3 minute read

Noregs største kaiprosjekt er godt i gang

TEKST LARS MELKEVIK FOTO ANITA MAGNUSSEN

Dei djupe drønna frå sprengingsarbeidet i sjøen har blitt kvardagen på verftet. Arbeidet med storinvesteringa på 370 millionar kroner i nytt kaianlegg og forlenga kranbane for «Storen» er komen godt i gong, og framdrifta er i høve til planane.

Advertisement

Det er store dimensjonar over det nye kaianlegget som skal stå klart til å ta imot Johan Castberg i 2020 når den kjem frå verftet Sembcorp Marine Rigs & Floaters i Singapore. Vassdjupna etter sprengning og mudring vert på 16 meter, noko som opnar for at ein kan ta imot og skipa ut dei fleste typar farty og framtidige flytande olje- og gassinstallasjonar.

Sjølve kaien får ei lengde på 266 meter, samstundes som prosjektet utløyser heile 17 000 kvadratmeter med nytt produksjonsareal. Dette medfører at ein etter utvidinga får to siteområder i staden for berre eit som i dag. – Med to site-områder kan me ta på oss fleire prosjekt samstundes. Det gjev mogelegheiter for nye prosjekt innanfor til dømes vind- og riggvedlikehald, seier verftsdirektør Steinar Røgenes, som peikar på at dersom ein hadde hatt desse fasilitetane på det pågåande Njord prosjektet så ville det ha vore av stor betydning.

Forutan nytt kaianlegg, skal ein samstundes forlengja kranbanen til «Storen» med 100 meter ny skinnegang utover den nye kaia. «Storen» har vist seg som ei særs vellukka investering, og har nærast revolusjonert arbeidet med bygging av modular og plattformar ved verftet.

Med utviding av kai og skinnegang vil krana få ei endå betre utnytting, og saman gjev desse to investeringane betydelege mogleikar når det gjeld trygg og effektiv prosjektgjennomføring.

Kaiprosjektet ved Kværner på Stord er eit omfattande prosjekt som inkluderer ulike typar grunnarbeid både i sjø og på land. Totalt sett skal det sprengjast 120 000 kubikkmeter, mudrast 90 000 kubikkmeter lausmassar samt 10 000 kubikkmeter forureina massar. Det meste av dette er utført i 2018, men sprengings- og mudringsarbeidet fortset vidare inn i 2019 med fokus på mindre generelle justeringar og presisjonssprenging nærare dokkporten.

Forutan sjølve anleggsvirksomheten pågår det samstundes ein omfattande prosjekteringsaktivitet kring detaljdesign av kai og kranspor, samt planlegging av tekniske anlegg i grunnen. Sentrale underleverandørar i dette arbeidet er Ing. Jørgensen AS som prosjekterer sjølve kaien og tekniske anlegg, medan Multiconsult er i full gang med prosjekteringa av kransporet.

Om ein summerer alle som er involvert, så tel prosjektet kring 40–50 personar. I sjølve prosjektadministrasjonen til Kværner er det fem personar, noko som set store krav til fleksibilitet hos den enkelte. Å ha ei multidisiplin tilnærming er dermed både viktig og naudsynt i ei slik kompakt prosjektleiing.

Det vert stilt store krav til fokus på tryggleiken. Målsetjinga er å vere eit referanseprosjekt innan måloppnåing på HSSE for interne prosjekt kor det er nytta store underleverandørar inne på verftet. Vidare vert det nytta same HSSEverkty som i eit vanleg EPC-prosjekt der kor dette er hensiktsmessig.

Kværner sin prosjektleiar for kaiprosjektet, Thomas Dahl, er tydeleg på at alle underleverandørane gjer ein kjempejobb i prosjektet.

– Framdrifta er i høve til plan, og kvaliteten på arbeidet som vert gjort er veldig bra. Det har vore gjort ein strålande innsats i 2018, og det vert både travelt og spanande når prosjektet går inn i nye fasar neste år. Me er trygge på at alt skal vere på plass i god tid før Johan Castberg kjem og skal leggje til den nye kaien vår.

Det er selskapet Birken & Co, ekspertar på kai- og hamneutbygging, som har hovudkontrakten med kaiprosjektet. Dagleg leiar, Per Ivar Birkeland, seier dette er det største kaiprosjektet dei nokon gong har gjort.

– Dette er vårt største prosjekt. Det er veldig sjeldan at det er så store kaiprosjekt i Norge. Me har veldig lang erfaring med kaibygging, og eg har sjølv rundt 150 kaiar på CV-en. Eg er ganske sikker at dette blir Norges største kaiprosjekt dei neste åra.

Selskapet Sjøentreprenøren AS er underleverandør på alt utdjupingsarbeidet i sjø. Dei har på det meste nytta seg av tre farty for mudring, sprenging og dykking, samt to store splittlektarar og tre taubåtar, og har i 2018 stått for det meste av det fysiske arbeidet som er gjort relatert til kaiprosjektet. •

This article is from: