Systemposten 2018

Page 1

DESEMBER 2018


Ei stjerne som deg Du veit når veien bare stopper Men beina fortsetter å gå Du holder øya dine oppe Men har ingenting å hvile dem på Du veit når hjertet ditt blir iskaldt Men det fortsetter å slå Og natta tetter seg som asfalt Og håpet ditt det tetter seg det og

Men når du trur at ingen ser deg Da skal jeg gripe tak og reise deg opp For du brenner like klart Du skinner igjennom snart Du ser vel sjøl hvor mørkt det er Og jeg lurer sånn på Hva gjør ei stjerne som deg På denne overskya himmelen her? Av Trygve Skaug

2

SYSTEMPOSTEN


Innhald

4

Kjære kollega!

51 På toppen av pallen i yrkes-NM

6

Årskavalkade 2018

52 Jenta på plakaten

12 Oppussingsprosjektet tek form 15 – Eit unikt prosjekt 16 Ein av dei største leverandørane på Johan Sverdrup-feltet

53 Chartra helikopter for å få elektrikar til Aasta Hansteen

54 Vaktarane av den gode sveisen 57 – Null skadar er mogleg

18 Heimen i havet ferdig bygd

58 Byggjer slagkraft gjennom null punch

20 – Løyndomen ligg i god planlegging

62 Den ryddige Reodoren

22 Meir offshore-arbeid på Johan Sverdrup

66 57 nye lærlingar

24 Skal byggja stor tilleggs-modul til

68 Tre 50-årsjubilantar

Johan Sverdrup

28 Johan Castberg gir aktivitet langs store delar av norskekysten

30 Nærmar seg gassproduksjon på Aasta Hansteen

32 Fra vugge til grav 35 Døgnkontinuerleg gjennom heile 2018 36 Ein samansveisa gjeng 38 Digitaliseringsprogrammet bidreg til

71 45 nye fagarbeidarar i Kværner på Stord 73 Publikumsrekord på refleksdagshow 74 Populær sjørøvarfest 76 Takk for samarbeidet 77 Årsrapport 2018 78 Glimt frå gamledagar 79 Julenøtter

styrkja konkurransekraft

40 Over 100 nye Kværner-medarbeidarar på Stord

41 Notisar

Framsidebilete: Årets lærlingkull. Foto: Lars Melkevik

42 Serverer oppskrifta på suksess 45 80 verneombod skal bidra til

tryggleik og godt arbeidsmiljø

46 Noregs største kaiprosjekt er godt i gang 48 – Eg blir alltid i godt humør av å kome til Stord

SYSTEMPOSTEN

3


Kjære kollega! Når eg ser tilbake på dette året, så er det ­ nærast som om høgdepunkta har stått i kø – frå signering av kontrakten på Johan Castberg – som utløyste den gigantiske investeringa i nytt kaianlegg på verftet, via ferdigstilling, dåp og sailaway av Aasta Hansteen, ny stor-kontrakt på bygging av modul til stigerøyrsplattforma på ­Johan Sverdrup-feltet, til viktige prosjektmile­ pålar på Njord og Johan Sverdrup bustadplattform. I tillegg kjem kontrakttildelingar på demoleringsanlegget, og for ikkje å gløyma den enormt viktige kontrakten som søsterverftet vårt i Verdal fekk på bygging av det femte stålunderstellet til Johan Sverdrup-feltet. Trass alle desse viktige høgdepunkta, så er det likevel HSSE som har opptatt både meg sjølv og mange andre dette året. Ikkje fordi me har hatt alvorlege skadar, men fordi me har hatt for mange hendingar og hendingar kor det har vore potensiale for at noko alvorleg kunne skjedd. Me har god systematikk i HSSE-arbeidet, med mange fysiske og organisasjonsmessige barrierar. Men den siste og utruleg viktige barrieren vil alltid vera kvar enkelt medarbeidar. Me må alle vera påskrudde og observante i arbeidsoppgåvene våre. Me må minna meg sjølv og kvarandre om å alltid stilla spørsmålet om kva som kan gå galt i arbeidet eg står framfor, og kva eg kan gjera med det. ­Greier me det, trur eg det vil vera eit viktig bidrag til å nå målet vårt om at alle skal trygt heim frå jobb kvar dag. Det har vore stor aktivitet i prosjekta dette året. Det enorme ombyggingsarbeidet på Njord vart endå større då Kværner i juli fekk tilleggsarbeid for å tilretteleggja plattforma for mottak av olje frå Fenja-feltet. Både engineering, innkjøp og fabrikasjon jobba knallhardt med å nå viktige milepålar fram mot starten av den store løftekampanjen. Den tok til i august som planlagt, og for dei som veit litt om innsatsen som ligg bak det så er det for ei bragd å rekna.

4

SYSTEMPOSTEN

Johan Sverdrup markerte mekanisk ferdigstilling i haust. Dette er eit prosjekt kor me i tilbodet hadde lagt til grunn effekt av ei rekkje forbetringar. Det har vore veldig tilfredsstillande å sjå korleis desse har slått inn, og korleis prosjektet heile ­vegen har nådd milepålane. Det har nærmast gått på skinner, og no er det berre uttestings­perioden som står att før plattforma vert henta av P ­ ioneering Spirit til våren. Eit anna prosjekt som langt på veg har gått på skinner er det store påkoblingsarbeidet på Johan Sverdrup stigerøyrsplattform, som Kværner gjennomfører saman med Aker Solutions. Over ein million timar i havet skal utførast, og prosjektet har heilt frå starten vore i rute og vel så det, mykje takka vera god planlegging, erfarent personell og godt samarbeid med Aker Solutions og kunde. Det er også verdt å nemna Aasta Hansteen, som me ikkje har bygd, men kor me har bistått med ferdigstillinga og inshore og offshore påkobling. Arbeidet i Digernessundet blei gjennomført som planlagt, og i skrivande stund er me i sluttspurten med å assistera Equnior med å få plattforma i produksjon. Også dette prosjektet fortener honnør for innsatsen. I tillegg har me to prosjekt som er i prosjekteringsfasen – Johan Castberg og den 4 300 tonn tunge tilleggsmodulen me saman med Aker Solutions skal levera til stigerøyrsplattforma til Johan Sverdrup. Det er positivt å sjå at begge prosjekta er kome godt i gang, og me gler oss til fabrikasjonsstarten på Johan Castberg som skal markerast på Stord og i Verdal 21. november. Eit anna område kor det har vore stor aktivitet er demoleringsanlegget vårt på Eldøyane. Det vart i mars større, etter at me kjøpte naboverksemda GMC Decom. Over 40 000 tonn modular ligg på området, og me har gjennomført to spektakulære veltingar – først det 115 meter høge flamme­ tårnet til Miller i juli, og deretter det 103 meter


– Det er tilfredsstillande at alle prosjekta våre er på plan. STEINAR RØGENES

høge Varg A monotårnet i september. Begge landa nøyaktig der dei skulle. I rute er me også med kaiprosjektet vårt. Sjølv om arbeidet medfører utfordringar med støy, parkering og tilkomst til dokkporten, så er dette ei investering som er strategisk veldig viktig for oss. Me har stor tru på at den nye kaien, som vil vera skreddarsydd for dei fleste typar flytande installasjonar, vil gje oss eit viktig konkurransefortrinn i tida som kjem. Det er tilfredsstillande at alle prosjekta våre er på plan. Det er faktisk ikkje sjølvsagt. Men det at me leverer som avtalt med kunden, og er føreseielege både på gjennomføring, kvalitet og kostnader, er den desidert største konkurransefortrinnet vårt, og noko me må halda på og vidareutvikla i tida som kjem. Etter nokre år med lite rekruttering, var det kjekt at me dette året kunne tilsetja folk igjen. Totalt har me fått kring 100 nye medarbeidarar i Kværner på Stord, fordelt på 40 funksjonærar, 30 operatørar og 30 lærlingar. Me har også fått inn ein del nye, unge leiarar – nokre eksternt frå, medan andre er unge medarbeidarar som har fått nye utfordringar internt. Det er gledeleg, og me treng å fornya oss også på leiarsida. Fornying skjer det i høgste grad også på verktøy­ sida – ikkje minst under paraplyen til det o ­ mfattande digitaliseringsprosjektet. Kværner investerer store summar i digitalisering. Me starta i vår med å dela ut smart-telefon til alle tilsette i Kværner. No vert det jobba med å utvikla appar og anna for å verke-

leg få effekt av at alle har smart-telefonar. Me har nett no stor aktivitet på verftet, men det betyr ikkje at himmelen berre er skyfri. Det er venta færre store nybyggoppdrag på norsk sokkel. Det betyr at me må inn på nye marknader, og me må finna gjennomføringsmetodar som kan fungera og vera lønsame også på mindre typar prosjekt. I tillegg er konkurransen knivskarp. Det er ikkje berre me som jobbar med effektivisering og forbetringar for å styrka konkurranseevna – det gjer også konkurrentane våre i inn- og utland. Det betyr at arbeidet for å gjennomføra forbetringar må halda fram for fullt. Neste år fyller verftet på Stord 100 år. Det skal me feira på høveleg vis. I tillegg vonar eg jubileumsåret blir året me får eit gjennombrot på ein eller to nye marknader – anten det no er på vind, nye typar landanlegg eller noko anna. Er det ein ting den nesten hundreårige historia vår viser, så er det at omstilling sit i veggane på Kjøtteinen. Ingenting løyser seg av seg sjølv, men me har flinke folk, kompetansen og handlekrafta til å takla utfordringane som kjem. Det er noko eg aldri sluttar å la meg imponere av, og som gjer at me kan vera optimistiske for framtida. Då står det berre att å takka kvar og ein av dykk for innsatsen dette året, og ønskje vel møtt til nye utfordringar i 2019. Med ønskje om ei god og fredfull julehøgtid til alle. • Steinar Røgenes Administrerande direktør

SYSTEMPOSTEN

5


Årskavalkade 2018

45 nye fagarbeidarar i Kværner på Stord. Les meir om dei seinare i bladet. Foto: Odd Naustdal

Morten Tofte, Tools & Equipment, Odd Einar Polden, Tools, og Svein Harald Liarbø oppfordrer ansatte til å ta i bruk de nye vareautomatene på servicetårnet. Foto: Elisabeth Sætrevik

JANUAR Utstyr- og bustadplattforma til Johan Sverdrup-feltet veks seg større i dokken på Stord. I løpet av den fyrste veka i januar, vart alle fire bustads- seksjonane frå Leirvik og Emtunga installert. Etasje 3–6 er alle ferdigstilt og levert utan punchpunkt, og no startar samankoplingsarbeidet på bustadmodulen for fullt. Tirsdag 23. januar var det opning av utdanningsmessa på Vikahaugane Sportssenter. Kværner var godt representert, og stod klar til å svare på spørsmål frå unge lovande kandidatar. I slutten av januar vart ein viktig milepåle i Aasta Hansteen-prosjektet markert. Den omfattande jobben med å sveise dei fire matingkonene på Aasta Hansteen er no ferdigstilt med god kvalitet og utan HMS-hendingar. 30 lærlingar og 15 praksiskandidatar tok fagbrev i Kværner på Stord i løpet av 2017. I slutten av januar fekk dei utdelt fagbrevet sitt.

FEBRUAR Tirsdag 6. februar opna vareautomatane som er plassert på servicetårnet som ligg plassert ved Johan Sverdrup-plattforma. Vareautomatane er eit resultat av et prøveprosjekt som vart satt i gong på verftet på Stord for å få betre logistikk, og kontroll med bruken av forbruksmateriell. Totalt på er det no 27 slike vareautomatar på verftet.

6

SYSTEMPOSTEN

Inshorefasen i Aasta Hansteen-prosjektet nærmar seg sluttdato, og i den samanheng er det i prosjektet inngått ein bonusavtale til velferdsformål dersom Kværner ferdigstiller MCarbeidet på Aasta Hansteen innan 22. mars. Måndag 12. februar vart utstyrs-delen av Johan Sverdrup-plattforma spenningssatt. Prosjektet går dermed inn i ein ny fase, som vil innebere eit strengare regime for arbeid som skal utførast om bord. Kværner signerte 13. februar ein kontrakt med Statoil for levering av topside-modular og integrasjon av modular og skrog på Johan Castberg. Kontrakten har ein verdi på 3,8 milliardar kroner og vil på topp gi arbeid til 2 000 personar. Seinare same dag kunngjorde Kværner ei investering på 370 millionar kroner i ny kai på verftet på Stord, som skal stå ferdig til skroget til Johan Castberg kjem til Stord i 2020.

MARS Tysdag 6. mars vart helikopterdekket installert på Johan Sverdrup LQ Topside. Den 8. mars, på kvinnedagen, vart den fyrste Spar FPSO-plattformen av sitt slag på norsk sokkel, og den største i verda, Aasta Hansteen, døypt i Digernessundet ved Stord. Mette Stattin i Statoil, leiar for driftsforberedelsene i Aasta Hansteen-prosjektet, hadde det ærefulle oppdraget som gudmor.


Årskavalkade 2018

Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform.

Aasta Hansteen på veg gjennom Langenuen.

Foto: Lars Melkevik

Foto: Equinor

Den 9. mars var 170 fabrikasjons-leiarar samla på hotellet på Stord for HMS-trening.

frå 47 ­ulike leverandørar møtte opp for å få informasjon om aktiviteten i Kværner i tida som kjem.

Fredag 9. mars vart helikopterhangaren til Johan Sverdrup LQ installert på toppen av plattforma. Kværner har tildelt entreprenørselskapet Birken & Co AS kontrakt for utdjuping av hamnebasseng og bygging av kai på konsernet sitt verft på Stord. Avtalen inkluderer prosjektering, samt rigg og drift i anleggsperioden. I midten av mars, kom det melding om at Kværner har inngått ein avtale om å kjøpe GMC Decom, ei mindre demoleringsverksemd på Stord.

APRIL Den 5. april kom det melding om at Kværner i eit 50/50 fellesskap med Aker Solutions, har inngått intensjonsavtale med Statoil for modifikasjonar av stigerørsplattforma og feltsenteret for Johan Sverdrup utbygginga Onsdag 11. april besøkte næringsminister Torbjørn Røe Isaksen verftet på Stord. Han ønska å få informasjon om lærlingeprogrammet og ba om å få møte ein av lærlingane i Kværner. ­R ørleggerlærling, Kristoffer Clausen stilte sporty opp, og svara på spørsmål frå ministeren. Kværner sitt årlege leverandørmøte, på Stord Hotell torsdag 12. april. 90 deltakarar

Torsdag morgon 12. april starta slepet av Aasta Hansteen-plattforma frå Digernessundet og i retning feltet i Norskehavet. I siste halvdel av april gjennomførte Kværner på Stord ein to-vekers opplæring for å gje fagarbeidarar tilleggskompetanse innan stål­ arbeid. Dei fleste som har delteke på opplæringa er industrirørleggjarar, og dei kan no delta i arbeidet med fabrikasjon av seksjonar til Njord i plateverksted 3. Den fyrste av dei fire søyletoppane til Njord vart 16. april levert frå prefabrikasjon på Stord – «punch free», med god kvalitet og all tidlegutrustning montert. I slutten av april, vart den siste av Topside­ modulane frå Nyhamna løfta og kjørt i land på demoleringsanlegget til Kværner på Stord.

MAI I byrjinga av mai kom det melding om at Karl-Petter Løken tar over som konsernsjef i Kværner 7. mai. Torsdag 3. mai starta offshoremobiliseringa for påkoplingsarbeidet av Johan Sverdrup stigerøyrs-plattforma.

SYSTEMPOSTEN

» 7


Årskavalkade 2018

Første del av teamet er på plass i sine nye kontorlokaler på Bleikjehaugen. F.v. Dick Granli, Nils Andre Risnes, Natalya Golochshapova og Edgar Damås.

Tungløftfartøyet Saipem leverer Miller-modular til Eldøyane. Foto: Lars Melkevik

Foto: Elisabeth Sætrevik

Onsdag 16. mai vart den fyrste av dei fire søyle­toppene til Njord ferdig malt. Den 110 tonn tunge strukturen er ein av fleire viktige leveransar fram mot den store løftekampanjen som startar på seinsommaren. I midten av mai kunne kai-prosjektet på Stord melde at prosjektet går godt, og at dei ligg framfor tidsplanen. Onsdag 16. mai avla 20 personar frå Kværner eksamen i IECEx, som er ei internasjonal sertifisering innan design, installasjon og inspeksjon i eksplosjonsfarlege områder. Som ein del av IA-planen (Inkluderande arbeids­ liv) vart leiarar, tillitsvalte og verneombod ­invitert til ein times foredrag med relasjons­ terapeut Dora Thorhallsdottir på Stord hotell onsdag 23. mai. Måndags morgon 28. mai leverte tungløfte­ fartøyet Saipem 7000 to modular frå Millerprosjektet til demoleringsanlegget til Kværner på Stord. Den 30. mai kunne Johan Castberg-prosjektet melda at dei har bestilt underleveransar for prefabrikasjon av stålstrukturar og modular hos dei polske verfta Crist Offshore og EPG. I slutten av mai vart innkjøpsavdelinga i region vest samlokalisert med alle sine medarbeidarar

8

SYSTEMPOSTEN

i kontorlokale på Bleikjehaugen på Stord. Bakgrunnen for samlokaliseringa er kompetanse­ deling og betre ressursutnytting.

JUNI Equinor har tildelt Kværner en konseptstudie for Krafla UWP, ei ubemanna brønnhovudplattform. Studien skal utførast i Oslo, Verdal og Trondheim. I tilknyting til bygging av ny kai, blei fyrste sprenging under sjø gjennomført torsdag 14. juni. Tysdag 12.juni var det høgtideleg markering av at det fyrste bachelor-kullet vart uteksaminert etter Stordmodellen på Høgskulen for Vestlandet (HVL). Kullet bestod av totalt 16 studentar, kor fem av kandidatane er Kværner-tilsette. Under allmøte den 13. juni delte konsernsjef Karl-Petter Løken ut HSSE- og kvalitets-prisar for 2017. Alle seks prisane gjekk til Johan Sverdrup-prosjektet og Njord-prosjektet. I byrjinga av juni starta utrullinga av teneste­ mobil til operatørane på Stord og i Verdal. 108 Kværner-medarbeidarar frå Verdal, Stord og Oslo deltok helga 15.–17. juni på velferds­ tur til Galdhøpiggen. For fyrste gang vart eit arrangement av denne typen gjennomført i fellesskap av velferden ved dei tre Kværner­ lokasjonane.


Årskavalkade 2018

Over 100 medarbeidarar frå Stord, Verdal og Oslo deltok på tur til Galdhøpiggen.

Jostein Ova Bøyum og Magnus Hovland Furnes framfor ein ferdigsveist export raiser til Nyhamna (Polarled).

Foto: Kværner

Foto: Kværner

Johan Sverdrup hook-up nådde i juni ein viktig milepåle. Trass fleire dagar fråkopla nådde prosjektet målet om 35 000 timar framdrift i løpet av dei fyrste seks vekene. Mandag 24. juni nådde Johan Castberg ein milepåle ved at dei fyrste stålplatene til Johan Castberg var levert til Stord.

JULI Kværner på Stord tok inn nærare 90 unge medarbeidarar som ferievikarar denne sommaren. Det to fyrste blisterane til Njord-prosjektet var 5. og 6. juli lasta ut på lekter. Operasjonen gjekk som planlagt. Lekteren seilte frå Verdal tysdag 10. juli og kom til Stord etter tre dagar. 6. juni vart det 115 meter høge flammetårnet til Miller velta på demoleringsanlegget. Den 13. juli kom det melding om at Equinor tildelte Kværner tilleggsarbeid på Njord A, for å tilretteleggje plattforma for mottak av olje frå Fenja-feltet. Tilleggsarbeidet har en estimert verdi på rundt ein halv milliard kroner. Onsdag 18. juli vart den første av i alt fire dekksboksar til Njord-prosjektet kjørt ut av Plateverksted 3, og levert til maling. Modulen (C13WS01) vart levert i høve til plan, og med tidlegutrustnings-stål montert.

AUGUST I byrjinga av august kunne Johan Sverdrup hook-up prosjektet melde om at offshore­ arbeidet går på skjener. Aasta Hansteen er i rute offshore. I byrjinga av august var arbeidet med å koble røyra frå brønnene opp mot prosessanlegget på plattformen fullført, og Aasta Hansteen-prosjektet kunne dermed markere endå ein milepåle i arbeidet fram mot produksjonsstart i fjerde kvartal. I slutten av august meldte Njord-prosjektet at dei no er klare for den store løftekampanjen. Den 29. august gjekk starten for ein omlag åtte månader lang løftemaraton i Njord-prosjektet, som inkluderer meir enn 20 løft med ei total vekt på rundt 6 000 tonn. Johan Sverdrup ULQ-prosjektet kunne i slutten av august informere om at prosjektet er i rute til å rekkje milepålen MC-komplett innan oktober 2018. I Stavanger har prosjektteamet til Johan Sverdrup fase 2 RP-modul kome godt i gang etter ferien, med rundt 150 personar på engineering, og 30 personar innan plan, kost, shop engineering og metode. Detail design blir utført både i Stavanger, Oslo og Mumbai. Måndag 27. august var det oppstart av ny klasse på fagskulen. Dette er det 6. kullet

SYSTEMPOSTEN

» 9


Årskavalkade 2018

Avgått leiar i NITO Kværner region Stord, Øyvind Kyvik, ynskjer Eddy Helland lukke til som ny leiar, og er trygg på at leiervervet er i dei beste hender.

Installasjonsleder på Johan Sverdrup hook-up, Bjarte Bjelland fra Kværner saman med Equinor-personell som alle er tilfreds med at jobben er utført.

Foto: Lars Melkevik

Foto: Kværner

som startar opp. Totalt er det 22 studentar som tar fatt på to tøffe år, på linjene elkraft og automasjon. Det er fem studentar frå Kværner, fordelt på elektro, telecom og instrument.

Det 103 meter høge Varg A monotårnet vart fredag 28. september velta ute på demoleringsanlegget til Kværner.

Akers nye oljeselskap Aker Energy, som skal drive med olje- og gassutvinning i Ghana, inviterte onsdag 29. august sine ghanesiske kollegaer til Kværner sitt verft på Stord.

Med helikopterhangaren omgjort til ein av Stord sine flottaste konsertarenaer, var det god stemning blant om lag 500 prosjekttilsette som hadde tatt turen opp for å få med seg feiringa av at plattforma er mekanisk ferdig.

I august var det oppstart for dei 57 nye lærlingane som er tatt inn ved verfta på Stord og i Verdal.

SEPTEMBER Laurdag 8. september gjekk årets Rallarritt av stabelen. Aker Active var arrangør, og totalt var det 100 personar som deltok på rittet. Frå Kværner på Stord deltok omlag 20 personar. Ny leiar i NITO Kværner region vest. Eddy Helland overtok 14. september leiarvervet i NITO Kværner region vest. Han overtok etter Øyvind Kyvik som har vore tillitsvald i NITO i seks år, og leiar sidan 2017. Etter fire år med planlegging, var det i midten av september klart for oppstart av eit omfattande kursopplegg for rigg- og marineoperatørar ved verftet på Stord. Opplegget skal gi riggarar og marinepersonell fagstatus på line med andre fagarbeidarar i verksemda.

10

SYSTEMPOSTEN

OKTOBER

Lørdag 13. oktober inviterte ­Velferdsforeningen på Stord til sjørøvarfest. Vaksne og born kledd ut som piratar koste seg på Arena med pizza og brus, og var med i trekninga av fleire flotte premiar. Anton Hove, prosjekleiar for Johan Sverdrup Hook-up, kunne i byrjinga av oktober melde om at oppdraget på Johan Sverdrup Hook-up held fram med suksess. I løpet av dei siste to vekene har prosjektet jobba med å installere tre nye pumper, som har auka kapasiteten frå 50 000 til 70 000 Sm3 olje per dag. Innkjøpsorganisasjonen i Njord-prosjektet var i oktober inn i sin travlaste leveranseperiode, med mottak av nærare 1200 tonn utstyr i løpet av september og oktober. I løpet av den fyrste veka i oktober signerte Johan Sverdrup RP-prosjektet avtalar med underleverandører i Polen.


Årskavalkade 2018

Kværner starta nedtellinga til neste års 100-årsjubileum ved å ta gruppebilete av alle på verftet. Foto: Øyvind Sætre

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg og lærling Jarand Rafdal fekk æra av å starta Johan Castberg­ fabrikasjonen på Stord. Foto: Øyvind Sætre

900 tilskodarar fann vegen då Kværner og Equinor torsdag 18. oktober inviterte til refleksdagsshow utanfor Kulturhuset på Stord.

Torsdag 15. november vart 30-,40-, og 50-årsjubilantane heidra på tradisjonelt vis med gåver og middag på Stord Hotell.

53 elevar og ni lærarar ved Hellerud videregåande skule i Oslo vitja onsdag 10. oktober Kværner på Stord. Besøket var ledd i eit undervisningsopplegg for å læra om næringsliv og verdiskaping på Vestlandet.

Onsdag 21. november markerte Kværner fabrikasjonsstart for Johan Castberg-prosjektet i Verdal og på Stord. På Stord deltok mellom andre den nye olje- og energiministeren Kjell-Børge Freiberg.

Torsdag 18. oktober vart det tatt eit historisk bilete på verftet på Stord. I samband med at verftet på Stord feirar 100 år i 2019, stilte kring 1 100 prosjektarbeidarar og tilsette opp til fellesfotografering. Fotoet, kor alle personane til saman formar talet 100, vil verta nytta i samband med det komande jubileumsåret.

NOVEMBER

DESEMBER Den 7. desember vart det arrangert klokkelunsj, med utdeling av gullklokker til tilsette som har vært 25 år i verksemda. I år vart det delt ut gullklokker til 45 tilsette. Dei to største prosjekta på verftet inviterte til prosjektallmøte og juleavslutning 18. desember for Njord og 19. desember for Johan Sverdrup.

Torsdag 1. november kom det melding om at Kværner vann sitt fjerde stålunderstell for Sverdrup, og signerte kontrakten med Equinor for levering av stålunderstellet for prosess­ plattforma til fase 2 av Johan Sverdrup. Kontrakten vart feira med kake på alle Kværner sine lokasjonar. Kaiprosjektet på Stord fekk i byrjinga av november levert stålet som skal inn i den nye kaien. Totalt 2 800 tonn fordelt på 1 900 lange stålspunt vart løfta av skip og transportert bort til anleggsområdet for den nye kaien.

SYSTEMPOSTEN

11


Oppussingsprosjektet tek form TEKST ODD NAUSTDAL FOTO LARS MELKEVIK

I september passerte Njord-prosjektet halvferdig. Prosjektdirektør Jarle Henriksrud er tilfreds med framdrifta, men fryktar ein tøff innspurt fram mot mekanisk ferdigstilling i slutten av 2019.

12

SYSTEMPOSTEN


Njord-prosjektet Njord A ligg for oppgradering ved Maureen­-kaien.

– Løftekampanjen er ein av aktivitetane som ligg på kritisk line i prosjektet. Det betyr at det er ein nøkkelaktivitet for at me skal komma i mål med prosjektet på tida, seier Henriksrud. Startskotet for løftekampanjen gjekk i august. Først ut var blisterane, som er fabrikkert i Verdal. Blisterane er stålstrukturar som er installert utanpå plattformbeina, for å styrka strukturen og gje plattforma betre flyteevne. – Blisterane kom til Stord på tida, og innløfta gjekk som planlagt. For å nå ein slik milepåle og lukkast med ein slik operasjon så er det eit stort lagarbeid som ligg bak. Det er gjort ein god jobb av ei rekkje aktørar, både når det gjeld engineering, innkjøp av materialar og fabrikasjon i Verdal, seier Henriksrud.

– Prosjektet er i rute. I haust passerte me halvvegs, og før me tek juleferie reknar eg med me at me har nådd 60 prosent, seier Henriksrud. – Sveineprøven blir mekanisk ferdigstilling mot slutten av året til neste år. Sjølv om me er i rute no, så skal dei siste 40 prosenta av prosjektet gjennomførast på under eitt år. Då skal me verkeleg få vist kva som bur i oss, seier Henriksrud.

Den store løftekampanjen Årets sveineprøve, og eitt av høgdepunkta i prosjektet, var oppstarten av den store løftekampanjen. I løpet av det påfølgjande halvåret skal 20 strukturar på til saman 6 000 tonn løftast om bord.

Året som ligg bak har vore eit krevjande år for mange i prosjektet. Arbeidspresset har vore stort, spesielt på engineering og innkjøp, som har vore på sitt mest hektiske dette året. – Difor er det gledeleg å sjå at store, viktige utstyrskomponentar trillar inn porten på verftet slik dei skal, og at underlag frå designengineering og fabrikasjonsengineering har gjort det så langt har vært mulig at me kan gjennomføra løfteprogrammet som planlagt.

Alle skal trygt heim Njord A er eit oppgraderingsprosjekt, som betyr at noko skal byggast nytt, noko skal gjenbrukas og noko skal sendast til demolering – og desse aktivitetane skal i stor grad skje i parallell. Det skal gjennomførast mange krevjande arbeidsoperasjonar, som har stor risiko.

»

SYSTEMPOSTEN

13


– Dette har vore handtert på ein god måte til no. Men me har hatt nokre hendingar kor personell har fått mindre skadar. Skadane skjer ikkje under dei store operasjonane, for då er folk fokus­ erte. Dei skje på typiske rutineoperasjonar, når me senkar skuldrene og ikkje er like konsentrerte. Det er uhyre viktig at me er fokuserte og at me følgjer arbeidsprosedyrene våre i den perioden me har framfor oss no, med mange folk om bord plattforma, stor aktivitet og ei stor mengd løfteoperasjonar, seier Henriksrud.

Stort prosjekt Det er for tida rundt 1 500 personar i prosjektet. – Over nyttår startar nedtrappinga på engineering og innkjøp, medan construction går opp i bemanning. Så totalbemanninga vil halda seg nokså stabil fram utover neste år, seier Henriksrud.

EPC-kontrakten for Njord vart signert 17. mars 2017 og hadde ein kontraktverdi på fem milli­ ardar kroner. Før det hadde Kværner allereie fått erklært opsjonar under rammekontrakten frå 2016 på totalt ein halv milliard kroner. Midt i juli dette året kunngjorde Kværner at kontrakten vaks ytterlegare ein halv milliard kroner, då Kværner fekk i oppdrag å klargjera Njord for mottak av olje frå Fenja-feltet. – Njord er eit stort og viktig prosjekt ikkje berre for Kværner, men for industrien på Vest­ landet. Då me signerte kontrakten, anslo me at prosjektet ville gi ein sysselsettingseffekt tilsvarande rundt 3 000 årsverk. Me ser no at det ikkje var å ta for hardt i. Prosjektet har i tillegg nesten utelukkande norsk innhald. Med unntak av nokre utstyrspakkar, blir så godt som alt arbeid gjort i Noreg, med Kværner som hovud­leverandør og Aker Solutions som største under­leverandør, seier Henriksrud. •

Montering av ein av dei fire «blisterane», som er fabrikkert ved Kværner i Verdal.

14

SYSTEMPOSTEN


Njord-prosjektet

– Eit unikt prosjekt TEKST ODD NAUSTDAL FOTO LARS MELKEVIK

Equinor sin prosjektleiar for Njord-oppgraderinga, Peter Kupka, meiner Njord er ein type prosjekt som krev sin ingeniør. – Det krev dei beste ingeniørane å jobba med gamalt og nytt om einannan, slik me gjer i dette prosjektet, seier han. – Det er eit prosjekt som er unikt i sin karakter. Me lærer mykje undervegs, og alle som har jobba med renovering veit at det er lett å få seg overraskingar undervegs. Men det har gått veldig bra så langt. Planmessig er me der me skal vera. Det er ein god presentasjon, spesielt sidan me har kontroll på løftekampanjen. Eg er veldig tilfreds med at det me løftar er pre-installert i den grad det var planlagt. Det er utruleg viktig for det vidare løpet, seier Kupka.

– No nærmar me oss den tyngste innspurten. Perioden framover blir veldig arbeidsintensiv, med all installasjonsaktiviteten på plattform­ dekket. Det blir intensivt, og då er det viktig å ha gode systemplanar. Og ikkje minst blir det viktig å gjennomføra den omfattande aktiviteten i tråd med HSSE-målsetningane våre, seier Kupka. Han meiner det er forbetringspotensiale på HSSE. – Det er ingen krise, men me kan heller ikkje seia oss tilfredse. Me har fått ein auke i totalskadefrekvensen som me må jobba med. Tørrdokkperioden viste oss kor gode me kan vera. Då gjennomførte me eit vanvitig program utan skadar. Dette må me jobba med, for me veit me kan betre, seier Kupka. •

Prosjektleiarane Jarle Henriksrud og Peter Kupka tek kvarandre i handa etter vellukka start på løftekampanjen. SYSTEMPOSTEN

15


Ein av dei største leverandørane Kværner har til saman åtte større oppdrag på Johan Sverdrup og er dermed ein Tilleggsarbeid under kontrakten for påkobling av stigerøyrsplattforma, for påkoblingsarbeid av utstyrs- og bustadplattforma, samt offshore­ arbeid i tilknyting til fase 2arbeidet på stigerøyrsplattforma. Kontrakt tildelt: 10. aug. 2018 Kontraktsverdi: NOK 100 mill.

Illustrasjon: Equinor

16

SYSTEMPOSTEN

EPC-kontrakt i Joint Venture med KBR for levering av utstyrs- og bustadplattforma.

EPC-kontrakt for levering av stålunderstellet til prosess­ plattform 1.

Kontrakt tildelt: 8. jun. 2015 Kontraktsverdi: NOK 6,7 mrd. Levering: 1. kvartal 2019

Kontrakt tildelt: 8. okt. 2015 Kontraktsverdi: NOK 1 mrd. Levering: Sommar 2018


på Johan Sverdrup-feltet av dei største leverandørane til Equinor på den store feltutbygginga. Kontrakt for påkobling av stigerøyrsplattform, som underleverandør til Aker Solutions. Kontrakt tildelt: feb. 2017 Kontraktsverdi: NOK 450 mill.

EPC-kontrakt i Joint Venture med Aker Solutions for modifikasjonar av stigerøyrsplattform, inkludert bygging av utstyrsmodul på 5000 tonn. Kontrakt tildelt: 5. apr. 2018 Kontraktsverdi: NOK 3,4 mrd. Levering: 2022

EPC-kontrakt for levering av stålunderstellet til boreplattforma.

EPC-kontrakt for ­levering av stålunderstellet til ­stigerøyrsplattforma.

EPC-kontrakt for levering av stålunderstellet til prosessplattform 2.

Rammeavtale signert: jun. 2014 Kontrakt tildelt: 10. sept. 2015 Kontraktsverdi: Ikkje oppgitt Levering: Våren 2018

Rammeavtale signert: jun. 2014 Kontrakt tildelt: 20. jan. 2015 Kontraktsverdi: NOK 2 mrd. Levering: Sommar 2017

Kontrakt tildelt: 31. okt. 2018 Kontraktsverdi: NOK 900 mill. Levering: Våren 2021

SYSTEMPOSTEN

17


Heimen i havet ferdig bygd TEKST ELISABETH SÆTREVIK

I dokken på Stord ligg utstyr- og bustadplattforma til Johan Sverdrup-feltet mekanisk ferdig. No gjenstår berre klargjering og testing av system før Noreg sitt største plattformhotell våren 2019 skal fraktast til havs og installerast på feltet. Med ein kapasitet til å huse 560 personar, blir plattforma Nordsjøens største offshore­hotell. I tillegg innehar plattforma det avanserte kontrollrommet som resten av Johan Sverdrup­ feltet er kopla opp mot. Dette rommet vil vera nervesenter for alle installasjonane på feltet. Plattforma er og hovudsenteret for blant anna lager, verkstadar, og innehar brannpumper, nødgeneratorar og ferskvatn. Med eit helikopterdekk og -hangar som kan romme tre helikopter, vil plattforma vera hovudsete for ankomst og avreise for arbeidarane.

18

SYSTEMPOSTEN

Prosjektgjennomføring etter læreboka Frå kontrakten vart signert 8. juni 2015, har plattforma vakse seg større for kvart år som har gått. Hausten 2017 vart plattforma køyrd ut på lekter i dokken og jekka opp 13 meter. Bustadseksjonar frå Leirvik og Emtunga har deretter blitt installert på løpande band i løpet av året som har gått. Etter dei vart installert, starta arbeidet med å løfte inn kabinar og innreie plattforma rom for rom. I tillegg er helikopterdekk, helihangar og livbåtar på plass. I midten av oktober vart det siste mekaniske


Johan Sverdrup LQ Topside.

Johan Sverdrup ULQ-prosjektet

Foto: Bjarte Urdal

– Me skal være stolte av det me har levert. Plattforma skin som eit smykke. JAN-TORE ELVERHAUG

løftet gjennomført då plattform­krana vart installert. No gjenstår klargjering og testing av alle system om bord i plattforma. – Me har hatt eit godt samspel i alle ledd gjennom heile prosjektet, og dette har ført til at me har klart å levere på tid og kvalitet. Me har følgt planen me sette for tre år sidan, dette er takka god planlegging og god metode. I tillegg har me hatt eit veldig godt samarbeid med engineerings-partnaren vår KBR. Dei har klart å løfta oss endå eit hakk opp. – Me har sjølvsagt hatt nokre utfordringar denne gongen og, men me har ved hjelp av god dialog, kunnskap og vilje i prosjektorganisasjonen klart å finne løysingar, slik at me har komme i mål. I tillegg har me hatt eit veldig godt samarbeid både med kunden vår Equinor, og underleverandørane våre, seier Jan Tore Elverhaug, som er prosjektdirektør for det integrerte Kværner/KBR prosjektfellesskapet (K2JV).

Feiring av mekanisk ferdigstilling Med helikopterdekket omgjort til Stords flottaste konsertarena, vart heile prosjektet invitert til markering av at milepålen var akseptert måndag 1. oktober. Grillmat vart servert i lag med fengjande musikk frå Myhres PPT, der tre av bandmedlemmene er tilsette i prosjektet. Elverhaug og prosjektdirektør for Equinor Aud Lisbeth Hove, takka dei prosjekt-tilsette for innsatsen kvar og ein har lagt ned.

teresserte i å nå denne milepålen. At me no har fått aksept hos kunden, er takka vera innsatsen dykkar, og til alle som har bidratt tidlegare i prosjektet, sa Elverhaug.

Veging av plattforma I midten av oktober vart den aller siste veginga av plattforma gjennomført. K2JV har stått for planlegging av denne operasjonen, medan Sarens hadde ansvaret for utføringa. Ved hjelp av 56 jekker med vege-celler, plassert under stålkrakkane som plattforma kviler på, vart plattforma løfta opp 2 cm. Løftet vart gjort tre gonger, og plattforma vog akkurat det den skulle i høve til dei estimeringane som har vore gjort.

Integrerte team Fram mot avreise, vil Equinor i lag med K2JV jobbe som et integrert team om bord i plattforma. Fokuset framover vil vera testing av system og klargjering av desse, i tillegg vil K2JV ha noko arbeid knytta til klargjering av lekter. – Det kjem til å vera todelt kjenslemessig den dagen me ser plattforma dra avgårde. Det har vore tre hektiske, spanande og morosame år, men det er alltid litt vemodig når prosjekta er ferdig. Å sjå kva me er i stand til å få til, er imponerande. Me har levert plattforma til rett tid og kvalitet, me kan stå rakrygga kvar og ein av oss når me i mars 2019 ser plattforma segla ut frå verftet, avsluttar Elverhaug. • Sjå bilete frå bustadplattforma på neste side »

– Me i prosjektleiinga har følt at samtlege i prosjektet har vore veldig engasjerte og in-

SYSTEMPOSTEN

19


1

1

2

3

4

Heile Johan Sverdrupfeltet vil bli styrt frå kontrollrommet ombord i Johan Sverdrup bustadplattforma.

2

232 personar får plass i kantina ombord.

3

Det er laga fleire opphaldsrom ombord på plattforma, kor dei tilsette kan treffast for ein prat etter arbeids­ dagen er slutt.

4

Utsnitt frå opphaldsrom ombord. Alle foto: Elisabeth Sætrevik

– Løyndomen ligg i god planlegging TEKST ODD NAUSTDAL FOTO BJARTE BJELLAND

Oppkoplingsarbeidet på stigerøyrsplattforma til Johan Sverdrup har gått på skjener, og har sidan dag éin møtt alle prosjektmilepålane. Byggjeleiar Jostein Totland meiner ein stor del av årsaka er god planlegging. Medan dei fleste plattformene på Johan Sverdrup skal plasserast på stålunderstellet i eit enkelt-løft av det gigantiske Pioneering Spirit-fartøyet, er stigerøyrsplattforma den einaste som blir levert på felt i fleire modular.

20

SYSTEMPOSTEN

Det medfører vesentleg meir offshore-arbeid enn på dei andre plattformene. Formelt er Kværner underleverandør til Aker Solutions, som signerte kontrakten med Statoil


Johan Sverdrup RP hook-up-prosjektet

Kværner har saman med Aker Solutions oppdraget med å kopla opp stigerøyrs­ plattforma, som er den største opp­ koplingsj­obben på Johan Sverdrup.

i januar 2017. Oppdraget er likevel delt om lag på midten, med like stor omsetnad og like mange personar involvert frå dei to selskapa. Kværner har i tillegg prosjektleiaren, Anton Hove, som har leia det integrerte prosjektteamet med stødig hand. Grunnlaget for den gode framdrifta og produkti­ viteten meiner Totland vart lagt allereie i Korea. Der jobba Kværner og Aker Solutions integrert i Equinor sitt site-team, og kunne både involvera seg i og påverka plan- og metodearbeidet. – I tillegg hadde Aker Solutions gjort ein god ­engineeringsjobb i utgangspunktet. Der låg det ein metodefilosofi for offshore hook up i botnen, seier Totland. Dei nytta også pit-stopen i Haugesund godt. På vegen frå Korea til feltet, hadde plattforma eit kort stopp i Haugesund. – Der lasta hook-up-teamet inn 90 tonn utstyr som stillas, sveisemaskinar, riggarutstyr og alt anna me visste at me hadde behov for i oppstarten, seier Totland. Og for verkeleg å komma godt i gang når dei kom offshore, mobiliserte dei eit team som jobba integrert med mannskapet på løftefartøyet Thialf, for å førebu plattforma før flotellet med mannskapet kom.

– Det gjorde at me kunne frigjera plattforma berre eitt døgn etter at flotellet kom, noko som gav oss ein god tjuvstart på offshorearbeidet, seier byggeleiaren som har vore med i prosjektet heilt sidan tilbodsarbeidet tok til i 2016. Totland skryt av det gode samarbeidet, både med Aker Solutions men ikkje minst også med kunden Equinor. – Samarbeidet med Equinor fungerer veldig bra, både på prosjekt- og driftssida. I tillegg samarbeider me godt med Aibel, som har hook-upjobben på boreplattforma, seier Totland. I skrivande stund er det framleis stor aktivitet offshore, sjølv om nedtrappinga har byrja. – Mannskapsmessig var me på topp i august, med nærare 1300 personar i offshorerotasjon. Per i dag er det kring 250 personar i havet, og nærmare jul vil talet vera redusert til kring 160–170, som me vil ligga på fram til me startar oppkoblingsarbeidet på bustadplattforma, seier Totland. På seinsommaren erklærte Equinor ein opsjon i kontrakten for oppkoplingsarbeid av bustadplattforma, som Kværner snart leverer. Planen er å få til ein saumlaus overgang frå den eine plattforma til den andre, med utgangspunkt i det eksisterande prosjektteamet. •

SYSTEMPOSTEN

21


Meir offshore-arbeid på Johan Sverdrup TEKST ODD NAUSTDAL

På seinsommaren kom det ei ny, positiv melding frå Equinor. Kværner er i felles­skap med Aker Solutions tildelt offshore-arbeid på Johan Sverdrup bustadplattform og stigerøyrsplattform fase 2. Oppdraget er ein opsjon i kontrakten for påkoplingsjobben av Johan Sverdrup stigerøyrs­ plattform, og har for Kværner sin del ein estimert verdi på rundt 100 millionar kroner. – Me er svært tilfreds med å ha blitt tildelt desse opsjonane saman med Aker Solutions, som eit framhald av arbeidet me allereie er i gang med på Johan Sverdrup-feltet. Det stadfestar Kværner sin sterke posisjon når det gjeld å levera offshore påkoplingsprosjekt på tid og som avtalt med kunden. Tildelinga er også ein inspirasjon i arbeidet med å styrka konkurransekrafta vår, sier Hans Petter Mølmen, som er konserndirektør for «New Solutions» i Kværner. Fellesprosjektet med Aker Solutions er basert på ein 50/50-modell kor Kværner formelt er

22

SYSTEMPOSTEN

ein underleverandør til Aker Solutions. Det integrerte prosjektteamet vil jobba tett med Equinor også i fortsetjinga, og assistera i alle delar av prosjektgjennomføringa. Arbeidsomfanget består hovudsakeleg av planlegging, leiing og påkopling av Johan Sverdrup utstyrsog bustadplattform, samt påkoplingsarbeid i tilknyting til fase to-modifikasjonane av stigerøyrsplattforma. Førebuingane til prosjektet starta denne hausten. Offshoreperioden for utstyrs- og bustadplattforma har planlagt oppstart våren 2019. Fullt mobilisert er det venta at prosjektet vil ha ei bemanning på rundt 3–400 personar i rotasjon. •


Johan Sverdrup RP hook-up-prosjektet

Over: Hans Petter Mølmen. Foto: Kværner Bakgrunn: Løftefartøyet Thialf løftar inn modul nummer to av stigerøyrsplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Foto: Equinor.

SYSTEMPOSTEN

23


Skal byggja stor tilleggsmodul til Johan Sverdrup TEKST ELISABETH SÆTREVIK

Prosjekteringsarbeidet for bygginga av den 5 000 tonn tunge tilleggs­modulen til stigerøyrsplattforma er komen godt i gang. På nyåret er det klart for brenne­start. Kontrakten som vart inngått med Equinor i april 2018, omfattar ingeniørarbeid, innkjøp og bygging av ein ny utstyrsmodul på rundt 5 000 tonn for stigerørsplattforma. I tillegg omfattar avtalen modifikasjonsarbeid på feltsenteret, og installasjon- og integrasjonsarbeid (hook up og ferdigstilling av modul offshore) ute på feltet i forbindelse med fase 2 av utbygginga. Arne Engevik, er prosjektleiar for modul­ bygginga, og fortel at dette strategisk viktige prosjektet er godt i gang med å planlegge ­fabrikasjonslaupet framover. – Etter ein travel tilbods- og oppstartsperiode er me no kome godt i gong. Frå å forhalda oss til 90 dagars-planen, vart me i slutten av august ferdige med vår første baseline, og me startar no rapportering etter denne. I byrjinga av oktober feira me og at den viktige engineerings­

24

SYSTEMPOSTEN

milepålen M2B vart akseptert, noko som er viktig for det vidare løpet i prosjektet, seier Engevik. For Kværner er dette eit utstillingsvindauga der ein saman med Aker Solutions får visa seg overfor Equinor på ein type prosjekt det kan bli fleire av i åra som kjem. Miksen av eit stort nybygg med eit stort offshore påkoplings- og integrasjonomfang er eit viktig satsingsområde for Kværner i åra som kjem og difor strategisk viktig, understreka Engevik.

ASK JV – 50/50 Prosjektteamet til Johan Sverdrup RP er stasjonert i Stavanger. Leiargruppa til prosjektet ­består både av personar frå Aker Solutions og frå Kværner. For tida jobbar omlag 150 personar med engineering, og rundt 30 personar innan plan, kost, fabrikasjonsengineering og


Johan Sverdrup fase ULQ-prosjektet 2-prosjektet

Illustrasjon: Equinor

metode. Detaljprosjektering blir utført både i Stavanger, Oslo og Mumbai. I gjennomføringsfasen vil Stord ha om lag 400 personar i prosjektet. I byrjinga av oktober vart det signert kontraktar med tre polske underleverandørar: Crist Offshore, Energomontaz Polnoc Gdynia (EPG), Mostostal Pomorze (MPG). Alle tre er kjende leverandørar for Kværner, og har vore sentrale underleverandørar til Johan Sverdrup ULQ prosjektet, i tillegg til at to av verfta har leveransar til Johan Castberg-prosjektet. – Me har gode erfaringar med desse verfta. Etter å ha samarbeida med dei på fleire prosjekt dei siste åra, kjenner me kvarandre godt. Me jobbar oss no fram mot brennestart i Polen i april 2019, og første leveranse frå ­Polen til Stord vil vera i slutten av neste år, seier Engevik.

Utnyttar «Storen» maksimalt Modulen som skal byggjast har ei vekt på om lag 5 000 tonn, grunnflate på 86 m × 39 m, og er 17 meter høg. Den er sett saman av åtte modular, kor fire av desse blir bygd i Polen, og dei resterande på Stord. Den fyrste leveransen frå Polen kjem i løpet av desember 2019. Kjell Normann Olsen er byggeleiar for arbeidet som skal utførast på Stord. For tida er det planlegging av ulike aktivitetar innan metode og construction, som har prioritet. – Modulen som skal byggast er ein utstyrs­ modul til stigerørsplattforma som allereie er installert på feltet. Utstyr som vil bli installert i tilleggsmodulen er mellom anna vanninjeksjons­system, fakkelsystem, og kjemi­ kaliesystem. I tillegg vil den òg innehalde eit elektro-/instrument-rom og ventilasjonsrom. ­Modulen som er lang og flat, er konstruert

SYSTEMPOSTEN

»

25


på denne måten for at den skal ha ein til modul på toppen av seg. Dette er tenkt i fase 3 av Sverdrup-feltet, forklarar Olsen.

len kjem til å vera 5,5 meter over bakkenivå, vil føre med seg ein god del arbeid i høgda, ­avsluttar Olsen.

– Modulane er designa slik at me får utnytta «Storen»-kranen maksimalt. Samtlege modular er tett opp mot maksvekt til kranen, og dei som kjem frå verfta i Polen har stor ferdigstillingsgrad strukturmessig, og er ferdig mala.

Modulen vil bli liggjande i dokken for å få utført commissioning-aktivitetar frå januar 2021 og til mars 2021, før den blir henta og kopla opp offshore i løpet av mars 2021.

På Stord vil det bli brennestart i løpet av seinsommaren 2019. Etter prefabrikasjon vil ein fortsette inne i Stordhallen. Arbeidet i hallen, vil foregå samtidig med Johan ­Castberg-prosjektet.

I tillegg til bygging av modul, vil prosjektet ta stor del i integrasjonsarbeidet offshore. Prosjektet har tett dialog med Johan Sverdrup Hook-up prosjektet, og er godt informert om kva som er planlagt i dette prosjektet. Før modulen kjem ut offshore, startar arbeidet med å klargjere stigerørsplattforma for mottak.

– Me har tett og god dialog med Johan Castbergprosjektet (JC), og me samarbeider med dei på fleire områder. Prosjekta kjem til å vera tett på kvarandre i Stordhallen, men det at to prosjekt deler på dei same fasilitetane er noko som me har god erfaring med. Dette er berre med på å skjerpe oss i planlegging av det arbeidet som skal bli utført. Etter som tida går og modulane veks, vil det bli preutrustning medan modulane står langs kransporet på verftet.

Offshore scope

– Modulen kjem til feltet i mars 2021. Før den kjem ut har ein allereie gjort ein del endringar på eksisterande plattform. Arbeidet som inngår i dette er blant anna rydding av tomta til kor modulen skal monterast. Etter landing av modul, går ein i gong med hook-up arbeidet. Dette vil vera eit krevjande arbeid, og me reknar med at det vil vera om lag 200 personar i rotasjon under integrasjonsarbeidet, avsluttar Engevik. •

– Modulen er forholdsvis liten arealmessig i forhold til mengde bemanning. Me kjem til å starte med multidisiplinaktivitetar så snart modulane kjem til Stord. Nøye planlegging og tilrettelegging av arbeidsplassen vil vera viktig for å oppnå den flyten me ynskjer. – Me kjem også til å jobbe tett med JC-prosjektet på HSSE. Sjølv om me kjem til å vera i ulike fasar i prosjektet, kjem me til å gå saman om kampanjar og ha tett oppfølging på at arbeidet blir utført i høve til prosedyrane våre. Me ser at utfordringa vår vil vera personaltetthet inne i modulen, og det at det er ein mengde arbeid som skal utførast i lukka rom. Det at modu-

26

SYSTEMPOSTEN

Kjell Normann Olsen er ansvarleg for byggearbeidet som skal utførast på Stord. Her saman med prosjektleiar for modulbygginga, Arne Engevik. Foto: Elisabeth Sætrevik


Går det bra med deg?

I Kværner ønskjer me at alle medarbeidarar skal ha det bra, både på jobb og heime.

Rus- og anna avhengigheit kan koma i vegen for velferda vår, og i verste fall setja oss sjølve og kollegaene våre i fare.

Snakk med ein overordna eller Akan-kontakt: Håvard Kvarme 468 95 143 havard.kvarme@kvaerner.com

SYSTEMPOSTEN

27


Johan Castberg gir aktivitet langs store delar av norskekysten TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL

Det høver godt at eit prosjekt oppkalla etter heimfallsrettens far har over 70 prosent norsk innhald og gir aktivitet på ikkje mindre enn fire norske verft frå Egersund i sør til Sandnessjøen i nord. Jubelen stod i taket då Kværner 13. f­ ebruar kunne senda ut børsmelding om at Johan Castberg-kontrakten var i boks. Tildelinga var som ein dobbel siger, ved at prosjektet i tillegg utløyste ei gigantisk investering i nytt kaianlegg på verftet på Stord. Begge deler vart feira med talar, underhaldning og kake i Plateverkstad tre, med stort oppmøte frå dei tilsette på verftet. Allereie 21. november same år var det klart for ei ny markering, ved at fabrikasjonen kom

28

SYSTEMPOSTEN

i gong i Verdal og på Stord. Prosjektleiar Heine Haktorson fortel om eit prosjekt som har kome godt ut av startgropa. – Prosjektet har tre hovudfasar. Først ein familiariseringsfase som me var ferdig med 1. oktober. No har me byrja på fase to, kor det kjem til å handla om modulfabrikasjon. Og i midten av 2020 startar fasen for hook-up og integrasjon av FPSO-en.

Det var godt oppmøte og stor stemning då både Johan Castberg-kontrakten og investeringa i den nye kaien blei feira i Plateverkstad 3 fredag 16. februar.


Johan Castberg-prosjektet

Illustrasjon: Equinor

Det betyr at tyngdepunktet for prosjektet i haust flytta frå Oslo til Stord. – Familiariseringsfasen me har bak oss har lagt heile grunnlaget for prosjektet. Me har jobba tett med engineeringsleverandør Aker Solutions, noko som har gitt oss høve til å påverka mykje av designen. Sjølv om dette er ein fabrikasjonskontrakt, prøver me å jobba så integrert som mogleg med engineeringsleverandøren, tilnærma slik me ville gjort i ein EPC-kontrakt. Me har fått til mykje på kommunikasjon, mellom annan integrert IT-systema slik at me får informasjon direkte inn i prosjektverktøyet MIPS. Me har gjennomført eit stort utviklingsprosjekt, ved at me har implementert det nye PDMSsystemet. Me har nærmast vore forsøks­kaninar på det nye 3D-systemet. Det er det same som Aker Solutions har, og noko som forenklar jobben for oss, fortel Haktorson. Totalt skal det i fase to byggast 10 modular og ei røyrgate som består av seks modular, med ei totalvekt på 14 500 tonn. I tillegg kjem

3 000 tonn hook-up-installasjon i fase tre. Den enorme røyrgata skal byggjast i Verdal. Av dei fem mest komplekse modulane, skal tre byggjast på Stord og to i Egersund. Det skal gjerast prefabrikasjon ved dei polske verfta Crist og Energomontaz. I tillegg skal det byggjast nokre mindre strukturar på Aker Solutions sitt verft i Sandnessjøen. Johan Castberg er ein FPSO, altså eit skips­ forma produksjonsfartøy. Sjølve skroget er det Sembcorp i Singapore som skal byggja. Turret, eller dreieskiva i Johan Castberg skal leverast av SBM Offshore i Holland. Både skrog og turret er separate kontraktar som Equinor har direkte med leverandørane. Skroget kjem til Stord i 2020, og innan den tid må den nye kaien stå klar og all modulfabrikasjon vera utført. Deretter blir dei ein hektisk installsjonsfase utover 2020. Mekanisk ferdigstilling er allereie på forsommaren 2021. Levering er tidleg 2022. •

SYSTEMPOSTEN

29


Nærmar seg gassproduksjon på Aasta Hansteen TEKST LARS MELKEVIK FOTO HENNING SELSTAD, EQUINOR

Noregs fyrste og verdas største spar-plattform, Aasta Hansteen, startar etter planen gassproduksjon før året er omme. Høg kvalitet på inshoreog offshore hook-up-arbeid utført av Kværner har vore eit viktig bidrag til at gass frå det djupaste feltet på norsk sokkel snart er på veg til kundar i England og på kontinentet. Etter eit 11 dagar langt spektakulært utslep frå Digernessundet kom Aasta Hansteen til sin nye heimstad i Norskehavet 23. april. Arbeidet med å ankre opp giganten på heile 1 300 meters

30

SYSTEMPOSTEN

djup tok til med det same, og etter eit par veker var plattforma på 70 000 tonn og 339 meter høgde trygt forankra i 17 ankerlinjer slik at hook-up-arbeidet offshore kunne ta til.


Aasta Hansteen-prosjektet

– Arbeidet som er gjort er av høg fagmessig kvalitet, noko som har vore særs viktig HANS BRUTVEIT

­ valitet, noko som har vore særs viktig for k å halda framdriftsplanen for oppstart av gassproduksjon i fjerde kvartal.

Ein av dei største jobbane Kværner har utført offshore, var å kople røyra frå brønnane opp mot prosessanlegget på plattforma. Dette var ein stor og viktig milepåle i hook-up-arbeidet offshore, kor Kværner på det meste hadde kring 200 personar i rotasjon på både dag- og nattskift. Etter at nattskiftet vart avslutta tidleg i haust, er det i dag kring 90 personar i rotasjon. Kværner sin prosjektleiar for inshore- og offshore hook-up i Aasta Hansteen-prosjektet, Hans Bruntveit, kan fortelje om god kvalitet på arbeidet som er utført. – Det er mange flensar og røyrsamanstillingar som er sveisa saman, men det er ikkje funne nokon lekkasjar ved nitrogen- og heliumtesting. Arbeidet som er gjort er av høg fagmessig

I inshore-fasen frå 1. januar fram til utslepet i april utførte Kværner om lag 400 000 timar i Digernessundet, medan det i offshore hookup-fasen er utført om lag 200 000 timar. Og det vert meir arbeid offshore i tida som kjem. Kværner skal forsette med kring 90 personar i rotasjon fram til slutten av fyrste kvartal neste år. – Det er eit veldig godt samarbeidsklima her ute, og me jobbar tett integrert med kunden. Samstundes har me i prosjektfasen offshore hatt særs god nytte av ein flott innsats frå heile miljøet på Stord. Dette har gjort det mogeleg å kunne fabrikkera nye delar og levere utstyr på svært kort tid, seier Bruntveit. Gassen frå Aasta Hansteen vert sendt til Nyhamna i Møre og Romsdal via den nye røyrleidninga Polarled. Nyhamna er på si side igjen kopla opp mot røyrleidninga Langeled som via Sleipner-huben kan levere gass frå Aasta Hansteen til kundar i England og på kontinentet. Sjølve feltet vert drifta frå Equinor sine lokaler i Harstad. •

SYSTEMPOSTEN

31


Fra vugge til grav TEKST ENDRE JOHANSEN

Kværner er verdenskjent for å bygge offshoreplattformer på Stord. Nå vil selskapet bli like kjent for å resirkulere plattformstrukturer.

Kværners demoleringsvirksomhet på Eldøyane har vært i aktivitet siden slutten av 1990-tallet. Men det er først de seneste årene at konsernet har definert virksomheten som et strategisk satsningsområde hvor man ser betydelige vekstmuligheter de neste tiårene. Satsningen har gitt umiddelbare resultater. I 2017 var hovedmålet å vinne nye demoleringskontrakter. Det gjorde man til gagns. Faktisk vant Kværner 25–30 prosent av relevante kontrakter som var tilgjengelig i markedet. I tillegg inngikk Kværner tidligere i år en avtale om å kjøpe GMC Decom, en mindre demoleringsvirksomhet som ligger helt inntil Kværners demoleringsanslegg på Eldøyane.

32

SYSTEMPOSTEN

Guro Løken er leiar for demolering og marine i Kværner. Foto: Kværner


Foto: Lars Melkevik

Demolering

– På Eldøyane har vi en fantastisk beliggenhet for demoleringsvirksomhet GURO LØKEN

Oppkjøpet gav Kværner tilgang til utstyr som vil gjøre demoleringsoperasjoner både tryggere og mer effektive. Videre ble det besluttet å gå til innkjøp av en høykapasitets stasjonærsaks som er i stand til å klippe stålstrukturer som er opptil åtte meter lange og har en tykkelse på 150 millimeter. Den kom på plass på Eldøyane sent i høst. – På Eldøyane har vi en fantastisk beliggenhet for demoleringsvirksomhet. Vi la et godt grunnlag med nye kontrakter i 2017, noe vi har bygd videre på gjennom god prosjektgjennomføring og betydelige investeringer i 2018, sier Guro Løken, som er øverste ansvarlig for demolering og marine operasjoner i Kværner.

Helse, miljø og sikkerhet i høysetet Før vi går inn på Kværners fremtidsambisjoner for demoleringsvirksomheten, ba vi våre demoleringseksperter på Stord, Eirill Hatlevik og Atle Sætrevik, enkelt forklare Systempostens lesere hvordan et typisk demoleringsprosjekt gjennomføres etter at en plattformmodul er ankommet Eldøyane. Eirill og Atle forteller: • Alle moduler er sjekket og normalt er systemene tømt og vasket før ankomst til Eldøy-

ane. Likevel er alltid første steg en såkalt «make safe», det vil si trygge modulen for å forhindre at noe kan falle ned fra den, sikre åpninger i dekk og rekkverk, og sjekke at det ikke lekker noe som helst utfra tanker eller rør. Selv om modulene står på betongunderlag, og dreneringen går mot renseanlegg, så ønsker vi å unngå både små og store lekkasjer. • Deretter gjøres en grundig kartlegging av hele plattformen. Vi tar prøver og går gjennom hele plattformen for å klassifisere hva som skal fjernes av farlig avfall, hvordan materialet skal sorteres for gjenvinning, samt identifiserer hva slags utstyr som kan gjenbrukes. • Utstyr som er om bord i modulen er kartlagt på forhånd, men blir også kontrollert nøye etter levering. Kværner har en egen rengjøringshall der utstyr som for eksempel produksjonsrør og tanker vaskes. Vaskevannet renses i flere steg for å fange opp eventuelle forurensinger slik at vi ikke slipper ut forurenset vann. Det er essensielt for at vi skal kunne ivareta våre miljøforpliktelser på en god og forsvarlig måte. • Vi sjekker vegger for hva slags isolasjon de inneholder. Noen ganger må veggene demonteres av spesialkompetent personell,

SYSTEMPOSTEN

33


for eksempel dersom de inneholder keramiske fibre eller asbest. • Til slutt begynner vi å demontere og klippe opp plattformen. I dag klipper vi opptil 30 mm tykkelse med saks, mens tykkere strukturer skjærebrennes manuelt. Stasjonærsaksa som settes i drift i disse dager vil redusere behovet for manuell skjærebrenning betraktelig.

Samfunnsansvar og arbeidsplasser – Å resirkulere gamle plattformer er en del av Kværners samfunnsansvar. I begynnelsen av kretsløpet bidrar vi til å skape store verdier når vi muliggjør feltutbygginger og produksjon av olje og gass. På slutten av kretsløpet bidrar vi til rydde opp gjennom å demolere å resirkulere offshoreinstallasjoner. For eksempel ble Varg A monotårn bygd på Kværners anlegg i Verdal, og nå demolerer og resirkulerer vi det på Eldøyane. Altså har vi tatt et ansvar fra vugge til grav, sier Guro Løken. En hyggelig bieffekt av Kværners satsning på demoleringssegmentet, og evne til å vinne kontrakter, er at det skapes nye arbeidsplasser. Mens Kværner i 2017 hadde 40–50 personer sysselsatt med demoleringsoppgaver, er nå nærmere 90 personer sysselsatt på heltid. På det meste har nærmere 100 personer vært i aktivitet. – Vi har omtrent doblet antall arbeidsplasser i løpet av 12 måneder. Det er vi stolt av. Samtidig ser vi potensiale til å vokse dette antallet ytterligere, sier Guro Løken.

Store vekstmuligheter Løken viser til at det er hundrevis av gamle plattformer som skal fjernes i Nordsjøen de neste tiårene, og Kværners virksomhet på

34

SYSTEMPOSTEN

Eldøyane er godt posisjonert for å ta sin andel av dette markedet. I dag jobber Kværner i hovedsak med demolering og resirkulering av plattformer, men selskapet ønsker å ta en større andel av verdikjeden innenfor markedet som bransjen kaller for «decommissioning». – Det aller viktigste markedsføringsverktøyet er å demonstrere at vi kan ta hånd om plattformer på en forsvarlig og trygg måte. I dag resirkulerer vi over 98 % av plattformen og opp mot 100 % av understell. Det vil posisjonere oss for å kunne by på øvrige oppgaver som totalleverandør av EPRD-kontrakter og subsea decommissioning. Vi har allerede ­kompetansen vi trenger for å gjøre dette. Kontrakten vi ble tildelt for å gjøre en miljøkartlegging av Gyda­ plattformen er et godt eksempel på hvordan vi kan bredde oss ut i dette markedet, sier Løken. En såkalt EPRD kontrakt (Engineer, Prepare for decommissioninge, Remove, Dispose) innebærer at Kværner tar et totalansvar for hele demoleringsjobben, inkludert ingeniørarbeid, innkjøp, fjerning og demolering av offshoreinstallasjonen. Selv om Nordsjøen representerer et betydelig marked, ser demoleringsgjengen med Løken, Hatlevik og Sætrevik i spissen også etter muligheter internasjonalt. I mars i år bar satsingen frukter da de ble tildelt en betalt studie på fjerning av en plattform utenfor østkysten av Canada. – Vi er svært aktive på tilbudsfronten. Vi har fulgt planen vår til punkt og prikke i 2017 og 2018, og i 2019 handler det i stor grad om å gjennomføre nåværende prosjekter på en trygg og gode måte, samt vinne nye kontrakter slik at vi skaper enda flere arbeidsplasser på Stord, avslutter Guro Løken. •


Platearbeidarane Lars Håvard Eikum og Geir Engum.

Døgnkontinuerleg gjennom heile 2018 TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL

Egil Våge, leiar for prefab stål, fortel om eit hektisk år på prefab-en. – Me har køyrt meir eller mindre døgnkontinuerleg gjennom heile 2018, seier han. Prefab-en inkluderer stålfaga, overflate, røyr og brenneavdelinga. Hovudaktiviteten dette året har vore kolonnetoppar, dekksboksar og vinsjhus til Njord, i tillegg til diverse prefabrikasjon til Aasta Hansteen og Johan Sverdrup. – Berre på stål har me vore i snitt rundt 150 personar på jobb på direktefag gjennom heile året. I tillegg kjem service, overflate, røyr og brennehallen, seier Våge. Prefabrikasjonsverkstaden er viktig for Kværner og verftet på Stord. Det er treningsarenaen for lærlingar og nye fagarbeidarar, og det er garantisten for at store og små leveransar som

prosjekta treng kjem raskt og presist. – Det er viktig med tette band mellom fabrikasjon, installasjon og ferdigstilling. Til dømes shims, hjelpeverktøy og temporært som dukkar opp og som det er vanskeleg å planlegga for – då treng prosjekta ein operativ verkstad som kan levera raskt og presist. Dersom prosjekta skulle gått utanfor området for å få tak i det dei treng til ei kvar tid, så hadde det vore upraktisk og fordyrande, seier Våge. – I tillegg er det her lærlingane våre får trening. Dei aller fleste førsteårslærlingane på stål, plate, overflate og røyr kjem inn til oss, seier Våge. •

SYSTEMPOSTEN

35


Ein samansveisa gjeng TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL

Systemposten blei med arbeidsleiar Jarle Larsen ein tur ut i Plateverkstad 3, og møtte ein ryddig verkstadhall, med stor aktivitet på store og små konstruksjonar. – Det ser veldig ryddig og skikkeleg ut her. ­Korleis fungerer HSSE-arbeidet for tida? – Det er stadig terping og fokus, det er det som må til. Sjølv om me aldri kan seia oss tilfreds, så har me fått standarden opp på eit bra nivå no, og folk er nøye med bruk av personleg verneutstyr. Dersom du ser ein som kjem gåande i hallen med jakka open og hakereima slengande, så er det gjerne ein som ikkje høyrer til her, seier Larsen.

Rett frå lærling til opplæring Mellom arbeidarane Systemposten møter er Sondre Slåke, ein ung medarbeidar som fekk fagbrev som platearbeidar i juni i år. Den 20 år gamle kvinnheringen er allereie ein habil fagmann, og har fått i oppgåve å bistå i opp­ læringsarbeidet. Denne dagen er han, saman med førsteårslærling Jarand Taraldsøy Rafdal og andreårslærling Abdullah Hamaideh, i full sving med å bygga krakkar til malarhallen.

Ein av HSSE-utfordringane i hallen er å halda orden på alle kablane dei brukar i tilknyting til sveiseoperasjonane.

– Sondre er ein av våre dyktige, unge medarbeidarar, og har gått rett frå lærling til opplæring, seier Larsen.

– Me har spesielt fokus på kablar. Når du har 17–18 sveisarar på eit område, og kvar av dei har fem slangar så krev det litt å halda orden, seier Larsen.

– Det er viktig at dei slepp til og finn løysingar på eiga hand. Eg fekk god opplæring sjølv, og prøver å gjera det like eins her, seier Slåke.

36

SYSTEMPOSTEN


Arbeidsleiar Jarle Larsen i samtale med sveisarane Abdi Karim Warsame og Steven Sacki Kollie.

Maskinell sveising I midtskipet er sveisarane Abdi Karim Warsame og Steven Sacki Kollie i gang med å klargjera bjelkar for maskinsveising. Dei har vore tilsett i Kværner i høvesvis 12 og 11 år. – Steven er ein av ekspertane våre på maskinsveising, seier Larsen. – Det går veldig fort med maskinell sveising, og det blir jamn og god kvalitet, seier Kollie. – Me festar dei først manuelt, og deretter sveisar me med maskina, forklarar Warsame.

jobba fem og eit halvt år i Kværner. Før det kom han frå Eidsvik skipsbyggeri i Uskedalen.

– Har det vore ekstra travelt for dykk dette året? – Ja, me har merka at det har vore trykk, til tider veldig travelt. Kollega Engum har vore tilsett i Kværner i fire år, men sogningen har likevel lang fartstid i verksemda som innleigt i fleire periodar, første gong så tidleg som i 1983.

Pinleg nøyaktig

Både Eikeland og Engum trivs i platehallen, og er tilfreds med å ha mange og varierte arbeidsoppgåver.

Ikkje langt unna er platearbeidarane Lars Håvard Eikeland og Geir Engum i gang med t-profilar til Njord.

– Det er eit godt arbeidsmiljø her, både inne på kontora og ute i hallen, seier Larsen.

– Her må me vera pinleg nøyaktig, så han kjem i vinkel, seier kvinnheringen Eikeland, som har

– Det er høg kompetanse på dei som jobbar her, og det er ein samansveisa gjeng, legg han til. •

Sondre Slåke (t.v.) saman med førsteårs­ lærling Jarand Taraldsøy Rafdal (midten) og andreårslærling Abdullah Hamaideh (t.h.).

SYSTEMPOSTEN

37


Digitaliseringsprogrammet bidreg til styrkja konkurransekraft TEKST LARS MELKEVIK

Kværner har i alle år vore teke i bruk ny teknologi som understøttar produksjonsprosessane. Digitaliseringsteknologien er i så måte ikkje noko unntak. – Digitaliseringsarbeidet i Kværner er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å oppretthalda og auke konkurransekrafta vår i ein industri som vert stadig meir effektivisert. Ottar Kristian Alme er prosjektleiar for Digitaliseringsprogrammet i Kværner, og brenn for dei forbetringsmoglegheitene dette programmet gjev oss. Kort fortald er Digitaliseringsprogrammet ei samling med digitale forbetringsiniativ som ein vil ta i bruk i åra som kjem. Det fyrste digitaliseringsprosjektet, appen Synergy Life, er allereie lansert, og viser samstundes kvifor utdeling av smarttelefon til alle tilsette er eit sentralt element i det forbetringsarbeidet som vert gjort i Kværner. – Det pågår i dag ein digitaliseringsrevolusjon, og mange delar av samfunnet er i stor endring. Industrien og vår bransje er her ikkje nok unn-

tak. Det er utenkjeleg å tru at vår arbeidsstad har framtida føre seg om vi ikkje sit i førarsetet i den digitaliseringsutviklinga som no finn stad, seier Alme. – For å lukkast med forbetringsarbeid og digitalisering i Kværner, er det viktig at alle er nysgjerrige, engasjerte og endringsvillige. Det handlar altså om at alle ser etter mogelegheiter for kva teknologien kan nyttast til, bidreg positivt i dei pågåande forbetringsprosessane, og tek del i dei endringane vi gjer for verte ein endå betre og meir konkurransedyktig aktør. Forbetringsarbeid i Kværner er som kjent ikkje noko nytt, seier Alme. – Digitaliseringsprogrammet er viktig for Kværner, og det er avgjerande at vi saman tek i bruk denne nye teknologien for å styrkje konkurranse­krafta vår, avsluttar Alme. •

DESSE APPANE MÅ DU HA PÅ MOBILTELEFONEN! Kværner har definert fire appar som er obligatoriske for alle tilsette. Det fyrste du må gjere er å laste ned og registrert deg i Firmaportal-appen «Microsoft Intune Firmaportal» (Android) / «Firmaportal for Intune» (iOS).

• Synergi Life (for rapportering av HMS- og kvalitet)

Deretter går du inn i Firmaportal-appen og lastar ned dei tre siste obligatoriske appane, som er:

Det vert òg anbefalt at du installerer Microsoft Office-appane (Word, Excel og PowerPoint) slik at du enkelt kan lese og redigere Office-dokument.

38

SYSTEMPOSTEN

• Outlook (for å motta, lese og sende epost) • Microsoft Sharepoint (for å halde deg oppdatert via kNet)


Neste år fyller Kværner på Stord 100 år Følg med på Facebook og internett for informasjon om det som skjer i jubileumsåret!

 www.kvaerner100.no

 kvaerner100 SYSTEMPOSTEN

39


Over 100 nye Kværnermedarbeidarar på Stord TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL

For første gong sidan 2014 har Kværner på Stord auka talet medarbeidarar. Kring 100 personar er tilsett i løpet av året.

HR-leiar Holger Iversen fortel at Kværner har vore i ein rekrutteringsfase det meste av året, både på operatør- og funksjonærstillingar. – Me gjennomførte i vår ein omfattande GAP-analyse for å finna ut kva behov me hadde innanfor eksisterande prosjekt. Det avdekka eit behov for nærmare 40 funksjonærstillingar, som me no har tilsett, seier Iversen. Det vart også gjennomført ein GAP-analyse på operatørområdet. – Me har så langt tilsett 31 nye fagarbeidarar, men eg reknar med at me før året er omme har tilsett kring 40. I tillegg har me tatt inn 30 ­lærlingar, seier Iversen.

Holger Iversen er HP-leiar hos Kværner på Stord.

Det kom inn mange søknader, spesielt til funksjonærstillingane. Iversen fortel at personal­ avdelinga allereie før sommaren hadde mottatt over 1000 søknader til desse 40 stillingane. I tillegg kom det inn nærmare 300 søknader til operatørstillingane og 250 søkjarar til lærlingplassane.

– Me har fått stort sett det me treng. Kapasitetsmessig er me nokolunde der me skal vera, i alle fall på funksjonærsida. Det vil truleg bli nokre fleire tilsetjingar på operatørområdet, for å oppretthalda kapasiteten. I tillegg kan det sjølvsagt bli aktuelt med ein og annan spesialiststilling, men den store rekrutteringskampanjen er me ferdige med i denne omgang, seier Iversen.

Iversen er tilfreds med at Kværner ser ut til å vera ein attraktiv arbeidsplass.

Kværner på Stord hadde i tillegg inne nærare 100 sommarvikarar dette året. •

40

SYSTEMPOSTEN


Notisar NY LEVERANSE AV PLATTFORM­ UNDERSTELL TIL JOHAN SVERDRUP Kværner leverte i slutten av juli nok et stålunderstell til vår tids største industriprosjekt, Johan Sverdrup-feltet. Dette er det tredje understellet av de tre som Kværner leverer til fase 1 av prosjektet. Samtlige av plattformunderstellene er levert til avtalt tid. Underveis i prosjektet har Kværner også forbedret prosessen med slike oppdrag, slik at nye understell nå kan leveres til en kostnad som er enda lavere enn i 2005. •

STØTTER «STIFTELSEN VI» Kværner er med fra starten når «Stiftelsen VI» etableres for å bidra til at funksjonshemmede får bedre livssituasjon, helse, økt mestringstro og blir bedre integrert i samfunnet. Initiativ­ takere til Stiftelsen VI er Kjell Inge Røkke, ­paralympicsutøver Birgit Skarstein, langrennsløper Therese Johaug og Aker. •

TILBAKE PÅ ONS Kværner var tilbake på ONS dette året, etter å ha vært fraværende fra utstillingen i 2016. Årets messe ble åpnet 27. august av kronprins Haakon, og samlet 60 000 besøkende fra store deler av verden. Også Kværners stand ble godt besøkt. •

KVÆRNER VINNER SITT FJERDE STÅLUNDERSTELL FOR SVERDRUP Kværner signerte 31. oktober kontrakten med Equinor for levering av stålunderstellet for prosessplattformen til Fase 2 av Johan Sverdrup. Dette blir Kværners fjerde stålunderstell til Johan Sverdrup-feltet. Verdien på kontrakten er om lag 900 millioner kroner. •

NY KONSERNSJEF FOR KVÆRNER Karl-Petter Løken ble 20. mars ansatt som ny konsernsjef i Kværner. Han tiltrådde i begynnelsen av mai, etter at han har avsluttet sin tidligere jobb som leder for prosjektutvikling i oljeselskapet Lundin Norway. •

SYSTEMPOSTEN

41


Serverer oppskrifta på suksess TEKST IVER BUNES

Når Kværner skal starta bygginga av eit nytt storprosjekt, er det ingeniørane i Fabrikasjonsengineering, Metode og Plan sin jobb å bryta kompleksiteten ned i mindre, forståelege jobbpakker for personellet ute i Construction. No er det Johan Castberg som skal gjennom kverna. «Dess fleire kokkar, dess meir søl» heiter det i eit ordtak, og når Construction gyv laus på nok eit storprosjekt er det definitivt mange kokkar involvert. For at dei skal «søla» minst mogleg, treng dei gode og nøyaktige oppskrifter å jobba etter. Desse oppskriftene får dei servert av ingeniørane i Fabrikasjonsengineering, i form av jobbpakkar.

42

SYSTEMPOSTEN

– Jobbpakkane våre inneheld grunnlaget med teikningar og knytingar til materiell som produksjonen treng for å byggja. Hovudoppgåva vår er å levera jobbpakker med god kvalitet, i rett sekvens til rett tid, for å gjera jobben til Construction så enkel som mogleg. Gode jobbpakkar og tilgjengeleg materiell er ein viktig faktor for at prosjekta våre skal gå på skjener, meiner Jan Helland, leiar for Fabrikasjons­ engineering i Johan Castberg-prosjektet.


– Det gjeld å vera strukturert og nøyaktig, fortel gruppeleiar for iso, Ingrid Sundal, medan ho gjer ein 3D-modell av eit Johan Castberg-røyr om til byggeteikningar for røyrleggarane i Construction.

– Fabrikasjonsengineering har ansvar for utarbeiding av jobbpakkar til faga struktur, røyr, EIT, mekanisk, HVAC/arkitekt, isolasjon, brann­sikring og måling – altså det aller meste som inngår i prosjekta våre. Til Johan Castberg skal me utarbeida jobbpakkar for alt frå prefabrikasjon av enkle komponentar til bygginga av komplette, multidisipline modular, forklarer Helland. Fabrikasjonen til Johan Castberg skal utførast på Stord og sju andre lokasjonar i Noreg og Polen. – Me skal tilfredsstilla alle desse produksjonsmiljøa med jobbpakkar som held høg kvalitet og som blir levert i rett tid i høve til sekvensar og planar. Ei krevjande oppgåve, som set store krav til god kommunikasjon internt og eksternt mot byggelokasjonane, konstaterer Helland.

Mykje røyr For Kværner utgjer røyrarbeid opp mot 50 prosent av Johan Castberg-prosjektet. Dermed vil gruppeleiar Monica Aga Ankervold og teamet hennar av jobbsettarar for røyrdisiplinen få plenty å henga fingrane i. – Førebels er det stort sett berre gruppeleiarar innan dei ulike disiplinane som er i gang. No i oppstarten handlar det mykje om å førebu og å laga spelereglane for jobbsettinga, inkludert å få innsikt i kva Johan Castberg og kva Kværner skal levera, oppsett av MIPS, bemanningsplanlegging, og ikkje minst tett dialog med metodegruppa som gir oss beskrivingane på korleis dei ulike seksjonane skal byggast og installerast, fortel Ankervold.

I oppstarten av jobbsettinga er det også viktig å kommunisera godt med dei ulike produksjonslokasjonane i prosjektet, for å høyra korleis dei helst vil ha jobbpakkane servert. – Me prøver å imøtekoma ønskja frå kvar ­lokasjon best mogleg. For om alle gjer jobben sin slik at neste ledd blir fornøgd – går det ­meste som smurt, reflekterer Ankervold.

Frå éi til 70 sider – Ein enkelt jobbpakke kan innehalda alt frå éi til 70 sider med informasjon, avhengig av kompleksiteten i arbeidet som skal utførast. I si enklaste form, til dømes til prefabrikasjon av ei enkel røyrlengd, består jobbpakken berre av ein isoteikning med ei beskriving av oppgåva og kort informasjon om kva materialar som skal nyttast, kva tid røyret skal vera ferdig, og eit estimat på kor lang tid dei bør bruka. Til meir komplekse jobbar, til dømes installasjon, blir jobbpakken supplert med alt frå fleire teikningar til oversikts- og detaljillustrasjonar som viser kor på modulen røyret skal installerast, sjekkliste og andre relevante dokument, forklarer Ankervold.

– Kva er det viktigaste å passa på? – At jobbpakken blir sendt til rett lokasjon til rett tid, og at dei som skal produsera har byggemateriala tilgjengelege når dei får pakken oversendt frå oss.

Sjekkar byggevennlegheita Gruppeleiaren seier jobbsettarane alltid sit med eit kritisk blikk på teikningsunderlaget dei jobbar ut frå.

SYSTEMPOSTEN

»

43


– Er det feil og manglar i designet? Kor bygge­ vennleg er det? Då kan me gi innspel til designjusteringar som gjer produksjonen lettare og meir effektiv, forklarer Ankervold. Sjølv har ho vore i Kværner sidan 1993, og drive med jobbsetting heilt sidan H6-riggane. – Kjempekjekt, sosialt og lærerikt! Gruppa hennar vil etter kvart bestå av folk som har bakgrunn både frå ingeniørskule, teknisk fagskule og frå produksjonsmiljøet i Kværner. – Ein fantastisk miks. Då kan me som «berre» har gått på skule læra frå dei som har handfast erfaring med å bygga og installera røyr og støtte­struktur – og omvendt. Resultatet blir vonleg at me leverer endå betre, poengterer ho.

– Hands-on erfaring er god ballast. Gruppeleiar for røyrsupport, Jan Vedå på nabopulten, er ein av dei som har erfaring som industrirøyrleggar. – Ei god ballast å ha med seg i denne jobben. Eg har lettare for å sjå utfordringar som ikkje viser på teikningane enn folk som ikkje har jobba i produksjonen. Til dømes oppdagar eg det kjappare dersom røyrleggaren ikkje vil greia å få eit røyr inn i ei planlagd supportramme

Gruppeleiarane Monica Aga Ankervold (røyr) og Jan Vedå (røyrsupport) har alltid eit kritisk blikk på teikningsunderlaget dei jobbar ut frå, for å sikra at designen er byggevenleg.

44

SYSTEMPOSTEN

– Gode jobbpakkar og tilgjengeleg materiell er ein viktig faktor for at prosjekta våre skal gå på skjener, seier Jan Helland, leiar for Fabrikasjonsengineering i Johan Castberg-prosjektet.

med plassen og verktøyet han har tilgjengeleg under installasjonen.

Med frå oppstart til sluttdokumentasjon Sjølv om jobbsettinga berre så smått har starta opp til Johan Castberg, har førebuingane føregått i eit halvt år. – I Fabrikasjonsengineering er me involverte frå oppstart til utarbeiding av sluttdokumentasjonen. I tidlegfasen til Johan Castberg har me som nemnt hatt ein sju månaders familiariseringsprosess i Oslo, der me har gått gjennom designog engineeringgrunnlaget for produksjonsskipet saman med designarane i Aker Solutions og kunden vår Equinor. I denne prosessen har me spelt inn forslag til endringar som vil gjera modulane våre meir byggevenlege for dei ute i produksjonen som faktisk skal setja saman puslespelet. Me har fått gjennomslag for mange av synspunkta våre, og designen til Johan Castberg speglar no Kværner sin byggemetode i stor grad, forklarer Jan Helland.

– Kva er den største utfordringa når storprosjekt som Johan Castberg skal jobbsettast? – Å sørga for at me produserer stort nok volum på jobbpakkane til kvar einskild lokasjon, så dei har ein «bank» å henta arbeidsoppgåver frå. Då flyt produksjonen godt, og me unngår rykk og napp. Har Construction nok material og nok jobbpakkar, er det velstand! rundar Helland av. •


80 verneombod skal bidra til tryggleik og godt arbeidsmiljø TEKST ODD NAUSTDAL

Ei stor verksemd som Kværner har eit omfattande verneapparat. Verneombod i region vest vart i juni løna med to av tre av Kværner sine årlege HSSE-prisar. – Det er stor semje i Kværner om at verne­ arbeidet er viktig å setja fokus på. Me har kring 80 verneombod i Kværner i region vest, i tillegg kjem verneombod for innleigte, leverandørar og kundar. Dette gir oss ein stor muskel til å driva HSSE-arbeid ute i linja, og kraft til å jobba føre­ byggande, seier Knut Ove Handeland, som er hovudverneombod i Kværner region vest. – Samhandlinga mellom linja og verneomboda er det viktig. I 2011 evaluerte Arbeidsmiljøutvalet vernetenesta, noko som medførte enda tydlegare fokus på linja sitt ansvar. Det er eit prinsipp at alle leiarane er tilknytt eit verne­ ombod, seier Handeland. Då konsernsjef Karl-Petter Løken på eit allmøte i juni delte ut konsernet sine årlege HSSE-prisar, gjekk to av tre til verneombod i Johan ­Sverdrup bustad- og utstyrsplattform-prosjektet. Prosjekt­verneombod Joakim Espevik tok imot prisen i gruppekategorien for vernearbeidet sitt bidrag til å nå prosjektet sine HSSE-mål, medan verneombod Ingvill Rasmussen fekk prisen i den individuelle kategorien. - Det som har fungert hos oss er at prosjektet har vore flinke å involvera oss tidleg. Det har vore eit prosjekt med lite støy, få personal­saker og mykje ro og fred i organisasjonen. Det har

vore ein god plass å jobba for alle, seier Espevik. Verneombod Ingvill Rasmussen fekk HSSE-­ prisen i den individuelle kategorien, noko som vart grunngjeve med framifrå innsats og engasjement. – Engasjement for operatørane er alfa og omega. Det viktigaste er å møta folk på ein god måte, vera imøtekommande og open. Det handlar om å få folk med seg og ikkje imot seg. Ein kjem ingen veg dersom ein har ein ovanfrå- og ned-haldning. Det er også viktig å vera synleg ute. For meg er det ikkje poeng i å sitta på eit kontor heile dagane, og så ta ein snartur ut for å prakka ting på folk, seier Rasmussen. Dei fleste verneomboda i Kværner har denne oppgåva i tillegg til den vanlege jobben sin, men i Johan Sverdrup-prosjektet gjorde dei ei endring ved at dei fristilte fleire verneombod enn det som tidlegare har vore vanleg – med gode erfaringar. Både Espevik og Rasmussen har vore dedikert til verneombod-oppgåver på heiltid. – Erfaring av det å vera fristilt VO har vore veldig positiv. Me vonar me held fram med dette i andre prosjekt, seier Rasmussen. •

SYSTEMPOSTEN

45


Noregs største kaiprosjekt er godt i gang TEKST LARS MELKEVIK FOTO ANITA MAGNUSSEN

Dei djupe drønna frå sprengingsarbeidet i sjøen har blitt kvardagen på verftet. Arbeidet med storinvesteringa på 370 millionar kroner i nytt kaianlegg og forlenga kranbane for «Storen» er komen godt i gong, og framdrifta er i høve til planane. Det er store dimensjonar over det nye kaianlegget som skal stå klart til å ta imot Johan Castberg i 2020 når den kjem frå verftet Sembcorp Marine Rigs & Floaters i Singapore. Vassdjupna etter sprengning og mudring vert på 16 meter, noko som opnar for at ein kan ta imot og skipa ut dei fleste typar farty og framtidige flytande olje- og gassinstallasjonar. Sjølve kaien får ei lengde på 266 meter, samstundes som prosjektet utløyser heile 17 000 kvadratmeter med nytt produksjonsareal. Dette medfører at ein etter utvidinga får to site­områder i staden for berre eit som i dag.

46

SYSTEMPOSTEN

– Med to site-områder kan me ta på oss fleire prosjekt samstundes. Det gjev mogelegheiter for nye prosjekt innanfor til dømes vind- og riggvedlikehald, seier verftsdirektør Steinar Røgenes, som peikar på at dersom ein hadde hatt desse fasilitetane på det pågåande Njord­­ prosjektet så ville det ha vore av stor betydning. Forutan nytt kaianlegg, skal ein samstundes forlengja kranbanen til «Storen» med 100 meter ny skinnegang utover den nye kaia. «Storen» har vist seg som ei særs vellukka investering, og har nærast revolusjonert arbeidet med bygging av modular og plattformar ved verftet.


hos den enkelte. Å ha ei multidisiplin tilnærming er dermed både viktig og naudsynt i ei slik kompakt p ­ rosjektleiing. Det vert stilt store krav til fokus på tryggleiken. Målsetjinga er å vere eit referanseprosjekt innan måloppnåing på HSSE for interne prosjekt kor det er nytta store underleverandørar inne på verftet. Vidare vert det nytta same HSSE­ verkty som i eit vanleg EPC-prosjekt der kor dette er hensiktsmessig. Kværner sin prosjektleiar for kaiprosjektet, Thomas Dahl, er tydeleg på at alle underleverandørane gjer ein kjempejobb i prosjektet. Med utviding av kai og skinnegang vil krana få ei endå betre utnytting, og saman gjev desse to investeringane betydelege mogleikar når det gjeld trygg og effektiv prosjektgjennomføring. Kaiprosjektet ved Kværner på Stord er eit omfattande prosjekt som inkluderer ulike typar grunnarbeid både i sjø og på land. Totalt sett skal det sprengjast 120 000 kubikkmeter, ­mudrast 90 000 kubikkmeter lausmassar samt 10 000 kubikkmeter forureina massar. Det meste av dette er utført i 2018, men sprengings- og mudringsarbeidet fortset vidare inn i 2019 med fokus på mindre generelle justeringar og presisjonssprenging nærare dokkporten. Forutan sjølve anleggsvirksomheten pågår det samstundes ein omfattande prosjekteringsaktivitet kring detaljdesign av kai og kranspor, samt planlegging av tekniske anlegg i grunnen. Sentrale underleverandørar i dette arbeidet er Ing. Jørgensen AS som prosjekterer sjølve kaien og tekniske anlegg, medan Multiconsult er i full gang med prosjekteringa av kransporet. Om ein summerer alle som er involvert, så tel prosjektet kring 40–50 personar. I sjølve prosjektadministrasjonen til Kværner er det fem personar, noko som set store krav til fleksibilitet

– Framdrifta er i høve til plan, og kvaliteten på arbeidet som vert gjort er veldig bra. Det har vore gjort ein strålande innsats i 2018, og det vert både travelt og spanande når prosjektet går inn i nye fasar neste år. Me er trygge på at alt skal vere på plass i god tid før Johan Castberg kjem og skal leggje til den nye kaien vår. Det er selskapet Birken & Co, ekspertar på kaiog hamneutbygging, som har hovudkontrakten med kaiprosjektet. Dagleg leiar, Per Ivar Birkeland, seier dette er det største kaiprosjektet dei nokon gong har gjort. – Dette er vårt største prosjekt. Det er veldig sjeldan at det er så store kaiprosjekt i Norge. Me har veldig lang erfaring med kaibygging, og eg har sjølv rundt 150 kaiar på CV-en. Eg er ganske sikker at dette blir Norges største kaiprosjekt dei neste åra. Selskapet Sjøentreprenøren AS er underleverandør på alt utdjupingsarbeidet i sjø. Dei har på det meste nytta seg av tre farty for mudring, sprenging og dykking, samt to store splitt­ lektarar og tre taubåtar, og har i 2018 stått for det meste av det fysiske arbeidet som er gjort relatert til kaiprosjektet. •

SYSTEMPOSTEN

47


– Eg blir alltid i godt humør av å kome til Stord TEKST ODD NAUSTDAL

Karl-Petter Løken er svært opptatt av lagbygging og meiner delegering og involvering er nøkkelen til suksess.

– Det er viktig at alle opplever at dei er del av noko større. Alle er like viktige i Kværner for at selskapet skal lukkast, seier den nye konsernsjefen. 23. februar i år annonserte Kværner at tidlegare konsernsjef Jan Arve Haugan hadde fått nye oppgåver i Aker-konsernet, som leiar for oljeselskapet Aker Energy. Ein knapp månad seinare var etterfølgjaren klar. Karl-Petter Løken kom frå stillinga som leiar for prosjektutvikling i olje­ selskapet Lundin, og tok til i den nye jobben i Kværner i byrjinga av mai.

– Kva er inntrykket ditt av Kværner så langt? – Inntrykket er at det er ei veldig solid og veldriven bedrift, kor dei tilsette er stolte av å jobba. Det har vore veldig morosamt å koma inn i Kværner, med mykje nytt å læra. Eg er jo vant til å jobba hardt, og merker at eg får bruk for den motoren no, seier han.

Viktig med industri Industri har vore ein del av livet til Løken heilt sidan han var gutunge i Sarpsborg. – Far min jobba på Borregård i Sarpsborg, så eg fekk tidleg eit forhold til kor viktig det er med industri og kva det betyr for eit lokalsamfunn. Ikkje berre arbeidsplassar – det betyr mykje for identitet også. Og som Kværner er Borregård også ei ganske gamal verksemd. Det er

48

SYSTEMPOSTEN

verksemder som har klart seg gjennom mange tiår. Det er utruleg viktig å ha levande industri i Norge, seier han. Kanskje er det difor han kjenner seg heime i industrisamfunnet Stord. – Eg blir alltid i godt humør av å komma til Stord, av driven, entusiasmen og av å sjå strukturane som veks fram på verftsområdet, seier han. Til dagleg held Løken til i sjuande etasje på Fornebuporten, kor Kværner si konsernleiing er lokalisert. Han er mellom dei første som kjem om morgonen, og har ofte lange dagar. Han har i fleire intervju uttala at han likar å jobba mykje, og at han er opptatt av struktur både privat og på jobb.

Kværner godt posisjonert Løken tok over ei verksemd som var i god stand, med sunn økonomi, alle prosjekt på plan, ein ordrereserve på over 11 milliardar kroner og som hadde levert føreseielege økonomiske resultat 25 kvartal på rad. – Eg kom til eit selskap som over fleire år har godt bra, men det tar eg som ei utfordring. Me må halda fram med å vinna prosjekt. Det er det som er jobben min, at me vinn nye prosjekt og leverer prosjekt som avtalt. Me konkurrerer


i meisterligaen, som betyr at me heile tida må forbetra oss. Og då er me avhengige av engasje­ ment i heile verksemda, at kvar enkelt av oss har eit brennande ønskje om å bli betre på det me driv med.

– Korleis er utsiktene framover? – Det er ikkje så mange store prosjekt på norsk sektor dei nærmaste åra, så det er viktig at me vinn vår del av det som kjem. Eg opplever at me er godt posisjonert. Me leverer på prosjekta, og har gjort investeringar i anlegga våre, seier han. – Når det gjeld strategien vår, så vil olje og gass utgjera ein stor del av Kværner sin aktivitet framover, det er heilt sikkert. Men me har ambisjonar om å bygga på litt innanfor vekst­ segmenta. I år vil me ha ein omsetnad på rundt 700 millionar kroner på dette området, men me har ambisjonar om å veksa, til dømes innan vind, seier han.

Karl-Petter Løken, ny konsernsjef i Kværner. Foto: Kværner

Gradvis satsing på nye marknader – Korleis skal de gjera det? – Me har tenkt å ta det gradvis, og bygga vidare på det me allereie er gode på. Dersom me til dømes ser på vind, så er me gode på understell, anten det er stålunderstell eller betong. Og omformarplattformer som dei brukar i tilknyting til offshore vindmøller liknar veldig på det me allereie leverer. – Eit anna område er prosessindustrien, som også vil vera eit nytt område for oss. Tilnærminga vår til korleis me har gjort store onshore modifikasjonsprosjekt med modularisering trur me kan vera eit fortrinn innanfor tradisjonell prosessindustri. Men heller ikkje her kjem me til å forhasta oss og ta unødig risiko, me kjem til å ta det gradvis.

– Korleis blir den internasjonale satsinga ­framover? – Me jobbar for å vinna prosjekt internasjonalt. Der har me også tenkt at det faktisk er leve-

ransar som delvis kan gjerast frå Noreg, innan dei same segmenta som i Noreg. Det er ikkje noko tvil om at gjennomføringsmodellen vår er attraktiv for kundar også utanfor Noreg.

– Kva utfordringar står Kværner ovanfor? – Me har ei utfordring på HSSE, det er det berre til å innsjå. Det har sikkert dei fleste fått med seg gjennom allmøta, om dei uønskte hendingane me har hatt det siste året og vel så det. Det er avgjerande at me får kvar og ein til å engasjera seg i HSSE-arbeidet, slik at alle kjenner eigarskap til det og at det er ein 24/7-sak – ikkje noko ein legg frå seg når ein går frå jobb. Alle er jo opptatt av at alle skal komme heilskinna heim. Me må alle saman jobba hardt med å unngå at skadar og ulukker. I dag er me ikkje der at me kan samanlikna oss med dei beste. Me er i verdsklasse på mykje, men ikkje på HSSE.

SYSTEMPOSTEN

»

49


Godt kjent på Stord

Opptatt av lagbygging

Løken er godt kjent på Stord. Som teknisk leiar i Edvard Grieg-prosjektet, var han mykje på verftet, og kjenner mange Kværner-medarbeidarar frå den perioden. Og han har vore tilbake på verftet mange gongar etter at han tok over som konsernsjef i Kværner.

Utanfor industrien er Karl-Petter Løken mest kjent som fotballspelar og ekspertkommentator for NRK. Han har sju seriemeisterskap for Rosenborg og 36 landskampar for Noreg. Som fotballspelar var han allsidig, og har både vore toppscorar i eliteserien og høgreback for landslaget. Som kommentator var han analytisk, kunnskapsrik og sakleg. Desse eigenskapane har han med seg inn i leiarrolla i Kværner. Men dei kanskje aller viktigaste stikkorda i leiarfilosofien hans er lagbygging, involvering og delegering.

– Eg har aldri vore så stolt som då me saman klarte å levera Edvard Grieg. Det var eit spennande og kjekt prosjekt å vera med på. Sivilingeniøren er svært opptatt av næringa sitt omdømme og tilveksten av nye, unge medarbeidarar. På ein av dei første Stord-turane etter han var blitt konsernsjef, besøkte han Stord vidare­gåande skule, saman med Steinar Røgenes og Equinor sin sjef for prosjektutvikling Torger Rød. Bakgrunnen var ei undersøking elevane hadde gjennomført som viste at svært få på studieførebuande line såg for seg ei framtid i olje- og gassindustrien. – Eg vart overraska over at ungdommen visste så lite om kva som rører seg på verftet. Samtidig er det ei påminning om at me må bli meir utåtvende, me må møta ungdommen på ungdommen sine premissar, seier han. Løken trur mange ikkje heilt forstår kva som er forskjellen på Kværner og oljeselskapa. – Det er ikkje direkte petroleumsfag me treng. Dei som tek slike spesialiserte utdanningar jobbar stort sett i oljeselskapa. Det me treng er fagkompetanse og ingeniørar. Me byggjer ting, og eg trur mange vil finna det både spennande og givande å vera del av eit selskap som byggjer store, viktige konstruksjonar, anten det no er til olje- og gassnæringa eller i framtida innanfor grøn energi, seier Løken.

50

SYSTEMPOSTEN

– Det å byggja lag er ein kontinuerleg prosess. Viss du blir tilfreds, så er du ferdig. Ein kjem aldri i mål med å byggja gode lag, gode relasjonar og god kultur. Det er alltid noko som kan gjerast betre. Det er berre å sjå på fotballag korleis dei utviklar seg over tid, seier Løken.

Alle er like viktige – Korleis får ein eit lag til å fungera godt? – Det er viktig at alle opplever at dei er del av noko større. Alle er like viktige i Kværner for at selskapet skal lukkast. Den lagkjensla vonar eg at alle i Kværner har, og at dei er klar over kva det dei er med på betyr for Noreg som nasjon. Det er all mogleg grunn til å vera stolt av det ein gjer, berre ikkje så stolt at ein blir mett og tilfreds. Ein må vera svolten og framoverlent for å finna dei gode løysingane som kan leggja grunnlaget for at me vinn nye jobbar. Det er ein organisasjon som gjer dette, ikkje enkeltpersonar. – Som Liverpool-supporter er det kanskje noko å læra av Jürgen Klopp? – Absolutt! Den gnisten, den offensive tankegangen… Det har det skjedd mykje under Klopp. Det er som ein gjeng svoltne ulvar når dei mister ballen. Du blir glad av det, og det er slik eg vonar det er i Kværner også. •


På toppen av pallen i yrkes-NM F. v.: Opplæringsleiar Leif Ottar Heimro, lærling Camilla Espeland, instruktur Freddy Sporsheim, Oskar Bø Hallaråker, instruktur Ansgar Helland, arbeidsleiar Tore Edmund Landa og leiar prefab. røyr Tommy Holm.

TEKST ELISABETH SÆTREVIK FOTO ODD NAUSTDAL

Yrkes-NM gjekk i år av stabelen på Hellerudsletta den 23.–25. oktober. Kværner stilte med totalt fire kandidatar. Grete Kristiansen (Verdal) konkurrerte i industri­mekaniker-faget, medan Magnhild Vanebo (Verdal), Oskar Bø Halleråker (Stord) og Kamilla Espeland (Stord) konkurrerte i ­sveisefaget.

– Sveisekonkurransane bidrar til å gjera det meir attraktivt å jobba i industrien. Me har ein fantastisk spisskompetanse i verksemda på sveis, og den må me framsnakka, sa ressurseigar for operatørane på Stord Øyvind Epland.

Kværner endte på toppen av pallen, Magnhild Vanebo frå Verdal med gullmedalje og Oskar Bø Hallaråker frå Stord med sølvmedalje.

Då Epland poengterte at fagarbeidarane i ­industrien har all grunn til å vera stolte av det dei gjer, repliserte Bø kjapt at han i høgste grad er kry av å vera sveisar.

Fredag 2. november var det Oskar Bø Hallaråker sin tur til å bli heidra av Kværner for innsatsen i årets sveise-NM. I kursrommet på opplæringsavdelinga vanka det kake, blomar og gode ord frå leiarar og kollegaer.

Tidlegare i haust vart det arrangert Europamesterskap i yrkesfag i Budapest. Jon Arne Hjelmstadbakk frå Kværner sitt verft i Verdal, sveiste seg til ein sølv-plass! •

SYSTEMPOSTEN

51


Jenta på plakaten Over 40 stader på verftet står Amalie i heilfigur og minner deg på å ha på korrekt verneutstyr. Systemposten stilte nokre spørsmål til Amalie, for å bli betre kjend med personen bak plakaten. TEKST ELISABETH SÆTREVIK FOTO ØYVIND SÆTRE

Namn: Amalie Sørfonn Tysnes Alder: 19 år Frå: Oppvaksen på Tysnes. Bur for tida i Sveio. Sivilstand: Kjærast med Alf Inge Stue (sveiselærling Equinor). Jobb: Lærling i Kværner, i kran- og løfteoperasjonsfaget. Positivt med Kværner: Får vera med på mykje forskjellig. Varierte oppgåver. Kjekt å være med å byggje noko, sjå resultat av det ein har jobba lenge med. Fritidsinteresser: Gå på fjellturar, alltid på jakt etter ein ny topp å bestige. Forbilde: Pappa. Å bli lik som han, og kanskje å kunne like mykje som han. Han er alltid hjelpsam, snill og god. Om 10 år: Fleire fagbrev, ferdig med utdanning, og har ein spennande jobb som eg trivs i. Kanskje barn? Har hus og heim på Tysnes. Har familie og venner rundt meg. Drøymer om: Å reisa, oppdaga nye stadar og nye land. •

52

SYSTEMPOSTEN


Chartra helikopter for å få elektrikar til Aasta Hansteen TEKST ODD NAUSTDAL

Det færøyske selskapet PAM Offshore har i mange år vore ein verdifull samarbeidspartnar som har levert dyktige elektrikarar til ei rekkje av Kværner sine prosjekt. Denne sommaren strekte dei seg lenger enn nokon gong for å imøtekomma Kværner sine behov for mannskap. Det er ressursavdelinga på Stord som har ansvar for å skaffa konsulentar og innleigt personell til dei ulike prosjekta. Så langt i år har 5500 personar vore gjennom ankomstprosessen på verftet, som inkluderer registrering, HSSE-kurs, prosjektfamiliarisering og site-testing. I tillegg kjem alle dei ressursavdelinga handterar som ikkje skal innom verftet, men som reiser direkte til andre prosjektlokasjonar. Øyvind Nyhammer er leiar for ressursavdelinga. Saman med 13 kollegaer er oppgåva hans å heile tida syta for at prosjekta har ressursane dei treng. – Då seier det seg sjølv at me er avhengige av gode samarbeidspartnarar, som me kan lita på og som yter den servicen me treng, seier Nyhammer.

Ved offshore-oppstart på Aasta Hansteen i sommar bestilte Kværner to elektrikarar frå dei. Det var lenge uklart kva tid dei skulle om bord, og frå kva for ein helikopterbase. Då dette blei avklart, var det ikkje tid nok for den eine elektrikaren, som bur på Syderøy to timar frå Torshavn, å rekka flyet frå Torshavn og innanlandsfly vidare i Noreg tidsnok til helikopteravgang i Brønnøysund. På toppen av det heile var han aleine heime med minstebarnet, medan kona var i Danmark. Løysinga blei at svigerfaren tok fri frå jobb for å passe barnebarnet, medan PAM ­Offshore rekvirerte helikopter til han frå Syderøy. Arbeidskameraten stod klar med bilen, og flyselskapet var kontakta på førehand slik at innsjekkinga skulle gå raskt. Dei kom seg begge om bord i flyet til Noreg, og vidare til heliporten i Brønnøysund slik at dei kunne mobilisera på Aasta Hansteen til ønska tid. •

Ein av Kværner sine gode ressursleverandørar er det færøyske elektrofirmaet PAM O ­ ffshore.

SYSTEMPOSTEN

53


Vaktarane av den gode sveisen TEKST OG FOTO IVER BUNES

Det er ikkje få meter med sveis på eit typisk Kværner-prosjekt. At sveisinga blir utført på den rette og smarte måten, er det ingeniørane og teknikarane på sveiseteknisk som passar på. For at prosjekta våre skal lukkast, må all sveising halda høg kvalitet frå start til mål. I fjerde etasje i Driftsbygget sit premissleverandørane og vaktarane av den gode sveisen, i form av dei 12 sveiseingeniørane, inspektørane og sveiseteknikarane i avdeling for produksjonsteknisk og kvalitetskontroll.

sveisane våre skal halda i femti kuldegrader. Normalt er kravet 40 kuldegrader, fortel Bunes.

Avdelingsleiar Marie Tveit Vestbøstad, stikk hovudet innom døra til den humørfylte trioen.

– Det er jo alltid spennande å sjå om me har lukkast. Er testresultata gode nok, kan me bruka prosedyren på Castberg, fortel Bunes – som reknar med at han og kollegaene fort endar opp med 8–10 heilt nye prosedyrar for sveisinga på neste storprosjekt.

– For Kværner er det heilt klart kjempeviktig at me har eit så sterkt fagmiljø på sveis som me har her på Stord. Dei bidrar både med verdi­ fullt grunnlag og støtte til arbeidet me gjer i Construction, samtidig som dei utøver den svært viktige kontrollfunksjonen for sveisekvaliteten vår undervegs i produksjonen, supplerer Vestbøstad, som er leiar for produksjonsteknisk og kvalitetskontroll. Sveiseingeniør Frode Bunes har hovudet i den viktige tidlegfasen av eit prosjekt, og held på med utarbeidinga av nye sveiseprosedyrar til Johan Castberg. – Produksjonsfartøyet skal operera i Barentshavet, endå lengre nord enn Goliat. For at skipet skal vera budd på dette ekstremt tøffe miljøet, krev både NORSOK-reglementet og kunden at

54

SYSTEMPOSTEN

Han er godt i gang kvalifiseringa av dei nye prosedyrane, og har grubla fram fleire nye metodar for å sveisa for minus 50.

Kunnskap og kreativitet

– Å kvalifisera nye prosedyrar inneber mykje skjemautfylling, som ikkje akkurat er det mest spennande. Men den kreative delen av prosedyre­arbeidet, der du får brukt kunnskapen og erfaringa til å løysa nye utfordringar, veg opp for rutinearbeidet. Då må me verkeleg dykka ned i materien, stilla spørsmål, og sjå kva me har gjort før. Det går ikkje an å gå på You­ tube og finna nye oppskrifter for dei jobbane Kværner­sveisarane skal utføra, konstaterer ingeniøren, som har fartstid i Kværner sidan 1983. Bunes og Myrhaug poengterer at utviklinga av nye sveiseprosedyrar også er eit viktig element i den konstante jakta på smartare og betre


Andrzej Lukasik frå SEC utfører den første fysiske testen av ein ny sveiseprosedyre utvikla for Johan Castberg.

sveisetekniske løysingar som gir endå betre arbeidsflyt, økonomi og konkurransekraft. – Parkerer me på dette feltet, er me ute av bransjen før me får snudd oss, minner Myrhaug om. – Historikken er viktig, men han er til lita nytte utan nokon som kan navigera i han. Og til det har me jo Terje, ler Myrhaug. – Ja, eg er jo sjuande far i huset. Har jo jobba her heilt sidan den gong me skulle få stål til å flyta, og sette i gang med å bygga båtar, kontrar ein glisande Terje. O. Bruket borte ved nabopulten.

Detektivjakt etter gamle trådrestar Veteranen har 40 års fartstid på Kjøtteinen, både som platearbeidar, sveisar og ­sveiseingeniør. – No er eg dedikert sveiseingeniør på Njord. Det betyr at eg skal sørga for at produksjonen har det dei skal av sveisetekniske prosedyrar, samt at eg assisterer når det dukkar opp utfordringar. Njord er jo ein gammal installasjon, og det dukkar heile tida opp problemstillingar me må takla på strak arm undervegs i oppgraderinga. Ei spennande oppgåve, der du må vri dei små grå for å finna løysingar som er i tråd me dagens krav, fortel Bruket.

»

SYSTEMPOSTEN

55


– Parkerer me på dette feltet, er me ute av bransjen før me får snudd oss. HANS-INGE MYRHAUG

Inspeksjon og dokumentasjon

Hans-Inge Myrhaug er ingeniør med ansvar for sveisedokumentasjon, og er den som legg siste hand på verket. Då Systemposten er på visitt held han på med å samla sluttdokumentasjonen for sveisinga som er utført på Johan Sverdrup. – Nett no har eg 210 000 sveisejobbar i lista mi, det er berre sveisinga me har utført på struktur. Hadde eg skrive ut heile sveisedokumentasjonen slik me gjorde i gamle dagar, snakkar me fort 30 000 A4-sider i eit heilt prosjekt, forklarer han.

– Kor viktig er dokumentasjonsbiten i eit prosjekt? – Viktig? Du har ikkje eit produkt utan at du kan dokumentere det. Dokumentasjon er alt! Innimellom dokumentasjonsjobbinga, har Myrhaug også ein annan viktig funksjon i teamet. Han er ein av dei fem sveiseinspektørane som utan varsel dukkar opp ute blant sveisarane for å sjekka at prosedyrar blir følgde og at sveisen oppfyller kvalitetskrava. Slike kontrollar blir gjort både på Stord og ute hos underleverandørar i inn- og utland. – Men som inspektør skal du ikkje berre dokumentera kvalitet,

56

SYSTEMPOSTEN

du skal også fungera som rettleiar og rådgjevar for dei som treng det. No er det veldig mykje flinke fagfolk i Kværner, men kunnskapane kan variera. Me har trass alt også med oss alt frå ferske lærlingar til folk som kan ha fått opplæringa si i ein annan kultur enn den me har i Kværner. Då er rettleiarfunksjonen viktig, minner inspektøren om. Latteren sit laust inne på kontoret, slik han brukar å gjera. Bruket, Bunes og Myrhaug er samde om at dei har ein kjekk og engasjerande jobb. – Vi har det veldig bra, skal faen ikkje klage! Det seier jo litt at me tre som sit her har 30–40 år bak oss i Kværner. Folka og arbeidsmiljøet er saltande bra. Det er lett å snakka med kven som helst og å få støtte og hjelp undervegs. Slik har eg eigentleg inntrykk av at det er over heile fjøla i Kværner: Folk trivest i jobbane sine. Og det synest. Me leverer jo varene så det held! oppsummerer Myrhaug. •

– For Kværner er det heilt klart kjempeviktig at me har eit sterkt så sterkt fagmiljø på sveis som det me har i gjengen på sveiseteknisk, rosar Marie Tveit Vestbøstad, leiar for produksjonsteknisk og kvalitetskontroll, her saman med Hans-Inge Myrhaug, Frode Bunes og Terje O. Bruket (t.h).


– Null skadar er mogleg TEKST ODD NAUSTDAL

– Mange trur at null skadar er umogleg. Men dersom me greier det éin dag, og den neste, og dagen etter det – kvifor ikkje då alle dagar, spør HSSE-leiar Torstein Leth. – Det blir jobba godt i prosjekta på HSSE, men me har for mange skadar. Heldigvis er det aller meste av ein mindre alvorleg karakter. Men me er nøydde til å gjera noko med det. Slik situasjonen er i dag, når me verken våre eigne eller kunden sine mål, og me lever ikkje opp til løftet vårt om at alle skal komma trygt heim kvar dag, seier Leth. Han viser til «Goal zero»-kalenderen, som alle prosjekta har. – Kalenderen viser enormt mange grøne dagar, altså dagar utan skadar. Dersom me greier det 30 av 31 dagar, kvifor skal me ikkje då også få det til den siste dagen i månaden, spør han retorisk.

Digitalisering Leth fortel at det er gjennomført nokre forbetringar også på HSSE-område. Mellom anna har Synergi-appen gjort det enklare å rapportera positive og negative HSSE- og kvalitets­ observasjonar.

Alle skal trygt hjem! Wszyscy muszą bezpiecznie wrócić do domu! “I AM SAFETY”

Frå årets HSSE-kampanje.

– Appen har gjort det enklare for folk å rapport­ era, og det forenklar den totale prosessen. Dersom ein legg inn i appen, så kan ein følgja med på sakens gang vidare, i motsetnad til når ein skriv ein RUH-lapp, seier Leth. I tillegg er det i ferd med å bli etablert eit digitalt arbeidsløyve (AT)-system.

Leiarane meir ute Eit anna tiltak Leth vil framheva er synleg leiing. – Synleg leiing er viktig i HSSE-arbeidet. Det har i haust blitt gjennomført ei rekkje dialogmøter med leiinga og ulike delar av verksemda. Me jobbar systematisk med å leggje til rette for at leiarane kan vera meir ute. Det er viktig for å få direkte tilbakemeldingar og for å ta større eigarskap til aktivitetane ute i produksjonen.

Miljøverftet HSSE handlar ikkje berre om tryggleik. Ein viktig del av arbeidet er miljø. Eg trur me må bli flinkare til å fokusera på det og framsnakka det gode arbeidet som vert gjort på dette området. Det blir til dømes gjort ei rekkje investeringar i anlegget for å redusere klimaavtrykket til verftet. I kaiprosjektet blir det gjort ein enorm jobb med å rydda opp i gamle synder på sjøbotnen. Og demoleringsanlegget vårt er jo eit einaste stort miljøtiltak – ved at me bidrar til å rydda opp i Nordsjøen og resirkulerer så mykje som 98 prosent av strukturane me tek imot, seier Leth. • SYSTEMPOSTEN

57


Byggjer slagkraft gjennom null punch TEKST IVER BUNES FOTO LARS MELKEVIK

QS Manager Odd Ingvar Ur kvir seg ikkje for å ta på seg stadig større ansvar og leiaroppgåver, og blir sett på som ein «coming man» i Kværner.

58

SYSTEMPOSTEN


Han kunne blitt bonde, Odd Ingvar Ur. Oppvaksen på ein av dei største gardane i Tysvær, med moglegheit til å ta over drifta, kunne kvardagen hans no ha handla om kyr, fjøsstell og traktor­ køyring. – Det var kjekt å jobba på garden «hima», men eg visste tidleg at eg ikkje skulle ha det som fast jobb. Eg ville heller ta høgare utdanning, noko foreldra mine både rådde meg til og pressa på for at eg skulle gjera, fortel QS-manageren på Njord-prosjektet med sin lett avslipte tysværdialekt. Som disiplinleiar for kvalitetsovervaking (QS) har sivilingeniøren ansvar for å sikra at alt utstyr som blir levert til Njord oppfyller spesifikasjonane til punkt og prikke – og kjem til Stord heilt utan feil og manglar. Altså med «null punch», for å bruka stammespråket. – Null punch-filosofien er i høgste grad med på å sikra økonomien og tidsplanen i prosjekta våre, og styrkar dermed konkurransekrafta vår som norsk offshoreverft. Me har gjort estimat som viser at kvar einaste feil eller mangel på utstyr som blir levert til Kværner i snitt kostar oss 15 000 kroner, seier Ur.

Får skryt for null punch Dagens QS-organisasjon er relativt fersk. Han blei oppretta i forkant av Johan Sverdrup­ prosjektet, og Ur var sjølv med på å skriva prosedyrane som ligg i botn for den «nye» QS-innsatsen. – Me har gjennom åra fått levert ein del utstyr med mykje punch, og måtte derfor tenka nytt. Filosofien no er at dersom me brukar personell i kvalitetsoppfølginga som har erfaring frå oppfølging i MC-, commissioning- og driftsfase, folk som veit korleis utstyr skal sjå ut og fungera når det er ferdig, så blir kvaliteten på leveransane høgare, forklarer han.

Den nye måten å jobba på har gitt effekt. ­Kværner har spart store summar på å sleppa ein masse ekstraarbeid, og disiplinleiaren sjølv får mykje skryt for feilfrie utstyrsleveransar. – Eg får gode tilbakemeldingar ja, og det er jo alltid kjekt. Men det må seiast at QS-folka eg har hatt med meg på Johan Sverdrup og no på Njord utgjer ein veldig erfaren gjeng som skal ha mesteparten av æra. Dei har gjort ein kjempejobb!

– Kjekt å bidra til ein suksess Sjølv stortrivst han i jobben. – Med mange utstyrspakkar i omløp, er QS ei avdeling med fart og moment. Det passar meg godt. I tillegg har det vore både tilfredsstillande og kjekt å bidra til å forma og bygga opp ein ny funksjon for Kværner – ein funksjon som attpåtil har vist seg å vera ein suksess. I oppveksten hadde Ur to kilometer til næraste nabogut. Han var derfor kjapp med å ta mopedog billappen. For at sonen lettare skulle koma seg til skule, fotballtrening og kompisar, kjøpte faren både moped og bil til han – begge to skikkelege vrak. Det blei opp til Odd Ingvar å setta dei i køyrbar stand. Her oppstod mekkeinteressa som seinare fekk han til å søka ingeniørutdanninga i mekanikk. Og det var ikkje ein reint lite stolt tenåring som sprang opp låvebrua for å fortelja faren at han hadde kome inn på sivilingeniørstudiet på NTNU i Trondheim – der det venta fem år med så å seia rein matematikk. – Det viktigaste eg har med meg frå studiane er evna til å kunna handtera masse informasjon og takla mange parallelle arbeidsoppgåver. Resten brukar eg lite i det daglege. Eg skreiv til dømes hovudoppgåve om kompressorar, men det gjekk heile åtte år før eg faktisk jobba med slike, ler QS-manageren.

Landa trygt med begge beina på månen Han fekk sin første jobb i Kværner som innleigd konsulent på Snøhvit-prosjektet i 2004. Då tok

»

SYSTEMPOSTEN

59


han med seg kjærasten Cecilie Dreyer Pettersen og flytta til Stord, og i 2005 fekk han fast jobb på verftet. (Det same gjorde Cecilie to år seinare) Sidan har 42-åringen hatt stadig skiftande roller i ulike prosjekt – både på Kjøtteinen og rundt om i landet. I eitt av prosjekta landa han til og med trygt på månen. – Hehe. Eg var involvert i månelandinga til Jens Stoltenberg ja, då me bygde karbonfangst­ senteret TCM på Mongstad. Eit veldig kjekt prosjekt, der eg hadde ulike jobbar innan oppstart og ferdigstilling før eg mot slutten av prosjektet fekk overordna ansvar som commissioning manager. For Kværner var TCM eit lite prosjekt, men det var knytt både stor prestisje og politisk fokus til det. Derfor var det veldig kjekt å levera eit bra resultat.

– Var det eit tøft ansvar for ein 36-åring? – Både òg. Som commissioning manager har du jo overordna ansvar for at heile leveransen vår startar opp og fungerer som eit heilskapleg system. Samtidig hadde eg også der eit fantastisk team i ryggen. Nettopp det føler eg er gjennom­ gåande bra i Kværner: Du har alltid masse dyktige og rutinerte folk å spela på. – Av kollegaer blir du skildra som ein som aktivt søker og tar nye utfordringar... – Jo, eg gjer for så vidt det. Njord er vel eigentleg første prosjektet der eg har same stillinga to prosjekt på rad. At eg har ønskt og fått lov til å prøva meg i stadig nye roller gjennom åra har først og fremst vore motivert av eit søk etter endring. Eg likar endringar. Samtidig synest eg det er kjekt å prøva å påverka prosjekta og verksemda vår til det betre. Og dess høgare opp i organisasjonen eg kjem, dess større meiningsrom og påverknadskraft får eg. Siktemålet litt fram i tid er ei stilling som completion-leiar, konstaterer den målbevisste sivilingeniøren, som både har sertifisert seg som prosjektleiar og er i gang med andre bolk av leiarutviklingsprogrammet til Kværner.

60

SYSTEMPOSTEN

Det eine året som blei til 14 Då han og Cecilie flytta til Stord, var planen å bli på øya i maksimalt eitt år. Sidan har dei gifta seg og slått skikkeleg rot i totalrenovert hus på toppen av Leirvik sentrum, saman med sonen på 10 og dottera på 8. – Med to barn som er aktive på fleire frontar, har eg til no brukt mykje tid i transporten. No har den logistikken roa seg litt, og eg har meir tid til andre ting. Eg likar til dømes veldig godt å jobba i hagen, og smakar gjerne på god vin saman med vener i vinklubben me er blitt med i. Ikkje at eg har så veldig peiling, for eg kan like gjerne kjenna hint av bark som hint av plenklyppar, humrar Ur. Han trivst også veldig godt ute i naturen, anten han kryssar Stord frå nord til sør eller er med familien på tur i regi av Barnas Turlag – der han sit som leiar. Med dette vervet går også litt av fritida med til å organisera turar for dei yngste eit par gonger i månaden, i tillegg til dei større, nasjonale «Kom deg ut»-arrangementa som fort samlar 1 000 deltakarar. I retur for turlags­ arbeidet får han ikkje berre gleda av å la mange barn dela flotte naturopplevingar, han får også ein liten «bonus» i form av å kunna fritta ut eldre, innfødde turlagsmedlemer om dei ukjente perlene i Stord-fjellet. Når tida og sesongen tillèt, dreg Ur gjerne ut på det han omtaler som «væpna fottur». Eller jakt om du vil. Då er det som regel ryper han speidar etter. – Det er jo ei spenning i det å jakta, men det gjer ingenting om eg kjem heim utan byte. Berre det å få gå i flott fjellterreng gir meg mykje. Dei siste åra har eg dessutan jakta i terreng der me hadde sauer på fjellbeite i barndommen, slik at jaktturane også blir lett krydra med litt nostalgi, fortel Ur – før Njord kallar og han må attende på kontoret. •


F.v.: Ingvill Rasmussen, Joakim Espevik, Jarle Henriksrud, Steinar Røgenes, Rune Slettemark, Elly Bjerknes, Roar Olsnes, Karl-Petter Løken og Vidar Aarre. Foto: Odd Naustdal

Prisar til Njord og Johan Sverdrup HSSE- og kvalitetsprisane for 2017 blei delt ut av konsernsjef Karl-Petter Løken under eit allmøte på Stord i juni. Alle seks prisane blei vunne av Njord-prosjektet og Johan Sverdrup ULQ-prosjektet.

INDIVIDUELL KATEGORI, KVALITET Servicekoordinator Roar Olsnes, for eksemplarisk oppfølging av underleverandør.

GRUPPEKATEGORI, KVALITET Sveisegruppa i Njord A-prosjektet, for bruk av sveisetraktor som har medført færre timar og færre feil.

PROSJEKTKATEGORI, KVALITET Johan Sverdrup for oppfølging av under­ leverandørar i Polen.

INDIVIDUELL KATEGORI, HSSE Verneombod Ingvill Rasmussen for framifrå innsats og engasjement som verneombod i Johan Sverdrup ULQ-prosjektet.

GRUPPEKATEGORI, HSSE Verneombod-arbeidet i Johan Sverdrup ULQ-prosjektet og bidraget til HSSE-resultata i prosjektet.

PROSJEKTKATEGORI, HSSE Njord A for gode HSSE-resultat i den ekstremt krevjande tørrdokk-fasen i prosjektet.

SYSTEMPOSTEN

61


Skiftleiar Kåre Hauan er ein allsidig mann som trør til der det trengs.

Den ryddige Reodoren TEKST IVER BUNES FOTO LARS MELKEVIK

Kåre Hauan imponerte ikkje kona nemneverdig då han titulerte seg «Smarte Kåre» og deretter feila fullstendig i forsøket på å reparera foodprosessoren med strips. Då vankar det langt meir skryt for dei kreative løysingane skiftleiaren klekkjer ut for å rydda opp og gjera Njord endå tryggare.

62

SYSTEMPOSTEN


Som manager på struktur og ein av skiftleiarane for stålarbeidet på Njord denne hausten, handlar arbeidsdagen til Kåre Hauan i stor grad om å leggja til rette og følgja opp arbeidet til eit team med polske stålarbeidarar og formennene deira. – Eg hjelper dei med å få ting til å gli. Sørgjer for at dei får det dei treng av kranar, stillas og andre tenester – slik at dei kan jobba effektivt. I tillegg følgjer eg opp arbeidet dei gjer: At dei utfører dei rette jobbane, ikkje har for mykje folk på kvar oppgåve, følgjer arbeidstida, slike ting, forklarer Hauan.

Først ut med plastsortering Om han er dyktig som skiftleiar, er det kanskje innsatsen han legg ned i ledige stunder som har vekt størst merksemd og høgast applaus på og rundt Njord i seinare tid. Blant kollegaene er Hauan nemleg kjent som ein altmogleg­ mann som trør til der han ser det trengst, og i Njord-prosjektet har desse eigenskapane – kombinert med ein god dose kreativitet – resultert i fleire konkrete nyskapingar. – Eg såg at me hadde ei utfordring med orden og ryddigheit om bord på plattforma. Me mangla eit godt system som enkelt la til rette for å rydda, kjeldesortera og halda orden. Det trigga meg til koma opp med nye løysingar, fortel 56-åringen. Og løysingar blei det: 10 miljøstasjonar for kjeldesortering av oljeavfall, sprayboksar, restavfall og plast, 20 fargekoda «Kåre-korger» for oppbevaring av ulike typar slangar, og ikkje minst 40 fargekoda bostobbar med spesiallaga føter – for enklare og tryggare kjeldesortering og tømming. – Njord er faktisk det første Kværner-prosjektet her på Stord der me kjeldesorterer plast. Eg meiner det er viktig å visa at me tek plastproblematikken på alvor me òg, gjennom å bidra til auka gjenvinning. Kværner ligg dessutan heilt

i sjøkanten. Om me ikkje har gode innsamlingsrutinar for plasten, kan han lett blåsa på fjorden. Plast i havet er eit miljøproblem, og er det til dømes snakk om ei stor presenning som fyk av garde – kan ho også skapa store problem om ho viklar seg i propellen på ein forbipasserande båt, poengterer Hauan, som eigenhendig bygde prototypen til miljøstasjonane av fjøler og søppelspann.

– Så du er miljøengasjert? – Nja… Men eg har jo fått barnebarn, så litt må eg jo gjera for å redda planeten, svarer skiftleiaren med glimt i auga.

– Gøy når eg kan forbetra noko Han minner om at god orden ikkje berre hjelper på arbeidsflyten. Det bidrar også til betre HMS, og nettopp helse og sikkerheit var inspirasjonen til hans fjerde «verk» til Njord: Eit spesiallaga knivarrangement til å kutta hol i storsekker med sandblåsesand. – Ved påfylling av Big Blast-apparata blir dei 12–1300 kilo tunge sekkene heiste opp med kran. Tidlegare måtte ein operatør oppunder sekken med ein neve og lausna eit tau når sanden skulle sleppast ut. Kranførarane likte dårleg at folk skulle ha hendene under lasta dei heldt oppe, og ein av dei føreslo ei løysing med knivar som står montert over sandblåseapparatet. Eg bygde eit slikt arrangement, og no kan kranførarane senka storsekken ned på knivane slik at sanden renn ut. Dermed unngår me ein potensielt farefull operasjon, konstaterer Hauan – som også har 25 år bak seg i industrivernet.

– Du høyrest litt ut som ein miks av Reodor Felgen og Tante Sofie… – Tja, eg har iallfall fått lov å vera ein liten Reodor på jobb. Eg synest det er gøy når eg ser at eg kan forbetra noko, at ideane mine verkar, og at folk synest løysingane er bra. Litt av motivasjonen har vore eit sakn etter eit system for orden og ryddigheit som kan vera overførbart »

SYSTEMPOSTEN

63


mellom dei ulike prosjekta våre. Då treng me ikkje finna opp krutet kvar gong, og ikkje minst så kjenner folk igjen systemet og ordningane frå eitt prosjekt til neste. Det vil gagna oss som går her heile året igjennom, og ikkje minst innleigde arbeidarar som har jobba hos oss før og kjem attende på eit nytt prosjekt. Eg trur det går an å etablera eit slikt system, og håpar initiativa mine på Njord kan vera noko å bygga vidare på, seier Hauan.

har dotter mi teke opp den arva, og det er jo litt kjekt at tradisjonen såleis blir vidareført, synest Hauan, som også har ein son som er tømrar.

Multidisiplinær Sjølv byrja han som sveiselærling i Kværner i 1981, etter yrkesskulen. Med fagbrev i handa tok han så jobb og deretter fagbrev som platearbeidar, før det blei ny jobb og nytt fagbrev som røyrleggar.

Køyrer 5S i garasjen

– Både for meg og for Kværner har det vore ein – Er du like ryddig på heimebane? stor fordel at eg er multidisiplinær. Personleg – Ja, det trur eg kona vil gå god for. 5S er har det gitt meg moglegheiter til å jobba variert definitivt ei rettesnor i garasjen, der eg brukar og innan ulike fag, og ikkje minst større rom ein del tid på å skru på ein gammal Pontiac for å fleksa mellom ulike jobbar i periodar med GTO frå 1969. Skjønt, mindre å gjera på verftet. akkurat no er det ikkje Det er bra for ein som er så ryddig som eg helst glad i å jobba. ville hatt det. Har nett hatt amerikanaren frå Etter 36 år i Kværner kvarandre forstår du, trivst han framleis like og held på å setta han godt. saman igjen – del for del. Det er tredje gongen eg – Eg jobbar i eit godt gjer dette sidan eg kjøpte arbeidsmiljø med masse bilen. Ikkje at det trengst, kjekke kollegaer rundt for Pontiacen er strøken. meg og spennande oppDet er helst for kosen sin gåver å fylla dagane med. KÅRE HAUAN del, vedgår Hauan. Når eg tillegg får leika litt oppfinnar, og ser at eg Stordabuen er fødd og oppvaksen på Nysæterkan bidra til positive endringar, blir det jo ekstra neset, midt på grensa mellom Sagvåg og Litlabø. kjekt, synest Hauan – som hugsar oppgradeEtter mykje hyttebygging i skogen, flåtekonringa av koksanlegget på Mongstad som eitt av struksjon ved Storavatnet, og ikkje minst mange høgdepunkta blant mange storprosjekt han har irregulære ekspedisjonar inn i dei nedlagde delteke i på land og offshore. gruvegangane i nærområdet, blei mekking hovudinteressa i ungdomsåra. At han skulle gå – Det var ein stor og komplisert jobb, med stort yrkesskulen og inn i industrien, var han aldri press på å bli ferdige i tide. Men det var veldig i tvil om. fint at innsatsen vår gjorde arbeidsmiljøet og kvardagen til dei tilsette på koksanlegget veldig – Du ville ikkje bli frisør altså? mykje betre, og i tillegg fekk eg brukt kreativi– Nei! Sjølv om både far og farfar min var teten min til å løysa utfordringar som det gamle frisørar på Vikjo, og eg hjelpte til med å kosta anlegget kasta vår veg, minnest altmogleg­ i salongen, låg ikkje det yrket for meg. Derimot mannen.

– Eg jobbar i eit godt arbeidsmiljø med masse kjekke kollegaer rundt meg

64

SYSTEMPOSTEN


Fødd som humørspreiar – Du blir omtalt som ein humørspreiar med ei positiv innstilling til det meste… – Det kan stemma. Ein ting er at eg blei fødd slik, me eg tenker også at kollegaer rundt meg både har det betre og jobbar betre når tonen er god og dei er fornøgde. Iallfall er eg sjølv skrudd saman slik. For tida jobbar eg mest med utanlandske arbeidarar, og eg veit av erfaring korleis det er å vera på jobb langt heimanfrå. Då tenkjer eg at det er ekstra kjedeleg for dei å gå på rommet og lengta heim dersom dei i tillegg har hatt ein dårleg dag på jobb fordi eg har vore sint og sur. Betre å vera smilande, spøkande, diplomatisk og hyggjeleg. Og eg som har så mange idear sjølv, bør jo iallfall lytta om andre har innspel til korleis ting bør gjerast, seier Hauan, før han sjekkar mobilen for n-te gong i løpet av intervjuet. – Du skjønar, barnebarnet på åtte månader er i utlandet. For meg betyr det ti tøffe og rast­ lause dagar. Til vanleg ser eg han mest dagstøtt, sukkar bestefaren. Etter mange år med aktivt båtliv, er det bubilen Kåre og kona Tone helst fartar rundt i no til dags. Turane går til destinasjonar i Sunnhordland og resten av Noreg, kanskje med ein avstikkar eller to til Sverige eller kontinentet. Ferda går gjerne dit paret veit at vener og andre bubilentusiastar har parkert for kvelden. – Når det passar i friperiodane mine, tar eg og Tone også gjerne bubilen når ho skal ut på oppdrag som regionalt verneombod i Arbeidstilsynet. Medan ho gjer bedriftsbesøka sine, er eg på sightseeing. Så har me ettermiddagane saman. Det er jo vinn-vinn for oss begge, meiner turnusarbeidaren.

I fritt svev, eller? I 1989 overtok Kåre og Tone barndomsheimen hans på Nysæterneset, og kort tid etter sidan sikra han seg også nabotomta. Med interesse

Kåre Hauan bidrog til betre kjeldesortering av avfall i Njord-prosjektet.

for motor og mekanikk er det sjølvsagt ikkje nok med amcar, bubil og båt, så Hauan har også kjøpt seg gravemaskin til å arbeida (les: leika) i hagen med. Den kom ekstra godt med då han like godt gjorde nabotomta om til utescene. Dit har han og kona dei siste seks åra invitert 130 gjester til sommarfest – med husband og basar for eit godt føremål. I tillegg til å vera vert, bidrar Hauan alltid med eitt eller anna innslag der han får utløp for kreativiteten og humoren sin. – For to år sidan var me i London, der eg blei fascinert av ein gatekunstnar som svevde i lause lufta. Dette ville eg sjølvsagt gjera på hagefesten. Dermed observerte eg karen heilt til han måtte tre av på naturens vegne, og sneik meg så bort og studerte hemmelegheita hans. Vel heime konstruerte eg tilsvarande arrangement til meg sjølv. Det var mange undrande fjes på den hagefesten kan eg lova. Dei fatta ikkje korleis eg fekk til svevetrikset, ler 56-åringen, som heller ikkje kvir seg for å dolla seg opp som Katrine Moholt og leia sin eigen allsong på grensa (Litlabø/Sagvåg) når det er fest i hagen. – Eg likar å vera litt klovn, og er definitivt ikkje redd for å drita på draget. Eg synest ikkje me skal ta oss sjølve så høgtideleg, men heller by litt på oss sjølv. Den eigenskapen trur eg at eg tar med meg inn porten på Kværner òg. •

SYSTEMPOSTEN

65


Stord-lærlingane. Foto: Lars Melkevik

57 nye lærlingar Kværner tok inn totalt 57 nye lærlingar i 2018. Av desse var det 30 på Stord og 27 i Verdal. Kværner på Stord tok inn følgjande lærlingar i 2018:

AUTOMATISERINGSFAGET Tor Sætre Miljeteig, Viktor Hervik Vinsjevik, Andreas Fylkesnes

ELEKTROFAGET Olve Fitjar Rekve, Brede Ottesen Hovland, Nicholas Rene Flekke, Marius Jonassen Lunde, Vegard Åsheim, Ole Jakob Vikse Bjelland, Øyvind Vikse Bjelland

KRAN- OG LØFTEOPERASJONSFAGET Tobias Solheim Thorsen

INDUSTRIRØYRLEGGARFAGET Simen Oscar Svendsen, Jørgen Dybvik

LOGISTIKKFAGET Maria Foss Grindevik

66

SYSTEMPOSTEN

PLATEARBEIDARFAGET Øyvind Skogseide, Benjamin Henriksen, Remy Andre Fylkesnes Tverborgvik, Jarand Taraldsøy Rafdal

STILLASBYGGJARFAGET Robert Saue, Einar Eik Breirem, Kjetil Eide, Emil Sæbø Tvinnreim

SVEISEFAGET Mathias Bratli, Martin Haugen, Joakim Andre Andersen, Sigurd Kvamsøy, Jonathan Tranøy, Preben Dahl

INDUSTRIMEKANIKARFAGET Bjørnar Straumsnes

INDUSTRIELL OVERFLATEBEHANDLING Benjamin Andre Hansen


Værdal-lærlingane. Foto: Siri-Unn Sagen

Dei nye lærlingane fordeler seg på heile 11 ulike fag. Innan sveisefaget, platearbeidarfaget og stillasbyggjarfaget er det i alt 30 lærlingar, mens det innan elektrofaget, kran- og løfte­ operasjonsfaget samt industrimekanikarfaget

er i alt 15 lærlingar. Dei siste 12 lærlingane fordeler seg på automatiseringsfaget, industrirøyrleggjarfaget, tekniske og allmenne fag, logistikk­ faget og industriell overflatebehandling. •

Kværner i Verdal tok inn følgjande lærlingar i 2018:

TEKNISKE OG ALMENNE FAG Dorte Emelie Jørstad, Petter Lillesand, Elias Gebre Teklemariam

INDUSTRIMEKANIKARFAGET Ghazi Fidaa Abu Shaeera, Sander Stene, Olav Langland Helgesen

SVEISEFAGET Sivert Amdahl, Markus Andre Brevik, Leonard Ebbesen, Jørgen Hestø, Anders Lyngås, Martin Rangul Skjevik, Sondre Skjevik, Even Johnsen Solberg

STILLASBYGGJARFAGET Ove Kolstad, Håkon Sagvold, Fredrik Hoel Stubbe, Aleksander Valbekmo

LOGISTIKKFAGET Benjamin Alizade

ELEKTROFAGET Arild S. Kluken

INDUSTRIRØYRLEGGARFAGET Mohammad Khalil Al Wahb

PLATEARBEIDARFAGET Ronny Aarstad, Harunur Aden Hassan, Oddbjørn Pettersen, Ole André Stuedal

KRAN- OG LØFTEOPERASJONSFAGET Christian Roel Hovelsen, Isak Sund Rapp, Emil Fisknes Vestrum

SYSTEMPOSTEN

67


JUBILANTANE

Bak frå venstre: Einar A. Vik, Johannes Laupsa, Kjell Ragnar Kleppe, Rune Svensen, Øystein Gjerde, Magnus G. Nes, Gustav Onarheim.

Tre 50-årsjubilantar TEKST ODD NAUSTDAL FOTO ØYVIND HJELMEN

Totalt 75 medarbeidarar vart dette året heidra for lang og tru teneste i Kværner på Stord. Av desse var det tre som markerte 50 år i verksemda, seks som markerte 40 år i verksemda, 21 som markerte 30 år og 45 som fekk gullklokke for 25 år i verksemda. 68

SYSTEMPOSTEN


Midten frå venstre: Ingrid Almeland, Per A. Pedersen, Kjell Arne Tranøy, Geir Habbestad, Kristian Gravdal, Svein Folgerø, Jens Eriksen, Kjell Andre Tranøy.

Framme frå venstre: Kjell Arne Trasti, Berit Iren Slettemark, Bengt L. Johansson, Åge Johansen, Terje J. Stensletten, Erik G. Kringeland, Per W. Irgens, Bente Tuft, Steinar Røgenes.

Torsdag 15.november vart 30-, 40- og 50-års jubilantane heidra på tradisjonelt vis med gåver og middag på Stord hotell. Eit par veker etter vart det arrangert klokkelunsj med utdeling av gullklokker til 25-årsjubilantane.

Administrerande direktør Steinar Røgenes heldt kveldens festtale, kor han takka dei trufaste medarbeidarane og mimra litt om kva som gjekk føre seg i verksemda og samfunnet elles dei åra då jubilantane starta i verksemda.

– Eg kan ikkje hugsa at det nokon gong har vore tre 50-årsjubilantar, i alle fall ikkje i mine 20 år i denne stillinga, sa personalsjef Holger Iversen under arrangementet på hotellet.

Deretter vart dei ropt opp til podiet ein etter ein, medan Holger Iversen las oppe eit kort resymé av den enkelte si erfaring i verksemda. •

SYSTEMPOSTEN

69


ÅRETS JUBILANTAR

50 år Einar Asbjørn Vik, Tor Inge Malkenes, Svein Folgerø. 40 år Geir Habbestad, Kjell Ragnar Kleppe, Erik Gunnar Kringeland, Terje Johan Stensletten, Kjell-Arne Tranøy, Kjell Arne Trasti. 30 år Roar Aksdal, Ingrid Almeland, Jens Eriksen, Øystein Gjerde, Kristian Gravdal, Per Vilhelm Irgens, Kjetil Iversen, Åge Johansen, Bengt Lennart Johansson, Roar Kyvik, Johannes H Laupsa, Trond Lilleheie, Magnus Gjellestad Nes, Gustav Onarheim, Per Arne Pedersen, Pierre Pietruszenko, Berit Iren Slettemark, Rudolf Smolka, Rune Svensen, Bente Tuft, Rune Vatna. 25 år Karsten Alvsvåg, Egil Anderssen, Monica Aga Ankervold, Jarle Bjelland, Helge Martin Bore, Sveinung Danielsen, Trond Fitjar, Roy Even Flesvik, Geir Olav Fosse, Tommy Gjøsæter, Håkon Halstensen, Knut Ove Handeland, Ole Petter Hauge, Frode Møgster Hidle, Trond Hilland, Tommy Holm, Svein Olav Hopperstad, Arne Henrik Hovden, Jarle Iversen, John Ivar Jakobsen, Bjørn Junge, Svein Inge Kannelønning, Bernt Magnar Korsvik, Ronny Larsen, Kåre Larsen, Helge Lidal, Bjørnar Lilleheie, Fred Joar Litlabø, Tore Mathiesen, Katrine Moe, Morten Nesse, Nils Anders Nilsen, Aynal Papas, Roar Pedersen, Peter Tanghus Petersen, Endre Prestøy, Paul Heikki Risvold, Frank Saue, Geir Ove Skjetne, Arild Skår, Harald Solvi, Bjarte Storesætre, Joe Severi Tanskanen, Kjell Tore Vassnes, Dag Erik Vik.

70

SYSTEMPOSTEN


Bak frå venstre: Rune Espevoll, Ramin Shirinzadeh, Gaute Toadalen Sælevik, Halvor Sæther, Thomas Rodrigues Borgen, Jostein Hjøllo Kristiansen, David Johansen Teigen, Andreas Rydningen Håpnes, Torbjørn Jone Losnegard Koløen, Fredrik Eik Hegland, Arve Bremnes, John Dahl.

Midten frå venstre: Christian Slettemark, Sondre Kibsgård Jordalen, Espen Mæland, Oskar Bø Hallaråker, Lars Matre, Lars Odland, Daniel Hauge Hansen, Morten Skartland Kristiansen, Bjørn Olav Rainer, Finn Evan Pedersen, Magnus Karlsen.

Framme frå venstre: Robin Ekornsæter, Håvard Fylkesnes, Lisa Kyvik, Lene Brubak, Kari Åsheim, Anne Helene Thorland Eide, Erik Spissøy.

45 nye fagarbeidarar i Kværner på Stord TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL

Totalt 30 lærlingar og 15 praksiskandidatar tok fagbrev i Kværner på Stord i løpet av 2017. I slutten av januar fekk dei utdelt fagbrevet sitt. Framfor leiarar i Kværner, fagforeinings­ representantar, kollegaer og representantar frå det offentlege, var mange av dei nye

fag­arbeidarane samla til høgtideleg fagbrev­ utdeling på Stord Hotell.

SYSTEMPOSTEN

71


72

SYSTEMPOSTEN


Publikumsrekord

på refleksdagshow TEKST ODD NAUSTDAL FOTO MANGE LANGÅKER, LARS MELKEVIK

Kring 900 publikummarar var til stade då Equinor og Kværner markerte refleksdagen med ungdommeleg danse- og musikkshow framfor Stord kulturhus på den nasjonale refleksdagen 18. oktober.

– Alle skal trygt heim. Difor arrangerer me dette showet, for å setta fokus på refleksbruk, var hovudbodskapen til prosjektdirektør Peter Kupka i Equinor og verftsdirektør Steinar Røgenes då dei ønskte velkommen til arrangementet. Kværner har kvart år sidan 2011 nytta Refleksdagen til å setta fokus på personleg tryggleik og delt ut refleksar til eigne tilsette og barneskuleelevar i lokalsamfunnet. Enkelte år har Kværner også invitert til refleks-

dagshow framfor Kulturhuset, saman med reklame­byrået Sydvest. Dette året var også Equinor med på laget. Totalt delte Kværner og Equinor ut 5000 refleksar på Stord, til alle barneskulane i kommunen, tilsette på verftet og til dei som møtte opp på refleksdagsarrangementet på kvelden. Årets refleksdag­ show var ein minifestival med artistane I am K, Daniel Owen, Vanja V og lokale dansarar frå Spinae Company.

SYSTEMPOSTEN

73


Populær

sjørøvarfest FOTO ODD NAUSTDAL

74

SYSTEMPOSTEN


Mange store og små piratar hadde funne vegen til Arena på Stord laurdag 13. oktober då Velferdsforeningen inviterte til sjørøvershow for heile familien. Åge Stokken, Torhild Berger Falk og Ståle Eskeland leverte eit forykande show som fall i smak hos småpiratane.

SYSTEMPOSTEN

75


Takk for samarbeidet Då Systemposten gjekk i trykken i desember, var det kome inn meldingar om at følgjande personar har gått eller skal gå av med pensjon i 2018. Kværner takkar for samarbeidet gjennom mange år og ønskjer lukke til med pensjonisttilværet. Karl Henning Johannessen Olav Litlabø Jorunn Røyrøy Kjell Tore Saghaug Einar Rykkje Svein Inge Kannelønning Edmund Jonny Aho Rune Wiik Bjørn Normann Olson Gunnar Sæther Leidulf Vindenes Per Ove Laastad Svein Folgerø Kjell Nordheim Kjell Kolskår Trond Arve Halvorsen Bjørn Veum Stojan Jovanic Tor Inge Malkenes

76

SYSTEMPOSTEN


HISTORIEGRUPPA VED KVÆRNER STORD INDUSTRIMUSEUM

Årsrapport 2018 Historiegruppa har pr. i dag 12 medlemmer. Den yngste er 66 år og den eldste er 95 år. Gjennomsnittsalder er 70 år. Vi har møte/dugnad hver tirsdag. Følgende oppgaver har vi arbeidet med i 2018: Bok om Industriavdelingen

Modell av Statfjord A

Denne boken er nå ferdig og vil bli trykket før jul i år.

Vi er i full gang med en modell av Statfjord Aplattformen. Dette er en stor jobb som fortsetter nok også i neste år.

Det har vært en stor jobb. Håper på at boken blir godt mottatt.

Utstillingsrom

Bibliotek Industrimuseet Kværner Stord

Vi har fortsatt arbeide med å få fram historien om Malloft og til numeriske tegninger og skjærebrenning av stålplater.

Jobben med å få Biblioteket inn på data er nå ferdig.

Heis til rullestolbrukere Heis fra første til andre etasje er nå montert. En stor takk til Kværner som kjøpte inn heisen. Det som nå gjenstår er å lage overganger i alle døråpninger som er egnet for rullestolbrukere. Dette arbeidet er i gang.

Besøk i 2018 • Pensjonister fra Bartz Industri var på besøk 9. april. Vi stilte opp med bevertning. Alt gikk bra. • Pensjonister i FLT var på besøk den 8. mai. • Stein Onarheim med frue var på besøk den 18. mai. ( Det kan nevnes at Thor Onarheim var hans far. ) • Turgruppen «Gutta på Tur» fra Stord og Bømlo var på besøk den 20. september. Samlet over 40 mann. I tillegg til disse besøkende har vi hatt grupper og enkelt personer slik at antall besøkende er totalt var ca. 130 i år. Vi ser gjerne at flere Kværner-ansatte kommer på besøk. Ring mobil nr 415 31 042 eller 53 41 06 76 så ordner vi omvisning.

F.v.: Hans Kristian Furevik, Dagfinn Lyngvær, Nils Anton Tranøy, Håvard Liset, Edmund Hystad, Leif Nilsen, Rolf Hammerbeck, Magnar Engevik, Stein Bratseth, Terje Pletten og Lars Kårevik. Ikkje til stades: Helge Austlid og Jan Åge Vikanes. Foto: Øyvind Hjelmen

Stord, 6. november 2018 Leif Nilsen Leder av Historiegruppa v/Kværner på Stord

SYSTEMPOSTEN

77


Glimt frå gamledagar Systemposten 1977

Systemposten 1988

Systemposten 1998

Mykje arbeid er utført sidan betong­ plattforma Cormorant A kom til Stord Verft 2. juli 1977. Endringar i arbeidsomfang og terminar for ferdiggjering er stadig gjenstand for drøftingar for at plattformas skal vera i best mogleg tilstand for uttauing til britisk sektor i Nordsjøen.

Dekk og betongunderstell skulle sameinast til eit langvarig samliv den 31. januar. Vêret var ikkje på vår side. Først 5. februar kunne plattformdekket slepast til Digernessundet kor brudgommen venta utolmodig. I løpet av natta vart dei eitt.

William Rafdal er velt til ny formann av Verkstadklubben, på årsmøte 16. februar, etter Aksel Kloster som no er personleg sekretær for olje- og energiminister Bjartmar Gjerde.

Like etter at Oseberg A var flytta frå hamnebassenget, vart dei mellombelse betongsøylene fjerna og og søyler for Gullfaks C plassert på sjøbotnen. Den 4. mars overførte me dekksramma med utrusting frå dokk til betongsøyler.

1998 var «Åsgard A-året» på verftet, frå det 184 000 tonn tunge, 278 meter lange og 45 meter breie produksjonsskipet kom 17. januar til det reiste ut i havet mot slutten av året. Meir enn 4000 personar var involvert i ferdigstillinga av det som til då var eitt av verdast største produksjonsskip. Det vart i snitt utført 52 000 arbeidstimar i veka på prosjektet.

Tysdag 13. juni starta slepet av produksjonsplattforma Brent C. Slepebåtar tok kolossen gjennom Langenuen og ut Selbjørnsfjorden til feltet på britisk sektor i Nordsjøen. Nokre dagar før utslepet var det diverre nødvendig å senda ut permisjonsvarsel til 253 av våre tilsette, gjeldande frå fellesferiens slutt 24. juli og på ubestemt tid. Det nye kulturhuset reiser seg på Tresmyro. «Det vil være kjent at ideen om et kulturhus på Stord ble bragt fram frå Stord Verft (…). Den som først fikk snøballen til å rulle, var skipsreder Hilmar Reksten.»

Generalforsamlinga i Aker Norcem vedtok 5. mai å endra konsernet sitt namn til Aker AS. 67 medarbeidarar bestod fagprøven og vart markert ved ein samankomst på Stord Motorhotell 28. juni. Direktør Knut Kristiansen delte ut fagbrev.

Aker Maritime og Kvaerner Oil & Gas fekk kontrakt på å byggja Snorre B-plattforma, med ein kontraktsverdi på 5,5 milliardar kroner. Brennestart på Oseberg Sør. Det 14 500 tonn tunge produksjonsdekket skal leverast til Norsk Hydro i mai 2000. Prosjektleiar er Kolto Pedersen.


Julenøtter

1. Kven er dette?

2. Kor mange lærlingar tok Kværner på Stord inn i år?

12. Kor mange av dei totalt fem stålunderstella på Johan Sverdrup har Kværner fått i oppdrag å levera?

3. Kva tid skal den nye kaien stå ferdig?

7. Kor mange var til stade då Kværner og Equinor inviterte til refleksdagshow framfor kulturhuset? 8. Kor mange tonn strukturar skal løftast om bord Njord i løpet av løftekampanjen? 9. Kva heiter demoleringsselskapet Kværner kjøpte dette året? 10. Kor mange personar er sysselsett på heiltid ved Kværner si demoleringsverksemd? 11. Kor mange nye fagarbeidarar vart markert på Stord hotell i januar?

15. Kva er namnet på HSSE-kampanjen Kværner og Equinor har saman? 16. Kvar arrangerte Velferdsforeininga sjørøvarshow? 17. Kva dato vart Aasta Hansteen døypt i Digernessundet? 18. Kva heiter firmaet som fekk oppdraget med utdjuping av hamneområde og bygging av ny kai? 19. Kva fjell besteig 108 Kværnermedarbeidarar frå Stord, Verdal og Oslo i midten av juni? 20. Kva heiter det nye oljeselskapet som tidlegare konsernsjef Jan Arve Haugan er leiar for?

6. 3 7. Ca 900 8. 6 000 tonn 9. GMC Decom 10. 90

6. Kor mange 50-årsjubilantar hadde Kværner på Stord i år?

14. Kven overtok William Rafdal vervet som formann i Verkstadklubben etter i 1978?

Karl-Petter Løken Om lag 100 2020 Arne Engevik Først og andre

5. Kva plassar tok Kværner i årets sveiseNM?

13. Kva år gjennomførte dåverande Aker Stord ferdigstillinga av Åsgard A?

SYSTEMPOSTEN

1. 2. 3. 4. 5.

4. Kven er prosjektleiar for bygging av tilleggsmodulen til Johan Sverdrup stigerøyrsplattform?

79

11. 45 12. 4 av 5 13. 1998 14. Aksel Kloster 15. Alle skal trygt heim

16. På Arena 17. Kvinnedagen 8. mars 18. Birken & Co 19. Galdhøpiggen 20. Aker Energy


Returadresse: Kværner AS, boks 2000, 5409 Stord

Juletrefest

Torsdag 3. januar kl. 17.00 i Samhald Underhaldning ved Chiclets, kaffi og kaker til dei vaksne, brus og snop til borna. Påmelding ikkje nødvendig.

Velkomen!

Bedriftsorgan for Kværner på Stord | Desember 2018 – 73. årgang

80

Opplag: 3 000 Redaktør: Odd Naustdal Telefon: 905 76 079 E-post: odd.naustdal@kvaerner.com Adresse: Kværner AS, boks 2000, 5409 Stord

SYSTEMPOSTEN

edaksjonen: Elisabeth Sætrevik R Lars Melkevik Sydvest Layout: Trykk: Bodoni


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Eg blir alltid i godt humør av å kome til Stord

46min
pages 48-80

Over 100 nye Kværner-medarbeidarar på Stord

1min
page 40

Noregs største kaiprosjekt er godt i gang

3min
pages 46-47

Ein samansveisa gjeng

2min
pages 36-37

Notisar

1min
page 41

Serverer oppskrifta på suksess

5min
pages 42-44

80 verneombod skal bidra til tryggleik og godt arbeidsmiljø

2min
page 45

Døgnkontinuerleg gjennom heile 2018

1min
page 35

Fra vugge til grav

5min
pages 32-34

Løyndomen ligg i god planlegging

2min
pages 20-21

Johan Castberg gir aktivitet langs store delar av norskekysten

2min
pages 28-29

Skal byggja stor tilleggs-modul til Johan Sverdrup

5min
pages 24-27

Nærmar seg gassproduksjon på Aasta Hansteen

2min
pages 30-31

Meir offshore-arbeid på Johan Sverdrup

1min
pages 22-23

Heimen i havet ferdig bygd

3min
pages 18-19

Ein av dei største leverandørane på Johan Sverdrup-feltet

1min
pages 16-17

Eit unikt prosjekt

1min
page 15
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.