1 minute read

Eit unikt prosjekt

TEKST ODD NAUSTDAL FOTO LARS MELKEVIK

Equinor sin prosjektleiar for Njord-oppgraderinga, Peter Kupka, meiner Njord er ein type prosjekt som krev sin ingeniør.

Advertisement

– Det krev dei beste ingeniørane å jobba med gamalt og nytt om einannan, slik me gjer i dette prosjektet, seier han.

– Det er eit prosjekt som er unikt i sin karakter. Me lærer mykje undervegs, og alle som har jobba med renovering veit at det er lett å få seg overraskingar undervegs. Men det har gått veldig bra så langt. Planmessig er me der me skal vera. Det er ein god presentasjon, spesielt sidan me har kontroll på løftekampanjen. Eg er veldig tilfreds med at det me løftar er pre-installert i den grad det var planlagt. Det er utruleg viktig for det vidare løpet, seier Kupka. – No nærmar me oss den tyngste innspurten. Perioden framover blir veldig arbeidsintensiv, med all installasjonsaktiviteten på plattformdekket. Det blir intensivt, og då er det viktig å ha gode systemplanar. Og ikkje minst blir det viktig å gjennomføra den omfattande aktiviteten i tråd med HSSE-målsetningane våre, seier Kupka.

Han meiner det er forbetringspotensiale på HSSE.

– Det er ingen krise, men me kan heller ikkje seia oss tilfredse. Me har fått ein auke i totalskadefrekvensen som me må jobba med. Tørrdokkperioden viste oss kor gode me kan vera. Då gjennomførte me eit vanvitig program utan skadar. Dette må me jobba med, for me veit me kan betre, seier Kupka. •

Prosjektleiarane Jarle Henriksrud og Peter Kupka tek kvarandre i handa etter vellukka start på løftekampanjen.

This article is from: