Sandalselva kraftverk

Page 1

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Postboks 5091 Majorstua 00301 Oslo Bergen, 27.6.2014

Høyringsuttale om Sandelva kraftverk i Samnanger kommune

Viser til brev av 6.3.2014 med søknad frå Blåfall AS om løyve til utbygging av Sandelva i Samnanger kommune. Sandelva ligg på vestsida av Samnangerfjorden og har tilegare ikkje vore påverka av kraftutbygging. Samandrag Naturvernforbundet Hordaland (NVH) er negativ til den planlagte utbygginga, først og fremst på grunn av det store naturinngrepet som den lange røyrgata (2800 meter) representerer, og på grunn av den sterke reduksjonen i vassføringa (98%) nedanfor inntaket. Dette ligg i øvre deler av vassdraget, som er eit populært turmål. Generelt om tiltaket Kraftverket vil utnytta falet på 317 meter frå inntaket nær Brekkehytta og ned til sjøen. Frå inntaket på kote 325 skal det leggjast nedgravd røyrgate 2800 meter ned til kraftstasjonen ved fylkesvegen på kote 8. Langs røyrgata skal det byggjast ein traktorveg gjennom Vestdalen opp til inntaket. Hydrologi Nedslagsfeltet for Sandelva er på 3.8 km2 ovanfor inntaket, og nedanfor inntaket er det eit restfelt på 3.8 km2, til saman 7.6 km2 . Middelvassføringa er 590 l/s, og det er planlagt ei minstevassføring på 10 l/s heile året. Dette betyr at berre 2% av vassføringa vil sleppa forbi inntaket, men dette vil auka til 70% ved kraftstasjonen på grunn av tilsig frå restfeltet. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 3.7 MW og ein årsproduksjon på 9.3 GWh. Vassføringa er størst i vårløysinga (mai-juni) og om hausten (oktober-november), og minst i juli-september og i vintermånadene. Hydrologikurvene viser at det blir nær

____________________________________________________________________________________________________ Adresse: Postboks 1201 Sentrum, 5811 Bergen – Telefon: +47 55 30 06 60– Faks: +47 55 30 06 50 E-post: hordaland@naturvernforbundet.no – Internett: www.naturvernforbundet.no/hordaland


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Sandalselva kraftverk by Naturvernforbundet Hordaland - Issuu