UNGDOM MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 3/2019
104 .Å
R
GA
NG
tur
kul l a k o l e Levand Sommarleiren • Heftet Bunad • Frivillig.no • Småleik
Torbjørn Bergwitz Lauen Leiar i Noregs Ungdomslag
Redaktør: Inger Johanne Ruset Ansvarleg redaktør: Kai Roger Vatne Opplag: 3900 Bladbunad, trykk og annonsebyrå: Flisa Trykkeri AS Framsidefoto: Frå melodikappleiken under sommarleiren. Foto: Inger Johanne Ruset Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo Telefon: 24 14 11 10 E-post: post@ungdomslag.no Generalsekretær: Kai Roger Vatne Tlf. 24 14 11 12, kai.roger@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Inger Johanne Ruset, Tlf.: 24 14 11 13 inger.johanne@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Tora Skavhaug Vik Tlf: 24 14 11 14 tora@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Solveig Brekke Hauknes Tlf.: 24 14 11 15, solveig@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad, Tlf.: 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no Kontonummer: 8101 07 00027 Organisasjonsnummer: 939 550 550 www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag instagram.com/ungdomslag Stoffrist neste Ungdom: 1. november
2 UNGDOM 03/2019
OM Å BLI SETT
N
år du sit med dette bladet i handa har truleg haustens aktivitetar starta opp att i laget ditt. Eit nytt halvår med nye lærdomar, minner og dugnadstimer. Dei aller fleste av oss her til lands deltek i ein frivillig organisasjon, og dei av oss som er med ein stad er ofte med fleire stader. Engasjement avlar meir engasjement, og me held stort sett på med ting me trivst med, og med folk me trivst saman med. Men neste gong du står der på øvinga, dugnaden eller kurset ditt vil eg at du ikkje berre skal sjå etter kven som er med, men òg kven som ikkje er der. Einsemd er diverre eit aukande problem i samfunnet vårt, både mellom dei unge og dei eldre. Fleire og fleire sit heime åleine utan å eigentleg ville det. Utan å bli sett. Utan å kjenne tilhøyrsle. Desse må me sjå etter. Og invitere med oss neste gong. Men det er ikkje berre for å førebygge mot psykiske plagar me må invitere dei med. Det handlar òg om kva samfunn me ønskjer å ha. For i eit samfunn som i aukande grad
vert polarisert og radikalisert trengs det modererande og venlege krefter. Om ein først har byrja kjenne seg utanfor og einsam, byrjar ein òg å hige etter ein stad og eit miljø kor ein vert sett og verdsett. Og om ein først kjenner seg utanfor dei moderate miljøa, er det lett å bli tiltrekt dei meir ekstreme. Dette har me sett før, men det som er nytt er internett. Ein treng ikkje forlate bustaden sin for å få kontakt med det ekstreme lenger. Det er berre nokre tastetrykk unna. I Noregs Ungdomslag driv me ikkje berre aktiviteten vår for aktiviteten si skuld. Me har eit mål og ei meining med arbeidet vårt. Alle me som er med i NU har eit samfunnsansvar for å vere med å bygge eit trygt og godt land for alle som bur her, og me gjer det gjennom folkedans, teater, yoga og dugnad. Så neste gong dykk samlast i laget dykkar. Sjå etter kven som ikkje er der, og tenk korleis kan den personen vere der neste gong?
KONTORET
– Det er stas å få jobbe med noko ein brenn for!
Tora Skavhaug Vik (26) frå Vang i Valdres går inn i eit eitt års vikariat for Rita Sirirud Vatnehol i Noregs Ungdomslag. Tora har bakgrunn i folkemusikkmiljøet i Valdres, og har dansa så lenge ho kan hugse. Når bror hennar vart 30 år meinte ho at han burde ha ein bunad. Han var i tvil, difor sat ho seg ned å lærte seg å sy. Nokre år seinare stod han i bunad. – Eg er glad for at det fyrste eg sydde var dei skjulte lommane!, seier Tora om læringsprosessen ho hadde. Tora var aktiv i dei lokale musikaloppsettingane og spela i Valdres då ho budde der. Dei siste åra har Tora jobba med ulike festivalar, flytta rundt i Noreg og reist til andre sida av jorda, før ho busette seg i Oslo. Nå om dagen finn du Tora sittande
på NU-kontoret saman med kulturrådgjevar-kollega Solveig på dagtid og jobbande som arrangementsansvarleg på Riksscenen på kveldar og helger. – Det er stas å få jobbe med noko ein brenn for! Det at eg no har fått moglegheit til å jobbe bak kulissane for å drive fram all den flotte kulturen vi har i Noreg er eg utruleg takksam for! Eg trur dette vert eit bra år, seier den vikarierande kulturrådgjevaren.
Foto: Inger johanne ruset
HO NYE PÅ kontoret
INNHALD 3 4 6 8 9 10 12 14 16 18 20 21 23 24
Ho nye på kontoret Bornestemne i Fjærland Småleik Sommarteaterskulen Ålek 2019 Notisar Sommarleir på Skogn NU på Arendalsuka Frivillighetsbarometeret 2019 Ta i bruk Frivillig.no Bunad - kva er det? Til minne - Olav Mogstad Landsmøtet 2019 Fortel oss kva som skjer
Tora vil ha ansvar for fagfelta; bunad, teater, hus, leiarutvikling og sommarleiren til NU.
3 UNGDOM 03/2019
BORNESTEMNE
BORNESTEMNE I FJÆRLAND 14. - 16. juni tjuvstarta Sogn og Fjordane Ungdomslag og Hordaland Ungdomslag fylkessamanslåinga av fylka då vi arrangerte felles bornestemne. Kva er ikkje meir passande enn å legge bornestemnet til hjartet av det nye fylket, Fjærland! TEKST: CHRISTOFFER KNAGENHJELM/SOGN OG FJORDANE UNGDOMSLAG. FOTO: HILDE JORDAHL/HORDALAND UNGDOMSLAG
I Fjærland har vi eit særs aktivt og engasjert ungdomslag, som òg tok ansvar for planlegging og gjennomføring av bornestemnet. Av 250 innbyggarar, er 130 medlemmer av ungdomslaget i Fjærland. Her står lagstradisjonane sterkt! 40 born frå begge fylka deltok. Med vaksne deltok godt over 60 stykk på stemnet. Viktige stikkord for stemnet er vennskap, samarbeid, dans, leik, aktivitetar og tevlingar. Stemnet er og eit prov på kor viktig dugnadsanda er når ein skipar til kulturarrangement.
4 UNGDOM 03/2019
Kvinne og familieforbundet, det lokale hotellet og campingplassen ordna med mat, verksemder i Sogn sponsa med yoghurt og saft. Ikkje minst er vi takksame for hjelpa frå bygdefolket og andre som stilte som nattevakter og medverka for å skape flotte opplevingar for borna. Ungdommen i 4H med aktivitetar, skyttarlaget instruerte dei eldste borna i skyting, Oppvekstsenteret i Fjærland som lånte oss ein stad å bu og vere, korpset som bidrog med å skape god stemning i stemnetoget og spelemannen Hallgrim Skjerdal gav oss flott musikk heile
helga! Og ikkje minst alle borna med sitt gode humør og smittande entusiasme!
HELG FYLT MED AKTIVITETAR Dans er viktig på bornestemna. På forhånd hadde laga øvd inn ulike samdansar, som Nordlandsvisa, seksmannsril, Kjerringa med staven og Søte lille Mette, Snuspolka og Trollgubben Lurvelegg. Stemnet starta fredag kveld med bli-kjentmøte mellom borna frå dei ulike laga frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Kvelden
BORNESTEMNE
Samdans ved Mundal
Samdans ved Bremuseet
vart òg nytta til fellesøving i samdans, som utløyste både danseglede og latter blant born og vaksne!
lag i Fjærland. Dagen vart avslutta med festmiddag og leikfest kor dei ulike laga sytte for underhaldninga.
Laurdagen opna i strålande ver med stemnetog til torget i Mundal. Regionlaga stilte med banner og Fjærland skulekorps spelte. Det var nesten som å oppleve 17. mai på nytt! Ved Mundal hadde vi dagens første danseoppvisning. Utover dagen vart det òg dansa ved bremuseet og Brevasshytta, til glede for fastbuande og vitjande. Innimellom fekk borna tid til å vasse i kaldt brevatn, ete is og leike. Men det var òg rom for ulike aktivitetar, som skyting, sying av panneband, 3D perling og sandvolleyball. Ansvarleg for desse aktivitetane var bygdefolk eller lokale
Som det ligg i namnet, er bornestemnet mynta på born. Det inneber òg å ta på alvor kva tankar og meiningar dei har om innhald og aktivitetar på stemnet. Alle borna måtte difor evaluere stemnet og innsatsen til Fjærland Ungdomslag! Vi er glad og takksam for at borna generelt var veldig nøgd med stemnet. Det vanka skryt både til vaksne (snille og hyggelege!), maten (veldig god), aktivitetane, at dei fekk nye venner og at det var kjekt på oppvekstsenteret. Vi set òg pris på at spelemannen, Hallgrim Skjerdal, fekk skryt!
Sundag var det felles frukost før alle pakka saman. Stemnet vart avslutta med natursti rundt oppvekstsenteret i Fjærland, dans og leik og felles middag, før arrangementskomiteen ynskte alle vel heim. Fylkesstemnet i Fjærland er vel blåst. Det var slitne, nøgde og glade born og vaksne som takka for seg. Stafettpinna går no vidare, og det er mange som gler seg til neste stemne, vonleg i 2020! Fylkeslaga i Sogn og Fjordane og Hordaland ynskjer med dette å takke Fjærland ungdomslag og alle som deltok på bornestemnet. Dette var Fjærland på sitt beste!
5 UNGDOM 03/2019
SMÅLEIK
Vellukka med verdas aller fyrste
SMÅLEIK
ALLE FOTO: THOR HAUKNES
Rett etter skuleslutt før sommaren var over 90 born og ungdom samla på Apalløkka skule i Oslo for å synge, spele og danse ei heil helg til endes. Dei var med på folkemusikk- og folkedansfestivalen SMÅLEIK, som vart skipa for aller fyrste gong. På SMÅLEIK var det deltakarar frå store delar av landet,
både dei som hadde dansa og spelt tidlegare men også nokre som var heilt ferske, NUmedlemmer og ikkje-medlemmer. Deltakarane på SMÅLEIK fekk vere med på ulike verkstader i t.d. dans, fele, cello, song og trekkspel. Det var fest om kvelden, bading
og leiking og på sundagen var det utflukt til Norsk folkemuseum på Bygdøy. På Folkemuseet var det også stor avslutningsframsyning for fleire hundre frammøte. Dette var absolutt ei vellukka premiere på festivalen for born og ungdom.
SMÅLEIK
Ikkje nok med SMÅLEIK? Bli med på BARNLEK Småleik var også ei slags oppvarming til ein endå større barnefestival som samlar alle nordiske born og unge som held på med, eller som vil læra seg folkedans og -musikk. Denne festivalen heiter BARNLEK og sommaren 2020 skal den vere i Mölnlycke attmed Göteborg i Sverige. BANLEK er ein del av Nordleksamarbeidet som NU er med i.
Stor danseglede når ein får danse ei heil helg til endes.
På BARNLEK dansar og spelar ein i lag, går i stemnetog og lærer nye dansar i lag med andre born frå heile Norden. Festivalen finn stad 15.-19. juli 2020 og det er inga avgrensing i tal deltakarar, så her kan alle som ynskjer få vera med. Påmelding og meir detaljert informasjon kjem utover hausten når me får meir informasjon frå arrangøren, men ikkje nøl med å ta kontakt med NU-kontoret om det skulle vere spørsmål. Me håpar mange lag frå NU har lyst til å vera med på denne nordiske festen.
Framsyning av bhangrahalling, ein miks mellom norsk halling og tradisjonell indisk dans.
Medan du ventar på å få melde deg på kan du t.d. læra deg nokre av dansane som skal dansast på BARNLEK? Du kan læra deg ein dans frå kvart av dei nordiske landa, frå Noreg er det den kjende dansen halling du kan læra deg. Alle dei nordiske samdansane finn du her: www.barnlek2020.se. Utover hausten vil også det norske samdansprogrammet bli offentleggjort på NU sine nettsider, så følg med. Eksklusiv danseverkstad for dei eldste ungdomane.
7 UNGDOM 03/2019
TEATERSKULE
Har du lyst til å bli med på sommarteaterskulen neste sommar? Følg med på nettsidene til Sandeid Ungdomslag: http://www.sandeidul.no
- ein suksess!
SOMMARTEATERSKULEN 17 unge teaterspirer mellom 9 og 15 år fekk bryna seg på skodespelarteknikk og scenekamp då Sandeid Ungdomslag i Rogaland skipa til sommarteaterskule i juni. TEKST OG FOTO: SANDEID UNGDOMSLAG
Over tre dagar, frå tysdag 25. juni til torsdag 27. juni jobba dei unge teaterspirene med blant anna improvisasjon, scenekamp og skodespelarteknikk saman med instruktør Jan Fredrik Grøndal Henriksen frå Asker. Lokalavisa følgde sommarteaterskulen
8 UNGDOM 03/2019
heile den siste dagen og var med på avslutningsframsyninga. Som avslutning inviterte dei 17 deltakarane foreldre, søsken og besteforeldre på ei lita framsyning kor dei fekk vist litt av
det dei hadde vore igjennom på sommarteaterskulen. På evalueringa etterpå kom det fram mange positive tilbakemeldingar. Deltakarane sa at det mest negative var at det var eitt år til neste gong, og det var altfor lenge å venta.
ÅLEK 2019
Ålek 2019 Stemna gjekk føre seg 16.- 21. juli i Mariehamn på Åland. Dette var første gongen at ei tilskiping innafor Nordleik var lagt dit. Nordleik vert halden kvart tredje år og går på omgang mellom landa Danmark, Sverige, Finland og Noreg. Dei sjølvstyrde områda/ landa har tilskipingar etter eige plan, som Havleik, Isleik og Grønleik. I år var det Åland sin tur. Frå Noreg reiste tre lag, BUL Molde, Sølja på Hamar og Symra frå Oslo, på Ålek. Berre tre andre utanom desse laga nytta seg av høvet da det vart ope for å få med fleire frå kvart land. På slike stemne er det eit avgrensa antal som kan delta. Noreg hadde 55 deltakarar, og av desse var det 4 musikarar. Danmark hadde lagt sitt eige stemne i same uka, så derfor kom det berre to derifrå. Fire frå Grønland meldte seg på like før stemna. Til saman vart vi vel 250. Det var ungdomsleir eit par dagar føre stemna med deltakarar frå Island, Færøyane og Åland. Det er eit tankekors at Noreg
TEKST: ERIK HAUGROS FOTO: RUNHILD HEGGEM
og dei andre landa ikkje var med her? På opninga av Ålek framførte ungdomana på ungdomsleiren eit morosamt og fartsfylt program. På fjesboka er dette lagt inn. Elles var det gode dansekveldar, fire felles måltider – to midt på dagen og to på kvelden, vidare utflukt rundt på Åland, danseframsyningar, kurs på dagen og informative leiartreff. Slik eg oppfatta det, så gjekk det aller meste etter programmet. På avslutninga takka alle land for eit særdeles godt gjennomført stemne. Frå Noreg takka vi med både tale og nydikta song til Sinclairvisa. Apropos songdans så hadde Ingrid Tuko og Nils Slapgård laga dansemåte til «Vem kan segla» på eit av kveldssamkomene. Stor lukke og kraftfull song! Kan vi på denne måten få fram vår songdans når vi er i lag med våre dansevener i Norden? Tre norske spelefolk var beden om å underhalde på torget etter stemnetoget. Det vart solospel av Hallvar Opheim på torader,
lydarslått på fele av Rikard Skjelkvåle og ein slått på hardingfele av Runhild Heggem. Det var moro at norsk musikk fekk ein så framtredande plass. Dette må vi følgje opp! Noreg gjorde det bra da vi leia våre danseøktar. Ingrid og Nils hadde ein kveld. Den andre kvelden var det Jørn Glomnes og Dag Evensen sin tur. Dei som leia kurs på dagen, var Ingrid og Nils, Erik Hestnes og Solvår Sundsbø. Vi leigde ein buss, og det var ein fin måte å samansveise tre lag. Vi song mykje, for Nils med assistanse av Ingrid hadde sett saman eit veldig variert songhefte. Torader-musikk fekk vi litt av. Quiz og vitsar mm. Ein stor takk til dei dyktige reiseleiarane i Sølja, Jan Schrøder og Einar Lund, Bente Myklebust i BUL Molde og Anne-Grete Granseth med fleire i Symra. Trur det er viktig at ein ved seinare utferder organiserer slike i lag. Vidare må laga forplikta seg til å ha med musikar(ar).
9 UNGDOM 03/2019
Frå instruktørkurs i Bergen i 2017.
INSTRUKTØRKURS I HAUST I haust kan du vere med på grunnleggande instruktørkurs i dans både i Lakselv og Bergen. Meir info finn du på www.ungdomslag.no og på eige Facebook-hending for kvart av kursa.
LAKSELV Me er veldig glade for å få til eit instruktørkurs litt lenger nord i landet også, no skal me endeleg samlast i Lakselv. Miljøet i Lakselv er godt i gong med eit større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og –dans, då synes me det passar ekstra bra å samarbeide om eit nasjonalt instruktørkurs. Kurset finn stad 26.-27. oktober. Me håpar mange vil ta turen nordover. Påmeldingsfrist: 10. oktober.
10 UNGDOM 03/2019
BERGEN 30. november til 1. desember vert det instruktørkurs i Gimle i Bergen. Det er Bergen Ungdomslag Ervingen som er lokalt vertskap men kurset er sjølvsagt ope for alle som ynskjer å delta. Nokre av fokusa på kurset vil mellom anna handle om korleis ein kan få meir energi og engasjement hjå instruktørane i laget dykkar. Høyrest det ut som noko for deg? Påmeldingsfrist: 14. november.
INSTRUKTØRKURS I 2020 No legg me også planane for kva tema og kva stad i landet NU skal tilby instruktørkurs i 2020. Me vil gjerne høyre kva behov dykkar medlemmer og instruktørspirer har behov for i året som kjem. Send inn ynskje eller forslag til solveig@ungdomslag.
NYE FRISTAR FOR GJESTEINSTRUKTØRORDNINGA No innfører me nye fristar for gjesteinstruktørordninga på teater og dans for kalenderåret 2020. 1. november gjeld for fyrste halvdel av 2020 (januar-juni) medan fristen 1. mai gjeld for siste del av året (juli-desember). Me vonar dei nye fristane skal gjera det enklare for laga våre å planlegge eit nytt semester. Søknadsskjema finn du på nettsida vår.
SØKNADSFRISTAR Tysdag 1. oktober: RFF-prosjektmidlar frist 1. oktober www.rffsoknad.no for folkemusikk og folkedans. Onsdag 16. oktober: Kulturrådet utlyser midlar til amatørteaterprosjekt med temaet utanforskap. Søknadsfristen er 16. oktober. Det kan søkast på tilskot inntil 100 000kr og kan gå til kostyme, rekvisittar, leige av lokale, teknisk utstyr eller bistand frå profesjonelle aktørar. Tematisk må då prosjektet omhandle ei eller anna form for utanforskap.
FOLKEHELSEPRISEN TIL HAVØRN UIL
Les meir: https://www.kulturradet.no/stotteordning/-/vis/ amatorteaterprosjekter-om-utenforskap
Havørn UiL fekk i august Folkehelseprisen 2019 frå Nasjonalforeninga for folkehelsa i Troms. Laget har blant anna bueskyting, turbingo og aktivitetsskule. For 21. gang arrangerte dei «Fisk og fotball» som er fire dagar med ulike aktivitetar, sosialt samvere og lokalprodusert mat. Vi gratulerer! Bildet er henta frå Facebook-sida til Havørn UiL (Frå prisutdelinga).
STORKURS I STAVANGER Hald av helga 31. januar til 2. februar 2020! Då vert det nemleg storkurs på Siddis-stova i Stavanger med ei rekke kurs innan blant anna teater, folkedans, bunad og organisasjon. Storkurset vert arrangert årleg og er eit samarbeid mellom Aust-Agder, Vest-Agder, Telemark og Rogaland Ungdomslag. Sjå http://rogaland.ungdomslag.no for meir informasjon.
11 UNGDOM 03/2019
SOMMARLEIREN
Sommarleir
Er gamle sikspensar framleis kule? Utprøvinga under utflukta til Stiklestad seier sitt.
på Skogn
Fyrste veka i juli vart sommarens vakraste eventyr skipa, denne gongen på Skogn folkehøgskule i Trøndelag. Det var Sommarleir med stor S med nøgde deltakarar, gode kurs, korte netter, mykje godis, herleg dans, imponerande rask hekling på hekleløp og venskap som vart laga for livet. TEKST: SOLVEIG BREKKE HAUKNES FOTO: INGER JOHANNE RUSET
SOMMARLEIREN
Sjølv på sommarleirens varmaste dag, måtte deltakarane ha på seg jakker og skjerf. Trass i surt vêr på årets leir, var stemninga alltid på topp!
stad. Krigerske, men blide tilstandar under utflukta til Stikle
Oppgåva til teaterkurset var å lage ei teaterframsyning frå grunnen av med eige manus. Fredag ettermiddag fekk leirdeltakarane sjå premieren – eit stykke lauseleg basert på Karius og Baktus. Oppe til høgre talar visdomstanna, om nokon skulle lure.
Nytt av året var at NU ikkje hadde sommarleir åleine, men i lag med Norsk Målungdom. Dette ga ein ny dimensjon til leiren med fleire varierte kurs og fleire kjekke folk å bli kjend med. Sommarleirveka bestod for det meste i å fordjupe seg i hovudkurs på teater, Rørospols, swing, samspel, friluftsliv eller språk. Medan ein om ettermiddagane fekk delta på varierte kortkurs i mellom anna hekling, dans, turar, slåttelære, tussefløyte, impro og
mykje meir. I tillegg var det sjølvsagt mykje sosiale aktivitetar om kveldane, mellom anna fekk me sjå ei heilt fersk teaterframsyning som teaterkurset hadde laga under leirveka. Laurdag gjekk utflukta til Stiklestad Nasjonale Kultursenter med vandreteater og sundag var det klart for avreise. Nok ei vellukka sommarleirveke er historie.
SOMMARLEIR I 2020
Me held oss i Trøndelag eit år til men har funne ein ny folkehøgskule. Me ser fram til å invitere dykk til Sommarleir på Trøndertun Folkehøgskule på Melhus. Kanskje du har ynskje til kurs eller aktivitetar for neste års leir? Då vil me gjerne høyre om dei. Send oss ei melding, anten til kontoret eller til leirutvalet vårt så tek me det med i planlegginga i haust og vinter.
Allereie no kan du setje av datoen for Sommarleiren i 2020. Det skjer 30. juni-5. juli.
13 UNGDOM 03/2019
ARENDALSUKA
Generalsekretær Kai Roger Vatne, nummer to frå høgre, deltok i debatt om europeisk demokrati under tysdagen på Arendalsuka. Både leiar Torbjørn og generalsekretær Kai Roger sat blant publikum då det var ungdomspartileiardebatt i starten av Arendalsuka. Debatten blei helde på Statsraad Lehmkuhl som låg ved kai i sentrum. Ungdomsparti-leiarane gjorde betre figur i debatten enn partidebatten for vaksenpartia seinare.
Generalsekretær Kai Roger var med i samtalen med fylkesordførar i Aust -Agder, Gro Bråten (Ap). Møtet var initiert av Studieforbundet Kultur og Tradisjon og studieforbunda sin interesseorganisasjon VOFO. Temaet for møtet var studieforbunda og deira viktige rolle.
NU PÅ ARENDALSUKA Kvart år i august samlast politikarar, organisasjonar og delar av næringslivet for å vise seg fram og drøfte ulike tema på Arendalsuka. I 2019 vart Noregs Ungdomslag invitert til å delta i debattar, og vi hadde nok på hjartet!
14 UNGDOM 03/2019
ARENDALSUKA
Noregs Ungdomslag er blant pådrivarane av Kulturalliansen som jobbar for å styrke rammevilkåra til det frivillige kulturfeltet. Kulturalliansen var medarrangør til kulturdagen under Arendalsuka, og inviterte rikspolitikarar til å blant anna svare for korleis kulturlivet skal få eigna lokale og korleis den nye støtteordninga for vaksenopplæring blir sjåande ut for det frivillige kulturfeltet.
Kulturminister Trine Skei Grande sat også i panelet til debatten «Demokrati og samfunnsengasjement - dyster fremtid? Om frivilligheitas rolle og ansvar som demokratibyggarar. Andre i panelet var direktør Gjermund Løyning i NHO Næringslivets Hovedorganisasjon, Trine Eilertsen i Aften posten, Mawra Mahmood, tidlegare leiar i Røde Kors Ungdom og Rode Margrete Hegstad i Landsrådet for Norges barneog ungdomsorganisasjoner (LNU). Det var ein spennande diskusjon, med eit godt samansett panel.
Arendalsuka Ung er ei rekkje arrangement for barn og ungdom der innhaldet skal vere gøy, men ærleg og forståeleg om samfunnet vårt. Vi var til stades under debatten til Frivillighet Norge om temaet «Kan unge redde demokratiet?» I panelet sat blant anna kulturminister Trine Skei Grande.
Arendalsuka er den største politiske møteplassen i Noreg, og mange politikarar og organisasjonar prioriterer derfor å reise dit. Alle arrangementa på Arendalsveka skal vere gratis og opne for alle. I år tok generalsekretær Kai Roger Vatne og styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen turen for å delta i debattar og presentere Noregs Ungdomslag for andre deltakarar. Blant anna deltok Kai Roger i paneldebatt om utfordringane demokratiet og sivilsamfunna i Europa opplever.
Fleire land er truga av åtak frå eigne politiske leiarar, svertekampanjar, antidemokratiske grupper, kutt i støtteordningar, sensur og overvaking. Paneldeltakarane vart spurt om korleis dette påverkar folk sin vilje til å delta i den sosiale og politiske utviklinga, og om ein ser dei same tendensane i Noreg. I den engelskspråklege debatten understreka generalsekretæren vår kor viktige dei frivillige organisasjonane er som demokratiskular, og at det er viktige med gode rammer for
å sikre desse vidare. Andre medverkande i panelet var styreleiar Tudor Bradatan i rumenske Declic, styreleiar Rode Margrete Hegstad i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) styreleiar Heikki Holmås i Frivillighet Norge, Audun Fladmoe som er forskar på Institutt for samfunnsforskning og Paul Chioveanu, prosjektleiar i Fundatia pentru Dezvoltarea Societatii Civil. I Romania har dei frivillige organisasjonane langt vanskelegare kår enn i Noreg.
15 UNGDOM 03/2019
Om Frivillighet Norge Frivilighet Norge er eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar i Noreg. Dei jobbar for ein heilskapeleg friviligheitsprolitikk for å sikre vekst og utvikling i frivilligheita. Frivillighet Norge blei stifta i 2005 og har i dag meir enn 300 medlemsorganisasjonar, som til saman representerer over 50 000 lag og foreiningar over heile landet. Noregs Ungdomslag er medlem og kjempar saman med Frivilighet Norge om blant anna full momskompensasjon for alle frivillige organisasjonar.
FRIVILLIGHETSBAROMETERET 2019 I september presenterte Frivillighet Norge årets Frivillighetsbarometer. Barometeret er ei befolkningsundersøking som vert gjort årleg i samarbeid med Kantar. I årets undersøking får vi blant anna vite at 63 prosent av befolkninga har gjort frivillig arbeid i løpet av det siste året. FOTO: BIRGITTE HENEIDE/FRIVILLIGHET NORGE
16 UNGDOM 03/2019
FRIVILLIGHET
Generalsekretær i Frivillighet Norge, Stian Slotterøy Johnsen, la fram frivillighetsbarometeret torsdag 5. september.
få med enda fleire. Her kan vi bli flinkare til å spørje dei som ikkje er aktive frå før om å bli med, seier Slotterøy Johnsen.
I hushaldningar med fleire personar og barn er talet høgare. 27 prosent med eitt eller to barn under 15 år har latt vere å delta.
I årets undersøking vert det spurt for første gang om betydinga av frivilligheita for lokalsamfunna folk er ein del av. - Det er ingen tvil om at frivilligheita er viktig for lokalsamfunna vi bur i. Mange kommunar har ikkje ein frivillighetspolitikk i dag, det håper vi dei nyvalde politikarane vil ta tak i no etter valet, oppfordrar Stian Slotterøy Johnsen.
Nærmiljøet 88 prosent er einig eller svært einig i at frivillig engasjement er med på å utvikle og berike kommunen dei bur i. 46 prosent meiner det er svært viktig at kommunen legg til rette for frivillige organisasjonar, lag og foreiningar. 16 prosent svarer at dei synest det er litt vanskeleg å få oversikt over fritidstilbod for barn og unge. For familiar med barn under 15 år er talet høgare. Her svarer 37 prosent med to barn at det er litt vanskeleg å få denne oversikta.
HOVUDFUNNA I UNDERSØKINGA Framleis stabil deltaking i frivillig arbeid. 63 prosent oppgir at dei har gjort frivillig arbeid i løpet av det siste året. Talet på dei som gjer frivillig arbeid har ligge stabilt dei siste åra og det same gjeld kor ofte ein er frivillig. Blant dei med lågast inntekt er det også ein lågare del som gjer frivillig arbeid. Det same finn vi blant dei som gjer frivillig arbeid ofte. Det same gjeld når vi ser på utdanningsnivå kor deltaking i frivillig arbeid er størst blant dei med høgare utdanning. - Veldig mange i Noreg gjer ein frivillig innsats og det er vi glade for. Samtidig er det viktig at vi heile tida søkjer etter å utvikle oss som organisasjonar og gode fellesskap i lokalsamfunna. Då er det nyttig å få tilbakemeldingar slik som vi gjer gjennom Frivillighetsbarometeret, seier generalsekretær i Frivillighet Norge Stian Slotterøy Johnsen. Frivillighet Norge er glade for at ein stor del av befolkninga deltek i frivilligheita og at mange også ønsker å bidra. - Årets undersøking viser stabilitet i talet på frivillige, men også eit stort potensiale for å
Rekruttering 62 prosent seier dei ikkje har blitt forsøkt rekruttert til frivillig arbeid det siste året. Det er i større grad dei som allereie er frivillige som blir spurt om å vere med. Samtidig oppgir 52 prosent av dei som ikkje er frivillige at dei kunne tenke seg å gjere frivillig arbeid for noko dei er opptekne av. Barrierer for deltaking 18 prosent av befolkninga oppgir å ha sjølv, eller at nokon i familien har latt vere å delta på fritidsaktivitetar på grunn av økonomi.
Tillit og økonomi Det er fleire som oppgir at dei er utrygge på om pengegåver til frivillige organisasjonar blir brukte til formålet. Delen som er utrygge går noko ned frå 2018, men det er framleis fleire som er usikre enn som har tillit. Dei fleste er bekymra for at midlane forsvinn til administrasjonskostnader. Det er størst negativitet knytt til bruk av midlar til høge leiarlønningar.
OM UNDERSØKINGA: • Målgruppe: Befolkningsrepresentativt utval blant alle over 15 år • Intervjumetode: Webintervju gjennom GallupPanelet, eigd av Norsk Gallup • Tal på intervju: 2006 (svarprosent: 41 prosent) • Median intervjutid: 11 minutt • Datainnsamlingsperiode: Juni – juli 2019 • Vekting: Resultata er vekta på kjønn, alder og geografi Teksten er basert på ei pressemelding frå Frivillighet Norge 17 UNGDOM 03/2019
FRIVILLIG.NO
TA I BRUK Frivillig.no er ei oppslagstavle for frivillige oppdrag. Målet er å gjere det enklare for folk å bli frivillige og enklare for organisasjonar å finne frivillige. FOTO: BIRGITTE HEIEIDE/FRIVILLIGHET NORGE
Ønskjer de fleire til å vere med i lokallagstyret? Eller kanskje de treng fleire vakter til eit arrangement? Anten behovet er stort eller lite, og om de held til på ein stor eller liten plass, kan det vere lurt å legge ut oppdraget på Frivillig.no. Kanskje nokon oppdagar de nokon som dykk elles ikkje hadde nådd ut til! Frivillig.no er ei nettside med 2500 oppdrag over heile landet. Mange ulike personar er inne og ser etter noko å engasjere seg i. Det betyr at dette kanskje ikkje er dei same menneska som de er vane med å rekruttere.
Mange unge ønsker å engasjere seg frivillig.
18 UNGDOM 03/2019
Nokon er ute etter eit fellesskap, medan andre er ute etter å lære og få nye ferdigheiter. Nokre har lang erfaring som frivillig, medan andre er heilt ferske. Felles for dei, er at dei er nysgjerrige på kva dei kan bidra med i sine nærmiljø. Frivillig.no kan brukast av organisasjonar registrert i Frivillighetsregisteret. I tillegg er det unntak for frivilligheitssentralar, kyrkjelydar og kulturfestivalar. Eit oppdrag kan vere langvarig eller kortvarig. Det kan vere oppmøte éin dag på dugnad
eller eit verv som krev omfattande opplæring og medlemsskap i organisasjonen. Fordi folk har så ulik erfaringar og ulik kunnskap om det å vere frivillig, er det veldig viktig å vere tydeleg. Når du legg ut eit oppdrag på Frivillig.no, er det gjerne nokon som ikkje kjenner dykk frå før som fattar interesse og tek kontakt. Vil du bruke Frivillig.no til å rekruttere fleire frivillige? Gå til frivillig.no/ny-organisasjon og følg instruksjonane.
FRIVILLIG.NO TEKST
GREITT Å VITE • Om du registrerer lokallaget på organisa sjonssidene eller legg ut eit oppdrag, er du sjølv ansvarleg for oppdateringar. • Kontaktinformasjon formidla gjennom Frivillig.no skal ikkje brukast i anna formål enn det som står i oppdragsteksten, med mindre den frivillige aktivt godtek dette. • Oppdrag på frivillig.no skal ikkje vere lønna. Ein kan kompensere for utgifter den frivillige har hatt i samband med opp draget, men rein honorering er ikkje definert som frivillig arbeid, og høyrer derfor ikkje heime på frivillig.no. • Du er ansvarleg for at personopplysningane som blir sendt til deg vert lagra og be handla etter personvernforordninga. • Organisasjonar og oppdrag skal ikkje diskriminere på bakgrunn av verken kjønn,
etnisk bakgrunn, religion, funksjons hemming eller seksuell legning. • Frivillig.no står fritt til å bruke skjønn, og kan til ein kvar tid fjerne uønskt innhald. •
Som brukar av Frivillig.no får du nyheitsbrev på e-post med oppdateringar, tips og inspirasjon. Du kan når som helst melde deg av nyheitsbrevet ved å å bruke linken nedst i e-posten.
Nettstaden Frivillig.no vart starta opp i desember 2015 og vert drive av dei frivillige organisasjonane sjølv gjennom Frivillighet Norge, og er støtta av Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet, Oslo kommune, Gjensidigestiftelsen og Sparebankstiftelsen DNB.
TRENG DU HJELP ELLER TIPS? Ta kontakt på kontakt@frivillig.no
FRIVILLIG.NO SOM FRIVILLIG KAN DU: • • •
Sjå gjennom oppdrag du kan gjere der du bur Melde interesse til organisasjonen bak oppdraget Bli frivillig og gjere ein forskjell!
SOM ORGANISASJON KAN DU: • • •
Registrere deg og legge ut behov for frivillige Svare på meldingar frå potensielle nye frivillige og invitere dei inn i din organisasjon Få hjelp og oppfølging frå teamet bak Frivillig.no
Statsminister Erna Solberg snakkar varmt om Frivillig.no
19 UNGDOM 03/2019
BUNAD
BUNAD-
kva er det?
Ynskjer du tilgang til eit opplegg med bunad som tema, tilrettelagt for barn i alderen 9-12 år? Ser lokallaget ditt etter aktivitetar for dei yngste? Noregs Ungdomslag, Studieforbundet, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum og Norsk institutt for bunad og folkedrakt
samarbeider om å nominere bunadsbruken i Norge til UNESCOs liste over immateriell kulturarv og står bak formidlingsopplegget.
Gjennom opplegget vil barna både kunne lære om den norske bunadstradisjonen, og om kulturarv og UNESCO. Ikkje minst vil barna få oppskrifter dei kan bruke til å lage eigne produkt, slik som å flette hoseband. Det følgjer og med ein grindvev barna kan bruke til å veve eigne band, som brukast til mange forskjellige bunader. Vi trur at opplegget vil være både interessant og gøy for barn i målgruppa. Forklaringane som følger med er enkle og gode, og som instruktørane i lokallaga kan bruke til handarbeidskveldar og aktivitetsstundar med barn. Kvart barn vil få sitt eige hefte med interessante tekstar, oppskrifter og sider kor dei kan skape og teikne sine eigne oppskrifter på for eksempel flettemønstre eller broderi. I heftet ligg og grindveven som barna kjem til å ha mykje glede av. Vi håper mange er interesserte i å bestille hefta til sitt lokallag og bli inspirerte til å skape god handverksaktivitet med dei yngste, og vi vil gjerne høyre korleis hefta og oppskriftene vert motteken av barna. Heftet har 24 sider, mål 15x15 cm og grindvev følger med i en lomme bakarst i heftet. Heftet kostar kr. 25.- pr.stk. Kvart lokallag kan bestille så mange dei måtte ynskje, så lenge lageret held. Vi ber om at de gir ein kort beskriving av når og i kva samanheng de vil bruke heftet da opplaget er begrensa. Hefta vert sendt ut fortløpande, porto dekkjer vi.
FOR SPØRSMÅL ELLER BESTILLING, KONTAKT: post@husflid.no og merk meldinga med «Bunad – hva er det?»
20 UNGDOM 03/2019
TIL MINNE
TIL MINNE OLAV MOGSTAD TEKST: LAGSTYRET I BONDEUNGDOMSLAGET I NIDAROS
Olav Mogstad, fødd i Surnadal 14.10.1930, melde seg inn i Bondeungdomslaget i Nidaros i 1951. Han var interessert i musikk og dans, og fann gjennom det også eit sosialt nettverk der. Han var aktiv både som instruktør og tillitsvald. Første vervet var som leiar av spelemannslaget i 1955. Sidan har det godt slag i slag med verv både i lokallaget, fylkeslaget og på sentralt hald. Han var og aktiv i forretningsdrifta vår. Då han gjekk ut av rådet i BUL for siste gong i 2007, hadde han hatt verv i alle ledd i organisasjonen nesten samanhengande i 52 år. Eit verv som syntest godt i offentlegheita var som stemnegeneral for Nordleik i 1976. Dette var eit arrangement som tok mykje arbeid og kravde evna til å delegere oppgåver og ta raske avgjerder. Det var godt å ha Olav i leiar rolla der både for BUL og Noregs ungdomslag. Men i BUL hugsar vi han mest for det jamne arbeidet både i aktivitet og administrasjon. Han var flink til å sjå folk og ta imot dei så dei kjende seg velkomne og ga gjerne vidare av si erfaring. I vanskelege saker var det ofte godt å kunne spørje Olav. Han hadde god kontakt i alle ledd i organisasjonen og gav gode råd. Han var historisk interessert og ikkje minst glad i å formidle det han sjølv hadde opplevd. Han skreiv ofte i lagsbladet vårt. Små historier om dei ulike aktivitetane i laget ligg på heimesida til BUL og utgjer kapittelet historie. Det er sjølvopplevd det han skriv om og det viser breidda i aktiviteten hans i
laget. Berre songlaget skreiv han ikkje om. Der har han nok ikkje vore med, men synge, det kunne han. Vi vil takke deg, Olav, for den
energi, klokskap og det engasjement du har lagt ned i arbeidet vårt. Fred over ditt minne.
FOTO: OLE EKKER BENNETT
Alt på ett sted. Er du mellom 18 og 26 år får du forsikringspakken med det du trenger. Sjekk ut Ung voksen på kniftrygghet.no
TRØNDERSKE BUNADER
SYDD FOR HÅND OG MED
kniftrygghet.no | privat@kniftrygghet.no | 23 68 39 00
Utdanning som folkemusikar?
Velkommen til oss i Olav Tryggvasons gate 18
Støtteordninger hos Norsk senter for folkemusikk og folkedans For 2019 har Norsk senter for folkemusikk og folkedans to ulike støtteordninger for prosjekter som verner, fremmer og viderefører norske folkemusikk og folkedanstradisjoner:
Ole Bull Akademiet har bachelorstudium i utøvande tradisjonsmusikk! Du får eit tilpassa opplegg – under samlingsveka kvar månad får du dra nytte av det sterke fagmiljøet på akademiet på Voss, og tida i mellom er sett av til timar hjå læremeister, øving og sjølvstendig arbeid. Søknadsfrist 15. desember, sjå www.olebull.no Studiet er eit samarbeid med Griegakademiet, / UiB
22 UNGDOM 03/2019
Prosjektmidler (kr. 11.000-50.000) og Små og raske midler (maks. kr. 10.000) til prosjekter/tiltak som bl.a.: • arrangering av kurs og faglige seminarer • publiseringer (utgivelse av bøker, fonogram) • opplæringstiltak • arbeid med undervisning- og utviklingsprosjekter Prioriteringsområder er barn og unge, rekruttering, tradisjonsområder som står svakt og feltarbeid for dokumentasjon av levende kilder. Søknadsfrist for Prosjektmidler er 15. mars og 1. oktober. Søknader om Små og raske midler har løpende søknadsfrist. Søknad leveres i vårt elektronisk søknadssystem, se lenke fra www.folkemusikkogfolkedans.no
LANDSMØTET 2019
LANDSMØTET 2020 Helga 24.-26. april 2020 blir det NU-helg og landsmøte i hovudstaden. Set av datoane allereie no! Landsmøtet er det høgaste demokratiske organet i organisasjonen vår. Noregs Ungdomslag held landsmøte kvart år for å leggje dei strategiske linjene for korleis organisasjonen skal drivast. Alle lokallag har høve til å sende minimum éin delegat med stemmerett. I tillegg til dei ordinære landsmøtesakene, skal landsmøtet i 2020 vedta arbeidsprogrammet for 2021-2022. Har de meiningar om korleis styret og sentralleddet til Noregs Ungdomslag betre kan jobbe for
medlemmane? Å vere med å avgjere korleis arbeidsprogrammet skal sjå ut er ei ideell moglegheit til det. Arbeidsprogrammet definerer målsetjingane for organisasjonen innanfor ei toårig ramme. Lokallaga kan også melde inn saker til landsmøtet. I 2019 var fristen for dette 1. mars.
LES STYRINGSDOKUMENTA VÅRE Vedtekter, prinsipprogram, fagpolitiske plattformar, langtidsprogram og arbeidsprogram
ANNONSERE I UNGDOM?
for 2019-2020 finn du på nettstaden vår: http://www.ungdomslag.no/om-oss/styringsdokument/
NU-HELGA 2020 I samband med landsmøtet blir det ei rekkje aktivitetar, seminar og kurs som både landsmøtedelegatar og andre NU-medlemmar kan delta på. Programmet er under utarbeiding, så følg med på nettsidene våre og Facebook-sida vår for oppdateringar!
Ta kontakt med Tone Merete Møllerud tlf: 489 53 391 tone@flisamedia.no 23 UNGDOM 03/2019
Returadresse: Noregs Ungdomslag, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo
UNGDOM OM GD UN UNGDOM UNGDOM MEDLEM SBLAD FOR NOREGS UNGDOM SLAG - 3/2018
102
.Å
R
GA
NG
- 4/2018 MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG
102
.Å
- 2/2018 MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG
R
GA
NG
102
.Å R
GA
NG
MED LEM
SBL AD FOR NOR EGS
UNG DOM
SLA G - 1/2 019
103. ÅR G
r
alkultu Levande lok
UNGDOM UNGDOM Sommarleiren • Nordlek • Nytt liv i gamle stølstrad isjonar Å feire ein hundreåring • Bunadsbruk til UNESCO Lær dans med Folkeped ia • NU kulturformidling
MEDL EMSB LAD
- 2/2019 MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG
.Å
NG
102
.Å
GA
- 1/201 8
ur alkult de lok RGA N G
Levan
104
ultur
alk de lok
Levan
R
UNGD OMSL AG FOR NORE GS
Veit? 2019 Heime hos Norsk Barneblad • Landsrådsmøtet • Kven Statsbudsjettet • Studieforbundsordninga under utgreiing Nordring og folkeleg pardans
Skifte i generalsekretærrekka • Landsmøte • Sommarleiren Frå frisinn til frilyndt • Kvar kjem bunaden frå?
Levande lokalkultur
Barnestemne • Jakt Ungt leiarskap a på talarstolane • Sommar • NU-helga leiren 2019 • Hus et i bygda
Leiarskifte • Ny heidersmedlem Vinnarane av Kven veit? 2019 • Teaterarbeidet
Leva
ur
lkult
oka nde l
ultur
alk de lok
Levan
eit ungdomslag arleir • Å jakte på på trappene NU-helg • Somm nvernreglement Landsmøte og Noreg • Nytt perso frivillige stoppar
Folkepedia • Utan
FORTEL OSS KVA SOM SKJER! Lokallaga i Noregs Ungdomslag engasjerer seg i smått og stort, og driv med alt frå bygdekino og diskotek til bokbinding og sylting. Kva enn laget ditt er oppteke av – vi vil gjerne vite meir om det! Ikkje nøl med å sende oss bilde, tekst og eller lenker til arrangement og hjartesaker de jobbar med lokalt. Medlemsbladet Ungdom som kjem i postkassa primo desember, har stoffrist 1. november, og vi tek svært gjerne imot bidrag til post@ungdomslag.no om det som har vore, og det som er under planlegging.
AN
G