5 minute read

Serverer oppskrifta på suksess

TEKST IVER BUNES

Når Kværner skal starta bygginga av eit nytt storprosjekt, er det ingeniørane i Fabrikasjonsengineering, Metode og Plan sin jobb å bryta kompleksiteten ned i mindre, forståelege jobbpakker for personellet ute i Construction. No er det Johan Castberg som skal gjennom kverna.

Advertisement

«Dess fleire kokkar, dess meir søl» heiter det i eit ordtak, og når Construction gyv laus på nok eit storprosjekt er det definitivt mange kokkar involvert. For at dei skal «søla» minst mogleg, treng dei gode og nøyaktige oppskrifter å jobba etter. Desse oppskriftene får dei servert av ingeniørane i Fabrikasjonsengineering, i form av jobbpakkar. – Jobbpakkane våre inneheld grunnlaget med teikningar og knytingar til materiell som produksjonen treng for å byggja. Hovudoppgåva vår er å levera jobbpakker med god kvalitet, i rett sekvens til rett tid, for å gjera jobben til Construction så enkel som mogleg. Gode jobbpakkar og tilgjengeleg materiell er ein viktig faktor for at prosjekta våre skal gå på skjener, meiner Jan Helland, leiar for Fabrikasjonsengineering i Johan Castberg-prosjektet.

– Det gjeld å vera strukturert og nøyaktig, fortel gruppeleiar for iso, Ingrid Sundal, medan ho gjer ein 3D-modell av eit Johan Castberg-røyr om til byggeteikningar for røyrleggarane i Construction.

– Fabrikasjonsengineering har ansvar for utarbeiding av jobbpakkar til faga struktur, røyr, EIT, mekanisk, HVAC/arkitekt, isolasjon, brannsikring og måling – altså det aller meste som inngår i prosjekta våre. Til Johan Castberg skal me utarbeida jobbpakkar for alt frå prefabrikasjon av enkle komponentar til bygginga av komplette, multidisipline modular, forklarer Helland.

Fabrikasjonen til Johan Castberg skal utførast på Stord og sju andre lokasjonar i Noreg og Polen.

– Me skal tilfredsstilla alle desse produksjonsmiljøa med jobbpakkar som held høg kvalitet og som blir levert i rett tid i høve til sekvensar og planar. Ei krevjande oppgåve, som set store krav til god kommunikasjon internt og eksternt mot byggelokasjonane, konstaterer Helland.

Mykje røyr

For Kværner utgjer røyrarbeid opp mot 50 prosent av Johan Castberg-prosjektet. Dermed vil gruppeleiar Monica Aga Ankervold og teamet hennar av jobbsettarar for røyrdisiplinen få plenty å henga fingrane i.

– Førebels er det stort sett berre gruppeleiarar innan dei ulike disiplinane som er i gang. No i oppstarten handlar det mykje om å førebu og å laga spelereglane for jobbsettinga, inkludert å få innsikt i kva Johan Castberg og kva Kværner skal levera, oppsett av MIPS, bemanningsplanlegging, og ikkje minst tett dialog med metodegruppa som gir oss beskrivingane på korleis dei ulike seksjonane skal byggast og installerast, fortel Ankervold. I oppstarten av jobbsettinga er det også viktig å kommunisera godt med dei ulike produksjonslokasjonane i prosjektet, for å høyra korleis dei helst vil ha jobbpakkane servert.

– Me prøver å imøtekoma ønskja frå kvar lokasjon best mogleg. For om alle gjer jobben sin slik at neste ledd blir fornøgd – går det meste som smurt, reflekterer Ankervold.

Frå éi til 70 sider

– Ein enkelt jobbpakke kan innehalda alt frå éi til 70 sider med informasjon, avhengig av kompleksiteten i arbeidet som skal utførast. I si enklaste form, til dømes til prefabrikasjon av ei enkel røyrlengd, består jobbpakken berre av ein isoteikning med ei beskriving av oppgåva og kort informasjon om kva materialar som skal nyttast, kva tid røyret skal vera ferdig, og eit estimat på kor lang tid dei bør bruka. Til meir komplekse jobbar, til dømes installasjon, blir jobbpakken supplert med alt frå fleire teikningar til oversikts- og detaljillustrasjonar som viser kor på modulen røyret skal installerast, sjekkliste og andre relevante dokument, forklarer Ankervold.

– Kva er det viktigaste å passa på? – At jobbpakken blir sendt til rett lokasjon til rett tid, og at dei som skal produsera har byggemateriala tilgjengelege når dei får pakken oversendt frå oss.

Sjekkar byggevennlegheita

Gruppeleiaren seier jobbsettarane alltid sit med eit kritisk blikk på teikningsunderlaget dei jobbar ut frå. »

– Er det feil og manglar i designet? Kor byggevennleg er det? Då kan me gi innspel til designjusteringar som gjer produksjonen lettare og meir effektiv, forklarer Ankervold.

Sjølv har ho vore i Kværner sidan 1993, og drive med jobbsetting heilt sidan H6-riggane.

– Kjempekjekt, sosialt og lærerikt!

Gruppa hennar vil etter kvart bestå av folk som har bakgrunn både frå ingeniørskule, teknisk fagskule og frå produksjonsmiljøet i Kværner.

– Ein fantastisk miks. Då kan me som «berre» har gått på skule læra frå dei som har handfast erfaring med å bygga og installera røyr og støttestruktur – og omvendt. Resultatet blir vonleg at me leverer endå betre, poengterer ho.

– Hands-on erfaring er god ballast.

Gruppeleiar for røyrsupport, Jan Vedå på nabopulten, er ein av dei som har erfaring som industrirøyrleggar.

– Ei god ballast å ha med seg i denne jobben. Eg har lettare for å sjå utfordringar som ikkje viser på teikningane enn folk som ikkje har jobba i produksjonen. Til dømes oppdagar eg det kjappare dersom røyrleggaren ikkje vil greia å få eit røyr inn i ei planlagd supportramme

Gruppeleiarane Monica Aga Ankervold (røyr) og Jan Vedå (røyrsupport) har alltid eit kritisk blikk på teikningsunderlaget dei jobbar ut frå, for å sikra at designen er byggevenleg.

– Gode jobbpakkar og tilgjengeleg materiell er ein viktig faktor for at prosjekta våre skal gå på skjener, seier Jan Helland, leiar for Fabrikasjonsengineering i Johan Castberg-prosjektet.

med plassen og verktøyet han har tilgjengeleg under installasjonen.

Med frå oppstart til sluttdokumentasjon

Sjølv om jobbsettinga berre så smått har starta opp til Johan Castberg, har førebuingane føregått i eit halvt år.

– I Fabrikasjonsengineering er me involverte frå oppstart til utarbeiding av sluttdokumentasjonen. I tidlegfasen til Johan Castberg har me som nemnt hatt ein sju månaders familiariseringsprosess i Oslo, der me har gått gjennom design- og engineeringgrunnlaget for produksjonsskipet saman med designarane i Aker Solutions og kunden vår Equinor. I denne prosessen har me spelt inn forslag til endringar som vil gjera modulane våre meir byggevenlege for dei ute i produksjonen som faktisk skal setja saman puslespelet. Me har fått gjennomslag for mange av synspunkta våre, og designen til Johan Castberg speglar no Kværner sin byggemetode i stor grad, forklarer Jan Helland.

– Kva er den største utfordringa når storprosjekt som Johan Castberg skal jobbsettast? – Å sørga for at me produserer stort nok volum på jobbpakkane til kvar einskild lokasjon, så dei har ein «bank» å henta arbeidsoppgåver frå. Då flyt produksjonen godt, og me unngår rykk og napp. Har Construction nok material og nok jobbpakkar, er det velstand! rundar Helland av. •

This article is from: