2 minute read

Løyndomen ligg i god planlegging

1

Advertisement

2

3

4

Heile Johan Sverdrupfeltet vil bli styrt frå kontrollrommet ombord i Johan Sverdrup bustadplattforma.

2 232 personar får plass i kantina ombord.

3 Det er laga fleire opphaldsrom ombord på plattforma, kor dei tilsette kan treffast for ein prat etter arbeidsdagen er slutt.

4 Utsnitt frå opphaldsrom ombord. Alle foto: Elisabeth Sætrevik

TEKST ODD NAUSTDAL FOTO BJARTE BJELLAND

Oppkoplingsarbeidet på stigerøyrsplattforma til Johan Sverdrup har gått på skjener, og har sidan dag éin møtt alle prosjektmilepålane. Byggjeleiar Jostein Totland meiner ein stor del av årsaka er god planlegging.

Medan dei fleste plattformene på Johan Sverdrup skal plasserast på stålunderstellet i eit enkelt-løft av det gigantiske Pioneering Spirit-fartøyet, er stigerøyrsplattforma den einaste som blir levert på felt i fleire modular. Det medfører vesentleg meir offshore-arbeid enn på dei andre plattformene.

Formelt er Kværner underleverandør til Aker Solutions, som signerte kontrakten med Statoil

Kværner har saman med Aker Solutions oppdraget med å kopla opp stigerøyrsplattforma, som er den største oppkoplingsjobben på Johan Sverdrup.

i januar 2017. Oppdraget er likevel delt om lag på midten, med like stor omsetnad og like mange personar involvert frå dei to selskapa. Kværner har i tillegg prosjektleiaren, Anton Hove, som har leia det integrerte prosjektteamet med stødig hand.

Grunnlaget for den gode framdrifta og produktiviteten meiner Totland vart lagt allereie i Korea. Der jobba Kværner og Aker Solutions integrert i Equinor sitt site-team, og kunne både involvera seg i og påverka plan- og metodearbeidet.

– I tillegg hadde Aker Solutions gjort ein god engineeringsjobb i utgangspunktet. Der låg det ein metodefilosofi for offshore hook up i botnen, seier Totland.

Dei nytta også pit-stopen i Haugesund godt. På vegen frå Korea til feltet, hadde plattforma eit kort stopp i Haugesund.

– Der lasta hook-up-teamet inn 90 tonn utstyr som stillas, sveisemaskinar, riggarutstyr og alt anna me visste at me hadde behov for i oppstarten, seier Totland.

Og for verkeleg å komma godt i gang når dei kom offshore, mobiliserte dei eit team som jobba integrert med mannskapet på løftefartøyet Thialf, for å førebu plattforma før flotellet med mannskapet kom. – Det gjorde at me kunne frigjera plattforma berre eitt døgn etter at flotellet kom, noko som gav oss ein god tjuvstart på offshorearbeidet, seier byggeleiaren som har vore med i prosjektet heilt sidan tilbodsarbeidet tok til i 2016.

Totland skryt av det gode samarbeidet, både med Aker Solutions men ikkje minst også med kunden Equinor.

– Samarbeidet med Equinor fungerer veldig bra, både på prosjekt- og driftssida. I tillegg samarbeider me godt med Aibel, som har hook-upjobben på boreplattforma, seier Totland.

I skrivande stund er det framleis stor aktivitet offshore, sjølv om nedtrappinga har byrja.

– Mannskapsmessig var me på topp i august, med nærare 1300 personar i offshorerotasjon. Per i dag er det kring 250 personar i havet, og nærmare jul vil talet vera redusert til kring 160–170, som me vil ligga på fram til me startar oppkoblingsarbeidet på bustadplattforma, seier Totland.

På seinsommaren erklærte Equinor ein opsjon i kontrakten for oppkoplingsarbeid av bustadplattforma, som Kværner snart leverer. Planen er å få til ein saumlaus overgang frå den eine plattforma til den andre, med utgangspunkt i det eksisterande prosjektteamet. •

This article is from: