Glimt frå ei kulturhistorie
NYNORSK
Notida kviler på det som har vore. I Opplyst løfter vi unike, spektakulære og viktige objekt frå norsk kulturhistorie opp frå dei mørke magasina og fram i lyset. Desse objekta representerer augeblikk i den felles historia vår og fortel om store gjennombrot, kreative meisterverk og avgjerande hendingar som har forma ytringsrommet vårt og nasjonen vår.
Samlinga til Nasjonalbiblioteket inneheld store delar av det som er gitt ut for offentlegheita frå 1100-talet og fram til vår eiga tid. Samlinga er vårt felles minne, og her hentar vi forteljingar om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Opplyst er ei slik forteljing.
17 12 24 3 27 6 4 23 2 15 9 25 7 28 16 1 11 5 29 22 13 26 30 14 18 8 19 21 20 10
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 15 14 13 12 Oversiktskart Kvikne-psalteret 7 Magnus Lagabøtes landslov 8 Biblia («reformasjonsbibelen») 9 Himmelbrev 10 Norske Intelligenz-Seddeler 12 Dorothe Engelbretsdatter: Siælens Sang-Offer 14 Kongeriget Norges Grundlov 16 «Draumkvedet» 18 Georg Ossian Sars: vitskaplege teikningar 20 Henrik Ibsen: Peer Gynt 24 Et Dukkehjem 26 Hedda Gabler 28 Ibsen-materialet er sårbart, og derfor vil dei utstilte gjenstandane rullere. Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe: Eventyrbog for Børn 30 Ivar Aasen: Norsk Ordbog med dansk Forklaring 32 Edvard Grieg: a-mollkonserten 34 Gina Krog (red.): Nylænde 36 Edvard Munch: Selvportrett med knokkelarm 38 Snorre Sturlason: Kongesagaer 39 16
18 19 17 20 21 22 24 28 25 29 27 26 30 23 Hulda Garborg: Heimestell 40 Stemmesetlar frå folkerøystinga om monarki 42 Dæmonen, sensurerte filmklipp 44 «Sørpolbrevet» 46 Arbeidernes leksikon 48 Dagsnytt 9. april 1940 og nyheiter frå London 7. mai 1945, NRK 49 Georg W. Fossum: Deportasjon av norske jødar, filmnegativ 50 Offisiell opning av Ekofisk-feltet, NRK Dagsrevyen 51 Arvid Sveen: «Varig vern av Alta-Kautokeino-elva!» 52 Darkthrone: A Blaze in the Northern Sky 54 www.oslonett.no 56 SKAM, manuskript 58 Karpe Diem: Heisann Montebello 60 Politiske og religiøse folkerørsler, småtrykk 62
Ca. 1150–1200
Eit psalter er ei bok eller eit manuskript som framfor alt inneheld Salmane frå Bibelen. Desse 150 såkalla Davidssalmane utgjorde kjernen i døgnet sine åtte tidebøner og vart delte inn etter dagane i veka etter eit bestemt mønster. Dermed blei veka ein kristen syklus, ei tidseining av tru og bøn. Psalteret var ein av dei mest utbreidde sjangrane i mellomalderen.
Dette psalteret er frå andre delen av 1100-talet og blir rekna som den eldste boka som er laga i Noreg, og som framleis er intakt. Opphavleg har nok psalteret innehalde alle salmane. Ein del sider blei borte alt i mellomalderen, men blei erstatta med nye sider med same innhald på 1400-talet.
Kvikne-psalteret er typisk både for tida si og staden sin. Det er skrive for hand på pergament, på latin, og skrifta ligg tett opp mot den vi kan sjå i profesjonelt utførte engelske psalter. Men dei norske skrivarane heldt ikkje det same kalligrafiske nivået som dei engelske og hadde neppe skrive bøker før. Dekorasjonane er få og enkle.
Det fragmenterte innhaldet blir framleis halde på plass av solide trepermar, som truleg er frå første halvdelen av 1200-talet. På baksida er det rissa inn ei blanding av runer og latinske bokstavar som seier at «Kvikne kyrkje eig meg».
7 1
Kvikne-psalteret
2 Magnus Lagabøtes landslov i Codex Hardenbergianus
Midten av 1300-talet
Kong Magnus Lagabøtes landslov av 1274 er eit storverk i europeisk rettshistorie. Dette var den tredje riksdekkjande lovboka i Europa, og ho blei først avløyst av Christian Vs norske lov i 1687. Landslova omforma det norske samfunnet; ho etablerte lovgiving som styringsinstrument, gav dei svakaste rettar og danna utgangspunktet for ei norsk statsmakt.
Det er bevart 39 manuskript og over 50 manuskriptfragment av landslova. Codex Hardenbergianus er det vakraste av dei alle. Lovmanuskriptet blei skrive på norrønt midt på 1300-talet i Bergen og har ti dekorerte og illustrerte bokstavar (såkalla illuminasjonar) som formidlar essensen i teksten.
Codex Hardenbergianus er ei samanbinding av fleire lovtekstar. Landslova er den største og viktigaste, men bindet inneheld òg det som blei kalla rettarbøter, seinare lover, som utfyller eller erstattar reglar i landslova, og erkebiskop Jon Raudes kristenrett.
Den viktigaste arven etter landslova av 1274 er at vi innrettar oss etter vedtekne lover framfor å la makt vere avgjerande. Landslova la grunnlaget for at vi som lever i landet i dag, assosierer ordet lov med fridom og rettar, ikkje med maktmisbruk og undertrykking.
Eigar: Det Kgl. Bibliotek, Danmark.
8
3 Biblia. Det er den gantske Hellige Scrifft, udsæt paa Danske 1550
Dei store religiøse omveltingane som Martin Luther utløyste i 1517, fekk òg viktige kulturelle ringverknader. Reformasjonen styrkte den individuelle trua, mens kyrkja si rolle som formidlar og fortolkar blei svekt. I staden blei Guds ord, altså Bibelen, tyngdepunktet i det religiøse livet. Derfor måtte Bibelen omsetjast frå latin til språk folk forstod: til talemålet deira. Trykkjekunsten, som blei introdusert i Europa midt på 1400talet, gjorde det mogleg å produsere bøker både raskare, billegare og i større kvantum enn før.
Bibelen som er stilt ut her, kalla «reformasjonsbibelen», er den første fullstendige bibelen på dansk. Boka er trykt i 1550 og byggjer i stor grad på utgåva frå 1545 av Luther si tyske bibelomsetjing, men er trykt med dei same trykktypane og illustrasjonane som vart brukt til trykking av ein nedertysk bibel i 1534. I alt inneheld boka 85 illustrasjonar i tresnitt.
For Noreg innebar reformasjonen òg slutten på det politiske sjølvstendet. Riket blei underlagt Danmark, og kyrkja fekk kongen som overhovud. I denne danske bibelutgåva er portrettet av kong Christian III noko av det første som møter deg. Kongen vender blikket mot himmelen, og i den hanskelause handa held han ein skriftrull med Guds ord. Våpenskjoldet på den andre sida viser den verdslege makta hans.
Trykkjar: Ludowich Dietz, København.
9
Datert 1604
Eit himmelbrev er eit kjedebrev, altså eit brev som oppmodar mottakaren om å kopiere det og sende det vidare. Brevet som er vist her, er ein kopi, skriven av for hand. Originalen skal ifølgje brevteksten vere forfatta av «Gud Herren sjølv» og send med ein engel til Mikkelborg, noverande Istanbul, der det skal ha hange i lufta skrive med gylne bokstavar. Den som skreiv av brevet og viste det til andre, skulle bli tilgitt for alle synder, mens den som ikkje trudde og ikkje kopierte, skulle døy, og barna hans skulle «lide den onde død». Når dommedag kom, ville den som hadde brevet i hus, bli spart for alle pinsler. Teksten oppmodar lesaren innstendig om å leve etter Guds bod og Jesu ord og gå i kyrkje på søndagar. Brevet ber underskrifta «Jeg, den sande Jesus Cristus».
Sjølv om berre få slike brev er bevarte, veit vi at himmelbrevet var ein populær sjanger i det reformerte Europa, der kyrkja ikkje lenger kunne tilby skrifte og tilgiving. Teksten i himmelbreva heldt seg oppsiktsvekkjande stabil gjennom 1700- og 1800-talet. Breva blei kopierte for hand, men sirkulerte òg i trykte variantar, ofte vakkert dekorerte og fargelagde. Himmelbreva, som var på berre éi side, var lette å frakte med seg og selje. Boktrykkjarane tente gode pengar på å trykkje himmelbrev i store opplag. Mange ville kjøpe frelse og lykke for ein skilling eller to.
10 4
Himmelbrev, framside
Himmelbrev, bakside
Datert 1604
Himmelbrevet er datert 1604. Men papiret det er skrive på, er utstyrt med eit vassmerke som viser byvåpenet i Amsterdam. Vassmerket beviser at brevet ikkje kan vere skrive tidlegare enn i 1675. Årsaka til tilbakedateringa er ukjend.
Brettekantane viser at brevet har vore falda fem gonger, truleg for at eigaren skulle kunne bere det på seg som ein lykkeamulett. Det kan ha skjedd ofte, for kantane er slitne, og kryssa dei dannar, er holete. Sidene som har vendt ut når brevet har vore bretta saman, er mørkare enn dei andre. Det tyder på at himmelbrevet har vore i bruk. Eigaren har bore det i lomma eller inn mot huda og har lese det eller vist det fram igjen og igjen.
11
4
1763
Norske Intelligenz-Seddeler blir rekna som den eldste norske avisa. Dette første nummeret kom ut i Christiania i mai 1763. Utgivaren og redaktøren var Samuel Conrad Schwach, ein prøyssiskfødd boktrykkjar med utdanning frå København.
I Christiania hadde han gitt ut fleire andre typar periodikum før han satsa på nyheitsavisa. Det var krevjande å få dette til. Sensuren var streng, og myndigheitene gav berre løyve til å gi ut nyheitsaviser i København, der dei kunne haldast under kontinuerleg oppsikt. Schwach omgjekk dette dels ved å avgrense stoffet til annonsar, økonomisk stoff og religiøse refleksjonar, dels gjennom eit tidstypisk lojalitetsband til Nicolai Feddersen, som var etatsråd og tidlegare magistratspresident i Christiania. Feddersen hadde interesse i å halde handa si over Schwach: Han hadde investert i Jerusalem Papirmølle, som leverte papir til avisa med god forteneste.
Med tida kunne Norske Intelligenz-Seddeler koste på seg breiare innhald, men først frå 1814 av, då Grunnlova § 100 slo fast at «Trykkefrihed bør finde Sted», kunne ho trykkje eigentleg politisk stoff. Avisa blei gitt ut heilt fram til 1920, då ho gjekk inn i Verdens Gang.
Utgitt av Samuel Conrad Schwach. Sjå den transkriberte teksten i monterlomma til venstre.
12 5 Norske Intelligenz-Seddeler, nr. 1, s. 1 og 4, avis
Denne aller første utgåva av Norske Intelligenz-Seddeler inneheld lite av det vi i dag vil rekne som journalistikk. Det innleiande verset er ei helsing til lesarane, og her blir det poengtert at publikasjonen er norsk: Her kommer nu et Blad, som fører Norsk Beretning Om en og anden Ting, som ogsaa tiene kand. Slik lèt ein forstå at det finst ein særleg norsk måte å sjå på verda på, men det er ein svært forsiktig patriotisme som kjem til uttrykk. Elles inneheld avisa enkle kunngjeringar om skipsavgangar og stopp, om ting som er å få kjøpt, om fødslar, dødsfall og ekteskap og om beslaglagt tjuvegods – og ein artikkel om korleis sitronar kan oppbevarast for å halde seg over vinteren i Noreg.
Den kanskje mest interessante teksten for oss i dag er ein kort og moraliserande refleksjon over korleis skarpsindige menneske kan vere tilbøyelege til å kritisere feil og manglar hos andre snarare enn å rette på sine eigne. Det er ikkje lenger klart kven denne teksten retta brodden sin mot i 1763, men han er vel ikkje mindre gyldig i dag?
Den originale avisa er skriven med den gotiske skrifta fraktur, som kan vera vanskeleg å lese for oss i dag. I monterlomma til høgre ligg ein transkribert versjon.
13 5 Norske Intelligenz-Seddeler, nr. 1, s. 2 og 3, avis
1763
Dorothe Engelbretsdatter:
Siælens Sang-Offer, salmebok 1685
Salmediktaren Dorothe Engelbretsdatter var den første norske profesjonelle forfattaren i Danmark-Noreg. Debutboka hennar, Siælens Sang-Offer, blei gitt ut i Christiania i 1678. Førsteutgåva finst ikkje lenger, men boka kom i heile sju utgåver berre mens Engelbretsdatter levde. Det direkte og songbare språket hennar bidrog til at ho blei ein av dei mest populære forfattarane på 1600-talet.
Fleire av bøkene til Engelbretsdatter hadde eit bilete av forfattaren som såkalla frontispis, ein detaljert illustrasjon på sida vend mot tittelbladet. Portrettet i denne utgåva av Siælens Sang-Offer, frå 1685, viser ei skrivande kvinne midtvegs i livet. På skrivebordet framfor henne står ein hovudskalle og eit timeglas. Dette var barokke emblem som skulle minne tilskodaren om at livet er forgjengeleg. I portrettet symboliserer emblema òg djupt personlege erfaringar: Sju av dei ni barna til Engelbretsdatter døydde då dei var små. Var det noko livet hadde vist henne, så var det at døden ventar oss alle. Dette er eit tilbakevendande tema i fleire av salmane i boka. I «Aften Psalme» – som i Norsk salmebok 2013 er trykt under tittelen «Dagen viker og går bort» – heiter det:
Våre dager ser sin slutt. / Timeglasset renner ut. / Døden oss i hælen går. / Evigheten forestår.
6
14
Utgitt av Christian Geersøn, Kiøbenhaffn.
Kongeriget Norges Grundlov, plakat 1836
Grunnlova av 1814 var ei forfatning som la lovgivingsmakta i hendene på eit parlament, Stortinget, og avgrensa makta til kongen. Representantane skulle veljast blant mannlege statsborgarar over 25 år med ein viss eigedom. Sjølv om dette inkluderte berre rundt 40–45 % av mennene – stemmerett for kvinner var enno ikkje noko tema – var det ei radikal ordning etter den europeiske målestokken på den tida. Grunnlova var ikkje berre ei liberal forfatning, ho sikra òg stor grad av norsk sjølvråderett i unionen med Sverige. Derfor blei ho eit viktig symbol for det norske nasjonale fellesskapet.
I 1820-åra begynte ein å trykkje Grunnlova i plakatformat, og desse politiske ikona blei populære veggbilete, gjerne i glas og ramme. Denne versjonen frå 1836 er spesielt flott. Illustrasjonen viser Eidsvollsbygningen og portrett av nokre av mennene som hadde vore med på Eidsvoll dei seks vekene våren 1814 eller på det første ekstraordinære Stortinget hausten same året, då unionen blei inngått. Grunnlova er datert 4. november, men det er berre mindre endringar frå Grunnlova frå 17. mai. Nedst er underskriftene til dei 79 stortingsrepresentantane.
Litograf: J.C. Walter. Utgivar: Prahl.
16 7
Ikkje alle følte seg like inkludert i det norske politiske fellesskapet. Arbeider-Foreningernes Blad var det første radikale arbeidarbladet i Noreg. Det blei etablert av aktivisten Marcus Thrane i 1849. Thrane var ein iherdig og dristig forkjempar for utvida stemmerett og sosiale reformer, og han var leiaren av det som blei kalla Thranerørsla – den første politiske masserørsla i Noreg. I 1850 kontakta han kongen og kravde mellom anna allmenn stemmerett. Men sjølv om Grunnlova var liberal i samtida, hadde ytringsfridommen sine grenser, ikkje minst når han blei brukt til å mobilisere arbeidarklassen: Thrane blei dømd til sju års fengsel.
Den 4. juni 1853 vigde Arbeider-Foreningernes Blad førstesida til forslaget om å endre fem paragrafar i Grunnlova, denne gongen utforma av historikaren og politikaren Ludvig Kristensen Daa. Alle forslaga gjaldt utviding av stemmeretten.
17 7
Arbeider-Foreningernes Blad, avis 1853
«Draumkvedet» etter Maren Ramskeid, manuskript
Ca. 1840–1850
Til grunn for mykje av innsamlinga av eventyr, songar, notar, dialektar og gjenstandar på 1800-talet låg tanken om at alt dette var ulike uttrykk for ein folkeleg kultur med djupe røter. Ein kultur som var gammal, nasjonal og grunnleggjande stabil. Innsamlinga var derfor òg ei søking etter ei felles opphavleg historie.
I Noreg stod denne kulturtenkinga sterkt, med kjende samlarar som Asbjørnsen og Moe, Ivar Aasen, Ludvig Mathias Lindeman – og presten og salmediktaren Magnus Brostrup Landstad. Ein gong i 1840åra skreiv han ned «Draumkvedet» mens tenestejenta Maren Ramskeid frå Telemark song balladen for han. Versjonen til Ramskeid og Landstad er den mest utførlege vi kjenner, og i samtida blei han brukt som grunnlag for forsøka på å rekonstruere ein original.
«Draumkvedet» skildrar ein visjon så stor at diktet kan vekkje tankar om Dantes Den guddommelege komedie. I dag er vi usikre på kor gammalt «Draumkvedet» eigentleg er, og om dei mange nedskrivingane kan reknast som glimt av den same balladen.
Det hastige manuskriptet til Landstad er fullt av rettingar og tilføyingar. Kontrasten til Gerhard Munthes utsmykka bokutgåve – i skuffa nedanfor – er slåande.
1 Agnes Buen Garnås: Draumkvedet, 1984 Utgitt av Kirkelig Kulturverksted | 2:24 (utdrag)
2 Arne Nordheim: Draumkvedet, med Kringkastingsorkesteret, Ingar Bergby (dirigent), Grex Vocalis, 2006
Utgitt av Simax Classics | 4:27 (utdrag)
8
18
8 Moltke Moe (red.) og Gerhard Munthe (ill.): Draumkvæde. Et digt fra mellomalderen
1904
Den praktfullt utstyrte boka Draumkvæde er dekorert og illustrert av Gerhard Munthe. Til og med skrifta teikna han for hand. Utgåva inneheld berre sjølve balladen og ingen tilleggsopplysningar. Det blir berre kort nemnt at det er Moltke Moe som har redigert teksten. Moe var professor «i norsk Folkesprog med Forpliktelse til ogsaa at foredrage norsk Folketradition», altså i det som seinare blei kalla folkloristikk. Professoratet var det første i faget i Norden og representerte ei vending frå eit romantisk til eit akademisk blikk på folkediktinga.
Moe skulle ikkje berre redigere teksten, han skulle òg utarbeide eit vitskapleg noteapparat. Oppgåva var vanskeleg, og Moe blei aldri ferdig. Dette var til stor frustrasjon både for Munthe og utgivaren, Forening for Norsk Bogkunst, som skulle presentere boka som den første utgivinga si. I det lengste håpa dei å kunne lage eit supplementsbind med kommentarar, men det blei aldri gjort. Dermed blei boka til Munthe eit særeige litterært smykke, stilistisk moderne, men utan den vitskaplege dimensjonen ho var tiltenkt.
Utgitt av Forening for Norsk Bogkunst, Kristiania.
19
Georg Ossian Sars: vitskaplege teikningar av sjøstjerne, torsk, krepsdyr og blåkval
Ca. 1860–1890
Georg Ossian Sars var den leiande norske zoologen i andre del av 1800-talet og er framleis ein av dei mest siterte norske naturforskarane. Som ung var han mykje til sjøs, lønna av staten for å utvide kunnskapsgrunnlaget for norsk fiskerinæring og seinare for kvalfangst. Han oppdaga mellom anna at rogna til torsken ikkje søkk, men flyt på havflata, og i 1865 klarte han å befrukte rogna kunstig. I 1874 blei Sars professor i zoologi, og han publiserte mykje, særleg om krepsdyr. Materialet som er stilt ut her, viser kor uvanleg evnerik han var som vitskapleg teiknar.
Sars var ein del av ei lita gruppe personar som var dominerande i både den vitskaplege og den kunstnariske norske offentlegheita. Broren Ernst blei den store norske historikaren på den tida. Éi søster, Mally, gifta seg med komponisten og dirigenten Thorvald Lammers. Ei anna av Sars-søstrene, Eva, studerte med Lammers og var ein feira romansesongar då ho møtte og gifta seg med Fridtjof Nansen, som òg begynte karrieren som zoolog – og teiknar. Georg Ossian Sars var sjølv, i tillegg til å vere ein framståande vitskapsmann og teiknar, ein habil fiolinist. Arbeida til Sars er døme på korleis kunst og vitskap påverka kvarandre.
9
20
21
Eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen var kanskje ikkje ein like framståande forskar som Georg Ossian Sars, men han òg var zoolog, og ikkje minst var han ein av dei første som presenterte utviklingslæra til Darwin for eit norsk publikum. I 1853 fann han ein ukjend sjøstjerneart i Hardangerfjorden, på oppsiktsvekkjande djupt vatn: 380 meter. På den tida visste ein ikkje at det fanst liv så djupt nede. Han kalla sjøstjerna Brisinga endecacnemos, etter halssmykket til gudinna Frøya, Brisingamen.
Seksten år etter Asbjørnsen oppdaga Sars òg ein sjøstjerneart, Brisinga coronata, denne gongen på så mykje som 600 meters djup, utanfor Lofoten. Sars skreiv ein artikkel på engelsk om funnet som blei publisert i 1875. Denne sende han til sjølvaste Charles Darwin, som svarte vennleg og anerkjennande i eit lite brev i april 1877:
Dear Sir,
Allow me to thank you much for your kindness in having sent me your beautiful memoir on Brisinga. It contains discussions on several subjects about which I feel much interest. I congratulate you on your discovery of the new proofs of Autography which promises to be of much service to those who like yourself are good draughtsmen.
With the most sincere admiration for your varied works in Science, I remain, dear Sir
Yours very faithfully
Charles Darwin
23
9 Brev frå Charles Darwin til Georg Ossian Sars 1877
Henrik Ibsen: Peer Gynt. Et dramatisk digt, førsteutgåve og andreutgåve med eigenhendige rettingar
1867
Henrik Ibsens Peer Gynt blir rekna som eit hovudverk i den norske litteraturen, dels på grunn av dei språklege kvalitetane, og dels på grunn av den samansette studien av Peer Gynt – som mange òg har sett på som ein studie av det norske. Ibsen begynte å skrive på stykket i Roma i 1867, men det meste er skrive på øya Ischia i Napolibukta. Nesten ti år seinare kom den første oppsetjinga, i 1876 på Christiania Theater, med musikk av Edvard Grieg.
Inspirasjonen til Peer Gynt-figuren fann Ibsen i P.C. Asbjørnsens Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn (1845), der Per Gynt blir presentert som «en Skytter i Kvam i gamle Dage». Han skal mellom anna ha fått bukt med haugtroll og den «store Bøjg i Etnedalen». Og han var visstnok også «en Eventyrmager og Ræglesmed».
Ibsens Peer Gynt er då òg ein som veit å rømme og dikte seg vekk frå verkelegheita. I opninga av stykket utbryt mor Aase: «Peer, du lyver!» Han er seg sjølv nok, men som løken er han djupast sett utan kjerne, og kvar han enn reiser, finst «Bøjgen» der og lokkar og lurer med sitt «gaa udenom».
Førsteutgåva blei utgitt av Den Gyldendalske Boghandel (F. Hegel) i København.
Andreutgåva (1867) med rettingar, hovudsakleg språkleg modernisering, av Henrik Ibsen og andre, til tredjeutgåva (1874).
10
24
Peer Gynt, NRK 1993
Då NRK begynte med regulære, landsdekkjande fjernsynssendingar i 1960, blei det nystarta Fjernsynsteatret ein viktig kulturberar for nordmenn. Her nådde klassiske og moderne skodespel fram til publikum i ei utstrekning som før hadde vore utenkjeleg. Ikkje minst blei skodespela til Henrik Ibsen, og særleg samtidsdramaa hans, ei openberring for mange nordmenn som berre kjende til Ibsen gjennom lesing eller omtale. Som eigen teaterinstitusjon, med fast tilsett ensemble, blei Fjernsynsteatret avvikla i 1990. Det blei avløyst av den nye programavdelinga NRK Drama, som sidan berre unntaksvis har produsert framsyningar basert på scenedramatikk.
Produksjonen av Peer Gynt i 1993, med Paul-Ottar Haga i hovudrolla, var slik sett eit unntak, ei framsyning som korresponderte både med profilen til det «gamle» Fjernsynsteatret og med det nye, mangefasetterte TV-uttrykket som tekniske framsteg no hadde gjort mogleg. Dette var ikkje minst tydeleg i scenane frå Dovregubbens hall.
25 10
Klipp henta frå NRK Arkiv.
Henrik Ibsen: Et Dukkehjem. Skuespil i tre akter, manuskript og førsteutgåve 1879
«Jeg må se at komme efter, hvem der har rett, samfundet eller jeg», utbryt Nora mot slutten av Et Dukkehjem, det andre av Henrik Ibsens tolv samtidsdrama. Natt til tredje juledag forlèt ho mann og tre barn. Gjennom den seinare så kjende retrospektive teknikken til Ibsen har publikum då, ved den kontroversielle slutten på stykket, fått rulla opp ei fortid som viser at ekteskapet mellom Nora og Helmer har vore prega av løgn og falsk framferd.
Et Dukkehjem (1879) blei det store internasjonale gjennombrotet til Ibsen. Det er det mest spelte stykket hans verda over og er omsett til over sytti språk.
Kvinna si stilling i samfunnet var eit omstridt tema i den offentlege debatten i andre halvdel av 1800-talet.
Ekteskapsromanen Amtmandens Døttre (1854–55) av Camilla Collett var blant bøkene som tidleg blei heftig diskutert. I dei eldste notata til Et Dukkehjem skriv
Ibsen: «Der er to slags åndelige love, to slags samvittigheder, en i manden og en ganske anden i kvinden.»
I stykket utforskar han kva slags konsekvensar dette får for kvinna i det praktiske livet.
10
26
Førsteutgåva er utgitt av Gyldendalske Boghandels Forlag (F. Hegel & Søn) i København.
Då NRK begynte med regulære, landsdekkjande fjernsynssendingar i 1960, blei det nystarta Fjernsynsteatret ein viktig kulturberar for nordmenn. Her nådde klassiske og moderne skodespel fram til publikum i ei utstrekning som før hadde vore utenkjeleg. Ikkje minst blei skodespela til Henrik Ibsen, og særleg samtidsdramaa hans, ei openberring for mange nordmenn som berre kjende til Ibsen gjennom lesing eller omtale.
Produksjonen av Et dukkehjem i 1973, med Lise Fjeldstad i rolla som Nora, var det første norske fjernsynsteaterstykket i fargar. Framsyninga var originalprodusert for TV, men knytte seg langt på veg til den kjende Ibsen-tradisjonen i norsk teater. Likevel fekk stykket eit moderne preg gjennom nærbilete, skiftande kameravinklar, ei lettare replikkføring og høgare tempo i spelestilen. Til dømes fekk den kjende tarantellascenen ein nærgåande intensitet som ei sceneoppsetjing vanskeleg kan oppnå.
27 10 Et dukkehjem, Fjernsynsteatret, NRK
1973
Klipp henta frå NRK Arkiv.
10 Henrik Ibsen: Hedda Gabler. Skuespil i fire akter, manuskript og førsteutgåve 1890
Under arbeidet med Hedda Gabler, som blei utgitt i 1890, noterte Henrik Ibsen ein av ideane til stykket: «Den traditionelle vildfarelse at en mand passer for en kvinde». I eit anna notat skriv han følgjande om ein bestemt kvinnetype han meiner å ha observert:
Hovedpunkter:
1) De er ikke alle skabte til at være mødre.
2) Det sandselige drag er i dem, men de har skræk for skandalen.
3) De fornemmer at der er livsoppgaver i tiden, men de kan ikke få tag i dem.
Historia om generaldottera Hedda Gabler som til slutt skyt seg sjølv, skapte enorm debatt i samtida. Kritikarane var ikkje nådige. Fleire av dei meinte stykket burde hatt ein tydelegare moral, og at det mangla ein klar idé.
Som namnet fortel, er Hedda Gabler i større grad dottera til far sin enn hustrua til mannen. Ho kjedar seg med Jørgen Tesman, som ho har gifta seg med for å bli forsørgd. Frå faren har ho ikkje arva anna enn eit portrett og to pistolar. Når ho ikkje finn nokon veg til fridom, vel ho å «dø i skønhed».
Ingrid Bergman, Isabelle Huppert og Cate Blanchett er blant dei som har gitt liv til Hedda Gabler på scenen.
Førsteutgåva blei utgitt av Gyldendalske Boghandels Forlag (F. Hegel & Søn) i København.
28
Då NRK begynte med regulære, landsdekkjande fjernsynssendingar i 1960, blei det nystarta Fjernsynsteatret ein viktig kulturberar for nordmenn. Her nådde klassiske og moderne skodespel fram til publikum i ei utstrekning som før hadde vore utenkjeleg. Ikkje minst blei skodespela til Henrik Ibsen, og særleg samtidsdramaa hans, ei openberring for mange nordmenn som berre kjende til Ibsen gjennom lesing eller omtale. Fjernsynsteatrets Hedda Gabler, med Monna Tandberg i hovudrolla, blei vist første gong i 1975 og var basert på Nationaltheatret si framsyning frå 1971. Det var inga direkte overføring frå teaterscenen, men ein studioproduksjon som var tillempa fjernsynsmediet. Stykket var språkleg tilpassa, og kameraføringa lèt sjåaren komme nærmare på skodespelarane, noko som gav særleg sluttscenen ein eigen intimitet. Men oppsetjinga følgde elles originalmanuset lojalt og plasserte seg attkjenneleg i den tradisjonen som dramatikken til Ibsen blei framført i, gjennom det tjuande hundreåret. Klipp henta frå NRK Arkiv.
29
10 Hedda Gabler, Fjernsynsteatret, NRK 1975
Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe: Eventyrbog for Børn. Norske Folkeeventyr, bind I–III
1883–1887
I slutten av 1830-åra innleidde Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe eit samarbeid som resulterte i ei rekkje samlingar med norske folkeeventyr. Den første utgåva kom hausten 1841. Dei to reiste landet rundt og samla og skreiv ned historier som til då berre hadde vore ein del av dei munnlege tradisjonane. Forfattarar som Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson var blant dei som lèt seg inspirere av eventyra.
I 1883 kom det første av tre bind med eventyr for barn – med illustrasjonar av Theodor Kittelsen, Erik
Werenskiold og Otto Sinding. Kor eigna enkelte av desse uhyggjelege historiene var for dei minste, kan sikkert diskuterast, men samlingane var i alle fall eit
uttrykk for det veksande medvitet om barn og barndom i samtida.
Til slutt i tredje bind var ei liste med ordforklaringar. Lesaren visste godt kven Espen Oskeladd var, men kva betydde «Oskeladd»? Jau: «den yngste af flere Brødre (den som endnu sidder hjemme og roder i Asken, medens de andre er ude paa Arbeide)». Slik blei eventyra ei kjelde til ny språkleg kunnskap både for barn og vaksne.
Utgitt av Gyldendal, Kjøbenhavn.
11
30
Ivar Aasen: Norsk Ordbog med dansk Forklaring
1873
I ei tid då nordmenn framleis skreiv dansk, la språkforskaren og diktaren Ivar Aasen grunnlaget for nynorsk som skriftspråk i Noreg. I 1850 gav han ut Ordbog over det norske Folkesprog. Boka inneheldt meir enn 25 000 oppslagsord og var resultatet av eit årelangt arbeid med å samle inn og systematisere dialektar. Norsk Ordbog med dansk Forklaring (1873) er ei utvida og revidert utgåve som viser det store talentet Aasen hadde som språkforskar.
Det språkvitskaplege pionerarbeidet til Ivar Aasen skjedde parallelt med at den norske nasjonalstaten tok form på andre område òg. I dag har vi to offisielle skriftspråk i Noreg: norsk, med dei likestilte målformene bokmål og nynorsk, og samisk, i samiske forvaltingsområde. Samisk er ei samlenemning på fleire språk, og desse er dei eldste minoritetsspråka i landet.
Ivar Aasen var 58 år gammal då fotograf Carl Christian Wischmann tok det første av i alt tre portrettbilete av han. Det er mogleg at det var ei blanda erfaring. Den 11. september 1871 noterer Aasen i dagboka: «Hos ein fotograf». 13. september er han hakket meir pratsam: «Hos Fotografen […] Slet Humør». Utgitt av Mallings Boghandel, Christiania.
12
32
1870–1874
Fotografiet blei lansert i 1839 av franskmannen Louis Daguerre, som laga dei første såkalla daguerreotypiane. I byrjinga hadde dei færraste råd og høve til å la seg fotografere, men utover 1800-talet blei det stadig vanlegare.
Carl Christian Wischmann var ein dansk-norsk portrettfotograf som dei siste førti åra av livet hadde atelier i Christiania. Protokollen til Wischmann er ein katalog over alle fotografoppdraga hans frå 1870 til 1874. Protokollen viser eit lite utsnitt av befolkninga i Christiania i denne perioden og gir oss dermed eit eineståande tidsbilete. Bileta er limte inn i den gamle rekneskapsprotokollen til ein skomakar. Bak og mellom bileta kan vi sjå spor av gamle skomakaroppdrag, som ei ny ladning med støvlar: «20 springstøvler, nye». Fotografia til Wischmann er daterte og plasserte i kronologisk rekkjefølgje. I snitt hadde han tre kundar dagleg. Dei portretterte er i alle aldrar og frå ulike samfunnslag. Nokre ser inn i kameraet, nokre ser ned, andre igjen til sida. Dei fleste ansikta er ukjende, men enkelte kjenner vi igjen. Den 11. september 1871 tok Wischmann det første av til saman tre fotografi av Ivar Aasen. Biletet som er stilt ut her, er det mest kjende portrettet av han.
33 12
Carl Christian Wischmanns protokoll
Edvard Grieg: Concert op. 16 (a-mollkonserten), manuskript
1868
Sommaren 1868 og den følgjande vinteren skreiv Edvard Grieg den einaste klaverkonserten sin, den såkalla a-mollkonserten. 3. april 1869 blei konserten urframført på Tivoli i København. Grieg var sjølv ein framifrå pianist, men han hadde andre plikter og var ikkje til stades då vennen Edmund Neupert blei konsertens første solist. Morgenbladet rapporterte seinare om «et særdeles interessant Arbeide», og særleg dei to siste satsane blei godt mottekne.
[V]ore musikalske Kritikere har om denne Komposition udtalt sig med stor Anerkjendelse og navnlig fremhævet det Originale og det eiendommelig Nordiske, der gjennem den udtaler sig.
Fleire kritikarar trekte fram dette nordiske preget som særeige for a-mollkonserten – dette i ein periode då det ville, urørte landskapet blei gjort til eit av dei sterkaste nasjonale symbola.
Samtidig var verket ein del av ein europeisk konserttradisjon, og det etablerte seg nokså raskt i det internasjonale repertoaret. Grieg reviderte konserten gjennom heile livet, og ikkje minst arbeidde han mykje med orkestreringa av den store opningsakkorden. I dag vil mange straks kjenne konserten igjen allereie der. Verket er framleis eit ikon i den norske musikkhistoria.
34
13
Konsert for klaver og orkester i a-moll, op. 16, 1988
1 Allegro molto moderato | 13:22
2 Adagio | 6:45
3 Allegro moderato molte e marcato | 10:06
35
Frå Edvard Grieg (1843–1907), Norsk Kulturråds klassikarserie. Jens Harald Bratlie, piano. Oslo-Filharmonien, dirigert av Mariss Jansons. Polygram Records A/S, Oslo, 1988.
1888
Norsk Kvinnesaksforening blei stifta i 1884 av den radikale kvinnesaksforkjemparen Gina Krog og den meir moderate venstrepolitikaren Hagbard Berner. Det var den første interesseorganisasjonen for kvinner i landet. I formålsparagrafen heitte det at foreininga skulle «virke for at skaffe Kvinden den hende tilkommende Ret og Plads i Samfundet». I februar 1887 kom det første nummeret av foreiningstidsskriftet Nylænde ut, med Krog som redaktør. Frå 1894 tok Krog sjølv over som utgivar.
Lik stemmerett for kvinner og menn var lenge eit for radikalt mål for Norsk Kvinnesaksforening. For Gina Krog var det heile tida ei uttalt kampsak. I leiarartikkelen «Stemmeret» frå mainummeret av Nylænde i 1888 peiker redaktøren på kor «hult og fraseagtigt»
argumentet om rettferd og menneskeverd blir dersom omgrepet allmenn stemmerett berre refererer til «stemmeret med udelukkelse af alle kvinder».
Nylænde var eit viktig organ, ikkje berre for stemmerettskampen i Noreg, men òg fordi det lét kvinner komme til orde i det offentlege rommet.
I 1913 blei Noreg det fjerde landet i verda som innførte allmenn stemmerett for menn og kvinner.
36 14
Gina Krog (red.): Nylænde, nr. 9, tidsskrift
Utgitt av Norsk Kvinnesaksforening, Kristiania.
14
Camilla Collett og Emilie Diriks: Forloren
Skildpadde, nr. 1–5 og 7, handskrive tidsskrift
1837
Forfattaren Camilla Collett er særleg kjend for romanen Amtmandens Døttre (1854–55). Ho var feminist og den første æresmedlemmen i Norsk Kvinnesaksforening. Etter kvart blei ho òg ein av dei mest profilerte bidragsytarane i Nylænde.
Sommaren 1837 hadde ho enno ikkje debutert som forfattar. Saman med venninna Emilie Diriks fekk ho ideen om å lage eit tidsskrift. Bladet skulle komme ut ein gong i veka «paa fiint Postpapir» og skulle gå frå hand til hand i «en lille udvalgt Kreds af Damer». Tidsskriftet fekk namnet Forloren Skildpadde, etter ein matrett det var forventa at alle kvinner skulle kunne lage på denne tida. Emilie Diriks og Camilla Wergeland (jentenamnet) hadde større ambisjonar: Dei ville lage ein litterær rett med «Qvintessentzen af Damers Vid og Sjelsfiinhed».
Bladet kom i seks utgåver. Dei to redaktørane gav seg ut for å vere menn, Hr. CW (Camilla Wergeland) og Hr. ED (Emilie Diriks), og skreiv sjølve alle tekstane. Tidsskriftet romma alt frå essay og noveller til reiseskildringar og oppdikta dødsannonsar, og vi kan sjå på det som eit forsøk på å skape rom for si eiga stemme i ei tid då kvinner hadde liten tilgang til det offentlege rommet.
37
Edvard Munch: Selvportrett med knokkelarm
1895
Edvard Munch er ein verdskjend norsk grafikar og målar. Han var ein av dei viktigaste kunstnarane i modernismen, og gjennom seksti år eksperimenterte han innanfor fleire stilretningar og med ulike teknikkar, mellom anna grafikk, teikning, måleri og skulptur. Selvportrett med knokkelarm er eit litografi – eit steintrykk – frå 1895. Dette no berømte sjølvportrettet er eit av dei tidlege litografia hans. Biletet er bygd opp rundt sterke kontrastar. Ansiktet er kvitt, nesten likbleikt, og bakgrunnen beksvart. Nedst i biletet ligg den kvite knokkelarmen som ei påminning om døden.
Biletet blei trykt i Berlin, der Munch hadde halde til sidan tidleg i 1890-åra saman med kunstnarar som Sigbjørn Obstfelder, Gustav Vigeland og August Strindberg. I Berlin, i kunstnarforeininga, blei òg den såkalla skandaleutstillinga til Munch opna 5. november 1892. Utstillinga blei stengd etter berre fem dagar fordi kunstkritikarar og ikkje minst majoriteten i styret i kunstnarforeininga meinte at verka var uferdige og skisseaktige. Utstillinga var likevel ikkje nokon skandale for Munchs posisjon i det offentlege rommet; ho markerte snarare det internasjonale gjennombrotet hans. Året etter, i 1893, målte han det mest kjende biletet sitt. Skrik har, saman med ei rekkje av dei seinare ikoniske verka, gitt Munch ein eineståande posisjon i kunsthistoria.
38 15
1899
Det var truleg i første halvdel av 1230-åra at den islandske skalden og høvdingen Snorre Sturlason skreiv det store verket om dei norske kongane, Heimskringla. Teksten dekkjer tida frå Noregs mytiske opphav til slaget på Re i Vestfold i 1177. Folkelesnad blei Snorres historier først med denne illustrerte utgåva, Kongesagaer, som blei gitt ut på J.M. Stenersens Forlag i 1899. Kongesogene blei ikkje berre mykje lesne, dei var òg ein sterk impuls for norsk litteratur og den historiske romanen som sjanger.
Det var forlaget som tok initiativet til utgivinga, og dei kontakta illustratørane først: Halfdan Egedius, Christian Krohg, Gerhard Munthe, Erik Werenskiold, Eilif Peterssen og Wilhelm Wetlesen. Sidan blei Gustav Storm engasjert som omsetjar frå norrønt. Werenskiold fekk hovudansvaret for illustrasjonane, Munthe for dekorasjonane. Saman gav dei den norske mellomalderhistoria eit heilt nytt og distinkt uttrykk, med klare band til samtida. Werenskiold brukte Fridtjof Nansen som modell for heltekongen Olav Tryggvasson, mens den særeigne art noveaux -dekoren til Munthe blei enormt populær i kunstindustrien og interiørarkitekturen – trass i at den aller første setninga i Snorre-utgåva slo fast at «Enhver anvendelse af Værkets Udstyr er forbudt».
Utgitt av J.M. Stenersens Forlag, Kristiania.
39 16
Snorre Sturlason: Kongesagaer
Hulda Garborg: Heimestell. Uppskrifter og rettleidingar for smaae hushald, helst paa lande, kokebok
1899
Kjøkkenet blei ein stad for bøker i 1845, då Hanna Winsnes gav ut kokeboka Lærebog i de forskjellige Grene af Husholdningen. I eit kjent essay raljerte forfattaren Arne Garborg over kor umedviten Winsnes var om sin eigen velstand:
Man tager … tager … tager … og plages ikke af spørgsmålet om, hvor man skal tage det fra. Thi verden er i orden.
Hulda Garborg klarte i større grad enn mannen sin å sjå det positive i Winsnes si praktiske tilnærming til husarbeid. I si eiga kokebok, Heimestell (1899) – som var den første på landsmål i sjangeren, og som dessutan hadde med eit eige kapittel om «dumme mannfolk» – henta ho mykje frå bøkene til Hanna Winsnes. Men Garborg var meir oppteken av internasjonale impulsar, ikkje minst av tysk vegetarianisme. Nytt og dristig var det òg at ho tilrådde folk å plukke og bruke sopp, som var både godt, sunt og gratis.
Hulda Garborg engasjerte seg i den folkelege kulturen og i arbeidet for å skape felles nasjonale kulturuttrykk. Ho grunnla det som skulle bli Det Norske Teatret og etablerte og spreidde kunnskap om folkedrakter og folkedans. Postkortet i monterskuffen viser henne som nasjonalt ikon, i bunad mellom bjørketre.
Utgitt av avisa Den 17de Mai, Kristiania. Foto på postkort: Eivind Enger.
17
40
Stemmesetlar – ja og nei – frå folkerøystinga
om monarki
1905
Under den norske folkerøystinga om oppløysinga av unionen med Sverige 13. august 1905 stemte den kompakte majoriteten på 99,95 % for oppløysing – berre 184 stemte imot. Dette demonstrerte overfor Sverige at det norske folket stod bak Stortinget sitt vedtak om unionsoppløysinga av 7. juni, som frå svensk side blei oppfatta som ein revolusjon. Norske kvinner, som ikkje fekk stemme, sette i gang ein omfattande underskriftsaksjon. For første gong sidan 1380 var Noreg ein heilt sjølvstendig stat.
Berre tre månader seinare skulle det stemmast om den framtidige styreforma: Skal Noreg vere monarki eller republikk? Utfallet var ikkje like opplagt som i august, og Stortinget ønskte eigentleg ikkje noka ny folkerøysting, som kunne komme til å skape politisk kaos. Men republikanarane kravde å bli høyrde, og danske prins Carl, som hadde fått tilbodet om å bli norsk konge, ønskte eit tillitsvotum. Den nye folkerøystinga 12. og 13. november var svært enkel: «ja» eller «nei» til prins Carl.
Det er påfallande kor forskjellig dei to stemmesetlane blei utforma. «Ja» er skrive med større bokstavar, runde og opne i forma, mens «nei» står i mindre typar og er skarpare i uttrykket. Utfallet av folkerøystinga blei 79 % for og 21 % imot å tilby Carl den norske krona.
42 18
18 Kong Haakon, dronning Maud og kronprins Olav kjem til Noreg, filmopptak
1905
25. november 1905, berre to veker etter folkerøystinga, kom prins Carl – no kong Haakon VII – til Noreg saman med dronning Maud og kronprins Olav. Det var ei stor hending, ikkje berre for det sjølvstendige Noreg, men òg for den gryande norske film- og kinobransjen.
Fleire skandinaviske filmfotografar følgde kongefamilien på reisa frå København, først med det danske kongeskipet «Dannebrog», og deretter, ved innseglinga til Kristiania, med det norske skipet «Heimdal». Resultatet var fleire korte nyheitsfilmar som blei viste på kinoar mellom anna i hovudstaden få dagar seinare. Det korte klippet vi ser her, er eitt av fleire bevarte filmopptak. Bileta viser at kameramannen hadde vanskelege arbeidsforhold i menneskemylderet og snøfokket. Det er derfor ikkje alltid like lett å få auge på den ferske kongen – trass i den ranke haldninga hans.
Filmopptaka på denne tida var korte, som oftast varte dei berre nokre få minutt, og nyheitsfilmar var ein viktig del av kinorepertoaret. Filmane frå denne dagen er blant dei tidlegaste filmopptaka frå Noreg, og kongens innreise til landet er den første offisielle hendinga i Noreg som er dokumentert på film.
43
Filmopptak ved Peter Elfelt. Fleire namn er ikkje kjende, men det er mogleg at andre står bak delar av opptaka.
1911
Den norske kinolova blei vedteken i 1913 og tok til å gjelde året etter. Med denne lova blei det bestemt at alle filmar skulle førehandssensurerast, og at dette skulle utførast av den same instansen. Ein gjekk òg inn for kommunal kontroll over kinodrifta. Før 1913 hadde politiet myndigheit til å sensurere teaterstykke, filmar og varietéframsyningar: Ein tenestemann såg ei framsyning den same dagen som ho blei sett opp, og sensurerte eventuelt i etterkant.
Dei fire fragmenta som er bevarte frå stumfilmen Dæmonen (1911), er dei sensurerte klippa. Filmen blei produsert av filmmannen Jens Chr. Gundersen, som på denne tida eigde fleire kinoar i Oslo. Han laga filmen i Danmark. Det opna for flottare innspelingsstudio og meir kostbare kostyme, men enkelte meinte at det òg tilførte filmen den slags umoral som dansk film var berykta for. Dei sensurerte scenane viser lystige lag med festing, erotiske tilnærmingar og ein stilisert fransk dans – også den med eit mogleg erotisk potensial. I ei rolle som mannleg dansar ser vi elles den kjende norske målaren Per Krohg.
Dæmonen er ein av dei første norske spelefilmane som blei produsert mellom 1911 og fram til kinolova blei vedteken.
Produsert av A/S Norsk Films Kompani. Regi: Alfred Lind.
44 19
sensurerte filmklipp
Dæmonen,
45
«Sørpolbrevet»,
til kong Haakon VII
1911
Den 14. desember 1911 nådde Roald Amundsen Sørpolen saman med ei utvald gruppe ekspedisjonsmedlemmer: Olav Bjaaland, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting. Dei sette opp eit lite telt for å markere, synleggjere og skape sjølve polpunktet, og Bjaaland fotograferte resten av følgjet framfor teltet. Etter fire dagar begynte dei å gå tilbake til skipet «Fram» så raskt dei kunne. Dei ville vere sikre på å kunne presentere nyheita først. Ekspedisjonen var planlagd i minste detalj og var dessutan ei nøye regissert, global mediehending.
Den konkurrerande britiske ekspedisjonen, leidd av Robert F. Scott, nådde Sørpolen over ein månad seinare. Då var Amundsen og mennene hans berre ei vekes marsj frå «Fram». Ekspedisjonen til Scott fann teltet og eit brev Amundsen hadde skrive til den norske kongen – i tilfelle dei ikkje skulle komme tilbake. Amundsen hadde òg lagt igjen ein lapp der han bad Scott poste brevet, som låg i ei tøymappe som var sydd av same stoff som teltet.
Alle medlemmene av Scotts ekspedisjon omkom på tilbaketuren. Brevet i tøymappa blei funne ved Scott, og dette blei dermed eit sikkert bevis på at dei òg hadde vore på polpunktet.
46 20
brev frå Roald Amundsen
Desse to fotografia viser Robert F. Scotts menn ved polpunktet 18. januar 1912. På det eine biletet står fire av mennene ved det norske teltet som markerte at Sørpolen alt var nådd; på det andre poserer alle ekspedisjonsmedlemmene med britiske og engelske flagg. Dei er prega av slitet og vonbrotet. I dag er det uråd å sjå på bileta utan å tenkje på at ingen av dei overlevde tilbaketuren.
Negativa blei funne på den døde kroppen til Scott, og dei blei framkalla på basen. Fotografia er av eksepsjonell kvalitet. Vi kan sjå saumen i teltduken og utløysarsnora til kameraet frå handa til Edgar Evans. Tekstane på baksida av bileta er skrivne av den glimrande fotografen Herbert Ponting, som hadde venta på Scott og dei andre ved basen. Seinare omtalte Ponting bileta til Scott slik: «truleg dei mest tragiske interessante fotografia i verda».
Øvst: Discovery of Amundsen’s tent at the South Pole by Captain Scott’s party. January 18th. 1912. This print was made from a negative in the roll ffilm which lay for 8 months beside Scott’s body before it was found by the Search Party, & later developed.
Nedst: Captain Scott, Dr Wilson, Captain Oates, Lieut Bowers and Petty Officer Evans at the South Pole. January 18th 1912. – This print was made from a negative in the roll ffilm which lay for 8 months beside Scott’s body before it was found by the Search Party, and later developed.
47 20 Fotografi frå den britiske antarktisekspedisjonen 1912
Arbeidernes leksikon, bind I–VI
1932–1936
I den politisk turbulente mellomkrigstida tok eit særeige norsk leksikonverk form: Utforminga av det som fekk tittelen Arbeidernes leksikon, tok til i 1931 og blei i perioden 1932–1936 utgitt på Arbeidermagasinets forlag, med Jacob Friis og Trond Hegna som redaktørar. Artiklane var skrivne av medlemmer av Mot Dag. Gruppa Mot Dag var først knytt til Arbeiderpartiet og så Kommunistpartiet, før ho blei ei uavhengig revolusjonær foreining i 1929.
Arbeidernes leksikon skulle vere eit motleksikon – ei motvekt til dei borgarlege konversasjonsleksikona. Leksikonet blei redigert ut frå ein tanke om at heller ikkje vitskapleg kunnskap er politisk nøytral. Modellen var det store sovjetiske leksikonet. Initiativet kom frå arbeidarrørsla og kretsen rundt Arbeidermagasinet. Ambisjonen var å opplyse arbeidarklassen ut frå rørsla si eiga «opfatning av samfundsutviklingen og samfundsforholdene».
Logoen på bokryggen formidlar eit bestemt syn på kunnskap: Lesing er vegen til innsikt og opplysning.
Utgitt av Arbeidermagasinets forlag, Oslo.
48
21
22 Dagsnytt 9. april 1940 og nyheiter frå London
7. mai 1945, NRK
1940 and 1945
Radioselskapet NRK blei etablert i 1933, fem år etter at dei første norske radiosendingane gjekk på lufta. På kort tid fekk radioen stor utbreiing og ein sosialt samlande funksjon, og under den andre verdskrigen var kringkastinga avgjerande.
Under krigen sende NRK frå London, der regjeringa og kongehuset òg var i eksil. Hausten 1941 inndrog den tyske okkupasjonsmakta norske radiomottakarar.
9. april 1940 kunne NRK ved mellom andre Toralv Øksnevad, som seinare blei kjend som stemma frå London, fortelje at tyskarane var gått i land i ei rekkje norske byar. Den tyske sendemannen skulle ha oppmoda Noreg om ikkje å gjere motstand. Forslaget blei møtt med eit einstemmig nei frå regjeringa.
Fem år seinare, 7. mai 1945, melde NRK ved Hartvig Kiran at tyskarane hadde overgitt seg. Til slutt i sendinga kom 16 særmeldingar, mellom anna «tobent rev», «kalvedans til frokost» og «kjærlighet uten strømper». Dette var koda beskjedar til Milorg og britiske agentar i Noreg. I denne sendinga kunne ein òg høyre morsesignalet for victory.
1 Dagsnytt 9. april 1940 | 41:30
2 Nyheiter frå London 7. mai 1945 | 3:11
49
Georg W. Fossum: Deportasjon av norske jødar, 35 mm filmnegativ
1942
Den 26. november 1942 blei 529 norske jødar deporterte frå Oslo hamn. Det tyske lasteskipet «Donau» reiste frå Oslo på ettermiddagen og la til i Stettin nokre dagar seinare. Siste stopp var Auschwitz, der dei fleste blei drepne med ein gong i gasskammera. Av dei 529 var det berre ni som overlevde. Deportasjonen blei organisert av norsk politi i samarbeid med okkupasjonsmakta.
Georg W. Fossum var i slutten av tjueåra i 1942. Han fotograferte krigens Oslo for heimefronten og var på hamna denne novemberdagen fordi han hadde fått eit tips frå ein i politiet om at noko kom til å skje. Biletet viser ei gruppe menneske som står med ryggen mot kamera og ser «Donau» manøvrere seg forbi
Vippetangen, med Hovedøya i bakgrunnen.
Biletet blei ikkje vist offentleg før 26. januar 1994 i Aftenposten, etter at journalisten Liv Hegna hadde etterlyst fotografi av deportasjonen. Under krigen sende heimefronten uframkalla filmar med kurer til Stockholm, men i dette tilfellet blei kureren avslørt.
Dermed blei filmen liggjande i Noreg, og truleg blei han ikkje framkalla før etter krigen.
I dag står biletet som ei tydeleg påminning om den norske medverknaden til jødeutryddinga.
23
50
24 Offisiell opning av Ekofisk-feltet, NRK Dagsrevyen 1971
Hausten 1969, etter tre års leiting på norsk sokkel, fann Phillips Petroleum Company verdas største oljefelt. Feltet blei kalla Ekofisk. Geologane var i utgangspunktet usikre på om Ekofisk var drivverdig, men prøveproduksjonen viste at oljeutvinninga kunne bli svært lønnsam. 9. juni 1971 kom statsminister Trygve Bratteli, saman med representantar for Stortinget og regjeringa og andre gjester frå inn- og utland, til den flyttbare boreriggen Gulftide. Der stod statsministeren for den formelle opninga av feltet.
«Denne dagen kan bli en merkedag i vår økonomiske historie», seier Bratteli i dette utdraget frå Dagsrevyen si dekning av opninga. «Jeg håper de forventninger som knytter seg til oljeproduksjonen, vil bli innfridd.» Etter ein ganske kort tale trekkjer han til side ei lita, enkel gardin og avdukar ein plakett på riggveggen. Denne nøkterne seremonien opnar for ei dramatisk endring av det norske samfunnet.
Oljeindustrien endra ikkje berre den norske økonomien, men òg kva rolle Noreg skulle komme til å spele i verda.
NB: Dei første 20 sekunda har TV-klippet berre lyd, ingen bilete.
51
Arvid Sveen: «Varig vern av Alta-Kautokeino-elva!», plakat
1979
I 1968 la Vassdrags- og energidirektoratet fram planane om å byggje ut Alta-Kautokeinovassdraget. Planane møtte raskt sterk og organisert motstand, for konsekvensane ville bli store, både for miljøet, lokalbefolkninga og dei lokale interessene – ikkje minst for reindriftsnæringa. Folkeaksjonen mot utbygginga blei danna i 1978 og samla inn 15 000 støtteunderskrifter, men Stortinget vedtok likevel å byggje ut vassdraget. Utbygginga omfatta ein 110 meter høg demning ved elvegjelet Sautso, som var kjent for å ha ein svært rik fauna.
Konflikten eskalerte kraftig. I 1979 sveltestreika samiske demonstrantar framfor Stortinget, og aksjonistar stansa anleggsarbeidet. Samtidig utvida konflikten seg frå å vere ei lokal og nasjonal sak til å få merksemd frå den veksande internasjonale rørsla for rettane til urfolk. Plakaten til Arvid Sveen viser Altaelva som grensa mellom øydelegging og vern, mellom industri og primærnæringar og mellom den statlege eliten og befolkninga elles i landet.
Norsk samepolitikk hadde i lang tid hatt fornorsking som mål. Alta-Kautokeino-saka blei eit historisk vendepunkt. Ho leidde direkte fram mot ei ny samelov og ein grunnlovsparagraf og mot Sametinget, som blei opna i 1989. Då hadde kraftverket vore i drift i to år.
25
52
© Arvid Sveen / BONO 2020.
Darkthrone: A Blaze in the Northern Sky, LP 1992
A Blaze in the Northern Sky blei utgitt vinteren 1992 og er det andre albumet til Darkthrone. Saman med andre norske band, til dømes Mayhem, definerte Darkthrone det som etter kvart blei kjent som tidleg norsk black metal.
Utgivinga balanserer mellom blodig alvor og teatralsk iscenesetjing. Omslaget til A Blaze in the Northern Sky viser eit kornete fotografi av eit av bandmedlemmene med liksminke på ein kyrkjegard. Lydbiletet er røft, riff-basert og lo-fi, vokalen guttural og hesleg. Tekstane handlar om død, krigarar, gravkammer og heidendom. Låten «The Pagan Winter» opnar med ei djevlepåkalling: «Horned master of endless time / Summon thy unholy disciples».
Norsk black metal var lenge ein lukka musikkultur. Utover i 1990-åra blei fleire merksame på variantar av sjangeren gjennom presseoppslag om drap og kyrkjebrannar, seinare òg gjennom black metal-band som søkte mot meir kommersielle uttrykksformer og kulturell aksept. Men Darkthrone står utanfor desse forteljingane. A Blaze in the Northern Sky kom ut like før dei kjende skandalane og tragediane. Bandet har vore kritisk til kommersialisering, bortvend frå den allmenne kulturoffentlegheita og har ikkje spelt konsertar sidan 1990-åra. Utgitt av Peaceville Records.
26
54
1. «Kathaarian Life Code» | 10:35
2. «In The Shadow Of The Horns» | 6:58
3. «Paragon Belial» | 5:22
4. «Where Cold Winds Blow» | 7:21
5. «A Blaze in the Northern Sky» | 4:53
6. «The Pagan Winter» | 6:34
55
Oslonett blei stifta i 1991 og hadde utspringet sitt i informatikkmiljøet ved Universitetet i Oslo, der fleire brukte internett som forskingsplattform. Firmaet leverte internett til privatpersonar og småbedrifter og gav næringslivskurs i bruk av den nye informasjonsteknologien. I 1993 sette dei opp den første kommersielle nettstaden i Noreg, www.oslonett.no.
Under dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i 1994 la Oslonett fortløpande ut resultata frå konkurransane. Interessa var enorm: På eit drygt døgn midt i februar hadde Oslonett 130 000 treff, som på den tida var eit internasjonalt oppsiktsvekkjande høgt tal. Hausten same året dekte nettstaden EU-røystinga. I ettertid har desse livedekningane fått noko av æra for at såpass mange norske hushald kopla seg på internett tidleg.
I 1995 lanserte Oslonett søkjetenesta Kvasir etter modell av amerikanske Yahoo!. Kvasir var ein tidstypisk portal der ein i tillegg til vanlege fritekstsøk kunne finne fram til informasjon via ein klikkbar innhaldsmeny. Same året blei Oslonett kjøpt opp av Schibsted, som det første steget i Schibsted si satsing innanfor multimedia.
56 27 www.oslonett.no 1994
57
Hausten 2015 var det premiere på ein ny nettdramaserie, skriven og regissert av Julie Andem og produsert av NRK P3. Serien heitte SKAM og blei raskt eit kultfenomen, særleg blant ungdom. Etterkvart begynte serien å trekkje til seg sjåarar i alle aldersgrupper, og til slutt blei han eit internasjonalt mediefenomen.
I SKAM møter vi ein vennegjeng frå Hartvig Nissens videregående skole på Frogner i Oslo. Serien har fire sesongar og er blitt rosa for å ta ungdomskulturen på alvor og for å ta opp kompliserte tema som homofili, valdtekt, psykisk sjukdom og religion. SKAM blei vist på heimesida til serien, der det fortløpande blei lagt ut klipp, meldingar og innlegg frå sosiale medium. Kvar veke blei klippa samla i éin episode, som blei send på TV. Dei fiktive personane i serien hadde verkelege profilar i sosiale medium som Facebook og Instagram – eit grep som løfta serien inn i det offentlege rommet på ein heilt ny måte. Då kjærleikshistoria mellom Noora og William gjekk for seg i sesong 2, engasjerte fleire hundre tusen sjåarar seg i hashtagen #WILLIAMMÅSVARE.
Den tredje sesongen handlar om Isak, som etter ein kort periode med tvil og fornekting innser at han er forelska i Even. Andems kommentarar i manuskripta viser mellom anna kor mykje ved scenane som var improvisert.
I 2018 fekk Nasjonalbiblioteket manuskripta til episodane 5 og 8, sesong 3, av dramaserien SKAM. Fordi materialet er følsamt for lys vil dei utstilte sidene rullere.
58 28
SKAM, manuskript til sesong 3 2016
2016
I ungdomstida blir forhandlingane om kven ein er, kvar ein høyrer til, kven ein vil vere, og ikkje minst kven ein kan vere, intensiverte. Og kven ein forelskar seg i, kan verke avgjerande.
Isak, spelt av Tarjei Sandvik Moe, er hovudpersonen i den tredje sesongen av SKAM, som skildrar forelskinga mellom to gutar. Forholdet mellom Isak og Even, spelt av Henrik Holm, er komplisert, men ikkje nødvendigvis fordi dei er homofile. Vel så vesentleg er det at Even alt har ein kjærast, og at han har maniske periodar, og at Isak har eit komplisert forhold til foreldra sine, med ei mor som sender han kristenforkynnande meldingar. Samtidig tek denne tredje sesongen på alvor at eit brot med det heteronormative ofte byr på ekstra utfordringar knytte til eigen identitet – også i 2016.
59 28 SKAM, filmklipp frå sesong 3, episode 8, NRK
Klipp henta frå NRK Arkiv.
29 Karpe Diem: Heisann Montebello
2015–2017
Hiphopduoen Karpe Diem (frå 2017 berre kalla Karpe) består av Chirag Rashmikant Patel, som har vakse opp i Oslo med indiske foreldre, og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid, som òg har vakse opp i Oslo, med norsk mor og egyptisk far. Alt på debut-EP-en Glasskår (2004) syng dei om korleis det er å vere ung med fleirkulturell bakgrunn.
Heisann Montebello blei rekna som det mest politiske prosjektet til duoen sidan debuten: I november 2015 sleppte dei først tre singlar – i ein av dei blir dåverande justisminister Anders Anundsen omtalt som «en feiging». Mellom februar og juni 2016 kom så tre nye singlar, før «Gunerius» kom i august og runda av albumet. Alle singlane blei lanserte med kvar sin musikkvideo og sidan utgitt i ein samleboks. I desember 2017, etter fire eksklusive kinovisingar av den eksperimentelle musikkfilmen Adjø Montebello, sleppte duoen to låtar til: «Dup-i-dup» og «Rett i foret».
I «Gunerius»-videoen blir private filmklipp frå oppveksten til dei to gutane blanda med klipp frå det Noreg dei har vakse opp i: Gro og Kåre i debatt, demonstrasjonar for og mot EU, oljeplattformer, vigslinga av Rosemarie Køhn, drapet på Arve Beheim Karlsen. Magdi seier:
Jeg danser på gjerdet, mellom grådighet og ambisjoner.
60
Utgitt av Karpe Diem DA.
1. «Au Pair». Regi: Kristian Berg | 5:45
2. «Hvite menn som pusher 50». Regi: Marie Kristiansen | 4:01
3. «Lett å være rebell i kjellerleiligheten din». Regi: Kavar Singh | 5:12
4. «Hus/hotell/slott brenner». Regi: Stian Andersen | 4:39
5. «Attitudeproblem». Regi: Torgeir Busch, Thea Hvistendahl og Kristoffer Klunk | 5:01
6. «Den islamske elefanten». Regi: Thea Hvistendahl | 7:32
7. «Gunerius». Regi: Erik Treimann | 6:18
8. «Dup-i-dup». Berre lyd | 2:36
9. «Rett i foret». Berre lyd | 4:18
61
Politiske og religiøse folkerørsler, småtrykk
1771–1994
Kvart einaste no i historia til den norske offentlegheita er fylt ikkje berre av hendingane i fortida, men òg av eit spekter av moglege framtider. Nasjonalbiblioteket er dermed noko meir enn ei historisk samling, det er òg ein stad for tidlegare tiders framtidsvisjonar – i alle fall dersom dei har vore sette på trykk. Desse små trykksakene vitnar om noko av det norske folkerørsler har kjempa for.
Fleire av desse kampsakene er då òg blitt realiserte, som kvinnelege representantar på Stortinget og eit Noreg utanfor EU. Andre, som oppmodinga til kongen om å overlate Slottet til fellesskapet, er blitt ståande som kuriositetar. Andre kampsaker spelte ei større rolle for sivilsamfunnet før enn dei gjer no. Det gjeld ikkje minst dei folkelege kristne foreiningane sitt arbeid for misjon og for Noreg som eit kristent trusfellesskap.
Dei politiske, religiøse og ideologiske folkerørslene blei viktige kanalar for politisk påverknad utover på 1800-talet. Dei endra Noreg og knytte folk saman om ei felles sak. Både argumenta og emna i historia til dei frivillige foreiningane grip inn i kvarandre på tankevekkjande måtar, som Riksmålsforbundet sitt krav frå 1960 om at «riksmålsfolket» måtte få «status og rettigheter som sproggruppe». Denne tankemåten omkring rettar skulle komme til å prege seinare arbeid for å styrkje andre minoritetar.
62 30
UTSTILLING
Design: Nissen Richards Studio
Lys: Studio ZNA
Utstillinga er realisert med økonomisk stønad frå Eckbos Legat og Sparebankstiftelsen DNB.
TEKSTKATALOG
Omsetjing: Språkverkstaden
Design: Superultraplus Designstudio AS
Trykk: Erik Tanche Nilssen AS