2 minute read
80 verneombod skal bidra til tryggleik og godt arbeidsmiljø
from Systemposten 2018
TEKST ODD NAUSTDAL
Ei stor verksemd som Kværner har eit omfattande verneapparat. Verneombod i region vest vart i juni løna med to av tre av Kværner sine årlege HSSE-prisar.
Advertisement
– Det er stor semje i Kværner om at vernearbeidet er viktig å setja fokus på. Me har kring 80 verneombod i Kværner i region vest, i tillegg kjem verneombod for innleigte, leverandørar og kundar. Dette gir oss ein stor muskel til å driva HSSE-arbeid ute i linja, og kraft til å jobba førebyggande, seier Knut Ove Handeland, som er hovudverneombod i Kværner region vest.
– Samhandlinga mellom linja og verneomboda er det viktig. I 2011 evaluerte Arbeidsmiljøutvalet vernetenesta, noko som medførte enda tydlegare fokus på linja sitt ansvar. Det er eit prinsipp at alle leiarane er tilknytt eit verneombod, seier Handeland.
Då konsernsjef Karl-Petter Løken på eit allmøte i juni delte ut konsernet sine årlege HSSE-prisar, gjekk to av tre til verneombod i Johan Sverdrup bustad- og utstyrsplattform-prosjektet. Prosjektverneombod Joakim Espevik tok imot prisen i gruppekategorien for vernearbeidet sitt bidrag til å nå prosjektet sine HSSE-mål, medan verneombod Ingvill Rasmussen fekk prisen i den individuelle kategorien.
- Det som har fungert hos oss er at prosjektet har vore flinke å involvera oss tidleg. Det har vore eit prosjekt med lite støy, få personalsaker og mykje ro og fred i organisasjonen. Det har vore ein god plass å jobba for alle, seier Espevik.
Verneombod Ingvill Rasmussen fekk HSSEprisen i den individuelle kategorien, noko som vart grunngjeve med framifrå innsats og engasjement.
– Engasjement for operatørane er alfa og omega. Det viktigaste er å møta folk på ein god måte, vera imøtekommande og open. Det handlar om å få folk med seg og ikkje imot seg. Ein kjem ingen veg dersom ein har ein ovanfrå- og ned-haldning. Det er også viktig å vera synleg ute. For meg er det ikkje poeng i å sitta på eit kontor heile dagane, og så ta ein snartur ut for å prakka ting på folk, seier Rasmussen.
Dei fleste verneomboda i Kværner har denne oppgåva i tillegg til den vanlege jobben sin, men i Johan Sverdrup-prosjektet gjorde dei ei endring ved at dei fristilte fleire verneombod enn det som tidlegare har vore vanleg – med gode erfaringar. Både Espevik og Rasmussen har vore dedikert til verneombod-oppgåver på heiltid.
– Erfaring av det å vera fristilt VO har vore veldig positiv. Me vonar me held fram med dette i andre prosjekt, seier Rasmussen. •