2 minute read
Ein samansveisa gjeng
from Systemposten 2018
TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL
Systemposten blei med arbeidsleiar Jarle Larsen ein tur ut i Plateverkstad 3, og møtte ein ryddig verkstadhall, med stor aktivitet på store og små konstruksjonar.
Advertisement
– Det ser veldig ryddig og skikkeleg ut her. Korleis fungerer HSSE-arbeidet for tida? – Det er stadig terping og fokus, det er det som må til. Sjølv om me aldri kan seia oss tilfreds, så har me fått standarden opp på eit bra nivå no, og folk er nøye med bruk av personleg verneutstyr. Dersom du ser ein som kjem gåande i hallen med jakka open og hakereima slengande, så er det gjerne ein som ikkje høyrer til her, seier Larsen.
Ein av HSSE-utfordringane i hallen er å halda orden på alle kablane dei brukar i tilknyting til sveiseoperasjonane.
– Me har spesielt fokus på kablar. Når du har 17–18 sveisarar på eit område, og kvar av dei har fem slangar så krev det litt å halda orden, seier Larsen.
Rett frå lærling til opplæring
Mellom arbeidarane Systemposten møter er Sondre Slåke, ein ung medarbeidar som fekk fagbrev som platearbeidar i juni i år. Den 20 år gamle kvinnheringen er allereie ein habil fagmann, og har fått i oppgåve å bistå i opplæringsarbeidet. Denne dagen er han, saman med førsteårslærling Jarand Taraldsøy Rafdal og andreårslærling Abdullah Hamaideh, i full sving med å bygga krakkar til malarhallen.
– Sondre er ein av våre dyktige, unge medarbeidarar, og har gått rett frå lærling til opplæring, seier Larsen.
– Det er viktig at dei slepp til og finn løysingar på eiga hand. Eg fekk god opplæring sjølv, og prøver å gjera det like eins her, seier Slåke.
Maskinell sveising
I midtskipet er sveisarane Abdi Karim Warsame og Steven Sacki Kollie i gang med å klargjera bjelkar for maskinsveising. Dei har vore tilsett i Kværner i høvesvis 12 og 11 år.
– Steven er ein av ekspertane våre på maskinsveising, seier Larsen.
– Det går veldig fort med maskinell sveising, og det blir jamn og god kvalitet, seier Kollie.
– Me festar dei først manuelt, og deretter sveisar me med maskina, forklarar Warsame.
Pinleg nøyaktig
Ikkje langt unna er platearbeidarane Lars Håvard Eikeland og Geir Engum i gang med t-profilar til Njord.
– Her må me vera pinleg nøyaktig, så han kjem i vinkel, seier kvinnheringen Eikeland, som har jobba fem og eit halvt år i Kværner. Før det kom han frå Eidsvik skipsbyggeri i Uskedalen.
– Har det vore ekstra travelt for dykk dette året? – Ja, me har merka at det har vore trykk, til tider veldig travelt.
Kollega Engum har vore tilsett i Kværner i fire år, men sogningen har likevel lang fartstid i verksemda som innleigt i fleire periodar, første gong så tidleg som i 1983.
Både Eikeland og Engum trivs i platehallen, og er tilfreds med å ha mange og varierte arbeidsoppgåver.
– Det er eit godt arbeidsmiljø her, både inne på kontora og ute i hallen, seier Larsen.
– Det er høg kompetanse på dei som jobbar her, og det er ein samansveisa gjeng, legg han til. •
Sondre Slåke (t.v.) saman med førsteårslærling Jarand Taraldsøy Rafdal (midten) og andreårslærling Abdullah Hamaideh (t.h.).