UNGDOM MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 1/2019
103 .Å
R
GA
NG
tur
kul l a k o l e Levand Barnestemne • Jakta på talarstolane • Sommarleiren Ungt leiarskap • NU-helga 2019 • Huset i bygda
Mette Vårdal Leiar i Noregs Ungdomslag
Redaktør: Inger Johanne Ruset Ansvarleg redaktør: Kai Roger Vatne Opplag: 4450 Bladbunad, trykk og annonsebyrå: Flisa Trykkeri AS Framsidefoto: Folkepedia-innspeling i Oslo. Foto: Halldis Folkedal Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo Telefon: 24 14 11 10 E-post: post@ungdomslag.no Generalsekretær: Kai Roger Vatne Tlf. 24 14 11 10, kai.roger@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Inger Johanne Ruset, Tlf.: 24 14 11 13 inger.johanne@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Rita Sirirud Vatnehol Tlf: 24 14 11 13, rita@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Solveig Brekke Hauknes Tlf.: 24 14 11 14, solveig@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad, Tlf.: 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no Kontonummer: 8101 07 00027 Organisasjonsnummer: 939 550 550 www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag instagram.com/ungdomslag Stoffrist neste Ungdom: 2. mai
2 UNGDOM 01/2019
OM Å GJE SLEPP
E
g har vore leiar i NU i tre år. I dei åra har eg møtt mange lag som gløder av iver, engasjement, aktivitet og nye idear. Og eg har møtt fleire lag som slit med rekruttering, der medlemmane blir eldre og eldre og der aktiviteten blir mindre og repeterer same mønster opp igjen. Sanninga om tilstanden i Noregs Ungdomslag er verken strålande eller elendig. Tilstanden er varierande. Nokon har funne suksessformelen, får nye deltakarar og skaper ny, inkluderande og levande lokalkultur. Andre ser ikkje vegen vidare. Felles for dei som har lukkast er viljen til å opne for nye tankar og idear, gje ansvar vidare og sjå at laget og aktiviteten endrar seg. Og for mange av dei som slit er det motsett, dei ønskjer rekruttering, men målet med rekrutteringa er ikkje utvikling, men draumen om ei betre fortid. Ungdommar og nye medlemmer kjem ikkje med gamle idear, dei kjem med nye. Det er ikkje først og fremst rekruttering som er vanskeleg, men generasjonsskifte og å gje slipp på det ein har hatt. Og det har eg stor forståing for.
NU har vore viktig for meg som barn og ungdom. Det forma meg og engasjementet mitt, eg har lært mykje og er utruleg takksam for alt eg har fått gjere i laget. Dei tre åra som leiar har vore både krevjande og gjevande. Det er vanskeleg å takke for seg som leiar av to årsaker. Det eine er ganske enkelt: det er utruleg gøy. Det andre er meir komplisert: eg skulle gjerne vere med å forme NU vidare. Eg har framleis idear og ønskjer og planar for organisasjonen. Tenk om det kjem nokon som tenker annleis enn meg? Og det gjer det jo. Heldigvis. Det kan vere krevjande å gje slipp og sjå at det som har vore ein stor del av livet skal ta nye vegar, utan at ein sjølv er med. Men da er det viktig å hugse på dei som gav oppgåver og engasjementet vidare før oss. Det var dei som ga meg rom for å utvikle mitt engasjement for NU som eg har mest å takke for alt eg har lært. Om eg kan gje andre den same moglegheita som eg fekk, så er det slik både menneskjer og NU veks og utviklar seg.
SAMLING
SAMLING OM FORSAMLINGSFRIDOM I midten av februar var FNs spesialrapportør for forsamlingsfridom og organisasjonsrett, Clément Nyaletsossi Voule, på besøk i Noreg, og mellom dei han ønskte å møte var Noregs Ungdomslag.
Etter å ha talt på toppleiarkonferansen til Frivilligheit Noreg møtte Clément eit lite utval organisasjonar for å høyre og lære om stoda her til lands når det gjeld forsamlingsfridom og organisasjonsrett. Dei deltakande organisasjonane var LNU – Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar, Redd Barna, Raudekrossen i Noreg, Norsk Folkehjelp, Kyrkjas Naudhjelp, Human-Etisk Forbund, Amnesty Noreg, Pan-African Women’s Association i Noreg og Noregs Ungdomslag. Det var eit kort møte på berre eit par timar der Clément fekk innleie før alle organisasjonane fekk presentere seg for spesialrapportøren. Til slutt vart det eit stutt ordskifte. Her kan de lese kva NU sin representant, Torbjørn Bergwitz Lauen, hadde å seie til spesialrapportøren: «The Norwegian Youth Association is perhaps the most unknown organisation for you here, so I’ll give a deeper introduction than the others will need. The first youth associations were founded in the 1860s, and were based on the ideas of free thought, tolerance and open mindedness. Or as we say in Norwegian, frilynde. Their mission was to teach people how to express their own opinions through oral discussions and through writing, and to participate in the public sphere. They also preached radical ideas such as universal suffrage, equality between genders, democracy, and Norwegian independence from Sweden. Ideas that were so radical in their time that they caused conflict with society around them, and made it difficult for the
youth associations to find places where they could gather legally. In response to this, they started building their own youth houses, ungdomshus, all over the country, from the very south to the very north. Peaking at over a 1000 houses, mostly in rural areas, these houses were important arenas for free discussions, and where people could gather without prejudice and bias. Up till today the youth associations and their youth houses have been important localities for civil society. In the 1870s they were important arenas where women were included on the same terms as men, in the 1970s they were important for gays and lesbians, and today they are important for new marginalised groups such as immigrants and refugees.
INNHALD 4 Bli med på barnestemne i 2019 5 Den største Folkepedia produksjonen hittil 6 Velkommen til Skogn! 8 Kjære lesar og leirdeltakar 10 Notisar 11 Send inn din nominasjon 14 Bedehus-fotograf jaktar talarstolar 16 NU sitt høyringsvar til kulturmeldinga «kulturens kraft» 18 Huset i bygda 20 Bunad på UNESCO 21 Norskdomslaget i Porsgrunn si historie har kome i bokform 21 Lansering av nytt verk: Samværsdansen i Christiania på 1800-talet 24 Velkomen til NU-helg
Both in the earliest years, and today, the youth associations are an organisation for people of all ages who wish to work together. In short, an organisation not only the youth, but the youthful. The radical ideas the youth associations fought for in the 1800s are today, luckily, mostly part of modern society. Our goal has therefor shifted from popular education to creating room for free expressions and passion. Our youth associations do everything from folk dance and amateur theatre to ice fishing, cinemas, yoga, environmental protection, hip hop etc. etc. To summarise: If you have an idea you wish to materialise, or an activity you wish to participate in, our goal is to provide you with a place to be, and the freedom to do it.»
FNs spesialrapportør Clément Voule under toppleiarkonferansen til Frivillighet Norge i februar. Foto: Frivillighet Norge/Birgitte Heneide.
3 UNGDOM 01/2019
BARNESTEMNE
BLI MED PÅ BARNESTEMNE I 2019 I 2019 vert det arrangert fire barnestemner rundt om i landet. Er du ung nok kan du ta turen til Bodø, Fjærland, Oslo eller Vatne. Barnestemna er nokre av dei viktigaste arenaane der dei unge får møte andre i same aldersgruppe med like interesser som ein sjølv. Barnestemna er eit kjekt mål å jobbe fram mot i løpet av året, som gir ein motivasjon for å fortsetje med aktiviteten i eitt eller mange år til. FOTO: THOR HAUKNES
Barnestemna er ofte organisert slik at dei går over ei helg eller ein dag der born og ungdom frå eit eller fleire fylke møtes. På eit stemne kan det vere kurs i ulike aktivitetar som til dømes dans, handverk, musikk, friluftsliv, fotball eller matlaging. I tillegg er det fest på kvelden der alle dansar, leikar og har det kjekt i lag. Nokre stemner har også konsertar eller utflukter. Det som ofte er høgdepunktet med stemne er at alle deltakarane overnattar i lag på sovesal. Og når ein vert for gamal til å reise på barnestemne er det sjølvsagt NU sin Sommarleir som gjeld (som i år arrangerast på Skogn Folkehøgskule 2.-7.juli)
4 UNGDOM 01/2019
HER KAN DU VERE MED PÅ BARNESTEMNE I 2019: NORDLAND 26.-28.april kan du vere med på årets fyrste barnestemne som finn stad i Bodø. Dette stemnet er for alle born og ungdom i Nordland, Troms og Finnmark. Arrangøren BUL Bodø lokkar med Noregs beste barneleikfest. I tillegg er det kurs på dagtid, felles overnatting på skule og mykje kjekke sosiale aktivitetar som parkour, idrett, karstykker, songleikar med meir. Meir informasjon: Nettstad: www.facebook.com/Erlingbu E-post: siri_bodoe@hotmail.com Telefon: 917 55 598
HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE 14.-16.juni er det stemne i Fjærland. Dette stemnet er for alle born og ungdom frå Hordaland og Sogn og Fjordane fylke som driv med teater, dans, spel eller ein anna aktivitet. På stemnet vert det aktivitetar som stemnetog, disko, uteaktivitetar, kiosk, underhaldning, leik og moro. Meir informasjon: Nettstad: www.soful.no/barnestemne-ifjaerland-14-16-juni E-post: fjaerlandul@outlook.com Telefon: 913 96 244
BARNESTEMNE
OSLO
MØRE OG ROMSDAL
21.-23.juni kjem det eit heilt nytt stemne til Oslo som har fått namnet Småleik. Stemnet er for born og unge i alderen 6-18 år som likar folkemusikk og folkedans. Stemnet er nasjonalt og dermed ope for alle frå heile landet. Det blir mange ulike kurs med flinke instruktørar, framsyningar og konsertar, aktivitetar på Norsk Folkemuseum på Bygdøy og mykje anna moro. Dette stemnet er ein del av eit 100-årsjubileum og eit samarbeidsprosjekt mellom mange lag i Oslo og Akershus.
6.-8.september arrangerer Vatne Frilynde Ungdomslag og Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag barnestemne på Vatne i Møre og Romsdal. Stemnet har ei hovudvekt på danseaktivitet men kursa er varierte med alt frå sløyd, hip hop, riding og mykje anna moro. I løpet av helga har ein oppvisning i sentrum og på institusjonar, det vert stemnetog, diskotek og øving på samdansprogrammet. Det er flest deltakarar frå Sunnmøre, men alle frå Møre og Romsdal kan vere med.
Meir informasjon: Nettstad: www.småleik.no E-post: micbrenna@gmail.com Telefon: 977 49 798
Meir informasjon: Nettstad: www.facebook.com/sunnmore. ungdomslag.no E-post: marianne_fivelstad@hotmail.com Telefon: 416 89 525
Foto: Halldis Folkedal
BARNLEK - NORDISK BARNESTEMNE I 2020 I SVERIGE Dersom du har lyst på noko endå større å sjå fram til kan du setje av 15.-19. juli 2020 i kalenderen. Då vert det eit stort nordisk barnestemne i Mölnlycke i Sverige. Stemnet heiter BARNLEK og hit kjem det born og unge frå heile Norden. Dette stemnet liknar på dei norske barnestemna berre at dei er endå større. BARNLEK vert berre arrangert kvart tredje år og dei nordiske landa byter på å vera arrangør. I 2023 skal BARNLEK vera i Finland og i 2026 i Noreg. Meir informasjon: Nettstad: https://barnlek2020.se E-post: styrgrupp@barnlek2020.se
Foto: Halldis Folkedal
DEN største FOLKEPEDIAPRODUKSJONEN HITTIL I samband med forprosjektet til Småleik, det nye barnestemnet i Oslo, vart det i februar spelt inn endå fleire filmar til Folkepedia. Kring 50 aktørar var samla for å lage filmar med lokal musikk og dans frå Oslo og Akershus som skal nyttast som repertoar til barnestemnet. Lokasjonane for innspelinga var varierte der me
filma både på Operaen, på ein T-banestasjon, inne på ei konsertscene (med røykmaskin!), framom graffitiveggar, på ein stilig gard og inne i sjølvaste Rådhushallen. Det som var ekstra stas med denne innspelinga var at me fekk klokkespelaren i Rådhuset til å spele to lokale springdansar til dans. I tillegg var det ikkje
berre dansarar som var med, men også fleire spelemannslag og songarar. Så det er berre å glede seg til april, for då vert filmane publisert på www.folkepedia.no. Det er også mogleg å få med seg premiera 7. april på LilleRiksen på Riksscenen i Oslo.
5 UNGDOM 01/2019
SOMMARLEIREN
Velkommen TIL SKOGN! Sommarleiren 2019 finn stad på Skogn Folkehøgskule i Trøndelag frå tysdag 2. til sundag 7. juli. I nesten ei veke vil ungdom mellom 13 og 25 år kose seg med sommar, sol og kjekke aktivitetar! TEKST: RITA SIRIRUD VATNEHOL
Dette er første gong leiren gjestar Skogn FHS, men det er ikkje sikkert det blir den siste. Vi tek med oss godvéret og godstemninga frå leiren på Solbakken i fjor, og satsar på nok ein leir med stor suksess. Mykje er likt som tidlegare, men årets leir vil også by på nye ting. Ein av dei er at Målungdommen blir med og skipar til leir. Det trur vi vil bli veldig kjekt fordi det då er endå fleire ungdommar å bli kjent med. Det kan også hende at det kjem ein gjeng utanfrå Noreg, men der må vi halde ting litt hemmeleg enda. Uansett, det blir mykje å sjå fram til.
sjø. Dette er nok grunnen til at noko av tilbodet til skulen er innan jakt, friluftsliv og idrett. Skulen seier at dei tilbyr magiske opplevingar gjennom oppleving saman med andre, og det er nettopp det vi trur at skal skje på leiren også.
MAGISKE OPPLEVINGAR
KURSA I ÅR
Skogn folkehøgskule er ein nesten 120 år gamal frilynt skule som ligg i Levanger kommune i Trøndelag, ein dryg time nord for Trondheim. Skulen ligg idyllisk til midt mellom vakre gardar i nærleiken av både fjell og fjord, og uansett kor ein ser, vil ein sjå jorde og enger som grensar til skog og
Sidan skulen har eit så breitt tilbod på friluftsliv, kan vi ikkje lat vere å tilby forskjellige friluftskurs på årets leir. Kurs i friluftsliv blei tatt godt imot på leiren i 2018, og vi ønskjer derfor å gjenta suksessen. For deg som er interessert i andre kurs, kan vi fortelje at det blir langkurs i både folkemusikkspel,
6 UNGDOM 01/2019
Nærmaste nabo til Skogn FHS er ingen ringare enn Skogn Ungdomslag. Leirutvalet og kontoret blei riktig så begeistra då vi fann ut at nærmaste lokallag er eitt av våre eigne lokallag, og det kan godt hende vi tek ein tur til ungdomshuset deira i løpet av leiren.
folkedans og ikkje minst teater. Det er dyktige, trivelege og engasjerte instruktørar som er lærarar på kursa, og dei lovar alle saman at du skal ha det kjempekjekt medan du lærar nye ting. Før lønsj er du på langkurs, og etter lønsj kan du delta på eit nytt valfag for kvar dag. Her kan du velje heilt sjølv kva du vil fylle dagane dine med. Nokre vil kanskje drive med spel eller teater heile leiren, meda andre har lyst til å prøve litt forskjellig. Her har du moglegheit til både fordjuping eller å gjere noko nytt og annleis. Sjekk ut kursoversikta og meld deg på dei kursa du synst ser kjekkast ut.
SOSIALT PÅ LEIR Sommarleirutvalet planlegg og gjennomfører fleire sosiale aktivitetar på innkomstdagen og kveldane når det ikkje er kurs. Vi kan ikkje fortelje nøyaktig kva dei planlegg for årets leir, men nokre kjente aktivitetar, slik
SOMMARLEIREN
som improkappleik og hekleløp blir det nok. Også i år blir det utflukt under leiren. Denne blir laurdag 6. juli, den siste heile leirdagen. Nøyaktig kor utflukta går til vil vi ikkje røpe så tidleg som no, men følg med på nettsidene våre og på Facebooksida, så vil det kome meir informasjon etter kvart. I år har vi også valt å utvide innhaldet på leiren litt, ved å invitere til tidlegare innkomst 2. juli og seinare avreise 7. juli. Nokre timar desse dagane vil bli fylt med aktivitetar og interessant innhald, slik at du skal få oppleve ein skikkeleg start og ei god avrunding på leiren. Det aller viktigaste som skjer på leir, same kva interesser du har eller kor du kjem ifrå, er at du skaper nye vennskap med kjekk ungdom frå heile Noreg. Har du vore på leir før er du heilt sikkert glad for å sjå att vennar du ikkje har sett på eitt år, og viss du er førstegongsfarande, så kan vi garantere at du vil finne deg til rette og raskt bli kjent med nye fjes du også. Skulle du vere av den litt sjenerte typen, så går det heilt fint. Vi har både eit leirutval og ei gruppe potetar som ser til at alle på leiren trivst og har det godt.
MÅLUNGDOMMEN For første gong samarbeider Noregs Ungdomslag med Norsk Målungdom (Målungdommen) om å skipa til leir. Målungdommen kjem til å ha sitt langkurs slik dei pleier å ha det samstundes med våre langkurs. Etter lunsj vil NU-ungdom og Målungdom vere saman på dei ulike valfaga, og på kvelden skjer alle sosiale aktivitetar i lag. Vi er sjølvsagt spente på å lære meir om kva Målungdommen er interesserte i, akkurat slik som dei gler seg til å sjå kva ungdommen i Noregs Ungdomslag driv med. Å ha leiren som felles møtestad passar derfor perfekt.
BLI MED PÅ LEIR! For å vere deltakar på leir må du vere mellom 13 og 25 år. Når du har fått bestemt deg for kva kurs du vil gå på, så melder du deg på. Det kan godt vere at lokallaget eller fylkeslaget ditt vil betale litt av påmeldinga di, så viss du er lur, tek du kontakt med dei og
Årets leirutval består av Marit Kvamen, Kevin André Theigmann, Mona Husby, Lars Magnus Longva og Ida Haugen Skulstad Foto Solveig Brekke Hauknes.
høyrer. Kanskje er de også fleire frå same staden som vil reise i lag? Spør dei du kjenner om dei vil vere med, og så kan de saman gå inn og melde dykk på. Som medlem av Noregs Ungdomslag får du fem dagar med aktivitetar, mat, kurs og magiske opplevingar for 1800kr, uavhengig av om du vil sove på internatrom eller i klasserom. Leiren er open for alle ungdommar, men for ikkje-medlemmar kostar leiren meir. Sjå www.sommarleiren.no for meir informasjon. Er du over 25 år kan du gjerne melde deg som frivillig. Då får du med deg litt av moroa på leiren, samstundes som du får gleda av å stille opp for god gjennomføring av ei viktig tilskiping. Kan hende du kan hjelpe til som nattevakt eller gå oppsynsrundar på dagtid? Eller køyre til og frå stasjonen? Vi dekkjer kost og losji for alle frivillige. Ta kontakt med kontoret for meir informasjon.
fly til Værnes (Trondheim), og så kan du hoppe på toget nordover derifrå. Det tek under ein time å kome seg frå Værnes til Skogn. Viss fly ikkje er aktuelt, så kan du ta toget både sørfrå og nordfrå. Buss er også eit alternativ, eller kanskje du kjem med bil? Er de mange frå same stad som skal på leir, så kan de kanskje ordne reise i lag også? Skulle du trenge meir informasjon om reisa til Skogn, så er det berre å ta kontakt med oss på NU-kontoret, så hjelper vi så godt vi kan.
Les meir om Sommarleiren på www.sommarleiren.no og på Facebook: www.facebook.com/ sommarleiren. Les meir om Skogn Folkehøgskole: www.skognfhs.no. Ta kontakt med leir-administrator Rita Sirirud Vatnehol på tlf. 24 14 11 14 eller rita@ungdomslag.no om du lurer på noko.
KORLEIS KJEM EG MEG DIT? Reise til Skogn må du ordne med sjølv, men vi kan kome med nokre tips. Bur du langt unna, kan det vere at du må fly. Då tek du
7 UNGDOM 01/2019
SOMMARLEIREN
Snapkode Noregs Ungdomslag
OG R A S E L E KJÆR AR! K A T L E D R LEI
men et t Kva Mari hanne Rus o J Inger Foto:
eg velkomen l å ynskje d ti v lo få an anskje? Jo, deleg k nkjer du k te smil at eg en , rt ?» o n st re t ei ei arl Det er med va er somm marleir! «K m so ts re å til er: h fives! berre les h køye og hig e g n e h , g n rsport! hekli humring, att og teate v b a e ll d tt fu a r n e , iren krig varme Sommarle allsong og injus, vass ls n e ta p n p o a sp r , e k ar når iren t alltid bra sesko, fulle S ommarle og den ver sveitte dan , ir er le en in ir m le g Sommar en er din o Sommarleir soveposar! ei man! eg og alle d vi alle er sa til å møte d g o , ar ap nnsk kurs og ku arleiren! vilt til nye eg m r g på somm le se g t k Eg n te ar h folka som andre fine Vi leirast!
g Vinterhelsitn frå Mari
8 UNGDOM 01/2019
SOMMARLEIREN
Songdans p å seglskuta Matilde under utflukt a i 2017.
Akrobatikk og halling på sommarleiren i 2015.
TIMEPLAN FOR SOMMARLEIREN 2019 Onsdag 3. juli
Torsdag 4. juli
Fredag 5. juli
Laurdag 6. juli
Søndag 7. juli
08.00
Frukost
Frukost
Frukost
Frukost
Zzz
09.00
Kurs
Kurs
Kurs
Lunsj
Lunsj
Lunsj
14.00
Valfag
Valfag
Valfag
16.30
Fri
Fri
Fri
Kl.
13.00
Tysdag 2. juli
Sosiale aktivitetar frå kl. 15.00
Frukost Utflukt
Seminar og sosiale aktivitetar
Fri Heimreise
18.00
Middag
Middag
Middag
Middag
Middag
20.00
Sosialt
Sosialt
Sosialt
Sosialt
Sosialt
9 UNGDOM 01/2019
UNGE RØYSTER, SKRIVEKONKURRANSE FOR UNGE SKRIBENTAR OG SKRIVELYSTNE! Stiftinga G-Kultur lyser nå ut skrivekonkurransen Unge Røyster for skribentar og skrivelystne i alderen 16-30 år med tilknyting til Gudbrandsdalen. Fristen for bidrag er 15. juni 2019. Bidraga blir premierte, og inntil 10 bidrag blir honorerte med 10.000 kr. kvar. Desse skal etter planen gjevast ut i bokform og med lansering på eit arrangement på Det Norske Teatret i Oslo 1. februar 2020.
Myllargutens dansarstein i Kvambekkheia i Åmotsdal, Seljord kommune. Foto: Frisklivssentralen i Vinje.
Meir informasjon med retningslinjer for deltaking i konkurransen og om val av tema m.m. finn ein på heimesida www.g-kultur.no under menypunktet Unge røyster!
Foto: Mikkjel Fønhusforenigen.
HAR DU ORIGINALUTGÅVENE?
«Dansarsteinen» i Ekebergåsen. Foto: Bjørn Aasheim.
På 1920-talet skreiv Mikkjel Fønhus to skodespel for Noregs Ungdomslag: «Formaal Ægteskap» frå 1924 (under pseudnymet Tølleiv) og «Domedag i Skreppebrøtin» frå 1927. Arne Erik Fønhus ønskjer å få tak i originalutgåvene og lurer på om nokon lag eller personar har desse liggjande og kan tenkje seg å selje dei til han. Ta kontakt med Arne Erik Fønhus på tlf. 975 12 333.
STUNT I EKEBERGÅSEN I OSLO Eit PR-stunt som har fått tittelen «Trekkspill og folkedans på Oslos ‘dansarstein’», vil finne stad i Ekebergparken skulpturpark onsdag 22. mai kl. 18.00 – på plattingen ved sidan av skulpturen «The Scream» av Marina Abramović. Bygdelagssamskipnaden (BLS) i Oslo har valt ut staden fordi han kan minne om Myllargutens dansarstein i Kvambekkheia i Åmotsdal, Seljord kommune. Formålet med stuntet er å skape merksemd om folkedans i hovudstaden.
10 UNGDOM 01/2019
KULTURPRISEN TIL REIDUN SEKSE I SKARE UL Reidun Sekse fekk i februar kulturprisen til Odda kommune i Hordaland. Prisen fekk ho for den mangeårige innsatsen for 4H og Skare Ungdomslag. Ho har vore ei eldsjel i fleire tiår, og er framleis kasserar i ungdomslaget i Skare.
STORKURS I TELEMARK
e Bae Fagereng Glade prisvinnarar med leiar Ann . mun i midten Foto: Averøy kom
Første helga i februar var det storkurs på Hotell Fritidsparken i Skien med Telemark Ungdomslag som arrangør. Storkurset vert arrangert kvart år og er eit samarbeid mellom fylkeslaga i Rogaland, Aust-Agder, Vest-Agder og Telemark. Tolv instruktørar sørga for at deltakarane fekk eit breitt kurstilbod. Som alltid var det middag og leikfest laurdagskvelden. Neste år går stafettpinnen vidare til Rogaland Ungdomslag.
HEIDERSPRIS TIL RISSA UNGDOMSLAG Under heiderskvelden for kultur og frivilligheit i Indre Fosen i januar, fekk Rissa Ungdomslag prisen for sitt store teaterarbeid for barn og unge. Prisen vart delt ut av Sparebank 1 SMN som har hovudsete i Trøndelag.
Øvingane til Håholmen i ord og tonar har vakre omgjevnader. Her frå 2017. Foto: Wilhelm Støylen.
UL UTHEIM FEKK KULTURPRISEN BRÅTTHESTEN 2018 På tampen av 2018 fekk Ungdomlaget Utheim kulturprisen Bråttheim av Averøy kommune på Nordmøre. Kommunen hadde følgjande honnørord om prisvinnaren:
Rissa Ungdomslag har eit aktivt barne- og ungdomsteater. Bildet er henta frå Facebook-sida.
UL Utheim, med sine frivillige aktører, mener vi gjennom mange år har gitt og bidratt til mange flotte kulturopplevelser som har vært til stor glede for kommunens befolkning. Vi nevner revyer, retroshow, kulturkvelder, Prøysen og Taube kabaret, loppemarked, juletrefester, barnelag med egne arrangement for barn. Og sist, men ikke minst, teaterforestillingen om kystbefolkningens historie: ”Håholmen i ord og toner”. Et kjempestort løft ble gjort med bygging av nye Kårvåghallen. UL Utheim står som eier av det nybygde bygdahuset, som kom i stand av medlemmenes ivrige dugnadshender, frivillighet og giverglede.
KULTURPRIS TIL UL FRAMSTEG I MELHUS Vonheim er ungdomshuset til UL Framsteg som har fått kultur prisen av Melhus kommune. Bildet er henta frå Facebook-sida til laget.
Ungdomslaget Framsteg i Melhus kommune i Trøndelag, har fått kulturprisen for 2018 av kommunen. Laget driv ungdomshuset Vonheim og har eit spekter av aktivitetar. Kommunen trekkjer spesielt fram den populære revyen dei set opp med jamne mellomrom. Laget fyller 100 år den 4. mai i år. 11 UNGDOM 01/2019
UNGT LEIARSKAP
Målgruppe: Ungdom 16-20 år med engasjement og interesse Tid: 26.-28 april og 2.-7.juli 2019 Stad: Oslo og Skogn Nominasjonsfrist: 1. april Kontakt: rita@ungdomslag.no
SEND INN DIN NOMINASJON Satsinga Ungt Leiarskap er meint som eit eksklusivt tilbod med høg kvalitet til ungdom rundt om i lokal-, og fylkeslag. No vil me gjerne ha inn forslag til deltakarar. Kan hende du kjenner nokon som passar til prosjektet? TEKST: RITA SIRIRUD VATNEHOL
I 2018 gjennomførte Noregs Ungdomslag første runde av satsinga Ungt Leiarskap med eit knippe unge deltakarar frå ulike lokallag i organisasjonen. Deltakarane som deltok på kurset i 2018 var enormt nøgde og ga svært gode tilbakemeldingar. Dei opplevde å få ny og styrka motivasjon for å bidra i Noregs Ungdomslag, og veit no langt meir om korleis dei kan bruke eigen leiarkompetanse for å skape meir aktivitet både lokalt, regionalt og sentralt. Dei har blitt betre kjent med seg sjølve og fått tenkje stort rundt kven dei ønskjer å vere, og har blitt godt kjent med dei andre deltakarane. Noregs Ungdomslag ønskjer å byggje vidare på dette og skape nye eldsjeler, ressurspersonar og nettverk for organisasjonen vår. Derfor gjennomfører vi no ei ny runde, og alt vi treng er deltakarar. Dette er ikkje eit kursopplegg kor ein melder seg på. Som nemnt er dette eit eksklusivt,
12 UNGDOM 01/2019
og gratis, tilbod til dei deltakarane som får plass. Årsaka til avgrensinga i gruppestorleik har å gjere med visjonen og pedagogikken til kurshaldarane hjå Fundatum, ei stifting som jobbar med leiarutvikling og kompetansebygging for unge eldsjeler og talent. Me i NU er svært begeistra over å ha eit samarbeid med nettopp Fundatum, og at me kan nytte deira kompetanse for å auke kompetansen og engasjementet til ungdom internt i vår organisasjon. (https://fundatum. webnode.com)
KVEN ER MÅLGRUPPA? Målgruppa for Ungt Leiarskap er unge medlemmar, føretrinnsvis i alderen 16-20 år. Vi ønskjer å nå tak i dei ungdommane som har vist eit engasjement for noko lokalt, kanskje teke initiativ til aktivitet, eller vist interesse for lokallaget eller organisasjonen
som heilheit. Det er ikkje noko krav at ein sit med eit verv, eller har ein draum om å ein dag bli leiar i Noregs Ungdomslag, men dette er heller ikkje negativt. Deltakarane må vere førebudd på ganske intense dagar kor ein jobbar mykje med å bli kjent med seg sjølv og eigne kvalitetar som leiar. Dei vil få god innsikt i korleis ein kan jobbe i ulike grupper, dei vil få konkrete oppgåver og oppdrag undervegs, og på den måten få god erfaring i å handtere ulike situasjonar. Det er viktig at deltakarane er personar som tør å bli med, som tør å by litt på seg sjølve og kanskje utfordre seg sjølve litt.
NOMINER EIN UNGDOM! I år vil første samling vere samstundes med Landsmøtet i Oslo siste helga i april. Det
UNGT LEIARSKAP
er eit sterkt ønskje at deltakarane på Ungt Leiarskap også blir sendt som delegatar til Landsmøtet frå sine lokallag. Utanom møtetida, vil det bli lagt opp til samlingar, seminar, diskusjonar og oppgåver for gruppa i Ungt Leiarskap. Neste samling vil finne stad i Skogn under Sommarleiren 2.-7. juli. Her vil deltakarane ha tre og ein halv dag med kurs og oppgåver i same tidsrom som Sommarleirkursa. Under sosiale aktivitetar på kveldstid
og under utflukta siste leirdag, vil Ungt Leiarskapdeltakarane vere saman med Sommarleirdeltakarane. Dette vil med andre ord bli ei stor og sosial samling kor ein kombinerer leiarskuleringa med leiren, vår største møtestad for ungdom. Kostnadar for deltakarane vil bli dekka av prosjektet, og det er heilt nødvendig at ein deltek under begge samlingane. Kjenner du ein ungdom som er aktuell for Ungt Leiarskap? Det kan vere nokon i ditt eiget lokallag, ein ungdom du kjenner frå
andre lag, eller nokon du har lagt merke til. Viss du kjenner nokon som bør få moglegheit til å delta i Ungt Leiarskap og vekse som ressursperson, vil me at du nominerer vedkommande ved å sende ein e-post med kort grunngjeving til rita@ungdomslag.no seinast 1. april. Du må veldig gjerne snakke med ungdommen om nominasjonen. Etter fristen vil me ta kontakt med dei nominerte for ein kort samtale, og ganske raskt deretter velje ut deltakarane for i år.
TIDLEGARE DELTAKARAR OM KURSET
MARIT KVAMEN
IDA HAUGEN SKULSTAD
IDA MARIE ROGNSVÅG
“Dette kurset var alt eg hadde forventa, og samtidig så mykje meir! Dette er verkeleg eit kurs der ein vert kjent med seg sjølv og alle sine sider, samtidig som ein lærer å setje pris på, vere glad i og stolt over seg sjølv! Kurset rustar deg som leiar og menneske, det gjev deg nokre gode knaggar med kunnskap og utfordrar deg på morosame og spennande oppgåver! For min del har kurset òg gjeve meg utruleg gode vener som eg veit eg alltid vil har i ryggen om eg skulle trenge dei! Råbra kurs, rett og slett!!”
“Om du er interessert i å lære meir om deg sjølv og andre, bli betre på å setje saman grupper som fungerer og skjønne korleis du best skal behandle dei ulike personlegdomane du møter, bør du definitivt melde di interesse for dette kurset! Eg lærte kjempemasse kjekke og nyttige ting som eg har fått stor nytte av i ettertid. Kursleiarane Gard og Tor var superhyggelege, veldig gode på å forklare, og skapte ein trygg plass kor me alle delte ting om oss sjølve me aldrar hadde turt eller gjort før. På kurset møtte eg berre flotte folk som eg har fått eit heilt spesielt band med etter at me var og delte så mykje saman. Om du t.d. er leiar, instruktør eller har planar om å bli det, vil eg absolutt anbefale deg å ta utfordringa. Eg sitt i kvart fall berre att med positive opplevingar!”
“Ungt leiarskap er eit utruleg nyttig og lærerikt kurs med heilt fantastiske og nydelege menneske som instruktørar. Dei lærer deg alt du treng å vite og at du ikkje visste at du trong å vite. I fjor var me nok det kurset som hadde mest fridom i kor kurset var, og trakk ofte med oss skjerm og instruktørar ut for å nyte sola. På kurset lærer du naturleg nok kva det vil seie å vere ein ung leiar i dag, og korleis du bør arbeide for å få fram det du ynskjer og brenn for. I tillegg var det fleire oppgåver som ga betre innsikt i ein sølv og dei andre deltakarane på kurset. Har du ein du kjenner som er ein god un leiar, men som kanskje ynskjer litt meir erfaring, må du ikkje tvile på om du skal nominere personen eller ikkje. Vil du den andre godt, så nominerer du!”
13 UNGDOM 01/2019
Veit du om ein talarstol som bør fotograferast? Send ein e-post til tips@norgestalerstoler.no
TALARSTOLAR
Bedehus-fotograf
Les meir om prosjektet på www.norgestalerstoler.no eller www.facebook.com/ norgestalerstoler
JAKTAR TALARSTOLAR
Han reiste land og strand rundt for å fotografera bedehus. No har fotograf Erlend Berge funne ein ny tradisjonsberar han vil visa fram. TEKST: BJØRN IVAR VOLL / NYNORSK PRESSEKONTOR (NPK) TEKSTEN VART FØRST PUBLISERT PÅ FRAMTIDA.NO 26. DESEMBER 2018.
– Eg har leita etter ein måte å fortelja historia om felleshusa våre på med eit stramt fotografisk blikk, seier Erlend Berge. Nyleg har han halde ei rekkje føredrag og utstillingar om det førre fotoprosjektet sitt. Arbeidet med å portrettera bedehus i Noreg førte Berge ut på ein om lag 16.000 kilometer lang turné i bubil. Han besøkte alle fylka i Noreg og dokumenterte ein kulturskatt som er i ferd med å bli borte. Resultatet blei ei fotoboka «Sjå, eg kjem snart!».
OPPHØGDE OG SYMBOLTUNGE Denne gongen vil han fotografera talarstolar, den opphøgde staden talaren står på i større forsamlingar. Ideen kom i arbeidet med bedehusland-prosjektet, fortel fotografen. – Eg har fotografert ganske mange talarstolar og eg har blitt fasinert av kva dei talarstolane representerer, og kva dei blir i eit rom når det ikkje er folk til stades, fortel Berge.
Erlend Berge reiser landet rundt for å dokumentere talarstolar i forsamlingshus. Foto: Bjørn Ivar Voll/NPK
14 UNGDOM 01/2019
Han meiner ein einsam talarstol står der som ein person, som eit subjekt, som representerer ordet, ytringsfridomen, demokratiet og nasjonsbygginga. – Det har blitt bygt talarstolar for å formidla eit bodskap. Alle desse talarstolane som står rundt om i landet har vore med på å gjera Noreg til det det er, seier Berge. Til prosjektet «Norges talerstoler» har han fått støtte frå stiftinga Fritt Ord og Kulturrådet.
TALARSTOLAR
PÅ TALARSTOLJAKT Berge er heilt i starten på prosjektet. Han har tatt eit par bilde, men leitar etter forsamlingshus som kan ha ein talarstol med ei historie. Han har mellom anna eit autosøk på finn.no på «talarstol». – Eg er spent på kva eg kjem til å finna. Det er det som er spanande med slike prosjekt at du kan komma deg på vegen og byrja å leita og finna ting du ikkje visste fanst. Eg trur mange av desse husa er litt gløymde. For å finna dei så treng ein jo tips frå folk, seier Berge. Prosjektet er definert som ei fotoforteljing om nasjonsbygging, ytringsfridom og demokrati, og fotografen innrømmer at det kan høyrast stort ut. For å illustrera tek han fram mobilen og viser eit bilde. Det viser ein liten, stram talarstol som står einsam i eit slite lokale. På veggen bak heng eit bilde av store norske forfattarar. – Eg trur ikkje nødvendigvis eg skal sjå etter dei openberre talarstolane, som den på Stortinget, men heller dei gløymde, dei rare og slitne som ein gong har hatt ein sentral plass i forteljinga om Noreg, forklarer Berge.
Her er talarstolen på bedehuset Søskenheimen i Skutvik i Nordland. Foto: Erlend Berge.
PORTRETT AV EIN TALARSTOL Berge fortel at han vil ta bilde av talarstolen som om det var eit portrett av ein person og at rommet fortel like mykje som talarstolen. Han er tydleg på at det er eit fotografisk prosjekt. Det skal ikkje representera noko som helst, det er ikkje eit historieverk eller eit leksikon. – Det er ein fotograf si reise i talarstol-landet Noreg, seier Berge, som er interessert i alle type talarstolar. – Det treng ikkje vera i forsamlingshus. Alt som er overraskande, rart og som kan vekkja ei viss nysgjerrigheit er interessant, seier fotografen. Han ser for seg å fotografera ein del talarstolar på 1. mai og 17. mai, pynta med norske flag og bjørkeris. – Det kan til dømes vera heimesnikra talarstolar på traktortilhengarar eller pallar. Alt som fortel historia om det offentlege ordskiftet, seier fotografen.
Erlend Berge er på jakt etter alle slags talarstolar i ungdomslaga. Her er eit vakkert eksemplar frå Hardanger der Gjertrud Gynge frå Det Norske Teatret var på turne i 2016. Foto Anne Marte Før.
Talarstolen i Forfatternes hus stod i rådssalen i over 50 år. Foto: Erlend Berge.
ORDSKIFTET HAR FLYTTA SEG
stolen i teikn eller ord. Talarstolane kan ha høyrt til organisasjonar som ikkje har same posisjon i dag, men som ein gong var store og formande for korleis Noreg har blitt, seier Berge og nemner avhaldsrørsla, nynorskrørsla, arbeidarrørsla og ulike typar losjar i by og grend. Desse byane og grendene vil Berge besøka. Han ser for seg ein ny fototurné, men denne gongen fordelt over nokre år. Berge har inga hast med å fullføra.
For mange av desse talarstolane har ei sterk historie, meiner Berge. – Dei fortel ein del om Noreg. I dag skjer mykje av ordskiftet og debatten på sosiale medium, og det er ikkje like ofte folk samlast i eit rom og reiser seg opp bak ein talarstol og formildar noko, og ser folk i auga når du seier det. Han understrekar at det ikkje er slik at talarstolane forsvinn, men dei har ein annan posisjon og historia til talarstolane er ikkje fortalt på denne måten tidlegare. – Dei blei gjerne bygde for å formidla eit bodskap og det var gjerne synleg på talar-
– Eg har lyst å halda i dette fotoprosjektet ei stund og sjå kva det kan bli, seier han.
15 UNGDOM 01/2019
KULTURMELDINGA
NU sitt høyringsvar TIL KULTURMELDINGA «KULTURENS KRAFT» I februar var det høyring i familie- og kulturkomiteen på Stortinget om kulturmeldinga. Det 96 sider lange dokumentet er den første på 15 år, og skal stake ut kursen for den statlege kulturpolitikke i åra som kjem. NU hadde sjølvsagt fleire innspel, som vi håper komiteen vil vurdere til dei skal levere si innstilling 7. mai. Les høyringssvaret vårt her:
Noregs Ungdomslag er ein organisasjon som samlar alle frå vogge til grav, og har levande lokalkultur som formål. Vi støtter derfor dei overordna kulturpolitiske måla Regjeringa legg fram, og spesielt måla om eit kulturliv som tek vare på og formidlar kulturarv, er tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivetatar og tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap. Kulturmeldinga trekkjer fram den immaterielle kulturarven og viktigheita av å ta vare på og formidle den til framtidige generasjonar. Vi ønskjer å trekkje fram prosjektet vårt Folkepedia, som er opplæringsfilmar av 16 UNGDOM 01/2019
og for unge folkedansutøvarar. Prosjektet er kostnads- og ressurskrevjande, og det er behov for ytterlegare midlar for å utvide og distribuere databasen. Dette er eit kontinuerleg arbeid, ettersom også ferske tradisjonar og stilartar må dokumenterast for ettertida. Folkedansfeltet har elles behov for tilskot for organisert opplæring i lokalmiljø, noko Stiftinga for folkemusikk og folkedans, Norsk Musikkråd (KOMP) og vaksenopplæringsmidlane er gode døme på. Det er også eit behov for ei styrka opplæring på utdanningsnivå både på dans og musikk som til dømes Ole Bull-akademiet, Noregs Musikkhøyskole, og Raulandsakademiet.
Folkedansfeltet har eit flott samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv. For vidareføring, er det viktig at vi har felles arenaer for å dra nytte av kunnskapen eldre har og for kunnskapsoverføring til yngre. Aktivitetar som folkedans er helsefremmande og engasjerande, men ein treng møteplassar der eldsjeler og tradisjonsberarar kan drive munnleg tradisjonsoverføring på tvers av generasjonar. På desse arenaene føler den eldre generasjonen seg nyttige og inkluderte overfor dei yngre generasjonane. Desse møtestadene og praktiseringa av den immaterielle kulturarven er også med på å forhindre einsemd
KULTURMELDINGA
og utanforskap, i tillegg til å vera ein arena for inkludering. Barn og unge blir òg trekt fram som ei viktig målgruppe i kulturmeldinga, og regjeringa vil derfor framleis sikre ei god Frifondordning. Vi er glade for Frifond, men etterlyser samtidig tiltak som inkluderer og nyttegjer dei eldre. På side 22 i kulturmeldinga står det at dei eldre utgjer ein viktig ressurs for samfunnet generelt og kulturlivet spesielt, men regjeringa har absolutt ingen plan eller prioriteringar for nettopp denne målgruppa. Vi ønskjer å skape samhald, livsglede og kunnskapsoverføring på tvers av generasjonane, og etterlyser derfor politiske mål og tilskotsordningar som motiverer til samvere mellom unge og eldre i eit kulturelt miljø. Vaksenopplæringsmidlane er per i dag det næraste ein kjem tiltak for å samle og inkludere alle (merk krav om deltakarar over 14 år). Desse tilskota er derfor svært viktige for oss og våre medlemmar. Dei organisasjonseigde kulturhusa, ungdomshusa, grendehusa og samfunnshusa er levande kulturarenaer som samlar generasjonar til basarar, juletrefestar og liknande. Desse er i stor grad finansiert med dugnad og frivillig innsats. Samstundes er det krevjande å vedlikehalde og utvikle desse husa vidare.
Storparten av husa våre vart bygd på 1930talet eller tidlegare, så det seier seg sjølv at desse no er overmodne for oppgradering. Her har spelemiddelordninga for lokale kulturhus ei viktig rolle. Dei siste åra har spelemiddelordninga for lokale kulturhus gradvis blitt svekka. I perioden 2013-2017 har denne ordninga blitt kutta frå 135 mill. kr til 47 mill. Eit konkret tiltak regjeringa vil prioritere er å vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg innanfor ramma av tippenøkkelen. Om ei slik omfordeling faktisk vil kome dei organisasjonseigde kulturygga til gode, så vil vi applaudere dette! Noregs Ungdomslag ber regjeringa utvide momskompensasjonsordninga til å også gjelde investeringar og oppgraderingar av organisasjonseigde kulturbygg. Gode bygg tilpassa brei kulturaktivitet for alle generasjonar fører til meir aktivitet, mindre einsemd og betre samhald. Leikarringar og teaterlag treng til dømes gode øvingsgolv, likeeins som handballag treng gode treningsgolv. Noregs Ungdomslag ber komiteen vurdere vedtak for følgjande merknader: • Komiteen ber Regjeringa formulere pol itiske mål og prioriteringar som samlar generasjonar i kulturell aktivitet og kunn skapsoverføring.
•
Komiteen ber Regjeringa fremje ei sak for Stortinget om korleis ein kan sikre ei meir verdiavgiftskompensasjonsordning som er rettsfesta, fullfinansiert og som inkluderer kompensasjon for meirverdiavgift knytt til investeringar og oppgraderingar av bygg og anlegg.
NU SITT STEV TIL KULTURMELDINGA Høyringssvaret til Noregs Ungdomslag vart levert inn til familie- og kulturkomiteen på førehand. Under sjølve høyringa har ein høve til å utvide eller spisse bodskapen ein ønskjer å formidle til komitemedlemmane. Styremedlem Torbjørn Lauen valte derfor å framføre eit nystev for høvet: Om kulturmeldinga vil eg kveda, kulturens framtid så skal ho vera. Frå Noregs Ungdomslag helsar eg, me har nokre punktar som kan vise veg. Den immaterielle kulturarven den må’kje gløymast, den lyt formidlast. Det krevst meir stønad om den ska ha liv, som døme Folkepedia eg viser til. Vår felles framtid er barn og unge, men om dei eldre så lyt eg synge. De må’kje gløyme kor godt det er av mormor lære å sy og le. For, viktig meiner me det må vere, å samle folk til å saman lære. At eldre, vaksne og alle små, kan lære mykje når me samlast nå. Bå’ titt og ofte i hus me samlast. Eit hus med vegger og tak må byggjast. På dugnad fikser me og steller te, men utan momskomp så druknar me. No vil eg kveda om små og store, som både syng og ber på ei båre. Til felles mål og med felles makt, det er det me kallar kulturens kraft!
Generalsekretær Kai Roger Vatne og styremedlem Torbjørn Lauen deltok i stortingshøyringa om kulturmeldinga måndag 18. februar 2019.
Om du vil sjå videoen av framføringa, gå til www.facebook.com/noregsungdomslag
17 UNGDOM 01/2019
HUSET I BYGDA
HUSET I BYGDA I TO VESTLANDSFYLKE Prosjektet Huset i bygda har fått solid fotfeste i Sogn og Fjordane sidan oppstarten for ni år sidan. I 2017 tok Christoffer Knagenhjelm over som rådgjevar, og frå 2019 tek han også Huset i bygda i Møre og Romdal under vengene. Les kronikken hans om viktigheita av prosjektet. TEKST: CHRISTOFFER KNAGENHJELM, RÅDGJEVAR FOR HUS I SOGN OG FJORDANE OG MØRE OG ROMSDAL
Fagerheim er ungdomshuset til Skodje Frilynde Ungdomslag i Møre og Romsdal. Bilde frå www.ungdomshus.no.
HUSET I BYGDA
I ein kronikk i Nationen 26. februar 2019 hevda Knut Aastad Bråten samfunnslivet i Noreg er kjenneteikna av etablerte og fastgrodde nettverk som kan vere vanskelege å trengje igjennom. Det er nok fleire som kan kjenne seg att i påstanden om at «Bygda har eit sett med kodar, strukturar og system. Etablerte nettverk er eksklusive og ekskluderande på same tid.»
MØTEPLASSEN SOM KODEKNEKKAR Samstundes har dei fleste stadane i Noreg ein møteplass som fungerer som kodeknekkar for å få innpass eller opne desse nettverka. Kodeknekkaren går under mange namn, ein finn ofte fleire av dei på same stad, vi kallar dei gjerne for ungdomshus, grendahus, bygdahus eller bedehus. Felles for alle desse husa er at dette er møtestader der ulike formar for sosiale aktivitetar kan ta form, der nye band kan knytast gjennom til dømes koraktivitetar, 4H, det lokale korpset, folkemusikken eller ulike former for dans.
ENDRINGSFASAR Dette er allhusa som ofte har vore gjennom fleire endringsfasar i takt med samfunnsendringane elles. Nokre stader er dei framleis det store huset i bygda. Andre stader har dei fått ein meir anonym rolle, men like fullt står dei der, med potensiale og rom for latter og leik og skaping av nye sosiale band. Samstundes krev vi meir av allhusa våre. Vi har forventingar til fysisk standard, at toaletta er tilpassa ulike brukargrupper, at kjøkenet inneheld meir enn utslitne kokeplater og ein gamal komfyr, at vindauge er tette og at akustikken i storsalen er slik at det faktisk er mogleg å spele til dans eller at bygdakoret kan ha sine øvingar der kvar torsdag. Husa må rett og slett ha fasilitetar og ein standard som møter folk sine forventingar.
EI KREVJANDE ØVING Å sitte i eit husstyre kor du både skal skape aktivitetar i huset, samstundes som du skal skaffe midlar til vedlikehald og fornying av utstyr kan vere ein krevjande øving. I 2007 fekk Sogn og Fjordane Ungdomslag nettopp tilbakemelding om dette; at folk såg at det
Christoffer Knagenhjelm er i 2019 prosjektleiar for Huset i bygda både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Foto: Inger Johanne Ruset.
vart stort behov for å modernisere ungdomshusa, men at dei òg sakna kompetanse i det å drive ungdomshusa. Samstundes såg vi at det er ikkje berre ungdomshusa som har sine utfordringar. Dette er eit generelt problem for mange som er involvert i lokale forsamlingshus.
EIT GRATIS LÅGTERSKEL-TILBOD
informerer om korleis ein kan fylle husa med aktivitetar, husøkonomi, kva tilskotsordningar som finst og korleis eit utformar gode søknadar. I tillegg arrangerer vi kulturbyggkonferansar, bidreg med informasjon til heimeside som er retta mot alle som er involvert i drift av lokale forsamlingshus. Ikkje minst er hjelp og rettleiing via telefon og e-post viktig del av arbeidet. Vi er òg glade for at Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein viktig støttespelar i dette arbeidet, noko som gjer at vi per dags dato kan drifte prosjektet på fast basis. Med erfaring frå nabofylket, ser eg no fram til å også drifte Huset i bygda i Møre og Romsdal ut prosjektperioden. Ikkje nøl med å ta kontakt!
Formålet med Huset i Bygda er å bidra til å skape meir aktivitet og bidra til å vidareutvikle alle former for organisasjonseigde kulturbygg. Det har heile tida vore viktig at Huset i Bygda er eit gratis lågterskeltilbod. Ingen skal vere redd for å ta kontakt! Dette gjer vi gjennom hussamlingar kor vi
For spørsmål om Huset i bygda og husdrift generelt, ta kontakt med Christoffer Knagenhjelm via christoffer@ungdomslag.no eller på telefon 480 04 817. Sjå også www. husetibygda.no og www.facebook.com/ husetibygda
Ut frå tanken om at det er som til sjuande og sist betyr noko, er å skape bulyst og gode møteplassar, valde ungdomslaget i Sogn og Fjordane å inkludere alle former for forsamlings- og kulturhus då vi etablerte ordninga Huset i Bygda i 2010.
19 UNGDOM 01/2019
FOTO: ODD SPRAKEHAUG
BUNAD
GLEDE FOR NOMINASJONSARBEIDET AV BUNAD PÅ UNESCO! Like før jol fekk samarbeidsgruppa for å nominere den norske bunadsbruken inn på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv ein gledeleg nyheit. Sparebankstiftelsen DnB har løyva 775 000,til nominasjonsarbeidet og pengane skal brukast til å gjennomføre ulike prosjekt for å kunne synleggjere handverkstradisjonen og bunadsbruken i Noreg. Etter nyttår har arbeidet med å konkretisere og verkeleggjere desse prosjekta begynt. Dei vil rette seg mot både barn, ungdom og vaksne og vil bli gjennomført i 2019 og 2020. Følg med i våre kanalar for å etter kvart få meir informasjon om prosjekta. I tillegg til Noregs Ungdomslag er Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og Studieforbundet kultur og tradisjon med i samarbeidsgruppa om nominasjonsarbeidet.
20 UNGDOM 01/2019
Motivasjonen for arbeidet er at den folkelege og allmenne bunadsbruken i Noreg står i ei særstilling internasjonalt, sidan ein svært stor prosentdel av Noreg si befolkning eig og brukar bunad. Den levande bunadstradisjonen er sterk, noko ein i størst grad ser gjennom bunadsbruken, men det er også viktig å arbeide for å ta vare på handverkskunnskapen. Denne kunnskapen vert gradvis mindre, og dette er også ein del av motivasjonen for å setje eit nasjonalt og internasjonalt søkjeljos på bunadstradisjonen. Noregs Ungdomslag har som organisasjon lange tradisjonar for bunadsarbeid både lokalt, regionalt og nasjonalt. Heilt sidan Hulda Garborg reiste rundt i landet og inspirerte til bunadsarbeid har bunaden vori ein del av arbeidet til norskdomsrørsla og andre organisasjonar. Med Klara Semb kom
bunad inn som ei sentral arbeidsoppgåve for Noregs Ungdomslag. Lag og medlemer har lagt grunnen for mange av bunadane som er i bruk i Noreg i dag, og i praktisk bruk er det ingen som brukar bunaden meir en medlemene i ungdomslaga. (Frå NU si bunadspolitiske plattform, vedteke på årsmøtet i 2004.) Sjølv om bunadsarbeidet kanskje ikkje står like sterkt i eigen organisasjon i dag som på første halvdel av 1900-talet, er det framleis stor interesse for bunadsbruk i lokallaga. Nokre av laga har eigne bunadsnemnder som gjer ulikt arbeid, fleire lag frontar aktivt bunadsbruk gjennom aktivitet og rundt omkring finn ein lag som inviterer til handverksaktivitet eller temakveldar. Derfor er det for NU sentralt heilt sjølvsagt at vi skal engasjere oss i arbeidet med å nominere bunadsbruken inn på UNESCO si liste i tillegg til å ha anna bunadsfagleg engasjement.
BOKLANSERINGAR
LANSERING AV NYTT VERK:
SAMVÆRSDANSEN I CHRISTIANIA PÅ 1800-TALET Redaksjonskomitéen med jubileumsboka: Frå venstre: Knut Olsen (med oversynet over alle tillitsvalde), Per Skaugset , Torill Solheim og Vidar Fanavoll.
NORSKDOMSLAGET I PORSGRUNN si historie har kome i bokform TEKST: NORSKDOMSLAGET I PORSGRUNN
Norskdomslaget vart stifta i 1917 og feira sitt 100-årsjubileum i 2017. No i desember 2018 var også jubileumsboka klar. Ho vart delt ut som gåve til alle noverande og mange tidlegare medlemer på julemøtet 11. desember 2018 der det var 60 personar til stades i hyggeleg lag. Boka inneheld 13 kapittel og er på 170 sider. Det har vore mogeleg å skrive boka takka vere mellom anna arkivmaterialet frå Norskdomslaget si verksemd som det er teke vare på. Dette er eit svært omfattande materiale, mellom anna protokollar, møtebøker, lagsavisa Heimatt, fotoalbum, avisutklipp mm som dekkjer svært mykje av aktivitetane gjennom 100 år. I tillegg har redaksjonskomitéen vore i Oslo og funne opplysningar om Norskdomslaget i Riksarkivet og NU sitt arkiv. Norskdomslaget si historie er interessant fordi ho er så mangfaldig og gir eit godt tidsbilete av de 100 åra frå 1917 til 2017. Laget kjøpte eigen gard «HEIMEN» i Porsgrunn allereie same året som laget vart skipa og dreiv Kaffistove der heilt fram til
1972. Etter kvart vart leikarringen den største aktiviteten i laget og frå 1970 til 1990 hadde laget sitt høgste medlemstal. I desse åra var også barnleikarringen Tiurleiken særs populær. Boka inneheld også mellom anna historia om målarbeid, teaterarbeid, bunadarbeid og musikkaktivitetane i laget. Tidvis er lagshistoria veldig morosam fordi det ikkje har mangla på friske kommentarar og ytringar, noko fleire av protokollane vitnar om. Det vart også utarbeid ei oversikt over alle styremedlemer i hovudlaget, og alle særlag og nemnder gjennom 100 år. Denne vart trykt i eit eige vedlegg til boka. Det kan også nemnast at Knut Olsen og Vidar Fanavoll vart utnemde til æresmedlemer i Norskdomslaget på julemøte i desember. Dei har båe vore medlemer sidan 1970 talet og har gjort ein framifrå innsats for laget. Knut som den organisatoriske leiaren på mange felt og i dei siste åra også som vaktmester for lagshuset Furuheim. Vidar har vore leikleiar i om lag 40 år.
Laurdag 2. februar var det bokslepp på Det Norske Teatret. Dei siste ti åra har Dag Vårdal arbeidd med verket “Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet”. Fordi innhaldet ikkje avgrensa til eitt miljø, men strekk seg over meir enn hundre år og omfattar alle sosiale samfunnslag, gir det også eit innblikk i korleis dans og musikk bevega seg mellom - og på tvers av - sosiale lag. Verket består av ei bok om dansemiljø og danseopplæring, eit hefte om dansane med dansenedteikning, eit hefte om musikken med notar og tre CD-ar med innspeling av dansemusikken. Bokverket kan du tinge gjennom Kultivator AS, Midtlivegen 17, 2680 Vågå. Stort til lukke til Dag med eit flott og viktig arbeid!
21 UNGDOM 01/2019
www.romerike.fhs.no
Alt på ett sted. Er du mellom 18 og 26 år får du forsikringspakken med det du trenger. Sjekk ut Ung voksen på kniftrygghet.no
kniftrygghet.no | privat@kniftrygghet.no | 23 68 39 00
TEATER
MUSIKK & TEATER
LYD & MUSIKK
KOSTYME & TEATERSMINKE
SCENOGRAFI
LYSDESIGN
RØROS FOLKEDANSLAG INVITERER TIL
”RØROS-LEKEN” 10. – 12.mai 2019 Røros folkedanslag ønsker nok en gang å invitere til ei ”knallgod” dansehelg i Bergstaden i begynnelsen av mai. Det blir tre dager med mye Rørospols, sangdans, turdans og annen gammeldans. FREDAG “Bli kjent kveld” på Gymbygget med musikk av Småviltlaget. LØRDAG Leikfest i Gymbygget med Grenselaget. Middagsdans i Sangerhuset med Glåmos Spellmannslag SØNDAG Etterpålag i Sangerhuset med b.l.a. åpen scene. Det settes opp buss fra Oslo. Kontakt Svein Aasen. e-post. svein.aasen@mulitconsult.no, mob: 482 99 981.
Se program på www.rorosfolkedans.no
22 UNGDOM 01/2019
din egenbunad bunad SySy din egen med veiledning med veiledning Støtteordninger av nye bunader --søm søm nye bunader hos -søm av av nye bunader -- dame og herre dame og herre Rådet forogfolkemusikk - dame herre -omsøm - omsøm -omsøm -fagbrev og lærlingbedrift og folkedans mesterbrev og lærlingbedrift Sy din egen -fagbrev ogbunad lærlingbedrift med For veiledning 2018 har Rådet to ulike støtteordninger som ønsker å www.bergogblaane.no www.bergogblaane.no stimulere til aktivitet innen folkemusikk og folkedans: -søm av nye bunader www.bergogblaane.no
- dame og herre Prosjektmidler (kr. 11.000-50.000) og Små og raske midler Berg og Blåne As -omsøm Sy egen bunad (maks. kr. din 10.000) til prosjekter/tiltak som bl.a.: Sommerkurs hos Berg og -fagbrev og lærlingbedrift Hovtun - opplæringsog rekrutteringstiltak (kurs, seminarer, osv.)
Berg og Blåne As
Støtteordninger hos Rådet for folkemusikk og folkedans For 2018 har Rådet to ulike støtteordninger som ønsker å stimulere til aktivitet innen folkemusikk og folkedans: Prosjektmidler (kr. 11.000-50.000) og Små og raske For 2019 har stiftinga to ulike støtteordninger sommidler ønsker (maks. kr. 10.000) til prosjekter/tiltak som bl.a.: å stimulere til aktivitet innen folkemusikk og folkedans: - opplærings- og rekrutteringstiltak (kurs, seminarer, osv.) - publiseringer (bøker, fonogram, dvd) Prosjektmidler- (kr. 11.000-50.000) og Små og raske undervisning og utviklingsprosjekt - Mindre lokal konserter midler (maks. kr. 10.000) til prosjekter/tiltak som bl.a.:
med veiledning Se http://www.rffsoknad.no/orientering for nærmere informasjon Blåne15.-21. julidukkekurs. - publiseringer (bøker, fonogram, dvd) Prestegårdsalleen 4 • publiseringerom (bøker, fonogram, dvd) Hovtun støtteordningene kan være aktuelle for ditt prosjekt. www.bergogblaane.no -søm av nye bunader undervisning og utviklingsprosjekt Tøydukker ogKLOKKARSTUA bunaddukker 3490 • undervisning og utviklingsprosjekt Prestegårdsalleen 4 - Mindre lokal konserter - dame og herre Søknadsfrist for prosjektmidler er 15. mars og 1.oktober. • mindre lokal konserter og forestillinger annekari@bergogblaane.no med klær. Se As hjemmesiden Søknader om små og raske midler vil bli behandlet fortløpende, Berg og Blåne -omsøm 3490 KLOKKARSTUA ca. 1 gang/mnd. tlf. 924 08035 for mer Se http://www.rffsoknad.no/orientering for nærmere informasjon Hovtun -fagbrev og informasjon. lærlingbedrift annekari@bergogblaane.no Se http://rffsoknad.no/orientering, for nærmere om støtteordningene kan4være aktuelle for ditt prosjekt. Prestegårdsalleen 3490 KLOKKARSTUA informasjon om støtteordningene kan være aktuelle for tlf. 924 08035 www.bergogblaane.no • opplærings- og rekrutteringstiltak (kurs, seminarer osv.)
Søknadsfrist for prosjektmidler er 15. mars og 1.oktober. annekari@bergogblaane.no ditt prosjekt. Søknader om924 små08035 og raske midler vil bli behandlet fortløpende, tlf. ca. 1 gang/mnd. Berg
og Blåne As
Hovtun Prestegårdsalleen 4 3490 KLOKKARSTUA annekari@bergogblaane.no tlf. 924 08035
Søknadsfrist for prosjektmidler er 15. mars og 1. oktober. Søknader om små og raske midler vil bli behandlet fortløpende, ca. 1 gang/mnd.
ANNONSERE I UNGDOM? Ta kontakt med Tone Merete Møllerud tlf: 489 53 391 tone@flisamedia.no
23 UNGDOM 01/2019
Returadresse: Noregs Ungdomslag, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo
VELKOMEN TIL NU-HELG! Helga 26.-28. april skipar Noregs Ungdomslag til ei innhaldsrik helg i Oslo med landsmøte og kurs.
FREDAG 26. APRIL Kl. 11.00-14.00 Bunadsseminar: På føremiddagen blir det bunadsseminar som er gratis å delta på. Kl. 19.00-21.00 Fagseminar: På kvelden kan landsmøtedelagatar og andre NU-medlemmar delta på eitt av fire parallelle fagseminar: • Ta ordet! v/Marit Krogsæter og Torbjørn Lauen frå NU-styret • Sosiale medium som verktøy for laget v/ Inger Johanne Ruset frå NU-kontoret • NU for dummies v/Mette Vårdal, leiar i NU • Styret sitt ansvar og økonomiforståing v/ Martin Gustavsen frå Frivillighet Norge
LAURDAG 27. APRIL Kl. 09.30-15.00: Barneinstruktørkurs i teater og dans: Dette er kurs for dei som ikkje skal vera utsending på landsmøtet då kurset går over 12 timar. Nytt av året er at kursa vil ha nokre felles økter der ein diskuterer utfordringar og metodar for aktivitet med barn som går på tvers av fagfelta, men hovudvekta av kursa vil foregå kvar for seg. Trine Sjølyst er instruktør på dansekurset og Tine Østby er instruktør
på teaterkurset. Kursdeltakarane får gratis inngang til dansefesten laurdag kveld. Kl. 08.30-09.30 Landsmøteregistrering: Stad: Landsmøtehotellet Radisson Blu Scandinavia, Holbergs gate 30, 0166 Oslo. Kl. 09.30-13.00 Landsmøte Kl. 13.00-14.00 Lunsj Kl. 14.00-16.00 Fagseminar Vi tilbyr fire ulike seminar, som også er opne for andre enn landsmøteutsendingane • Skriveverkstad for fråsegner v/Marit Krogsæter, politisk nestleiar i NU • Kurs i husdrift v/styremedlem i NU • Medlemssystemet Hypersys v/Alf Steinar Nekstad frå NU-kontoret • Korleis arrangere kurs? v/Studieforbundet kultur og tradisjon Om laget ditt er luteigar i Det Norske Teatret, oppmodar vi deg til å vere med på årsmøtet deira som startar kl. 15.00. Frå kl. 16-18 kan du til dømes bli med på Sentrumsløpet er i regi av Bondeungdomslaget i Oslo. NB! Eiga påmelding.
Kl. 18.00-20.00 Landsmøtemiddag Festmiddag for landsmøteutsendingane og deltakarane på kursa. Vi oppmodar om å ta med bunad, om du har. Kl. 20.00-01.00 Dansefest i Nordahl Brunsgate 22: I fem timar denne laurdagskvelden kan du mingle og danse folkedans om du vil. Det blir økter med leia turdans, songdans, runddans og bygdedans. Du treng ikkje kunne å danse frå før for å vere med!
SØNDAG 28. APRIL Kl. 09.30-15.00: Barneinstruktørkurs i teater og dans forts. Kl. 09.30-13.00 Landsmøte Kl. 13.00-14.00 Lunsj og avreise For meir informasjon om NU-helga og landsmøtet, sjå www.ungdomslag.no