![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/afe160317291e27c3ee68e5a51ba0a2c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/afe160317291e27c3ee68e5a51ba0a2c.jpeg)
VINTERAVISA for indre Nordfjord
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/48fecbb952b4ba3b016bad0d5b75c45b.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3443eb832de25f17bd24e23d2ee4c09c.jpeg)
GJESTEGARD: Saunaen er ein liten del av det elles levande gardstunet med hus frå 1700-talet. Vertskapet er Espen Aarnes Søgaard og Helene Maurset. ARKIVFOTO: BERIT MELHEIM
• Aarneset gjestetun:
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c7133435bc3b661d207750f327b716f0.jpeg)
VED OPPSTRYNSVATNET: Aarneset gardstun ligg ved Oppstrynsvatnet og rv 15 i Oppstryn. FOTO: DAG ULVEDAL / VISIT NORDFJORD
Angrar ikkje på glovarm investering
Utebading, også midt på vinteren, har blitt vanlegare siste åra i takt med fleire saunaer ved fjord og vatn. Ved idylliske Oppstrynsvatnet ligg ei av dei.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
Om lag 15 minutt med bil austover riksvegen frå Stryn sentrum, kan ein sjå ein liten rund sauna nede ved vatnet og det er ikkje uvanleg å sjå røyk stige frå den vesle pipa. Saunaen tilhøyrer Aarneset Gardstun; ein gamal gard med bygg frå 1700-talet som ligg idyllisk til ved Oppstrynsvatnet.
Frå 1992 har familien Aarnes drive med turisme og utleige av husa på garden. Espen Aarnes Søgaard og Helene Maurset, som driv gardstunet i dag, såg at badetrenden breidde om seg, heile året. I 2022 gjorde dei difor ei investering dei ikkje har angra på.
• Ingenting
slår sauna kombinert med eit forfriskande kaldt bad i Oppstrynsvatnet
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3afd3b5bfce88c2d936c30eab342d2ab.jpeg)
SAUNA: I 2022 investerte Aarneset gardstun i Oppstryn i ein sauna som ligg like ved Oppstrynsvatnet. Den vedfyrte saunaen vert hyppig brukt av både lokale og turistar, heile året. Bading midt på vinteren, når vatnet held nokre skarve varmegrader, er ikkje noko unntak. FOTO: DAG ULVEDAL / VISIT NORDFJORD
Skituristar og lokale gjestar – Vi kjøpte denne vesle saunaen i 2022 og den har vist seg å bli populær. Den er godt besøkt av både lokale folk og turistar.
Vi har også merka ei auke av skituristar her siste åra, både frå Norge, Europa elles og frå USA. Dei likar å bade, fortel Maurset. Saunaen er vedfyrt, noko ho meiner gjer det ekstra koseleg å sitje der.
– Vi brukar den sjølve når vi har høve til det. Ingenting slår sauna kombinert med eit forfriskande bad i Oppstrynsvatnet, om eg skal seie det sjølv. Det er like fint både vinter og sommar, seier ho.
Stort sett kaldt vatn – Korleis er det med badetemperaturen her på vinteren?
– Oppstrynsvatnet er som regel veldig kaldt. Om vinteren kan det fryse på, men det er som regel berre nokre få varmegrader her. Også på våren når snøsmeltinga i fjellet tek til. Då får Oppstrynsvatnet i tillegg den fine grønfargen som mange likar. Når ein har vore i badstova ei stund er det jo ekstra forfriskande med ein iskald dukkert, konkluderer ho.
VINTERAVISA FOR INDRE NORDFJORD: Framsidefoto: Flott utsikt frå Skarsteinsfjellet. FOTO: BENTE SUNDE Redaktør: Bengt Flaten. Utgåveansvarleg: Roger Oldeide. Ansvarleg utgjevar: Fjordingen, pb 248, 6781 Stryn. Tlf. 57 87 45 00 Trykk: Polaris Trykk Nordvest. Distribusjon: Vinteravisa har eit opplag på ca 20.000 og kjem ut i Nordfjord, Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Hellesylt og Skjåk. Utgjevar står ikkje økonomisk ansvarleg for eventuelle feil i annonsar i avisa utover det annonsa kostar. Avfotografering og anna bruk av stoff, bilete og annonsar er ikkje tillate utan avtale med Fjordingen.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5c67958d77dc1df26a66879197706d66.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41631d2f5b7c9952cecfc4f69e358580.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ff004c19dd029a34318cac86cbe38aca.jpeg)
Arrangementvåren2025
14.-16.mars: FELLESSKAPSHELG v/ EvaOlsvoldSundar
4.-6.april: SONGHELG v/MartaogEdgar Paulsen
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/075bcf07486a5baa646d94c56ed5eb9f.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/8d4a8d502ff94c074350bd83b59f8255.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9f92fa5732f17451bc5bf36b574f59e6.jpeg)
16.-21.april.: PÅSKEMØTE
Tale:OddvarSøvik. Leiingm.m.:LivKalandFjellstad. Song/musikk:MaritUnderhaugog MagnusAarseth
Forinformasjon/påmelding:Tlf.57874990
post@innvikfjordhotell.no • www.innvikfjordhotell.no
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/af4120c08fc7da997af4e7f0033b10ad.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e9f703ab40cd941dc48815626a73258f.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/cf32e7073458897bb1568945b9579d66.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d039d6c23094a6908f1c12edc6a56ea8.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/13061eb26b6f1626bf86100864a8073a.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3357dc0a85320546395b5c91972be1df.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/6e5cf5c3f3dfae5ca0ed923134b2dbc5.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fc05dab534af35b869c96dc08e4f4c87.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c1a8ff0cc974a09f483a860856463fae.jpeg)
•Vinterisoler te hytter/leilegheiter.
•Godplasstilbobil.
•Fantastiskeskiløyper forstore ogsmå.
•Alpint, turoglangrenn.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/28aaaaa5ecb251068b119f82ffc84b81.jpeg)
BOOKING: Tlf. 57871136 •post@stryn- camping.no• ww w.stryn- camping.no
MIDTI STRYN SENTRUM
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fdb18965f8d1f436d38f57d93f841bd3.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3dadcb4b7a63fea824014b03c92baa15.jpeg)
• Byggeklare tomter
• Frå 1400-1900 m2
• Sol heile året
• Veg, vatn, avløp, straum
• Rett ved tur vegar og topp preparer te løyper
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7a0ce83628d172f94fd09855aa4faf76.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d8b93fa39bd1071f1fab8ec67dbdb213.jpeg)
• Eit års gratis medlemskap i Skiturlaget
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fdd47cdde84f4431c763bf10a9af7f7c.jpeg)
Vi er hernårdetrengosssommest,og hjelperdykkå lage eipersonleg, fin og verdiggravferd.Slikdeønskjer.
De kankontakteossheiledøgnet.Vihar teiepliktogkanmøtast tilsamtalepåeitt av våre kontor,ellerheimehosdykk.
90550905(døgnopenvakttelefon) post@hjelmeland.as www.hjelmeland.as
Ullsheim Stryn ved tomtekjøp
Sølvberg Bygg AS • 6783 Stryn • Telefon: 57 87 62 00 firmapost@solvberg.as • FINN -kode 334671511
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/53feb46b6c5646f3c93998c94d8f1dc4.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/aaa34fc08ecaf8010ac4df378664678a.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ece75dcb5391da53999d9df194bcb139.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/8f09cd0ddad662c1d7959822740d752e.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/09c7367969f42d7cb0af797b8e829a7e.jpeg)
RE ALISER HY TTEDR AUMEN I FAG RE STRYN
Ny e to mt er i H yd la h ytte fe lt i Str yn . Ta kon
Hydla Hyttegrend ligg ca 3 km frå Str yn sentrum, langs det vidstrakte turløypenettet nordvestover frå vår næraste nabo Stryn Vinterski mot Ullsheim.
Med utsikt til vakker vestlandsnatur ligg våre tomter plasser t i eit utbyggingsområde på totalt 600 daa Med ei høgd på mellom 320 og 420 meter over havet har du fantastisk utsikt utover f jord og fjell.
Det unike med hytter i Str yn er at det skjer noko heile året. Str yn er ein av dei store turistkommunane på Vestlandet med variert aktivitet året rundt . I sentrum k an ein finne uterestaurantar og unike shoppingmuligheiter, med mellom anna «outlets» frå k jende klemerke
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ce9cfd7a6fb0a088944615bcc5ec2ef1.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b7bbcf58689f675abfabde2bb4f53bc3.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7fee7a43b99e56d41773360cb0c2ae99.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/cb971f0e99f7280093d485e7ae779f01.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/dd2c30a58dc8bea7fc609c8481f0aa35.jpeg)
Vi leverer og våre eigne hyttemodeller i hy ttefeltet i tillegg til at vi er forhandler av Saltdalshytta . Ta kontakt for prospekt . Vi teiknar, prosjekterar og leverar riktig hytte til ditt behov
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4162bac31e908ccb17e8ce9606238ad1.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7e85aa588151aaa138f599442d11523c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b36427eb6126cc84bbd789cfd50bbc9f.jpeg)
meiner Breivik. Børster, voks, strykejarn, sikle (skrape) og bryne kan vere godt å ha for best mogleg resultat.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/de40de7aa94c508d9101c30ab971d2c7.jpeg)
med voks. Når stoffet har tørka 20 minutt seinare, er det berre å skrubbe stoffet av med ei børste.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d6cd3c093e67c98e4493f17c31f6400b.jpeg)
HANDTVERK: Torstein Breivik (54) har preppa fleire tusen par med ski. Frå smørebua ved Stryn Vinterski viser han deg korleis også du kan få god
skia dine, anten det er langrennsski, toppturski, alpinski eller pudderplankar. ALLE FOTO: ROGER OLDEIDE
Prepp-meister i sving: Slik får du
Han har preppa tusenvis av ski. No viser han deg korleis du får god gli.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
– Anten så tør ein ikkje å preppe ski i frykt for å gjere feil, eller så gidd ein ikkje. Men det er
fort gjort å få betre gli, seier Torstein Breivik. Fjordingen gjorde ei lita rundspørjing i Stryn om kven vi kunne kontakte i høve ein artikkel om prepping av ski. Torstein sitt namn gjekk att blant fleire, og det er ein grunn til det. Torstein, opphavleg frå Valdres, har i mange år smurt ski for skiløparane i Nordfjord Team og skikrinsen. Han har også vore med som smørjar under hovudlandsrenn og nor-
gescup i mange år.
– Eg har vel preppa nokre tusen ski, men eg er ikkje smørjar av yrke altså, understrekar Breivik som av yrke er dagleg leiar av Norva 24 Miljøservice i Stryn. På spørsmål om kor viktig det er med god gli, kan 54-åringen svare ganske djupt på det. – Det å oppleve god gli kan vere avgjerande for om du blir glad i å stå på ski, eller ikkje. Er du glad i å stå på ski, så har du
meir å sjå fram til og glede deg over når vinteren kjem, for den kjem uansett, seier han.
– Eg har framleis til gode å høyre nokon seie at dei har angra på å ha tatt seg ein skitur, legg han til.
Betre gli, sjølv med liten innsats – Mange trur dei nesten må vere proffe for å smørje ski, eller at det krev mykje utstyr. Men gjer du desse enkle tinga, så gjer du veldig mykje for skia
dine og opplevinga du får på dei, seier han medan han legg eit par langrennsski med fellar på bordet. Han set ein tape over felleendane, så dei ikkje kjem i kontakt med remediane. Han set så fram ei boks med Beta Mix Red og fiberpapir.
– Bruker du desse to tinga så får du gjort det viktigaste, uansett type ski, seier han og set fast skia i stativet for stabile arbeidsforhold. Så smører han
gli på
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a655f359fa44946f106036908800ff22.jpeg)
PREPP: Svart og blank sole betyr god gli. – Så er det berre å smørje på smurning i festesona og spenne på seg skia, seier han.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0271a2f280583c1a55f023351d29e163.jpeg)
VARMVOKS: skisolen med strykejarnet.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/924a7f701bf99e84d1678df1ce890926.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c6e7eade0cd5f1684842a28cdb535d9f.jpeg)
STRYK: Så smeltar ein voksen inn i solen med i ein roleg, jamn bevegelse over skia, to tre gongar utan å stoppe opp, elles kan ein brenne solen.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/1c96b9a49dc715ce23a3b89088cc1da9.jpeg)
AV MED VOKSEN: begynner å skrape av den overflødige voksen frå tuppen og bakover. Så børstar ein til slutt. Prosessen er den same med langrennsski, toppturski, alpinski etc.
god gli
på skireins for å fjerne restane av voks eller klister og tørkar deretter av skitten med papiret. Så ventar han 20 minutt og skrubbar sålen med børste.
– Sånn, då er desse klare for fem mil til, minst, seier han.
Varmvoks
– Har riper i skia noko å bety?
– Riper betyr svært lite. Det som øydelegg god gli er skitt under skia, understrekar han. Torstein viser også korleis
ein preparerer vanlege smøreski med varmvoks. Det første ein må gjere er å bli kvitt den gamle smurninga med reins. Vidare smeltar han varmvoks jamt utover solen med strykejarnet. Så stryk han sakte voksen inn i skisolen med ein roleg, jamn bevegelse utan å stoppe opp. Ein må passe på så ein ikkje brenn solen.
– Så skal voksen tørke i 20 minutt, seier han og tek fatt på eitt par toppturski enn så lenge.
det oppvarma strykejarnet over eitt par gonger, så drar han ganske enkelt av det meste av smurningen saman med papiret.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4ee95480932df781e5dba0210254d9f6.jpeg)
Først slipar han stålkantane, både på sidene og på undersida. Ein høyrer det godt på lyden der småskadar på stålet vert slipt bort. Bryna skal leggjast mest mogleg i ein rett vinkel, så ein ikkje sløver kantane framfor å slipe dei.
– Bryna skal gli lett og kanten skal bli skarp, seier han og drar bryna lett fram og tilbake.
– Slipar du dei ein gong i året så held du dei bra. Det kan du gjere før du set inn toppturskia
eller alpinskia med glider ved sesongslutt, tlrår han. Når han er ferdig, tørkar han av stålrusket frå skia, reinsar og gjer den same prosessen med å smelte voks utover solen. Når den har tørka 20 minutt seinare, skrapar han bort voksen med ei sikle (skrape).
– Når vi har fått av det meste, så går ein til slutt over med ei børste og børstar av dei siste restane med litt handmakt. Då kjem strukturen i skisolen
fram. Slik, no er skia klare for nye eventyr, seier han.
– Kva slags ski går du sjølv helst på?
– Er det skikkeleg kaldt med 10 kuldegrader, er det ingenting som slår smørjeski. Samstundes kan høgdeforskjellar på turen gi forskjellar på temperatur og fukt i snøen. Med felleski er det sytalaust heile vegen. Sjølv har eg brukt felleski siste 10–12 åra, seier han.
REIN SOLE: Skitt er det som øydelegg for god gli, ikkje riper, fastslår Breivik. Her preppar han underteikna sine toppturski.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9505e2a6afb751039ca3b579a2457781.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0625f51770b8428eb4be7d8e0ad9b6c5.jpeg)
KU LT UR HUSE T
Opningstider i
Symjehallen:
Onsdag kl. 14.00 - 20.00 Torsdag kl. 14.00 - 19.00 Fredag kl. 14.00 - 19.00
Laurdag/ søndag kl. 12.00 - 16.00
Kino:
Velkomen
til ein hyggeleg handel på Grodås!
Butikken f yllast opp med fine vårkle til både dame og herre!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a0b8cb9c17f4c2ed845921e32fb195df.jpeg)
Vi hjelper deg gjerne med å finne det ret te antrek ket!
Hornindal
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ec1b7940c2b403d302266a52407c9161.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b22abffab58bc962d1f500fad76a59c7.jpeg)
Kvar dag heile veka kl. 13.00 i tillegg til vanlege kinotider Info på str ynkulturhus.no
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/8b454b9a2b180a07a3492fa351b84a6c.jpeg)
Helsing Anne Britt og May-Helen strynkulturhus.no - Tlf. 9 09 70 853
Tonningsgt.23, 6783 Stryn Tlf: 57 87 10 16 E-post:str ynbok@gmail.com
Bokhandeliover100 år!1920-2025
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/84155f75cd90555c3047a7862b57cd89.jpeg)
Følg oss på
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/bc4b7dee8067965e5f8ff809b5a5d502.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/8fb9e4ef6b79e855c89aaf190bb4df99.jpeg)
StrynBok handelAS, RingoStr yn
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a8a8a4bca4ba7427c77cf8e260f275db.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5592e3c67f2dc3e9c93e431184f413ac.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3e2a17a50253b1789e683ad95f457cc0.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/35ff877892756afc3f258843b4091532.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/efd93f36bbffbfc677b0166c706d12fd.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a6cb9bd5d47bfcd4d09b377da837d7a7.jpeg)
DRØV Serien til geit
Kraftfôr frå Ottadalen Mølle
• Norgesfôr bruker varmestabil Levucell®
Levande Gjær i DRØV- blandingar.
• Norgesfôr bruker organisk selen og evitamin i IDEAL svinefôr - blandingar.
Kontakt for tilbud og bestilling:
Kontakt for tilbud og bestilling:
Ottadalen Mølle, Lom: Tlf: 61 21 18 20
Ottadalen Mølle, Lom: Tlf: 61 21 18 20
Tenden AS: Tlf: 57 87 69 10
Tenden Transport: Tlf: 57 07 69 11
Salg, Vestlandet: Tlf: 94 79 15 79
Salg, Vestlandet:
GRATIS utkjør ing av småsekk og storsekk fra våre lager i Stryn, Hafslo og Ørsta!
GRATIS utkjøring av småsekk og storsekk frå våre lager i Stryn, Sogndal og Ørsta!
Besøk vår heimeside www.norgesfor.no/ottadalen
Besøk vår heimeside www.norgesfor/ottadalen.no
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/57eb469d55bd52a23ae4ab65fbd61ab8.jpeg)
Følg oss på facebook for tilbud og nyheiter!
DDDDRØV Serien til melkekyr og storfeoppdrettR
IDEAL Serien til purke, smågris og slaktegris
DRØV Serien til sau og lam
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c65924d57e9ed947f9c57758935fa4a9.jpeg)
INNBYDANDE: Langrennsløypene i slutten av januar. Eit lite snøfall var kjærkome etter fleire dagar med mildvêr. FOTO: HILDE LOTSBERG
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/90debca568c87aa7b39cbc003f48cf75.jpeg)
HOLSÆTRA: Her er ein på det høgste punktet i turløypene, slik dei ligg første del av vinteren. FOTO: ROY ARON
• Sikrar skiforhold nesten uansett vêr:
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/81885fe515065902fb13e8c2d76aae90.jpeg)
VINTERDRAUMELAND:
Løypekunstnar Hatledal
Store deler av vinteren så langt har det ikkje vore meir snø enn kva som trengst, for å lage skiløyper i indre Nordfjord. Men så er det heller ikkje mykje som skal til for at Arvid Hatledal kan varte opp med førsteklasses løyper.
ROY ARON B. MYKLEBUST roy@fjordingen.no
Trass mildvêret som drog av garde med mesteparten av snøen som kom på nyåret, har Arvid Hatledal klart å halde løyper på Ullsheim og i fjellet over til Stryn Vinterski. Eit løypenett på vel 25 km.
– For dei som kjem seg i høgda er det kjempefint. Også frå Ullsheim er det fint, og der er gode parkeringstilhøve, seier Hatledal i Turløyper Stryn. Etter ei tid med mykje regn og høge temperaturar, kan han ved inngangen til februar likevel slå fast at løypene er intakte. Eit lite snødryss i slutten av januar bidrog til det. For skøyting er det fine forhold både i låglandet og høgda, medan det nokre stader lengst nede er for
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c7f3057ffca862384fe75975ba7a9cca.jpeg)
MIL ETTER MIL: Arvid Hatledal har mange år og mil bak seg i trakkemaskina. Noko som syner att i løypene og kjem skiglade i Markane og Stryn til gode. Bildet er teke ved Ullsheim i 2021.
lite snø til å legge klassisk spor. – Viss vêret held seg no vert det bra, men det er marginalt, innrømmer den røynde løypekøyraren.
«Reservesnø»
I tillegg til eit dagleg fokus på løypene i Markane og Stryn, har han eit norgescuprenn i skiskyting i midten av februar
som kvernar i bakhovudet. Då må konkurranseløypene rundt Ullsheim vere tipp-topp. Heldigvis har han samla seg nokre dungar med natursnø
Ullsheim - ein arena for leik, mosjon og konkurranse
Ullsheim er rekna for å vere ein av dei flottaste skiarenaene i Vestland. Her inviterer førsteklasses skiløyper til både konkurranse, leik og mosjon.
På Ullsheim har det blitt delt ut alt frå klubb- til verdsmeisterskap-medaljar. Men først og fremst er anlegget ein tumleplass for dei skiglade i området. Anlegget er stadig i utvikling og blir rekna som eit av dei fremste i fylket for både langrenn og skiskyting.
Ullsheim har vore NM-arena for senior og junior i både skiskyting og nordiske greiner.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7ad16202b8a39692770ee65d6dd90442.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/624f112a60a785a5431710c2d4b5bf46.jpeg)
på parkeringsplassen, og i tillegg har han litt kunstsnø på lur frå då det var nokre kalde dagar litt tidlegare i vinter. Dette har kome til nytte fleire stader i løypa dei siste vekene. – Vi kan tole ein del mildvêr, men det ser ut som det blir litt kaldare framover, og det vil vere fordel, seier Hatledal, som ikkje har tru på det store påfyllet av snø før ut i marsapril.
Panoramaløypa
Det betyr at ein også mest truleg må vente ei stund, før løypenettet kan utvidast med dei populære traseane til Grendasætra og til Veten og Hogden. Veten er nok nærast å bli opna. – Eg køyrde løype til Veten då det var kaldt, og den kan opnast ved litt meir stabilt vêr og litt meir snø. Blir det solrikt ei helg, vil eg vurdere det. – Men nordover til Hogden må ein ha mykje meir snø, legg Hatledal til.
I Panoramaløypa til Grendasætra var det i starten av februar framleis for lite snø i det skråande terrenget bak Holsætra, men denne blir prioritert så snart snøen er på plass.
Også junior-VM vart arrangert her i 2004. Denne vinteren er det norgescup i skiskyting som står for tur.
I tillegg til fleire kilometer med lysløype er ein påkopla løypenettet vidare over Tverrfjellet og til Stryn Vinterski. Mellom dei to anlegga er det 7–10 kilometer, litt avhengig av kva trasé ein vel. Ved stadion ligg også eit lite skileikområde, og her finn ein dessutan gapahuk og årestove. Eit flott utgangspunkt for aktivitet kombinert med bålkos for småbornsfamiliar. Alt til fri bruk for besøkjande. Toalettfasilitetar og garderobe er ope dagleg, likeins smørjebod i hovudbygget.
B. MYKLEBUST
Slik låg turløypene på Tverrfjellet i Stryn i starten av januar. No er det noko mindre snø, men framleis fine forhold. FOTO: HILDE LOTSBERG
BESTPRISPÅ BILVRAK!
Vi betalerinntilkr. 50 00,forbilvrak vedleveringhososs.
Ta kontak tfor pris på dinbil!
Kvelds- og helgeope et teravtale
Hentar bilvraki heileNordfjord
ogsøre Sunnmøre
HENRIKROSENLID
57871632
Off. godkjentbiloppsamlingsplass medlem av NorgesBiloppsamlers Forening. www.rosenli d.no
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0cafd744837970326fd6d70d49d70cf9.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d2baa1abec1fd59bafdd43ec401b7de6.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/db40a7e9a75dca606b82abc0ba8e4aef.jpeg)
Nokre av våre leverandørar:
• Milwaukee, Bosch, Makita
• Jøtul, Nordpeis, Dovre
• Jotun, Butinox, Storey`s
• Modena fliser
• Langlo, Elfa
• Pergo, Kronotex, Boen, Kahrs
• Beslag design
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/25a0633417991aa96ffff7255e14b00e.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ad560b12a1bae3fb08114e4af422bd16.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ac20fb418e8c69e342a0564413175cc7.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5592e3c67f2dc3e9c93e431184f413ac.jpeg)
Stryn: Stryn Vinterski
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41631d2f5b7c9952cecfc4f69e358580.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ff004c19dd029a34318cac86cbe38aca.jpeg)
Kort fortalt:
• Stryn Vinterski ligg på Bøanedsetra, ca. 325 m.o.h.
Skitrekk:
Kongleriketrekk, tautrekk for dei minste, 60 m. Juniorheis, 300 m koppetrekk
Hovudtrekk, ca. 1.200 m med flaumlys. Alternative nedfartar er Nakkjen og Rundløypa forbi Bøasætra.
Steindalsheisen, ca. 1.400 m, ca. 1.000 m.o.h. på toppen.
• Skiutleige
• Varmestove med open kafe og pub i helgane
• Ope vinterferien og påskeferien.
• Kveldskøyring onsdag-fredag.
• Arrangement: Stryn Vinterski rundt
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c056e2d1d4fbc6788271238601001e87.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41631d2f5b7c9952cecfc4f69e358580.jpeg)
FÅR NYTT LYS: Lyspunkta i heile hovudtraseen (til høgre) vert no erstatta av heilt nye LED-lys. FOTO: STRYN VINTERSKI
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0d72ebbe0c1ebe970bc0bcf330c3ce96.jpeg)
SNØPRODUKSJON X 4: Snøproduksjonsanlegget ved juniorheisen er forlenga frå 200 meter opp til 800 meter.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3ce5a41789c2945230b6cd84cddf474b.jpeg)
Satsar på fleire uhøgtidlege skirenn
Det uhøgtidlege skirennet «Stryn Vinterski Rundt» skal etter planen arrangerast for fjerde gong i år. Skirennet, som har ei singelklasse og ei familieklasse, går ut på at deltakarane ganske enkelt skal ta alle tre heisane opp, før ein skal kome seg raskast ned att til utgangspunktet utanfor varmestova.
– Dette har blitt eit ganske populært skiløp mellom vinterferien og påska. Har vi forhold til det arrangerer vi løpet, men dato er enno ikkje sett. Det same gjeld Sparebank 1 SMN sitt barneskirenn her, opplyser dagleg leiar Audun Solheim.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d85d9e707ee8078c5b7aa67a471395cc.jpeg)
FREISTAR DET?: Den 1.400 meter lange Steindalsheisen tek deg opp til 1.000 høgdemeter. Skisenteret krysser fingrane for at det skal vere snø og skiføre her heilt til påske som i år er så seint som i veke 16. Natakupa (Kragefjellet) lokkar i horisonten bak.
FOTO: STRYN VINTERSKI
Førebudd til lang sesong
Mykje nytt å melde for Stryn Vinterski som har fått ny leiar.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
Skisenteret i Stryn er førebudd til ny sesong med ei særs sein påske. I år kan det difor bli ekstra viktig med kunstsnø. Skisenteret har difor investert ein million kroner i utbygging av snøproduksjonsanlegget før årets sesong.
– Vi har forlenga snøproduksjonsanlegget med 600 meter frå enden av juniorheisen til der rundløypa kryssar Setrevegen. Vi har erfart at snøgrensa ligg ekstra lenge der, seier driftssjef
ved Stryn Vinterski, Rolf Olav Flo.
Av Vestland idrettskrets fekk Stryn Vinterski nyleg 182.813 kroner til å løfte anlegget, og pengane går til å skifte ut lyspunkta med LEDlys i heile hovudtraseen.
– Dette kjem gjestane våre til å merke godt, og vi kjem til å merke det på straumrekningane, seier Audun Solheim som er ny dagleg leiar ved Stryn Vinterski.
44-åringen som opphavleg er frå Otta, er i første omgang tilsett i ei prosjektstilling til over påske.
– Eg håpar å kunne bidra til meir aktivitet på skisenteret og vil ha eit spesielt fokus på å få opp besøkstala, spesielt frå barnefamiliar. No er det berre å håpe på så mykje snø at den held seg heilt til påska, seier han.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/1715765f809fc261863082b9e3a77ca2.jpeg)
NY LEIAR: – Skiutleigen er spekka med heilt nytt utstyr for sesongen med både ski og støvlar, opplyser Audun Solheim som er leiar av Stryn Vinterski denne sesongen.
ARKIVFOTO: ROGER OLDEIDE
Grendadalen: Hornindal Skisenter
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41631d2f5b7c9952cecfc4f69e358580.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ff004c19dd029a34318cac86cbe38aca.jpeg)
Kort fortalt:
• Grendadalen, 390 -750 m.o.h.
• Skitrekk: T-trekk 1.500 m. To nedfarter på ca. 1.650 m. Eine flombelyst. (Lengste flombelyste nedfart i Nordfjord/Sunnmøre)
• Kveldskøyring onsdag og torsdag
• Ope kvar dag veke 8 (vinterferien) og i påskeferien
• Skiutleige, varmestove og kafeteria. Grillhytte til fri bruk
• Snøproduksjonsanlegg
• Lysløype 3 km
• Turløyper rundt Grendadalen og til Hornindalssætra
• Finevérsløype til Høgenibba
• Langrenn/skiskyttararena
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7647ba97dcb1a5d20bc43efef71e2228.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41631d2f5b7c9952cecfc4f69e358580.jpeg)
LANGRENN: Området rundt Grendadalen er flott for den som ønskjer å gå langrenn. Her frå Storesætra.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4fcade2908d2f8ca566b8d241a0e68ad.jpeg)
SKITREKKET: Det er to nedfartar i skitrekket på ca. 1.650 meter.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3ce5a41789c2945230b6cd84cddf474b.jpeg)
Har utbetra heistraseen
Hornindal Skisenter avslutta i oktober i fjor eit omfattande arbeid med å forbetre heistraseen i hovudtrekket.
Om lag 350 meter av heistraseen mellom mast sju og ni, der høgdeforskjellen er 110 meter, er utbetra. Dette området har tidlegare vore ein bratt og ikkje minst krevjande del av anlegget, noko som kravde dosing av betydelege mengder snø for å kunne skape ein jamn og fin heistrase.
– Dette gjorde og at vi ikkje kunne opne anlegget til topps før vi hadde store snømengder på plass, seier styreleiar ved Hornindal Skisenter, Arve Hovdenakk.
Det er retta ut kuler og terrenget er jamna ut. I tillegg er det plastra på sidene av heistraseen slik at det ikkje skal vere kvasse kantar. Det meste er gjort med masse frå staden.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a31f0a8a1082c005e7358ca8876b1ac0.jpeg)
HORNINDAL SKISENTER: Hornindal Skisenter ligg idyllisk til i Grendadalen. Snøproduksjonsanlegget er med på å gje ein god og lang sesong. Ein solid dugnadsinnsats blir lagt ned ved skisenteret. ALLE FOTO: HORNINDAL SKISENTER
Mykje kunstsnø i bakhand
I midten av november vart snøkanonane ved Hornindal Skisenter tekne i bruk. Det har kome godt med.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
Driftsleiar Amund Sverre Tomasgard er glad for at snøproduksjonen frå dei fem snøkanonane kunne starte i november. Mildvêr i slutten av desember og i delar av januar gav lite naturleg påfyll av snø.
– Vi har fått produsert om lag 8.000 kubikk med kunstsnø, noko som betyr at vi har
gode forhold frå mast 7 og ned og dessutan i Sparebank 1 Rekrutten.
Skisenteret håpar sjølvsagt på meir snø, då kan det fort bli dagar som 4. januar då trekket var ope heilt til topps og heile 900 personar besøkte anlegget i Grendadalen.
– No vert det også jobba med å produsere snø til snøparken, der det er rails og diverse hopp, seier Tomasgard. Kor langt skisenteret kan strekke sesongen er uvisst.
– Det er jo sein påske i år, men vi håpar sjølvsagt på bra med snø så vi får med oss påska. Vi håpar på ein så lang sesong som mogeleg.
Pr. 1. februar er det også preparert seks km med langrennsløyper.
– Får vi ein halv meter snø så opnar vi raskt meir både av løypenettet og alpinanlegget, seier Tomasgard.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/13ef2a3fc0fff7c89249dd7c93f98c0e.jpeg)
UTBETRA HEISTRASE: Om lag 350 meter av heistraseen er utbetra. Terrenget er retta ut der det tidlegare var veldig bratt og krevjande.
Utvikfjellet:
Breimsbygda skisenter
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41631d2f5b7c9952cecfc4f69e358580.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ff004c19dd029a34318cac86cbe38aca.jpeg)
Kort fortalt:
• Skitrekk: 50 meter, 250 meter og 1.000 meter
• Kveldskøyring tysdagar og torsdagar
• Ope i vinterferien (veke 8) og påskeferien
• Varmestove og kafeteria
• Lysløype 2,8 kilometer
• Turløyper til Støyvastøylen (3,4 km), Fløtravarden (7,2 km)
Snøfjellet (13 km)
Svartebotnen (13 km)
Rypeskaret (24 km)
• Arrangement:
• 17.04: Even Hole Cup, slalåm
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41631d2f5b7c9952cecfc4f69e358580.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/612238205f1ce4fd791750d1a8902176.jpeg)
GOD TUR: Langrennsløypene på Utvikfjellet inviterer til gode opplevingar. FOTO: BREIMSBYGDA SKISENTER
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c36cbced8ca30d530b9f1ebaec6889b5.jpeg)
POPULÆRT: Stor trafikk ved Breimsbygda Skisenter kvar gong anlegget er ope. FOTO: ROGER OLDEIDE
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3ce5a41789c2945230b6cd84cddf474b.jpeg)
Tre skitrekk og flotte forhold for langrenn
Breimsbygda Skisenter ligg på Utvikfjellet, 630 meter over havet, i Gloppen kommune. Anlegget har stor breidde med tre skitrekk i alpinanlegget, og med fleire nedfarter og flomlys. Den lengste nedfarten har ei lengde på 960 meter, med eit fall på 250 meter.
Dei to minste skitrekka er spesielt tilrettelagt for barn og nybyrjarar. Ved barneskitrekket vert det preparert for skileik. Skisenteret tilbyr utleige av alpinski, snowboard og anna utstyr som høyrer til. Utvikfjellet er og ideelt for langrenn med eiga lysløype og ei rekkje turløyper både mot vest og aust. Løypene mot vest er mest brukt på grunn av støylane i området og det lette terrenget.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d23f980e3e206a143a1e454092b66576.jpeg)
INNBYDANDE: Breimsbygda Skisenter slik det ser ut når anlegget er ferdig preparert og klart for små og store gjester. FOTO: BREIMSBYGDA SKISENTER.
Familievenleg skisenter
Breimsbygda
Skisenter på Utvikfjellet hadde ein flott sesong i 2023/24. No ventar dei på snøen for å kome skikkeleg igang.
BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no
Det familievenlege skisenteret som trekkjer til seg gjester frå begge sider av Utvikfjellet kom såvidt igang med sesongen før jul, med dei to minste trekka i drift. Men så kom regn og mildver og sette ein førebels stoppar
for vidare aktivitet.
– Men vi er optimistar og satsar på ein fin sesong også i år. Det er slett ikkje uvanleg at skisesongen på Utvikfjellet startar seint. Historisk kjem vi ofte til slutten av januar eller starten på februar før vi kjem igang, seier driftsleiar Runar Kleppe.
– Kva er spesielt med Breimsbygda Skisenter?
– Vi er eit familieanlegg med snille nedfarter og godt terreng for frikøyring. Så har vi eit nett av langrennsløyper i fantastisk natur. Det er berre å ta turen og nyte når snøen er på plass, seier Kleppe.
Som legg til at påska alltid er høgtid, i dobbel forstand. Med påskegudsteneste og Even Hole cup i skianlegget som gode tradisjonar.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fa842a32cd983388dd52f8efcff2a320.jpeg)
POPULÆRT RENN: Her frå Even Hole Cup skjærtorsdag. FOTO: PER ASBJØRN FELDE
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ed7d7887859cd1333f8d1992f3a417f9.jpeg)
VE R KS TA DE N
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d8153c0b57607ad1a42b2a19df7ebcf7.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5b002198df779378dd0237916a586ded.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fac66e472127b613b5998e23446d4c41.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ae646f9d8f293866d8f4f73cda01e4ef.jpeg)
NOKOAVDETVITILBYRAVSERVICEOGREPERASJON:
FELLEBYTTE •SLIPING AV SKI•PREPPING•TILPASSING /BLOKKINGAVRANDO/ALPINSKO
STØYPING AV SOLE •DEMPERSERVICE •LUFTING AV BREMSER
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ddd5b6e368fed09875a95fbb78405a31.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/118786c20a8beee9ba051ee562fae40c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7d288695cffcebb70b82828bab5327c6.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7b28cfcfafe1a0337bcdbe845b0aa515.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a4bbee3c30126e5d42cf5993bcea0070.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ec24535ced1814f890e57a4cc2a72656.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/18823956459467e9942ba03ea0f1732e.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/15531f6a62335a3349ba5b5204cff8ad.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/60d3fc5132dcd4d2f7c22aa93b814674.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b8fcaf34ac7e907de784aa0c82977865.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/07dca467700a238650fbae0f772e42e9.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/aa3ab3bbc1d6cf3d618a4f61c6d9e3b3.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4486d0511b245bbc39b3bdfb9aa99d47.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d5e356442ee1789b06cbb4abd7892dc9.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/93525c3af4cb742701b59a88e463b767.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e97ab496a4e59f9cc5ec3ad55284f442.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/df56e445226f96aa3f7acebebca85391.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/2bab5619f269da8a80509ba8f76648d7.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/f456c1195082a65533ad6d2ccd49a99b.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9e6dfe7d01a12a03691fd44762cec694.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/223323ed4ab0afbf66b693855d175a0c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/108be36251873c2906c4f6dd0f543266.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/08c5afa9a1fe02e35f5be34444e04b56.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ed144b50f80d958dce8c025ad5d16473.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/24c624809800e9d1cd53c98a7c1ab5e5.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4d3f31a4b732461ccdc742cf196d8847.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d61123dd7104260a82faf9b76a799249.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b340c8b7a1b00fefc98c9cf7d26d4348.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/70610aa175c3ce6d88e75156b580d009.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/bfd4c3c75a4b13392784963ef62ae60a.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c65981ee32bc582c53aba9e9845367fc.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0be5321008084a44bd2559bf11d5cbbf.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/1f2af9d8d5d48178e68dcfae43822c68.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a822b524e6f2ee6d0532312f16752d8c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/43b11a3554a794eced5c8633c2b9539e.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/305a6476664da9ba75f81b37e35d2973.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/2fbec7520dba1579bde44373fa9289e5.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/396eb6d204c1c21e76c5b22a4bf25398.jpeg)
I AUGEFALLANDE: Storskrefjellet i Oppstryn er eit imponerande syn om ein kjem køyrande på rv15 frå aust. FOTO: ARNT FLATMO
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/bf4330cd2f2dae14bd5c17b95c641e2b.jpeg)
I RJUPEDALEN: Her har turfølget kome seg opp frå skogen og opp i ope lende i Rjupedalen. FOTO: FRANK JAKOB SANDBAKK
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d345ad3d5ec2743f935c02f3910b51fa.jpeg)
STORSLÅTT: Ein smilande Are Njøten oppe på ryggen mot Storskredfjellet. Her ser ein m.a. Kyrkjenibba kneise i midten bak. FOTO: FRANK JAKOB SANDBAKK
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b1678eb891a3b36efbc5d3e296560e52.jpeg)
STORSKREDFJELLET: Folk på toppen av platået på Storskredfjellet, 1.814 meter over havet. Bak i midten av biletet kneisar Lodalskåpa. Denne artikkelen omtalar den drygt 10 kilometer lange toppturen (tur-retur) til Storskredfjellet frå Meland ved Oppstrynsvatnet. FOTO: ARNT FLATMO
Til topps på kolossen
Turen opp Storskredfjellet i Oppstryn er lang, men utsikta er mektig.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
– Storskredfjellet er kanskje det fjellet som er mest iaugefallande når ein kjem køyrande austfrå på veg ned frå Strynefjellet. Med sine 1.815 høgdemeter ruvar den frittståande toppen godt over Oppstrynsvatnet, seier Frank Jakob Sandbakk.
Den lokale toppturentusiasten meiner turen til Storskredfjellet frå Meland først og fremst er ein flott vårskitur, då store delar av turen går i skugge tidleg på vinteren. – Ein unngår stort sett skredterreng på denne turen, men toppegga består av grov ur og treng ein del snø for å dekkast. Kartet må sjekkast på førehand og navigasjonsutstyr er
naudsynt i tilfelle ein skulle bli overraska av skodde eller redusert sikt på toppegga. Eg vil ikkje anbefale turen ved dårleg sikt eller ved skredfare, seier han. Sandbakk skildrar den drygt 10 kilometer lange skituren (tur-retur) med utgangspunkt frå Strynsvatn Camping på Meland, om lag 12 km aust for Stryn sentrum.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e15fd756c2cf44ec9557c87b48bf4551.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d00dfb543704d059e2fb73b5e1650855.jpeg)
TRYGG TUR? Turen, som tek 4–6 timar opp og ned, går stort sett i terreng under 30 grader bratt, men i den siste kneika før toppen der framme er det 35–40 grader bratt. FOTO: FRANK JAKOB SANDBAKK
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4c0a9fcebd63357e2655b399079e37af.jpeg)
BRATT: Dei siste 30–40 høgdemeterane før toppen kan det vere behov for isøks og stegjarn. Skia set ein gjerne att før dette partiet. FOTO: FRANK JAKOB SANDBAKK
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/6f09c1e20b08087db72fb82d913a9a28.jpeg)
ved Oppstrynsvatnet
– Etter avtale med grunneigar kan ein køyre opp gjennom campingplassen og parkere på lunneplass ovanfor hyttene. Seint på våren er det mogleg å køyre vidare opp skogsvegen om du har firehjulstrekk med god bakkeklaring og løyve frå grunneigar, påpeikar han. Vidare følgjer ein vegen til denne flatar ut mot vest og opnar seg mot
Rjupedalen. Ein følger ein merka sti til ein kjem til ei hytte. Herfrå må ein manøvrere seg opp gjennom open bjørkeskog og ravinar til ein kjem inn i Rjupedalen. Herifrå er vegvalet openbert. Ein følgjer ganske enkelt den breie ryggen opp mot Melandsfjellet og vidare opp mot Storskredfjellet. – På dei siste 30–40 høgdemete-
rane mot toppen bratnar det til, og dei fleste set frå seg skia her. Å ta seg heilt til topps kan krevje isøks og stegjarn då her er utglidningsfare. Her må ein vere forsiktig og merksam på store skavlar og stup mot nord og nordaust på toppegga, seier han. På toppen er det storslått utsyn i alle himmelretningar.
– Toppen er eit stort og flatt platå med nydeleg utsikt mot Skåla, Lodalskåpa og Jostedalsbreen. Ein får nydeleg nedkøyring same veg som ein kom opp. Alternativt kan ein halde fram vidare vestover langs den såkalla «Strynetraversen» heilt til Hoven og Årheimsfjellet, men spesielt om vinteren krev dette erfaring i ferdsel i alpint terreng, fortel han.
MOT TOPPEN: Når ein først har kome seg på toppen er det flatt. FOTO: FRANK JAKOB SANDBAKK
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0e7a4eb77ae2edc3788a1a2a890f28f7.jpeg)
POPULÆRT: Turløypa vestover til Nosakleiva er mykje brukt. Bildet er frå i fjor.
FOTO: ANDERS MAGNE BERGSET
• Nordfjord fritidssenter:
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/1338303b1cd6c2f83ab0b74ea97e3bc7.jpeg)
NORDFJORD FRITIDSSENTER: Anlegget ligg på kring
500 m.o.h. Her er skiløyper, hoppanlegg og varmestove. Også eit lite tautrekk er ope i helgar.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/015ca945ad057ee30b55c0e2a6a85262.jpeg)
TRIKKESKINNER: Ragnvald Bergset har drive langrenn så lenge, at han veit korleis det er å måtte trakke eigne spor. No kan han nyte «trikkeskinner».
Har «leikeplassen» to minutt unna
Ragnvald Bergset er næraste nabo til Nordfjord Fritidssenter, og storbrukar av skiløypene. Er det innbydande forhold på dagtid, byter han gjerne ut gardsarbeidet med ein lang skitur.
ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no
– Eg set veldig stor pris på at her er oppkøyrt, og går så ofte eg har høve. Og eg bur nærme unna; eit par minutt i bil så er eg her, seier Bergset, klar for ein ny tur til Nosakleiva.
Og gardbrukaren på Fjelli nyttar gjerne dagslyset, i alle fall på godvêrdagar.
– Når det er finevêr og sol, då hiv ein frå seg alt, ler han.
Med lite snø i fjellet i starten av februar, er det førebels berre lysløypa og turløypa vestover til Nosakleiva som er trakka. Aller kjekkast tykkjer Bergset det er, når «Femstøylsløypa» kan nyttast.
– Favoritten er når dei har
køyrt heile støylsløypa, og eg får gå runden ut på Kleiva og inn att Launa og forbi støylane - heilt til Rosetstøylen. Å gå den vegen likar eg best.
Lysløype-jubileum
Bergset kan fortelje at det er jubileum for lysløypa ved fritidssenteret. I januar var det 30 år sidan den vart opna. Eit stort framsteg for idrettslaget Veten. – I 1995 hadde vi fått bygd huset her, og då fekk vi eit meir samla stadionområde. Med fasilitetar som dusj og toalett. Og så er det mykje meir snøsikkert enn for den gamle lysløypa - og finare trasé.
– Er dei ei stor takk skuldig
Bergset har drive med langrenn heile livet. I ungdomen og som ung vaksen deltok han flittig på skirenn rundt om i fylket, og gjennom åras løp har han også gått «Birken» fleire gongar. Han har vore i «gamet» frå då dei måtte gå opp spora sjølve, via snøskuter og sporkjelke til dagens topp moderne trakkemaskiner. Han meiner det er spesielt ein familie, med etter-
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5a957c64dccca47b8c3c6d50c61ccca3.jpeg)
TRIVST HER: Ragnvald Bergset er ein flittig brukar av skiløypene ved Nordfjord fritidssenter. Her ved Sølvbergsstøylen. I bakgrunnen ser ein Bergsetnakken, eit fjell han gjerne besøkjer med rando-ski.
namn Sølvberg, som fortener mykje ros.
– Bodvar Sølvberg, som kjøpte maskin i første omgang, og sønene Arvid og Olav og barnebarnet Anders Magne. Og no i seinare år Kjetil Sølvberg og
Tord Sølvberg. Det har sikkert vore fleire tusen timar med skruing og preparering, og det aller meste på dugnad, så det er imponerande. Så vi er dei ei stor takk skuldig for at vi har fått til dette.
Holmøyskarrennet - det siste turrennet i Nordfjord
Medan andre tradisjonsrike turrenn avviklar, er Holmøyskarrennet «still going strong».
ROY ARON MYKLEBUST roy.aron.myklebust@fjordingen.no
Med unntak av korona-åra er Holmøyskarrennet like sikkert som Palmesøndag. Rennet som vart skipa i 1967 vert i år arrangert for 56. gong. Det er idrettslaga Veten og Hardbagg som er arrangør, og sidan 2013 har både start og innkomst vore ved Nordfjord Fritidssenter.
Løypa
Etter å ha prøvd seg fram med litt ulike løypevariantar dei siste åra, vart ein delvis ny trasé
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/8c1afcd1f0f24741990e8ecd653c2b51.jpeg)
RAUFJELL: Palmesøndag 2024 baud på strålande forhold i den ca 30 km lange løypa. Her ved saftstasjonen på Raufjell, etter ca. ei mil av løypa. FOTO: DAG ULVEDAL
prøvd ut med stort hell i 2023. Den er om lag 30 km. Første mila stig det jamt oppover, forbi Rosetstøylen og vidare til
Smørdalen, deretter ein sving sørover før ein går mot Raufjell og første saftstasjon. Heile vegen med strålande utsikt over
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/425d145e08ad906fd39f09003faf9f25.jpeg)
fjord og fjell. Etter Raufjell svingar løypa seg oppover mot Høgfjell og vidare vestover til Holmøyskaret.
– Du sender nokre varme tankar når du går i løypa? – Ja, det er heilt sikkert. Det har eg gjort mange gongar, seier Bergset, som røper at årets treningsmål er å gå Holmøyskarrennet på tid.
Etter turen gjennom Klebergsdalen ventar den andre saftstasjonen i Slettene, før klatringa opp til Nosakleiva. Frå her er det om lag sju kilometer med småkupert terreng til mål.
500 deltakarar
På Nosakleiva blir det også i år eit fotopunkt der ein kan vinne premiar. Mest truleg blir det eitt eller to punkt til også. Ein vel sjølv om ein vil starte på føremiddagen og gjennomføre turen i roleg tempo, eller stille med startnummer litt seinare på dag. Vêret har spelt på lag under rennet både i fjor og for to år sidan, og oppslutnaden har vore svært god med kring 500 deltakarar, der knapt 50 av desse i konkurranseklasse.
KLEIVA: Løypa passerer Nosakleiva, eit populært fotopunkt. FOTO: DAG ULVEDAL
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a433f0a5ed7e7f358d31efc5965d0191.jpeg)
velkomen t il
Tindegrenda Stryn
Tindegrenda Stryn ligg rett ved Stryn Vinterskisenter, og med sine sørvendte, solrike tomter rett ved skiheisen og fantastisk utsikt ligg alt til rette for store og små opplevingar, både sommar og vinter!
For visning eller meir informasjon, ta kontakt med hyttekonsulent Tore Lunde på tlf. 951 45 701 eller e-post tore.lunde@tindehytter.no
tindegrendastryn.no
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b8a7ad5c4fb12f961d941a662f3e122e.jpeg)
PÅ HØGFJELLET: Skitrekket på Grotli er ganske så snøsikkert. Her er det som ofte snø til ut i mai. Skiheisane opnar til vinterferien i veke 8. ARKIVFOTO: ROGER OLDEIDE
Startskotet på Grotli går til vinterferien
På Grotli er dei ikkje bekymra for at snøen forsvinn før påske.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
– Her er alltid snø i påska. Viss ikkje må det vel vere første gong, seier Stein A. Bergheim i Grotli Skiheiser. Skiheisane her opnar som vanleg for publikum til vinterferien i veke 8. Ved inngangen til februar er det bra med snø på Grotli i Skjåk.
– Det er vinterleg her, men vi tek gjerne i mot meir snø. Spesielt på toppane, opplyser Bergheim.
Grotli Høyfjellshotell opnar ikkje før i mars, men Kroa held ope i vinterferien.
Grotli skiheiser er eit familievenleg skisenter på høgfjellet, 870 moh. Her er barneskitrekk på 220 m. og hovudtrekk med T-heis på 1.350 m. I tillegg er her 20 km med løypenett for langrenn.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0b4cdcf764df712180a17a34c25e6f87.jpeg)
FAMILIEVENLEG: Barnetrekket er 220 meter langt og ein god plass for å trene seg på ski.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/556bf4d1fc0f597c30ebc5e423dd08a2.jpeg)
HØGT:Skiheisa tek deg høgt til fjells og gir deg lang og fin nedkøyring.
ARKIVFOTO: TOM ERIK SOLSTAD
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/afb3fcd69fd8c4aa00cd92c6eb96cc2e.jpeg)
2023: Hedda Garlid Hilde på start sist Markane IL arrangerte norgescup på Ullsheim. Vidar Stavik hadde jobben som startar. FOTO: INGE FÆNN
Gler seg til norgescup - tek utfordringa på strak arm
– At skiskyttarforbundet vil at vi skal arrangere norgescup igjen tek vi som ei stor tillitserklæring. Vi tek utfordringa på strak arm, seier Monica Halsteinslid i Markane IL.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
Markane IL er etter kvart blitt erfarne arrangørar, anten det gjeld langrenn eller skiskyting. Sist gong det var eit stort arrangement på Ullsheim var i januar 2023. Då arrangerte Markane IL norgescup i skiskyting, der nokre av konkurransane var NM-øvingar. No er det igjen klart for durabelege duellar på Ullsheim når skiskyttarane skal konkurrere i det som er den femte av i alt sju rundar i norgescupen denne sesongen.
Oppgradert arrangement – Denne gong skal vi ha norgescup i skiskyting, men arrangementet er også oppgradert til eit såkalla regionalt IBU-arrangement som er nivået under IBU Cup, seier Halsteinslid. Det betyr at det vil kome fleire utanlandske deltakarar. Kor mange internasjonale løparar som dukkar opp på Ullsheim har Halsteinslid og idrettslaget ikkje fått signal på enno. – Vi forventar 4–500 deltakarar, i tillegg kjem støtteapparat med meir, seier Halsteinslid.
– Med eit så stort arrangement er det vel behov for ein stor stab av frivillige?
– Ja, det er det. Vi tek imot interesserte frivillige med opne armar, vi treng folk i mange posisjonar, seier Halsteinslid.
Manglar du vatn til hus eller hytte?
Er tida komen for å oppgradere til bergvarme?
Trenger du spyling eller trykking, eller hull under vegen?
Ta kontakt, gratis synfaring.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ddcff782f3da5e5de9779c8db52ba194.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ec1c0fe738656e1f0762f396d929419c.jpeg)
Ope DAGLEG ivinterferie veke8
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0d762168dd9da53a41cfa1d641e8c681.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5c4405ae59cccf1fc0bfef1bb0fc2812.jpeg)
Leikogmoro
-midti Loen!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5c6cd8440cadde2f75054403c67fe8ef.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e78dae2c40e946d7a3f9d7e770e29326.jpeg)
LAURDAGOGSØNDAG +daglegi vinterferieveke8 kl.11- 19
Café 11 -18
Feire bursdag hososs? Takontakt!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5553a9b314fcdaada804313d87214c1e.jpeg)
NEDREBERG MASK IN
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ecd9222e51170b60c808d76cc8362c0d.jpeg)
Har du full gjødselkum og treng transport av møk, lagring eller fly tting mellom kummar ?
Vi tilbyr og andre transpor t- og maskinoppdrag.
For meir informasjon om tenes ter og prisar kontak t: Jarle Nedreberg tlf. 970 75 184
DENNATURLIGE MØTEPLASSEN
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b51dac9b7d242c082f52ab0243483581.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/8cbd2ea49e6c253031f3ead54e38d912.jpeg)
ÅPNINGSTIDER 10-18(10-17) REMA1000 7- 23 VINMONOPOLET
MAN-ONS10 -17 | TORS-FRE10- 18 | LØR10 -16
MatstovaHeimebakeri |Nille |Norli |Sunnfjord Apotek| SparebankenVest Normal |Upstairs |Cubus |PetitHårstudio |SportOutlet www.stryntorg.no
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/6442799e8c44bf6f5ca02edc5b2942f5.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/913e5882921423cb35635af7d2eca79d.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0ade78c21e00f4364999176101e3eeb8.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e8850490f46985a9e6bb7231695cfa77.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fddc7111085adb34545be8a4921c51ff.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fd0e103dce7b75599185003acd037369.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/be34c6a11e1a2d5af159853f565ce23b.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e3e7b420688180b2abb70acdade1b1b4.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/f818ea2208279c774d7bf75da8b51306.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5cc24301afd705c0aef0d9b89055459d.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/dd2527e4c77bec70b14798a48c9f0c54.jpeg)
Leik og moro i Loen
Midt i Loen finn du Loen Play, ein ettertrakta boltreplass for borna.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Loen Play er eit leikeunivers
over to etasjar, fylt med klatrehus, ballbasseng, interaktive skjermar og spennande utfordringar for både kropp og hovud.
Eiga avdeling for dei aller minste finst her også.
Loen Play har ope kvar dag i vinterferien og kvar helg el-
Frå lengste akebakken til boblebadet
Gjennom vinterferievekene byr Loen på eit mangfald av aktivitetar, frå aking i Norges lengste akebakke og boblebad og magi og moro for heile familien.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Loen Skylift er open kvar dag i vinterferien. Her kan du ta aketur, familiequiz, guida trugeturar for heile familien og lysvandring i fjellet. Tenk deg å suse nedover ei 8 kilometer lang akeløype med omtrent 700 høgdemeter i fall? Du kan leige kjelke på toppen, eller ta med din eigen. Vil du halde deg i nærområdet er det mindre akebakkar på toppen.
Loen Skylift preparerer vandreløyper til Skredfjellet og Gjølrunden, turar med storslagen utsikt over indre Nordfjord.
Vil du på ein meir utfordrande topptur, vert det tilrådd å gå med guide. Breogfjell stiller med sertifiserte tindevegleiarar. Dersom du heller vil gå på truger, kan du leige utstyr i fjellbutikken. Her kan du også leige
sko, varmedress og vottar. I vinterferien kan du bli med på guida trugeturar for heile familien.
Når snøforholda tillet det vil det også i år dukke opp ei stor snøhole på toppen av Hoven. Innvendig er hola innreia med skinnfellar og stemningsfulle lys, perfekt for å nyte ein pause frå vêr og vind. Snøhola blir lokalisert berre 3–400 meter frå fjellstasjonen på Hoven, lett tilgjengeleg på preparert veg. Snøhola dukkar opp om tilstrekkeleg snø har lagt seg på fjellet, vanlegvis i løpet av februar.
Tradisjonsrike Hotel Alexandra er ein populær base for besøk på Loen Skylift og dei mange andre attraksjonane i området. Og vil du koble heilt av, kan du ta ein tur i bassenget ved hotellet, både innandørs og utandørs. I vinterferien får Loen besøk av Erik Mogeno, kjent frå Norske Talenter, som kjem med eit nytt familieshow. Han byr på buktaling, magi og morosame påfunn for heile familien. I tillegg held han trylleskule for borna.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/eb55a3b7f6348727d2014059a7997506.jpeg)
les i vinterhalvåret. Foreldre kan slappe av i kafeen medan borna leikar. Loen Apartments tilbyr også ulike leilegheiter i same bygg.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c7845986e8d7d0870b8feed61421ae5f.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b133618b0008f786ae5c9eb454e409dc.jpeg)
Fart
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fb5ede186f17dda4b1b0a6d32a6a78e8.jpeg)
PÅ TUR: Frå Hoven kan du ta turen i preparerte vandreløyper, eller på ski eller truger. Breogfjell stiller med sertifiserte tindevegleiarar.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5f1570eb0d8a196e909b3b4497b0b788.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5485f90b02caacc573ac810d2167df6b.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/33350ca20dcb4bfde1e92f0348fc2ccd.jpeg)
UT
FOTO: LOEN SKYLIFT
SKYLIFTEN: Til himmels med Loen Skylift i solnedgangen. FOTO: SILJE FLØTRE REED
MAGI OG MORO: Erik Mogeno frå Norske Talenter kjem til Loen med magi og moro. FOTO: LOEN SKYLIFT
VINTERLAND: Moro for store og små å kome opp til vinterlandet med skyliften. FOTO: LOEN SKYLIFT
OVER 1.000: Med Loen Skylift kan du ta turen til Hoven Restaurant og få ein betre middag over 1.000 m.o.h. FOTO: MARIUS BECK DAHLE
BOLTREPLASS:
og moro i Loen Play.
LEIKEUNIVERS: Loen Play byr på utfordringar for små og større born. BEGGE FOTO: CHRISTER LUNDE SOLBERG
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9a5cef478ee798cca21bf11584bad8ab.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/1589fcc314073f9e91f56bd6ac0178a0.jpeg)
Fredag 21. februar
21.0 0 KahootTreskiquiz på Johans Pub
Laurdag 22. februar
14.30 Barnerenn. Premieutdeling etter målgang.
16.0 0 Vaksenrenn. Premieutdeling i afterskien kl. 17.00
21.0 0 Dans med TRIOLIGHT
på Isehaug Kafeteria cc dans kr. 100,-
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a3e487263a414c43d1f29ec4d05b6a05.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5a4d1213f40924e7ddd44bbbf372cb60.jpeg)
FOLKEFEST FOR STORE OG SMÅ!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9a170ba382c9e849fd2a6f74818f5d3a.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/50cfc5d9a8f8fcbcb8eab4752948fc2d.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/10971f969b13d64908eb29f3a63088f3.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4152a0e3a0a4131bd41317cb0aecbd3a.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fe64e5161c8410e7e56d685b11dc65e0.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9a170ba382c9e849fd2a6f74818f5d3a.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/f4361e173c30daeaf2c28fea988a3abd.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/50cfc5d9a8f8fcbcb8eab4752948fc2d.jpeg)
��� � ��� ��� �� ����� ���������������
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/50cfc5d9a8f8fcbcb8eab4752948fc2d.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/f4361e173c30daeaf2c28fea988a3abd.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/a3e487263a414c43d1f29ec4d05b6a05.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/50cfc5d9a8f8fcbcb8eab4752948fc2d.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e1d79f0a9f3352f726047bd3f1edc8f4.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/91c15369681d4d5d58bf8f4cf599995c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/8db07cbc9513619a64b7d110f87f6c0d.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/581f7c83baecd40efe7f828243601042.jpeg)
Treskirennet vert arrangert ved Str yn Vinterski.
Gratis deltaking for alle! Premie til alle born.
Velkomen til mykje moro for små og store!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/b53554e06588e5e37f2c4201b99b47c8.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/386ade7a691667465d9c1ca7ffef8507.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/040002e03078c1d0d8b93a6d84f4402e.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4483562260d6d5eb9357fe7ef8d513e3.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/649dabe4e16194d3c5de88f3edf1a037.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9e132a8a8a2dccc54fad08895cb6e081.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/54e627a112ce3f9b1a30e14fa07eb5cc.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e680b65e85549af98c53485cd9924476.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/f10786d501b4436632f52f1dbb56b8f5.jpeg)
NytfinevinterdagarpåHotelAlexandramedgod mat,underhaldning,bading,velværebehandlingar ogutflukter inærområdet.LoenSkylifttekdeg til1011meteroverfjorden,medakebakkeog fineturløyper ihøgfjellet.Etterturenfreistar HovenRestaurantmedgodmatogdrikke, heiltpåkantenavfjellet.
Takontaktforgodepakketilbod Meirinfo:alexandra.noogloenskylift.no
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e767dbd4a01d687189344f65ea3c3c49.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c57dc4d87d9c77042c4468f984709a5c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e56e9cd481cff342a2ba7d560b7c5082.jpeg)
HOTELALEXANDRA
15. -27.februar Barnediscokvarkveld
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/89fbd33d2e1cca1b5ed9a43972e0bdc1.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/61c54817897c27ab34c6adc22fd533d9.jpeg)
15. -22.februar ErikMogeno -komikkogmagi
14. -27.februar Naturstimedpremiartilbarna
LOENSKYLIFT
14.feb. -2.mars SnøsafariforbarnpåHoven
16.februar KahootFamiliequiz iHovenRestaurant
19.februar ErikMogeno -komikkogmagi
20.februar Guidatrugeturforheilefamilien
22.februar FellesaketurtilOppheim
22.februar Lysvandringforheilefamilien
27.februar Guidatrugeturforheilefamilien
28.februar KahootFredagsquizi HovenRestaurant
NB:AlleutandørsaktivitetarpåHovenmedatterhaldomvêret
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c3c91fac0eacbdeffd8b6385612a5acc.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/74f3b3710d9752a0cc5514a17d1acd6d.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/cdeee960f6900491591c1979e2694718.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/96105a4163ded615ebc04b8ebb68ea91.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e517f46294802a9bc6d38e396942c24f.jpeg)
PRAKTFULLT: Så fint kan det vere under ein skitur på Tverrfjellet.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c166a442bd2c7e4d1927a5835eb90090.jpeg)
BILDEGLIMT
Har du eit blinkskot
du vil dele med oss og lesarane våre? Send det til oss på redaksjon@fjordingen.no eller 40 40 21 40. Hugs namn på fotografen. Vi trekkjer flaxlodd blant alle som bidreg til Fjordingen sine lesarbilde!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/1dfa5d65bc369c94c989d46bbcc34c41.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/caa140f37aa964ce7dcf4509aae11040.jpeg)
FOTO: HELGA MOEN
PÅSKESNØ: i januar ... FOTO: JAN TRÆEN
VINTERNATT: Vinteridyll ved Bergheimsvatnet. FOTO: GUNN-BENTE SKÅDEN
OLDEN: Fin vinterdag i Olden 24. januar. FOTO: MARIT BRENNODDEN
SKITUR: Med utsikt mot Skåla. FOTO: MARIT STEINSÅKER
PÅ TVERRFJELLET: Løypene på Tverrfjellet i starten av januar. FOTO: HILDE LOTSBERG
FULL FART: Med sol i skiløypene: FOTO: HELGA MOEN
VINTER: På veg til Nosakleiva. FOTO: PER JAKOB TUNOLD
På ski og brett i indre Nordfjord
3SKIHEISAR
RAILSOGSNOWPARK VARMESTOVEOG KAFÉ FLOT TETURLØYPER
Tys. Tors.17:30 -20:30 Laur.Søn. 11:00-16:00
Vinter-/Påskeferie 11:00-16:00
Lysløypelangrenn Tilkl.22:00
www.s tr yn vint er sk i.no
Ka fé me dv ar me og ka ld er et tar. Sk iu tl ei ge.A ft er sk i.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/561c8f94b5b2ee4f8848d2cf48710751.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5e30c8b014587e75bd6099969fe5222f.jpeg)
breimsbygdaskisenter breims
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/6376f89ad7b844f0bc6170d1fe7ac252.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/16e436c95621598783683d7cf497b65f.jpeg)
Opnin gs tider: Laur dagogsøndagk l10-16 Vint er feri eveke8og9 kl 10 -16
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/fa56b57dde4fc94a1a27dc2ebca99a32.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5a96b5665f853f93fba1b8f3124b9f62.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/5a96b5665f853f93fba1b8f3124b9f62.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/798daad5a17e5d45f9f08199c7188231.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/35c45d52ffd0794cd91075f8adb67d4a.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9dabae507d71a588d82ea588a4fdf999.jpeg)
bygdaskisenter.no
Ullsheim
«De tp er fe kt eu tg angspunkt » www.m arkan e. no –40kmturløyper –Stortskileikanlegg –Lysløyper –Skiskyttaranlegg –Snøproduksjonsanleg –Rulleskibane Alleskiløyper iområdetUllsheim/StrynSkisentervert preparerteav TurløyperStrynAS.Infot lf :90637 160. Følgosspå:skisporet.no DaglegleiarUllsheim/ansvarlegforutleigeavUllsheimanlegget:KlemetBø,klem-b@online.no,tlf.91319512. Lysløypene påUllsheimogSkileik-områdeteropnekvar dag isesongenfråkl.18.00 -22.00.
Garderobar,badstu Godtutstyrt kjøken
Stort smørerom Selskaps-/og møtelokale
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d08a376a5a10a347fda1f31aaa9a0bda.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ee15666b3f9953cfa3b703d976979b74.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/3272ff0e74d5120508919ae0515b756a.jpeg)
or : stry nv in terski stry nv in terski af terski _s tr yn
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/1d32d4c985b03f8878ab3af16ad20f86.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/f61dcb61688b773cb0d41f5dd3e7bd84.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e584f87f018f507bf2a011452bc28e14.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/2f0e8a5649bee2f26cc84b7400b75925.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/646664413995fbbb2526d3fb116e4d15.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d40a7ac1e9d8052d7807bfb980c8c738.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/25317818b96f4881e5733a1a9158e6be.jpeg)
Juniortrekk 39 0ml ang t. 2s tk T- kr ok-ski trek ks om tekd eg fr å320 m.o.h. til1000 m.o.h.
Barn e-tautrekket –Gra tisski taumed ma ng emor os ameskileikel emen t. 12 km pr ep ar er te ne df ar tar. Uendel eg emogle gh ei terfor fr ik øy ring if jell og skog Supert utgon gspunkt fortoppt ur ar!Velkomn et il Vint er gl ad eS tr yn!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/8c3b7bd16b210af9139e5e6e46d94b3b.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/900eb4c2b4207f24aa3b4e0240bf27f9.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/403463fd0f56545f0b28d63cfc26f7e5.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/61aa8aa63ba71bc30a94635c7aca9770.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/455e3d59bcea9a29474d0afd37eee031.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e002f0d05ca5e4124d6aadeed7bc3c9b.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c2f50b2210142f5b50f8d8932c8cd5ab.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/cbd25027c78dc80d0b691cadb6672f08.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d0480e38b19e6f734774609a7d9c747c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ed61a666ece869c16fa2502811238237.jpeg)
Sparebank 1 Rekrutten: Skåltrekk på 50 0 meter. To nedfartar på 500 m. Parkområde. 3 km lysløype, turløype i Grendadalen og til Hornindalssætra. Varmestove, skiutleige
Kjøp heiskor t online på: www.hornind alski.no Medlem i Alpepass Facebook.com/ hornindalski
for alle - hornindalski.no
Hovudspons
Vår hov udsponsor:
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/bf8005ab51f195c2debd5b1aca3f35cd.jpeg)
SNEHVIT: Den nyaste animasjonsfilmen Snehvit kjem på Stryn kino i mars. FOTO: FILMWEB
• Stryn kulturhus:
Mange kritikarroste filmar på kinoplakaten
Stryn kino har mange kritikarroste filmar på plakaten utover vinteren for både barn, unge og vaksne.
SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no – Vi har mykje filmar framover
vinteren, men eit par av høgdepunkta blir desse: A Complete Unknown, Før Mørket, Spermageddon, The Brutalist og Snehvit, seier kulturhusleiar og kinosjef Kåre Bruvoll Alme. A Complete Unknown er den mykje omtala biografien om Bob Dylan. Spenningsfilmen Før Mørket er basert på ei sann historie om Leger utan
grenser i den sentralafrikanske republikk. Det prisvinnande dramaet The Brutalist føregår i etterkrigstida, og Mona Fastvold er ein av manusforfattarane. Animasjonsfilmane Spermageddon og Snehvit blir også vist. A Minecraft Movie kjem 4. april, og filmen om det populære dataspelet vil nok trekke mange unge til kinoen.
Visefestival, teater og show
Ei rekkje konsertar på Stryn visefestival er blant høgdepunkta på programmet til kulturhuset utover vinteren og våren.
SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no
– Her er mykje å glede seg til framover i løpet av vinteren og våren, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme om alt som skal skje framover. Det dukkar nok heilt sikkert opp meir på programmet også.
Show og vitenskap
Laurdag 1. mars er det klart for PK rocker verdensrommet.
– Dette er nytt for året, og er eit spennande show med mange eksperiment, flammar og røyk, blanda med fakta og kunnskap, seier han.
PK er kjent frå TV-serien Barn ingen adgang på NRK Super. Han jobbar til dagleg på INSPIRIA science center i Sarpsborg, og er oppteken av å spreie naturfagglede.
Kvinnepuls
Fredag 7. mars blir det markering av kvinnedagen med «Kvinnepuls», ein kveld med stort program som Stryn Næringshage står for.
Ei av mange som kjem på besøk og held innlegg, er helsesista Tale Maria Krohn Engvik. Ho vil snakke om psykisk helse, digitale medium og ungdom.
Mørkt teaterstykke
Det blir besøk av Teater Vestland med «Putemannen» torsdag 13. mars.
Dette er ein mørk komedie basert på boka til Martin McDonagh. I handlinga blir samfunnet sine tabu løfta opp og dratt ut i det ekstreme, på ein slik måte at publikum ikkje kan anna enn å le av det heile.
Stryn visefestival
– Stryn visefestival er eitt av våren sine største høgdepunkt
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c37600a66c70041615e1543c6beeffcb.jpeg)
STRYN VISEFESTIVAL: Gruppa Darling West kjem til Stryn visefestival siste helga i mars. Det gjer også Jan Eggum, Frode Johansen som hyller Lillebjørn Nilsen, Strengeplukk, Thom Hell, Von Krogh, Hannah White og Mona Lignell. FOTO: PRESSE
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41994fd1418e94fba8f336d7221077b0.jpeg)
TEATER: Mørk komedie med Putemannen av Teater Vestland. torsdag 13. mars. FOTO:
DAVID ZADIG/ TEATER VESTLAND
med ein svært bra line up i år, så det blir ei hektisk og kjekk helg, seier kulturhusleiaren. Fredag 28. mars og laurdag 29. mars blir det ei rekkje konsertar både i kulturhuset og på
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/cd83bf86182982abb9dd8b44039dffb0.jpeg)
SHOW OG VITENSKAP: PK rocker verdensrommet kjem laurdag 1. mars.
Stryn vertshus. Jan Eggum opnar festivalen i kulturhuset fredagen, medan Darling West går på scena i storsalen laurdagen. Resten av artistane er: Frode Johansen med Lillebjørn
Nilsen-hyllest, Thom Hell, Von Krogh, Strengeplukk, Mona Lignell og Hannah White. Lokal musikalhelg Kulturhuset avsluttar vårpro-
grammet med «Mamma Mia! The Party» fredag 9. mai til søndag 11. mai. – Dette eit utruleg spennande prosjekt i regi av Stryn Ungdomslag og Ung Stryn.
BOLIG& FRITID
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/15003a8512f854ede3e4d3ce2fc7835d.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/86a9e3559df497764d8821300c3ee837.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d0b2826b90072f98c19b091ec34f9257.jpeg)
STRYN SYMJEHALL: Symjehallen har same inngang som kulturhuset, og anlegget er godt tilrettelagt for brukarane.
Populært basseng for heile familien
Symjehallen i Stryn er ein populær aktivitet heile året for både store og små, og særleg i helgane og i feriane er det mykje besøk.
SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no
• Ski, snowracer og truger mest populært å låne:
Symjehallen kan tilby eit varmt alternativ i fleire basseng for badeglade i alle aldrar.
Med gode vasstemperaturar er det mange som er innom i løpet av året, og i skuleferiane er det eigne opningstider. Hallen har eit idrettsbasseng på 12,5 x 25 meter. Temperaturen i bassenget ligg på 29,5 grader, med-
– Einaste sjølvbetjente BUA
BUA Hornindal er den einaste i regionen der publikum kan låse seg inn, låne og levere utstyr sjølv.
BENGT FLATEN bengt.flaten@fjordingen.no
– Ordninga med sjølvbetjent BUA fungerer veldig bra, og publikum gir gode tilbakemeldingar. Målet vårt er å ha eit rikhaldig tilbod av utstyr for brukarar i alle aldrar og med ulike interesser. Og utstyret skal vere av god kvalitet, seier Kristine Sofie Orheim Hansen. Ho er dagleg leiar i Hornindal Frivilligsentral som driftar BUA Hornindal.
– Kva type vinterutstyr går det mest av?
– Det mest populære er langrennsski. Vi låner ut felleski som er nye og av god kvalitet. Så er det og godt utlån av snowracer, truger og sklimatter. Får vi kulde og is, har vi og skøyter for utlån. – Ganske nytt er snowskates, som er eit skateboard utan hjul. Artig utstyr som eignar seg godt i hagen, men ikkje i eit alpinan-
legg, då dette er utstyr utan binding eller sikkerheitssnor, seier Orheim Hansen.
Friluftslivets år
2025 er Friluftslivets år, og Kristine Sofie Orheim Hansen seier det er viktig for BUA Hornindal å kunne tilby utstyr som gjer at folk kan låne det dei treng for å vere med på ulike arrangement gjennom året, eller rett og slett til å finne friluftsgleda sjølv. – Og då kan eg til dømes anbefale å prøve dei nye telta vi har fått inn, til å hengje opp i eit tre. Det skal heller ikkje vere nødvendig å fryse, om ein tek ut på telttur. For vi har både soveposer og jerven fjellduk for utlån. Og utstyr for utandørs matlaging.
Sjølvbetjent BUA betyr at folk som låner utstyr må laste ned app på telefonen sin for å låse seg inn og registrere kva dei låner. Dette går etter kvart veldig bra, og om nokon har problem, ringer dei og spør om hjelp, fortel Orheim Hansen.
Ho rosar og folk for å vere flinke å ta vare på utstyret.
Mykje vinterutstyr til låns på
BUA Olden og BUA Stryn
Stryn frivilligsentral har ansvaret for både BUA Olden og Stryn, og på denne årstida kan barn og unge få låne seg mykje forskjellig vinterutstyr.
SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no
BUA Olden vart opna i fjor haust, og held til i lokale i Olden Helsetun. BUA Stryn har eigne lokale i Triangelen i Stryn sentrum.
– Vi har ope som vanleg onsdag og torsdag i Stryn og torsdagar i Olden. Vi har alpint, langrenn, snowskates, skøyter, akematter, akebrett med ratt og
an barnebassenget held sydlandske 34 grader. Det er vassrutsjebane med tunnel, stupavsats i fire meter høgd og sviktbrett for stup frå ein meter. Her er badstove ein kan nytte seg av, og anlegget er godt tilrettelagt for born og vaksne. Mange kombinerer bassengbesøk med kafe og kino i Stryn kulturhus.
«ski i plast», truger og snowboard til låns, seier dagleg leiar i Stryn frivilligsentral, Marit Sandnes Skrede.
På BUA Stryn er det førstemann til mølla. Alle blir oppfordra til å lage seg ein brukar før dei møter opp på sentralane.
BUA Stryn har ikkje ope i vinterferien, så alle blir oppfordra å låne utstyr i god tid på førehand.
I Olden har dei ope tysdagen i vinterferien, og dei oppfordrar alle til å kome innom.
Utlånet ved BUA varierer etter veret og årstidene, men så fort det kjem snø, er interessa stor for å låne mykje variert utstyr til å leike seg med i snøen.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c003fb14dea8395fbca61a578c0234cd.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7197c2ffd2c1d9a52ded4b8487a8c938.jpeg)
LEIK I SNØEN: Elevane ved Olden skule fekk ei flott akestund i snøvêret før jul, med lånte sklimatter og anna vinterutstyr frå BUA Olden. FOTO: BUA OLDEN
MYKJE UTSTYR: Kristine Sofie Orheim Hansen, dagleg leiar i Hornindal Frivilligsentral med eit utval av vinterutstyret som finst for utlån ved BUA Hornindal.
• Indre Nordfjord Turlag:
Turar for ein kvar smak
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/db3aa4e36545537ccb5422706741e0c8.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ee3839d1dadef045e4aaa6ac7a62f756.jpeg)
Indre Nordfjord Turlag har mange godbitar å by på denne vinteren og utover våren.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no Lang tur, kort tur, utfordrande eller mindre krevjande tur. Indre Nordfjord Turlag har noko for ein kvar smak når det gjeld skiturar utover vinteren og våren. – På programmet har vi ein del kjende turar, både korte og lengre, seier Odd Henrik Berge i turlaget. Turlaget satsar også på eit nytt turmål i slutten av april.
– Vi satsar på ein skitur til Skruven på Hellesylt. Dette er ein tur
som vi berre har hatt på sommaren tidlegare, seier Berge.
Tilbake på programmet Ein tur som er tilbake på turprogrammet er Ceciliekruna i Olden. – Tur til Ceciliekruna på ski har vi hatt før, men det er nokre år sidan no. Vi håpar og trur at denne turen vil vere populær. Vi startar faktisk frå Myklebuststøylen i Utvik og set kursen mot Ceviliekruna via Storlogpiken, fortel Berge vidare.
Turen til Ceciliekruna er ein lang tur, og det er rekna med at det vil ta 10–12 timar.
Elles så har turlaget ein del ut-
Klart for treskifestival
Det blir også i år treskifestival på Stryn Vinterski.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Bak arrangementet står entusiastane Kåre Tonning og Kristian Hool Egge, som fortel at dei arrangerer dette ilag med mange gode, lokale sponsorar.
– Fredag varmar vi opp med ein kahoottreskiquiz på Johans Pub, fortel arrangørane.
Tidlegare var Treskifestivalen eit arrangement i sentrum.
– Grunnen til at sjølve rennet blir på Stryn Vinterski er av miljøomsyn, høge transportkostnadar og veldig lite snø i Stryn sentrum, forklarer arrangørane.
– Det vil bli lengderenn for både born og vaksne, og premieutdeling på Stryn Afterski. Det er gratis å delta og premie til alle
MOT TOPPEN: Majestetisk utsikt på veg til Skarsteinsfjellet.
TILBAKE PÅ PROGRAM
MET: På veg til Ceciliekruna med Indre Nordfjord Turlag for nokre år sidan.
styr som dei leiger ut for ein billeg penge. Ein kan til dømes få leige randoneeutstyr både til born og vaksne. Dette inkluderer ski, sko og skredutstyr om det er ønskjeleg og nødvendig. Ein kan også låne truger av turlaget.
Særleg i vinterferien og i påska blir mykje av turutstyret lånt ut.
Planlagde turar med Indre Nordfjord Turlag
• 14. februar: Fullmånetur til Langhaugen
• 1. mars: Viehøe (Strynefjellet)
• 16. mars: Hestefjellsnibba og Karifjellet
• 22. mars: Skarsteinsfjellet
• 6. april: Sætreskarfjellet (Grasdalen)
• 12. april: Hjelmelandsvarden
• 26. april: Skruven (Hellesylt)
• 10. mai: Ceciliekruna på ski
• 11. mai: Skridulaupen
• 8. juni: Blåtind (Djupvasshytta)
Indre Nordfjord Turlag arrangerer turar heile året. Turlaget har også undergrupper som Barnas Turlag og eige gå-lag.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/929bd0ae67cc1749014863a457244264.jpeg)
TRESKIMORO: Høgt tempo, mykje moro og fare for ein aldri så liten «hekt» i starten... FOTO: THOMAS THAULE
born som stiller, seier Kåre Tonning. Seinare på kvelden vil det bli
dans
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e7dacf46b0d9dac50d49516a6e86708c.jpeg)
på Isehaug Kafeteria med Triolight.
GOD STEMNING: Kari Samuelsen Nesdal stilte i fjor med faren sine treski frå 70-talet. Her i samtale med Jan Træen. FOTO: THOMAS THAULE
BEGGE FOTO: INDRE NORDFJORD TURLAG
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c02ce1b5221517b213363a013fef10ae.jpeg)
Tomteneliggsentraltmedgangavstand tilbarnehage,skuleogsentrum. StorslagenutsiktmotHornindalsvatnet,dalenogfjella. Tomtestorleikfrå779m2
VI NTER KA MPANJE
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/0a06339bc86a75832e49efb9d6581b8e.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/2ab2c3ab46b061c01bcfa10b74c79462.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ce2225d44dae10fbc4f90541caade2ac.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/4f6c393eb7f14ec12b42b00622ac6b94.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/6b6436c8c457468a7407e1a343851606.jpeg)
Våre stasjoner:
Almenningsfjellet
Bremanger
Fiskå
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/e4b83fa900bdcbb27ca7c7ad9954b5f2.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/7cc0dd4109927fe06f88377f51903bdd.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/843a02c62d4de61acc829a23bf7b9cba.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/16271197bb04a35f5324abbfa356119c.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/c797905492e0311c28f0b88e515e6158.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/134510975e3d575c9393b3029ace61f6.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/df85a00a30c65ddf284b52445f463adf.jpeg)
LILLEBJØRNNILSEN-HYLLEST
VEDFRODEJOHANSEN
ARLINGWEST STRENGEPLUKK MOALIGNELL
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/41fbc1f37d746e14eb2d1f2c2ac2b4e5.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/9c357b808cea9c42d63866ef032d6ef9.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/df965c13860cf2b9b4c4d9b5d4c6cb50.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/37a2ba0b2512578ea9f25e25d9825008.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d4f5ca785cc418a427b74c156b488354.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/d765f4df256f6935a3c86336a8448c9b.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/029d9affc6d818d383192eeef9b1a21e.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ad31a04ff3e38ba7855bedf6f51a6459.jpeg)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/250204071728-bd231ecdc2d3fbe9e2984e633d6ce4de/v1/ba67eedc13acba8ee9e86d153662e52c.jpeg)