten ingen som bur her omkring Han kjem opp til det venstre hushjørnet, ser rundt hjørnet, nett då han gjer det, ser ho mot mannen. Og han trekker seg tilbake, stiller seg opp, lent mot veggen, like bak hjørnet Men eg bur i alle fall ikkje så langt herifrå Mannen ler Kanskje vi Kanskje vi kan ha litt selskap Ho ristar på hovudet. Han står uroleg, skal til å gå fram, stansar seg Og det er ikkje kvar dag at eg sel eit hus Og no har eg pengar Ja no har eg godt med pengar Ho er litt redd, ser mannen inn i auga. Han går ganske nær henne Flørtande Så vil du HO 6
Nei nei Bak hushjørnet står han og blir meir og meir uroleg, så liksom skubbar han seg fram, går inn i tunet, ser mot dei to. Han stansar, ho ser mot han Nervøst Det er han som har selt huset Mannen går mot han MANNEN Ja det er eg Det er eg som har selt huset HAN står og stirer ned Men eg kan komme tilbake Eg kan komme tilbake om ei stund Mannen begynner å gå ut, stansar, ser mot dei Eg kan kanskje by dykk på eit glas i kveld By dykk på eit glas For no har eg jo pengar Mannen ler kort, vinkar og går ut rundt det høgre hushjørnet. Han går så langt frå henne som mogeleg. Ho ser forsiktig mot han HAN Snur seg brått mot henne Var det du som bad han om å sjå deg inn i auga HO Nei nei Han kom altså berre og såg deg inn i auga Heilt sånn utan vidare kom han berre og såg deg inn i auga svakare Nei gi deg no Eg blir så redd Nei du gjorde jo ingenting Du såg han ikkje eingong inn i auga Nei ver så snill Eg blir så redd Og han bur her åleine Helvetes, ein helvetes innavla fyr Gi deg no Han kjem Han kjem alltid Han kjem alltid til å komme Du visste at nokon måtte komme Du ville at han skulle komme Stille og roleg Du ville det Ro deg no ned Ikkje meire no berre roe deg ned Påtatt optimistisk 7
Bornlig, forvirra Eg vil ikkje bu her Eg vil ikkje vere her
Vi må gå inn og sjå på huset Ho rekker handa si mot han. Bedande Vi må jo gå inn og sjå på huset Trøystande, litt redd Kom så går vi inn og ser på huset vårt
Fortvila Måtte du sjå han inn i auga Ho går bort til han, legg armen sin på skuldra hans HO Det skal gå så fint så Han ser mot henne
HAN heilt oppriktig Eg er så glad i deg Han tar armane sine rundt henne, pressar seg inntil henne, ser henne så inn i auga. Ho tar armane sine rundt han, begynner å vogge han forsiktig HO Meg og deg Ho kysser han på kinnet HAN Meg og deg HO Meg og deg HAN Alltid må nokon komme HO Vere roleg no Meg og deg veit du vel Dei tar kvarandre i hendene og leiest mot døra i huset. Han tar fram ein nøkkel frå lomma, låser opp, opnar døra for henne. Ho går inn. Han går inn etter henne, let døra att, låser og kjenner etter om den er låst, ristar i den
8
II Ho kjem inn i eit gammaldags kjøkken, han kjem inn etter henne HO Ser entusiastisk mot han Sjå det store fine kjøkkenbordet Peikar Der kan vi sitje og ete Rett overfor kvarandre kan vi sitje og ete Der kan vi sitje mange morgonar Mange morgonar For no er vi i huset vårt Og hit skal ingen komme HAN Ja berre vi to saman HO Meg og deg HAN Meg og deg Han går bort til vindauget, ser ut, til alle kantar HO Vil avleie, oppmuntrande Sjå på den gamle komfyren Ho peikar. Han nikkar Og på det gamle kjøleskåpet Ho peikar i ein annan retning, ser seg rundt Og her skal vi bu Og hit skal ingen komme Han ser igjen ut vindauget og Ho ser mot han Ikkje heilt overbevist Vi skal vere saman Meir overbevist Berre du og eg Han ser framleis ut vindauget HAN lågt No er han der igjen HO Nei du tullar HAN Eg synest eg såg han 9
HO
Han gjekk jo nettopp Ho går bort til vindauget, stiller seg opp attmed han, ser ut
HAN ser mot henne, fortvila Vil du berre treffe han Vil du ikkje vere saman med meg vil du berre treffe han HO litt redd Ikkje tull deg då HAN Hysj Han står og lyttar, ser så mot henne Lågt Høyrde du noko Ho ristar på hovudet. Han ser igjen ut vindauget. Og så bankar det på døra. Han ser redd mot henne. Ho ser mot han med store redde auge. Igjen bankar det på døra, hardare denne gongen. Dei står stille, ser mot kvarandre HO lågt Vi opnar ikkje Han ristar på hovudet Vi lar han berre stå der Han nikkar. Det bankar igjen på døra. Han kan jo berre stå der og banke HAN Vi treng jo ikkje opne Vi kjem aldri Huset er jo vårt til å få vere i lag Det bankar igjen på døra Vi treng jo ikkje opne Vi kjem aldri til å få vere Aldri Vi kjem aldri Eg trur han er gått Entusiastisk Og han kjem ikkje igjen Kom så går vi inn i stova Vi kjem aldri For no er han jo gått til å få vere i lag No går vi inn i stova Vi kjem aldri Ho tar han i armen og nærmast drar han med seg inn døra til stova 10
III Han og ho kjem inn i ei gammaldags stove HO påtatt entusiastisk No skal vi gå rundt og sjå på alt som er i stova Sjå Sjå på alt i stova På alt i stova
HAN
Han står og ventar Det er jo ganske fint her Stova den er fin Han står der Ho ser seg rundt, ser mot bileta på veggen. Ho festar seg ved eit portrett av ei ung kvinne Der der borte peikar står der og ventar det må vere av henne av bestemora Han står og ventar Ho slepper armen hans, går bort til portrettet, stiller seg opp framfor det Ho må ha vore vakker Han står og ventar Ho held fram med å sjå seg omkring i stova Der ser mot eit brurebilete Der er brurebildet peikar Der er brurebildet Der Ho går bort til brurebiletet. Ho snur seg så mot han Dei var jo begge vakre Han nikkar, går bort og stiller seg opp attmed henne Dei var eit vakkert par Ja Han står og ventar står der og ventar Ho legg armen sin rundt ryggen hans, pressar seg inntil sida hans. Ho ser opp mot han Men eg er så glad fordi vi har treft kvarandre No har eg nokon eg kan kvile saman med Kvile i kvarandre Åleine saman i kvarandre Han gjer seg fri frå henne, går bort til eit konfirmasjons bilete av ein gut, 11
han stansar framfor det. Han ser mot henne HAN Her er eit bilete av han kledd i dress og slips Han går mot ei dørtil eit rom lenger inne Merkeleg at han ikkje tar bort slike bilete av seg sjølv i alle fall før han sel huset Han opnar døra, ser inn i eit kammers Han snur seg mot henne Og her er kammerset der ho Der ho gamle sov Det luktar gammalt piss Innestengt og skite Og malinga er flassa Senga er i uorden Han går inn i kammerset. Ho stiller seg opp framfor konfirmasjonsbiletet Ropar Ei potte halvfull av gammalt og rote piss At det går an Ho held fram med å sjå på konfirmasjonsbiletet Ei potte med gammalt piss under senga At det går an HO Ei potte halvfull av gammalt piss HAN Kjem inn igjen i stova Vi må sjå å få det tømt Han ser mot henne. Ho står framleis og ser mot konfirmasjonsbiletet HO Fortenkt Ei potte med gammalt piss under senga Han nikkar, går bort til ein sofa, legg seg ned på sofaen, ligg på rygg, ser rett framfor seg. Ho går inn på kammerset Ropar Ja jammen Nei det går ikkje an Og det luktar inngrodd gammalt Og senga står der uoppreidd 12
HAN Ho døydde sikkert i den senga der i dei sengekleda der Ho kjem inn igjen HO 15
Svakt Trur du det
HAN Brått Du visste at nokon måtte Du visste jo at nokon måtte komme Du visste det jo Ho stiller seg opp og ser ut vindauget, han snur seg på sofaen, blir liggande med ryggen mot henne, han ser inn i veggen HO Nesten som om ho kjedar seg Og der har vi havet Berre havet Ikkje noko anna Berre havet Og det er så godt berre å sjå havet Ho går bort til sofaen, set seg ned på sofaen Trøystande Meg og deg Berre meg og deg Og så havet Meg og deg og havet Og du må ikkje vere lei deg For eg skal passe på deg HAN set seg opp på sofaen, ser redd mot henne Høyrer du Han er utanfor han er der utanfor huset HO Han sa han skulle gå Han reiser seg, går bort til vindauget og tilbake, han ser oppgitt mot henne HAN Han kjem berre til å komme Igjen og igjen og igjen 13
Han kjem alltid til å komme HO Han sa jo at han skulle gå Ho ser redd mot han Han sa jo at han skulle gå HAN Anklagande No er han der igjen Og du har alt med det same vi kom fått deg ein venn HO Eg såg deg nok Fortvila Eg såg nok korleis du såg han inn i auga medan du trudde at eg ikkje såg Du stod der og såg han inn i auga Det var du som bad han komme opp igjen til oss
Svakare Berre la han stå der han kan vel han kan vel berre han kan vel berre stå der Han kan jo berre stå der Berre la han stå der Han kan jo berre stå der
Og no er han her alt Det bankar på døra. Han ser redd mot henne Fortvila Eg orkar ikkje treffe han Eg går Han ser mot kammerset Eg går inn på kammerset Skal nokon opne så får du gjere det Kort pause Du får opne døra Spørjande Igjen bankar det på døra Skal eg opne Viss nokon skal opne så får det bli du Eg orkar ikkje opne Eg orkar ikkje sjå han Det bankar igjen på døra, no hardare Må vi opne Han trekker på skuldrene. Det bankar endå hardare på døra Skal eg opne Må vi opne Eg visste vel at nokon måtte komme Det bankar igjen på døra. Ho går ut. Han går inn på kammerset og tilbake igjen til stova. Han legg seg ned på sofaen, med ansiktet vendt mot veggen, med hendene falda under kjaken, knea fram mot veggen i ein spiss 14
IV Mannen kjem inn på kjøkkenet, ho kjem gåande etter han MANNEN Snur seg mot henne Eg tenkte ja at eg ja med det same like godt Og så tok eg med Han løftar ein plastpose opp framfor seg og det klirrar litt i flasker Ja du veit jo at no har eg pengar Aldri før har eg vel hatt så mykje pengar Ja no har eg pengar og det har du sytt for Mannen ser mot henne Og eg er godt kjend i huset Og her ja her kan eg klare meg sjølv her kjenner eg kvar krik og krok Mannen set plastposen frå seg på golvet. Ho stiller seg opp og kviler tyngda på den høgre foten slik at hofta skyt ut i ein svak boge Ganske ofte Ja ganske ofte var eg her Ja var eg her Han tar ei flaske øl frå plastposen. Han løftar flaska mot henne, ser skjelmsk mot henne. Ho ristar på hovudet. Han skrur korken av flaska, ser mot henne, byr henne flaska, men ho ser ikkje mot han. Mannen tar seg ein slurk, han ser mot henne Ja bestemor Ja her var bestemor mi kvar bidige morgon Bestemor Og no er ho borte Ja ja Mannen ser mot hofta hennar, Ho ser ut vindauget Ho budde åleine i dette huset bestemor i mange år Ho må ha vore ganske einsam for det er jo ikkje nettopp så mange folka her Han skrattar Men kvar har du gjort av Kvar har du gjor av mannen din Ho ser mot han Rekker igjen flaska mot henne 15
Vil du ikkje ha deg litt øl Ho ristar på hovudet Set deg no ned ta deg eit glas Snakk litt med meg Han tar seg ein slurk Ja de fekk kjøpe huset billig Verkeleg billig Ja De har mykje å takke, takke meg, takke meg for Han skrattar Du skulle ha takke meg Eg seier det eg at du skulle ha takka meg Ser bedande mot henne Men vil du ikkje prate litt med meg Berre litt Raskt Kanskje vi kan treffast einkvan staden Eg bur jo her i nærleiken Her i nærleiken Han ler Så viss du ønskjer deg selskap han tar seg ein slurk så viss du ønskjer deg selskap ja du må berre komme kva tid som helst kan du komme heim til huset mitt Han set flaska ned på golvet, trekker fram papir og blyant frå lomma Her du kan ringe Han skriv omstendeleg ned telefonnummeret sitt på lappen, rekker den mot henne Her Ho tar imot, tar fram ein portemoné, puttar lappen ned i portemonéen Du kan ringe Du må berre ringe same kva tid det er Ja du må berre ringe Du kan jo berre ringe Han smiler tilfreds mot henne. Ho går bort til vindauget, stiller seg opp og ser ut. Han tar flaska, skrur på korken, legg flaska opp igjen i plastposen Ja du må berre ringe Kva tid som helst må du ringe 16
Ja du må ringe Kva tid som helst Eg kan komme tilbake seinare i dag eller eg kan komme ein annan dag Eg går Eg Eg går eg då så kjem eg tilbake seinare ein gong Mannen går, stansar, snur seg, ser mot henne. Ho nikkar mot Mannen. Han går ut. Ho stiller seg opp og ser ut vindauget
17
V Ho kjem inn i stova, går og set seg ned på sofaen. Han held berre fram med å ligge der og sjå mot veggen. Lang pause HO No er han gått Høyrer du ikkje No er han gått Ho legg handa si bort på skuldra hans, ruskar han i skuldra Han gjekk No er han gått Han ser mot henne, med svarte auge Redd Kva er det med deg Han ser igjen inn i veggen Kva er det med deg No er han gått Du og eg er åleine Ho bøyer seg ned over han, legg armane sine rundt han Kva er det med deg Kjære vennen min Kva er det med deg HAN Inn mot veggen Er du fornøgd no Er du førnøgd HO Kva meiner du Eg blir så redd HAN Du har fått det som du ville Pause. Ho tar armane sine bort frå han, reiser seg, går ut på golvet. Han set seg opp på sofaen Eg skjønar vel såpass Eg forstår HO Ikkje bli sånn Eg blir så redd HAN Eg skjønar Eg forstår
18
HO Kva er det med deg HAN Måtte du HO
Litt sint Kva
HAN Kva tid skal du HO Eg skal ikkje HAN Kvifor tok du då imot HO Han gav jo HAN Ja vel Og du Eg skjønar vel det Eg skjønar vel såpass HO Kva meiner du HAN Kvifor putta du lappen ned HO Eg gjorde ikkje HAN Å HO Korleis kan du HAN Eg veit det vel berre Eg veit vel berre slikt Ho går ut. Han blir sitjande og sjå ned Eg visste vel at nokon måtte komme Han reiser seg opp, går bort til vindauget, ser nedover mot havet Og der nede har vi havet 19
med alle bølgjene sine havet er kvitt og svart med bølgjene sine med dei mjuke og svarte djupnene sine Han ler for seg sjølv Og vi ville jo berre få vere i lag Han ler høgt. Han set seg igjen ned på sofaaen Ho kjem til syne igjen. Blir ståande Ho kjem nok snart tilbake Og då skal vi vere åleine Vi skal alltid vere åleine saman vere åleine i kvarandre Han plasserer olbogane på knea, støttar hovudet i hendene. Han ser rett framfor seg Åleine saman åleine i kvarandre Han ler. Ho kjem lenger inn. Ho set seg ned attmed han på sofaen, ser rett framfor seg. Teppe
20