1 minute read

Område rundt terapi

Språket og orda vi brukar, styrar måten vi ser og for står verden på. Frå for klaring til for ståing, frå for tid til fram tid. Dette gjeld oss alle. Likevel tek eg ofte språk et for gitt når eg vel mine ord, både i tanke og tale. Det er utfordrande å skildre verda med ord. Kontrastar, detaljar og samanhengar forsvinner.

Dette er kanskje eit paradoks for ein terapeut som trur han er opptatt av lingvistikk og narrative idear. Då eg hadde min første arbeidsdag i psykisk helsevern for born og unge, gjekk eg lystig og audmjuk inn døra til mitt tildelte kontor. Den gongen var eg ikkje opptatt av kva verd eg skulle forsøke skape, eller kva scenario som kom til å utspele seg, der inne.

Døra inn til kontoret, den er det første du ser. Har du studert ei «terapidør» nokon gong? Den er til forveksling lik ei heilt ordinær dør, men det er her fiksjonen byrjar. Den er tross alt det viktigaste på eit behandlarkontor. Ein portal for inn- og utgang. Skilje mellom her og der ? refleksjon og verkelegheit. Kampen om andreplassen er ikkje avgjort. Her kjempar datamaskina, bokhylla og pasientstolen ein ideologisk kamp til blods.

This article is from: