
2 minute read
Nærmar seg gassproduksjon på Aasta Hansteen
from Systemposten 2018
TEKST LARS MELKEVIK FOTO HENNING SELSTAD, EQUINOR
Noregs fyrste og verdas største spar-plattform, Aasta Hansteen, startar etter planen gassproduksjon før året er omme. Høg kvalitet på inshore- og offshore hook-up-arbeid utført av Kværner har vore eit viktig bidrag til at gass frå det djupaste feltet på norsk sokkel snart er på veg til kundar i England og på kontinentet.
Advertisement
Etter eit 11 dagar langt spektakulært utslep frå Digernessundet kom Aasta Hansteen til sin nye heimstad i Norskehavet 23. april. Arbeidet med å ankre opp giganten på heile 1 300 meters djup tok til med det same, og etter eit par veker var plattforma på 70 000 tonn og 339 meter høgde trygt forankra i 17 ankerlinjer slik at hook-up-arbeidet offshore kunne ta til.

Ein av dei største jobbane Kværner har utført offshore, var å kople røyra frå brønnane opp mot prosessanlegget på plattforma. Dette var ein stor og viktig milepåle i hook-up-arbeidet offshore, kor Kværner på det meste hadde kring 200 personar i rotasjon på både dag- og nattskift. Etter at nattskiftet vart avslutta tidleg i haust, er det i dag kring 90 personar i rotasjon.
Kværner sin prosjektleiar for inshore- og offshore hook-up i Aasta Hansteen-prosjektet, Hans Bruntveit, kan fortelje om god kvalitet på arbeidet som er utført.
– Det er mange flensar og røyrsamanstillingar som er sveisa saman, men det er ikkje funne nokon lekkasjar ved nitrogen- og heliumtesting. Arbeidet som er gjort er av høg fagmessig
“– Arbeidet som er gjort er av høg fagmessig kvalitet, noko som har vore særs viktig HANS BRUTVEIT
kvalitet, noko som har vore særs viktig for å halda framdriftsplanen for oppstart av gassproduksjon i fjerde kvartal.
I inshore-fasen frå 1. januar fram til utslepet i april utførte Kværner om lag 400 000 timar i Digernessundet, medan det i offshore hookup-fasen er utført om lag 200 000 timar. Og det vert meir arbeid offshore i tida som kjem. Kværner skal forsette med kring 90 personar i rotasjon fram til slutten av fyrste kvartal neste år.
– Det er eit veldig godt samarbeidsklima her ute, og me jobbar tett integrert med kunden. Samstundes har me i prosjektfasen offshore hatt særs god nytte av ein flott innsats frå heile miljøet på Stord. Dette har gjort det mogeleg å kunne fabrikkera nye delar og levere utstyr på svært kort tid, seier Bruntveit.
Gassen frå Aasta Hansteen vert sendt til Nyhamna i Møre og Romsdal via den nye røyrleidninga Polarled. Nyhamna er på si side igjen kopla opp mot røyrleidninga Langeled som via Sleipner-huben kan levere gass frå Aasta Hansteen til kundar i England og på kontinentet. Sjølve feltet vert drifta frå Equinor sine lokaler i Harstad. •