ROSinfo 3/19

Page 14

BOKANMELDELSE

MANILAHALLEN AV RUTH LILLEGRAVEN TIDEN FORLAG, 2014

TEKST: MARIANNE C. HÅHEIM «Manilahallen» er biografien om Birgit - ei heilt ekte, heilt vanleg og heilt spesiell kvinne. I diktform følgjer vi henne frå fødselen i 1946 og fram til ho er nærare 70 år. Gjennom 231 sider og eit biletrikt, lyrisk språk blir vi kjent med mennesket Birgit gjennom opp- og nedturar. Det førstefødde gledesbarnet, ho med dei raude maurane i blodet som kan gjere henne så ilskande sint. Eit viltert barn, eventyrlysten og rampete i møte med dei vaksne sine reglar og forbod. Korleis kunne ho ende opp som innlagt med anoreksi på Modum Bad? birgit er gæern birgit er spik spenna gæern

Då ho er tolv år, blir Birgit utsett for overfallsvaldtekt av to framande menn. Ho står med gitaren på ryggen og ventar på bussen heim då dei går forbi, ser henne, tek henne. Ho fortel ikkje nokon kva som har skjedd.

14

heile vegen heim skjelvebein, skjelvearmar gitaren gitaren gitaren, og pappa som vil bli så sint pappa som aldri aldri må få vite det vonde er sådd skuggen bak ryggen er fødd

Skuggen bak ryggen følgjer henne gjennom livet. Han er der då Birgit som 18-åring giftar seg med Henrik, då ho held buketten framfor magen for å skjule livet som veks der. Han er der då ho giftar seg for andre gong, berande på eit tredje lite liv under kjolen. Etter dette siste barnet er fødd, begynner skuggen å vekse, gjer verda lita og trong. kroppen min den vesle kroppen min no tek han for mykje plass må meislast inn til det som verkjer skuggen bak ryggen

Livet blir fylt med tvangstankar, angst og skam. Frykta for feittet er så stor at Birgit ikkje torer å smøre seg med fuktigheitskrem. Då ho blir lagt inn på sjukehus for første gong, tronar skuggen stor bak henne. Gjennom to sjukehusopphald opplever ho behandling som ingen


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.