1 minute read
Døgnkontinuerleg gjennom heile 2018
from Systemposten 2018
Platearbeidarane Lars Håvard Eikum og Geir Engum.
TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL
Advertisement
Egil Våge, leiar for prefab stål, fortel om eit hektisk år på prefab-en. – Me har køyrt meir eller mindre døgnkontinuerleg gjennom heile 2018, seier han.
Prefab-en inkluderer stålfaga, overflate, røyr og brenneavdelinga. Hovudaktiviteten dette året har vore kolonnetoppar, dekksboksar og vinsjhus til Njord, i tillegg til diverse prefabrikasjon til Aasta Hansteen og Johan Sverdrup.
– Berre på stål har me vore i snitt rundt 150 personar på jobb på direktefag gjennom heile året. I tillegg kjem service, overflate, røyr og brennehallen, seier Våge.
Prefabrikasjonsverkstaden er viktig for Kværner og verftet på Stord. Det er treningsarenaen for lærlingar og nye fagarbeidarar, og det er garantisten for at store og små leveransar som prosjekta treng kjem raskt og presist.
– Det er viktig med tette band mellom fabrikasjon, installasjon og ferdigstilling. Til dømes shims, hjelpeverktøy og temporært som dukkar opp og som det er vanskeleg å planlegga for – då treng prosjekta ein operativ verkstad som kan levera raskt og presist. Dersom prosjekta skulle gått utanfor området for å få tak i det dei treng til ei kvar tid, så hadde det vore upraktisk og fordyrande, seier Våge.
– I tillegg er det her lærlingane våre får trening. Dei aller fleste førsteårslærlingane på stål, plate, overflate og røyr kjem inn til oss, seier Våge. •