ungdom
Medlemsblad for Noregs Ungdomslag Nr. 2/2013 • 97. årgang
FOLKEDANSFESTIVAL • SOMMARLEIR • FAGSEMINAR • BUNAD • UNGDOMSHUS • MELLOM RUTENE • NORSK AMATØRTEATERFESTIVAL • LESARINNLEGG
Leiar
Redaktør: Andreas Løken Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad Opplag: 6.900 Bladbunad: tinajerstad.com Trykk: Gunnarshaug trykkeri Annonsebyrå: Halsne Reklame & Media Framsidefoto: Sigbjørn Rua (festivaldansar) og Steinar Strøm (festivalmusikar). Foto: Andreas Løken Noregs Ungdomslag Postboks 414, Sentrum 0103 Oslo Telefon: 24 14 11 10 post@ungdomslag.no Besøksadresse: Noregs Ungdomslag Tollbugata 17, Oslo Generalsekretær: Eli Ulvestad 24 14 11 10 eli@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Andreas Løken 24 14 11 14 andreas@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Åshild Mjelde Nordås 24 14 11 13 ashild@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Halldis Folkedal 24 14 11 15 halldis@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no Kontonummer: Noregs Ungdomslag 8101 07 00027 Organisasjonsnummer: 939 550 550
www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag
2
NU i ein setning På det nyleg tilbakelagde landsmøte i NU var det ein diskusjon med temaet, NU i 2018. Kva skal NU vere og korleis skal styret arbeide i året som kjem med langtidsplanen som skal vedtakast på Landsmøte i 2014? Mine refleksjonar etter debatten, og spørsmål eg stiller meg, er om NU er i ei indentitetskrise? Er det slik at arbeidet vårt mangler litt retning, og me lyt litt for ofte sjå attende i tid (og ofte langt attende) for å finne haldepunkt for arbeidet vårt. Har NU utspelt si rolle som samfunnsaktør for framtida? Medlemstalet i NU går ned og har gjort det i fleire tiår. Det gjer det også i mange andre organisasjonar som er skipa på same tid som vår. Men ein del klarer omstillinga og set seg sjølv inn i samtida. Ein av desse er Det Norske Teatret. Det er jo eit nasjonalt teater og langt unna ein frivillig organisasjon. Men dei er hundre år og må ta vegval. Dei har som mål å vere ein tydeleg samfunnsaktør. Teatersjef Erik Ulfsby seier "100 år og like stri". Det er godt sagt og seier noko om at teatret sine ambisjonar.
msmasse, og som ofte er limet i bygda. Me har grunnverdiar, haldningar, eit syn på inkludering rotfesta i organisasjonen, som mange organisasjonar rundt misunner oss og gjerne vil overta. Men me treng eit enkelt og tydeleg språk, og me må dra i same retning. Eg vil bruke året på å få innspel hjå dykk for korleis me skal drive NU vidare. Styret sitt ansvar vil vere å kome med målretta planar og tiltak for korleis det skal gjennomførast. Det vil eg gjerne ha innspel på. Kanskje, om mogleg er resultatet NU i ein setning.
God sommar!
Endre
Ein annan er Frilynt Norge, eller Norsk frilynt Ungdomsforbund som dei heitte til inntil nyleg. Dei er ikkje halvparten så gamle som oss, men nokså lik allikevel. Dei har som hovudaktivitet å spele teater med barn og unge. Dei er tydelege i bodskapen og har ei rivande utvikling. For våre teaterlag er Frilynt Norge ein reell og dyktig konkurrent. Ein tredje organisasjon som er i vinden er Den Norske Turistforening. Skipa i 1868 av nikkersadelen som ville ha tilrettelagde stiar og hytter i fjellheimen. Skiparane og namnet skulle tilseia at denne organisasjonen var gravlagd for lengst. Det er den ikkje, sjølv om dei brukte 100 år før det vart skikkeleg fart i sakene. På eit tidspunkt var medlemsmassen til NU og DNT like store. No 40 år seinare er medlemstalet til DNT 250 000 medan me har 14 000 medlemmer. Kva vil eg med dette? Eg vil synleggjere at sjølv me det er litt motbakke i vår organisasjon i dag, er det ingen grunn for å tvile på livets rett. Me har mange lokallag med ungdomshus som gjer ein solid innsats langt utover sin eigen medle-
endre kleiveland leiar i noregs ungdomslag
Generalspalte
EIN PUST I BAKKEN Sommaren er endeleg her! Det har sannsynlegvis vore ein hektisk innspurt for mange medlemmer og lag, med premierar på teaterframsyningar og gjennomføring av jonsokarrangement og andre store arrangement i laget. Dei fleste er nok klare for både sommar og ferie no.
brenn for huset i bygda, s.4 det gamle ungdomshuset, s. 5 folkedansfestivalen, s. 6 sommarleir 2013, s. 10
Når sommaren kjem tek dei fleste lag og organisasjonar ein velfortent pust i bakken, før aktiviteten startar opp att ved skulestart. Om sommaren er det gjerne andre delar av kulturlivet som vaknar, sidan dette er sesongen for festivalar og leirar. Nokre lokale lag har høgt tempo også gjennom sommaren, mellom anna er fleire involverte i eitt av dei mange historiske spela som blir satt opp i løpet av sommarmånadene. Dette er viktige delar av det lokale kulturlivet, som samlar deltakarar og tilskodarar på tvers av både interessefelt og alder. Noregs Ungdomslag gjennomfører sjølv to store arrangement i sommar. I august er det tid for både ungdomsleir og folkedansfestival på Kongsberg. Begge arrangementa har eit spennande og vidtfemnande program, som det absolutt er verdt å få med seg. Du kan lese meir om desse arrangementa i denne utgåva av Ungdom. Ved å delta på slike stormønstringar blir ein som regel kjent med nye menneske med dei same interessene som ein sjølv. I tillegg får ein lada batteria og henta inspirasjon til ein ny haust. Eg håper sjølvsagt å sjå mange medlemmer på desse to arrangementa. Det er mykje spennande som skjer i lokallaga til hausten, og både tillitsvalde og tilsette i Noregs Ungdomslag har allereie fleire avtalar om å kome på besøk, instruere på kurs og delta på jubileumsfestar i fleire lag. Vi får stadig invitasjonar til å delta på tilstellingar i laget, og det er noko som vi synest er stor stas å få vere med på, og som vi gjerne vil prioritere. Noko av det mest spennande som skjer i sentralleddet til hausten, er at vi startar opp eit større ungdomshusprosjekt. Vi lyser i desse
Innhald
nytt etter landsmøtet, s. 11 pontoppidant midt i mot, s. 12 teaterslaget, S. 14 eli ulvestad generalsekretær
leserinnlegg om folkedans, S. 16 mangfald på introduksjonsdag og kurs på kongsberg, s. 17 påsketur til færøyene, s. 18 skulte skattar i lerka, s. 19
dagar ut ei prosjektstilling som skal arbeide med ulike aspekt knytt til ungdomshusa. Gjennom prosjektet vil vi gjennomføre ei fullstendig kartlegging av ungdomshusa i organisasjonen, og også ei kartlegging av kva huseigarlaga ønskjer av service frå Noregs Ungdomslag sentralt. Vi håper på god respons frå laga på denne undersøkinga, slik at vi får eit godt utgangspunkt for eit løft for ungdomshusa framover. Stillingsannonsa for prosjektet blir lagt ut på www.ungdomslag. no før sommaren.
fagseminar på riksscenen i oslo, s. 20
God sommar og festivaltid!
satsing på ungdomshusa, s. 29
Eli
mellom rutene, s. 22 bunad, s. 24 ny støtteordning frå norsk teaterråd, s. 26 kveding på lokalet, s. 26 studieforbundet kultur og tradisjon, s. 28
bodstikka, s. 32
Stoffrist til neste Stoffrist til neste Ungdom: Ungdom: 19. aug. 2013 xxxx 2013
3
Nyhende
Søk pengar til laget Frifond- og momskompensasjonsordninga er gode måtar å få inn pengar til laget på. Laga sin frist for å levere søknad om momskompensasjon med grunnlag i rekneskapstala for 2012 er 15. august 2013. Lokallag i Noregs Ungdomslag kan også søkje om frifondmidlar til barne- og ungdomsaktivitet i laget. Søknadsfrist er 1. september. Tilskotet vert rekna ut på bakgrunn av tal på medlemmar under 26år.
Kulturpris til Granvin Ungdomslag og Marit Tveito Askeland Tradisjonen tru var det utdeling av kulturpris under 17. maifeiringa i Granvin. Dette er ein svært gjev pris som skal gå til ein person eller eit lag som har utmerka seg gjennom frivillig arbeid. Kulturprisen 2013 vart delt mellom Granvin Ungdomslag og nylig avtroppa leiar i laget gjennom mange år, Marit Tveito Askeland. Laget har gjort ein fantastisk innsats med å pusse opp ungdomshuset Trudvang
Brenn for Huset i bygda Ingunn Teigland Nyheim (37) skal leie prosjektet Huset i bygda i Sogn og Fjordane Ungdomslag dei neste tre åra. - Eg ser på meg sjølv litt som "kjerringa mot straumen”. Eg er engasjert og brenn for at det skal skje ting i utkantane, at ikkje all aktivitet må samlast i sentera, fortel den ferske prosjektleiaren og legg til: - ”Ja takk, begge deler”, seier eg.
Viktige kulturarenaer ”Huset i bygda – ein kulturarena der du bur” er namnet på eit treårig prosjekt som starta opp denne våren. Prosjektet er ei vidareføring av ei fleirårig satsing på ungdomshus, grendehus, samfunnshus og bygdehus i Sogn og Fjordane Ungdomslag. Målet er å skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. - Levande bygdemiljø med gode møtestader og attraktive fritidstilbod er viktig for dei som veks opp i dag, og for å få folk til å busetje seg. Eg veit at forsamlingshusa er ein viktig møteplass for mange menneske. Her føregår mykje god og spennande aktivitet, og husa er viktige kulturarenaer, slår Ingunn Teigland Nyheim fast.
Skal inspirere huseigarane Huset i bygda-prosjektet skal rettleie, hjelpe og inspirere huseigarar over heile fylket, både lag som er knytt til organisasjonar og frittståande lag.- Eg ynskjer å vere i dialog med dei som driv kulturbygga. Dei kjenner best til utfordringane og moglegheitene knytt til huset. Korleis auke aktiviteten, drift og økonomi, kvar ein kan søkje midlar og korleis ein kan marknadsføre huset, er spørsmål som ofte går igjen. Eg er også oppteken av å spreie dei gode ideane, finne nye moglegheiter, sjå framover, og byggje nettverk mellom huseigarane, fortel Nyheim. Prosjektleiaren vil delta på lokale husmøte eller på regionssamlingar der ein samlar huseigarar i kommunen til idémyldring, kompetanseheving og nettverksbygging. Til hausten er planen å invitere til Kulturhuskonferanse for heile fylket. ”Huset i bygda” har òg bygd opp heimesida husetibygda.no, og er i gang med å opprette ein webbasert husdatabase.
Ingunn Teigland Nyheim og Kristin Sandal.
4
- Gjennom husdatabasen vil vi samle informasjonen ein stad. Det vil gjere det lettare både for privatpersonar, kommunar og organisasjonar å finne informasjon om husa.
Nyhende
Ny medlemskategori i NU: Huslag Landsmøtet i Noregs Ungdomslag har vedteke å opne for at lokale lag utan tradisjonell medlemsaktivitet, men som eig forsamlingshus, kan bli medlemslag i NU. NU ynskjer å styrke sin posisjon som politisk og fagleg organisasjon for lokale kulturhus. Eit viktig steg i denne retninga vil vere å inkludere fleire
typar lokale kulturhus utanom dei tradisjonelle ungdomshusa i medlemsmassen vår.Landsmøtet er oppteken av at grunnleggande demokratiske prinsipp må vere på plass i det lokale laget for at ein skal kunne bli medlemslag, t.d. ved at laget må ha eit demokratisk valt styre.
Er du glad i danseband? Då kan du i desse dagar få med deg ei nyinnspelt hyllestlåt til ungdomshuset. Låta ”det gamle ungdomshuset” er med på plata ”minner fra ungdomshuset” som blir gjeve ut av den gamle dansebandtravaren Finn Erlandsen.
- Stå-på-vilje Ingunn Teigland Nyheim tek over etter Kristin Sandal som har leia ”Huset i bygda” dei tre siste åra. Nyheim er utdanna førskulelærar og har dei siste 10 åra arbeidd som pedagogisk leiar. Ho bur på Vereide i Gloppen saman med mann og to døtre på 8 og 10 år, men er oppvaksen på Fjelli i Stryn, der mykje av aktivitetane føregår i ungdomshuset i bygda. - Det var mykje god aktivitet i og rundt ungdomshuset. Dette har gitt meg lærerike erfaringar og gode verdiar som eg har hatt stor nytte av seinare i livet, alt frå dugnadsvilje og organisasjonserfaring til engasjement og stå-på-vilje. - Eg gledar meg til å starte på arbeidet som prosjektleiar. Det ligg utruleg mykje arbeid og innsats bak alle kulturbygga i fylket. Det er viktig å sjå framover for å skape glød, engasjement og gode hus også for framtida, avsluttar den ferske prosjektleiaren for ”Huset i bygda”. Ta gjerne kontakt: Ingunn Teigland Nyheim, tlf 974 03 699, e-post husetibygda@ungdomslag.no
Det gamle ungdomshuset Finn Erlandsen er 58 år og opphavleg frå Skåla utanfor Molde og har vore medlem i Vågane UL heile sin oppvekst. Her har han drive mykje med teater og anna ungdomslagsaktivitet. Finn starta sin musikalske karriere i 1973 med dansebandet ”Reddik ”og øvingar på ungdomshuset Vågheim. Med tida vart dei eit landskjend og proffesjonelt orkester med mange slagerar. 24 år seinare, i 1997, skreiv Finn sin største slager "Røkke og Gjelsten og I " på Romsdalsdialekt. Plata kjem no i sommar ut med ei soloplate som får tittelen "Minner fra Ungdomshuset", og hovudlåta er altså den nye songen "Det gamle ungdomshuset". Låta er skrive
av Finn Erlandsen Arrangert av Jan Erik Olsen. Med seg på plata har han med seg nokre av Noregs framste dansebandsangarar, som sjølv har vakse opp i og stått på mange av ungdomshusscenene i Noreg. Dei medverkande på plata er: Sjølvaste "Gamalglunten" Ørnulf Holthe, stemma i Gluntan fra starten av, William Kristoffersen frå OLE IVARS, Terje Larsson frå Finnskogen og INGEMARS, Jan Erik Olsen og Finn Erlandsen. Plata inneheld 12 låtar og kan tingast hjå Noregs Ungdomslag. Ring kontoret eller ta kontakt på post@ungdomslag.no
5
Folkedansfestivalen
3
1
4
2
5
1. Sigb
Nye takter på Folkedansfestivalen Festivalmusikar Steinar Strøm har sett saman eit spennande band til Folkedansfestivalen – gruppa kallar seg Drønn! Ungdom var med på ei øving. Me fekk kjenne på musikken og det kribla i dansefoten.
I tillegg til Steinar består Drønn! av John Ole Morken (fele og gitar), Runar Hvamb Hannevold (toradar), Ole Runar Bekkeseth (bass og toradar) og Harald Skullerud (perkusjon). Og musikarane likar materialet – ein miks av turdans, runddans og bygdedans. Gled dykk – det vert drivande god musikk. Dette er ei spennande samansetting både av musikarar og instrument. Me kan love eit friskt uttrykk både på opningskonserten torsdag og på leikfesten fredag. Når me veit at BUL Kongsberg er kjend for drivande leikfestar – tør du la vere å koma? Steinar gler seg til å vise fram det han og Drønn! har jobba med. Dei medverkande er
6
røynde spelemenn med bakgrunn i fleire ulike sjangrar. Drønn! arbeider tett med festivaldansar og koreograf Sigbjørn Rua om musikken til opningskonserten. Gå inn på folkedansfestivalen.no og høyr utdrag frå innøving av Seierstadhopsa. Seierstadhopsa med hardingfele, gitar, toradar, kontrabass og gresskar frå Vestafrika er verkeleg dansbart! Kva meir er i vente av desse musikarane?
Om Steinar Steinar som er frå Sigdal har vore Aklassespelemann på Hardingfele sidan 1989. Han byrja å spela som 8-9 åring og har mellom anna hatt Nils Stubberud og Sigbjørn Bernhoft Osa som læremeis-
trar. Med trygt feste i speletradisjonane frå Sigdal, Numedal og Telemark, er han interessert i å utfordre det etablerte og sprenge grenser. Steinar har komponert nye slåttar, gitt ut plate med danseslåttar frå Sigdal og har spelt mange konsertar. Som instruktør har han solid erfaring med spelemannslag, ungdomssamlingar og talentskulen på folkemusikksenteret i Buskerud. Speling for leikarringar har han og erfaring med og har spelt for fleire leikarringar i Buskerud og Vestfold. Då BUL Kongsberg sette opp Draumkvedet i Kongsberg Kirke var Steinar med og laga magisk stemning med si tolking av tonane i Draumkvedet.
Folkedansfestivalen
«Drønn i Gruvene…» Lyst til å gjere noko du aldri har gjort før - og kanskje aldri får sjansen til igjen? Bli med på gruvedans 2300 meter inn i fjellet! Færøydansentusiastane Nils Slapgård og Hildur Kruse Sørensen vil saman med færøyske ungdomar, gje deg magiske augneblink med den færøyiske dansen. Fredag tjuvstartar færøydansen med kurs inne i byen (rett ved vitesenteret Devotek som er eit tilbod til barna). Dansekurset har fokus på takt og rytme. Vi syng oss opp til gruvedansen på laurdag. Men ein treng likevel ikkje vere med på kurset for å delta på gruvedansen.
bjørn Rua og Steinar Strøm 2. Marcus "Dark Mark" Andreassen 3. Kvarts 4. Bjørnar Blaavarp Heimdal 5. Vegar Vårdal
«
- Det å ha ein eigen festivalmusikar gjer ein større heilskap på musikken og ei verdifull lokal tilknytting i festivalen, seier festivalsjef Aud Drotningsvik
Folkedansfeberkonsert! Laurdag klokka 18.30 er det folkedansfeberkonsert under Folkedansfestivalen! Folkedansfeber er eit prosjekt der barn, ungdom og instruktørar i BUL Sarpsborg, BUL Kongsberg og Jevnaker leikarring har møttest for å dansa saman og laga forestilling i lag. Koreografien i forestillinga har Marianne Dahl og Torill Schinstad ansvar for, dei er mellom anna kjende frå dansegruppa Fant og fente.
I forestillinga er det mykje dans, men også song, rim og regler. Tone Krohn, kjend frå vokalgruppa Trio Mediaeval har ansvar for musikken. Songane ein møter i forestillinga er songskattar frå Vestfold som Tone har innhenta frå både munnlege og skriftlege kjelder. Under konsertframsyning møter ei også folkemusikkgruppa Kvarts.
Det første gruvetoget køyrer inn laurdag kl. 15 og alle er ute att kl. 17. 20. Fjellhallen, den nyaste delen av gruvene, blei sprengt ut for å sikre norske kulturskattar under 2. verdskrigen. Akustikken i fjellhallen er fantastisk, og songen kjem til å ljome i fjellet. Gruvegangane gjev óg god gjenlyd. Vassrenna har ein flat tretram i botn, og er den beste gruvegangen å danse i. Ver førebudd på ei musikalsk overrasking undervegs. Danserepertoaret blir for det meste på norsk og kjende viser som Sinklars vise, Stolt Signild, Nordenfor Trondhjem, Ole Morske og Soga om Kark. -Visa om rallaren Ola Tveiten, vil høve godt som ein parallell til gruvearbeidarane sitt slit, meiner Margrete Vaskinn frå BUL Kongsberg. Ho gler seg til gruvedansen og lover å legge ut repertoar og tekstar på nettsida til festivalen. Ho nyttar høvet til å minne om at gruvedansen har avgrensa med plassar, så ein bør ikkje vente lenge med å sikre seg plass på toget.
Gjer deg klar for ein stemningsfull og fin konsertframsyning!
7
PROGRA TORSDAG 16:30 – 17:30 “Smådrønn”
KONGSBERG
Barneprogram Møtestad for dei yngste på festivalen.
Opningskonsert Med festivalbandet Drønn! og eit stjernelag av dansarar. Koreograf:: Sigbjørn Rua Musikk: Steinar Strøm
Stad: Gymsalen Pris: Gratis
Stad: Skrimhallen Pris: 310,- Gratis m/pass
DRØNN! KVARTS STEINAR STRØM SIGBJØRN RUA VEGAR VÅRDAL JOHN OLE MORKEN RUNAR HVAMB HANNEVOLD
OLE RUNAR BEKKESETH HARALD SKULLERUD TRUDE S. LIEN
18:00 – 19:00 “Drønn fra fjellet...”
JENNYS LAJLA RENATE BUER STORLI HÆLMSTUBBEN
Lokale grup opp til dan runddans m av både b og tur Stad: Skrimh Pris: 360,- m Gratis m/pas
FREDAG
EIKER SPELLEMANNSLAG BJØRNAR B. HEIMDAL MARCUS ANDREASSEN
MANA RAMBOD JON ELLINGSEN ELISABETH SYRDAHL ELLINGSEN
19:30 – Da
10:00 – 13:00 Tur til Gruveåsen
10:00 – 11:45 DevotekBank1
10:00 – Songleik
DANSEFESTAR • KONSERTAR • DANS I GRUVENE • NATTDANS DANSEKURS • BARNEPROGRAM • FRAMSYNINGSKAPPLEIK
Tur Barneprogram Barnepr Gå i gruvearbeidarane Tur for deg mellom 5 og Song og leik f saman me sine fotspor og opplev 13 år til det tekniske Veslemøy F imponerande ingeniørlæringssenteret leiar den kunst. DevotekBank1.
FESTIVALPASS: 1160,DAGSPASS: 510,--
Stad: Festivalkontoret Pris: 260,- 160 m/pass
Stad: Kongsberg Bibliotek Stad: Kongsb Pris: Gratis m/pass Pris: Gratis
10:00 – 11:30 Masurka fra Bingen
10:00 – 12:00 Numedalsspringar
Bingen ligg mellom Kongsberg og Sigdal, og kurslæraren har dansen etter bestefaren sin.
Kurs i 2 delar Barnep Innføring der du får Tur for deg m 13 år til de kunnskap du kan bruke læringss og vidareutvikle på Devotek golvet. Både fredag og laurdag.
Lærar: Ingrid M. Tuko Stad: Lågdalsmuseet Pris: 160,- Gratis m/pass
Lærar: Bjørnar B. Heimdal Stad: Vestsida Ungdomskole Stad: Kongsb Pris: 410,- Gratis m/pass Pris: Gratis m
Kurs
KONGSBERG
14:00 – 15:30 Kongsberg kirke
14:00 – 16:30 Buskdans og framsyning
Bli med på omvisning på Kirketorget og Kongsberg kirke
Er veret fint er vi ute på festivalområdet. På buskdans og buskspel er det plass for alle som vil spele litt eller dra nokre dansar.
Omsvising
8.–10. AUGUST
12:15 Devote
Pris: 110,- 80,- m/pass
17:00 – Barnel
Leik
Ingen fes barnele Festen ve festival Sigbjø
Stad: Gymsa Pris: Gratis m
Stad: Skrimhallen Pris: Gratis m/pass
00:15 – -01:00
“Størst av alt” Kirkekonsert
Med: Steinar Strøm Lajla Renate Buer Storli John Ole Morken
www.folkedansfestivalen.no
Stad: Kongsberg kirke Pris: 160,- Gratis m/pass
LAURDAG 8
10:00 – 12:00
10:00 – 12:00
10:00 –
God dans
Numedalsspringar
Sigdalsm
Kurs
Lær om stilfull dans,
Kurs
Del 2 av kurset som starta
Ku
Ein miks
00:15 – 01:00
“Størst av alt” Kirkekonsert
Med: Steinar Strøm Lajla Renate Buer Storli John Ole Morken
AM
Stad: Kongsberg kirke Pris: 160,- Gratis m/pass
LAURDAG
– 24:00 ans
24:00 Nattdans
Trude Saatvedt Lien pper speler ns. Det vert Her blir det rom for med innslag buskspel og grenselaus bygdedans dans. rdans. hallen Stad: Kaféen m/konsert Pris: Gratis m/pass ss
– 11:45 k for barn
rogram for dei minste ed foreldre. Fjerdingstad nne økta
10:00 – 11:30 Færøydans
Kurs Vi kjenner på stordansrytmane og syng oss opp til gruvedansen på laurdag.
berg Bibliotek Stad: Quality Grand hotell Pris: Gratis
– 14:00 ek Bank1
12:30 – 13:30 Dansetradisjon i Numedal
program mellom 7 og Høyr om dansetradisjonar i Numedal gjennom et tekniske senteret tidene. Film og lydeksemekBank1. pel, utvikling i danseideal og dansetradisjon.
10:00 – 12:00
10:00 – 12:00
10:00 – 12:00
10:00 – 12:00
God dans
Numedalsspringar
Sigdalsmasurka
Smakebitar
Kurs
Kurs
Kurs
Kurs
Lær om stilfull dans, Kurs i litt andre Del 2 av kurset som starta Ein miks mellom forhold mellom dans og rytmer. Du får ein fredagen. polkamasurka og musikk, bruk av armar og smakebit på streetmasurka frå det å tore å gjere sprell og jazz, jazzdans og Austlandet hopp. hiphop Stad: Gymsalen Stad: Lågdalsmuseet Stad: Skrimhallen Lærar: Bjørnar B. Heimdal Lærar: Guttorm Tovsrud Lærar: Mana Rambod Lærar: Sigbjørn Rua Pris: 210,- Gratis m/pass Pris: 210,- Gratis m/pass Pris: 210,- Gratis m/pass
10:00 – 12:00
13:00 – 15:00
Gruveaktivitet
Middagsdans
Familieaktivitet Bank laus mineralar med hammar og meisel, vask sølv, og sjå fyrsetting Stad: Saggrenda Pris: 60,-
Dans Vi fyller gata med danseglade folk.
Stad: Sentrum Pris: Gratis
15:00 – 17:30 Dans Bli med inn i sølvgruvene og kjenn på akustikken når vi drar i gang stordansen
Byvandring Spanande orientering om gamle festlokale med lokalhistorikar Odd Arne Helleberg
Stad: Gruvene Pris: 260,- 185 m/pass
Stad: Møt på Kirketorget Pris: 110,- 80 m/pass
18:30 – 19:30
20:00 – 24:00
24:00
Folkedansfeber
“Drønn på golvet...”
Nattdans
Konsert med barne og ungdomsprosjektet folkdansefeber 2013 i samarbeid med Kvarts Stad: Skrimhallen Pris: 110,- Gratis m/pass
Dans Kvarts speler opp til dans
15:30 – 17:00
“Drønn i gruvene...” Frå dansesal til dansesal
Dans Høve til ein siste dans. Her blir det rom for buskspel og grenselaus dans.
Stad: Skrimhallen Stad: Kaféen Pris: 310,- Gratis m/pass Pris: Gratis m/pass
Med: Jan H. Lislien berg bibliotek Stad: Skrim Ungdomskole m/pass Pris: 110,- Gratis med pass
19:00 – 23:30 “Drønn fra leiken...”
«Drønn fra fjellet…» - Dansarane i opningskonserten
stival utan eikfest! ert leia av ldansar ørn Rua
Festivalbandet Drønn! forsterka med Vegar Vårdal speler. Dei set takta for ein god gamaldags leikfest.
alen m/pass
Stad: Skrimhallen Pris: 360,- Gratis m/pass
BUL Kongsberg satsar stort på opningskonserten, som er eit tingingsverk til Folkedansfestivalen 2013. Dette blir ei spesiell oppleving du berre må få med deg. Sidan siste omtale i forrige Ungdom er no dei profesjonelle dansarane på plass: Mana Rambod – jazz og hiphop, Marcus `Dark Marc´ Andreassen – breakar, og folkedansarane Bjørnar Blaavarp Heimdal, Jon Ellingsen og Elisabeth Syrdahl Ellingsen. Sigbjørn Rua skal som koreograf setja saman ein konsert basert på folkedans i alle sjangrar. I tillegg til dei profesjonelle dansarane med ulik tradisjonsbakgrunn og snev av urbane uttrykk, skal og dei heilt vanlege leikarringdansarane i BUL Kongsberg vere med i konserten. Få med deg opningskonserten torsdag 8. august kl. 18.
– 19:00 leikfest
kfest
Leikfest
– 12:00
10:00 – 12:00
masurka
Smakebitar
mellom
Kurs i litt andre
urs
Kurs
Buskdans og framsyning Fredag kl. 1400-1600 vert det Buskdans og framsyning! På grunn av lita påmelding til Framsyningskappleiken endrar me programmet. Me stiller med musikarar og noko danseleiing. Og dei laga som er påmeldt til framsyningskappleiken får vise fram programmet sitt. Dette vert ei variert og uformell danseøkt mellom kurs og leikfest. Er veret fint vert det ute på festivalområdet. På buskdans og buskspel er det plass for alle. Her er det plass for alle som vil spele litt eller dra nokre dansar.
9
Sommarleir
Helsing frå Leirsjefen
Sommarleiren
i Kongsberg 2013
Når du sit med denne utgåva av Ungdom i handa, har dei fleste ungdommar kringom i landet teke sommarferie. Og sommarferie, det tyder ein ting: Sommarleir!
tekst: åshild mjelde nordås
Det har byrja å krible i hender og føter, tankane går til varme kveldar med dansande vener –nye og gamle- og sommarfuglane har så smått byrja å kile i magen. 4. -8. august samlast kring 80 ungdomar mellom 14 og 26 år på Skrim Ungdomsskule i Kongsberg for å danse, spele musikk og teater, synge av hjartans lyst, leike, konkurrere, og rett og slett ha det knallgøy! Har du heilt forsømt deg sa du?? At ”jammen, eg óg vil på leir!”. Ta kontakt med Åshild på kontoret og høyr om ikkje det er mogleg å få plass allikevel. Dette er trass alt den beste sommarleiren i Noreg og dess fleire som får oppleve kor fantastisk det er å vere med på sommarleiren, dess betre! Hugs også at ungdommar som ikkje er medlemmar i NU kan delta. Med over 20 forskjellige kurs du kan velje mellom, tur i sølvgruvene, dans, improkappleik, mega-wordfeud, hekleløp, nattdebatt, leirkino, og mykje, mykje meir skal det ikkje vere mogleg å keie seg eit sekund på leiren. Så til deg som har meldt deg på: Gled deg! Og hugs å gå inn på www.sommarleiren.no for oppdatert informasjon om aktivitetar på leiren. I tillegg har sommarleiren fått seg facebookside (erstattar event-sida). Klikk deg inn på www.facebook.com/sommarleiren og lik sida! Då får du oppdateringar rett
10
inn på facebooksida di, enklare vert det ikkje. Det er viktig at sommarleiren er ein trygg stad å vere, difor har me fleire tiltak for å sikre at alle deltakarane skal føle seg trygge på leiren –og ikkje minst at foreldra skal føle at ungdommane deira vert godt ivaretekne på leiren. • Som alle andre arrangement i sentral NU-regi, er dette eit rusfritt arrangement. • Dei som er under 18 år har reiseleiarar som passar på at dei kjem seg trygt fram og tilbake frå leiren, og har eit ekstra ansvar for at dei har det bra på leiren. • Det er 5 ”poteter” over 18 år som vert fordelt rundt på kursa for å sjå til at alle har det bra. • Alle potetene samt andre ansvarspersonar under leiren har gjennomgått kurs i førstehjelp i regi av Røde Kors. • Alle med leiaransvar under leiren (inkludert potetene) har gjennomgått LNU sitt ”Trygg” seminar som går på ansvarsforhold mellom vaksne og barn, signal på misbruk og korleis opptre dersom ein har mistanke om grenseoverskridande framferd. Har du spørsmål om leiren? spør Åshild: ashild@ungdomslag.no
No er sommaren her og anten du jobbar eller tar ein velfortent ferie håper eg du nyt sommaren for alt den er verdt. Sommarferie betyr og at det er tid for sommarens høgdepunkt for deg mellom 14 og 26 år. Sommarleiren nærmar seg med stormskritt og eg ser verkeleg frem til å treffe deltakarane slik at vi kan ha ei fantastisk tid ilag. Dette blir min sjuande sommarleir og så langt har sommarleien blitt betre og betre for kvart år, så eg har stor tru på at årets leir blir tidenes sommarleir. Vi vidarefører stuttkursmodellen frå i fjor, slik at du sjølv kan forme leiren slik du vil med kurs innan teater, dans, spel, handarbeid og organisasjon. Med så mange kreative sjeler med kompetanse innan forskjellige område, må det bli bra. Språkåret 2013 hyller vi med feiring av nynorsken sin far, Ivar Aasen. Eg har tru på at dette blir ein artig hending uansett om du er ei bastant bokmålsbrukar eller om nynorsk er morsmålet ditt. Vi har eit stort språkleg mangfald i Norge og det er viktig å ta vare på det. I fjor hadde vi bartepoliti, men i år tar vi det eit steg vidare og innfører nynorsk politi for ein kveld. Om dette høyrest skummelt ut, kan eg roe deg med at det bare er eit humoristisk innslag i leiren der alt dreier seg om å ha det morosamt. Om du spelar eit instrument oppmodar eg deg til å ta det med på leiren. Kanskje du vil delta på eit av spelekursane eller berre har lyst til å prøve ei fele. Tilbodet er der, ikkje ver redd for å gi det eit forsøk. Uansett er eg sikker på at vi skal få til noko buskspel på kveldane. Boksmusikk er vel og bra det, men ingenting overgår ekte vare. Eg kan nesten ikkje vente til sommarleiren tar til for det blir heilt fantastisk. sindre vaskinn hunn
Landsmøte
Nytt etter landsmøtet Helga 19.-21. april vart det halde landsmøte i Noregs Ungdomslag i Oslo. Nytt i år var at møtet vart halde over tre dagar, og det gjorde at ein fekk rom til både faglege og politiske ordskifte utover dei ordinære landsmøtesakene. Til saman 91 utsendingar frå lokal- og fylkeslaga var samla til landsmøte, og teatersalen til BUL Oslo laga ei fin ramme rundt møtet. Laurdagskveld var det landsmøtemiddag med fest i Bygdelagssamskipnaden sine lokale i Oslo.
Huslag kan no bli medlemslag i NU Landsmøtet vedtok å opne for at huslag no kan bli medlemslag i NU, sjølv om dei ikkje har tradisjonelle medlemsaktivitetar. Dette kan t.d. vere lokale grendehus, som har ei rolle som møtestad for lokalsamfunnet. Huslag som ønskjer å bli medlemslag i NU må bygge verksemda si på demokratisk grunnlag, t.d. ved at styret for huset må vere demokratisk valt. Husmedlemmer vil ha avgrensa demokratiske rettar på landsmøtet, ved at dei berre har tale- og forslagsrett, og ikkje stemmerett.
Ny modell for fakturering av medlemskontingent Noregs Ungdomslag har dei siste åra hatt utfordringar med at kontingenten frå laga blir fakturert seint på året, fordi veldig mange lag oppdaterer medlemslistene sine seint. Landsmøtet har no vedteke at frå og med 2014 vil laga bli
fakturert for kontingent med bakgrunn i kor mange medlemmer laget hadde to år tidlegare. Dette medfører at medlemslistene for 2012 vil vere fakturagrunnlag for kontingenten frå laga i 2014. Endringa vil ikkje medføre endringar for einskildmedlemmer, men vil bety at laga får to års etterslep på kontingentinnbetalinga til NU.
Nye kontingentsatsar for 2014 og 2015 Frå og med 2014 er kontingenten til NU auka. Dei nye satsene er:
studietimar i ungdomslaga innan 2017 • ”Levande språk gjennom aktivitet” – om å ta våre på vårt språklege og kulturelle grunnlag gjennom aktivitetane våre • ”Hulda Garborg på 50-lappen” – forslag til Noregs Bank • ”Tal Vest-Sahara si sak i SN” • ”Kva kulturhus vil vil ha” – om dei lokale kulturhusa • ”Nei til konsekvensutgreiing av oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja!”
Pr medlem over 26 år: 190 (+10)
• ” Det Norske Teatret 100 år – likestill teatra i hovudstaden” – om skilnader i dei statlege løyvingane mellom institusjonsteatra.
Pr lokallag: kr 1200 (+200)
Utskiftingar i styret
I tillegg har landsmøtet innført to nye kontingentsatsar:
Endre Kleiveland frå Hordaland er attvald som leiar for ein ny ettårsperiode. Ellen Mersland frå Troms, Jostein Apeland frå Rogaland og Ellen Runderheim frå Hallingdal gjekk ut av styret på landsmøtet. Dei vart erstatta av Morten Nilsen frå Nordland, Marie Nicolaisen frå Oslo og Ingrid Tuko frå Hedmark.
Pr medlem under 26 år: 95 (+5)
Kontingent for lag med 0 medlemmer: kr 2200 Kontingent for huslag: kr 3500
Fråsegner Landsmøtet vedtok fleire fråsegner/ politiske uttalar. Desse finn du på www. ungdomslag.no: • ”1 million på rett kurs” – om å doble tal
Det var også nokre endringar i råda, og eit fullstendig oversyn over tillitsvalde finn du på www.ungdomslag.no
11
Teater
Amatørteater i Noregs Ungdomslag
Pontoppidant midt i mot Av kring 13 000 medlemmer i NU er det ca 2500 som er (registrert) aktive med anten revy, teater eller anna scenedramatikk. Det gjer oss til ein av dei største amatørteaterorganisasjonane i Noreg. Mykje av årsaka til den høge aktiviteten, er at mange ungdomslag har eige hus, med eiga scene – fylle scena med enn eigenproduserte framsyningar? Teater/revy har alltid vore ein svært viktig del av aktiviteten kringom i laga, og det håpar og trur me at den vil fortsetje å vere! tekst: åshild mjelde nordås kjelder: ungdomslaget -noregs ungdomslag 1896-1996, jan kløvstad (red.) www.detnorsketeatret.no
Heilt sidan NU vart skipa i 1896 har amatørteater vore ein sentral del av aktiviteten i dei lokale laga. NU hadde på mange vis meir fokus på ideologi, politikk og folkeopplysing tidlegare, og ”norske” aktivitetar slik som folkedans og folkemusikk passa perfekt inn i dei ideala NU hadde. Amatørteateraktiviteten vart faktisk på eit tidspunkt forsøkt skvisa ut av leiinga i NU, til fordel for fokus på folkedans og folkemusikk, men det viste seg at aktiviteten var så populær at dei klarte ikkje å verte kvitt den. Frå å verte sett på som ein rein fritidsaktivitet som dei lokale kunne kose seg med, skulle det etter kvart vise seg at amatørteaterverksemda var eit mykje kraftigare verkemiddel til folkeopplysing enn det nokon kunne drøyme om. I tillegg var den i mange tilfelle hovudinntekta til laga, noko som har vore både til glede og strid i mange lag. I tillegg til dei mange publiserte spelstykka, var det svært vanleg at lokallag skreiv eigne stykke, då aller mest folkekomediar. Der fekk oftast byfolka gjennomgå, og dei lokale bøndene var heltane. Om kvantiteten var høg, var nok ikkje alltid kvaliteten det same. Johs. A. Dale las kring 300 spelstykke utgjeven mellom 1890 og 1940, og var ikkje heilt nådig «Og lesarane kan få inntrykk av at vi her har med ei grein av diktinga som som har vori dyrka med uvanleg lite talent.Det er ikkje heilt lett å motseia dei; men det gjeld å halde i minnet at spelstykka først og fremst er bruksvare, dernest eventuelt dikting.»
12
I dei mange områda der kyrkja stod sterkare enn ungdomslaga, var ikkje slike fritidsaktivitetar som teater alltid like stovereint. Som Jan Kløvstad skreiv i jubileumsboka til NU i 1996: «Ivar Aasen skreiv at folka hans heime på Sunnmøre ikkje måtte få vite at han dreiv med slikt som å skrive eit teaterstykke, «fyre du veit, kva han "Pontoppidant" seie um "Skuespil" i Forklaringjinne sinaa.» Pondoppidant seier det at ein kan vanhelge kviledagen bl.a. med «syndige Lyster, saasom Dands, Spil, Comedier, KroerGang og saadant, som altid er Synd i sig selv, men om hellige Dage dobbel Synd.» Eit slikt syndefullt liv høyrde byane til, var den jamne meining i pietistisk styrte bygder.» Likevel vann amatørteatret seg ein viktig plass i dei nystarta ungdomslaga, og i følge Jostein Gripsrud var dette ein prestasjon i seg sjølv; «Amatørteater er ikkje bare relativt krevjande på ulike vis... ...Det er også ei kulturell form som må seiast å vere ny i høve til den tradisjonelle bondekulturen.» Faktisk vart Ervingen av Ivar Aasen det fyrste stykket spela på ei norsk scene der bønder vart framstilt som tenkande menneske, og det at bymannen er den komiske figuren i stykket har nok heller ikkje gjort stykket mindre populært kringom i ungdomslaga. Parallellt med framveksten av ein livleg, variert og aktiv amatørtradisjon i ungdomslaga, blei det arbeidd med å stable på beina eit profesjonelt teater på landsmål,
og det var amatørteaterrøyrsla som la grunnlaget for etableringa av Det Norske Teatret i 1913. Arne og Hulda Garbog var dei sterkaste pådrivarane for Det Norske Teatret, og Hulda var den første styreformannen i DNT. Utdrag frå prologen til Halldis Moren Vesaas i samband med opninga av nybygget til Det Norske Teatret i 1985: "Lat det stå til! Lat oss grunnleggje Det Norske Teatret!" ropte Arne Garborg i 1912. Hulda hadde truleg puffa på han: "Syng ut, du, for du blir truleg hørt!" Høyrt vart ho elles sjølv, og ikkje minst sett vil eg tru, der ho med spelflokken sin alt var i sving utover det ganske land med nettopp å grunnleggje Det Norske Teatret. Men grunnsteinane, sa Garborg, kanskje hadde han det frå Hulda, det òg - grunnsteinane var det ungdommen rundt om i landet som la ved sin trong til teater og ved dei spelstykke-framsyningar dei sjølve fekk i stand. " Dei fekk noko å bryne seg på, den gongen teateret opna i 1913: nokre dagar etter premieren, vart det den største pipekonserten nokon sinne, og store opptøyer i og utanfor teateret. Det store teaterslaget vert det kalla, og det med rette. Nærare 20 000 personar møtte opp for å protestere mot, og kjempe for, det nynorske teateret. Den totale befolkinga i Oslo på den tida var folketalet ca. 240 000, så det kan ein seie er eit godt oppmøte for å protestere mot eit lite nynorskteater.
1
2
3
4
1. Den vesle forskjellen - teater og visegruppa i gudbrandsdalslaget i Oslo landsstemne Lom/Skjåk 1982 2. Frå venstre: Maria Therese Bjørndal, Line Katrin Moe og Tonje Rem, Ørsta Ungdomslag 80-talet 3. Riksseglet 1978 4.Jungelboken, Mjeldalen UL 2012
Hulda Garborg var ikkje berre ein pådrivar for Det Norske Teatret, men også forfattar av eit av dei mest spelte stykka gjennom tidene i amatørteatra i Noreg; Rationelt Fjøsstell. Frå fyrste gongen til i dag, har det sikkert vorte spela godt over 1000 gonger. Mange lag forsøkte å spela mest på dialekt, og teaterarbeidet vart ein del av det å reise det norske. Men det var sjølvsagt også mange stykke på riksmål og dansk i ungdomslag, bl.a. Jeppe paa Bjerget, Den Stundesløse og Søndag på Amager. Fleire nynorske stykker kom etter kvart, og Jostein Gripsrud skriv at «Amatørteatret var fundamentet for framveksten av nynorsk dramatikk i det heile», faktisk meir enn Det Norske Teatret. Det var ikkje mangel på nye stykker det stod på; ein serie som heiter Spelstykke åt Ungdomslag, og mange andre liknande seriar vart utgjevne. Det gjennomgåande
var at sjølv om stykka ofte var noko naive og einsidige, hadde dei som regel ein god moral, dei hadde mykje å seie for standsforskjellene på bygdene. Forfattaren tok den svake sitt parti, den sanne kjærleiken skulle vinne, og det var det gode mennesket framfor storleiken på lommeboka folk tok parti for. Noregs Ungdomslag lyste ut fleire tevlingar i å skrive skodespel for amatørar. I tillegg blei det skrive mange artiklar med råd om kva som burde spelast, og korleis instruktørar burde arbeide. Utover 1960-og-70-talet vart fokuset retta mot å auke kvaliteten på arbeidet i amatørteatra, og NU hadde eigne fast tilsette reiseinstruktørar som reiste kringom for å undervise. Det vart stadig mindre folkekomediar, men framleis låg hovudaktiviteten i revy, programskaping og sjølvlaga stoff og komedier. Då NU tok over Noregs Boklag
vart det gjeve ut ein serie (13 titlar) med ny norsk dramatikk, her kom vinnarstykka frå den landsomfattande tevlinga, bl.a. Ebba Haslund sit Åfferdea? og Norvald Tveit sin Splint. I tillegg gjorde NU ein storstila innsats på instruktøropplæring gjennom heile -70-80 og -90-talet, noko som jamnt over auka kompetansen kringom, og gjorde sitt til å utvide repertoaret i laga. Det var sommarkurs, regionale kurs, og framsyningskappleik under sommarstemna. Fyrst i 2003 kom den fyrste Norsk Amatørteaterfestival i regi av NU, og festivalen i 2014 vert den sjette i rekkja. Arbeidsgruppa er no i full gang med planlegginga (les meir på s. 14) og målet er å nok ein gong samle glade amatørar frå det ganske land til å spele på ”vår” scene i Oslo. Det er berre å tromme saman troppene, setje i gang øvinga og kryss av i kalenderen for Oslo-tur 10.-15.juni 2014. Det er berre å gle’ seg!
13
Revy Teater
Teaterslaget 2014 10. til 15. juni 2014 er det igjen klart for Norsk amatørteaterfestival! tekst: marie nicolaisen
Det er i 2013 10 år sidan festivalen vart arrangert for fyrste gong og sidan den gong har mange av NU sine medlemmar i alle aldrar hatt sine store og små augneblikk på scenen på Det Norske Teatret under festivalen! På Norsk amatørteaterfestival samlast 10 grupper for å spele teater eller revy i ei veke, i rørsla si eiga storstove – Det Norske Teatret. Her får ein prøve å stå på Scene 3 (og kanskje drøyme seg litt vekk) og teatergruppene får vist for kvarandre kva dei er gode for. I løpet av dei 5 gongene festivalen har vore gjennomført er det vist eit svært variert utval av teaterstykke – frå Shakespeare og Ibsen til folkedansframsyningar, frå I blanke messingen og blodige realityshow, til Karius og Baktus og Snøkvit og dei 7 dverger. I 2011 hadde festivalen til og med eit eigeskreve stykke av Eirik Fauske Stakkars stakkars deg som Teaterlaget i Oslo sette opp. Norsk Amatørteaterfestival er ein festival som viser breidda av teateraktiviteten i Noregs Ungdomslag, og arbeidsgruppa for festivalen gler seg til å arbeide fram mot det store Teaterslaget neste år. Arbeidet er framleis i startfasen og ideane
14
er mange - men målet er å få til ein festival det skal gå gjetord om i lange tider! (i alle fall fram til festivalen deretter…).
jon om dette og resten av festivalen kjem i neste Ungdom og vil også bli distribuert på andre måtar.
Teateraktiviteten i NU er mangfaldig og ein av våre store planar og ynskjer for festivalen er å også få med den store revyak-
I tillegg til flotte framsyningar satsar me på eit program fylt av spanande kurs og andre arrangement av scenefagleg art. Sjølvsagt skal det også leikast og ha det moro som berre scenefolk kan! Nokre lag har vore med frå starten, andre ei gong eller to. Festivalen er open for alle grupper, og dei treng ikkje vere medlemmar i NU for å delta (men medlemslag vert prioritert). Einaste krav er at framsyninga har hatt premiere før festivalen og ikkje varer stort meir enn 1 time. Søknadsfrist er 10.november 2013. Sjå www.ungdomslag.no
tiviteten som finst rundt omkring i landet. Ein av våre store draumar for festivalen er å samle skodespelarar frå teater og revy til å i løpet av festivalen jobbe saman for å lage ei sprakande fellesframsyning under rettleiing av ein kyndig instruktør. OG: for å vera med på dette treng du ikkje ta med deg heile teatergruppa di, men du kan ta med deg ein ven! Meir detaljert informas-
Arbeidsgruppa gler seg til å arbeide med festivalen framover og håpar å sjå deg i juni 2014! Spørsmål om festivalen? Send ein e-post til Åshild på kontoret: ashild@ungdomslag.no
Arbeidsgruppa for Norsk Amatørteaterfestival 2014 Festivalsjef: Marie Nicolaisen – leiar av Teaterrådet i Noregs Ungdomslag. Medlem: Monica Goksøyr – medlem av Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo Medlem: Elisabeth Mona – medlem av Te-Nord, teatergruppa til Håløylaget, Bygdelagsamskipnaden i Oslo og Akershus (BLS). Sekretær: Åshild Mjelde Nordås- kulturrådgjevar for teater i NU
Teaterslaget
Om festivalen
I vår utlyste me ein namnekonkurranse for Norsk Amatørteaterfestival, med ein premie på 500,- Diverre var det ingen som kom med forslag, så då sette arbeidsgruppa seg ned og kom opp med Teaterslaget, med Norsk Amatørteaterfestival som undertittel.
• Norsk amatørteaterfestival vart arrangera fyrste gong i 2003
Grunngjevinga for tittelen kjem av det store teaterslaget som fann stad då Det Norske Teatret opna i Oslo i 1913. På langt nær alle likte at ein no kunne tale på kva mål ein ville på ei teaterscene – Det gjeldande scenemålet på den tida var dans og på det meste var det over 20 000 menneske i gatene utanfor Teatersalen til BUL Oslo, og ville slåsskampar inne i salen. - Men fortsetje å spele, det gjorde dei, og i dag er Det Norske Teatret eitt av dei største teatra i Noreg.
• Festivalen varar frå tysdag til og med laurdag 10.-15.juni 2014
Dei starta med glade amatørar samla frå ulike stader i Noreg, då er det berre rett og rimeleg at amatørar nok ein gong inntek scena på Det Norske Teatret. Me får berre satse på at me unngår dei heilt store slåsskampane denne gongen. Vart du nysgjerrig på amatørteaterhistoria no? Les meir på side 12 og 13,
• Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret • 10 teatergrupper frå heile landet er med
• I tillegg til framsyningane vert det kurs, seminar, konkurransar, sosialt samvær, og ikkje minst: Fellesrevy!
Fellesrevyen Einskildpersonar og mindre grupper kan søke om å delta sjølv om ikkje heile teater/ revygruppa skal vere med på festivalen. Alle deltakarlaga/ gruppene må vere representerte med eit nummer i revyen. Delar av revyen vert eit tingingsverk skrive av profesjonell utøvar/forfattar. Resten av revyen vil bestå av nummer deltakargruppene sjølv har laga. Innstuderinga av revyen vert under festivalen, og vert leia av profesjonell instruktør. Sjølve framsyninga vert under festmiddagen laurdagskvelden.
15
Folkedans
Lesarinnlegg Folkedansen blir misbrukt I over hundre år har det vore arbeidd for at flest mogeleg skulle få kjennskap til folkedansen, og få oppleva glede og hygge ved å ta den i bruk. Først Hulda Garborg og Klara Semb, men sidan har utallige andre hjelpt til. Dei som har bore denne rørsla fram har for det aller meste arbeidd utan løn. Det er leikleiarane i alle ungdomslag landet over. Rett nok har NU hatt løna leikleiarar som har reist rundt og hatt kortvarige kurs i laga. Men det vidare arbeidet i laga har vore drive på frivillig basis av pur glede av å kunna hjelpa til med formidla denne aktiviteten over til andre. Men når noko er populært, har fått eit godt
ord på seg, så er det alltid dei som finn ut at dette er noko ein kan tena pengar på. Så samlar dei saman eit ensemble på ti-tolv personar. Desse blir då instruert til å framføra ei framsyning på ein halvtime med element frå folkedans. Dei går ut og inn, fram og tilbake i ulike formasjonar, med bytomfotsteg. kvilesteg osv, del av pols og springar, fortrinnsvis valdresspringar, og ymse andre koreograferte konstruksjonar, men aldri ein heil dans eller ein heil folkeviseleik. Dette er då produkt, som dei så viser fram for eit betalande publikum, og som dei soleis tenar pengar på, og som dei på uriktig måte marknadsfører som folke-
dans. Koreografert folkedans er ein uting. No er det vel ingen som har opphavsrett til dei einskilde dansane eller songdansane. Men denne kommersielle verksemda riv grunne ut under den eigentlege folkedansen. Så er det spøsmålet då om nokon har gjort seg tankar om slike ut-og-inn-framog-tilbake-framsyningar. Folkedansen er brukskunst til personleg oppleving for alle, like mykje for dei som ikkje er så veldig flinke, som for ekspertane. Aller minst skal folkedansen vera eit salgsprodukt. Sverre Gammersvik
SVAR TIL «FOLKEDANSEN BLIR MISBRUKT» ”Folkedansen er brukskunst til personleg oppleving for alle (…)” skriv Gammersvik i sitt innlegg i denne utgåva av Ungdom.
steg, del av pols og andre konstruerte formasjoner med på å (ny) skape turdansen? Den ville eg ikkje ha vore forutan.
Eg kunne knapt vore meir enig. Eg må beint fram seia at det er den beste skildringa av folkedans eg har sett og høyrd på lenge.
Tryggleik til røtene, rom for utforsking og nyfikenheit. Det inspirerer, generasjon etter generasjon. Til å drive frivillig av pur glede. For mest av alt er dans ei personleg oppleving.
Gode opplevinger gjer grobunn for kreativitet. Der Gammersvik ser ”ut-og-inn-fram-og-tilbake-framsyningar” ser eg kjærleik til dansen, respekt for tradisjonar og bevaring i form av nyskaping. I si tid var vel fram og tilbake i ulike formasjonar, med bytomfot-
16
stine skoglund machiedo leiar i folkedansrådet
Folkedans
Jeg ser i bladet Ungdom 4, 2012 at det blir etterlyst tanker om hva som er kjennetegn på god dans og gode dansere. Som mangeårig folkedanser, først i BUL Nidaros tidlig på 60-tallet, og deretter andre steder, har jeg en del synspunkter på det. 1. Danseren og musikeren må være på lag – dvs. danseren må kjenne musikkformenn godt. 2. Danseren må innordne seg takten og rytmen i dansen. De største bevegelsene i kroppen kommer på de tyngste taktene 3. bevegelse kommer innenfra, dvs. starter i midten av kroppen og sprer seg utover, ”snerten” til sist 4. Danseren er synkron med musikken i tid, og helst slik at det er 1/100 eller 1/100 igjen av disponibel tid når bevegelsen/trinnet er fullført. Det gir et bilde av sikkerhet, kontroll og eleganse. (Sigbjørn Rua!) 5. De fleste danseslåtter har et innebygd ”rom” i takten for sveip av skjørtet til jenta. Bunadskjørt er tunge, og sviver ørlite grann tyngre enn kroppen inni. Men når dette punktet er ivaretatt, merkes det mye i uttrykket i dansen. 6. Mye akrobatikk bidrar ikke nødvendigvis til en flottere danseopplevelse. Halling – eller laus - er naturligvis fstlig og dramatisk når deltakerne erter og utfordrer hverandre, og briljerer med stunt og karstykker. Men en gangar trenger ikke dette. Har kan det være en nytelse å se på en som gleder seg over å være i rytmisk bevegelse, over å eie plassen. Jeg så en jentegangar fra Agder en gang – de to jentene var så samstemte i sin stille, rytmiske dans at det var en fryd 7. Gode dansere behersker rytmen, og kan bryte den og variere den i gitte mønstre. Mennenes figurering i Numedals- springar er et eksempel på dette. Dessverre er denne finessen i ferd med å bli alt for sjeldnere å se. Håper dette kan være til noe hjelp. Tove H. Hanssen, Kongsberg
MANGFALD PÅ INTRODUKSJONSDAG OG KURS PÅ KONGSBERG BUL Kongsberg inviterte Kongsberg norsksenter til introduksjon til norsk folkedans og følgde opp med kurs i runddans på kveldstid. Med fullt golv vart det nokre logistikkproblem i seksmannsrilen, men latternivået var høgt og dansegleda stor. «Kongsberg er eit fleirkulturelt samfunn der det jobbar folka frå veldig mange land i verda. Folkedansfestivalen er ein flott plass å sjå noko av norsk folkekultur, og for at fleire også kan vera med og trø dansen i august, laga vi til eit spesialtilpassa opplegg for dei med fleirkulturell bakgrunn», seier festivalsjef Aud Drotningsvik. Rundt 100 personar deltok på 1,5 time med introduksjon til norsk folkedans. Dei fekk litt historisk bakgrunn om dei ulike danseformene, leikarringen viste fram nokre dansar og dei fekk prøvd seg på dansegolvet sjølve. I forkant hadde dei øvd på Per Spelemann og Ola Tveiten, men å syngja og dansa samtidig er ikkje så lett, og ekstra vanskeleg vert det når norsk ikkje er førstespråk. Rilsteg og kjede vart øvd inn og deretter gjekk Seksmannsrilen med stor innleving og glede. Som ein ekstra spiss på dagen fekk dei prøva seg på halling med festivaldansaren vår, Sigbjørn Rua som føredansar. Laagendalsposten, lokalavisa på Kongsberg skriv: «Men selv om mange slet litt med koordinasjonen og stegene underveis, var det mye gjenkjennelig. Det mente i hvert fall Osman Abbasi frå Kurdistan. –Dette var et kjempebra kurs, sier Osman. –Har du danset før? –Ja, jeg har danset mange ulike typer dans i Kurdistan, mest pardans. Og det er faktisk en del som er likt av trinnene. Bortsett fra selve musikken da, sier han.» Deretter inviterte vi til tre kurskveldar med reinlender, vals og rundpolka. Det vart god deltaking på desse kveldane, både av dei med fleirkulturell bakgrunn og nokre med kun norsk bakgrunn. Deltakarar på kurset fekk tilbod om gratisbillettar til opningskonsert og lokal dansekveld på Folkedansfestivalen, så då får vi nokre urøynde dansarar på golvet denne kvelden. Oppgåva til oss røynde dansarar er å ta dei med i dansen. Tiltaket vart støtta av Buskerud fylkeskommune og Kongsberg Kommune.
17
Meldingar Ny leiar i Norsk Teaterråd Ivar Christiansen frå Akerselva kultur- og teaterlag vart søndag 2. juni vald som ny styreleiar i Norsk teaterråd. Christiansen er seniorrådgjevar i Norsk Folkehjelp og har drive med teater på fritida i minst 40 år. – Jeg går til dette helt fersk. Dette er en helt ny organisasjon for meg, kanskje komplisert å komme inn i, men det skal bli veldig spennende å bli kjent med den, sier Christiansen. Han meiner vi må skape ein felles forståing for at kultur er viktig, og arbeide for at politiske organisasjonar sett kulturpolitikken inn i ein folkehelsesammenheng. – Kultur holder folk friske – den kan faktisk være en kraftig innsparing på helsebudsjettet!
Påsketur til Færøyane tekst: silja solvang foto: halldis folkedal
I påska var det Nordring- samling for ungdomar frå Norden på Færøyane. Seks ungdomar reiste frå Noreg, i tillegg til kulturrådgjevar Halldis Folkedal. Vi reiste opp til Færøyane for å få lære nye dansar og slåttar frå dei andre nordiske landa. På dagtid hadde vi timar der vi skulle lære vekk litt dans til kvarandre. Dette forsette på kveldane som vart fylt med dans, musikk og moro. I tillegg til å lære om dansane og musikken fekk vi lære mykje om Færøyane. Vi fekk ein del historie om plassen der vi budde og ei omvising på store delar av Færøyane.
18
Ivar Christiansen er tidlagare lærar og rektor, og har arbeid mellom anna I Oslo Arbeiderparti og Vålerenga AS. Sidan 1989 har han vore ansatt i Norsk Folkehjelp. Christiansen var i 1974 med å stifte Maridalsspelet, som vart nytta politisk for å setje Maridalen på kartet. I over 40 år har han drive med amatørteater, no for tida gjennom Akerselva kulturog teaterlag, som sett opp ein til to framsyningar i året. I juni i år setter dei opp friluftspelet ”Vif i 100” i høve Vålerengas 100 års-jubileum.
Vi var på busstur til Torshavn og fekk med oss mykje av den færøyske naturen og kulturen under reisa. Vi fekk også lære ein del om påsketradisjonar frå dei andre landa. På Færøyane har ein mellom anna ein tradisjon med å rulla hardkokte og teikna egg nedover ein bakke. Det egget som rullar lengst har vunne. Vi var veldig fornøgd med turen og har fått mykje inspirasjon med oss heim til Noreg.
Ivar Christiansen takker for tilliten. Foto: Smestad/Norsk teaterråd
NordicHistorie Dance
Skjulte skattar i Lerka Kven hadde trudd at dei gamle handskrivne bøkene til Ungdomslaget var egna til høgtlesing i dag? Litteraturfestivalen bLEST i Tysvær børsta støv av gamle skattar. tekst og foto: synnøve jørgensen
Kvinnesland frilynde Ungdomslag blei skipa i 1921, samstundes med ei rekkje andre ungdomslag rundt om i landet. Som fast underhaldningsinnslag på møter og festar var det også på Ungdomshuset til Kvinnesland frilynde UL, «Sjonar», vanleg med høgtlesing. Alle tekstar som blei lest, var skrivne i ei bok og medlemmene i laget bytta på kven som var «bladstyrar». I Kvinnesland frilynde Ungdomslag blei boka kalla for «Lerka» og tekstane er svært varierte både i form, innhald og kvalitet. Her finn ein mellom anna dikt, sketsjar, artiklar og kronikkar. Ja, til og med ein skulestil er tatt med! Tekstar om alt frå kvardagslege hendingar og skildringar, til store politiske spørsmål som kommunesamanslåing og oljeindustri. Den første boka er frå tidleg 20-tal og siste frå midten av 70-talet. Tekstane dekker dermed over femti år lang historie. Teksten er henta frå perioden 1949 – 1959 då Kolbein Lervik var bladstyrar. Forfattar er ikkje namngjeven. Publikum i salen under arrangementet til bLEST kjende både miljøet, personane og ikkje minst Ungdomslaget. Bygdekvinnelaget sin lesesirkel hadde fått i oppgåve plukke ut og lese til stor glede for dei rundt 200 frammøtte. Representantar frå Ungdomslaget framførte nokre av tekstane som revynummer. Seinare på kvelden var det tid for «stand up – Lerka». Publikum blei invitert til å framføre små tekstar. Mange tok mikrofonen og her er ein av meldingane som blei lest opp: Ei jenta forsvunnet, her frå distriktet blev sist sett på Sjonar kl. 24 natt til
husmortimen Eg hadde tenkt meg til å høyra husmortimen ein dag; dei skulle gi litt rettleiing i blomsterstell. Radioen var svært dårleg den dagen så eg måtte sitja med øyra like inntil, for å høyra eit og anna. I stova innafor heldt Ågot og Borgny på og skulle lava Oslaud til å hika, så eg høyrde slik halvt på begge. Og nå skal du få høyra kva eg fekk ut av husmortimen: Still deg opp på nordsida, ta hofte fest, og rist molda godt av røtene. Legg armane kring livet på gjenta, og set henne på ein mørk men lun stad til over jul. I den tida treng vesle gjenta mi ikkje vatn. Dersom du vil ha tidlig bloming så hopp i rundt på staden, tre gonger. Bøy knea godt medan du går kjeden, då treng du ikkje så mykje gjødning. Men vil du ha friske blad utover vinteren. Så lag ein fin boge du medan du går i bloming. Lett helsing til framand gjente, sine på høgre og pikla plantene tidlig i mai.
søndag. Antaglikt blitt med ein sykkel sør vegen. Mulige opplysningar om den sakna gies til lensmannen i Hetland. Mange blei nok likevel mest overraska over kor høg litterær kvalitet mange av tekstane heldt. Ungdomslaget har heldigvis sett verdien av desse bøkene. Dei har i mange år vore trygt bevart i Tysvær kommune sitt arkiv og tilgjengeleg for publikum på biblioteket. Takka vere festivalen bLEST er det kanskje fleire som tar turen til biblioteket? Spørsmålet er korleis det står til med liknande skattar rundt om i landet?
Planta dei ut i benk og hopp høgre, venstre, venstre. Bløminga tek til i Herre Peder kasta juli, og blømer til. Det står ein friar uti garde. Blomane er rosa, enkle med lensmann stolteky og gult støvbeger. Pass på at ikkje ugraset får overtaket, då Mari og velse Kari dei vert nedtyngde og vene Ola blir liten av vekst og ikkje noko tess. Så vil eg vona at de blir heldige med det høyrdest ved nott, så får de høyra meir om at no er det komen ufud til landet, i neste husmortimen. Til lukka!
19
Fagseminar
Fagleg påfyll? Fagseminar på Riksscenen i Oslo Me satsar igjen på ny runde med fagseminar til hausten, kom, kom! Det vert barn som hovudtema, innan kategoriane dans, scene, handarbeid og leiing.
I regi av Noregs Ungdomslag vert det fagdagar på Riksscenen i Oslo! Her kan du få med deg litt av kvart, anten du treng inspirasjon til idéutvikling, korleis instruere barn innan dans eller teater, eller du vil lære meir om tradisjonelt handarbeide. Gå på eitt kurs eller fire, det er opp til deg, for her kan du sy saman ditt eige program!
Prisar: Kurspakke med fire kurs og billett til dansefest på laurdagskvelden 1000,Enkeltkurs: 350,- per kurs (*Dåpsbarn og reivebarn går over to kursbolkar, og kostar 500,-) Billettar/meir info? Sjå www.ungdomslag.no Dansefesten: 150,- per billett.
Laurdag 9. november 10.00-13.00 Kick-off: Frå idé til handling: Inspirasjon til å setje i gang med ein idé. Ein annan dans: Dans i spesialpedagogisk samanheng. Blant dufsesko og bestemorstøvlar: Utviklinga av sko opp gjennom historia, med eit særskilt fokus på bunadssko. Pedagogikk i barneteaterinstruksjon: Korleis arbeide som instruktør for barneteater? 14.00-17.00 Det musiske mennesket: Med utgangspunkt i boka Det musiske mennesket, fortel forfattar og musikkforskar Jon-Roar Bjørkvold om musikk si tyding for mennesket frå fødsel til død. Eit levande musikalsk foredrag!
20
9. – 10. nov. 2013
Hardangersaum: Seminar og praktisk opplæring i korleis du syr Hardangersaum.
i ei gruppe, eit råd eller leiar av ein aktivitet av noko slag.
Etter kursa vil me prøve å få samla alle deltakarane til middag på Riksccenen, før dørene vert opna for dansefesten.
Familiedans: Familiedans er dans for alle og på tvers av generasjonar. Teori og praksis retta mot instruktørar i dans.
Dansefest med Geitungen! Dørene opnar kl. 19.00. Dansefesten byrjar kl. 20.00.
Dåpsbarn og reivebarn, del 1*: Teori og praksis i tradisjonar knytt til dåp og reiving av barn; du får bl.a. prøve deg på metallknipling. Kurset fortset etter lunsj.
I samband med fagseminara i regi av Noregs Ungdomslag gjer Geitungen eit aldri så lite comeback og spelar opp til dans laurdagskvelden! Geitungen er ein klassikar, dei er både unge og gamle på same tid, og spelar slagers frå Rogaland. Geitungen er Vidar Skrede, Olav Christer Rossebø og Håvard Ims fordelt på mange instrument. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar. Dei spelar låtar som ein gong var populærmusikken blant utkantrogalendingar. Uttrykket er enkelt, og musikken spenner frå lun masurka, yppande hopsarar, syrlege valsar og energifulle springarar. Her kan ein dansa og hoppa så mykje ein vil! For dei som har kjøpt seminarpakke på fagseminara er dansefesten gratis! Heimeside: www.geitungen.no
Sundag 10. november 10.00-13.00 Korleis vere ein god leiar?: Kva er ditt ansvar som leiar? Korleis delegere? Korleis vere ein god rollemodell? Korleis få til eit godt samarbeid? Passar for dei som er leiar
Korleis rettleie barn som skal fortelje på scenen?: Vi ser på skilnaden mellom monolog og forteljing og korleis ein kan arbeide for at kvar enkelt skal finne sitt uttrykk, og instruktøren si rolle i dette arbeidet. 14.00-17.00 Korleis fortelje ei god historie?: Korleis fortelje ei munnleg historie slik at den fengar tilhøyraren? Kva element bør ei forteljing innehalde? Korleis hugse alt? Teori og praksis. Folkedans i skulen: Forum for deg som ønskjer å undervise elevar i skulen i folkedans og for deg som allereie har erfaring med dette. Eit praktisk seminar med drøfting og erfaringsutveksling undervegs. Dåpsbarn og reivebarn, del 2*: Teori og praksis i tradisjonar knytt til dåp og reiving av barn; du får bl.a. prøve deg på metallknipling. Kurset startar før lunsj. Klovnekurs: Prøv deg som klovn! Grunnleggjande teknikkar og teori om klovning. Me tek atterhald om endringar i programmet.
Fagseminar
foto: magne sandnes, halldis folkedal og andreas løken
Program Laurdag 9. nov
sundag 10. nov
Tid nr. 10 - 13 1 10 - 13 2 10 -13 3 10 -13 4 13 -14 14 -17 5 14 -17 6 10 -13 9 10 -13 10 10 -13 11 10 -13 12 13 -14 14 - 17 14 14 - 17 15 14. - 17 16
seminarnamn Ein annan dans Blant dufsesko og bestemorstøvlar Kick-off; inspirasjon til å setje i gang med ein idé Pedagogikk i barneteaterinstruksjon Lunch Det musiske mennesket Hardangersaum Familiedans Dåpsbarn og reiveband, del 1 Korleis vere ein god leiar? Korleis rettleie barn som skal fortelje på scenen? Lunch Dåpsbarn og reivebarn, del 2 Korleis fortelje ei god historie? Klovnekurs
21
Framsyning
Mellom rutene
regi/ koreografi: sigurd johan heide kostymer: birgitte norsen og agnar olsen musikalsk ansvar: ingvild blæsterdalen
tekst og foto: halldis folkedal
For ei tid tilbake las eg at ein viss kongeleg person med dobbeltnamn hadde gjort ei klassereise. Frå å vera ei vanleg åleinemor vann ho kronprinsen og eit høgare sosialt lag, medan nokre kritiske røyster hevda at personen i denne prosessen hadde gløymt seg sjølv. Dette tenkte eg på, medan sjakkspelet og danseframsyninga ”Mellom rutene- det første trekket avgjør ofte det siste” gjekk føre seg framfor augo mine. Her var det nemleg mange klassereiser på ein gong! Framsyninga var avsluttinga på eventyret som Bygda dansar har vore på i Nord- Trøndelag, Trø te´. Her finn ein både folkedansarar, hiphoparar og samtidsdansarar, og alle er utkledde som kvite og svarte brikker i eit sjakkspel. Dette er på mange måtar ei klassisk kjærleikshistorie der to folkedansarar finn kvarandre på trass av ulike so-
22
siale sjikt. Bonden fekk dronninga si, eller dronninga fekk bonden sin om ein vil. Ulikt makthierarkiet i resten av danseverda er det folkedansarane som i denne forestillinga er dei rojale, her dansar ein reinlender og innherredspols med krune på. I starten er det dei kvite mot dei svarte, men samstundes som at alle er like, prøver dei også å finna seg sjølve. Dei dansar mot og med kvarandre, på tvers av fargar på kostymane, sosial grad og dansesjanger. Av og til er det syskjenkrangling mellom dei ulike aktørane. Det er formasjonar på rekkjer, men også kaos. Musikken er heile tida med, drivande og overraskande. Sjølv om eg har sett noko av dette før, så er brytningane nye og det driv historia framover. Mykje av historia er bygd opp rundt dronninga, Dina Bruun Arnesen og bonden, Sveinung Vaskinn. Dei formidlar kjærleik-
shistoria seg imellom på ein intens og fin måte, og samspelet sit. Det var også fint at dei fekk kvarandre til slutt, og det gjer ingenting at det er litt klisje, for klisje er bra om det virkar. Som ensemble er det bra gjort å både sy saman så ulike og mangfaldige danseidentitetar på kort tid. Energien i forestillinga er gjennomgåande høg. Sjølv om ein kan sjå at ikkje alle er like tekniske gode folkedansarar, så er dei på veg, og om nokon snublar litt i rundsnuen, så er det likevel berre søtt. At ein bryt med både hip hop og moderne dans, er også effektfullt i ei slik framsyning. Høgdepunkta er mange og eg kan også røpa at personen som sat ved sida av meg fekk frysningar heile tre gonger i løpet av forestillinga. Eg likte godt overraskingsmomentet då ensemblet, eller hoffet
Framsyning
om ein vil, byrjar å snakke i munnen på kvarandre medan dronninga og bonden dansar ein valseduett. Eller moglegvis den fine musikken og hoffstemninga som oppstår i ein rekkjedans, brått var
eg i plassert midt i Askepott. I salen var det mange born, men det var likevel heilt stille under forestillinga. Det tyder på at framsyninga fungerer bra for denne aldersgruppa. Alt i alt
var ”Mellom rutene” ei fin avsluttingsframsyning for Trø Te, og eg ynskjer deltakarane lukke til vidare med dansen!
Om Bygda Dansar: Bygda Dansar er eit landsdekkande prosjekt utvikla og bygd opp hjå Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans og vert no drive av stiftinga sitt senter Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret. I ein treårig periode får ei stor gruppe ungdommar i kvart fylke intensiv opplæring i deira lokale tradisjonsdans. Rff-sentret er norsk kompetansesenter for folkedans og folkemusikk og driv med dokumentasjon, forsking, undervising og formidling. Prosjektet i Nord-Trøndelag heiter «Trø te’», og Rff-sentret og Stiftinga Hilmar Alexandersen samarbeidar om prosjektet. «Trø te’» er i sitt tredje år, og er ferdig sommaren 2013. Frå høsten 2012 vart prosjektet utvida til eit Interregprosjekt med Jämtland og Vester-Norrland.
23
Bunad
12.-14 august Sumarstur med høg bunadfaktor Nok ein gong er det duka for tur i regi av bunadrådet i NU. I år går turen til Hallingdal og Numedal. I desse dalføra var folkedrakta i bruk langt inn på 1900-talet og dei har i dag ein rik bunadtradisjon.
Me startar opp på Nesbyen måndag 12.august med besøk på Hallingdal Folkemuseum. I tillegg til dei vanlege samlingene vert det magasindykk og me får sjå nærare på m.a. handplagg og kvinneluer frå nedre Hallingdal. I løpet av dei neste dagane vert det fleire museumsbesøk og besøk hos Skinnfellmaker´n på Gol og knivprodusenten Brusletto på Geilo.På turen overnattar me på Nesbyen og i nærleiken av Geilo. Startpunkt og sluttpunkt på turen er Nesbyen. Me dreg opp Hallingdal til Geilo og så over fjellet og ned Numedal der me m.a. vitjar Gunhild Aasen på Stoffstugu i Nore. Ho har rekonstruert både drakter og tekstilet kalemank for å kunne gjenskape den gamle draktskikken i dalen. Turen ender der den tok til - på Nesbyen Påmeldingsfrist 20.juni. Kontaktperson: Ellen Runderheim; ellen. runderheim@ungdomslag.no
Instruktørkurs
18.-20. oktober 2013 i Kristiansund!
Til hausten er det igjen duka for instruktørkurs og det skjer same helga som det er landsrådsmøte. Staden er Kristiansund og dei lokale arrangørane er allereie godt i gang med planlegginga. Tradisjonen tru kan ein velja mellom kurs i teater og folkedans. På teaterkurset har ein fokus på å gje grunnleggjande innsyn i å setja historiar i scene. På kurset får deltakarane kunnskap i tekstanalyse og korleis ein brukar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysera. På folkedanskurset er dansaren i fokus. Ein ser på kva det vil
24
seia å vera eit godt danseførebilete og gjera ein medviten om eigen dansestil og –teknikk. Deltakarane vil i løpet av kurset få rettleiing i eigen dans og øva på grunnleggjande rørsleteknikkar. I tillegg ser ein på samspelet mellom dans og musikk. Dette er ein eineståande sjanse til å få tilbakemelding på eigen dansestil! Kurshaldarar her er Anna Gjendem og Torill Steinjord. Både Torill og Anna har bachelor i utøvande folkedans og gler seg til å arbeida i lag som kurshaldarar. Spelekvinne på kurset er Torill Aasegg. Fylg med på ungdomslag.no for meir informasjon og påmelding!
Bunad
Fagdagane 2013
Ferdselsveger materialtilgang Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet Kultur og Tradisjon har for fyrste gong gått saman om eit felles seminar. Saman ønskjer vi å arrangere eit årleg, fagleg seminar på Fagernes, som skal vere ope for alle. Det vil vere ulike tema kvart år, og med mellom anna demonstrasjon av tekstilhandverk, minimesse med stoffprodusentar og ei rekkje dyktige forelesarar.
Program for Fagdagane 2013, 23. – 24. august: Jon Fredrik Skauge: Gamle stoffbetegnelser Gustav Sætra: Import av varer til Sørlandet i seilskutetida Mette Vårdal: Kva kan ei brevsamling fortelje om tekstilbruk og kvinneliv?
Birgitte Sørensen: Sjølingstad Ullvarefabrikk – om veveri og arbeidsliv Kathrine Bringsdal: Dyrking og veving av lin i Noreg Åsa Elstad: Fiskarar og sjøklær Ellen Runderheim: Produksjon og import av kallemank til Norge. Seminaret byrjar med kaffi og registrering fredag 23. august kl. 09.00, og fyrste foredrag kl. 0930. Seminaret avsluttast laurdag kl. 14.00. For meir informasjon: www.bunadogfolkedrakt.no
Foto Laila Durán
NORSK FOLKEDRAKTFORUM
25
Teatermangfold: NY støtteordning frå Norsk teaterråd I fjor haust var Norsk teaterråd (vår paraplyorganisasjon innan amatørteater) så heldige at dei vart tildelte 1 000 000 kr som dei skal dele ut til sine medlemsorganisasjonar til bruk for mangfaldsprosjekt.
«Teatermangfold er ei støtteordning for mangfald, inkludering og deltaking. Formålet med støtteordninga er å stimulere tiltak på amatørteaterarenaen som set fokus på kunnskap, mangfald, haldningar og deltaking.» ”Mangfald” i dette tilfellet er ikkje avgrensa til å tyde etnisk mangfald eller funksjonsmangfald, men eit meir generelt mangfald. Det kan vere mangfald i alder, kulturell bakgrunn, kjønn m.m. Altså eit svært vidtfamnande mangfaldsomgrep. Støtteordninga er delt inn i tre ulike fond: A: Organisasjon B: Prosjekt C: Såmidlar NU har allereie sendt inn søknad til eit mangfaldsprosjekt som heiter Alle KAN. Prosjektet er delt i to, der eine delen er utarbeiding av kursmateriell, og del to vert kursgjennomføring i lokallaga til NU. Opplegget i lokallaga skal gå ut på å sjå kva menneskelege ressursar ein har i lokalsamfunnet, og korleis ein kan inkludere dei i teaterarbeid. Det vert med andre ord eit fokus på rekruttering og inkludering. Prosjektmidlar er for frie ikkje-profesjonelle grupper, og såmidlar er for lokale teaterlag/grupper som ynskjer å tilrettelegge sitt amatørteaterlag som inkluderingsarena. På organisasjon og prosjektmidla er fristen gått ut, men såmidla kan ein søke kontinuerleg om. Dei har ei øvre grense på 15.000,-, så dette kan lokallaga nyte godt av!
26
«Kveding på Folkesongaren Jon Anders Halvorsen vil til hausten å ha eit knippe konsertar i ungdomslagshus og mindre forsamlingslokal i Ager, Telemark og Buskerud. Saman med instumentalistane Anders Røine (munnharpe, gitarar, langeleik) og Daniel Sandén-Warg (feler, mandolin) har dei fått turnestøtte frå Norsk Kulturråd. - Eg har lyst til å halde intime og akustiske konsertar på mindre stader. Der er slike miljø musikken kjem frå, og då er det naturleg å bruke songane der, seier Halvorsen. Eg håpar å få til fleire konsertar. Fortsatt er ikkje konsertstøtta brukt opp, så det er bare å ta kontakt! Konserten er basert på utgjevinga "Komme no heim" som har fått strålande kritikkar. På plata syng Halvorsen viser og stev åleine, eller med tradisjonelle folkemusikkinstrument. Jon Anders Halvorsen – frå Lunde i Telemark, busett i Oslo og er vinnar av Landskappleiken i vokal folkemusikk. Jon Anders er også kjend frå samarbeid med gitaristen Tore Bruvoll, frå gruppa Dvergmål som rolla som Sveinung
Det løner seg å vera medlem i Noregs Ungdomslag!
å lokalet» i folkemusikkversjonen av Mozarts Tryllefløyta. Ynskjer laget ditt konsertbesøk av Jon Anders kan de sende han ein e-post: jander-h@online.no
Omtale av plata "Komme no heim" Varden. Dette må kalles kulturbevaring av høyeste klasse. Rett og slett imponerende. En ren fryd. (Terningkast 6) Telemarkavisa: Vi vil bare høre mer. Det er bare å lende seg til tilbake å la seg bli forført av musikken. (Terningkast 5). Bladet Folkemusikk: Eg vil kalle plata eit emosjonelt leksikon – her får komikk, vemod, kåtskap, fyll og gudstru blande seg. Enkelt oppsummert: dette er ei fantastisk plate.
Snart er det ferietid, ikkje gløym at du som medlem i Noregs Ungdomslag får 20% på overnatting ved alle Nordic Choice Hotels, dvs. Comfort, Quality og Clarion Hotell. Logg deg inn på: https://www.nordicchoicehotels.no/ , i feltet der det står: Velg pris skriv du inn kode: 66457, og du får opp ein pris med 20% prisreduksjon. Kanskje skal du til Oslo? Ta deg ein tur i Det Norske Teatret, her får du som medlem 20% prisreduksjon. Du får 10% på Kaffistova, Heimen husflid og Den Norske Husfliden i Oslo. Du får og rabattar på overnatting ved Ouality Hotel Saga i Tromsø, Best Western Hotell Bondeheimen i Oslo og Best Western Hotell Hordaheimen i Bergen. I tillegg får du sjølvsagt medlemspris på alle kurs og seminar som Noregs Ungdomslag arrangerer. På nett: Digital utgave av Ungdom: www.issuu.com/noregsungdomslag Noregs ungdomslag: www.ungdomslag.no www.facebook.com/noregsungdomslag Festivalar og tilskipingar: www.fokedansfestivalen.no www.amatørteaterfestivalen.no www.sommarleiren.no Mitt blad: Er de fleire i hustanden som mottek Ungdom eller har du flytta? Gje oss beskjed på post@ungdomslag.no eller 24141110
27
Nytt frå
Her er det nye styret i Studieforbundet: Leder:
Marit Jacobsen Norges Husflidslag
Nestleder:
Eli Ulvestad Noregs Ungdomslag
Styremedlem:
Helen Hansen Norsk amatørteaterforbund
Styremedlem:
Knut Bryn DIS Norge
Styremedlem:
Randi Grønbakken Seniordans Norge
Styremedlem:
Anne Karoline Langmoen Norges Husflidslag
Styremedlem:
Endre Kleiveland Noregs Ungdomslag
1. varamedlem: Frode Aleksander Rismyhr Frilynt Norge 2. varamedlem: Erika Søfting Forbundet KYSTEN Årsmøtet vart elles gjennomførd i stor einigheit. Politikarane Olemic Thommessen (H) og Anne Tingelstad Wøien(SP) var gjestar i ein debatt om med utgangspunkt i Kulturutredninga som vart lagt fram denne våren. Meir informasjon om årsmøtet kjem etter kvart på www. kulturogtradisjon.no
Søknadsfrist er 30. august Vidareutdanningskurset Norsk folkelig dans er eit etter- og vidareutdanningstilbod for deg som ønskjer ein fordjuping i folkeleg dans. For å bli tatt opp som student må du ha generell studiekompetanse eller tilsvarande godkjent realkompetanse. Fullført instruktøropplæring i folkedans gjennom Noregs Ungdomslag er eit eksempel på godkjent realkompetanse. Meir informasjon om kurset finn du på www.norskfolkeligdans.no Kurset er eit samarbeid mellom Musikkvitenskapelig-institutt ved NTNU Studieforbundet kultur og tradisjon og NU
Gjenstander og kontekst – Fortidas former startar opp att etter ei pause. Samlingane er i Trondheim: 1. samling: 6. - 8. november 2013 2. samling: 5. - 7. februar 2014 3. samling: 23. - 25. april 2014 Emnet Fortidas former skal gje auka innsikt i nyutvikla produkt si forankring i fortidas former. Studentane skal få erfaring i å vurdere produkta ut frå kriterier som utforming, bruk, endringar i estetikkoppfatning, sosiale og kulturelle skilnader. Tilbudet er et samarbeid mellom Musikkvitenskapeliginstitutt ved NTNU, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Ny oppstart Norsk folkelig dans Til hausten er studiet Norsk folkelig dans tilbake med 15 studiepoeng slik det opphaveleg var. Dei to fyrste samlingane er i Vågå, medan den siste er i Trondheim. Fyrste samling: 2. - 6. oktober 2013 i Våga Andre samling: 25. januar - 2. februar 2013 i Vågå Tredje samling i Trondheim vert avslutta med eksamen: 13. - 16. mars 2014
Studieforbundet kultur og tradisjon Vågå Næringshage, 2680 Vågå post@folkekultur.no, t: 61 21 77 50 28
Ungdomshus
Mange av lokallaga i Noregs Ungdomslag er eigarar av ungdomshus. Ofte er husa sjølve kjernen i lagsaktiviteten, samtidig som dei er viktige kulturbygg for heile lokalsamfunnet
Satsing på ungdomshusa tekst: eli ulvestad, foto: nils seland
Ungdomshusa kan likevel vere både til glede og bry for laga. Sjølv om husa er ein viktig arena for den lokale lags- og kulturaktiviteten, møter huseigarane utfordringar t.d. ved eit stadig aukande behov for vedlikehald og generell utvikling av huset. Dette er noko som Noregs Ungdomslag ønskjer å fokusere meir på i tida frametter.
Regionale utviklingsprosjekt Sogn og Fjordane Ungdomslag har dei tre siste åra gjennomført prosjektet ”Huset i bygda,” som mellom anna har hatt som målsetjing å skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. Ein viktig del av prosjektet har vore å kartlegge alle organisasjonseigde kulturbygg i fylket i ein eigen database. - Gjennom prosjektet er det årleg gjennomført fleire lokale husmøte og regionale konferansar, som har samla representantar frå fleire hus. Gjennom desse møta har huseigarane fått hjelp og idear til drift og utvikling av huset sitt, og motivasjon og glød til å arbeide vidare for huset. Prosjektet har vore så vellukka at fylkeslaget nettopp har starta opp ei ny prosjektperiode som skal vare til 2016. ”Huset i bygda” har skapt inspirasjon også utover eigne fylkesgrenser, noko som
mellom anna har ført til at Hordaland Ungdomslag i samarbeid med Noregs Ungdomslag no har søkt om finansiering til eit tilsvarande prosjekt i Hordaland. Forhåpentlegvis vil Hordaland berre bli eitt av fleire andre fylke som etter kvart får regionale husprosjekt. Noregs Ungdomslag kjem til å ta ei koordinerande rolle for dei regionale prosjekta, slik at ein kan få til nyttig erfaringsutveksling fylka i mellom. I tillegg blir det arbeidd for å finne ekstern finansiering til å starte opp tilsvarande prosjekt i fleire fylke i året og åra som kjem.
Service til huseigarlag Etter at Norske kulturbygg vart lagt ned hausten 2012, har NU fått overført ein del midlar frå ”buet,” som skal brukast til ungdomshusrelatert arbeid i organisasjonen. Det er lokale behov for at NU sentralt fokuserer meir på ungdomshusa, og på dei utfordringane som lokale huseigarar har. NU-styret har difor vedteke å lyse ut ei prosjektstilling som skal arbeide med saker knytt til ungdomshusa i organisasjonen. (Sjå eiga stillingsannonse). Den viktigaste oppgåva vil bli å kartlegge alle ungdomshusa i NU, slik at det finnast eit komplett oversyn over desse. Utover dette vil det også bli gjennomført ei kartleg-
ging av lokallaga sine ønskje og behov for tenester frå NU sentralt når det gjeld husspørsmål. På denne måten håper vi at vi får eit godt grunnlag for å utforme nye servicetenester til huslaga i organisasjonen.
Huslag som ny medlemskategori i NU Landsmøtet vedtok i april å opne for at lokale grendehus o.l. kan bli medlemslag i NU, sjølv om aktiviteten i huset ikkje er medlemsbasert. Mange av dei lokale kulturbygga som ikkje er tilknytt ein nasjonal organisasjon har same funksjon som ungdomslaga sine hus; dei skal vere ein samlingsstad for bygda, og ein arena for den lokale kulturaktiviteten. Ved å opne for at slike huslag kan bli medlemslag i NU, ønskjer ein å bygge NU som ein endå sterkare og tyngre huseigarorganisasjon for lokalt kulturliv. Sjå gjerne www.husetibygda.no for meir informasjon om prosjektet i Sogn og Fjordane
29
30
Nynorsk pressekontor leverer desse tenestene: Nyheiter og notisar med bilete • Featuresaker med bilete • Intervju med bilete • Nyheiter for nettaviser • Temasaker med bilete • Nynorske kryssord • Språkkurs og språktenester • Aktualitetstenester til NDLA (Norsk digital læringsarena)
Nynorsk pressekontor, boks 6817 St. Olavs plass, 0130 Oslo. Besøksadresse: Akersgata 55 (inngang Apotekergata). Telefon: 22 03 44 00 epost: npk@npk.no
Vi har forsikringsløsningene for Noregs Ungdomslag Som medlem av Norske kulturbygg kan alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag benytte de gunstige forsikringsløsningene som KNIF Trygghet Forsikring AS tilbyr. Det gjelder også for de ansatte og tillitsvalgte. Vi tilbyr spesialtilpassede forsikringer for bl.a. klubbhus, grendehus og kulturhus tilhørende NU. Som ansatt eller tillitsvalgt i NU kan du benytte deg av alle våre forsikringsløsninger. Ønsker du rådgivning, forslag til forsikringsløsning eller mer informasjon om våre forsikringsprodukter, ta kontakt med oss på telefon 23 68 39 00 eller e-post: post@kniftrygghet.no
Besøk oss på www.kniftrygghet.no
For annonse i Ungdom ta kontakt med Jorunn, tlf. 51 31 57 00, e-post: jorunn@hrme.no
31
Returadresse: Ungdom, postboks 414 Sentrum, 0103 Oslo
Klipp frå arkivet
Noregs Ungdomslag • post@ungdomslag.no • Telefon: 24 14 11 10 • www.ungdomslag.no