2 minute read

Johan Castberg gir aktivitet langs store delar av norskekysten

TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL

Det høver godt at eit prosjekt oppkalla etter heimfallsrettens far har over 70 prosent norsk innhald og gir aktivitet på ikkje mindre enn fire norske verft frå Egersund i sør til Sandnessjøen i nord.

Advertisement

Jubelen stod i taket då Kværner 13. februar kunne senda ut børsmelding om at Johan Castberg-kontrakten var i boks. Tildelinga var som ein dobbel siger, ved at prosjektet i tillegg utløyste ei gigantisk investering i nytt kaianlegg på verftet på Stord. Begge deler vart feira med talar, underhaldning og kake i Plateverkstad tre, med stort oppmøte frå dei tilsette på verftet.

Allereie 21. november same år var det klart for ei ny markering, ved at fabrikasjonen kom i gong i Verdal og på Stord.

Prosjektleiar Heine Haktorson fortel om eit prosjekt som har kome godt ut av startgropa.

– Prosjektet har tre hovudfasar. Først ein familiariseringsfase som me var ferdig med 1. oktober. No har me byrja på fase to, kor det kjem til å handla om modulfabrikasjon. Og i midten av 2020 startar fasen for hook-up og integrasjon av FPSO-en.

Illustrasjon: Equinor

Det betyr at tyngdepunktet for prosjektet i haust flytta frå Oslo til Stord.

– Familiariseringsfasen me har bak oss har lagt heile grunnlaget for prosjektet. Me har jobba tett med engineeringsleverandør Aker Solutions, noko som har gitt oss høve til å påverka mykje av designen. Sjølv om dette er ein fabrikasjonskontrakt, prøver me å jobba så integrert som mogleg med engineeringsleverandøren, tilnærma slik me ville gjort i ein EPC-kontrakt. Me har fått til mykje på kommunikasjon, mellom annan integrert IT-systema slik at me får informasjon direkte inn i prosjektverktøyet MIPS. Me har gjennomført eit stort utviklingsprosjekt, ved at me har implementert det nye PDMSsystemet. Me har nærmast vore forsøkskaninar på det nye 3D-systemet. Det er det same som Aker Solutions har, og noko som forenklar jobben for oss, fortel Haktorson.

Totalt skal det i fase to byggast 10 modular og ei røyrgate som består av seks modular, med ei totalvekt på 14 500 tonn. I tillegg kjem 3 000 tonn hook-up-installasjon i fase tre. Den enorme røyrgata skal byggjast i Verdal. Av dei fem mest komplekse modulane, skal tre byggjast på Stord og to i Egersund. Det skal gjerast prefabrikasjon ved dei polske verfta Crist og Energomontaz. I tillegg skal det byggjast nokre mindre strukturar på Aker Solutions sitt verft i Sandnessjøen.

Johan Castberg er ein FPSO, altså eit skipsforma produksjonsfartøy. Sjølve skroget er det Sembcorp i Singapore som skal byggja. Turret, eller dreieskiva i Johan Castberg skal leverast av SBM Offshore i Holland. Både skrog og turret er separate kontraktar som Equinor har direkte med leverandørane.

Skroget kjem til Stord i 2020, og innan den tid må den nye kaien stå klar og all modulfabrikasjon vera utført. Deretter blir dei ein hektisk installsjonsfase utover 2020. Mekanisk ferdigstilling er allereie på forsommaren 2021. Levering er tidleg 2022. •

This article is from: