Sommarglade Stryn og Hornindal 2019

Page 1

2019


2 FJORDINGEN SOMMAREN 2019 CRUISEBESØK JUNI 20. juni 24. juni 25. juni 26. juni 27. juni 28. juni

SKIP Thu Ventura Mein Schiff 5 Braemar Azura Astoria Balmoral Berlin Vasco Da Gama

ANKOMST AVREISE BT LENGDE 09:00 18:00 116017 289,90 07:00 18:00 99800 295,30 09:00 18:00 24 344 195,92 09:00 18:00 115055 289,90 09:00 15:00 16144 160,1 09:00 17:00 43537 218,00 08:00 17:00 9570 139,00 12:00 20:00 55877 219,40

JULI 03. juli 09. juli 10. juli 11. juli 14. juli 15. juli 16. juli 17. juli 23. juli 24. juli 25. juli 28. juli 29. juli 31. juli

SKIP Queen Victoria Star Pride Silver Wind Sapphire Princess Ventura Black Watch Costa Mediterranea Astoria Azamara Journey Seabourn Ovation Azura MSC Meraviglia Aurora Arcadia Britannia Queen Mary 2 Aegean Odyssey Albatros Balmoral Ventura

ANKOMST AVREISE BT LENGDE 08:00 17:00 90049 294,00 09:00 16:00 9975 133,80 14:00 21:00 16927 155,80 09.00 19:00 115875 290,00 09:00 18:00 116017 289,90 08:00 17:00 28613 205,46 07:00 16:00 85619 292,50 11:00 17:00 16144 160,10 08:00 18:00 30277 180,90 08:00 18:00 40350 198,00 09:00 18:00 115055 289,90 07:00 17:00 167600 315,80 07:00 18:00 76152 271,10 08:00 19:00 84342 285,10 09:00 18:00 143730 329,80 08:00 17:00 148528 344,00 08:00 13:00 12094 140,50 08:00 13:00 28518 205,50 09:00 17:00 43537 218,00 09:00 19:00 116017 289,90

AUGUST SKIP ANKOMST AVREISE 01. aug Magellan 08:00 18:00 03. aug Boudicca 07:30 16:30 07. aug Azura 09:00 18:00 08. aug Europa 08:00 17:00 MSC Orchestra 07:00 16:00 12. aug Mein Schiff 5 07:30 18:30 13. aug Britannia 09:00 18:00 Sapphire Princess 09:00 19:00 16. aug Serenissima 08:00 18:30 18. aug Braemar 09:00 18:00 Hebridean Sky 07:00 12:30 20. aug Ventura 09:00 18:00 21. aug Balmoral 09:00 17:00 Costa Mediterranea 16:00 Vasco Da Gama 08:00 17:00 Berlin 09:00 20:00 22. aug Albatros 08:00 13:00 23. aug Magellan 08:00 18:00 26. aug Serenissima 08:00 19:00 Hebridean Sky 13:00 19:30 27. aug Marco Polo 08:00 18:00 28. aug Queen Elizabeth 09:00 18:00 Marella Explorer 08:00 17:00 29. aug Disney Magic 07:00 16:15 30. aug Columbus 09:00 18:00 Black Watch 08:00 17:00 31. aug Mein Schiff 1 09:00 19:00

BT LENGDE 46052 221,50 28372 207,00 115055 289,90 28890 198,60 89600 293,80 99800 295,30 143730 329,80 115875 290,00 2598 87,40 24 344 195,92 4 200 90,60 116017 289,90 43537 218,00 85619 292,50 55877 219,40 9570 139,00 28518 205,50 46052 221,50 2598 87,40 4 200 90,60 22080 176,30 90901 294,00 76998 262,50 83338 294,00 63786 245,60 28613 205,46 111500 315,70

SEPTEMBER SKIP 01. sep Boudicca 04. sep Britannia 09. sep Ventura MSC Orchestra 16. sep Astoria 19. sep Aaura 23. sep Marella Explorer

ANKOMST 08:00 09:00 09:00 07:00 09:30 08:00 07:00

AVREISE 17:00 18:00 18:00 16:00 17:00 18:00 17:00

BT 28372 143730 116017 89600 16144 42289 76998

LENGDE 207,00 329,80 289,90 293,80 160,1 203,2 262,50

OKTOBER 07. okt 08. okt 27. okt

ANKOMST 08:00 09:30 07:00

AVREISE 17:00 17:00 15:00

BT 76998 16144 22080

LENGDE 262,50 160,10 176,30

ANKOMST 12:30

AVREISE 18:00

BT 20704

LENGDE 176,00

SKIP Marella Explorer Astoria Marco Polo

NOVEMBER SKIP 10. nov Astor

Ansvarleg utgjevar: Fjordingen AS, Pb 248, 6781 Stryn. Telefon 57874500. Trykk: Polaris Trykk Ålesund AS. Opplag: 30.000 Fulldistribusjon: Nordfjord, Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sykkylven, Skjåk. Forsidefoto: Ragnarok, den råaste og nyaste via ferrataen i Loen. Foto: Wojciech Flaczynski/Loen Active

FLOTT TILRETTELAGT: Det er gjort ein flott jobb med både sjølve klatreinstallasjonane, stiane og steintrappene i klatreparken.

MYKJE Å LÆRE: Klatreselane er akkurat pa første omgang monterast og gjerast klar Holien Bø og Monica Beate Hesjedal i ga

Inviterer til hyl og kvin i Hydlaparken Tre sporty vennepar og ein investor legg til rette for mykje moro, både høgt og lågt, i Hydlaparken i Stryn. – Eg tenkjer det blir fantastisk bra og vi gler oss til opning. Vi er ein god gjeng som står saman om dette, seier driftsleiar

Berit Veka. Saman med mannen Einar Dons Brath og venepara Rasmus Endre og Marthe Holien Bø og Øystein og Monica Beate Hesjedal, skal ho drifte klatreparken som har blitt bygd på rekordtid ved hyttefeltet Hydla, vest for Stryn vinterski. – Otto Vik har tenkt på dette i fleire år, så fekk vi førespurnaden i oktober i fjor om vi

ville drifte, fortel Rasmus Endre Bø. Førespurnaden var retta til selskapet Naturleg Aktiv, som han og dei to andre karane driv ilag. – Men vi fann ut at visst vi skulle gjere det, så måtte det vere eit familieprosjekt. Etter nokre rundar var konklusjonen at dette var noko dei ville vere med å skape. – Det gjev jo både bulyst og


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

akka opp frå kassen, og 100 selar skal i re til opningsdagen 22. juni. Her er Marthe ang med sine første.

FJELLSTOVA: Eit stor service- og kafebygg vert reist i Hydlaparken. Dette skal huse sanitæranlegg, kafeteria, selskapslokale, lager og lokale for utleige av utstyr.

3

FIN ATMOSFÆRE: Under furutrea, og med susen frå elva rett nedanfor, kan ein finne roa ved eit av steinborda som er laga til langs stien som går mellom klatreløypene. F.v. Marthe Holien Bø, Jenny Holien Aabrekk, Anna Holien Bø og Rasmus Endre Bø.

HYDLAPARKEN: Venepara Rasmus Endre og Marthe Holien Bø (bak til høgre), Einar Dons Brath (ikkje til stades) og Berit Veka (lengst t.v. bak), og Øystein (ikkje til stades) og Monica Beate Hesjedal, opnar 22. juni klatrepark ved Hydla i samarbeid med Otto Vik. Denne gjengen av ungar, i hovudsak borna til dei tre venepara, gler seg til å endeleg kunne ta parken i bruk.

folkehelse, seier Bø. 22. juni er sett som opningsdag. Då garanterer dei at sjølve klatreparken er ferdig. Servicebygget vil dei trenge meir tid på før det er ferdig-stilt, men lokale til sanitærfunksjonar og utstyrsleige vil bli klart. – Vi kallar det fjellstove, og den blir over to etasjar og skal også kunne huse selskap og konferansar, fortel Bø. I tillegg

blir det kafe og lager for syklar. Dei vil ha nokre syklar til utleige, men dei besøkande kan også få lagre sine eigne.

Samlingsplass på fjellet

Gründerane tenkjer også eit steg vidare, at dei ligg midt i smørauget for stisykling, og håpar å kunne utvikle tilbod opp mot denne gruppa. Elles er dei opptekne av å tenkje

heile området. Folk kan ta seg til parken på fine stiar frå sentrum, og då gjerne legge turen innom dagsturhytta på vegen. ☻– Vi blir ein samlingsplass på fjellet, seier Monica Beate Hesjedal. Som ein del av klatreparken kjem også ein pumptrack, den óg skal vere klar til opninga. Berit og Marthe har nettopp vore på instruktørkurs og har

sikra at den naudsynte sertifiseringa er på plass. Kurset var i Larvik, der den største klatreparken i Norge ligg. – Det var så morsomt å høyre kvining, latter og at folk kosa seg, seier Marthe Holien Bø, og gler til å høyre dei same lydane i Hydla. Det vert sju løyper, frå oransje som er lettast, og vidare til grøn, blå og raud. Det er totalt

laga til 58 hinder, deriblant fleire sprang og zip-lines. Den lengste er på nesten 100 meter. Det er klatretårn og dessutan ein liten mini-Hydlapark for dei aller yngste. Den er det Feel Free som har laga. På sikt er også planen å få på plass ein gapahuk. ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no


4 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

GJØLMUNNEBRUA: Etter å ha klatra via ferrata-løypa lengst aust kan ein gå over Gjølmunnebrua.

VIA FERRATA: Driftsleiar i Loen Active, Per Helge Bø. FOTO: LOEN ACTIVE

FOTO: LOEN ACTIVE

LUFTIG: I via ferrata-anlegget i Loen kan ein oppleve adrenalinkicket! FOTO: LOEN ACTIVE

••«Ragnarok» i Loen:

Norges tøffaste via ferrata Den nye ekstrem-ruta i Via Ferrata Loen, «Ragnarok», opna i mai. Den har vanskegrad F, og med dette har Loen fått ei av dei mest komplette via ferrata-anlegga i Europa, inkludert den vanskelegaste ruta i landet.

Den nye spektakulære ruta går vest for den klassiske ruta, og er samanhengande bratt heile vegen. Å klatre her krev god styrke og uthald, og dei som skal gå den bør ideelt sett ha klatra grad E tidlegare. I 2018 opna eit kortare alternativ i toppen av Tungejølet, Tors hammar, som er ei kort sløyfe i kategori E.

Opna i mai

I midten av mai månad vart den nye ekstremklatreruta «Ragnarok» offisielt opna. Fjordingen møtte dei erfarne guidane Ronny Baade og Wojciech Flaczynski saman med Thomas Riis og Christian Brurås som akkurat hadde klatra «Ragnarok». – Terningkast 6, sa Riis og Brurås om den ekstreme klatreruta. –Det er ei særs fin løype, men den er ikkje for kven som helst, seier Riis, som kjem frå Sunnmørske klatreklubb og som sjølv er ein erfaren klatrar.

«RAGNAROK»: Laurdag 18. mai 2019 var det offisiell opning av «Ragnarok», F-ruta i via ferrata i Loen. ALLE FOTO: LOEN ACTIVE

– Fornying er viktig

Driftsleiar i Loen Active, Per Helge Bø, seier at fornying av anlegget er viktig: – I 2010 var ein gjeng på via ferrata-tur i Alpane. Ei slik løype ville Richard Grov ha her i Loen. Ein 800 meter lang via ferrata vart bygd i 2011, og det vart starta guiding i 2012. 5.000 personar går via ferrata i lag med guide i året, og like mange går åleine. I 2013 kom Gjølmunnebrua, og etter kvart har vi fått gondolbana, seier Bø. Han seier at fornying av anlegget er viktig: – I fjor vart løypa «Tors hammar» opna for å gjere anlegget endå meir komplett. No opna vi «Ragnarok», ein via ferrata som

EKSTREM: «Ragnarok» er av det ekstreme slaget, og stiller krav til styrke og uthald.

er ekstrem. Den er lang, tung og stiller krav til styrke og uthald. «Ragnarok» går også somme stader i overheng og med få plassar for naturleg fotfeste.

– Ikkje for dei høgderedde

– Ei fysisk krevjande løype som set store krav og som ikkje er for dei høgderedde, seier guide i Loen Active, Ronny Baade. Per Helge Bø har sjølv klatra

HØGDE: F-ruta er ikkje for dei høgderedde.

ruta. – Om ein treng meir enn to forsøk på å forsere eit parti i «Ragnarok» vil ein truleg ikkje lukkast, så krevjande er det, seier Bø. Han fortel at dei satsar

på å ha fire-fem guidar på plass i løpet av sommaren som kan guide folk gjennom den nye ekstremruta. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Sommartilbod i Loen PĂ… HOTEL ALEXANDRA OG HOTEL LOENFJORD

SOMMARPRISAR

SOMMARPRISAR

2 vaksne i dobbeltrom inkl. middag, frukost og bading. Gjeld utvalde datoar i juni.

2 vaksne i dobbeltrom inkl. middag og frukost. Gjeld utvalde datoar i juni.

ALEXANDRA:

LOENFJORD:

pris frĂĽ

2790,-

pris frĂĽ

2180,-

Bad, Spa og velvĂŚre Via Ferrata - Loen Skylift BĂĽttur pĂĽ Lovatnet Sykkel og fiske - Flott turterreng Hotel Alexandra, 6789 Loen Tlf: 57 87 50 00 alex@alexandra.no

www.alexandra.no

Hotel Loenfjord, 6789 Loen Tlf: 57 87 57 00 post@loenfjord.no

www.loenfjord.no

SKĂ…LA OPP

Laurdag 17. august 2019

“La Sportiva SkĂĽla Oppâ€? i Loen i Stryn kommune

Nord Europas tøffaste motbakkeløp

Møt kjende norske og internasjonale løparar i verdstoppen !

Trimklasse kl 7-9 Konkurranse kl 10

Fullfør Sküla Opp og ver med i trekning av ei Wonderland seng !

Sommarsalet startar 20. juni!

Kongleriket Mini SkĂĽla Opp for barn opptil 12 ĂĽr kl 11. For pĂĽmelding og informasjon:

www.skaala.no

eller Hotel Alexandra, tlf 57 87 50 00

" 2 2 , () # 2 1, " 2 , 1,

, * , 2 () ' , 1,/ , , , ,/ % " , 2 1, , ,

0 , , , 2 , 1 - , 0 2 , , 2, , 0 #

0 *,

2 , 1 , , 0 !1 /, , 2," , 2 , 2 , 0 #

'(&+$ ( " 1, . " 1,

Skogstad Innvik T / 48 06 63 13 Skogstad Olden T / 48 06 00 51

Skogstad Stryn T / 95 47 68 61 Skogstad Nordfjordeid T / 90 27 22 27

www.skogstadsport.no

ď‚‚ @skogstadsport #uteglede #skogstadsport #tailoredbynature

40 ĂĽr i Nordfjord!

• Gode tilbod pü gravstein • Stort utval • Gratis oppsetting

Tlf.

905 50 905 www.hjelmeland.as

5


6 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

Sommarglade dagar i Stryn kulturhus SymjehAll Stupetårn, rutsjebane og barnebasseng. Opningstider: 8. juli - 11. august: Tysdag - onsdag - torsdag - fredag laurdag og søndag kl. 12.00 - 16.00 Måndag STENGT Stengt veke 26, 27 og 33. Ordinære opningstider frå 19. august.

KAFFIBAR Ope kvar dag kl. 09.30 - 16.00 Fri bruk av internett!

KINO

Onsdag og fredag: Laurdag og måndag Søndag:

elege s o k r å v k ø Bes ring e v r e s e t u g kaffibar o

kl. 18.00 og 20.00 kl. 12.30 og 14.30 kl. 14.30, 17. 30 og 20.00

Kjøp billett til kino og andre kulturarrangement i kulturhuset på vår nettside: www.strynkulturhus.no eller på facebook: stryn kulturhus og kino

...litt å gle seg til framover...

laurdag 14. september kl. 19.30

laurdag 28. september kl. 19.30

Tysdag 15. oktober kl. 19.00

Fredag 15. november kl. 18.00

heine Totland & Gisle Børge Styve - musikk Folkens!

Rigmor Galtung: Syltynn Topptrent & Dønn Ærlig

eggum & Sivertsen - VI TO

jostedalsrypa - ein popmusikal

(er ikke Romeo og julius)


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL Gamlebutikken på Hjelle

Liatunet Liatunet i Innvik er ope for leige og omvisning i heile sommar.

Kafe Engelsk porselen Lokal brukskunst

Ta kontakt med Dag Vanberg, tlf. 905 68 952.

Ope tysdag-søndag 22. juni - 18. august Kl. 12:00 - 17:00 www.gamlebutikken.no

RICCOVERO OUTLET STORES

SOMMARÀ LA CARTE

Velkommen til våre Outlet Stores i Stryn og Olden! Åpent hver dag - hele sommeren!

på Hotel Loenfjord

Besøk Besøk Sjøatunet Sjøatunet ii Utvik! Utvik!

Alle dagar: 17.00 - 21.00

21.juni-18.august:

13.00-21.30

Kafé Sjøatunet Unik beliggenheit ved fjorden. Tlf. 57 87 52 60

Bordbestilling: 57 87 57 00

Daglegvarer. – Kort veg til god handel!

Hotel Loenfjord AS 6789 Loen, Nordfjord, Norway Tel: +47 57 87 57 00

VIA F E R R ATA LO E N

Sjøbua Mat Via Ferrata tur med guide til Hoven (1011 moh) og retur med Loen Skylift.

6797 Utvik. Tlf. 57 87 53 05. Fax. 57 87 53 01.

Europas lengste Via Ferrata bru Sykkelutleige Kajakk med guide

Hotellet «med fjorden i hagen»

Foto: Mathias Fredriksson

Badestrand, sandvolleyballbane. Kort avstand til kjende turistmål i området, som Briksdalsbreen, Geiranger eller Vestkapp. Rom med fin utsikt, god mat.

6789 Loen Tlf. +47 57 87 58 00 post@loenactive.no Booking: loenactive.no

Tlf:

57 87 49 90

post@innvikfjordhotell.no www.innvikfjordhotell.no

Treng du transport? I bilparken har vi:

1 bil • 4 minibussar (også for rullestolbrukarar)

For bestilling eller andre spørsmål ring:

57 87 23 50

7


8 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

På tur til gammal fjellgard i Oppstryn Segestad i Oppstryn har kanskje den mest særprega og storslåtte plasseringa av gardane i Stryn kommune, og eit populært turmål for heile familien. Høgt og fritt ligg garden på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen. Eit par kilometer frå Hjelle kan ein

parkere bilen, og etter nokre hundre meter gange går det ei tydeleg og fin rås frå Glomnes til Segestad. Med jamn marsjfart er ein oppe på ein halvtime til ein time. Ein passeleg kveldstur eller søndagstur som gjer den til eit ynda turmål for både lokalbefolkning og turistar. Frå

gardstunet er det eit om lag 300 meter høgt stup til Oppstrynsvatnet. Her er det ei flott utsikt til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og fjella omkring. Denne garden er eit prov på at folk busette seg og levde av jorda på dei mest kronglete stader.

UTSIKT: Nydeleg utsikt frå Segestad i Oppstryn: FOTO: BARNAS TURLAG

UNIK OG MEKTIG: Fjellgarden Segestad og mektige Glomnesfossen. FOTO: GUNNHILD SINDRE

••Serveringsstad og butikk med sjel og tradisjon:

Gamlebutikken på Hjelle AFTERNOON: Skal det vere litt afternoon tea? Emma har teke med seg litt heimlege tradisjonar frå England. Serviset er også populært, og i Gamlebutikken finn du engelsk porselen i hyllene.

Gamlebutikken på Hjelle har eit heilt særeige miljø, der historia sit i veggane. Her kan du nyte heimebakst, middag – og skikkeleg, engelsk «afternoon tea»! Det med den engelske skikken kjem sjølvsagt av at vertinna, Emma Hjelle, er fødd oppvaksen i England. Ho kjem faktisk sjølv frå ein familie i hotellbransjen, og då ho arbeidde som guide fall ho pladask for den vestnorske naturen – og ein vestnorsk hotellvert. Dermed flytta Emma til Norge og gifta seg med Lorentz, som dreiv familiehotellet på Hjelle.

I tillegg til hotellet låg det også ein annan bygning i tunet, tett ned mot vasskanten. Dette var den gamle landhandelen Thor Hjelle, grunnleggjaren av Hjelle Hotell, starta i 1882. Om lag midt på 1990-talet vart riksvegen lagt utanom det gamle bygdesenteret Hjelle. Då vart nærbutikken etter kvart også stengt. Men etter at Emma kom til Hjelle og fatta interesse for bygninga og historia, var det ikkje så lenge før Gamlebutikken opna dørene igjen med nytt og spennande innhald. Kafé, kunstutstilling, brukskunst og lokalt kunsthandverk. Og ikkje minst tradisjonell, engelske «afternoon tea». Emma ville gjerne servere te og kaffi i pent porselen, og fekk

HENDENE FULLE: Både Emma og sommarhjelpene, her Kaisa Vollsnes Wemby, har hendene fulle i den sjarmerande butikken som i år har fått nytt kjøkken.

TRAVEL: Det har vore ein travel vinter i Gamlebutikken. – Inngangspartiet har fått rullestolrampe, fortel vertinne Emma Hjelle. Det er også bygd handikapptoalett, kjøkkenet er nytt og i serveringslokalet mot vatnet, Lageret, har veggane blitt isolerte slik at det no er lunt og godt også på kjølige dagar. sendt over noko familien heime i England hadde ståande. Då fekk ho seg ei overrasking: Gjestene ville ikkje berre ha te og kaffi, dei ville også kjøpe serviset dei fekk det servert i! Dermed kom det engelsk porselen i hyllene i Gamlebutikken. I fleire år henta ho over brukt porselen, men det vart tidkrevjande, så no er det Royal Albert som står i hyllene. I vinter har det føregått ei ny

oppgradering i butikken. Inngangspartiet har fått rullestolrampe og det er bygd handikapptoalett. Det er også bygd nytt kjøken med meir plass til kundane, og i lokalet mot vatnet, det gamle lageret, har veggane blitt isolerte slik at det er eit lunt og godt lokale også på kjølige dagar. Arbeidet er gjort av Svein Sunde, som har passa nøye på

å behalde det gamle reisverket synleg, og tilpasse kledninga til den opphavlege stilen, seier Emma Hjelle. Menyen har også fått ei fornying. No vert det middagsservering i tillegg til ulike former for heimebakst og smørbrød. Men afternoon tea, det får du framleis!

KORTREIST: Ramsløkolje frå Oppstryn Urtemanufaktur, kortreist og eksotisk.

LOKALT HANDVERK: Lokal kunst og handverk er til sals på loftet i Gamlebutikken.

GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

SKYLIFTEN: Loen Skylift fraktar deg frå fjordnivå og vel 1.000 m opp til fjellet Hoven. FOTO: BENGT FLATEN

NASJONALROMANTIKK: Maken til nasjonalromantiske kulisser kring matbordet får du ikkje. FOTO: JANNE ALSAKER

9

TAKET: Frå taket har du luftig utsikt til fjell, fjord og brear. FOTO: THOMAS THAULE

PÅ KANTEN: Utsikt frå Hoven mot Olden. FOTO: BÅRD BASBERG/LOEN SKYLIFT

••Ta «himmelheilsen» til Hoven:

Matopplevingar «heilt på kanten» 1.011 meter over fjorden inst mot breen vert det laga gourmetmat, heilt på kanten av stupet mot fjorden. Hit kjem fjellvandrarar, klatrarar og utkvilte, feststemte gjester i lakksko. Alle for å få ein smak av luftig gourmet. Ingrediensar og råvarer er stort sett lokale, og det same gjeld drikkevarene: Eplemost fra bygda under fjellet, 5.000 år gammelt vatn frå den mektige Jostedalsbreen og Odins eige øl.

Himmelheisen

Loen Skylift har vore ein suksess frå den dagen han vart opna av HKH Dronning Sonja. Gondolbana tek deg på under fem minutt frå fjøresteinane og opp på fjellet Hoven, godt og vel 1.000 m.o.h. På vegen opp har du god utsikt til tre himmelretningar med fjord, fjell og brear så langt auget kan sjå. Eller du kan studere klatrarane i den nye Via ferrataen eller dei mange luftsportutøvarane som nyttar skyliften og Hoven i samband med sin luftige sport.

Skyshop og kafe på taket

I vår opna skyshopen og ein liten kafe på taket av Restaurant Ho-

ven i Loen. – Her blir det ein butikk som vi har store forhåpningar til, seier Jarle Grov. Han fortel at det blir litt meir utval i turutstyr samanlikna med det ein kan få kjøpe i fjordshopen nede ved fjordstasjonen til Loen Skylift. – I samband med kafedelen blir det også eit separat rom med mulegheit for middagsservering for mindre grupper, seier Grov.

Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen, og vil også vere ei fin avslutning for dei som har klatra opp.

Loen Active til fjells og til fjords

FOTO: MARIUS BECK DAHLE/LOEN SKYLIFT

Kajakk blir ein stadig meir populær aktivitet, og no kan du også oppleve Loen frå kajakk, anten på Lovatnet eller på Nordfjorden. Loen Active tilbyr no guida turar i doble kajakkar nesten heile året. Turane varierer frå enkle introduksjonsturar til lengre padleturar med innlagde stopp. Og kanskje du vil kombinere turen med ein vandretur?

Zip linene ligg berre 5-10 min gange frå toppstasjonen til Loen

GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

Fartsfylt moro for dei fleste

På toppen av Hoven opnar Loen Active denne sommaren to splitter nye zip lines som er henholdsvis 125 og 95 meter lange. Her kan du fly over øvste delen på Tungejølet, med utsikt mot hengebrua i Via Ferrata Loen.

HOVEN RESTAURANT: Kulinarniske gleder i høgda.


10 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

post@strynhotel.no

• Overnatting • Møterom • Restaurant • Lobby-bar

Velkomen!

Tlf. 57 87 07 00 - www.strynhotel.no tegneren.no

Glitrande isbre Rein fjelluft Trollbil til breen Kalde og varme rettar Stor gåve- souvenirbutikk Overnatting i hytte/rom Velkomen til Briksdal!

Briksdalsbre Fjellstove www.briksdalsbre.no Tlf. 57 87 68 00 Fax. 57 87 68 08 post@briksdalsbre.no

VAMP H AGE KONSE RT

Visnes Hotel 22. juni kl. 18.00. Ope frå kl. 16.00 med grilling og servering ute. Sitteplassar til alle ute i hagen! Pris kr. 480,Billettar på: Ticketmaster eller Visnes Hotel


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

11

Foto: Georgi Nikolov

FANTASTISK MIDTSOMMARFEST

tp://www.midtsommerrock.no/?cID=5473[28.05.2019 08:37:11]

midt i Stryn sentrum på nyoppussa Per Bolstad plass Utescene retta mot Vertshuset! FREDAG 21. juni: Rockequiz og Solo-rockegig! TORSDAG 20. juni: Konsert med Strengeplukk!

ArrAngør:

• Ny flott Takterasse • Uteservering • Barer ute og inne • Grilling m.m. Billettar får du kjøpt på www.tikkio.com

Tlf. 416 82 198 - post@strynvertshus.no

Å leve Sea-Doo livet er rimeligere enn du tror. Pris fra kr. 66.900,-

©2019 Bombardier Recreational Products Inc. (BRP). Alle rettigheter forbeholdes. ®, ™ og BRP-logoen er varemerker for BRP eller deres samarbeidspartnere. Visse modeller som vises kan være påmontert ekstrautstyr. Les brukerhåndboken og sikkerhetsinstruksene nøye. Følg lokale lover og regler. Ha alltid på deg beskyttelsesklær, inkludert godkjent flytevest og våtdrakt. Kjøring og alkohol eller narkotiske stoffer passer ikke sammen. Besøk din autoriserte BRP-forhandler og få flere detaljer.

Sea-Doo.com


12 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

••Kulturdagane i Hornindal er 30 år:

Sigrid Moldestad til Hornindal Mellom andre Sigrid Moldestad står på plakaten til 30 års jubileet av Kulturdagane i Hornindal. – Det blir større enn nokon gong i år, fastslår Elisabeth Gamlem Lødemel. Det som i fjor heitte «Sommerfesten» heiter igjen Kulturdagane i Hornindal, slik det har gjort sidan oppstarten i 1989. – Forskjellen i år er at vi har utvida folkefesten til heile fire dagar. Årsaka til det er at vi faktisk har 30 årsjubileum. Det betyr at det blir større enn noko gong i år. Aldri før har vi hatt så mykje på programmet, seier Elisabeth Gamlem Lødemel på vegne av arrangøren Hornindal næringslag og andre lag og organisasjonar. – Store delar av bygda står bak folkefesten, seier ho.

Kyrkjekonsert torsdag

Det er ikkje kven som helst som har fått æra av opne kulturdagane i år. – Sigrid Moldestad opnar folkefesten på Grodås med konsert i Hornindal kyrkje torsdag 1. august. Dette gler vi oss veldig til, seier ho. Fredag blir det mellom anna karneval og diskotek for born og ungdom. – Fredagskvelden blir det utedans i Groparken med bandet Living West som har ein lokal mann i Lars Reidar Lillestøl. Eit skikkeleg bra countryinspirert band med god musikk ein kan danse til, seier Lødemel. Ho legg til at det er god plass ved Groparken med plass til 1.000 personar. – Vi har vel håp om at om lag 2.000 personar kjem innom Grodås i løpet av helga, seier ho.

GJESTAR HORNINDAL KYRKJE: Sigrid Moldestad opnar Kulturdagane i Hornindal med kyrkjekonsert 1. august. ARKIVFOTO: LEIF VINSRYGG

«Ta Sjansen» og mimrekveld

Laurdag 3. august er det igjen publikumsfavoritten «Ta sjansen» som hadde eit stort publikum i fjor. – Vidare blir det traktorparade, hoppeslott, sightseeingtog frå Olden, dans og kunstutstilling. Det blir og band-reunion med lokale band som Boosters og Injection, seier Lødemel. Ho kan ramse opp mykje meir som skjer i løpet av helga; Dans, kunstutstilling, veteranbilløp, bagasjeromssal etc. – Det blir og flaskeslepp der ein kan vinne store pengepremiar, seier ho. Søndagen startar som alltid med kulturfrukost, rømmegraut og grilling før det blir Kulturgudsteneste på Anders Svor Museet. – Det skal ikkje stå på programmet i alle fall, fastslår ho. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

PUBLIKUMSVENLEG: «Ta sjansen» samla mykje folk ved Hornindalsvatnet i fjor. «Ta sjansen» blir arrangert også i år.

FOLKSAMT: Kulturdagane samlar mykje folk til Grodås. I år er det 30 årsjubileum og arrangementet går over heile fire dagar.

POPULÆRT: Bagasjeromssalet er ein gjengangar som alltid har trekt folk. Mykje å sjå her. ARKIVFOTO: ANNE-MARI AALBERG

SØNDAGSFROKOST: Kulturfrukosten er som vanleg i Groparken søndagen.


••Hornindal Rundt:

SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

13

Kan nokon slå løyperekorden frå 2014? Arrangøren trur på ny deltakarrekord til landets hardaste terrengløp i år. I skrivande stund har 192 personar meldt seg på, men nye påmeldingar kjem dagleg, og dei kjem frå heile verda. I år går løpet laurdag 6. juli og det tiande gong løpet arrangerast. Nytt av året er at løpet på 38 kilometer har startområde ved Horndøla bru. Hornindal Rundt sin Pressekontakt Svein Otto Espe, håpar at venelag eller bedriftslag vil melde seg på stafetten der ultraløpet på 75 kilometer er fordelt på fire etappar. – Det er Norges tøffaste stafett og noko ein kan profilere seg med og skryte av å ha vore med på, seier Espe.

– Ein kamp mot seg sjølv

Terrengløparar frå heile verda kjem til vesle Hornindal for å kjempe seg gjennom 75 brutale kilometero og 5.600 høgdemeter i fjellheimen. Over ein slik distanse kjempar ein ikkje berre mot dei andre deltakarane. – Dette løpet er og ein kamp

mot deg sjølv. Eg er mektig imponert over alle dei som er med på dette løpet. For mange står Hornindal Rundt på Bucket-lista. Noko dei vil gjennomføre, fortel Espe som trur på deltakarrekord i år. Vêret har noko å bety for talet på deltakarar, men dei tøffaste stiller til start. – For skal du først springe 75 kilometer på fjellet så må du uansett vere tøff. Vi håpar å få 400 deltakarar i år. Det har vi sagt før, men vi har grunn til å håpe på deltakarrekord i år. Arrangementet har fått eit godt ry på seg ute i verda, seier Espe. Han viser til at arrangementet har fått mykje skryt for organiseringa og løypemerkinga. – I tillegg så stiller folk opp med drikke og mat langs løypa. Folk i bygda er flinke å stille opp for dette løpet, seier han.

Overlever løyperekorden frå 2014?

Ettersom løpet på 38 kilometer får ny løype i år, vil det uansett bli ny løyperekord. For 75 kilometeren kan det bli vanskeleg. Veldig vanskeleg. Lars Erik Skjervheim (Voss IL) sin knusande løyperekord frå 2014 på

75 KILOMETER: Lang rekke opp mot Sætrehornet i Hornindal Rundt. Løpet går over 20 fjelltoppar og 5600 høgdemeter. FOTO: KYLE MEYR/HORNINDAL RUNDT

8,52,30 timar står framleis. Han slo den tidlegare rekorden med ein time og 17 minutt (!) – Vi er utan tvil Norges hardaste terrengløp, men kanskje i Norden og. Difor trekkjer vi til oss nokre av dei beste løparane i verda. Om rekorden blir slått i

år står att å sjå, seier Espe. Han legg til at dei er i rute når det gjeld løyper og snøforhold. – Alt ligg til rette for den tiande utgåva av Hornindal Rundt, seier han. Hornindal Rundt er inspirert av nokre turglade lokale karar

som ville ta alle fjellpostane på under eitt døgn. Ultraløpet går over 20 fjelltoppar og sluker 5.600 høgdemeter over 75 km ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

••Byr på fire band og ventar storinnrykk siste helga i august

Dansegalla i Hornindal for sjette gong 23. og 24. august er det klart for dansegalla i Hornindal to dagar til ende. Ingemars, Dænsebændet, Steinar Engelbrektson og Holidays står på plakaten. Det er arrangørane sikre på at skal bli bra. – Det er blitt ein god tradisjon med Dansegalla siste helga i august, seier Edvin Haugen i arrangementstaben. Han representerer fotballgruppa i Hornindal idrettslag. Den andre medarrangøren er friidrettsgruppa. Saman har dei to gruppene gjort dansegallaen til eit treffpunkt som dreg eit stort publikum frå store delar av landet.

– Trivelege folk

– Vi merkar at vi har ein stor fanskare. Sommarstid møter vi folk på feriereise gjennom Hornindal. Då fortel at dei kjem tilbake i august. Publikummet på dansegallaene er trivelege folk som veit å setje pris på innsatsen vi legg ned. Årets meny er mykje sett saman ut frå publikum sine tilbakemeldingar, fortel Edvin Haugen. Noko kjent og litt nytt er opp-

skrifta i år. – Vi har tre norske og eitt svensk band. Dei tre norske er i toppsjiktet i sin sjanger i Norge. Og vi har høyrt mykje bra om Holidays, som er eit spennande svensk orkester. Dansebandmusikken i Sverige er jo kjent for god kvalitet, seier Haugen. Av dei norske har Ingemars og Steinar Engelbrektsson vore i Hornindal tidlegare, og er godt kjende for publikum. – Dansebandet har ikkje vore med oss før, men er eit godt orkester. Vi har fått mange henvendelsar om at vi må få dei hit. No kjem dei, seier Haugen. Konseptet for årets dansegalla følgjer tradisjonen frå dei siste åra, med hovudarrangement i Honndalshallen både fredag kveld og laurdag kveld, i tillegg til konsertar i teltet i Grodås sentrum på dagtid laurdag.

Ingemars gler seg

Konsertane i sentrumsteltet er noko Odd Arne Sørensen i Ingemars hugsar spesielt frå Hornindal. – Vi var i Hornindal i 2017, og eg hugsar vi kom inn i sentrum med teltet, flott ver og eit yran-

TIL HORNINDAL: Ingemars kjem tilbake til Hornindal og Dansegallaen som denne gong går av stabelen 23. og 24. august. Frå venstre: Karl-Arne Sjøhaug, Odd Arne Sørensen, Terje Ingemar Larsson, Håkon Aasheim, Geir Paulsberg, Steve Andersson. PRESSEFOTO de liv. Det var skikkeleg artig. Hornindal var av dei første dansegalla-arrangørane som lagde eit slikt konsept med konsertar også på dagtid. No har andre arrangørar i Norge teke etter, fortel Sørensen. Han rosar arrangørane i Hornindal for

å lage det triveleg og kombinere trivsel med kvalitet. – Vi har fått super mottaking og ser at publikum stortrivst. Då er det kjekt å kome tilbake. Vi ser fram til ei helg med mykje musikk og god stemning, seier Sørensen til Fjordingen.

Edvin Haugen i arrangørstaben seier mange av gjestene kjem med bubil, og blir verande heile helga. – Vi legg til rette for bubilane, med forventning om storinnrykk, seier Haugen. BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no


14 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

-3 000 kr PASNINGSSPEL: Frå fjorårets proffveke. Spelarane blei oppfordra til å forsøke å spele seg ut av forsvar, sjølv om dei skulle bli sett under press. FOTO: ODD SINDRE TONNING

Proffveka i Stryn 10 år Proffveka i Stryn feirar 10-årsjubileum i år. I starten av august får om lag 80 jenter og gutar ei inspirerande fotballveke på Stryn stadion. Med på laget har arrangøren fått med seg fleire kapasitetar, mellom anna kjem den tidlegare landslagsspelaren Vidar Riseth på besøk. Riseth har

bakgrunn frå klubbar som Rosenborg, Lillestrøm, LASK Linz, Celtic og 1860 München. Gamle kjenningar som Roald Wold (trenar J17-landslaget), Paul Lever (tidlegare akedemitrenar i Liverpool) og Brad Douglass (frå Coerver Coaching Europe) vil også i år delta på Proffveka. Davy Wathne vil delta på eit seminar knytt til Proffveka. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

TOPPMODELLEN

Toshiba Daiseikai 9

-3 000 kr

I TOPPKLASSEN

Toshiba Gulvmodell -1 500 kr

-2 000 kr

BESTSELGEREN

Toshiba Shorai

BUDSJETTMODELL

Toshiba Mirai

Kontakt oss i dag for gratis befaring: 921 40 704 / post@senok.no / senok.no

LIK PRIS I BUTIKK SOM PÅ NETT Power Stryn, Perhusvegen 25, 6783 Stryn Telefon 99 Telefon: 91 07 35 69 35 37 41 // varehussjef.stryn@power.no varehussjef.stryn@power.no

www.power.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

15


16 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

••Jostedalsbreen Nasjonalparksenter:

Nye namn i den geologiske hagen Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har fått godkjenning frå Miljøverndepartementet på fem nye år, og det skjer mykje i sommar. – Vi er i gang med oppussing av den botaniske hagen og nye namn i den geologiske løypa, fortel dagleg leiar Wenche Nesje, medan matsalen fyllest med cruiseturistar. Cruisetrafikken er viktig. Alle skal ha svele med røme og jordbær, og nokre tingar også omvising eller ein stogg i kinosalen. – Vi tek igjen heile hagen. Vi manglar framleis 40 arter før vi har alt på plass med 200 plantar og nye informasjonsskilt, fortel ho. Inger Fure er ein god rådgjevar, og nær området viktig leverandør.

Geologisk reise

Det blir også bygt opp ei geologisk reise der dei går bort frå dei 26 kommunenamna i fylket. – Vi vil heller fortelje kvar steinane kjem i frå. Til dømes i

FIN HAGE: Den botaniske hagen skal fornyast, fortel dagleg leiar Wenche Nesje. Stryn der det er stein frå Oldedalen, seier ho. – Vona er at både hagen og den geologiske løypa skal vekk-

je interesse også lokalt. Til dømes for skuleklassar utanfor høgsesongen med ein jamn straum av turistar frå inn- og

utland, seier Nesje, som også understrekar det gode samarbeidet med Matstova.

INGE FÆNN redaksjon@fjordingen..no

••Sagedammen:

Klart for seinsommarkonsert Nordsida utviklingslag inviterer til konsert med lokale utøvarar på seinsommaren i år. 25. august er det duka for konsert ved Sagedammen i Ulvedal. Programmet er ikkje heilt fastsett, men litt er allereie på plass.

Lokale artistar

Det vert i hovudsak lokale artistar på scena, og arrangørane har fått med seg ei rekkje talent frå store delar av Nordfjord. Sol Alme Brendefur frå Hornindal er ein av dei som skal opptre saman med Stine Storevik. Sol gjorde stor lukke med hovudrolla i musikalen Annie som gjekk i Opera Nordfjord sist haust. Inge Asbjørn Haugen kjem med saksofonen sin og spelar saman med kantor Ralph Cupper frå Eid. Nabofylket er representert med Giske mannskor som skal ha Bernt Ragnvald Veddegjerde som solist i nokre parti av programmet sitt. Roy Aron Myklebust skal leie

SOMMERULVEDAL: Frå v: Arne M. Sølvberg, Solbjørg Fjellkårstad, Karoline Lunde og Nils Sølvberg frå Nordsida Utviklingslag håpar mange besøker Sagedammen helga etter skulestart. programmet, og truleg få gjensyn med nokre av dei populære show-figurane. Tidlegare har det vore kul-

turdag tidleg i juli og musikal i starten av august. – Det skjer så mykje kring om i Nordfjord så vi har bestemt å ha konserten

etter skulestart, seier Arne M. Sølvberg. Ulvedal kan også by på vandring i kulturløypene, og det vert sal av kaffi og sveler.

ANNE-MARI AALBERG redaksjon@fjordingen.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

VELKOMEN TIL

Harevadet Hyttegrend HAREVADET HYTTEGREND – Idyll heile iåret! Grendadalen, Hornindal kommune

Harevadet Hyttegrend ligg i solrike, snøsikre og idylliske omgjevnader, og kan gje deg fine naturopplevingar både sommar og vinter. Næraste nabo til Hornindal skisenter.

Idyll heile året!

Hornindal skisenter

Hyttefeltet ligg 400 moh, 7 min med bil frå Grodås sentrum. n Feltet består av 111 tomter på ca. 1 200 - 2 253 m2 og tre fortegningsfelt. n Dei fleste har utsikt mot Hornindalsvatnet (Europas djupaste innsjø), og innover dalen. n Med opninga av Kvivsvegen har Hornindal fått ei veldig sentral beliggenheit. n

Medlem i Alpepass

Reisetida til Hornindal er no: • 25 min frå Stryn • 25 min frå Volda • 1 time og 5 min frå Ulsteinvik • 1 time og 15 min frå Fosnavåg • 40 min frå Nordfjordeid • 45 min frå Stranda • 1 time og 30 min frå Ålesund til Harevadet

HORNINDAL

SKISENTER Ski for alle - hornindalski.no

VI TILBYR • T-trekk 1500 meter • To slalåmtrasear på 1650 meter • Flomlys heilt frå toppen i ein trasé • 3 km lysløype, preparert til kl 18.00 kvar kveld, kl 10.00 laurdag og søndag. Lys til kl 22.00 • Turløype rundt setrane i Grendadalen og til Honndalssetra 20 km t/r, topptur til Høgenibba 1190 moh. • Varmestove, servering – Skiutleige hornindalski.no • facebook.com/hornindalski

Harevadet Hyttegrend AS Gausemel NO-6763 HORNINDAL Tlf.: (+47) 489 54 764

post@harevadet.no www.hornindalski.no www.harevadet.no Følg oss på

17


18 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

••Anders Svor Museum i Hornindal:

Ei kunstsamling av dei sjeldne Anders Svor Museum er ei sjeldan perle: Ei unik samling av skulpturkunst. Alt frå den lokale kunstnaren Anders Svor.

Bilethoggaren Anders Svor var fødd i Hornindal i 1864. Historia om Svor er ei fascinerande forteljing om ein unggut som viste stort talent som treskjerar alt som 12-åring, fekk arbeid som treskjerar ved Brødrene Hals pianofabrikk i Kristiania som 17-åring, studerte teikning på si, og deretter kom inn ved København Kunstakademi.

Gullmedalje i Berlin

Svor fekk i 1891 sitt kunstnarlege gjennombrot med gullmedalje for skulpturen «David» på den internasjonale utstillinga i Berlin. Han deltok på ei rekkje utstillingar i både Europa og Amerika, inkludert verdsutstillingane i Paris og Rio de Janeiro. I 1953 opna Anders Svor Museum i heimbygda.

Opningstale av Francis Bull

Svor etterlet seg om lag 450 skulpturar i atelieret i Oslo. Av

desse var dei fleste i gips eller leire, og berre nokre få i bronse. Arvingane vart samde om at samlinga skulle heim til Nordfjord, og etter at samlinga hadde stått lagra ei tid vart ho i 1941 overdregen til Hornindal kommune, under føresetnad av at kommunen ville reise eit museum. Grunna 2. verdskrigen og tronge økonomiske tider vart ikkje bygginga sett i verk før i 1951. Museet opna i 1953, og Francis Bull heldt opningstalen. Samlinga er på ca 560 arbeid, inklusive skisser og utkast.

Eigd av kommunen

Hornindal kommune eig Anders Svor Museum og samlinga, medan Sogn og Fjordane Kunstmuseum har stått for drift og fagleg forvalting fram til no. I samband med at Horindal og Volda vert slegne saman og Hornindal dermed vert ein del av Møre og Rosmdal, vert drifta av Anders Svor Museum overført til Sunnmøre museum frå 1. januar 2020.

Overraskar og begeistrar

Museet i Hornindal inneheld

UNIK: Anders Svor Museum er ei unik kunstsamling. Framfor bygningen står Tordenskjold-skulpturen. I 1891 vant Svor konkurransen om Tordenskjold-monumentet i Kristiania. Likevel fekk ikkje den talentfulle kunstnaren frå bygda utsmykkingsoppdraget. FOTO: BENGT FLATEN både store skulpturar, skisser, utkast, relieff og mindre «perler», som den der bestefar lærer vesleguten å skrive. Ei samling som i lenger tid har overraska og begeistra både tilreisande publikum og lokale kunstinteresserte.

Framfor bygningen står Tordenskjold-skulpturen. I 1891 vann Svor konkurransen om Tordenskjold-monumentet i Kristiania. Likevel fekk han ikkje utsmykkingsoppdraget. Eit hardt slag for ein ung kunstnar, og eit døme på at kampen

er hard for ein ukjent kunstnar frå bygda. Etter hans død vart Svor sin Tordenskiold avduka av kong Olav i Horten, og ein kopi vart avduka av kronprins Harald på Haakonsvern. GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

Sommargudstenester i kyrkjene Gudstenester i Stryn og Hornindal i sommar: 23. juni; 2. s i treeingstida – Joh 3, 1-13 - Nedstryn 11:00 Gudstenesete. Ved Henny Koppen - Utvik 11:00 Gudsteneste. Ved Harald Runde 30. juni; 3. s i treeiningstida – Mark 10, 13-16 - Hornindal 11:00 Gudsteneste. Ved Hege Høibye - Erdalsætra, Oppstryn 14:00 Friluftsgudsteneste. Ved Jone Knudsen 07. juli; 4. s i treeiningstida – Matt 9, 35-38 - Innvik 11:00 Gudsteneste. Ved Harald Runde - Selja, Selje 12:00 Seljumannamesse. Buss frå Stryn kl. 08:00 14. juli; 5. s i treeiningstida – Matt 18, 12-18 - Olden 11:00 Gudsteneste. Ved Harald Runde - Nordsida 11:00 Gudsteneste. Ved Jone Knudsen 21. juli; Aposteldagen / 6. s i treeiningstida – Mark 3, 13-19 - Per Bolstadsplass 11:00

Gudsteneste. Ved Jone Knudsen - Hornindal 11:00 Gudsteneste. Ved Harald Runde 28. juli; 7. s i treeiningstida – Mark 5, 25-34 - Loen 11:00 Gudsteneste. Ved Jone Knudsen - Myklebuststøylen, Utvik 14:00 Støylsmesse. Ved Jone Knudsen 29. juli; Olavsdagen / Olsok – Luk 22, 24-27 - Olden gamle kyrkje 18:00 Olsokgudsteneste. Ved Henny Koppen - Oppstryn 20:00 Olsokgudsteneste. Ved Henny Koppen 4. august; 8. s i treeiningstida – Mark 12, 28-34 - Nedstryn 11:00 Gudsteneste. Ved Henny Koppen - Anders Svor Museum, Hornindal 12:30 Kulturgudsteneste. Ved Hege Høibye - Utvikfjellet, kafeen 14:00 Gudsteneste. Ved Tore Myklebust - Innvik 16:00 Gudsteneste. Ved Hege Høibye 11. august; 9. s i treeiningstida – Luk 6, 36-42 - Loen 11:00 Gudsteneste. Ved

NEDSTRYN KYRKJE: Fleire av gudsteneste i sommar er lagt til Nedstryn kyrkje, som ligg langs rv 15 nokre få kilometer aust for Stryn sentrum. FOTO: BENGT FLATEN

Henny Koppen - Nordsida 11:00 Gudsteneste. Ved Hege Høibye - Olden 16:00 Gudsteneste. Ved Henny Koppen 18. august; 10. s i treeiningstida – Mark 11, 25-26 - Nedstryn 11:00 Fyrsteklasses-

gudsteneste. For Oppstryn, Nedstryn og Loen. Ved Henny Koppen - Hornindal 11:00 Fyrsteklassesgudsteneste. Ved Hege Høibye 25. august; 11 s i treeiningstida – Joh 8, 31-36 - Bommeneset, Oppstryn 11:00

Friluftsgudsteneste. Ved Henny Koppen - Lie, Innvik 14:00 Friluftsgudsteneste. Ved Harald Runde - Ljosheim, Oldedalen 19:00 Kveldsgudsteneste. Ved Harald Runde. Samling på Yrineset etter gudstenesta


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

19

Norges kaldaste og minste strand? Ifølgje eit nytt skilt ligg Norges kaldaste og minste strand midt i Olden sentrum. Olden Cruise Park har fått ei fin lita badebukt i enden av det fine anlegget. Også badeplassen i Avleivika har fått eit

skikkeleg løft. Andre Opheim er ein kreativ kar. Ved sidan av eigedomen hans i Olden sentrum ligg det ei opa lita bukt på 2,5 meter. Her har det kome opp eit skilt om at dette er Norges kaldaste og minste strand. – Grunnen er rett nok kommunal, men skiltet har eg

kosta sjølv. – Påstanden om den kaldaste badestranda er korrekt då elva med brevatn renn ut i fjorden ved sida av, hevdar den humoristiske kjøpmannen i Olden. BERIT MELHEIM redaksjon@fjordingen.no

TRADISJONELT: Med utsalsboder av ymse slag og faste programpostar brukar Oldedagane å trekke mykje folk den første helga i juli.

SMALT: Dottera Margrete Krogh Opheim på den 2,5 meter breie stranda.

SKILTA: – Påstanden om den kaldaste bade-

stranda er korrekt, då elva med brevatn renn ut i fjorden ved sida av, hevdar Andre Opheim.

VERDSREKORD: VM i marshmallowskasting vart lagt inn i Oldedagane i 2017. Her er det verdsrekordhaldar André Opheim som er i farta. Han har kasta den lette godteriklumpen 37 meter!

••Spennande møteplass for store og små:

– Opplev Oldedagane Oldedagane har funne sin resept, og 6.-7. juli er det kjende programpostar som ventar publikum. – Ja, det blir god, gammal oppskrift, seier Ketil Finsås Hansen hos arrangøren. Helga startar som vanleg med den populære frukostserveringa i Helsetunet, arrangert av Bygdekvinnelaget. Her blir det også kunst- og handverksmesse. Det er óg blitt

tradisjon med kyrkjekonsert søndagen, i år med Edgar Paulsen som spelar Jim Reeves. Oldedagane vidarefører VM i marshmallow-kasting. Her kan folk bryne seg på André Opheim sin rekord på 37 meter! Flaskeløpet er ein annan aktivitet som held fram. Nummererte flasker seglar frå Bruvoll-brua og til brua i sentrum, og første flaske i mål avgjer kva som er vinnartalet. Det vert jobba med å få på

FRUKOST PÅ HELSETUNET: Heimbakst og godt pålegg brukar å trekkje mange besøkjande til Helsetunet og frukosten laurdag.

plass ein talentiade på utescena, og elles er nok Olderevyen eit høgdepunkt for mange. – Revyen er under innsegling og eg reknar med den kjem trygt i hamn til Oldedagane. Vi kan love god seglingshøgde, smiler Hansen, som er klar på at Oldedagane har eit føremål, viktigare enn noko anna: – Det viktigaste er å legge til rette for at folk kan møtast. ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

KUNST OG HANDVERK: Det blir kunst- og handverksmesse på Helsetunet.

VELKOMEN: Som dei siste åra er det leiaren av Kontaktutvalet for Olden og Oldedagane, Ketil Finsås Hansen, som leier komiteen for Oldedagane.

REVY: Olderevyen samlar alltid fullt telt laurdag kveld. Her ser vi Andreas Drageset i aksjon med rokkeringar under revyen i 2016.


20 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

••Visnes Hotel:

Vamp kjem til hagefesten VAMP: Arvid Otterdal og Visnes Hotel tek i mot Vamp 22. juni.

Tradisjonen med Hagefesten ved Visnes Hotel held fram. Laurdag 22. juni kjem Vamp igjen på besøk. Arvid Otterdal ved Visnes Hotel fortel at det vart vurdert å ikkje arrangere hagefest i år grunna høgt belegg av hotellgjester. – Men når Vamp ringte oss og ville spele i Stryn igjen, så endra vi meining og planla ny hagefest. Vamp har vore her før og det var ein suksess med over 600 tilskodarar. Vi håpar vel på det same i år, fortel Otterdal. Han legg til at det og er Midtsommarrock denne datoen, men tidspunktet for konsertane krasjar likevel ikkje. – Vi startar konserten tidlegare og er ferdig før konserten startar i sentrum. Ein kan vel og legge til at dette er eit ganske anna konsept med ein annan målgruppe, seier Otterdal. – Det blir ikkje vil trengsel framfor scena. Her blir litt ned-

KONSERT: Visnes Hotel inviterer til sommarkonsert også i år.

på med eit relativt vaksent publikum med sitjeplassar i hagen der folk kan hygge seg med god mat og drikke, forklarar han. Det er lite ein kan gjere med veret, men han har tru på at

folk vil kome på konsert. – Vamp er rett og slett skikkeleg bra, og vi håpar folk tek turen til tunet vårt, seier hotellverten. Vamp er eit norsk band frå

Haugesund som vart starta i 1991. Bandet speler folkemusikk kombinert med viser og rock. Bandet har gitt ut ni studioalbum som har hausta ti gullplater, tre platinaplater og

to trippelplatina. Dei har og fått fem Spellemannprisar. Laurdag 22. juni spelar dei altså i hagen ved Visnes Hotel. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

••Innvik:

Årviss sommardag i Liatunet 25. august er det klart for nye sommardag i Liatunet i Innvik med underhalding, omvising og servering. – Det vert gudsteneste. Når preikelista med friluftsgudstenester kring på sætrane fell saman med sommardagen våre, så blir det her, fortel Dag Vanberg.

Fototstilling

Alle brikkene i programmet er ikkje på plass førebels, men det blir i alle fall fotoutstilling med gamle bilde frå Innvik. – Sesongen har starta veldig bra med barnedåpar, konfirmasjon og mange turgrupper. Pensjonistane er fleirtal, men også andre grupper, fortel Vanberg som tek seg av det daglege

vedlikehaldet med ljå og kantklyppar i tillegg til at han er omvisar med stor forteljarevne.

Tribune

I september startar arbeidet med å bygge tribuner i bakken ved samlingsplassen kring den store steinen som Peder i Li reiste ved eiga hjelp. – Rett nok er det dei som meiner at han hadde hjelp, men historia blir best utan, smiler Vanberg som ser fram til at det blir betre plass når det kjem mykje folk.

100.000 kroner

Arbeidet med tribuner er kostnadsrekna til 100.000. Sparebankstiftinga tek vel 40.000. Resten blir dugnad. INGE FÆNN redaksjon@fjordingen.no

TRBUNER: Til hausten skal det byggjast tribuner ved samlingsplassen i Liatunet, fortel Dag Vanberg.


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Strynemila laurdag 24. august Strynemila går av stabelen laurdag 24. august. Start og mål er som vanleg på Per Bolstad plass midt i Stryn sentrum.

kre endringar siste åra. Mellom anna vart løypetraseen lagt om i 2014. Start og mål er på Per Bolstad plass. Frå starten spring ein til Hydro (bensinstasjonen), inn Bruagrenda, følgjer vegen og skogsvegen til Sætre, hovudvegen tilbake til sentrum og ein ny runde om Bruagrenda,

Milløpet, som i realiteten er 9,8 km, har gjennomgått no-

over gamlebrua og i mål på Per Bolstad plass. I tillegg har ein barnemila som er blitt svært populær. Den svarar til runden om Bruagrenda, og over Gamlebrua tilbake. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

2016: Frå starten av løpet i 2016.

FOTO: ROY ARON MYKLEBUST

2018: Fornøgde gutar etter å ha fullført Strynemila i 2018. FOTO: SILJE FLØTRE REED

?

Kva betalar

DU

til din kraftleverandør? Stryn Energi AS Tlf. 57 87 36 02

les avisa kvelden før

STEINAR

ENGELBREKTSON BAND

Kvar måndag og torsdag kl. 21.00 kan du lese morgondagens papiravis som eAvis. Du kan lese den på fjordingen.no under «les eAvis» og i appen vår (mobil og nettbrett). Som abonnent har du tilgang til å lese eAvisa på PC, nettbrett og mobil. I tillegg har du tilgang til alle sakene på www.fjordingen.no merka med +

Fredag 23. august kl. 20.30-02.30:

Laurdag 24. august kl. 20.30-02.30:

Steinar Engelbrektson Band & Dænsebændet

Ingemars & Holidays

Showtelt i sentrum laurdagen! Livemusikk og servering. Kr. 100,- cover (fri inngang med weekendpass)

LOKALAVISA FOR INDRE NORDFJORD NR. XX, 82. ÅRGANG LAUSSAL KR 25,- FREDAG 26. MAI 2017 FJORDINGEN.NO

Denne ubåten finst det berre tre av i verda

Allsidig arbeidsveke for 9. klassingane SIDE 13

Kan plukke jordbær om tre veker SIDE 11

UNIK UBÅT: F.v.: Sigbjørn Hagen, Olav Erik Hagen og Per Magnus Teigen i O.E Hagen AS viser fram ubåten som det pr. i dag finst berre tre av i verda. ROV-ubåten kan gi firmaet frå Stryn nye oppdrag langt utover landegrensene. FOTO: ROGER OLDEIDE

• O.E Hagen AS i Stryn har investert • Den ubemanna ubåten kan gjere

7 0 9 0 0 3 5 3 8 0 0 10

10 millionar kroner i ein heilt spesiell risikofylte inspeksjonar opptil seks ubåt som gir dykkerfirmaet nye opp­ kilometer inne i vasskrafttunnelar. SIDE 5 drag, spesielt retta mot kraftselskap.

Djupe hol og oppsmuldra asfalt på fylkesveg 60 i Hornindal SIDE 8

Loen Skylift får 300.000 til digital marknadsføring SIDE 9

www.fjordingen.no

Musikalsk søk mot nordnorske røter SIDE 6

Går av etter 31 år som helseog sosialsjef SIDE 10

Skjenkeløyve - 18-års aldersgrense. Billettar: kr. 400,- pr. dag, kr. 700,- for weekendpass. Førehandssal weekendpass: kr. 650,hos Kontorpunkt Hornindal tlf. 57 87 95 30 eller www.tikkio.com

Arrangør: Hornindal IL fotball og friidrett. Tilrettelegging for bubilar. For bestilling av plass ring: 949 82 083. Meir info på: www.hornindal-fotball.no

21


22 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

- ei aktiv kommune

• Hornindal rundt 6. juli Tlf. 57 87 96 68

• Hornindalsvatnet maraton 27. juli

Tlf. 57 87 84 00 - Hornindal

• Kulturdagane i Hornindal 1.-4.august

Grodås Bilsenter HORNINDAL • 419 16 160

✂Sax Frisør as KAN HÅR! HORNINDAL, Tlf. 57 87 80 88

• Dansegalla 23. - 24. august • Norsk Kornølfestival

HORNINDAL

11. - 12. oktober

Tlf. 57 87 99 99 - www.raftevold.no

Veterinær Jan Valheim

Hornindal Post i butikk - tlf. 979 91 543

Tlf. 90 93 87 48 6763 Hornindal


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

God sommar!

Total Serv rvice v Kviven AS

Din totale leverandør av solskjerming, varmepumper, glassrekkverk og garasjeporter.

Velkomen

• Lang erfaring • Kvalitet • Lokal kunnskap

til sommarhandel! Helsing Anne Britt og May-Helen Følg oss på

Total Service Kviven AS

6763 Hornindal • www.t-s-k.no Kai Magne Dahl – Tlf. 406 20 556 – epost: kai@t-s-k.no Inge Olsen – Tlf. 483 28 458 – epost: inge@t-s-k.no Hornindal

Kul ult lttu urrrd u da d aggga a an a nee n

i Hornindal 1.- 4. august 2019

TORSDAG 1. AUGUST: Kl. 20.00

Konsert Sigrid Moldestad med band i Hornindal kyrkje

FREDAG 2. AUGUST: Kl. 16.30 Kl. 17.00

Karneval Opning ved Ordførar Stig Olav Lødemel. Stella Poland på harpe (frå Norske talenter) underheld

LAURDAG 3. AUGUST: -

Musikk frå utescena: Sol Alme (frå Sound of Music i Operahallen Talentiade Ta sjansen Rebusløp v/Røde kors Hornindal musikkorps Traktorparade Veteranbilløp Mimrekveld i Groparken: Band-reunion

SØNDAG 4. AUGUST: Kl. 10.00 Kl. 12.00 Kl. 12.30

Kulturfrokost Bagasjeromssal Kulturgudstjeneste Flaskeslepp, Konsert med Honndalsmusikken

Hoppeslott, kafear, standar, kunstutstillingar på Hotellet og Smia Billett til konsert med Sigrid Moldestad kan kjøpast på ticketmaster eller hos YS Hydro kr 395,Billett til dans m/Livin West kan også kjøpast på YS Hydro og ticketmaster eller HELGAPASS KR 400,-

TA SJANSEN

Kulturdagane i Hornindal

SIGRID MOLDESTAD

23


24 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

Kulturløype som tek deg tusen år tilbake

Baggehola og futedrapet Baggehola er ein del av Kulturløypa på Ulvedal og ligg berre eit steinkast frå Sagedammen. Helje Bagge var ein lovlaus som i middelalderen gøymde seg i Baggehola for å overleve. Soga seier at under eit ting på Heggdal i Innvik, tidleg på 1500talet, vart ein fut klemd i hjel mellom veggen i tingstova og ei stor steinhelle som var brukt som tingbord. Drapsmannen heitte Helje Bagge. Han rømde og gøymde seg i ei hole i Ulvedalsfjellet.

Kulturløypa på Ulvedal er ei rundløype på ca. 2,5 km som går gjennom lett skogsterreng med moderat stigning. Her er ein innom mange av dei kulturhistoriske attraksjonane på Ulvedal. Sagedammen, som er naturleg startpunkt, ligg om lag midt mellom dei andre stadane i kulturløypa: Kvernhusdalen, Vetestova, Tjærehjellen og husmannsplassen Rabben.

••Breen trekkjer til seg både tilreisande og fastbuande:

Bergtekne av Briksdalsbreen Briksdalsbreen. Ein turistmagnet, men også eit turmål fastbuande stadig vender tilbake til. – Å ta ein tur til breen når det ikkje er andre der, det gjev påfyll og energi, seier Oddrunn Grodås, som saman med ektemann Per Briksdal eig og driv Briksdalsbre Fjellstove. 6792 Briksdalsbre står det på postskiltet på veggen. Her er ikkje mange fastbuande, men desto fleire i løpet av sommarsesongen. – Kor mange er det innom fjellstova i løpet av ein sommarsesong? – Vi har ikkje tal som er heilt til å stole på fordi det er litt usikkert korleis teljaren registrerer, avhengig av korleis folk går, verforholda og liknande. Men vi får ein indikasjon, og det har siste åra vore oppunder 300.000 kvart år, seier Per Briksdal. Folk kjem i bil og buss, åleine og i grupper. – For oss er også cruise viktig. Vi får grupper frå Olden, Hellesylt, Geiranger, og no også Eid. Eid vert ein heilt ny cruisedestinasjon, men også derfrå kjem det grupper hit med buss, akkurat som Hellesylt, Geiranger og Olden.

BRIKSDALSBREEN: Briksdalsbreen er eit ettertrakta turmål, anten du kjem til fots eller du tek «trollbil» (bildet). ALLE FOTO: OLDEDALEN SKYSS – Det kan bli mykje folk, er det nokon som klagar? – Nei, vi får faktisk ingen klager, seier Per Briksdal. – Tvert om får vi positive tilbakemeldingar på at folk synest dei kjem nær naturen, dei høyrer fossedur og fuglesong! GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

FJELLSTOVE: Briksdalsbre Fjellstove i Briksdalen vert eigd og driven av ekteparet Oddrunn Grodås og Per Briksdal.

BRIKSDALEN •• Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1.200 meters høgd stuper brefallet ned i den frodige Briksdalen. •• Briksdalen svingar av inst i Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. •• Herfrå kan du ta turen opp til breen med «trollbil» i regi av Oldedalen Skyss, eller du kan ta turen til fots. Stien som startar ved Briksdalsbre Fjellstove er tilrettelagt for rullestol/ barnevogn.

«TROLLBIL»: Opp mot breen kan du leige deg «trollbil», som har erstatta hest og kjerre.

ELLER TIL FOTS: Eller du kan legge ut på ein nydeleg fottur på Keiser Wilhelms sti opp til breen.


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

25

Innandørs sommarbading i symjehallen

HOPP I BASSENGET: Stryn symjehall i kulturhuset har ope i heile sommar viss temperaturen i fjorden ikkje fristar. ARKIVFOTO

Dersom sommarveret sviktar badesesongen i friluft, har Stryn symjehall gode temperaturar i vatnet og ope i heile sommar. Symjehallen kan by på gode vasstemperaturar og mange aktivitetar for både små og store badenymfer. Hallen har eit idrettsbasseng på 12,5 x 25 me-

ter, og djupna er frå 0,9 til 3,6 meter. Temperaturen i bassenget ligg på 29,5 grader, medan barnebassenget held sydlandske 34 grader. Hallen har vass- rutsjebane med tunnel, stup-avsats i fire meter høgd og sviktbrett for stup frå ein meter. Symjehallen er såleis godt

tilrettelagt for både born og vaksne, og ein har og tilbod om oppheta badstove. I sommarferien blir det ope for både fastbuande og tilreisande badegjester.

••Sommarkino i Stryn kulturhus:

Fleire kjende filmar på plakaten Tolkien, Løvenes Konge og Spider-Man dukkar alle opp i storsalen på Stryn kino i løpet av sommaren. I juni står Kjæledyra sitt hemmelege liv 2, Tolkien og Annabelle comes home på plakaten. I juli kjem blant andre SpiderMan: Far from home, Yesterday og Løvenes Konge (2019). – Det blir eit variert kinoprogram for sommaren med kjende namn som Spider-Man, Løvenens konge og ein Beatlesbasert film, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme. I tillegg til desse filmane kjem det også fleire titlar på programmet etter kvart, legg han til.

Komedie med Beatles-musikk

Yesterday er ein britisk komedie av Danny Boyle om ein musikar som ein dag vaknar opp til ein verden der alle andre har gløymt bandet The Beatles. Sommaren si store sjarmbombe kombinerer musikken til The Beatles med romantikk og forviklingar, skriv Filmweb.

Legendariske Tolkien

LIVET TIL TOLKIEN: Filmen Tolkien utforskar livet til den legendariske forfattaren, som skulle inspirere til dei berømte Midgard-romanane om Ringenes Herre. I hovudrollene Nicholas Hoult og Lily Collins. ALLE FOTO: FILMWEB

Tolkien utforskar den foreldrelause forfattaren sine tidlege år med vennskap og kunstnarisk inspirasjon gjennom ei gruppe av andre utstøytte på skulen. Fellesskapet blir trua då dei blir kasta inn i første verdskrig. Alle opplevingane skulle inspirere den legendariske forfattaren Tolkien til å skrive dei berømte Midgard-romanane sine om Ringenes Herre.

Ny versjon av Løvenes Konge

Disney si nyinnspeling av «Løvenes Konge» tar publikum med til den afrikanske savanna der ein framtidig konge blir født. Simba forgudar faren sin, Kong Mufasa, men Scar har andre planar for kongeriket. Ein annan familiefilm er animasjonsfilmen Kjæledyra sitt hemmelege liv 2. Her blir det fleire morosame innblikk i kva kjæledyra eigentleg gjer på når eigaren er på jobb heile dagen.

BEATLES-MUSIKK: Yesterday er den store sjarmkomedien denne sommaren med musikken til Beatles og romantiske forviklingar.

LØVENES KONGE ANNO 2019: I den nye Disney-filmen om Løvenes Konge er både Simba, Scar og resten av gjengen tilbake.

Ingen ferie for Spider-Man

Skrekk med Annabelle

I fantasyfilmen Spider-Man: Far from home, prøvar den menneskelege superhelten Peter Parker aka Spider-Man å ta seg litt ferie i Europa. Men planane

går i vasken då han må hjelpe Nick Fury med å avdekke mysterium om fleire angrep som skaper kaos på kontinentet.

I skrekkfilmen Annabelle comes home vekkjer Annabelle opp vonde ånder i rommet, og alle peilar seg inn på eit nytt mål: Warrens ti år gamle dotter

Judy og vennane hennar, skriv Filmweb i omtalen. SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no


Fjordingen 26 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

gir deg nyheiter du kan stole på. gir deg nyheiter du kan Følg med stole på det på. som

Fjordingen

Sjøkanten kafé og handverksmesse på Hopland

held ope frå 30. juni t.o.m. 28. juli, alle dagar kl. 12.00 -18.00.

Lokal straum

Velkomen!

Fiskebutikken i Stryn Vår spesialitet:

gjev lokal støtte!

Stryn Energi AS Tlf. 57 87 36 02

RØYKELAKS God gammal oppskrift

skjer i ditt distrikt. Følg med på det som skjer i ditt distrikt. www.fjordingen.no

Lokalavisa for indre Nordfjord www.fjordingen.no

Lokalavisa for indre Nordfjord

FØRSTEKLASSES SKALLDYR FERSK FISK

Besøk vår lille kafé i sommar! Vi har gode varmrettar, fiskesuppe og skalldyr.

Ny våpenavdeling Vi har bygd om til ny flott våpenavdeling med plass til eit langt større utval.

Perhusvegen 9 - 6781 STRYN - Telefon 57 87 10 94

nYHet

Velkomen innom for ein hyggeleg handel! STRYN

NÅ MED TO-SETER! 6781 Stryn - Tlf. 57 87 60 60

KAFETERIA ISEHAUG KAFETERIA AS

NY BIG BOSS! BEDRE ENN NOENSINNE.

Maskinen på bildet er ekstra utstyrt.

Velkomen til vår flotte uteservering, med over 200 sitjeplassar og varme under tak

spOrtsman 6X6 570 eps

139.875,-

inkl. mva.

• REGISTRERT SOM EU-TRAKTOR • HØY- OG LAVGIR, REVERS, FOR 2 PERSONER PARK OG NØYTRAL • POLARIS EKTE SEKSHJULSTREKK • TIPPBART LASTEPLAN SOM • EFFEKTIV MOTORBREMS LASTER 362 KG MED ADC OG EBS • PRODUSERT MED 25 ÅRS • ELEKTRONISK SERVOSTYRING ERFARING • DRIVSTOFFGJERRIG MOTOR OG 70% STØRRE BENSINTANK

ISEHAUG KAFETERIA: • A-la-carte meny med tradisjonelle og internasjonale rettar • Vegan, vegetar, salat -og barnemeny • Kaffebar, isbar, kaker og dessertar • Kjøkkenet held ope til kl. 21.00 f.o.m. 21. Juni.

Kampanjepris på beitepusser

JOHAN’S PUB • 29. juni, SUBWAY med blåserekke • 5./6. juli, trubadur Ganges • 12./13. juli, trubadur Trond Johansen • 26./27. juli, Stryn Gummibåtfestival • Johan’s Pub held ope onsdag-søndag i heile Juli. Alle rettigheiter For meir info., følg oss på Facebook. Velkomen til oss på Isehaug Kafeteria/ Johan`s Pub! Stolt medlem av utvalgte spisesteder i sentrum av sentrum - www.isehaug.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

VELKOMEN TIL HYDLA HYTTEGREND!

Flotte tomter i vakker natur for sal! Hydla Hyttegrend ligg ca 3 km frå Stryn sentrum, langs det vidstrakte turløypenettet nordvestover frå vår næraste nabo Stryn Vinterski mot Ullsheim. Med utsikt til vakker vestlandsnatur ligg våre tomter plassert i eit utbyggingsområde på

totalt 265 daa. Med ei høgd på mellom 320 og 420 meter over havet har du fantastisk utsikt utover fjord og fjell.

vestlandet med variert aktivitet året rundt. I sentrum kan ein finne uterestaurantar og unike shoppingmuligheiter, med mellom anna «outlets» frå kjende klemerke.

Det unike med hytter i Stryn er at det skjer noko heile året. Stryn er ein av dei store turistkommunane på

Ta kontakt med oss! Hydla Hyttegrend Tlf.: 916 21 287 – E-post: post@hydla.no

Velkomen til Fagre Stryn! www.hydla.no

Sommartilbod -25% Vi har knallgode prisar på Mataki Metrotile takpanne quarts kullsort. Vi bereknar taket ditt gratis Gjøko Maximal

utendørsmaling 10L.

Kun kr

1099,-

på alle standard ytterdører frå

GEBE bordsag

TS254-2 m/stativ 1500w.

testvinnar

Høgtrykksvaskar Nilfisk C135.1-8.

Kun kr

1999,Tilbudene varer fra og med 19. juni og ut måneden.

Kun kr

2499,-

27


28 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

SVELER ER GODT: Anna Emilie Tytingvåg tok unna sveler etter kvart som Hildegunn Rand steikte på fjorårets kafe.

GODT UTVAL: Varme sokkar til vinteren.

GODE VOTTAR: Astrid Henden såg seg bruk i heimestrikka vottar og sokkar då Fjordingen var innom i fjor sommar.

FIN GJENG: Fire av dei fem i kafestyret. Vi ser frå v. Jon Nesdal og Eirik Tvinnereim, Malene Hopland og Eline Nesdal ved skiltet for Tvinnefossen. Leiaren Gunn Kirsti Tvinnereim var ikkje til stades då bildet vart teke.

4H-ungdomen inviterer til sommar-kafé Siste helga i juni opnar 4H-ungdomen i Randabygda den årvisse sommarkafeen i grendahuset. – Vi held ope heile juli, fortel Malene Hopland som sit i kafestyret. Det er 17 år sidan arbeidslystne ungdomar i Fjellrosa 4H starta sommarkafe i fruktlageret nede ved sjøen. Trafikken har auka mykje etter at dei flytte til grendahuset, og kom nærare Panoramavegen.

– Det er mange som finn vegen til Tvinnefossen. Når dei kjem tilbake kjem dei innom kafeen for ein matbit og for å handle, fortel representantane frå kafestyret når vi samlar dei under skiltet som viser veg til fossen. I tillegg til sveler med pudding, heimebaka kaker og pizza er det husflidsutstilling med lokalt handarbeid. For mange er det starten på julehandelen. – Vi skal ha ein bakedag i framkant, fortel Malene.

MYKJE Å FÅ KJØPT: Treprodukt er noko av det ein kan få kjøpt.

Gjestene kjem både frå inn- og utland. Så lenge praten går på engelsk går det bra, forsikrar dei. Og kafeen er også ein populær møteplass for bygdefolket. I år det 13 ungdomar frå 10 til 18 år som har sommarjobb. Dei får løn for arbeidet. Kjærkomne kroner når dei skal ha ein ferietur før dei byrjar eit nytt skuleår. INGE FÆNN redaksjon@fjordingen.no

FULLT: Det manglar ikkje på utvalet!

REKNESKAP: Rasmus Bersvein Tvinnereim (t.v.) fører salsstastikk medan Jon Nesdal tek imot pengane på Sjøkanten kafe. Bildet er frå 2017.

TVINNEFOSSEN: Tvinnefossen er vel verdt eit besøk. FOTO: THOMAS THAULE (ARKIV)


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

29

ANDERS SVOR MUSEUM

22.06-01.09 2019:

Måndag-fredag Laurdag, søndag

10-16 11-16

Stengt måndag 19.8 og 26.8. Elles ope etter avtale. Grodås, 6763 Hornindal Tlf. 95 10 51 76 / 97 42 15 65 www.sfk.museum.no SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM MUSEA I SOGN OG FJORDANE


30 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

••Sommardagane i Utvik:

Populær møtestad siste helga i juli Siste helga i juli blir det også i år høve til seinsommartreff i Utvik. – Det blir tradisjonelle aktivitetar også i år. Vi satsar på samling for heile familien, seier Aslaug Valaker som er leiar i arrangementkomitèen for Sommardagane i Utvik. Ho fortel at i år har dei bestemt seg for å kutte stand-up-show frå programmet. – Vi må tenkje økonomi og vere forsiktige med pengebruken. Inntektene skal gå til utbetring av flaumskadar i bygda, seier Valaker.

Dugnad

Utvik ungdomslag står bak Sommardagane i Utvik. Med i arrangementskomitéen er også Anny Valaker Njøsen, Tor Anders Hestad og Hilde Stenseth. Men dei fire i komitéen treng ikkje vere redde for at dei må jobbe heilt åleine med alt som skjer. Kring 100 personar stiller opp og jobbar på dugnad i løpet av helga, og med aktivitetsmenyen ser det ut til å vere trong for mange hjelparar. Mesteparten av aktivitetane skjer som alltid i

sentrum. Kaféen skal opne att etter ei tid med stenging. Fredagskvelden blir det god, gammaldags basar i teltet. Heile helga står ungdomslaget for matservering, mellom anna med grilling laurdag. – Vi tek ikkje betaling for dei som vil kome og setje opp salsboder, seier Anny Valaker Njøsen.

Nabohjelp

Laurdag er det loppemarknad i ungdomshuset Urdabrunn. Det bugnar allereie av ting og tang i salen der komitéen er i gong med utstilling og prising. På ettermiddagen kan ein sjå Utvik-filmen i tidlegare Dooriafabrikken. Musikarane i Tre Naboar skal spele til dans laurdagskvelden, og låner lydutstyr som arrangørane kan nytte til andre føremål. – Vi er utruleg glade for at Tre Naboar kjem til oss i år også og lagar god stemning på bryggedansen, seier Valaker. Laurdag blir ein dag med mykje som skjer. Geitholmslaget arrangerer fiskekonkurranse for både vaksne og born. Sjølvsagt med premiering. Arrangørane reknar med turtibod både til

VELKOMEN TIL SOMMARDAGAR I UTVIK: Aslaug Valaker, Anny Valaker Njøsen og Tor Anders Hestad ynskjer velkomen til Utvik den siste helga i juli

vanns og i lufta, men veit at helga er populær for å treffe familie og vener. Søndagen vil det bli støylsmesse på Myklebuststøylen. – Vi veit at mange set av ferie for å kome til Utvik og treffe vener og familie, seier Aslaug Va-

laker. Bygda har og lagt til rette for sjøfarande gjestar. – Ved småbåthamna kan gjestar legge til og vi har fleire plassar, seier Tor Anders Hestad.

Vi veit at mange set av ferie for å kome til Utvik

ANNE-MARI AALBERG redaksjon@fjordingen.no

••Stort dugnadsprosjekt ferdig til sommaren:

43 km rydda og merka sti-nett i Utvik Prosjektet «Støylar og stiar i Utvik», eit oppmerka og rydda sti-nett mellom støylane i Utvik, vart offisielt opna torsdag 30. mai.

den offisielle avdukinga av informasjonstavla i Utvik sentrum saman med initiativtakar Solveig Stange. Han rosa det frivillige arbeidet og arbeidet som er lagt ned, spesielt informasjonen om løypene.

Det var avduking av informasjonstavla i Utvik sentrum og deretter tur til Myklebuststøylen, Hagestøylen og Kårstadstøylen. Ei rundløype på 7,4 km. Heile sti-nettet som er merka, rydda og kartlagd er på heile 43 kilometer.

Stryn kommune har ein fantastisk natur å tilby med grøderike dalar, lier frå fjord til nokre av dei høgaste fjelltoppane i landet

Omfattande arbeid

Prosjektet kom i gong etter initiativ frå Solveig Stange, innflyttar i Utvik. Ho likar å gå i naturen, men opplevde at det var vanskeleg å finne fram til dei ulike støylane då stiane ofte var gjengrodde og dårleg merka. – Vi må vel seie at arbeidet vart mykje meir omfattande enn vi var klar over den gongen, seier Olav Auflem. Han er leiar i Indre Nordfjord Turlag (INT) og har vore ein sentral aktør i prosjektet. Ordførar Sven Flo føretok

Enkelt, aktivt og naturvenleg

– Turlaget sin visjon er å arbeide for eit enkelt, aktivt og naturvennleg friluftsliv. Stryn kommune har ein fantastisk natur å tilby med grøderike dalar, lier frå fjord til nokre av dei høgaste fjelltoppane i landet. I tillegg til sjølve jobben, vart det også ein del papirarbeid. Her er heile 53 grunneigarar, og formalitetane måtte følgjast. Bruer måtte byggast – og så kom

OPNING AV STIAR I UTVIK: Heile turflokken på Myklebuststøylen 635 m.o.h. under opninga av sti-nettet. Her var ei fin markering inne i hytta til Lidvin Hage. Han har restaurert selet og bygd om fjøsen til hytte. Turen gjekk vidare herifrå til Kårstadstøylen (725 m.o h.). flaumen i 2017. Men vi kom i land, takka vere god velvilje hos grunneigarar, Miljødirektoratet, DNT, INT og Stryn kommune. Og ikkje minst dugnadsånda. Her er lagt ned 1.200 dugnadstimar. Med reelle kostnader og verdien av dug-

nadstimane, kjem heile prosjektet på 500.000 kroner. Lidvin Hage vil på vegner av grunneigarane takke for godt utført arbeid. – Støylane våre blir ikkje brukte i gardsdrifta som før, men dei ligg her. Og vi ønskjer

alle velkomne til Utvik og tur i dette flotte terrenget, seier han. Dei som allereie har gått rundturen kan stadfeste at dette er eit flott løypenett som passar for alle. BERIT MELHEIM redaksjon@fjordingen.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

31

OLDEVATN CAMPING: Cecilie Sunde og Per Johnny Tenden driv Oldevatn camping. Dei har gjort mykje renoveringsarbeid sidan dei tok over i 2016. FOTO: PRIVAT

••Oldevatn camping:

Campingidyll ved Oldevatnet Oldevatn Camping ligg ved Oldevatnet i Olden og trekkjer til seg gjestar frå både inn- og utland. Det surrar i ulike språk på Oldevatn Camping. Etter ein hustrig mai månad kom ein junidag med varme, og sol som glitrar i irrgrønt vatn.

Første besøk

Ekteparet Margreet von Belle og Jacob Jan frå Nederland er med bubil på Oldevatn Camping. Det er deira første besøk i Norge, og

begge likar at Nordfjord-vêret er meir enn trong for regntøy. – Det er så vakker natur her med fjell og vatn, seier Margreet. Dei lovprisar campingen og fortel at dei ikkje ynskjer å farte så langt, men heller nyte nærområdet med korte bilturar og spaserturar. – Vi vil ikkje berre køyre og stoppe for å sove. Vi vil heller ta det roleg her før vil køyrer tilbake, seier Jan. Ekteparet ivrar etter å høyre om turistmål i nærområdet og ser fram til å fortelje om turen til vener og familie der dei bur, like sør for

NØGDE GJESTAR: Det nederlandske paret Jacob Jan og Margreet von Belle er nøgde med å ha Oldevatn Camping som utgangspunkt til ulike turistattraksjonar og turopplevingar.

Rotterdam. Dei meiner Oldevatn Camping er eit fint utgangspunkt for utflukter.

Fjerde sesong

Per Johnny Tenden og Cecilie Sunde er inne i sin fjerde sesong som eigarar av Oldevatn Camping. Frå 1960-talet har familien Sunde gradvis bygd opp og drifta campingplassen på området som i utgangspunktet var ein potetåker. Cecilie og Per Johnny ynskte å føre hennar familietradisjon vidare og bestemte seg i 2016 for å ta over. – Vi har merka jamn auke, og

IDYLLISK: Oldevatn Camping ligg i vasskanten ved Oldevatnet.

2018-sesongen var veldig bra, seier Per Johnny Tenden. Han fortel at dei aldri har angra på avgjerda om å satse på familiebedrifta sjølv om sommarsesongen kan vere hektisk.

Oppgradert

Eigarane har satsa friskt på oppgradering av dei åtte hyttene. Det er bygd terasser med høve for samlingar og grillplass ved vasskanten. Oldevatn Camping har 22 faste vognplassar og 50 plassar for dei som droppar innom. Gjestane får låne båt om dei vil ut på

vatnet og fiske ørret og røye. – Det er stor fiskeinteresse, fortel Per Johnny Tenden. Ei vasstrampoline er mykje brukt på godvêrsdagar, og campingen har ein ny, innhaldsrik og spennande leikeplass for borna. Gjestane elskar tilbod om fersk bakst kvar dag. – Vi har ferske brød og rundstykke kvar morgon. Det er veldig populært, og i høgsesong går det i overkant av 150 rundstykke og 10 brød om dagen, fortel Per Johnny Tenden. ANNE-MARI AALBERG redaksjon@fjordingen.no

VERTSKAP: Cecilie Sunde og Per Johnny Tenden driv Oldevatn camping. FOTO: PRIVAT


32 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

Velkomen til vår sommar-restaurant!

A la carte meny basert på norske og kortreiste råvarer, kvar kveld i sommar frå kl. 18.00. Bordbestilling.

Visnes Hotel Stryn – eit historisk hotel frå 1850 Tlf 57 87 10 87. Mob 908 54 362 www.visneshotel.no

DIN lokale

kraftleverandør Stryn Energi AS

Servering av forfriskninger på terrassen fram til kl. 23.

! d i t r a So m m

Gode tilbod i heile sommar

÷30-70%

Tlf. 57 87 36 02

Tips oss!

redaksjon@fjordingen.no Tlf. 57 87 45 00 - (kl. 08-16) 40 40 21 40 kveld/ helg

Ill. foto

HAVNEN AS

TINGGATA 15, STRYN TLF: 57 87 11 71

» r y t s å p t «Heil en ! - dag

Laurdag FLISER I ALLE PARKETT PRISKATEGORIAR

LIM M - FUG - MEMBRAN STØ ØYPEMASSER

6. juli

Butikkane er «heilt på styr» og har lagersal med minimum

50% RABATT!

Vi håpar på fint vêr og flyttar oss ut på fortauet!

KJØKKEN GARDEROBE Spør oss, det løner seg!

www.birgerflo.no • tlf. 918 65 612 • Grandevegen 4 • Stryn

Nye opningstider laurdagar i sommar 22. juni til 17. august: Sentrum 10-16

Stryn torg 10-17


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL strynemessa.no

TIVOLI/ UNDERHALDNING

LANDBRUK

GAME SESSION

MAT

HUSFLID/HANDVERK

33


34 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

Stryn gummibåtfestival for 11. gong Med nye arrangørar ved roret finn Stryn gummibåtfestival stad 27. juli. Dei opphavlege arrangørane av festivalen har blitt godt vaksne og overlet no flåtestyringa til Andreas Flo Tonning og Vegard Aaland (22). – Det fine er fellesskapen og den gode stemninga. Ikkje

kappløp og berre kos, seier dei om den noko utradisjonelle festivalen, som i hovudsak handlar om å la seg føre ned Stryneelva, frå Sætrebrua og til gamlebrua i sentrum, i ein flytande farkost. Dei gler seg til å ta imot dei 150-200 gummibåt-entusiastane som brukar å besøke fes-

tivalen, og lovar litt ekstra opplegg i år. Dei fortel at det blir ein eigen søppelbåt som samlar opp det som måtte hamne i elva. «Pilspoliti» blir det også. – Det er nulltoleranse for alkohol når vi er på elva, slår dei fast. ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no

ARRANGØRAR: Andreas FloTonning og Vegard Aaland.

FARGERIKT FELLESSKAP: Frå starten ved brua på Sætre, nokre år tilbake. FOTO: SIMEN GALD

••Avleivika:

Lokal «Copacabana» i Olden Kanskje kan Avleivika mellom Olden og Loen samanliknast med den verdskjende stranda Copacabana i Rio? Den populære badeplassen i Olden har fått tilført mange kubikk med skjelsand og fine murar med god plass til badegjestane, takka vere godt samarbeid og god dugnadsånd. Avleivika i Olden har vore ein populær badeplass i mange tiår. Men både botnen og sjølve stranda var full av glatte steinar og lite sand. Oldarane har hatt eit ønskje om å oppgradere badestranda i nærare 20 år. Men prisen har vore for høg. Ketil Finsås Hansen frå Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen og Andre Opheim gjorde eit nytt forsøk i år. – Vi innhenta prisar på nytt. Og kostnaden vart som forventa, svært høg. Vi sende eit brev til Stryn kommune, Loen Utviklingslag og Nordfjord Havn der vi skisserte planane våre og inviterte til samarbeid. Rett nok med ein tidshorisont langt fram i tid.

Godt samarbeid og god dugnadsånd

Nordfjord Havn kom på bana i samband med ferdigstilling av den nye Olden Cruise Park. – Dei kontakta oss og tilbydde oss sanden dei hadde til overs på området rundt Olden Cruise Park. Då vart det full mobilisering. Bygdefolket stilte på dugnad med både maskiner og utstyr. Bedrifter og privatpersonar gav økonomisk støtte. Ivrige dugnadsfolk har jobba over 800 dugnadstimar. I dag ligg stranda innbydande og fin, klar til bruk. I fineversperioden i april og delar av mai var der eit yrande liv. Avleivika ligg ved Tyvanestunellen mellom Olden og Loen. Ein solrik og lun plass. – Vi har hatt eit godt samarbeid både med Stryn kommune og grunneigar Helge Auflem, seier Opheim og Hansen. – Vi har også planar om ein gapahuk og ein grillplass, i tillegg

DELAR AV DUGNADSGJENGEN: Aurora S. Rake, Linda Sanden, Olav Lars Rake, Helena S. Rake, Margrete K. Opheim, David Sunde Flåten m/Stella, Andre Opheim, Daniel Brynestad, Ketil F. Hansen, Lars K. Opheim, Helene S. Flåten, Kristiane O. Flåten, Andreas Sunde, Benny Hammer, Ragnvald Flo Flåten, Erik Flo Flåten med Olivia Opheim Flåten på skuldrene. FOTO: BERIT MELHEIM

SOL: Sola skin lenge i Avleivika. FOTO: SISSEL HENDEN SUNDE

til ei flytebrygge, seier dei to.

Manglar parkeringsplass

Daniel Brynestad er ein av den ivrige i dugnadsgjengen. – Problemet no er trafikken på

fv 60. Her er 80-sone og manglande parkering. Løysinga på problemet ligg allereie inne i kommunedelplanen. Vi forventar at fylkeskommunen og Statens vegvesen kjem på bana for å

FLOTT STRAND: F.v. Kristiane Opheim Flåten, Margrete Krogh Opheim, Aurora S. Rake, Helena S. Rake, David Sunde Flåten, Lars Krogh Opheim, Helene Sunde Flåten. FOTO: BERIT MELHEIM fullføre planane mellom Kråka og badeplassen i Avleivika, seier han. Både Andre Opheim og Ketil F. Hansen vedgår at prosessen kanskje kan opplevast litt bakvendt.

– Men vi var nøydd å handle no når vi fekk det gode tilbodet frå Nordfjord Havn, avsluttar dei to. BERIT MELHEIM redaksjon@fjordingen.no


••Midtsommarrock

SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

35

- Det blir ei heilrocka helg i Stryn For tredje året på rad arrangerast Midtsommarrock i Stryn. Datoen er 22. juni. Fire band gjestar scena på Stryn sin nye sentrumsplass. Banda som kjem til Stryn laurdag 22. juni er Drusar frå Førde, Pikekysz frå Ørsta, Niterain frå Oslo, samt gjensyn med AC/DCtributebandet Black Ice. Sistnemnde var i Stryn også i fjor, medan dei andre banda har eigen musikk. – For dei som ikkje måtte kjenne til nokon av dei, så kan eg love at dette er ein skikkeleg bra lineup, seier Adrian Lefdal ved Stryn Vertshus som i år står bak det som blir ei rocka helg i Stryn.

«Eit slags mini-Malakof»

For er du glad i rock, så er det ikkje berre laurdag det skjer, meiner Lefdal. – Fredag blir det rock-quiz på vertshuset som ei oppvarming før det brakar laust laurdagen. Det blir så absolutt ei helg i rocken sitt teikn i Stryn, seier han.

Ein tradisjon som har kome for å bli i Stryn

Lefdal gler seg og har stor tru på at dette er noko Stryn vil ha. – Eg håpar dette kan bli eit slags mini-Malakof. Det kjem nok folk frå heile regionen til Stryn, seier Lefdal som håpar og trur publikum ikkje vil svikte.

I FJOR: Her eit bilete frå Midtsommarrock i Stryn i 2018 då mellom andre Loveshack gjesta Stryn. ARKIVFOTO: THOMAS THAULE

– Dei to føregåande åra har det kome kring 700 publikummarar til arrangementet, og målet er at det skal kome minst like mange i år, seier Lefdal.

– Spennande

Som nemnt er det tredje året på rad det arrangerast Midtsommarrock i Stryn sentrum. Tidlegare i regi av det lokale Festivalkompaniet. I år står Adrian Lefdal åleine bak arrangementet. – Det er klart at det kjenst tryggare når ein er fleire, så dette blir veldig spennande.

Men eg har veldig tru på at dette vil gå bra og trur dette er noko som vil treffe godt i Stryn. Eg gler meg veldig, fastslår han. – Eg håpar og trur dette er ein tradisjon som har kome for å bli i Stryn, seier han. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no

GLER SEG: Adrian Lefdal arrangerer i år Midtsommarrock på Stryn sin nye sentrumsplass 22. juni.

Dans med Subway og Sunde Det blir skikkelig 70- og 80-talsnostalgi når Subway med Helge Sunde spelar opp til utedans på Isehaug i Stryn. Dei var lokale heltar på 70- og 80-talet, bandet Subway. Det er ikkje få som har gode minne frå dansefestar i distriktet med dei unge musikktalenta frå Stryn på scena. – Dette er nostalgi for meg òg det, seier utedans-arrangør Jens Arne Isehaug. – Eg var rodie. Sat på med bandbussen når dei skulle ut på speling, på Cupdans i Honndalen, til dømes! Isehaug har hatt Subway på speling om sommaren i mange

år, og ser fram til årets utedans der også Helge Sunde dukkar opp. Sunde kjem med ein eller fleire gode blåsarkollegaer i toppsjiktet, og legg til at han sjølv skal handtere blås og «keys» med armar og bein og ser fram til ei kjekk speling på heimebane. Dansen blir ute, men Isehaug har overbygde sitjeplassar og varme å by på, om det skulle bli ein sommarkveld av det heller kjølige og våte slaget. – Vi plasserer også scena under tak, både vermessig og etter samråd med politiet og kommunen i høve til støy, seier Jens Arne Isehaug. GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no

DENGONG DÅ: Offisielt bandfoto av Subway rundt 1980, f.v. Guttorm Sæbø, Kjell Henning Holko, Tore Lunde (bak) og Terje Raudi. Andre namn har også vore i bandet, og hos Isehaug vert det Helge Sunde som trakterer tangentar og dessutan stiller med blåsarkollegaer i superklassen. FOTOMONTASJE


36 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

BESTE FØL I 2016: Catrine Aasen frå Austrheim hadde spiss og også beste føl på utstillinga.

••Jubileumsfeiring og landsutstilling:

Store fjordhestdagar i Stryn Siste helga i august blir det store fjordhestdagar i Stryn med jubileumsfeiring og landsutstilling i tillegg til vanleg merrasjå. – Vi reknar med at det kan bli nær 70 fjordingar i ulike aldersgrupper, fortel Britt Fredlund som er leiar i Indre Nordfjord Fjordhestlag. Det kan bli køyreprøver alt på fredag. Laurdag er det vanleg utstilling og søndag landsutstilling for unghest. Det er dei beste unghestane frå heile landet som møtest i denne finalen. I tillegg til dei som alt er kvalifiserte blir det også høve til å kvalifisere seg gjennom utstillinga dagen før. I tillegg til åringshingstane omfattar finalen søndag også merrar eitt, to og tre år. Det blir satsa spesielt på denne utstillinga fordi det også er ein del av markeringa for Nordfjord Fjordhestlag, som er 100 år i år. Jubileumsfesten starta under fjordhestdagane på Nordfjordeid, og blir avslutta

STASVOGN: Leiaren i Nordfjord Fjordhestlag Anne-Karin Høgalmen til v. og Britt Fredlund som er leiar i Indre Nordfjord, i stasvogna dei har kjøpt av Visnes Hotell. med jubileumsmiddag på Visnes Hotell. – Det er også planen at fjordhestfilmen som Digitalfilm i Innvik har sett saman av eldre smalfilmopptak, skal visast i Stryn Kulturhus. Den vart godt motteken på Nordfjordeid. Laurdag blir det opptog gjennom sentrum. Vona er at dei får i stand stasvogna dei har kjøpt frå Visnes Hotell.

Fjordhestens Mekka

Det var naturleg å legge ein del av jubileumsmarkeringa til Stryn, all den stund starten på fjordhestsoga finn vi her. Det endelege vedtaket om reinrasa fjording og avslutninga på den lange Rimfaksestriden vart gjort på den gamle ullvarefabrikken i Innvik. Einaste staden som hadde plass når 400 arge bønder møttest for å gravlegge diskusjonen om blandingsrase

STYRET: Dette er jentene i styret for Indre Nordfjord Fjordhestlag. Vi ser frå v. Nina Aarnes, Karoline Hatledal, leiaren, Britt Fredlund og nestleiar Anne-Karin Høgalmen. ein gong for alle. Hingsten Njål 166 som står som far for den reine fjordhesten, var fødd i stallen til Lars Fosnes i 1891. Nordfjord Fjordhestlag vart skipa i 1919 med Arne Hegdal frå Innvik som første formann.

Ridebane

Sist i juni startar arbeidet med å opparbeide ridebane mellom utstillingshallen og husa til

Oddvin Gald. Det blir ei ridebane på 20 x 40 meter. Under utstillinga blir det plass for innleigde oppstallingsvogner i tillegg til dei som får plass i utstillingshallen. – Det blir travle dagar, men vi gler oss, seier Britt Fredlund som har ei lang liste over trufaste hjelparar frå Stryn og Hornindal. INGE FÆNN redaksjon@fjordingen.no


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

Strynemessa 2019 4. - 6. oktober

37

Sommar og ferietid! t Ferie er lese

Vi har stort utval av: • Kofferter/ reise-effekter • Lommebøker

id !

Vi har mange gode tilbod på leikar! Vi har Beckmann og Pure Norway skulesekkar! Vi har boka: Indre Nordfjord

2018

(Presteboka) 43. messa

Tlf. 57 87 10 16 - Tonningsgt. 23 - Stryn

Hugos Tivoli Møt utstoppar og trofédommar Vidar Aa Djupvik

Fortniteduell med norgesmeister Strandlii og KimePlays

Freddy Kalas,

www. stryn.no

www.strynemessa.no

sist sett i «Allsang på grensen», kjem til Strynemessa.

IZY HRG 466

Hondas mest solgte bioklipper

Opningstider messa: Fredag: 10 – 20 Laurdag: 10 – 18 Søndag: 12 – 18

Gau

rm te O

åse

n

Hugos Tivoli: Fredag: 12 – 20 Laurdag: 10 – 18 Søndag: 12 – 18

Ønskjer du å annonsere i Strynemesseavisa? Avisa vert sendt til: Heile Nordfjord, Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Stranda, Sykkylven og Skjåk.

• Doble kniver • Oppsamler følger med, velg mellom bioklipp og oppsamling

KUN

5.990,-

FORHANDLERLOGO 6781 Stryn - Tlf. 57 87 60 60

IMPORTØR: BEREMA AS

Les mer på: www.berema.no

FAGKUNNSKAP • SERVICE • DELELAGER • INNBYTTE • FINANSIERING

VI HAR ALT DU TRENG TIL ÅRETS GRILLSESONG

Ta kontakt: 57 87 45 00 annonse@fjordingen.no

6783 Stryn - Tlf. 57 87 60 60


38 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

••Turistinformasjonen i Stryn:

Viktig vegvisar for turistane Turistvertane er ein viktig vegvisar for turistane med både karthjelp, informasjon og rettleiar til store og små attraksjonar. Like ved ein nyrenovert Per Bolstad plass. Inne i det store gule huset Heradsheim. Her ligg turistinformasjonen i Visit Nordfjord, omkransa av blåtona bildevegger med lokale motiv. Her er Karianne Løvlie Tuvmarken (21) ein av turistvertane som står klar når nokon kjem innom døra. Karianne er frå Fagernes i Valdres, og har budd i Stryn sidan 2016, då ho byrja ved Høgskulen i Volda. No har ho nettopp levert bacheloren i faget Media, IKT og Design etter tre år ved Høgskulen i Volda, og kan no kalle seg grafisk designar. Men denne sommaren går det i å hjelpe turistar med stort og smått.

– Får godt innblikk

Ho starta i jobben 2. mai, men har fått eit godt innblikk i kva turistane lurer på når dei kjem. – Eg likar meg veldig godt her. Så langt har det gått fint, vi styrer dagen vår sjølve. Er det lite folk, har vi mange andre oppgåver å ta oss av, seier Karianne Løvlie Tuvmarken. Turistvertane har også ansvaret for å lage til den interaktive turistinformasjonen i Olden, og fylle på med brosjyrer hos alle aktørane som samarbeider med Visit Nordfjord.

Kart og brosjyrer

– Kva er det folk kan få hjelp til? – Det spørst litt kva dei vil. Det er mange som spør om tips

SENTRALT: Turistinformasjonen ligg i Heradsheim, midt i Stryn sentrum tett ved nye Per Bolstad plass.

til turar, til dømes i Stryn, Olden og Loen. Her har vi mange turomtaler i brosjyrer dei får med seg. Kart går det mykje av. Ein del lurer også på kva ein kan sjå i Stryn sentrum. Då foreslår vi at dei kan ta seg ein tur langs Stryneelva og ved gamlebrua, seier ho. Mange ringjer langvegs frå. Folk spør om alt frå korleis vêret er, til om det går an å gå på Skåla. Det var ein del som ringde og lurte på ting om Motorfestivalen.

Bussturistar og turgåarar

– Kven er det som kjem innom? – Det er veldig mange turistar, spesielt franskmenn, engelskmenn og spanjolar, som kjem med buss. Dei set veldig pris på å få kart over området slik at dei ser kvar dei er, og kva plassar dei nettopp har besøkt eller skal til, seier ho. Det er folk i alle aldersgrupper, men no i starten av sesongen har det vore mange 30-40-åringar. Her kjem både

TURISTVERT: Karianne Løvlie Tuvmarken (bildet) er turistvert saman med Miriam Flo ved turistinformasjonen i Stryn sentrum. Mange ønskjer kart og årets reiseguide frå Visit Nordfjord. – Så langt har det vore flest tyskarar, engelskmenn og nederlendarar innom, seier ho. familiar, eldre folk og vennepar. Folk som skal fiske eller skal på tur. Nyleg var det ein vennegjeng frå Belgia innom. Dei var fem jenter utan bil som skulle på tur i området og trengde lokale tips.

Briksdalsbreen på topp

– Korleis har starten på sesongen vore? – Sidan det er første året mitt her, er det litt vanskeleg å samanlikne med tidlegare år. Men det varierer litt med besøk her. Nokre dagar er det mykje folk, andre dagar er det ganske stilt. Dei fleste spør om korleis ein kjem seg til Briksdalen. Og så er det overraskande mange som

ikkje veit om skyliften i Loen.

Heilt frå Australia og USA

Så langt har det vore flest tyskarar, engelskmenn og nederlendarar innom. Det har også vore overraskande mange frå Australia og USA. – Ein australsk turist fortalde meg at han bestemte seg for å besøke Norge etter at han såg ein serie om vikingar på TV. Det er ganske kult. Utifrå kor varmt han snakka om stadane han hadde besøkt, verka det som han synest Norge innfridde forventningane hans. Eit anna par fortalde meg at dei hadde køyrt heile vegen frå England, via Frankrike, Belgia,

Tyskland, Danmark, Sverige og til slutt Norge og Nordfjord. Dei hadde brukt sju veker på turen, og køyrt ca. 25 mil kvar dag. Dei fortalde meg at eit av høgdepunkta var Nordfjord, fortel ein blid turistvert, ein heilt vanleg dag i starten av juni.

Overraskande mange har ikkje høyrt om Loen Skylift

SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no

Fellesturar med turlaget Indre Nordfjord Turlag arrangerer både enkle og meir utfordrande turar utover sommar og hausten. 04.- 07.07. fottur Svart- ekspert Rundtur i Breheimen Felles 14.07. fottur Raud-krevjande Dalegubben Felles 20.07. fottur Blå-middels Blåfjellet i Oldedalen Felles 03.08. fottur Raud-krevjande Skarsteinfjellet - Hesten Indre Nordfjord Felles 10.08. fottur Raud-krevjande Kattanakken Felles 11.08. fottur Blå-middels Turbotur Avleisætra Olden,B.Turlag 18.08. fellesfottur raud krevande Holmøyskaregga- Gråberg 24.08.fottur Svart- ekspert Kinesiske Mur i Olden Felles

25.08. fottur Raud-krevjande Fosnes - Tjugen Felles 31.08. fottur Svart- ekspert 5Topp Tur Fjellsport 01.09. fottur Grøn-enkel Kom deg Ut dag på Øyra B. Turlag 01.09. fottur Blå-middels Moldereimstøylen / Dimma Felles 07.09. fottur Raud-krevjande Storskredfjellet Felles 14.09. bretur Blå-middels Blåistur (familietur) Felles min.ti år. 15.09. fottur Blå-middels Botnenibba Felles 22.09. fottur Raud-krevjande Fingeren Felles 29.09.fottur Raud-krevjande Marsåhyrna Felles 06.10. fottur Blå-middels Blåtur Felles (krevande-kan bli raud) 18.10. fottur Grøn-enkel Lommelykttur til Dagsturhytta, med Barnas Turlag

AVLEISÆTRA: Søndag 11. august blir det turbotur med Barnas Turlag til Avleisæra i Olden. INT tilbyr mange enkle og meir krevande fellesturar resten av året. FOTO: CAROLINE L. GJERDE


SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL

39

Klart for 28. Hornindalsvatnet maraton 27. juli er det klart for den 28. utgåva av Hornindalsvatnet maraton. Maratonløpet langs Europas djupaste innsjø er ei kraftprøve, anten du løper heil, halv eller nokre av dei kortare løpa som og er poulær del av arrangementet. Heilmaraton startar i området ved Hornindal om-

sorgssenter, går gjennom sentrum, via idrettsparken og fram og tilbake til Otterdal heilt til løparane har fullført 42.195 meter. I fjor var det knallvarmt, likevel vart Hans Chr. Aarnes si vinnartid i herreklassen såpass sterk som 2,54,50. Mona Grindberg vann dameklassa på 3,17,25.

– Hornindalsvatnet Maraton er eit tradisjonsrikt løp mange kjem tilbake for å delta i år etter år. Men vi har plass til fleire, både på heil, halv, 10 km og minimaraton, seier Irene Lødemel, leiar i friidrettsgruppa i Hornindal idrettslag. BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no

START: Frå starten av fjorårets utgåve i Hornindalsvatnet maraton. Heilt fremst løpsvinnaren Hans Chr. Aarnes. FOTO: ANNE-MARI AALBERG

••La Sportiva Skåla Opp:

Folkefest til fjells i Loen Laurdag 17. august er det klart for ei ny utgåve av folkefesten Skåla Opp i Loen. La Sportiva Skåla Opp har sidan starten blitt eit motbakkeløp som er godt kjent utover landegrensene. I 2002 var det om lag 350 som fullførte det første løpet, medan det i rekordåret 2014 var over 1.900 som kom seg til toppen, 1.848 meter over havet. Rekorden blant damene er det Anita Håkenstad Evertsen som har med tida 1.20.06 sett i 2008. Jon Tvedt sprang den opphavlege løypa på 1.08.39 i 2007. Sidan har stien blitt utbetra, og Ahmet Aslan kom i mål på 1.07.06 i 2012.

Skålavatnet i fjor

I fjor måtte målgang flyttast til Skålavatnet, om lag 700 meter lågare enn opphavleg målgang, grunna dårleg ver. Det var berre andre gong i løpet si då 16-årige historie at løparane ikkje kunne krysse mållinja på toppen. Men trass nesten halvert løpstid såg det ikkje ut til å påverke toppen av resultatlista nemneverdig. Dei beste var framleis best. Stian Øvergaard Aarvik (M2022) frå Kalandseidet kunne løfte hendene sigrande over hovu-

VANN HERREKLASSEN: Stian Angermund-Vik vann herreklassen i 2017 med tida 1.10.10. FOTO: JAN ERIK SANDBAKK/SKÅLA OPP

det i fjorårets utgåve. Aarvik vann på 41.38, som berre var 11 sekund bak vinnartida då løpet også i 2016 måtte avsluttast ved Skålavatnet. Beste kvinne vart tyske Michelle Maier. Ho brukte 52.01.

Fleire storkanonar deltek

I starten av juni kunne Erik Brendefur hos arrangøren mel-

de om at godt 600 hadde meldt seg på motbakkeløpet. – Den tidlegare langrennsløparen Jens Arne Svartedal er påmeld, og han vil nok vere blant favorittane saman med fjorårsvinnar Stian Øvergaard Aarvik. Stian Angermund-Vik vann løpet i både 2016 og 2017, og han stiller også på startstreken, seier Brendefur.

–Blant damene stiller lokale løparar som Eli Anne Dvergsdal ( Jølster) og Karoline Holsen Kyte (Førde) i favorittsjiktet saman med Annie Bersagel frå USA, seier Brendefur. Kristen Skjeldal, som har delteke ved fleire høve, er også påmeld i år. Det same gjeld skotten Andrew Douglas. – Elles blir det som vanleg

Skarsteinsetra Opp Om lag 120 trimmarar og 20 i konkurranseklassen gjorde Skarsteinsetra Opp til ein folkefest i Olden i fjor.

2018: Simen Reed Hopland (t.v.) og Ola Svidal frå Stryn deltok begge på sitt første Skarsteinsetra Opp.

Skarsteinsetra Opp såg dagens lys i 2011. 7. september er det klart for ei ny utgåve. Starten er i Olden sentrum, og løypa er 4,6 kilometer med ein høgdeskilnad på 400 me-

ter. Deltakarane vel om dei vil springe eller sykle løypa som har målgang på Skarsteinsetra. I fjor vart eit spent publikum på setra vitne til ny løyperekord blant herrane då Marius Vedvik, Gular, sprang inn til tida 20.10. Emilie Flo Stavik, Markane, var først over målstreken blant damene og fekk notert tida 27.16. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

kick off på fredag før det heile tek til laurdag. Det blir også Kongleriket Mini Skåla Opp for dei minste, seier Brendefur. På kick off-arrangementet blir nokre av løparane intervjua, og ein får vite siste nytt om forholda i løypetraseen. THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no

Kleiva Opp nr. 28

KLEIVA OPP 2018: Starten går ved Hoplandskaia. FOTO: LEIF VINSRYGG

15. september er det klart for ein klassikar innan motbakkeløp her til lands når Kleiva Opp går av stabelen. Det er 28. gong løpet, som er av dei eldste i sitt slag, blir arrangert. Første gong løpet vart arrangert var i 1991. Løpet går frå kaia på Hopland til toppen av Nosakleiva, 600 meter over havet. Deltakarane kan velje om dei vil ta beina fatt eller sykle den vel sju kilometer lange løypa.


40 FJORDINGEN SOMMAREN 2019

STRYNEMILA. FOTO: SILJE FLØTRE REED

HOVEN. FOTO: BÅRD BASBERG/LOEN SKYLIFT

OG HORNINDAL

2019

SKÅLA OPP. FOTO: JAN ERIK SANDBAKK

AVLEIVIKA. FOTO: SISSEL HENDEN SUNDE

LIATUNET I INNVIK. FOTO: INGE FÆNN

MIDTSOMMARROCK I STRYN. FOTO: THOMAS THAULE

HJELLE. FOTO: GUNNHILD SINDRE

HORNINDAL RUNDT. FOTO: INGE FÆNN

AUGUST

SEPTEMBER

1. - 4. august: Kulturdagane i Hornindal

7. september: Skarsteinsetra Opp. Olden

JUNI

5. - 9. august: Proffveka i Stryn

21.-22. juni: Stryn Midtsommar Rock. Stryn sentrum

17. august: La Sportiva Skåla Opp

14. september: Heine Totland & Gisle Børge Styve. Stryn Kulturhus

PROGRAM

22. juni: Opning Sommarglade Stryn

17. august: Avslutning Sommarglade Stryn

22. juni: Vamp. Hagekonsert Visnes Hotel. Stryn

23-24. august: Dansegalla i Hornindal

JULI

6. juli: Hornindal Rundt 6. - 7. juli: Oldedagane 27. juli: Stryn Gummibåtfestival 26.- 28. juli: Sommardagane i Utvik 27. juli: Hornindalsvatnet maraton

24. august: Strynemila 24. - 25. august: Fjordhestdagar i Stryn

15. september: Kleiva Opp. Start på Hopland kai 20. - 21. september: Oktoberfest Stryn 28. september: Rigmor Galtung. Stryn Kulturhus OKTOBER

25. august: Sommardag i Liatunet, Innvik

4-6. oktober: Strynemessa

25. august: Seinsommarkonsert ved Sagedammen, Ulvedal

11. - 12. oktober Norsk Kornøl- festival. Hornindal

30. august - 1. september Folven Sykkelfestival

15. oktober: Eggum og Sivertsen. Stryn Kulturhus


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.