9 minute read

• Iva Lloyd, president i World Naturopathic Federation

INTERVJU

| President i World Naturopathic Federation Iva Lloyd, Naturopathic Doctor ND

Advertisement

Utan ei grundig naturopatisk undersøking og vurdering, blir det berre gjetting i høve både diagnose og val av behandling

Naturopatisk lege Iva Lloyd er president i World Naturopathic Federation, der NNH nå er fullverdig medlem. Ho er uteksaminert frå Canadian College of Naturopathic Medicine, og har sin naturopatiske praksis i Ontario, ein av dei ti provinsane i Canada.

Intervjua av John Petter Lindeland

Her er den naturopatiske profesjonen regulert som primærlegar. I tillegg til dette er ho òg ein aktiv internasjonal foredragshaldar som talskvinne for det naturopatiske yrket, forfattar av tre bøker og eit titals artiklar i ulike helseblad og fagtidsskrift.

Fortel litt om din veg til naturopatien?

Eg vaks opp på landet med foreldre som hadde ein kjærleik til naturen, og dei lærte meg (og mine sju sysken) å respektera naturen. Vi åt ganske mykje det vi sjølv dyrka eller det naboane våre kunne by på av matvarer. Eg visste alltid at eg ynskte å jobba med menneske, og spesielt innan det medisinske feltet. Eg byrja på universitetet med ideen om å studera konvensjonell medisin, men fann ut at det var for mykje fokus på sjukdom versus menneske i ein heilskapleg kontekst. Etter at eg vart uteksaminert med ein bachelor i realfag, arbeidde eg ei stund med personalrelatert assistanse, og deretter i dataselskapet IBM i sju år med å etablera og føra tilsyn med butikkavdelinga.

I løpet av tida i IBM, tok eg over 50 kurs som spenner frå refleksologi til polaritetsterapi - og til strategisk tenking. I ettertid ser eg at eg var eg på utkikk etter ein ny lidenskap. Sidan drog eg for å arbeida i Corporate Health and Wellness, men på den første konferansen min las eg ein annonse om ei naturopatisk doktorutdanning ved Canadian College of Naturopathic Medicine i Toronto. På den tida hadde eg aldri høyrt om naturopati. Eg søkte om studieplass veka etter, gjekk på intervju to veker seinare og starta deretter den 4-årige naturopatiske utdanninga to månader seinare.

Naturopati

Korleis vil du definera omgrepet naturopati?

Naturopati er eit medisinsk system. Det grunnleggjande fundamentet inkluderer filosofiane om holisme og vitalisme, og som igjen blir styrt av sju prinsipp1). Det som gjer naturopati til eit medisinsk system, versus ein terapi, er at den har er ein tydeleg undersøking- og vurderingsprosess og der den terapeutiske tilnærminga er basert på den naturopatiske diagnosen. Ei naturo-

President i World Naturopathic Federation Iva Lloyd, Naturopathic Doctor ND

I provinsen Ontario i Canada er den naturopatiske profesjonen regulert som primærlegar.

patisk vurdering er personsentrert med fokus på ikkje berre dei psykologiske, funksjonelle og strukturelle aspekta til ein person, men på miljøet, innverknaden livsstilen har på helsa, verknaden av relasjonar, hobbyar, aktivitetar og til og med produkt dei bruker personleg og i heimen. Naturopatisk vurdering omfattar omgrepet behandla heile mennesket. Den naturopatiske diagnosen inkluderer alltid eit kvifor. Grunnen til kvifor det er ein ubalanse i helsa. Det omfamnar det naturopatiske prinsippet 2) om å behandla årsaka. Du må gjera ei grundig undersøking og vurdering for verkeleg å vita årsaka eller årsakene til ubalansen. Som naturopatiske utøvarar er vi så heldige å ha ei rekke behandlingsmetodar vi kan tilby pasientar. Det er vanleg at naturopatiske behandlingar inkluderer fire eller fleire metodar eller behandlingar i kvar økt - det vil seia kosthaldsråd, oppmoding om livsstilsendringar, rådgiving rundt stresshandtering, tilråding av urter eller homøopatmedisinar, akupunktur og ei eller anna form for kroppsaktivitet. Eg elskar mangfaldet av naturopatiske behandlingar, men det er den særeigne naturopatiske undersøking/ vurderinga og diagnosen som definerer naturopatisk praksis og det naturopatiske yrket. >>>

INTERVJU

| President i World Naturopathic Federation Iva Lloyd, Naturopathic Doctor ND

Blant dei sju prinsippa for naturopatisk praksis er helse og velvære eit som er litt vanskeleg å forstå, ut i frå om dette er eit prinsipp eller ei meir salutogenetisk tilnærming som me bør vera klar over.

Det sjuande naturopatiske prinsippet omhandlar begrepet helse og velvære. Helse speglar meir av det objektive aspektet. Det er basert på at ein oppnår spesifikke resultat som kan målast. Velvære eller trivsel, derimot, er basert på pasientens åndelege og psykologiske tilstand og det spesifikke ynskjet deira om helse og velvære. Velvære blir sett på som eit prinsipp, sidan det er ei påminning til naturopatar om alltid å spørja pasientane korleis kjensla deira av velvære artar seg. Som til dømes kva dei vonar å oppnå ved å søkja naturopatisk omsorg og behandling. Det anerkjenner òg at ein person kan oppleva velvære i ein periode med ekstremt stress eller helsekriser, og i palliativ omsorg.

Internasjonal status

Korleis er klimaet internasjonalt for å bruka naturopati/naturopat som ein felles yrkestittel?

Folk er intelligente. Dei er klar over at symptoma og helsetilstanden har ei eller fleire årsaker. Dei kan ha preferanse for ein bestemt terapi, men viktigast av alt er at dei vil bli betre. Den naturopatiske tilnærminga er nært knyta til det å rettleia menneske til helse, og hjelpa til med å få tak i det meiningsberande i livet og forstå kva dei treng å gjera for å bli friske. Det er dit medvitet til menneske går. Naturopatien gjev eit mykje breiare grunnlag for å bygga ein praksis og å inkorporera dette medvitet.

Du er nå president i World Naturopathic Federation. Kva er hovudoppgåva for denne organisasjonen, og korleis ser du på naturopatien sin status globalt?

Hovudoppgåva til World Naturopathic Federation (WNF) er å fremja det naturopatiske yrket globalt, skapa anerkjenning og gode reguleringar - og å hjelpa til med å auka naturopatiske utdanningsstandardar. Ved å samarbeida med internasjonale organisasjonar som WHO, kan det naturopatiske yrket få større anerkjenning og integrering i det globale helsevesenet.

Naturopati og naturopatisk medisin blir praktisert i fleire land enn noko anna tradisjonelt og komplementært medisinsk system. Naturopati har ei unik evne til å bygga bru og støtta urfolks behandlingsmetodar i kvart enkelt land. Med fokus på livsstil, ernæring og urtemedisin kan det fungera som eit grunnleggande medisinsk system. Det naturopatiske yrket blir for tida praktisert i over 100 land. Det er framleis utfordringar med omsyn til regulering og anerkjenning i mange land, og det er difor avgjerande at det globale naturopatiske yrket anerkjenner verdien av høge utdanningsstandardar. Yrket er på mange måtar ved eit vegskilje. Det har vore ein enorm vekst i mange land dei siste tretti åra, men til tider har dette gått på kostnad av å halda fast ved dei naturopatiske grunnfilosofiane og prinsippa. I nokre tilfelle har det også resultert i aksept av minimale utdanningsstandardar kontra dei høgare som er anerkjente internasjonalt.

Dr. Iva Lloyd, ND 2013 1

Prinsipp for naturopatisk undersøking og vurdering – og diagnose.

Regulering

Kva slags regulering har naturopatien i Canada?

Regulering i Canada er styrt av kvar provins. For tida er det fem provinsar som har lovfesta regulering og ein provins som har tittelvern. Ontario, provinsen eg praktiserer i, har vore regulert sidan 1923. Forordninga har endra seg gjennom åra, og vi er for tida regulerte gjennom Naturopathy Act 3) - som er styrt av College of Naturopaths of Ontario 4). I Ontario er den naturopatiske profesjonen regulert som primærlegar. Føresetnaden er at ein er utdanna ved eit offentleg godkjent universitet og der studieomfanget er over 4000 undervisningstimar.

Vi har eit enormt omfang av praksisar i Ontario. Vi har høve til å diagnostisera, vi har tittelvern, vi har ei rekkje forskifter som gjev tilgang til laboratorietestar (blodanalysar og andre prøver), avgrensa føreskrivingsrettar (bioidentiske hormon, stoff for intravenøs behandling, B12 -injeksjonar, etc.), justeringar av ryggrada (naturopatisk manipulasjon som liknar kiropraktikk), akupunktur, gynekologiske undersøkingar og tjukktarmsundersøkingar. Naturopatiske legar (ND) i Ontario (og det meste av Canada) bruker eit breitt spekter av metodar, inkludert anvendt ernæring (kostråd), klinisk ernæring (bl.a. tilråding av kosttilskot), urtemedisin, hydroterapi, homøopati, akupunktur, naturopatisk manipulasjon, andre formar for kroppsbehandling, bruk av cellesalter, blomsteressensar og essensielle oljer - og sjølvsagt livsstilsrådgjeving. For dei naturopatiske legane som har tilleggssertifisering, kan dei også tilby intravenøse behandlingar.

Behandlingsstrategi

Kan du fortelja litt om korleis du nærmar deg ein pasient, og kva som blir avgjerande for behandlingsstrategi. Som naturopatisk lege legg eg enormt fokus på den naturopatiske vurderinga og

Personsentrert behandlingsfokus. Prosess i høve naturopatisk behandlingsstrategi.

Kjelder: 1. http://worldnaturopathicfederation.org/about-naturopathy/#principle 2. https://nnh.no/naturterapeutisk-terminologi/ 3. https://www.ontario.ca/laws/statute/07n10 4. https://www.collegeofnaturopaths.on.ca/

undersøkinga. Den første konsultasjonen tek vanlegvis 1 ½ time. På førehand, ber eg pasientane om å fylla ut eit 25-siders spørjeskjema. Eg gjer mange laboratorieundersøkingar, og gjer grundige fysiske undersøkingar ved hjelp av både konvensjonelle og naturopatiske tilnærmingar (dvs. tunge- og pulsdiagnose, iridologi osb). Eg legg eit stort fokus på kroppshaldning, gange og vurdering av konstitusjon. Eg ser alltid etter kva verknad eit symptom eller ei hending (skade osb.) har på det psykologiske, funksjonelle og strukturelle aspektet til ein person. Eg lyttar til pasienten og stiller spørsmål inntil det er ei historie om livet deira som gjev meining og knyter alt saman. Eg ser etter mønsteret i livet deira. Utan ei slik grundig undersøking og vurdering, gjettar du berre i høve diagnose og val av behandling. Det er ikkje berre avgjerande for at eg kan stilla ein naturopatisk diagnose (dvs. inkluderer den konvensjonelle diagnosen + årsaksfaktorane), men det hjelper pasientar med å forstå deira eigen helsetilstand. Det skapar ein logikk i høve forholdet mellom årsaksfaktorane og symptoma.

Når det gjeld behandling, er eg veldig målretta. Dersom eg til dømes meiner at årsaka er ein parasitt, vil eg generelt tilrå ein anti-parasitt-diett kombinert med antiparasitære urter og eit homøopatisk eller spagyrisk middel mot parasitten – og vurdera den psykologiske sida denne tilstanden gjev. Dersom eg trur at årsaka til betennelse og smerte skuldast feiljustering av eit ledd, vil eg gje ein form for kroppsterapi (naturopatisk manipulasjon eller akupunktur), gje øvingar til pasienten, fokusera på kroppshaldning, tilrå eit antiinflammatorisk kosthald, tilrå hydroterapi (dersom indikert), tilrå antiinflammatoriske urter eller næringsstoff. Dersom ein person er fysisk eller kjenslemessig stiv eller fastlåst, vil eg tilrå eit homøopatisk middel. Eg bruker alle metodane, heile tida. Eg refererer òg ofte til andre naturopatiske legar og TKM -utøvarar, dersom eg meiner at deira kompetanse er meir eigna i høve pasienten sin tilstand. Til dømes gjev eg ein god del naturopatisk manipulasjon, men dersom feilstillingane hjå ein pasient er av meir kronisk karakter eller kompleks, vil eg visa dei vidare til ein kiropraktor.

Du nemner naturopatisk manipulasjon. Kan du forklara kva teknikkar dette handlar om?

Naturopatiske legar i Canada - og deler av USA - er opplært i grunnleggande kiropraktiske justeringar. Vi kallar det naturopatisk manipulasjon, for ikkje å forveksla oss med kiropraktorar.

Strategiske råd

Kva råd vil du gje til NNH om framtidig strategi?

Det er flott å sjå fokuset som NNH har tatt for å etablera ein naturopatisk profesjon i Norge. Å arbeida for autorisasjon eller anna regulering, gjev den beste plattforma for å få eit yrke til å veksa. Regulering og offentleg anerkjenning er generelt basert på utdanningsstandardar. WNF ser for seg tre naturopatiske program for yrket. Eit naturopatlege-program på over 4000 timar tilpassa ein primærlegestatus, eit utdanningsnivå på minimum 2500 timar tilpassa profesjonelt utøvande terapeutar med dertil definert regulering og eit innpassingsprogram for personell med anna helsefagutdanning på minimum 1500 timar. WNF ser fram til å støtta NNH sitt arbeide framover.

This article is from: