Cruiseanløp 2023 - Olden/Loen
CRUISESKIP: Iona, største skipet som går til Olden denne sommaren til kai 16. mai. FOTO: BENGT FLATEN
SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL: Ansvarleg utgjevar: Fjordingen AS, Pb 248, 6781 Stryn. Telefon 57 87 45 00.
Redaktør: Bengt Flaten. Utgåveansvarlege: Roy Aron B. Myklebust og Thomas Thaule. Trykk: Polaris Trykk, Ålesund. Opplag: 20.000
Fulldistribusjon: Nordfjord, Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Hellesylt og Skjåk.
Framsidefoto: Hege Melseter padlar kajakk i vakre Avleivikja, Olden. FOTO: KJERSTI KVAMME
Velkomen til Innvik
hotellet «med fjorden i hagen»
Badestrand, sandvolleyballbane. Familievennleg, roleg, gode turløyper for fotturar i fjellet.
Rom med fin utsikt, heimelaga mat.
Kort veg til kjende turmål i området som Briksdalen, Geiranger, Fjærland eller Vestkapp.
Selskap, catering, årsmøte, møte, kurs
Kontakt oss for informasjon og prisar!
87 49 90 • e-post: post@innvikfjordhotell.no • www.innvikfjordhotell.no
Gamlebutikken på Hjelle
Kafe
Afternoon tea
Engelsk porselen Lokal brukskunst
Ope tysdag-søndag kl. 12:00 - 17:00
www.gamlebutikken.no
Velkomen til vår sommar-restaurant!
A la carte meny basert på norske og kortreiste råvarer, kvar kveld i sommar frå kl. 18.00.
Bordbestilling.
Servering av forfriskninger på terrassen fram til kl. 23.
Vaffeltunet
opnar 29. juni!
Ta med familien på vår sommarkafé her på Visneslåven!
Ope kvar dag frå kl. 11-16
Stor vaffelmeny med salte og søte smakar, grove og fine vaflar. Kaffimeny og god lokal drikke. Salsutstilling av kunst med kunstnar Reidun Kjærstad Gytri.
•Leiker
•Leiker
•Reise effekter
•Reise effekter
•Bøker
•Bøker
•Barneutst yr
•Barneutst yr
•Kontorrek visi
•Kontorrek visita
Tonningsgt. 23, 6783 Stryn
Tlf: 57 87 10 16
Tonningsgt.23,6783STRYN. Tlf.57871016
E-post: strynbok@gmail.com
Tonningsgt.23,6783STRYN. Tlf.57871016
Bokhandel i over 100 år! 1920 - 2023
Vihar : Indr eN ordfjord (Presteboka )
Vihar : Indr eN ordfjor (Presteboka
Vi har boka: Indre Nordfjord (presteboka)
Fiskebutikken i Stryn
Vår spesialitet:
RØYKELAKS
God gammal oppskrift
FØRSTEKLASSES SKALLDYR
FERSK FISK
Vi gir dykk tryggleik i ei vanskeleg tid
Dei tilsette hos oss har skulering gjennom Virke Gravferd og til saman over 65 års erfaring.
Vi er her når de treng oss som mest, og hjelper dykk med å lage ei personleg, fin og verdig gravferd. Slik de ønskjer.
De kan kontakte oss heile døgnet.
Vi har teieplikt og kan møtast til samtale på eitt av våre kontor eller heime hos dykk.
Tlf. 905 50 905
www.hjelmeland.as Til hjelp i sorga sidan 1978
Kraftfôr frå Ottadalen Mølle
Kraftfôr frå Ottadalen
rgesfôr bruker varmestabil Levucell® vande Gjær i ØV- blandingar.
rgesfôr bruker organisk selen og eamin i IDEAL svinefôr - blandingar.
• Norgesfôr bruker varmestabil Levande Gjær i DRØV-blandingar.
• Norgesfôr bruker varmestabil Levucell® Levande Gjær i DRØV- blandingar.
• Norgesfôr bruker organisk selen og evitamin i IDEAL svinefôr - blandingar.
Kontakt for tilbud og bestilling:
• Norgesfôr bruker organisk selen og e-vitamin
Ottadalen Mølle, Lom: Tlf: 61 2
Kraftfôr fr
Tenden Transport: Tlf: 57 0
GRATIS utkjøring av småsekk våre lager i Stryn, Sogndal
Salg, Vestlandet: Tlf: 94 7
Besøk vår heimeside www.norgesfor/ottadalen.no
• Norgesfôr bruker varm Levande Gjær i DRØV- blandingar.
Kraftfôr frå Ottadalen
Gratis utkøyring av småsekk og storsekk frå våre lager i stryn, sogndal og Ørsta!
• Norgesfôr bruker organ vitamin i IDEAL svinefô
Følg oss på facebook for tilbud
• Norgesfôr bruker varmestabil Levucell® Levande Gjær i DRØV- blandingar.
• Norgesfôr bruker organisk selen og evitamin i IDEAL svinefôr - blandingar.
GRATIS utkjøring av småsekk og storsekk frå våre lager i Stryn, Sogndal og Ørsta!
GRATIS utkjøring våre lager
Besøk vår heimeside
GRATIS utkjøring av småsekk våre lager i Stryn, Sogndal
Besøk vår heimeside www.norgesfor/ottadalen.no
Kraftfôr frå Ottadalen Mølle
Besøk vår heimeside: www.norgesfor.no/ottadalen
Besøk vår heimeside www.norgesfor/ottadalen.no
Følg oss på facebook for tilbud og nyheiter!
Norgesfôr bruker varmestabil Levucell®
Følg oss på facebook for tilbud
Følg oss på facebook for tilbod og nyheiter!
JOSTEDALSBREEN NASJONALPARKSENTER: Senteret opna dørene 1. mai og melder så langt om godt besøk, både frå tilreisande og bygdefolk. Totalt seks tilsette driftar senteret denne sesongen.
Aktivitet og læring på same tid
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har opna både dørene og stranda for aktivitet og læring.
– Vi opna dørene 1. mai og besøket har vore veldig bra så langt denne sesongen. Vi har mykje drop-in av spesielt tyskarar og amerikanarar. Også cruiseturistane er tilbake for fullt, seier dagleg leiar Wenche Nesje. Ho fortel at nasjonalparksenteret har mykje å tilby både tilreisande og bygdefolk.
– Her kan ein lære om geologi, botanikk, skred, lokal historie, kulturlandskap og dyreliv. I tillegg har vi ein geologisk park der ein kan få eit spennande inn-
Segestad – kort tur og storslått oppleving
Ved Hjelle i Oppstryn, omkransa av brear og fjell, ligg garden Segestad med røter tilbake til vikingtida.
Garden Sigdestad, eller Segestad som ein uttalar namnet i dag, ligg på ei lita fjellhylle, i munningen av Glomsdalen, like ved Hjelle. Den
ligg rett i overkant av 300 m.o.h. Det skal ha vore ei eiga fjellgrend her oppe i dalen med gardane Selstad, Nås, Flåten og Tømra, i tillegg til Sigdestad. Lengst inne i Glomsdalen, på setra Stol, har ein funne kolgroper som fortel om liv heilt tilbake til jarnalderen.
Turen startar frå parkeringsplassen på Glomnes, og etter no-
kre hundre meter på bilveg byrjar stien opp til garden. Det er ein tidvis bratt sti, og vil nok for dei fleste ta ein stad mellom 30 og 60 minutt. Ein tur innom grindeverks-løa frå 1890, eller gråsteinshuset frå 1908, gjev smakebit frå ei svunnen tid.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.noblikk i bergartar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn og deira geologiske historie. I den botaniske hagen med blomar og plantar frå nærområdet, opplyser Nesje.
I tillegg til kafé og gåvebutikk, byr senteret også på utleige av kano og SUP-brett og flytebrygge er ope for bruk av alle.
– Dette er eit populært og gratis tilbod for badeglade bygdefolk og tilreisande som ønskjer å ta seg ein dukkert i Oppstrynsvatnet, seier ho.
Nesje legg til at dei jobbar langsmed med ei stor skred- og klimautstilling inne i Najonalparksenteret. Den skal etter planen opnast 1. mai neste år.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
Luftig luksus i ny turisthytte på Øvreeide
Torill Midtkandal og Johan Øvreeide Godø har opna ei heilt ny turisthytte oppe på Øvreeide i Stryn.
Då paret rydda skog i dette området for fem år sidan, fekk dei ideen om ei utleigehytte her. Sidan har dei jobba på med prosjektet ved sidan av gardsdrifta. No har dei opna dørene og bestillingane har alt kome inn via utleigeportalen Airbnb.
– Vi har amerikanske gjestar like om hjørnet og vi er veldig spente på korleis gjestane våre vil oppleve og rangere hytta vår. Godt ry er viktig, fastslår paret som har investert over 1,5 millionar kroner og stor eigeninnsats i den 44 m² store hytta som ligg «utover» Øvreidselva. Hytta, som dei kallar «Jølet», er utstyrt med både badestamp/kuldekulp og badstove. Den er bygd opp av containerar, men har høg standard.
Paret har vore samde om både plassering i terrenget, utsjånad og innreiing. – Som gardbrukarar er vi vande med å samarbeide så det har gått bra, seier paret som altså får hytteutleige som attåtnæring i høve generasjonsskifte på garden på Øvreeide. – Vi er godt nøgde med resultatet, så håpar vi gjestane likar den like godt som oss, seier dei. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
BADSTOVE: Eigen badstove er blant fasilitetane. Kjøle seg ned kan ein t.d.
Afternoon-tea og fish and chips på Hjelle
Gamlebutikken ved Hjelle Hotel byr på britiske smakar og tradisjon. Her kan du kose deg med afternoon-tea og fish and chips. I tillegg til mykje anna godt.
Gamlebutikken, som har røter tilbake til 1882, då berre 20 år gamle Thor Hjelle starta opp med handelsverksemd i «gamle buda», er no kafé og utsal for kunst og brukskunst, engelsk porselen, lokale spesialitetar og delikatesser.
– Vi er kjent for vår Afternoon Tea og heimelaga kaker,
men har også pizza, pastasalat og fish and chips. Eg er engelsk veit du, smiler butikk-vertinne Emma Hjelle. Ho opplyser at dei held ope dagleg, med unntak av måndagar, fram til 20. august.
Surf shop
Ved Hjelle Hotel finn du også Surf Shop. Denne er drive av 13-åringen Thor Robson og vener. Dei vil halde ope på «solrike dagar», og her kan du leige SUP-brett, Sit-on-top-kayaker, robåt og fiskestenger. Det er også mogeleg å leige dette frå hotelresepsjonen når Surf Shop held stengt.
STISYKLING: Fred Syversen i dei flotte sykkelstiane som er tilrettelagt mellom Øvstefossen, via Napen og til Folven i Oppstryn. Ca. sju kilometer med sykkelsti.
Aktiv ferie i Oppstryn
Oppstryn er eit godt utgangspunkt for ein aktiv ferie. Her finn du boltreplassar for både stisykling, klatring og vassaktivitetar.
– Det er mange grunnar til å spandere tid her for å finne på ting, seier Fred Syversen, som er skikøyraren frå Austlandet som forelska seg i Oppstryn og i dag driv Folven Camping.
Syversen dreg fram dei flotte sykkelstiane, klippene ein kan klatre i og Oppstrynsvatnet som inviterer til både fisking, kajakk og SUP-board.
– Så det er mykje å finne på, og ein må vere her meir enn ei helg altså, smiler han.
Særleg når det gjeld å utvikle tilbodet til dei sykkelglade, har
Syversen og gode hjelparar lagt ned ein imponerande innsats.
Dei har bygd ein sykkelsti som startar ved Øvstefoss, går via Napen og endar ved Folven. I tillegg har ein stiar i Erdalen og Sunndalen, og «Glæra», som går frå Skjeringsdalen. Også kalla «Himalayastien».
Mogelegheitene for klatring er også gode. Blant anna ved inngangen til Sunndalen.
– Ein kan gå rett frå campingen og opp til «Klippa» eller Via ferrata. Eventuelt kan ein sykle eller køyre til Erdalen.
Ved Folven kan du leige utstyr til å klatre Via ferrata. Ei rute som gjev ei heilt spesiell oppleving, der Sunndøla fossar under deg i juvet.
BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no
Klar for nye rekordar til lands og til vanns
Suksessoppskrifta med Ta sjansen og fiskekonkurranse ved Nasjonalparksenteret i Oppstryn blir leita fram att 12. august.
Ta sjansen har vore eit svært populært innslag i over ti år. Fram til i fjor har arrangementet vore ved Lund stadion på Hjelle, men grepet med å flytte seg til fjæra ved Nasjonalpark-
senteret auka oppslutnaden ytterlegare. Kvalifisert tipping fortel om kring 500 frammøtte som ville få med seg moroa.
Eit anna nytt grep var å kombinere arrangementet med fiskefestivalen, som vart blese liv i etter fleire års pause. Dette saman med avsluttande dans på Matstova vert også del av programmet i år.
Så står det att å sjå om sommarens utgåve kan overgå fjoråret, både når det kjem til
publikumsoppslutnad, fiskefangst og Ta sjansen. Inge Guddal drog i land største fisken, som vog 1.075 gram, og vann også for største samla fangst på over fire kilo. Markus Guddal Blakset var raskast til bjølla, av dei 13 farkostane i Ta sjansen, på tida 6,19 sekund. Det vert også delt ut showpris og fiasko-pris.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUSTroy@fjordingen.no
(Gamle Euronics, Fjord Supply)
Vi opnar i slutten av juni!
Vi sjåast!
Legg turen innom Fagre Stryn i sommar!
Bu midt i Stryn sentrum - eit godt utgangspunkt for å oppleve kultur, café, uteliv og shopping - og i hjarte av eit fantastisk turområde med attraksjonar som; Skålatårnet, Lodalskåpa, Kattanakken, Briksdalsbreen, Hornindalsrokken, Via Ferrata og Skyliften i Loen.
Følg oss på ÅPNINGSTIDER 10-18 (10-17) REMA
Birger Flo AS
Con Vita AS
Coop Extra
Esso (Stryn Bensinstasjon AS)
Eikenæs Klær og Sko
Fjordingen AS
Havnen AS
Intersport Stryn
Isehaug Kafeteria AS
Johan Flo & Søn AS
Kr.A Vik AS
Moods
Nordea Bank
Ommedal Manufaktur AS
Petit Hårstudio AS
Power
Ricco Vero AS
Skogstad Sport AS
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stryn Bokhandel AS
Stryn Hotel AS
Stryn Kaffebar & Vertshus AS
Stryn Torg
XL-Bygg Sølvberg AS
Ytre-Eide Sport AS
Øvreberg Installasjonsforretning AS
Postvegen Faleide – Øyebakken
Frå kaia på Faleide føl du vegen gjennom gardstuna og til Faleide skulemuseum.
Her startar ein flott og rydda sti gjennom skogen, opp til Vegtun. Der kryssar den Panoramavegen, og etter framleis litt stigning flatar stien ut og held fram i småkupert terreng på sørsida av Langesetvatnet.
• Stort utespel i Grodås sentrum:
Første garden ein kjem til er Skogtun. Postvegen går her på dyrka mark. Hald deg på bøakanten. Ved Myrhaug kjem du etter kvart inn på bygdevegen og føl den forbi Bruheim, Kroken og til Flore Sag. Der rundar du sagbruket og går unnabakke. Her går Postvegen delvis på ein skogsveg og delvis ved sida
av, men der kan det vere heilt attgrodd. Følg skogsvegen fram til bygdevegen og hald fram forbi garden Sindre. Så, via skytebana og tre flotte steinbruer, er du framme på Øyebakken. Då har du lagt bak deg ein ca. 10 km lang tur.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
Søstrene Mel og Sjøormen
SØSTRENE MEL: Søstrene Fanne (Evelina Sætren), Gause (Martine Espe Lødøen) og Løde (Sol Alme Brendefur) Mel er blant lokale aktørar som er med i utespelet. FOTO: PRESSE
Spelet om Søstrene Mel og Sjøormen har urpremiere i Hornindal 7. september. Øvingane er godt i gang.
Sjøormen i Hornindalsvatnet er kanskje ei kjend «myte» her i lokalområdet, men no kan alle oppleve sjøormen i det verkelege liv i familiespelet Søstrene Mel og Sjøormen. Dette vil skje ute i haustlege omgjevnader i Grodås sentrum med musikk, song, humoristisk dramatikk og god stemning for både born og vaksne.
Første helga i april møttest Søstrene Mel og Sjøormen-skodespelarane til første leseprøve
saman. I spelet er det med ei god blanding av både amatørar og kjende skodespelarar og artistar som Beate Lech, Josefine Agathe Hove, Anna Brochmann, Raymond Corrado Knutsen, Atle Oen, Eirik Risholm Velle og Maja Skogstad.
søpling i fjorden, men hovudtemaet er likevel myten om sjøormen med ei forankring til kjende og mindre kjende trekk frå ein parallell lokalkultur som får magemusklane til å gå.
Nytt amfi
Regissør med røter frå Hornindal Regissøren Torunn Lødemel Stokkeland, med røter frå Hornindal, har tatt denne historiske myten og modernisert den gjennom spelet. Spelet tek for seg ulike miljøtema, som for-
Saman med fengande musikk, skrive av Aleksander Raftevold, får ein ei oppleving av dei heilt sjeldne i landet, går det fram av ei pressemelding frå arrangøren.
Groparken er også under opprusting. Blant anna blir det eit 20 meter langt natursteins-amfi ut i Hornindalsvatnet. Estimert totalkostnad for prosjektet er sett til 1,7 millionar kroner, og målet er at park-området og amfiet skal vere ferdig seinast i august månad, slik at alt er sluttført før spelet om Søstrene Mel og Sjøormen.
– Alt er i rute, og arbeidet blir
mest truleg ferdig til spelet, seier Bjørn Lødemel i Foreininga Grobygget.
Han kan også fortelje at det er bygd ein 80 kvadratmeter stor platting utanfor Grobygget.
– Og om amfiet ikkje skulle stå ferdig så vil det likevel vere muleg å gjennomføret spelet, forsikrar Lødemel.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
Riding for alle på Hingarden Stall
Hos Eline Koopman og Hingarden kan du ta deg ein tur på hesteryggen.
Eline Koopman flytta frå Nederland til Hornindal for om lag to år sidan. Fjordhest er derimot ikkje nytt for ho. Ho har jobba med fjordhestar i over 30 år, og heime i Nederland var det også fjordhesten som var den føretrekte rasen.
Saman med Olav Rune Selje-
set driv ho Hingarden Stall i Hornindal. Der er det om lag ti hestar, mange av dei for riding.
På ei eiga bane med flomlys tilbyr dei ridetrening for born i alle aldrar gjennom heile året.
Men når sommaren kjem er det turistar dei rettar seg inn mot.
Lange og korte turar Koopman tilbyr nemleg tredagarsturar på hesteryggen.
– Dette er for dei med litt erfaring frå riding. Her legg vi
opp til overnatting i telt eller hytter, alt etter veret, seier Koopman.
Det blir i tillegg tilbydd ulike dagsturar, også dette for dei med litt rideerfaring.
– Elles så har vi tilbod med leik og moro til nybegynnarar og familiar på Hingarden, seier Koopman. Ho gler seg til å ta imot hesteinteresserte i alle aldrar i sommar.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
• Ein får ei oppleving av dei heilt sjeldneALLE SAMLA FOR FØRSTE GONG: Søstrene Mel-gjengen er godt i gang med øvingane til spelet som blir vist i perioden 7.–10. september. FOTO: SØSTRENE MEL/LIISA MÄND HEST: På garden til Olav Rune Seljeset og Eline Koopman har dei stor ridebane der dei tilbyr rideskule gjennom store deler av året. FOTO: ROY ARON B. MYKLEBUST FIN TUR: Tur på postvegen i Markane.
KJEKT: I sommar kan du kombinere fine turar med å finne orienteringspostar i Tonningskamben, på Tverrfjellet og på Nordsida.
Kombiner fine turar med å orientere deg fram til postar i skogen
I sommar kan du kombinere fine turar i Stryn med å finne orienteringspostar.
– Sesongen med turorientering i Stryn er i gang frå midten av juni. Tilbodet for heile familien er tilrettelagt av IL Veten og Mar-
kane IL, fortel Henning Heimlid.
– Det har i nokre år vore lagt ein del postar på fjellkart, men i år er alle postane på orienteringskart. Postane er lagt ut i tre område: I Tonningskamben, på Tverrfjellet og på Nordsida. Postane er i varierande vanskegrad, og er eit allsidig tilbod til
alle ferdigheitsnivå og aldersnivå. Mange som nyttar tilbodet gjer det som ein familieaktivitet og opplever glede ved å sjå nye område i kommunen, plassar ein kanskje ikkje hadde funne på sjølv å gå på tur. Det er fleire som får seg nye favorittområde å gå tur i etter å prøvd turorientering,
seier Heimlid.
Til saman 24 postar er ute i terrenget i år. Det er lagt opp til at ein besøker så mange ein ønskjer på kvar tur, og så samlar ein poeng for kvar post ein har besøkt.
– Turorienteringskarta blir tilgjengelege gjennom Turorientering.no og appen tur-
orientering. Appen og nettsida blir også brukt til registrering av postane, eller å bestille kartutskrifter. Turane går ein når det passar, og postane heng ute fram til oktober, seier Heimlid.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
PÅ VEG MOT STRYNEKÅPA: Fjellet Strynekåpa ligg innerst i Erdalen i Oppstryn. Indre Nordfjord turlag arrangerer fellestur hit laurdag 12. august. Fellesturar til Saksa, Urkeegga, Lodalskåpa, Neslenibba-Sundsnibba, Skageflå-Geiranger og Ceciliekruna står også på programmet. ARKIVFOTO
Mange flotte turar med INT i sommar
Indre Nordfjord Turlag har mange fellesturar, onsdagsturar og turboturar på programmet utover sommaren og hausten.
I år har turlaget hatt mindre fokus på breturar, men heller eit vidare spektar av turar i nærområde og i andre kommunar når det gjeld fellesturane. Det har og vore fleire skiturar, spesielt på randonee som blir meir og meir populært.
Onsdagsturane er lagt rundt om i dei ulike bygdelaga, og viser spekteret av både kultur, histore, natur og stiar vi har i kommunen vår.
Gålagsturane er mynta på dei som
har tid å vere med på tur midtveke dagtid. Vi oppfordrar fleire til å delta. Desse turane skal vere ein sosial samlingsplass for dei som ønskjer å gå korte eller halve turar og lengre turar i fellesskap. Dette er varierte turar som skal vere greie å gjennomføre. Slå deg med og sjå om dette passar for deg.
Barnas Turlag har sine eigne turar og eigne turpostar rundt om, til saman 20 raude kassar står rundt om og ventar på barnefamiliar som registrerer turane sine. Meir info om alle turane finn ein på heimesidene til INT, fortel leiar Olav Auflem.
SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no
13 SOMMARGLADE STRYN OG HORNINDAL
ie til sommarhandel! Velkomen
F God s m åIng ! Helsing Anne Britt, Siri og May-Helen Følg oss på Hornindal
Sommar hos
Vi har ope kvar dag i sommar!
Kom innom for ein god kopp kaffi eller anna forfriskande drikke med noko godt attåt!
Velkomen til Hornindal!
www.oplodoen.no
HORNINDAL
Nyt sommaren i indre Nordfjord!
■ Hyttefeltet ligg 400 moh, 7 min med bil frå Grodås sentrum.
■ Feltet består av 111 tomter på ca. 1 200 - 2 253 m2 og
Kontormaskiner Rekvisita
Kontormøblar
Kassaløysingar
Tlf.: 957 80 452
Reisetida til Hornindal er no:
www.hornindalski.no
www.harevadet.no
Medlem i Alpepass
Harevadet Hyttegrend AS
Gausemel
Idyll heile året!
HAREVADET HYTTEGREND
Harevadet Hyttegrend er eit nytt hyttefelt i Grendadalen
• 25 min frå Stryn rå Ålesund til Harevadet
Grendadalen i Hornindal
Laurdag og søndagkl. 10.30 - 16.30
nsdag kl. 18.00 - 21.00
Sogn og Fjordane.
post@harevadet.no
www.hornindalski.no
www.harevadet.no
God sommar
kveld, kl. 10 laurdag og søndag. Lys til kl. 22.
• Turløype rundt setrane i Grendadalen og til Honndalssetra 20 km t/r, topptur til Høgenibba 1190 moh.
● Turløype rundt setrane i Grendadalen og til Honndalssetra 20 km t/r, topptur til Høgenibba 1.190 moh.
facebook.com/hornindalski
Harevadet Hyttegrend AS
Gausemel
NO-6763 HORNINDAL
Tlf.: (+47) 489 54 764
post@harevadet.no
www.hornindalski.no
www.harevadet.no
Følg
oss på
● Varmestove, servering ● Skiutleige hornindalski.no
Harevadet Hyttegrend ligg i solrike, snøsikre
Harevadet Hyttegrend ligg i solrike, snøsikre og idylliske omgjevnader, og kan gje deg fine naturopplevingar både sommar og vinter. Næraste nabo til Hornindal skisenter.
• Varmestove, servering – Skiutleige hornindalski.no
hornindalski.no
• facebook.com/hornindalski
facebook.com/hornindalski
Dagsturhytta i Hornindal
Dagsturhytta i Hornindal er ei av hyttene med mest spektakulær utsikt, og er blitt ein populær stopp på korte eller lengre turar. Hytta vart opna som ei av dei siste i Sogn og Fjordane, og blant dei mest påkosta dagsturhyttene. Med stor platting på utsida er hytta ein fin rasteplass anten ein vil nyte livet ute eller inne med ei god bok på leseloftet. Frå hytta har du god utsikt til Grodås, innover dalen og utover Hornindalsvatnet.
Bilbingo på Sindre skytebane
Den tradisjonsrike bilbingoen på Sindre skytebane er i gang for sesongen. Kvar søndag fram til og med 27. august kan du freiste vinnarlukka der. Det er Hornindal og Markane skyttarlag som arrangerer, og dei byr på gratis kaffi og har elles kiosk med is, brus og sjokolade. Under bingoen vel du sjølv om du vil sitte i bilen, i lagshuset eller kanskje i paviljongen. Og sit du i bilen, ja då markerer du sjølvsagt med ein «tut» om du har bingo!
FEKK FRAM DANSEFOTEN: Ingemars var eitt av banda som sørga for god stemninga under dansegallaen i Hornindal i fjor. FOTO: PRIVAT
Dansegalla i Hornindal
Siste helga i august er det Dansegalla i Hornindal.
Det er fotballgruppa i Hornindal som arrangerer dansegallaen. Allereie torsdag 24. august er det venta at dei første gjestene inntek bygda.
– Det er dei beste artistane som kjem, meiner Edvin Haugen i arrangørkomiteen.
På lista over artistar finn ein både godt kjende namn og nokre som er litt mindre kjende. Men Haugen er trygg på at artistrekkja som skal spele vil gje suksess:
– Ingemars og Steinar Engelbrektson Band kjem, det same gjer Kathe’s frå Stryn. Nye band på plakaten i år er Hanne Mette Band, og Pia Pilgren kjem frå Sve-
rige. Dei to siste er henta etter tips frå publikum.
Dansegallaen startar med dans i Groparken torsdag. Alle artistane vil bidra i parken i løpet av helga. Laurdag vert det heile avslutta med dans i Honndalshallen. Arrangøren ventar mykje folk i sentrumsområdet denne helga. – Totalt ventar vi opp mot 1.700–1.800 gjester. Laurdagen åleine er det venta ca. 800.
Også i år blir det lagt opp til ein bubilcamp i området rundt sentrum.
– Bestillingane renn inn. I fjor hadde vi om lag 150–160 bubilar og campingvogner i sentrumsområdet, seier Haugen.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
Kulturdagar med noko for ein kvar smak
Kulturdagane i Hornindal går av stabelen første helga i august.
Det er Hornindal Næringslag som står bak kulturdagane, som i år blir arrangert 3.–6. august.
– Vi ønskjer velkomen til ei spennande familiehelg for store og små, seier Samuline Beate Seljeset som er leiar i næringslaget. Ho kan fortelje om eit rikhaldig program på kulturdagane:
– Vi opnar dagane med stort karnevalstog, og held fram med barnediskotek, kunstutstillingar, standar, bagasje- romssal, familieshow med bjørnen Bjørnis, hoppeslott og underhaldning frå utescena.
Frå scena blir det konsert med The Voice-deltakar Kamilla Rønnekleiv. Sol Alme Brendefur kjem, og det blir utedansar i Groparken både fredag og laurdag.
– Så har vi sjølvsagt kulturfrukost, og kulturgudsteneste
på Anders Svor Museum. Der blir det også ein workshop, fortel Seljeset.
Leikar og moro for borna, utekafear med gode kaker og musikk frå korpset høyrer sjølvsagt med på kulturdagane. «Flaskepost-løp» i elva blir ein godbit. Her kan ein vinne 10.000 kroner.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
FOLKSAMT: Det er venta ein stad mellom 1.500 og 2.000 gjester på dansegallaen. FOTO: PRIVAT
Utstyrsbank i Grobygget
Hornindal Frivilligsentral sin utstyrsbank held til i Grobygget, og her kan alle som vil låne tur- og friluftsutstyr heilt gratis. Det er ikkje faste opningstider, men ønskjer du å låne utstyr vert du oppfordra om å ta kontakt med dagleg leiar på frivilligsentralen. Så gjer ein avtale om lån og henting/levering. I utstyrsbanken finn ein mellom anna kano, kajakk, SUPbrett og redningsvestar.
Hornindal Rundt – no også som maraton
Norges tøffaste ultraløp, Hornindal Rundt, går av stabelen laurdag 8. juli.
Påmeldinga er opna til det som er rekna som Norges tøffaste fjelløp som på det meste omfattar 75 kilometer med 20 fjellpostar over 5.600 høgdemeter.
Om ein ikkje vil delta på 75 kilometeren kan ein velje mellom 38 kilometer, eller årets nyvinning: Fjellmaraton på 42
Anders Svor museet
Museet ligg idyllisk til på Grodås ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864–1929). Han var fødd og oppvaksen på Svor i Hornindal og synte tidleg talent for treskjering. Han tok utdanning i Oslo og København, før han slo seg ned i hovudstaden. I sommarsesongen 23. juni–20. august er museet ope onsdag–søndag.
Populært i sommarvarmen
kilometer.
– I år tilbyr vi også fjellmaraton over 42 kilometer. Det er veldig mange som har spurt om akkurat det, særleg dei som samlar på maraton, seier Svein Otto Espe frå arrangøren.
Korleis den endelege løypa vil sjå ut er førebels usikkert, all den tid det er mykje snø i fjellet. I 2022-utgåva av ultraløpet måtte ein til dømes gjere endringar heilt inn til starttidspunktet grunna dårleg ver.
«Ver og føre» vil også avgjere om det blir start og målgang i Groparken, eller i Honndalshallen.
– Vi håpar også på god deltaking, og kanskje rekord, på miniløpet opp til dagsturhytta. Dei som vil utfordre seg litt meir kan gå til Ytrehornsnakken, seier Espe. Dette arrangementet er for born og familiar.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
På varme sommardagar er Hornindalsvatnet blitt ein stad mange reiser til. Her er det gode tilhøve for bading, soling, og aktivitetar på vatnet.
Badestranda i Hornindal, med Groparken like ved, har vist seg å vere veldig populær, og stadig fleire oppdagar den.
Ein triveleg stad å vere Både fastbuande og tilreisande har det triveleg i sentrum, og «Laurapromenaden» til dømes, frå kaia til badestranda, er tilgjengeleg for alle. Langs heile
ruta og i sentrum elles har eldsjeler i Hornindal Næringslag planta blomster og gjort det triveleg.
Aktivitetar på vatnet Den skråa, støypte muren ned mot vatnet er også blitt ein ynda badeplass.
Vasstrampoline og hoppeslott i vatnet har blitt lagt ut tidlegare somrar, og frå stupetårnet ved kaia vil det truleg bli utført mange akrobatiske hopp denne sommaren.
I frivilligsentralen sin utstyrsbank i Groparken kan ein låne både kajakk, kano med meir.
THOMAS THAULE thomas.thaule@fjordingen.no
Hornindalsvatnet maraton
Laurdag 22. juli er det klart for ei ny utgåve av Hornindalsvatnet maraton.
Dette blir den 31. utgåva av løpet, som går langs Europas djupaste innsjø. Løpet er ei kraftprøve, anten du spring heil- eller halvmaraton, eller eit av dei kortare løpa som også er ein populær del av arrangementet.
Tidlegare gjekk starten i nabokommunen Stad, på nordsida av Hornindalsvatnet, men frå 2014 har løpet blitt arrangert mellom Grodås og Otterdal.
Heilmaraton, 42.195 meter, startar like ved Hornindal omsorgssenter. Løypa går vidare gjennom sentrum, via idrettsparken og fram og tilbake til Otterdal. Fire rundar må til for å få full distanse.
THOMAS THAULE
thomas.thaule@fjordingen.no
Best i test for tredje år på rad
PARADE: Ingen oktoberfest utan parade. Heller ikkje regnet i fjor stoppa den. FOTO: GUNNHILD SINDRE
Allereie tusen selde billettar til Oktoberfest
15.-16. september er det dirndl og lederhosen som gjeld i Stryn. Allereie ved inngangen til sommaren er det selt tusen billettar.
Kanskje ikkje så rart når ein ser kva underhaldning arrangøren
har lagt opp til. Artistar og band som Freddy Kalas, Hofbrauhaus, Cover Me og Oslo Blås tilseier topp stemning i sirkusteltet. I tillegg stiller Stryn Musikklag, Kokken Tor, Glimmer og ikkje minst Stryn Ping Pong Club sitt eige Husband.
Ifølgje Kim Rune Flo hos arrangøren vert det også satsa ekstra
på borna. Dei vidarefører Barnas oktoberfest, som går av stabelen torsdagen, og her kjem Vennebyen frå NRK.
– Barnas oktoberfest blir større på alle måtar i år. Trulig brukar vi sirkusteltet på dei óg, sidan NRK sin lastebil må inn.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no
ZIP-LINE: Hydlaparken kan by på sju ulike klatreløyper. I desse er det til saman 11 zip-lines. Om du vil ha ytterlegare spenning kan du kaste deg ut frå klatretårnet du ser i bakgrunnen.
Klatremoro for alle aldrar
Hydlaparken inviterer til sin femte sesong med moro og spenning.
Klatreparken, like ved Stryn Vinterski, har blitt eit populært innslag i sommarmånadane for både tilreisande og fastbuande. Her kan ein lett slå i hel mange timar i tretoppane eller pumptracken ein sommardag.
Parken ligg fint til i terrenget og du kan prøve deg i løyper som strekkjer seg over den blåbærkledde moreneryggen og langs elva. Til saman sju løyper med ulik vanskegrad. Det er også eit eige klatreområde for dei minste, dette til fri bruk.
I dei fleste løypene er det også lagt inn ein eller fleire ziplines, noko som byr på ekstra
kitling i magen. Har du framleis behov for meir spenning etter ein runde i trea er klatretårnet ein sikker vinnar. Frå toppen kan du kaste deg ut og få det ultimate adrenlin-rushet.
For å ta seg rundt i løypene må ein vere riktig utstyrt med klatresele og hjelm, dette leiger du i parken. Her er det også kiosk med ulike forfriskingar i sommarsola.
Klatreparken vil halde ope kvar laurdag og søndag fram til fellesferien byrjar. I tillegg blir det ope nokre tysdagar, onsdagar og torsdagar. I juli og første veka av august blir det ope dagleg i parken.
LÅVEN:
ved Visnes Hotel, Marit og Arvid Otterdal, vidarefører suksessen med Vaffeltunet på låven. I år kombinert med sommarutstilling ved kunstnaren Reidun Kjærstad Gytri.
FOTO: BENGT FLATEN
Vaffelkos og biletkunst på Visnes-låven
Vaffeltunet kafe i låven ved Visnes Hotel har blitt ein populær stad å besøke sommarstid. I år kan du også nyte kunst til dei deilige vaflane.
Det er tredje sommaren at vertskapet ved Visnes Hotel, Marit og Arvid Otterdal, inviterer til Vaffeltunet. I den oppussa låven kan du kjøpe alt frå tradi-
sjonelle vaflar med syltetøy og rømme, til dei grovare med spekeskinke, pesto og brie. Eit konsept som bokstavleg talt har synt seg å falle i smak hos både fastbuande og tilreisande.
Kunstutstilling Nytt av sommaren er at lokala også skal romme ei salgsutstilling med kunstnaren Reidun Kjærstad Gytri. Den opnar 28. juni, og vil henge ut juli.
– Eg gler med veldig til å ha
sommarutstilling hos Marit og Arvid og treffe strynepublikummet igjen, seier Kjærstad Gytri, som har slektsrøtene godt planta i området. Mora kom frå Olden og ektemannen er frå Oldedalen.
Kunstnaren, busett i Skudeneshavn på Karmøy, stiller ut grafikk og måleri av akryl. Motiva er frå indre Nordfjord og havlandskap frå Karmøy. ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no
Klart for 12. Proffveka
Proffveka i Stryn er eit tilbod til ambisiøse gutar og jenter i alderen 13–15 år og som ynskjer å satse på fotball.
7.–11. august går den 12. utgåva av stabelen, og 38 gutar og 38 jenter blir tekne ut til å delta. I tillegg blir det teke ut 12 keeperar. Det er ingen geografiske avgrensingar på kven som kan delta. Instruktørar i år er mellom anna tidlegare toppspelar Alex Valencia, Roar Wold og Marius Hagen.
• Stryn Street Food festival:
Utedans med Subway
Isehaug og Johans Pub vert også denne sommaren arena for utedans med nostalgiske undertonar. Til liks med i fjor, og fleire gongar før, er dei vertskap når det strynebaserte bandet Subway, med Helge Sunde i spissen, dreg fram gamle kunstar og låtar frå 70-, 80- og 90-tal. Bandet som i sine velmaktsdagar turnerte land og strand i distriktet og spelte til dans, er på plass både fredag og laurdag siste helga i juni.
Lovar fleire spennande smakar
OVERVELDANDE: – Rett og slett overveldande. Det var Kristian Hansen ved Stryn Gastrobar sin reaksjon på besøket på den første utgåva av festivalen. FOTO: GUNNHILD SINDRE
I fjor fekk Stryn ein ny festival som vart ein ubetinga suksess. Stryn Street
Food festival er tilbake helga før skulestart.
Ein stad mellom 4.000 og 5.000 var innom festivalen i fjor. Etterlengta finevêr bidrog nok til ekstra godt besøk.
– Etter to månader med regn lyste det plutseleg opp, smiler Kristian Hool Egge ved Stryn Gastrobar. Det er dei som er arrangør av festivalen, der tanken er å ta spennande smakar frå gata i Bangkok, Marrakech, Cancún og London til Stryn.
Til liks med i fjor blir arrangementet siste helga før skulestart, 18.-20. august.
– Då føler vi at folk flest er heime likevel, og ei helg det ikkje skjer så mykje elles. Det blir også ei slags sommaravslutning for gastrobaren, seier Hool Egge.
• I fjor mangla vi litt for born. Så i år blir det både mat og under-
«High-end»-middag
Området ved gastrobaren blir gjort om til ein marknad med matvogner og stands denne
MESTERKOKK: I fjor stilte Filip August Bendi på Street Food festivalen, og varta opp med gourmetmiddag på kvelden. Her er det Kristian Hansen hos arrangøren som prøvesmakar forretten.
FOTO: INGE FÆNN
helga. I fjor deltok 10-12 tilbydarar, i år har dei tru på opp imot 20 deltakarar.
– I fjor mangla vi litt for born. Så i år blir det både mat og underhaldning for dei yngste. I tillegg vert det meir vogner med dessert. Så det skal bli veldig bra, seier Hool Egge.
I tillegg blir det ein middag av litt høgare standard innandørs på kvelden. I fjor på festivalen var det storfint besøk frå Bocu-
se D’Or -deltakar, Filip August Bendi med team.
– Det får vi nok ikkje til i år, men vi skal i alle fall ha ein «high end-middag» fredag kveld, forsikrar Hool Egge.
Dei har også leika litt med tanken om å ha underhaldning på Per Bolstad plass, men det er ikkje heilt avklart. På sikt håpar han at festivalen skal bli så stor at heile gata kan dekkast med matvogner.
– Kanskje kan heile sentrum bli ein gatefest med 50 vogner. Men det må byggjast litt og litt opp. Vi må ta det stegvis. Men street food har eg veldig tru på, seier Hool Egge.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.noFargerik festival på Stryneelva
Tradisjonen tru blir det flytande moro i Stryneelva siste helga i juli.
GUMMIBÅTFESTIVAL: Det som starta som ein «kompis-idé», med eit knippe gummibåtar ned Stryneelva, har vakse seg til ein festival med fleire hundre deltakarar. Her frå starten på Sætre i 2021.
I fjor var det noko som likna deltakarrekord, då kring 400 deltok med ulike gummifarkostar ned elva. På kveldsarrangementet på Per Bolstad plass var besøket det triple. Arrangementet er eit samarbeid mellom Kristian Hool
Egge/Basecamp, Johans Pub og Andreas Flo Tonning og Vegard Aaland. Dei sistnemnde har ansvar for sjølve arrangementet i elva, medan dei to uteplassane samarbeider om programmet for kvelden.
Ifølgje Kristian Hool Egge blir det seks DJ-ar som skal fordele underhaldninga mellom seg frå scena på Per Bolstad Plass, og i tillegg blir det klubbscene inne på Johans Pub. Det blir ikkje DJ av Tungevaag sitt format, som i
fjor, men arrangøren lovar topp kvalitet og dessutan bidrag frå dei to lokale aktørane «DJ Joffen» og «DJ Phongsak».
haldning for dei yngste
KLOPPEMYRA: Dagsturhytta ligg i Kloppemyra, og ein kan ta seg til denne via fleire stiar i Tonningskamben. FOTO: INT
Mange vegar til dagsturhytta i Stryn
Dagsturhytta i Kloppemyra, vest for Tonningskamben i Stryn, er eit populært turmål for små og store.
Langs stien mellom Hol og Hydlaparken/Stryn Vinterski, ligg
dagsturhytta i Stryn, omkransa av furutre og blåbærlyng.
Det er Indre Nordfjord Turlag som er ansvarleg for vedlikehaldet på dagsturhytta, og leiar Olav Auflem opplyser at hytta er utstyrt med bøker og ute er det bålpanne og ved.
– Til fornuftig bruk, som Auflem seier.
Faktum er at ikkje mindre enn seks stiar frå ulike kantar av Tonningskamben fører fram til dagsturhytta. Auflem synst personleg at den finaste turen går frå svingen på nedsida av Stryn Vinterski. Frå der brukar ein om lag eitt kvarter.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no
Turperler tett på Stryn sentrum
GRYTA: Fjellet Gryta ligg på nordsida av Stryn, med flott utsyn mot både sentrum og ut fjorden. Turen kan starte heilt nede i sentrum eller ein kan køyre til Bøanedsetra og følgje merka sti derifrå.
Med stadig utbetra og merka turstinett, ligg mogelegheitene for flotte turar bokstavleg talt rett utanfor butikkdøra i Stryn.
Frå Stryn sentrum er vegen kort til fine turar i terrenget. Alt frå lette turar, der du kjem langt berre med eitt par gode sko, til turar som set større krav til utstyr og proviant.
Eit fint turområde er på vestsida av Tonningskamben, med utgangspunkt i Hol og Vik. Her er fleire stiar å velje mellom. Like ved barnehagen i Vikalida kan du ta deg opp stien til Vinsrygg og vidare på grusveg til Vinsryggsetra og Tverrfjellet. Frå her er mogelegheitene
mange, anten i det flotte barkeløypenettet eller vidare til fjells. Då kan Hogden, Gryta, Kyrkjenibba, Natakupa, Hestefjellet, Karifjellet og Gulekoppen vere aktuelle turmål - alt etter tid, lyst og form.
Flo skue og badekulpar
Held du deg på austsida av Vikaelva kan du gå stien langs elva, til Hol, forbi dagsturhytta og vidare til Hydlaparken og skisenteret. Ein annan variant er å krysse Vikaelva på Hol og gå skogsvegen opp forbi kraftverket. Her kan det anbefalast å legge inn ein stopp for å bade i dei mange fine kulpane i elva.
Ein tredje variant er å gå gjennom byggefeltet på Hol og ta stien opp til Flo skue. Her ventar ei flott utsikt oppover
VISNESRUNDEN: Turen frå Årheim går opp- og vestover ca. to kilometer, før den rundar ned att og ein kjem ut lengst vest i byggjefeltet på Visnes. Ein går på merka skogsveg og sti, og er ein flott tur som ikkje krev så mykje anna enn eit godt skopar.
dalen -ja til Flo faktisk. Frå her kan du også ta deg vidare, og følgje stien til den møter grusvegen frå Vinsrygg.
Visnesrunden og Årheimsfjellet
Også på sørsida av sentrum er det fleire fine turmogelegheiter. Ein lett tur er austover frå Gamlebrua, opp langs Stryneelva og til Sætre. Her går ein vekselsvis på asfalt, grus og mark.
For dei som ønskjer ein flott halvannan til to-timarstur, er runden på Visnes å anbefale. Her er det merka opp traktorvegen frå Årheim, som strekkjer seg vestover på baksida av byggjefelta, for så å runde ned att og kome ut øvst og lengst vest i byggjefeltet på Visnes.
Ønskjer ein seg opp i fjellet kan ein ta av frå traktorvegen, litt etter det høgaste punktet på runden, og følgje stien opp til
Årheimsetra og heilt opp på Årheimsfjellet. Dette er ein meir krevjande tur med tidvis bratt sti. Tek ein seg heilt til toppen, kjem ein til eit mekka av godt merka stiar innover mot Hoven, via Skredfjellet. Etter fleire timar i beina, kan det då vere fint å spandere på seg ein tur med Loen Skylift ned att til fjorden.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.noBARKELØYPER: Turløyper Stryn har laga eit fantastisk løypenett i fjellet. FOTO: CARINA MORK
HOVEN: Frå Årheimsfjellet kan ein følgje godt merka tursti heilt til Hoven, via Skredfjellet. Frå Hoven kan ein velje å gå anleggsvegen ned til Opheim, eller spandere på seg ein tur med Loen Skylift.
Gudstenester i indre Nordfjord
Her blir det gudstenester både inne og ute i Stryn og Hornindal i løpet av sommaren.
18. juni; 3. s i treeiningstida
– Luk 14, 15-24
- Holme, Loen 11:00 Friluftsgudsteneste. Ved Kaare
Michael Christoffersen
- Utvik 11:00 Gudsteneste.
Ved Beate Nes
- Kvivssetra, Austefjord 12:00
Friluftsgudsteneste. Ved Per
Kristian Hovden Sætre
- Kvalen, Randabygd 13:00
Friluftsgudsteneste. Ved Hege
Høibye
- Nedstryn 19:00 Kveldsmesse.
Ved Hege Høibye
25. juni; 4. s i treeiningstida
– Mark 10,17-27
- Nordsida 11:00 Gudsteneste.
Ved Hege Høibye
- Hornindal 11:00 Gudsteneste for små og store. Ved Per
Kristian Hovden Sætre
- Erdalsætra, Oppstryn 12:00 Friluftsgudsteneste. Ved Beate
Nes
- Prestestøylen, Innvik 14:00 Friluftsgudsteneste. Ved Kaare
Michael Christoffersen
2. juli; 5. s i treeiningstida
- Loen 11:00 Gudsteneste.
Ved Hege Høibye
9. juli; Aposteldagen / 6. s i treeiningstida – Luk 5,1-11
- Olden 11:00 Gudsteneste
- Selja, Selje 12:00 Seljumannamesse
- Austefjord 19:00 Kveldsgudsteneste. Ved Kristine
Bleikli
16. juli; 7. s i treeiningstida
– Luk 15,1-10
- Per Bolstads plass, Stryn 11:00 Friluftsgudsteneste. Ved
Hege Høibye
- Sølvbergstøylen, Nordsida
14:00 Friluftsgudsteneste. Ved
Hege Høibye
23. juli; 8. s i treeiningstida
– Matt 6,19-24
- Innvik 11:00 Gudsteneste. Ved
Henny Koppen
- Hornindal 19:00 Kveldsgudsteneste. Ved Kristian
Myklebust
29. juli; Olsok – Joh 12, 24-26
- Olden gamle 18:00 Olsokgudsteneste. Ved Kaare
Michael Christoffersen
- Oppstryn 20:00 Olsokgudsteneste. Ved Henny Koppen
30. juli; 9. s i treeiningstida
– Matt 11,28-30
- Nedstryn 11:00 Gudsteneste.
Ved Henny Koppen
- Verlostøylen, Utvik 13:00 Støylsmesse. Ved Kaare Michael Christoffersen
SOMMARGUDSTENESTER: Her ved Nedstryn kyrkje i starten av juni. FOTO: SIGRID HEGGESTAD
6. august; 10. s i treeiningstida
– Luk 5,27-32
- Nordsida 11:00 Gudsteneste. Ved Henny Koppen
- Anders Svor museum, Hornindal 12:30 Kulturgudsteneste. Ved Ingeborg Matre
13. august; 11. s i treeiningstida
– Matt 23,37-39
- Loen 11:00 Gudsteneste. Ved Kaare Michael Christoffersen
- Utvik 11:00 Gudsteneste. Ved Beate Nes
- Bjørke 19:00 Kveldsgudsteneste. Ved Per Kristian Hovden Sætre
BUA bidreg til sommaraktivitetane
Ved BUA Stryn kan du låne syklar, SUP-brett og skateboard heilt gratis.
Ved BUA kan ein låne sports- og fritidsutstyr heilt gratis. Eit tilbod til privatpersonar, organisasjonar, skular - og alle andre.
– Ikkje alle treng å eige alt, og kanskje har ikkje alle plass heime heller. Det kan også vere lurt å prøve utstyr før ein eventuelt går til innkjøp, seier Marit Sandnes Skrede i Stryn frivilligsentral. Det er dei som driftar BUA i samarbeid med Stryn kommune.
BUA held til ved frivilligsentralen og Telegrafen ungdomskafe i Perhusvegen. Den lilla containeren i hagen syner godt att og vil vere open i heile sommar. Det er det ukrainske paret Eduar og Anastasiya som er vertskap. – Eit veldig godt system. I Ukraina har vi ikkje dette, seier Eduar, og tek oss med inn i containeren. Her er det SUP-brett, rulleskøyter, skateboard, hjelmar, redningsvestar, spel, sparkesyklar, våtdrakter og mykje meir. Om vinteren kan ein låne
VERTSKAP: Eduar og Anastasiya frå Ukraina har ansvar for BUA i Stryn. Dei fortel at syklar og SUP-brett er populært å låne.
FOTO: AKSEL SOLLID SELJESET
skiutstyr og snowboard.
– Sykkel er mest populært om sommaren, slår Anastasiya fast.
Også SUP-brett og sparkesykkel er ofte utlånt.
Dei ønskjer velkomen til BUA i sommar, men minner om at
20. august; 12. s i treeiningstida
– Matt 6,24-34
- Olden 11:00
Fyrsteklassesgudsteneste. Ved Kaare M. Christoffersen.
- Hornindal 11:00
Gudsteneste for små og store.
Ved Per Kristian Hovden
Sætre. Utdeling av Alle gode ting. Skulestart
- Nedstryn 16:00 Førsteklassesgudsteneste. Ved Henny Koppen
27. august; 13. s i treeiningstida
– Matt 25,14-30
- Bombeneset, Oppstryn 11:00 Friluftsgudsteneste. Presentasjon av dei nye konfirmantane.
Ved Hege Høibye
- Innvik 11:00
Gudsteneste. Presentasjon av dei nye konfirmantane. Ved Kaare Michael Christoffersen
- Austefjord 11:00
Gudsteneste for små og store.
Ved Kristine Bleikli. Skulestart
brukarar må registrere seg på nettet for å få låne utstyr. Då kan ein nytte alle BUA sine utlånsstader rundt om i landet.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no
BOLTRE SEG INNE: Om sommarvêret uteblir kan ein tur i Stryn Symjehall vere tingen, kanskje etterfølgt av ein film på Stryn Kino, som er i same bygning.
Symjehall og sommarkino
Stryn kulturhus byr på kino og symjehall gjennom heile sommaren.
– Vi tenker å ha symjehallen open på dagtid. Det vert også kinovisningar på dagtid samt kveldsfilm søndagane, fortel kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.
Fleire store filmar er venta på lerretet denne sommaren, kanskje ikkje minst den nye Indiana Jones filmen i slutten av juni: The Dial of Destiny. Den kjem
15 år sidan den førre, og over 40 år etter at den første Indiana Jones-filmen vart lansert.
Også i juli er det grunn til å besøkje kinoen, både for store og små. For dei yngste kjem filmen Barbie og for dei litt eldre og action-glade ventar Mission Impossible - Dead reckoning. – Elles får vi mykje fine barne- og familiefilmar inn på programmet, seier Alme.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no
Camping i indre Nordfjord
OLDEVATN CAMPING
6788 Olden
Oldevatn Camping ligg idyllisk til ved Oldevatnet, omkransa av fjell og isbrear,10 minutt køyring frå Olden sentrum, i retning Briksdal. Vårt hovedfokus er service og reinhald, samt eit variert aktivitetstilbod i alle aldersgrupper.
Tel. +47 57 87 59 15 post@oldevatn.com www.oldevatn.com
GRYTA CAMPING
Oldedalsvegen 1272, 6788 Olden
Kreativ camping med kvilepuls –eventyrleg vakkert ved Oldevatnet. Nyoppussa sanitæranlegg og hytter med fargar til å bli glad av. Gratis båt og sitontop kajakk. Forfriskande isbading året rundt og flotte turmoglegheiter. Hjarteleg velkomne!
Tel. +47 57 87 59 50 gryta@gryta.no www.gryta.no
MINDRESuNDE CAMPING
6783 Stryn
Frå Mindresunde har ein fin utsikt over Strynevatnet. Plassen har lang strandlinje og lett adkomst til vatnet. Du finnoss 10 km frå Stryn sentrum ved Rv 15.
Tel. +47 415 66 316 post@mindresunde.no www.mindresunde.no
STRYN CAMPING
6783 Stryn
Hos oss kan du overnatte i større hytter og enklare campinghytter, campingvogn, bobil eller telt. På campingen finst det og eit leikeområde for born med minigolf.
- Midt i Stryn sentrum -
Tel. +47 57 87 11 36 post@stryn-camping.no www.stryn-camping.no
OLDEN CAMPING GYTRI
6788 Olden
Olden Camping Gytri, ligger ved Oldevatnet, 13,5 km fra Olden sentrum, ved Fv 5724 Olden –Briksdalsbreen. Vi er den andre campingplassen etter RØRtunnelen.
Telefon: +47 482 26 970 post@oldencamping.com www.oldencamping.com
MELkEVOLL BRETuN
6792 Oldedalen
Melkevoll Bretun camping er ein unik camping som ligg rett ved den verdskjende Briksdalsbreen. Vi har fine hytter og rundt oss finn vi store fossefall, flotte fjellturar, klatring og glitrande brear Velkomen til ein aktiv ferie i frisk og urørt natur!
Tel. +47 915 19 208 info@melkevoll.no www.melkevoll.com
INNVIk fjORDCAMP
Innvik Fjordcamp ligger idyllisk til ved fjorden i Innvik. Campingen har 12 hytter og ca 20 plasser for vogner/ bobiler. Café med servering av mat og drikke, samt en liten klesbutikk.
Fjordvegen 3266, 6793 Innvik Tlf 919 16 793 www.innvikfjordcamp.no
HORNDØLA CAMPING
Muldsvorvegen 5, 6763 Hornindal
Velkomen til Horndøla Camping ved foten av Hornindalsrokken. Her er storslått natur midt mellom fjell, fjordar og brear. Caravan og teltplasser. Vi har serveringsfasiliteter og kiosk.
Mob. +47 905 66 622 ochaugen@online.no
Besøk oss gjerne i sommar!
6793 InnvikBåttur over Lovatnet med MS Kjenndal II
MS Kjenndal II går på Lovatnet frå mai til september. Mange av turane er bestilte gruppeturar, men på utvalde dagar kan du vere med på billetturar.
Turistbåten er sertifisert for 100 passasjerar. Det er 100 sitjeplassar inne, 40 på dekk og 20 bak. Det er toalett og kiosk om bord. Båtturen startar ved Sande og er ei spektakulær oppleving der ein verkelig får sett og opplevd Lodalen og den storslåtte naturen. Framme ved Kjenndalstova er det ein to timars stopp, slik at
det blir tid til å nyte eit måltid med lokal mat eller ta ein spasertur. Det er også høve til å ta med sykkel, men det må tingast på førehand.
OVERLANDING: – Du vil møte menneske med mykje erfaring i å reise, både innanlands og på lengre ekspedisjonar til kvar som helst i verda. Målet vårt er å samle folk som deler desse interessene i dei vakre omgivnadene ved Lovatnet, seier Robin Berglid og Iiris Endresen.
Festival for dei reiseglade
I månadsskiftet juni/juli er det klart for ein ny Norex Overland Festival i Loen.
Vertskap er Robin Berglid og Iiris Endresen, som til dagleg bur på familiegarden på Fjelli.
– I år opnar vi også for dagsbesøk på festivalen, fortel dei.
– Så håpar vi flest mogeleg lokale vil ta turen innom og bli kjende med festivalen.
Starta med guida bilekspedisjonar
Dei starta eigentleg med guida ekspedisjonar med bil. Så kom Covid.
Då arrangerte dei sin første
overlandfestival i staden.
– Kan du forklare fenomenet «overlanding», Robin Berglid?
– Overlanding er rett og slett å reise på tur, der du brukar køyretøy og har alt med deg, både mat, aktivitetsutstyr og til overnatting. Det er mykje friluftsfolk, som heller vil ha ein bil som passar livsstilen. Det er ofte mindre komfort på tur enn i ein bubil, folk vel gjerne litt vanskelegare vegar og prøver å kome seg til unike destinasjonar. Og desse festivalane har oppstått så folk kan møtest og møte likesinna.
På festivalane finn ein leverandørar som sel utstyr og gjenstandar til fiske, jakt, fri-
lufts- og turaktivitetar, camping, klede og førstehjelp. Der er også inspirerande presentasjonar, haldne av eventyrarar, overlandarar eller fotografar. – Du vil møte menneske med mykje erfaring i å reise, både innanlands og på lengre ekspedisjonar til kvar som helst i verda. Målet vårt er å samle folk som deler desse interessene i dei vakre omgivnadene ved Lovatnet, seier Robin Berglid.
– I år har vi også fått MS Kjenndal på laget, så det blir guida båtturar med burgerservering.
Anten du er motorsykkeleventyrar, sykkelentusiast, har varebil, taktelt, vanleg bil med madrass eller berre likar å vere på tur med telt er du velkomen til festivalen. Pengane du legg inn i køyretøy og utstyr spelar inga rolle.
Ope også for dagsbesøk Eigentleg hadde dei tenkt å ha ein lukka festival.
– Men vi fann ut vi skal opne opp for dagsbesøk. På den måten håpar vi å få flest mogeleg frå stryneområdet til å ta turen innom og bli litt kjent med overlanding.
Overlandfestivalane har blitt eit populært fenomen.
– Vi kunne ha lagt festivalen på Austlandet og fått tusenvis av besøkande. Men vi har jo lyst til at folk skal kome hit, til den vakre naturen i Loen, Olden og stryneområdet, seier Robin og Iiris.
– Vi prøver og å tipse om reisemål også utover mot Stad og kysten, til dømes. Vi ønskjer jo at folk skal bli igjen
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.noVANDRESTIAR: På toppen finn du mange mil med vandrestiar, fleire er universelt utforma. FOTO: SILJE REED
RESTAURANT MED UTSIKT: Hoven Restaurant. Her kan du nyte utsikta frå taket eller inne frå restauranten.
FOTO: SILIJE REED
Stor satsing på kortreist, lokal mat i Lodalen
Kjenndalstova satsar på lokal, kortreist mat under årets sesong som på fleire måtar vert utfordrande.
– Det er utfordrande når tre busselskap ikkje vil la sjåførane sine køyre i Lodalen, så i år har vi teke eigarskap til utfluktspakka til cruisenæringa i samarbeid med Olden Cruise og Fjordguide, seier Ingvill Tronrud, dagleg leiar av Kjenndalstova. No tek dei imot cruiseturistane og skyssar dei med buss til båten på Lovatnet som fraktar turistane inn til Kjenndalstova inst i
Lodalen. Der ventar lokal, kortreist mat; eit satsingsområde for Kjenndalstova.
– Vi satsar sterkt på aure frå Lovatnet, kjegryte og hjorteburger frå lokal hjort på menyen. Dette er noko turistane ønskjer og noko vi satsar tungt på, seier Tronrud. Langsmed drifta av Kjenndalstova studerer ho nettopp lokal matkultur.
– Eg er veldig oppteken av lokal, sunn og god mat og vi skal bli endå betre på dette området og utvikle oss. Dette vert eit satsingsområde for oss, seier ho. ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
LOEN SKYLIFT: Den raskaste toppturen. Skyliften tek deg opp i over 1.000 meters høgde på nokre få minutt. FOTO: SILJE REED
Fjelloppleving med Loen Skylift og Hoven Restaurant
Norges lettaste topptur finn du i Loen. Rett og slett ved å ta Loen Skylift opp i over 1.000 meters høgde.
Og oppe på fjellet Hoven ventar både fine vandrestiar,
zipline, solnedgongar og god mat og drikke. Fleire av stiane er universelt utforma, og gjev dermed ei ekstra mogelegheit for naturopplevingar for dei som kanskje ikkje så lett kjem seg ut i naturen.
Mykje har utvikla seg i løpet av dei seks driftsåra sidan
Loen Skylift og Hoven Restaurant opna. Mellom anna med utviding av restauranttilbodet, kafè og butikk på taket, zipliner og forbetring av vandrestiane.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
AKTIV MORO: Loen Play er eit leikeland som tilbyr aktiv moro for borna. FOTO: LOEN PLAY
MORO OG UTFORDRANDE: Loen Play i Loen. FOTO: LOEN PLAY
Leik og moro i Loen
Leikelandet Loen Play opna i fjor, og har blitt eit kjærkome tilskot for både lokalbefolkninga og besøkande.
Gjennom året har stadig nye element kome til, og timane vil fly fort innanfor dørene i Loen Play. Over to etasjar kan borna boltre
seg med klatrehus, ballbasseng, digitale skjermar, interaktive spel med meir.
Det er også ei eiga avdeling for dei aller minste. I lokala finn du også ein kafè, både for dei som leikar og dei vaksne som er med.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Vi stiller på messa
med ATV frå Segway og proff tilhengere frå Ifor Williams
Micore XW 50 cc preMiUM
Honda 60 HK veil 286.980,- no 273.990,-
Micore XW 53 cc
Honda 100 HK veil 319.980,- no 306.990,-
Honda 115 HK veil 397.980,- no 384.990,-
12.990,-
40 hk Honda
150.980,- NO 139.000,-
TerHi 480
pakke
med 9,9 sport
50 hk Tohatsu
med
60 hk
KUN 269.000,-
Strynevegen 61, 6783 Stryn, tlf. 57 87 60 60
Tilhengere - Båt - ATV - Verksted - Maskiner - Jernvare
i sommer!
Besøk vår nye butikk aust for sentrum! eigen serviceverkstad.
gjestehavner: Info om gjestehavner i Nordfjord: MÅLØY HOPEN SANDANE GJESTEHAVN STRYN GJESTEHAVN UTVIK MARINA 70 båtplasser 15 båtplasser 20 båtplasser 15 båtplasser
Foto: Thomas Hagen
Trengdutransport?
Ibilparkenharvi: 2 bilar • 3 minibussar
(ogsåforrullestolbrukarar)
Kvar dag i perioden 1. juli - 13. august 2023
LOEN - LODALEN - OPPHEIM
Hopp på eller hopp av - alt etter kva plan du har for dagen. Kombiner turen med ein fjelltur, bading eller ein båttur på vakre Lovatnet. Fire daglege avgongar til Lodalen, tre avgongar til Oppheim. Billettar kjøpast på bussen. Sjå rutetider på loenshuttle.no
Via Ferrata Loen
Zipline kvar dag (med vêrforbehald)
Kajakk med guide
Guida fjellturar
Utleige av SUP-brett, sykkel, trøbåt og kajakk*
BOOKING: loenactive.no Tlf. 57 87 58 00 post@loenactive.no
Forbestilling ellerandrespørsmålring:
57872350
Loen Skylift til 1011 meter over fjorden
Merka turstiar
Hoven Restaurant & Bar
Uteterrasse med servering
Skyshop & Café
Aktivitetar med Loen Active
loenskylift.no
Loen Shuttle - perfekt måte å kome seg rundt på
Enklaste måte å kome seg rundt i Loen og Lodalen på: Shuttlebussen.
Loen Shuttle har fire daglege avgongar på strekningane Loen - Lodalen - Oppheim i perioden 1. juli til 13. august. Anten du ønskjer å gå til
Rakssetra, Kjenndalsbreen, oppleve Lovatnet eller bade på Breng kan du i sommar la bilen stå, og hoppe på Loen Shuttle.
Shuttlebussen har ein fleksibel dagsbillett slik at du kan reise så mykje du vil.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
ELSYKKEL: Med elsykkel frå Loen Active kjem du tett på naturen. FOTO: LOEN ACTIVE
Attraktive nye elsyklar
Loen Active satsar ekstra på to hjul og har investert i nye elsyklar.
Loen Active byr på eit stort spekter av utstyr og aktivitetar, frå Via Ferrata, zipline, fjellturar med guide, sykling og kajakk til SUP. Denne sommaren har Loen Active også skaffa nye elsyklar, så no kan du på enkelt og miljøvenleg vis kome deg langt av garde. Elsyklane har blitt svært populære, og er allereie etterspurde av mange tilreisande til Loen.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Høgt, fritt og luftig i Via Ferrata Loen
Klatreeventyret i Loen lokkar stadig fleire til aktivitetsbygda inst i fjorden.
Nokre er nybyrjarar, andre er gjengangarar som er blitt hekta på adrenalinrushet, meistringa og den fysiske utfaldingsgleda Via Ferrata Loen gjev.
Dei fleste vel den klassiske, medan nokre testar motet i dei litt hardare sløyfene. Dei aller sterkaste prøvar seg i Ragnarok-ruta. Kva som blir valt, blir avgjort av både ambisjonsnivå, nervar og kompetanse.
Gjennom sommaren kan du også inkludere den luftige ziplina som ein del av opplevinga. Og prikken over i’en, sjølve gevinsten, er sjølvsagt utsikta over indre Nordfjord. Kanskje kombinert med vafler, ferskt bakverk og kaffi, eller eit skikkeleg middagsmåltid på toppen.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
VIA FERRATA LOEN: Luftig oppleving. Her frå Tors hammer.
FOTO: MAREN LOEN
HOPP PÅ - HOPP AV: Loen Shuttle går i skytteltrafikk Loen-LodalenOppheim, og er ein flott måte å ta seg rundt på. FOTO: LS
OLDEDAGANE: Publikum sviktar som regel ikkje under Oldedagane som går av stabelen fredag 30. juni til og med 2. juli. I år vert det også opning av ny fotballbane ved Olden skule. ARKIVFOTO
Inviterer til folkefest og baneopning under Oldedagane
Opning av ei ny fotballbane inngår i Oldedagane i år.
Sjølv om programmet ikkje var klart då avisa gjekk i trykken er det likevel klart at den tre dagar lange folkefesten i Olden blir noko av og også i år. Det er den første helga i juli det skjer.
– Nokre av dei faste postane kan vi nok stadfeste. Det vert kunstutstilling og kafe på Bygdetunet, Olden Hornmusikk skal spele og det vert både karneval og aktivitetar for born og unge, kanskje også ein Marshmallow-kastekonkurranse. Også mange av bodene har begynt å tinge plass, opplyser fungerande bygdeutviklar i Olden, Rune Holen.
Førebels er det klart at det blir kyrkjekonsert. Tradisjonen tru vert det også Olderevy med generalprøve fredag og framsyning laurdag. Av det førebelse programmet er det også klart for «kubbeløp» i elva i regi av ungdomslaget.
– Laurdagen vert det også stor opning av sjuarbana ved Olden skule. Det gler vi oss veldig til, seier Holen.
Fleire små «sydenperler» i Olden
Olden kan by på fleire flotte små strender, og i Olden sentrum ligg kanskje Norges aller minste strand, i alle fall om vi skal tru på skiltet.
Badeplassen i Avleivika, midt mellom Olden og Loen, har fått eit skikkeleg løft og framstår med den kvite skjelsanden som den reinaste «Copacabana» på fine dagar.
Kjøpmann i Olden, André
Opheim, kan kanskje ikkje skilte med den flottaste stranda, men kanskje med den minste. Den 2,5 meter lange sandstranda ligg like ved eigedomen hans i Olden sentrum. Skiltet slår fast at dette er Norges minste,
Begge kveldar vert det som vanleg dans på Mølla og open pub og kafe ved Yris.
– Det vert også langopne butikkar desse dagane. Vi ynskjer alle velkomne til Oldedagane 2023, seier Holen.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
og kaldaste, strand.
– Påstanden om den kaldaste badestranda er korrekt då elva med brevatn renn ut i fjorden ved sida av, hevdar kjøpmannen sjølv med eit smil.
Også ved Olden Cruise Park
finn ein ei flott lita badestrand i enden av anlegget.
BERIT MELHEIM redaksjon@fjordingen.no
Briksdalen - eit sikkert turmål
Briksdalen med breen, vatnet, den strie elva og fjellstova med servering, butikk og overnatting er eit sikkert turmål i indre Nordfjord om sommaren.
– Det ser ut til å bli ein rimeleg bra sesong, seier vertskapet for Brikdsalsbre Fjellstove, Per Briksdal og Oddrunn Elisabeth Grodås.
Hit kjem både cruiseturistar i buss, norske bussgrupper, bubilturistar, folk i privatbil, til fots og på sykkel.
Flest britiske
Det er britiske turistar som toppar besøkslista i Briksdalen i år. Og dei var også dei første: Det var midt på 1800-talet dei første engelske turistane dukka opp her. På 1890-talet tok
turismen seg opp, og turistane vart køyrde opp til breen i høyvogner. Fjordhest og vogn vart brukte heilt til tidleg 2000-tal, då tok dei dieseldrivne «trollbilane» over.
Gjerne til fots
Veldig mange vel også å ta beina fatt opp til breen, og den godt tilrettelagde vegen er ein attraksjon i seg sjølv der han svingar seg oppover forbi Kleivafossen. Ein flott sti er også lagt på sørsida av Briksdalselva, i godt tilpassa terreng.
Om ein har lyst til å utforske Oldedalen endå meir, finst det eit «hav» av turmulegheiter. Oldeskaret, Brenndalen, Flatsteinbu og Klovane er berre nokre av mange spektakulære turmål.
GUNNHILD SINDRE gunnhild.sindre@fjordingen.no
Bu og et herskapleg i Singerheimen
I Singerheimen i Olden kan du både bu og ete herskapleg.
Turi Øye Rustøy, Mons Rustøy frå Oldedalen og Michal Gembicky frå Tsjekkia blir det nye vertskapet i Singerheimen. Styret har lenge jobba med å få rekruttert drivarar av eigedomen.
Styreleiaren i Singerheimen, Per Kristian Storevik seier at dei er svært glade for at desse har takka ja til jobben.
Det amerikanske ekteparet Anna Brugh Singer og William H. Singer jr. kom til Olden i 1913. William Singer, stålverksmillionær, var kunstmålar, og ekteparet vart verande i Olden og bygde opp anlegget Dalheim.
I tillegg til studio (1914) og villaen består eigedomen av tenarbustad/drengestove, stabbur, kafeen med eldhus og utedo til tenarskapet, jordkjellar, driftsbygning (1932), vedhus, bungalow (1937), mausoleum (ca 1947).
Ekteparet Singer sette store spor etter seg m.a. med å bygge Nordfjord sjukehus og forskottere vegen mellom Olden og Innvik.
No kan du både bu og ete herskapleg i paret sin heim. Singerheimen har 19 sengeplassar i hovudhuset og åtte i bungalowen, og skal halde fram med overnatting som før 2019.
Cruise-trafikken med guiding og ein stopp i kafeen på tunet med enkel servering og laksefiskarane i Olden-elva er grupper dei jobbar opp mot.
Michal Gembicky kjenner ein berømt
EKSKLUSIVT: En fruktig kveld på bærtur servert på ekte gulltallerken og servise som Singerfamilien brukte.
FOTO: BERIT MELHEIM
kokk som driv Podcast i Tsjekkia. Han skal kome til Singerheimen i juli og lage ein nydeleg meny.
Dei ønskjer også at lokalbefolkninga skal få ei god oppleving i Singerheimen med god mat. Familiesamankomstar og venelag er hjarteleg velkomne, seier dei.
– Vi må føle oss litt fram, seier Mons Rustøy og Michal Gembicky.
– I dag har vi fire middagsmenyar og tre lunsjmenyar klare.
BERIT MELHEIM redaksjon@fjordingen.no
KLEIVAFOSSEN: Godt og avkjølande å gå forbi Kleivafossen på
Olden gamle kyrkje
Korskyrkja er frå 1759, men utgravingar syner at det har stått ei stavkyrkje same plass, truleg frå kring 1300. Takka vere ein stor dugnadsgjeng er kyrkja open dagleg gjennom sommarmånadane. Også utanom hovudsesongen er det ope når det ligg cruiseskip til kai.
Kyrkja er open frå klokka 10.00 og stenger tidlegast kl 18. Det er ikkje guidar i kyrkja, men det er slått opp informasjon på fleire språk som fortel om historia.
Full action i og ved
Mølla Gjestehus i Olden
Skarsteinsetra Opp
Den 13. utgåva av motbakkeløpet Skarsteinsetra Opp i Olden går av stabelen laurdag 9. september. Her kan ein anten delta i konkurranseklassen, eller ta turen som god trim. Ein kan også sykle opp til Skarsteinsetra, 400 høgdemeter og 4,6 kilometer frå startstreken i Olden sentrum. I fjorårets utgåve deltok det rundt 75 mosjonistar, og det stilte 21 løparar og syklistar til start.
FOTO: BERIT MELHEIM
Tilboda ved Mølla Gjestehus er styrka i år då Briksdal Adventure tilbyr gruppeutflukter med SUP-brett.
I Olden har ein lenge kunne kombinere ein fartsfylt RIB –tur på fjorden med krepsefiske som i neste omgang endar opp med kreps på din eigen tallerken på Mølla Gjestehus.
– Dette har vi gjort nokre år no og det har blitt veldig populært. Folk likar å gjere noko aktivt sjølve, fortel Frode Briksdal som snart har 30 års erfaring med å aktivisere turistar og besøkande i Olden. I tillegg til RIB turar og kajakk-utleige, har selskapet Briksdal Adventure no styrka tilbodet med utleige av «stand up padling board», eller SUPbrett.
– Dette var eit tilbod vi testa på slutten av sesongen i fjor med stort hell. No har vi investert i mange nye brett og vil i første omgang tilby gruppeut-
flukter på 10 personar ute på fjorden, opplyser han.
Briksdal Adventure tilbyr også brevandring på Tystigen frå og med juli til midten av august.
– Vi har ei rekkje aktivitetar og eg har ti guidar og breførarar tilknytt selskapet, seier Briksdal.
Han legg til det å drive turisme i ei lita bygd betyr at ein må spele på lag med andre aktørar.
Til dømes eig han og driv Mølla Gjestehus saman med Olden Cruise, som tilbyr bussutflukter. Med felles base kan dei dra vekslar på kvarandre. I tillegg samarbeider han med lokale bønder for kortreist mat til gjestehuset.
– For min del handlar det om å støtte lokalsamfunnet, då får ein så mykje tilbake, konkluderer Briksdal som har tru på ein ekstra god sommar med låg kronekurs.
ROGER OLDEIDE roger.oldeide@fjordingen.no
OFTE PÅ FJORDEN: Frode Briksdal, som driv både Mølla Gjestehus og Briksdal Adventure i Olden, er ofte ute på fjorden, her i RIB-båt. Han tilbyr også utleige av kajakk og no også SUP-brett.
KULTURDAGANE I HORNINDAL: I august er det igjen tid for karnevalsopptog og Kulturdagane i Hornindal. Her frå 2019.
TA SJANSEN: Er du ute etter litt moro og action, då kan Ta sjansen i Oppstryn vere arrangementet for deg!
OLDEDAGANE: Første helga i juli er det dei tradisjonsrike Oldedagane. Her frå fjorårets show med akrobaten Malte Knapp.
handverksmesse
SOMMARDAGANE I UTVIK: Salsboder, underhaldning, grilling og bad i fjorden. Sommardagane i 2018 gjekk i strålande vêr og 30 varmegrader.
Sommar i indre Nordfjord - frå action og arrangement til late dagar i sola!
SOMMARDAG VED OPPSTRYNSVATNET: Rekreasjon både på og ved vatnet på Hjelle.
GUMMIBÅTFESTIVAL: Ta med deg redningsvest og noko å flyte på og ver med på Stryn gummibåtfestival siste helga i juli.
BRUAGRENDA: Ein rusletur gjennom Bruagrenda og over gamlebrua i Stryn byr på sommaridyll.
Sjøkanten kafé og handverksmesse
Sjøkanten kafé og handverksmesse
på Hopland
radiostryn.no
på Hopland
held ope frå 30. juni t.o.m. 28. juli, alle dagar kl. 12.00 -18.00.
Velkomen!
held ope frå 7. juli t.o.m. 29. juli, alle dagar kl. 11.00 -18.00.
Velkomen!
Her kan du lytte til Radio Stryn, programoversikt, kjøpe digitale bingoblokker, høyre på podkastar etc.
av dei ti støylane. FOTO: PRIVAT
Oppmerkte stiar til støylar
I området rundt Utvik kan både turistar og fastbuande finne fram til lokale støylar etter at stiane vart rydda og godt merka.
Det store stiprosjektet starta etter initiativ frå Solveig Stange, og vart sett i gang samarbeid med Indre Nordfjord Turlag i 2016. Etter mange hundre dugnadstimar vart resultatet 43 kilometer med merka stiar som
Nytt Sommartreff i Liatunet i Innvik
Søndag 27. august blir det tradisjonelt opplegg for Sommartreff i Liatunet.
Arrangørane følgjer den vanlege oppskrifta si med underhaldning, rømmegraut og spekemat, sveler og godt drikke, omvising og eldhussteikte brød.
Alle detaljar er ikkje klart på programmet, men det blir musikalsk underhaldning.
– I år blir Gaute Losnegard til stades på Liatunet denne dagen. Det er vi verkeleg gilde for. Han skriv på Bygdesoga for Stryn, og no held han på med Vikane-området. Han vil orientere om korleis dette arbeidet går, og det
blir sikkert mykje folk, fortel Dag Vanberg for arrangørane. Liatunet i Innvik har til saman elleve bygningar, og har røter tilbake til 1500-talet.
SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no
gjer det enklare å finne fram for alle. Rydding, merking og skilting er gjort til ti støylar: Kårstadstøylen, Bergsstøylen, Myklebuststøylen, Verlostøylen, Valakerstøylen, Brulandstøylen, Juvstøylen, Frøysetstøylen, Moldreimstøylen og Tistamstøylen.
Det er bøker på støylane, og infomapper med kart som ligg ute på hytter i området.
Populær kafe i Innvik
Cafe Go`beten i Innvik har blitt ein populær stoppestad både for reisande og fastbuande i bygda.
Café Go’beten i Innvik er ein treffstad med både ultralokalt og internasjonalt preg. Over 90 nasjonalitetar besøkte kaféen i 2020 og fekk teste lokale mattradisjonar og ditto drikkevarer. No kjem også stadig fleire frå nabobygdene innom.
Det er Trude Presthus som driv serveringsstaden saman med ektemann Halstein.
Presthus tok over drifta i 2013, og har satsa mykje på lokal forankring. Lokale mattradisjonar, lokale råvarer, mat laga frå
UTE: Kaféen i Innvik har sitjeplassar både ute og inne, her på framsida, der det er utsikt oppover mot dalen og fjella.
grunnen av. Hjorteburger, festkaker, påsmurte godbitar, kaffilefser, flatbrød og fiskelefser. Og ikkje minst: sveler med pudding.
VARME SOMMARDAGAR: Siste helga i juli blir det Sommardagane i Utvik med folkeliv, underhaldning og dans. Her frå 2018 i strålande vêr og 30 varmegrader.
Tradisjonsrike sommardagar i Utvik
Siste helga i juli er det klar for Sommardagane i Utvtik med mange faste programpostar.
Basar, grilling, fiskekonkurranse og dans er blant det som står på programmet – Det blir mykje av det same programmet som tidlegare, seier leiar i hovudkomiteen, Tord Bruland. Han har med seg Robin Sørland, Tor Anders
Hestad, Kristine Raad og Eileen Sunde Haugen i komiteen for arrangementet.
Han fortel at det blir basar på fredag 28. juli. Laurdag 29. juli blir det grilling på kaia, ulike salsboder, hoppeslott, fiskekonkurranse, loppemarknad i Urdabrunn og andeslepp i elva. Kafe Sjøatunet vartar opp med god mat og drikke heile helga.
På kveldstid spelar Kathe´s opp til dans i teltet.
Søndagen blir det laga til
Stig i land frå Utvik marina
Då Utvik fekk sin marina i 2018, vart det ein populær stad å stikke innom med båten.
Her er det berre å stige i land, så har du både butikk og serveringsstad framfor deg.
Utvik Marina har gjesteplassar med tilgang til straum og vatn. Marinaen har eit bryggesystem som vart levert av Marinas Solution, og anlegget stod ferdig våren 2018.
Utvik Marina ligg midt i Utvik sentrum. Dette er nok ein av årsakene til at gjestehamna har blitt godt motteken.
Her har du berre nokre få steg å gå frå du stig i land frå båten og til du er på nærbutikken eller på kaféen i Sjøatunet.
Vikane og Utvikfjellet er også eit svært godt utgangspunkt for fotturar.
støylsmesse på Verlostøylen. Her kan folk ta med seg ein kopp, så vil dei få servert kaffi og mat.
Arrangørkomiteen håpar mange finn vegen til Utvik denne helga, og ønskjer alle velkomne til trivelege Sommardagar.
SIGRID HEGGESTAD sigrid.heggestad@fjordingen.no
UTVIK MARINA: Midt i sentrum.
Friluftsskule ved Nordfjord fritidssenter og Oppstryn
Fjordane Friluftsråd arrangerer Friluftsskulen
på Nordsida og i Oppstryn.
Dette er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år.
Først ut er Stryn og Oppstryn, 23.-25. juni. Medan Stryn og Nordfjord fritidssenter er utgangspunkt for friluftsskulen 28.-30.juli.
– Vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin ei-
genart og tålegrenser, heiter det i omtalen av friluftsskulen.
Tre hovudtema Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av
kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte.
Fossefallet som ligg i enden av ein skogsveg i Randabygda er blitt eit populært turmål. Særleg tidleg på sommaren, medan det framleis er snøsmelting, er fossen eit
Ta turen bak storslåtte Tvinnefossen
Ein kort gåtur frå skulen og grendahuset på Rand, finn du den særeigne Tvinnefossen.
Det som gjer Tvinnefossen spesiell, i tillegg til eit mektig og flott syn, særleg i snøsmeltinga, er at den renn av eit framspring i berget som gjev rom for å bevege seg bak fossen. Det skal vere eitt av få fossefall i Nord-Europa med veg for folk og dyr bak fossefallet. Namnet Tvinna kjem av måten elva renn i det bratte landskapet, i fossar og kvervlar, ikkje ulikt slik garn vert tvinna.
Pilkast
Frå å vere ein attraksjon som helst dei lokalkjende tok med gjestene sine til, har dette også blitt eit populært turmål for turistar dei siste åra. Flotte bilde av fossen og området i sosiale media har nok bidrege til det.
Lokale eldsjeler har dessutan gjort turen inn til fossen meir spennande, for særleg barnefamiliar. På den vesle rusleturen har det dei siste åra dukka opp aktivitetar og «postar» som gjer turen fram til fossen endå kjekkare for dei minste.
Aktivitetane har variert litt år om anna, frå måling på steinar, pilkast, «vassing i pengar» til fleire andre kreative påfunn.
Turen er på ca. to kilometer kvar veg, og går på grusveg og skogsveg i hovudsakleg flatt terreng.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST
roy@fjordingen.no
SAGEDAMMEN: Idylliske Sagedammen på Ulvedal er eit flott friluftsområde, godt eigna for piknik og rekreasjon. Det er også eit godt utgangspunkt for ein tur gjennom Kulturløypa.
Kulturløypa på Ulvedal
Ein skil mellom Øvre og Nedre kulturløype. Sagedammen er eit godt utgangspunkt for begge, og stiane er godt merka.
I den øvre løypa kan ein oppleve kvernhusdalen med sine sju restaurerte kvernhus. Vidare går råsa til Vetestova, ei over tusen år gammal vakthytte frå tida med vetesystem, då ein brukte bål for å varsle om fiendar som var på veg inn fjorden.
Frå Vetestova går det sti nedom husmannsplassen Rabben, vidare gjennom det flotte Ulvedalstunet og til Lunden og Tjæ-
rehjellen, før ein er tilbake til Sagedammen.
I den Nedre kulturløypa kan ein besøke Baggehola. Soga fortel at Helje Bagge heldt skjul her etter eit futedrap i Innvik på tidleg 1500-tal. Like ved ligg eit utsiktspunkt som gjev mektig utsyn mot fjorden, og går ein endå litt vidare kjem ein til ein gammal frukthage, der det i nyare tid er planta ut ei rekkje blomar, plantar og buskar.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.no
Fine turar til fjord og fjell
På Nordsida er det mange fine turmogelegheiter, både til fjell og til fjord. Eit godt utgangspunkt for fjellturar er Nordfjord fritidssenter (ca 500 m.o.h.).
I området ligg det fleire støylar og til desse går det stiar eller grus-/traktorveg som gjer det lett å finne fram. Ønskjer ein lenger turar er Bergsetnakken (1.133 m.o.h.) og Heida (990) to fine alternativ. Ein annan fjelltur som er å anbefale, er Glitteregga (1.298). Då kan ein gå frå fritidssenteret, gjennom Buberskaret og til Klebergsdalen. Alternativt starte i Slettene ved Nosatunnelen eller gå frå Randastøylen.
Eit anna tips er å ta turen ned til fjorden, anten på Bergset- eller Sølvbergssida. Frå begge si-
SØLVBERGSNAUSTA: Fjordidyll med gamle naust og frukttre. Du kan krysse elva over til Bergset-sida.
der slynger ein ca. 1 km sti seg nedover berget. Nede ved fjorden møter eit idyllisk syn deg med frukttre og gamle naust.
ROY A. BRENVIK MYKLEBUST roy@fjordingen.noARRANGEMENT GJENNOM SOMMAREN
JUNI
23.06-25.06. Friluftsskule Oppstryn, arr. Fjordane Friluftsråd
28.06. Opning av salgsutstilling Låven på Visnes, kunstnar Reidun Kjærstad Gytri
30.06.-02.07. Norex Overland festival, Lodalen
30.06.-01.07. Subway spelar på Isehaug
30.06.-02.07. Oldedagane m/Olderevyen
JULI
30.06.-02.07. Oldedagane m/Olderevyen
30.06.-02.07. Norex Overland festival, Lodalen
08.07. Hornindal Rundt
22.07. Hornindalsvatnet maraton
28.07-30.07 Sommardagane i Utvik
28.07.-30.07 Friluftsskule Nordsida, arr. Fjordane Friluftsråd
29.07. Stryn Gummibåtfestival
18.08.-20.08. Stryn Street Food festival
i Liatunet, Innvik