3 minute read

Smaken av Espevær

Dei nyrøykte SALMA SMOKED-loinane med den nydelege fargen vert behandla med kjærleik frå dei tilsette på Espevær Røykeri. Frå røykeomnen går turen via kjølerommet til vakummaskina, og vidare til vektkontroll før dei vert pakka med kjøleelement i Salma-esker. Raske hender med høg presisjon sikrar heile prosessen.

Ein time tidlegare om bord på ekspressbåten frå Bømlo går praten livleg mellom passasjerane.

Advertisement

– Kor bur du Geir?

– Eg bur i Haugesund. Dette er pendling for spesielt interesserte! Geir Eikemo ler. Han er dagleg leiar for Espevær Røykeri. Den vesle bedrifta som ligg på øygruppa vest for Bømlo, med storhavet som næraste nabo. No også viktig samarbeidspartnar for Bremnes Seashore i produksjonen av SALMA SMOKED.

– Me har jo god kjennskap til Espevær Røykeri og veit kva kvalitet dei står for. Me utvikla vår eigen metode for røyking av SALMA SMOKED, og det kravde noko ekstra av dei som skulle gjera det for oss, seier innovasjonssjef Laila Knarvik.

Ho rosar samarbeidsbedrifta for positiviteten og kreativiteten i prosessen med å finne rette røykemetoden som kunne gje den unike smaken på sluttproduktet. Tillitserklæring Den korte båtturen er over. Laila og Geir set kursen til fots mellom små kvitmåla fiskarhus i retning av røykeriet.

– Det er jo utruleg kjekt at me kan nytta ein lokal leverandør til dette. Me ville skapa eit nytt røykt produkt som samtidig var veldig ferskt. Det var mykje prøving og testing underveis, men samarbeidet har vore veldig bra heilt frå starten av, fortel Laila engasjert.

–For oss som er ein liten leverandør og som alltid har vore meir oppteken av kvalitet enn kvantum, er det sjølvsagt ei stor tillitserklæring at Bremnes Seashore tek oss med inn i sitt SALMA-eventyr, legg Geir til. Positivitet Det er strenge rutinar ved røykeriet. Og lokalet er strøkent. Ryddig, reint og med fantastiske tilsette i alle ledd som handterer SALMA SMOKED i alle ledd. Det ligg ein merkbar positivitet i lokalet som vanskeleg let seg forklare, men som kvar einskild utstråler. Og det går fort. Veldig fort. For i Noreg, Sverige og Frankrike ventar kundane på det unike produktet.

– Me har berre fått positive attendemeldingar i marknaden, og me har store forventningar til auka etterspurnad i tida som kjem, seier Laila vidare.

For prosjektleiar og medeigar Jorunn Mæhle Helgesen i Espevær Røykeri har prosessen med

12

BREMNES FRYSERI

ÅRSMELDING 2018

utviklinga og produksjonen av SALMA SMOKED vore ei flott reise.

– Det har vore veldig kjekt. Eit draumeopplegg!

Ho bur sjølv på Espevær og arbeider både administrativt og i produksjonen med SALMA SMOKED.

Jorunn Mæhle Helgelsen, prosjektleiar og medeigar, Espevær Røykeri. – Me er to veldig ulike bedrifter. Men saman får me utnytta vår kompetanse med deira loin og salsapparat. Eg kjenner eg vert stolt når eg ser kva me skapar saman!

Vindfullt Ute har vinden auka på. Stiv kuling med storm i kasta. Båten som skal

Geir Eikemo, dagleg leiar Espevær Røykeri og Laila Knarvik, innovasjonssjef rosar kvarandre for godt samarbeid gjennom heile prosessen.

levere varer til røykeriet klarar ikkje å legge til kai i den sterke vinden og gjer vendereis til kaien ved butikken.

– Litt usikker på om eg kjem meg heim seinare i dag, seier Geir litt skeptisk.

Laila hoppar om bord på båten. Ho skal nå eit møte i Kvednavikjo.

– Me snakkast!

I det båten mobiliserer alt av motorkraft for å komme seg frå kaien og ut i dei mange meter høge bølgjene set Geir på ny kursen mot røykeriet. For det er fortsatt mange timar att av dagens produksjon. Kundane ute i den store verda skal få rykande fersk SALMA SMOKED denne veka òg. Det set dei fire i produksjonen si ære i!

ÅRSMELDING 2018

BREMNES FRYSERI

This article is from: