Ungdom nr. 4 2018

Page 1

UNGDOM MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 4/2018

102 .Å

R

GA

NG

tur

kul l a k o l e Levand Heime hos Norsk Barneblad • Landsrådsmøtet • Kven Veit? 2019 Statsbudsjettet • Studieforbundsordninga under utgreiing Nordring og folkeleg pardans


753!

Mette Vårdal Leiar i Noregs Ungdomslag

Redaktør: Kjell Åsmund Sunde Ansvarleg redaktør: Kai Roger Vatne Opplag: 3800 Bladbunad, trykk og annonsebyrå: Flisa Trykkeri AS Framsidefoto: Frå landsrådmøtet. Foto: Inger Johanne Ruset Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo Telefon: 24 14 11 10 E-post: post@ungdomslag.no Generalsekretær: Kai Roger Vatne Tlf. 24 14 11 10, kai.roger@ungdomslag.no Informasjonsrådgjevar: Inger Johanne Ruset, Tlf.: 24 14 11 13 inger.johanne@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Rita Sirirud Vatnehol Tlf: 24 14 11 13, rita@ungdomslag.no Kulturrådgjevar: Solveig Brekke Hauknes Tlf.: 24 14 11 15, solveig@ungdomslag.no Organisasjonskonsulent: Alf Steinar Nekstad, Tlf.: 24 14 11 16 alf.steinar@ungdomslag.no Kontonummer: 8101 07 00027 Organisasjonsnummer: 939 550 550 www.ungdomslag.no facebook.com/noregsungdomslag instagram.com/ungdomslag Stoffrist neste Ungdom: 15. februar

2 UNGDOM 04/2018

V

i kan ta juleferie med smil om munnen, NU har i 2018 fått 753 nye medlemmer, fleire nye lag og fleire deltakarar på sommarleiren og på landsmøtet. Det går oppover. Mot alle odds. For trenden er nemleg slik, eller har i alle fall ei stund vore, at dei store, allmenne organisasjonane som det NU er, får færre medlemmer. Men det kan hende vi ser ei endring. For det er også slik, at ein kvar trend blir møtt av ein mottrend. Når mange lokalsamfunn opplever at skular blir lagde ned, aktivitetstilbod blir sentraliserte og fleire flytter frå, så er det mange som vil vere ei motvekt. I små og store lokalsamfunn finst det eldsjeler som samlar seg, tek initiativ og organiserer aktivitet. Dei syter for levande lokalkultur. Dei skaper identitet, samhald og er på mange vis ein motkultur. Slik NU alltid har vore. Vi kan ikkje snu dei store samfunnstrendane, i alle fall ikkje aleine. Og det er kanskje heller ikkje meininga. Viktigare er det å sjå korleis det lokalsamfunnet vi bur i er og korleis vi best kan gjere det til eit godt samfunn å bu i for alle. Dessutan er det slik at dersom vi alle følger med straumen og dei store trendane, så står vi mykje dårlegare rusta når dei snur. For det gjer dei

ein gong. At nokon av oss er litt motstraums skaper meir mangfald, og gjer samfunnet meir solid. Å gå motstraums er ikkje det same som å vere bakstreversk, tvert om. Det å engasjere seg i lag og aktivitetar som vil noko, er å vere med å bygge framtida. Og i NU vil vi mykje. Difor tek vi det ikkje med ro og følger med straumen, sjølv om det kunne vore lettvint. Eg ønsker alle ei riktig god jul, og så held vi fram å kave saman mot straumen i 2019 også. Kan hende med enda fleire på laget.

ANNONSERE I UNGDOM? Ta kontakt med Tone Merete Møllerud tlf: 489 53 391 tone@flisamedia.no


NU-KONTORET

INNHALD

irud Rita Sir

l Vatneho

Kjell Åsmund Sunde

4 Nynorsk kvalitets journalistikk til barn 6 Augeblikk frå Landsrådsmøtet 2018 8 Nordring - for deg mellom 18-25 år 9 Småleik - nytt barnestemne i Oslo 10 Notisar 12 Statsbudsjettet 2019 14 Kven veit? 2019 15 Sommarleiren 2019 16 Nordlek-møte i Mölnlycke 17 Suksess med seminar om dansearrangement 18 Studieforbundsordninga under utgreiing 19 Pressemelding - Hordaland får ettertrakta danseprosjekt 20 Medlemsfordel: forsikring 21 Minneord 24 Nytt medlemslag i NU

NYE FJES PÅ NU-KONTORET I haust er det to nye tilsette på NU-kontoret. Rita Sirirud Vatnehol startar som kulturrådgjevar og Kjell Åsmund Sunde er inne som informasjonsrådgjevar ein kort periode. Rita er 35 år gamal og kjem frå Dokka i Oppland. No bur ho på Stovner i Oslo. Ho har arbeidd som lærar sidan 2007, men har hatt eit ønskje om å skifte beite, og kunne ikkje anna enn å takke ja då ho fekk tilbod om jobb i NU. Rita kjenner NU godt og har vore sentralt tillitsvald i organisasjonen i åtte år, både som medlem av Teaterrådet, leiar av Barne-, og ungdomsrådet og som styremedlem. – Eg har drive med teater av og på sidan eg var lita og har vore med på ei rekkje forskjellige prosjekt både i og utanfor

lokallaget heime. I tillegg til teater er både folkedans og korpsmusikk interesser eg har, fortel Rita. – Er veldig glad i NU som organisasjon og ser både utfordringane, styrkane og potensialet som finst. Eg gler meg til å sjå kva som kjem til å skje i NU i tida framover, seier ho. Kjell Åsmund Sunde er 31 år og kjem frå Jølster i Sogn og Fjordane. Han vikarierer som informasjonsrådgjevar før Inger Johanne Ruset, som i dag er kulturrådgjevar, tek over 1. desember.

Kjell har arbeidd som journalist sidan 2016 og har mellom anna arbeidd i Firda og i Nynorsk Pressekontor. Han har òg vore medlem av Teaterlaget i BUL Oslo sidan 2009. – NU er ein organisasjon som betyr mykje for meg. Sjølv om eg berre skal arbeide her ein kort periode er eg innstilt på å yte det eg kan, seier Kjell.

3 UNGDOM 04/2018


I hytt og ver!

Jenta som ville teikne

NORSK BARNEBLAD

Ein vitskapleg slikepinne! NORS

ke

K BARNEBLAD

NORSK BARNEBLAD 1887

erinna Den ulykkelege keis

I hytt og ver!

T 2018 GRUN NLAG NR. 10. OKTO BER

og

OOhOO

Flaggermus

Jemen

Pomperipossa

ler Skjel og per

O hO

Ly k

1887

lloween Historia omknHa ask knep

ke

le teikne Jenta som vil slikepinne! Ein vitskapleg

NORSK BARNEBLAD

17.mai

r våren JoJo hjelpe

Ly k

GRUN NLAG T NR. 4 APRIL 2018

oooo

NR. 5 MAI 2018 GRUNN LAGT 1887

fs lensmann snu

Fram frå isen

hO

OO

jojo triksar

Kva er lys?

Ut med sykkelen

KVISS

NORSK BARNEBLAD SM

(fu

ll

n

H

EN IS

Genialt papirfly

K NORS EBLAD BARN

l gnda til So anda Frå Rw in • • • • • • ••••• • es k? r n o d a b w rleg r med i i Chit På tu ler då Safar od el •••• G

. AU NR . 7/8

GU ST

UN NL 20 18 GR

87 AG T 18

Å leve m

Lag di eiga graskar-lykt

ed

cøliaki

er

AT EV

SK A

FL

Is

ho

G

ck ey

R

U

N

N

VA

T

N

D

N

u

! ! N t N t A VA V

E av LTA et R av st )v ig at

NR. 2 FEBRUA R 2018 GRUNN LAGT 1887

Søtpotetp izza

Nynorsk

g! a d e Bak og aker ige k llar Luft o de b o g

Så fe il kan ein ta

KVALITETSJOURNALISTIKK TIL BARN

Norsk Barneblad blei grunnlagt i 1887 og er eit av dei eldste barneblada i verda som framleis kjem ut. Den gong var tanken bak å gi unge lesestoff på nynorsk og det er framleis hovudføremålet med bladet. TEKST OG FOTO: KJELL ÅSMUND SUNDE

– Det beste med å jobbe i Norsk Barneblad er at eg får lov å finne ut av alt mulig. Eg er veldig nysgjerrig som person og meiner at ingen spørsmål er for dumme. Eg spør og grev om alt, fortel redaktør Nana RiseLynum.

4 UNGDOM 04/2018

VARIERT ARBEIDSKVARDAG Saman med kontormedarbeidar Wenche Brusevold utgjer ho 50 prosent av arbeidsstokken i Barnebladet. Med ein så liten redaksjon seier det nesten seg sjølv at arbeidsoppgåvene blir svært varierte.

– Eg er i alle fasar av produksjonen heile tida. Ein vanlig arbeidsdag startar med ein kopp kaffi. Så set eg meg ned og svarar på e-postar eg har fått frå barn. Barn skal ha svar med ein gong. Når det er gjort har eg arbeidslister der eg skriv opp alt eg skal gjere.


NORSK BARNEBLAD

«Det beste med å jobbe i Norsk Barneblad er at eg får lov å finne ut av alt mulig. Eg spør og grev om alt» For eg må jo ikkje gløyme noko, seier Nana. – Er eg i tidleg i fasen med eit nytt blad må eg sjå på kva type stoff eg har tilgang på. Eg kan til dømes prøve bestille stoff frå skribentar eller bruke tekstar eg alt har liggande. Så forhøyrer eg meg med teikneserieskaparane og spør om dei kan vinkle noko på eit bestemt tema. Deretter set eg i gong å skrive. Før det nærmar seg stoffrist for eit nytt nummer dreier mykje av jobben til Nana seg om å kvalitetssikre innhaldet. – Språket i Norsk Barneblad skal vere rett. Det skal ikkje vere kommafeil eller og/å-feil.

Eg språkvaskar først sjølv, deretter sender eg òg tekstane til ekstern korrekturlesing. Når bladet er språkvaska har vanlegvis eg og formgivar allereie gått eit par rundar på korleis bladet kan sjå ut. Medan alt dette går føre seg er eg òg i gang med planlegginga av neste nummer.

ALT STOFF KAN GJERAST SPENNANDE Nana fortel vidare at tema for eit nytt nummer plutseleg kan komme. – Det kan berre komme rekande på ei fjøl. Det kan vere at nokon har skrive ei sak som passar eller det kan vere at eg overhøyrer ungar diskutere noko dei er opptekne av. Nokre gonger finn eg òg inspirasjon til tema ved å lese aviser. Det berre kjem.

nummer om eit bestemt tema. – Mange tenker kanskje at maur er uinteressant, men det finst faktisk ganske mange typar maur i Noreg. Maur kan vere veldig interessant. Alt kan vere interessant om ein berre grev djupt nok. Eg liknar veldig på barn på den måten. Viss du fortel oss noko på ein bra måte, så er vi interesserte, seier redaktøren. Ho har òg klare tankar om kva ho ønskjer seg for framtida til bladet. – Mange fleire lesarar, mykje meir pengar. Bladet skulle vore dobbelt så stort, fire gonger så stort. Meir av alt som er godt. Hadde vi hatt meir midlar skulle vi hatt eit endå større og betre blad!

At Nana er nyfiken som person hjelper også når ein skal fordjupe seg i og gi ut eit heilt

5 UNGDOM 04/2018


LANDSRÅDSMØTET 2018

AUGEBLIKK FRÅ LANDSRÅDSMØTET 2018 Regionalisering og ein frivillig sektor i endring var sentrale tema under landsrådsmøte-helga 27.-28.oktober. På det årlege møtet får fylkeslaga høve til å utveksle erfaringar med kvarandre, og kome med innspel til styret om organisasjonsarbeidet. TEKST OG FOTO: INGER JOHANNE RUSET

2

1

Daniel Arnesen frå Institutt for samfunnsforsking innleidde møtet på søndag om korleis frivilligfeltet har endra seg dei siste åra. Han hadde med eit heitt tips for rekruttering: Spør personar direkte! Statistikken viser at det fungerer som berre juling.

Generalsekretær Kai Roger Vatne følgde tett med på diskusjonane gjennom møtehelga.

3 4

Kevin Theigmann frå styret, Gunhild Slettvoll frå Troms Ungdomsfylking, Anette Figenschou frå Nordland Ungdomsfylking, Morten Nilsen frå styret og Trine Skjærvik frå Naumdøla Ungdomslag slo seg ned i den fargerike foajeen på hotellet for å drøfte rolla til fylkeslaga i organiseringa i framtida.

6 UNGDOM 04/2018

Austlandsgjengen, beståande av Jan Hilding Eriksen frå Bygdelagssamskipnaden, Tone Eidsvold frå Eidsiva fylkeslag og Øystein Gjefle frå Oppland Ungdomslag fann seg til rette ved ein fargesprakande vegg under gruppearbeidet laurdagen.


LANDSRÅDSMØTET 2018

Jostein Apeland frå Rogaland Ungdomslag har mange tankar om korleis ein best kan ruste organisasjonen og fylkeslaga for framtida. Espen Aasbø frå Aust-Agder Ungdomslag og Nina Byttingsmyr frå Aust- og Vest-Agder Ungdomslag følgde interesserte med saman med resten av møtedeltakarane frå sørlandsfylka.

7

Politisk nestleiar Marit Krogsæter, organis atorisk nestleia r Terje Svindseth og styremedlem Torbjørn Lauen skin om kapp med sola når framtidsvisjonar for Noregs Ungdomslag er temaet.

8

6

5

diger Kakefeiring. Tre små tal på ei n på uke msa dle me – marsipankake vsjøl tte må 7 201 753 medlemmar i sagt feirast!

10

Øystein Rambjørg, leiar av Hordaland Ungdomslag, forsyner seg av marsipankaka i kaffipausen på søndagen.

På tampen av landsrådmøtet samlar fylkeslaga seg for eit gruppebilde i hotellgangen. Dei første som kom på plass fekk plundre litt med årets yngste møtedeltakar – vesle Solfrid.

9

Kjell Jostein Stavvik frå Nordmøre og Romsdal Ungdomslag gir to tomlar opp for landsrådsmøtet. aland Eli Anna Gudmundsen frå Rog gebærUngdomslag godkjenner brin . iens red sylte som kakeing

11

7 UNGDOM 04/2018


NORDRING

Er du mellom 18 og 25 år, aktiv folkedansar eller folkemusikar og har ledig tid 18.-22.april 2019? Då er Nordring noko for deg.

NORDRING - FOR DEG MELLOM 18-25 ÅR 18.-22.april arrangerer NU i lag med den nordiske organisasjonen Nordlek eit inspirasjonskurs og ungdomsutveksling på Studenterhytta i Nordmarka i Oslo. Det er ei eksklusiv samling der berre seks ungdomar frå kvart av dei nordiske landa og dei sjølvstyrte områda får delta, fire dansarar og to musikarar. Me er no på jakt etter seks ungdomar frå Noregs Ungdomslag som ynskjer å delta i prosjektet.

Under sjølve samlinga er det ungdomane sjølve som formidlar og lærer bort eigen musikk- og dansetradisjon til kvarandre. I tillegg får ein lære om organisasjonen Nordlek og alle landa sine eigne organisasjonar. Under samlinga blir det også utveksla påsketradisjonar.

15.januar 2019. Søknadsskjema og meir informasjon er tilgjengelig på nettsida under tema folkedans og internasjonalt samarbeid. Ta gjerne kontakt med kontoret dersom det er aktuelt eller om du har spørsmål knytt til Nordring. Tips gjerne nokon i målgruppa om å søke.

Høyrest dette ut som noko du kunne tenke deg å vere med på? Send ein søknad innan

Nytt dansekurs for deg som ynskjer å bli ein endå betre dansar. To helger i 2019 har du mulegheit til å fordjupe deg i den folkelege pardansen og din eigen dansestil med god rettleiing frå instruktør Vegar Vårdal. Vegar er ein allsidig folkedansar og -musikar og er ein av dei fremste pedagogane i landet. Han har halde ei rekkje kurs for Noregs Ungdomslag. Vegar har eit engasjement som smittar og er god på å gje individuelle attendemeldingar som kan hjelpa deg til å bli ein endå betre dansar og gjera deg meir bevisst på eigen dans. Kurset fokuserer i hovudsak på eigen dans og utvikling av eigen dansestil. Det er muleg å melde inn tema eller problemstillingar, som ein ynskjer å arbeide med på kurset, i

forkant. I tillegg vil me også sjå på korleis ein dansar i ulike samanhengar i dag og korleis me til dømes dansar framsyningar. Dette er ikkje eit instruktørkurs, men eit kurs der me jobbar med eigen dans. Det blir tid til utprøving og diskusjon mellom instruktør og kursdeltakarane, eit skikkeleg djupdykk. Datoane for kurset er 8.-10.februar og 15.-17. mars 2019. Kvar kurshelg går over 12 timar, fredag 17-21, laurdag og sundag 10-15. Det er muleg å vere med på begge kurshelgene, eller berre ei av dei. Kurset finn stad i Bygdelagssamskipnaden i Oslo. Påmeldingsfristen til kurshelgene er 11. januar 2019 via www.deltager.no/folkeleg_pardans. Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med kulturrådgjevar solveig@ungdomslag.no.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

FORDJUPING I FOLKELEG PARDANS


SMÅLEIK

Småleik - NYTT BARNESTEMNE I OSLO FOTO: THOR HAUKNES

SMÅLEIK er eit sommarstemne for barn og ungdom som er glade i folkedans og folkemusikk. Heile St. Hans-helga 2019 vert via til song, dans, spel og mykje moro. SMÅLEIK er ei ny nasjonal storsatsing. Stemnet er mellom anna ein del av 100 årsjubileet til Leikarringen i BUL Oslo Hundreleik. Fleire organisasjonar har gått saman om å lage eit stemne med topp instruktørar og musikarar. Stemnet blir hovudsakleg halde på Apalløkka ved Lillomarka i Oslo. Her blir det verkstader, overnatting, friluftsaktivitetar og danse- og musikkfest for store og små. Stemnet går av stabelen frå fredag 21. til søndag 23. juni. SMÅLEIK er òg ein del av det store jonsok-programmet til Folkemuseet søndag 23. juni.

SMÅLEIK skal blåse nytt liv i dei lokale danse- og musikktradisjonane frå Oslo og Akershus. Fleire arrangement og prosjekt utover hausten og våren skal førebu stemnet, til dømes SAFFA-kurset i Akershus, Oslosamlinga og eit særskilt skuleprosjekt i Groruddalen. Stemnet er ope for barn og ungdom i alderen 6 til 18 som anten driv med folkemusikk, folkedans eller folkesong – eller som har lyst til å prøve seg. Nybegynnarar og vidarekomne er like velkomne. Mange deltek saman med gruppa eller laget dei vanlegvis er med i, men familiar, vennegrupper og enkeltdeltakarar kan òg melde seg på. Påmeldinga startar i februar.

Hovudarrangørar: Barnelaget i Oslo, UFO (Unge folkemusikere i Oslo), Leikarringen i BUL Oslo og Noregs Ungdomslag. Medarrangørar: Akershus musikkråd, Kultivator AS, Norsk Folkemuseum og Samarbeidsorganet for folkedans og folkemusikk i Akershus (Saffa). Samarbeidspartnarar: Riksscenen, FolkOrg, Bygdelagssamskipnaden og Landsrådet for norske barneog ungdoms-organsjonar (LNU). Meir informasjon om stemnet finn du på www.småleik.no.

9 UNGDOM 04/2018


NYTT SØKNADSSKJEMA FOR GJESTEINSTRUKTØRORDNINGA Frå 2019 innfører me ei søknadsordning for gjesteinstruktørordninga med to fristar i året. Søknadsskjema gjeld for både teater-, organisasjon- og dansekurs. Fristane er: 1. februar og 1. september. Søknadsskjema finn du på ungdomslag.no.

MINNEPRIS TIL UNG HARDINGFELESPELAR FRÅ VOLDA AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS 2018 er tildelt 16 år gamle Åsmund Arnesen Farstad frå Volda. Prisen er på 15 000 kroner og vart delt ut på Vestlandskappleiken på Voss laurdag 27.oktober. Åsmund er både hardingfele og fele og er aktiv medlem i Spelemannslaget Fjelljom. Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19.mars 2004, berre 17 år gamal.

10 UNGDOM 04/2018

NY DAGLEG LEIAR VED RIKSSCENEN Ane Carmen Roggen er tilsett som ny dagleg leiar ved Riksscenen. Ho byrjar i job-ben 15.januar 2019. Roggen har master i musikkvitskap og har mellom anna bakgrunn som utøvande artist og produsent i Rikskonsertene. Riksscenen er ei nasjonal scene for norsk og internasjonal folkemusikk og folkedans. Scena opna dørene i 2010. Dei presenterer om lag 130 førestillingar og konsertar kvart år. Ane Carmen Roggen tek over stillinga etter Helge Skansen som har vore dagleg leiar sidan opninga.

NU FORDELTE FRIFONDMIDLAR PÅ 1,5 MILLIONAR I år har NU delt ut Frifondmidlar på 1.519.044 kroner. Det er noko mindre enn i fjor, då dei blei delt ut 1.645.072 kroner. Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge. Lokallag i Noregs Ungdomslag kan søkje om aktivitetstilskot eller oppstartstilskot til barne- og ungdomsaktivitet i laget. I tillegg kan ein søkje prosjekttilskot til teateraktivitet for same målgruppe. Av Frifondmidlane i år delte NU ut 12.000 kroner i oppstartstilskot fordelt på 3 lag, 199.988 i prosjekttilskot fordelt 39 lag og 1.307.056 kroner i aktivitetstilskot fordelt på 125 lag.


BUL SARPSBORG HEDRET SKAPERVERKET Skjeberg kirke i Sarpsborg markerte Skaperverkets dag søndag 10.september. Folkedansere fra BUL Sarpsborg deltok i markeringen og danset foran en fullsatt kirke i to omganger Feiringen av Skaperverkets dag har blant annet bakgrunn i et vedtak verdens ledere fattet i FN i 2015. Der ble man enige om å arbeide for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikhet og stoppe klimaendringene innen 2030. BUL delte sin danseglede i kirken dagen og svingte seg i folkedans til medbrakt musikk på boks. Tekst og foto: Rolf Johansen

VIKTIGE DATOAR 2019 • 5. januar – Storleik, stordanskveld i Oslo • 11. januar - Påmeldingsfrist Fordjuping i folkeleg pardans • 12.- 13. januar- Instruktørkurs i revy Lavangen • 15. januar - Søknadsfrist Nordring • 15. januar – Frist for innrapportering av gåver • 23. januar - Påmeldingsfrist Kven Veit? • 1. februar - Søknadsfrist for gjesteinstruktørordninga og for instruktørkurs i teater • 1.-3. februar - Storkurs (Telemark) • 8.-10. februar - Fordjuping i folkeleg pardans (Oslo) • 9.- 10. mars – Instruktørkurs i Suldalsspringar i Stavanger • 15. mars - Søknadsfrist RFF Prosjektmidlar • 15.-17. mars - Fordjuping i folkeleg pardans (Oslo) • 18.-22. april - Nordring (Oslo) • 26.-28. april - Landsmøte/NU-helg (Oslo) • 26.-28. april - Barnestemne (Bodø)

• Mai – Frist for å sende interessemelding som muleg arrangør av NORDLEK 2024 • 21.-23. juni - Nytt barnestemne: Småleik (Oslo) • 2.-7. juli - Sommarleiren (Trøndelag) • 16.-21. juli - ÅLEK (Åland) • August -Juniorinstruktørkurs i Ålesund • 15. august – Søknadsfrist for momskompansasjon • September - Barnestemne (Vatne) • 1. september - Søknadsfrist gjesteinstruktørordninga • 1. september - Søknadsfrist Frifond • 26. september - Framsyningskappleik på Det Norske Teatret • 28. september – Stordanskveld i Bergen • 1. oktober - Søknadsfrist RFF Prosjektmidlar • 18.-21. oktober - Storhelg i Hallingdal (Torpo) • 15. desember - Søknadsfrist KOMP

11 UNGDOM 04/2018


STATSBUDSJETTET

Bildetekst inn her?

Statsbudsjettet

2019

TEKST: INGER JOHANNE RUSET

KVA BETYR DET FOR NOREGS UNGDOMSLAG OG VÅRE LAG OG MEDLEMMAR? Statsbudsjettet for 2019 er oppløftande lesing for mange i kultursektoren. Spesielt kjekt er det å sjå korleis kulturbudsjettet ser ut for Noregs Ungdomslag og dei viktigaste samarbeidspartnarane våre. Sjølv roper vi hurra for 500.000 kroner i friske midlar til arbeidet vårt med folkedans og ungdomshus. Vi smiler breitt over at kampsaka vår om momskompensasjon til den frivillige kultursektoren har gitt resultat i form av eit løft på 184 millionar kroner. Vidare seier vi oss godt nøgde med utfallet for Kulturalliansen, meir føreseielege rammer for amatørteaterfeltet og ny ustyrsordning. I tillegg er vi glade for at Det Norske Teatret får ein solid auke. Under får de ei oppsummering på desse og andre punkt i statsbudsjettet som vil påverke oss som organisasjon:

NOREGS UNGDOMSLAG Som nemnt ligg vi an til å få ein auke på 500.000 kroner i driftstilskot. Midlane er øyremerka arbeidet vårt med folkedans og

12 UNGDOM 04/2018

ungdomshus, og vi er svært glade for at regjeringa ser behovet vårt for å legge ekstra innsats inn på desse felta i tida framover. I ein frivillig organisasjon som vår, monnar sjølv små midlar som dette stort i positive ringverknader for lag og medlemmar.

MOMSKOMPENSASJON TIL FRIVILLIGE LAG OG ORGANISASJONAR I oktober la regjeringa fram forslag om ein auke på 134 millionar i momskompansasjon til frivillige organisasjonar. Under regjeringsforhandlingane i november srga Kristelig Folkeparti for eit løft på ytterlegare 50 millionar kroner, slik at organisasjonane totalt ser ut til å få totalt 184 millionar i momskompansasjon. Det er den største auka i momskompensasjon etter at Solbergregjeringa tok over i 2014. I fleire år har organisasjonane opplevd ein reell nedgang i momskompensasjonen, så dette er eit viktig steg i rett retning. Sjølv om ordninga får ein auke, er det framleis langt igjen til målet om full momskompensasjon, og vi forventar at regjeringa følgjer opp

stortingsvedtaket om ein opptrappingsplan.

KULTURALLIANSEN Kulturalliansen har kome inn på statsbudsjettet med 1 million kroner i driftstilskot. Organisasjonen vart stifta i 2016 og Noregs Ungdomslag har vore ein sentral aktør i dette arbeidet. Kulturalliansen er eit felles talerør for dei frivillige organisasjonane, og vil få ei viktig rolle i å samordne det frivillige kulturfeltet. Vi står sterkare saman, og Kulturalliansen er ein god arena for å jobbe for betre rammevilkår for laga og medlemsmassen vår.

MIDLANE TIL AMATØRTEATER I perioden 2015-2017 vart midlane til amatørteater forvalta av Scenefolk og Teateralliansen. I forslag til statsbudsjett er det foreslått at Norsk kulturråd frå 2019 skal forvalte midlane til amatørteater og frivillige føremål. Dette inkluderer tilskotsordningar for aktivitet, driftstilskot for dei nasjonale aktørane og tilskotsordninga for historiske


STATSBUDSJETTET

spel. Manusbanken Dramas, som er drifta av Teateralliansen, vil også få driftstilskot frå Kulturrådet. Tilskotsordningane skal bli forvalta og utvikla i dialog med amatørteaterfeltet. Vi er glade for at Kulturdepartementet endeleg har landa på ei forvaltningsordning for amatørteaterfeltet, og håper dette vil gje meir føreseielege rammer for feltet framover.

UTVIDA UTSTYRSORDNING Den nye utstyrsordninga for amatørteaterfeltet, som vart varsla i forslaget til statsbudsjett for 2018, er no foreslått lagt til Musikkutstyrsordninga. Om regjeringa sitt framlegg går gjennom, vil Musikkutstyrsordninga får eit utvida mandat med mål om at dette skal bli ei kulturutstyrsordning blant

anna for amatørteaterfeltet. Vi meiner det er positivt at regjeringa styrkar satsinga på kulturarenaer, og at dei tenkjer tverrkulturelt. Vi ber om at utstyrsmidlane som er sett av til amatørteater, faktisk går til dette feltet i staden for ein tverrfagleg felles søknadspott.

STUDIEFORBUND Vi registrerer at tilskotet til studieforbund vidareførast på same nivå. Dette er vi glade for, sjølv om vi hadde helst sett at det hadde vore ein klar auke i tilskotet. Det blir no gjort eit større utgreiingsarbeid på studieforbundsordninga, og vi kjem til å følgje prosessen tett framover for å sikre best mogleg vilkår for kursverksemda vår.

DET NORSKE TEATRET Det Norske Teatret har sitt utspring frå

Bondeungdomslaget i Oslo, og Noregs Ungdomslag er ein av luteigarane. Det gler oss derfor stort at regjeringa foreslår å auke tilskotet til teatret med 4,9 millionar kroner. Det Norske Teatret driftar òg prosjekta Det multinorske og Den mangfaldige scenen (DMS). DMS vart stifta i 2013 og er eit barneog ungdomsteater eigd med ein 1/3 kvar av Noregs Ungdomslag, Bondeungdomslaget i Oslo og Det Norske Teatret.

RIKSSCENEN Riksscenen er ei scene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans. Scena vart stifta i 2007 av blant andre Noregs Ungdomslag. Riksscenen har fått ei vidareføring av driftstilskotet med ei indeksregulering på 2,4 prosent.

13 UNGDOM 04/2018


KVEN VEIT? 2019

SNART KLART FOR KUNNSKAPSTEVLINGA

«Kven Veit?»

Tradisjon tru blir det òg Kven Veit?-tevling i 2019. Kven Veit? Er ei kunnskapstevling der deltakarane får testa allmennkunnskapane sine. Deltakarane blir delt inn i to klassar: Junior Kven Veit? For dei opp til 14 år og Senior Kven Veit for dei over 14 år.

Og kva hovudstaden på Færøyane heiter? Dette er berre noko av det du får svar på i temaheftet alle deltakarane får tilsendt på førehand.

Temaet denne gong er «Norden og nordisk samarbeid». Difor er det i år naturleg å samarbeide med Foreininga Norden om tevlinga, noko som høver seg særs godt då dei feirar 100 år i 2019.

Deltakaravgifta i senior-klassen er på 400 kroner for kvar gruppe. I tillegg kjem ei avgift på 65 kroner per studiehefte. Om eit lag stiller med mange grupper får ein rabatt. Deltakaravgifta frå og med fjerde gruppe er på 300 kroner.

Som vanleg blir det mest allmenne spørsmål om ulike tema og nokre utvalde spørsmål frå temaheftet. Veit du til dømes kva prisar Nordisk Råd gjev ut kvart år?

DELTAKARAVGIFT

Deltakaravgifta i Junior-klassen er på 300 kroner for kvar gruppe, og studiemateriale er gratis.

Varm opp til tevlinga med nokre spørsmål frå Kven veit? 2018.

Fasit

1. Rondane (eller Rundarne) 2. 150 år 3. Tyttebær

14 UNGDOM 04/2018

1. Kor gammal må ein bil vere før vi kan kalle han veteranbil? 2. Kva er ein zeppelin? 3. Han er blant anna kjent for songen «Du fortjenar ein som meg», men kva heiter låtskrivaren frå Geilo?

1. Bonsai 2. Firda 3. Ein reiskap til å nøste opp garn med

1. Kva vert den japanske kunsten der ein dyrkar miniatyrtre i potter, kalla? 2. Kva heiter den største dagsavisa på nynorsk i Noreg i dag? 3. Kva er eit hespetre eit reiskap for?

BLANDA

?

1

SPRÅK

3

??

På heimesida vår www.ungdomslag.no, finn du påmeldingsskjema og meir om reglane for tevlinga.

2

1. I kva fjellområde var det Aasmund O. Vinje såg «atter slike fjell og dalar»? 2. Kva jubileum feirar Den Norske Turist forening i 2018? 3. Kva frukt eller bær skal det vere i desserten trollkrem?

27. april: Kunngjering av vinnarane på landsmøtet til Noregs Ungdomslag

1. 30 år 2. Eit luftskip 3. Daniel Kvammen

2

UT I NATUREN

23. januar: Påmeldingsfrist Veke 7- 8: 1. tevlingsveke Veke 11: 2. tevlingsveke Veke 14: 3. tevlingsveke

3

1

VIKTIGE DATOAR:


SOMMARLEIREN 2019

Sommarleiren 2019

LEIRPLANLEGGINGA ER I GANG Om du er mellom 13 og 25 år, så må du halde av veke 27 i 2019! 2.-7. juli blir det sommarleir på ein frilynt folkehøgskule ein stad i landet.

Laurdag 6. oktober samla utvalet for 2018leiren seg på NU-kontoret i Oslo for å gå i detaljane på sommarens leiravvikling, samt legge kursen for leiren i 2019.

interesse for leiren vår og kunne tenke seg å vere med på eit samarbeid – det er absolutt noko ein bør sjå nærare på.

Utvalet består av NU-folk og leirentusiastar i alderen 19-25 år, og har to år eller meir bak seg med leirarbeid. På evalueringsmøtet gjekk dei først gjennom deltakarundersøkinga, som var gjennomgåande positiv. Det er kjekt å sjå at mange av deltakarane som kom i 2017, kom att i 2018 og gjerne tok med seg fleire. Det dukka også opp påmeldingar frå lokallag som ikkje hadde hatt deltakarar tidlegare – det er ei fin utvikling!

Både etter leiren i 2017 og 2018 peika dei fleste deltakarane på at leiren gjerne kunne ha vart lenger. På oktobermøtet drøfta derfor utvalet moglegheiter for å utvide første leirdag med fleire timar og meir program, og likeins med leirens siste dag der ein tidlegare har hatt avreise like etter frukost.

INTERESSE FRÅ ANDRE Rekrutteringsarbeidet vil framleis vere viktig i 2019, og ein vil sjå på nye strategiar for å nå ut til fleire potensielle deltakarar. Om ein ikkje har høyrt om leiren i utgangspunktet, så er det jo iallfall vanskeleg å melde seg på. Ei anna fin utvikling er at andre organisasjonar har vist

MEIR LEIR

LENGER NORD I 2018 vart sommarleiren avvikla på Solbakken Folkehøgskole i Hedmark med 50 deltakarar. Leiren bydde på fem dagar til ende med sol, aktivitetar og utflukt over svenskegrensa. Skulen har knapp kapasitet for ein veksande leir, så for 2019 kjem Noregs Ungdomslag til å søkje seg lenger nord for ein ny og spennande leirstad med plass til fleire deltakarar.

KØYREPLAN I desember har ein inngått avtale om leirstad, og ein vil køyre i gang marknadsføringa av 2019-leiren for fullt. Meir informasjon og statusoppdateringar kjem dryppvis fram til påmeldinga opnar 1. mars 2019.

* Følg med på siste nytt om sommarleiren her: https://www.facebook.com/Sommarleiren/ * Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt med kulturrådgjevar og leirkoordinator Rita Sirirud Vatnehol på: rita@ungdomslag.no eller 24 14 11 10.

15 UNGDOM 04/2018


NORDISK SAMARBEID

Torbjørn Bergwitz La uen og Tonje Johanne ssen Stabbetorp i Mölnlyc ke.

NORDLEK-MØTE I MÖLNLYCKE 19.- 21. oktober var det norske Nordlek-utvalet på styrelses- og utskottsmøter i Mölnlycke. Evaluering av sommarens stemne i Falun stod på programmet for både styrelsen, barne- og ungdomsutskottet, folkemusikkutskottet og folkedans- og kulturutskottet, i tillegg til ei brei evaluering i plenum. TEKST: TORBJØRN BERGWITZ LAUEN

Med oss frå Noreg hadde me mange gode tilbakemeldingar frå dei norske deltakarane, samt våre eigne tankar etter stemnet. Det var noko fokus på kva som fungerte bra og dårleg i Falun, men aller mest handla evalueringa om kva som kan gjerast betre til neste NORDLEK-stemne som skal vere i Tammersfors/Tampere i Finland i 2021. Informasjonsarbeid både før og under stemnet, bruk av lokale til dans og kurs, og programmengde var nok det som vart

16 UNGDOM 04/2018

mest diskutert. I tillegg hadde barne- og ungdomsutskottet sitt fulle hyre med å diskutere BARNLEK-stemnet som skal vere i Mölnlycke i 2020, og Nordring som skal vere i Oslo i påska 2019. Alle møtedeltakarane fekk òg omvising på kulturhuset i Mölnlycke, og fekk sjå stemnestaden for BARNLEK 2020. Det er mykje å glede seg til dei komande åra, og om du har spørsmål er det berre å ta kontakt med oss i Nordlek-utvalet.

NORDLEK-UTVALGET • Torunn Hernes Bjerkem, Nordlek-styrelsen • Tonje Stabbetorp, Barne- och ungdoms utskottet • Nina Byttingsmyr, Folkemusikkutskottet • Torbjørn Bergwitz Lauen, Folkedans- og kulturutskottet


DANS

SUKSESS med seminar om dansearrangement! TEKST OG FOTO: SOLVEIG BREKKE HAUKNES

Fredag 9. november, under Folkelarm, vart det arrangert seminar om dansearrangement på Riksscenen i Oslo. Dette var eit samarbeidsseminar mellom FolkOrg og Noregs Ungdomslag. Oppmøtet og interessa var stor med nærare 60 deltakarar med ei god blanding av medlemer frå båe organisasjonane, det var fleire som hadde reist langt for å vere med.

Me fekk servert solskinshistorier frå Gofotfestivalen i Selbu med 700 dansande publikumarar, Steinsgårdskroken spell- og dansarlag som i 40 år har bygd seg sakte men sikkert opp til å få til gode arrangement og frå Fuglen og Bygda Dansar i Rogaland som har funne ei fruktbar samarbeidsform for å inkludere ungdom i arrangementa sine.

I tillegg vart det diskutert utfordringar knytt til å vera arrangør, korleis marknadsføre og korleis få tak i pengar. Det dukka opp mange gode spørsmål og diskusjonar denne dagen og det kom mange gode tips både frå scena og frå salen.

TIPS, TRIKS OG EIT PAR SPARK BAK: • Treng ein gjere alt sjølv, eller er det nokon de kan samarbeide med i lokal miljøet, frivillige eller institusjonar? • Lyttar de til publikum og deltakarar? Kanskje de kan ha ei evaluering for å finne ut kva publikum eigentleg vil ha meir eller mindre av. • Variasjon, mangfald og inkludering. Kva gjer de for å ta vare på dei som kjem inn som nye på ei danseøving, på eit kurs eller på ein fest? Byr de dei opp, pratar de med dei, ynskjer de dei velkomen attende neste gong? Kanskje ein byttedans er ein meir inkluderande dans enn ein springar? Det hjelper ikkje å ynskje seg nye folk dersom ein ikkje tek vare på dei ein allereie har. • Marknadsføring løyser seg ikkje sjølv med ein plakat eller ei hending på Facebook. Målgruppa må byggast over tid og ulike målgrupper treng tilpassa informasjon i ulike kanalar. Eit av dei viktigaste tipsa er å skape innhald med personlegdom som heng i saman med det arrangementet de ynskjer publikum til. Ein kan heller ikkje vente å få publikum på eigne arrangement dersom ein aldri møter opp på andre sine arrangement. Framsnakk arrange menta andre har, del, lik, kommenter og fortel kva som er bra, sei ja til å

hjelpe som frivillig, møt opp når det skjer noko, ver synleg og bygg nett verk. Saman kan me gjera kvarandre gode. • Sjekk ut om de kan få til avtalar med lokalavisa eller lokalradioen for å få merksemd kring arrangementa dykkar, kanskje mot eit lite vederlag. • Start planlegginga i god tid, involver heile laget i prosessen og sørg for å ha god informasjonsflyt til alle involverte. Ikkje ver redd for å gje nye personar utan erfaring ansvar. • Stå på krava om at du som får vaksen opplæringsmidlar skal få låne offent lege undervisningslokale gratis (Studieforbundet kan hjelpe deg med dette). • Treng du hjelp til å kome i gang, til å finne rett person å prate med eller til å finne ut kor du kan søke stønad, hugs at du kan ta kontakt med rådgjevaren i organisasjonen din for mange gode tips (Solveig Brekke Hauknes i NU og Øyvind Sandum i FolkOrg). Eller du kan få fylkeslaget ditt til å hjelpe deg. Då er det berre å setje i gang. Lukke til, og spør for all del om hjelp.

17 UNGDOM 04/2018


Studieforbundsordninga

STUDIEFORBUNDSORDNINGA

UNDER UTGREIING

TEKST: TORUNN ELISE KVEEN, KOMMUNIKASJONSRÅDGJEVAR I STUDIEFORBUNDET KULTUR OG TRADISJON

Kompetanse Norge tilrår ei rekke endringar i studieforbundsordninga både på detaljnivå og på overordna nivå. Overordna tilrår dei å dele tilskotsordninga i to separate ordningar: • Samle organisert opplæring under ei tilpassa ordning som blir vurdert overført frå Kunnskapsdepartementet til fylke kommunen. • Lage ei kultur- og frivilligordning som blir overført til Kulturdepartementet.

POSITIVE TIL FLYTTING – Studieforbundet kultur og tradisjon meiner det er positivt at studieforbundsordninga er under utgreiing, og vi trur ei eventuell flytting til Kulturdepartementet ville kunne bringe godt med seg, seier dagleg leiar Kjærsti Gangsø. – Det er ein føresetnad at omgrepet «kulturog frivillighetsaktiviteter» ikkje blir vidareført som forklaring på opplæring som går føre seg i dei studieforbunda som eventuelt skal flyttast. Også denne opplæringa er organisert opplæring.

Ved ei flytting må opplæringsperspektivet styrkast og ikkje svekkast. Studieforbundet set som føresetnad at Voksenopplæringsloven held fram å eksistere i noverande form, og at den delen Kompetanse Norge kallar organisert opplæring, som er foreslått regionalisert eller å bli verande i Kunnskapsdepartementet, også blir gjort tilgjengeleg for dei studieforbunda som blir flytta til Kulturdepartementet dersom organisasjonen tilbyr opplæring som tilfredsstiller krava.

og ulike målgrupper. Opplæring bidrar til auka kvalitet. Om ein ser på teateraktiviteten i eit historisk perspektiv, er vi sikre på at læringsfokuset er vorte skjerpa nettopp fordi studieplanar må følgjast for å få tilskot. Det er enda uklart korleis endringa er tenkt løyst, men vi set som føresetnad at det ikkje vil føre til meir byråkrati, meir administrasjon og mindre opplæring.

UMOGLEG Å SKILJE OPPLÆRINGA

Forslaget om å regionalisere delar av studieforbundsordninga vil kunne svekke det frivillige som læringsarena. Dersom heile eller delar av tilskotsordninga blir overført til dei nye regionane, er vi redde for at heile tilskotet blir slukt av administrativt arbeid, og at det er kursarrangørane og kursdeltakarane som til slutt tapar på det. Per i dag fins det fleire regionar som forvaltar eigne tilskotsordningar for studieforbunda, men desse ordningane er organisert på mange ulike måtar. Om alle studieforbund, og ikkje minst alle medlemsorganisasjonane deira, skal måtte møte 11 ulike forvaltarar, med 11 ulike prioriteringar og utbetalingsrutinar, trur vi dette ville bli eit uoversiktleg og krunglete landskap å orientere seg i.

– Vi er forundra over, og heilt ueinig med Kompetanse Norge når dei skildrar opplæringsaktiviteten som todelt, der noko er organisert opplæring og noko er kultur- og fritidsaktivitetar, seier Kjærsti Gangsø. – Det er svært uheldig om ikkje heilt umogleg å definere eit slikt skilje. All innrapportert verksemd er i tråd med Voksenopplæringsloven, og dermed organisert opplæring uavhengig av fagområde eller målgruppe. Opplæringa som går føre seg i kulturorganisasjonar kan vere like godt organisert som den opplæringa ein finn kvar som helst elles. Organisasjonar nyttar ulike former for kurs og opplæring for å dekke ulike behov

INEFFEKTIVT MED DESENTRALISERING

«Vi er forundra over, og heilt ueinige med Kompetanse Norge når dei skildrar opplæringsaktiviteten som todelt.» Dagleg leiar Kjersti Gangsø i Studieforbundet kultur og tradisjon.


Pressemelding - Hordaland får ettertrakta danseprosjekt (2019-2022) No kjem Bygda dansar til Hordaland. Bygda dansar er et nasjonalt ambulerende folkedansprosjekt for ungdom mellom 15 og 19 år. Gjennom 3 år vil ungdom som vel å delta, få lære folkedans av nokre av dei beste folkedansarane i Noreg, vere med på forestillingar og delta på dansesamlingar og turar.

eigendelen på 450.000 kroner fylka betaler for å få prosjektet lagt til sitt fylke. Hordaland er det 12. fylket Bygda dansar starter opp i, og har siden 2001 bokstavelig talt dansa seg gjennom fylke til fylke. Akkurat no er Bygda dansar inne i sitt siste år i Rogaland, og i sitt andre år i Troms.

Tysdag 13. november, blei det klart at Hordaland Fylkeskommune godkjente søknaden om KUP-midlar tilsvarende

Bygda dansar skal, som prosjekteiaren sin Stiftinga for folkemusikk og folkedans fremje, verne og vidareføre norske folkemusikk-

og folkedanstradisjoner, som eit uttrykk for kulturell identitet og som bærar av særeigne kvalitetar. – Når prosjektet er i Hordaland, vil det vere den unike immaterielle tradisjonsarva i Hordaland vi dykkar inn i, og synleggjer. Vi vil også engasjere lokale tradisjonsbærarar til å delta for å dele kunnskap med yngre generasjoner.

19 UNGDOM 04/2018


MEDLEMSFORDEL

Ungdomshus kan forsikrast gjennom NU.

t kan forsikrast gjennom NU. Skader som skjer under lagsaktivite

MEDLEMSFORDEL: FORSIKRING Tryggleik er ein sentral del av arbeidet vi gjer i NU. For å sikre at lagsverksemda blir best mogleg ivareteken er det viktig å ha gode forsikringsavtalar på plass. NU og lag i NU med lagshus kan få gode forsikringsordningar gjennom KNIF-forsikring. Nedanfor følgjer eit oversyn over forsikringsfordelane ein kan dra nytte av gjennom NU. ANSVARSFORSIKRING Ansvarsforsikringa til Noregs Ungdomslag omfattar verksemdene til alle ungdomslaga i NU. Forsikringa dekkjer det juridiske ansvaret som eit ungdomslag kan få som følgje av skade på personar eller ting. Forsikringa dekkjer erstatningskrav inntil 10 millionar kroner.

ULUKKESFORSIKRING NU har òg teikna ei kollektiv ulykkesforsikring sentralt. Denne forsikringa dekkjer sommarleiren, tillitsfolksamlingar og sentrale kurs i regi av NU. Ungdomslag i NU kan teikne eiga kollektiv ulykkesforsikring for medlemmene sine. Denne forsikringa vil gi erstatning ved død eller invaliditet som følgje av ulykker på arrangement i regi av Ungdomslaget. Forsikringa gir inntil 5 millionar kroner ved medisinsk invaliditet,

20 UNGDOM 04/2018

1 million kroner ved død og den dekkjer behandlingsutgifter inntil 500.000 kroner.

BYGNINGSFORSIKRING Denne forsikringa dekkjer ungdomshus og forsamlingshus med inventar. Denne forsikringa gjeld berre for medlemmer av NU. Kravet om 50 prosent eigarskap er fjerna dersom det er ideelle organisasjonar eller grupper i lokalbefolkninga som er medeigarar. Forsikringa dekkjer brann- og vasskader, innbrotstjuveri, husleigetap, huseigaransvar og naturskade.

FORSIKRING AV LAGSFANE Lagsfaner kan forsikrast under verdigjenstandsforsikringa. Forsikringa dekker skade ved plutseleg eller uføresett ytre årsak som råkar lagsfana.

FORSIKRING AV BUNAD Enkeltmedlemer av Ungdomslaget har òg høve til å teikne privat bunadsforsikring. Denne forsikringa dekkjer skader på bunaden som skjer ved plutseleg og uføresett ytre påverknad.

PRIVATE FORSIKRINGAR FOR MEDLEMMER: KNIF tilbyr òg private forsikringar til medlemmer av NU. Dei tilbyr både personforsikringar og forsikring av hus, hytte, bil, og reise m.m. Les meir om forsikringsordninga på heimesidene våre eller kontakt Kai Roger Vatne for meir informasjon.


MINNEORD

Minneord

OLGA BREIVIK 1927 – 2018 Fyrsteinntrykket mitt av Olga var ei blid, stille og beskjeden dame. Det var på eit bunadsseminar den gong NU hadde fagseminar på Sørmarka kvar vår. Då hadde Olga allereie levd eit langt liv i Ungdomslaget. «Eg er vel det dei kalla frilyndt!», sa ho i eit intervju med magasinet Bunad i 2008. Olga var fødd i Fana, og det var dansen som var den avgjerande aktiviteten i barne- og ungdomsåra. Ho song og dansa der ho fekk moglegheit, også under krigen då mange lag måtte legge ned aktiviteten sin. Frå 1945 blei Fana Ungdomslag ein fast tilhaldsstad for Olga. Den store interessa for bunad starta medan Olga var småbarnsmor til tre jenter. Ho sette då i gong eit systematisk arbeid med å skaffe seg kunnskap om draktskikken frå Fana. Då NU på årsmøtet i 1978 valde bunadnemnd for fyrste gong, var Olga med. Ho sat i rådet

fram til 1984 og var ein viktig medspelar for å fornye bunadsarbeidet i organisasjonen. I denne perioden fekk arbeidet ny fagleg tyngde, og det ble arbeida systematisk med kunnskapsformidling, seminar og kurs. Også etter at ho gjekk ut av bunadnemnda var Olga lærar på sommarkurs og sjølvskriven på fagseminara. Ho slutta aldri å vere nysgjerrig på ny kunnskap, og var alltid audmjuk i møte med andre. Men eit stillfarande fyrsteinntrykk blei fort erstatta av eit sprudlande og pratsamt

oppkomme av både kunnskap og idear. Som lærar på sommarkurs var ho alltid full av nye påfunn, både fagleg og sosialt på kvelden. Noregs Ungdomslag er taksamme for den innsatsen Olga la ned i laget, både lokalt og nasjonalt, gjennom eit langt liv. Vi som fekk lære ho å kjenne sit att med minna om eit varmt, levande, djupt engasjert og kunnskapsrikt medmenneske. Mette Vårdal

21 UNGDOM 04/2018


Støtteordninger hos Mellom 18 og 26 år? Sjekk vår gunstige forsikringspakke Rådet for

folkemusikk og folkedans Støtteordninger hos Rådet for folkemusikk Ung Voksen 7 Reise og folkedans For 2018 har Rådet to ulike støtteordninger som ønsker å stimulere til aktivitet innen folkemusikk og folkedans:

7 Ulykke 7 Innbo

Prosjektmidler (kr. 11.000-50.000) og Små og raske midler (maks. kr. 10.000) til prosjekter/tiltak som bl.a.: - opplærings- og rekrutteringstiltak (kurs,For seminarer, 2018 harosv.) Rådet to ulike støtteordninger som ønsker å - publiseringer (bøker, fonogram, dvd) stimulere til aktivitet innen folkemusikk og folkedans: - undervisning og utviklingsprosjekt Prosjektmidler (kr. 11.000-50.000) og Små og raske midler - Mindre lokal konserter (maks. kr. 10.000) til prosjekter/tiltak som bl.a.: - opplæringsog rekrutteringstiltak (kurs, seminarer, osv.) Se http://www.rffsoknad.no/orientering for nærmere informasjon - publiseringer om støtteordningene kan være aktuelle for ditt prosjekt.(bøker, fonogram, dvd) - undervisning og utviklingsprosjekt - Mindre lokal konserter Søknadsfrist for prosjektmidler er 15. mars og 1.oktober. Søknader om små og raske midler vil bli behandlet fortløpende, ca. 1 gang/mnd. Se http://www.rffsoknad.no/orientering for nærmere informasjon om støtteordningene kan være aktuelle for ditt prosjekt.

25% rabatt!

Ring 23 68 39 00, send e-post til privat@kniftrygghet.no, eller sjekk kniftrygghet.no

Søknadsfrist for prosjektmidler er 15. mars og 1.oktober. Søknader om små og raske midler vil bli behandlet fortløpende, ca. 1 gang/mnd.

Utdanning som folkemusikar?

På Ole Bull Akademiet kan du ta ein bachelor i utøvande tradisjonsmusikk! Det er studiesamling på akademiet på Voss ca. ei veke i månaden, og resten av tida er sett av til timar med læremeister, øving og sjølvstendig arbeid. Søknadsfrist 15. desember – sjå www.olebull.no

Tradisjonsmusikk er ei studieretning innafor Bachelorprogram i utøvande musikk ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen

22 UNGDOM 04/2018

Stensveien 1, 7335 Jerpstad Telefon: 991 21 970 E-post: ingunn.stokkli@coop.no coop-aa.no


velkommen til velkommen til velkommen til follo folkehogskole follo folkehogskole folkehogskole follo

Bu på hotellet midt i hovudstaden Nytt deg av avtalen med Noregs Ungdomslag og få ein betre pris på di overnatting.

VI TAR KREATIVITET PÅ ALVOR

VITAR TARKREATIVITET KREATIVITETPÅ PÅALVOR ALVOR VI MUSIKAL HIPHOP FILM MUSIKAL HIPHOP MUSIKAL VOKAL BAND VOKAL VOKAL 1 & 2PÅ ALVOR BAND HIPHOP VI TAR KREATIVITET DANS PERSONLIG DANS DANS BAND PERSONLIG MUSIKAL HIPHOP TRENER FILM TRENER

velkommen til follo folkehogskole VOKAL FILM SCENE, DANS

& FOTO

FILM

BAND KUNST

PERSONLIG TRENER

Ring oss på 23 21 41 00 eller send oss ein e-post til bookingoffice@bondeheimen.com

Velkommen til Bondeheimen

PERSONLIG TRENER

FOLLO.FHS.NO

FOLLO.FHS.NO FOLLO.FHS.NO FOLLO.FHS.NO

www.hundreleik.no #hundreleik LEIKARRINGEN I BUL OSLO FEIRAR 100 ÅR I 2019 14. november 2018 Offisiell opning av jubileet med konsert og dans.

26. mars 2019

Kva er vel eit jubileum utan litt mimring?

21.-23. juni 2019 Det blir stort stemne med folkemusikk og folkedans for barn i samarbeid med Noregs Ungdomslag og ein rekke organisasjonar i Osloområdet.

25.-27. oktober 2019 Dette er sjølve jubileumshelga med framsyningar, stor dansefest på laurdagen og framsyningskappleik på Det Norske Teatret!

17. mai 2019

5. januar 2019

Stordanskveld på Oslo ladegård med folkeviser og balladar om store kråker, stridande kjemper og stolte kvinner.

Sjølvsagt blir det dans og moro på grunnlovsdagen!

14. november 2019

August 2019

Utpå seinsommaren blir det hyttetur til Bondehytta med dans, grilling og mykje moro!

På sjølve 100-årsdagen kan me love god musikk, mykje dans og ein god dose kake og kaffi.

Foto: Knut Utler

23 UNGDOM 04/2018


Returadresse: Noregs Ungdomslag, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo

NYTT MEDLEMSLAG I NU! Vi har gleda av å ønskje Åseral Ungdomslag velkommen som nytt medlemslag i NU. Laget er med i Vest-Agder Ungdomslag held for tida på ei storstilt oppussing av ungdomshuset sitt, Kylland grendehus. Ivrige frivillige har sidan midten av september måla, snikra og på anna vis delteke i restaureringa. Dei

har hatt tre annonserte dugnader. På dei to siste dugnadene møtte det opp mellom 25 og 35 ivrige ungdommar. Nokre av dei heilt nede i 12-årsalderen. Snart er bygget ferdig måla innvendig og laget er godt i gang med snikringa av sittebåsar.

I tillegg har dei byrja arbeidet med å snikre ei musikkbod. Kommunen har sponsa laget med måling og materialane har laget sjølve finansiert gjennom ein basar som blei halden i mai.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.