1 minute read

Meir offshore-arbeid på Johan Sverdrup

TEKST ODD NAUSTDAL

På seinsommaren kom det ei ny, positiv melding frå Equinor. Kværner er i fellesskap med Aker Solutions tildelt offshore-arbeid på Johan Sverdrup bustadplattform og stigerøyrsplattform fase 2.

Advertisement

Oppdraget er ein opsjon i kontrakten for påkoplingsjobben av Johan Sverdrup stigerøyrsplattform, og har for Kværner sin del ein estimert verdi på rundt 100 millionar kroner.

– Me er svært tilfreds med å ha blitt tildelt desse opsjonane saman med Aker Solutions, som eit framhald av arbeidet me allereie er i gang med på Johan Sverdrup-feltet. Det stadfestar Kværner sin sterke posisjon når det gjeld å levera offshore påkoplingsprosjekt på tid og som avtalt med kunden. Tildelinga er også ein inspirasjon i arbeidet med å styrka konkurransekrafta vår, sier Hans Petter Mølmen, som er konserndirektør for «New Solutions» i Kværner.

Fellesprosjektet med Aker Solutions er basert på ein 50/50-modell kor Kværner formelt er ein underleverandør til Aker Solutions. Det integrerte prosjektteamet vil jobba tett med Equinor også i fortsetjinga, og assistera i alle delar av prosjektgjennomføringa. Arbeidsomfanget består hovudsakeleg av planlegging, leiing og påkopling av Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform, samt påkoplingsarbeid i tilknyting til fase to-modifikasjonane av stigerøyrsplattforma.

Førebuingane til prosjektet starta denne hausten. Offshoreperioden for utstyrs- og bustadplattforma har planlagt oppstart våren 2019.

Fullt mobilisert er det venta at prosjektet vil ha ei bemanning på rundt 3–400 personar i rotasjon. •

Over: Hans Petter Mølmen. Foto: Kværner

Bakgrunn: Løftefartøyet Thialf løftar inn modul nummer to av stigerøyrsplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Foto: Equinor.

This article is from: