Bremnes Seashore årsmelding 2018

Page 12

Smaken av Espevær Dei nyrøykte SALMA SMOKED-loinane med den nydelege fargen vert behandla med kjærleik frå dei tilsette på Espevær Røykeri. Frå røykeomnen går turen via kjølerommet til vakummaskina, og vidare til vektkontroll før dei vert pakka med kjøleelement i Salma-esker. Raske hender med høg presisjon sikrar heile prosessen.

Geir Eikemo ler. Han er dagleg leiar for Espevær Røykeri. Den vesle bedrifta som ligg på øygruppa vest for Bømlo, med storhavet som næraste nabo. No også viktig samarbeidspartnar for Bremnes Seashore i produksjonen av SALMA SMOKED.

Ein time tidlegare om bord på ekspressbåten frå Bømlo går praten livleg mellom passasjerane. – Kor bur du Geir? – Eg bur i Haugesund. Dette er pendling for spesielt interesserte!

12

– Me har jo god kjennskap til Espevær Røykeri og veit kva kvalitet dei står for. Me utvikla vår eigen metode for røyking av SALMA SMOKED, og det kravde noko ekstra av dei som skulle gjera det for oss, seier innovasjonssjef Laila Knarvik. Ho rosar samarbeidsbedrifta for positiviteten og kreativiteten i prosessen med å finne rette røykemetoden som kunne gje den unike smaken på sluttproduktet.

BREMNES FRYSERI  ÅRSMELDING 2018

Tillitserklæring

Positivitet

Den korte båtturen er over. Laila og Geir set kursen til fots mellom små kvitmåla fiskarhus i retning av røykeriet.

Det er strenge rutinar ved røykeriet. Og lokalet er strøkent. Ryddig, reint og med fantastiske tilsette i alle ledd som handterer SALMA SMOKED i alle ledd. Det ligg ein merkbar positivitet i lokalet som vanskeleg let seg forklare, men som kvar einskild utstråler. Og det går fort. Veldig fort. For i Noreg, Sverige og Frankrike ventar kundane på det unike produktet.

– Det er jo utruleg kjekt at me kan nytta ein lokal leverandør til dette. Me ville skapa eit nytt røykt produkt som samtidig var veldig ferskt. Det var mykje prøving og testing underveis, men samarbeidet har vore veldig bra heilt frå starten av, fortel Laila engasjert. –For oss som er ein liten leverandør og som alltid har vore meir oppteken av kvalitet enn kvantum, er det sjølvsagt ei stor tillitserklæring at Bremnes Seashore tek oss med inn i sitt SALMA-eventyr, legg Geir til.

– Me har berre fått positive attendemeldingar i marknaden, og me har store forventningar til auka etterspurnad i tida som kjem, seier Laila vidare. For prosjektleiar og medeigar Jorunn Mæhle Helgesen i Espevær Røykeri har prosessen med


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.