Medlemsblad for Noregs Ungdomslag Nr. 3/2010 • 94. årgang
FOLKEDANSFESTIVALEN
& SOMMARLEIR
DEBATT TEATERFESIVALAR I TROMSØ OG OSLO
OM DANSEKULTUR
Leiar Redaktør: Daniel Heggelid-Rugaas
Opplag: 12.000 Bladbunad: Hvarings / Tina Trykk: Bryne Stavanger Offset Annonsebyrå: Halsne Reklame & Media Framsidefoto: Dansande ungdom på Folkedansfestivalen i Bergen 2010 Foto: Noregs Ungdomslag Noregs Ungdomslag Postboks 414, Sentrum 0103 Oslo Telefon: 24 14 11 10 Faks: 22 33 50 23 post@ungdomslag.no Besøksadresse: Noregs Ungdomslag Tollbugata 17, Oslo Generalsekretær: Ida Marie Holmin (konstituert) 24 14 11 10 ida@ungdomslag.no Informasjonskonsulent Daniel Heggelid-Rugaas 24 14 11 14 daniel@ungdomslag.no Kulturkonsulent: Andreas Løken 24 14 11 13 andreas@ungdomslag.no Kulturkonsulent: Synnøve Jørgensen 24 14 11 15 synnove@ungdomslag.no Organisasjonssekretær: Alf Steinar Nekstad 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no Kontonummer: Noregs Ungdomslag 8101 07 00027
www.ungdomslag.no
2
Sykkelturen I løpet av sommarferien har eg vore heime på Lindås utanfor Bergen. Gjennom heile oppveksten var eg medlem av Lindås Ungdomslag, der me spelte teater, synte fram revyar, dansa folkedans og mykje anna moro. Det var, og er, eit solid lokallag som betyr mykje for bygda. På ein av dei fine sommardagane denne ferien tok eg sykkelen min for å ta ein tur til mormor, og på vegen heimafrå til mormor sykla eg forbi mange ungdomshus. Det første eg kjem til på vegen er Dalheim, ungdomshuset til Ungdomslaget Nybrot på Hundvin. Huset er ein sentral arena i meir eller mindre alt som skjer i bygda, eit nav for frivillig aktivitet og livsglede. Det er i dette huset danselaget Strilaringen har sine øvingar; i den grad eg sjølve har erfaring frå folkedans, er det dette laget som har æra for det! Det er ikkje berre på Hundvin ungdomshuset er sentralt i bygda - slik er det over heile landet. Rett før sumaren hadde Noregs Ungdomslag saman med Norske kulturbygg møte med den politiske leiinga i Kommunal- og regionaldepartementet, der me tok opp fleire ulike tilhøve i forhold til drift av ungdomshus. Ein av dei mest sentrale sakene på møtet var den store forskjellsbehandlinga det er mellom hus eigd av kulturorganisasjonar slik som oss og idrettsbygg. Vonheim, ungdomshuset til Sylte og Malme Ungdomslag, er eit godt eksempel: I 2004 bygde dei eit nytt hus, og dei laga då ein avtale med det lokale idrettslaget om at desse skulle leige 1. etasje i bygget i 40 år. Dersom idrettslaget skal legge nytt golv for å trene zumba (ein treningsform alle glade damer i hovudstaden driv på med om dagen), så slepp dei å betale moms. Om Ungdomslaget vel å legge nytt golv for å danse tango, så må ungdomslaget betale 25 % moms. Ei slik forskjellsbehandling gjer meg kraftig provosert. Er det slik at aktiviteten til idrettslaget er meir verdt enn vår aktivitet? Kommunal- og regionaldepartementet skulle sjå vidare på denne saka, og etter at NU hadde medieutspel i sommar har fleire andre aktørar støtte oss. Me får vone at verda vert meir rettferdig framover. Vidare på sykkelturen min syklar eg forbi Ungdomshuset på Seim, eit ungdomslag som har
drive godt i mange år med mange ulike aktivitetar. Huset deira heiter Strilatun, er stort og flott, og har mellom anna vore leigd ut til møte i Lindås Kommunestyre. På vegen heimatt sykla eg forbi ungdomslaget i Kvamsvågen sitt hus. Dette er eit lokallag som mor mi i si tid var leiar i. Dette lokallaget har no meldt seg ut av organisasjonen, noko som viser ei anna utfordring me har framfor oss: Korleis skal me overtyde lokale lag om at det å vere tilslutta Noregs Ungdomslag er ei styrkje for det lokale arbeidet, slik som det står i NU- songen, ”saman er me sterke – under same merke”? Svaret er enkelt, men ikkje alltid lett å vise fram: Dess fleire lokallag og medlemmar i organisasjonen, dess sterkare står våre krav om betre høve for ungdomshus og lokal aktivitet til styresmaktene. Vidare kjem eg til Knarvik, der den aktive dansegruppa Knarvik Gamaldanslag held til. Hadde eg sykla lengre, hadde eg sykla forbi Åsane Ungdomslag, som er eit sterkt teaterlag som heldt til i huset Åsatun – før eg hadde kome til Bergen og Bergen ungdomslag Ervingen. Dei fortener heider og ære for den flotte Folkedansfestivalen som dei laga i sumar. Flotte dagar med godt program! Denne sykkelturen synte meg korleis ungdomslaga speler ei ekstrem sentral rolle over heile landet, ved å vere der folk bur. Me er ein organisasjon som set dagsorden, lagar aktivitet, utdannar, utviklar og skaper fine minne; ein organisasjon for og med livskvalitet. God arbeidshaust!
Foto: Noregs Ungdomslag
Ansvarleg redaktør: Ida Marie Holmin
Generalspalten
Samarbeider med Rikskonsertene - unikt tilbod til alle lokallaga i NU Innhald Janove Ottesen, Helene Bøksle, Henning Kraggerud, Jaa9 & onklP, Petter Wettre, Timbuktu og Odd Nordstoga. Dette er artistar som alle har vore ute gjennom Rikskonsertene sin skulekonsertordning. No kan dei kome til di heimbygd!
NORDSINNI UNGDOMSLAG, s. 4 KULTUR PÅ DANSEGOLVET, s. 6 NORDMØRSHELG I INNERDALEN, s. 7 TEATER, DANS OG KLINING, s. 8 RIKSKONSERTENE, s. 10
Tekst: Synnøve Jørgensen
FOLKEDANSFESTIVALEN, s. 12
Artistane er der. Nær lokallaget ditt. Reise og hotell er betalt. Skulekonsertar på dagen. Men kva gjer dei på om kvelden? • Om lokallag i NU bruker konsertproduksjonane som Rikskonsertane allereie har ute på vegen, vil distrikta få tilbod om eit breiare kulturtilbud.
SKOSTREDET BLEI DANSEGATE, s. 14 FRAMSYNINGSKAPPLEIKEN, s. 15 KVEN VEIT? s. 16
• Rikskonsertene gjennomfører kvart år ca 10 000 førestillingar for barn og ungdom i skulealder. Sidan produksjonane er tilpassa denne målgruppa, så vil dei også egne seg svært godt som familieførstillingar. Noko som vi veit det er stort marknad for.
FINE FORKLE, s. 18
• Ein kan bruke utøvarane i desse produksjonane til mykje forskjellig: konsertar, work shops, undervisning osb. Gode idear blir ønska velkomen!
EIGE STYKKE, s. 20
TROMSØ DIALOG, s. 19
MJELDALEN GRAND PRIX, s. 22 RIKSTEATERET OG NOREGS UNGDOMSLAG, s. 24 TE-NORD PÅ TUR, s. 25
Slik går ein fram: 1. De kontakter Noregs Ungdomslag (post@ungdomslag.no) for å få tilsendt ei liste over alle som skal på turnè. Her vil de sjå dei aktuelle produksjonane for komande semester.
TEMATUR MED BUNADRÅDET, s. 32 NORSKE KULTURBYGG, S. 34 NYTT FRÅ FOLK, S. 35
Lista inneheld kontaktinformasjon til artistane. Program for hausten er tilgjengeleg våren i framkant (ca mai måned). Program for våren blir tilgjengeleg seint på hausten året før. 2. Er laget ditt interessert i ein produksjon eller artist, tar de direkte kontakt med artist. Rikskonsertane fungerer berre som tilretteleggar. Artist og de som lokalarrangør er partane i ein evt. avtale.
Stoffrist 22.10 3
Ungdomslaget mitt
Nordsinni Ungdomslag - eigar av eit 100 Nordsinni Ungdomslag ved Dokka i Oppland er eit tradisjonsrikt og aktivt ungdomslag, og eigar av eit ungdomshus som i år kan feire 100 år. I vår vart det arrangert jubileumsfest for huset, der historia til både lag og hus vart fortalt. tekst: rita strandbakke
I 1902 kom jernbanen til Dokka. I samband med bygginga av den var det mange som var bekymra for at ungdommen i bygda kunne bli freista til å ta del i aktivitetar som ikkje var sømmelege. Mot slutten av året, vart det bestemt at det skulle dannas ei ungdomsforeining på Nordsinni, og etter eit møte der bygdas lærarar med fleire deltok og ei lokal songforeining gjekk inn i laget vart Nordsinni Ungdomslag skipa. I 1909 bestemte laget seg for at dei skulle byggje eit lagshus og Helge Rognerud ga tomt til husbygging på garden Ankalterud si grunn. Leige for tomt skulle gjelde i 199 år og kosta kr 100 for heile perioden. 10.november 1910 stod huset ferdig etter at bygdas innbyggjarar hadde kjøpt luter som finansierte bygginga og allereie 13.november var det innviingsfest med prost Moe som hovudtalar. Både benkar, lampar og piano som vart kjøpt inn etter bygginga står i huset den dag i dag, og er i bruk. På dei hundre åra etter huset vart bygd, har Nordsinni Ungdomslag vore eit aktivt lag i bygda. Det har blitt heldt ein rekke ulike tilskipingar i huset og laget har drive med utallege aktivitetar; fester, foredrag, basarar, kinoframsyningar, sportslige aktivitetar, kunnskapstevlingar, lagsavis, song, dans og teater. Laget fekk sin eigen fane i 1914, og denne fana er framleis i bruk kvar 17.mai. Laget har også haldt kontakt med Landingslaget i Amerika, og ga i 1918 ei fane til dei. Laget har blant anne teke initiativ til å konstruere ein bunad for Land og var ein sterk pådrivar då Lands Museum vart skipa i 1928. Under krigen kom ungdomshuset i eldlinja då ein norsk soldat, Johannes K. Aarseth, falt like nedfor huset. I dag kan ein framleis sjå kulehol i husveggen. Den vesle familien som budde i huset då, kom ifrå det heile med skrekken. Soldaten vart gravlagt ved Nordsinni kyrkje, og bautaen som ungdomslaget reiste til minne om han vert framleis pynta med blomsterkrans av lagsmedlemmer på 17.mai kvart år. Ein som verkeleg er med på å passe på at huset held seg, er vaktmeister, nabo og æresmedlem Arne Rundborg. Han legg ned mykje innsats sumar som vinter og ser til at alt er i
4
Nordsinni Ungdomslokale, 17.mai 2010
orden. Nordsinni Ungdomslag er eit gamalt lag og eigar av eit flott hus med ei rik historie.
”Teater for alle penga” På 1980-talet vart det starta både amatørteater-, og barneteatergruppe i laget og det er teateraktiviteten som sidan då har vore størst. Amatørteatergruppa har i hovudsak heldt seg til revyar og småspel, medan barneteateret har eksperimentert med ulike drama og potpurriar. For tre år sidan vart teatergruppene delt i tre, der ein fekk ei ungdomsteatergruppe i tillegg til dei to andre. Gruppene set opp eigne framsyningar, men har også samarbeidd om produksjonar. Antal deltakarar i gruppene har variert, men ungdomslaget held på å kunne tilby born, ungdom og vaksne i
Ungdomslaget mitt
år gamalt hus OPPRINNELIGE VEDTEKTER §1 Ungdomsforeningens formål er” å fremme de unges åndelige interesser, henlede deres oppmerksomhet på tidens aktuelle spørsmål, tidlige utvikle sands for edle fornøyelser og sømmelige adspredelser.” §2 Som medlemmer kan opptages hver mand og kvinde over 15 år §3 Møter skal holde minst en gang pr. mnd. med foredrag, diskusjon, sang og mulig oppførelse av lettere skuespill §4 Kontingenten er kr 1 pr år §5 Dersom noen arbeider mot foreningens formål, og med sin oppførsel skader foreningen, kan styret utelukke medlemmet. §6 På møter og fester må ”ingen berusende drikke serveres”. §7 Til å lede foreningen skal foreningen ha et styre på 5 personer, hvorav en formann, nestformann og kasserer.
lokalmiljøet aktivitetar å delta på. Forutan å setje opp eigne framsyningar, blir laget også brukt på kreative måtar i kommunen ved idrettsarrangement, som underhaldning 17.mai, ved tilskipingar på museet og ved andre anledningar. Våren 2010 var laget teknisk arrangør for ”Harlequinfestivalen teaterfestival for barn og unge i Innlandet”, med om lag 70 deltakarar. Det vart ei helg med mange born og unge, mykje aktivitet, kurs, moro og mange dugnadstimar for lagets medlemmar. Festivalen var ei utfordring å få til, men ei mykje større glede å kunne kalle ein suksess. Det er godt for laget å vite at ein kan få til å arrangere større tilskipingar.
Sjølv om Nordsinni Ungdomslag i dag ikkje består av veldig mange aktive medlemmar, har laget eit positivt syn på framtida. Laget ynskjer å drive vidare med teateraktivitetar og nokre av ungdommane ynskjer å starte opp med leikarring. Driftige folk som ynskjer å leggje ned tid i laget, samt investering i å sende medlemmar på kurs, er med på å halde laget oppe. At laget også er villig til å tenkje nytt er viktig for å kunne halde fram. Nordsinni ungdomslag er tross alt ein ungdom på vel 100 år!
5
Debatt
Kultur på dansegolvet I arbeidet med førre utgåve av Ungdom fekk redaksjonen inn eit anonymt tips om at det kunne vere på sin plass å komme med ei ytring om folkeskikk på dansegolvet i kjølvatnet av landsmøtefesten til Noregs Ungdomslag (NU). Debatten går no vidare. Tekst og foto: Daniel Heggelid-Rugaas
I notisen peika vi på at kommentarar som “eg får vel ta det som er til overs” ikkje er den beste måten å by opp folk til dans på, og vi oppmoda alle til å gjere dansekveldar i NU til ein hyggeleg møteplass for alle dansarar. I kjølvatnet av dette har vi fått enkelte reaksjonar som omhandlar dansekultur og folkeskikk, og Øystein Rambjørg, som er nestleiar i Hordaland Ungdomslag, meiner saka har fleire sider enn det som kom fram i førre utgåve av Ungdom: - Det er ikkje berre damene som kan oppleve slik negativ framferd. Når damene vel å danse berre med andre damer er det ikkje alltid like lett for gutane som vert ståande att som veggpryd, seier han.
Kristian Fjellanger kosar seg på dansegolvet under Folkedansfestivalen 2010.
medlemmer ikkje skjer. Tilgjengeleg litteratur om skikk og bruk bør vel vera på sin plass her og om så likevel skulle skje.
Han peika på at dette kan oppstå når gutane er i mindretal. Rambjørg viser vidare til Langtidsprogrammet til Noregs Ungdomslag, der det står at me skal “styrke kvarandre slik at vi tør”.
Ta det opp!
- Det skal vere ei inkluderande og hyggeleg oppleving for alle som deltek på aktivitetar i eit av NU sine lokallag. Vi må syte for at ei grunnlaus ekskluderande framferd overfor andre lags-
Ingrid Maurstad Tuko er leiar i Folkedansrådet til NU, og har lang fartstid som dansar, instruktør og organisasjonsmenneske. Ho gjev uttrykk for at dansekulturen i NU jamt over er god: - Eg syns eigentleg den er ganske god i forhold til mange andre kulturar som eg kjenner, for eksempel dans på lokalet, der ein kunne oppleve fleire gonger at gutar fekk avslag frå jentene på ein forholdsvis brutal måte. I NU har vi liksom ikkje den tonen. Kva lærer vi om folkeskikk i NU? - Det er i kulturen, i heile opplegget, at du skal oppføre deg skikkeleg. Alle blir inkludert, og eg opplever at alle får lov til å vere med. Kva skal ein gjere med dårlege opplevingar? - Ein bør snakke med ein leiar eller instruktør. Det er absolutt det beste om ein tek det opp, og det er også veldig fint om instruktørar følgjer litt med på slike ting, spesielt der det er ungdom. Ta tak i det, ta det opp og hold auga opne.
Dans til glede for både store og små.
6
Følg debatten vidare her: www.facebook.com/noregsungdomslag
Kulturhelg
Nordmørshelg i Innerdalen tekst: kjell jostein stavik
Det har i ca. 20 år vore avvikla Innerdalshelg i Innerdal Turisthytte i slutten av september, men har dei tidlegare organisatorane av programmet trekt seg ut av dette. Dette har vore trivelege kultursamlingar, og Nordmøre Ungdomslag har no kome i kontakt med Iver Innerdal, som eig og driv Innerdal Turisthytte, om å vera med å føre arbeidet med å lage til ei skikkeleg kulturhelg i Innerdalen vidare. I år blir det Innerdalshelg 17. til 19. september.
Nytt frå Fjesboka Noregs Ungdomslag si tilhengarside på Facebook har i skrivande stund 750 tilhengarar som får med seg oppdateringar, tips om kurs og festivalar og som kan sjå bilete frå dei siste arrangementa. Du kan òg bli tilhengar, og du finn oss på www.facebook.com/noregsungdomslag. Her kan du sjå nokre av dei siste oppdateringane.
Programmet for helga vil bli mykje dans, song, forteljingar og musikk. Men programmet blir lagt opp slik at folk kan gå seg turar i det som mange kallar Noregs vakraste dal. Det blir lagt opp til kurs i Nordmørspols og ein smak på songdansar. Erling Flem og Marit Hoel skal vere innstruktører på dansekurset. Marit garanterer at om du ikkje kan danse, så er du dansefør når det lir til lørdagskvelden. Lørdagskvelden blir det rømmegraut og spekemat, Etter middagen skal Tor Erik Jenstad sleppe til med eit program som han sjølv har kalla «Godlåt og tulltal» No blir det også musikk av Tor Erik med fleire. Dette blir frå ei gruppe som er snekra saman for dette høvet og som Tor Erik sjølv kallar for «Jenstads Reviderte» – og sjølvsagt skal det dansast til musikken. Arbeidsgruppe for Nordmørs helg fra venstre Marit Hoel, Kjell Jostein Stavik, Kirsti Holm og Ola Mulvik.
7
Sommarleir
Teater og dans i sommarvarmen Den 27. juni til 1. juli møttest over hundre ungdomar til dans, teater, song, akrobatikk, teatersport, gatedåp, fest, mat og klining på katedralskulen i Bergen. Med andre ord var det duka for NU sin fyrste sommarleir nokonsinne. Tekst: Andreas Løken | Foto: Daniel Heggelid-Rugaas
Det som før heitte NUR-samling har altså no fått namnet sommarleir. Eg spør folkedanskonsulenten på kontoret, Synnøve Jørgensen, kva som er den største skilnaden mellom dei to arrangementa: - Det som tidlegare var ei samling for ungdomsringane i NU har no fått ein breiare profil. Vi håpar at sommarleiren vil utvikle eit større rom for “cross-over” – aktivitetar, altså ikkje berre avgrense aktiviteten til folkedans og teater. På ein sommarleir er det litt friare tøylar og meir galskap. Det Synnøve seier er vel og bra, men eg undrar meg over om dette stemmer med verkelegheita. Eg går til kjelda og ringer ei som var med på teaterkurset Benedicte Jacqueline Løchen Spinnangr frå Søgne, som var med på teaterkurset. - Korleis høyrde du om sommarleiren? - Eg viste om leiren frå før, men fekk den informasjonen eg trengte gjennom heimesidene til NU.
8
- Kva var det mest spennande med leiren syns du? - Det som er mest spennande er å få møte folk med same interesser. Både nye og gamle fjes i frå heile landet, seier Benedicte. - Kva erfaringar føler du at du kan ta med deg tilbake til laget ditt? - Ein får mykje mykje inspirasjon. Eg har lært mange nye teknikkar og teatersportleikar som eg kan ha nytta av på kveldar i lokallaget mitt. - Kvifor bør ein melde seg på neste års leir? - Du kjem til å angre om du ikkje gjer det. Ein får møte hyggelige folk, få nye erfaringar og ein får reise til ein plass ein kanskje ikkje har vore. Det er rett og slett ein fantastisk leir. Eg spurde om det var noko som kunne vore annleis, men på det spørsmålet fekk eg ikkje noko svar, og godt var vel det.
Sommarleir
1200 kurstimar I løpet av sommarleiren vart det gjennom ført omlag 1200 kurstimar i teater og dans, akrobatikk og teatersport i alle fall om ein reknar alle dei individuelle kurstimane. Lærarane på dansekurset var Martin Myhr, kjent frå mellom anna FRIKAR og Anna Öberg , profesjonell folke- og samtidsdansar frå Sverige. Som spelemann hadde dei fått med seg Erlend Viken, ein mangfaldig a-klassespelemann frå Oppdal. Ungdomane fekk prøvd seg på fleire bygdedansformer og trena på å utvikle dansen for scene. Teaterkurset, instruert av Lina Killingdalen, øvde på skodespelarteknikk og improvisasjon. Dei gav til og med underteikna tårar i auga då dei satt teater til eit utruleg trist musikkstykke. I mellom hovudkursøktene fekk sommarleirgjengen prøve seg på kortkurs i akrobatikk og teatersport. Dei var og flotte seremonimeistarar då gata Skostredet skulle skifte namn til Danseskostredet (les anna sak på s. 14, red.anm.). Kvar kveld var det dans i ein av gymsalane på skulen og etter ansikta rundt frukostbordet å dømme held dei det gåande ut i dei små timar kvar einaste kveld. I tillegg til dei som gjekk på kurs under sommarleiren, var det ein stor gjeng med frå dansegruppa Lea de som øvde til danseforestillinga “Flate steinar er til å sitja på på ”. Den svært så vellukka førstellinga vart synt under opninga av Folkedansfestivalen. Lea det gjengen blei ein naturleg del av sommarleiren og var særleg med på å gjere dansekveldane i gymsalen til flotte kveldar.
9
Kurs
Instruktørkurs modul 2 i Oslo 7. – 10. oktober I haust held vi fram med instruktørkursa i Teater og Folkedans. Dette vert modul to i NU sitt opplæringsprogram for instruktørar som er nytt av 2010. Kursa tek utganspunkt i fokedans- og teaterarbeidet som blir drive lokalt i rørsla og har som mål å utvikle gode instruktørar som har kunnskap om lokal aktivitet og som vil vere med på å heve sitt eige og andre sitt faglege nivå. Kursa vil finne stad i Oslo. Tekst: Andreas Løken. Foto: Daniel Heggelid-Rugaas
Røynde instuktørar Folkedanskurset er det dei ikkje ukjente NU-folka Tor Stallvik og Marianne Dahl som skal leie. Tor og Marianne er nokre av våre mest erfarne folkedansinstruktørar og kjem til å ha dansaren i hovudfokus. Målet er at deltakarane skal bli gode danseførebilete og medvitne om eigen dansestil og teknikk. Under kurset skal du bli kjent med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring, samt kunne løyse teoretiske og praktiske oppgåver knytt til det å leie ei gruppe. Det er ikkje naudsynt å ha
modul 1 før modul 2, men du bør ha gjennomført helgekurset grunnleggande instuktørkurs, folkedans. På teaterkurset har vi hyra inn Tor Arne Ursin som arbeidar som regissør og pedagog ved Grenland friteater, eit teater han var med å starte som 16-åring. Ursin er både skodespelar, dramatikar, pedagog og regissør. Kurset skal gje grunnleggande innsikt i å setje historier i scene. Deltakarane får kunnskap både i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysere og sette tekst i scene, eller skape nye historier, tekst eller framsyning. Forutsetningane for å delta på kurset er eiga teatererfaring. Du må ha delteke i og gjerne ha hatt ansvar i fleire teaterproduksjonar. Det er også ein fordel om du har gått andre teaterkurs, men det er ikkje naudsynt å ha gått modul 1.
Påmelding Påmeldingsfristen for kursa er 15. september. Prisen for kurset er kr 1500,- for NU medlemmar og 2300,- for andre. Påmeldingsskjemaet finn du på NU sine heimesider under instruktørkurs. Oppmod laget ditt om å sende deg på kurs. Instruktørane er av dei viktigaste ressursane i eit lokallag.
10
Debatt
Folkedansfestivalen 2010 Av Ingrid M. Tuko, Leiar i Folkedansrådet i NU.
Eg gledde meg til Folkedansfestivalen 2010 i Bergen, og eg vart ikkje skuffa. Bergen vart vald til staden som starta opp med den første Folkedansfestivalen i historia, og festivalnemnda hadde lagt ned eit godt arbeid på førehand. Været var bra, folk så ut til å ha det kjekt og med bryggedans, kveldsdans, kappleik, breakdanskurs, konsert, teater, trallekurs og flott båttur med ”Oster” var innhaldet rikhaldig for alle deltakarar. I fleire mannsaldrar heitte det NUstemne som inneheldt årsmøte i NU (Noregs Ungdomslag), forskjellige kurs i dans og husflidsaktivitetar, utfluktar, teater, mykje folkedans og ein stor leikfest på laurdagen. Siste dagen var det stemnegudsteneste, bunadsopptog og avslutting ute i det fri, der blant anna ein stor ring med bunadskledde dansarar framførde ”Vardevakt” av Per Sivle. I mange år hadde vi og ein skalkefest på søndag. Opptil fleire tusen NU-folk deltok på stemnet som var rundt om i Noreg, og mange sitt att med gode minner frå den gong. Så minka antalet deltakarar og medlemar i NU. Støtta til opplæring i dans, teater bunadsarbeid og alt NU driv med, fall nesten bort. NU sa òg opp avtala med speleautomatane. Alle lokallaga vart bedne om å støtta opp, så leiinga kom over kneika, og dugnadsånda synte at ho lever. NU måtte tenkja nytt, og i ein tiårsperiode vart NU-stemne kalla Folkekulturfestivalen. Den siste i rekkja var på Hamar 2009. Det var bra med deltakarar, men synte eit lite underskot. Når kommunen og kulturmidlane sviktar, går det slik. Kommunen støtta festivalen med 10.000-, mens ein Ølfestival veka etterpå fekk 150.000-.
NU er ein rusfri og inkluderande organisasjon. Medlemane er i alle aldrar, og NU er den einaste organisasjonen med opplæring i folkedans og utdanning til instruktørar. Men skal vi ta vare på folkedansen, må det løyvast meir kulturmidlar, både sentralt og lokalt. Det er etter kvart fleire ungdomsringar rundt om i landet, men for å auke medlemstalet, må vi satse på opplæring i barnehagar og skoler. Det står så fint i planane at ungane skal ha folkedans på skolen, men når ikkje lærarane kan folkedans, stoppar det der. Tenk om nokon av alle dei TV-kanalane vi har, kunne ha synt fram folkedans, folkemusikk, amatørteater eller bunadsarbeid! Det er ikkje rart den delen av kulturlivet minkar når vi ikkje får sjå eller høyre om det i media. I radioen er det snart ikkje å høyre gamaldans eingong. Det er å håpe at nokon i kulturetaten kan sjå at vi treng meir midlar for å overleve.
Ekstraordinært landsråd 8.-10. oktober samlast tillitsvalde frå fylkeslaga til ekstraordinært landsråd. Målet er å ta vare på og utveksle erfaringa som fylkeslaga sit med, inspirere og få ny kunnskap. Saman med styret i NU og deltakarane på instruktørkursa vil fylkeslaga fylle lokala i Nordahl Brunsgate 22 i Oslo, som er lokala til Bygdelagssamskipnaden, eit av dei store fylkeslaga i organisasjonen vår.
11
Folkedansfestival
Folkedansfestivalen 2010 i Bergen Den første folkedansfestivalen i historia gjekk av stabelen 1. til 4. juli, og Bergen sentrum vart utan tvil prega av arrangementet. På festivalkontoret i Kong Oscarsgate var det hektisk aktivitet døgnet rundt allereie på tysdagen, og eg spurte Aud Fjeld, som var medlem av festivalnemnda med spesielt ansvar for informasjonsarbeidet, kva ho vil at folk skal sitte att med etter festivalen. Tekst og foto: Daniel Heggelid-Rugaas
- Eg vil at dei skal tenke at dette var heilt fantastisk! Eg håpar at folk veit at det har vore noko, og at folk får lyst til å reise til Bodø på Folkedansfestivalen neste år. Dessutan trur eg at fleire kjem til å opne augene for folkedans. Festivalen, som er den første i sitt slag, hadde fleire høgdepunkt i løpet av dagane. På torsdagen var det premiere på forestillinga til «Bygda dansar»-prosjektet Lea de’, medan det på fredag var tid både for breakdancekurs, båttur med Oster, Framsyningskappleik og Leikfest med Kvarts som spelte opp til dans. På laurdagen vart
12
det mellom anna foredrag om dans, intimkonsert og storslagen dansekveld til langt på natt. - Det at fokuset er dans og dansemusikk er ganske spesielt, seier Kari Færevåg, som også var medlem av festivalnemnda, etter at eg spør henne kva som er unikt med denne festivalen. Kristin Mills legg umiddelbart til det spesielle i å inkludere sjølve bybildet i så stor grad: - Det er også noko ein ikkje gjer så ofte.
Folkedansfestival
Anbjørg Myhra Bergwitz var festivalsjef, og var svært nøgd med korleis festivalen gjekk til: - Alt gjekk på skinner, folk stilte opp positive og med mykje energi og vilje til å gjere Folkedansfestivalen 2010 til noko ordentleg bra! Når både dugnadsfolk, tilsette, artistar, hotell og publikum verkar nøgde; då er eg nøgd! Har du tips til neste års festival? - Vår innstilling i festivalnemda var å lage ein festival vi sjølv hadde kjempelyst til å reise på! Mitt tips er difor at dei må kose seg med planlegginga, det er viktig å tenke nytt og vidareutvikle ideear frå årets festival men samtidig ta vare på det gamle; det som gjer NU-festivalar unike. Ta det beste frå både gamalt og nytt!
Lag ein heidundrane fest i nord! Eg gler meg til å kome! Dette er utan tvil gode råd. Kva var di beste oppleving? - Då eg på laurdagskvelden kunne setje meg tilbake, slappe av og nyte ein kjempegod konsert i fred og ro, med vissheit om at festivalen så langt hadde gått knallbra og at denne kvelden berre skulle understreke det. Vi får håpe og tru at neste års festivalnemnd kan gjere akkurat det same – ein sommarkveld i Bodø, juli 2011.
13
Folkedansfestival
Skostredet blei dansegate Gata Skostredet i Bergen sentrum vart 30. juni døypt om til ”Danseskostredet” i forkant av Folkedansfestivalen 2010. Varaordførar Trude Drevland (H) og byråd for kultur, kirke, idrett og eierskap, Harald Victor Hove (H) stod for den høgtidelege opninga. Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas
Skostredet, som av nokre har fått tittelen Bergens koselegaste gate, har opprinneleg navnet sitt frå Hansatidas tyske skomakarar som holdt til her. Gata har gjennom historia husa fleire kjende attraksjonar i Bergen, og i dag finn ein kontoret til Bergen ungdomslag Ervingen i enden. Til høvet hadde festivalnemnda skaffa eit ekte skilt med påskrifta «Danseskostredet», og under arrangementet fekk tilskodarane sjå både dans og skodespel frå sommerleirdeltakarane, og politikarane var svært imponert:
- Det er alt for lenge sidan dykk har vore her, faktisk heile 20 år!, sa Trude Drevland under opninga. Ho roste engasjementet til ungdommane som hadde samla seg utafor lagshuset til Bergen ungdomslag Ervingen: - Å vere ein del av eit fellesskap på denne måten handlar om å byggje landet, om å byggje demokratiet vidare. Drevland gav og uttrykk for at ho var svært nøgd med måten ungdommane kapra eit byrom og skapte liv. Politisk nestleiar i Noregs Ungdomslag, Endre Kleiveland, var svært nøgd med omdøypinga: - Dette var ein flott dag før dagen. Vi følgjer opp ved å vere synlege i Bergen sentrum også i løpet av resten av festivalen. Det blir både bryggedans, framsyning på Torgallmenningen og anna. Kvifor var dette viktig å gjennomføre? - Det beste med dette stuntet var kombinasjonen av at ungdommane på sommarleiren fekk vise seg fram og at vi fekk synleggjort for bergenspolitikarane kva vi driv med, sa Endre Kleiveland.
Trude Drevland og Endre Kleiveland. Foto: Ina Cyrus
14
Folkedansfestival
Framsyningskappleiken 2010
Fredag under festivalen vart den tradisjonelle Framsyningskappleiken avvikla, med heile 5 ulike grupper. Vi gratulerer Ungdomsringen Salten med både 1. plass og publikumspris i årets kappleik! Tekst og foto: Daniel Heggelid-Rugaas/Synnøve Jørgensen
Ungdomsringen Salten vart skipa i 1991, med bakgrunn i at mange ungdommar slutta i folkedansmiljøet når dei kom i 13-årsalderen. Eldsjeler frå Salten satt i gong arbeidet med å utvikle ein felles ungdomsring i distriktet der ungdom frå heile Salten kunne komme saman, danse og ha det gøy. Ungdomsringen Salten deltok på framsyningskappleiken for første gong allereie i 1992, og vann publikumsprisen i 2001, 2003, 2004 og 2005 i tillegg til fleire 2. og 3. plassar. Dei har òg vunne dommarprisen fleire gonger, noko som gjer Ungdomsringen Salten til ei av dei mest dekorerte gruppene i nyare tid.
På Framsyningskappleik tevlar dansegrupper frå heile landet om å syne den beste danseframsyning. For å vere kvalifisert må minst fire deltakarar vise ei framsyning på kring 15 minutt. Framsyninga skal fortelje nok om gruppa eller lokalmiljøet der ein kjem frå, samt omfatte minst to av dei seks hovudtypane norsk folkedans. Det blir utdelt dommarpris og publikumspris. Andrea Steen Hernes er med i Ungdomsringen Salten og forklarer korleis gruppa tenkte då dei laga sitt show: - Vi laga eit program for å vise korleis folkekulturen påverkar og blir påverka av dagens kultur, ved å blande inn for eksempel song, populærmusikk og moderne dans. Kvifor kalla dykk opplegget “Nytt og gamalt høyrer saman”? - Fordi nytt og gammalt kan blandast utan at det øydelegger nokre av delane. Vi tok med dansar som vi likar og dansar mykje, både innanfor folkedans og meir moderne dans. I tillegg har vi blanda moderne og folkeleg musikk, for å vise at ein kan danse like godt til begge delar.
Ungdomsringen Austlandet, Ungdomsringen Salten, Egdingen Ungdomsring, Bergen ungdomslag Ervingen og gruppa ”tidleg krøkast” frå Bodø deltok på årets Framsyningskappleik.
15
Kven Veit? Quiz
Kven Veit? 2011 Kunnskapstevlinga Kven Veit? har lang tradisjon i Noregs Ungdomslag, og det har vore mange ulike tema opp i gjennom tidene. I år var temaet forfattaren Rasmus Løland, medan barne- og ungdomslitteratur var tema i 2004. I 1990 stod alkohol og alkoholskadar på dagsorden. Distriktspolitikk har vore tema fleire gonger, som til dømes i 1986. I 1979 var tema ”Kva kringskasting vil vi ha i framtida” og i 1972 var det "EF, miljøvern og utviklingshjelp". Tekst: Daniel Heggelid-Rugaas
Dette er ein forsmak på kunnskapstevlinga Kven Veit? for 2011. Forsøk å svare på spørsmåla utan å bruke hjelpemiddel viss du kan. Svar kan sendast til kvenveit@ungdomslag.no innan 1. november. 1. Er Øyafestivalen i Oslo ein knutepunktfestival? 2. Kva var så spesielt med avtalen i Labiau frå 1656, der kurfyrsten av Brandenburg endeleg fekk fullt herredømme over provinsen Preussen? 3. Kven jobbar for tida som teaterkonsulent i Noregs Ungdomslag? 4. Apple lanserte verdas første iPhone i 2007, men kva tiår kom den første telefonen til Noreg? 5. Årets festtalar under Landsmøtet til Noregs Ungdomslag var leiar i Venstre, Trine Skei Grande. Når var ho nestleiar i Noregs Unge Venstre? 6. Kvar vart årsmøtet til Noregs Ungdomslag skipa i 1989? 7. Den amerikanske friidrettsutøvaren Dick Fosbury tok OL-gull i 1968. Kva var unikt med denne sigeren? 8. Kven er Rigmor Aasrud? 9. Hermine i Harry Potter-bøkene er born av ikkjemagiske foreldre, såkalte gompar. Kva er yrkene til foreldra hennar? 10. Når og kvar er Folkedansfestivalen 2011?
lighetens år i 2011 vil også vere eit jubileum for det internasjonale året for frivillighet som ble arrangert i regi av FN i 2001.
Synnøve Jørgensen og Trine Merete Sjølyst steikar vaflar – som frivillige.
Alternativa til tema for Kven veit? for neste år er mange, og det var inga lett oppgåve å falle ned på eit val, tatt i betraktning at neste år er FNs internasjonale år både for skog og kjemi, det er 200 år sidan Noreg fekk sitt første universitet og 50 år sidan Ingrid Bjerkås blei Noregs første kvinnelege prest. 2011 er også Nansen-Amundsenåret 2011, 20-årsjubileet for oppløysinga av Sovjetunionen og ikkje minst vil neste år være der første året Neptun fullfører ein heil bane sidan planeten vart oppdaga i 1846. Likevel valde styret i Noregs Ungdomslag verken astronomi, norsk polarhistorie eller kvinnelege teologar som tema, men frivillighet. 2011 er Det europeiske år for frivillig aktivitet for å fremme aktive borgarar, eller på godt norsk: Frivillighetens år i Europa. På heimesidene til Den norske EU-delegasjonen i Brüssel kjem det fram at meininga med prosjektet er å sette frivillighet i fokus og skape merksemd rundt den rolla frivillighet har i samfunnet. Frivil-
16
Når du sit med denne utgåva av Ungdom i handa, er arbeidet med Kven veit? allereie godt i gang. Vi jobbar no med mange ulike perspektiv på frivilligheten, og vi har ambisjonar om at studieheftet kjem til å vere ei brei og djup innføring i ei av dei viktigaste bærebjelkene i det norske samfunnet. Vi søker å legge opp til drøftingar om kvar frivilligheten har vore og kvar den er på veg, om dei støtteordningane som finst for det frivillige kulturlivet og om den sivile samtalen som i mange døme er avhengig av aktive, deltakande borgarar. I Noreg er den frivillige sektoren stor og dei fleste menneske er på ein eller annan måte med på frivillig arbeid ein eller fleire gonger i løpet av livet. Det er spanande å sjå korleis frivilligheten endrar karakter over tid, og korleis den omfattar stadig nye fagfelt. Dersom du ønsker å bidra i arbeidet med studieheftet, kan du ta kontakt med oss på NU-kontoret gjennom å sende ein e-post. Som tidlegare vil deltakarane fortsatt teste sine allmennkunnskaper, og det vil fortsatt vere inndeling i junior og senior. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. Om lag 1000 personar er kvart år involvert i Kven veit? som deltakarar, dommarar og Kven veit? - sekretariat.
Isleik
Dans, naturopplevingar og gode nordiske vener Tjukke luftmadrassar i alle klasserom, handklede til tørk over alt, folkedrakter på alle vegger og alle knaggar; det er Isleik i Reykjavik. Tekst: Synnøve Jørgensen
145 norske dansarar deltok i juli på det nordiske stemnet, Isleik, og utgjorde nesten halvparten av deltakarane på stemnet. Her møtte vi dansarar og spelmenn frå Finland, Sverige, Danmark, Grønland, Færøyane og sjølvsagt Island. Grønland, som deltok med heile 35 deltakarar, var heilt klart mest eksotisk og fekk mykje merksemd. Vi andre må vel innrømme at vi aldri fekk heilt kontroll på steppinga og alle dei ulike polkavariantane deira, men kjekt var det likevel! På alle stemner i Nordlek-regi, bidreg alle deltakarlanda med ulike programinnslag, musikk og danseinstruksjon. Noregs Ungdomslag takkar Leikarringen Symra, BUL Stavanger, BUL Molde, Tove Leinsli, Benjamin Kehlet, Lars Petter Eliassen, Alix Cordray, Vebjørn Bakken, Inger Frøydis Bakken, Anne Marie Nerby, Endre Kleiveland, Gunn Inger Sture og Bodø Folkedanslag for fantastisk innsats!
F R I V I L L I G H E TS P R I S E N FN utnevnte i 1986 5. desember som den internasjonale frivillighetsdagen, og i Noreg blir Frivillighetsprisen delt ut denne dagen til ein initiativrik person, eit lag eller ei gruppe som har gjort ein stor innsats for samfunnet rundt seg. Det er
Frivillighet Norge som arrangerer prisen, og den blir delt ut på TV2 God Morgon Norge. Alle kan nominere kandidatar på www.frivillighetsprisen. no. Frist er 15. september.
17
Kurs
Folk, finn fram fine forkle frå farne festar! Helga 22.-24. oktober vert det bunadkurs i Granvin i Hardanger. Bunadnemnda i Hordaland ungdomslag er godt i gong med planlegginga. Me ynskje å få vita meir om forkleda til draktene våre. Korleis har forkledet utvikla og endra seg gjennom tidene? Kva er dei laga av, og kva teknikkar finn me? Når, og i kva samanheng vart dei ulike forkleda brukt? Tekst: Hanne Yndestad Aadland
Denne gongen skal me på to museumsbesøk, på Granvin bygdemuseum, der dei mellom anna har mange bringedukar, og sundag 24. oktober får me med oss opninga av utstillinga på Hardanger folkemuseum, «Hardangersaum, verdssaum frå Hardanger.» Som vanleg når me har kurs vert det ein del praktisk arbeid. Me skal læra å knyta nettet til filering. Dette kan vera lurt å få med seg, for det er ikkje råd å få kjøpt nett i rett tettleik ferdig. Me skal og stoppa inn mønster i ferdig nett. Vidare må me sjå meir på Hardangersaum, og for dei som ikkje er vane med å brodere, kan det vera ting å læra her. Me skal og sjå korleis forkle vert montert. Har nokon forkleband som ser ut som eit halvt belte? Desse vil me gjerne sjå! Me oppfordrar folk til å ta med seg gamle eller nye forkle av ulike sortar, eller bilete av forkle. Det vil verta opplyst kvar me i dag kan skaffa stoff og anna til forkleda.
Elisabeth Attramadal og Hanne Yndestad Aadland frå bunadnemnda i Hordaland ul. ynskjer å sjå nærare på ulike forkle.
Me gler oss til å samlast!
Storkurset i haust inneheld Organisasjonskurs – Verktøykassen for lokallaga, så me kan styrke kvarandre slik at me tør... Lyd- og lyskurs – så program og forestillingar vert finare å sjå og høyre Teaterkurs – så me får øvd oss på å underhalda Huskurs – for lag med hus som og er kulturminne med kulturi Dansekurs – for dei som ønskjer å få barneleikarringen i gong, så vert det kanskje stemne i Hordaland igjen. Forkle av ulike materialar og i ulike teknikkar. Frå høgre: Vevd av ull og lin, trykt på bomull, gammalt forkle av silke, kvitsaum på lin, bomullsforkle med bord i filering.
18
Bunadkurs – for å finna gleda ved å få fram fine forkle.
Teater
Tromsø Dialog 2011 14-24. juli 2011 inviterer Norsk Teaterråd i samarbeid med Hålogaland amatørteaterselskap (HATS) til International Amateur Theatre Association (AITA/IATA) sin internasjonale teaterfestival, også kalla verdsfestivalen for amatørteater. Tromsø er nærare enn du trur! Tekst: Andreas Løken/Daniel Heggelid-Rugaas
Verdsfestivalen vart skipa i 1957 og når dei no og held verdskongress for AITA/IATA er det 30. gongen det skjer. Sist festivalen var i Noreg var i 1991 i Halden. Det er venta nærare 60 nasjonar til Tromsø desse dagane og ein får høve til å sjå 24 førestellingar får 24 forskjellige nasjonar. Under festivalen har du og høve til å delta på arbeidshandel (workshop) med internasjonalt akta instruktørar. Tema for festivalen er Dialog, noko som skal kome fram gjennom eit mangfald av forestillingar og etterfølgjande kritiske analysar, kollokvier og workshops. Ein søker å presentere eit globalt bilete av ulike trendar innafor amatørteaterutviklinga. Gruppene er ikkje bundne av temaet, dei kan sjølv velje tema for sin forestilling. Festivalen vil legge vekt på at det er viktig at kulturelt mangfald gjennom scenisk og dramatisk uttrykk kjem til syne, og Rune Lundby, som til dagleg jobbar i Norsk teaterråd, meiner dei politiske sidene ved kunst er sentralt: - Vårt utgangspunkt er at alt teater er politisk, og at teater kan fungere som eit verktøy i kvardagen. Vi ønskjer å utfordre gjennom dialog samtidig som det er kunsten si oppgåve å spegle verda.
- Mitt personlege høgdepunkt blir å følgje Future Voices, fordi det er noko heilt nytt. For å kunne forsvare å bli presentert på AITA/IATA sin Internasjonale teaterfestival, må alle forestillingene vere av høg kunstnarisk kvalitet, garantert av dei offisielle styresmaktene eller den representative organisasjonen for amatørteater i det landet gruppa kjem frå. Sidan publikum vil vere internasjonalt, blir dei deltakande gruppene sterkt tilrådd å legge vekt på å presentere visuelle forestillinger. Festivalen får jamvel skydd frå høgare makter. Fyrst Albert II av Monaco som er festivalen høge beskyttar ventas å vere tilstade under verdsfestivalen og kongressen. Du kan lese meir på heimesida: http://www.tromsodialog2011.no/nb
Fagert folk Sverre Gammersvik har sendt oss eit bilete av noko som kan sjå ut til å vere ei dansegruppe. Han kan fortelje at biletet høyrer heime i eit album til familien Lillejord, Spydeberg, som opprinneleg hadde sitt utspring i Eksingedalen, Hordaland. Fotografen er H. Wiig, Sandnes. Namn og årstal er ukjent, truleg tidleg på 1900-talet. Redaksjonen i Ungdom takkar for innspelet!
Vil denne festivalen bli ein del av norsk utanrikspolitikk? - Ja, tanken er det. Det blir til dømes workshops med politisk brodd, og vi har eit ungdomsprosjekt, Future Voices, med ungdommar frå alle kontinent som skal jobbe med tema som opptek dei. Det er ikkje alle som har moglegheita til å uttrykke seg i heimlandet. Vi sett også fokus på FNs tusenårsmål. Rune flyttar til Tromsø for å jobbe med festivalen, og han gleder seg no til å setje i gang med sjølve arbeidet, men gler seg og til sitt personlege høgdepunkt under festivalen:
19
Teater
Eige stykke på teaterfestival I mai neste år er det enda ein gong klart for Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret sin amatørteaterfestival. Det er no femte gongen festivalen vert skipa og Noregs Ungdomslag sine teatergrupper får høve til å syne stykka sine på DNT si prøvescene. Ungdom var nyfiken på kva arrangørane pønskar ut denne gongen og tok derfor kontakt med festivalsjef Liv J. Johansen for finne ut meir. Tekst og foto: Andreas Løken
Eg har avtalt eit møte med Liv på ein kafé i nærleiken av NUkontoret i Oslo sentrum, og medan eg står i kaffikøen kjem Liv med dei blaute konsonantane smilande inn døra. Liv bestiller ein eplemost med den eine handa og tastar kjapt inn ei melding på mobiltelefonen med den andre; ho har utvilsamt mykje å gjere, men eg startar likevel rett på. Kva er spesielt med årets festival? - Temaet for årets festival er nynorsk, dialektar og identitet. Festivalen ynskjer samstundes å sette fokuset på ny norsk dramatikk. Norsk amatørteaterfestival har knytt til seg ein dramatikar som i desse dagar er i ferd med å skrive eit heilt nytt teaterstykke med tematisk fokus på samanhengen mellom språk og identitet, spesielt for festivalen. - I den forbindelse ynskjer festivalen å utfordre to teatergrupper til å syne det same stykket under festivalen. Gruppene som blir med på prosjektet vil få besøk av ein reiseinstruktør frå NU i løpet av hausten, som vil hjelpe til med oppstart av prosjektet og som vil gje tips om korleis oppgåva kan løysast, seier Liv. Ho er 26 år gammal, kjem frå Vennesla og har sidan femtenårsalderen vore engasjert i ulike kulturutrykk og spesielt festivalar. Ho kan fortelje at ho trødde i nokre dansesko i ein barneleikaring, men at det var breakdansen som fenga mest. Liv har nemleg skipa til breakdanskonkurranse: To gonger i Kristiansand og ein gong på Rockefeller. Liv er glad i å lage festivalar, men på spørsmålet om ho har eit favorittminne er det ikkje så lett å få svar: - Det er så mange og vanskelig å velge noen. Men noen av de beste minnene har vært på festivaler jeg har jobbet med. Følelsen av å
20
se alle menneskene ha det gøy, og vite at en har vært en del av å skape det hele er viktig for meg. Eit må det vel vere? - OK. Det første arrangementet jeg satte i gang med dansegruppa mi i 1999 var da jeg ble bitt av arrangørbasillen og jeg har hatt vanskelig med å kvitte meg med den siden da. Jeg husker også spesielt første gangen jeg var med på Hovefestivalen, hvor jeg hadde ansvar for alt av backstage og backstageservice til artistene. Jeg og alle de andre i teamet var helt utslitt etter den første dagen, men når jeg fikk ta en første titt ut på hovedscenen som har plass til over 20.000 folk, og så det folkehavet av glade mennesker, da fikk jeg skikkelig gåsehud. Det har vært flere slike øyeblikk, men sånne, wow - nå skjer det faktisk alt det som en har jobba så lenge for - øyeblikk - de er mine favoritt festivalminner. Men det er jo ikkje ein dansefestival dette her? - Norsk Amatørteaterfestival er ein arena der teatergruppene i Noregs Ungdomslag får høve til å syne fram stykket sitt på ein anna arena en dei vanlegvis opptrer. Festivalen er ein plass der teaterentusiastar får treffe kvarandre og dele erfaringar. Gruppene får og høve til å gå på kurs og delta på workshop med røynde teaterfolk. Og så er det festen da. Noko meir du vil seie til ungdoms lesarar? - Jeg håper at så mange som mulig griper fatt i denne muligheten til å delta og møte nye, gamle og kjente. Få ny kunnskap og dele kunnskap med andre. Jeg gleder meg å gripe fatt i oppgaven og ser frem til å skape en bra festival sammen med en flott arbeidsgjeng og ikke minst mange flotte deltakere og støttespillere.
Vil du være med? Vil de syne stykket dykkar under festivalen? Last ned påmeldingsskjemaet på www.teaterfestival.no. Vil du at gruppa di skal være ein av dei to gruppene som set opp det spesialskreve stykket under festivalen? Ta kontakt med NU kontoret (andreas@ungdomslag.no) så raskt som mogleg.
Teater
21
Kulturhelg
Mjeldalen Grand Prix Laurdag 1. mai i år arrangerte Mjeldalen Ungdomslag på Osterøy i Hordaland olabil-løp. Det var tidenes første "Mjeldalen Grand Prix", og det var i alt 11 bilar påmeldt og 15 sjåførar i alderen 7 til 14 år. Tekst: Jostein Mjelde
Banen var omtrent fem hundre meter lang, med innlagt stopp og hinder-passeringar. Været var fint og forholda gode. Det møtte opp ein stad mellom 200 - 300 publikumarar. I tillegg var det barnelagsdansing, toradermusikk, sminkebu, sal av grillmat, med meir. Totalt sett var dette eit nyskapande arrangement som vart svært vellukka. Regelverket til sjølve løpet og bilane vart henta frå den offisielle olabilsida: www.olabil.no . Sjølve planlegginga og seinare bygginga av bilane starta opp hausten 2009. Vaksne og born møttes i Mjeldalen Ungdomshus og delte tankar, bilteikningar, etc. for å kunne lage kvar einskilt sin bil, medan det i fellesskap vart laga til bremse- og styringsystem. Det heile vart godkjent som kurs hos Folkekulturforbundet, noko som kan vere eit tips også til andre ungdomslag. For Mjeldalen Ungdomslag var dette eit heilt nytt tilbod og interessa rundt sjølve bygginga og løpet var nyfiken. Tilbakemeldingane er mange og gode, og fellesnevnar kan vel seiast å vera at ungdomslaget er kreative og samlande, og neste år det igjen duka for "Mjeldalen Grand Prix"!
22
MINNEORD Ella Røyseng
harald ormbostad
”Ella døde i natt”, var den enkle tekstmeldinga frå Olav Røyseng ein solvarm føremiddag i juli. Ein smerte hogg til i brystet. Ella! Og så kom alle bilda. Ella på nordiske teaterdagar, Ella på Trafo, Ella i møtesalar og i sosiale lag. For oss som var aktive i det organiserte amatørteatermiljøet på 1970-, 80- og 90-talet var Ella sentral i alt. Ho var ”Mor Norge” i amatørteatret.
Det var med stor sorg me mottok bodskapen om at Harald Ormbostad var gått bort. Det er vanskeleg å forstå at Harald ikkje lengre er blant oss.
Ella var eit engasjert og glødande organisasjonsmenneske. Ho hadde teaterbakgrunn frå Valdreslaget i Oslo då ho vart tilsett som teaterleiar i Noregs Ungdomslag i 1969. Frå no av var Ella ikkje berre med på, men ho var sjølv ei drivande kraft i det som i ettertid er kalla 70-talsrevolusjonen i amatørteatret. Med inspirasjon mellom anna frå finske Katri Nironen og med hjelp av mellom anna Gogo Bakke, sette Ella fokus på kunstnarleg kvalitet i amatørteatret. Det vart kurs på sentralt og lokalt plan, instruktørar reiste land og strand rundt i ungdomslaga og det vart arbeidd med å få fram nye teatermanus. Ella var først i Noregs Ungdomslag, så i Dokketeatret på Frogner før ho vart leiar for det nystarta Amatørteatersentret i Oslo. Det var ho som først kasta auga sine på den gamle transformatorstasjonen på Tøyen, noko som resulterte i at Trafo vart kulturhus i 1975 og har vore eit kreativt sentrum i Oslo sidan. Parallelt hadde ho også verv i Noregs Ungdomslag. Ho var leiar i teaterrådet, og heile tida NU sin representant i arbeidet som leidde fram til danninga av Norsk Amatørteaterråd (NAT) i 1980. Her var ho nestleiar i det første styret, og den første tilsette som dagleg leiar. I meir enn ein tiårsperiode var ho også styremedlem og leiar i Nordisk Amatørteaterråd. På slutten av 60-talet hadde amatørteater låg status i Noreg. Det gjekk mykje i gamle spor, det var lite pengar, dårleg utstyr og lite tilfang av nye tekstar – og det organisatoriske biletet var fragmentert og uoversiktleg. Årsaka til at Ella vart så sentral i den vekst- og samarbeidsperioden som kom, ligg dels i det glødande engasjementet hennar, dels i at ho aldri gav seg når det var noko ho ville, og dels i at ho var flink til å få folk med seg. Ho forstod at det måtte skapast nye møteplassar. På kurs, festivalar og teaterdagar der Ella trakk i trådane møttest folk, og det oppstod forståing og venskap på tvers av geografi, politikk og organisasjon. Ho ønska aldri fokus på eigen person, og ho bruka aldri store fakter, men ho var den som faktisk fekk ting til å skje og folk til å arbeide mot felles mål. Slik fekk teaterarbeidet både i Noregs Ungdomslag og elles, eit løft som vi ser frukter av framleis. Ella Røyseng var viktig for meg – ja, for oss alle.
Det er berre ein månad sidan Noregs Ungdomslag hadde landsmøte, der Harald sjølvsagt var tilstades med si lange og solide fartstid frå organisasjonen som ein aktiv og solid deltakar; ein mann med mot til å meina, med konstruktive tankar og blikket retta mot framtida. I heile sitt vaksne liv har Harald vore ein sentral person i Noregs Ungdomslag – ein organisasjon han brann for i 50 år. Harald vart medlem Ungdomslaget Prøven på Tustna ved konfirmasjonstider, og var leiar i ungdomslaget i mange år. Når lagsdrifta gjekk trått, og ting var vanskeleg, var det alltid Harald som tok ansvaret for å drive laget vidare. Harald har vore tilsett som skrivar i Nordmøre Ungdomslag i over 35 år. Gjennom desse åra sytte han for at mange tillitsvalde fann tryggheita og styrken til å kunne gjere ein god jobb og utvikle seg. Harald var eit person som gav tillit og ansvar til andre menneske, og om han såg at ting gikk litt på skeive, var han alltid der med oppmuntring og hjelp slik at ting kom på skinnene att. Harald var også tillitsvald på sentralt plan i Noregs Ungdomslag, der han gjorde ein solid og grundig jobb. Det å skape noko for andre er ein tanke som raskt kjem når ein tenker på Harald. Han har betydd mykje for mange born, unge og vaksne gjennom fleire generasjonar. Han har skapt liv, glede, aktivitet og gjort kvardagen rikare. Noregs Ungdomslag har mista ein trufast ven, ein mentor og ei inspirasjonskjelde – og me kjenner sorg og sakn. Tankane går i dag til Harald sine næraste, og alle dei andre som i desse dagar kjenner på tomheita etter Harald. Me lyser fred over Harald sitt minne. Kristian Fjellanger Styreleiar i Noregs Ungdomslag
I takksemd, Inga Elise Bruteig
23
Samarbeid
Samarbeid mellom Riksteatret og Noregs Ungdomslag Hausten 2010 skal dansekompaniet FRIKAR ut på turnè med Riksteatret landet rundt. Dette er eit fint høve for alle lokallag til å rekruttere nye medlemmer og setje fokus på lokallaget og NU. Vi oppmodar alle dansegrupper rundt om i landet til å lage skikkeleg dansefest der FRIKAR kjem. Dette kan til dømes vere dans i foajeen rett før førestilling, hallingkurs eller anna. Ta kontakt med ditt kulturhus for å få i gong eit samarbeid. Turne-lista til FRIKAR finn du på www.ungdomslag.no Tekst: Synnøve Jørgensen
Alle NU-medlemmer får 20% rabatt på billetten (av ordinærpris for vaksne). Ordinærpris vaksne kr 200 + bill. avgift. Ordinærpris barn (u/16 år) kr 120 + bill. avgift. Dersom grupper tingar og hentar billettar samla kan ein få gruppepris (minimum 5 stk)
Om førestillinga KRUK! Med førestillinga KRUK! skal dansekompaniet Frikar syne Noreg at hallingdans ikkje er for pingler. Med røttene godt planta i norsk folkemusikktradisjon kombinerer dei halsbrekkande stunts, akrobatikk og breakdance i eit show pakka med energi og danseglede. Frikar har ei lang rekkje suksesser bak seg, med framsyningar på Festspillene i Bergen, Operaen i Bjørvika og Verdensutstillinga i Shanghai – ikkje minst sigeren med Alexander Rybak i Melodi Grand Prix. Etter premieren i Operaen skreiv pressa: ”En eksplosjon av en forestilling” VG (fem) ”Her kobles folkedans med break og sirkusakrobatikk. Selve poenget er å imponere, overraske og ikke minst glede” AFTENPOSTEN ”Halling pakket inn i underholdende hip-hop utført av slike gutter som gamle Norge vil ha” DAGSAVISEN Koreografi, idé, animasjonar og scenogafi: Hallgrim Hansegård Komposisjon og idé: Andreas Ljones Dansarar FRIKAR: Ulf-Arne Johannessen, Sigbjørn Rua, Silje Onstad Hålien, Anders Aasberg, Hallgrim Hansegård, Ådne Kolbjørnshus, Anita Langødegard, Eirik Luksengard Fuglesteg og Vetle Springgard Musikarar: Andreas Bratlie, Rolv Olav Eide, Olav Mjelva Luksengård og Andreas Ljones Lysdesign Torkel Skjærven.
kr 150 + bill.avgift. Grupper på 25 – 30 personar får spesialpris kr 80 + bill.avgift. Bidrar ein med program i foajeen eller deltar på eventuelle work shops i framkant av førestilling, gjeld eigne tilbod. Avtale med det enkelte kulturhus.
Nordic Dance Er du folkemusikar eller folkedansar mellom 18 – 26 år? Her er tre gode grunnar til å vere med på Nordic Dance: • • •
Utvikling deg som dansar/ musikkar Lage ein spannande førestilling, med premiere under Nordlek 2012 i Steinkjer Gode lærarar: Paula Kettu (dans) og Vegard Vårdal (musikk).
Meir info på ungdomslag.no. Søknadsfrist: 1. november 2010
24
Barnestemne 11. til 13. juni 2010 reiste Leikarringen frå Lyefjell på barnestemne i Tysværvåg. Der vart det song, dans, teater, baking, kortlaging og festarrangering, stafett og skogsturar i pausene. Bente Serigstad har sendt oss både bilete, tekst og denne songen:
Teater
Te-Nord på tur for tredje år på rad! Dei tre siste åra har teatergruppa i Håløyglaget, Te-Nord, delteke på festivalar i utlandet. Det starta i Italia i 2008, året etter festival i Spania og i år vart vi valt ut til å spele stykket vårt ”Shabbana” på to internasjonale festivalar, ein i Tsjekkia og ein på Island. Tekst: ida m . holmin
Stykket vi reiste med i år var skrive av Sonia Mona Din, ein av medlemmane i gruppa. Tema for stykket var tvangsekteskap og handlinga spelar seg ut i ein pakistansk familie i ein drabantby i Oslo. Gjennom arbeidet med stykket har vi fått innsikt i eit komplekst og alvorleg problem, men også blitt kjent med pakistansk musikk, dans og klesskikk. På begge festivalane fekk vi tilbakemeldingar frå framsyninga vår. Ein del reagerte på at vi hadde kvinner i mannsroller. Vi fekk også innspel på at vi kan utvikle oss meir som skodespelarar og dansarar. Og det skal vi! Noko av det vi sette mest pris på av tilbakemeldingar var at temaet vi tok opp var viktig og at vi skapte ei spanande ramme rundt stykket gjennom kostymer, scenografi og musikk. Vi har sett masse flott teater og fått nye teatervener. På Island fekk vi også med oss fleire teaterkurs, kom på Islandsk tv og bade i den Blå lagunen. Det kostar å delta på internasjonale festivalar, men vår erfaring er at økonomien ikkje er hovudhindringa. Gruppa har fått reisestønad frå Norsk teaterråd og frå Håløyglaget.
Klar for eit internasjonalt publikum! foto: Hanne Tosterud.
Det viktigaste er å skape motivasjon for å delta på festival, ha nok tid til å øve, ikkje frykte språkproblema og å kaste seg ut i det. TeNord anbefaler andre teatergrupper til å prøve dette. Evt. kan ein starte med å delta på Norsk Amatørteaterfestival i 2011! Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir om å dra på festival.
Mel: Bamsefar
I Tysværvåg er stemne for ungane frå Lye Dei syns at det er kjmpegildt å treffa mange nye Hei hurra for me får lov Te å eda masse snop Hei hurra for dansen vår som er så god og rar Me reise med vil og tog og buss og båt og buss att Me danse marsj å vals omtrent sånn så dei proffe gjære Hei hurra for me får lov
Te å eda masse snop Hei hurra for bamsen vår som er så god og rar Så ynskje Lye lykke til med stemnet her i Tysvær Å nå må alle kosa seg med dans og snop i helga Hei hurra for me får lov Te å eda masse snop Hei hurra for dansen vår som er så god og rar
25
Diverse
nordakerbunad88x131
18-01-07
10:54
Side 2
Annonsere i Ungdom? Ta kontakt for pristilbod: Arild Halsne Tel 51315700 E-post: arild@hrme.no
Nordaker Bunader AS
Østervåg 19, 4006 Stavanger. Tlf. 51 89 70 40 Strandgt. 122, 5527 Haugesund. Tlf. 52 72 49 07 www.nordakerbunader.no – butikk@nordakerbunader.no
LØKENBUNADEN Kjøp den hos oss eller sy og broder den selv. • Dame • Herre • Barn • Sølv og tilbehør
Nygaardsgt. 49-51, 1607 Fredrikstad Tlf. 69 31 67 06 - 69 31 63 39 post@liershusflid.no www.liershusflid.no
26
Vi leverer kvinneog mannsbunader fra Øst- og Vest-Telemark - Materialpakker - Ferdige bunader - Bunadtilbehør - Hodeplagg - Sko
- Silketørkler - Regncape - Omsøm - Restaurering - Bruk fagbutikken
Vi fører:
Rogalandsbunader til dame og herre, komplett med sølv.
Telemarksgaten 16, 3724 Skien email: skien@norskflid.no www.norskflid.no/skien Tlf.: 35 52 26 88
Drakter og andre bunader. Hurtig levering.
Kalemank Brosjerte damaskstoffer i ni farger til stakker, liv, vester og caper.
Mølledrakten
Damaskforklær Bunadsølv
Bunadhjørnet AS Erling Skjalgsonsgate 4, 4307 Sandnes Tlf: 51 66 78 66 Fax: 51 66 34 03
BUNADSENTERET I NUMEDAL 3629 NORE. www.stoffstugu.no Tlf./faks 32 74 52 58 - mob. 971 29 835
Ein treng ikkje reisa til London for å oppleva! Haustens show er «Litt av en mann» med Rune Andersen og «On my Ovn» med Bjørn Jensen. Ta kontakt med oss for tinging av rom
Revyhaust på Hordaheimen Revypakke 800,- per person i dobbeltrom. Prisen gjeld overnatting 1 natt, herleg frukost og billett til show/revy.
Best Western Hotell Hordaheimen Telefon : 55 33 50 00 / epost : annrita@hordaheimen.no
27
Synnoves_systove annonse
12-11-08
16:02
Side 1
SOGNSBUNAD av ypperste kvalitet!
Synnøve’s Systove Telefon 57 69 55 86 Mobil 994 20 944 www.synnovessystove.no
Telemarksbunader Øst-Telemark og Vest-Telemark til dame, herre og barn. Beltestakk, Stakk og liv. Bunadstilbehør og sølv. Omsøm. Stor egen systue.
Vi har forsikringsløsningene for Noregs Ungdomslag Som medlem av Norske kulturbygg kan alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag benytte de gunstige forsikringsløsningene som KNIF Trygghet Forsikring AS tilbyr. Det gjelder også for de ansatte og tillitsvalgte. Vi tilbyr spesialtilpassede forsikringer for bl.a. klubbhus, grendehus og kulturhus tilhørende NU.
Husfliden Porsgrunn Tlf.: 35 55 44 74
Som ansatt eller tillitsvalgt i NU kan du benytte deg av alle våre forsikringsløsninger. Ønsker du rådgivning, forslag til forsikringsløsning eller mer informasjon om våre forsikringsprodukter, ta kontakt med oss på telefon 23 68 39 00 eller e-post: post@ktf-as.no.
ungdomslag.no
28
UngdomMai09 22.05.09 13:14 Side 3
29
Norges største utvalg av bunadsølv på nett!
MadeinNorwayNow
Bunadsølv i 100 år!
Røros Tweed fra NorskFlid
Vi leverer sølv til • tinnbunaden • skjælestakken • vest-telemarksbunaden • øst-telemarksbunaden • beltestakken ... og mange flere
Gullsmed Sando vår nettbutikk finner du på
www.sando.no
Sam Eydes gt. 63, Rjukan Tlf 35 09 05 01
Hårek og Gyda
Festantrekk
Husfliden Bodø Storgata 13B-15, 8006 Bodø, tlf 755 44 300
6493 Lyngstad Telefon 71 29 57 31 faks 71 29 57 01 lytex@online.no www.lytex.no
- en litt annerledes gullsmed butikk
• Omarbeidelser • Verksted • Design av smykker Jon Torbergssonsvei 8, 4070 RANDABERG, v/apoteket. Tlf: 51 41 34 00
Åpningstider: Man-Fre 10-17, Tors 10-19, Lør 10-15 30
Bunader søm, utleie Sølv, sko og annet tilbehør
Neuberggt. 9, Oslo. Tlf 22440170 www.bunader.no
SKINNLÅVEN
Norges største leverandør av skinn & lær!
Hos os får du: • Råmaterialer • Verktøy • Bøker • Saueskinnsfeller ...og Inspirasjon til: • Lærfletting • Lærsøm • Pregning • Å sy dine egne skinnklær • Knivmaking • Hesteutstyr • Gyllenlær • Farging • Å lage egne belter & vesker ...enten du er nybegynner eller dreven i faget!
ungdomslag.no
Endå
meir
trykk på
Nynorsk
trykk endå
meir på
Nynorsk
Skinn • Verktøy • Bøker • Lær
NPK utvidar tilbodet sitt – endrar seg – spissar profilen
Smith & Bull AS Skinnlåven Tlf 32 10 31 90 / Fax 32 13 56 25 E-post:skinnlaaven@ringnett.no• www.skinnlaaven.no
Kontakt oss på 22 03 44 00, eller send e-post til npk@npk.no
Ny giv for nynorsken i media 2007 er eit merkeår for Nynorsk Pressekontor (NPK), og for alle aviser som nyttar nynorsk på redaksjonell plass.
NPK i ny drakt: www.npk.no Etter snart 40 år som eit lite, men produktivt pressebyrå for dei minste og mellomstore avisene, har NPK i år teke plass mellom dei store. Samarbeidsavtalen med Norsk Telegrambyrå set oss i stand til å auke aktiviteten og produktspekteret vårt, og bli eit verdifullt stofftilbod også for større mediebedrifter. Nynorsk Pressekontor er i dag samlokalisert med NTB og er ein del av NTB-konsernet.
31
Bunad
Årets tematur med Bunadrådet Tidlig en onsdag formiddag møttes 21 glade mennesker i Oslo for å reise videre sammen. Målet var Siljan, i Dalarne i Sverige. Området har en rik håndverks- og drakttradisjon som vi ville bli betre kjent med.
På veg til Tällberg hvor vi skulle bo stoppet vi i Malung hos skinnskredder Täpp Lars Arnesson. Skinnklær var en del av folkedrakten i området, og skinnsøm har vært en viktig næring. Täpp Lars viste fram flotte skinnplagg, og fortalte om lokale drakttradisjoner, om hvordan ulike garvemetoder gir forskjellig farge på skinnene – og at nordmenn og svensker har helt ulike meninger om hvordan en fin skinnfell ser ut! I Norge skal fellen være børstet opp og luftig, i Sverige skal den ha naturlige krøller... Torsdag dro vi til Carl Larssons Sundborn. (Kartet stemte ikke helt med terrenget (eller omvendt?) så vi fikk litt ekstra sightseeing på vegen dit.) Der fikk vi en fin omvisning av en dyktig guide. Guiden fortalte levende både om Carls bilder og om Karin Larsson og hennes tekstilarbeider. Fra Sundborn dro vi til Dalarnas Museum i Falun som har en stor draktutstilling. En fra museet viste oss rundt og fortalte om utstillingen, om framstillingen av plisserte stakker til folkedrakten, om helgeklær og hverdagsklær, om tradisjonelle næringsveger i distriktet, om handel, produksjon og naturressurser. Fredag besøkte vi først Jobs Handtryck som siden 1944 har produsert håndtrykkede tekstiler til møbeltrekk, gardiner, duker og annet. Der fikk vi høre om hele trykkeprosessen fra kunstneren tegner motivet til stoffet er ferdig. Neste stopp var Leksand Hemslöjd, med folkedrakter og Textilloftet – en liten utstilling/magasin med folkedraktplagg. Hemslöjdbutikker er farlige for lommeboka... Noen av oss rakk også å gå innom Leksand Kulturhus, hvor det var en utstilling om drakter og drakttradisjon. Derfra gikk turen til Rättvik. Først til Kyrkudden med de kjente Kirkstallene og kirken. Det var konfirmasjon den dagen, og mange bar folkdräkt. Gjett om de ble fotografert!
32
Så dro vi til Hemslöjdstugan i Rättvik, som også har et Textilloft hvor man får se på de magasinerte gjenstandene. Lørdagen ble det mindre tekstil og mer andre materialer. Først til Nusnäs som er senter for dalahest-produksjonen. Der kunne vi følge hele prosessen fra treplanke til ferdig dekorert hest, og fikk vite litt om dalahestens historie. På veg inn til Mora såg vi svært mange syklister. Forklaringen var enkel: det var sykkel-Vasaloppet som var i gang! I Mora besøkte vi Zorn-museet, og Mora Hemslöjd. Og selvfølgelig Mora-Boden med Morakniver! Dagens siste stopp var Våmhus Hembygdsgård ved Orsasjön. Der fikk vi se framstilling av kurver i alle størrelser, og hårarbeider – hvordan hår kan bli til vakre smykker, klokkekjeder og dekorasjoner. Hårarbeider var mote på 1800tallet, og hårarbeider fra Våmhus ble solgt over hele nord-Europa. Tradisjonen er fortsatt levende i distriktet. Søndagen vendte vi nesen hjemover igjen, med hodet fullt av inntrykk og gode opplevelser. Vi vil sende en hilsen til alle som var med på turen. Noen kjente vi fra før, noen er nye venner – alle var med på å gjøre turen til en flott opplevelse. Takk for følget! Lasse, Oddrun, Hilde
Notisar
Folkedansfestival i Bodø: Lyst heile natta! Kom til Bodø 7. til 10. juli 2011 for å oppleve drivandes god dansemusikk, eit allsidig familieprogram og herlege dansepartnarar. Festivalmusikar Ragnhild Furebotten vil saman med fleire fantastiske musikarar spele dag og natt for deg og den du dansar med. Natta skjuler ingenting.
Fagseminara 2011 i Bergen
Momskompensasjonsordninga I sommar skreiv nettavisa E24.no og VG om den nye momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar, og om korleis ordningane forskjellsbehandlar idrettslag og andre organisasjonar. Noregs Ungdomslag og Bygdahuset Vonheim, som er eigd av Malmefjorden Ungdomslag, var eit synleg eksempel, sidan det er eit irettslag som leiger 1. etasje, noko avisa valde å gjere tydeleg ved hjelp av pilar. Til nettavisa E24 seier Kristian Fjellanger at han meiner alle frivillige organisasjonar burde fått kompensert momsutgifter i forbindelse med rehabilitering og nybygg. - Om et idrettslag legger nytt gulv for å ha gymdans eller aerobic blir det fritatt for moms, men om ungdomslaget legger gulv for å ha folkedansøving må vi betale 25 prosent moms. Det er meningsløst og regelrett forskjellsbehandling, sier styreleder i Noregs Ungdomslag Kristian Fjellanger til E24.
Fagseminara er ein av dei vikigaste faglege møteplassane i Noregs Ungdomslag. På fagseminara har vi eit breidt tilbod av spanande seminar med dyktige lærarar innan folkedans, barn- og ungdomsarbeid, bunad og handverkstradisjonar, teater og landsrådsmøte for tillitsvalde på fylkesplan. Bergen ungdomslag Ervingen er teknisk tilskipar og vil skape ei inspirerande og triveleg ramme rundt fagseminara. Sett av datoen 25.-29. februar 2011.
Ny leiing i nyopna hus 9. september opnar folkemusikken og folkedansen si nye stove; Riksscenen -scene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans. Helge Skansen, tidlegare konsertsjef i Rikskonsertene, er tilsett som dagleg leiar. Les meir om Riksscenen på www.riksscenen.no
33
Ungdomshus og lagsbruk
Norske kulturbygg tekst: anders slåttsveen
Rusfri kulturarena! Norske kulturbygg og LASS (Landslaget for alkoholfrie samlingsog serveringssteder) har fått prosjekttilskot på 500.000 til eit nytt fellesprosjekt -”Rusfri kulturarena!” for 2010. Prosjektet skal gå over tre år. I tillegg har vi fått tilskot for oppfølging og implementering av fellesprosjektet 2007-2009 ”Trygg og rusfri samlingsstad for ungdom”. Kulturarena blir meir og meir nytta som omgrep, spesielt av storbrukarane: Teater/revy, musikk, dans osv, amatørar, semiprofesjonelle og profesjonelle. Eit lokalt kulturhus vil auke behovet for lågterskelarenaer for utøving og mangfaldig kulturaktivitet for barn, ungdom, vaksne og gamle. Sjå m.a. prosjektrapporten "Kommunal kultursektor i endring" (info nedunder og på vår nettside). Dei lagseigde kulturbygga er slike kulturarenaer. Våre hus skal i tillegg profilerast som rusfrie kulturarenaer (ref vår visjon, NU sitt lovverk og det beste i ungdomshustradisjonen). Dette er ikkje bare viktig for barn og ungdom. Det er i særleg grad eldre ungdom / yngre vaksne og vaksne, inkludert barnefamiliar, som treng slike arenaer, som samlingsstad og for ulike (kultur)aktivitetar. Og eit hovudmål er at så mange kulturbygg/kulturarenaer som muleg skal framstå som ei rusfri sone. I politisk plattform til Ungdom og fritid (fritidsklubborganisasjonen) heiter det: ”Ungdom har rett på rusfrie kulturarenaer. Det er derfor viktig at det finnes gode fritidstilbud til ungdom. Ungdom må selv få delta i utformingen av tilbud i lokalmiljø og slik være med å fremme en positiv ungdomskultur.” I NU sitt prinsipprogram heiter det under overskrifta Rusfri samværskultur: ”Noregs Ungdomslag har ein aktiv og positiv samværskultur. Dei rusfrie møtestadene i ungdomslaga skaper trygge og inkluderande miljø.” Og Norske kulturbygg sin visjon i strategisk plan: ”Vi skal vere best på å gje folk i by og bygd det gode organisasjonseigde kulturbygget. Ein trygg, inkluderande og rusfri samlingsstad for alle.” Bli med i eit viktig, landsomfattande prosjekt! Alle lag (og fylkeslag) med hus i Noregs Ungdomslag kan vere med i prosjektet med lokale delprosjekt tilpassa prosjektmål og rusfagleg grunnlag. Økonomiske prosjektmidlar må ikkje vere motivet. Motivasjonen må vere å utvikle ”sitt hus” som rusfri kulturarena, utprøving av nye tiltak, aktivitetar og profilering og ikkje minst å
34
utvikle lokalt (og regionalt) samarbeid i dette arbeidet. Lokale (og regionale) prosjekt må vere prosjektorganisert med rapportering til prosjektet sentralt. Vårt mål er å få med minst 25 lokale delprosjekt (25 lag med hus), størst muleg geografisk spreiing frå alle landsdelane og helst dei større byane, Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø, Drammen, Kristiansand m.fl.
Krav til dei lokale delprosjekta: • Alle må vere knytt til hus eller lokalar som laget eig/er medeigar i/disponerer • Alle hus (og lag) som vil vere med i prosjektet må ha vilje og ønskje om ein klår rusfri profil • Det må etablerast som eit eige prosjekt for utprøving, avgrensa i tid (3 år) og med eiga lokal prosjektleiing, organisering og budsjett/rekneskap • Det lokale delprosjektet må handle om å utvikle og styrke huset som rusfri og aktiv kulturarena • Samarbeid med kommune, lokalt fagmiljø/instansar, ruspolitiske og andre organisasjonar • Fokus på rusfri kulturarena, lokal (kommunal) ruspolitisk handlingsplan og engasjement i lokalt ruspolitisk arbeid (ref Av-og-til og rusfrie soner) Det kjem meir informasjon både på vår nettside og gjennom Noregs Ungdomslag – men det viktigaste nå er å ta kontakt for å kunne vere med i eit viktig prosjekt for huset, laget og lokalsamfunnet!
”Kommunal kultursektor i endring” Prosjektrapporten av Oddveig Storstad er del av forskingsprosjektet "Lokalt kulturliv i endring". Tru det eller ei, men dette er eit hefte alle frivillige organisasjonar og lag bør studere grundig. Ikkje minst gjeld det dei organisasjonseigde kulturbygga. For her er det mye matnyttig statistikk og informasjon ein kan bruke i presentasjonar og søknader. Det er utgitt som hefte av Fagbokforlaget og kan og lastast ned frå nettsida til forlaget (fagbokforlaget.no). Sjå og nettsida vår.
Pengane Sjekk nettsida vår (informasjon og råd) for meir informasjon om stiftingar, legat osv. Sjekk og nettsidene til Norsk kulturninnefond (kulturminnefondet.no) og Norsk kulturarv (kulturarv.no). Det er fylkeskommunane som forvaltar ”Desentralisert ordning for tilskot til lokale kulturbygg”. Ta gjerne kontakt med Norske kulturbygg for råd og vegleiing.
Nytt fra° FOLK
Nytt frå FOLK Nytt videreutdanningskurs Gjenstandar og kontekst, om husflidsprodukter i tida 1800 – 2000 På nyåret 2011 startar FOLK i samarbeid med NTNU-vidare eit nytt vidareutdanningskurs. Kurset gir 15 studiepoeng. Her kan du lære meir om nye og gamle gjenstandar, og korleis dei har hatt ulik meining til ulik tid. Kurset er ei innføring i endringar over tid, frå det førmoderne bondesamfunnets folkekunst til dagens husflid, brukskunst, kunsthandverk og reproduksjonar. Ein skal sjå på endringsprosessane i overgangen til moderne og postmoderne tid, og danne grunnlag for en debatt om dagens bruk av dei historiske førebileta. Som student får ein lære å nytte analysereiskap i metodisk arbeid med bruksgjenstandar, og ein får trening i å formidle kunnskapen sin. Det er fire obligatoriske samlingar over tre dagar kvar, alle i Trondheim. Siste samling er også avsluttande eksamen. Samlingane har som tema: innføring i historisk folkekunst, endringsprosessane på 1900-tallet, produktanalyse og formidling. Meir informasjon om studiet med dato for samlingane og påmelding kjem i løpet av hausten. Er du interessert, send ein e-post til post@folkekultur.no, så får du informasjon tilsendt så fort den er klar.
Skagestad leiar utval Liv Hege Skagestad som er plan- og utviklingsleiar i Bondeungdomslaget i Oslo, skal leie eit utval for kulturminister Anniken Huitfeldt. Gruppa skal samarbeide med norske kulturinstitusjonar om mangfald og sosial inkludering hos mottakarar av statleg kulturstøtte. I tillegg til Skagestad skal Sampda ”Samsaya” Sharma, Mostafa Pourbayat, Nefise Özkal Lorentzen og Kjell Magne Mælen sitje i utvalet.
Prosjektet ”pedagogikk på dansegolvet” held fram FOLK har fått 100 000 frå Rådet for folkemusikk og folkedans for å sluttføre ”pedagogikk på dansegolvet”. Prosjektet har sett på nye retningar innanfor undervisning i folkedans i dag, og skape eit grunnlag for å reflekter og drøfte desse. I fjor gjennomførte forskar Margunn Bjørnholdt ei intervjuundersøking blant einskilde utvalde pedagogar. I år skal ho utvide dette med også å observere pedagogane i aksjon. Prosjektet resulterar i ein rapport som skal presenterast våren 2011.
Hugs å melde inn aktivitetane i ungdomslaget som studietiltak. Det får du betalt for!
35
B-økonomi Returadresse Ungdom Postboks 414 Sentrum 0103 Oslo
NU-kalenderen 2010 September 10.09 - 12.09
Fylkesstemne for barn (Barnestemne) i Sunnmøre Ungdomslag
Skodje
15.09
Påmelding til instruktørkurs modul 2
Oslo
17.09 - 19.09
Kurs for kurslærarar
Holme Gård, Gjerstad
18.09 - 19.09
Helgekurs for barn og ungdom, ma. kurs i halling og anna folkedans
Oslo
18.09
Forestillinga FRIKAR MJØLK
Sarpsborg
Oktober 01.010
Søknadsfrist Eufemiafondet
02.10
Jubileumsdag Symra 50 år
Oslo/Klekken
07.10 - 10.10
Instruktørkurs, modul 2
Oslo sentrum
08.10 - 09.10
Fylkesleiarsamling i NU
Oslo
8.10 – 10.10
Ekstraordinært Landsrådsmøte
Oslo
29.10 - 31.10
Kurshelga Dains og Spæll
Bodø
04.11 - 05.11
Representantskapsmøte i Rff Riksscenen
Schous kvartalet i Oslo
05.11 - 07.11
Kurs for kurslærarar
Stjørdal
15.11
Påmeldingsfrist Kven veit?2011
26.-27.11
Nordisk folkekulturkongress (Nordlek)
København
Storkurs for Telemark, Agder og Rogaland
Bø i Telemark
12.02 - 13.02
Nordisk instruktørseminar i balldansene til Nordlek 2012
Nordahl Bruns gt. 22 i Oslo.
26.02 - 28.02
Fagseminara i NU 2011
Bergen
November
Januar 28.01 - 30.01 Februar
Noregs Ungdomslag • post@ungdomslag.no • Telefon: 24 14 11 10 • www.ungdomslag.no