Kven veit 2018 temahefte

Page 1

KVENVEIT TEMAHEFET FOR KUNNSKAPSTEVLINGA KVEN VEIT? 2018

” Men dei hadde altså reist dette huset: eit hus som skulle bli større enn dei sjølve, eit hus med høgare himling enn den originale himmelen som heng over, eit hus med vegger til å slå ut sommartida så dei kunne danse på ein platting i det fri.” Arild Dahl: På dans!, 1985


Kven veit? 2018 Du sit no med studieheftet til Kven veit? 2018 i handa. Tema for tevlinga i år er ungdomshuset. ”Hus byggjer lag”. Dette fyndordet frå ein ukjent filosof seier litt om kva husa har hatt å seie for lokallaga i Noregs Ungdomslag. Og temaet for Kven veit? 2018 er altså huset i bygda, grenda og sentrum av byen – den rause og frilyndte møteplassen som vi gjerne kallar ungdomshuset. Forhåpentlegvis kan tekstane i studiehefte danne grunnlag for ettertanke, diskusjon og engasjement i tevlande lag over heile

landet. Kanskje lærer de òg noko nytt om NU gjennom tekstane. Lukke til med studieringane og kunnskapstevlinga!

PS: Både tekstane til senior og junior står i dette hefte. Junior vil kun bli spurt om dei tekstane som er merkt med det gule jr.merket. Sjå leseplan på baksida av heftet.

NOREGS UNGDOMSLAG

NOREGS UNGDOMSLAG Redaktør: Guro Redalen Bladbunad: Flisa Trykkeri AS Framsidefoto: Anne Marte Før Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B 0157 Oslo Telefon: 24 14 11 10 Mail: post@ungdomslag.no www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag instagram.com/ungdomslag

Tekst i heftet: Administrasjonen i Noregs Ungdomslag der ikkje anne er oppgjeve.

2 KVEN VEIT 2018?

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896, og er ein organisasjon som samlar ungdomslag over heile landet. Organisasjonen har om lag 14 000 medlemmer i nærare 400 lokallag. Aktivitetane i ungdomslaga femnar breitt, både i innhald og i aldersgrupper. Kjerneverdiane til Noregs Ungdomslag er frilyndt, samfunnsengasjement, folkeleg kultur og samværskultur.

SENTRALE TILSKIPINGAR 2018: Landsmøte Landsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og staden der dei viktigaste avgjerdene som skal vere førande for NU det neste året vert fatta. Alle lokallag kan sende utsendingar til møtet. Landsmøtet i 2018 finn stad 28. – 29. april i Oslo. Sommarleir Ungdom mellom 13 og 25 år har høve til å delta på NU sin sommarleir på Solbakken

folkehøgskule 1. – 6. juli. Sommarleiren har kurs både i teater, folkedans, folkekultur og musikk - i tillegg til sosial moro og turar. Du finn meir informasjon på: www.sommarleiren.no Gjesteinstruktør Ungdomslag i Noregs Ungdomslag har høve til å få ein gjesteinstruktør innanfor folkedans, teater og organisasjon heim til laget for eit helgekurs. Dette er ei ordning der NU finn rett instruktør til rett kurs, og der lokallaget betaler ein fast sum på kr 4000/5000 for kurshelga. Ordninga er subsidiert av NU, ved at dei overskytande kostnadene til reise, overnatting og honorar for kurslærar blir dekt av sentralleddet. Les meir om ordninga på heimesidene våre og ta kontakt med administrasjonen for å tinge ein instruktør.


UNGDOMSHUSET

Alle foto: Anne Marte Før

”HUS BYGGJER LAG” Ungdomshus er først og fremst trivelege samlingsstader og eit vilkår for sosial og kulturell verksemd i bygd og by. Huset kan òg vere ein evigvarande dugnad som er engasjerande og samlande for dei som er med. Ungdomshusa er eit synleg og handfast uttrykk for arbeidet i Noregs Ungdomslag gjennom dei 122 åra samskipnaden no har verka. Les vi soga om ungdomshusa, les vi på mange vis soga om det frilyndte ungdomsarbeidet frå det tok til i dei siste tiåra før førre hundreårsskiftet. Etter kvart som lagsarbeidet utvikla seg, sette det òg større krav til høvelege møtelokale. Tanken om eige hus, der dei sjølve kunne setje reglar for bruken, vaks etter kvart fram i mange ungdomslag. Og mange av laga har greidd å gjere husønsket til røyndom. Reisinga av ungdomshusa har heilt ut vore eit arbeid som er bore fram av lokale krefter. Ungdomshuset har ikkje berre vore ramme rundt frilyndt ungdomsarbeid. Det har på

mange vis vore ein føresetnad for å drive eit breitt ungdomslagsarbeid. Huset har fram gjennom åra vore ein vesentleg del av sjølve lagsarbeidet, reist som det er mykje på dugnad etter at ungdomslag i fleire år hadde samla pengar til byggjefond. Arbeidet med husplanar og finansiering har utan tvil teke mykje tid og krefter, men derfor har husbygginga òg vore svært samlande for mange lagsfolk. Det må vere rett å seie at arbeidet med å halde ungdomshuset i stand mange stader har gitt kontinuitet i eit lagsarbeid som kunne gå i bølgjedalar.

har kunna leigd huset. Husa er vortne bruka i offentlege samanhengar som kommunestyremøtesal og røystelokale. Og mangt eit bryllaup er feira i ungdomshus.

Ungdomshuset har ikkje berre gitt rom for ungdomslag sitt eige arbeid, det har i praksis vore eit ope forsamlingshus for heile bygda, der andre lag og foreiningar

*Besøksrunden: I perioden frå 2013 - 2018 held sentralleddet i NU i samarbeid med fylkeslaga på med ein omfattande besøksrunde til alle laga i NU.

Det er store utfordringar med å halde eit slikt samlingshus opp til moderne standard og krav til komfort. Besøksrunden* til NU har tydeleggjort at drift og vedlikehald av husa ofte er den viktigaste aktiviteten igjennom eit år. Og dette kan skape utfordringar for kreftene til å fylle huset med annan aktivitet som t.d. dans og teater.

KVEN VEIT 2018? 3


DEI FØRSTE HUSA

KVIFOR BYGDE DEI UNGDOMSHUS? Du har mest truleg vore i eit ungdomshus. Kanskje heiter huset ikkje det, men eit ungdomshus er som eit samlingslokale, samfunnshus, grendehus, lagshus, bedehus eller idrettshus. Her samlast bygda, familiar og vener til fastelavn, påske, 17. mai, jonsok, olsok, jul og nyttår. Desse husa følgjer oss gjennom heile livet, som ein møteplass for alle. Og ein stad som samlar folk til barnedåp, ungdomsklubb, konfirmasjon, dansefest, bryllaup, teater, bursdagsfeiringar og minnesamvær. NYTT Å ORGANISERE SEG

Noreg var eit eige land, og mange vart stolte av å vera norske. Folk fekk læra å lesa, ja til og med å skrive. Det vart viktig for å hevde seg i samfunnet.

bedre lokale å øve og vise fram skodespel. Draumen var eit hus med både sal og scene og eit lite kjøkken, eit hus der ungdomslaget sjølv kunne setje reglar for bruken.

Slik har det ikkje alltid vore. Ser vi tilbake på historia, er det eigentleg ganske nytt å organisere seg i lag og foreiningar.

Seinare utover 1800-talet vart det starta ulike lag og organisasjonar, og det som gjekk att var at dei skulle drive med folkeopplysning. Det vil seie at folket skulle opplysast, at folk skulle lære og forstå meir av samfunnet rundt seg.

Medlemmane i ungdomslaget satte difor i gang med å spare pengar til å bygge hus, og så bygde dei husa saman på dugnad. Dette kunne gjerne ta eit par år, men når husa var ferdig akkurat slik dei drøymte om var det nok verdt strevet.

FOLKEOPPLYSNING

DRAUMEN OM HUS

Det skjedde mykje på 1800-talet i Noreg slik som vi tek som sjølvsagt i vår tid, men som var nytt og viktig den gongen: Noreg reiv seg laus frå Danmark og vart ein eigen sjølvstendig stat med si eiga grunnlov i 1814. Rett nok kom vi i union med Sverige nesten med det same. Men folk var opptekne av at

Men det var tungvint med å flytte på seg heile tida. Ungdomslaga såg seg om etter fastare tilhaldsstader, og mange fann det i skulestovene. Men i mange av skulane var det forbod mot dans, og festane måte derfor framleis haldast kringom på gardane. Dei som ville drive med teater ønska seg og eit

I dag er det ganske vanleg å vere med i eit lag av eitt eller anna slag: Idrettslag, teatergruppe, hundeklubb, detektivklubb, ungdomslag, elevorganisasjonar og politiske ungdomsorganisasjonar. Det er lag for så mangt, og for dei fleste saker og aktivitetar.

4 KVEN VEIT 2018?


PÅ VEGGEN

VINJE, AASEN, GARBORG OG ANNA VEGGPRYD Kven og kva heng på veggane rundt i ungdomshusa er kanskje ikkje eit spørsmål du har tenkt så mykje på? Men i 1986 gjorde NU ei undersøking på dette, og kom fram til at veggpynten kunne delast inn i kategoriane: • Gamle politikkarar og forfattarar • Lokale ungdomslagslagsleiarar • Åkle og anna handarbeid • Diplom for deltaking i kunnskapstevlinga Kven veit? • Måleri med landskap frå nærområdet • Rosemåla fat • Gruppebilete av tidlegare medlemmar ved arrangement som ”femtiårsfesten”, kurs og ”tur til fjells 1913”

Arne Garbo rg, Ivar Aasen og Aasmund Olavsson Vin je har sett m an gt med sine myndige og skarpe blikk, frå slitne un domshusvegg gar landet over .

Du har kanskje sett noko av dette hengande?

MYNDIGE MENN PÅ VEGGEN

Boklag trykte opp fleire bilete av dei gamle heltane og selte til ungdomslaga.

Dei som er mest ”opphengte” er nok Aasmund Olavsson Vinje, Ivar Aasen, Arne Garborg, Bjørnstjerne Bjørnson og Fridtjof Nansen. Tett tilknappa, med skjegg og myndig blikk, ser dei utover dansesalen i huset. Vinje har løyst litt på snippen. Dei fleste av desse bileta kom først på 1920-talet, då Noregs

Bilete av Eidsvollbygninga og Riksforsamlinga på Eidsvoll kan òg vi finne, saman med Noregs lover og ymse broderte utgåver av løva i riksvåpnet til Noreg.

AASMUND OLAVSSON VINJE Aasmund Olavsson Vinje var fødd i Vinje i Telemark 6. april 1818 og døydde 30. juli 1870. Han var mannen bak Dølen, den første avisa på landsmål. Han er òg blitt ståande for ettertida som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Du har kanskje sunge eller lese teksten om

Blåmann, Blåmann bukken min? Den teksten er det Vinje som har skrive. Og i 2018 markerast 200 årsdagen hans med Vinjejubileum over heile landet.

VEGGPRYD Det danske ordet for veggpryd er bænkevarmer, men visste du at det svenske ordet er panelhöna? Forklaringa er: ”En kvinna

som då satt kvar vid den panelade väggen och som inte bjöds upp kunde ges epitetet panelhöna”.

KVEN VEIT 2018? 5


SOLTUN PÅ GOSSEN

Benjamin Blomvågnes trakka barneskoa på Soltun og var med vise sin første film som 13-åring.

arane under krigen, Bygd i 1911. Vart rive av tysk g. tillin ons for å gje plass til ei kan

Soltun - LITT AV GOSSEN SI SJEL Soltun på Gossen. Sidan 1950 har det husa basarar, dansefestar, volleyballkampar og 17. maiarrangement - her har folk funne kjæresten sin, her har dei smakt sine første dråpar med sterkt og her har dei hanka inn flotte gevinstar - her har dei møtt verden gjennom filmen, og verdsstjerner på scena. AV: GUNN AARØNES

Forsamlingshuset Soltun midt på Gossen var ein gong eit av Nord-Europas største ungdomshus. Neste år skal det rivast. - Eg vil ikkje savne Soltun slik det er i dag, men håper at frivilligheita kjem inn på alle nivå i det nye kulturhuset som skal byggast, seier eldsjel Kent Jensen. Her har dei lakka golv, vaska veggar, kokt kaffi og gått dansevakt, som sin del av den frivillige innsatsen som måtte til for å skape ein samlingsstad for gossingane. Det store, grå huset midt på Falkhytten på Gossen ligg som ein sovande kjempe og ventar på skjebna.

FORSVINN Neste sommar blir huset jamna med jorda. Tømmer frå Bjørset-lia, merka, hogd og saga på Haukebøen, skal bli til pinneved. Gamle spor etter spikarslag frå tyskerbrakker skal

6 KVEN VEIT 2018?

forsvinne. Eit nytt kulturhus, med bibliotek, kulturskole, basseng og frivilligsentral til 200 millionar skal reisast innan år 2021 på same tomta. - Eg kjem ikkje til å sakne Soltun slik det står i dag. Vi stod ved eit vegvalg i 1999 - skulle vi renovere og ta kostnadene på totalt 19 millionar, eller vente på eit nytt forsamlingshus. Då vi fekk Ormen på Gossen, lova dei nytt kulturhus og då trudde vi det ville komme ganske raskt. Vi går no her og ventar, men no er i alle fall planane klare, fortel Kent Jensen. Han er ein av dei mange frivillige som har gått natt og dag på Soltun, stilt opp som kokk, dørvakt og golv-lakkerar - alt på dugnad. - Joda, eg har gått mine timar her, smiler han.

HELD I HOP PÅ TRASS Soltun slit i dag med store utbedringsbehov. Taket lek og vatnet blir halde i sjakk med nokre bøtter på loftet. Fukten har sige inn

i kjellaren og foldeveggen mellom salane blir halden saman av gaffa-tape. Men huset fungerer framleis som forsamlingslokale, om enn i mindre grad enn tidlegare. Heidi Løklingholm er ein annan av gossingane som har eit nært og inderleg forhold til kjempen på Falkhytten. - Som innflyttar var det godt å møte andre folk og skratte litt når ein, sliten etter ein lang arbeidsdag, møttes til teater eller anna aktivitet på Soltun. Då gjekk eg heim som eit nytt menneske etterpå, fortel ho. Løklingholm har til og med skrive bok om forsamlingshuset og aktiviteten til Gossen Frilynde Ungdomslag, som har drifta huset fram til no. - Vi har hatt forskjellige eigar-strukturar, men huset er no eit aksjeselskap som blir drive på inntekta frå utleige til folkebibliotek i kjellaren, samt kulturmidlar. Vi har hatt lite anna støtte, seier ho.


SOLTUN PÅ GOSSEN

Det handmåla, utskorne skiltet på bakveggen i storsalen, laga av Iver Hoksnes, syner folk kvar dei er, om dei skulle ha gløymt det. Skiltet vart laga til det første Soltun.

Ein gong eit av Nord-Europas største ungdomshus, bygd i 1950 av tre hogd i Bjørset-lia, saga på Haukebøen og snekra på dugnad på Falkhytten. Neste år er det borte. Soltun ferdigstilt i 1950.

TIDLEG KRØKAST SOM KINOSJEF SKAL BLI I kvart eit rom på det som ein gong var eit av Nord-Europas største ungdomshus ligg lukta av tiår med samankomstar: Ein svak eim av kokekaffi, gamalt øl, fukt, tung luft og popcorn. På veg opp den stup-bratte trappa til loftet finn vi Benjamin Blomvågnes, som viser oss dei tre-fire gamle kino-maskinene som står lagra som minner om ei svunnen tid - svintunge stålbeist som står stua opp under skråtaket, stua inn under rafter, i skarp kontrast til den flunkande nye kinomaskina som no står i framvisarrommet, med blinkande lys og sylskarpe dataskjermar. - Eg begynte å hjelpe til med filmframsyning då eg var 13 år, for 21 år sidan, fortel Benjamin Blomvågnes. - Den første 18 års-filmen var eg med å synte då eg var 14, men då fekk eg beskjed om å ikkje kike på lerretet framme på scena, humrar han.

- Dette fekk ein merkbar konsekvens for drifta av Soltun og eg veit ikkje korvidt det var heilt gjennomtenkt, meiner Kent Jensen. I dag husar Soltun seniordansarane, det blir endå arrangert dansefestar, konsertar og framsyningar, om enn berre nokre få gongar i året. Det er ikkje lenger like lett å få folk til å stille opp, og brannforeskrifter begrensar kor mange ein kan ta inn. I tillegg har sal, lufting og teknisk utstyr gått ut på dato. - Før stod ungdomslaget for heile 17.mai-feiringa her på øya. Eg kan hugse vi hadde ei vaktliste med 70 personar på, og vi held på i mange dagar for å lage til til nasjonaldagen, mimrar Kent Jensen og Heidi Løklingholm supplerer: - Vi serverte middag, vi hadde kaffe og kaker, vi hadde leikar til barna og folkefest om kvelden. Men detvart for mykje etterkvart. Folk hadde ikkje tid til å stille opp og hjelpe til lenger...

GÅTT UT PÅ DATO

MISTA INNTEKTER

- Joda, Soltun har nok gått ut på dato og eg skal nok klare å sjå på når det vert rive neste sommar. Alt har si tid, men eg kjem til å sakne dansegolvet, seier Heidi Løklingholm og smiler lurt: - Det har så god spenst!

Soltun vart ikkje renovert i 1999. Og då kommunestyret for nokre år sidan vedtok at alle kommunale bygg skulle leigast ut gratis til lag og organisasjonar, forsvann mangeav leigetakarane og dermed delar av inntektsgrunnlaget.

Gossen Frilynde Ungdomslag håper på lagringsplass i det nye kulturhuset. I mellomtida skal dei nytte den gamle gymsalen på tidlegare Riksfjord skole til aktivitetane sine. Biblioteket skal ha midlertidige lokaler på

Sidan har Soltun vore ein fast tilhaldsstad for både han og familien. Uendeleg mange timar har vore tilbrakt med forskjellige oppdrag alt på frivillig basis.

Aukraheimen og flyttar inn så snart det nye omsorgssenteret er i gang.

DREG IKKJE TOMHENDT Om huset snart skal rivast, har likevel ildsjelene Løklingholm, Jensen og Blomvågnes nokre ønske om kva dei vil ta vare på frå den gamle, grå kjempen på Falkhytten. Amfiet må bli med, meiner dei tre ildsjelene. Og det gamle sceneteppet, som er restaurert og heng i ein glasmonter på gangen. Og det flotte, utskorne og handmåla skiltet med « Soltun» i store bokstavar på, det som ser ned på alle i salen og fortel dei kvar dei er, om dei skulle ha gløymt det. - Eg er spent på korleis ein vil organisere det nye kulturhuset. Frivilligheita må inn på alle nivå, også der, dersom ein skal klare å halde leigeprisane nede. Og brukarane må ha medbestemmelsesrett - det blir ei dyd av nødvendigheit, meiner Kent Jensen og legg til: - Eg håper det blir stor oppslutning om det nye kulturhuset - vi må ta med sjela frå Soltun, entusiasmen og frivilligehita, og gje den vidare til ungdommen i eit moderne hus med gode tekniske løysinga. Nei, Soltun strekk nok ikkje til lenger, men sjela kan vi føre vidare, seier han ettertenksomt. Dei andre to nikkar stille.

Kjelde: Boka «Fram då frendar! » om Gossen Frilynde Ungdomslag, av Heidi Løklingholm (1995)

KVEN VEIT 2018? 7


SOLTUN PÅ GOSSEN

Tore Aleksandersen

Alf A. Sæter

iksfjord

Bernhard R

Arild Hoksnes

Eva Husøy

BERNHARD RIKSFJORD Ordførar i Aukra kommune Kva er ditt beste minne frå Soltun? Dans på Soltun på slutten av sekstitallet med flott musikk, fullt hus og stemninga på veg mot taket . Eg, antagelig med promille over kommunal eigedomsskatte nivå som er max 0,7 promille. Satsa alt eg hadde på å sjekke opp ei veldig ung og flott jente med langt hår, Sissel . Den sjekkinga på Soltun har resulterte i eit langt ekteskap, to kjekke barn og fem flotte barnebarn. Stor takk til Soltun for å legge til rette for vårt møte.

ARILD HOKSNES Journalist, forfattar og foredragshaldar Kva er ditt beste minne frå Soltun? Må berre sei at det var bror til oldefaren min, Iver Hoksnes, som bygde det første Soltun. Han har også laga skiltet på bakveggen med påskrifta « Soltun». Det er litt kjekt å tenke på. Når det gjeld minner, så står juletrefestane sterkt i minne. Når vi på skulen, under «tvang», måtte framføre jule-spel og vi fekk tildelt ein liten replikk kvar. Det var ikkje alltid like artig, og særleg ikkje den gongen eg klarte å gløyme den vesle replikken eg hadde fått tildelt, og heile bygda sat i salen. Ellers så står jo dansefestane sterkt i minne - eg har jo skrive sang om desse opplevingane, «Sulli Lulli Frena-taus».

8 KVEN VEIT 2018?

Å vere tenåring, å vere ein gjeng på dans, og ikkje minst å få høyre god musikk, det var spesielt for meg. Det lokale bandet «Konk» huskar eg særleg godt - når dei spelte, følte vi at vi var i skikkelig «rocke-land».

ALF A. SÆTER Forfattar Kva er ditt beste minne frå Soltun? Kvar 17. mai utover frå 1950 var eg med på toget som gjekk frå kyrkja og til Soltun der det var leikar og underhaldning. Då såg eg også for første gong ein «skikkeleg» film, ein barnefilm om «Marianne på sykehus». I juni 1953 var det eit stort ungdomsstemne på Gossen og Soltun og då var eg for første gong «på Soltun på vaksenfest» og fekk høyra og sjå mangt, deriblant også fulle folk for første gong. Eg sjølv var høgst edrueleg, men kom ikkje i seng før kl.0300. Eg reknar med foreldra mine var bra urolege for meg då. Den 17. mai 1954 var eg og dei andre elevane på Aukra realskule grønruss og fór med leven og ståk mellom folket som samla seg på Soltun, men eg var nok ikkje den mest høglydte. Derimot helga etterpå, den 23. mai held eg mitt første kåseri frå talarstolen på Soltun. 3 månader etterpå flytta eg til Molde og vart der, så i seinare år har det berre vore nokre sjeldne «gjesteopptredenar» på Soltun med kåseri og opplesing.

EVA HUSØY Leiar i Gossen Bygdekvinnelag og aktiv pensjonist Kva er ditt beste minne frå Soltun? Det må vere 17.mai 1951, den første gongen gossingane møttest til 17.mai-fest samla. Eg huskar det kjempestore sangkoret og kor flott det var. Eg var 13 år den gongen, og sangkoret gjorde eit veldig inntrykk. At alle frå Gossen møttes på Soltun, i staden for å feire 17.mai i kvar si grend, var også veldig spennande.

TORE ALEKSANDERSEN Landslagssjef og volleyballtrenar i polsk eliteserie Kva er ditt beste minne frå Soltun? Soltun var plassen vi gikk til når vi skulle på vår første dans som nykonfirmert. Her tok vi våre første, modige steg inn i voksenverden. I tillegg så var Soltun heimebana til volleyball-laga. , fram til Aukrahallen kom. Her var det høgt under taket og god plass til publikum. Men det er klart - kombinasjonen talg på golvet på dans laurdagskvelden og volleyballtrening søndag formiddag var ikkje alltid like bra. Vi hadde ein trenar, Magne Berget, som også var kommunelege, og det var ikkje sjeldan han måtte ta med seg ein spelar ned på legekontoret og sy eit par sting under ei søndagstrening.

På prent i Romsdals Budstikke 11.11.17.


2

LEIKVANG I LEIKANGER

1

3 6

4

5

VISTE FRAM DEN NYE STORSTOVA Utbygginga av Leikvang i Leikanger har kosta rundt tre millionar kroner. Laurdag 11. mars opna ungdomslaget dørene til den nye storstova si. Og mange la turen innom for å sjå resultatet av utbygginga. AV: KAI MARTIN BREKKE

- Tilbakemeldingane har vore svært positive. Mange ser at huset no kan nyttast til større arrangement når me har fått nytt funksjonelt kjøken, universell tilkomst, oppgraderte toalett og handikaptoalett. Folk er veldig nøgde med resultatet. Det er me også, at me har kome so langt som me har gjort, seier Astrid Hammer Bolstad, leiar i Leikanger ungdomslag.

TRE MILLIONAR Det er eit stort prosjekt som no nærmar seg ferdigstilling. Eit stort løft for eit lite lag. - Totalramma er på rundt tre millionar kroner, seier Hammer Bolstad. Ho fortel at ungdomslaget har fått ein del offentleg støtte til utbygginga. - Me har fått økonomisk støtte frå fylkeskommunen, kommunen, sparebankstiftinga og Xtra-stiftinga. Men me har også måtta ta opp lån. Det håpar me å få redusert så raskt som mogleg, slik at me ikkje dreg med oss store avbetalingar framover. Me jobbar framleis med finansiering, seier Hammer Bolstad, og opplyser at utbetringsjobben som starta heile prosjektet framleis ventar på oppstart. - Det går på å skifta taket. Det er ingen lekkasjar, men me skal skifta til skifertak. - Nesten i mål, men utbygginga har teke tid? - Ja, frå me byrja å tenkja store tankar har

det gått fire år. Frå første spadetaket har det gått rundt eitt år.

STOLT Ungdomslagsleiaren er godt nøgd med resultatet. - For det første er me stolte over å ha fått det til. Og me tenkjer at det gjev moglegheiter for ny bruk, nye brukargrupper. Og det er eit stort løft for bygda. Huset ligg midt i sentrum og er attraktivt i seg sjølv, seier Hammer Bolstad.

NY AKTIVITET Mange ungdomshus rundt om i landet slit med å få aktivitet i husa. Slik er det ikkje i Leikanger. - Nei, me har ikkje hatt det problemet. Me har ein gunstig avtale med Dans utan grenser. Dette huset har vore i bruk fire, fem og seks dagar i veka i meir enn ti år. Slik sett har me ikkje veldig behov for å fylla huset med meir kvardagsaktivitetar, men det at me no har tilkomst til andre brukargrupper gjer at me kan tenkja litt anna type aktivitet i helgane, og større utleige, seier Hammer Bolstad.

VIKTIG HUS - Det er blitt eit kjempefint og brukarvenleg hus, og det ligg mykje arbeid bak,

seier Randi Berge. Saman med tidlegare leiar i Leikanger Ungdomslag, Jofrid Rogne, Signe Røyseth, Gunvor Hamre og Astrid Stokkenes la ho turen innom den opne dagen i Leikvang. Dei fem var godt nøgde med resultatet av utbygginga, og klare på tydnaden av tilbodet. - Bygda treng dette huset. Det er ikkje plass til alle i Saften.

På prent i Sogn Avis 14. Mars 2017.

BILLEDTEKSTER 1. Leikvang er ein viktig møtestad og skaper stor aktivitet, som dans i Leikanger. Foto: Ingvild F. Melien 2+4. På framsida ser Leikvang ut som før. Utbygging til rundt tre millionar kroner har skjedd på baksida og gitt nytt kjøken, nye toalett og universell tilkomst. 3. Bygda treng dette huset, meiner f.v. Randi Berge, Jofrid Rogne, Signe Røyseth, Gunvor Hamre og Astrid Stokkenes. 5. Leiaren i Leikanger Ungdomslag, Astrid Hammer Bolstad, vist stolt fram resultatet av Leikvang-utbygginga. 6. Leikvang har fått nye toalettfasilitetar med handikaptoalett.

KVEN VEIT 2018? 9


Foto: Anne Marte Før

KAFFE ELLER KAFFI

Kaffekokar Dei er kanskje ikkje dei som står på scena. trør dansegolvet eller held festtalane. Men du finn dei ilag med dei som kjem ein time tidlegare for å sette på varmen i ungdomshuset, svelesteikarane, loddseljarane, dei som strikkar varme vinstar til basaren, dei som sel julehefte, bordkledningskiftarane, sjiraffkostymemakarane, loffsmørarane, bruskasseberarane, pyntenemda og alle dei andre ein ikkje så ofte høyrer om. Kaffekokarane held varmen i dugnadsfolk og festlyd. Dei skjenkar rause koppar som held augo opne, gjer styrke til danseføter, styrkar samhaldet, roar lampeskrekken og held opp lakenskrekken. Nokon vil seie at du jobbar deg opp frå kaffekokar og vidare opp i ungdomshushierakiet, men det er kanskje omvendt? Men korleis har den eksotiske drikken hamna i ein kjele på eit ungdomshus? La oss sjå litt på historia til kaffe. Eller kaffi som drikken òg kallast.

DRIKKEN SOM HELD DEG VAKEN Kaffi er ein drikk laga av brende og malne bønner frå kaffiplanten, Coffea, som gjev smak til varmt eller kaldt vatn. Kaffien kan serverast som den svarte væska ein då får, eller tilsett mjølkeprodukt, sukker eller krydder i ulike kaffidrikkar. Korleis og kva tid ein først byrja å drikka kaffi, veit ein ikkje. Kaffi vert fyrst nemnd i ei etiopisk historie frå det niande århundret: Gjetaren Kaldi merkar at geitene hans oppfører seg annleis og ikkje får sova om kvelden når dei har ete raude bær frå ein viss plante. Han fortel dette til ein munk, som sjølv har vanskar med å halda seg vaken

10 KVEN VEIT 2018?

under bønestundene. Oppdaginga til Kaldi løyser problemet hans, slik han har pigga opp kaffidrikkarar sidan.

FRÅ KAFFIHUS TIL KAFÉAR Etiopia er altså eitt av landa som kan vera kaffien sitt heimland, og landet har faktisk ein landsdel som heiter Kaffa. Eit anna mogleg opphavsland er Jemen. Korleis det no er, vart i alle fall drikken kjend og spreidde seg i Midtausten for litt over fem hundre år sidan. Til Sør-Amerika, der det vert dyrka mykje kaffi i dag, kom kaffiplanten med båt via Martinique i Karibia. Det eldste kaffihuset ein veit om, vert skildra i Mekka i 1470. Kaffihusa utvikla seg til stader der menn kunne samla seg for å spela sjakk, diskutera og høyra på musikk. Dei spreidde seg til Europa, og Venezia fekk det første kaffihuset sitt i 1647. I Storbritannia vart husa særs populære, og i London hadde ein i 1715 over to tusen av dei. Her møttest adel og intellektuelle for å prata om viktige og uviktige emne. I Europa vart kaffihusa sidan omforma til kaféar.

FRÅ BRASIL TIL BERGEN Alt på 1600-talet vart kaffien kjend i Noreg, men då som ei kostbar og sjeldsynt vare. Difor fekk ikkje kaffien gjennombrot i Noreg før på midten av 1800-talet, då prisane hadde falle så mykje og produksjonen hadde auka så mykje at fleire hadde råd til han. I 1839 vart importtollen på kaffi redusert, så prisane vart også lågare grunna det. På slutten av 1800-talet var det Drammen, etterfølgd av Bergen, som var den største importøren av kaffi til Noreg. I 1854 gjekk

den fyrste skipslasta med kaffi frå Brasil til Bergen, som starten på ein langvarig bytehandel med norsk klippfisk mot brasiliansk kaffi. Bytehandelen vart formalisert i 1939, då det var vanskeleg å skaffe utanlandsk valuta til å betale med. I dag har Noreg fire store kaffibrenneri: I Bergen ligg Kaffehuset Friele, i Oslo ligg Joh. Johannson Kaffe og Coop Norge Kaffe; og i Trondheim ligg Kjeldsberg Kaffebrenneri. Størsteparten av kaffi til sals i daglegvarebutikkar kjem frå desse. I tillegg finst mindre kaffibrennarar som leverer kaffi til kaffibarar, kaffiautomatar og kantiner.

FEM FAKTA OM KAFFE: 1. Etter at kaffibønnene er reinsa og tørka, vert dei brende. Under brenninga forsvinn meir og meir av koffeinet. Derfor inneheld mørkbrend kaffi mindre koffein enn lys kaffi. 2. Kaffiplanten vert no dyrka i tropiske strøk over heile verda. Dei største kaffilanda er Brasil og Colombia, som produserer om lag 40 % av all kaffi. 3. Coffea arabica er den tradisjonelle kaffisorten, og utgjer om lag 75 % av kaffiproduksjonen i verda 4. I Finland brukar ein mest kaffi per innbyggjar (10,1 kg), tett følgd av av Danmark (9,7 kg) og Noreg (9,5 kg). 5. Etter olje er kaffi den største (lov lege) råvara på verdsmarknaden.


AKTIVITET I HUSET

Foto: Anne Marte Før

LAGSMØTE OG LAGSAVISER Den viktigaste aktiviteten for dei fleste ungdomslaga var lagsmøta. Eit typisk møte hadde gjerne eit variert program: song, foredrag, spørsmål og svar, folkeviseleik, deklamasjon, diskusjon og opplesing av lagsavis. Tema for foredrag og diskusjon kunne vere både politiske emne som til dømes målsak og røysterett, men også meir daglegdagse, nære ting som for eksempel røyking og dansing. Planlegging og bygging av forsamlingshus (ungdomshus) var ei sak som engasjerte i mange ungdomslag. Ein anna viktig sak, særleg tidleg på 1900-talet, var skogplanting. Somme tider var det ein foredragshaldar som innleidde til ordskifte, andre gonger kunne det vere ein framståande medlem av laget.

Debattane i ungdomslaget representerte for mange ungdomar det einaste forumet der dei kunne trene seg i talekunst og argumentasjon i organiserte former. Det krev mot å tale i ei forsamling, og ungdomslaga gav medlemmene sine ein sjanse til å lære seg dette ved å øve. Samstundes var lagsmøta ein stad for å høyre andre sine tankar, slik at alle kunne gå heim att frå møte med utvida horisontar. Som nemnt var opplesing av lagsaviser ein del av programmet på mange lagsmøte. Desse avisene var handskrivne og oftast innskrivne i protokollbøker. Somme ungdomslag hadde eigne bladnemnder til å ta seg av arbeidet med lagsavisene, andre gjorde det slik at redaktøransvaret gjekk på omgang mellom

medlemmene. Avisene var som regel opne, slik at alle medlemmene kunne skrive i dei, og mang ein ung, ivrig skribent fann seg eit rom i dei. Avisene inneheldt allslags stoff, både småstykke, forteljingar, dikt, meiningsytringar og endåtil annonsar og kontaktannonsar. Mykje av stoffet var skrive i ein humoristisk tone, og opplesing av lagsavis var gjerne eit populært innslag på eit lagsmøte, om enn ikkje for alle som høyrde på. Det hende nemleg at det vart skrive historier der personar, namngitte eller lett attkjennelege, vart latterleggjorde i lagsavisene.

JULETREFEST

TALETEKNIKK

”På nyåret ein gong heldt ungdomslaget juletrefest for alle skulekrinsane ihop på ungdomshuset Skogheim. Det var fest det! Og det var juletre! Reine tømmergrana! Og tre fire ringar gjekk rundt grana. Det var endelaust å vente på neste juletrefest. Ei trøst var det at 17. mai kom fysst.”

”Sume talarar vil gjerne drikke vatn medan dei held foredrag, det er ein uskikk, men dei lyt få stetta vatntrongen sin.”

Kristoffer Slid: Rettleiing i ungdomsarbeid, 1950

Åsta Holth: Piga, 1979

KVEN VEIT 2018? 11


DANSEGOLVET

Klara Semb. Foto: Kjersti Johanne Nybø.

“HO TOK OSS MED” 1902 kan seiast å vere starten på historia om folkedans i NU, og dermed den organiserte folkedansen i Noreg. Hulda Garborg (fødd 1862), var ein leiande person i kulturdebatten på den tida. Ho fann grobotn i NU for tankane sine om nasjonsbygging gjennom bruk av norsk kulturtradisjon, og valde derfor dette forumet for arbeidet sitt innan både teater og dans. Med inspirasjon frå Færøydansen skapte Hulda ein norsk songdans som fekk gjennombrot i 1902. Før songdansen kom, hadde ungdomslaga vanskar med å finne høveleg moro på møta sine. Den vanlege dansefesten der det blei dansa runddans var gjerne ei utfordring knytt til alkoholsaka. Folkeviseleiken (songdansen) var ei kjærkomen erstatning for mange lag som før hadde brukt marsj og songleikar, gjerne med banale eller svenskprega tekstar. Ungdomslaga la aldri skjul på at songdansen var nyskapt. No ville ideologane i laget kaste ut den såkalla runddansen. Bygdedansen såg ut til å bli tolerert og oppmuntra frå sentralt hald, om ein berre fekk bukt med drikkekulturen. Den meir moderne 1900-talsdansen som til dømes foxtrot, tango og onestep blei sett på som utanlandsk og ikkje akseptert. Etter kvart var det Klara Semb som vidareførte Hulda Garborg sitt danseprosjekt. På dei mange reisene sine rundt om i landet lærte ho bort, teikna ned dansar, utvikla

12 KVEN VEIT 2018?

terminologi og laga dansemåtar til endå fleire viser. Turdansen (musikkdans) blei no ein del av folkedansrepertoaret. Fleire leikleiarar og reiseinstruktørar var aktive i denne tida. Knut Hauge skildrar Klara Semb og hennar arbeid i boka Ho tok oss med. Klara Semb hadde ei sjeldan evne til å få folk med seg, og denne poetiske skildringa er henta frå boka: Det fanst ein gjeng av bråkmakarar i dette ungdomslaget, og dei møtte og opp til skeidet*. Dei tenkte nok at her skulle bli leven. Men det kom til å gå annleis enn dei hadde rekna med. Det var ei merkeleg kvinne som tok leiinga i ungdomshuset den kvelden. Da alle dei viljuge hadde stelt opp, kom turen til dei uviljuge. Dei var ikkje mange, og dei vart straks viljuge dei og, etter eit smil og eit par overteljande ord. Men ein liten rest på tre mann ville ikkje forlate den mørke kroken sin. Dei ville slett ikkje. Men dei fekk ikkje vera i

fred der. Ho fortalte at alle skulle vera med, og ho smilte sin aller mest strålande smil til dei tre syndarane: Da kan da skjøne at de må vera med! For elles får de ikkje noko glede av dette skeidet, og det er det de skal ha! Dei to kapitulerte på flekken, og utan vilkår. Men den tredje berga seg ut i garderoben. Ho kom etter dit og. Da vart han gripen av panikk, han åla seg gjennom den tronge billett-luka, kom ut i gangen og vart borte i natta. Og mange tenkte vel som så: No er vi kvitt han, og godt er det. Men kva hendte? Kvelden etter sat han der att, i den aller mørkaste kråa. Da sat han der åleine. Og eg trur ikkje at han kom for å halde leven den kvelden. Tvert imot, eg trur han kom dit, dregen av sin ulykkelege kjærleik for ungdomslaget, og kanskje med ei ørlita von om at dette merkelege mennesket skulle


koma att, og berge han inn i ringen, inn i ljoset og lykka og kameratskapet, inn i alt dette som han alltid hadde vore utafor? Og ho kom. Og han fylgde henne viljug som eit lam. Han trødde tyngre enn eit lam i ringen, han var av dei som aldri fekk takta skikkeleg inn i kroppen. Men han humpa med heile kurset til endes, og han var den gladaste av alle. Og han fylgde henne inn i ringen med trufaste, tilbedande augo. Ho var kanskje den einaste som hadde teke han alvorleg, som hadde sett eit menneske i han? Og han kunne aldri gløyme henne. *kurs

BYGDEDANS Bygdedansane er dei eldste og mest særmerkte blant norske folkedansar. Bygdedansane var dei mest vanlege dansane i vårt land før runddansen vart populær. Dei eldste bygdedansformane kom til Noreg kanskje allereie på 1500-talet, og har gjennom tida teke farge av stilideal i ulike tidsepokar og dei ulike lokalmiljøa dei har vore i, noko som har ført til at vi i dag har eit mangfald av danseformar. Til bygdedans reknar ein springar, gangar, pols, rull og halling, med ulike lokale namn.

RUNDDANS Runddans er eit samlebegrep for ei rekke ulike dansetypar som har fleire fellestrekk. Det viktigaste i runddansen er at paret dansar rundt saman. Alle runddansar er pardansar, og para dansar etter kvarandre i ring mot sola på golvet. Snuingane i dansen kan delast inn i to hovudtypar: Eintaktsnu og totaktsnu. I eintaktsnu kjem dansarane ein gong rundt på berre ei takt av musikken, i totaktsnu brukar dansarane to taktar til å komme rundt ein gong. Blant runddansar reknar ein vals, ulike polkaformer, reinlender, masurka og pariser, og mange av dansetypane har lokale namn.

TURDANS Turdans er eit samleomgrep som femnar om mange dansetypar med stor formvariasjon og kjem frå mange danseslekter. Eit fellestrekk er at dei ofte er bygde opp av delar som kjem i bunden rekkefølgje. Disse delane har ofte fast lengd og blir kalla turar. Rilane, pardansane og dei fleste andre turdansane har levd i folkelege miljø og vore lite påverka av danseskulane.

SONGDANS Gjennom Moltke Moe fekk Hulda Garborg vite at ein dansa til folkeviser på Færøyane og at ein truleg også hadde gjort det i Noreg i mellomalderen. Dette la grunnen for ideen om ein norsk songdans. Med utgangspunkt i ei skildring av færøydansen, skrive av den danske folkemusikkforskaren Hjalmar Thuren, synte Hulda Garborg og ”7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader” fram Knut Liten og Sylvelin, Per Spelmann og Tosten tala med staven sin 7. mars 1902. 5-600 publikumarar var i salen, mange måtte stå att utanfor. Songdans fenga som eld i tørt gras, og blei særs populært i landet. I samarbeid med Klara Semb utvikla dei den norske dansemåten i songdansen og brigdet, og i 1922 gav Klara Semb ut første utgåve av rettleiingsboka Norske folkedansar. Når ein i dansar kjededans (tilnærma likt slik dei gjer på Færøyane) til norske balladeviser blir dette kalla for stordans.

KLARA SEMB Klara Semb var lærar i folkedans og leiar av folkedansverksemda i Noregs Ungdomslag. Ho teikna ned og gav ut turdansar ho samla i norske bygder og skreiv òg ned nokre bygdedansar. Ho førte også vidare den norske songdansen som Hulda Garborg skapte på grunnlag av dansen på Færøyane og norske folkeviser. Klara Semb laga dansemåtar til storparten av dei norske songdansane i si tid. I bøkene laga Semb eit system og ein terminologi for nedteikning av norsk folkedans. Ho hadde om lag 400 000 elevar på kursa sine rundt i heile landet, og la grunnlaget for folkedanspedagogikk og instruktøropplæring. Dei første åra under andre verdskrig reiste Klara Semb framleis, og ho blei etter kvart eit samlingsmerke i motstandskampen. Då nazistane tok over, satsa dei hardt på å vise at dei hadde støtte i laga. Forbodet mot runddans blei handhevd mykje kraftigare enn nokon gong, medan songdansen framleis var lovleg. Songdansen, og særleg tekstane med nasjonalt bodskap, blei derfor eit viktig uttrykk for motstand i denne tida. “Vardevakt” blei dansa som avslutning på alle landsstemna etter krigen. Klara Semb var æresmedlem i Noregs Ungdomslag, og i 1954 vart ho utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for sitt omfattande arbeid for norsk folkedans og norsk bunadstradisjon.

KVEN VEIT 2018? 13


FOLKEPEDIA

Folkedansarane i Fjelli Ungdomslag er valt ut som modellar i ein serie instruksjonsfilmar som skal skape danselyst hos sĂŚrleg yngre folk.


FOLKEPEDIA

- Vi hadde lyst å ha med dansegruppa her sidan dette er ei veldig aktiv gruppe som har drive over lang tid, seier Halldis Folkedal. Ho jobbar i Norges Ungdomslag og er den som både kom med idéen og som no har regien for filmane som vert spelt inn. Tanken er å byggje opp eit digitalt danseleksikon på nettsida folkepedia.no, der kven som helst kan gå inn og la seg inspirere og lære ulike fokedansar frå heile landet. - Vi ønskjer å gjere folkedansen meir synleg og ufarleggjere den. Det er eit viktig poeng at det er born og unge som formidlar, seier Folkedal. - Filmane skal ikkje erstatte instruktørane men vere eit verktøy. Vi har også fått tilbakemelding frå lærarar som har hatt nytte av desse, fortel ho. Ho ser føre seg at dette prosjektet vil gå over fleire år, sidan tanken er å besøkje alle kantar av landet.

- SLITSAMT Då Fjordingen var på besøk i ungdomshuset Fjellvarden, der innspelinga fann stad onsdag,

var ungdomsgruppa godt i gang med opptaka. Dei kunne fortelje at det var eit tidkrevjande arbeid. - Vi må danse dei same dansane fleire gongar sidan dei skal klippe det saman, fortel Peder Nyberg (12). - Det er litt slitsamt men vi får pausar inn imellom, seier Ingunn Bergset (14). Ungdomane vi møter fortel at det blir to innhaldsrike dagar. Dei skal gjennom sekssju dansar og torsdag var planen at nokre av desse skulle filmast utandørs, på Sølvbergsstøylen og kanskje ein annan stad. Torsdag ville også nokre av dei yngre dansarane i ungdomslaget bli med på opptaka.

KJEMPEEKSEMPLARISKE Dansarane i Fjelli UL må seiast å vere ei samling røynde dansarar som trenar jamt gjennom heile vinteren, og som også deltek på kappleikar og stemner gjennom året. Kvar sommar underheld dei for turistar på Hotel Alexandra i Stryn. Folkedal hadde også berre skryt å kome med.

- Dei har vore kjempeeksemplariske. Det virkar som om dei tykkjer det er artig å kome framfor kamera, seier ho, og legg til: - Ein viktig del av prosjektet er også at dei skal få vise fram laget sitt og gjere dei stolte over det dei driv med.

Tekst på prent i Fjordingen 18.08.17 Alle foto: Halldis Folkedal

FOLKEPEDIA Folkepedia er eit prosjekt med opplæringsfilmar i folkedans. I 2016 vart dei første filmane spela inn, og alle filmane finn du på nettsida: www.folkepedia.no.

LYST Å LÆRE DEG FLEIRE DANSAR ELLER KANSKJE EIN SONGLEIK? Klikk deg inn på www.folkepedia.no og prøv!

KVEN VEIT 2018? 15


TEATER

DARIO FO I OLADALEN Ungdomslagsteatret kan følgje sine tradisjonar attende til midten av 1800-talet, dvs. lenge før dei første ungdomshusa kom opp. Folkeminne og skriftlege kjelder fortel kva forhold dei første teaterentusiastane i Noregs Ungdomslag arbeide under. ”Me finn at dei fann tak i låver og andre uthus og somme gonger har dei framsyningar på fri mark ” skriv Eirik Moen i Den frilyndte ungdomslagsrørsla i Romsdalen. I 1902 synte Sauda Ungdomslag Aandelige klenodier av Rasmus Løland, og om den framsyninga heiter det: ”Eit lite kamers ved sidan av stova vart brukt til scene, og publikum sat i stova. Når ein spelar skulle seie noko, kom han fram i døra.”

Dei første ungdomslagsspelstykka som vart synte fram, var Ervingen av Ivar Aasen og Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg. Har du vore aktiv i eit teaterlag i NU er sjansane stor for at du kjenner til eit eller flerie av desse: Brødrene Østermanns Huskors, Bør Børson, Emil i Lønneberget, Brenn sjøl!, Skjervøykongen, Prøysenkabaret, Den spanske flue, Skjærgårdsflirt, Kuler i solnedgang, Splint, Musefella, Dyrene i Hakkebakkeskogen, Tyven, tyven, Jeppe på Bjerget, Den store fargeslukaren og Kallane i Oladalen. Dette er berre eit tilfelig utval, og ei god blanding. Det er ungdomshusa som har vore ramma rundt alt dette. Og ramma

rundt dei mange revyane og dei endå fleire sketsjane, opplesingane og songane. Edvard Os ga ut Handbok aat ungdomslag i 1917. Os gjekk grundig til verks, og skisserte opp krav til scene, dekorasjonar, utstyr, organisering og praktiske tips til arbeidet. ”Stova vert til eit kjøkken um ein set ei svartmaala kasse burt i ei kraa og eitpar grytor eller andre kokekar oppå og henger nokre blanke lokk, ei potetrasp o.l. opp på veggen. Stova vert ei skulestove um ein set opp ei skrivetavle (av svartmaala papp) og heng eit kart på veggen.” I mange år var det skodespelarar i ei tømre stove med rosemåla døer, ei ut til venstre og


TEATER

ei ut til høgre som var dei faste rammene. Og eit vindauge rett bak. Skodespelarane varierte med ein sofa som vart flytta fram og tilbake. Norvald Tveit karaktiserte folkekomedien slik, med utgangspunkt i Kallane i Oladalen og Brørne Østermanns huskors: ”Dette var folkekomedie av den gamle, tradisjonelle typen med sirumpa bønder, gamle og sta einspora kaller, sinte kjerringer som karane av gode grunner var redde, og så naturlegvis: den sympatiske dottera, som mot foreldra sin vilje hadde forelska seg i den sympatiske drengen eller ein eller anna fattig nabo.” Folkekomedien var bygd opp ein enkel måte, reint dramaturisk, nesten i slekt med folkeeventyret. Og som i folkeeventyret enda det med at dei gode kreftene vann. Og dette har vore ein viktig grunnregel for alle som skreiv den type litteratur: dei gode skal du ta godt vare på. Dei må i løpet av stykket gå gjennom større eller mindre prøvelsar, men dei skal sigre til slutt. Dei negative kreftene skal du gjere narr av, henge dei ut til spott og spe. Men det skal gjerast enkelt.

Den invikla intrigen, den djupe personskildringa, moralisering gjennom lange monologar, alt dette er folkekomedien framand. Og vi går tilbake til Edvard Os, der han gir detaljerte råd om alt frå falskt skjegg til lyden frå farleg lauseld. Like før premieren set han mot i skodespelarane, og fortel dei kva dei skal gjere om noko går gale: ”Det er berre eit å gjera i slike høve: Å klemma på vidare som inkje gale har hendt, sleppe seg laus. For enda om det går pokker i vold så er det betre at det går med sving og fart, enn at ein kryp og krek seg ynkeleg inn i skandale – so her i allefall.”

Fakta NORVALD TVEIT Forfattar og dramatikar, særleg kjend for sine burleske folkekomediar. Tveit er fødd i Leirvik i Hyllestad 22. desember 1927. Han har nådd vidast ut som dramatikar, med elleve urpremierar på norske scener sidan 1977. Stykket Splint (1977) med omstreifarane som tema høyrer til dei mest spela i nyare norsk dramatikk. Av andre folkekomediar han har skrive, kan nemnast Ungkarsfesten (1998) og Uventa lykke for Anders Lone (2001).

SIGURD LYBECK 1895–1975, var forfattar og gardbrukar. Han skreiv ei rekkje folkelege forteljingar (blant anna Kallane i Oladalen), og teikneserien om Jens von Bustenskjold. EDVARD OS Offiser og norskdomsmann. Han var den mest militante organisatoren i norskdomsrørsla og blei sjølv kontant avsett. Os var fødd på Nordfjordeid 20. april 1885 og døydde 9. januar 1970.

I norskdomsrørsla var han i mellomkrigstida den fremste av alle organisasjonsfolk. Som dagleg leiar i både Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag 1913–27 gjorde han desse samskipnadene til moderne organisasjonar. Etter ein langvarig konflikt om organisasjonsmetodar blei han avsett frå stillinga si i 1927. Seinare var Os driftsstyrar i Noregs Boklag 1927–32 og konsulent for målbruk i Forsvaret og i statsforvaltninga. Han redigerte mange lagsblad, skreiv handbøker i lagsarbeid og amatørteater, seinare også ordbøker og bygdebøker.

KVEN VEIT 2018? 17


VÅRVON I STRAUMGJERDE

REVY GA NY VÅR Ungdomshuset Vårvon ligg i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Huset vart bygd av Ungdomslaget Samhald, Vårvon vart innvigd i 1912, og gjennom fleire tiår var bygningen det einaste samlingshuset i Straumgjerde. Fram til første byggjesteg på nyeskulen stod ferdig i 1955, var det ikkje noko anna lokale som kunne samle bygdefolket under større arrangement. Først tretten år seinare vart gymnastikksalen på skulen bygt. Om lag på same tida kom bedehuset. Etter eit omfattande restaureringsarbeid for å berge huset som hadde stått tomt på 80 – og 90talet, vaks det ut av lagsmiljøet voksetter kvart fram ei gruppe som tok opp tanken om å skipe til revy i ungdomshuset. I 2002 kom den første revyen; Polstra truser på blå resept. Dei følgjande åra vart det ein god påsketradisjon i Straumgjerde og Sykkylven elles å innleie høgtida med revy palmehelga. På grunn av god publikumsinteresse fekk ungdomslaget, som eigar av huset Vaarvon, betre økonomi og midlar til å ruste huset vidare opp. Dei første åra var det trangt for revygjengen, då alle måtte skifte og ordne seg mellom innslaga i eit lite garderoberom. Fram til jubileumsåret 2012 vart det ført opp eit romsleg nybygg i tre høgder med god plass og moderne fasilitetar for publikum og

18 KVEN VEIT 2018?

aktørar. Drivkraft i utbyggingsarbeidet var leiar i ungdomslaget, Jarle Strømmegjerde. Pensjonert entreprenør Svein Flåthe hadde lagt ned over to årsverk i dugnadsarbeid då huset stod ferdig til jubileumsrevyen påska 2012. Det siste store løftet i dugnadsprosjektet var restaureringa av storesalen som vart dekorert og utstyrt akkurat slik han var då huset var nytt. Ungdomslaget Samhald fekk Sykkylven kommunes kulturpris for arbeidet med restaureringa av det gamle ungdomshuset i 2009. I 2012 mottok laget Fortidsminneforeningen, avd. Sunnmøre, sin Godt Vern-pris. Songen, som og kan lesast som ein prolog, seier mykje om ungdomshuset. Men og mykje om eit menneske som i meir enn 40 år var han frontfigur i det frilynde ungdomsarbeidet på Sunnmøre.

... UNDER EIGEN KVELVING Henrik Straumsheim (1893 – 1975) skreiv diktet «Ut mot havet», som med musikk av komponisten Edvard Fliflet Bræin har vorte ein klassikar. 19 år gamal skreiv Straumsheim ein av sine første songar I kveld me møtest under eigen kvelving* *kvelving = tak over eit rom, tak med bogeform

Vaarvon (ved opningsfesten i joli 1912)

I kveld me møtest under eigen kvelving, Ei geldebylgja gjennom barmen gjeng, og inn i bbringa kjenner me ei skjelving o søl og glad fraa inste hjartestreng. Gjev ho maa verta grendi vaar til hyggja den fagre halli som me her fekk byggja. D´er gildt med kjenningar å koma saman og henta seg til kvardagsyrket kveik. Her fær me maningsord, jer finn me gaman og løyser ut vaar lengt i song og leik. Friskt gjeng me fram og misser ikkje modet: for vaaren bylgjar vart igjennom blodet. Og um det stundom gjeng ein grand paa skakke, og yrket vart vil ganga tungt og traatt, um vegen ber ein grand upp mote bakke, og livet kring oss tykkjest armt og graatt. Ei fager vaarvon ber me lell i hjarte, som lyser fram i gjenom alt det svarte. So strid me daa for framgang og for fridom, for alt som er av sanning og av rett! Og liksom vaaren kjem med gror i lidom, naar isen tinar, og naar lauvet sprett, slik skal ein vaar i norske folket koma og fager vaarsong yver landet ljoma.


Sceneteppet i ungdomshuset i Jondal, måla av Johan Tenol Tuxen.

mshall. Julereia, måla av Nils Bergslien i 1922, heng i Voss Ungdo

SCENETEPPE, JARNTEPPE OG TEPPEFALL Ikkje alle scener har eit sceneteppe. Men det kan vere praktisk slik at ein enkelt kan markere når framsyninga tek til, og når den sluttar. Nokre ungdomshus har sceneteppe som er måla og som ikkje kan flyttas på. Dei er meir som ei kullisse, eller ei ramme rundt. Det er fleire uttrykk som du kanskje kjenner til som stammar frå sceneteppe. Slik som teppefall som betyr at noko er slutt. Du har kanskje høyrt at nokon har fått jarnteppe når dei gløymer noko? Men eit jarnteppe er eigentleg eit branntrygt teppe som kan firast ned mellom scene og sal dersom det bryt ut brann i eit teater for å hindre at brannen sprer seg. Men det kan altså skilre eit brått

minnetap. Så kanskje er det fordi ein tenkjer at det er eit stengsel mellom minne og deg? Å stå i rampelyset er eit anna uttrykk frå sceneverden. Å kome i rampelyset er å bli lagd sterkt merke til, men rampelyset er og lys frå lamperekkje fremst på ei scene. Lampefeber kan ein få når ein skal stå i scenelyset på scena og ein blir nervøs.

Visste du forresten at det før ikkje var lov til å plystre på ei scene? Det handlar om at før i tida dro scenearbeidarane kullissene og teppa på plystresignal, og om du plystra utanom at du ville gje signal så kunne skape farlege situasjonar for dei som var på scena.

19 KVEN VEIT 2018?


HUSET I BYGDA

HUSET I BYGDA AV: CHRISTOFFER KNAGENHJELM

Vi er mange som har leika bak teaterscena, klatra i trappane, leikt gøymeleiken og forsøkt å skjule oss bak forhenget eller i bøttekottet, vore på ungdomsdiskotek og sett på (eller dansa med, for dei av oss som var tøffe nok) med drøymejenta, eller vore på julebasar og drøymd om den store gevinsten (bilbana som eg aldri vann). For nokon er dette gode minner frå barndommen og julebasaren i ungdoms- eller grendahuset. Andre har gode minner, eller er framleis knytt til huset i bygda gjennom dans, teater eller ymse andre former for organiserte aktivitetar. Atter andre kan vere knytte til huset gjennom styrearbeid eller andre former for dugnadsarbeid. Fellesnemnar er den gode opplevinga av samhald, identitet, leik og aktivitetar og ikkje minst læring som huset i bygda står for. Dei lokale kulturhusa har hatt sine opp- og nedturar, frå dei første husa vart bygd seint på 180-talet, med oppsving i organisasjonslivet fram til 2. verdskrig. Etter verdskrigen stabiliserte talet på hus seg, før auka konkurranse frå andre aktivitetar, bidrog til at mange hus mista noko av statusen som midtpunkt i bygda. I dag, med auka press på offentlege samfunnsstrukturar, ser vi heldigvis at huset i

20 KVEN VEIT 2018?

bygda på nytt får auka merksemd. Mellom anna registrerer vi at det er stor interesse frå drivarar av ungdoms- og grendahus på korleis det er mogleg å modernisere dei, og med det skape nye aktivitetar. Ungdomslaget i Sogn og Fjordane tek dette som teikn på at mange ser både trong for, og interesse for, korleis det er mogleg å utvikle sitt hus som samlingspunkt i grenda eller bygd si. Kor mange hus det er på landsbasis er det ingen som veit. Berre i Sogn og Fjordane er det registrert om lag 400 forsamlingshus. Desse husa utgjer ein viktig ressurs, både for det lokale kulturlivet, og ikkje minst som arena for opplæring innan organisasjonslivet for born og ungdom. Støtte til lokale kulturbygg er òg eit svært kostnadseffektivt og målretta tiltak for å dra nytte av det dugnadsdrive kulturarbeidet som Norge er kjend for. Huset i bygda er svært viktige som sosiale møtestader, og som arena for innøving og utøving av kultur og som kulturminne. Dei organisasjonseigde kulturbygga – ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa – er levande kulturarenaer, finansiert i stor grad med dugnad og frivillig innsats.

I Sogn og Fjordane har vi inngått samarbeid både med fylkeskommunen og Sparebankstiftinga som lekk i å ta vare på og å auke kompetansen til huset i bygda. På denne måten kan du og eg bli enda betre til å drive husa våre - og slik auke både engasjement og trivsel i lokalsamfunna våre. Samstundes skal huset i bygda òg gje rom for kritisk tenking. Det er viktig å verdsette at kultur- og kulturarbeid har eigenvekt. Å gje ungdomen fridom til å våge å uttrykke seg på sine eigne premissar i eit lokalt kulturbygg, og prøve nye uttrykksformer, vil vere med på å auke mangfald og bulyst i bygdene. Hus som evner å gje ungdomen tillit og fridom til å utforske eiga skapartrong, vil òg gje viktige bidrag til å skape livskraftige bygder!

Christoffer Knagenhjelm er rådgjevar for Sogn og Fjordane Ungdomslag, med ansvar for prosjektet «Huset i bygda» i fylket. Treng du råd eller rettleiing når det gjeld aktivitetar, økonomi eller kva tilskot det er mogleg å søke på, vil han gjerne høyre frå deg! Du kan nå Christoffer på christoffer@ungdomslag. no eller 48 00 48 17.


HUSET I BYGDA

PRAKTISKE TIPS Det lokale huset i bygda har framleis ein sterk posisjon som samlingspunkt og som identitetsmarkør i mange bygder. Samstundes må vi erkjenne at folk stiller andre krav til fasilitetar, innhald og aktivitetar i forsamlingshusa våre i dag enn kva ein gjorde tidlegare. Dette kan sjølvsagt skape utfordringar, men òg nye moglegheiter for huset ditt. Går bruken av huset ned, eller husstyret er usikker på vegen vidare, kan eit første steg for å snu trenden vere å invitere heile bygda til idédugnad. Dette kan verke som ei fin avklaring av forventingar og ynskje folk har til huset sitt. Det kan òg gje verdifulle innspel til kva tiltak husstyret bør fokusere på. Ikkje minst kan slike idédugnadar vere ein fin rekrutteringsarena inn i styre og stell. Kven veit, kanskje er det folk i bygda som er gode på IT, sosiale media, søknadsskriving og tilskotsarbeid eller kanskje ein eller fleire dugande handverkarar melder seg frivillig til å organisere dugnadsarbeid? Når ein har fått tilbakemelding frå bygdefolket om kva aktivitetar - eller modernisering - ein ynskjer, er det viktig å orientere seg om kva som finst av tilskotsmoglegheiter. Nokre tilskot er opne for alle, mens andre ordningar krev at du er registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret (Frivillighetsregisteret), eller er medlem av landsdekkande organisasjonar, som Noregs Ungdomslag. Stadlandet ungdomslag har til dømes fått støtte frå Studieforbundet til kursing i samband med spelet «På Sverdeggja», medan Solund Ungdomslag har fått aktivitetsmidlar frå frifondsmidlane. Felles for alle tilskotsordningar er at det er viktig å starte arbeidet med søknadane god tid i førevegen. Les nøye gjennom ordninga før de startar søknadsarbeidet. Kva føremål har ordninga, kva vilkår ligg til grunn?

Legg nøye merke til korleis dei ordlegg seg, og bruk gjerne dei same formuleringane i søknaden din. Hugs å bruke riktig ordlyd. Sit du i styret for eit gamalt og ærverdig ungdomshus og ynskjer å gjere noko med dei originale vindauga, kan du gjere som Ungdomslaget i Lærdal og søke kulturminnefondet om tilskot. Kulturminnefondet gjev støtte til restaureringsprosjekt, då skriv du ikkje rehabilitering eller renovering eller at du ynskjer å fjerne vindauga for å sette inn nye husmorvindauge. Fokuser heller på at du skal restaurere vindauga, betydinga huset har for bygda, og kva dugnadsinnsats som ligg i søknaden. Som medlem av Ungdomslaget får huset ditt og tilgong til gunstige forsikringsordningar som kan spare dykk for til dels utgifter. Dette er midlar som heller kan gå til ungdomsarbeid eller som eigenbidrag ved søknad om nytt musikkutstyr eller innkjøp av treningsutstyr - eller andre former for aktivitetar i huset. Korleis er det med straumutgiftene? Lokale kulturbygg er ofte store bygg, med stor takhøgd. Er det lenge sidan de fekk tilbod på straumavtale? Be om tilbod frå fleire leverandørar, kanskje det lokale straumselskapet kan gje rabatt som sponsing av huset? Snakk med din lokale sparebank. Kan hende dei eigne har sponsormidlar. I Sogn og Fjordane har Sparebankstiftinga etablert eiga ordning saman med Huset i bygda. Øyremerka midlar vert kvart år tildelt

lokale kulturhus. Treng huset ditt nytt golv? Gjer som Øen grendalag som søkte og fekk 100 000,- i tilskot til nytt golv frå Sparebankstiftinga i 2017. Kva med dine eigne erfaringar? Har du opplevingar eller tips du vil dele? Øen grendalag tok til dømes kontakt og fortalde om behov for hjelp med brannvern og brannsikring. Som respons på dette vil Huset i bygda arrangere samlingar i Sogn og Fjordane i 2018 med dette som tema, med dei lokale brann- og redningstenestene som føredragshaldarar. Treng du meir informasjon eller er på leit etter gode døme på aktivitetar eller tilskotsordningar? På www.husetibygda.no finn du fleire døme på aktivitetar, tips til husøkonomi, tilskotsordningar og malar for å gjere drifta av huset ditt enklare.

”HUSET I BYGDA” ”Huset i bygda” vart starta etter initiativ av Sogn og Fjordane Ungdomslag i 2010 og har spreidd seg til både Hordaland og Møre og Romsdal. Medan prosjektet har hatt treårige rammer i nabofylka, har Huset i bygda vorte fast satsingsområde i pilotfylket. Sidan starten har det blant anna vorte arrangert over 40 kommunevise samlingar og fylkeskonferansar kvart år.

KVEN VEIT 2018? 21


KJÆRLEIK

ST E F E R T JULA

R MOE

A AV INGV

sdress rmasjon o f m o k rte gå i sva ´ne orbi utanfor kjeme f je g i rin n ne nå´o d e u a d me g måla´ne var gon redde k e k høgare t t vara li li ra pitte a v a k s att´o likavel

kja åga vågt ten endele v a kje ha t s e m u d det som sn: s ø h e il he men o´en isa knipa m enas n imot h trøkkja´ ga rre sprin og så ba

ometer latte kil g ju s a ngdør spring låste go e t im h komma tå natto o ressn lø i ja g g li å rima slags te og få all på kyss

” k og rad nu i flok r e h ” å t s erkje te parnaso leggja m oppstop å p t t li a att´o le ile m s o nå´

n det e e de sån a nn det v va de så r å n e jort r si å vara f tusen å mesten t e for d

lko er) gå på hå øgaste d (´an e h n ie e v i midt t´ne en rond i halsen med arm t verkje e d e t t håve hadla på kjenna d lito ston ei pitte e! ge vakn e ´o e om di lig ko mjuk k n e t – å huset langt ifr

NT E M G A 1. FR kje nok Det er ik andre kar kvar e At vi els mpettan elske la husa s m Vi må òg o d me ung u k s lv a I dei h randre. i ser kva v t a r je Som g

it

ent frå e

ks fragm

rå se Henta f

E AV ARN

RUSET

get Love

mannsla

e, Spele samvær


NOTATAR POENG Lag: Runde 1: Runde 2: Runde 3: SUM:

??

?

KVEN VEIT 2018? 23


LESEPLAN JUNIOR:

LESEPLAN SENIOR:

Runde 1: Dei fyrste ungdomshusa side 4 + Veggpryd side 5 Runde 2: Sceneteppe side 19 Runde 3: Folkepedia side 14 og 15

Runde 1: Soltun side 6 - 8 + Leikvang side 9 Runde 2: Kaffikokar side 10 + Teater side 16-18 Runde 3: Dansegolvet side 12 og 13 + Huset i bygda side 20 og 21

REGLAR FOR KVEN VEIT? I denne landsomfattande kunnskapstevlinga testar vi allmennkunnskapen vår. Kvart år vert det i tillegg valt eit eige tema som deltakarane kan førebu seg spesielt til gjennom eit eige studiemateriell. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakarlaga på spørsmål som dei får tilsendt frå Noregs Ungdomslag. Det er flest allmenne kunnskapsspørsmål. Det kan og kome spørsmål om Noregs Ungdomslag.

ALDERSGRUPPER

TEVLINGSGRUPPER

Junior Kven Veit? er for deltakarar under 14 år og Kven Veit? senior er for deltakarar over 14 år. Deltakarlaga i Junior Kven Veit? kan søkje om dispensasjon for alderskravet for inntil 2 deltakarar per tevlingsgruppe. Ingen deltakar kan likevel vere eldre enn 16 år (10. klasse). Søknad må sendast inn før tevlinga startar.

• •

LOKAL TEVLINGSLEIAR

TEVLINGSRUNDANE

• • •

Tevlingsrundane gjennomførast lokalt av ungdomslaget/skulen i veke 7, 11 og 14 (ikkje ein bestemt dag).

Kvart ungdomslag/skule som er med må ha ein tevlingsleiar som skal ha ansvaret for gjennomføringa av dei tre tevlingsrundane lokalt. Tevlingsleiaren er kontaktperson for laget, og får tilsendt studiemateriell frå Kven Veit-sekretariatet. Tevlingsleiar får tilsendt spørsmåla før kvar tevlingsrunde og skal returnere dommarskjema til Kven Veit-sekretariatet dagen etter at tevlinga er gjennomført lokalt.

EIN DOMMAR • • • •

Laget/skulen oppnemner minst ein konkurransedommar som skal ha tilsyn med at tevlingsrundane vert gjennomførde etter reglane. Dommaren skal passe på at tevlingsleiaren opnar rett konvolutt, med spørsmål. Dommaren skal kontrollere svara frå gruppene mot fasitsvara og føre poengsummen inn på dommarskjema. Det kan vere forskjellige dommar til kvar runde.

Kvart deltakarlag kan stille med fleire grupper, men gruppene bør helst ha dei same deltakarane gjennom heile tevlinga. Gruppene i Kven Veit? senior kan ha inntil 5 deltakarar. I Junior Kven Veit? kan laget ha inntil 7 deltakarar i tevlingsgruppene. Junior Kven Veit? er tilpassa alderssamansette grupper.

Tevlingsleiaren skal gå gjennom reglane med deltakarane før spørjerundane tek til. Han/ho må og passe på at alle gruppene har nok kladdepapir.
 Kvar gruppe skal få utdelt svarsetlar og eit svarark. Dei skriv gruppenamn- og nummer på kvar setel og svarark. Tevlingsleiaren les spørsmåla i kategorien høgt.

Gruppene får to minutt til å svare, om ikkje anna er nemnt på spørsmålsarket. Straks tida er ute, skal svarsetlane samlast inn og leverast dommarane. Deretter kan ein la gruppene svare munnleg på spørsmåla. Det er ikkje tillate å bruke hjelpemiddel i spørjerundane. Dersom ein ynskjer kan ein gjennomføre tevlinga ved at gruppene skriv svara rett på svararka og at ein leser opp svara når alle kategoriar er gjennomført. Tevlingsleiaren avgjer om han/ho vil vente med å lese neste spørsmål til dommaren har kunngjort poengtala for svaret, men rutinane bør vere like

gjennom heile tevlingsrunden. Når tevlingsrunden er gjennomført leverer kvar gruppe alle sine svar inn på eit svarark som samlar alle svara frå runda. Dommaren må sjekke at svararket stemmer med svarsetlane. Dommaren skal saman med tevlingsleiaren skrive under på dommarskjemaet og gå god for at tevlingsrunden er utført i samsvar med reglane.

INNSENDING AV SVAR OG POENG Dommarskjema, svararket og svarsetlane frå kvar kategori frå alle gruppene skal sendast samla til Kven Veit-sekretariatet dagen etter kvar runde. Dette for å sjekke at svarsetlane, svarark og dommarskjema samsvarar. Dersom ein ynskjer kan svarsetlane, svarark og dommarskjema scannast og sendast på e-post til christoffer@ungdomslag

PROTESTAR Evt. protestar skal vere skriftlege, og må sendast inn saman med svara.

Resultat etter kvar tevlingsrunde vert presentert på www.ungdomslag.no/ kvenveit . Det beste laget i kvar klasse etter tre tevlingsrundar vert kåra som vinnar.

TILSKOT TIL STUDIERING
 Deltakargruppene i Kven veit? kan melde tiltaket inn som opplæringstiltak til Studieforbundet kultur og tradisjon. Studieringen må vere samla i minst 8 timar, og kurset blir godkjent når minst tre av deltakarane over 14 år har 75 prosent frammøte. Alle deltakarane skal stå på frammøtelista. Godkjent studieplan må være med i søknaden.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.