Ungdom 3 -2013

Page 1

ungdom

Medlemsblad for Noregs Ungdomslag Nr. 3/2013 • 97. årgang

ungdomshus • reisebrev • folkedansfestivalen • BUNAD • teaterfestival • framsyningar • sommarleir • fagseminar • faneprosjekt


Leiar

Redaktør: Andreas Løken Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad Opplag: 5.600 Bladbunad: tinajerstad.com Trykk: Gunnarshaug trykkeri Annonsebyrå: Halsne Reklame & Media Framsidefoto: Folkedansfestivalen Foto: Irene Lislien Noregs Ungdomslag Postboks 414, Sentrum 0103 Oslo Telefon: 24 14 11 10 post@ungdomslag.no Besøksadresse: Noregs Ungdomslag Tollbugata 17, Oslo Generalsekretær: Eli Ulvestad 24 14 11 10 eli@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Andreas Løken 24 14 11 14 andreas@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Åshild Mjelde Nordås 24 14 11 13 ashild@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Halldis Folkedal 24 14 11 15 halldis@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no Kontonummer: Noregs Ungdomslag 8101 07 00027 Organisasjonsnummer: 939 550 550

www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag

2

Kva kulturhus vil me ha? Politikarar kjempar om kapp med lovnader om dei beste vilkåra til frivilligheita. Men dei tiltaka som verkeleg monnar er det få som tek til orde for. Momskompensasjonsordninga er eit løft for frivillig sektor. Snart er potten på 1.2 mrd kroner. Men det som fullstendig manglar i denne ordninga er tiltak for lag som eig hus. Det er nemleg slik at ordninga er lagd opp slik at det ikkje er mogleg å søkje kompensasjon for påbygg, nybygg og større vedlikehaldsprosjekt. Eller sagt på ein annan måte. Dei verkeleg store momsutgiftene er ikkje mogleg å søkje om. Rett nok viss du ikkje er tilknytta idretten. Dei har si særordning som gjev kompensasjon for alle momsutgifter. Men kven avgjer at frivillig arbeid i idretten fortener betre vilkår enn frivillig arbeid i kulturorganisasjonar? Noregs Ungdomslag eig rundt 250 ungdomshus. Mange av desse er under ombygging, og stundom vert det bygd nye. Då må ungdomslaget betale 25% mva på alle utgiftene. Tilskot i same storleiken som mva utgjer kan ein berre drøyme om. Eit døme på skeivfordelinga er Sylte og Malme ungdomslag i Malmefjord. Ungdomslaget eig huset, medan idrettslaget leiger kjellaren i minst 40 år. Skal ungdomslaget skifte golv må dei betale 25% mva, medan idretten får refundert all mva viss dei gjer same arbeidet. Fornuftig? Ja, viss du spør fleirtala av partia på Stortinget. Høgre, Venstre og Senterpartiet er dei partia som går lengst i å utvide ordninga for momskompensasjon i dei nyleg laga partiprogramma. Resten av partia lever fint med skeivfordelinga slik ho er i dag. Spørsmålet blir då kva kulturhus me vil ha. Eit stort offentleg kulturhus blir fort eit hus for konsumering og stillesitjande kulturaktivitet. Eit frivillig drive kulturhus er eit hus for opplevingar, skaping og deltaking. Eit døme på deltaking og skaping er dei hundrevis av teateroppsetjingar me har kvart år. Dette er det vi kallar kvardagskultur, lokalt kulturtilbod nytta og skapa av lokalbefolkniga.

endre kleiveland leiar i noregs ungdomslag

Eit døme på oppleving er Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland sin turné i samarbeid med Noregs Ungdomslag. Dei turnerer over heile landet dette året, med mål om å spele på små kulturhus der folk bur, og gje kulturopplevingar til stader som elles ikkje får høve til det. I ein liten kommune er ofte ungdomshuset det einaste kulturhuset. Og før konserten må halve bygda steikje vaflar, koke suppe, setje ut stolar og varme opp huset. Så kjem resten av bygda på konsert på kvelden. Og det er dette som skaper samhald. Men frivillige lag kan ikkje leve på luft og festtalar. Det må følgje reelle tiltak bak lovnadane. Og eit minimum må vere like vilkår i frivillig sektor. Det er dyrt å bygge kulturhus. Ved å ta vare på dei husa som allereie er i bygdene bidreg ein til den kulturelle grunnmuren også i framtida.


Generalspalte

Hus + aktivitet = pur lukke Som den flittige lesar av Ungdom har merka, så har NU det siste året hatt eit stadig aukande fokus på ungdomshus. Vi ønskjer no å bruke meir ressursar på å arbeide med husa i organisasjonen, både for å gjere kvardagen enklare for huseigarlaga, og for å betre rammevilkåra for husa og ungdomslaga som eig desse. Det beste for ungdomslaga hadde vore at ressursane i laget vert brukt på å skape aktivitet i huset, og ikkje på å halde huset vedlike. I denne utgåva av Ungdom kan du lese at det no blir satt i gang eit prosjekt i Hordaland, om å kartlegge ungdomshusa og dei andre organisasjonseigde kulturbygga i dette fylket. Dette prosjektet er støtta av Hordaland fylkeskommune, og håpet er å starte liknande prosjekt i andre fylke i åra framover. Ideen til dette kjem frå pilotprosjektet ”Huset i bygda,” som vart starta av Sogn og Fjordane Ungdomslag for tre år sidan. Samtidig har Noregs Ungdomslag sentralt nyleg tilsett ein person i ei prosjektstilling til mellom anna å kartlegge alle dei andre ungdomshusa som er tiknytt organisasjonen. I dag har ikkje sentralleddet så mykje opplysningar om kvart hus utover namn på huset. I løpet av hausten vil alle ungdomslaga som eig hus bli kontakta, slik at vi får kartlagt ein del teknisk informasjon. Opplysningane vil bli samla i ein husdatabase, der delar av innhaldet skal vere søkbart for alle. Samtidig håper vi at laga vil gje oss tilbakemeldingar på kva ein opplever som utfordrande med å vere huseigar, og kva ein ønskjer å få av service og hjelp til dette. Vi ønskjer også å kartlegge kva typer øvings- og møtelokaler dei laga som ikkje eig hus disponerer til sine aktivitetar. Håpet er at Noregs Ungdomslag skal få ressursar til å arbeide med ulike spørsmål knytt til ”hus for kultur” på meir permanent basis. Ungdomshusa og ungdomslaga speler ei stor rolle i lokalsamfunnet. Kvart år er det tusenvis av timar som blir lagt ned i dugnadsinnsats for å skape aktivitet. Dette gjeld sjølvsagt i like stor grad hos dei laga som ikkje har hus, men som disponerer andre øvingslokale. Med skulestart har eit nytt aktivitetsår starta, og mange lag har rekruttert nye medlemmer. Utover hausten er det mange tusen gamle og nye medlemmer som får friska opp gamal eller tileigna seg ny kunns-

kap gjennom ulike kurs og øvingar. Mange av desse aktivitetane er meldt inn som opplæringsaktivitetar gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon. I kursstatistikken på nettsidene til studieforbundet les vi at det p.t. er planlagt over 300 kurs/opplæringstiltak med nærare 9.500 timar. Studieforbunda i Noreg er organisert i Vaksenopplæringsforbundet (VOFO), og gjennom denne paraplyorganisasjonen har organisasjonane vorte einig om ei målsetjing om å doble tal deltakarar på kurs i den neste femårsperioden. Målsetjinga kjem som ein del av kampanjen ”1 million på rett kurs.” Dette forpliktar også vår organisasjon. Ved å auke talet deltakarar på kurs kan vi på ein god måte synleggjere kor mykje aktivitet som skjer i laga våre gjennom eit heilt år. Vi vil også synleggjere at mykje av den faste lagsaktiviteten gir deltakarane reell auka kompetanse. Håper er at vi med dette kan setje makt bak krava om at organisasjonane treng meir midlar til opplæring. I dag får ungdomslaga inntil kr 85 pr time for kvart gjennomført opplæringstiltak. Mange av ungdomslaga er flinke til å hente ut pengar gjennom denne ordninga, medan andre lag har eit stort potensiale til å hente ut midlar. Om fleire rapporterer inn alle opplæringstiltaka i laget, vil vi kome eit godt stykke på veg til å doble det samla deltakartalet vårt! På kulturogtradisjon.no ligg det lettfatteleg informasjon om korleis ein kan søkje om midlar. Med eit sterkare engasjement for hus og opplæringsaktivitet i åra som kjem kan vi alle vere med å bygge ungdomslaga som ein viktig kulturorganisasjon!

Innhald den mangfaldige scenen as ER stifta, s . 4 RFF-PRIS, s. 5 folkedansfestivalen, s. 6 gruvedans med drønn, s. 8 sommarleir, s. 12 kurs hordaland ungdomslag, s. 11 SOMMARLEIR, S. 12 alle kan, s. 14 teaterslaget - norsk amatørteaterfestival, S. 16 grønleik, S. 17 fagseminar på riksscenen i oslo, s. 18 reisebrev, s. 20 blå mix og folkedansfeber på kongsberg, s. 22 på tur med bunadrådet, s. 24 huset i bygda i hordaland, s. 25 meir eller mindre kultur med dei borGarlege?, s. 26 studieforbundet kultur og tradisjon, s. 28 faneprosjektet blir snart bok, s. 29 frå arkivet, s. 32

eli ulvestad generalsekretær

Stoffrist til neste Ungdom: 1. november 2013

3


Nyhende

Kurshelg i Bodø 25. og 26. oktober er det seminar med NU-leiar Endre Kleiveland på Østbyen skule i Bodø. Temaet for helga er: NU, historikk, målsetjing og virke på sentralt og lokalt nivå . Endre vil mellom anna snakke om korleis ein kan auke aktiviteten i eit lokallag, korleis skaffe inntekter og drifte eit ungdomshus og korleis ein kan finne fram i eit kaotisk stønadsbilete. Det vert også kurs i musikk og songdans. Helga vart runda av med ein skikkelig dansefest på Laurdagen.

Den mangfaldige scenen AS ER stifta Det var ei lita men høgtideleg forsamling som var samla i BUL Oslo sin teatersal 4. september. BUL Oslo, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag var samla til stiftingsmøte i akjseselskapet Den mangfaldige scenen. Møtebordet var for høvet plassert på scena i den historiske teatersalen. Og det var ein historisk dag for mangfaldet i scenenorge. Kunstnarleg leiar Liv Hege Skagestad innleidde med å fortelje om historia før stiftingsdokumentet var skrive. tekst: andreas løken

Då prosjektet starta i 2007 var det som var av dansk og borgerlig det få scenekunsttilbod for barn kultur. Nå er situasjonen den, 100 år og ungdom med minoritetsbaksenere, at vi er en levende by, hvor grunn: Barne- og ungdomsteatdet fortsatt kommer mange utenfra erskulane rekrutterte nesten og som snakker rart, og som har et berre frå etnisk norske miljø. like stort behov for en arena som Dei profesjonelle teaterskulane man hadde for hundre år siden. Samog scenene hadde soleis ikkje tidig tar vi navnet vårt, Det Norske ein underskog å rekruttere frå, Teatret på alvor, ved å erkjenne at og mange minoritetar var og er både det norske og teatret er i stor framleis sjeldan eller aldri å sjå endring, sier Ulfsby. For vår del blant publikum på profesjonelle handler det også om å nå et større F.v Camara Joof, Liv Hege Skagestad, Anne Cathrine Johansen, Eli scener. Ein kan hevde at teatra publikum, ikke bare på utøversiden. Ulvestad, Nina Refseth, Erik Ulfsby, Kari Bøyum, Endre Kleiveland og Terje Svindseth. ikkje i tilstrekkeleg grad speglar Får du flere farger på scenen, får du det kulturelle mangfaldet i Noreg. det gjerne i salen også,» sier han. i Oslo. Dei har funne ein metode for rekrutDette gjer at barn og unge med I fjor vart det oppretta ei eiga skodespetering som fungerer. For å nå ungane har ulik etnisk bakgrunn får ulik oppvekst og larutdanning for ikkje-vestlige skodespedei hatt samarbeid med skular og organulike moglegheiter. Store kunstnarlege og larar på det norske teatret. Ulfsby vonar at isasjonar. Av dei ca. 40 ungdommane har menneskelege ressursar står uforløyste. «Den mangfaldige scenen» vil vere ein god desse i stor grad vore rekrutterte gjenDette ville Liv Hege saman med fleire rekrutteringsarena til denne utdanninga. nom personlege nettverk, samarbeid med eldsjeler gjere noko med. X-Ray, Ungdomsfabrikken, Nissen skule og Den mangfaldige scenen ynskjer på sikt å Det var allereie gjennomført to forproTorshov transittmottak. bli eit landsdekkande prosjekt. sjekt med støtte frå Landsrådet for Noregs Teatersjef Erik Ulfsby sa dette til Aften- Eg er glad for at Noregs Ungdomslag kan barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) posten etter stiftingsmøtet. vere ein viktig og relevant aktør i inkluderog Kulturrådet for å kartlegge korleis ein ingsarbeidet i Noreg og vi er stolte av det kunne rekruttere ungdom med minoritets- «Vi forsøker å ta historien vår på alvor. Vi Den mangfaldige scenen har fått til. Det er bakgrunn. I tida Den mangfaldige scenen ble startet for 100 år siden som en arena no det tar til, seier leiar Endre Kleiveland. har eksistert har dei engasjert over 340 for folk som kom utenfra og som snakket barn og ungdomar og 30 instruktørar berre rart. Teatret fungerte som en motvekt til

4


Nyhende

Bygda dansar i Telemark 2. september startar eit treårig folkedansprosjekt i Telemark. Prosjektet rettar seg mot ungdom mellom 16 og 19 år og er del av den landsdekkande satsinga Bygda dansar. Målsetjinga er å løfte fram den lokale dansetradisjonen og rekruttere ungdom til eit ensemble som kan syne fram folkedansen som del av eit profesjonelt dansefelt. Ingrid Heieren frå Jølster, og Bjørnar Blaavarp Heimdal frå Numedal, har ansvar for prosjektet som er eigd og drive av Rff-senteret. Ingrid Heieren og Bjørnar Blaavarp Heimdal

Rff-prisen til Susanne Lundeng foto: guri dahl

Susanne Lundeng (f. 1969) frå Bodø har gjennom si sterke og særprega formidling av folkemusikk frå Nordland gitt denne musikktradisjonen, som for mange har vore ganske ukjent, eit ansikt og ein identitet som har inspirert ei rekke yngre utøvarar spesielt i Nord-Norge, men også i resten av landet til å begynne å interessere seg for folkemusikk. Samtidig har ho vidareført og fornya folkemusikktradisjonen frå denne landsdelen gjennom nyskaping og komponering både som soloutøvar og i samspel med musikarar frå fleire ulike musikksjangrar. Susanne Lundeng tok til å spele fiolin i musikkskulen heime i Bodø med den internasjonalt kjende fiolinisten Arvid Engegård

som sin første lærar. Samstundes utvikla ho tidlig ei sterk interesse for den lokale folkemusikken, og allereie som ung drog ho på spellmann-stevner der ho fekk møte eldre spelemenn fra blant anna Salten og Lofoten. Seinare oppsøkte ho desse kjeldene for å gjere opptak og lære seg det gamle slåtterepertoaret, som dei sat inne med. Ho starta tidleg å opptre offentleg og viste snart eit usedvanleg talent for felespel, noko som vart ytterlegare forsterka gjennom hennar levande og entusiastiske formidling av dei tradisjonelle slåttane. Under Landskappleiken i 1988 spelte ho seg opp i A-klassen for vanlig fele som den første nokonsinne frå Nord-Noreg. Sidan 1989 har Susanne Lundeng vore

Rff-prisen vert tildelt av Rådet for folkemusikk og folkedans til personar som har gjort ei ekstraordinær innsats på områdene folkemusikk og/eller folkedans. Den vart innstifta i 1993 og har blitt utdelt årleg. Prisen er på kr.

frilans musikar. Lenge hadde ho sin base på øya Fleinvær i Gildeskål kommune i Nordland, men dei siste åra har ho vore busett i Oslo. Ho har reist mykje rundt både i Noreg og i utlandet og halde ei rekke konsertar. Det seiest at ho skal vere spesielt populær i Sør-Korea. I tillegg har ho etter kvart fått eit navn i land som England og Tyskland. Frå primært å være ein formidlar av den tradisjonelle folkemusikken frå Nordland har ho med åra gått meir over til å lage musikken ho framfører sjølv. Men framleis fins kjerna av den nordlandske folkemusikken i det meste ho skriv. Samstundes hentar ho inspirasjon både frå jazz, samtidsmusikk og frå folkemusikktradisjonar i andre land.

25 000 samt eit steinmotiv og blir delt ut torsdag 31. oktober under Årskonferansen for folkemusikk og folkedans som Rådet for folkemusikk og folkedans arrangerer i Trondheim.

5


Folkedansfestivalen

Folkedansfestivalen 2013 Byen er Kongsberg og laget er BUL. BUL Kongsberg med Aud Drotningsvik i spissen var tilskipar for årets Folkedansfestival. Dei inviterte til den tredje Folkedansfestivalen i rekkja. Eit program med tydeleg lokal profil. Festivalen spegla omgjevnadane og geografien rundt oss, med omgrep som “drønn fra fjellet...”. No har me kanskje ulik tolking av kva som skal til for å kalle noko eit fjell, men la gå. Virkningsfullt var det i alle fall mellom haugane med skog på.

tekst: håvard ims foto: irene lislien

Mange hadde møtt opp til barneleikfesten, leia av Sigrid Vaskinn og Sigbjørn Rua. Foto: Irene Lislien

6


Folkedansfestivalen

Tingingsverket til opninga av festivalen var fullt av imponerande og stilfull dans.

Innhaldet var kjennbart frå tidlegare år: • Barneleikfest • Leikfest • Dansekveldar med festivalbandet “Drønn!”, Kvarts og lokale spelfolk • Diverse dansekurs • Middagsdans på dagtid Nytt av året var konseptet festivaldansar og førstemann ut var Sigbjørn Rua. Han hadde fleire roller som kurshaldar og ikkje minst stod han for regien under opningsframsyninga “Drønn frå fjellet…”. Ein skal vel vera forsiktig med å peika på høgdepunkt, men turen inn i sølvgruvene

med færøydans var ei stor oppleving. Eg har og lyst å trekkja fram den flotte barneframsyninga Morken&Buer Storli hadde under Barneleikfesten. Feberkonserten som avslutning på prosjektet Dansefeber 2013, med hjelp av Tone Krohn på tekst og Kvarts på tone, var ei stilfull og fin framsyning med masse entusiastiske ungar og ungdommar på scena. Marianne Dahl og Torill Schinstad stod for regien. I tillegg er det kjekt å sjå at Folkedansfestivalen óg kan vera ein arena for nye dansegrupper til å visa seg fram. I år var det Ungmod som dukka opp. Eg ser fram til å se meir frå dykk!

merkevare på Folkedansfestivalen. Også i år. Kveldane vart fine samlingspunkt med mykje god dans og ikkje minst god stemning både på golvet og rundt borda. Kjekt er det med dansekveldar kor ein ser så mykje forskjellig dans, dansetypar og dansemåtar samstundes til same musikken. Som ein av medlemane i Kvarts sa - “Speling på Folkedansfestivalen er noko av det kjekkaste me gjer, fordi folk dansar heile tida!” Folkedansfestivalen 2013 blei ein fin festival med flott innhald og koseleg stemning, der dagane gjekk veldig fort. Takk BUL Kongsberg!

Mykje god musikk og dans på kveldane er

7


Folkedansfestivalen

Gruvedans med drønn Utpå ettermiddagen om laurdagen under årets Folkedansfestival i Kongsberg tøffa eit fullsett tog frå Saggrenda og innover i fjellet. Øyreproppar var utdelt, for toget var ikkje heilt av NSB Komfort-typen og bråka ein del. I kvar vogn sat me åtte stykk, godt trykka saman og gleda oss til, i alle fall for meg, festivalen sitt desiderte høgdepunkt. Nemleg gruvedansen. Det skulle bli dansa stordans i den gamle sølvgruva til sjølvaste kongen! tekst: torbjørn lauen foto: andreas løken

2300 meter innover i fjellet skulle me, og for dei av oss som hadde vore på sommarleiren i framkant av festivalen visste me at toget gjekk i oppoverbakke. Når toget endeleg hadde nådd endestasjonen 342 meter under overflata fekk me strekt litt på beina før me fekk utdelt flotte gule eller blå hjelmar (skulle neste tru me var i Sverige!). Godt kledde var me alle saman au, for inni kongens gruver ligg temperaturen rundt 6 grader på ein god og varm dag. Innover fjellet gjekk me til me høyrte nokon ta til å spele fele. Var nesten litt trolsk over det heile. Etter eit intenst ordskifte om det var Steinar Strøm, Vegar Vårdal eller fanden sjølv som spelte for oss kom me fram til tunnelen kor stordansen skulle byrje (var forresten Steinar Strøm som spelte). Det var ein lang, lang tunnel med treplankar ein kunne trø på midt i. Igjen, oss sommarleirdeltakarar visste at dette var nokre gamle sjakter, for dei var laga før Herr Nobel fann opp dynamitten. Det kunne ein sjå fordi dei var høge og litt ovale etter båla dei hadde brukt til å varme opp fjellet som så tok til å sprekke (tok uhorveleg lang tid å kome seg innover i fjellet i gamle dagar!), og sot var det framleis på veggane rundt oss. Og så hadde me jo vore der før, og guiden sa at den tunnelen var litt gamal. Inni tunnelen tok me naboen i handa og tok til å danse og synge. Skipinga var det færøyske ungdomar som stod for. Elin Syderbø, Gudbjørg Poulsen, Hallur Syderbø, Hildur Kruse Sørensen, Jóhannes Meling Henriksen, Ólavur Syderbø og Petur Óli Koytu Nicolajsen hadde tatt turen over havet frå Færøyane for å vere med på sommarleiren og folkedansfestivalen. Færøydansen i gruvegangane var ei spesiell og stemningsfull oppleving.

8


Folkedansfestivalen

Stemninga var heilt magisk under gruvedansen.

I takt til Norden for Trondheim dansa me oss bortetter gruvetunnelen og heilt til endes (i alle fall så langt oss turistar fekk gå). I tur og orden gjekk me så vidare rundt omkring i fjellet til me kom til eit rom kor resten av gruvedansen skulle vere. Der forsvann både det eine og det andre klesplagget, for me var komen til det som truleg var det einaste oppvarma rommet i heile fjellet. I tillegg til den taktfaste og kraftfulle skipinga av dei færøyiske ungdomane skipa Nils Slapgård norske viser, og saman tok denne gjengen oss attende i tid til slaget ved Kringen i 1612 og blodige bryllaup i Hemsedal.

Me fekk høyre om sterke kvinner, store kråker, menn med sinte koner, arbeidskarar som byggjer veg, og kor stor forskjell det var på frie menn og trælar under Olav Tryggvason si regjeringstid. Etter ei danseøkt, som både den eine og den andre meinte var alt for kort, gjekk turen attende til toga som skulle køyre oss ned og ut av fjellet. Som det høvde seg godt blei Liti Kjersti og Elvekongen sunge medan me sat i togvognene og venta på å bli køyrt ut til dagslyset igjen.

9


Augneblink fr책 folkedansfestivalen

Folkedansfestivalen

10


Kurs

Velkomen til Hordaland Ungdomslag sitt storkurs i Strandebarm i Hardanger Treng du inspirasjon i arbeidet med barneleikarringen, hjelp til å få liv i ungdomshuset, opplæring i å drive laget, hjelp til å få ideane til å bli teaterforestillingar eller lære perleteknikkar og historia til bringedukane? Då er du velkomen på kurs 25.-27. oktober. Ta kontakt med oss på: hordaland@ungdomslag.no snarast.

På Hordamuseet står fram til 18. mai 2014 ei utstilling med bringedukar av nesten alle slag. Her går dei og inn på symbolbruken i desse. Inspirert av dette, kallar me i år kurset vårt

«Ei verd av bringedukar og perler» Me får vite meir om ulike bringklutar frå Hardanger av Agnete Sivertsen, styrar ved Hardanger folkemuseum. Olga Breivik fortel om symbola i bringedukane med hovudvekt på det dei har i Fana. Me lærer å sy med perler på stramei, på stoff, perla nett med ei eller to nåler og tre perler i perlevev.

Inspirasjon for dei som dansar med born Dansekurset er i år for dei som har dansegrupper eller ynskjer å få i gong aktivitet med born Dette er eit kurs der me lærer songleikar, songdansar, andre leikar og dansar som passar for dei minste borna. Har du lyst å få i gong aktivitet for ungar, er dette kurset det rette både for å læra nytt og få inspirasjon og påfyll. Leiknemnda ynskjer å få flest mogeleg til å koma på stemne for born i Samnanger i juni. Stemne, storkurs og dansesamlingar er det kjekkaste me driv på med i HU

I tillegg til teknikkane får me læra om materialar og montering av bringeduk.

Instruktør: Lisa Grav Henriksen frå Barne og ungdomsrådet i NU

Komande konfirmantar og familie til konfirmantar er særleg velkomne. Andre vil og koma godt i gang med ein ny bringeduk. Det er fint om deltakarane kan ta med seg gamle bringedukar, belte, huer, dåpsbleier eller anna med perler på. Bilete er og interessante.

Organisasjonskurs

Lærarar og forelesarar: Agnete Sivertsen, Olga Breivik, Elisabeth A. Attramadal, Hanne Y. Aadland, Oddrun E. Larsen m. fl.

Tillitsvalde i lokallag og nemnder har no sjansen til å få god og inspirerande opplæring i korleis ein kan drive eit lag, få aktivitet, søkje kursstøtte m.m. Kan dette vera interessant og spanande? Det vert og ei økt med datasystemet vårt, Hypersys, og KNIF innkjøpsordning orienterer. Det vert fellesøkter med huskurset om samarbeid/kontakt med kommunen.

Huset i bygda Målgruppa for dette kurset er dei som sit i husstyra eller har ansvaret for lagshuset. Huset i bygda-prosjektet skal rettleie, hjelpe og inspirere huseigarar over heile fylket. Korleis auke aktiviteten, drift og økonomi? Kvar kan ein søkje midlar og korleis marknadsføre huset, er spørsmål som ofte går igjen. Eg er óg oppteken av å spreie dei gode ideane, finne nye moglegheiter, sjå framover, og byggje nettverk mellom huseigarane, seier Ingunn. Det vert óg nokre fellesøkter saman med organisasjonskurset. Lærar er Ingunn Teigland Nyheim frå -Huset i bygda-prosjektet i Sogn og Fjordane

Teater - frå idé til framsyning Dette kurset skal inspirera oss til å skapa eigne revyframsyningar. Kurset vil legga vekt på prosessen me går gjennom før me kjem fram til det endelege resultatet. Kanskje dette er den vesle dytten du og laget ditt treng for å få sving på underhaldninga? Lærar: Jan Fredrik Grøndal Henriksen Sjå meir på nettsidene våre: www.hordaland.ungdomslag.no

Lærar: Kjærsti Gangsø m. fl.

11


Gode sommarminner NU si sommarleir fylt med glade, sprudlande, flinke og rett og slett fantastiske ungdommar frå heile landet og Færøyane skapte minner og inspirasjon til nok eit ungdomslagsår tekst: åshild mjelde nordås. foto: sindre vaskinn hunn og andreas løken

Dagen før leiren møtte dugnadsgjengen frå Kongsberg, leirsjefen Sindre, Åshild og Halldis frå NUkontoret, og dei fem eineståande potetene Cecilie, Eirik, Marthe, Nina og Ulrikke til førstehjelpskurs og dei siste førebuingane på leirstaden før deltakarane kom. Sundag var den store reise-og-ankomst-dagen, og dei første deltakarane kom allereie klokka 11 om morgonen. Litt utpå dagen fekk me besøk av lokalavisa Laagendalsposten, og innslaget frå sommarleiren kom i avisa allereie dagen etter. Slikt likar me! Etter middag, samla Endre Kleiveland heile deltakargjengen til ein intro til NU-historia og vegen vidare, ispedd litt songleikar for å få litt fart i blodomløpet. Deltakarane vart utfordra på kva dei ser på som bra med NU, og korleis me kan få fleire med på leir til neste år –ei utfordring dei tok på strak arm.

12

Dei neste tre dagane gjekk det slag-i-slag med kurs, me hadde heile 28 kortkurs i løpet av tre dagar! Det var kurs i alt frå tango, musikalnummer og skjult teater til færøydans og slindring. På ettermiddag og kveld vart det ulike aktivitetar som Ivar Aasen-feiring, dansing, nattdebatt, diverse språkleikar (det er jo trass alt språkår i år!), og mykje anna. Onsdag kveld hadde me den offisielle avslutninga, med ein ekstra god middag frå kokk Simon Hogstad, flotte monolog-innslag frå Eirik Michelsen og Jaqueline Spinnangr og sjølvsagt fest etterpå. Der vart det impro-kappleik, hekleløp, sketsjar og sjølvsagt dansing, masse dansing. Torsdag vart nokre av deltakarane vekt med bråk og skrål frå trompet og hamring på grytelok. Ikkje den beste måten å vakne på etter berre eit par timar med


søvn kanskje, men NRK radio var strålande nøgde med både reaksjon og intervjua etterpå. Torsdag var det turdag, og det var planlagt både bading og grilling, men værgudane ville det annleis. Til og med turen i sølvgruvene i Kongsberg såg ei tid ut til å falle i vasken då skinnegangen var farleg nær å kome under vatn. Heldigvis letta det litt, så me fekk ein flott og spanande tur inn i gruvene. Etter turen vart det ei kort

samling på Skrim Ungdomsskule der deltakarane fekk utdelt kursbevis og me takka for denne gong, før alle gjekk kvar til sitt, anten turen gjekk heimover eller vidare til folkedansfestivalen på same staden. Tusen takk til alle som gjorde denne leiren til den flotte opplevinga den var! Ei spesielt stor takk til leirsjef Sindre Vaskinn Hunn og potetene Cecilie Nørberg, Eirik Michelsen,

Marthe Bjella, Nina Charlotte Sølsnes og Ulrikke Bredal for deira superbe innsats, gode humør og blide åsyn under leiren! BUL Kongsberg var med og bidrog til at arrangementet gjekk på skinner, så hjarteleg tusen takk til vår lokale arrangør, de gjorde ein kjempeinnsats!

neste år Me er allereie godt i gang med planlegging av neste års sommarleir, så om du gjekk glipp av den fantastiske opplevinga i år er det berre å merke seg tid og stad: Ørsta, nærare bestemt Møre Folkehøgskule, mandag 30. juni til fredag 4. juli.

13


Teater

Alle KAN

– mangfald er målet, teater er middelet

Alle KAN er eit prosjekt i to delar i regi av Noregs Ungdomslag. Del 1 er utvikling av eit kursopplegg til bruk i lokallaga, medan del 2 er gjennomføringa av kursopplegget. tekst: åshild mjelde nordås

Noregs Ungdomslag har fått tildelt 200.000 kroner frå Norsk teaterråd til prosjektet, og me har no starta så vidt med første del av prosjektet. Nysgjerrig? Då må du lese vidare." Målet er å, via teaterprosjekt, gjere dei lokale laga kring i landet merksame på kva ressursar som allereie finst i nærmiljøet, og gje lokallaga metodar for å ta desse ressursane i bruk for slik å auke mangfaldet i teatergruppene. - Kvifor har dama (frå Rauna eller India eller kvar det måtte vere) som bur over butikken og som er kjempeflink til å sy aldri vorte spurt om å hjelpe til med å sy kostymer til teatergruppa? Kva kan me gjere for å endre det? - Kvifor er lokale musikarar aldri vorte spurde om å bidra? Kanskje me skal spørje i år? - Kvifor må me absolutt dele inn i aldersgrupper? Kan me ikkje heller ha ei større teatergruppe der ”ein pensjonist” faktisk kan verte spela av ein pensjonist, og ”Pia, 7 år” faktisk verte spela av ei jente på 7 år? - Og kvifor er det berre me i teatergruppa som skal snekre kulisser og styre lys? Kan ikkje heller mora til ”Pia”, som eigentleg er elektroingeniør, styre lyset, pappa kan lage mat til dugnadsgjengen osb. Korleis skal me så få dette til? Første steg, er at NU set saman ei arbeidsgruppe som skal utvikle eit kursopplegg for lokallag. Gruppa skal vere samansett av 3-5 personar med brei kompetanse. Desse personane bør ha følgjande kompetanse:

14

• Pedagogisk utdanning og erfaring innan teater og arbeid med barn og unge.

forum der dei kan utveksle meiningar, utfordringar, stille spørsmål etc.

• Erfaring med kulturarbeide med menneske med nedsett funksjonsevne

• Kurs 2: For teatergruppa (ikkje berre skodespelarane, men ALLE involverte). Her får dei oppfølging i korleis dei mottek og held på dei nye (og gamle) medlemmane, hjelp til å utforme produksjonsplan og fordeling av arbeidsoppgåver, samt inspirasjon til vidare arbeid med produksjonen.

• Marknadsføring, helst med erfaring frå marknadsføring med fokus på lokalmiljø og organisasjonsverksemd. • Ein representant frå NU som fungerer som moderator og referent slik at sluttproduktet er i tråd med oppdraget –altså at dei tek omsyn til at målgruppa er svært variert, med ulike føresetnader og problemstillingar, og omsyn til det utvida mangfaldsbegrepet. • Gruppa arbeider så fram ei aktivitetspakke til bruk i lokallaga, og det er denne delen me har fått støtte til i denne omgang. Nøyaktig korleis utforminga av ei slik pakke vert, er avhengig av kva gruppa meiner er mest formålstenleg metode, men i utgangspunktet tenkjer me noko slikt: • Kickstarterkurs (kurs 1): For styret og teatergruppa i lokallag X. Fokuset på dette kurset skal vere å gje gruppene inspirasjon og metodar til å utvikle teatergruppa ved å inkludere ein større del av lokalsamfunnet i ein produksjon. I tillegg til å gje gruppene opplæring i korleis dei kan gå fram for å få dette til får dei også opplæring i kva dei skal gjere når dei får nye medlemmer/støttespelarar med seg. • Ei fysisk materiellpakke som lokallag X kan nytte seg av i inkluderings/ rekrutteringsarbeidet (type tipshefte, huskelister m.m.). • Ei nettside med informasjon laga kan nytte seg av i arbeidet (inkludert malar for trykking av flygeblad etc.), samt

• Opplæring av reiseinstruktørar til kursa ovanfor. Del 2.1 er produksjon av det fysiske og digitale materiellet til aktivitetspakka. Parallelt lagar NU ein marknadsføringsplan og meir detaljert framdriftsplan for det vidare arbeidet. Del 2.2. er opplysing om prosjektet til ALLE lokallaga i NU, der ein oppmodar dei til å søke om å få vere eitt av tre forsøkslag for prosjektet. Det skal ikkje koste laga noko å vere med, og det er viktig at også dei laga som ikkje har teateraktivitet frå før vert oppmoda om å bli med. Så snart den fysiske og digitale delen av aktivitetspakka er klar, startar opplæring av reiseinstruktørar til prosjektet. I første omgang lærer me opp tre instruktørar. Instruktørane må ha bakgrunn frå teaterarbeid, gjerne frå produksjonssida. Det vil vere svært viktig at dei kan fungere som inspiratorar, ikkje berre forelesarar. Del 2.3. er at laga sender søknader og NU vel ut lag som skal delta. Dei tre (i første omgang) som får delta bør vere mest mogleg ulike. På det viset får me teste aktivitetspakka opp mot ulike utfordringar (til dømes eitt bylag, eitt lag utan


1 3

2

4

1. Bad Apples@ Circle X Theatre Company, 2. Adplayers, 3. Fingle, 4. Fartre. Alle bileter henta frå Flickr. Det krev mange aktørar for å setje saman ei framsyning; langt fleire enn berre dei som står på scena. Slik kan alle bidra med noko nett dei er gode på.

teatergruppe frå før, eitt lag ein plass som slit med fråflytting, eller kanskje det motsette: stor tilflytting?). Del 2.4. Gjennomføring av aktivitetspakka i lokallaga. I denne delen er det viktig at laga får god oppfølging slik at dei ikkje gir opp om dei møter motstand, men heile tida har framdrift. I tillegg bør dei også få tilbod om andre reiseinstruktørar med fokus på sjølve teaterarbeidet. Del 2.5. Evaluering og revidering. Først lokalt, så nasjonalt. NU vil sende eit skjema for evaluering til lokallaga, men

inkludert i det skjemaet må det vere ein open del der laga fritt kan reflektere over prosjektet og kva dei har fått utav det. NU vil så samanfatte evalueringa, saman med arbeidsgruppa, slik at arbeidsgruppa kan eventuelt revidere aktivitetspakka. Eventuelle revisjonar vil så verte gjort, og eventuelt nytt materiell produsert. Del 2.6. Runde 2! Så framt ikkje evalueringa tilseier noko anna, vil me no opne for ny søknadsrunde for lokallaga. Dei økonomiske rammene for det vil vere avhengig av kva støtteordningar me kan nytte oss av då, noko som igjen vil ha innverknad på

kor mange lag me kan opne opp for, og om dei eventuelt må betale ein eigenandel. Me ser for oss ca. 12 lag per år (i snitt eitt per månad), med ein kostnad på 10-15 000,- per lag. På sikt kan prosjektet ha fantastiske ringverknader, ikkje berre for NU, og lokallaga men og i lokalsamfunna og nasjonalt. Ta kontakt med ashild@ungdomslag.no for meir informasjon om prosjektet.

15


Teater

Teaterslaget

Norsk amatørteaterfestival 2014 Noregs Ungdomslag ynskjer alle velkome til Teaterslaget - Norsk Amatørteaterfestival 2014! tekst: marie nicolaisen foto: daniel heggelid-rugaas

Datoane for Norsk Amatørteaterfestival 2014 er fastsett, og teatergruppa di bør allereie no halde av datoane 10.-15. juni. Som tidlegare år blir framsyningane vist på Scene 3 på Det Norske Teatret. Resten av aktiviteten vil også i 2014 vera på teatret og i Bondeungdomslaget i Oslo sine lokaler i Rosenkrantzgate 8. I 2014 er det tre år sidan førre festival, og teaterrrådet og arbeidsgruppa for festivalen har nytta siste året til å legge til rette for ein endå betre festival. Målet er ein festival som lokkar alle NU sine teater/revylag og teater/revyinteresserte medlemmar til hovudstaden og får hovudstadens innbyggjarar til å sjå teater og revy frå heile Noreg. Sceneaktiviteten i Noregs Ungdomslag er unik blant anna med sin variasjon av alderssamansetjingar og form og Teaterslaget- Norsk Amatørteaterfestival 2014 er eit glimrande høve til å vise dette fram!

16

I tillegg til det varierte framsyningsprogrammet vi håpar gruppene der ute vil koma med til festivalen er arbeidsgruppa i god gang med å spikre eit godt tilleggsprogram med kurs og seminar for ein kvar smak. Monologkonkurranse og festivalfest blir det også! På tidlegare festivalar har framsyningane som har vore vist i hovudsak vore reine teaterframsyningar. Med Teaterslaget – Norsk Amatørteaterfestival 2014 er målet også å få med alle gruppene som driv med revy! Gjennom ei hektisk festivalveke med framsyningar, workshopar og seminar skal i tillegg deltakargruppene setje saman ein felles revy med framsyning på festivalfesten på laurdag. Og har ikkje gruppa di høve til å koma heile gjengen for å vise framsyningar på festivalen er du, eller delar av gruppa di hjarteleg velkomen til å vera med på revyen! Revyen vil bli skrive og regissert av profesjonelle og me arbeider

med å finne personane som vil kunne setje dette saman til ei sceneoppleving utanom det vanlige! Så om du er revy eller teaterinteressert, om berre bittelitt, - hald av denne veka i juni og bli litt meir – eller veldig teater og revyfrelst! Følg med på teaterrådet på facebook og heimeside på www.ungdomslag.no og veldig snart også oppdatert informasjon på www.teaterfestival.no. Meir informasjon om søknadsfristar og anna snadder kjem også på e-post og i Ungdom framover. Ta gjerne kontakt med Åshild på kontoret (ashild@undomslag.no ) for meir informasjon. Håpar å sjå deg i juni 2014!


Grønlandstur Grønleik 2013 Dansarar og spelemenn frå fleire stader i Noreg drog med stor forventing til Grønland i juli. 32 deltakarar i alt, og vi vart ikkje skuffa! Godveret fylgde oss nesten heile turen med sol og god temperatur. Myggen kunne til tider vere plagsom, og verst var det i solsteika. Myggmiddel var godt å ha. tekst: ingrid tuko

Frå første dag var det dans i eit nytt, flott kulturhus midt i byen i Ilulissat. Alle landa som deltok hadde ei lita framsyning, og her måtte Noreg improvisere med dansarar. Dei som skulle vore med (Folkedanslaget Sølja), satt "flyfast" i ein annan by. Anne Marie Nerby ordna opp, og dansen var bra. Seinare på kvelden var det fellesdansing i kulturhuset. Dei neste kveldane var det opplæring ein halvtime med leiarar frå kvart land, for Noreg var det Ingrid Tuko og Anne Marie Nerby som leia dansen, og Benjamin Kehlet og Alex Cordray spelte. Alle landa deltok óg i ein songtime, og Noreg med Sølja og Ingrid drog med publikum i Prøysen-, Sandbeck- og Aasensongar. Ikkje alltid så lett å få med orda i dei ukjende songane frå nabolanda! Etter ei spesiell gudsteneste i kyrkja som låg idyllisk til nede ved fjorden med isfjella seglande majestetisk forbi, var det framsyning på ein platting nedanfor muséet. Sola skein frå klår, blå himmel, og med isfjella som bakgrunn, var det ei flott scene! 8-9 par frå Noreg hadde ei fresk framsyning der musikarane kjempa mot myggen. Myggen fekk metta seg med utanlandsk blod den dagen. To dagar var det husflidsutstilling med danseframsyning. Dei lokale folka hadde med sitt spesielle per-

lebroderi og synte fram teknikkar dei bruka i nasjonaldraktene sine. Vi var 6 par og musikarane som fekk ei fin stund på aldersheimen i Ilulissat ein dag. Etter dansen fekk vi kaffi og kaker, og betjeninga song fleire melodiøse songar for oss. Samstundes hadde ordførar/ borgarmeister i byen besøk av 2-3 personar frå kvart av landa. Der vart det overrekt gåver og helsingar frå alle. Ein kveld var det grilling av kvalkjøt, fisk og tilbehør oppe på fjellet eit par kilometer frå byen. Rundt i fjella var det oppmerka stier ein kunne gå, lange og stutte turar i flott natur.Utsikta over fjorden med alle isfjella og ljoset frå midnattsola var betakande. Mange tok båt og segla mellom isfjella eller var oppe i helikopter for å sjå, medan andre gjekk berre turar på land og i byen. Det var fleire nye kjøpesenter, små koselege butikkar og mange kafèar i byen. Mange kom nok heim med eit selskinn eller to i kofferten samt moskusullgarn! Medan vi var i Ilulissat, var det grønlandsmeisterskap i kajakkpadling. Unge og eldre fekk opplæring i bruk av kajakk og deltok i konkurransar. Ute i fjorden padla dei mellom isflaka, sprang med kajakken på ryggen, rulla rundt i vatnet og hadde eit stort program. Dette samla mykje publikum på svaberga nede ved fjorden.

Vi hadde ein fin kveld i den nye idrettshallen der alle landa hadde ein halvtimes danseprogram. Noregs program vakte stor latter og klapping frå publikum. Det var stor oppslutning frå lokalbefolkinga, og stemninga sto i taket då så og seie alle vart drege med på polonese. Stor fart og mange påfunn, mangla berre «trillebårkøyring». Siste kvelden var det stor middag for deltakarane på eit hotell som låg ut mot fjorden. Flott buffèt med mykje god mat og eit triveleg samvere. Tom, primus motor for heile festivalen, vart takka med taler og gåver frå alle landa. Dei grønlandske dansarane har polka/ril som sin nasjonaldans, og karane har ein fenomenal form for hurtig «tramping»/appellar gjennom dei fleste dansane. Mange av oss prøvde å «ape etter», men dette må nok innøvast frå barndommen av. I skarp kontrast står den rolige og melodiøse, fleirstemte songen deira. Mange låg på hotell, men òg på skulen. Vi som overnatta på skule, hadde felles måltider, vi song og dansa og vart godt kjende. Grønlandsturen var heilt fantastisk vil nok dei fleste seia! Takk for turen til alle!

17


Fagseminar

Fagleg påfyll? Fagseminar på Riksscenen i Oslo Me satsar igjen på ny runde med fagseminar til hausten, kom, kom! Det vert barn som hovudtema, innan kategoriane dans, scene, handarbeid og leiing.

9. – 10. nov. 2013

tekst: andreas løken

I regi av Noregs Ungdomslag vert det fagdagar på Riksscenen i Oslo! Her kan du få med deg litt av kvart, anten du treng inspirasjon til idéutvikling, korleis instruere barn innan dans eller teater, eller du vil lære meir om tradisjonelt handarbeide. Gå på eitt kurs eller fire, det er opp til deg, for her kan du sy saman ditt eige program!

Prisar for nu-medlemmar: Kurspakke med fire kurs og billett til dansefest på laurdagskvelden 1000,Enkeltkurs: 350,- per kurs (*Dåpsbarn og reivebarn går over to kursbolkar, og kostar då 700,-) 2 kurs: 600,- 3 kurs: 900,Billettar/meir info? Sjå: www.ungdomslag.no Dansefesten: 150,- per billett.

Laurdag 9. november 10.00-13.00 Kick-off: Frå idé til handling: Inspirasjon til å setje i gang med ein idé. Ein annan dans: Dans i spesialpedagogisk samanheng. Blant dufsesko og bestemorstøvlar: Utviklinga av sko opp gjennom historia, med eit særskilt fokus på bunadssko. Pedagogikk i barneteaterinstruksjon: Korleis arbeide som instruktør for barneteater? 14.00-17.00 Det musiske mennesket: Med utgangspunkt i boka Det musiske mennesket, fortel forfattar og musikkforskar Jon-Roar

18

Bjørkvold om musikk si tyding for mennesket frå fødsel til død. Eit levande musikalsk foredrag!

godt samarbeid? Passar for dei som er leiar i ei gruppe, eit råd eller leiar av ein aktivitet av noko slag.

Hardangersaum: Seminar og praktisk opplæring i korleis du syr Hardangersaum.

Familiedans: Familiedans er dans for alle og på tvers av generasjonar. Teori og praksis retta mot instruktørar i dans.

Etter kursa vil me prøve å få samla alle deltakarane til middag på Riksccenen, før dørene vert opna for dansefesten. Dansefest med Geitungen! I samband med fagseminara i regi av Noregs Ungdomslag gjer Geitungen eit aldri så lite comeback og spelar opp til dans laurdagskvelden! Geitungen er ein klassikar, dei er både unge og gamle på same tid, og spelar slagers frå Rogaland. Geitungen er Vidar Skrede, Olav Christer Rossebø og Håvard Ims fordelt på mange instrument. Klangbiletet er farga i samspel mellom feler, toradar, mandolin, hardingfele, mandola og gitarar. Dei spelar låtar som ein gong var populærmusikken blant utkantrogalendingar. Uttrykket er enkelt, og musikken spenner frå lun masurka, yppande hopsarar, syrlege valsar og energifulle springarar. Her kan ein dansa og hoppa så mykje ein vil! For dei som har kjøpt seminarpakke på fagseminara er dansefesten gratis! Heimeside: www.geitungen.no

Sundag 10. november 10.00-13.00 Korleis vere ein god leiar?: Kva er ditt ansvar som leiar? Korleis delegere? Korleis vere ein god rollemodell? Korleis få til eit

Dåpsbarn og reivebarn, del 1*: Teori og praksis i tradisjonar knytt til dåp og reiving av barn; du får bl.a. prøve deg på metallknipling. Kurset fortset etter lunsj. Korleis rettleie barn som skal fortelje på scenen?: Vi ser på skilnaden mellom monolog og forteljing og korleis ein kan arbeide for at kvar enkelt skal finne sitt uttrykk, og instruktøren si rolle i dette arbeidet. 14.00-17.00 Korleis fortelje ei god historie?: Korleis fortelje ei munnleg historie slik at den fengar tilhøyraren? Kva element bør ei forteljing innehalde? Korleis hugse alt? Teori og praksis. Folkedans i skulen: Forum for deg som ønskjer å undervise elevar i skulen i folkedans og for deg som allereie har erfaring med dette. Eit praktisk seminar med drøfting og erfaringsutveksling undervegs. Dåpsbarn og reivebarn, del 2*: Teori og praksis i tradisjonar knytt til dåp og reiving av barn; du får bl.a. prøve deg på metallknipling. Kurset startar før lunsj. Klovnekurs: Prøv deg som klovn! Grunnleggjande teknikkar og teori om klovning. Me tek atterhald om endringar i programmet.


Fagseminar

foto: magne sandnes, halldis folkedal og andreas løken

Program Laurdag 9. nov

sundag 10. nov

Tid 10 - 13 10 - 13 10 -13 10 -13 13 -14 14 -17 14 -17 10 -13 10 -13 10 -13 10 -13 13 -14 14 - 17 14 - 17 14. - 17

nr. 1 2 3 4 5 6 9 10 11 12 14 15 16

seminarnamn Ein annan dans Blant dufsesko og bestemorstøvlar Kick-off; inspirasjon til å setje i gang med ein idé Pedagogikk i barneteaterinstruksjon Lunsj Det musiske mennesket Hardangersaum Familiedans Dåpsbarn og reiveband, del 1 Korleis vere ein god leiar? Korleis rettleie barn som skal fortelje på scenen? Lunsj Dåpsbarn og reivebarn, del 2 Korleis fortelje ei god historie? Klovnekurs

19


Reisebrev

Spreke senjaværingar sykla Tyskland på tvers Siste veka i juli tok 20 syklistar frå Gisund leikarring sykkelturen ”Wikinger-Friesen-Weg” , som strekkjer seg frå Nordsjøen til Østersjøen i delstaten Schleswig-Holstein i Nord-Tyskland. Turen er om lag 200 km, og kan gjerast lengre eller stuttare i eit eldorado av sykkelvegar i området.

tekst og foto: oddvar v. eriksen

Kulturutveksling Leikarringen har tidlegare hatt besøk av tilskiparane av festivalen ”Folk op Nederwatt”, som finn stad ei helg kvart år. På festivalen utvekslar amatørar musikk og dans. No var det tid for nordmenn å vitje tyskarane, og i vinter har det vore øvd musikk og dans som skulle framførast på Tysklandsturen. Troms Ungdomsfylking, kor leikarringen er medlem, ga støtte til kulturutvekslinga. Innslaget frå Noreg var eitt av høgdepunkta, skal ein tru lokalavisa som skreiv om framsyninga. Leikarringen var sjølv nøgd med innsatsen, etter generalprøven i god sommarvarme. Songdansar, turdansar og rekkjedansar vart avslutta med ”Baspols frå Sifjord”. Den har sitt utspring i ei humoristisk forteljing om korleis dans oppstår, og seinare vert gjenoppdaga, skriven av Helge Stangnes. Polsen vart første gong framsynt på landsstemnet til Noregs Ungdomslag i Tromsø i 1978. Leikarringen dansar han med ujamne mellomrom, mellom anna som innslag då kulturhuset på Finnsnes opna. Basen Torbjørn Myhr og posebåtane Tove Brandser og Janne Dam Kehlet gjorde stor lykke med sitt skodespel då dei dansa polsen, som viser korleis sildefiske på 50-talet fant stad. Den tyske dansegruppa dansa irske dansar, ikkje er ukjend for leikarringen som har

20

vore to gonger i Irland. Elles var det mykje flott musikk, og utveksling av dansar mellom Noreg og Tyskland.

Wikinger-Friesen Weg Landskapet i grensa mot Danmark er flatt og egnar seg godt for sykling. Ulike sykkelruter er inntekna på kartet, og godt oppmerka i vegkryssa kor ”alle vegar fører til Rom”. Etter festivalen tok leikarringen seg fram til St.Peter Ording på vestkysten for å leige syklar og starte turen. Ei lita fortropp hadde vore nede i mars for å sjå på tilhøva, og funne ut at ein kunne velgje og vrake mellom utleigarar. St.Peter Ording er ein ferieby, med lange sandstrender, strandhus som står på pålar av omsyn til tidevatnet, og sjøgrunn kor det er langgrunt. Det var difor fleire hundre meter å vasse for å få vatn over anklane. Så skulle ein symje var det med risiko for å gå på grunn før ein visste ordet av det. Neste stopp var utanom ruta. Då vitja vi garden Hauberg, som er eigd av Westphalfamilien. Angela har lenge vore med i leikarringen som musikar og dansar, og det er broren som no driv garden. At det er skilnad på storleiken på gardar i Noreg og Tyskland kom best fram då heile leikarringen vart innlosjert i det store våningshuset. Svigersøstera til Angela har lært seg norsk og er norsklærar på kveldstid. Elevane hennar vart invitert til å møte vaskeekte nordmenn, som for ei lita stund

måtte leggje om til bokmål, for at elevane skulle kunne prate med oss. Friedrichstadt vart grunnlagt i 1621, og freista tevle med Hamburg om å vere handelsby i området. Som Gibostad tapte mot Tromsø tapte Friedrichstadt mot Hamburg. Større suksess var det med religionsfridomen, som gjorde byen populær for ulike kyrkjesamfunn. I dag er dei ulike kyrkjelydene små. Difor vert dei vitja av eigne prestar til faste tider. Er det bruk for prest i andre tilfeller, som til dømes gravferd, nyttar ein den presten som då er i byen. Slik er det eit godt samarbeid mellom dei ulike trusretningane. Dannewerk er eit gamalt festningsverk mellom Danmark og Tyskland. Det vart bygd i vikingetida av danskane, som ein jordvoll på tvers der den jyske halvøya er på det smalaste. Festningsverket har vore nytta heilt fram til 2. verdskrig. På tur inn til Schleswig vitja leikarringen eit museum som fortalde historia om festningsverket, og korleis det anten har vore nytta av danskane eller tyskarane, alt etter kor grenselina gjekk. I Schleswig traff vi på ”vikingedagar”. Det var ein festival med handverkstradisjonar frå vikingetida, deltakarar i vikingeklede, og venleg kappestrid mellom desse. På fjorden Schlei låg eit lite vikingeskip. Og kva passa då betre enn at frendene frå Noreg dansa ”Ormen Lange” ved skipet,


historia om Olav Tryggvason sitt langskip som skulle ut i viking. Siste etappe gjekk til Kappeln ved Østersjøen. Syklistane delte seg i to grupper. Medan den eine tok heile turen på sykkel fekk den andre ein flott tur utover Schlei før dei avslutta turen på sykkelsetet. Noko uvant var det for senjaværingane å ta omsyn til ei bru midt i byen som var stengt eit kvarter kvar time, ettersom båtane som skulle ut og inn fjorden Schlei måtte passere ho. Det var tydeleg at fjorden var populær med alle båtane som låg i Kappeln, og dei som passerte då brua vart opna for dei.

Hamburg Reisa til og frå Tyskland gjekk via Hamburg. På tur ned var vi heldige å få våre tyske vener som gode omvisarar i den gamle hansabyen. Byen er nest størst i Tyskland med sine 1,8 mill innbyggarar. Det merka ein ikkje så mykje til. Lettare var å sjå at byen er ein av dei 20 største hamnebyene i verda. På hamna lå eit stykkgodsskip frå 50-talet som samstundes var museum og overnatting, og det var livleg med lassing og lossing av skip. Skipstrafikken har og gjort at Hamburg har vorte kjent for sine mange kneiper, og

Reeperbahn. Det som ikkje har vore like kjent er korleis ulike kulturuttrykk har fått god grobotn i området. Popgruppa ”Beatles” starta til dømes si karriere i Hamburg tidleg på 60-talet. Opphaveleg var det 5 medlemmar i bandet, som er heidra med eigen plass forma som ei LP-plate. Mesteparten av byen vart bomba under 2. verdskrig. Eit fredsminnesmerke er St.Nikolai kyrkja kor berre kyrkjetårnet

og litt av veggane i kyrkjeskipet står att. Verre gjekk det med den norske sjømannskyrkja som var bygd opp att etter krigen. Leikarringen var innom ho for å høyre om historia, og korleis ho vart driven. Med seg hadde dei ”Møljepresten”, ei vise om ein matglad prest frå Andenes, og etterpå var det kaffi og vaflar.

21


Framsyning

på Kongsberg

Blå mix & folkedansfeber

30 dansarar hadde ei unik oppleving på scena under Folkedansfestivalen på Kongsberg. Prosjektet "Folkedansfeber" hadde avslutningsframsyning. Framsyninga fekk spontant namnet "Blå mix", og var sett saman av Marianne Dahl og Torill Schinstad som har vore danseinstruktørar i prosjektet. tekst: marianne dahl foto: andreas løken

Musikarar var folkemusikkgruppa Kvarts og Tone Krohn. Krohn er frå Sandefjord og brakte med seg songmateriale frå Vestfold til deltakarne. Det er ingen tvil om at det gjer eit stort løft til et prosjekt av denne typen å få jobbe med profesjonelle musikarar. "Det er kjekkare å danse når barn og unge frå fleire grupper møtest, og det er motiverande og engasjerande å ha eit mål å jobbe mot". Det er nokre av tankane bak prosjektet "Folkedansfeber". Prosjektet vart starta av Noregs Ungdomslag sentralt og rettar seg mot lokallag som ynskjer å få ny inspirasjon i sitt arbeid med dans for barn og unge. Denne gongen var det lag rundt Oslofjorden som vart invitert. Fleire

22

lag var innom prosjektet, men dei som blei med på framsyninga var BUL Kongsberg, Jevnaker leikarring og BUL Sarpsborg. Sidan oktober ifjor har dei arbeidd med generell danseteknikk, rytmeforståing og scenisk presentasjon av folkedansen. Dei ulike gruppene har fått besøk av Marianne og Torill på sine øvingar, og i tillegg har det vore fire sentrale samlingar i prosjektet. Aldersspennet på deltakarane var frå 6 til 23 år, og det har vore ei udelt positiv oppleving at barn og unge i så ulik alder skal fungere saman i eit prosjekt. Det er ein sterk motivasjonsfaktor for dei yngste å få danse med eldre barn, samtidig som det er lærerrikt for dei eldre å erfare korleis ein kan tilpasse eit dansemateriale til ulike aldersgrupper, slik at alle får sine utfor-

dringar. Deltakarane har hatt ei utruleg utvikling frå start til slutt i prosjektet, og det er inga tvil om at opplevinga av å skulle stå på ei scene ga mange eit ekstra løft. Det er ein spanande modell at lokale lag arbeidar saman mot eit felles mål med fagleg støtte frå sentralleddet i organisasjonen. På den måten utviklast nye uttrykk og band knyttast både fagleg og sosialt. Om det blir fleire folkedansfeberprosjekt vil tida vise, men om lokallag synes det høyrest ut som ei spanande utfordring, oppmodar vi om å melde si interesse til Noregs Ungdomslag.


«

Det er kjekkare å danse når barn og unge frå fleire grupper møtest, og det er motiverande og engasjerande å ha eit mål å jobbe mot.

23


Bunad

På tur i Hallingdal og Numedal med

Bunadrådet Andre veka i august var det nok ein gong duka for tur med Bunadrådet. Me drog ikkje så langt denne gongen, men det vart nok å sjå og oppleve uansett!

Det løner seg å vera medlem i Noregs Ungdomslag! Som medlem i Noregs Ungdomslag får 20% på overnatting ved alle Nordic Choice Hotels, dvs. Comfort, Quality og Clarion Hotell. Logg deg inn på:www.nordicchoicehotels.no, i feltet der det står: Velg pris og skriv inn kode: 66457, og du får opp ein pris med 20% prisreduksjon.

tekst: ellen rundeheim

I alt ni deltakarar møtte opp på Hallingdal Museum på Nesbyen der me vart tekne vel imot av konservator Aud Eidal Berg. Ho synte oss fleire godbitar frå museumsmagasinet - luer og liv i hopetal frå Nedre Hallingdal. Me vart nesten stumme - og det seier ikkje lite når bunadfolk er samla... Neste stopp var på systua til Vibeke Hjønnevåg. Me fekk høyre om livet som bunadtilverkar i 2013 og om vegen dit. Dagen etter gjekk turen til Skinnfellmaker´n og Runar Foss Larsen på Gol. Me fekk ikkje berre høyre skinnfellhistorie, men óg sjå på gamle plagg som Runar har samla. Dagens museumsstopp var Hol Bygdamuseum på Hagafoss

24

der Gro Randen fortalde om hovudplagg i Øvre Hallingdal. Siste dagen av turen starta i strålande vér på Dagali Museum med gamle timrahus og gamle klede. Det vart mykje å sjå og høyre her med. Dagali er ei bygd som har fått draktskikken sin grundig dokumentert i akvarellane til Adolph Tidemand og turens siste stopp var nett hos ho som har blese liv i denne delen av draktskikken igjen: Gunhild Aasen på Norefjord syr drakter som er så nære originalane som det går an å koma i 2013. Me planlegg allereie ny tur i 2014: Høyres ikkje Telemark og/eller Setesdal forlokkande ut i så måte?

Kanskje skal du til Oslo? Ta deg ein tur i Det Norske Teatret, her får du som medlem 20% prisreduksjon. Du får 10% på Kaffistova, Heimen husflid og Den Norske Husfliden i Oslo. Du får og rabattar på overnatting ved Ouality Hotel Saga i Tromsø, Best Western Hotell Bondeheimen i Oslo og Best Western Hotell Hordaheimen i Bergen. I tillegg får du sjølvsagt medlemspris på alle kurs og seminar som Noregs Ungdomslag arrangerer. På nett: Digital utgave av Ungdom: www.issuu.com/noregsungdomslagNoregs ungdomslag: www.ungdomslag.no www.facebook.com/noregsungdomslag Festivalar og tilskipingar: www.fokedansfestivalen.no www.teaterfestivalen.no www.sommarleiren.no Mitt blad: Er de fleire i hustanden som mottek Ungdom eller har du flytta? Gje oss beskjed på post@ungdomslag.no eller 24 14 11 10. Tips oss: Er det noko du saknar å lese om i Ungdom, eller har du tips til saker vi kan skrive om. Ta kontakt med andreas@ungdomslag. no Vi trykker også bileter og reportasjar frå lokallaga om vi har plass. Vert det ikkje plass i bladet så legg vi det på nett.


Ungdomshus

Huset i Bygda i Hordaland

Ungdomshuset, grendehuset og andre kulturbygg eigd av frivillige lag og organisasjonar er sjølve fundamentet for store delar av det lokale kulturlivet i Noreg. Takka vere mange lokale eldsjeler vert desse husa fylt med aktivitet som kjem heile lokalsamfunnet til gode.

Her ser du flotte Trudvang i Granvin.

tekst: eli ulvestad foto: nils seland

Husa er uvurderlege som sosiale møtestader for alle generasjonar. I tillegg til at dei rommar lagsaktiviteten, er mange av husa også det einaste forsamlingshuset i bygda, eller fungerer som eit viktig supplement til kommunale kulturhus. Husa blir som regel drivne på dugnad, og huseigarane har frå tid til anna behov for å oppdatere seg m.a. på regelverk og tilskotsordningar for å forvalte huset på ein god måte. Inspirert av Sogn og Fjordane Ungdomslag sitt pilotprosjekt ”Huset i bygda” (sjå www. husetibygda.no) har Hordaland Ungdomslag og Noregs Ungdomslag i samarbeid søkt Hordaland fylkeskommune om midlar til eit større husprosjekt i Hordaland. Gjennom Kulturelt utviklingsprogram for Hordaland har vi fått tildelt kr 600.000 til dette prosjektet, fordelt over 3 år. Dette

gjer at det i løpet av hausten skal tilsetjast ein prosjektleiar i Hordaland i ei 50% stilling for å leie prosjektet.

Kartlegging av husa Eit av måla med prosjektet er å samle data om alle dei organisasjonseigde kulturbygga i Hordaland i ein nettbasert og offentleg tilgjengeleg husdatabase. Ungdomshusa vil vere ein sentral del i databasen, men vi skal også kartlegge kulturbygga som er eigd av andre organisasjonar.

Kompetanseheving lokalt Ein sentral del av prosjektet vil vere å arrangere seminar og lokale husmøter for huseigarane i Hordaland, der målet er auka kompetanse, erfaringsdeling og nettverksbygging. Det vil også kvart år bli arrangert ein større Kulturhuskonferanse, som er tenkt som eit treffpunkt mellom huseigarar, styresmakter og andre støttespelarar.

NU sitt arbeid med ungdomshus Målet til Noregs Ungdomslag er at vi skal klare å etablere liknande prosjekt i andre fylke. Dette krev som regel både eigeninnsats frå fylkeslaga og ikkje minst opne og tilgjengelege tilskotsordningar hjå fylkeskommunen. Noregs Ungdomslag tilset i desse dagar ei eiga prosjektstilling på NU-kontoret, som mellom anna skal kartlegge ungdomshusa i dei andre fylka i landet. Prosjektet varer i eitt år, og målet er at vi allereie på nyåret skal ha ein komplett database over alle ungdomshusa som er tilknytt NU. Dette vil gje oss betre utgangspunkt for å arbeide med dei lokale ungdomshusa – både internt i organisasjonen, men også i det interessepolitiske arbeidet vi gjer overfor styresmakter og ulike samarbeidspartar.

25


Kulturpolitikk

Meir eller mindre kultur med dei borgarlege? tekst: endre kleiveland

Måndag 9. september fekk Noreg borgarleg fleirtal på Stortinget, og etter alt å døme ny regjering. Kva har dette å seie for kulturpolitikken og for vårt arbeid i NU?

I kulturpolitikken er det viktig å skilje mellom frivillig kulturliv og det institusjonaliserte kulturlivet. Dei sistnemnte har fått gode utviklingsmoglegheiter gjennom dei raudgrøne sine kulturløft, med store summar til dei store scenene, dei store husa og dei store orkestra. Det frivillige kulturlivet har sett lite til kulturløftet. Kulturminister Hadia Tajik har kalla momskompensasjonsordninga for eit løft for frivilligheita. Det er nok riktig, men kun 7,6% av potten har gått til ytringskultur, den delen me fell inn under. Resten har stort sett gått til idretten og humanitære organisasjonar.

kritiserte venstresida for å byggje store, flotte kulturbygg, men gløymde å tenkje på innhaldet. Det forpliktar når dei no sit med makta.

Kulturløftet 3 I arbeidet med Kulturløftet 3 som dei raudgrøne lanserte rett før valet, tok dei innover seg kritikken i Kulturutgreiinga, der Anne Enger kritiserte regjeringa for å satse for lite på den kulturelle grunnmuren. I Kulturløftet 3 kom det då også eit konkret punkt om den kulturelle grunnmuren. I tillegg skal folkemusikk og folkedans styrkast, og nynorsk og bokmål skal sidestillast. Budsjettlekkasjane til Statsbudsjettet 2014 viser også at folkemusikk og folkedans allereie har fått ein god start. Ole Bull akademiet har fått 1,1 millionar kroner til hardingfeleutdanning, og Kalottspel og Stiftinga Hilmar Aleksandersen har fått 800 000 kroner kvar til senter for folkemusikk og folkedans. Spørsmålet er om desse pengane lever utrygt ved regjeringsskifte. Det trur eg ikkje. Og blir Kulturløftet 3 lagd i ei skuff, no når endeleg me har fått ein heiderleg plass i prioriteringa? Ja, det trur eg. Men berre sjølve dokumentet. Mykje av innhaldet vil nok bli gjennomført. Høgresida har vore høgt på bana i kritikken av dei raudgrøne si lokalsatsing. Dei

26

Ungdomshus og moms La oss sjå på nokre konkrete saker. Når det gjeld frivillig eigde kulturhus er det dei borgarlege som går lengst i å betre rammevilkåra for slike hus. Spesielt er det momskompensasjon som er hovudverkemiddelet. Venstre seier i sitt program at dei vil auke potten for momskompensasjon slik at dei dekker reelle kostnader. Frp seier fullt fritak for moms. Krf er lite konkrete i sitt program, og seier at ein generell styrke er viktig, og då spesielt på tilhøva rundt øvingsrom. Høgre som er det største partiet, nøyer seg med å betre momskompensasjonsordninga. Når ein ser alle partia samla, er det grunn for optimisme. Det er i alle fall all grunn til å minne dei på sitt eige program. Ei anna sak som har vore oppe i valkampen er skattefrådrag for gåver til frivillige lag og organisasjonar. Eg er usikker på korleis dette vil slå ut. Vil det vere ein fordel for nokre typar frivillige organisasjonar? I dag er det tradisjonelt humanitære organisasjonar som har utbreitt privat gåveinnsamling. Det er skattefritak på noko av dette i dag, og dei fleste borgarlege vil auke denne grensa. Høgre vil også at det skal bli skattefrådrag for gåver til lokale lag også. Tanken er god, men eg trur ordninga treff tilfeldig og ikkje vil vere eit løft for feltet. Vår del av kulturfeltet som ikkje har tradisjon for gåveinnsamling vil ikkje nytte godt av dette uansett. Kronerulling lokalt i forhold til store løft i laget, er nok meir verknadsfullt. Å seie at dette er eit grep for betre ram-

mevilkår for frivillig kulturliv, synest eg er å ta for hardt i. Det er derimot eit godt grep for at humanitære organisasjonar skal få meir inntekter, noko som sjølvsagt er udelt positivt.

Rot med nøklane Tidlegare Kulturminister Anniken Huidtfelt romsterte svært med tippenøkkelen den tida ho var Kulturminister. Ho gav idretten ein større prosentdel av kaka. Samstundes utropte ho kulturfeltet som den store vinnaren. Det hang ikkje på greip då, og det gjer det framleis ikkje. Utfordringa er likevel kanskje ikkje storleiken på potten, men heller korleis frivillige lag skal nå inn til potten. Det er i dag slik at tippemidlane er ei stønadsdsordning forvalta av fylkeskommunen. Kommunen sender inn prioriterte lister over kven som bør få stønad. Dette ligg til grunn for handsaminga. Frivillige lag med kulturhus er i same ordninga som offentlege kulturhus. Dette i kombinasjon med kommunen sine eigne prioriteringar, gjer at våre hus kjem stort sett langt ned i bunken. Dette er ei stor og reell utfordring som ingen av partia ynskjer å gjere noko med. Frp er dei som går lengst, og seier at den systematiske forskjellshandsaminga mellom idretten og kulturen må ta slutt. Underforstått at det bør vere like pottar, og ikkje slik som no der idretten tek to tredjedelar av kaka. Det løyser ikkje prioriteringskøen, men større pott gjer sjølvsagt at fleire får.

Skremselspropaganda Frivillige organisasjonar kjem betre ut i dei borgarlege sine program, enn hjå dei raudgrøne. Kvifor det er slik er nok samansett, men ideologiske ulikheiter ligg i bunn. Dei borgarlege trur på det individu-


Nye personar skal avgjere dei store linjene i kulturpolitikken.

elle, frie og sjølvstendige. Det gjev større fleksibilitet i familiepolitikken, meir fritid for born og unge, og meir vektlegging på frivilligheit. Dei raudgrøne brukar kulturaktivitet til å utjamne ulikheiter. Til dømes kulturskule inn i SFO og heildagsskule. Dette gjer at mange fleire får like moglegheiter. Samstundes kan det tidsmessig ta noko av det handlingsrommet frivillige organisasjonar har hatt til no. Men korleis kan eg vere optimist når Frp er i forhandlingsposisjon? Det partiet som er garantist for dårlegare levekår for kulturarbeidarane. Jo, isolert sett er Frp på høgde med dei andre partia i frivillige kulturspørsmål. Det er bra for oss. Så er det andre delar av kulturpolitikken, der Frp er langt unna dei andre partia, og som vil slå svært uheldig ut for oss. Dei vil blant anna at kunstnarane skal vere sjølvbergande utan offentleg stønad. Dei vil legge ned Norsk Kulturråd. Slikt vil vere dramatisk for kulturfeltet, også for oss. Viss færre lever av folkemusikk, blir det færre og dårlegare konsertar i ungdomshusa. Viss det er få skodespelarar, vært det smått med fagleg påfyll i teatergruppene. Og utan eit

Kulturråd som på mange måtar er garantist for kvalitet, vert det færre gode utviklingsprosjekt i regi av Noregs Ungdomslag. Når det gjeld Norsk Kulturråd må det seiast at dei raudgrøne har overført mange oppgåver til kulturrådet. Det gjer at færre personar har meir makt. Berre Frp vil legge dei ned. Resten av dei borgarlege vil redusere oppgåvene og dermed innflytelsen.

Kulturministeren Det er ein siste del som også er avgjerande for framtidig kulturpolitikk, og forståinga av kvart enkelt parti sitt kulturengasjement. Og det er kva parti som sit med Kulturministeren. Partia kan vere moderate og ekstreme i sine partiprogram, men kor mykje betyr eigentleg kulturpolitikk for Frp, når dei samstundes skal forhandle om samferdsel, innvandringspolitikk og skatteletter? Og kor mykje betyr det for Krf, i kampen om familiepolitikk og fattigdom? Eg dristar meg til å meine at Venstre og Høgre har størst interesse av Kulturministerposten. Og då kanskje særleg Høgre. Venstre er eit lite parti som også er engasjert i klima og næringsutvikling. Kulturpolitisk talsperson i Høgre, Olemic

Thommessen er den store favoritten. Kritikarane meiner han er for lite karismatisk, men Erna Solberg har varsla at ho ser etter erfarne politikarar i statsrådsstolane. Thommessen kjenner feltet vårt og NU svært godt, noko som skrur forventningane opp i høve forståing for våre utfordringar. Erna Solberg har også sagt at det er for mange statsrådspostar, og at ho vil vurdere å kutte. Då er det godt mogleg at Kulturdepartementet blir slått saman med eit anna departement. Blir det kyrkje, er Krf på bana igjen med ein gong, og blir det utdanning er plutseleg heile gjengen interessert. Dette er skrive kort tid etter valet. Når du les dette er kanskje regjeringskabalen allereie klar. Spanande tider er det i alle fall. Nye personar skal avgjere dei store linjene i kulturpolitikken, som igjen gjev store utslag for vårt felt. NU kjem i alle fall til å arbeide hardt for gjennomslag for våre saker, for at lokallaga våre, og fagfelta våre skal ha best mogleg rammevilkår.

27


Nytt frå

Med 1 million på rett kurs Studieforbunda i Noreg skal i fellesskap arbeide for at det blir 1 million deltakarar på kurs innan 2017. I dag er deltakinga på rundt 500.000 personar. Studieforbundet kultur og tradisjon og medlemsorganisasjonane i Studieforbundet må ta sin del av dette nasjonale målet. Skal vi lukkast må vi auke med 40 241 fleire deltakarar i perioden. Noregs Ungdomslag sin del av dette, er 6.139. Dette er eit ”hårete mål” – og er det i det heile realistisk å doble antal kursdeltakarar? Uansett må det til eit krafttak. Tala på deltakarar på kurs i NU har dei siste 10 åra gått tilbake med bortimot 3000. Kvifor skal vi doble talet kursdeltakarar ? Har vi det ikkje bra nok som vi har det? Kursa, opplæringa, folkeopplysinga, lokalmiljøutvikling og nettverksbygging er viktige aktivitetar for NU . Trenden er at tala på deltakarar på kurs fell raskare enn mengda kurstimar i same periode. Dette gjev NU færre deltakarar totalt – men dei som deltek i lagsarbeidet går på fleire eller lengre kurs. Det er slik at vi i frivillige organisasjonar arbeidar med folk og deltaking er vår suksess. Å få med fleire på kurs og opplæring er det beste argumentet for at det vi driv med er verdt å satse på for storsamfunnet også i framtida. Korleis skal vi klare det? I dag det i snitt rundt 9,5 deltakarar på kvart kurs som NU arrangerer. For 10 år sida var det 10,5 på kvart kurs. Det er difor ikkje så mange fleire som skal til for at vi når målet. Får NU med to til på kvart kurs så er dykk på veg . Sjølvsagt er det slik at det også bidreg positivt med fleire kurs, eller at fleire fullfører kursa, dvs møter meir en 75% av kurstida. Det er nemlig slik at berre dei som deltek 75 % av kurstida reknast som deltakarar på kurset.

Studieforbundet kultur og tradisjon har vedteke å setje opp ein premie på 10.000.kroner til det laget som har størst vekst i tal kursdeltakarar frå 2012 til 2013. Kjem dette laget frå Noregs Ungdomslag?

Studieforbundet kultur og tradisjon Vågå Næringshage, 2680 Vågå post@folkekultur.no, t: 61 21 77 50 28


Kulturminner

Faneprosjektet blir snart bok Gjennom dei siste 15 åra er det gjort eit stort arbeid med å dokumentere og fotografere dei mange fanene som har tilhøyrt den frilynde ungdomsrørsla. Dei aller fleste laga i Noregs Ungdomslag har sendt inn opplysningar og foto om si lagsfane, og no blir det bok av det innsamla materialet. tekst: eli ulvestad

Asbjørn Thomassen har gjennom alle desse åra lagt ned eit enormt arbeid på dugnad for å samle inn registreringsskjema og foto av dei ulike fanene, med sikte på å gje ut dette i ei praktbok. Asbjørn har parallelt med innsamlingsarbeidet skrive manus til boka, med forteljingar om ulike fanemotiv og historier bak. Planen er å sluttføre manuset i god tid før jul, slik at arbeidet med å formgje og klargjere stoffet for trykking kan ta til. Det er i dag registrert 548 objekt. Av desse er det 67 som enno ikkje er fotografert. Dette vil vi svært gjerne ha i orden før manuset blir sendt i trykken, og vi gjengir difor lista over desse objekta her på sida. Vi ønskjer å kome i kontakt med fotokunnige folk lokalt som kan ta på seg å fotografere desse fanene. Fotografiet må vere i god kvalitet for trykking. Mykje av fotograferingsarbeidet er gjort på dugnad, men vi har også noko midlar til å honorere for dette arbeidet. Vi set stor pris på hjelp frå einskildmedlemmer og lag for å få fotografert dei resterande objekta. Nokre av laga som har eigd fanene er no nedlagt, men fanene eksisterer likevel ”på bygda.” Ta gjerne kontakt med NU-kontoret om du kjenner til nokon som kan hjelpe oss med foto av desse fanene.

Her ser du fana til UL Henrik Wergelands minne.

Liste over objekt som ikkje er fotografert, sortert etter den gamle fylkeslagsinndelinga: Troms UL Prøven (gamal og ny fane) Nordland Plurdalen ungdomsklubb UL Skogholt Ylvingen Inn-Trøndelag Kvam UL Sør-Trøndelag Lurveleggen Barnelag, Stadsbygd Ungdomslag Nordmøre UL Eika Straumsnes Ungdomslag UL Breidablikk UL Ottar Birting Sunnmøre Vatne UL UL Samhald, Tenfjord Firda Olden Ungdomslag Oppstryn Ungdomslag Stryn Ungdomslag (gamal og ny fane) Sunnfjord Myklebust Ungdomslag Framhug UL, Hellevik Dale UL Bygstad UL (gamal og ny)

Hordaland UL Nybrot, Vågseidet Selsvikvimpelen Hardanger Odda Ungdomslag Rosendal Ungdomslag Omvikdalen Ungdomslag Rogaland BUL Stavanger (gamal fane) Tunheim UL UL Skjoldafjord Vest-Agder UL Lyngdølen Telemark Telemark Ungdomslag Nes nasjonale dansarring Bø UL UL Åsmund Vinje Ringerike Ringerike folkedansgruppe Høgdaringen Åssiden Leikarring Ytre Krødsherad UL BUL Drammen/leikarringen Noreg Valdres Melleheim UL (gammal fane) Fjellblom UL

Gudbrandsdal Gudbdandsdal UL Tretten UL UL Fedraheimen Fåvang (gamal og ny fane) UL Verdandi, Lesja UL Ottar Birting Oppland Gjøvik folkedanslag Vestavind barne- og ungdomslag, Hov Vestre Toten leikarring Jevnaker leikarring barnegrupper Langsgarda UL, Hov Varden UL Flendølen Magnor UL (gamal og ny) UL Skogbygdingen Hedmark Rondane UL Engerdalsringen Bygdelagssamskipnaden Sunnfjordlaget Nordmørslaget Sogn og Fjordane-ringen Hardinglaget Akershus Leikarringen Rakne

29


Høstens show er «Christine Hope roer seg kraftig ned» og «Jakten på ærligheten» med Anne Kat Hærland.

895

Dansefestival

BORNHOLM 6. - 9. juni 2014

• Nordisk festival for Folkedans • Dans og samvær • Bornholm – kontrastenes øy

For annonse i Ungdom. ta kontakt med Jorunn tlf. 51 31 57 00 e-post: jorunn@hrme.no

Dette blir en flott festival

30

Tel.: +45 5695 8566 www.folkedans-bornholm.dk


Nynorsk pressekontor leverer desse tenestene: Nyheiter og notisar med bilete • Featuresaker med bilete • Intervju med bilete • Nyheiter for nettaviser • Temasaker med bilete • Nynorske kryssord • Språkkurs og språktenester • Aktualitetstenester til NDLA (Norsk digital læringsarena)

Nynorsk pressekontor, boks 6817 St. Olavs plass, 0130 Oslo. Besøksadresse: Akersgata 55 (inngang Apotekergata). Telefon: 22 03 44 00 epost: npk@npk.no

Vi har forsikringsløsningene for Noregs Ungdomslag Som medlem av Norske kulturbygg kan alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag benytte de gunstige forsikringsløsningene som Knif Trygghet Forsikring AS tilbyr. Det gjelder også for de ansatte. Vi tilbyr spesialtilpassede forsikringer for bl.a. klubbhus, grendehus og kulturhus tilhørende Noregs Ungdomslag. Som ansatt i Noregs Ungdomslag kan du benytte deg av alle våre forsikringsløsninger. Ønsker du rådgivning, forslag til forsikringsløsning eller mer informasjon om våre forsikringsprodukter, ta kontakt med oss på telefon 23 68 39 00 eller e-post: post@kniftrygghet.no

Besøk oss på: kniftrygghet.no Farger / Alle farger i Pantone Color Bridge / Coated Euro

PMS Warm Gray 5

PMS 377

PMS 447

31


Returadresse: Ungdom, postboks 414 Sentrum, 0103 Oslo

Frå arkivet:

Leiar, september 1953

Noregs Ungdomslag • post@ungdomslag.no • Telefon: 24 14 11 10 • www.ungdomslag.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.