1 minute read

Over 100 nye Kværner-medarbeidarar på Stord

Over 100 nye Kværnermedarbeidarar på Stord

TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL

Advertisement

For første gong sidan 2014 har Kværner på Stord auka talet medarbeidarar. Kring 100 personar er tilsett i løpet av året.

HR-leiar Holger Iversen fortel at Kværner har vore i ein rekrutteringsfase det meste av året, både på operatør- og funksjonærstillingar.

– Me gjennomførte i vår ein omfattande GAP-analyse for å finna ut kva behov me hadde innanfor eksisterande prosjekt. Det avdekka eit behov for nærmare 40 funksjonærstillingar, som me no har tilsett, seier Iversen.

Det vart også gjennomført ein GAP-analyse på operatørområdet.

– Me har så langt tilsett 31 nye fagarbeidarar, men eg reknar med at me før året er omme har tilsett kring 40. I tillegg har me tatt inn 30 lærlingar, seier Iversen.

Det kom inn mange søknader, spesielt til funksjonærstillingane. Iversen fortel at personalavdelinga allereie før sommaren hadde mottatt over 1000 søknader til desse 40 stillingane. I tillegg kom det inn nærmare 300 søknader til operatørstillingane og 250 søkjarar til lærlingplassane.

Iversen er tilfreds med at Kværner ser ut til å vera ein attraktiv arbeidsplass.

Holger Iversen er HP-leiar hos Kværner på Stord.

– Me har fått stort sett det me treng. Kapasitetsmessig er me nokolunde der me skal vera, i alle fall på funksjonærsida. Det vil truleg bli nokre fleire tilsetjingar på operatørområdet, for å oppretthalda kapasiteten. I tillegg kan det sjølvsagt bli aktuelt med ein og annan spesialiststilling, men den store rekrutteringskampanjen er me ferdige med i denne omgang, seier Iversen.

Kværner på Stord hadde i tillegg inne nærare 100 sommarvikarar dette året. •

This article is from: