
5 minute read
Skal byggja stor tilleggs-modul til Johan Sverdrup
from Systemposten 2018
Skal byggja stor tilleggsmodul til Johan Sverdrup
TEKST ELISABETH SÆTREVIK
Advertisement
Prosjekteringsarbeidet for bygginga av den 5 000 tonn tunge tilleggsmodulen til stigerøyrsplattforma er komen godt i gang. På nyåret er det klart for brennestart.
Kontrakten som vart inngått med Equinor i april 2018, omfattar ingeniørarbeid, innkjøp og bygging av ein ny utstyrsmodul på rundt 5 000 tonn for stigerørsplattforma. I tillegg omfattar avtalen modifikasjonsarbeid på feltsenteret, og installasjon- og integrasjonsarbeid (hook up og ferdigstilling av modul offshore) ute på feltet i forbindelse med fase 2 av utbygginga.
Arne Engevik, er prosjektleiar for modulbygginga, og fortel at dette strategisk viktige prosjektet er godt i gang med å planlegge fabrikasjonslaupet framover.
– Etter ein travel tilbods- og oppstartsperiode er me no kome godt i gong. Frå å forhalda oss til 90 dagars-planen, vart me i slutten av august ferdige med vår første baseline, og me startar no rapportering etter denne. I byrjinga av oktober feira me og at den viktige engineeringsmilepålen M2B vart akseptert, noko som er viktig for det vidare løpet i prosjektet, seier Engevik.
For Kværner er dette eit utstillingsvindauga der ein saman med Aker Solutions får visa seg overfor Equinor på ein type prosjekt det kan bli fleire av i åra som kjem. Miksen av eit stort nybygg med eit stort offshore påkoplings- og integrasjonomfang er eit viktig satsingsområde for Kværner i åra som kjem og difor strategisk viktig, understreka Engevik.
ASK JV – 50/50
Prosjektteamet til Johan Sverdrup RP er stasjonert i Stavanger. Leiargruppa til prosjektet består både av personar frå Aker Solutions og frå Kværner. For tida jobbar omlag 150 personar med engineering, og rundt 30 personar innan plan, kost, fabrikasjonsengineering og
Illustrasjon: Equinor
metode. Detaljprosjektering blir utført både i Stavanger, Oslo og Mumbai. I gjennomføringsfasen vil Stord ha om lag 400 personar i prosjektet.
I byrjinga av oktober vart det signert kontraktar med tre polske underleverandørar: Crist Offshore, Energomontaz Polnoc Gdynia (EPG), Mostostal Pomorze (MPG). Alle tre er kjende leverandørar for Kværner, og har vore sentrale underleverandørar til Johan Sverdrup ULQ prosjektet, i tillegg til at to av verfta har leveransar til Johan Castberg-prosjektet.
– Me har gode erfaringar med desse verfta. Etter å ha samarbeida med dei på fleire prosjekt dei siste åra, kjenner me kvarandre godt. Me jobbar oss no fram mot brennestart i Polen i april 2019, og første leveranse frå Polen til Stord vil vera i slutten av neste år, seier Engevik.
Utnyttar «Storen» maksimalt
Modulen som skal byggjast har ei vekt på om lag 5 000 tonn, grunnflate på 86 m × 39 m, og er 17 meter høg. Den er sett saman av åtte modular, kor fire av desse blir bygd i Polen, og dei resterande på Stord. Den fyrste leveransen frå Polen kjem i løpet av desember 2019.
Kjell Normann Olsen er byggeleiar for arbeidet som skal utførast på Stord. For tida er det planlegging av ulike aktivitetar innan metode og construction, som har prioritet.
– Modulen som skal byggast er ein utstyrsmodul til stigerørsplattforma som allereie er installert på feltet. Utstyr som vil bli installert i tilleggsmodulen er mellom anna vanninjeksjonssystem, fakkelsystem, og kjemikaliesystem. I tillegg vil den òg innehalde eit elektro-/instrument-rom og ventilasjonsrom. Modulen som er lang og flat, er konstruert »
på denne måten for at den skal ha ein til modul på toppen av seg. Dette er tenkt i fase 3 av Sverdrup-feltet, forklarar Olsen.
– Modulane er designa slik at me får utnytta «Storen»-kranen maksimalt. Samtlege modular er tett opp mot maksvekt til kranen, og dei som kjem frå verfta i Polen har stor ferdigstillingsgrad strukturmessig, og er ferdig mala.
På Stord vil det bli brennestart i løpet av seinsommaren 2019. Etter prefabrikasjon vil ein fortsette inne i Stordhallen. Arbeidet i hallen, vil foregå samtidig med Johan Castberg-prosjektet.
– Me har tett og god dialog med Johan Castbergprosjektet (JC), og me samarbeider med dei på fleire områder. Prosjekta kjem til å vera tett på kvarandre i Stordhallen, men det at to prosjekt deler på dei same fasilitetane er noko som me har god erfaring med. Dette er berre med på å skjerpe oss i planlegging av det arbeidet som skal bli utført.
Etter som tida går og modulane veks, vil det bli preutrustning medan modulane står langs kransporet på verftet.
– Modulen er forholdsvis liten arealmessig i forhold til mengde bemanning. Me kjem til å starte med multidisiplinaktivitetar så snart modulane kjem til Stord. Nøye planlegging og tilrettelegging av arbeidsplassen vil vera viktig for å oppnå den flyten me ynskjer.
– Me kjem også til å jobbe tett med JC-prosjektet på HSSE. Sjølv om me kjem til å vera i ulike fasar i prosjektet, kjem me til å gå saman om kampanjar og ha tett oppfølging på at arbeidet blir utført i høve til prosedyrane våre. Me ser at utfordringa vår vil vera personaltetthet inne i modulen, og det at det er ein mengde arbeid som skal utførast i lukka rom. Det at modulen kjem til å vera 5,5 meter over bakkenivå, vil føre med seg ein god del arbeid i høgda, avsluttar Olsen.
Modulen vil bli liggjande i dokken for å få utført commissioning-aktivitetar frå januar 2021 og til mars 2021, før den blir henta og kopla opp offshore i løpet av mars 2021.
Offshore scope
I tillegg til bygging av modul, vil prosjektet ta stor del i integrasjonsarbeidet offshore. Prosjektet har tett dialog med Johan Sverdrup Hook-up prosjektet, og er godt informert om kva som er planlagt i dette prosjektet. Før modulen kjem ut offshore, startar arbeidet med å klargjere stigerørsplattforma for mottak.
– Modulen kjem til feltet i mars 2021. Før den kjem ut har ein allereie gjort ein del endringar på eksisterande plattform. Arbeidet som inngår i dette er blant anna rydding av tomta til kor modulen skal monterast. Etter landing av modul, går ein i gong med hook-up arbeidet. Dette vil vera eit krevjande arbeid, og me reknar med at det vil vera om lag 200 personar i rotasjon under integrasjonsarbeidet, avsluttar Engevik. •

Kjell Normann Olsen er ansvarleg for byggearbeidet som skal utførast på Stord. Her saman med prosjektleiar for modulbygginga, Arne Engevik. Foto: Elisabeth Sætrevik
Går det bra med deg?

I Kværner ønskjer me at alle medarbeidarar skal ha det bra, både på jobb og heime.
Rus- og anna avhengigheit kan koma i vegen for velferda vår, og i verste fall setja oss sjølve og kollegaene våre i fare. Snakk med ein overordna eller Akan-kontakt: