Sommar 2024

Page 1

SOMMAREN I NORDFJORD Aktivitet - oppleving - trivsel - handel GRATIS AVIS! 2024 SOMMAR FOTO: LINN HJELLE

Eit hav av opplevingar

Nordfjord kan by på eit hav av opplevingar til ein kortreist sommar.

Det er lett å sjå oss blinde på det vi har i nærområdet vårt i Nordfjord. Tilreisande minner oss stadig på det, og vi må gjerne sjå med nye auge på at vi bur midt i eit ferieparadis i Nordfjord.

Her er kort veg enten du vil prøve deg på surfing i bølgjene i Hoddevika eller Ervika, finne nye turmål på fjellet, eller ta deg ein tur til topps med Loen Skylift.

Heile Nordfjord har noko for deg. Her får du alt i ein fjord – frå fascinerande isbre, til at du kan ri på ein fjordhest eller prøve deg på laksefiske, padel, golf, eller kle deg som viking i Sagastad. På Vestkapp ytst i havgapet kan du nyte utsikta i storm og stille med panoramautsikt i alle retningar.

Alt ligg til rette for at du kan oppleve Nordfjord på nytt – å vere turist i ditt eige nærområde er gull verdt. Her er også mange tilreisande, og cruiseskipa gjer at verda kjem til oss.

Vi håpar og trur at vi får mange fine opplevingar i Stad og Nordfjord i sommar – her vi har alt i i ein fjord.

Velkommen til eit sommarleg Nordfjord!

Sommar 2024

Denne sommaren er litt spesiell for Fjordabladet. Vi er 150 år i år, noko som vert markert med open dag i mediehuset onsdag 19. juni. Du er hjarteleg velkommen innom.

Fjordabladet si sommaravis 2024 kjem ut i eit opplag på om lag 5.000 eksemplar. www.fjordabladet.no

Ansvarleg redaktør: Ingebjørg Nilsen, ins@fjordabladet.no

Adresse: Rådhusvegen 6, 6770 Nordfjordeid

Trykk: Polaris trykk, Ålesund

Framsidefoto: Linn Hjelle, Olin Maria Yri, Hilde Renate Kroken og Ingebjørg Nilsen.

• Myklebustskipet

Trekk turistane til Sagastad

– Ved Sagastad er vi no opptekne av å vareta det potensialet som sjøsettinga av Myklebustskipet har gitt oss, seier dagleg leiar Eli Førde Aarskog.

For første gong på fem år fekk det majestetiske Myklebustskipet i år vatn under kjølen igjen. Det 30 meter lange vikingskipet er ein rekonstruksjon av det brende skipet ein fann spor etter i 1874 i gravhaugen som lokalt vert kalla «Rundehågjen» eller «Lisje Skjoratippen» på Myklebustgarden.

På vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid har skipet blitt ein stor attraksjon både for cruiseturistane og dei lokale.

Sjøsettinga av skipet

Med eit stort rolag i ryggen, store influensarar på besøk og eit brennande engasjement frå lokalsamfunnet blei Myklebustskipet sjøsett tilbake i april, i det som kan kallast ein skikkeleg folkefest på Nordfjordeid.

– Sjøsettinga vart gjennomført med godt resultat. Vi fekk testa prosedyrar og metodar og fekk slått fast at det er mogleg å gjennomføre ved bruk av vogn.

Sjøsettingsgruppa i Rolaget Myklebust var godt førebudde og veit no korleis dei skal få skipet både på fjorden og få det inn att. Det er verdifull kunnskap, fortel Eli Førde Aarskog, dagleg leiar ved Sagastad.

Myklebustskipet er registrert hos Sjøfartsdirektoratet og er registrert for inntil 90 personar.

Skapte nasjonal og internasjonal merksemd

– Sjøsettinga har samla ei svær gruppe medlemar i Rolaget Myklebust frå Nordfjordeid og regionen. Sagastad har fått ein svær heiagjeng i ryggen som

MERKSEMD: Sjøsettinga av Myklebustskipet har skapt stor nasjonal og internasjonal merksemd. FOTO: OLIN MARIA YRI

inspirerer til ny innsats. Sjøsettinga har fått ufatteleg stor nasjonal og internasjonal merksemd. Halve Noreg har fått med seg at Myklebustskipet finst og at det er sjøsett. Dette fyrtårnet i reiselivet i Nordfjord viser godt igjen med sine no snart 30.000 følgarar på Instagram.

Sjøsettinga har og ført til mange nye samarbeid med store aktørar.

– Influensarane som deltok i sjøsettinga er blitt viktige samarbeidspartnarar for vikingsenteret. Og fleire kjem til. Venstrepolitikarane Alfred Bjørlo og Abid Raja var og med på å gjere vikingtokta på Eidsfjorden til ei storhending. Ikkje minst fordi det heilt spontant også vart giftarmål om bord i Myklebustskipet med Raja som vigslar.

Vil vareta potensialet

Sommarsesongen 2024 kan dermed bli spennande både for Sagastad og tettstaden Nordfjordeid.

– Ved Sagastad er vi no opptekne av å vareta det potensialet som sjøsettinga har gitt oss. I tillegg til stor aktivitet på sosiale medium vil vi fortsetje å vere aktuelle i media, yte god

og effektiv service, og kunne gi dei som kjem ei god oppleving. Framover vil dei også ha fokus på å vere enda meir tilgjengelege.

– Sagastad er difor ope 9–16 kvar dag heilt til september, også laurdag og søndag. Skal ein lukkast i reiselivet er det viktig å vere tilgjengelege. Nordfjordeid blir meir og meir ein populær feriestad og vi vil følgje opp med å prøve å ha ope også på kveldstid i juli når det er høgsesong.

Aarskog håpar at dei som sjekkar inn på hotell, i hytter eller i bubil seint på ettermiddagen vil setje pris på dette. – Kanskje eit kveldsope Sagastad kan bidra til eit meir spennande sentrum i sommar?, spør dei.

• Det kan bety at vi kanskje grusar rekorden frå i fjor.

Stadig nye rekordar

I 2023 hadde Sagastad totalt 50.000 besøkande. – Vi har ambisjon om å nå

2 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
STOR FOTO: INGEBJØRG NILSEN

VIKINGLIV: (F.v.) Jacob Bredesen, Izabella Czarnecka, Eli Førde Aarskog og Jardar Bjørke føre det mektige Myklebustskipet. FOTO: JOAKIM VEDVIK

dette også i 2024. Den 29. mai slo vi besøksrekorden frå i fjor (1741 på ein dag) då det kom 2011 gjestar til senteret. No ligg dei foreløpig langt føre fjoråret i besøkstal. – Det kan bety at vi kanskje grusar rekorden frå i fjor. Vi som jobbar på Sagastad synest dette er kjempemoro og elskar kvar einaste rekord som blir slått. Mykje folk er heilt fantastisk, avsluttar Aarskog.

JOAKIM VEDVIK joakim.vedvik@fjordabladet.no

SAGASTAD: Myklebustskipet på veg ut av huset etter fem år på land. FOTO: INGER TRÆEN

Det vart ekte vikingbryllaup

FJORDABLADET SOMMAR 2024 3
BRYLLAUP: på Myklebustskipet då influensar Espen Hatleskog og Marie Stokka bestemte seg for å gifte seg den 27. april. FOTO: OLIN MARIA YRI

MODERNE KJØKKEN: Sjølv om hovudhuset i prestegarden er 240 år gammalt, er kjøkkenet moderne med innreiing av nyare dato. Her kan dei som overnattar sjølve lage seg frukost.

HISTORISKE SALAR: Ikkje mindre enn seksten prestar har budd i hovudhuset i prestegarden. Dette er rommet rett ved kjøkkenet der gjestane både kan ete frukost og elles opphalde seg på kveldstid.

EI SENG Å SOVE I: Anten du kjem til Selje som pilegrim eller reisande som turist kan ein no prøve ut sengene i Prestegarden i Selje. Tonje Ramse Trædal i Stad kommune seier at tilbodet med overnatting, pilegrimssenter og turistinformasjon blir ope frå 20. juni i år. For dei som berre stikk innom på dagtid blir det også høve til å få informasjon om pilegrimsvandring, ein kopp kaffi og noko å bite i. ALLE FOTO: INGER TRÆEN

No kan du sove herskapeleg

Til sommaren opnar Selje prestegard for overnatting. Her kan du sove mellom 240 år gamle vegger i geistlege senger.

I over 400 år har det budd prestar i prestegarden i Selje. Hovudhuset, som no er pilegrimssenter og turistinformasjon om sommaren. blei sett opp i 1784. Gjennom 240 år budde det til saman seksten prestar i hovudhuset fram til 2020. No er det pilegrimar og andre tilreisande som fyller opp huset, og om sommaren er det også turistinformasjon. Som den første sommaren blir det

også i år sjanse til å overnatte i det herskapelege huset. Her kan du altså få sove i geistlege senger med fordoms storheit i veggane.

Både pilegrimar og andre Prestegarden er også pilegrimssenter og pilegrimar som kjem langs Kystpilegrimsleia eller Sunnivaleia har lenge ønskt seg ein stad å overnatte.

Og no kan altså slitne føter finne både ei seng å sove i, og så

kan ein få seg frukost neste dag i herskaplege salongar. I tillegg er overnattinga sjølvsagt også open for alle andre farande som ønskjer ei seng i Selje.

– Vi er glade for at vi i år no kan tilby overnatting i prestegarden, seier fagleiar for kulturarv i Stad kommune, Tonje Ramse Trædal. Ho opplyser at prestegarden vil ha fire dobbeltrom og ein sovesal med fire senger til utleige i sommar. –Det blir lagt opp til utleige

av rom der gjestane sjølve ordnar seg frukost. Ei enkel overnatting til ein ikkje alt for høg pris, seier Ramse Trædal. Tilbodet med overnatting og dagleg turistinformasjon/pilegrimssenter blir ope frå 20. juni. Her kan ein kome for å få informasjon om kva som er verd å få med seg i Selje og på Stadlandet og elles i Nordfjord. Eller ein kan få informasjon om aktivitetar som finst, både om ein er pilegrim eller turist.

4 SOMMAR 2024 FJORDABLADET

Ein gongvar det 25 hus tilknytt prestegarden som saman med Selje klostervar eit maktsenter.

BLÅTT TIL LYST: legge seg i eit lyseblått soverom etter nokre timar på reise?

Selje pilegrimssenter er i Selje prestegard, som også om somma- ren har turistinformasjonen i Selje. Her blir det ope kvar dag frå 20. juni. Utan om sommarsesongen kan ein få informasjon ved innbyggjartorget i Selje.

NIPS FOR PILEGRIMAR: I pilegrimssenteret i prestegarden finst det mange informa- sjonsbrosjyrar og høve til å kjøpe seg litt suvenirar.

RO I SJELA: Selje prestegard er eit tun med dette hovudhuset frå 1784 og fem andre bygningar. Det er i særstilling intakt og autentisk og ei freda perle midt i Selje sentrum.

herskapeleg i prestegarden

Pilegrim mot Selje

Selje pilegrimssenter i Selje prestegard er eitt av fire pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim. Eit pilegrimssenter har til oppgåve å rettleie og informere pilegrimar på vandring, og andre som vil nytte seg av pilegrimsrutene. Andre pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia er Avaldsnes i Rogaland, Bergen og Smøla. Under Selje pilegrimssenter

er det fem nøkkelstadar, og totalt langs Kystpilegrimsleia er det 26 nøkkelstadar.

Sunnivaleia

Sunnivaleia går frå Florø, eller øya Kinn, til Selje kloster og er ein del av Kystpilegrimsleia. Her kan ein gå åleine, saman med andre eller melde seg på ein organisert tur. Ein slik tur blir kvart år arrangert i samband med Kinnaspelet på øya Kinn. I år blir det

organisert vandring langs Sunnivaleia 22. til 29. juni. Turen startar på øya Kinn der ein kan få med seg Kinnaspelet. Dagen etter går turen med båt til Smørhamn på Bremangerlandet, og så blir det to dagar med vandring over Bremangerlandet før ein tek ferje frå Oldeide til Måløy. Frå Måløy er det båt til Fjordly, Totland i Stad kommune, med overnatting der. Så er det vandring gjennom Rimstadda-

len dagen etter. Den vandringa går over eit fjellparti og ned til garden Berstad i tidlegare Selje kommune. Så er det buss til Selje og til slutt båt til Selja med vandring over øya og deltaking i gudsteneste der.

På øya Selja er det også høve til å gå over øya, der det er tre ulike ruter ein kan velje for å kome frå Bø til Selje kloster.

Seks freda hus i tunet Selje prestegard består i dag av

seks hus som alle blei freda av Riksantikvaren i 1991. Ved sidan av hovudhuset frå 1784 er det skulemuseum, eldhus, borgstove, vedskjul og stabbur på garden. I sommarsesongen er det høve til å få omvising i dei ulike husa.

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2024 5

SOMMARLIV: Ei sommarleg Eidsgate innbyr til å møte gamle kjente. FOTO. INGEBJØRG NILSEN

• Malakoff 24

Sommarlege laurdagar

Nordfjordeid er kjend for sine sommarlege laurdagar, der det skjer noko.

Eidsgata er plassen for å møte gamle kjente.

– 22. juni har Alti Nordfjord superhelg med Ellie og Timbas superhelg – og med fokus på

barna. Det er jonsokhelg og det vil vise igjen.

– 6. juli er det Cars and Coffe ved Betania, medan laurdag 13. juli er det Eid gatematfestival og gågate i Eidsgata. Her er venta fleire tusen svolte denne laurdagen.

– 19. og 20. juli set Malakoff Rockfestival sitt preg på nord-

fjordeid, og det vert gågate under festivaldagane frå Coco til og med Alcom. – 27. juli er det bagasjeromloppis ved Betania. Det kan også vere at det dukkar opp tema på dei andre sommarlege laurdagane seinare.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Klare for nye festivaldagar – med

Malakoff Rockfestival er årets høgdepunkt for mange. Her får ein blanda musikkglede og god festivalstemning på Nordfjordeid.

– Billettane går unna, og vi håper sjølvsagt folk blir verande heime for å oppleve den spesielle Malakoffstemninga, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

I år går ein frå tre til to festivaldagar.

– Vi vil gi gode opplevingar, og tilbakemeldingane i 2024 er at det er akkurat passe med to dagar for veldig mange, fortel han.

Nytt festivalområde

– Gjennom desse åra har vi klart å behalde kvaliteten. I år har vi gjort større endringar, så vi får eit nytt festivalområde, fortel han. Dei to scenene er flytta, og dei over 18 år får eitt stort barområde. No kan dei også nytte området ned til Jektehola, og ein får endå fleire sitteplassar.

– Vi gleder oss til å bruke nytt område, og vi har stor tru på dette. Grunntanken er at alle får det litt betre. Eit område er tilgjengeleg for alle, men fordi vi har eit stort barområde slepp ein at ein må krysse området slik som før, og det vert lettare å halde delinga. Barn og yngre folk får vere meir i

fred på det området, men vi har sjølvsagt vaksne også som føretrekker å vere på det området. Vi er ein av få festivalar som har ei slik deling, seier Naustdal.

Han viser til at for Malakoff Rockfestival er det viktig å ha rom for yngre festivalgjengarar.

– Mange andre festivalar er for dei vaksne, men for oss er det viktig å oppretthalde eit område som også dei unge kan vere på, fortel han.

– Vi håper og trur at publikum vil like dei endringar vi no har gjort. Dette er noko vi har snakka om i fleire år. No var tida moden for å endre festivalområdet, sjølv om ein no ikkje kan sitte i steinamfiet, konstaterer festivalsjefen.

Mange godbitar

Han meiner festivalprogrammet byr på mange godbitar, med ei god blanding av kjente og ukjente artistar.

– Malakoff er den einaste staden mellom Bergen og Trondheim der Kaizers Orchestra spelar i sommar, så vil ein oppleve dei er det på Malakoff ein må kome, smiler festivalsjefen.

– Også Span og The War on Drugs er eksklusive for oss, fortel han.

– Her vert nokon artistar for dei vaksne publikummarane, noko for dei unge, og vi føler vi har tatt vare på rockeprofilen vår. Vi har eit variert program, seier Naust-

dal fornøgd.

– Så vert det veldig spesielt med Bjørn Eidsvåg på scena. Sist han var her var i 2011 då det skjedde det på Utøya, og ramma for konserten den gongen vart veldig spesiell. Det vert kjekt å få han tilbake hit, konstaterer festivalsjefen.

Han framhevar også lokale Oddny med medlemmar frå Nordfjord.

– Dei har vore på Malakoff som publikummarar i mange år, og i år får dei sjølve spele på scena, smiler Naustdal. Han kjem heller ikkje utanom å trekke fram dottera Anna Lille.

– Ho vart vekas låt på NRK P3 i kamp med Dagny og Aurora, og det symboliserer at det spirar i musikkmiljøet. Det viser at om ein jobbar på og er seriøse så kan ein nå opp, seier han.

Takk til frivillige

Som tidlegare år er det ein haug av frivillige som får hjula til å gå rundt for festivalen.

– Utan dei hadde vi ikkje hatt festival, og dei må vi absolutt ikkje ta for gitt. I år ser vi at det er ein ny generasjon vakter som er med, og det er kjekt. I år har vi med oss 600–700 frivillige, i tillegg til lag og organisasjonar, og

har dermed eit meir bærekraftg tal frivillig, meiner han. Festivalsjefen har eit budsjett på 22 millionar kroner i år. – Det er eit ganske stort budsjett, men mykje har vorte dyrare, og vi skal tene inn dette på ei helg. Det er pengar som vi også investerer i lokalsamfunnet. Vi er ikkje ein vanleg konsertarrangør, som berre arrangerer festival og stikk av. Vi brukar mykje pengar på Gymmen, der vi også driv ungdomsklubb, fortel Naustdal.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

6 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
MALAKOFF 24: Det er klart for ny Malakoff-festival 19.–20. juli. Tradisjonen tru pleier det å vere stor stemning FAMILIE: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal, kona Hege som også er involvert i festivalen, og dottera Anna, som i år skal stå på scena.

Her kan du huske i det fri

Oppe på Gildra ved Hjelle har du god utsikt over Eidsdalen.

Her kan ein også prøve huska som er hengt opp. Kva er vel betre enn å føle vinden i håret, medan ein nyt å vere ute i naturen?

Huska på Gildra er også eit populært fotoobjekt.

FOTO: BARNAS TURLAG

med endringar

Populær fotostad

Nordfjord-skiltet i Sagaparken på Nordfjordeid har vorte ein populær fotostad, både for lokale og utanlandske turistar. Herifrå får du flott utsikt utover Eidsfjorden, og ligg midt i eit mykje brukt Sagaparken, med badestrand, sandvolleyballbane og friluftsområde. Det var Visit Nordfjord som sette opp skulpturen, og tanken er at ein skal få fleire slike fotopunkt andre stadar i Nordfjord. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

AURORA: Aurora fylte amfiet under Malakoff i 2018. I år avsluttar ho på Malakoffscena fredagen. ARKIVFOTO: INGEBJØRG NILSEN

Dette er årets artistar

Du kan vente deg to heftige festivaldagar når det er duka for Malakoff 24.

Den populære rockefestivalen er i den idylliske Malakoffparken 19.–20. juli. Kvelden før er det klubbkonsert i Gymmen.

På plakaten i år står 19 artistar, både nasjonale og internasjonale artistar.

Her er ei god blanding av norske folkekjære artistar og artistar som har Nordfjordeid som einaste spelestad på Vestlandet.

Desse artistane spelar i år: Torsdag 18. juli: Witch Club Satan – klubbkonsert i Gymmen.

Fredag 19. juli: The War on Drugs

Aurora Brenn

Bjørn Eidsvåg

Aden Foyer Motorpsyko Pandapanda Knekt

Laurdag 20. juli: Kaizers Orchestra Cezinando

Span

Sarah Klang

Euroboys

Victoria Nadine

Slomosa

Anna Lille

Gangar

Oddny

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

VESTKAPP

RESTAURANT OG OVERNATTING

På toppen av
BESØK OSS I SOMMAR
FJORDABLADET SOMMAR 2024 7
framfor
festivalscena.
ALLE FOTO: INGEBJØRG NILSEN
Rockfestival er kjent for å ha god stemning hos festivalpublikummet.
GOD STEMNING: Malakoff

FOSS: Det nye utsiktspunktet gir deg spektakulær utsikt til Høgefossen. FOTO: KAROLINE HILDENES

• Kortreist turmål

LØYVE: Eirik Vaage har fått løyve frå dei tre grunneigarane Torbjørn Leivdal, Rune Lefdal og Anne Moen til å bygge den nye fossevandringsstien til Høgefossen. FOTO: KAROLINE HILDENES

KORT TUR: Turen er kort og familievennleg. Likevel skal ein vere litt forsiktig, då det er bratt utføre somme plassar. FOTO: KAROLINE HILDENES

Med spektakulær utsikt

– Eg syns det er veldig kjekt vi har fått ein slik flott tursti i nærområdet, seier turgåar Karoline Hildenes.

Den nyetablerte turstien til Høgefossen startar ved Leivdøla bru og fører deg til eit flott utsiktsplatå.

Her kan du ta deg ein matbit i sola og nyte den flotte utsikta til Høgefossen og resten av dalen.

Vakkert og spektakulært

Stien blei tilrettelagt og bygd tilbake i april/mai av Eirik Vaage frå Volda, som driv med ad-

SOMMAROPE BIBLIOTEK

Nordfjordeid (22/6 - 11/8)

Måndag 10-14.00

Tysdag 10-14.00

Torsdag 12-17.00

Fredag 10–14.00

Selje (17/6 - 18/8)

Måndag-Fredag 09.00-15.30

www.stadbibliotek.no

venture turisme. – I fjor haust kava eg meg opp langs elva, og fann ut at det var utruleg vakkert og spektakulært, og at det gjekk å etablere sti der, fortel Eirik Vaage.

• I fjor haust kava eg meg opp langs elva, og fann ut at det var utruleg vakkert og spektakulært, og at det gjekk å etablere sti der.

No har han begynt med guida gruppeturar for cruiseturistane til det flotte utsiktspunktet.

– Naturen og spesielt landskapet langs elva mellom Leivdøla bru og Høgefossen er skikkeleg spennande, så derfor satsa eg på at dette kan bli populært blant turistane, og at så mange som mogleg av dei lokale set pris på stien og får glede av den og opplevinga den gir, seier Vaage.

Kort og familievennleg

Turen er ein relativt kort og familievennleg tur, som no er godt tilrettelagt med trapper, bruer og tau.

– Eg syns det er veldig kjekt vi har fått ein slik flott tursti i

nærområdet, seier turgåar Karoline Hildenes som allereie har sjekka ut den nye stien med dottera si på 9 år.

– Det var ingen problem for ho å kome seg opp, fortel ho vidare.

Råsa er bra merka, og så lenge ein føl med og tenker at råsa føl elva, så går det fint å finne fram, ifølgje Hildenes.

Tau langs rås -– Eg syns det var noko bratt ut føre somme plassar, men der var jo tau langs råsa som «sikring» og til å halde seg i. Eg ville ha passa litt ekstra på små ungar på somme parti i råsa, og på utsiktspunktet. Små ungar kan fort både skli og snike seg

ut om taua. Ho trur at turen til Høgefossen vil bli ein populær sommartur for både dei lokale og for turistane.

– Eg ser via ulike sosiale medium at mange allereie har oppdaga denne nye stien og tatt turen opp for å sjå Høgefossen. Det er kjekt den blir brukt, avsluttar Hildenes.

• Det er kjekt at den vert brukt.

JOAKIM VEDVIK joakim.vedvik@fjordabladet.no

Ope galleri og ny butikk

Rita Borgundvåg har ope galleri, men vil flytte butikken i Korsen i sommar.

– Det opnar seg for nye moglegheiter. Opninga av ny butikk blir 6. juli på Korsadagen, fortel Borgundvåg. Ho har med seg Inger Falkevik og Nordfjordull som samarbeidspartnar.

Borgundvåg har ope galleriet sitt gjennom heile sommaren når ho jobbar. Galleriet bognar over av alt frå keramikk i alle variantar, til veggbilete og smykke.

2. juli under Sommaraktive Stadt inviterer ho også til målekurs i 3D.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

GALLERI: Rita Borgundvåg har ope galleri i sommar. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

8 SOMMAR 2024 FJORDABLADET

Turistane let seg imponere

Også i år vert det sommaropne kyrkje på Nordfjordeid og i Selje.

Eid kyrkje og Selje kyrkje er dei kyrkjene som vert sommaropne.

Og kyrkjene er populære, spesielt kyrkja på Nordfjordeid.

– Hit strøymer spesielt cruiseturistane, og ein stengjer berre ned når det er seremoniar som gravferd og bryllaup, fortel kyrkjeverje Synnøve Smørdal Wiik.

Likevel ar ein opplevd at nokre cruiseturistane kjem inn og kikar.

Jamn trafikk frå cruise

Det er gjerne mellom 5001.000 cruiseturistar som kjem innom Eid kyrkje per cruisebesøk på Nordfjordeid. Og med 70 cruiseskip til bygda er det mange turistar som er innom Eid kyrkje. Det er ein jamn trafikk med turistar til kyrkja når cruisebåtane legg til kai.

Og turistane let seg imponere av «krusedullane» i dekoren. Nokre beundrar dekoreringane, andre er opptekne av religiøse aspekt, og vil ha stille tid i kyrkja.

SELJE KYRKJE: Selje kyrkje er også eit ynda fotomotiv der den ligg med vakker naustrekke rett ved Seljesanden.FOTO: PRIVAT

Rikt dekorert

På Nordfjordeid har det vore kyrkje sidan mellomalderen. Eid kyrkje slik den står i dag vart sett opp i 1849. Den har plass til 750, og er den største kyrkja i Nordfjord.

Den er kjent det spesielle interiøret som er rikt dekorert med rosedekorasjonar og ornament i drakestil. I koret er talet heilt dekt med måla planterader og på veggane er det ei høgtliggjande frise med bibelske motiv.

Dekoren vart i si tid laga av treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik.

Welcome to Sagastad Vikingcenter

OPENING HOURS

EVERY DAY 09.00 – 16.00

Sagastad is the new knowledge center about the Viking Age in western Norway. Experience the 30-meter long Myklebust ship – one of the world’s largest Viking ships.

Preikestolen er skoren av sonen Arne Kinsarvik og er måla av faren, som og laga teikningane til utskjeringane.

I 2014 vart rosemålinga i kortaket restaurert av målarmeister Kjell Arne Årset.

Kyrkje ved badestrand Selje kyrkje er ei langkyrkje i tre som har Seljesanden som næraste nabo. Kyrkja er frå 1866, og har 500 sitjeplassar. Selje kyrkje er bygd på den gamle kyrkjetufta frå 1654.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

EID KYRKJE: Kyrkja på Nordfjordeid er kjent for sin rike dekor med rosedekorasjonar og ornament i drakestil. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

Find us at #sagastad_official, facebook as Sagastad, homepage www.sagastad.no

Sjøgata 41, Nordfjordeid post@sagastad.no tlf: 57 86 22 00

FJORDABLADET SOMMAR 2024 9
Entry Sagastad
• Sommaropne kyrkjer

– Padel er ein sport ein lett blir

– Når vinnarslaget blir

slått er det kjekt å vere ein dårleg vinnar, seier Kristian Lefdal på Nordfjordeid.

Ved Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid finn du eit flott anlegg med to padel baner som stod ferdige tilbake i 2021.

Sidan den gong er det mange i nærområdet som har blitt biten av padel-basillen, og på finvêrsdagar er det sjeldan at padelbanene står tomme.

Padel, eller Padel tennis kombinerer element frå tennis og squash, og er ein av dei raskast veksande idrettane i verda.

Bana er utforma med vegger som i squash, men har nett og poengsystem som i tennis.

Spelar heile året

Ein gjeng som flittig nyttar seg av tilbodet er Kristian Lefdal, Ove Balsnes, Jørn Nord Jepsen, Vebjørn Høynes og Stig Torheim som har starta Omkamp Padelklubb.

– Vi begynte å spele padel sommaren 2022. Sidan det har vi spelt regelmessig både her på utebana på Eid, samt innandørs i Volda. Dette har sjølvsagt ikkje noko med at det er innandørsbaner der, men Burger King, seier Jørn Nord Jepsen.

• Det er berre å sjekke ut Instagramkontoen vår, om du ønskjer å følge vår padelkvardag.

– Vi har ein egen Instagramkonto «Omkamp Padelklubb» der vi jamleg oppdaterer med kampar og diverse. Vi har nyleg fått flotte drakter av Chatlet sport Nordfjordeid. Instagramkontoen er open for alle, og det er berre å sjekke den ut om du ønsker å følge vår padelkvardag, fortel Kristian Lefdal.

Sosialt

Dei fortel at padel er ein veldig sosial sport, men at det også kan lede til ein del diskusjonar på bana.

• Padel er god trening og knakandes kjekt.

– Padel er god trening og knakandes kjekt, men det kan også sette vennskap på prøver til tider. Sjølv om det av og til går ei kule varmt, så kjem vennskapa som regel styrkte ut frå dette, seier Jepsen.

SMASH: – Jørn Nord Jepsen har ein utruleg god smash, seier Kristian Lefdal. FOTO: PRIVAT

Når vi spør kva som er det beste med padel, så er Kristian Lefdal klinkande klar.

• Det beste med padel er rett og slett å vinne.

– Det beste med padel er rett og slett å vinne, seier han og legg til:

– Som regel er det ganske jamt, men når vinnarslaget blir slått er det kjekt å vere ein dårleg vinnar.

– Ein sport ein lett blir glad i Padel blei oppfunne i 1969 i Mexico, men det er særleg dei seinare åra at interessa har eksplodert i Norge.

• Padel er ein sport ein kan spele uansett alder og nivå.

– Padel er ein sport ein kan spele uansett alder og nivå. I tillegg når forholda er så fine som på eid, men også andre plassar i landet er det rett og slett ein sport ein lett blir glad i, fortel Ove Balsnes.

I padel er det viktig med god koordinasjon, forflyttningsevne og kondisjon, i tillegg til mykje trening slik som i anna sport og idrett.

• Vi prøver å bli betre og trur ein blir betre av å spele mykje og ha det kjekt! I tillegg er det viktig å halde hovudet kaldt.

Alle har styrkar

– Vi prøvar å bli betre og trur ein blir betre av å spele mykje og ha det kjekt! I tillegg er det viktig å halde hovudet kaldt, og armen varm, meiner Vebjørn Høynes.

Og kven som vinn, jo det varierer frå dag til dag, ifølgje karane.

– Det variera frå økt til økt. Vi har alle våre styrkar, seier Høynes.

– Jepsen har ein utruleg god smash, eg har ein dødeleg backhand, Ove vinn som regel og Vebjørn er god på å slå ut av stadion, meiner Lefdal.

– Stig er nok den beste padelspelaren på Svalbard og han har vore sårt sakna det siste året, fortset Jepsen.

Drøymer om innandørs bane Den ivrige gjengen reiser ofte til Volda for å spele når vêret er så som så på Nordfjordeid. Omkamp Padelklubb: (f.v.) Kristian Lefdal,

– Padeltilbodet på Eid er utruleg bra så lenge det er opphaldsvêr. Draumen er å få ei innandørs bane her på Eid, eller tak over padelbana ved skulen, fortel dei.

Omkamp Padelklubb ser fram til ein sommar med mykje padelaktivitet og harde kampar.

Planen vidare er å halde saman som lag, samt bli betre individuelt.

JOAKIM VEDVIK joakim.vedvik@fjordabladet.no

• Padeltilbodet på Eid er utruleg bra så lenge det er opphaldsvêr.

10 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
SAMANSVEISA PADELGJENG: Omkamp Padelklubb: f.v. Kristian Lefdal, Ove Balsnes, Jørn Nord Jepsen og Vebjørn Høynes. ALLE FOTO: PRIVAT

Dampen

På Davik Fjordparadis kan du nyte eit godt måltid med flott utsikt ut over Davik og Nordfjord. Restauranten har alle rettigheter. Moglegheiter for å leige rom. Fjordparadiset er svært godt tilrettelagt for både bubil, teltcamping og båtturistar, med sanitærfasilitetar, diselfylling på kaia og straum.

til Davik frå Nordfjordeid MS Skjærhalden 97 passasjerer.

Båten har alle rettigheter ombord Pris 590,- pr. pers.

Sørside 1868, Davik, Tlf: 414 08 555 post@dampendavik.no Båttur
Velkommen til Davik Fjordparadis
restaurant, bar, campingplass, og gjestebrygge BESØK OSS PÅ Velkommen til Nordfjord Golfklubb og Stokkenes Golf Park 9 hols bane som ligg fint til langs Eidselva For meir info www.norgolf.com • Magisk bane • Greenfee 250,• Alltid ledige tider • Vi har utleigesett og traller • Driving range med overbygg Telefon: 90 40 80 48 E-post: post@norgolf.com FJORDABLADET SOMMAR 2024 11 blir glad i
DEN BESTE: – Stig er nok den beste padelspelaren på Svalbard, meiner Jørn Nord Jepsen. Stig Torheim flytta tidlegare i år til Svalbard saman med familien sin. Før dette var han ein aktiv padelspelar i Omkamp Padelklubb.
KVALITET: – Vebjørn er god på å slå ut av stadion, meiner Kristian Lefdal. Her gjer Høynes seg klar til å serve.

FJORDHESTEN: I sommar kan du bli betre kjent med fjordhesten. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

Riding og stell av fjordhesten

Ved Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid kan du bli betre kjend med fjordhesten i sommar.

Kanskje du drøymer om å ta ein tur på hesteryggen, eller bli betre kjende med den norske hesterasen? Ved hestesenteret kan du

velje mellom korte rideturar ved senteret, eller lengre turar ute i terrenget eller på Harpefossen og Hjelmelandsdalen. Utsikten er eit utsiktspunkt med ein gapahuk rett ovanfor Nordfjordeid sentrum. Hestesenteret har i fleire år hatt tilbod om turar dit.

For dei som vil ha meir utfordringar er det turar med ut-

• Tilbyr overnatting på fjellplatå lengst vest

gangspunkt i Harpefossen skisenter. Rett etter skuleslutt er barn og ungdommar velkommen til rideleir i veke 26. Det er ein dagleir, og her kan ein vere med på kjekke aktivitetar med både riding og stell av hest. Ein tur på Norsk Fjordhestsenter er også populært for mange cruiseturistar som kjem

Rer opp til fleire gjestar

– Dette er siste året ein har sjanse til å bu i trehytte på Vestkapp, smiler Kristina Leknesund Myrseth, drivar av Vestkapp Restaurant / Storm ved Stad.

I fjor var første året der dei tilbydde overnatting på fjellplatået heilt ut med Stadhavet. Vestkapp er Norge sitt vestlegaste fjellplatå. Vinden kan rive hardt her ute, og mange vêrturistar kjem til Vestkapp nettopp for å oppleve vêret.

– Dei let seg begeistre av området rundt. Plasseringa er folk fornøgde med, fortel ho.

Draum

Kristina drøymde lenge om å få til eit overnattingstilbod her ute ved havet. Dei søkte for nokre år sidan om å sette opp poddar, men fekk den gong avslag.

I fjor fekk dei klarsignal og godkjenning om å sette opp to minitrehytter. Desse vart tatt ned om hausten, men har no blitt sett opp igjen for ein ny og siste sesong.

– Dette betyr mykje for drifta og utviklinga av Vestkapp. No har det tatt meir av. I år har vi allereie hatt fleire overnattingar, for vi hadde ein fin mai, og folk ser an vêret og bestiller deretter. Men vi har også allereie bestillingar til august, for dei som planlegg litt lenger fram, fortel ho,

• Tanken er at ein her kan ete god mat, gå på fjellet, og oppleve heile nærområdet.

til Nordfjordeid. Dei kjem til hestesenteret både for å sjå den særnorske hesterasen, eller for å ta seg ein tur på hesteryggen. Dei bestiller også omvising i grupper eller turar på hesteryggen til Utsikten.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

FLEIRE: Kristina Leknesund Myrseth ved Vestkapp opplever fleire bestillingar på overnatting til dei to trehyttene som er sett opp for sesongen. Det er andre og siste året minitrehyttene står på Vestkapp. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

TREHYTTER: Bestillingane til trehyttene på Vestkapp har tatt meir av denne sesongen. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

HEILT VEST: Vestkapp ligg heilt i vest mot Stadhavet. FOTO: NILS OLE REFVIK

To i kvar hytte I hyttene er det plass til to om gangen, men der heng også ei hengekøye om ein vil sove der. Restauranten på Vestkapp

– Tanken er at ein her kan ete god mat, gå på fjellet, oppleve heile nærområdet. Totalpakken er interessant for folk, meiner Kristina, som er i full sving med å legge på nytt sengetøy til nye overnattingsgjestar som er venta same dag.

har 50 sitteplassar. Her vert det meir enkle «på farta»-servering på dagtid, men restaurant på kveldstid, seier ho.

– I sommar har eg henta inn ein kjøkkensjef frå Kroatia, medan Tor Morten Hoddevik skal jobbe i restauranten, fortel

Kristina, som veit at det blir hektiske dagar med mykje besøk. Vestkapp er også eit populært turmål for cruiseturistar som kjem med buss. No er det 40 år sidan dei første drivarane opna opp på Vestkapp. Dette jubileet vert markert laurdag 27. juli. – Vi tar inn igjen Vestkappsertifikatet, som var så populært tidlegare – eit stempla sertifikat på at du har vore her ute, fortel Kristina. INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

12 SOMMAR 2024 FJORDABLADET

Tar med turistane til Selja kloster

– Målet mitt er at flest mogleg skal oppdage og ikkje minst oppleve den flotte naturen og historiene som ein kan vise fram i Nordfjord og ytre, seier Saron Osmundsvåg.

Med aukande cruisetrafikk til Nordfjordeid, så opnar det seg opp moglegheiter for næringslivet.

Ein som satsar på turistane som kjem til Nordfjord er Saron Osmundsvåg, dagleg leiar i Fjordguiding Selje. Han driv klosterbåten til Selja kloster, og har dei siste åra utvida satsinga med guida RIB-turar, både i Selje og på Nordfjordeid.

– Dette har vi halde på med i nokon år no. Vi har to RIB-båtar som ligg fast på Nordfjordeid, og ein i Selje. I tillegg til klosterbåten, fortel Osmundsvåg. Han har trua på at sommaren i år blir både hektisk og fin.

Oppleve Nordfjord

– Målet mitt er at flest mogleg skal oppdage og ikkje minst oppleve den flotte naturen og historiene som ein kan vise fram i Nordfjord og ytre, smiler Osmundsvåg.

Osmundsvåg jobbar sjølv for

HEKTISK SOMMAR: Saron Osmundsvåg trur sommaren i år blir både hektisk og fin. FOTO: FJORDGUIDING SELJE

det meste i Selje, men han har fått med seg mykje flinke folk som skal hjelpe til under sommardrifta.

– Vi har fått med oss kjekke, lokale folk som skal arbeide med oss i sommar. Det er kjekt at vi klarer å sysselsetje litt folk gjennom sesongdrifta, fortel Osmundsvåg fornøgd.

Framover er det nemleg mykje som skjer over ei kort periode.

Daglege turar

– Vi har daglege turar for dei som ferierer i Nordfjord, og når det er cruiseanløp så set vi opp

eigne turar for cruiseturistane, fortel båtføraren.

Han er klar på at cruiseturismen i regionen er heilt avgjerande for drifta.

• Dei er veldig positive. Dei får kome seg ut på fjorden og sett litt ulike plassar og landskap.

– Turane er først og fremst for cruisetrafikken. Vi såg at

SELJE: Saron Osmundsvåg jobbar sjølv for det meste i Selje. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

det var bra etterspørsel etter ein sånn type tur, og at det var såpass populært at det var behov for å auke kapasiteten litt.

Og turistane som nyttar seg av tilbodet kjem med gode tilbakemeldingar til Osmundsvåg.

Lokale historier og smakar – Dei er veldig positive. Dei får kome seg ut på fjorden og sett litt ulike plassar og landskap. Vi fortel litt om fjorden, lakseoppdrett og både ny og gammal historie. Førarane fungerer også som guidar, seier Osmundsvåg som er veldig opp-

tatt av historieformidling på turane.

– På turen på Nordfjordeid har vi også eit stopp der dei får smake brunost frå ysteriet i Kandal. Då stoppar vi i fjorden nedanfor ein gard der osteoppskrifta har sitt opphav. Det syns mange er veldig festleg, gliser Osmundsvåg. Dei neste månadane satsar Osmundsvåg på mykje trafikk både frå dei lokale og tilreisande, og ikkje minst at vêret spelar på lag utover sommaren.

JOAKIM VEDVIK joakim.vedvik@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2024 13

PÅ TOPPEN: Det vert mykje folk på toppen når motbakkeløpet Trollenykjen Opp vert arrangert. FOTO. PRIVAT

Klart for Trollenykjen Opp

I år vert Trollenykjen Opp arrangert for 13. gong.

Det fire km lange løpet går av stabelen 23. juni på Nordfjordeid – som «Skåla opp»­traséen i kortversjon med start på 10 m.o.h og mål på 898 m.o.h. Dei første hundre meterane går på skogsveg, deretter på fin sti gjennom lauvskog til ein er

komen litt over halvvegs. Over skoggrensa går stien vidare gjennom vekslande myr­/jordgrunn til ein så får fast fjell under beina siste del av løpet. I fjor var det Johan­Olav Smørdal Botn, Stårheim IL (36:13), og Karoline Holsen Kyte, Førde IL (39:18), som vann. Ei eiga barneløyve har vore populær tidlegare, og den vert også i år.

– Vi ønskjer å få til eit arrangement som fenger breitt. Barn og mosjonistar skal ha eit tilbod på lik linje med dei som konkurrerer. Det blir utdelt medalje til alle som deltek i anten barneløypa, mosjonsklassa eller konkurranseklassa, lovar Kenneth Vedvik frå arrangør Eid IL Ski. INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

HJARTE I SELJE: Det kommunale Innbyggjartorget i Selje er blitt ein sentral møteplass både for lokalbefolkninga og turistar. Her kjem mange innom for å få hjelp til dømes med oppgåver i høve til kommunen, for å låne bøker og utstyr, eller det er turistar som har spørsmål. Her

Velkomen til innbyggjartorget

På innbyggjartorget i Selje kan du få svar på mange spørsmål, låne bøker og utstyr eller sjå på utstillinga frå Selje kloster og Sta. Sunniva.

Det kommunale innbyggjartorget ligg sentralt plassert ved sjøen på Nabben i Selje, eit par steinkast forbi butikken Coop Prix. Her finst både bibliotek, utlån frå Bua og utstilling om Selje kloster. På innbyggjartorget jobbar også folk som kan hjelpe deg med det meste. I år skal turistinformasjonen for Selje vere i Selje prestegard. Men også på Innbyggjartorget kan du få informasjon om kva ein kan få med seg som turist i Selje og omland.

INGER TRÆEN

inger.treen@fjordabladet.no

TIDSRIKTIG INFORMASJON: I utstillinga om Selje kloster finn ein desse brosjyrane i ein design som skal minne om den tida klosteret var i bruk. ALLE FOTO: INGER TRÆEN

Utstillinga i Innbyggartorget fortel historia til Selje kloster.

I utstillinga finn ein mellom anna ein modell av slik Selje kloster var ein gong.

OM

meste om klosteret, det som skjer i dag og historia.

14 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
EIT ser vi Bjørn Jensen og Tonje Ramse Trædal. MODELL: STA. SUNNIVA: Ein modell av Sta. Sunniva, lik den statuen som ein finn i Selje sentrum. HISTORIA: KUNNSKAP KLOSTERET: Bjørn Jensen er prosjektleiar for Selje kloster og helgenanlegg, og veit det

Musikkteaterskule i sommarferien 22.-27. juli

Opera Nordfjord ynskjer barn og ungdom velkomen til Gratis tilbod!

Produsent: Ine Nord

Komisk opera i fire akter av Wolfgang Amadeus Mozart

Musikalsk leiing: Eva Holm Foosnæs Regi: Ronald Rørvik

02.10. kl. 18.00 (Premiere) 04.10. kl. 18.00, 05.10. kl. 17.00, 07.10. kl. 14.00, 09.10. kl. 18.00, 10.10. kl. 18.00, 12.10. kl. 17.00, 13.10. kl. 14.00

operanordfjord.no

www.operanordfjord.no/pamelding
Eline Jacobsen Lillestøl Martha Standal Pavelich Sunniva Honningsvåg Runa Solbakken Bergem Sam Hiller Asbjørn Hagen Ingrid Tykhelle Kayser Tuva Nyhammer-Taklo
FJORDABLADET SOMMAR 2024 15
16 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
LOTE FRILUFTSTUN: Lote Friluftstun er etablert, og her tilbyr dei mellom anna overnatting i telt - enten i skogen eller med flott utsikt over fjord og fjell. ALLE FOTO: PRIVAT

Lever ut draumen

Med nysatsinga Lote

Friluftstun treff dei målgruppa med friluftsglede.

Dei drøymde om eit enklare liv – på bygda. I februar 2021 kjøpte dei eit småbruk opp i bakkane på Lote, og sette i gang med renovering – eit kjempeprosjekt. Gamlehuset vart ribba til beinet.

Sidan då har dei ikkje vore arbeidsledige. Draumane er mange, og ideane over kva ein kan satse på likeins.

– Det viktigaste var å få til ein stad å bu, og det følgjer med eit visst ansvar med eit småbruk. Det er vårt bidrag – å skape noko, og dyrke det vi kan. Vi er vel ein slags bonde, og vi brukar det småbruket har å by på av vekst i jorda, men det er småskalaproduksjon det vi har, smiler Henrik.

Lote Friluftstun

Dette kombinerer dei med gardsturisme på ein moderne måte.

Frå i sommar har dei etablert Lote Friluftstun.

– Vi har verkeleg oppnådd draumen.

Det er mykje arbeid med eit småbruk, men det er så utruleg givande, seier Hanna.

– Vi har mange tankar for framtida over kva tunet vårt kan innehalde, fastslår ho.

• Det er mykje arbeid med eit småbruk, men det er så utruleg givande.

Dei ønskjer å ha dyr på småbruket på Lote, som geiter og kanin. – Kanskje kan vi også ha ein popup kafe, marknad og gardsbutikk. Vi må sjå korleis tida blir, smiler Hanna.

Brudebukettar

Hanna elskar blomster og har også dyrka mykje blomster der tanken er å tilby alt av blomster frå eigen gard – og også bruke dei i brudebukettar.

– Så langt har eg laga seks brudebukettar, og i sommar har eg bestilling på ytterlegare tre bukettar. Eg har hatt samarbeid med Hildenes gartneri der eg har fått bestilt det eg ville av blomster. Dette er utruleg gøy å jobbe med, forstå konseptet, og følge opp akkurat den brudebuketten som bruda ønskjer. No har eg dyrka mykje blomster sjølv,

så ein får bukettar i sesong. Ideen er kortreist, lokalprodusert blomster, fortel Hanna.

Grøne fingrar

– Det er Hanna som har grøne fingrar, konstaterer Henrik. Dette protesterer ho på, og meiner han er ikkje så verst han heller til å dyrke ting.

– Vi ønskjer å spreie gleda med å dyrke sjølve, fortel dei.

– Vi prøver å vere sjølvforsynte, men det er grenser for kor mykje grønkål ein kan ete, så vi sel overskotet via rekoringen, fortel Henrik.

Dei har også sett opp eit drivhus, som no er overfylt med tomatplanter. Fullt er det også i kjøkkenhagen.

– Vi anar vel ikkje kor mykje som kjem, gliser Henrik, som synest det er gøy å sjå ting vekse rundt seg.

– Slike ting triggar det å busette seg på ein slik stad, meiner han, og viser til at det var dette dei drøymde om før dei flytta frå Oslo.

• Vi ønskjer å spreie gleda med å dyrke sjølve.

I haust hadde dei ein gjeng med vennar og venners vennar som var med på å ta opp potet.

– Det gir oss også idear om dette med å ha fellesskap med å dyrke mat saman, felles innhausting, og avslutte det heile med gleda over felles måltid, eit konsept med Thanksgiving-feiring. Kanskje er dette er naturleg på sikt. Vi har mange tankar om korleis gjere ting kommersielt, seier Henrik.

To telt

Når det gjeld Lote Friluftstun har dei sett opp til telt. Den eine i skogen, skogscampen, med fin lauvskog rundt seg.

– Her får ein ei magisk kjensle, med fuglekvitter rundt seg, seier Henrik. Telt to er utsiktscampen – med fjordutsikt og nasjonalromantisk der ein ser blomstereng, fjord og fjell.

– Vi har allereie hatt folk på overnatting, og det kjem inn nokre bookingar på Airbnb. Det er ikkje berre for langvegsfarande turistar, men kanskje også for ein eidar som bur i rekkehus og treng å oppleve noko anna, undrar dei. Dei ser også for seg å dra nytte av kort veg til klatrefeltet på Lotsberg.

– Med nysatsinga treff vi målgruppa med friluftsglede, kommenterer Henrik og Hanna, som har sonen Ask og hunden Ivy.

FJORDABLADET SOMMAR 2024 17

Sykkelsti

– No satsar vi på blomstersal og blomsterproduksjon. På kort sikt har vi også lyst til å satse på friluftskonseptet, og ønskjer oss sykkelsti i marka. Vi ser at dette er noko dei har mellom Sandane og Vereide, og dette er noko vi også kan ha her. Då kan vi tilby noko nytt som ikkje finast frå før. Vi ser for oss det å sykle frå stølsvegen til Lotestøylen og sykle ned i skogen, seier Henrik, som meiner dette kan vere gøy å få til. – Lote Friluftstun med alt frå

aktivitetar, opplevingar, overnatting til snittblomster og småskala grønnsaksproduksjon. Fellesnemnaren for alt er at alle med felles interesse og engasjement kan ta del i moroa, seier dei. Henrik og Hanna viser også

til andre på Lote og Lotsberg som satsar: Vevstova til Anne Britt Lotsberg, og overnattingstilbodet til Skaara living med Svein Henjesand og Anita Lotsberg.

– Så det begynner å skje ting på Lote, gliser Henrik og Han-

ne, som sjølve satsar på ein plantebasert livsstil. Dei brenn for kortreist mat dyrka utan sprøytemiddel og med omsorg for naturen.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

18 SOMMAR 2024 FJORDABLADET

Tilbyr ny fjordbåt i Nordfjord

FJORDBÅT: Her ligg MS Skjærhalden til kai i Davik. FOTO: PRIVAT

Denne sommaren går ein fjordbåt i Nordfjord.

Med båten «MS Skjærhalden» satsar gründer John Olav Lefdal på å transportere både turistar og lokalbefolkning i Nordfjord til og frå Davik Fjordparadis gjennom heile sommaren.

Kjøpt spesielt for Nordfjord Han fortel at denne fjordbåten frå 1948 som er pussa opp i gammal og elegant stil er kjøpt spesielt for Nordfjord, og den vil gå i fast rute mellom Nordfjordeid og Davik.

– I tillegg kan den leigast for transport i heile Nordfjord med opplevingar i Davik som hovudfokus, seier han.

Passasjerbåten vil snart skifte namn til Dampen Davik.

Investering Lefdal og co. har investert over ti millionar kroner rundt Davik Fjordparadis siste åra.

– Vi satsar også på å opne ny gjestehamn med 20–30 båtplassar med nye betongbrygger seinare i sommar, fortel han.

Nyleg hadde dei også besøk av ein kjent norsk artist i Davik.

– Her har vi hatt besøk av ein av Norges mest populære artistar for tida, Chris Holsten, og vår lokale pianoentertainer «Elton John» Kjetil Grodås. Medlemmar av Stad Vekst var også på

besøk og fekk testa ut vår siste investering MS Skjærhalden med plass til 97, seier ein entusiastisk Lefdal. Han har også hatt med seg cruiseturistar i fjordbåten.

Han gler seg til sommaren og besøk av mykje folk.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Sommaraktive Stad 2024

Aktivitetar ein kan vere med på i løpet av veka er blant anna Fotballdag på Stadlandet Stadion, Vanndag på havna, Beachvolleyball turnering, Surfing/Sup, Malekurs med natur som Inspirasjon. Aktivitetar i Borgundvågen på Draumeplassen og mange andre kjekke opplevingar!

Program for veka blir å finne på Facebook sida Sommaraktive Stadt.

28. JUNI
JULI
- 6.
FJORDABLADET SOMMAR 2024 19
POPULÆRT: Når helga kjem er det svært populært å stå med bubil ved Davik Fjordparadis. ARKIVFOTO

NORDFJORDHJORT: Hjortefarmen på Nave er populær, her kan ein møte hjort, lama og geiter. ARKIVFOTO: INGEBJØRG NILSEN

Her får du hjort og lama på nært hald

På hjortefarmen på Nave på Bryggja kan du oppleve hjort og lama på nært hald.

Kanskje du også får oppleve at hjorten et mat frå handa di? På hjortefarmen til Kai Nave og Anette Agledal kan du møte

fleire typar dyr. – Vi har no 30 vaksne og 6 nyfødde hjortar og 17 vaksne lamaer som har fått seks føl, og fleire er i vente. Ca 50 Kashmir geiter og kje har vi og, fortel Nave. Og interessa rundt hjortefarmen er stor.

– Vi har ikkje kapasitet til ordinær opningstid i år, då vi har

så mykje besøk av cruiseturistar, firma på blåtur, friluftsskular, barnehagar ol. Men vi tar imot besøk etter avtale, det er berre å ta kontakt så avtaler vi tid, seier hjortefarmaren på Nave.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

OG RO: Frimannsbuda har uteplassar med sjøluft og fin utsikt over hamna og vågen i Selje. Her møtest ofte seljeværingane og om sommaren kjem turistane for å få seg ein matbit, ein kaffikopp og nyte livet i eit maritimt miljø. ALLE

Frimannsbuda open kvar dag

På Frimannsbuda i Selje kan du kjøpe middag, nyte sjøutsikt eller ta ein kaffikopp. Her kan ein også bestille overnatting.

Frimannbuda ligg sentralt plassert på Nabben i Selje. I heile sommar skal her vere ope kvar dag med servering av middag, pizza eller ein kopp kaffi med noko attåt.

Det finst sitjeplassar både ute og inne, og på menyen står mellom anna svinekotelett, hamburgartallerken og laks.

Det er Ståle Åhjem som eig Frimannsbuda, medan Meran Gane er dagleg leiar. Frimannsbuda har seks rom til utleige som også inkluderer frukost. I helgane er det mykje folk i puben, der det også blir arrangert karaoke og quiz.

INGER TRÆEN inger.treen@fjordabladet.no

er

med uteplassar

KAFÉ: I kafédelen er det moderne interiør og plass til mange. Her kan ein i sommar få kjøpt middag eller pizza kvar dag.

20 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
SJØLUFT FOTO: INGER TRÆEN IDYLLISK: Frimannsbuda eit gammalt handelshus som presten Claus Frimann fekk bygt i si tid. I dag er det pub, kafé og overnatting nær sjøen ved vågen i Selje. PUBEN: I puben kan ein opphalde seg både på dagtid og kveldstid. Her eigar av Frimannsbuda til høgre, Ståle Åhjem, og dagleg leiar Meran Ganei.

Byr på matfest og gode smakar

13. juli vert det gatematfestival på Nordfjordeid.

Minibakeriet og Aske Burgerbar køyrer i gang med matfest i Eidsgata også i år.

– Det er så mange som har spurt, at no må vi berre satse igjen, fortel initiativtakar Leon Knapskog. Med på laget har han også Stad Vekst og Alti Nordfjord, som skal hjelpe til med til dømes rigging og rydding, og kommunikasjon med dei på stand.

– Tidlegare har eg gjort alt ganske åleine, men no får eg hjelp, seier han.

Topp stemning

Tidlegare år har det kome mange tusen for å oppleve matesten. Lekre smakar har freista.

– Som alltid inviterer vi kokkevenner og lokalmatprodusentar til bygda for å lage bra mat, gode vibbar og topp stemning, lovar Knapskog.

Gatematfestivalen vert som vanleg helga før Malakoff Rockfestival.

– Så sett av ei ekstra veke på Nordfjordeid så du kan få med deg begge deler, oppfordrar han.

Knapskog fortel at gatemat-

MATFEST: 13. juli vert det gatematfestival på Nordfjordeid igjen. ARKIVFOTO: INGEBJØRG NILSEN

festivalen skjer på eit tidspunkt der det er hektisk for kokkar, samtidig som det er på eit tidspunkt der det er mykje folk på Nordfjordeid allereie - og midt i fellesferien.

– Så vi går for helga før Malakoff også i år, seier han.

Vil korte ned køane Planlegginga av matfesten er i

full gang.

– Det blir kanskje litt færre kokkar enn vi hadde i fjor, men vi tenker annleis i år. Vi satsar på å vere meir effektive. Dei klagane vi har fått tidlegare går på lange køar og at ein går tom for mat. Vi må tenke stort!, lage meir mat og ha mat som går kjappare å lage. I tillegg skal vi ha litt underhaldning, så folk

får oppleve noko medan dei står i kø. Og så må vi ha meir sitteplassar, fortel Knapskog.

– Vi har mange kokkar og matprodusentar på plass allereie, men vi har alltid plass til fleire, seier han.

Frå ulike land Knapskog fortel at det skal servert litt frå ulike land, og her

GODE SMAKAR: Leon Knapskog inviterer til Eid Gatematfestival også i år. ARKIVFOTO:

vert både kjøt, fisk og vegetarmat.

– Kokkane har fått beskjed om å tenke nytt, og ikkje lage det same som tidlegare. Vi har også med oss dei som sel i småskala, også med tanke på barn, seier han, og fastslår at ein gjer seg erfaringar og lærer undervegs.

– Ein skal finne mat for alle, seier Knapskog.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Stårheim bygg, totalentreprenør og solid samarbeidspartnar på små og store byggjeprosjekt for private og offentlege aktørar i Nordfjord og omegn.

• Betongarbeid

• Renovering av betongkonstruksjoner

• Oppføring av bolighus

• Kjerneboring og betongsaging

• Asbestsanering inne og ute

Nordfjordvegen 5833, 6777 Stårheim

Dagleg leiar: Terje Johnsen - Mobil: 958 59 43 Vi hjelper

• Kompliserte stilaskonstruksjonar

• Kraning og transport

• Pipe rehabilitering

• Tekking tak og terassse

• Utleige av div. utstyr

Sjå her for meir informasjon :

OPPSTART PÅ LEILIGHETER I KJØLSDALEN. Leilegheiter med god standard, fantastisk utsikt og lun plassering.
Vi har 1 stk ledig leilegheit i bygg nr 1.
FJORDABLADET SOMMAR 2024 21
deg med:
• Eid gatematfestval
TORMOD FLATEBØ

ALTI NOKO

Å GLEDE SEG TIL

CATS CAFE, RESTAURANT

OG PIZZERIA

Nyt fridagane utan å stresse med middag. Cats held til i 2. etg i Moengården. Ope til kl 22.00 kvar dag. Her kan du velge mellom norske og internasjonale middagsrettar, samt freistande heimelaga kaker. Rettighet til å servere øl og vin. Nyt fjordutsikta inne eller ute på verandaen i 2.etg. i Moengården.

Bestill og hente sjølv, ring: 453 99 360 eller 578 60 080.

Ellie & Timba er ofte innom senteret og finn på sprell saman med borna

SJØKANTEN CAFÉ

Kos deg med god mat og drikke, medan du nyt utsikta over fjorden!

Hos Sjøkanten Cafè serverar dei mellom anna smørbrød, lunchrettar, burger og heimelaga middagar. Til dessert kan dei freiste med heimelaga kaker, sveler og Nordfjord største isdisk med deilig kuleis og softis. Uteservering både med og utan vindskjerming.

Bestille på førehand? Ring 578 60 444.

Meld deg inn i kundeklubben. Send kodeord NORDFJORD til 27500

Les meir om oss her:

FINN VEGEN MED BIL:

Vi ligg ved fjorden på Nordfjordeid sentrum, Sjøgata 21, like ved E39 og Rv15.260 gratis parkeringsplassar og 4 ladepunkt for el-bil.

ALTI NORDFJORD

Eit moderne kjøpesenter som ligg idyllisk til ved fjorden i sentrum av Nordfjordeid. Vi har eit breitt utval butikkar, inkludert Vinmonopolet, apotek, bank, daglegvare og serverings- stadar.

VELKOMEN TIL OSS

• B.YOUNG

• CHATLET SPORT1

• CUBUS

• DRESSMANN

• FRISLID

• MANI OG BAGORAMA

• SKOGSTAD

• WALK IN

• ZAVANNA

• ARK

• KITCH´N

• RINGO

• NILLE

• POWER

• PRINCESS

• PETS (MOENGÅRDEN)

• JYSK (EIDSGT. 33)

• SUNKOST

• VITUSAPOTEK

• SPAREBANKEN S.& FJ.

• STICKERSSENTRALEN (MOENGÅRDEN)

• BUNNPRIS

• EXTRA (HAR OGSÅ POST I BUTIKK)

• EID ASIA (MOENGÅRDEN)

• CATS (MOENGÅRDEN)

• SJØKANTEN CAFÈ

• VINMONOPOLET

OPE: 10-19 (17) Søndagsope Bunnpris 11-21

22 SOMMAR 2024 FJORDABLADET

MED STORT FOKUS PÅ PASSFORM, STOFF- OG SAUMKVALITET, ER VI BEST PÅ HERREBUNAD.

Vi leverer 26 forskjellige bunader og drakter. Damebunad frå Nordfjord er sydd på Nordfjordeid. Lommer og forkle er veva på Byrkjelo. Vi bruker berre handvevne band.

Vi kan levere komplett bunad Bunader frå oss er sydd etter mål med gode muligheter for regulering i ettertid. Måltaking i Bergen og Oslo etter avtale.

For meir informasjon og inspirasjon:

B e s ø k os s p å A LTI N o rd f jo rd Fø lg os s p å in s t a g ra m : Fris lid h e rre
Her re ek vipering A s Tlf. 57 88 57 50 Bunadsaum www.herrebunad.no ALT I EIN FJORD - ALT I EIN BUTIKK VI HJELPER DEG MED RETT UTSTYR TIL SOMMAREN! CHATLET SPORT 1 NORDFJORDEID ALTI Nordfjord Sjøgata 21, Nordfjordeid Tlf: 57 86 13 71 Følg oss i sosiale medier for fleire tilbod og nyheiter! facebook.com/chatleteid Instagram: chatleteid på sport1.no Besøk nettsida vår og bestill mat og drikke direkte, Betal med Vipps og hent i kafeen. www.sjokantencafe.no 26 ulike sortar kuleis, I tillegg har vi softis og milkshake Vi tar imot bestilling til koldtbord Costa kaffe og stort utval i kaker Nordfjords største Isdisk FJORDABLADET SOMMAR 2024 23
DAME- OG HERREBUNAD FRÅ NORDFJORD

Sommarhandel

Facil Cardigan

Superenkel å strikke. Perfekt for dei som ønsker eit kjapt sommar-prosjekt (Og for nybegynnera!)

Strikkes i Ballerina Chunky Mohair frå Sandnes Garn

Ny bikini i sommar?

Hekla plagg er sommarens store trend. Vi har det du treng til ditt prosjekt. Garn og heklenåler!

Vi trekk ein heldig vinnar av padlebrettet på Nordfjord Optikk! Konkurransen gjeld frå 10. juni – 11. august

mmarkampanje

HUGO & CELINE HUNDEIS

EUKANUBA

EIDSGATA 24 B, NORDFJORDEID TLF 95 15 20 20 • post@nordfjordoptikk.no www.nordfjordoptikk.no

Frossen, velsmakande og avkjølande is som passar for alle hundar. Før 69,-

KUN 49,-

Førpris 1099,KUN 599,-

Gjeld Small breed adult kylling 3 kg, Medium og Large breed adult kylling 15 kg -30%

KJØLEMATTE

Førpris frå 199,-

Kingsmoor katte og hundefôr. Kornfritt fòr, produsert i Danmark med danske og norske råvarer. Kom innom og få ei smaksprøve! Woolf hundesnacks

– for din beste venn Velkomen til Eidsgata 45 – 6770 Nordfjordeid Tlf. 57 86 20 60 på pets S
ALLE KATTETOALETT -25% NON-STOP
FERD BELT
GRESSHOPPA
Tilboda gjeld tom 22.juni Ta 3 betal for 2 NYHEIT NO
HUNDEPØLSE -30%
FRÅ 99,-
24 SOMMAR 2024 FJORDABLADET

Stort utval av skulesekkar i butikken no!

FOR 1. KLASSINGEN

MELLOMTRINNET FOR UNGDOM

NORDFJORDEID

Eidsgata 37, 6770 Nordfjordeid

Tlf bokavd. 57 86 30 50 Tlf kontoravd.: 57 86 30 55

UNG/STUDENT

SOMMAR PÅ HILDE NES GARTNERI

Inspirasjon

for hus og hage

Alt i blomster

Busker

Hekkplantar

Vintergrønt

Bærbusker

Rosetre

Hagesenteret med det STORE utvalet

Din fagblomsterbutikk Nordfjordeid - Tlf. 57 86 08 44 www.hildenesgartneri.no

HAR FØLGENDE FLASKER I AUTOMATEN:

• 5 & 10 kg Kompositt

• 5 & 11kg Stål,

• 10kg Kompositt Industri

• 11kg Stål industri.

Kjøp en brille. Få en solbrille med styrke – verdi inntil kr 4700.

Interoptik Sæbø Eidsgt. 1 Nordfjordeid tlf 57 86 11 54

Interoptik Sæbø Tonningsgt. 15, Stryn tlf 57 87 11 31

Verdi inntil kr 2700 enstyrke / kr 4700 progressive

Tilbudet gjelder t.o.m. 29. juni og inkluderer solbrille inntil kr 1200 og standard glass.

KVALITETSSEKKAR FRÅ
SOMMAR-
Rosetre Ampel Bærbusker Kr. Kr. 199,-25% 349,Følg oss på Facebook PROPANAUTOMAT OPEN
TILBOD:
OPNINGSTIDER: Mandag-fredag 10-1630 Lørdag 10-15
24/7 VI
- tilhenger av norsk kvalitet NORGES STØRSTE TILHENGERPRODUSENT
TRYGG OG
MED:
ditt lokale verksted GJØR BILEN
FERIEKLAR NÅ! VI HJELPER DEG
• EU kontroll
alle bilmerker FJORDABLADET SOMMAR 2024 25
• Service • Reparasjoner på

Inviterer til ei veke med aktivitetar

Sommaraktive Stadt er ei aktivitetsveke for heile familien. 28. juni-6. juli vert det ei veke proppfull av moro.

– Her vert det mykje aktivitet i løpet av ei veke, lovar Petter Leikanger, leiar i Stadlandet IL, og viser til at det er noko for ein kvar smak.

Programmet er fullt, og er etter same lest som tidlegare år. Du kan kvar dag vere med på yoga i Hoddevika. Fotballdagen på Stadlandet Stadion pleier å vere svært populær, og her har ein både smålagspel, familiespel og kameratlag, før ein kan avslutte med pizzabuffé på Stad Hotell og jonsokfeiring i Hoddevika.

Søndag 30. juni er den berømte vassdagen på hamna. Hit brukar mykje folk å finne vegen, og her kan ein prøve seg på både kajakk, sup, sjøtrampolinen, og ikkje minst palleløpet. Også Eliasbåten tek seg ein tur dit denne dagen.

– Denne dagen er det også målekurs i 3D på galleriet til ho Rita Borgundvåg, fortel Leikanger.

SJØTRAMPOLINE: Sjøtrampolia var ny i fjor, og var populær.

Jubileum

Måndagen kan ein vere med på turn på skulen på Ferstad.

– Og så er det jubileumsfeiring på Vestkapp, som feirar 40 år, seier Leikanger.

Denne dagen kan ein også vere med på bokbindingskurs på Moai.

Tysdagen er det duka for sandvolleyball i hamna, medan ein dagen etter kan vere med på skyting på Dragseidet. Det vert også ute Zumba i Korsen/ grendehuset.

Torsdag er det klart for surfekurs/sup med Ervik Surfshop, og det vert aktivitetar på Drau-

meplassen i Borgundvågeen, og meir sandvolleyball i hamna.

Fredagen er det tid for paintball.

– Laurdag avsluttar vi aktivitetsveka med ein god, gammaldags korsadag. Den har mange venta på, og så vert det dans etterpå, lovar Leikanger.

I fjor fekk idrettslaget nok midlar til å kunne tilby gratis alle aktivitetar og transport til alle ungar under 16 år.

– Vi prøver å få til det i år også, seier han. INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

PALLELØP: Vassdagen i hamna på Leikanger er populært. Det er også palleløpet. BEGGE FOTO: PRIVAT

Vi kjenner Nordfjord

Eigedomsmeklar Vest sitt kontor på Nordfjordeid handterer sal av eigedomar i heile Nordfjordregionen. Du finn oss i Sparebanken Vest sine lokale i Bankgata 1 på Nordfjordeid.

Velkommen innom oss på Nordfjordeid Regine Nesheim Tlf.: 909 13 162 regine.nesheim @emvest.no Amalie Heggen Tlf.: 948 41 591 amalie.heggen @emvest.no
26 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
• Sommaraktive Stadt

Proppfullt av kunst og kultur

GALLERI: Gallerist og turistvert Arve Espe er klar til å hjelpe deg i Kulturhuset Gamlebanken. FOTO: INGEBJØRG NILSEN

Biletkunstnaren Jøran Flo er årets sommarutstillar i Gamlebanken på Nordfjordeid.

Utstillinga vert opna laurdag 15. juni, og kan sjåast gjennom heile sommaren – til og med 17. august.

Jøran Flo er kjent både som bilethoggar, målar og grafikar. Og naturen speglar seg igjen i kunsten hans. Flo sine verk vert ofte karakterisert som ein kamp mellom kultur og natur.

Sommarutstillinga i Gamlebanken blir opna av ordførar Sigurd Reksnes.

Turistinfo og galleri

I Gamlebanken ligg også turistinformasjonen, og den vert opna for sesongen samtidig som sommarutstillinga.

Turistvert og gallerist Arve Espe står klar til å hjelpe deg. Mange turistar brukar å kome innom. Dei er opptekne av kunst og kultur, og så ønskjer dei å vite mest mogleg om Nordfjordeid. Dei spør om det meste – også korleis ein kjem seg opp i høgda. Då viser Espe dei til Utsikten, Trollenykjen, Skårhaugsætra eller Ossætra. Gamlebanken er også som eit regionalt kulturhus, og fleire vert overraska over mengda

SOMMARUTSTILLAR: Jøran Flo er årets sommarutstillar i Kulturhuset Gamlebanken. PRESSEFOTO

kunst i alle former i kunstgalleriet.

Her heng det fargerike bilete på rekke og rad på veggane.

Men her er også så mykje, mykje meir – også keramikk og glas. Det er rett og slett proppfull med kunst.

Eid Elektro leverer, monterer og utfører service på varmepumper i heile Nordfjord.

BESTILL

Elbilladar eller befaring

Vi hjelper deg med gode råd om installasjon og valg av rett ladar.

Når folk kjem innom vert dei overraska over alt dei ser. INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

På tide å investere i solceller på taket?

Vi leverer solceller både til privathus og til næringsbygg. Vi samarbeidar med dei beste levrandørane og kan skreddersy anlegg utifrå storleik og behov, til gode prisar.

VARME PUMPE ELBIL LADAR SOL CELLE EID ELEKTRO HAR I 25 ÅR LEVERT OG MONTERT VARMEPUMPER I NORDFJORD
eit tilbod
• epost:
FJORDABLADET SOMMAR 2024 27
Ta kontakt med oss for
Tlf. 57864760
post@eidelektro.no Øyane 12 - 6770 Nordfjordeid • www.eidelektro.no
Gamlebanken
Kulturhuset

Desse cruiseskipa

10.06 Exploris One

20:30- Alden/ 107,90 Tender 144

11.06 Exploris One -19:00 /Ålesund 107,90 Tender 144

11.06 AIDAnova

08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337,00 SW 6654

14.06 Mein Schiff 4 07:00-19:00 Hellesylt/Tromsø 293,30 SW 2790

17.06 Seven Seas Navigator 11:00-20:00 Amsterdam/Kristiansund 172,50 Tender 490

18.06 MSC Euribia

19.06 Sirena

20.06 Scenic Eclipse

25.06 Britannia

08:00-19:00 København/Ålesund 331,43 Tender 6327

09:00-18:00 Ålesund/Stavanger 180,50 Tender 826

09:00-19:00 Flåm/Geiranger 168,00 Tender 237

08:00-17:00 Flåm/Haugesund 330,00 SW 4372

26.06 Mein Schiff 7 08:00-20:30 Stavanger/Molde 315,70 SW 3132

26.06 Renaissance 07:00-14:00 Leknes/Eidfjord 220,00 Tender 1258

29.06 Aurora 07:30-16:30 Åndalsnes/Bergen 271,10 SW 2050

02.07 MSC Euribia 08:00-19:00 København/Ålesund 331,43 Tender 6327

04.07 Mein Schiff 4 08:00-20:00 Bremerhaven/Geiranger 293,30 SW 2790

09.07 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337,00 SW 6654

12.07 Marina 08:00-18:00 Kristiansund/Måløy 293,30 SW 1250

15.07 Mein Schiff 4 08:00-20:00 Bremerhaven/Geiranger 293,30 SW 2790

16.07 MSC Euribia 08:00-19:00 København/Ålesund 331,43 Tender 6327

17.07 Le Champlain 13:30-20:00 Stavanger/Geiranger 131,50 Tender 184

19. - 20. 07 MALAKOFF MALAKOFF MALAKOFF MALAKOFF MALAKOFF

22.07 AIDAsol 08:00-18:30 Vik i Sogn/Ålesund 252,00 SW 2686

23.07 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337,00 SW 6654

26.07 Villa Vie Odyssey 07:00-19:00 Sandnes/Ålesund 196,00 Tender 929

28.07 Aurora 07:30-16:30 Åndalsnes/Bergen 271,10 SW 2050

29.07 Rotterdam 11:00-18:00 /Molde 299,79 SW 2668

31.07 MSC Euribia 07:00-17:00 Måløy/Flåm 331,43 Tender 6327

02.08 Mein Schiff 4 08:00-19:00 Hellesylt/Bremerhaven 293,30 SW 2790 04.08 Sirena 07:00-18:00 Ålesund/Stavanger 180,50 Tender 826

06.08 AIDAnova 10:00-20:30 Bergen/Ålesund 337,00 SW 6654

07.08 Mein Schiff 4 08:00-20:00 Bergen/Tromsø 293,30 SW 2790

07.08 Renaissance 08:00-14:00 Narvik/Ulvik 220,00 Tender 1258

09.08 Spirit of Adventure 08:00-17:00 Geiranger/Flåm 236,60 SW 999 13.08 AIDAprima 10:00-21:00 Haugesund/Ålesund 299,90 SW 4350

17.08 Mein Schiff 1 08:00-20:00 Honningsvåg/Haugesund 315,70 SW 3132 20.08 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337,00 SW 6654

27.08 MSC Preziosa 09:00-17:00 Tromsø/Hamburg 333,33 SW 4345

28.08 Mein Schiff 4 08:00-20:00 Bremerhaven/Ålesund 293,30 SW 2790

03.09 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 333,33 SW 6654

04.09 Queen Anne 08:00-18:00 Haugesund/Geiranger 322,50 SW 2992

05.09 Mein Schiff 4 08:00-20:00 Bergen/Geiranger 293,30 SW 2790

10.09 AIDAprima 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 299,90 SW 4350

11.09 MSC Euribia 07:00-17:00 Ålesund/Flåm 331,43 Tender 6327

17.09 Britannia 08:00-16:30 Flåm/Haugesund 330,00 SW 4372

18.09 Aurora 07:30.16:30 Åndalsnes/Bergen 271,10 SW 2050

21.09 MSC Preziosa 09:00-18:00 Haugesund/Trondheim 333,33 SW 4345

24.09 MSC Euribia 07:00-17:00 København/Flåm 331,43 Tender 6327

01.10 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337,00 SW 6654

10.10 Mein Schiff 3 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 293,3

15.10 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337,00

16.10 Mein Schiff 3 08:00-20:00 Ålesund/Bergen 293,3

23.10 Mein Schiff 3 08:00-20:00 Ålesund/Bergen 293,3

29.10 AIDAnova 08:00-20:00 Bergen/Ålesund 337,00

SW 2750

SW 6654

SW 2750

SW 2750

SW 6654

15.11 Le Commandant Charcot 08:00-16:00 Ålesund/Flåm 14960 Tender 270

28 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
Skip Klokke Kjem frå/Går til Lengde SW/Tender Maks pass.
Dato

kjem

Sjøgata 101, Nordfjordeid Email: post@magnifikk.no

Cruisesesongen på

Nordfjordeid er godt i gang, og framover er det rundt 50 cruiseanløp som kjem.

I år starta cruiseseongen på Nordfjordeid i februar, og blir avslutta i november.

Det har fram til no vore rett i underkant av 20 cruiseanløp, og rundt 50 står igjen. 17 av cruiseanløpa som kjem skal ligge på tender, og resten skal ligge på Seawalk.Det største som kjem denne sesongen er AIDAnova med plass til 6654 passasjerar.

OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

KAFE, RESTAURANT OG UTELIV VED SAGAPARKEN OG FJORDEN.

BESØK OGSÅ BAREN VÅR I EIDSGATA 10 «BANKKJELLAREN»

Selskapslokale og catering-levering

Ta kontakt: 477 86 771

Vi tilbyr catering til selskap og serverer både kinesiske retter og sushi.

Velkommen til oss! Åpningstidene:

Mandag: Stengt

Tysdag - Torsdag: 13 - 21

Fredag - Lørdag: 13 - 22

*kjøkken stenger kl. 21

Almenningen 1, 6770 Nordfjordeid

Tlf: 578 62 599 • www.chinarestaurantchen.com : China Restaurant Chen

FJORDABLADET SOMMAR 2024 29

ELDST: Militørplassen er den eldste i landet, og lagerhusa som står der i dag er frå 1791-1993. ARKIVFOTO: INGER TRÆEN

Den eldste militærplassen i landet

Nordfjordeid har landets eldste eksersisplass i landet. I dag er det eit flott parkområde i sentrum.

Det er også her Malakoff Rockfestival arrangerer sin populære festival for tusenvis av glade festivalgjengarar.

I rundt 300 år var eksersisplassen i bruk. Soldatane som øvde på Nordfjordeid kom frå Sunnmøre, Nordfjord og delar av Jølster. 300 mann var på rekruttskulen, medan det på bataljonsøvingar var 1.200-1.500 soldatar i området. Militærplassen har eksistert sidan 1628, og lagerhusa som står der endå er frå åra 1791–1993. Dei brulagde stiane mellom alleane lagde tyskarane under 2. verdskrig.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

Her kan du låne utstyr

På BUA Eid og BUA Selje kan du få låne utstyr innan mange idrettar og aktivitetar gratis.

Ønskjer du deg ein aktiv sommar i år kanskje? Kanskje du vil teste ut idrettar og aktivitetar du ikkje har prøvd før? Då kan du låne utstyret du treng med BUA Eid og BUA Selje. I Stad har vi nemleg to BUA, der ein kan låne utstyr til idrettar og aktivitetar, leik eller friluftsliv. Ein på Nordfjordeid, ved LAsenteret og i Selje. I Selje er BUA lokalisert på to stadar. Den eine ligg rett ved Seljesanden (StrandBUA) og den andre ligg ved Nabben 80 (LandBUA) på innbyggjartorget.

Både privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkande kan låne utstyr frå BUA. BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som har som mål å gjere det enklare for barn og unge å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, men utan å auke forbruket.

Heilt sidan tidleg på 90-talet har det vore mogleg å låne fritidsutstyr og sportsutstyr i fleire kommunar i landet, men ordninga var lite kjent og i tillegg lite brukt. I 2014 vart difor BUA stifta, og i dag er BUA ein fellesorganisasjon for meir enn 200 utstyrsordningar.

BUA Eid

BUA Eid har utstyr til både land – og sjøaktivitetar, overnatting,

fjelltur, sykling, padling, leik og sjølvsagt moro. BUA Eid, som ligg ved LAsenteret på Langeland, har ope måndag, tysdag, torsdag og fredagar.

BUA Selje På Nabben 80 på Innbyggjar-

TIL LAND OG TIL SJØ: Både BUA Eid og BUA Selje har utstyr til aktivitetar og land og til sjø. Du kan låne til dømes syklar, eller du kan låne utstyr til friluftsliv eller padling. ARKIVFOTO: INGEBJØRG NILSEN

torget er «LandBUA» lokalisert. Her kan du låne friluftsutstyr, syklar, rulleskøyter og andre ting. Her kan du også kome inn å vere aktiv åleine eller saman med venner. Det er mogleg å spele bordtennis, høyre på musikk, stå på rulleskøyter, spele sjakk og bokse.

GRATIS: Det er gratis å låne utstyr med BUA. Kanskje får du testa ny idrett? FOTO: AMALIE FURE

På Nabben 6, rett ved Seljesanden finn ein «StrandBUA». Her er det sjøsportsutstyr og sommarleikar. Denne er open heile året, men berre bemanna i sommarsesongen.

Opningstidene til BUA følgjer som regel opningstidene til innbyggjartorget, Nabben 80, frå

måndag til fredag omtrent i vanleg arbeidstid.

Tysdagar er det ope litt lenger på ettermiddagen.

PS: Skal du låne sjøsportsutstyr må du vere 16 år.

OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

STRANDBUA: Ved Seljesanden er det «Strandbua» der du kan få låne sjøsportsutstyr. Du må

30 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
• BUA
AKTIV SOMMAR: På BUA Eid og BUA Selje kan du låne gratis utstyr til aktivitetar, sportar, friluftsliv og anna. Det beste med alt er at det er gratis. ARKIVFOTO: AMALIE FURE vere 16 år for å låne til dømes SUP brett. ARKIVFOTO: ANNA WUTTUDAL

Inviterer til klatreskule

Nordfjord klatreklubb har fått 83.000 kroner av Gjensidigestiftinga og arrangerer klatreskule den siste veka i juni. Det er gratis for deltakarane, og det er plass til 15 deltakarar totalt. Dette er fjerde året med klatreskule på sommaren. Ein treng ingen forkunnskapar om klatring for å melde seg på (frist er før klatreskulen startar opp). Første året var det Hamna som arrangerte, medan dei siste åra har det vore klatreklubben som har stått som arrangør.

• I Nordfjord

Får farge på veggane

Simona Auguliene er i full gang med å få farge på veggane inn mot barneromma på Hamna Aktivitet og Helse. Desse veggane har vore einsfarga, men får no vikingmotiv på veggane. Simona fortel at ho har tatt inspirasjon frå barnerommet, og måler altså motiv basert på det.

11 stadar du kan klatre

I Nordfjord er det 10 stadar du kan klatre ute. Er det dårleg klatrevêr har Hamna Aktivitet og Helse ope kvar dag.

Nordfjord har blitt ein populær klatredestinasjon for folk i heile landet og verda. Ifølgje Axel Nikodemussen, styreleiar i Nordfjord klatreklubb, er Ålfoten ein av dei mest spesielle og ettertrakta klatrestadane i landet.

– Der skjer det veldig mykje om dagen. Ålfoten er det neste store. Vi hadde nyleg utviklarcamp der vi inviterte klatrarar frå heile landet til å kome og lage nye klatreruter, fortel Nikodemussen.

Totalt 50 klatrarar var på plass og utvikla 70 nye ruter. I dag er det eit kjempestort klatrefelt i Ålfoten med over 350 ruter. Men der er framleis svært mykje som ikkje er etablert enno.

– Det er mykje der som ikkje er etablert, men når alt er ferdig så kjem det til å bli eit av dei største buldrefelta i landet. Det er også sandstein der, noko som er veldig ettertrakta. Ålfoten er ein ganske unik plass i norsk samanheng, seier Nikodemussen som legg til at klatrefelta i Ålfoten er for alle nivå, både for barn og vaksne.

– Alle kan dra ut å utvikle feltet vidare, og difor hadde vi også den utviklarcampen, seier han.

Ein av ti stadar ute Ålfoten er ein av ti stadar i Nordfjord du kan klatre ute. I tillegg kan du klatre på Almenningen, Haus, Lotsberg, Sagafloten, Beachen, Kjølsdalen, Stårheim, Karakush og Briksdalen.

Nokre av desse stadane, som Beachen er godt etablert og kjent, medan andre er nyare. På Lotsberg har det mellom anna skjedd mykje i løpet av dei siste åra.

Tidlegare i vår opna den nye gangbrua til klatrefeltet på

NORDFJORD: Det er mange stadar i Nordfjord du kan klatre ute. Totalt er det 10 stadar ute. I tillegg kan du buldre inne på Hamna Aktivitet og Helse. ALLE FOTO: NORDFJORD KLATREKLUBB

INVITERTE TIL CAMP: Nyleg inviterte Nordfjord klatreklubb til utviklercamp i Ålfoten. Då vart 70 nye ruter utvikla, og der er no totalt 350.

Lotsberg, som skal gjere klatrefeltet på Lotsberg meir tilgjengeleg. I mai var det 60 ruter på plass, men det skal til slutt bli 150 klatreruter av ulik vanskegrad.

Alle desse 10 stadane er lagt inn på Google Maps, så dei kan søkast opp om du treng å finne

vegen. På 27crags finn du alle rutene.

Ope kvar dag på Hamna

På Hamna Aktivitet og Helse på Nordfjordeid kan du også klatre. Der er det buldrevegg med ruter som stadig blir endra på. Kristian Haga Orheim på

Hamna fortel at dei har ope kvar dag, både for buldring, eigentrening og gruppetimar.

– Mange treningssenter stenger gruppetimane ned på sommaren, men kroppen må haldast ved like, konstaterer Orheim.

– Vi har ope kvar dag heile

sommaren. Vi har ope uansett og tilbodet er her. Vi har hatt stengt ein dag og det var 17. mai i år. Spørsmålet vi får mest er om vi har ope, men vi har ope kvar dag uansett, seier han.

OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

32 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
BULDRING OG KLATRING: Her er oversikta over stadane du kan buldre og klatre ute i Nordfjord.

Tlf: 90 10 85 77

vestenergiteknikk.no

KJØL DEG NED MED VARMEPUMPE

VANNBÅRENVARME? DAIKIN LUFT/VANN
FJORDABLADET SOMMAR 2024 33

STADLANDET: Her kan du ta med heile familien og nyte sola. FOTO: SIV MONJA SJÅSTAD LARSEN

SELJE: Dagsturhytta Sjøglytt ligg 135 meter over havet. FOTO: ATLE SKREDE / VESTLAND FYLKESKOMMUNE

Ein tur innom dei tre dagsturhyttene

– Stad kommune er heldige som har heile tre flotte dagsturhytter, meiner Arild Vonheim.

Stad kommune byr på spektakulær natur og turmuligheiter, og ein av dei beste måtane å oppleve dette på er gjennom besøk til ein av dei tre dagsturhyttene i området.

– Stad kommune er heldige som har heile tre flotte dagsturhytter. Alle tre er godt besøkte, og ingenting er betre enn at folk kjem seg ut i naturen. Det er heilt topp, seier Vonheim.

Naustdalskamben

Dagsturhytta på Naustdalskamben ligg 475 meter over havet om lag midt i mellom Stårheim og Nordfjordeid.

Frå toppen har du vakker utsikt både til Nordfjordeid sentrum og utover Nordfjorden.

Turen startar ved næringsområdet på Reset, ved Haugen skule, Stårheim stadion eller ved Naustdal langs riksvegen mellom Stårheim og Haugen, avhengig

av kva rute du vel til hytta.

Den slakaste og mest familievennlege ruta er den frå Reset i Hjelmelandsdalen, og er totalt 3,2 km ein veg med 240 meter stigning.

Her føl du grusvegen innover næringsområdet til du møter stien og etter kvart traktorvegen.

Etter 1,5 km møter du stien frå Grøthaug/Haugen, og frå denne opne plassen i skogen er det god sti heile vegen til toppen.

• Alle tre er godt besøkte, og ingenting er betre enn at folk kjem seg ut i naturen.

Fleire av partia over skoggrensa er nyleg gruslagde og gjennom dei våtaste partia er det også bygd klopper/gangbruer for å få ned slitasjen på naturen.

Alle turane tar mellom 45 min og 1,5 time avhengig av utgangspunkt og tempo.

– Det er mange som syns dette er ein av dei finaste dagsturhyttene. Når du kjem opp er det fantastisk utsikt langs heile Nordfjorden og du får heile fjellkjeda mot Møre. Det er ein fantastisk fin beligenhet for ei dagsturhytte, seier

LEIKANGER: Ved hytta er det stor platting og god utsikt. FOTO: SIV MONJA

Arild Vonheim. Sjøglytt i Selje Dagsturhytta Sjøglytt ligg 135 meter over havet på Risnakken, rett over Selje sentrum.

På Risnakken finn du utandørs treningsapparat, ein gapahuk, leikeområde og ei fantastisk utsikt mot Selje sentrum, sanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.

Det er gratis å parkere i Selje, og du kan parkere i sentrum eller ved skulen.

Stien til hytta startar i Skogaveien ved doktorgården, og etter om lag 100 meter i retning kyrkja ser du skilt og starten på trappa mot Risnakken på høgre side av vegen. Stien er bratt, men har gode trappetrinn og er lyssett, noko som gjer at han kan nyttast heile året.

34 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
SJÅSTAD LARSEN

NORDFJORDEID:

Frå Risnakken går det merka sti vidare mot Kvenshusdalen og vidare til den høgaste toppen i Selje, Tarvaldseggja, der dei nye Seljetrappene er under bygging.

Det er også mogleg å ta ein rundtur ved å følgje stien bak mot Djupedalen, som snart blir oppgradert til turveg.

Turen opp er 1 km lang og tek omtrent 30 minutt ein veg.

– Selje er også voldsomt fint tilrettelagt og er ein fin nærmiljø tur. Den kan vere ein stoppestad for vidare turar, eller ein tur i turen. Det er også den turen som er mest universelt utforma og tilrettalgt, fortel Arild Vonheim.

Havglimt på Stadlandet

Dagsturhytta Havglimt ligg 226 meter over havet i Lia på Stadlandet, og er den tredje dagsturhytta i Stad kommune.

Den kom på plass i fjor sommar, og er produsert av Stad Kystbygg som held til eit steinkast unna hytta.

Hytta har god utsikt til Leikanger sentrum, panorama utsikt til heile Sunnmøre, og utover Vanylvsgapet kan ein også skimte Stadthavet i det fjerne.

Hytta har stor nytteverdi for skulen og barnehagen, og ligg ideelt til for camping.

Ved hytta er det også eit toalett som turgåarane kan nytte seg av.

Frå toppen er det også moglegheiter for å gå vidare til Lundebrekkhornet eller andre toppar i nærområdet.

Parkering finn du ved Stadlandet skule eller ved barnehagen.

Det er fleire ulike stiar som fører til Lia men kun ein som er merka.

Frå skulen føl ein vegen til topps i byggefeltet bak skulen og tar til høgre i siste svingen før toppen.

Følg merka sti oppover til du kjem til utmark.

Frå utmark har du augekontakt med hytta heile vegen, og føl merka sti til toppen.

Turen er 2 km per veg og 270 høgdemeter, og det tar mellom 30 min og 1 time å gå avhengig av tempo.

– Dagsturhytta Havglimt har verkeleg slått an her på Stadt. Det er så kjekt å sjå at både små barn, foreldre, besteforeldre, vennegjengar, og pensjonistar går på tur dit, seier Siv Monja Sjåstad Larsen, leiar i trimgruppa i Stadlandet idrettslag.

JOAKIM VEDVIK joakim.vedvik@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2024 35
Frå dagsturhytta på Naustdalskamben har ein god utsikt over området rundt. FOTO: ULF R. AMUNDSEN SELJE: Turen er god tilrettelagt for alle og ein kvar. FOTO: ATLE SKREDE / VESTLAND FYLKESKOMMUNE

Klem i veg

Få stadar kan skilte med å ha sin eigen klemmekrok, men det finn du midt i Eidsgata. I løpet av året er det mange som tar ein stopp her, og lar seg forevige i linsa. Klemmekroken har sin eigen klemmebenk, og skiltet «klemming er sunt, året rundt». Her er det eit ungt par frå eit av cruiseskipa som har kome til Nordfjordeid, som vart over seg av begeistring då dei forstod at dette var eit «hug corner».

STORLAKS: Endre Hjelle landa ein laks på 12,15 kilo på sona Statens i Eidselva i starten av laksesesongen. FOTO: PRIVAT

Endre tok storlaks

Endre Hjelle frå Nordfjordeid landa ein storlaks på 12,15 kilo i Eidselva.

1. juni starta laksesesongen.

– Eg var på rett plass til rett tid, konstaterer Hjelle, som er ein erfaren laksefiskar.

– Det var dårlege forhold, men vi veit at det har stått fiske ned ved brua i fleire dagar. Likevel var det ganske livlaust i elva, men det vart litt betre forhold på morgonen med litt solglytt, fortel han.

Kameraten fortalde at han såg ein laks framfor brua, som såg ut til å vere ein meter lang.

– Han sa han skulle vente til eg hadde tatt den, og eg fortalde han at han er god å skrøne, flirer Hjelle.

Beit skikkeleg

Men fisken ville ikkje bite på. Ingenting skjedde, og laksen flytta seg. Det gjorde Hjelle også – han gav opp og drog heim.

– Men så tenkte eg at det er for gale å gi seg, difor drog eg ned igjen og prøvde å kaste igjen. Då beit han skikkeleg, og eg let den drive på litt. Eg er no ikkje heilt nybegynnar, og veit at han ikkje må skremmast og forstå kva som skjer. Det er betre at den får symje bort til ein plass. Om ein skremme den, så er det ikkje godt å få landa den. I staden må ein la laksen bruke kreftene, til den er klar for landing, seier Hjelle.

Han angrar ikkje på at han drog i elva igjen for å fiske.

Røykelaksen sikra

– No blir det røykelaks av den. Den er eigentleg litt for stor, så

eg hadde normalt sett den ute igjen, men den hadde forkorta gjellelok, så eg tenkte at det kanskje kunne vere noko ugreie med innslag av oppdrett i han. Men han verka fin og kondisjonen på han var god, fortel laksefiskaren.

– Er dette den største laksen du har fiska?

– Nei eg har tatt større, men dei store set eg helst ut igjen fordi vi bør ta vare på dei store og la dei få gyte. Så lenge ein fiskar når det ikkje er for varmt så er det ikkje problem å sette ut igjen fisk, meiner han.

Endre Hjelle viser til at det ikkje er eit poeng å fiske mest mogleg.

– Ein er ikkje nøydd til å fiske mykje, men ta ein-to i året, så har ein til røykelaks. Det er ingen konkurranse i å få mest mogleg, for det liknar meir på korleis ein gjorde det i fortida, seier han, som alltid har vore interessert i fangst, jakt og fiske. INGEBJØRG

No kan du låne gratis sykkel på Stadlandet

Etter initiativ frå Stadlandet IL, har ein no fått på plass utlånssykkel. Det er gratis utlån av syklar til lokale og turistar. No har syklane kome på plass ved Stad Hotell, som vl ta seg av utlånet av syklane, medan Ervik Havfiske og Westmek har ordna sykkelstativ til utlånssyklane.

FOR TURISTSTRAUM: – Det er her vi brukar ferien vår, seier

INGEBJØRG NILSEN

• Fru Inga på Leikanger

Feirar

For femte året opnar Fru

Inga på Leikanger til restaurant og bakarvarer.

– Her har vi heimelaga mat så langt det går. Vi har eit ganske bredt utval så det skal vere litt å velje i, enten det er kaffimat, lunsj eller middag, smiler Margareth Olin Leivdal.

Jubileum

I år kan fru Inga dermed feira femårsjubileum, etter at Margareth og mannen Jarle Leikanger realiserte ein gamal draum – å renovere og få ny aktivitet i dei gamle bygga rett nedanfor bustaden sin litt vest for Leikanger sentrum.

– Planen var å utvikle staden, og så fann vi rom til å ta oss tid til det så vi kunne opne for fem år sidan. Fru Inga var i utgangspunktet eit biprosjekt, og etter kvart laga vi også til eit leilegheitsbygg. Her var behov for det. Planen er å utvikle dette også vidare, seier ho.

Sommarope

– Vi har til vanleg ope to helger i månaden, men når det er sommar har vi ope kvar dag i alle fall i tre veker i fellesferien.

fem år i år

Det er her vi brukar ferien vår. Når andre har fri og ferie så har vi ope på Fru Inga, fortel Margareth.

• Det er her vi brukar ferien vår. Når andre har fri og ferie så har vi ope på Fru Inga.

Namn etter jordmora

Namnet Fru Inga er henta frå tidlegare eigaren av lokalet og staden, Inga Leikanger. – Ho var distriktsjordmor når ho ikkje dreiv butikken. Ho var ei viktig dame, og hadde stor respekt i bygda. Ho var jordmor i to generasjonar. Det var naturleg for oss å kalle opp staden etter henne, og vi har berre fått gode tilbakemeldingar på val av namn, fortel Margareth. Ho viser til at dei dermed tar med litt av historia vidare, samtidig som dei har satsa på nye moglegheiter.

– Vi snakka om det i over 20 år å få det på stell, men det tok si tid før vi fann tid til det, seier Margareth. Ho har ein kontor-

OVERNATTING: Dei såg behovet for overnattingsplassar, og har laga til eit leilegheitsbygg.

arbeidsplass i Måløy i offentleg forvaltning i Staten, medan mannen Jarle jobbar som forpleiingssjef offshore. – Så dermed har vi det vi kallar «geriljaopningstider». Vi driftar det vi klarer, men håpet er at vi kan ha meir ope framover og meir aktivitet på sikt, smiler ho, som er klar for den auka sommartrafikken på Stadlandet.

INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no

36 SOMMAR 2024 FJORDABLADET
KLAR Margareth Olin Leikanger. FOTO:
NILSEN ins@fjordabladet.no
12.5: Laksen var på 12,15 kilo FOTO: PRIVAT

STARTEN: Slik såg det ut då jobben med sherpatrappene akkurat hadde starta tidleg i mai. FOTO: SELJE IL

• Sherpatrappene i Selje

TRAPPENE TAR

FORM: To veker med arbeid med sherpatrappene hadde gitt store resultat og trappene tok form. FOTO: SELJE IL

FØRSTE VEKA I JUNI: Første veka i juni såg ein stor forskjell på sherpatrappene. No er det berre 2-3 veker til dei er klar. FOTO: SELJE IL

– Eit populært turmål

SHERPATRAPPENE: Sherpatrappene i Selje er klar om 2-3 veker fortel Atle Solheim til Fjordabladet første veka i juni. ALLE FOTO: SELJE IDRETTSLAG

I slutten av juni er truleg dei fire sherpaene ferdige med arbeidet med Sherpatrappene i Selje.

Arbeidet på Sherpatrappene i Selje vart starta på i mai, og er no godt i gang. I slutten av juni har dei truleg nådd målet.

– Arbeidslaget med fire sherpaer starta arbeidet 11. mai med å lage trapp i ura nedanfor Tarvaldseggja, fortel Atle Solheim, Selje IL, som legg til at dei den første veka i juni kom gjennom ura og begynte å lage trapp vidare i bratta ovanfor ura.

– Heile trappa vert laga av stein som sherpaene finn i ura. Vi reknar med at i løpet av 2–3 veker (slutten av juni) så er trappa ferdig heilt opp til kanten av Tarvaldseggja, og då har vi nådd målet i denne omgang, legg Solheim til. Solheim trur trappene kjem til å bli eit populært turmål når dei står ferdige.

– Det er fantastisk flott arbeid,

trappa glir fint inn i terrenget og er lett og god å gå i. Også Stibyggjaren AS, som er entreprenør for prosjektet, er svært fornøgde med resultatet. Sherpatrappene kjem til å bli ein attraksjon og eit populært turmål både for fastbuande og tilreisande, seier Solheim.

Ein del av eit stort prosjekt

Sherpatrappene er ein del av Seljetrappene, som består av både Sherpatrapper og opprusting av den eksisterande stien frå Risnakken til toppen av Tarvaldsegga, ei strekning på over 4 kilometer. Frå før er stien mellom Risnakken og Sandvikseidet rusta opp.

Det er Selje idrettslag som står for både plan, utbygging, kostnadar og drift med Seljetrappene. Sherpatrappene er det Stibyggjaren AS som er entreprenør, og det er altså fire sherpaer frå Nepal som arbeider med trappene.

– Selje IL skal på dugnad etter kvart oppgradere resten av traseen oppover mot Tarvaldseggja.

Blant anna ved å utbetre stien i blaute område. Når alt er ferdig vil

det bli ein turveg på over 4 kilometer, frå Selje sentrum til toppen av Tarvaldseggja på 645 meter over havet, fortel Solheim.

Mange som er interesserte Allereie før trappene er ferdig er interessa for trappene stor, og mange har allereie tatt dei i bruk. Atle Solheim, i Selje IL, har tidlegare fortalt at det er stor interesse for arbeidet, og det er mange som tek turen opp trass i at arbeidet ikkje er ferdig.

– Det er stor interesse og mange som er oppe å ser. Det er mange som har lyst opp å sjå og som tykkjer det er spennande å sjå at det går framover.

Tidlegare ordførar i Stad, Gunnar Silden, er blant dei som følgjer arbeidet tett.

– Eg var å gjekk Seljetrappa for første gang i dag, den vil bli eit yndet utfartsstad når den blir ferdig, uttalte tidlegare Gunnar Silden, til Fjordabladet i slutten av mai.

OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

Innflyttingsklare leilegheiter i Sagaparken Panorama, og nye leiligheiter under bygging i Hotellhagen* *(Innflytningsklare sommar 2025)

Eidsgata 17, 6770 Nordfjordeid Andre Sunde | mobil: 480 09 700 Rune Sunde | mobil: 476 88 800 www.dvergsdalogsunde.no sagaparken.no
FJORDABLADET SOMMAR 2024 37
Ledige leiligheiter Under bygging Klar sommer 2025
FRÅ NEPAL: Fire sherpaer frå Nepal har frå mai til juni jobba med Sherpatrappene.

OSVIKA: Denne finn du på Nordfjordeid. Denne er eit lite stykke med bil eller til fots frå sentrum. Etter at Sagaparken kom, har denne fått mindre folk og her kan du kose deg med god avstand til andre folk. FOTO: FJORDABLADET

ÅRSKOGVIKA: På Lote er det ei flott sandstrand med utsikt til fjord og fjell. Her kan du finne feriefølelsen ved å høyre på bølgene. Ved Årskogvika kan du også campe. FOTO: ANNA WUTTUDAL

SAGAPARKEN: Denne badeplassen finn du midt i sentrum på Nordfjordeid. Dette er kanskje ikkje den største stranda i Stad, men her finn du både benkar, moglegheit for grilling, trampoline, klatrepark og kafear og butikkar er rett i nærleiken. FOTO: OLIN MARIA YRI

GROTLESANDEN: Lokalisert i Grotle i Bremanger. I dette området er det mange strender, men denne er den største og flottaste. Den er rundt 700 meter lang, og du kan finne toalett og dusj her. FOTO: FJORDABLADET

REFVIKSANDEN: Dette er ei vakker strand, og har blitt kåra til ei av dei finaste strendene i landet fleire gongar. Refviksanden finn du i Refvik, like utanfor Måløy. Dette er Nordfjord sitt svar på Syden. FOTO: PRIVAT

38 SOMMAR 2024 FJORDABLADET

SELJESANDEN: Med blått hav og sandstrand er Seljesanden utan tvil ei av dei flottaste badeperlene i Stad. Seljesanden er rundt 500 meter lang og ligg midt i Selje. FOTO: FJORDABLADET

ERVIKSANDEN: Denne ligg i Ervik, og er ei av dei flottaste strendene i Stad med sandstrand. Her kan ein surfe og bade, men ein kan også ta seg ein fjelltur eller besøke den spesielle kyrkjegarden. FOTO: ANNA WUTTUDAL

HODDEVIKSANDEN: I Hoddevik er det også ei flott sandstrand med moglegheiter for bading og surfing. Det er mange fine fotoplassar også, og solnedgangane er ekstra flotte. FOTO: FJORDABLADET

SÆTRASANDEN: Denne ligg også utanfor Måløy, men denne er litt mindre enn Refviksanden. Det er derimot ikkje noko mindre sydenstemning her, men parkeringsmoglegheitene er litt dårlegare. FOTO: FJORDABLADET

Her kan du bade i sommar

I Stad er

det mange

flotte badeperler.

Det er det også elles i Nordfjord. Vi har plukka ut nokre tips til kvar du kan bade i sommar, der alle er omtrent under ein time køyretøy unna.

Sagaparken

Stad: Nordfjordeid

Sagaparken har blitt ein av dei mest populære badeplassane. Her kan ein sole seg, bade, gå tur og leike. Denne badeplassen ligg midt i sentrum, og har nærleik til både butikkar og kafear. Parkeringsplass er det også laga til.

Osvika

Stad: Nordfjordeid

I Osvika er det naturleg sand ute i sjøen. Her finn du eit ganske stort grasområde, som har både sol og skugge. Det er som regel god plass her. Ekstra pluss for utsikt både ut fjorden, men også til sentrum.

Årskogvika

Stad: Lote

Her er det ei flott steinstrand med flott utsikt til fjord og fjell. Her er det fredeleg og fint og gode sjansar for å finne feriefølelsen. Gode parkeringsmoglegheiter og god plass på stranda.

Seljesanden

Stad: Selje

Dette er kanskje den finaste staden å bade i Stad, med ei flott sandstrand. Her er det langgrunt, noko som passar spesielt godt for dei med barn. BUA og Tår kiosk ligg rett ved.

Hoddeviksanden

Stad: Hoddevik

Det er noko kjølig i sjøen, men sandstranda i Hoddevik passar

ekstra godt for surfarar. Ekstra pluss får stranda for dei magiske solnedgangane. Her finn du også Tår-kiosk.

Erviksanden

Stad: Ervik

Her også er det litt kaldt i sjøen, men sandstranda er svært flott. Her kan du også surfe, besøke den spesielle kyrkjegarden og ta deg ein fjelltur. Tår-kiosk er rett ved.

Suffefjæra

Stad: Stårheim

Som på Lote er dette også ei steinstrand. Her er det også varme berg ein kan sole seg frå på sommardagane.

Hornindalsvatnet

Det er mange ulike plassar du kan bade ved Hornindalsvatnet, den djupaste innsjøen i Europa. Vedvikvågen i Vedvika kan vi anbefale litt ekstra.

Refviksanden

Stad: Refvik

Refviksanden har blitt kåra til ei av dei finaste strendene i Norge fleire gongar. Her er det ofte mykje folk, men stranda er lang og har plass. Her er også gode parkering – og campingmoglegheiter.

Sætrasanden

Stad: Halsør

Eit lite paradis. Som Refviksanden er det vakker sandstrand, men denne stranda er mykje mindre enn Refviksanden.

Grotlesanden

Stad: Grotle/Bremanger

I dette området er det fleire små og store strender, men det er den 700 meter lange Grotlesanden som er den største og flottaste. Her er toalett og dusj.

Loen/Olden

I 2020 var det mange som fekk opp auga for Loen og Olden og Instagram fløyt nesten over med bilde av folk som bada i det turkise Lovatnet. Vatnet er kaldt, men omgjevnadane er det noko av det flottaste vi har å by på.

OLIN MARIA YRI olin.yri@fjordabladet.no

FJORDABLADET SOMMAR 2024 39

KJØP BILLETTAR PÅ

BAD BROOKS • HAYDE BLUEGRASS ORCHESTRA • KINSEY ROSE

SIGNE MARIE RUSTAD • HARALD THUNE • THE BOOTS BAND • CAITLIN PALM • BETTY ROOTS ROY LØNHØIDEN • ANNE FAGERMO & DAG ERIK OKSVOLD • RUNE RUDBERG BAND • KRUTTRØYK GET RHYTHM • BRÅTABRANN • ODA TRØEN • WE MET IN JUNE • LONGHORN • LANZ BULLDOGS JENS-PETTER DYRDAL • BARE FJAS OG BLÅGRAS • SIVERT BJØRDAL

Generalsponsor Hovudsponsor GLOPPEN KOMMUNE Støtta av Sponsorar Delsponsorar 10. - 14. juli 2024 ASLEEP AT THE WHEEL JADE EAGLESON • HELLBILLIES THE KODY NORRIS SHOW • JONAS FJELD CHRIS KLÄFFORD • VASSENDGUTANE
• CRASHVILLE
ROTLAUS
REED BREIM NORSKCOUNTRYTREFF.NO facebook.com/norskcountrytreff
40 SOMMAR 2024 FJORDABLADET

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.