Sjølvopplevd
Rak i ryggen
Seriedronninga
– Det er viktig at ein står inne for det ein skriv. Berre på den måten kan me få med oss publikum, seier Bjørn Marius Øyehaug i Rotlaus. SIDE 14–15
Landsmøtet i Vinje vart ei feiring av rekordmange utsendingar, eit rekordhøgt medlemstal og fleire viktige målpolitiske sigrar dei siste åra. SIDE 8–11
Husteiknar for Norsk Barneblad, 70 bokomslag, 30 Smørbukk-hefte og 49 hefte av Tuss og Troll. I år ville Solveig Muren Sanden blitt 100 år. SIDE 22–23
Norsk Tidend
nr. 3 juni 2018
medlemsblad for Noregs Mållag
Heimlaus I hundre år hadde målfolk i Skien eit eige lokale. Men i vår var det slutt for tida på Dag Bondeheim. Bøker, protokollar og bilete måtte flyttast til eit mellombels lager. – Det er eit nederlag, og det kjem på mi vakt, seier Svanhild Haugen, leiar i Mållaget Dag. SIDE 16–19 FOTO: KJARTAN HELLEVE