46 minute read

Eg blir alltid i godt humør av å kome til Stord

TEKST ODD NAUSTDAL

Karl-Petter Løken er svært opptatt av lagbygging og meiner delegering og involvering er nøkkelen til suksess.

Advertisement

– Det er viktig at alle opplever at dei er del av noko større. Alle er like viktige i Kværner for at selskapet skal lukkast, seier den nye konsernsjefen.

23. februar i år annonserte Kværner at tidlegare konsernsjef Jan Arve Haugan hadde fått nye oppgåver i Aker-konsernet, som leiar for oljeselskapet Aker Energy. Ein knapp månad seinare var etterfølgjaren klar. Karl-Petter Løken kom frå stillinga som leiar for prosjektutvikling i oljeselskapet Lundin, og tok til i den nye jobben i Kværner i byrjinga av mai.

– Kva er inntrykket ditt av Kværner så langt? – Inntrykket er at det er ei veldig solid og veldriven bedrift, kor dei tilsette er stolte av å jobba. Det har vore veldig morosamt å koma inn i Kværner, med mykje nytt å læra. Eg er jo vant til å jobba hardt, og merker at eg får bruk for den motoren no, seier han.

Viktig med industri

Industri har vore ein del av livet til Løken heilt sidan han var gutunge i Sarpsborg.

– Far min jobba på Borregård i Sarpsborg, så eg fekk tidleg eit forhold til kor viktig det er med industri og kva det betyr for eit lokalsamfunn. Ikkje berre arbeidsplassar – det betyr mykje for identitet også. Og som Kværner er Borregård også ei ganske gamal verksemd. Det er verksemder som har klart seg gjennom mange tiår. Det er utruleg viktig å ha levande industri i Norge, seier han.

Kanskje er det difor han kjenner seg heime i industrisamfunnet Stord.

– Eg blir alltid i godt humør av å komma til Stord, av driven, entusiasmen og av å sjå strukturane som veks fram på verftsområdet, seier han.

Til dagleg held Løken til i sjuande etasje på Fornebuporten, kor Kværner si konsernleiing er lokalisert. Han er mellom dei første som kjem om morgonen, og har ofte lange dagar. Han har i fleire intervju uttala at han likar å jobba mykje, og at han er opptatt av struktur både privat og på jobb.

Kværner godt posisjonert

Løken tok over ei verksemd som var i god stand, med sunn økonomi, alle prosjekt på plan, ein ordrereserve på over 11 milliardar kroner og som hadde levert føreseielege økonomiske resultat 25 kvartal på rad.

– Eg kom til eit selskap som over fleire år har godt bra, men det tar eg som ei utfordring. Me må halda fram med å vinna prosjekt. Det er det som er jobben min, at me vinn nye prosjekt og leverer prosjekt som avtalt. Me konkurrerer

i meisterligaen, som betyr at me heile tida må forbetra oss. Og då er me avhengige av engasjement i heile verksemda, at kvar enkelt av oss har eit brennande ønskje om å bli betre på det me driv med.

– Korleis er utsiktene framover? – Det er ikkje så mange store prosjekt på norsk sektor dei nærmaste åra, så det er viktig at me vinn vår del av det som kjem. Eg opplever at me er godt posisjonert. Me leverer på prosjekta, og har gjort investeringar i anlegga våre, seier han.

– Når det gjeld strategien vår, så vil olje og gass utgjera ein stor del av Kværner sin aktivitet framover, det er heilt sikkert. Men me har ambisjonar om å bygga på litt innanfor vekstsegmenta. I år vil me ha ein omsetnad på rundt 700 millionar kroner på dette området, men me har ambisjonar om å veksa, til dømes innan vind, seier han.

Gradvis satsing på nye marknader

– Korleis skal de gjera det? – Me har tenkt å ta det gradvis, og bygga vidare på det me allereie er gode på. Dersom me til dømes ser på vind, så er me gode på understell, anten det er stålunderstell eller betong. Og omformarplattformer som dei brukar i tilknyting til offshore vindmøller liknar veldig på det me allereie leverer.

– Eit anna område er prosessindustrien, som også vil vera eit nytt område for oss. Tilnærminga vår til korleis me har gjort store onshore modifikasjonsprosjekt med modularisering trur me kan vera eit fortrinn innanfor tradisjonell prosessindustri. Men heller ikkje her kjem me til å forhasta oss og ta unødig risiko, me kjem til å ta det gradvis.

– Korleis blir den internasjonale satsinga framover? – Me jobbar for å vinna prosjekt internasjonalt. Der har me også tenkt at det faktisk er leve-

Karl-Petter Løken, ny konsernsjef i Kværner. Foto: Kværner

ransar som delvis kan gjerast frå Noreg, innan dei same segmenta som i Noreg. Det er ikkje noko tvil om at gjennomføringsmodellen vår er attraktiv for kundar også utanfor Noreg.

– Kva utfordringar står Kværner ovanfor? – Me har ei utfordring på HSSE, det er det berre til å innsjå. Det har sikkert dei fleste fått med seg gjennom allmøta, om dei uønskte hendingane me har hatt det siste året og vel så det. Det er avgjerande at me får kvar og ein til å engasjera seg i HSSE-arbeidet, slik at alle kjenner eigarskap til det og at det er ein 24/7-sak – ikkje noko ein legg frå seg når ein går frå jobb. Alle er jo opptatt av at alle skal komme heilskinna heim. Me må alle saman jobba hardt med å unngå at skadar og ulukker.

I dag er me ikkje der at me kan samanlikna oss med dei beste. Me er i verdsklasse på mykje, men ikkje på HSSE. »

Godt kjent på Stord

Løken er godt kjent på Stord. Som teknisk leiar i Edvard Grieg-prosjektet, var han mykje på verftet, og kjenner mange Kværner-medarbeidarar frå den perioden. Og han har vore tilbake på verftet mange gongar etter at han tok over som konsernsjef i Kværner.

– Eg har aldri vore så stolt som då me saman klarte å levera Edvard Grieg. Det var eit spennande og kjekt prosjekt å vera med på.

Sivilingeniøren er svært opptatt av næringa sitt omdømme og tilveksten av nye, unge medarbeidarar. På ein av dei første Stord-turane etter han var blitt konsernsjef, besøkte han Stord vidaregåande skule, saman med Steinar Røgenes og Equinor sin sjef for prosjektutvikling Torger Rød. Bakgrunnen var ei undersøking elevane hadde gjennomført som viste at svært få på studieførebuande line såg for seg ei framtid i olje- og gassindustrien.

– Eg vart overraska over at ungdommen visste så lite om kva som rører seg på verftet. Samtidig er det ei påminning om at me må bli meir utåtvende, me må møta ungdommen på ungdommen sine premissar, seier han.

Løken trur mange ikkje heilt forstår kva som er forskjellen på Kværner og oljeselskapa.

– Det er ikkje direkte petroleumsfag me treng. Dei som tek slike spesialiserte utdanningar jobbar stort sett i oljeselskapa. Det me treng er fagkompetanse og ingeniørar. Me byggjer ting, og eg trur mange vil finna det både spennande og givande å vera del av eit selskap som byggjer store, viktige konstruksjonar, anten det no er til olje- og gassnæringa eller i framtida innanfor grøn energi, seier Løken.

Opptatt av lagbygging

Utanfor industrien er Karl-Petter Løken mest kjent som fotballspelar og ekspertkommentator for NRK. Han har sju seriemeisterskap for Rosenborg og 36 landskampar for Noreg. Som fotballspelar var han allsidig, og har både vore toppscorar i eliteserien og høgreback for landslaget. Som kommentator var han analytisk, kunnskapsrik og sakleg. Desse eigenskapane har han med seg inn i leiarrolla i Kværner. Men dei kanskje aller viktigaste stikkorda i leiarfilosofien hans er lagbygging, involvering og delegering.

– Det å byggja lag er ein kontinuerleg prosess. Viss du blir tilfreds, så er du ferdig. Ein kjem aldri i mål med å byggja gode lag, gode relasjonar og god kultur. Det er alltid noko som kan gjerast betre. Det er berre å sjå på fotballag korleis dei utviklar seg over tid, seier Løken.

Alle er like viktige

– Korleis får ein eit lag til å fungera godt? – Det er viktig at alle opplever at dei er del av noko større. Alle er like viktige i Kværner for at selskapet skal lukkast. Den lagkjensla vonar eg at alle i Kværner har, og at dei er klar over kva det dei er med på betyr for Noreg som nasjon. Det er all mogleg grunn til å vera stolt av det ein gjer, berre ikkje så stolt at ein blir mett og tilfreds. Ein må vera svolten og framoverlent for å finna dei gode løysingane som kan leggja grunnlaget for at me vinn nye jobbar. Det er ein organisasjon som gjer dette, ikkje enkeltpersonar.

– Som Liverpool-supporter er det kanskje noko å læra av Jürgen Klopp? – Absolutt! Den gnisten, den offensive tankegangen… Det har det skjedd mykje under Klopp. Det er som ein gjeng svoltne ulvar når dei mister ballen. Du blir glad av det, og det er slik eg vonar det er i Kværner også. •

På toppen av pallen i yrkes-NM

F. v.: Opplæringsleiar Leif Ottar Heimro, lærling Camilla Espeland, instruktur Freddy Sporsheim, Oskar Bø Hallaråker, instruktur Ansgar Helland, arbeidsleiar Tore Edmund Landa og leiar prefab. røyr Tommy Holm.

TEKST ELISABETH SÆTREVIK FOTO ODD NAUSTDAL

Yrkes-NM gjekk i år av stabelen på Hellerudsletta den 23.–25. oktober. Kværner stilte med totalt fire kandidatar.

Grete Kristiansen (Verdal) konkurrerte i industrimekaniker-faget, medan Magnhild Vanebo (Verdal), Oskar Bø Halleråker (Stord) og Kamilla Espeland (Stord) konkurrerte i sveisefaget.

Kværner endte på toppen av pallen, Magnhild Vanebo frå Verdal med gullmedalje og Oskar Bø Hallaråker frå Stord med sølvmedalje.

Fredag 2. november var det Oskar Bø Hallaråker sin tur til å bli heidra av Kværner for innsatsen i årets sveise-NM. I kursrommet på opplæringsavdelinga vanka det kake, blomar og gode ord frå leiarar og kollegaer. – Sveisekonkurransane bidrar til å gjera det meir attraktivt å jobba i industrien. Me har ein fantastisk spisskompetanse i verksemda på sveis, og den må me framsnakka, sa ressurseigar for operatørane på Stord Øyvind Epland.

Då Epland poengterte at fagarbeidarane i industrien har all grunn til å vera stolte av det dei gjer, repliserte Bø kjapt at han i høgste grad er kry av å vera sveisar.

Tidlegare i haust vart det arrangert Europamesterskap i yrkesfag i Budapest. Jon Arne Hjelmstadbakk frå Kværner sitt verft i Verdal, sveiste seg til ein sølv-plass! •

Jenta på plakaten

Over 40 stader på verftet står Amalie i heilfigur og minner deg på å ha på korrekt verneutstyr. Systemposten stilte nokre spørsmål til Amalie, for å bli betre kjend med personen bak plakaten.

TEKST ELISABETH SÆTREVIK FOTO ØYVIND SÆTRE

Namn: Amalie Sørfonn Tysnes

Alder: 19 år

Frå: Oppvaksen på Tysnes. Bur for tida i Sveio.

Sivilstand: Kjærast med Alf Inge Stue (sveiselærling Equinor).

Jobb: Lærling i Kværner, i kran- og løfteoperasjonsfaget.

Positivt med Kværner: Får vera med på mykje forskjellig. Varierte oppgåver. Kjekt å være med å byggje noko, sjå resultat av det ein har jobba lenge med.

Fritidsinteresser: Gå på fjellturar, alltid på jakt etter ein ny topp å bestige.

Forbilde: Pappa. Å bli lik som han, og kanskje å kunne like mykje som han. Han er alltid hjelpsam, snill og god.

Om 10 år: Fleire fagbrev, ferdig med utdanning, og har ein spennande jobb som eg trivs i. Kanskje barn? Har hus og heim på Tysnes. Har familie og venner rundt meg.

Drøymer om: Å reisa, oppdaga nye stadar og nye land. •

Chartra helikopter for å få elektrikar til Aasta Hansteen

TEKST ODD NAUSTDAL

Det færøyske selskapet PAM Offshore har i mange år vore ein verdifull samarbeidspartnar som har levert dyktige elektrikarar til ei rekkje av Kværner sine prosjekt. Denne sommaren strekte dei seg lenger enn nokon gong for å imøtekomma Kværner sine behov for mannskap.

Det er ressursavdelinga på Stord som har ansvar for å skaffa konsulentar og innleigt personell til dei ulike prosjekta.

Så langt i år har 5500 personar vore gjennom ankomstprosessen på verftet, som inkluderer registrering, HSSE-kurs, prosjektfamiliarisering og site-testing. I tillegg kjem alle dei ressursavdelinga handterar som ikkje skal innom verftet, men som reiser direkte til andre prosjektlokasjonar.

Øyvind Nyhammer er leiar for ressursavdelinga. Saman med 13 kollegaer er oppgåva hans å heile tida syta for at prosjekta har ressursane dei treng.

– Då seier det seg sjølv at me er avhengige av gode samarbeidspartnarar, som me kan lita på og som yter den servicen me treng, seier Nyhammer.

Ein av Kværner sine gode ressursleverandørar er det færøyske elektrofirmaet PAM Offshore. Ved offshore-oppstart på Aasta Hansteen i sommar bestilte Kværner to elektrikarar frå dei. Det var lenge uklart kva tid dei skulle om bord, og frå kva for ein helikopterbase.

Då dette blei avklart, var det ikkje tid nok for den eine elektrikaren, som bur på Syderøy to timar frå Torshavn, å rekka flyet frå Torshavn og innanlandsfly vidare i Noreg tidsnok til helikopteravgang i Brønnøysund. På toppen av det heile var han aleine heime med minstebarnet, medan kona var i Danmark.

Løysinga blei at svigerfaren tok fri frå jobb for å passe barnebarnet, medan PAM Offshore rekvirerte helikopter til han frå Syderøy. Arbeidskameraten stod klar med bilen, og flyselskapet var kontakta på førehand slik at innsjekkinga skulle gå raskt. Dei kom seg begge om bord i flyet til Noreg, og vidare til heliporten i Brønnøysund slik at dei kunne mobilisera på Aasta Hansteen til ønska tid. •

Vaktarane av den gode sveisen

TEKST OG FOTO IVER BUNES

Det er ikkje få meter med sveis på eit typisk Kværner-prosjekt. At sveisinga blir utført på den rette og smarte måten, er det ingeniørane og teknikarane på sveiseteknisk som passar på.

For at prosjekta våre skal lukkast, må all sveising halda høg kvalitet frå start til mål. I fjerde etasje i Driftsbygget sit premissleverandørane og vaktarane av den gode sveisen, i form av dei 12 sveiseingeniørane, inspektørane og sveiseteknikarane i avdeling for produksjonsteknisk og kvalitetskontroll.

Avdelingsleiar Marie Tveit Vestbøstad, stikk hovudet innom døra til den humørfylte trioen.

– For Kværner er det heilt klart kjempeviktig at me har eit så sterkt fagmiljø på sveis som me har her på Stord. Dei bidrar både med verdifullt grunnlag og støtte til arbeidet me gjer i Construction, samtidig som dei utøver den svært viktige kontrollfunksjonen for sveisekvaliteten vår undervegs i produksjonen, supplerer Vestbøstad, som er leiar for produksjonsteknisk og kvalitetskontroll.

Sveiseingeniør Frode Bunes har hovudet i den viktige tidlegfasen av eit prosjekt, og held på med utarbeidinga av nye sveiseprosedyrar til Johan Castberg.

– Produksjonsfartøyet skal operera i Barentshavet, endå lengre nord enn Goliat. For at skipet skal vera budd på dette ekstremt tøffe miljøet, krev både NORSOK-reglementet og kunden at sveisane våre skal halda i femti kuldegrader. Normalt er kravet 40 kuldegrader, fortel Bunes.

Han er godt i gang kvalifiseringa av dei nye prosedyrane, og har grubla fram fleire nye metodar for å sveisa for minus 50.

Kunnskap og kreativitet

– Det er jo alltid spennande å sjå om me har lukkast. Er testresultata gode nok, kan me bruka prosedyren på Castberg, fortel Bunes – som reknar med at han og kollegaene fort endar opp med 8–10 heilt nye prosedyrar for sveisinga på neste storprosjekt.

– Å kvalifisera nye prosedyrar inneber mykje skjemautfylling, som ikkje akkurat er det mest spennande. Men den kreative delen av prosedyrearbeidet, der du får brukt kunnskapen og erfaringa til å løysa nye utfordringar, veg opp for rutinearbeidet. Då må me verkeleg dykka ned i materien, stilla spørsmål, og sjå kva me har gjort før. Det går ikkje an å gå på Youtube og finna nye oppskrifter for dei jobbane Kværnersveisarane skal utføra, konstaterer ingeniøren, som har fartstid i Kværner sidan 1983.

Bunes og Myrhaug poengterer at utviklinga av nye sveiseprosedyrar også er eit viktig element i den konstante jakta på smartare og betre

Andrzej Lukasik frå SEC utfører den første fysiske testen av ein ny sveiseprosedyre utvikla for Johan Castberg.

sveisetekniske løysingar som gir endå betre arbeidsflyt, økonomi og konkurransekraft.

– Parkerer me på dette feltet, er me ute av bransjen før me får snudd oss, minner Myrhaug om.

– Historikken er viktig, men han er til lita nytte utan nokon som kan navigera i han. Og til det har me jo Terje, ler Myrhaug.

– Ja, eg er jo sjuande far i huset. Har jo jobba her heilt sidan den gong me skulle få stål til å flyta, og sette i gang med å bygga båtar, kontrar ein glisande Terje. O. Bruket borte ved nabopulten.

Detektivjakt etter gamle trådrestar

Veteranen har 40 års fartstid på Kjøtteinen, både som platearbeidar, sveisar og sveiseingeniør.

– No er eg dedikert sveiseingeniør på Njord. Det betyr at eg skal sørga for at produksjonen har det dei skal av sveisetekniske prosedyrar, samt at eg assisterer når det dukkar opp utfordringar. Njord er jo ein gammal installasjon, og det dukkar heile tida opp problemstillingar me må takla på strak arm undervegs i oppgraderinga. Ei spennande oppgåve, der du må vri dei små grå for å finna løysingar som er i tråd me dagens krav, fortel Bruket. »

“– Parkerer me på dette feltet, er me ute av bransjen før me får snudd oss. HANS-INGE MYRHAUG Inspeksjon og dokumentasjon du skal også fungera som rettleiar og rådgjevar Hans-Inge Myrhaug er ingeniør med ansvar for for dei som treng det. No er det veldig mykje sveisedokumentasjon, og er den som legg siste flinke fagfolk i Kværner, men kunnskapane hand på verket. Då Systemposten er på visitt kan variera. Me har trass alt også med oss alt held han på med å samla sluttdokumentasjonen frå ferske lærlingar til folk som kan ha fått for sveisinga som er utført på Johan Sverdrup. opplæringa si i ein annan kultur enn den me – Nett no har eg 210 000 sveisejobbar i lista mi, minner inspektøren om. det er berre sveisinga me har utført på struktur. Hadde eg skrive ut heile sveisedokumenta- Latteren sit laust inne på kontoret, slik han brusjonen slik me gjorde i gamle dagar, snakkar kar å gjera. Bruket, Bunes og Myrhaug er samde me fort 30 000 A4-sider i eit heilt prosjekt, om at dei har ein kjekk og engasjerande jobb. forklarer han. utan varsel dukkar opp ute blant sveisarane for å sjekka at prosedyrar blir følgde og at sveisen oppfyller kvalitetskrava. Slike kontrollar blir gjort både på Stord og ute hos underleverandørar i inn- og utland. – Men som inspektør skal du ikkje berre har i Kværner. Då er rettleiarfunksjonen viktig, – Vi har det veldig bra, skal faen ikkje klage! – Kor viktig er dokumentasjonsbiten i eit pro- Det seier jo litt at me tre som sit her har 30–40 sjekt? år bak oss i Kværner. Folka og arbeidsmiljøet – Viktig? Du har ikkje eit produkt utan at du kan er saltande bra. Det er lett å snakka med kven dokumentere det. Dokumentasjon er alt! som helst og å få støtte og hjelp undervegs. Slik Innimellom dokumentasjonsjobbinga, har Myr- fjøla i Kværner: Folk trivest i jobbane sine. Og haug også ein annan viktig funksjon i teamet. det synest. Me leverer jo varene så det held! Han er ein av dei fem sveiseinspektørane som oppsummerer Myrhaug. •

har eg eigentleg inntrykk av at det er over heile dokumentera kvalitet,

– For Kværner er det heilt klart kjempeviktig at me har eit sterkt så sterkt fagmiljø på sveis som det me har i gjengen på sveiseteknisk, rosar Marie Tveit Vestbøstad, leiar for produksjonsteknisk og kvalitetskontroll, her saman med Hans-Inge Myrhaug, Frode Bunes og Terje O. Bruket (t.h).

– Null skadar er mogleg

TEKST ODD NAUSTDAL

– Mange trur at null skadar er umogleg. Men dersom me greier det éin dag, og den neste, og dagen etter det – kvifor ikkje då alle dagar, spør HSSE-leiar Torstein Leth.

– Det blir jobba godt i prosjekta på HSSE, men me har for mange skadar. Heldigvis er det aller meste av ein mindre alvorleg karakter. Men me er nøydde til å gjera noko med det. Slik situasjonen er i dag, når me verken våre eigne eller kunden sine mål, og me lever ikkje opp til løftet vårt om at alle skal komma trygt heim kvar dag, seier Leth.

Han viser til «Goal zero»-kalenderen, som alle prosjekta har.

– Kalenderen viser enormt mange grøne dagar, altså dagar utan skadar. Dersom me greier det 30 av 31 dagar, kvifor skal me ikkje då også få det til den siste dagen i månaden, spør han retorisk.

Digitalisering

Leth fortel at det er gjennomført nokre forbetringar også på HSSE-område. Mellom anna har Synergi-appen gjort det enklare å rapportera positive og negative HSSE- og kvalitetsobservasjonar.

Alle skal trygt hjem!

Wszyscy muszą bezpiecznie wrócić do domu!

“I AM SAFETY” – Appen har gjort det enklare for folk å rapportera, og det forenklar den totale prosessen. Dersom ein legg inn i appen, så kan ein følgja med på sakens gang vidare, i motsetnad til når ein skriv ein RUH-lapp, seier Leth.

I tillegg er det i ferd med å bli etablert eit digitalt arbeidsløyve (AT)-system.

Leiarane meir ute

Eit anna tiltak Leth vil framheva er synleg leiing.

– Synleg leiing er viktig i HSSE-arbeidet. Det har i haust blitt gjennomført ei rekkje dialogmøter med leiinga og ulike delar av verksemda. Me jobbar systematisk med å leggje til rette for at leiarane kan vera meir ute. Det er viktig for å få direkte tilbakemeldingar og for å ta større eigarskap til aktivitetane ute i produksjonen.

Miljøverftet

HSSE handlar ikkje berre om tryggleik. Ein viktig del av arbeidet er miljø.

Eg trur me må bli flinkare til å fokusera på det og framsnakka det gode arbeidet som vert gjort på dette området. Det blir til dømes gjort ei rekkje investeringar i anlegget for å redusere klimaavtrykket til verftet. I kaiprosjektet blir det gjort ein enorm jobb med å rydda opp i gamle synder på sjøbotnen. Og demoleringsanlegget vårt er jo eit einaste stort miljøtiltak – ved at me bidrar til å rydda opp i Nordsjøen og resirkulerer så mykje som 98 prosent av strukturane me tek imot, seier Leth. •

Byggjer slagkraft gjennom null punch

TEKST IVER BUNES FOTO LARS MELKEVIK

QS Manager Odd Ingvar Ur kvir seg ikkje for å ta på seg stadig større ansvar og leiaroppgåver, og blir sett på som ein «coming man» i Kværner.

Han kunne blitt bonde, Odd Ingvar Ur. Oppvaksen på ein av dei største gardane i Tysvær, med moglegheit til å ta over drifta, kunne kvardagen hans no ha handla om kyr, fjøsstell og traktorkøyring.

– Det var kjekt å jobba på garden «hima», men eg visste tidleg at eg ikkje skulle ha det som fast jobb. Eg ville heller ta høgare utdanning, noko foreldra mine både rådde meg til og pressa på for at eg skulle gjera, fortel QS-manageren på Njord-prosjektet med sin lett avslipte tysværdialekt.

Som disiplinleiar for kvalitetsovervaking (QS) har sivilingeniøren ansvar for å sikra at alt utstyr som blir levert til Njord oppfyller spesifikasjonane til punkt og prikke – og kjem til Stord heilt utan feil og manglar. Altså med «null punch», for å bruka stammespråket.

– Null punch-filosofien er i høgste grad med på å sikra økonomien og tidsplanen i prosjekta våre, og styrkar dermed konkurransekrafta vår som norsk offshoreverft. Me har gjort estimat som viser at kvar einaste feil eller mangel på utstyr som blir levert til Kværner i snitt kostar oss 15 000 kroner, seier Ur.

Får skryt for null punch

Dagens QS-organisasjon er relativt fersk. Han blei oppretta i forkant av Johan Sverdrupprosjektet, og Ur var sjølv med på å skriva prosedyrane som ligg i botn for den «nye» QS-innsatsen.

– Me har gjennom åra fått levert ein del utstyr med mykje punch, og måtte derfor tenka nytt. Filosofien no er at dersom me brukar personell i kvalitetsoppfølginga som har erfaring frå oppfølging i MC-, commissioning- og driftsfase, folk som veit korleis utstyr skal sjå ut og fungera når det er ferdig, så blir kvaliteten på leveransane høgare, forklarer han. Den nye måten å jobba på har gitt effekt. Kværner har spart store summar på å sleppa ein masse ekstraarbeid, og disiplinleiaren sjølv får mykje skryt for feilfrie utstyrsleveransar.

– Eg får gode tilbakemeldingar ja, og det er jo alltid kjekt. Men det må seiast at QS-folka eg har hatt med meg på Johan Sverdrup og no på Njord utgjer ein veldig erfaren gjeng som skal ha mesteparten av æra. Dei har gjort ein kjempejobb!

– Kjekt å bidra til ein suksess

Sjølv stortrivst han i jobben. – Med mange utstyrspakkar i omløp, er QS ei avdeling med fart og moment. Det passar meg godt. I tillegg har det vore både tilfredsstillande og kjekt å bidra til å forma og bygga opp ein ny funksjon for Kværner – ein funksjon som attpåtil har vist seg å vera ein suksess.

I oppveksten hadde Ur to kilometer til næraste nabogut. Han var derfor kjapp med å ta moped- og billappen. For at sonen lettare skulle koma seg til skule, fotballtrening og kompisar, kjøpte faren både moped og bil til han – begge to skikkelege vrak. Det blei opp til Odd Ingvar å setta dei i køyrbar stand. Her oppstod mekkeinteressa som seinare fekk han til å søka ingeniørutdanninga i mekanikk. Og det var ikkje ein reint lite stolt tenåring som sprang opp låvebrua for å fortelja faren at han hadde kome inn på sivilingeniørstudiet på NTNU i Trondheim – der det venta fem år med så å seia rein matematikk.

– Det viktigaste eg har med meg frå studiane er evna til å kunna handtera masse informasjon og takla mange parallelle arbeidsoppgåver. Resten brukar eg lite i det daglege. Eg skreiv til dømes hovudoppgåve om kompressorar, men det gjekk heile åtte år før eg faktisk jobba med slike, ler QS-manageren.

Landa trygt med begge beina på månen

Han fekk sin første jobb i Kværner som innleigd konsulent på Snøhvit-prosjektet i 2004. Då tok »

han med seg kjærasten Cecilie Dreyer Pettersen og flytta til Stord, og i 2005 fekk han fast jobb på verftet. (Det same gjorde Cecilie to år seinare) Sidan har 42-åringen hatt stadig skiftande roller i ulike prosjekt – både på Kjøtteinen og rundt om i landet. I eitt av prosjekta landa han til og med trygt på månen.

– Hehe. Eg var involvert i månelandinga til Jens Stoltenberg ja, då me bygde karbonfangstsenteret TCM på Mongstad. Eit veldig kjekt prosjekt, der eg hadde ulike jobbar innan oppstart og ferdigstilling før eg mot slutten av prosjektet fekk overordna ansvar som commissioning manager. For Kværner var TCM eit lite prosjekt, men det var knytt både stor prestisje og politisk fokus til det. Derfor var det veldig kjekt å levera eit bra resultat.

– Var det eit tøft ansvar for ein 36-åring? – Både òg. Som commissioning manager har du jo overordna ansvar for at heile leveransen vår startar opp og fungerer som eit heilskapleg system. Samtidig hadde eg også der eit fantastisk team i ryggen. Nettopp det føler eg er gjennomgåande bra i Kværner: Du har alltid masse dyktige og rutinerte folk å spela på.

– Av kollegaer blir du skildra som ein som aktivt søker og tar nye utfordringar... – Jo, eg gjer for så vidt det. Njord er vel eigentleg første prosjektet der eg har same stillinga to prosjekt på rad. At eg har ønskt og fått lov til å prøva meg i stadig nye roller gjennom åra har først og fremst vore motivert av eit søk etter endring. Eg likar endringar. Samtidig synest eg det er kjekt å prøva å påverka prosjekta og verksemda vår til det betre. Og dess høgare opp i organisasjonen eg kjem, dess større meiningsrom og påverknadskraft får eg. Siktemålet litt fram i tid er ei stilling som completion-leiar, konstaterer den målbevisste sivilingeniøren, som både har sertifisert seg som prosjektleiar og er i gang med andre bolk av leiarutviklingsprogrammet til Kværner.

Det eine året som blei til 14

Då han og Cecilie flytta til Stord, var planen å bli på øya i maksimalt eitt år. Sidan har dei gifta seg og slått skikkeleg rot i totalrenovert hus på toppen av Leirvik sentrum, saman med sonen på 10 og dottera på 8.

– Med to barn som er aktive på fleire frontar, har eg til no brukt mykje tid i transporten. No har den logistikken roa seg litt, og eg har meir tid til andre ting. Eg likar til dømes veldig godt å jobba i hagen, og smakar gjerne på god vin saman med vener i vinklubben me er blitt med i. Ikkje at eg har så veldig peiling, for eg kan like gjerne kjenna hint av bark som hint av plenklyppar, humrar Ur.

Han trivst også veldig godt ute i naturen, anten han kryssar Stord frå nord til sør eller er med familien på tur i regi av Barnas Turlag – der han sit som leiar. Med dette vervet går også litt av fritida med til å organisera turar for dei yngste eit par gonger i månaden, i tillegg til dei større, nasjonale «Kom deg ut»-arrangementa som fort samlar 1 000 deltakarar. I retur for turlagsarbeidet får han ikkje berre gleda av å la mange barn dela flotte naturopplevingar, han får også ein liten «bonus» i form av å kunna fritta ut eldre, innfødde turlagsmedlemer om dei ukjente perlene i Stord-fjellet.

Når tida og sesongen tillèt, dreg Ur gjerne ut på det han omtaler som «væpna fottur». Eller jakt om du vil. Då er det som regel ryper han speidar etter.

– Det er jo ei spenning i det å jakta, men det gjer ingenting om eg kjem heim utan byte. Berre det å få gå i flott fjellterreng gir meg mykje. Dei siste åra har eg dessutan jakta i terreng der me hadde sauer på fjellbeite i barndommen, slik at jaktturane også blir lett krydra med litt nostalgi, fortel Ur – før Njord kallar og han må attende på kontoret. •

F.v.: Ingvill Rasmussen, Joakim Espevik, Jarle Henriksrud, Steinar Røgenes, Rune Slettemark, Elly Bjerknes, Roar Olsnes, Karl-Petter Løken og Vidar Aarre. Foto: Odd Naustdal

Prisar til Njord og Johan Sverdrup

HSSE- og kvalitetsprisane for 2017 blei delt ut av konsernsjef Karl-Petter Løken under eit allmøte på Stord i juni. Alle seks prisane blei vunne av Njord-prosjektet og Johan Sverdrup ULQ-prosjektet.

INDIVIDUELL KATEGORI, KVALITET Servicekoordinator Roar Olsnes, for eksemplarisk oppfølging av underleverandør.

GRUPPEKATEGORI, KVALITET Sveisegruppa i Njord A-prosjektet, for bruk av sveisetraktor som har medført færre timar og færre feil.

PROSJEKTKATEGORI, KVALITET Johan Sverdrup for oppfølging av underleverandørar i Polen.

INDIVIDUELL KATEGORI, HSSE Verneombod Ingvill Rasmussen for framifrå innsats og engasjement som verneombod i Johan Sverdrup ULQ-prosjektet.

GRUPPEKATEGORI, HSSE Verneombod-arbeidet i Johan Sverdrup ULQ-prosjektet og bidraget til HSSE-resultata i prosjektet.

PROSJEKTKATEGORI, HSSE Njord A for gode HSSE-resultat i den ekstremt krevjande tørrdokk-fasen i prosjektet.

Skiftleiar Kåre Hauan er ein allsidig mann som trør til der det trengs.

Den ryddige Reodoren

TEKST IVER BUNES FOTO LARS MELKEVIK

Kåre Hauan imponerte ikkje kona nemneverdig då han titulerte seg «Smarte Kåre» og deretter feila fullstendig i forsøket på å reparera foodprosessoren med strips. Då vankar det langt meir skryt for dei kreative løysingane skiftleiaren klekkjer ut for å rydda opp og gjera Njord endå tryggare.

Som manager på struktur og ein av skiftleiarane for stålarbeidet på Njord denne hausten, handlar arbeidsdagen til Kåre Hauan i stor grad om å leggja til rette og følgja opp arbeidet til eit team med polske stålarbeidarar og formennene deira.

– Eg hjelper dei med å få ting til å gli. Sørgjer for at dei får det dei treng av kranar, stillas og andre tenester – slik at dei kan jobba effektivt. I tillegg følgjer eg opp arbeidet dei gjer: At dei utfører dei rette jobbane, ikkje har for mykje folk på kvar oppgåve, følgjer arbeidstida, slike ting, forklarer Hauan.

Først ut med plastsortering

Om han er dyktig som skiftleiar, er det kanskje innsatsen han legg ned i ledige stunder som har vekt størst merksemd og høgast applaus på og rundt Njord i seinare tid. Blant kollegaene er Hauan nemleg kjent som ein altmoglegmann som trør til der han ser det trengst, og i Njord-prosjektet har desse eigenskapane – kombinert med ein god dose kreativitet – resultert i fleire konkrete nyskapingar.

– Eg såg at me hadde ei utfordring med orden og ryddigheit om bord på plattforma. Me mangla eit godt system som enkelt la til rette for å rydda, kjeldesortera og halda orden. Det trigga meg til koma opp med nye løysingar, fortel 56-åringen.

Og løysingar blei det: 10 miljøstasjonar for kjeldesortering av oljeavfall, sprayboksar, restavfall og plast, 20 fargekoda «Kåre-korger» for oppbevaring av ulike typar slangar, og ikkje minst 40 fargekoda bostobbar med spesiallaga føter – for enklare og tryggare kjeldesortering og tømming.

– Njord er faktisk det første Kværner-prosjektet her på Stord der me kjeldesorterer plast. Eg meiner det er viktig å visa at me tek plastproblematikken på alvor me òg, gjennom å bidra til auka gjenvinning. Kværner ligg dessutan heilt i sjøkanten. Om me ikkje har gode innsamlingsrutinar for plasten, kan han lett blåsa på fjorden. Plast i havet er eit miljøproblem, og er det til dømes snakk om ei stor presenning som fyk av garde – kan ho også skapa store problem om ho viklar seg i propellen på ein forbipasserande båt, poengterer Hauan, som eigenhendig bygde prototypen til miljøstasjonane av fjøler og søppelspann.

– Så du er miljøengasjert? – Nja… Men eg har jo fått barnebarn, så litt må eg jo gjera for å redda planeten, svarer skiftleiaren med glimt i auga.

– Gøy når eg kan forbetra noko

Han minner om at god orden ikkje berre hjelper på arbeidsflyten. Det bidrar også til betre HMS, og nettopp helse og sikkerheit var inspirasjonen til hans fjerde «verk» til Njord: Eit spesiallaga knivarrangement til å kutta hol i storsekker med sandblåsesand.

– Ved påfylling av Big Blast-apparata blir dei 12–1300 kilo tunge sekkene heiste opp med kran. Tidlegare måtte ein operatør oppunder sekken med ein neve og lausna eit tau når sanden skulle sleppast ut. Kranførarane likte dårleg at folk skulle ha hendene under lasta dei heldt oppe, og ein av dei føreslo ei løysing med knivar som står montert over sandblåseapparatet. Eg bygde eit slikt arrangement, og no kan kranførarane senka storsekken ned på knivane slik at sanden renn ut. Dermed unngår me ein potensielt farefull operasjon, konstaterer Hauan – som også har 25 år bak seg i industrivernet.

– Du høyrest litt ut som ein miks av Reodor Felgen og Tante Sofie… – Tja, eg har iallfall fått lov å vera ein liten Reodor på jobb. Eg synest det er gøy når eg ser at eg kan forbetra noko, at ideane mine verkar, og at folk synest løysingane er bra. Litt av motivasjonen har vore eit sakn etter eit system for orden og ryddigheit som kan vera overførbart »

mellom dei ulike prosjekta våre. Då treng me ikkje finna opp krutet kvar gong, og ikkje minst så kjenner folk igjen systemet og ordningane frå eitt prosjekt til neste. Det vil gagna oss som går her heile året igjennom, og ikkje minst innleigde arbeidarar som har jobba hos oss før og kjem attende på eit nytt prosjekt. Eg trur det går an å etablera eit slikt system, og håpar initiativa mine på Njord kan vera noko å bygga vidare på, seier Hauan. gruvegangane i nærområdet, blei mekking har dotter mi teke opp den arva, og det er jo litt kjekt at tradisjonen såleis blir vidareført, synest Hauan, som også har ein son som er tømrar.

Multidisiplinær

Sjølv byrja han som sveiselærling i Kværner i 1981, etter yrkesskulen. Med fagbrev i handa tok han så jobb og deretter fagbrev som platearbeidar, før det blei ny jobb og nytt fagbrev

Køyrer 5S i garasjen – Både for meg og for Kværner har det vore ein – Er du like ryddig på heimebane? stor fordel at eg er multidisiplinær. Personleg – Ja, det trur eg kona vil gå god for. 5S er har det gitt meg moglegheiter til å jobba variert definitivt ei rettesnor i garasjen, der eg brukar og innan ulike fag, og ikkje minst større rom ein del tid på å skru på ein gammal Pontiac for å fleksa mellom ulike jobbar i periodar med GTO frå 1969. Skjønt, mindre å gjera på verftet. akkurat no er det ikkje Det er bra for ein som er så ryddig som eg helst ville hatt det. Har nett hatt amerikanaren frå kvarandre forstår du, og held på å setta han saman igjen – del for del. Det er tredje gongen eg gjer dette sidan eg kjøpte bilen. Ikkje at det trengst, for Pontiacen er strøken. Det er helst for kosen sin del, vedgår Hauan. Stordabuen er fødd og oppvaksen på Nysæterneset, midt på grensa mellom Sagvåg og Litlabø. glad i å jobba. Etter 36 år i Kværner trivst han framleis like godt. – Eg jobbar i eit godt arbeidsmiljø med masse kjekke kollegaer rundt meg og spennande oppgåver å fylla dagane med. Når eg tillegg får leika litt oppfinnar, og ser at eg kan bidra til positive endringar, blir det jo ekstra kjekt, synest Hauan – som hugsar oppgrade“– Eg jobbar i eit godt arbeidsmiljø med masse kjekke kollegaer rundt meg KÅRE HAUAN Etter mykje hyttebygging i skogen, flåtekon- ringa av koksanlegget på Mongstad som eitt av struksjon ved Storavatnet, og ikkje minst mange høgdepunkta blant mange storprosjekt han har irregulære ekspedisjonar inn i dei nedlagde delteke i på land og offshore. som røyrleggar. hovudinteressa i ungdomsåra. At han skulle gå – Det var ein stor og komplisert jobb, med stort yrkesskulen og inn i industrien, var han aldri press på å bli ferdige i tide. Men det var veldig i tvil om. fint at innsatsen vår gjorde arbeidsmiljøet og kvardagen til dei tilsette på koksanlegget veldig – Du ville ikkje bli frisør altså? mykje betre, og i tillegg fekk eg brukt kreativi– Nei! Sjølv om både far og farfar min var teten min til å løysa utfordringar som det gamle frisørar på Vikjo, og eg hjelpte til med å kosta anlegget kasta vår veg, minnest altmoglegi salongen, låg ikkje det yrket for meg. Derimot mannen.

Fødd som humørspreiar

– Du blir omtalt som ein humørspreiar med ei positiv innstilling til det meste… – Det kan stemma. Ein ting er at eg blei fødd slik, me eg tenker også at kollegaer rundt meg både har det betre og jobbar betre når tonen er god og dei er fornøgde. Iallfall er eg sjølv skrudd saman slik. For tida jobbar eg mest med utanlandske arbeidarar, og eg veit av erfaring korleis det er å vera på jobb langt heimanfrå. Då tenkjer eg at det er ekstra kjedeleg for dei å gå på rommet og lengta heim dersom dei i tillegg har hatt ein dårleg dag på jobb fordi eg har vore sint og sur. Betre å vera smilande, spøkande, diplomatisk og hyggjeleg. Og eg som har så mange idear sjølv, bør jo iallfall lytta om andre har innspel til korleis ting bør gjerast, seier Hauan, før han sjekkar mobilen for n-te gong i løpet av intervjuet.

– Du skjønar, barnebarnet på åtte månader er i utlandet. For meg betyr det ti tøffe og rastlause dagar. Til vanleg ser eg han mest dagstøtt, sukkar bestefaren.

Etter mange år med aktivt båtliv, er det bubilen Kåre og kona Tone helst fartar rundt i no til dags. Turane går til destinasjonar i Sunnhordland og resten av Noreg, kanskje med ein avstikkar eller to til Sverige eller kontinentet. Ferda går gjerne dit paret veit at vener og andre bubilentusiastar har parkert for kvelden.

– Når det passar i friperiodane mine, tar eg og Tone også gjerne bubilen når ho skal ut på oppdrag som regionalt verneombod i Arbeidstilsynet. Medan ho gjer bedriftsbesøka sine, er eg på sightseeing. Så har me ettermiddagane saman. Det er jo vinn-vinn for oss begge, meiner turnusarbeidaren.

I fritt svev, eller?

I 1989 overtok Kåre og Tone barndomsheimen hans på Nysæterneset, og kort tid etter sidan sikra han seg også nabotomta. Med interesse

Kåre Hauan bidrog til betre kjeldesortering av avfall i Njord-prosjektet.

for motor og mekanikk er det sjølvsagt ikkje nok med amcar, bubil og båt, så Hauan har også kjøpt seg gravemaskin til å arbeida (les: leika) i hagen med. Den kom ekstra godt med då han like godt gjorde nabotomta om til utescene. Dit har han og kona dei siste seks åra invitert 130 gjester til sommarfest – med husband og basar for eit godt føremål. I tillegg til å vera vert, bidrar Hauan alltid med eitt eller anna innslag der han får utløp for kreativiteten og humoren sin.

– For to år sidan var me i London, der eg blei fascinert av ein gatekunstnar som svevde i lause lufta. Dette ville eg sjølvsagt gjera på hagefesten. Dermed observerte eg karen heilt til han måtte tre av på naturens vegne, og sneik meg så bort og studerte hemmelegheita hans. Vel heime konstruerte eg tilsvarande arrangement til meg sjølv. Det var mange undrande fjes på den hagefesten kan eg lova. Dei fatta ikkje korleis eg fekk til svevetrikset, ler 56-åringen, som heller ikkje kvir seg for å dolla seg opp som Katrine Moholt og leia sin eigen allsong på grensa (Litlabø/Sagvåg) når det er fest i hagen.

– Eg likar å vera litt klovn, og er definitivt ikkje redd for å drita på draget. Eg synest ikkje me skal ta oss sjølve så høgtideleg, men heller by litt på oss sjølv. Den eigenskapen trur eg at eg tar med meg inn porten på Kværner òg. •

57 nye lærlingar

Kværner tok inn totalt 57 nye lærlingar i 2018. Av desse var det 30 på Stord og 27 i Verdal.

Kværner på Stord tok inn følgjande lærlingar i 2018: Jarand Taraldsøy Rafdal

AUTOMATISERINGSFAGET Tor Sætre Miljeteig, Viktor Hervik Vinsjevik, Andreas Fylkesnes

ELEKTROFAGET Olve Fitjar Rekve, Brede Ottesen Hovland, Nicholas Rene Flekke, Marius Jonassen Lunde, Vegard Åsheim, Ole Jakob Vikse Bjelland,

KRAN- OG LØFTEOPERASJONSFAGET Tobias Solheim Thorsen

PLATEARBEIDARFAGET Øyvind Skogseide, Benjamin Henriksen, Remy Andre Fylkesnes Tverborgvik, Øyvind Vikse Bjelland

STILLASBYGGJARFAGET Robert Saue, Einar Eik Breirem, Kjetil Eide, Emil Sæbø Tvinnreim

SVEISEFAGET Mathias Bratli, Martin Haugen, Joakim Andre Andersen, Sigurd Kvamsøy, Jonathan Tranøy, Preben Dahl

INDUSTRIRØYRLEGGARFAGET Simen Oscar Svendsen, Jørgen Dybvik

LOGISTIKKFAGET Maria Foss Grindevik

INDUSTRIMEKANIKARFAGET Bjørnar Straumsnes

INDUSTRIELL OVERFLATEBEHANDLING Benjamin Andre Hansen

Dei nye lærlingane fordeler seg på heile 11 ulike fag. Innan sveisefaget, platearbeidarfaget og stillasbyggjarfaget er det i alt 30 lærlingar, mens det innan elektrofaget, kran- og løfteoperasjonsfaget samt industrimekanikarfaget er i alt 15 lærlingar. Dei siste 12 lærlingane fordeler seg på automatiseringsfaget, industrirøyrleggjarfaget, tekniske og allmenne fag, logistikkfaget og industriell overflatebehandling. •

Kværner i Verdal tok inn følgjande lærlingar i 2018:

TEKNISKE OG ALMENNE FAG Dorte Emelie Jørstad, Petter Lillesand, Elias Gebre Teklemariam ELEKTROFAGET

INDUSTRIMEKANIKARFAGET Ghazi Fidaa Abu Shaeera, Sander Stene, Mohammad Khalil Al Wahb

Olav Langland Helgesen

SVEISEFAGET Sivert Amdahl, Markus Andre Brevik, Leonard Ebbesen, Jørgen Hestø, Anders Lyngås, Martin Rangul Skjevik, Sondre Skjevik,

STILLASBYGGJARFAGET Ove Kolstad, Håkon Sagvold, Fredrik Hoel Stubbe, Aleksander Valbekmo

LOGISTIKKFAGET Benjamin Alizade

Arild S. Kluken

INDUSTRIRØYRLEGGARFAGET Even Johnsen Solberg

PLATEARBEIDARFAGET Ronny Aarstad, Harunur Aden Hassan, Oddbjørn Pettersen, Ole André Stuedal

KRAN- OG LØFTEOPERASJONSFAGET Christian Roel Hovelsen, Isak Sund Rapp, Emil Fisknes Vestrum

Tre 50-årsjubilantar

TEKST ODD NAUSTDAL FOTO ØYVIND HJELMEN

Totalt 75 medarbeidarar vart dette året heidra for lang og tru teneste i Kværner på Stord. Av desse var det tre som markerte 50 år i verksemda, seks som markerte 40 år i verksemda, 21 som markerte 30 år og 45 som fekk gullklokke for 25 år i verksemda.

Torsdag 15.november vart 30-, 40- og 50-års jubilantane heidra på tradisjonelt vis med gåver og middag på Stord hotell. Eit par veker etter vart det arrangert klokkelunsj med utdeling av gullklokker til 25-årsjubilantane.

– Eg kan ikkje hugsa at det nokon gong har vore tre 50-årsjubilantar, i alle fall ikkje i mine 20 år i denne stillinga, sa personalsjef Holger Iversen under arrangementet på hotellet. Administrerande direktør Steinar Røgenes heldt kveldens festtale, kor han takka dei trufaste medarbeidarane og mimra litt om kva som gjekk føre seg i verksemda og samfunnet elles dei åra då jubilantane starta i verksemda.

Deretter vart dei ropt opp til podiet ein etter ein, medan Holger Iversen las oppe eit kort resymé av den enkelte si erfaring i verksemda. •

ÅRETS JUBILANTAR

50 år

Einar Asbjørn Vik, Tor Inge Malkenes, Svein Folgerø.

40 år

Geir Habbestad, Kjell Ragnar Kleppe, Erik Gunnar Kringeland, Terje Johan Stensletten, Kjell-Arne Tranøy, Kjell Arne Trasti.

30 år

Roar Aksdal, Ingrid Almeland, Jens Eriksen, Øystein Gjerde, Kristian Gravdal, Per Vilhelm Irgens, Kjetil Iversen, Åge Johansen, Bengt Lennart Johansson, Roar Kyvik, Johannes H Laupsa, Trond Lilleheie, Magnus Gjellestad Nes, Gustav Onarheim, Per Arne Pedersen, Pierre Pietruszenko, Berit Iren Slettemark, Rudolf Smolka, Rune Svensen, Bente Tuft, Rune Vatna.

25 år

Karsten Alvsvåg, Egil Anderssen, Monica Aga Ankervold, Jarle Bjelland, Helge Martin Bore, Sveinung Danielsen, Trond Fitjar, Roy Even Flesvik, Geir Olav Fosse, Tommy Gjøsæter, Håkon Halstensen, Knut Ove Handeland, Ole Petter Hauge, Frode Møgster Hidle, Trond Hilland, Tommy Holm, Svein Olav Hopperstad, Arne Henrik Hovden, Jarle Iversen, John Ivar Jakobsen, Bjørn Junge, Svein Inge Kannelønning, Bernt Magnar Korsvik, Ronny Larsen, Kåre Larsen, Helge Lidal, Bjørnar Lilleheie, Fred Joar Litlabø, Tore Mathiesen, Katrine Moe, Morten Nesse, Nils Anders Nilsen, Aynal Papas, Roar Pedersen, Peter Tanghus Petersen, Endre Prestøy, Paul Heikki Risvold, Frank Saue, Geir Ove Skjetne, Arild Skår, Harald Solvi, Bjarte Storesætre, Joe Severi Tanskanen, Kjell Tore Vassnes, Dag Erik Vik.

Bak frå venstre: Rune Espevoll, Ramin Shirinzadeh, Gaute Toadalen Sælevik, Halvor Sæther, Thomas Rodrigues Borgen, Jostein Hjøllo Kristiansen, David Johansen Teigen, Andreas Rydningen Håpnes, Torbjørn Jone Losnegard Koløen, Fredrik Eik Hegland, Arve Bremnes, John Dahl.

Midten frå venstre: Christian Slettemark, Sondre Kibsgård Jordalen, Espen Mæland, Oskar Bø Hallaråker, Lars Matre, Lars Odland, Daniel Hauge Hansen, Morten Skartland Kristiansen, Bjørn Olav Rainer, Finn Evan Pedersen, Magnus Karlsen. Framme frå venstre: Robin Ekornsæter, Håvard Fylkesnes, Lisa Kyvik, Lene Brubak, Kari Åsheim, Anne Helene Thorland Eide, Erik Spissøy.

45 nye fagarbeidarar i Kværner på Stord

TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL

Totalt 30 lærlingar og 15 praksiskandidatar tok fagbrev i Kværner på Stord i løpet av 2017. I slutten av januar fekk dei utdelt fagbrevet sitt.

Framfor leiarar i Kværner, fagforeiningsrepresentantar, kollegaer og representantar frå det offentlege, var mange av dei nye fagarbeidarane samla til høgtideleg fagbrevutdeling på Stord Hotell.

Publikumsrekord på refleksdagshow

TEKST ODD NAUSTDAL FOTO MANGE LANGÅKER, LARS MELKEVIK

Kring 900 publikummarar var til stade då Equinor og Kværner markerte refleksdagen med ungdommeleg danse- og musikkshow framfor Stord kulturhus på den nasjonale refleksdagen 18. oktober.

– Alle skal trygt heim. Difor arrangerer me dette showet, for å setta fokus på refleksbruk, var hovudbodskapen til prosjektdirektør Peter Kupka i Equinor og verftsdirektør Steinar Røgenes då dei ønskte velkommen til arrangementet.

Kværner har kvart år sidan 2011 nytta Refleksdagen til å setta fokus på personleg tryggleik og delt ut refleksar til eigne tilsette og barneskuleelevar i lokalsamfunnet. Enkelte år har Kværner også invitert til refleksdagshow framfor Kulturhuset, saman med reklamebyrået Sydvest. Dette året var også Equinor med på laget. Totalt delte Kværner og Equinor ut 5000 refleksar på Stord, til alle barneskulane i kommunen, tilsette på verftet og til dei som møtte opp på refleksdagsarrangementet på kvelden.

Årets refleksdagshow var ein minifestival med artistane I am K, Daniel Owen, Vanja V og lokale dansarar frå Spinae Company.

Populær sjørøvarfest

FOTO ODD NAUSTDAL

Mange store og små piratar hadde funne vegen til Arena på Stord laurdag 13. oktober då Velferdsforeningen inviterte til sjørøvershow for heile familien.

Åge Stokken, Torhild Berger Falk og Ståle Eskeland leverte eit forykande show som fall i smak hos småpiratane.

Takk for samarbeidet

Då Systemposten gjekk i trykken i desember, var det kome inn meldingar om at følgjande personar har gått eller skal gå av med pensjon i 2018.

Kværner takkar for samarbeidet gjennom mange år og ønskjer lukke til med pensjonisttilværet.

Karl Henning Johannessen Olav Litlabø Jorunn Røyrøy Kjell Tore Saghaug Einar Rykkje Svein Inge Kannelønning Edmund Jonny Aho Rune Wiik Bjørn Normann Olson Gunnar Sæther Leidulf Vindenes Per Ove Laastad Svein Folgerø Kjell Nordheim Kjell Kolskår Trond Arve Halvorsen Bjørn Veum Stojan Jovanic Tor Inge Malkenes

HISTORIEGRUPPA VED KVÆRNER STORD INDUSTRIMUSEUM

Årsrapport 2018

Historiegruppa har pr. i dag 12 medlemmer. Den yngste er 66 år og den eldste er 95 år. Gjennomsnittsalder er 70 år. Vi har møte/dugnad hver tirsdag. Følgende oppgaver har vi arbeidet med i 2018:

Bok om Industriavdelingen

Denne boken er nå ferdig og vil bli trykket før jul i år.

Det har vært en stor jobb. Håper på at boken blir godt mottatt.

Bibliotek Industrimuseet Kværner Stord

Jobben med å få Biblioteket inn på data er nå ferdig.

Heis til rullestolbrukere

Heis fra første til andre etasje er nå montert. En stor takk til Kværner som kjøpte inn heisen. Det som nå gjenstår er å lage overganger i alle døråpninger som er egnet for rullestolbrukere. Dette arbeidet er i gang.

F.v.: Hans Kristian Furevik, Dagfinn Lyngvær, Nils Anton Tranøy, Håvard Liset, Edmund Hystad, Leif Nilsen, Rolf Hammerbeck, Magnar Engevik, Stein Bratseth, Terje Pletten og Lars Kårevik. Ikkje til stades: Helge Austlid og Jan Åge Vikanes. Foto: Øyvind Hjelmen

Modell av Statfjord A

Vi er i full gang med en modell av Statfjord Aplattformen. Dette er en stor jobb som fortsetter nok også i neste år.

Utstillingsrom

Vi har fortsatt arbeide med å få fram historien om Malloft og til numeriske tegninger og skjærebrenning av stålplater.

Besøk i 2018

• Pensjonister fra Bartz Industri var på besøk 9. april. Vi stilte opp med bevertning.

Alt gikk bra. • Pensjonister i FLT var på besøk den 8. mai. • Stein Onarheim med frue var på besøk den 18. mai. ( Det kan nevnes at Thor Onarheim var hans far. ) • Turgruppen «Gutta på Tur» fra Stord og Bømlo var på besøk den 20. september. Samlet over 40 mann.

I tillegg til disse besøkende har vi hatt grupper og enkelt personer slik at antall besøkende er totalt var ca. 130 i år.

Vi ser gjerne at flere Kværner-ansatte kommer på besøk. Ring mobil nr 415 31 042 eller 53 41 06 76 så ordner vi omvisning.

Stord, 6. november 2018 Leif Nilsen Leder av Historiegruppa v/Kværner på Stord

Glimt frå gamledagar

Systemposten 1977 Mykje arbeid er utført sidan betongplattforma Cormorant A kom til Stord Verft 2. juli 1977. Endringar i arbeidsomfang og terminar for ferdiggjering er stadig gjenstand for drøftingar for at plattformas skal vera i best mogleg tilstand for uttauing til britisk sektor i Nordsjøen.

William Rafdal er velt til ny formann av Verkstadklubben, på årsmøte 16. februar, etter Aksel Kloster som no er personleg sekretær for olje- og energiminister Bjartmar Gjerde.

Tysdag 13. juni starta slepet av produksjonsplattforma Brent C. Slepebåtar tok kolossen gjennom Langenuen og ut Selbjørnsfjorden til feltet på britisk sektor i Nordsjøen. Nokre dagar før utslepet var det diverre nødvendig å senda ut permisjonsvarsel til 253 av våre tilsette, gjeldande frå fellesferiens slutt 24. juli og på ubestemt tid.

Det nye kulturhuset reiser seg på Tresmyro. «Det vil være kjent at ideen om et kulturhus på Stord ble bragt fram frå Stord Verft (…). Den som først fikk snøballen til å rulle, var skipsreder Hilmar Reksten.» Systemposten 1988 Dekk og betongunderstell skulle sameinast til eit langvarig samliv den 31. januar. Vêret var ikkje på vår side. Først 5. februar kunne plattformdekket slepast til Digernessundet kor brudgommen venta utolmodig. I løpet av natta vart dei eitt.

Like etter at Oseberg A var flytta frå hamnebassenget, vart dei mellombelse betongsøylene fjerna og og søyler for Gullfaks C plassert på sjøbotnen. Den 4. mars overførte me dekksramma med utrusting frå dokk til betongsøyler.

Generalforsamlinga i Aker Norcem vedtok 5. mai å endra konsernet sitt namn til Aker AS.

67 medarbeidarar bestod fagprøven og vart markert ved ein samankomst på Stord Motorhotell 28. juni. Direktør Knut Kristiansen delte ut fagbrev. Systemposten 1998 1998 var «Åsgard A-året» på verftet, frå det 184 000 tonn tunge, 278 meter lange og 45 meter breie produksjonsskipet kom 17. januar til det reiste ut i havet mot slutten av året. Meir enn 4000 personar var involvert i ferdigstillinga av det som til då var eitt av verdast største produksjonsskip. Det vart i snitt utført 52 000 arbeidstimar i veka på prosjektet.

Aker Maritime og Kvaerner Oil & Gas fekk kontrakt på å byggja Snorre B-plattforma, med ein kontraktsverdi på 5,5 milliardar kroner.

Brennestart på Oseberg Sør. Det 14 500 tonn tunge produksjonsdekket skal leverast til Norsk Hydro i mai 2000. Prosjektleiar er Kolto Pedersen.

2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. Kor mange lærlingar tok Kværner på Stord inn i år? Kva tid skal den nye kaien stå ferdig? Kven er prosjektleiar for bygging av tilleggsmodulen til Johan Sverdrup stigerøyrsplattform? Kva plassar tok Kværner i årets sveiseNM? Kor mange 50-årsjubilantar hadde Kværner på Stord i år? Kor mange var til stade då Kværner og Equinor inviterte til refleksdagshow framfor kulturhuset? Kor mange tonn strukturar skal løftast om bord Njord i løpet av løftekampanjen? Kva heiter demoleringsselskapet Kværner kjøpte dette året? ved Kværner si demoleringsverksemd? på Stord hotell i januar? 1.

10. Kor mange personar er sysselsett på heiltid

11. Kor mange nye fagarbeidarar vart markert

Kven er dette? 12. Kor mange av dei totalt fem stålunderstella på Johan Sverdrup har Kværner fått i oppdrag å levera?

13. Kva år gjennomførte dåverande Aker Stord ferdigstillinga av Åsgard A?

14. Kven overtok William Rafdal vervet som formann i Verkstadklubben etter i 1978?

15. Kva er namnet på HSSE-kampanjen Kværner og Equinor har saman?

16. Kvar arrangerte Velferdsforeininga sjørøvarshow?

17. Kva dato vart Aasta Hansteen døypt i

Digernessundet?

18. Kva heiter firmaet som fekk oppdraget med utdjuping av hamneområde og bygging av ny kai?

19. Kva fjell besteig 108 Kværnermedarbeidarar frå Stord, Verdal og Oslo i midten av juni?

20. Kva heiter det nye oljeselskapet som tidlegare konsernsjef Jan Arve Haugan er leiar for?

Aker Energy 20. Galdhøpiggen 19. Birken & Co 18. Kvinnedagen 8. mars 17. På Arena 16. Alle skal trygt heim 15. Aksel Kloster 14. 1998 13. 4 av 5 12. 45 11. 90 10. GMC Decom 9. 6 000 tonn 8. Ca 900 7. 3 6.

Først og andre Arne Engevik 2020 Om lag 100 Karl-Petter Løken 5. 4. 3. 2. 1.

Returadresse: Kværner AS, boks 2000, 5409 Stord

Juletrefest

Torsdag 3. januar kl. 17.00 i Samhald

Underhaldning ved Chiclets, kaffi og kaker til dei vaksne, brus og snop til borna. Påmelding ikkje nødvendig.

Velkomen!

Bedriftsorgan for Kværner på Stord | Desember 2018 – 73. årgang

Opplag: 3 000 Redaktør: Odd Naustdal

Telefon: 905 76 079

E-post: odd.naustdal@kvaerner.com

SYSTEMPOSTEN Adresse: Kværner AS, boks 2000, 5409 Stord Redaksjonen: Elisabeth Sætrevik Lars Melkevik

This article is from: