6 minute read

HAVSALT SOMMAR KINN STAD BREMANGER VANYLVEN

Next Article
FESTIVALAR

FESTIVALAR

SOMMARMAGASIN 2023

I magasinet Havsalt sommar har vi plukka ut eit knippe attraksjonar som vi håper du vil like, og ønsker både fastbuande og tiltreisande ein triveleg sommar i Nordfjord. Om du skannar QR-koden nedst på sida, kjem du til fjt.no sine sommarsider. Her finn du endå fleire spennande attraksjonar, aktivitetar og sommarmoro.

Havsalt sommar er gitt ut av Fjordenes Tidende 26. mai 2023, i eit opplag på 8.500 eksemplar.

Ansvarleg redaktør:

Håvar Fagerli

Magasinredaktørar:

Svanhild Breidalen og

Marianne Solheim Rotihaug

Marknadsansvarlege:

Vilde Myhre Skavøypoll og

Kim-André Gangeskar

Tekst:

Marianne Solheim Rotihaug og Svanhild Breidalen

Trykk:

Polaris Trykk Ålesund

Framsidefoto frå Kråkenes:

Liv Hilde Gotteberg

Foto: Håvar Fagerli, Svanhild Breidalen, Marianne S. Rotihaug, Bjørn Erik Drabløs, Kjellrun Åsebø, Gjert Myrestrand, Louise Nygaard, Fride Westvik, Jo Carlson, Christina Cantero, Janne Weltzien Listhaug, Kari Midtgård Råsberg, Thomas Hagen/Galleri

H, Siri Kolseth, Jørn-Arne Tomasgard, Svein-Magne

Tunli, Bryggja utviklingslag, Trond Lødøen, Hornelen Via Ferrata, Jannike Brenden Frøyen, Vanylven utvikling, Jermund Rekkedal, Else Jonfrid Aasen

Hole, Tore Voksø, Vanylven Golfklubb, Tor Magne Gangsøy, Arve Per Kvalheim, Sidsel Otnes, Svenn Petter Kerpeset, Tonje Elisabeth Husevåg, Irene Lunde, Stig Høynes, Gry Seim og private foto.

Skann QR-koden for å gå til fjt.no sine sommarsider.

KINN

SIDE 3

STAD

SIDE 19

BREMANGER

SIDE 27

VANYLVEN SIDE 33

30 THINGS TO SEE AND DO

SIDE 38

10 TURTIPS

FRÅ DNT

SIDE 44

FESTIVALAR

SIDE 46

Din

Av

KINN TJUE TING DU KAN GJERE

For Landkrabbar Og Badenymfer

Ved sidan av kjøpesenteret Måløy stormarked i Deknepollen ligg eit nydeleg friområde. I Skavøypoll Fritidspark, ved Deknepollvatnet, finn ein mellom anna den fantastiske badestranda Polljasanden og eit kanohus. På vatnet ligg det ei flytebrygge med stupetårn som innbyr til leik og moro for store og små. Rundt vatnet går det ei grusa turløype, og på Dalsneset, som ein passerer på turen, er det lagt til rette for friluftsaktivitetar. Området er mykje brukt av barnehagar og skuleelevar.

1

Sj Sola G Ned I Havet 2

Majestetiske solnedgangar og ekstreme naturkrefter er ytterpunkta du kan oppleve på Vågsøy sine fire fyr. Alle fire fyr byr på flott utsikt i både storm og stille. Men Kråkenes fyr ligg på det som er kjend som ein av dei mest vêrharde stadane langs kysten. Her kan du oppleve både orkan i kasta og vindstille dagar med havblikk og solnedgang i havet. Fyret vart oppretta i 1906, og Meteorologisk institutt tek imot data frå vêrstasjonen ved fyret der ein har registrert over 150 orkanar. I 2020 kom Kråkenes fyr inn under Den norske turistforeining.

Byr P Aktivitet Og Historie

Under Måløybrua, skjult bak industribygg, ligg ei lita perle med ei spennande historie. På Moldøen ligg det framleis restar etter kanonstillingar og forsvarsverk etter andre verdskrig. Her finn du også minnesmerke etter dei falne under krigen. Turstien på Moldøen er oppgradert og området er tilgjengeleg for alle. Her finn du også benkar og bord, slik at du kan ta deg ein pust i bakken eller nyte utsikta medan du et matpakken din eller ein is. I tillegg til historie og kultur finn ein også ei fantastisk discgolfbane i området. Den består av 24 hol som ligg plassert ut over heile øya og dannar ei spennande bane med mange artige utfordringar for store og små. Frisbeegolf fungerer som vanleg golf, der dei som brukar færrast kast på å runde bana vinn. Dette er ein spennande og rimeleg hobby som alle kan prøve, ingen er for unge og ingen er for gamle. Området er ope for alle

I Gate 1 finn du eit spennande studio med kunst og handverk i fokus. I den sørlege delen av lokala til SAM Studio/IHOP arrangerer innehavar Tone Andal, som også står bak gatekunstprosjektet i området, har ulike kunst-workshops, i tillegg til inviterer ho inn folk som har ei kunstnarspire i seg til å prøve mange ulike kunstformer. I den andre enden av lokalet har Andal sett opp ein konseptbutikk, der ho sel eigen og andre sin kunst. Her er det snakk om både kunsthandverk og brukskunst. I tillegg til produkt skal SAM studio tilby printing av kunstplakatar og foto på ein avansert skrivar i lokala, og dessutan trykk på klede. I lokala til Andal finn ein også turistinformasjonen i Måløy i sommar. Det er destinasjonsselskapet Visit Fjordkysten og Sunnfjord som driftar turistinformasjonen.

Er Med P Fargelegge Bybildet

Ein grå betongby omkransa av fantastisk vestlandsnatur og ei spennande kystkulturhistorie, var utgangspunktet til Tone Andal då ho bestemte seg for å satse på eit gatekunstprosjekt på Vågsøy. Det første veggmåleriet vart oppført i 2017, og fleire har dukka opp etter kvart. Bak dei om lag 20 veggmåleria står både nasjonale og internasjonale kunstnarar. I Måløy sentrum finn du mellom anna Størja, Gullfiskaren og det 275 kvadratmeter store veggmåleriet MS Moldøen som du ser på bildet.

Silda er ei sommarperle av ei øy som er ein populær utfartsstad for både lokale innbyggjarar og turistar. For å komme til den bilfrie øya kan ein ta i bruk eigen båt eller rutebåten Øyglimt. Øya har ei godt utbygd hamn og er eit populært reisemål for båtfolket. Silda har fine turmoglegheiter, til dømes kan ein gå øya rundt – ein tur på cirka 1,5 kilometer. Det er få fastbuande på øya, men i sommarhalvåret aukar folketalet betydeleg grunna dei mange fritidsbustadane. På Silda finn ein også den koselege restauranten Skjærbuda.

Nyt Sola P Ei Av Norges Beste

Refviksanden har fleire gongar har blitt kåra til ei av Norges finaste strender. Den 1,5 kilometer lange kritkvite sanden ligg på Nord-Vågsøy med utsikt rett mot storhavet. Her kan ein nyte sommarvêret, ta seg ein dukkert eller prøve seg med surfebrettet. I tillegg til aktivitetar i krystallklart vatn, er det rikeleg rom for både leik, grilling og sosiale aktivitetar på den breie sanden. Refvik bygdeutvikling sørgjer for campingfasilitetar til tilreisande telt- og bubilturistar på marka rett ovanfor sanden, og dessutan parkering, sanitæranlegg og kiosk.

Fyret Ligg Spektakul Rt Til

Hendanes fyr ligg spektakulært til på sørspissen av Vågsøy, ved bygda Færestrand. Vil du besøke fyret, køyrer du gjennom bygda til bilvegen stoppar. Her kan du parkere og gå vidare ut til fyret på ein fin sti. Frå alle punkt på stien er det flott utsikt mot hav og bygder. På slutten av stien er det ei steintrapp som tar deg opp dei siste meterane til husa som står i tilknyting til fyret. Frå sjølve fyret er det flott utsikt til bygdene Kvalheim og Oppedal. Fyret blei bygd i 1914 og automatisert allereie i 1963. Fyret er eit av fire fyr på Vågsøy, og det siste som blei bygd på øya.

Området ved Gottebergshammeren i Måløy har fått ei stor oppgradering. No er området lettare tilgjengeleg for alle, inkludert sjølve grotta. Arbeidet som har blitt gjort omfatta nemleg å lage ein sti opp til toppen og ned til grotta, som var ammunisjonslager til skytestillinga på Gotteberg under krigen. Historia seier at: «Skytestillinga på Gotteberg skulle overvinne allierte flyangrep. Fem tyske soldatar hadde vakt ved skytestillinga. Befolkninga måte stadig søke tilflukt når flyalarmen gjekk og det blei opna eld frå alle batteria.». I terrenget kan ein framleis sjå festepunkt for kanonar og ein liten ammunisjonsbunker.

HAR DU BESØKT TROLLEHOLA?

Den 20 meter høge og 30 meter lange Trollehola er ein spennande stad å utforske. Denne turen går frå vegen like ved den gamle skulen i den idylliske kystbygda Husevåg på Husevågøy og vidare over til den andre sida av øya. Først kjem ein til Færeldemyra der det ligg eit felt med helleristingar i serpentinfjell frå bronsealderen. Her er det tydelege teikningar etter båtar og solfigurar. Turen fortset vestover før ein kjem fram til Trollehola. Turen tar om lag to timar turretur. Det anbefalast å utforske Husevåg-bygda når ein kjem tilbake frå turen til Trollehola. For å kome deg til Husevågøy må du ta ferja frå Måløy eller Oldeide.

Om du treng utstyr til å fylle sommardagane med aktivitet kan du besøke Bua Måløy. Den er lokalisert i nærleiken av Torget i Måløy. BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auke forbruket. Utlånssentralane finn du fleire stadar i både Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven kommunar. Her er det meste av det du treng av utstyr til ein hyggeleg tur til fjells eller strand. Vil du leike deg utan så mykje utstyr har du også fleire moglegheiter til det i Måløy-området. Ved skulane og barnehagane er det flotte leikeplassar, og det finst fleire idrettsanlegg. I tillegg har ein fleire leikeplassar i sentrum, mellom anna på bubilparkeringa og i Gate 1. Fleire aktørar, blant anna Sjøbris Adventure og Storm at Stad driv også med aktivitetar på og i sjøen, og ein kan mellom anna prøve seg på RIB-turar, coasteering eller ein rolegare tur med kajakk.

Fyret Med Den Bognande Hagen

Ulvesund fyr ligg lunt og stille til inne i Ulvesundet, omgitt av ein solrik hage som bognar av blomster og bær. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgangar. Ulvesund fyr blei bygd i 1870, og vart automatisert i 1985. Fyret vart restaurert sommaren 2003, og opninga for offentleg drift fann stad 8.–10. august 2003. Sidan den gang er det Sølvi Helen Hopland Aemmer som har stått for drifta. Denne består av utleige, overnatting, servering, kulturelt program og fyrkafé med utstilling og kreative aktivitetstilbod.

This article is from: