Metaforum - Desember 2021

Page 10

Om råde Spr åk et og or da vi br u k ar , styr ar m åten vi ser og for står ver den på. Fr å for k l ar in g til for ståin g, fr å for tid til fr am tid. Dette gjel d oss al l e. Lik evel tek eg ofte spr åk et for gitt n år eg vel m in e or d, både i tan k e og tal e. Det er u tfor dr an de å sk il dr e ver da m ed or d. Kon tr astar , detal jar og sam an h en gar for svin n er. Tekst st :: Arnstein Arnstein Søvik, Tek Søvik klinisk barnevnernspedagog og familieterapeut Dette er kanskje eit paradoks for ein terapeut som trur han er opptatt av lingvistikk og narrative idear. Då eg hadde min første arbeidsdag i psykisk helsevern for born og unge, gjekk eg lystig og audmjuk inn døra til mitt tildelte kontor. Den gongen var eg ikkje opptatt av kva verd eg skulle forsøke skape, eller kva scenario som kom til å utspele seg, der inne. Døra inn til kontoret, den er det første du ser. Har du studert ei «terapidør» nokon gong? Den er til forveksling lik ei heilt ordinær dør, men det er her fiksjonen byrjar. Den er tross alt det viktigaste på eit behandlarkontor. Ein portal for inn- og utgang. Skilje mellom her og der ? refleksjon og verkelegheit. Kampen om andreplassen er ikkje avgjort. Her kjempar datamaskina, bokhylla og pasientstolen ein ideologisk kamp til blods. Denne

10

døra, oftast

immun

Metaforum - desember 2021

mot

både

flammar og skrik, bær på ei lygn. Livslygna ville doktor Relling sagt. Nokre trur døra er til for å bevare teieplikta og verne om pasienten. I realiteten vert den både lukka og halde stengt av terapeuten, eller portvakta som eg av og til let meg influere av. I den romerske mytologien var det guden Janus som hadde oppgåva med å vakte porter og dører. Med sine to andlet kunne han i følgje skriftene sjå begge vegar, både til fortid og inn i framtid. Janus var guden over byrjingar, overgangar, tid og avslutningar. Om denne guden også hadde terapeutiske evner seier skriftene ingen ting om. Men Janus burde minne oss på døra si metaforiske betyding, fortid og framtid, byrjing og avslutning. Kva hadde skjedd om vi fjerna den fysiske døra frå alle desse romma våre? Hadde vi, terapeutane, vore komfortable med at kven som helst kunne sjå oss, der vi sit i stolen vår og driv med helande prosessar gjennom språk, samtale og samvær. Hadde notida, det


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.