Tidiga insatser för nyanlända barn, unga och föräldrar i Norden – evidens och lovande arbetssätt

Page 50

Dette er familien min no Det lange middagsbordet er midtpunktet. Ungdomar kjem og går. Vaksne kvinner er trygge og stødige. Alle får romslege klemmar. Prat og latter fyller rommet. Dette huset gjer Drammen til ein betre stad for einslege mindreårige ungdomar. Tekst og foto: Oddrun Midtbø

Leiar for prosjektet, Anu Kübar, møter meg på togstasjonen i Drammen. Ho utstråler ro, rausheit og toleranse. Sjølv om vi ikkje har treft kvarandre før, er det naturleg å helse med ein klem. Vi rusler gjennom byen i retning ungdomshuset der SAMMEN-prosjektet har adresse. Fargerike veggmåleri friskar opp i gatebiletet. Anu har mykje på hjarta. Ho har lang erfaring med å jobbe med ungdom frå andre land, og ho har sjølv erfaring med å vere ny i landet. Opphaveleg kjem ho frå Estland. Etter nokre år med pendling, flytta ho til Noreg med familien. Det er no snart 20 år sidan. Dette er eit prosjekt som har stor verdi både for norske og einslege mindreårige ungdomar, mest for den siste gruppa.

«SAMMEN i Drammen» Det er fristande å bruke den fengande tittelen «SAMMEN i Drammen», men dei timane eg er i det store huset like ved ein vidaregåande skule, er dei norske ungdomane fråverande. – Fleire av dei som har vore med i prosjektet er på skuletur i Frankrike, men vi har funne nokre som kan møte deg og snakke om erfaringane etter prosjektet, seier Anu. Huset har mange etasjar, nokre små rom som blir brukt som samtalerom og sjølve hjarta i huset; kjøkenet og ei sitjegruppe ved enden av det store rommet. Det er her det skjer. Drop-in på tysdagar. Det er her ungdomar stikk innom etter skuledagen, et middag med andre ungdomar og vaksne. Og kanskje går ein ungdom på einerom med ein av dei vaksne for å snakke om ting som er vanskeleg å snakke om i plenum. 50


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.