JUBILEUMSUTGÅVE – DESEMBER 2019
Innhald
Vi tenner våre lykter når det mørkner Sneen dalte lett og fin og strøk blidt mot ruten min i morges da jeg drømte på min pute Vi tok skjerf og votter på hastet veldig med å gå snart var det tusen barnespor der ute Og vi tenner våre lykter når det mørkner Og når alle lyder pakkes inn i vatt Ja vi tenner våre lykter når det mørkner for da lyser de til kvelden si`r godnatt Først så trakk vi kjelken opp på en diger bakketopp så suste vi avsted langt ut på jordet Også bar det opp igjen snart var vi på topp igjen Så lo vi mens vi akte små og store
Og vi tenner våre lykter når det mørkner Og når alle lyder pakkes inn i vatt Ja vi tenner våre lykter når det mørkner for da lyser de til kvelden si`r godnatt Vi har bygget oss et slott som vi syns er stort og flott med snedronning og sneprinser med jakker Vinterdagen tar farvel vi må inn for det er kveld vi ser på him`len at det lir og lakker Og vi tenner våre lykter når det mørkner Og når alle lyder pakkes inn i vatt ja vi tenner våre lykter når det mørkner kanskje lyser de til kvelden si`r godnatt Av Bjørn Rønningen
4
Kjære kollega!
59
Kjært born har mange namn
6
Årskavalkade 2019
60
Siktar mot 40 prosent omsetningsvekst
12
Siste indre for Noregs største oppussingsprosjekt
62
Ny verftsdirektør
14
Praktleveranse av ei plattform
64
Investerer stort i konkurransekraft, helse og miljø
18
Johan Sverdrup-feltet i produksjon
66 Digitaliseringsåret
20
Tre gigantar på verftet
68
22
Klar til å ta over stafettpinnen
Har bygd ny fabrikk og «innsourca» isolasjonsfaget
24
– Eit enormt logistikkprosjekt
70
Kjøpte tilbake Bleikjehaugen og Kjøtteinståa
26
Statsministeren la ned grunnsteinen
71
Etablerte ny leir på Heiane
28
Gjennombrot i ein ny marknad
72
Sjefen for konsernrekneskapen
30
Statfjord A – Endar livssyklusen på Stord
75
IA-samling med fokus på pårørande
32
Nedstenging av Gyda offshore og studier knytta til mulig gjenbruk
33
80
Den digitale innsatsleiaren
Pågåande demoleringsprosjekt
85
Marineleiaren som dreg i trådane
34
Gjennombrot på havvind!
88
Har HSSE-kursa 2 500 personar
35
Notisar frå andre delar av Kværner
89
19 nye fagarbeidarar i 2018
36
Kværner-medarbeidarar på farten
90
37
Feira 100 års stolt industrihistorie
58 nye lærlingar fordelt på 13 forskjellige fag
38
Jubileumsåret opna med eit brak
92
Femten 40-årsjubilantar
39
Den store jubileumsveka
95
Takk for samarbeidet
40
4 700 på open dag
96
Årsrapport 2019
42
Feststemte Kværner-medarbeidarar fylte idrettshallen
98
Glimt frå gamledagar
44
– Alle har vore her på Stord
46
Fotoutstilling i tunnelen
47 Jubileumsmaraton
2
SYSTEMPOSTEN
76 Organisatoren
47
Heidra for 73 år i teneste for verftet
48
Inviterer til rekordlang kinoframsyning
50
Nye perspektiv på verftshistoria
52
Soga samla på ein stad
53
Høgdepunkt frå historia
99 Julenøtter
Framsidebilete: Kronprins Haakon var på jubileumsvitjing 23. aug. 2019. F.v.: verftsdirektør Steinar Røgenes, fylkesmann Lars Sponheim, Høgvyrde Kronprins Haakon, politimeister Hans Vik og konsernsjef Karl-Petter Løken. Foto: Øyvind Sætre
SYSTEMPOSTEN
3
Kjære kollega! Eit jubileumsår går mot slutten, kor me har feira at verftet på Stord har runda 100 år. Eg håpar du som les dette har fått tatt del i feiringa på eit eller anna vis. Det var i alle fall intensjonen. Då me planla markeringa av 100-årsjubileet, ønskte me å inkludera både eigne medarbeidarar og lokalsamfunnet. Difor har me hatt open dag, familiedag i sentrum, treff for pensjonistar, fest for tilsette og mottaking for kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar. Det absolutte høgdepunktet var då kronprinsen vitja oss i august, og tok seg god tid til å møta folk og gi ei jubileumshelsing til 2 000 prosjektmedarbeidarar som var samla til grillfest. Det var også stas då statsminister Erna Solberg gjesta oss i juni, og la ned grunnsteinen på den nye kaien. I tillegg har me nytta jubileumsåret til å samla saman og digitalisera historisk informasjon og gjort det tilgjengeleg på www.kvaerner100.no, me har vist fram medarbeidarane våre gjennom eit omfattande filmprosjekt, og i skrivande stund er me i innspurten på jubileumsboka som forfattarar, forlag og bok-komité jobbar hardt for å få ferdig til jul. 100 år med industriverksemd på Kjøtteinen er ein stor milepåle, og vel verdt å markera. Men det viktigaste som har skjedd dette året har ikkje handla om feiring, men om aktivitetane i prosjekta. Det er prosjekta me lever av, og som må ha fokuset anten det er kvardag eller fest. Det har vore mange store hendingar også i prosjekta. I mars leverte me saman med KBR og Leirvik ein fantastisk utstyrs- og bustadplattform til Johan Sverdrup-feltet. «Plattforma ligg i dokken og skin som eit smykke», sa prosjektleiar Jan Tore Elverhaug om den flotte installasjonen. Det er det lett å vera samd i. Prosjektet gjekk på skinner gjennom heile prosjektperioden, og vart eit produkt alle involverte kunne vera stolte av. Difor var det berre på sin plass at leveransen vart feira, først med «Sverdrupsundag» og open plattform, kor så mange som 5 500 personar fann vegen til verftet, og deretter med ein storslått konsert i malarhallen nokre veker seinare. Aller størst aktivitet har det vore i Njord-prosjektet dette året. Prosjektet er mellom dei mest krevjande
4
SYSTEMPOSTEN
me har hatt på lenge, med nybygg, modifikasjon og demolering på ein gong, mange parallelle aktivitetar og svært mange folk på eit nokså lite areal. Trass ein krevjande framdriftsplan og utfordrande HSSE, så leverer prosjektet på målsetningane. Me har kanskje ikkje vore flinke nok til å framheva den enorme innsatsen som blir gjort av alle som er involvert i det prosjektet. Jobben som vert gjort er direkte imponerande, og eg trur det er få andre – om nokon – som kunne gjennomført eit prosjekt som Njord på ein slik måte som det Kværner gjer no. Eit anna krevjande prosjekt er Johan Castberg. Ein ting er det at me skal snu organisasjonen frå å tenkje EPC til å levere på ei fabrikasjonskontrakt. Men den største utfordringa er den komplekse fabrikasjons- og samanstillinga som det er lagt opp til i prosjektet. Med fabrikasjon av totalt 16 500 tonn modular på 12 ulike verft, er det ein logistikkoperasjon som nærmast manglar sidestykke. Innan skroget kjem til hausten skal den nye kaien stå klar. Den nye kaien er kritisk for Johan Castberg, og då er det godt å sjå at prosjektet har halde alle milepålar og er godt i rute med å verta ferdig som planlagt til våren. Det siste prosjektet som har byrja å visa igjen inne på verftsområdet er Johan Sverdrup fase to, kor me saman med Aker Solutions skal byggja ein 5 000 tonn stor tilleggsmodul til stigerøyrsplattforma på Johan Sverdrup-feltet. Dette prosjektet har møtt på nokre av dei same utfordringane som Johan Castberg med mangel på arbeidskraft hos underleverandørane i Polen, men dei rette grepa vert tekne og me held framdrifta. I tillegg til aktiviteten innafor portane, så er det også mykje som skjer både på demoleringsanlegget på Eldøyane og ute i havet. Me har saman med Aker Solutions hatt oppdraget med oppkoplinga av både stigerøyrsplattforma og utstyrs- og bustad plattforma på Johan Sverdrup. Me kan vera stolte av jobben som har vorte gjort der, og som har bidratt til at det gigantiske feltet kom i produksjon to månader før planlagt oppstartdato. Så tilfreds var Equinor, at dei inviterte til landets største kakefest og spanderte kake på alle leverandørane og lokalsamfunna som hadde bidratt i prosjektet, og sendte takkebrev til Kværner for innsatsen.
“
– Det er prosjekta me lever av, og som må ha fokuset anten det er kvardag eller fest. TERJE JOHANSEN
Når det gjeld demoleringa, er me på ein «all time high» ute på Eldøyane. Demolering av utrangerte installasjonar er eit satsingsområde for Kværner, og gjengen som jobbar på dette feltet har teke Kværner opp fleire divisjonar dei siste åra. Det har gjeve resultat, og medført at me har hanka inn fleire attraktive kontraktar. Aller gjevast var det å vinna oppdraget med å demolera Statfjord A. Når jula no står for døra, kan me sjå tilbake på eit hektisk prosjektår, med over 5 000 personar involvert i prosjekta på Stord. Trass utfordringar, kan me vera stolte over at alle prosjekta våre er på plan. Dette har etter kvart vorte eit varemerke for Kværner. Men viktigast av alt – me har ikkje hatt nokon alvorlege skadar. Me produserer rundt ein millionar timar i veka. Diverre har me for mange småskadar, og det skal me jobba med. Verdt å trekkja fram er også sjukefråværet, som er lågare enn på lenge og godt innafor målsetninga. Det er noko som alle tilsette, og ikkje minst leiarane og dei som jobbar med førebygging og inkluderande arbeidsliv, skal ha honnør for.
nadane nede, parallelt med at det blir hard jobbing for å vinna nye prosjekt. Men eg er likevel optimistisk for framtida. Det er mange spennande moglegheiter, både på vind og i andre marknader. Så er det opp til oss å bli billege og gode nok til at me når opp i konkurransen. Som alle veit, så kjem ikkje det av seg sjølv. Men med arbeidsmetodane og den kompetente arbeidsstokken me har i Kværner, så har me eit veldig godt utgangspunkt for å kunne hevda oss i konkurransen framover. Med desse orda gjenstår det berre å takka for samarbeidet og innsatsen dette året, og ønskje vel møtt til nye utfordringar i 2020. God jul og godt nyttår! • Terje Johansen, fungerande verftsdirektør
Før eg rundar av ønskjer eg å formidla nokre tankar om tida som ligg framfor oss. I haust oppdaterte me strategien i Kværner, og presenterte djerve mål om omsetnadsauke samstundes med at me skal satsa på fornybar energi og serieproduksjon av FPSO-ar. Hywind Tampen vart eit stort gjennombrot for oss på fornybarmarknaden. Men me må vinna meir, både innan vind, men også på FPSO og dei tradisjonelle områda. Konkurransen er tøffare enn nokon gong, og det vil krevja vårt eller beste for å nå opp. Det viktigaste salsargumentet er at me leverer prosjekta våre på tid, kvalitet og budsjett. Men for å vinna prosjekta, må me halda fram med å forbetra oss og kutta kostnader. Komande år blir i så måte krevjande for oss, ved at me har litt mindre i ordreboka enn me gjerne skulle hatt. Difor må me vera førebudd på at det i nær framtid kjem til å vera stort fokus på å halda kost-
SYSTEMPOSTEN
5
Årskavalkade 2019
Nye fagarbeidarar i Kværner. Les meir på side 89. Foto: Elisabeth Sætrevik
Januar Den 8. januar var Kværner-tilsette invitert til opning av jubileumsåret. Arrangementet markerte starten av Kværner på Stord sitt 100-årsjubileum. Fredag 19. januar var det høgtideleg u tdeling av fagbrev. I alt 19 personar tok fagbrev innan ulike fagområde, ni praksiskandidatar og ti lærlingar. 120 kundar, partnerar, underleverandørar og tilsette frå Kværner var samla på Gardermoen i januar for HSSE Summit 2019. Hovudtemaet for samlinga var «gjør det personlig». Kværner var godt synleg på Utdanningsmessa som vart arrangert på Vikahaugane for 29. året på rad. Elevane fekk prøve seg på sveising og prøvekøyre krana «Storen» ved hjelp av VR-briller.
Februar I februar vart Tools & Equipment samla i eit nytt kontorbygg inne på Servicesenteret. Alle i 3. etasje i Vestbygget sit no i det nye kontorbygget, kor ein òg har fått nytt møterom. Den 16. februar kom prosessplattforma til Johan Sverdrup til Høylandsbygd i Sunnhordland. Eit par dagar etterpå låg den til kai ved Eldøyane ved Kværner. Equinor, Kværner, KBR og Leirvik inviterte 17. februar til «Sverdrup-sundag» på verftet
6
SYSTEMPOSTEN
Sverdrup-sundag med blant anna open plattform freista omlag 5 500 til verftet ein sundag i februar.
Stasjonærsaksa «Fenris» vil medføre auka produktivitet og betre HSSE i demolerings-prosjekta.
Foto: Magne Langåker
Malarhallen var omgjort til konsertarena då Equinor og Kværner inviterte til sailaway-markering for Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform. Foto: Odd Naustdal
på Stord. Open plattform, klasse-kahoot, Vil vite-eksperimenter og Knutsen og Ludvigsenshow stod på programmet. I alt 5 500 personar tok turen til verftet denne søndagen, og 150 elevar deltok på klasse-kahoot med Marcus Baily som quizmaster.
Onsdag 13. mars vart Kværner sin splitter nye profilrobot levert i brennehallen på Stord. Roboten har ein skjærehastighet som er 4–5 gongar raskare enn den gamle, og vil bidra til å auke kapasiteten og produktiviteten i brennehallen. Roboten har fått namnet «Robocut».
Tidleg morgon den 20. mars forlot utstyrsog bustadplattforma til Johan Sverdrup-feltet verftet.
I slutten av februar kom det melding om at Kværner har fått kontrakt for installasjon av nytt utstyr til produksjonslinje B ved Hydro sitt aluminiumsverk på Husnes. Oppdraget frå Hydro markerer eit viktig steg i Kværner sin strategi for å utvide verksemda også utanfor oljebransjen.
Fredag 15. mars inviterte Equinor, Kværner og KBR til trossekapping-seremoni i anledninga at utstyr- og bustadplattforma til Johan Sverdrup reiser offshore.
Torsdag 28. februar vart brulanding-supporten til Johan Sverdrup RP MOD-prosjektet kjørt ut av Stordhallen ved Kværner på Stord. Supporten er den første komplette Ieveransen til Johan Sverdrup fase 2.
Mars Roar Kyvik vart 29. mars valgt som nytt hovudverneombod ved Kværner på Stord. Han overtok etter Knut Ove Handeland som gjekk av etter eige ynskje. Det vart mange «selfies» på helikopterdekket på Johan Sverdrup då 18 sentrale ungdoms politikarar besøkte Kværner på Stord i byrjinga av mars, etter felles invitasjon frå Equinor og Kværner. Veka før var toppane i NHO, LO, Norsk Industri og Fellesforbundet på liknande besøk, og fredag var det ein delegasjon frå Senter partiet som hadde funne vegen til verftet.
Etter ei vellukka overføring til løftefartøyet Pioneering Spirit, forlot prosessplattforma til Johan Sverdrup-feltet Stord natt til laurdag 16. mars. 1 500 personar tok turen til verftet på Stord laurdag 16. mars, og fekk med seg ein s trålande flott festkonsert i Malerhallen. Konserten, som var arrangert av Equinor i samarbeid med Kværner og KBR, var det tredje arrangement i samband med markeringa av sailaway for Johan Sverdrup ULQ. Frå scenen sørga Bjørn Berge Electric Band, Postgirobygget og Aurora for at konserten vart ei flott oppleving! I slutten av mars vart det 1 100 tonn tunge og 63 meter høge sidepanelet til Miller Lower Jacket West velta overende på demolerings anlegget. Det vart brukt rundt 40 tonn trekkraft under operasjonen, då sidepanelet landa heilt som planlagt.
Årskavalkade 2019
Foto: Kværner, Odd Naustdal
April Den 4.april var utstyr- og bustadkvarteret til Johan Sverdrup-feltet klar for innflytting, berre to veker etter at Aker Solutions og Kværner sitt hook-up prosjekt fekk tilkomst til plattforma offshore. I regi av Atheno, og som ein del av prosjektet UngTekno, var kring 100 niandeklassingar frå Stord ungdomsskule samla hos Kværner på Stord onsdag 3. april. Den 8. april vart den nye stasjonærsaksa på demoleringsanlegget offisielt opna. Saksa som har fått namnet «Fenris» vil medføre auka produktivitet og betre HSSE i demoleringsprosjekta. I henhold til IA-handlingsplanen vart det arrangert IA-samling tysdag 9. april på Stord Hotell. Tema for samlinga var pensjon og forsikringar for tilsette i Kværner. Onsdag 24. april hadde Johan Sverdrup RP Mod-prosjektet felles brennestart hos dei polske underleverandørane MPG, EPG og Crist. Grunna arbeid med kai-prosjektet vart den 5 500 tonn tunge dokkporten lagt i tørrdokka for vedlikehald. Dokkporten vart bygd i tørrdokka i 1971.
SYSTEMPOSTEN
» 7
160 Kværner-tilsette stilte til start under Sunnhordland maraton 4. mai. Foto: Lars Melkevik
Mai Heile 160 Kværner-tilsette stilte på start streken under Sunnhordland Maraton som gjekk av stabelen 4. mai. Som eit 5S-tiltak, var driftsavdelinga i mai i gong med oppryddingsarbeid ved Eldøyvakta. Målet er å betra tilkomsten til vakta, få vekk dammar og rydda og pynta ved inngangspartiet, opplyser driftssjef Hallgeir Tofte. I mai kunne servicegjengen i Njordprosjektet informere om at dei så langt har handtert 2 000 tonn stillasmateriell. Få prosjekt har hatt dette enorme stillasbehovet som Njord. Berre på undersida av plattforma er det rundt 475 tonn stillas. I slutten av mai kunne kaiprosjektet informere om at prosjektet er klar for å starte med betongarbeidet ute på sjølve kaien. Ved utgangen av mai i år var det ved opplæringa på Stord avlagt heile 1 100 site-testar, kor nesten 500 av disse var blitt avlagt i løpet av den siste månaden. Første byggekloss til den aller største Johan Castberg-modulen vart laurdag 25. mai levert til maling på Stord, til avtalt tid og med faktor 1.
13 nye Kværner-medarbeidarar fekk før sommaren vitnemål for fullført teknisk fagskule. Foto: Magne Langåker
Måndag vart første seksjon til Johan Castberg kjørt ut av malingshallen ved verftet på Stord. Foto Elisabeth Sætrevik
Eit 315 meter langt cruiseskip dukka opp i hamnebassenget i morgontimane 30. august. Foto: Lars Melkevik
Onsdag 12. juni la statsminister Erna Solberg ned grunnsteinen i den nye kaien.
fabrikasjonshall på verftsområdet på Stord, og ny teknologi som skal gjere boksproduksjonen meir digitalisert og effektiv.
og prosjekta til grillfest i Plateverkstad 3 for å feira den gode innsatsen som er gjort gjennom sommaren.
Kaiprosjektet markerte ein viktig milepåle 26. juni, då dei første betongelementa vart installert på kaifronten.
Onsdag 21. august var det brennestart for Johan Sverdrup RP-prosjektet i Egersund.
– Kværner byggjer eit imponerande kaianlegg. Men det er litt meir enn det me markerer her i dag. Me markerer også hundre års norges historie, for verftet her på Kjøtteinen er nettopp det – eit stykke norgeshistorie, sa statsminister Erna Solberg. 13 nye Kværner-medarbeidarar fekk før sommaren vitnemål for fullført teknisk fagskule. I tilknyting til eit jubileums-arrangement for kundar og leverandørar i byrjinga av juni, vart 96 år gamle Leif Nilsen heidra for innsatsen sin for verksemda gjennom 73 år, først 43 år som tilsett og deretter 30 år på dugnad som leiar av Historiegruppa ved Kværner Stord. Sola braut gjennom ti minutt før portane opna for årets aller største jubileumsarrangement, Open dag på Stord, sundag 16. juni. Aller høgast vart temperaturen då Åge Aleksandersen & Sambandet drog i gong med gamle slagerar frå ein lang artistkarriere. 4 700 personar tok turen til verftet denne dagen.
Juni
I midten av juni vart dei tre nye traverskranane i Plateverkstad 3 sett i drift, noko som vil bidra til langt betre stabilitet, oppetid og HSSE i prefab-en på Stord.
Onsdag 5. juni var det opning av jubileumsfoto utstilling i tunellen ned frå Bleikjehaugen til verftsområdet.
For å optimalisera produksjonen av isolasjonsboksar, investerar Kværner i ein 1000 m2 ny
8
SYSTEMPOSTEN
Juli Njord-prosjektet produserer for fullt gjennom sommaren. Status mot slutten av juli er at planen med å få gjort så mykje som mogleg i sommarperioden har fungert etter intensjonen. Over 80 ferievikarar fekk tilbod om sommarjobb på verftet i år. Mandag 29. juli vart ein viktig milepåle i prosjektet nådd, då første seksjon til Johan Castberg vart kjørt ut av malingshallen. Den 315 tonn tunge seksjonen vil bli ståande på vestsida av Stordhallen, kor ein startar med pre-installasjon av mekanisk utsyr og røyr.
August Den 17. august inviterte Kværner til fest på torget. Familiearrangementet baud på musikk underhaldning, moteoppvising, og ei rekkje aktivitetar for born og unge. Same kveld inviterte Kværner til jubileumsfest på Vikahaugane for alle tilsette, med festmiddag og underhaldning. I høve verftet sitt 100-årsjubileum vitja Den Høgvyrde Kronprins Haakon Kværner på Stord fredag 23. august. Same dag inviterte Equinor Årskavalkade 2019
Eit 315 meter langt cruise-skip dukka opp i hamnebassenget i morgontimane 30. august. Skipet var ein snartur innom for å få løfta om bord eit aggregat. Det låg i Stavanger og skulle vidare til Bahamas. Fredag 30. august var det klart for kranseskål for den nye isolasjonsfabrikken. Ferdigstilling innvendig pågår, og i løpet av desember vil bygget vera klart for å byrja med produksjon av isolasjonsboksar.
September Det nye lærlingekullet er på plass. Til saman er det i år tatt in 58 nye lærlingar, fordelt med 31 på Stord og 27 i Verdal. I byrjinga av september vart kaiprosjektet ferdig med fylling og komprimering av dei ti hovedcellene og åtte mellombuene til den nye kaien. Totalt 200 000 tonn masse har gått med for å fylle cellenespuntene. 30 Kværner-tilsette byrjar denne hausten på teknisk fagskule på Stord, etter den såkalla Stordmodellen kor bedrifta og skuleverket i fellesskap har etablert eit utdanningsløp skreddarsydd for industrien. SYSTEMPOSTEN
» 9
720 hjul var i sving då den største transporten med Kværner sine eigne vogner flytta Miller jacketen på demolerings anlegget. Foto: Lars Melkevik
I oktober kunne Njord-prosjektet juble over å ha oppnådd to nye milepålar. Foto: Lars Melkevik
Konserndirektør for FPSO, Guro Høyaas Løken og verftsdirektør på Stord, Terje Johansen delte i lag med resten av EMT ut Kvikk Lunsj til om lag 3000 tilsette. Foto: Elisabeth Sætrevik
Konsernsjef Karl-Petter Løken på allmøte i Velferdsbygget 27. november. Foto: Odd Naustdal
Torsdag 19. september var ein milepåle i Castberg-prosjektet nådd, då den aller fyrste seksjonen ankom verftet på Stord. Seksjonen kom på lekter frå Crist-verftet i Polen.
framleis på plan, har ingen HSSE-hendingar og god framdrift.
det, og forfattar og journalist Atle Berge las utdrag frå boka han har skrive om ei av dei verste u lukkene i Noreg si historie: Alexander L. Kielland-plattformen som velta i Nordsjøen våren 1980.
Ettersom det var fullt i alle hallane, måtte det gamle Velferdsbygget 27. november takast i bruk då konsernsjef Karl-Petter Løken inviterte dei tilsette på Stord til allmøte.
Fredag 20. september kom det melding om at Kværner er tildelt kontrakt for å resirkulere Gyda-plattforma.
Jarle Henriksrud vert ny direktør for Kværner sitt verft på Stord. Kværner annonserte 16. september justeringar i toppleiinga, som innebar at Steinar Røgenes går over i ei ny stilling i konsernet, med verknad frå 1. oktober.
I slutten av september ankom resten av Jettestrukturane demoleringsanlegget. Totalt er det rundt 700 tonn med subsea-strukturar som skal fjernast.
Torsdag 17. oktober var refleksen sin dag. Kværner på Stord delte for niande år på rad ut refleksar til barneskulane på Stord, i tillegg til eigne tilsette.
Johan Castberg-prosjektet markerte 26. september fabrikasjonsstart i Hammerfest. Med det har prosjektet fabrikasjon på tolv ulike stader i Norge og i Polen.
Fredag 18. oktober la tungtransportfartøyet Meri til kai på Stord med to nye Polenleveransar til Johan Castberg-prosjektet.
Eit tett samarbeid mellom Verdal og Stord resulterte i slutten av september i gjennomføring av den største transporten av denne typen som nokon gong er utført med eigne vogner i Kværner. Totalt 13 vogner fra Verdal og Stord vart nytta, og kunne med sine 90 akslingar og 720 hjul trygt gjennomføra transporten av konstruksjonane som planlagt.
I anledning oppstart av Johan Sverdrup-feltet, inviterte Equinor til kakefest fredag 1. november. Equinor spanderte kake på alle samarbeidspartnarar som har vore involvert i feltutbygginga, og inkluderte både tilsette i Kværner, underleverandørar og innleidde.
Oktober Dei siste betongelementa på den nye kaien vart løfta på plass i starten av oktober. Prosjektet er
10
SYSTEMPOSTEN
November
I tilknyting til den nynorske barnebokfestivalen Faltiriltu, vitja 90 ungdomsskuleelevar industrimusseet til Kværner. Her fekk dei ei omvisning av Leif Nilsen, Torstein Leth fortalde om utviklinga innanfor HSSE-arbei-
Ein tidleg morgon i november, stod EMT (executive management team) og deler av leiar gruppa på Stord klar for å dele ut Kvikk Lunsj til om lag 3 000 tilsette på Stord. Bodskapet til alle var: lag ein trygg og god arbeidsdag for deg sjølv og dine kollegaer. Kværner har i haust fått eit tilleggsoppdrag for gjennomføring av Njord Offshore HookUp. Oppdraget vil verta utført i 2020 etter ferdigstilt oppgradering av Njord A. Njord A vil deretter ta fatt på 20 nye produksjonsår. Njord-prosjektet informerte i midten av november at dei har i ein hektisk prosjekt periode oppnådd to nye milepålar. SSM38 (System 62) som gjeld ferdigstilling av modifikasjonar av røyr og tankar på dieselsystemet, samt SSM08 (system 63) som omhandlar ferdigstilling og trykksetting av ringledning for instrumentluft.
Årskavalkade 2019
60 verneombod og tillitsvalde var 29. november samla til møte for å diskutera arbeidsmiljø. Møtet er ein del av utrullinga av «Grip inn», eit nytt program mot mobbing og trakassering.
Desember Fredag 6. desember vart det arrangert klokkelunsj med utdeling av gullklokker til tilsette som har vore 25 år i verksemda. I år vart det delt ut gullklokker til 23 tilsette. I slutten av desember vart boka som er vorten skriven i samband med 100-årsjubileumet gjeven ut. Boka vil bli delt ut til tilsette og pensjonistar på Stord. •
SYSTEMPOSTEN
11
Njord-plattforma ved Maureenkaien på Stord.
Også visuelt har Njord A vakse det siste året. Det symbolske innløftet av flammetårnet markerte fullføringa av den store løftekampanjen som tok til i august 2018. I denne kampanjen er det gjennomført meir enn 20 løft med ei samla vekt på kring 6 000 tonn, og Njord A har vakse i både storleik og omfang. I perioden fram til sjøtesten neste år handlar det om å gjennomføre det gjenståande arbeidsvolumet, samstundes som det er fokus på å ferdigstilla dei forskjellige systema ombord. Dette for å gjere det mogleg for Equinor å fortløpande gå i gong med Commissioning-scopet sitt på Njord A. I samband med dette er alle milepålane i Baseline 5 oppnådd, og det vert jobba godt i heile organisasjonen for å òg nå dei komande milepålane i prosjektet.
Siste indre for Noreg sitt største oppussingsprosjekt TEKST OG FOTO LARS MELKEVIK
Nærare 3000 personar frå kring 30 nasjonar er i desse dagar involvert i arbeidet med Njord A. Noreg sitt største oppussingprosjekt er inne i sin mest hektiske fase, på vegen mot ferdigstilling i 2020. 12
SYSTEMPOSTEN
Njord-prosjektet har vore Kværner sitt største prosjekt gjennom 2019, og vil fortsatt vera det i 2020. Det gjenstår det framleis nokre hundre tusen arbeidstimar i prosjektet, eit prosjekt som òg har vakse i storleik. Mellom anna fekk Kværner ein stor tilleggsjobb med å tilretteleggja plattforma for inntak av olje frå Fenja, samt eit betydeleg volum med endringsordrar og vedlikehaldsarbeid som kunden på seinare tidspunkt har bestemt seg for å få utført.
Njord A
Kværner fekk i haust tilleggsoppdraget på gjennomføring av Njord Offshore Hook-Up. Dette arbeidet vert utført i 2020 etter ferdigstilt oppgradering av Njord A. Sentrale oppgåver i Hook-Up arbeidet vert oppkopling av risere og umbilicals, samt å bistå tredjepart i samband med marineoperasjonane. Ein annan viktig del av klargjeringa på Njord-feltet, kring 130 kilometer nord-vest for Kristiansund, vert oppkoplinga mot felta Bauge og Fenja. Noreg sitt største oppussingsprosjekt vil då vera ved vegs ende, og Njord A vil ta fatt på 20 nye produksjonsår og viktig verdiskaping for velferdssamfunnet heilt fram til 2040. •
SYSTEMPOSTEN
13
Praktleveranse av ei plattform TEKST ELISABETH SÆTREVIK FOTO LARS MELKEVIK
Onsdag 20. mars vart utstyrs- og bustadplattforma til Johan Sverdrup-feltet henta av gigantskipet Pioneering Spirit. På rekordtid var plattforma kopla opp på felt og klar for innflytting. Plattforma var mekanisk ferdig så tidleg som i oktober 2018. Gjennom vinteren vart alle system testa grundig, og plattforma klargjort før avreise. Plattforma vart formelt overlevert til Equinor 15. februar 2019 kl. 12.00, nøyaktig som avtalt då kontrakten vart signert for snart fire år sidan.
14
SYSTEMPOSTEN
To veker etter at Aker Solutions og Kværner sitt hook-up prosjekt fekk tilkomst til plattforma, kunne bebuarane flytta inn. Oppkoplingsarbeidet tok mindre enn ei veke, noko som er rekord. Ei slik suksessfull installasjon og oppkopling er eit resultat av at fellesprosjektet Kværner–KBR (K2JV) har levert ei plattform med høg kvalitet og med historisk ferdigstillingsgrad.
Tett samarbeid Med ei slik vellukka prosjektgjennomføring, gjennomført av to selskap som ikkje før hadde jobba i lag, prikkfrie leveransar frå under leverandørar, samt ein særs nøgd kunde – kva er nøkkelen bak ei slik leveranse? Prosjektleiar Jan-Tore Elverhaug og resten av prosjektleiargruppa var med i tilbodsarbeidet på utstyr- og bustadplattforma. I saman med engineerings-selskapet KBR fekk ein tidleg i prosessen kjennskap til kvarandre, og lærte kvarandre å kjenne. Elverhaug er tydeleg når han ser tilbake på kva som fekk prosjekt gjennomføringa til å flyte. – For det fyrste har prosjektet nådd samtlege milepålar gjennom heile perioden, og er eit skuleeksempel på godt samarbeid mellom kunde og leverandørar. Me har levert ei platt-
form som er så tett opptil «plug and play» som det er mogleg å få den, og det er i stor grad takka væra ein konstruktiv og open dialog mellom alle involverte i prosjektet Å nytta tida i tilbodsfasen godt, samt dei påfølgande månadane etter kontraktsignering var viktig. Å setje felles mål og vera tydleg på kva ein ventar av kvarandre, var òg noko ein satte høgt på lista. – Me starta ut i eit felles partnarskap med engineering-selskapet KBR, og danna selskapet K2JV. Frå fyrste stund var begge partar tydleg på, og hadde eit sterkt ynskje om, å investere tid til å bli godt kjent. Me hadde også ei felles vilje til å nå det målet me hadde sett oss; å levere ei plattform til rett tid, rett kost og rett kvalitet.
SYSTEMPOSTEN
»
15
Ansvarlig for utbygginga av Johan Sverdrup-feltet Trond Bokn, Equinor, prosjektleiar i Equinor Aud Lisbeth Hove, prosjektleiar i Kværner Jan-Tore Elverhaug, prosjektleiar i KBR Sandeep Sharma, Elly Bjerknes i Kværner og Steinar Røgenes i Kværner. Foto: Øyvind Sætre
Trass i at prosjektet var spreidd på ulike lokasjonar, vart alle leveransar både levert og installert i høve til plan. Både site team, underleverandørar, kunde og prosjekttilsette bidrog til at prosjektet hadde ein god flyt gjennom heile prosjektperioden. – Me klarte å ha heile linja med oss. Ei av drivkraftene som fekk oss til å klare å gjennomføre dette, var blant anna den gjensidige respekten me hadde til kvarandre. Dette gjaldt for alle partar, både Leirvik AS og kunden vår Equinor.
Me nådde måla me sette oss gjennom open og direkte dialog, i tillegg til å tillata oss å spele kvarandre gode. Og så må ein ikkje gløyme alle tilsette i heile prosjektorganisasjonen. Me opplevde ein arbeidskvardag der tilsette var villige til å gje litt ekstra for å sikre at me kom i mål – dette er noko me som prosjektleiing sette veldig stor pris på.
Feira suksessen med lokalsamfunnet I 2019 feira Kværner på Stord 100 år. Prosjektet tok del i feiringa, og bidrog sterkt
Konserndirektør for utvikling og produksjon norsk sokkel Arne Sigve Nylund Eguinor, olje-og energiminister Kjell-Børge Freiberg, andre års lærling Thomas Hjelland, administrerande direktør Karl Petter Løken, konserndirektør olje og gass Jan-Egil Brændeland, KBR. Foto: Øvvind Sætre
til å invitera lokalsamfunnet til å ta del i både jubileet, men og å vise resten av samfunnet kva ein faktisk byggjer på Kværner. I februar inviterte Equinor, i lag med KBR og Kværner, til open plattform på verftet. I alt 5 500 besøkte verftet den dagen, og fekk gå ombord og sjå på korleis ei plattform ser ut på innsida. Det var også lagt opp til klasse-kahoot der elevar frå ungdomsskulane på Stord vart invitert. Nokre veker seinare var det trossekappings seremoni, kor røyrleggjarlærling Thomas Hjelland saman med olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg fekk æra av å kaste fortøyingstrossa. Johan Sverdrup-feiringa vart avrunda med ein storstila festkonsert i malar hallen, kor 1 500 personar møtte opp for å høyra Bjørn Berge Electric Band, Postgiro bygget og Aurora. – Det er stas å få vise fram til lokalsamfunnet kva me klarer å få til. Å la tilsette få vise fram noko dei har jobba lenge med, til sin nærmaste familie, er noko eg trur dei fleste set pris på, avsluttar Eleverhaug. •
“
– Eit skuleeksempel på godt samarbeid mellom kunde og leverandørar. JAN-TORE ELVERHAUG
Sailaway-konsert med Aurora. Foto: Lars Melkevik
« Pioneering Spirit hentar Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform i Digernessundet. Foto: Equinor/Woldcam
16
SYSTEMPOSTEN
Johan Sverdrup ULQ
SYSTEMPOSTEN
17
Johan Sverdrup-feltet i produksjon TEKST ELISABETH SÆTREVIK FOTO EQUINOR
Den 5. oktober, om lag to månader før offisiell dato, starta Equinor i lag med partnarane Lundin Norway, Petoro, Aker BP og Total, med produksjon frå Johan Sverdrup-feltet. Feltsenteret er eit av dei største som er installert i Nordsjøen. Kværner har i lag med Aker Solutions og Beerenberg hatt ansvaret for oppkoplinga av både stigerøyrsplattforma og utstyrs- og bustadplattforma. Stigerrøyrsplattforma vart installert i løpet av sommaren 2018, medan
18
SYSTEMPOSTEN
oppkoplingsarbeidet av utstyrs- og bustadplattforma vart gjort våren 2019. Prosjektleiar Anton Hove er nøgd med arbeidet som er gjort offshore.
Johan Sverdrup-feltet.
– Me i prosjektet sit med ei kjensle om at dette må vera ein verdsrekord når det gjeld tida som er brukt frå plattforma forlét Stord, til den var innflyttingsklar. Det tok i alt 14 dagar frå den segla frå verftet på Stord den 20. mars til bebuarar flytta inn 4. april.
eit godt samarbeid med kunden vår Equinor, og Aibel som har vore ansvarleg for hook-up på boreplattforma og prosessplattforma.
Mykje av suksessen med installasjonsarbeidet forklarar Hove med leveranse av ei plattform med høg kvalitet, i tillegg til høg kompetanse og erfaring i hook-up teamet.
– Me kjem til å ha ei bemanning fram til jul på om lag 100–150 personar. Desse vil jobbe med reparasjonar på ulikt utstyr, fjerning av midlertidig utstyr, samt restarbeid innan maling og isolering. I tillegg har me fått ein del ekstra arbeid på dei andre plattformene på feltet. Personellet som blir igjen er no blitt godt kjende med Johan Sverdrup, og me har lagt til rette for at desse skal kunne fortsette vidare på neste fase som startar i 2020, seier Hove. •
– Ferdigstillingsgraden på plattforma var veldig høg. Me tok imot ei plattform utan restarbeid. Dette førte til at oppkoplingsarbeidet gjekk saumlaust. I tillegg ligg nøkkelen i god planlegging, og erfaring. Dette har me skaffa oss gjennom fleire prosjekt. Me har òg heile vegen hatt
Johan Sverdrup Hook-up
Sjølv om plattforma no er i produksjon, er det framleis ein del arbeid som må utføras.
SYSTEMPOSTEN
19
Slik såg det ut på verftet 27. februar, då prosessplattforma til Johan Sverdrup-feltet var innom på eit kort opphald. Til høgre Njord A. Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform ligg i tørrdokken, klar for å bli henta av Pioneering Spirit.
Tre gigantar på verftet TEKST ELISABETH SÆTREVIK FOTO WOLDCAM/EQUINOR
Slik såg det ut på verftsområdet ei morgonstund i slutten av februar, då tre store plattformer var på verftet samstundes. I tillegg til Njord A og Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform, var også prosessplattforma til Johan Sverdrup-feltet innom verftet nokre veker.
Bilete illustrerar godt den store aktiviteten på verftet dette året. Prosessplattforma er bygd av Samsung i Korea, men hadde eit kort opphald på Stord før turen gjekk vidare offshore.
20
SYSTEMPOSTEN
Kværner hadde fått i oppdrag av Equinor å installera dei to pidestallkranane, i tillegg til andre førebuingar før plattforma skulle hentast av løftefartøyet Pioneering Spirit.
Byggjeleiar Rune Slettemark fortel at dei hausten 2018 starta førebuingane til å ta imot plattforma. Det vart på kort tid etablert ein eigen site på Eldøy, rett ved sida av Kværner sitt demoleringsanlegg. Eit midlertidig kontorbygg vart sett opp, i tillegg til fasilitetar ute på sjølve verftsområde, med alt i frå verktøybur, forbrukskonteinarar, og fortøyingsutstyr. – Når ein etablerer ein ny site, er det mykje som skal på plass. Her tenkjer eg ikkje berre på kontor og andre fasilitetar, men mobilisering av personell. Om lag 200 personar var på jobb til ei kvar tid, fordelt på dag, kveld og nattskift. Her var det ei god blanding av eige personell og innleige. I tillegg til vår eigen prosjektorgani-
Johan Sverdrup prosessplattform
sasjon, satt me tett i tett med Equinor, og deira samarbeidspartnar Aibel. Arbeidsomfanget var hovudsakleg installasjon av to kranar, i tillegg til installasjon av ein stor trafo. Equinor valte også å utføre meir arbeid enn det som i første omgang var planlagt. Prosjektet utførte i tillegg testing av ulike system og tilrettelegging om bord, for å kunne få ein raskare og effektiv oppstart offshore. Natt til laurdag 16. mars forlét prosessplattforma Stord, etter ei vellukka overføring frå lekter til løftefartøyet Pioneering Spirit som tok plattforma vidare offshore. •
SYSTEMPOSTEN
21
Arne Engevik er prosjektleiar for modulfabrikasjon for Johan Sverdrup modifikasjonsarbeidet.
“
Foto: Marius Knutsen
– Me har derimot klart å snu dette, og har henta inn mykje av den tida me låg bak.
Klar til å ta over stafettpinnen TEKST ELISABETH SÆTREVIK
Johan Sverdrup RP MOD-prosjektet er i full gang med fabrikasjonsarbeidet i Polen og på Stord. Prosjektet går inn i 2020 med fokus på pre-utrusting, installasjon og samanstilling av den 5 500 tonn tunge modulen tilhøyrande stigerørsplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Prosjektet har òg byrja med fabrikasjon til integrasjonsarbeidet offshore ved Aker sitt verft i Egersund. For tida er over 800 personer engasjert for å sikre vellukka leveransar til prosjektet, fordelt på ni lokasjonar i Norge, Polen og India. Prosjektstatus i skrivande stund er at ein er i ferd med å leggja bak seg detaljdesign og ferdigstilling for storparten av innkjøpa til modulen. På fabrikasjonssida er arbeida i Polen nær ferdig, og planlagt levering til Stord er i januar/februar 2020.
22
SYSTEMPOSTEN
På Stord går fabrikasjon av stål og røyr for fullt. Etter årsskiftet er det eit faseskifte på Stord, då ein byrjar med pre-installasjon og utrustning. I august vert det oppstart med fabrikasjon av røyr og mindre strukturar til integrasjonsfasa i Egersund. Ved årsskiftet byrjar ein med mobilisering av personell offshore til integrasjons arbeidet.
ARNE ENGEVIK
Arne Engevik er prosjektleiar for modulfabrikasjon i prosjektet, og med det ansvarleg for at alle leveransar til modulen går som dei skal.
tillegg nøydde til å ha fullt fokus på å leggja ting til rette for mottak av det som kjem frå Polen, seier Engevik.
– Me kom litt skeivt ut av startblokka grunna kapasitet og fleire pågåande prosjekt hos underleverandørane våre. Me har klart å snu dette, og har henta inn mykje av den tida me låg bak. Den største suksessen så langt er at me har vore i fabrikasjon sidan april 2019 – på fem verft i Polen i tillegg til Stord og i Egersund – utan HSSE-hendingar. Dette er veldig bra, og me byrjar å sjå effekten av det arbeidet og fokuset som vert lagt ned på HSSE. Me veit alle at å jobba trygt og sikkert er ferskvare, men me skal alltid ha tid til å jobba sikkert, seier Engevik.
For å sikre god flyt i framdrifta til prosjektet, har organisasjonen fått god hjelp til innføring av forbetringsarbeid gjennom Kværner Beyond. I midten av oktober gjennomførte byggje ansvarleg for modul på Stord, Kjell Normann Olsen, ein heildagssamling med sin organisasjon. Føremålet var å gje dei ein innføring i Lean, og korleis ulike verktøy kan bidra til betre flyt i prosjektgjennomføringa.
Modulen som skal byggjast har ei vekt på 5 500 tonn, ei grunnflate på 56 m × 39 m og er 17 m høg. Den er sett saman av åtte seksjonar, kor fire vert bygd i Polen, og dei resterande på Stord. Fyrste leveranse frå Polen vert på nyåret 2020. På Stord skal det byggjast fem seksjonar. I oktober vart fyrste seksjon køyrt inn i malingshallen, før den vart transportert vidare inn til Plateverkstad 3 for å byrja med multidisiplin ferdigstilling. – Me er på god veg opp i den farta me må ha for å klara å halda flyten i prosjektet. Etter at alle leveransar frå Polen er levert til oss, kjem me til å ha ti månadar på oss å til å gjere modulen komplett. Me har ein stor milepåle å halde oss til, og det er at modulen skal vera mekanisk ferdig i tidleg 2021. Medan arbeidet med modulbygging går sin gang på Stord, er me i
Johan Sverdrup RP mod
– Gjennom god dialog og godt engasjement i gruppa, har me allereie fått på bordet såkalla tidstjuvar som på sikt kan slå inn på effektiviteten vår. Me har no identifisert moglege utfordringar, og er godt i gong med å løyse desse. Me kjem til å jobbe med dette kontinuerleg, og gjennom bruk av nyttige Lean-verktøy ser me tydeleg kven som er ansvarleg for prosessane. Dette er med på å hindre at arbeid fell mellom to stolar, forklarar Olsen.
Bemannar opp på nyåret I løpet av februar 2020 vil prosjektet ha ei toppbemanning på omlag 500 personar på direkte og indirekte timar. Ein kjem til å oppretthalde denne bemanninga utover hausten 2020. – Modulen skal vera klar til å segla frå Stord våren 2021. Når den er installert offshore, vil Kværner ilag med Aker Solutions sørgje for at modulen vert kopla opp mot stigerørs plattforma. Vårt arbeid vil dermed pågå fram til hausten 2022, seier Engevik. •
SYSTEMPOSTEN
23
Prosjektleiar Heine Haktorson orienterer Kronprins Haakon om Johan Castberg-prosjektet, under kronprinsen sitt besøk på verftet 23. august.
legg press på tidlegutrustings-fasen, seier Haktorson. Dette er også opplevinga til Rolf Litlehamar, som er site manager i Polen. – Me låg veldig godt an, men i mai var det akkurat som om botnen fall ut av marknaden. I Polen har det vore nærast støvsuge for folk, og det kan verka som at det er press over heile Europa, seier Litlehamar.
Første leveransar frå Polen
– Eit enormt logistikkprosjekt TEKST ODD NAUSTDAL FOTO ØYVIND SÆTRE
Med Johan Castberg har den erfarne prosjektleiaren Heine Haktorson fått eit prosjekt å bryna seg på. Fabrikasjonen tok til i november i fjor, og i skrivande stund har Johan Castberg-prosjektet fabrikasjon på 12 ulike stader i Noreg og Polen. Stord, Verdal, Egersund, Sandnessjøen og Hammerfest i Noreg, og EPG, MPG, WNS, Energop, Crist, Mostostal Choinije og Isotechnic i Polen. – Det er eit enormt logistikkprosjekt, med kompleks fabrikasjon og samanstilling, seier Haktorson, som må medgje at det er krevjande å halda framdrifta.
24
SYSTEMPOSTEN
Botnen fall ut av marknaden – Det har vore ein del utfordringar knytt til Polen. Det kan sjå ut til at det har vore ei endring i arbeidsmarknaden der. Det verkar som at dei har vorte meir vande til å reise vekk for å ta seg jobb, og flyttar der kor dei får best betalt, slik at det hos mange av samarbeidspartnarane har vore vanskeleg å få tak i nok kompetent arbeidskraft. Johan Castberg var det første prosjektet som møtte dette, og det har medført forseinkingar på leveransane til Stord, som igjen
Leveransane har likevel kome. Torsdag 19. september kom den aller første seksjonen til Stord. Seksjonen kom på lekter fra Crist-verftet i Polen og er ein del av separasjonsmodulen AP700, som ferdig utrusta vil bli den største modulen i prosjektet. To etasjer av modulen er fabrikkert i Polen, medan det øvste dekket blir fabrikkert på Stord. Ferdig utrusta vil modulen ha ei vekt på rundt 3 000 tonn. I midten av oktober kom neste Polen-leveranse. Då kom stålstrukturane til gassinjeksjonsmodulen AP300 og rekompresjonsmodulen AP600. Begge strukturane skal utrustast på Stord. Dei er blant dei største i prosjektet vil vil ferdig utrusta ha ei vekt på høvesvis 3 200 tonn og 1 700 tonn.
Uvant kontraktsformat Johan Castberg er ein FC-kontrakt, altså ein fabrikasjonskontrakt og ikkje ein totalkontrakt (EPC) som har vore det mest vanlege på dei store prosjekta. Aker Solutions leverer teikningsgrunnlaget under ein separat kontrakt med Equinor, medan Kværner har ansvar for fabrikasjons-engineering og produksjon av jobbpakkar. Johan Castberg er Kværner sitt første store FC-prosjekt sidan Sleipner Vest som vart levert i 1996. – Me har jobba ein del – og jobbar framleis – med å snu oss om frå EPC til FC. Systema og
Johan Castberg
organisasjonen er skrudd saman for EPC, og FC har me ikkje jobba med sidan 90-talet. Rett nok var KEP2005 (Kårstø) òg FC, men det var eit landanlegg og me hamna i rettssak. Så FC er ei utfordring for organisasjonen, og me brukar mykje tid på å gjera EPC-tilpassingar, seier Haktorson.
Stor teikningsproduksjon på Stord Haktorson fortel at størstedelen av teikningar er laga av fabrikasjonsengineering på Stord. – Shipcon i Polen lagar fabrikasjonsteikningar for verfta i Polen, men Stord handterer grunnlaget og har oppfølginga også av dei. Egersund og Verdal lagar eigne stålteikningar, men me lagar røyrteikningar for alle, seier Haktorson. Leveransane av stålstrukturar frå Polen i oktober markerte oppstarten på tidlegutrustingsfasen. – No er me på veg inn i den kritiske «pre- assembly»-fasen som skal gå til januar 2020. Alle tre modulane på Stord skal vera ferdig samanstilt til slutten av januar. Då er alle byggje klossane sett oppå kvarandre og komne inn i Stordhallen, og klare til den hektiske innspurten som går fram til sommaren 2020. Då skal alt koplast opp, og alt av kabeltrekking og røyrtesting osb. skal byrja. Det vert ein veldig travel fase. Me skal vera mekanisk ferdig til etter ferien, og deretter vert det isolering fram til 1. september slik at me er klare til skroget kjem neste haust. Deretter byrjar installasjons- og ferdigstillings fasen, som også kjem til å verta hektisk fram mot seiling våren 2022, seier Haktorson. Prosjektet sysselset for tida kring 1 500 personar, fordelt på dei ulike lokasjonane. På Stord vil aktiviteten utover hausten bli trappa opp til 5–600 personar på direktefaga. – Me jobbar for tida 24 timar seks dagar i veka for å ta igjen forseinkingane frå Polen, seier Haktorson.•
SYSTEMPOSTEN
25
– Denne dagen handlar om framtida til Kværner sitt anlegg på Stord og framtida til norsk olje industri. Sidan dagens Kværner vart etablert har me investert meir enn 1,5 milliardar i anlegga våre og kompetansehevande tiltak i Noreg. Når me legg ned grunnsteinen her i dag er det eit fundament for at me legg ned ytterlegare 370 millionar kroner i auka kapasitet for «Storen» og for kaianlegget rundt, sa konsernsjef Karl-Petter Løken.
Statsministerer Erna Solberg klar for å leggja ned grunnsteinen i den nye kaien. F.v. ordførar Gaute Epland, stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland, prosjektleiar Thomas Dahl, verftsdirektør Steinar Røgenes, statsminister Erna Solberg, konsernsjef Karl-Petter Løken, stortingsrepresentant Magne Rommetveit, Aker ASA-representant Atle Kigen og Per Ivar Birkeland frå Birken & Co.
Statsministeren la ned grunnsteinen
Johan Castberg-skroget kjem utpå hausten neste år. I slutten av mai markerte prosjektet at betong arbeidet på sjølve kaien kunne byrja. Samstundes byrja i tillegg arbeidet med kaipiren. I juni tildelte Kværner entreprenørselskapet Birken & Co AS kontrakt for bygging av ny kranbane, som Birken & Co tildelte vidare til Engelsen Entreprenør AS.
– Investeringa i «Storen» har nærast revolusjonert måten me samanstiller plattformer, og vist seg som ei veldig god investering for Kværner. Med ny kai vert krandekninga endå betre, noko som vil gje oss ytterlegare utnytting av kraninvesteringa frå 2012, sa verftsdirektør Steinar Røgenes.
I september var kaiprosjektet ferdig med fylling og komprimering av dei ti hovudcellene og åtte mellombuane til den nye kaien. Totalt 200 000 tonn masse har gått med for å fylla cellenespuntane.
Hendingsrikt år i prosjektet
Tidleg oktober vart dei siste betongelementa på den nye kaien løfta på plass.
Kaiprosjektet har hatt god framdrift, og er på seinhausten framleis i rute både framdriftsmessig og økonomisk, opplyser prosjektleiar Thomas Dahl. Han er spesielt tilfreds med at det ikkje har vore ei einaste uønska HSSE-hending så langt i prosjektet. 2019 har vore eit hendingsrikt år i kaiprosjektet, med mange viktige milepålar fram mot at kaien skal stå ferdig våren 2020, og klar til at
Onsdag 16. oktober gikk den siste, store undervass-salva av, etter nærare halvanna år med sprengingsarbeid. Med det var prosjektet i mål med eit omfattande utdypingsarbeid som gir det nye kaiområdet ei vassdybde på minst 16 meter. Totalt er det sprengt 84 salver, gjennomført 23 000 boremeter og sprengt 114 000 kubikkmeter fjell ved hjelp av 131 tonn sprengstoff. •
TEKST ODD NAUSTDAL FOTO ØYVIND SÆTRE
Kværner beslutta i 2018 å investera 370 millioner kroner i eit omfattende nytt kaianlegg ved verftet på Stord. Onsdag 12. juni la statsminister Erna Solberg ned grunnsteinen i den nye kaien. Kværner inviterte alle tilsette til kaiarrangement med nedlegging av grunnstein på kaien. Arrangementet starta med kaidikt av stunt poet Arne Torget, før det var helsingar og talar av statsminister Erna Solberg, konsernsjef Karl-Petter Løken, Atle Kigen i Aker og verfts direktør Steinar Røgenes.
26
SYSTEMPOSTEN
– Kværner byggjer eit imponerande kaianlegg. Men det er litt meir enn det me markerer her i dag. Me markerer også hundre års norges historie, for verftet her på Kjøtteinen er nettopp det – eit stykke norgeshistorie, sa statsminister Erna Solberg i talen under kai arrangementet.
Den nye kaien tek form. Biletet er teke hausten 2019.
Kaiprosjektet
SYSTEMPOSTEN
27
Gjennombrot i ein ny marknad TEKST ODD NAUSTDAL FOTO KVÆRNER
27. februar kunngjorde Kværner ei kontraktstildeling som markerte gjennombrotet på eit nytt marknadsområde. Kværner fekk oppdraget med å oppgradera Hydro på Husnes sitt aluminiumsverk, ein kontrakt verdt 200 millionar kroner. På Husnes ligg eit av Hydro sine aluminiumsverk. Det 1,1 kilometer lange bygget har to hallar for produksjon av aluminium. Den eine av dei to produksjonslinene blei midlertidig stengt under finanskrisa i 2009. No skal denne delen av anlegget opnast igjen, men først skal elektrolyseceller og ein del anna utstyr byttast ut. Totalt 200 omnar, kvar av dei rundt 10 × 5 meter, skal oppgraderast. Gamle delar skal fjernast og ny teknologi skal installerast. Som alltid når ein går i gang med noko nytt, så har også dette prosjektet sine utfordringar. Oppstarten har vore krevjande, men prosjektleiar Hans Bruntveit har tru på at dei skal få opp farten etter kvart. – Det er litt som eit Ikea-prosjekt. Me brukar lang tid på å setja saman den første, men så går det litt raskare på dei neste og etter kvart så treng du ikkje ein gong å sjå på teikningane, seier han. Forskjellen er berre at her er det 1,5 millionar delar, i tillegg til skruar og mutrar, og teikningane er frå då produksjonslina var ny i 1965. Bruntveit opplyser at dei for tida er kring 75 personar i prosjektet. 40 av dei går 14/21-rotasjon, medan resten jobbar vanleg
28
SYSTEMPOSTEN
arbeidsveke. Dei som går rotasjon bur i Hydro sin leir på Husnes. Avtalen vart signert 27. februar i år. Rundt juletider er målet at dei skal vera ferdig med 20 omnar. Prosjektet skal vera ferdig hausten 2020. Bruntveit skryt av medarbeidarane sine. – Det er veldig god innsats av alle involverte. Folk står på og gjer ein god jobb, sjølv om det er eit nytt fagområde. Sjølv om det er hektisk, så opplever eg at stemninga for det meste er god. Folk står på og gjer det beste ut av det. Aluminiumsmarknaden, og andre typar landanleggsjobbar, kan representera viktige moglegheiter for Kværner framover. Bruntveit trur Kværner gjennom dette prosjektet haustar viktige lærdomar, som vil vera nyttige inn mot andre og kanskje større landanleggsjobbar. – I tillegg trenar me i dette prosjektet på å jobba med ein langt slankare organisasjon enn det me gjer på eit vanleg prosjekt. Det gjer oss meir konkurransedyktige – og spesielt på oppdrag som dette, kor me konkurrerer med verksemder som er mindre enn oss, så er det viktig, seier Bruntveit. •
Prosjektleiar Hans Bruntveit. Foto: Odd Naustdal
SYSTEMPOSTEN
29
Gerhard Eide er prosjektleiar for Statfjord A-prosjektet. Foto: Marius Knutsen
Statfjord A-dekket under bygging på lektarane Tom og Tina i dokken. Foto: Kværner
Statfjord A – Endar livssyklusen på Stord
Gerhard Eide er prosjektleiar for Statfjord A. Sjølv om det er fleire år til plattforma kjem til Stord, er planlegginga i gong for fullt.
TEKST ELISABETH SÆTREVIK
Fire tiår etter at Aker Stord leverte Statfjord A, vender plattforma tilbake til Kværner sitt demoleringsanlegg på Stord for demontering og gjenvinning. Ambisjonen er å gjenvinne meir enn 98 % av materialet, som skal nyttast til andre formål. Statfjord A vart bygd på Stord på 1970-talet, og har bidrege til store delar av Noreg sin oljeog gassproduksjon sidan 24. november 1979. Plattforma var den første installasjonen på Statfjord-feltet, som har vore Noreg sitt mestproduserande oljefelt.
30
SYSTEMPOSTEN
Mest sannsynleg kjem plattforma tilbake til Stord seinsommaren 2023, men det kan òg verta noko seinare. I løpet av 26 månader skal det 48 000 tonn tunge dekket demonterast, og material skal skiljast ut for vidare sal.
– Me er no i startfasen av eit nybrottsarbeid. Suksessen ligg i planlegginga, og den er me allereie godt i gong med. Me reiser no offshore ei veke til Statfjord A for å få eit nærare blikk på plattforma. I første omgang vil fokuset vera å få betre oversikt over til dømes farleg avfall, og detaljar som me kanskje har oversett tidlegare. Første milepåle i prosjektet er metodefrys som skal vera klar i løpet av våren 2020. Me skal då ha klart for oss korleis me ser for oss å demontere denne komplekse plattforma. Plattforma består av eit betongunderstell som står på havbotnen og bærer vekta av plattforma. Equinor har valgt Allseas til å gjennomføre all prosjektering, førebuing, fjerning og avhending av plattformdekket, med Kværner som ein sentral underleverandør. Dette inkluderer
Statfjord A
marine operasjonar, løfting av plattformdekket, og transport med Pioneering Spirit. Ved ankomst Kværner, vil plattformdekket bli overført til lekteren Iron Lady før innlasting til gjenvinningsanlegget. Før den tid skal Kværner laga ein ny kai, og eit betongdekke på 5 000 m2 som mellom anna inneheld drenering og reinseanlegg. – Prosjektet kjem til å bli spennande og utfordrande på mange måtar. Det at me får heile plattforma inn til anlegget vårt, i staden for del for del, er nytt. Med ei høgd på over 70 meter, vil dette òg ha innverknad på metoden me må nytta oss av. Me kjem til å nytte oss av heile paletten vår. Med dette meiner eg at me kjem til å løfta, velta, droppa, klippa og brenna. Me tippar at den er så godt bygd, at det vert spanande å sjå om me klarar å riva den i frå kvarandre, seier Eide med eit smil. •
SYSTEMPOSTEN
31
Kværner er tildelt kontrakt for demolering av Gyda.
avhengighetar og nedstengingsekvens for desse. Å finne ein riktig splitt mellom offshore og onshore EDC-aktivitetar er òg ein pågåande og sentral aktivitet. Kværner sin andel av arbeidet med å definere og klargjere for EDC vil pågå fram mot April 2020. I parallell med utføringa av arbeidet knytta til nedstenging, førebuingar for transport til land og demolering, vurderer òg Repsol å gjenbruka Gyda på eit anna felt. Kværner utfører for tida ulike studiar som inngår i arbeidet med å modne Gyda gjenbrukskonseptet, og ser samtidig på ein gjennomføringsmodell for eit eventuelt Gyda gjenbruksprosjekt.
Øystein Pedersen er prosjektleiar for Gyda.
Nedstenging av Gyda offshore og studier knytta til mulig gjenbruk TEKST ELISABETH SÆTREVIK
I september i år vart Kværner tildelt kontrakt for demolering av Gyda-plattforma. Gyda-plattforma, som vert driven av Repsol, har produsert olje og gass sidan 1990-talet. Plattforma, som står på jacket levert frå Verdal, inkluderer ein topside med boresystem, bustadkvarter og prosessanlegg. I skrivande stund er Gyda i ein nedstengingsfase der brønnar vert fasa ut og sikra offshore. Dette inngår som ein del av nødvendige førebuingar for å ta Gyda av feltet. Allseas har inngått ein avtale med Repsol Norge om å transportera Gyda til land når nedstenging er utført, og denne avtalen inkluderer også onshore demolering av Gyda sine fasilitetar. Allseas planlegg å bruka Pioneering Spirit for transport av Gyda topside til land. Kværner har som underleverandør til A llseas fått oppgåva med onshore demolering av Gyda, og dette arbeidet er planlagt utført ved Kværner sitt demoleringsanlegg på Eldøyane. Som ein opsjon i kontrakten med Allseas er
32
SYSTEMPOSTEN
Kværner også tildelt oppgåva med engineering, jobbsetting og planlegging for «engineering down and cleaning», også kalla EDC. Dette kan kort forklarast som passifisering og sikring av plattformsystem offshore etter kvart som dei vert fasa ut og overflødige. Arbeidet vert utført i tett samarbeid med Repsol og er eit nytt og spanande segment for Kværner innan demoleringsområdet. Øystein Pedersen er Kværner sin prosjektleiar for arbeidet med Gyda. – Arbeidet knytta til EDC vert i hovudsak utført av vårt personell i Trondheim, i samarbeid med personell frå demolering på Stord. Samarbeidet
på tvers av lokasjonar fungerer fint, og me får gode tilbakemeldingar på dette. Det er kjekt å kunne utnytta kompetanse på tvers av lokasjonane våre. – For tida er me i planleggingsfasen, og er godt i gong med å få oversikt over system, samt
– Å få moglegheit til å oppgradere Gyda ville passa Kværner veldig bra. Arbeidet knytta til oppgraderingkonseptet skissert av Repsol er innanfor Kværner sin kjernekompetanse, og vil vera eit prioritert prosjekt for oss om Repsol vel å gå for gjenbruk, seier Pedersen. •
Pågåande demoleringsprosjekt
JETTE Kunde: Allseas Operatør: BP Arbeid: Subsea strukturer, 700 tonn, tre strukturer lagrast for gjenbruk, ein struktur vert resirkulert, og ein er seld tilbake til opphaveleg leverandør til bruk som utstillingsmodell. Ferdigstillelse: Q4 2020
Demolering
MILLER Kunde: Saipem Operatør: BP Arbeid: 40 000 tonn med struktur, 8 modular, manuell brenning, keramisk fiber, mobile saksar, 750 tonn prossesert i veka. Ferdigstillelse: Q2 2020
VALHALL Kunde: Allseas Operatør: Aker BP Living Quarter Arbeid: 3 500 tonn, start av løftekampanje Q1 2020, kutting, løfting, manuell brenning. Ferdigstillelse: Q4 2020
SYSTEMPOSTEN
33
Notisar frå andre delar av Kværner
Gjennombrot på havvind! TEKST ODD NAUSTDAL FOTO EQUINOR
Kværner signerte 31. oktober ein kontrakt med Equinor om å levera elleve flytande betongskrog for turbinar for offshore vindkraft, samt marine driftstenester for Hywind Tampen-prosjektet. Dette vert verdas største flytande havvindpark, og er avgjerande for å industrialisera løysingar og redusera kostnadar for framtidige offshore vindkraftprosjekt. Kontrakten har ein verdi på omlag 1,5 milliardar kroner. Hywind Tampen-prosjektet vil bli installert offshore Norge, vest for Bergen, og vil levera elektrisk kraft til dei nærliggjande olje- og gassplattformene Gullfaks A, B, C og Snorre A og B. Den samla effekten fra dei elleve turbinane vert 88 megawatt og vil erstatta omlag 35 prosent av energibehovet til dei fem plattformene. I dag kjem energien driv desse plattformene frå gassturbinar. Prosjektet vil redusera norske CO2-utslepp med meir enn 200 000 tonn per år, noko som tilsvarar utsleppa frå 100 000 bilar. – Kværner har som mål å bidra til berekraftige og verdiskapande løysningar for miljøet og samfunnet. Det er viktig at Noreg gjer det som er mogleg for å redusera utsleppa, også innan
34
SYSTEMPOSTEN
olje- og gassproduksjon. Kontrakten er eit veldig viktig skritt i Kværner sin strategi for å veksa innan fornybar verksemd, i tillegg til den eksisterande verksemda innan olje og gass, seier Karl-Petter Løken, konsernsjef i Kværner. Den innleiande fasen med konstruksjon av dei elleve betongskroga vil byrja i tørrdokken på Stord. Botnseksjonane vert deretter frakta til Dommersnes i Vindafjord for ferdigstilling. Til slutt vil vindturbinane bli installert på toppen av betongskroga i Gulen. Prosjektet skal ferdigstillast hausten 2022. Oppdraget gjev omlag 250 årsverk for Kværner-tilsette. Inkludert ytterlegare ringverknader for mellom anna leverandørar og offentleg sektor, vil prosjektet totalt gje omlag 800 årsverk. •
VALHALL FLANKE VEST LEVERT UNDER BUDSJETT Kværner Verdal leverte 16. juni Valhall flanke vest ubemanna brønnhovudplattform. Plattforma vart levert på tid og under budsjett. Prosjektet er det første som er levert av Aker BP sin allianse for bygging av brønnhovudplattformer. Kunden Aker BP og h ovudleverandørane Kværner, Aker Solutions og ABB har jobba i ein
SKAL BIDRA TIL GRØN SKIPSFART Kværner har som del av ei gruppe på seks leiande nordiske selskap, gått saman for å bidra til å redusera utsleppa i skipsfarten. Wärtsilä står i spissen for initiativet, som heiter «Zero Emission Energy Distribution at Sea» (ZEEDS). På verdsbasis står skipsfarten for eit årleg CO2-utslepp på nesten ein million tonn. ZEEDS-prosjektet prøver å møta denne utfordringa ved å utvikla ein ny infrastruktur for miljøvenleg drivstoff for skip. Dei seks selskapa er Wärtsilä, Aker Solutions, Equinor, DFDS, Grieg Star og Kværner. •
felles organisasjon, og dermed redusert mykje tid og hatt ein betre kostnadskontroll saman likna med ein tradisjonell modell der kunde og leverandør har åtskilte rollar og ansvar. Resultatet er at Aker BP kan starta produksjonen tidlegare enn planlagt. •
KVÆRNER INVOLVERT I NORD STREAM 2 Verdas største gassprodusent Gazprom er i gang med utvidinga av gassrøyret som forsyner EU med russisk gass frå Narva Bay i Russland, via Østersjøen og til Greifswald i Tyskland. Kværner i Russland er involvert i arbeidet med landfallet på russisk side, hovudsakleg ein betongjobb som vert utført av Kværner Russland, med støtte frå Oslo og i samarbeid med lokale leverandørar. Prosjektet vil på topp ha eit mannskap på rundt 450 personar. •
SYSTEMPOSTEN
35
Kværner-medarbeidarar på farten Sjølv om aktiviteten har vore stor inne på eige verft, har det blitt ein del pendling og reising på verftsmedarbeidarane også dette året. Kartet viser kor Stord-medarbeidarane har jobba i løpet av 2019.
Verdal Trondheim Aukra
Offshore Johan Sverdrup
Mongstad Bergen Husnes Stord
Stavanger Egersund
Feira 100 års stolt industrihistorie «Bli med på festen», stod det på framsida av eit avisbilag som gjekk ut til alle husstandar i Sunnhordland i januar. For Kværner var det viktig å feira 100-åringen saman med lokalsamfunnet.
Oslo Kristiansand
Polen
Storbritannia
– Me har alltid vore tett samanvevd med lokalsamfunnet, og fann det naturleg å legga opp til ei feiring som flest mogleg kunne ta del i. Det var kjekt å sjå at så mange slutta opp om open dag og dei andre arrangementa våre, seier Steinar Røgenes som var verftsdirektør gjennom det meste av jubileumsåret. På dei neste sidene kan du lesa meir om dei ulike jubileumsarrangementa, om det utradisjonelle filmprosjektet kor 100 personar har blitt intervjua, og om jubileumsboka som kjem ut rundt juletider.
Dåverande verftsdirektør Steinar Røgenes og komikar John Brungot tek ein selfie framfor kring 1 100 Kværner-medarbeidarar, for høvet iført gullfarga jubileums-sydvestar.
Jubileumsåret opna med eit brak
Steinar Røgenes inviterte kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar til uformell jubileumsmarkering på Stord konferansesenter i Rutle.
Den store jubileumsveka TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL Veka etter pinse var definert som den store jubileumsveka i jubileumsåret, med kundeog leverandørarrangement, kaiseremoni og open dag.
TEKST ODD NAUSTDAL FOTO MARIUS KNUTSEN
Det blir feiring når eit 100-årsjubileum fell saman med vellukka prosjektlevering og generelt stor aktivitet på verftet. Jubileumsåret vart sparka i gong med eit brak i plateverkstaden 8. januar. Det buldra godt i Plateverkstad 3, då Kværner erklærte jubileumsåret for opna, med lysshow og trommenummer av Jan Evald Kleppe og Tarald Tvedten. Deretter tok komikar John Brungot over, før Steinar Røgenes talte til forsamlinga. – Me som er i Kværner i dag står på skuldrene til generasjonar før oss som har jobba seg gjen-
38
SYSTEMPOSTEN
nom opp- og nedturar. Dette året skal ta oss tid til å sjå i bakspeilet og reflektera over røtene våre. Men me skal også sjå framover. No er det me som har stafettpinnen. Når me no byrjar på dei neste 100 åra, er det me som skal springa det me kan – for å sikra at Stord-samfunnet og Sunnhordland også i tida som kjem har ei livskraftig hjørnesteinsverksemd, sa Røgenes til forsamlinga. •
Det starta med Kværner si årlege leverandørsamling tysdag 11. juni. Same kveld deltok kring 350 leverandørar, samarbeidspartnarar og kundar på jubileumsarrangement i Rutle. Dagen etter la statsminister Erna Solberg ned grunnsteinen på den nye kaien på Kværner, før veka vart runda av med det som var definert som hovudarrangementet i jubileumsåret: Open dag. • Stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland og Magne Rommetveit helsa jubilanten på sedvanleg humørfylt vis.
SYSTEMPOSTEN
39
Pioneering Spirit låg like utpå fjorden under Open dag.
Kunstnar Magdalena From Delis og Steinar Røgenes framfor det 112 kvadratmeter store bildet som er sett saman av 17 ulike plattformer som er levert frå verftet. 4700 personar tok turen til verftet under open dag 16. juni.
4 700 på open dag TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL
Sola braut gjennom ti minutt før portane opna for det største jubileumsarrangementet for året, Open dag sundag 16. juni. Heile 4 700 personar var innafor portane i løpet av arrangementet. Temperaturen vart aller høgast då Åge Aleksandersen & Sambandet drog i gang med gamle slagerar frå ein lang artistkarriere.
Deretter var det seniortreff for pensjonerte medarbeidarar, foredrag av Morten Aa Djupvik og Tommy Urhaug i Stiftelsen Vi, før tre konsertar på hovudscenen, med Adelen, Daniel Owen og Åge Aleksandersen & Sambandet.
Med Njord A som bakgrunn og Pioneering Spirit like utpå fjorden, ønskte Steinar Røgenes dei mange frammøtte velkomen til ein open dag med eit meir variert og rikhaldig program enn på mange år. Dagen starta med avduking av eit 112 kvadratmeter stort jubileumsmaleri, på austveggen av den gamle storstova Velferdsbygget.
Parallelt var det matservering, konkurransar, HSSE- og prosjektinformasjon og underhalding for store og små.
40
SYSTEMPOSTEN
Fotoutstillinga i tunnelen var open, og Servicetårnet var i høvet gjort om til eit informasjonsog opplevingssenter for Njord A. •
Åge Aleksandersen & Sambandet laga god stemning under open dag.
SYSTEMPOSTEN
41
Feststemte Kværner-medarbeidarar fylte idrettshallen TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL Laurdag 17. august inviterte Kværner saman med Velferdsforeininga til jubileumsfest for tilsette i Vikahaugane.
Vikahaugane var for kvelden omgjort til stivpynta festlokale. Dei kring 700 tilsette som hadde meldt seg på festen fekk først velkomstdrink i gamlehallen. Kveldens konferansier Ole Bergesen inviterte deretter inn i nyehallen, kor det stod ein flott trerettars middag på menyen. Etter ein kort velkomst frå Steinar Røgenes, gjekk det slag i slag med underhaldning utover kvelden, med revyinnslag, opera frå tenor Runar Thor Gudmundsson, poesi av stuntpoet Arne Torget og musikalske innslag av mellom andre Britt-Synnøve Johansen og Klangboltane. Arrangementet vart avrunda av event-bandet Housequake som spelte opp til dans til ut i dei små timar. •
42
SYSTEMPOSTEN
SYSTEMPOSTEN 43 Alle foto: Lars Melkevik
– Alle har vore her på Stord – Det er fint å vera tilbake på denne viktige staden, for Vestlandet og Noreg si industri- og velstandsutvikling, sa Kronprins Haakon då han vitja Kværner fredag 23. august. Kronprinsen tok seg god tid på Stord. Over tre timar var sett av til besøket. Dagen starta ved Velferdsbygget og det 112 kvadratmeter store veggmaleriet som er oppført i høve jubileet. Kring 150 barnehageborn deltok, og Naust vågen barnehage framførte songen «Vestlandet» for Kronprinsen.
Johan Castberg og Njord, og han fekk møta medarbeidarar og lærlingar i Kværner.
Kronprinsen vitja deretter Kværner sitt industrimuseum, kor han fekk møta Leif Nilsen og dei andre pensjonistane som har bygd opp og driftar industrimuseet.
– Me er utruleg stolte av at Kongehuset ønskjer å besøka oss i tilknyting til 100-årsjubileet vårt, sa Steinar Røgenes då han ønskte velkomen til grillfesten.
Ferda gjekk deretter inn på verftsområdet, via den gamle tunnelen med fotoutstillinga som er hengt opp i høve jubileet. Inne på verftsområdet fekk Kronprinsen informasjon om prosjekta
– Hjørnesteinsverksemda på Kjøtteinen er Noregshistorie og ein viktig del av forteljinga om det moderne Noreg. Men det er òg ein del av historia til familien min, og det fekk eg sjå
44
SYSTEMPOSTEN
Kronprinsen talte deretter til kring 2 000 prosjektmedarbeidarar som var samla til felles grillfest for alle prosjekta, som Equinor og Kværner hadde invitert til.
« Kværner inviterte alle barnehagane i kommunen til å møta kronprinsen, som tok seg god tid då Pernille Oline Holm Nilsen og Åsmund Eidsnes Birkelund frå Tjødnalio barnehage overrekte blomar. Steinar Røgenes, Karl-Petter Løken og Anders Opedal i Equinor står bak.
«
TEKST ODD NAUSTDAL FOTO ØYVIND SÆTRE
Rundt 2000 prosjektmedarbeidarar samla til grillfest og helsingstale frå Kronprins Haakon. Foto: Henrik M. Andreassen, Sunnhordland
på kongeveggen på museet. Der har jo Kong Haakon vore, og bestefaren min, og kronprinsesse Märtha, og foreldra mine, tante Astrid, tante Ragnhild – alle har vore her, sa Kronprins Haakon til dei rundt 2 000 tilhøyrarane i Plateverkstad 3.
saman med Dronning Sonja under signingsferda.
Programmet vart avrunda i styrerommet, kor Kronprinsen fekk møta leiing og tillitsvalde i Kværner. Vertskap for besøket var verfts direktør Steinar Røgenes og konsernsjef KarlPetter Løken. I tillegg var konserndirektør Anders Opedal frå kunden Equinor til stades.
Kong Olav og Prinsesse Astrid var på verftet 27. juni 1958, i tilknyting til at Prinsesse Astrid var gudmor for redningskryssaren «Haakon VII».
28 år sidan sist kongelege besøk Kronprins Haakon har vore på verftet ein gong tidlegare, då han som 17-åring var på vitjing
23. mai 1969 var Kronprinsesse Sonja og Kronprins Harald på verftet, då Kronprinsesse Sonja var gudmor under dåpen av Hilmar Reksten sin turbintankar «Kong Haakon VII».
7. juli 1948 kom Kong Haakon, Kronprinsesse Märtha, Prinsesse Ragnhild, Prinsesse Astrid og Prins Harald på besøk med berre to timars varsel, då dei var i nærleiken og ønskte å sjå nærare på sildoljefabrikken og skipsverftet. •
SYSTEMPOSTEN
45
Jubileumsutstillinga i den gamle tunnelen vart opna 5. juni og var eit populært innslag under Open dag nokre dagar seinare.
Heidra for 73 år i teneste for verftet TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL
Jubileumsmaraton Gudmund Stensen, fekk fyrste premie med biletet «Havvindmølle»
TEKST ODD NAUSTDAL Som ein del av jubileet, sette Kværner seg som mål å stilla med 100 tilsette på startstreken av årets Sunnhordland maraton.
Tilfredse Kværner-medarbeidarar etter å ha fullført ein av distansane under Sunnhordland maraton. Foto: Lars Melkevik
Målet vart nådd og vel så det. Heile 160 spreke Kværner-medarbeidarar stod på startstreken på enten maraton, halvmaraton, 10 kilometer eller 5 kilometer, mellom dei verftsdirektør Steinar Røgenes og fagforeiningsleiarane Amram Hadida og Rune Rafdal. •
Fotoutstilling i tunnelen TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL Kværner inviterte i starten av året til ein fotokonkurranse med industri som tema.
Rundt 200 bidrag kom inn, og ein jury beståande av tidlegare bedriftsfotograf Øyvind Hjelmen, Eva Ersland i Stord Fotoklubb og Elisabeth Sætrevik i jubileumskomiteen, valde ut 20 bilete som saman med 20 historiske bilete frå eige arkiv vart stilt ut i tunnelen som går frå Bleikjehaugen til verftsområdet. Utstillinga vart opna 5. juni og vil vera tilgjengeleg gjennom heile jubileumsåret. Fyrste-, andre- og tredjepris gjekk til høvesvis Gudmund Stensen, Svein Andersland og Helge Søgnebotten. •
Amram Hadida og Rune Rafdal.
46
SYSTEMPOSTEN
I tilknyting til jubileumsarrangementet for kundar og leverandørar i Rutle, vart 96 år gamle Leif Nilsen heidra for innsatsen sin for verksemda gjennom 73 år, først 43 år som tilsett og der etter 30 år på dugnad som leiar av Historie gruppa Kværner Stord.
Leif Nilsen vart tilsett av Onar Onarheim i 1946, i det som den gongen heitte A/S Stord. Han kjem frå Jeløya, er utdanna skipsbyggar, og vart etterkvart ein sentral aktør under framveksten av skipsverftet og den teknologiske utviklinga som bidrog til at verftet utover 60- og 70-talet vart ein verdsleiande leverandør av supertankarar. Då Leif Nilsen gjekk av med pensjon i 1989 tok han initiativ til å etablere ei historiegruppe, som han har vore leiar for sidan. Historiegruppa møtes kvar tysdag, og har etablert og driftar bedrifta sitt eige museum. Dei har i tillegg publisert ei lang rekkje historiske bøker. – Kværner er takksame for innsatsen Leif og resten av historiegruppa har gjort og gjer for bedrifta, for å samla inn, systematisera og gjera tilgjengeleg den lokale industrihistoria, sa verftsdirektør Steinar Røgenes då han overrekte blomar til Leif Nilsen, til ståande applaus frå kring 350 gjestar frå inn- og utland i salen på Rutle. •
Steinar Røgenes passerer målstreken. Faksimile frå Sunnhordland 6. mai 2019.
SYSTEMPOSTEN
47
Inviterer til rekordlang kinoframsyning TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL
Filmar frå intervjuprosjektet «100 år – 100 intervju» har blitt publisert jamt og trutt gjennom heile jubileumsåret. På nyåret oppsummerer Kværner jubileumsåret ved å invitera til framsyning av alle 100 intervju i Kulturhuset, til det som vert Noreg si lengste kinoframsyning. «100 år – 100 intervju» er eit ambisiøst filmprosjekt som har hatt som mål å visa fram litt av mangfaldet av menneske som har jobba i eller rundt Kværner. – Det er vel og bra med store skip, plattformer, kranar og kaianlegg, men det er alle dei ulike menneska i bedrifta som verkeleg er Kværner, seier Thomas Dahl og Jarle Helland – initiativ takarane bak filmprosjektet «100 år – 100 intervju». 100 ulike personar med tilknyting til verftet. 100 varierte og personlege historier, dokumentert i filmsnuttar på tre til seks minutt. Intervjuprosjektet har freista å få fram eit utfyllande bilete av den hundre år lange verftshistoria og påverknaden verksemda har hatt på lokalsamfunnet. – «100 år – 100 intervju» handlar om å visa breidda og mangfaldet i alle dei ulike menneska som ein treng for å drifta ei verksemd som vår. For det er desse menneska som verkeleg er Kværner, poengterer initiativtakarane – som har henta inspirasjon frå filmskaparen David Lynch sitt «The Interview Project».
48
SYSTEMPOSTEN
Rosar filmstjernene og -skaparane Saman med gode kollegaer i Kværner har dei lagt ned ein solid dugnadsinnsats i ferdigstilling, innlesing av introduksjonar og overordna regi i prosjektet. Det lokale filmselskapet Eske & Horn fekk oppdraget med å gjennomføra samtalane, filma og grovklyppa dei 100 historiene. – Severin Eskeland og Reinert Horneland har gjort ein formidabel jobb. I eit halvt år har dei reist heim til intervjuobjekta, skapt ei trygg og fin ramme som har fått folk til å slappa av, og så fått fram masse gullkorn og interessante historier gjennom gode samtalar. All honnør til Eske & Horn for ein fantastisk innsats, rosar Helland og Dahl – som er endå meir takksame for motet og velviljen til dei 100 intervjuobjekta.
F O R T I D S P L AN S JÅ F B. C O M/ K VAE R N E R1 00
– Det er ikkje berre enkelt å fortelja om seg sjølv på film når du veit at dette kan bli sett av heile lokalsamfunnet. Me er derfor svært audmjuke og takksame for innsatsen til alle dei som har delt historia si med oss! For dei som ikkje får sett framsyninga i Kulturhuset, er filmane tilgjengeleg på www.kvaerner100.no og på facebook.com/kvaerner100. •
M Ø T M E N N E S K A BAK K VÆ R N E R I N O R E G S L E N G S T E K I N O F I L M S T O R D K U LT U R H U S
2 5 . JAN
G R AT I S I N N G AN G
Metodeleiar Roy Danielsen gir forfattarane eit kurs i prosjektgjennomføring, som bakgrunn for arbeidet med jubileumsboka. Foto: Trond Haga.
Nye perspektiv på verftshistoria TEKST IVER BUNES
I den nye jubileumsboka om Kværner på Stord dreg fem historikarar opp dei lange linjene gjennom hundre år, med fokus på dei siste 25. – Målet har vore å skriva ei bok som alle i Kværner kan få ny innsikt av. Samstundes håpar eg at me greier å utfordra lesarane med nokre av konklusjonane våre, seier prosjektleiar Knut Grove. I vel to år har forskarane frå Universitetet i Bergen og Norce Research greve seg ned i verftshistoria. Resultatet er eit verk på rundt 360 sider som skal gjevast ut før jul. – Sjølvsagt er eg spent på mottakinga! Me har fått til mykje innanfor rammene me har hatt, men skulle sjølvsagt ønska oss meir tid og ressursar til å dykka endå djupare ned i den spennande industrihistoria på Kjøtteinen, seier prosjektleiar og historikar Knut Grove – som har ført jubileumsverket i pennen saman med Martin Byrkjeland, Trond Holmen Erlien, Eva-Marie Tveit og Hans-Jakob Ågotnes.
50
SYSTEMPOSTEN
«Prosjektmaskineriet» sin æra Boka er delt opp i fem hovudbolkar. Den første tek føre seg sildeoljeperioden fram til skipsverftet vert til i 1945. Den fire neste delane omhandlar historia mellom 1945 og i dag, der utviklinga vert belyst frå fire ulike perspektiv: Fyrste del ser på forholdet mellom bedrift, konsern og strategi. I andre del står produksjon, arbeid og teknologi sentralt. I tredje bolk har historikarane teke føre seg arbeidsorganisering, arbeidsmiljø og medbestemming, før dei i fjerde bolk dykkar ned i forholdet mellom bedrifta, dei tilsette og lokalsamfunnet.
Trond Haga har leia arbeidet med boka frå Kværner si side.
Grove seier forskarane har hatt eit særskilt fokus på dei 25 åra som har gått sidan sist jubileumsbok. – Denne perioden er prega av at det kjem eit brot i måten heile leverandørindustrien fungerer på etter 1995–96, samtidig som verftet får nye eigarar. Dette skaper ei erkjenning av at ein må jobba på ein annan måte enn tidlegare. Det kjem ein nedbemanningsprosess, og frå byrjinga av 2000-talet vert det etablert ein ny basisorganisasjon på verftet der prosjektorganisasjonen blir førande for utviklinga. Samstundes skjer det mykje på overordna nivå, der verftet til dømes får tilgang til nye leigearbeidarar gjennom endringane i EØS-avtalen. Dette blir viktig for måten det nye «prosjektmaskineriet» fungerer på – gjennom ulike opp- og nedturar fram mot i dag, oppsummerer Grove.
– Hundreårshistoria er interessant og artig lesnad. Ho er med på å setja utviklinga til verftet saman til ein totalitet, og ho gjer samanhengane tydelegare. Det har vore ein spanande prosess å ta del i, tykkjer Haga •
– Spanande prosess Trond Haga har saman med Odd Naustdal, Alf Terje Myklebust og Atle Tranøy utgjort Kværner sin interne bokkomité.
Omslaget på jubileumsboka.
SYSTEMPOSTEN
51
1926
Soga samla på ein stad
Store mengder bilete og anna dokumentasjon har i løpet av jubileumsåret blitt digitalisert og gjort tilgjengeleg for publikum. Informasjonen er å finna på nettsida www.kvaerner100.no
På denne sida er det òg etablert ei tidsline kor tilsette og publikum kan leggja inn sine eigne bilete frå historia. Her er òg digitalisert og søkbar versjon av alle utgåvene av Systemposten, og ei rekkje andre historiske kjelder. •
Scan QR-koden for å besøke nettsida.
Arbeidarar ved bedding 3 i 1951.
Høgdepunkt frå historia TEKST ODD NAUSTDAL
Sildoljeproduksjon var rekna for å vera ein framtidsretta industri då fabrikken vart etablert på Kjøtteinen i 1919. På dei påfølgjande sidene er nokre av høgdepunkta frå den 100 år lange historia lista opp, frå kaptein Theodor Onarheim gjekk i land, til signeringa av dei siste kontraktane som er under bygging på verftet i dag. I 1916 var Theodor Onarheim skipper på dampskipet Sigrun. Fyrste verdskrig herja. Kaptein Onarheim og mannskapet hans var i ferd med å kryssa Nord-Atlanteren, då dei kom over bergensdamparen Thomas Krag som låg med knekt aksling. Etter fleire strabasiøse dagar med storm og vanskelege tilhøve, fekk dei omsider festa ankerkjettingen og taua båten 800 mil
52
SYSTEMPOSTEN
til Halifax. For det fekk dei 420 000 kroner i bergingsløn, kor av 70 000 kroner gjekk til kapteinen.
Bergingsløn som startkapital Theodor Onarheim hadde allereie gått med eit ønskje om å finna på noko på landjorda, og med bergingsløna hadde han fått investerings
SYSTEMPOSTEN
»
53
Theodor Selmer Onarheim 1880–1964
Gustav Berner Onarheim 1880–1951
kapitalen han trengte. Saman med tvillingbroren Gustav og storebror Ole bestemte han seg for å satse på sildolje, som på den tida vart sett på som ein framtidsretta industri. Dei gjekk alle inn med pengar, Theodor mest. Dei vurderte først å etablera fabrikken i nærleiken av heimstaden i Kvinnherad, men kom til at det var for langt frå fiskefelta. Men så fekk Theodor auge på Killingvikjo, med Naustvågen på eine sida og Eldøyane på den andre, og han meinte dette ville vera ein perfekt stad for ein sildoljefabrikk. Dei kjøpte eigedom av grunneigarane Arnfinn Bjelland og Per Langeland, og etter nokre rundar i retten grunna naboklager gjekk kjøpet og byggjeløyvet i orden. Sildolje maskineri tinga dei frå Myrens Mekaniske Verksted i Oslo.
Drifta kjem i gang I april 1919 starta arbeidet med å byggja fabrikken. Det var fire arbeidarar, pluss formann Ole Vaagen. Kvinnheringen Brynjulf Skorpen stod aleine og grov ut tomta i tre dagar, så kom det tre andre arbeidarar til. 10. november 1919 vart dei samde om å skipa eit aksjelag som skulle stå for drifta. Theodor Onarheim var disponent, Ole Vaagen formann og Gustav Onarheim sovande partner.
54
SYSTEMPOSTEN
Ole Bertin Vaagen 1874–1947
Første arbeidsdag var 27. november. Det var ti timars arbeidsdag den gongen. Arbeidstempoet var bra. Onarheim var streng, men rettferdig. Allereie frå starten var dei opptatt av kvalitet og god utnytting av råstoffet. Kvaliteten både for mjølet og oljen blei betre og betre, og fabrikken på Stord fekk tidleg ry for å levera gode produkt. 8. desember var fabrikken formelt registrert.
Konkurs i 1926 Men dei harde 20-åra venta like om hjørna. I Tyskland, som var hovudmottakar av Stord Sildoljefabrikk sine produkt, herska økonomisk kaos – den tyske marken raste nedover. Dette skapte problem for fabrikken, og i 1926 gjekk han konkurs. Ny eigar vart Sigfinn BartzJohannessen frå Bergen. Alle tilsette fekk behalda jobbane sine, og Theodor Onarheim heldt fram som disponent.
Mekanisk verkstad Frå 1932 var det ein eigen mekanisk verkstad på Kjøtteinen. Det var ikkje store greiene, men det var stadig noko som skulle reparerast eller byggjast om, så det vart fort arbeid for tre–fire mann. Denne vesle mekaniske verkstaden skulle danna grunnlag for to nye industriar på Stord: Skipsbygging og maskineri til sildolje industrien. I dei siste krigsåra byrja verkstaden
Sildoljefabrikken i 1926.
å fabrikkera maskineri til andre sildoljefabrikkar, og dette utvikla seg vidare etter krigen. Noreg hadde 50–60 sildoljefabrikkar, og A/S Stord bygde seg opp til å bli den største leverandøren av maskineri til desse. Då Aker kjøpte seg inn i skipsbyggeriet i 1956 vart denne delen av verksemda overført til Stord Marin Industri. Mot slutten av 50-åra var heimemarknaden metta når det gjaldt sildoljemaskineri, men Stord Marin Industri byrja å selja presser til sukkerindustrien. Totalt leverte industriavdelinga 2 000 presser til sukkerindustrien.
vart det bygd og levert ei rekkje båtar og skip av ulike typar – som passasjerskip, kystruteskip, fiskebåtar, redningsfartøy, kvalfangarar og bilferjer.
»
Bygg nummer 1 Den fyrste kontrakten for bygging av ein båt vart signert i 1943. Det var ein lekter for Kullkompaniet av 1871 i Bergen. Dette var den første byggekontrakten, og danna dermed opptakten til verftet slik det skulle utvikle seg. Lekteren vart levert frå A/S Stord i januar 1944. Krigen stoppa vidare utbygging. Men så snart krigen var over, byrja A/S Stord for alvor å byggja fartøy. Alt vart sett inn på å snarast mogleg reisa eit småskipsbyggeri. I åra 1943 til 1952
Frå kontoret på sildoljefabrikken i 1938. Disponent Theodor Onarheim i framgrunnen, saman med Thelma Onarheim og Gunnar Helgesen.
SYSTEMPOSTEN
55
«Kong Haakon VII» første 220 000-tonnar Sommaren 1969 leverte Stord Verft sin første 220 000 tonnar. Den blei døypt av Kronprinsesse Sonja, og fekk namnet «Kong Haakon VII». Det var under bygginga av dette skipet Goliat-kranen gjorde sitt første løft. I 1971 hadde Stord Verft kontraktar på fjorten 283 000 tonnarar, skip som skulle leverast med fire månaders mellomrom frå november 1972 til april 1976. Men det gjekk ikkje lang tid før reiarane ønskte endå større skip. Verdssituasjonen, med krigshandlingar og uro og aukande oljebehov skapte ein situasjon med nærast uendeleg optimisme hos reiarane. Aker Stord sine moglegheiter for å byggja større skip var tidlegare kartlagt, og Eldøyane var kjøpt inn for det føremålet. Men oljekrisa sette ein stoppar for superverftet på Eldøyane.
1973: Sir Charles Hambro ved utrustningskaien. Foto: Kværner-arkiv
Oljekrisa
Kronprinsesse Sonja var gudmor då Reksten-tankaren T/T «Kong Haakon VII» vart døypt på verftet i 1969. Saman med Hans A. Isaksen, som var direktør ved verftet frå 1964 til 1976. Foto: Kværner-arkiv
Aker kjem på banen
beid med AMV. Både Onarheim og Christian Bartz-Johannessen, son til Sigfinn, hadde lenge gått med planar om å utvida verftet til å kunne byggja båtar på 20 000 tonn. Med Aker på laget kunne planane realiserast.
50-talet var ein ekspansjonsperiode for verftet. I 1952 var ny plateverkstad og bedding klar. På dette anlegget blei det mellom anna bygd tankskip opp til 5 500 tonn og linjeskip opp til 6 500 tonn. Kort tid etter det igjen, leverte verftet skip på 7 000 tonn.
Teknologisk utvikling
Marknaden ønskte stadig større skip. I 1956 var Aker Mekaniske Verkstad i Oslo på jakt etter større plass. I reiarkretsar hadde ein byrja å snakka om skip på 30–60 000 tonn. Aker Mekaniske Verft i Oslo kunne ikkje klara å vera med på denne utviklinga utan å skaffe seg plass til å byggja skroga utanfor Oslo. Dette kom Onar Onarheim for øyra. Han hadde vore direktør sidan faren Theodor gjekk av i 1945, og var innstilt på å vidareutvikla verftet og såg ein moglegheit for å få det til gjennom eit samar-
Verftet på Stord var det første i Noreg som byrja med optisk merking av skipsdelane. Seinare var verftet involvert i utviklinga av Autokon, som var systemet for numerisk teikning av skip og numerisk styring av brennesmaskinane, utvikla av Sentralinstituttet for Industriell Forsking i samarbeid med Stord Verft. Autokon utvikla seg til å bli ein kjempesuksess. Interessa var enorm, og på få år vart Autokon selt til ei rekkje skipsbyggeri i over 70 land. Autokon medførte vidare effektivisering av skipsbygginga og var starten på nummerisk styrt produksjon.
56
SYSTEMPOSTEN
1974 vart eit vondt år for Stord Verft. Det året kansellerte fem skipsreiarar i alt 11 skip som dei hadde kontrahert. På nokre få månader forsvann 11,5 millionar timeverk eller vel fire års arbeid ut vindauga. Desse tankarane var enno større enn dei største dei verftet hadde bygd. Mellom anna hadde Hilmar Reksten kontrahert fire mammuttankarar på 420 000 tonn.
Statfjord A først og størst Allereie før dei siste tankskipa var levert, var Stord Verft i full sving med ei oppgåve som skulle vise seg å bli ei av dei største verksemda nokon gong har hatt: Bygginga av Statfjord A for Mobil/Statoil. På topp var 5 000 personar i arbeid på dette prosjektet – verftets eigne 2 200 tilsette, like mange innleigde, 650 underleverandørar og 200 inspektørar.
Underverket Troll A I 1995 vart den gigantiske Troll A-plattforma slept på feltet. Troll A er den største condeep-en på norsk sokkel. Plattforma står på 303 meters djup, og har ei total høgd på 472 meter. Aker
Stord leverte det 22 500 tonn store dekket. Betongunderstellet, som har ei vekt på over 600 000 tonn, er levert av Norwegian Contractors.
Njord A første EPC-kontrakt Njord A vart levert av Aker Stord i september 1997. Dekket vart fabrikkert og samanstilt på Stord, medan Aker Verdal leverte skroget. Njord A var den første EPC-kontrakten på norsk kontinentalsokkel etter at Norsok blei implementert på midten av 90-tallet. Plattforma er i dag attende på verftet for oppgradering.
Inn på landanleggsmarknaden I 2003 var det ei ny omstilling for verftet. Etter å ha forsøkt i årevis med å vinne oppdrag på landanlegg, lukkast det omsider å vinna eit oppdrag på eit landanlegg: Aker Stord fekk kontrakt med Statoil på prefabrikasjon og samanstiling av røyrgater og utstyrseiningar til Kårstø.
13 000 personar i rotasjon I 2006 hadde Aker Kværner Stord 13 000 personar frå 50 ulike nasjonar i rotasjon på to
SYSTEMPOSTEN
»
57
Kjært born har mange namn Frå 1926 og fram til 1950-talet var det bergensfirmaet Sigfinn BartzJohannessen som var verftet sin hovudeigar. Sidan har det vore Aker. Men sjølv om det på eigarsida har vore stabilt, har namnet til verksemda endra seg mange gongar, sist i 2016 då Kværner Stord AS vart til Kværner AS.
Stord Sildoljefabrik A/S
Aker Maritime Stord AS
AS Stord
Aker Kværner Stord AS
Stord Verft AS 1956
Aker Solutions Stord AS 2008
Aker Stord AS
Kværner Stord AS
1919
Nattbilete av tvillingriggane Aker Spitsbergen og Aker Barents. Foto: Tor Resser
Landanlegget på Melkøya i 2008. Foto: Equinor
1996
1927
2005
1983
parallelle landanleggsprosjekt: Ormen Lange og Snøkvit. Det vart i perioden prosjekta pågjekk gjennomført 142 000 passasjerreiser med fly frå/til Alta og 78 000 frå/til Molde.
Verftet siste 10 år Stor reiseverksemd vart i 2008 avløyst av stor aktivitet på eige verft, med to H6 boreriggar og den halvt nedsenkbare produksjonsplattforma Gjøa i parallell. 3. mai 2012 signerte Kværner den gigantiske kontrakten for oppgradering av Shell sitt gassanlegg på Nyhamna. Kontrakten med Shell blei signert same dag som kontrakten med Lundin for bygginga av Edvard Grieg. Dåverande konsernsjef Jan Arve Haugan og verftsdirektør Lars Eide reiste først til Stavanger for å signera 6 milliardarkontrakten med AS Norske Shell (som seinare vart utvida til 11 milliardar). Same ettermiddag var dei på plass i Oslo for å signera 8 milliardarkontrakten med Lundin Norway AS.
58
SYSTEMPOSTEN
Liv Kari Eskeland var gudmor då den nye, store traverskranen – ei investering på 350 millionar kroner – blei døypt «Storen» 27. november 2013. Etter mange kontraktnederlag og knallharde interne rundar for å få ned kostnadane, kunne dåverande konsernsjef Jan Arve Haugan 8. juni 2015 signere den viktige kontrakten med Statoil for leveringa av utstyrs- og bustadplattforma til Johan Sverdrup. Kværner signerte i februar 2018 kontrakten for bygginga av produksjonsskipet Johan Castberg, og kunne allereie 21. november same år markera fabrikasjonsstart. •
Kjelder:
2011
Kværner AS 2016
Jubileumskomitéen takkar for følgjet Jubileumskomiteen har bestått av Helga van der Hagen, Lars Melkevik, Elisabeth Sætrevik, Håvard Kvarme, Trond Haga, Thomas Dahl, Jarle Helland og Odd Naustdal. I tillegg har ei lang rekkje medarbeidarar bidratt i dei ulike arrangementa.
75 år på Kjøtteinen av Alf Terje Myklebust Min tørn av Onar Onarheim Livsløp av Theodor Onarheim Systemposten
Komiteen ønskjer å takka for følgjet og sender ein ekstra takk til alle engasjerte medarbeidarar som har bidratt i feiringa av 100-åringen. •
SYSTEMPOSTEN
59
Siktar mot 40 prosent omsetningsvekst TEKST ODD NAUSTDAL
Kværner la 16. september fram ein oppdatert strategi, med satsing innan fornybar energi og eit ambisiøst vekstmål på 40 prosent auke i omsetninga samanlikna med 2018. difor berre eitt eller to prosjekt med eit stort plattformdekk eller eit stålunderstell framover. Difor er det viktig at me omstiller organisasjonen slik at me kan vinna kontraktar i nye marknader. Gjennom å omstille oss til å jobba på nye måtar, opnar det seg nye moglegheiter og grunnlag for vekst. Ikkje minst ser me moglegheiter for leveransar til fornybare næringar og for flytande produksjonsinnretningar for olje og gass, seier KARL-PETTER LØKEN konsernsjef Karl-Petter Løken.
Olje og gass vil framleis vera viktig for Kværner, men verksemda tek mål av seg til å bidra til å byggja opp ein global industri som kan levera berekraftige løysingar for framtida. Kværner skal få fleire bein å stå på, og lanserer to nye satsingsområde på fornybar energi og serieproduksjon av FPSO-ar. Målet er å auka den årlige omsetninga frå rundt 7,3 milliardar kroner i 2018 til over 10 milliardar kroner innan 2023.
“
SYSTEMPOSTEN
Kenneth Simonsen er ny konserndirektør med ansvar for Kværner sitt nye område for prosjekt innan fornybare næringar. Guro Høyaas Løken vert konserndirektør for det nye området for FPSO-er. Ansvar for alle øvrige typar prosjekt vert samla i området Process & Structures, med Sturla Magnus som konserndirektør. Han kom frå jobben som verftsdirektør i Verdal.
Alle tilsette som er involvert i prosjektgjennomføring vert samla i området EPCI (Engineering, Procurement, Construction, Installation), leia av Steinar Røgenes. Han vil som leiar av EPCI også ha det overordna ansvaret for Kværner sine verft i Verdal og på Stord. Idar Eikrem, Henrik Inadomi og Arnt Knudsen held fram i stillingane sine i konsernleiinga, som leiarar for høvesvis økonomi, juridisk og forretningsutvikling. •
– Me ser at marknadane er i endring.
– Me ser at marknadane er i endring. Det er funne få store olje- og gassfelt på norsk sokkel og i Nordsjøen, og som eit resultat ventar me
60
verknad frå 1. oktober, justert. Talet medlemer i konsernleiinga blei redusert frå ni til åtte personar.
Endringar i organisasjon og konsernleiing Som ein konsekvens av den oppdaterte strategien, vart organisasjonen i Kværner, med Kenneth Simonsen, Guro Høyaas Løken og Sturla Magnus er leiarar for dei operative områda, og ansvarleg for prosjekta i Kværner. Foto: Kværner
SYSTEMPOSTEN
61
Ny verftsdirektør TEKST ODD NAUSTDAL
I tilknyting til organisasjonsendringa som tredde i kraft frå 1. oktober, gjekk Steinar Røgenes over i ny jobb med ansvar for alt prosjektpersonell, ressursar og alle fasilitetar i selskapet. Jarle Henriksrud vart utnemnt til ny verftsdirektør, men av omsyn til Njord-prosjektet vil Terje Johansen fungera i stillinga inntil vidare. Det var dermed Johansen som fekk stafettpinnen frå Røgenes, og tok over som leiar for verftet frå 1. oktober og på ubestemt tid inntil Henriksrud er tilgjengeleg til å ta over. Terje Johansen (48) har dei siste åra vore leiar for ferdigstilling i Kværner. Han sat ein periode i 2016 og 2017 i konsernleiinga og rapporterte direkte til dåverande konsernsjef Jan Arve Haugan, og har dei siste par åra vore ein del av EPCI-leiargruppa med tilsvarande ansvarsområde. Johansen har lang erfaring frå ulike leiarroller i Aker- og Kværner-systemet. Han kjem opphaveleg frå Fitjar, men har budd det meste av sitt vaksne liv på Stord. Han er gift og har to born. Jarle Henriksrud (60) er ein av Kværner sine mest erfarne prosjektleiarar. Han har hatt ansvaret for store prosjekt som Gjøa og Edvard Grieg, og er no prosjektleiar for oppgraderinga av Njord A, som for tida er Kværner sitt største prosjekt. Han har jobba i Aker- og Kværner-systemet i 37 år, og har hatt ei rekkje
62
SYSTEMPOSTEN
ulike leiaroppgåver innan planlegging, innkjøp, byggeleiing og prosjektleiing. Henriksrud er utdanna ingeniør frå Høgskulen på Gjøvik, og offiser i Hans Majestet Kongens garde. Han er opphaveleg frå Dokka, men har budd på Stord sidan han byrja som planleggjar ved verftet i 1982. Han har tre vaksne born. Det er ikkje bestemt kva tid Henriksrud tek over som verftsdirektør. Ei vellukka gjennomføring av Njord A-oppgraderinga er svært viktig, og av omsyn til prosjektet kjem Henriksrud til å halda fram som prosjektleiar for Njord A ein periode til.
Jarle Henriksrud. Foto: Kværner
Då Steinar Røgenes 1. oktober gjekk inn i den nye stillinga, takka han av etter nesten seks og eit halvt år som verftsdirektør på Stord. Han byrja våren 2013, då han tok over etter Lars Eide som hadde vore i stillinga sidan 2009. Røgenes vart med det den lengstsittande verftsleiaren sidan Arne van der Hagen. •
Terje Johansen. Foto: Marius Knutsen
Steinar Røgenes. Foto: Øyvind Sætre
SYSTEMPOSTEN
63
Marie Tveit Vestbøstad er ansvarleg for robotisering på verftet.
“
– Tilbakemeldingane me får frå operatørane som styrer roboten er at han jobbar effektivt og med god kvalitet, slik at me produserer raskare og unngår unødvendig etterarbeid.
Investerer stort i konkurransekraft, helse og miljø TEKST IVER BUNES FOTO MARIUS KNUTSEN
Frå robotar til kranar, hallar, køyretøy, verktøy og nye bad: Det er ikkje småsummar som vert brukt på rusta verftet for framtida. I tillegg til store enkeltinvesteringar av typen ny kai, ny isolasjonsfabrikk og kjøp av Stord Industribygg, investerer Kværner kvart år òg betydelege summar elles på verftsområdet – i form av bygg, maskinar, utstyr og infrastruktur. Automatisering og robotisering er eitt satsingsområde.
Ønskjer fleire robotar – I vår tok me til dømes i bruk ein ny profilkutterobot i brennehallen, som kuttar fire–fem gonger raskare enn den gamle. Tilbakemeldingane me får frå operatørane som styrer roboten er at han jobbar effektivt og med god kvalitet,
64
SYSTEMPOSTEN
slik at me produserer raskare og unngår unødvendig etterarbeid, fortel Marie Tveit Vestbøstad, leiar for materialteknologi. Logistikk er ei ein anna høgaktuell oppgåve for robotar. – Me ønsker å testa ein transportrobot, og jobbar for å få prøvd ut ein autonom pallelastar i den nye isolasjonsfabrikken. Målet på sikt er å kunna ta i bruk liknande løysingar i logistikken utandørs òg, noko me meiner vil gi ein stor effektiviseringsgevinst, seier Tveit Vestbøstad. Ho legg til at Kværner også jobbar breitt med
MARIE TVEIT VESTBØSTAD
robotløysingar innan sveisefaget. Målet er å kunne sveisa meir og raskare – og på den måten styrka Kværner si konkurransekraft.
Varmepumper erstattar gass Miljø er eit anna nøkkelord for viktige oppgraderingar som er gjort på verftet i 2019. – For å betra miljø- og klimaavtrykket har me starta ei gradvis utfasing av gass til oppvarming. Mellom anna er ein av dei store gassbrennarane i malingshallane erstatta med topp moderne varmepumpeanlegg, og i løpet av vinteren vil nytt varme- og reinseanlegg bli montert i den nye malingshallen. Gjennom heile 2019 er det også jobba kontinuerleg med oppgradering til LED-belysning, både i kontorbygg, ute på verftsområdet og inne i produksjonshallene, fortel driftsleiar Hallgeir Tofte.
Lista hans over nyinvesteringar og oppgraderingar dette året femnar vidt og breitt, og inneheld mellom anna tre nye traverskranar, ny platebrennemaskin, ny målingshall, mykje nytt utstyr og verktøy – deriblant ein laserskannar som gir store moglegheiter innan dimensjonskontroll, ny terminaltraktor, ny suppleringskantine, nye bad i Løvly, samt oppgradering av Wi-Fi, TV-løysing og treningsutstyr i leiren. – Dei årlege investeringane og oppgraderingane blir primært prioritert med tanke på å auka produktiviteten vår – slik at me styrkar konkurransekrafta. Samstundes legg me vekt på tiltak som betrar helse og miljø, og tiltak som reduserer reparasjons- og vedlikehaldskostnadene våre, forklarer Tofte. •
SYSTEMPOSTEN
65
Digitaliseringsåret TEKST OG FOTO LARS MELKEVIK
Det er fokus på effektivisering av arbeidsprosessar i Kværner gjennom digitaliseringprogrammet, og det vert jobba godt med både kartlegging, utvikling og implementering av fleire digitaliseringsprosjekt. Gjennom 2019 er det tydeleg at resultata frå digitaliseringsarbeidet i Kværner byrjar å slå inn på måten me jobbar på i det daglege. Fleire av digitaliseringsprosjekta er anten lansert eller forbetra gjennom året. WeBuild, Automated Scaffolding D esign og WeCheck er nokre av desse prosjekta. WeBuild har fortløpande vore gjenstand for vidareutvikling, og tilført ny og viktig funksjonalitet gjennom dette året. Stadig fleire disiplinar og tilsette tek applikasjonen i bruk, og pr. i dag er den delvis rulla ut på elektro, røyr og prefab røyr. Planen er at den skal takast i bruk
66
SYSTEMPOSTEN
på Johan Castberg-prosjektet. Applikasjonen gjev operatørar tilgang til jobb informasjon på mobil, og gjev dei ei mykje tettare involvering i oppgåvene. Samstundes får arbeidsleiarane frigjort tid, og kan nytta ressursane sine på andre ting enn til dømes å rapportere framdrift. Samla sett gjev dette mykje betre oversikt over oppgåver, status og rapportering, noko som i neste omgang bidreg til at det vert jobba smartare og meir effektivt. Innan stillas har det blitt utvikla nye verktøy som gjennom automatisert stillasdesign
hjelper metodeingeniørane med modellering av stillas. Dette forbetringsarbeidet, som er utført i digitaliseringsprosjektet Automated Scaffolding Design, bidreg til at modellerte stillas vert meir optimaliserte og krev kortare byggetid. Gjennom betre planlegging vert det mindre endringar på ferdigbygde stillas, og det vert betre kontroll på framtidige behov for stillasmateriell og ressursar. Sjekk og kontroll i samband med stillas, rigging og preservering er eit anna område kor det vert jobba med digitalisering. Forstudien for den komande applikasjonen WeCheck vart sluttført
tidligare i år, og følgde då samme metodikk som forstudien for WeBuild. Denne metodikken, kor det vert lagt stor vekt på kartlegging av arbeidsprosessar og behov, er avgjerande for å forstå korleis ein gjennom applikasjonen kan forbetra måten måten me jobbar på. Etter sluttført forstudie vart det utarbeida designskisser for applikasjonen. Desse vart godkjent i sommar, og sjølve utviklingsarbeidet tok til i august. WeCheck, som har operatørar og arbeidsleiarar innan stillas, rigging og preservering som målgruppe, er forventa ferdigstilt før jul. •
SYSTEMPOSTEN
67
Har bygd ny fabrikk og «innsourca» isolasjonsfaget TEKST ODD NAUSTDAL FOTO LARS MELKEVIK
I mange år har isolasjonsfaget blitt sett ut til underleverandørar. Dei siste åra har Kværner gradvis teke over ansvaret og bygd opp kompetansen internt. Og i haust stod ein flott, ny 1 000 kvadratmeter stor isolasjonsfabrikk ferdig. Isolasjonsfaget er ein stor del av eit prosjekt, normalt på mange hundre millionar kroner. – Ved å gjera dette sjølv, reduserer me kostnadane vesentleg, og me reduserer leveringstida frå fleire veker til nokre få timar. Dette vil vera eit viktig bidrag til å styrka Kværner si konkurransekraft, sa dåverande verftsdirektør Steinar Røgenes då satsinga vart kunngjort. Eit typisk prosjekt på verftet har behov for fleire tusen isolasjonsboksar, dei aller fleste produsert på mål. Ein eigen fabrikasjonshall og moderne CNC-utstyr set Kværner i stand til å kunne
68
SYSTEMPOSTEN
fabrikkere eigne isolasjonsboksar. Tidlegare har isolasjonsboksane blitt produsert av underleverandørar ulike stader i inn- og utland, med opptil fleire vekers leveringstid. Ved å fabrikkera isolasjonsboksar tett opptil området kor strukturane blir samanstilt, vil det spara tid og gi betre flyt, noko som igjen vil vera eit bidrag til å styrka Kværner si konkurranseevne. Mellom dei som har jobba med isolasjonsfaget i Kværner er Per Ove Langeland og Dag Oskar Koppang. Langeland er fagansvarleg og prosessleiar på isolasjons- og arkitektfaget, medan Koppang er disiplinleiar isolering i Njord-pro-
Utstyret er på plass og testproduksjon er i gang på den nye isolasjonsfabrikken.
sjektet og arkitekt på fabrikasjons-engineering. Saman med Rune Slettemark har han den daglege oppfølginga av den nye fabrikken. – Me har hatt ei gradvis utvikling sidan 2012, der me i Mongstad-prosjektet begynte å gjera jobbpakkane til isolasjonsfaga sjølv, og leverte til Beerenberg som var installasjonsfirma. Me hadde kvalitetsoppfølging og materialleveransar. I offshorefasen på Edvard Grieg tok me det litt lenger, og tok leiinga av isolasjonsfaget sjølv. Me hadde alt, men leigde inn operatørar frå Norisol for å utføra jobben. Og i Johan Sverdrup-prosjektet tok me på oss heile ansvaret frå a til å, både på isolasjonsfaget og arkitekt faget, seier Langeland. Parallelt har det blitt bygd opp kompetanse internt i Kværner, både gjennom kursing og utvikling av eigne medarbeidarar og ved nye tilsetjingar. Berre i den nye fabrikken, vil det vera behov for kring 20 personar. – No byggjer me oss opp for å kunne handtera tre forholdsvis store prosjekt i parallell, det er i alle fall det hallen er bygd for. Me tilset både
ingeniørar, formenn og operatørar. Og Tore Mathiesen jobbar mot fagskulen for å utvikla fagskulekurs på isolasjonsfaget. Første kull er allereie i gang, fortel Langeland og Koppang. Dei er overtydd om at satsinga vil vera god butikk for Kværner. – Handtering og koordinering internt mellom eigne disiplinar og andre disipliner blir jo mykje lettare når me eig det sjølv, i forhold til å ta inn et eksternt firma. Det gjev ein heilt annan fleksibilitet, me kan lettare manne opp og ned, og også bruke folk på andre fag. Kværner har eit fantastisk system for å driva prosjekt, så det er ikkje så mykje som skal til for å få dette til å fungere på ein god måte, seier Langeland og Koppang. Rune Slettemark har vore sentral i etableringa av fabrikken. Sjølve bygninga fekk Fronta i oppdrag med å etablera. Deretter har det vore eit parallelt løp med innkjøp av maskinar og utstyr og rekruttering av personell. Fabrikken blir topp moderne, med det siste av CNC-utstyr og skal vera full-digitalisert og så godt som papirlaus. •
SYSTEMPOSTEN
69
Kjøtteinståa (i framgrunnen), leirområdet og kontorbygget på Bleikjehaugen er no tilbake i Kværner-eige. Biletet er frå august 2017.
Kjøpte tilbake Bleikjehaugen og Kjøtteinståa TEKST ODD NAUSTDAL FOTO KVÆRNER / JOSTEIN VIESTAD, AEROPHOTO.NO
Kværner annonserte 19. september at verksemda har kjøpt Selvaag Bolig ASA sin eigardel i Stord Industribygg Holding AS, som gjer Kværner til eineeigar av kontorbygget på Bleikjehaugen, leirområdet ved Naustvågen og Kjøtteinståa med tilhøyrande bygningar. Med denne transaksjonen blir verftet tilført eit areal på 123 000 m2 og 10 000 m2 i kontorareal. Kjøpet er eit ledd i å styrka Kværner si konkurransekraft og posisjonera selskapet for framtidig vekst. – Kværner sitt verft på Stord vil spela ei sentral rolle i selskapet sin vekststrategi. Verftet har
70
SYSTEMPOSTEN
i fleire tiår utvikla metodar og fasilitetar for prosjektgjennomføring, og har eit stort kompetansemiljø som selskapet vil vera avhengig av framover. Med denne investeringa legg me til rette for vekst, og har tru på at det vil medføra auka inntening og betre avkastning for eigarane våre, seier konsernsjef Karl-Petter Løken. •
Den nye, mellombelse leiren på Heiane har kapasitet til å husa 350 personar.
Etablerte ny leir på Heiane TEKST OG FOTO ODD NAUSTDAL
Med over 5 100 personar i rotasjon i prosjekta og full leir på Kjøtteinståa, vart det på hausten behov for større innlosjeringskapasitet. Etter å fyrst ha pendla arbeidsfolk til Westcon, bestemte Kværner å etablera ein mellombels leir på Heiane, med ein tilleggskapasitet på rundt 350 senger. Arbeidet med leiren tok til i byrjinga av september, og dei fyrste flytta inn allereie nokre veker seinare. Leiren vart gradvis utvida, slik at Kværner i veke 47 stod med ein samla leirkapasitet på Kjøtteinståa og Heiane på 1 470 personar i enkeltrom og med full forpleiing, noko som er rundt 50 prosent meir enn Noreg sitt største hotell.
Bakgrunnen er stor aktivitet i Njord-prosjektet, og stigande aktivitet i prosjekta Johan Castberg og Johan Sverdrup fase 2 RP-modifisering. Kværner gjorde difor ein avtale med Heiane Vest AS og Stord Innkvartering AS for etablering ein mellombels leir på Heiane, som består av åtte bustadriggar og kantine. •
SYSTEMPOSTEN
71
Sjefen for konsernrekneskapen TEKST OG FOTO LARS MELKEVIK
Stine Kjøs Horneland er Valdresjenta som i ungdommen vurderte både historie, arkeologi og økonomi som yrkeskarriere. I dag har ho ansvaret for konsernrekneskapen til Kværner – og er busett på Horneland på Stord. I Volbu i Valdres, eller «Vøllbu» som ho seier sjølv, vaks Stine opp. Valdres har mykje natur, mykje snø og lange vintrar. Med ein pappa som dreiv eige revisorfirma var det kanskje ikkje unaturleg at økonomifaget var eit av alternativa for yrkeskarrieren. Arkeologi var kanskje det meir utradisjonelle alternativet som etter noko vurdering ikkje nådde heilt opp. – Det var vel fornufta som sa noko om kva eg kunne overleva på som vart avgjerande for det valet. Kanskje ikkje så kreativt, men likevel noko tryggare enn å leite etter pyramidar i Egypt.
Studiar i Spania Trass karrierevalet er det ikkje noko tvil om at reise- og oppdagarlysta til Stine er i god behald. – Ja, allereie då eg var ni år var eg ganske bestemt på at eg etterkvart ville til Australia for å studere. Dette var ikkje noko dei heime var like begeistra for. Kompromisset vart at eg 17 år gamal flytta til Sør-Spania og starta studiane mine der. Der tok eg inn hos ei venninne og far hennar, og starta på ein internasjonal spansk/ engelsk skule. Sjølv om eg følte meg klar, så er det nok rett å seie at læringskurva vart noko bratt.
72
SYSTEMPOSTEN
Etter to år i Spania gjekk turen attende til gamlelandet, denne gong med Bergen og Norges Handelshøgskule som ny studiestad. – Kontrasten mellom evig sol i Spania og evig regn i Bergen var stor, men det var likevel godt å komme attende og komme i gong med siviløkonomstudiet. Her tok eg samstundes Master i International Management som en del av siviløkonomstudiet. Studiet førte meg attende til Spania, men denne gongen var eg eit halvt år i Barcelona. Etter dette bar det attende til Bergen for å gjere ferdig det siste halvåret av utdanninga. Studiet i Bergen var ferdig ved juletider, og sidan dei større revisjonsselskapa normalt berre tek inn nye tilsette til på haustparten, var tida inne for ein kort retur til heimbygda.
Jobb i PwC – Ja, då flytta eg heim, og tok jobb i pappa sitt revisorfirma. Her jobba eg fram til eg fekk jobb hos PwC i Oslo på hausten. Deretter gjekk altså turen vidare til hovudstaden. For som mange andre er det tilfeldighetar som styrer litt kvar livet tek veg. Slik òg for Stine som i studietida vart kjent med ein stordabu
» SYSTEMPOSTEN
73
“
– Stord er ein flott og familievenleg stad, og me har god og nær kontakt med familien her. STINE KJØS HORNELAND
i Bergen. Lang historie kort så vart det giftarmål med Reinert Horneland, og familieetablering i Oslo. – Sidan han er frå Stord så var me ofte her om somrane. Slik òg den flotte sommaren i 2014, kor me den gong var her lenger enn vanleg. Me hadde vore inne på tanken om at Stord kanskje var plassen for oss og familien, men dette var ikkje noko som var planlagt gjennomført i næraste framtid. Det var tilfeldigvis ein interessant jobb i økonomiavdelinga som var ledig den sommaren.
Tok over våningshuset – Straks permisjonen med nummer to var over våren 2015, var eg i ny jobb ved Kværner her på Stord, og heile familien var på plass i det gamle våningshuset på garden på Horneland. Det gjekk nok noko fortare enn eg hadde planlagt kan du seie. Dermed var 10 år hos PwC i Oslo over, og reisa frå «Vøllbu» til Stord var eit faktum. – Stord er ein flott og familievenleg stad, og me har god og nær kontakt med familien her. Dessutan har me fått god plass etter at me bygde ut det gamle våningshuset her på Horneland. Ungane våre på tre, fem og sju år stortrivast, og me nyttar oss godt av det kulturlivet på Stord
74
SYSTEMPOSTEN
har å by på. Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at logistikken i kvardagen er noko lettare her på Stord enn i Oslo.
Travle dagar på «Accounting» Som konsernregnskapssjef er det travle og innhaldsrike dagar. Frå kontoret på Bleikjehaugen leiar ho avdelinga Accounting i Kværner, og har med seg sju personar på laget. Saman handterer dei regneskapa for konsernet, Kværner AS og dotterselskapa. – Me er fire her på Stord, tre i Oslo og ein i Verdal. Med faste vekemøter og generell god kommunikasjon er det ikkje noko problem å ha eit godt og tett samarbeid med heile teamet mitt. Vegen er dessutan kort til Oslo når det er behov for at eg tek turen dit. Flyplassen her på Stord gjer det mogeleg for meg å vere på møte i Oslo allereie klokka ni på morgonen, og vere heime igjen kvart over sju på kvelden. – Det er jo fint med ein liten «husmorferie» i Oslo i jobbsamanheng av og til, men eg er framleis veldig glad i å reise. Ja, eg kunne til dømes godt tenkt meg å bu eit, to, ja gjerne fleire år i Tokyo. Det hadde vore noko! Så spørst det då, om logistikken i kvardagen hadde vore like enkel i Tokyo som på Horneland på Stord. •
Tidlegare fotballproff Ole Martin Årst heldt eit personleg foredrag om rusmisbruk i nær familie.
IA-samling med fokus på pårørande TEKST OG FOTO ELISABETH SÆTREVIK
Inkluderande arbeidsliv-utvalet inviterte i haust til samling med rus som tema. Gjesteforelesar var tidlegare fotballproff Ole Martin Årst. Tirsdag 22. oktober inviterte IA til samling, og i år stod den tidlegare fotballproffen Ole Martin Årst for eit personleg foredrag. Årst har 22 kampar for det norske landslaget, og nærare 20 år bak seg som profesjonell fotballspelar både i Noreg og i utanlandsk liga. Ole Martin Årst delte sin personlege historie om familiemarerittet som heldt på å ta knekken på gutedraumen som proffspelar, om søstera sin ruskamp og mora sin daud. Sosialtillitsvald Håvard Kvarme ønska velkomen og nytta høvet til å gje ros til personalleiarar, BHT, tillitsvalde og verneombod som kvar dag
jobbar med å redusera sjukefråværet, og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Gjennom eit langt liv vil nokon og ein kvar møte på utfordringar i livet. Kværner ønskjer å vera ein inkluderande støttespelar i slike livshendingar. Kværner er inne i ein positiv trend når det gjeld sjukefråvær, der systematisk arbeid over tid og kontinuerlig fokus er eit av nøkkelorda. Årst gav dei frammøtte ei viktig påminning om betydninga av førebyggjande arbeid, inkluderande leiarstil og tilstrekkeleg kunnskap om rus og avhengighet for å kunne hjelpa. •
I Kværner ønskjer me at alle medarbeidarar skal ha det bra, både på jobb og heime. Rus og anna avhengigheit kan koma i vegen for velferda vår, og i verste fall setje oss sjølve og kollegaene våre i fare. Snakk med ein overordna, eller Akan-kontakt: SYSTEMPOSTEN Håvard Kvarme, 468 95 143, havard.kvarme@kvaerner.com
75
– Høgdepunktet for min del trur eg må ha vore Sverdrup-sundag og Open dag, fordi det får alle i samfunnet ta del i. Det var godt oppmøte på begge arrangementa, vêret var bra og ting fungerte som dei skulle. Det er givande å laga til noko som blir sett pris på i lokalsamfunnet.
Fann tonen på Condeep-en Helga er sagvågsjenta som flytta til Vikjo. På eit arrangement på Condeep dance bar jula 1981 møtte ho Carl van der Hagen, som var heime på juleferie frå Forsvaret på Setermoen. Den 19 år gamle sagvågsjenta og det tre år eldre befalet fann tonen. Etter eit avstandsforhold kor Carl opptil fleire gongar køyrte hundrevis av mil mellom Troms og Stord, sa han opp i militæret, og søkte seg inn på ingeniør- og økonomistudiar i Bergen.
Organisatoren TEKST ODD NAUSTDAL FOTO MARIUS KNUTSEN
Helga van der Hagen elskar å organisera gjestebod. Dette året har ho organisert for over 10 000 personar. Helga er i farta. I eit gå-tempo som andre må småjogga til, fer ho gjennom gangen på administrasjonsbygget, over plassen og bort til Eldøyvakta. Der skal ho ta imot kundar, eller politikarar. Eller ein skuleklasse. Helga tek imot, smiler, og brukar akkurat nok tid til at dei kjenner seg velkomne og godt ivaretatt. Før ho rasar vidare til neste oppgåve. – Eg jobbar best under press og vil heller ha det litt for travelt enn for roleg. Då føler eg at eg får utretta noko. Å ha for lite å gjera er passivi serande. Då føler eg meg unyttig og utilpass, seier ho.
76
SYSTEMPOSTEN
10 000 besøkande Då arbeidet med å førebu 100-årsjubileet starta for eit par år sidan var Helga eit sjølvskrive medlem i komiteen, og fekk mellom anna hovudansvaret for Sverdrup-sundag og Open dag, som til saman hadde over 10 000 besøkjande. I tillegg kjem alle dei andre jubileums arrangementa, for ikkje å snakka om alle store og små besøk, meir eller mindre kvar veke. Helga har hatt ein finger borti dei aller fleste. Ho har organisert og trekt i trådane, og sørgja for at alle blir godt ivaretatt. Når det no nærmar seg jul, kan ho sjå tilbake på eit hektisk og innhaldsrikt år.
Helga, som hadde byrja i økonomiavdelinga i Stord Elektro, sa opp jobben og vart med til Bergen. Men hausten 1986 var dei begge på plass på verftet igjen. Carl fekk tilbod om jobb i Aker Stord, og Helga var attende i økonomi avdelinga i det som då var blitt Aker Elektro. – Eg har eigentleg ansienniteten min frå september 1986, då eg byrja i økonomiavdelinga for andre gong. Då gjekk eg inn i Gullfaks Cprosjektet, og var med der til plattforma gjekk i havet sommaren 1989. Eg hugsar godt kor lite det var å gjera på etter det. Eg hugsar me rydda i elektrobygget. Det var heilt tomt, og ekko i gangane, minnest Helga.
Held styr på verftsdirektørane For ei som likar å ha det travelt, merkes det godt når tidene er dårlege og det er for lite å gjera. Heldigvis kom oppturen igjen, og etter Gullfaks C har ho vore involvert i ei rekkje prosjekt, som Snorre, Kristin og H6. – Kristin var eit fantastisk prosjekt. Me leverte godt, og alt gjekk på skjener. Men så fekk me dødsulukka på slutten, og det snudde alt på
SYSTEMPOSTEN
»
77
praktiske vert ivaretatt. Ho veit kva som skal gjerast, utan at nokon treng å seia det.
hovudet. Det var tungt for alle som var involvert. Det er vanskeleg å snakka om eit vellukka prosjekt, når eit liv har gått tapt.
Spesielt ved større arrangement, så kjem det godt med at ho er glad i å planlegga. Jo meir ho kan planlegga, jo betre er det. Og for Helga handlar det om lister og aksjonar.
Dei siste 10–15 åra har hovudansvaret hennar vore leiinga på verftet. Også i denne perioden har ho vore innom i prosjekt, som til dømes ein periode ho var utleigt til Lundin på Edvard Grieg-prosjektet. Men for det meste har ho jobba med å halda styr på verftsdirektørane Jan Tore Elverhaug, Lars Eide og Steinar Røgenes, og bistått både dei og den øvrige verftsleiinga med alt mellom himmel og jord av praktiske oppgåver. Steinar Røgenes, som var verftsdirektør i over seks år inntil han gjekk av i haust, er ein av mange som har nytt godt av Helga sine organisatoriske evner. – Helga får ting til å skje. Ho ser kva som må gjerast, fiksar ting sjølv om ho får altfor kort tidsfrist, og har redda oss mange gongar. Ho har godt humør, og er ein god og verdifull person å ha i nærleiken, seier Røgenes, og legg til: – Og så går det fort med henne. Berre du nemner noko, så er det gjort før du kjem ut av døra – anten det er enkle småting eller større kompliserte arrangement.
– Skulle hatt fleire som henne Heilt sidan ho byrja i jobben har ho vore kjend for tempoet sitt. Ho likar å få ting gjort, og gløymer aldri ein aksjon. – Det har alltid gått fort i svingane med meg. Det har det gjort sidan eg blei født, har eg blitt fortald, seier Helga. Ho har mange gongar blitt minna om fartsgrensene på verftsområdet. – Ein gong fekk eg faktisk ein RUH på meg. Eg sat og registrerte RUH-ar, og plutseleg dukka
78
SYSTEMPOSTEN
– Eg elskar lister. Eg har lister for alt. Det å ha lister, og å krysse ut og hake av. Då får eg orden i hovudet. Planlegging er noko av det kjekkaste eg veit. Alt eg kan gjera i forkant gjer eg. Faktisk vert eg meir stressa av å ikkje få ting gjort enn å ha mykje å gjera. Eg likar å bli ferdig med ting, og då er det langt travlare å ikkje få kvittert ting ut. Helga van der Hagen.
det opp ein på meg sjølv, for at eg gjekk så fort i gangane at det kunne medføre «håveskaking». Men det var berre ein som skulle tulla med meg altså, seier ho og ler. Jan-Tore Elverhaug er ein annan som har jobba tett med Helga, første gongen i Kristinprosjektet, deretter i H6 og seinare då han vart verftsdirektør. – Me skulle hatt fleire som henne, er noko av det første Elverhaug seier når han får høyra at Systemposten skriv om Helga. – Ho er utruleg pliktoppfyllande, og tek alltid tak så snart ho ser eit behov. Ho vert limet i organisasjonen, spesielt i prosjekta, og fiksar både det eine og det andre. Ho er kjapp, og seier aldri nei. Men noko av et kjekkaste er at ho alltid har godt humør, seier han.
Lidenskap for lister Med over 30 år på verftet, har Helga fått lang erfaring i å sjå behova før dei dukkar opp. Medan sjefane legg planar, hamnar det ofte på Helga å setja dei ut i livet og sørgja for at det
Vaks opp på posten Lister, system og lidenskap for planlegging og organisering meiner Helga å kunne spore tilbake til oppveksten på postkontoret i Sagvågen. Med ein far som var postsjef, og postkontoret i huset, brukte ho store delar av barndomsåra sine på posten. – Eg elska å vera på posten. Eg var med far min på jobb så sant eg kunne, i kvar einaste ledige stund. Eg var så liten at eg omtrent sat i ei pappeska. Eg dilta etter han heile oppveksten, og hadde etter kvart sommarjobbar der. Då fekk eg sitta med tal og skjema, og det stor treivst eg med. Me hadde ikkje data på posten i gamledagar. Når folk kom med rekningar, så måtte me til med blåpapir, og me skreiv. Me telte på pengar, gjorde oppgjeret og fekk ting til å stemma. Eg elska det! Når Systemposten møter Helga, er det planlegginga av dåpen til det første barnebarnet, Fay, som står for tur. Etter å ha hatt ungar heime i 34 år, er det no berre ho og Carl igjen i huset på Hystad. Då er det kjekt med eit barnebarn som snart flyttar inn eit steinkast borte i gata. – Eg trilla tur med Fay seinast i går, og gler
meg til å få dei nabolaget. Me ser så vidt taket frå huset vårt, så dei bur akkurat passe langt vekke.
Engasjert i idretten Med tre born som alle har spela handball og fotball, har Helga vore engasjert i idretten på Stord heile livet. – Eg har vore oppmann mange gongar og sitte i styret her og der. Eg har ikkje tal på kor mange år eg var med i styret for Handballfestivalen – ja, både Carl og eg. Pluss at eg sat i styret for handballen då me rykka opp i eliten. Den gong var det så fullt i hallen at me måtte tukka folket for å få plass på tribunen. Sidan har det blitt rolegare. Ungane har blitt vaksne, og verva i idretten har blitt færre. Verken Helga eller Carl har stor familie på Stord, men kompenserer med å bruka tid med vener. Særleg likar Helga å organisera turar for veninneg jengen. – Bror min har budd i Bergen heile sitt vaksne liv. Eg har mange tantar og onklar, men mange av søskenbarna er ein generasjon over oss. Far min og mor mi lever ikkje lenger, så me har ikkje hatt så mange rundt oss. Difor set ein ekstra stor pris på gode veninner, som blir som ei erstatning for familie. Dei har eg mange av, og eg likar veldig godt å invitera og laga til, og organisera turar. Både Carl og Helga er friluftsmenneske. Dei går mykje tur, både i skogen og fjellet. – Foreldra mine var friluftsfolk, så me har alltid blitt dratt med til fjells, på ski i skog og mark. Me hadde ikkje bil før eg var tretten år. Men me hadde båt og reiste på båtturar, fortel den utflytta sagvågsbuen. – Det er greitt å vera vikjobu, men Sagvågen vil alltid vera i hjarta mitt. •
SYSTEMPOSTEN
79
– Gjer det vesle ekstra Om ei programvare eller eit heilt system går ned for teljing, er gjerne Bjørn Arve den som blir varsla. – Då vert eg ein slags innsatsleiar, og prøver å løysa problemet gjennom tett kontakt og oppfølging av systemleverandøren – som utfører den faktiske feilsøkinga og -rettinga. Er det mange brukarar som er råka, kan konsekvensane potensielt bli store i form av tapte arbeidstimar. Då kokar det gjerne litt i topploket, men eg må innrømma at det er litt godt å kjenna på det adrenalinet no og då, vedgår han. – Du er ikkje inne og fiksar litt i datasystema sjølv?
Den digitale innsatsleiaren TEKST IVER BUNES FOTO MARIUS KNUTSEN
Heilt frå barne- og ungdomsåra har IT-koordinator Bjørn Arve Baldersheim vore interessert i å få datasystem og teknologiske dingsar til å virka. Det nyt kollegaene i Kværner godt av. 34-åringen utgjer i dag ein tredjedel av heile IT-avdelinga på verftet. Saman driftar og held trioen ved like all datateknologien som er i bruk i verksemda – sjølve nervesystemet som knyter folk og aktivitetar saman. – Jobben vår handlar i hovudsak om å legga forholda beste mogleg til rette for at andre
80
SYSTEMPOSTEN
skal få gjort jobben sin på ein god måte. Me er bindeleddet mellom brukarane i Kværner og dei ulike IT-leverandørane våre, og skal sørgja for at kollegaene våre alltid har det dei treng av velfungerande maskinar, programvare og datalinjer. Me er på mange måtar smurningen i maskineriet, for å bruka eit høgst analogt bilde, smiler tobarnsfaren frå Eldøyo.
– Njaei… I utgangspunktet ikkje. Men det er klart, litt supplerande detektivverksemd blir det gjerne frå mi side òg. Og ser eg at eg kan løysa problemet kjapt og greitt, så hjelp eg jo til for å få ei snarleg løysing. Proaktiviteten, og framferda hans i møte med IT-brukarane som treng hjelp, blir høgt verdsett. Stikkord som imøtekomande, tolmodig, serviceinnstilt og kunnskapsrik går igjen. – Bjørn Arve er rett og slett ein utruleg triveleg og kunnskapsrik kar, som fiksar alt mogleg med eit smil. Han er roleg, avbalansert, smilande og blid – uansett om det brenn rundt han, og det gjer det heile dagen. Får han ei oppgåve av deg, utfører han ikkje berre den jobben skikkeleg. Han gjer også det vesle ekstra som gjer arbeidet lettare for deg som IT-brukar. Eit siste stort pluss er at han klarar å formidla all kunnskapen sin utan å verka hoverande, rosar ein Kværner-kollega. – Det er aldri nei å få om du treng hjelp. Og uansett kor mange som masar på han, så hjelper og svarar Bjørn Arve deg som om du er den
einaste som treng assistanse nett då, supplerer ein annan.
– Inne i ei rivande utvikling – Slike tilbakemeldingar er sjølvsagt kjekke å få. Eg prøver jo å vera positiv, lytta til folk og å hjelpa dei så effektivt som mogleg. Trur det ligg litt i vesenet mitt. Derfor kjenner også på det dei gongene eg må prioritera hardt – slik at enkelte må venta på hjelp, vedgår den stillfarne 34-åringen. Både prosjektorganisasjonane og basisorganisasjonen på verftet nyt godt av kompetansen hans, og som digital nomade har Bjørn Arve like gjerne arbeidsstasjonen sin ute i prosjektmiljøa som oppe på loftskontoret i administrasjonsbygget. Ofte er han også å sjå ute på verftsområdet, for er det langt meir enn berre tradisjonelle pc-ar, serverar og nettverk han er med på å drifta. – Produksjonsutstyr som brennemaskinar, kameraovervakinga på området, informasjonsskjermar, besøkssystemet, vareautomatar, verktøykioskar: Alle er dei kopla på nett og avhengige av at IT-systema verkar. Og meir skal det bli med Kværner si satsing på digitalisering. Me er inne i ei rivande utvikling, med mange spennande initiativ. Førebels ligg dette litt på sida av mitt daglege arbeid, men på sikt blir det eg og kollegane mine som skal drifta nyvinningane – anten det dreier seg om handtering av data frå sensorar på verktøy og utstyr, den digitale tvillingmodellen av verftet, eller nye mobilapplikasjonar, seier ein forventningsfull IT-koordinator.
Nyhamna-prosjekt er høgdepunktet Interesse for teknologi og data har han alltid hatt, heilt frå han var liten og fekk røyna seg ut på faren sine gamle Commodore-maskinar heime i Eldøyo. Gjennom barne- og ungdomsåra forankra dette seg som ei hovudinteresse,
SYSTEMPOSTEN
»
81
“
– Eg stortrivst. Her får eg ta del i mange spennande utfordringar. BJØRN ARVE BALDERSHEIM
og han var mellom anna ivrig medarrangør av datatreff for medelevar både på barne-, ungdoms- og den vidaregåande skulen. Tur til «The Gathering» i Vikingskipet på Hamar, verdas nest største datatreff, var sjølvsagt eit «must». – For meg har datainteressa aldri handla så mykje om å spela. For meg har det vore viktigare å finna ut av ny teknologi, kva eg kan gjera med han, og det å få utstyr, system og nettverk til å fungera i godt samspel, fortel Bjørn Arve. Etter å ha teke fagbrev i IT-drift i Stord kommune, jobba han fem år i Palantir som konsulent inn mot verftet. Då stillinga som IT-koordinator opna seg i 2011, vart han Kværner-tilsett – og har ikkje sett seg tilbake. – Eg stortrivst. Her får eg ta del i mange spanande utfordringar, som inkluderer alt frå meir rutineprega oppgåver til å ha teknisk ansvar på standen vår på oljemessa i Stavanger, eller å montera timelapskamera ytst oppe på Storen. Høgdepunktet til no har nok vore Nyhamna-prosjektet. Der var eg med heilt frå tidleg detaljdesign i Oslo og etableringa av IT-infrastrukturen vår på Aukra og fleire andre lokasjonar, for så å drifta denne heilt fram til overleveringa av eit godt prosjekt til sluttkunden, minnast Bjørn Arve.
82
SYSTEMPOSTEN
Endeleg meir tid til familien På fritida har det meste handla om oppussing dei to siste åra, med totalrenovering av eit eldre hus som familien kjøpte berre eit steinkast frå barndomsheimen hans. Datamannen har sjølv lagt ned mange timar i oppgraderinga, og no gler han seg over betre tid til å kunna dyrka familielivet med kona og dei to døtrene på to og seks år. Dei er ein aktiv gjeng, som trivst på tur saman ute i naturen – anten til fots eller ute på fjorden i båten. 34-åringen vonar det etter kvart også blir meir tid til fridykking og harpunjakt under vatn, hjortejakt i skogen, eller revitalisering av ølbryggeriet han har saman med kameratgjengen. Film og foto er også kjekke fritidssyslar, der hovudambisjonen er å skapa gode, velregisserte minne for familien. Når kveldsfreden senkar seg i heimen, er det likevel ikkje fritt for at bandbreidda i den stadig smartare heimen blir brukt til utforsking av det siste nye innan IT- og mobilteknologi. – Eg må ikkje på død og liv ha det aller nyaste sjølv, men eg likar å halda meg orientert om kva som finst eller er på trappene. Du veit aldri, brått er det einkvan på jobb som treng hjelp med den aller nyaste iPhonen – og då må eg jo ha litt peiling, smiler den alltid serviceinnstilte IT-koordinatoren. •
SYSTEMPOSTEN
83
Marineleiaren som dreg i trådane TEKST OG FOTO LARS MELKEVIK
Det sprakar i ein walkietalkie ved dokken. Trass iblanda metalliske lydar og hektiske stemmer i bakgrunnen er meldinga på radioen klar: «Ja, sjaklane er på plass. Me trekkjer ut folka våre no, så då er det straks klart for løftet frå vår side.» Den ansvarlege for marineoperasjonen er kjapt på radioen med eit svar: «Flott! Gje meg ei ny tilbakemelding straks alle er ute, så byrjar me løftet.» Nok ein løfteoperasjon i Njord-prosjektet er i gang, og Erik Gunnar Kringeland er høgt og lågt for å koordinere det heile. Under store marineoperasjonar og løfteoppgåver ved verftet er det heilt naudsynt å ha full kontroll. Ikkje noko kan vera tilfeldig. Forutan full dokumentasjon har Erik allereie gått gjennom operasjonane hundrevis av gongar i hovudet, og memorert kva som skal gjerast. – Det er klart ansvaret ved desse operasjonane er stort. Men med nitidig planlegging og gode førebuingar så er det god kontroll på dette. Eg likar å stupe ned i detaljane i god tid, og saman med resten av organisasjonen finne dei gode løysingane på det som i utgangspunktet kan virke vanskeleg å få til. Dette er ikkje noko one-man show, men noko ein løyser gjennom godt lagarbeid.
Fyrste jobb på Haugesund Mekaniske Erik er født og oppvaksen på Grinde i Tysvær kommune i Rogaland. Etter barneåra på Grinde gjekk turen vidare til gymnaset i Haugesund. Han var tidleg klar for arbeid, og tok fyrste jobben som platearbeidar på Haugesund Mekaniske allereie rett etter gymnaset.
84
SYSTEMPOSTEN
– Eg har alltid vore glad i praktisk arbeid, og for meg var det greit med eit avbrekk frå skule for ein periode. Men etter halvanna år i arbeidslivet var eg klar for vidare utdanning, og dermed bar det i 1974 til sivilingeniørutdanning på dåverande Norges Tekniske Høyskole (NTH) i Trondheim. I løpet av studietida vart det òg tid til å etablere familie, og etterkvart kom jentene Ragnhild, Ingvild og Hildegunn til verda.
Jobba med Statfjord B-tilbodet I 1977 var imidlertid studietida i Trondheim over, og Erik var igjen klar for arbeidslivet. Som nytilsett sivilingeniør ved stålavdelinga ved Stord Verft, byrja han frå fyrste arbeidsdag 18. januar 1978 med prosjekterings- og beregningsarbeid på tilbudet for bygging av ståldekket til Statfjord B. – Som nytilsett ingeniør fekk eg store oppgåver med ein gong. No høyrer det med til historia at Akergruppen noko overraskande ikkje vann
»
SYSTEMPOSTEN
85
“
– Planen var å vere i Noreg i eit par år, for deretter å returnere til Canada. ERIK GUNNAR KRINGELAND
kontrakten på Statfjord B, så dermed vart eg etterpå med på bygginga av jacketen til boligkvarteret på Valhall. Dette var ein jobb som vart flytta frå Verdal til Stord då me ikkje fekk Statfjord B-kontrakten. Nye utfordringar fulgte, og i 1982 gjekk Erik inn som leiar i avdelinga han vart tilsett i fire år tidlegare. Utover 80-åra hadde han òg leiaransvar i andre avdelingar.
Fem år i Canada
Ungane ville til Noreg – Planen var å vera i Noreg i eit par år, for deretter å returnere til Canada. Ungane byrja faktisk på skule der borte etter eit par år slik me planla, og meininga var at eg skulle komme over til vinteren og byrje i ein ny jobb eg fekk der borte. I løpet av nokre månader så vart det imidlertid klart at ungane ville attende til Noreg, så før eg byrja i den nye jobben der borte kom Linda og ungane heim att. Så då vart me verande på Stord.
Tidleg på 90-talet dukka det opp ei spanande utfordring då Aker vant eit oppdrag på Newfoundland i Canada. Oppgåva var å byggja opp ein verkstad og få denne i drift, for deretter byggja ein modul og samanstille sjølve Hibernia-plattforma. Erik reiste over til det som skulle bli et fem år langt opphald i Canada.
I 1997 gjekk Erik inn som marineingeniør og operasjonsleiar på heiltid i inn- og utland. Etter dette har han vore med på mange forskjellige marine- og løfteoperasjonar, og hatt ansvaret for fleire av dei. Ikkje alle prosjekta er like kjende for alle.
– Det var eit utrulig spanande oppdrag. Aker hadde vunne denne jobben i konkurranse med det som då var Kværner, og me var mange som var nysgjerrige på kva utfordringar som ville møte oss. Vårt oppdrag var å hjelpe canadiarane med opplæring, fasilitetar, samt å bidra i byggjinga og samanstillinga av Hibernia-plattforma som skulle plasserast på feltet. Sjølve Hibernia-feltet ligg nokre hundre kilometer utanfor kysten av Newfoundland.
– Eg var mellom anna i to år utleigt som fartøyrepresentant til Statoil i samband med installasjon av vindmølleparken Sheringham Shoal. Vindmølleparken, som ligg kring 20 kilometer nord for Sheringham i England, består av 88 botnfaste vindturbinar og to substasjonar. Så det grøne skiftet har eg allerede vore litt med på.
– Det var i løpet av denne perioden eg møtte Linda, som eg i dag er sambuar med. Hausten 1996 var tida komen for å returnera til Noreg. Linda og tre av dei fire ungane hennar vart med, mens sistemann fortsatte med utdanninga i Canada.
86
SYSTEMPOSTEN
To år på Sheringham Shoal
Sidan sommaren i 2016 er det Njord-prosjektet som har vore hovudfokus for Erik. Prosjektet, som vert omtala som Noreg sitt største oppussingsprosjekt, sluttførte tidlegare i år ein omfattande løftekampanje som har vore heilt avgjerande for gjennomføringa av Njord A-prosjektet.
Ringen slutta – Njord har vore eit spanande og utfordrande prosjekt å vere med på. Ein kjenner jo på det når heile prosjektet stoppar opp i påvente av gjennomføring av avgjerande marine- og løfteoperasjonar. Alle har største fokus på tryggleik, god planlegging og trygg gjennomføring av oppgåvene, og alle som deltek er dyktige og gjer oppgåvene sine samvitsfullt. Det er difor me alltid har lukkast med gjennomføring av desse operasjonane. Eg var jo elles involvert då Njord A vart bygd her ved verftet for 20 år sidan, så det å vere med på dette oppussingsprosjektet bidreg jo litt til at ein føler at ringen er slutta. I det heile har tida i Kværner gjeve meg mange flotte opplevingar og utfordringar.
16 borneborn Gjennom åra har familien til Erik vakse seg stor. Med tre born, fire bonusborn og heile 16 borne born er det heller ikkje noko problem å få fritida til å gå. – Utanom ei som studerer i Bergen for tida, så bur faktisk alle borneborna her på Stord. Så me har dei tett på oss, noko me er veldig glade for. I det heile er det viktig med tette familierelasjonar, og me brukar gjerne tid på dette. D essutan likar me godt å reise, og har mellom anna vore land og strand kringom med bubilen vår. Ja, heilt til Island med den faktisk. Til sist eit klassisk spørsmål ein vanskeleg kjem utanom – kva skal du skal gjere no når du snart vert pensjonist på heiltid, og får mykje ledig tid? – Kva? Ledig tid? Nei, det vert nok rikeleg å ta seg til. Forutan å fortsatt bruke mykje tid på familie så skal hytta på Vågslid pussast opp. Og så skal eg spele golf – mykje golf – da verte kjekt… om eg får tid til da då altså. Og så har me jo bubilen som må brukast endå meir òg. Det er tydeleg at Erik fortsatt har fleire oppgåver som skal koordinerast i tida som kjem. •
SYSTEMPOSTEN
87
Bak frå venstre: Dan Viggo Mikkkelsen, Tormod Aasheim, Sveinung Kolskår, Kristian Vikanes, Kristoffer Navjord Clausen, Leander Wold Haugland, Sindre Katla, Vegar Vinsjevik.
Har HSSE-kursa 2 500 personar
Framme frå venstre: Bård Vikanes, Stian Ankervold, Yvonne Vassnes Eidet, Sondre Røssland Slåke, Joakim Hivand Røssland, Roy Aleksander Strand, Vegard Kvernenes.
19 nye fagarbeidarar i 2018
TEKST OG FOTO LARS MELKEVIK TEKST OG FOTO ELISABETH SÆTREVIK
Gjennom året har Teddy og Torleif, høvesvis Teddy Broadhurst og Torleif Lindquist, gjennomført kring 75 kurs med fokus på bevisstgjering av god tryggleikskultur for i alt 2 500 deltakarar på Stord. I tillegg kjem alle dei kursa dei har halde for eit stort tal Kværner-tilsette i Verdal, Oslo og Polen. Eilert Vindal var med på eit av dei siste kursa på Stord, og det er ingen tvil om at bodskapen gjorde inntrykk. – Eg trudde dette skulle vera eit ordinært HSSE-kurs, men det viste seg å vera så mykje meir. Den personlige tilnærminga og fokuset på konsekvensar om kvar enkelt ikke er bevisst ansvaret sitt, var ein skikkeleg vekkar. Rett og slett eit skikkelig bra kurs som sette ting i perspektiv, seier Vindal. Ein anna kursdeltakar, Bjørn Johansen, vart ståande att etter kurset for å ta ein prat med kurshaldarane. – Måten Teddy og Torleif har
88
SYSTEMPOSTEN
bydd på seg sjølve med sine personlege erfaringar, gjer at ein får eit anna perspektiv på tryggleik og det å ta vare på kvarandre. Eg tek absolutt med meg erfaringane frå dette kurset, kor det handlar om å ta eit aktivt og personleg ansvar for tryggleiken til oss alle, både på jobb og på fritida. For alle som har delteke på eit av Teddy og Torleif sine kurs, så er det tydeleg at dei brenn for bodskapen dei tek formidler. – Me driv med dette fordi me trur på at det kan utgjere ein forskjell. I dei ti månadene me har halde kurs her på Stord, så er nok fokuset auka på dei temaene me tek opp. Me oppmodar alle Kværner-tilsette til å ha fortsatt fokus det å skape ein best mogleg tryggleikskultur òg i tida som kjem. Lag ein trygg dag for oss alle, kvar dag! •
Fredag 19. januar var det høgtideleg utdeling av fagbrev. I 2018 var det 19 personar som tok fagbrev innan ni ulike fagområder, ni praksiskandidatar og ti lærlingar. PLATEARBEIDERFAGET Joakim Hivand Røssland, Sondre Røssland Slåke, Dan Viggo Mikkkelsen
LOGISTIKKFAGET Tormod Aasheim, Vegard Kvernenes, Shona Mhari Hugøy
INDUSTRIRØYRLEGGERFAGET Kristoffer Navjord Clausen, Roy Aleksander Strand, Sindre Katla
SVEISEFAGET Leander Wold Haugland, Ruben Hansen Sælen, Aleksander Horneland
ENERGIMONTØRFAGET Bård Vikanes
AUTOMATISERINGSFAGET Vegar Vinsjevik
STILLASBYGGERFAGET Kristian Vikanes, Sveinung Kolsgår
ELEKTRIKERFAGET Yvonne Vassnes Eidet, Stian Ankervold
INDUSTRIMEKANIKERFAGET Tarald Horneland Hildal
SYSTEMPOSTEN
89
Alle Kværner-lærlingane. Foto: Lars Melkevik og Siri-Unn Sagen
58 nye lærlingar fordelt på 13 forskjellige fag Kværner tok inn 58 lærlingar fordelt på 13 fag dette året, kor av 31 på Stord og 27 i Verdal. Kværner i Verdal tok inn følgjande lærlingar i 2019:
TEKNISKE OG ALMENNE FAG Henrik Fuglstad, Tale Bjørum Sundal, Odin Fornes Sand, Tobias G. Granum
INDUSTRIMEKANIKARFAGET Jonas Schneider, Kristian André Rørmark, Eskil Svartis, Martin Loktu
SVEISEFAGET Yassin Ahmed Dawood, Jim David Jakobsen, Adrian Wastag
STILLASBYGGJARFAGET Marius Heggdal, Marcus Diesen, Ola Johansen
LAGER-/LOGISTIKKFAGET Christian Olsen
INDUSTRIRØYRLEGGARFAGET Christoffer K. S. Revdahl, Tobias Haddal, Rami Saed, Karl S. Kværnan, Markus Fuglem, Mathias Thorsen
PLATEARBEIDARFAGET Patrik André Kverven, Erik N. Næss, Halvard H. Melum, Vemund S. Iversen
Kværner på Stord tok inn følgjande lærlingar i 2019:
AUTOMATISERINGSFAGET Ole Rimmereide Rørvik, Tobias Totland
ELEKTROFAGET Martin Digernes Haukefær, Patric Vatna Nyman, Markus Gerhardsen, Eirik Øye Dyhrfjeld, Sondre Mork, Nicolai Tufteland, Olav Bjelland
KRAN- OG LØFTEOPERASJONSFAGET Tobias Hamre
INDUSTRIRØYRLEGGARFAGET Jenny Karlsen, Rolf Kristian Larsen, Youssef Amr
LOGISTIKKFAGET Vivian Bergli, Håvard Idsøe
STILLASBYGGJARFAGET Ole Jørgen Vinsjevik Rogne
PLATEARBEIDARFAGET Sondre Østhus Bjelland, Christoffer Vevle, Runar Skard
NDT-KONTROLLØRFAG Fredrik Mettala, Bjørg Lidal Ersland
SVEISEFAGET Sander Schultz Hyldmo, Heine Stoknes Åsbø, Mats Tolo, Arne Klepsvik Linga, Markus Førland, Mateusz Robert Kielt
INDUSTRIMEKANIKARFAGET Katarina Linnea Hesjedal, Kjell Landa
INDUSTRIELL OVERFLATEBEHANDLING Kaja Sylwia Lunde
ANLEGGSMASKINFØRARFAGET Joacim Skjønberg
KRAN- OG LØFTEOPERASJONSFAGET Karl Anton Langli, Terje Kristiansen
90
SYSTEMPOSTEN
SYSTEMPOSTEN
91
JUBILANTANE
Bak frå venstre: Terje Johansen, Jarle Harkestad, Tore Skår, Egil Våge, Kristin Lysen, Helge Løland, Stein Gunnar Polden, Ole Jacob Henriksen, Asle Valvatna.
Femten 40-årsjubilantar TEKST ODD NAUSTDAL FOTO ØYVIND HJELMEN
Totalt 30 medarbeidarar vart dette året heidra for lang og tru teneste i Kværner på Stord. Av desse var det 15 som markerte 40 år, og 15 som markerte 30 år i verksemda. I år var det også 23 medarbeidarar som fekk gullklokke for 25 år i verksemd. 92
SYSTEMPOSTEN
Midten frå venstre: Gisle Vik, Bernt Olav Katla, Arvid Nordhus, Bjørn Eilertsen, Magne Bjelland, John Arne Lee, Tore Nævdal.
Framme frå venstre: Henning Bjelland, Jostein Dahl, Willy Tvedt, Sigbjørn Arvid Sætre, Nesfer Eduardo Galvez, Jon Helge Fjellanger, Jarle Larsen.
Torsdag 14. november vart 30- og 40 årsjubilantane heidra på tradisjonelt vis med gåver og middag på Stord hotell. Eit par veker seinare vart det arrangert klokkelunsj med utdeling av gullklokker til 25-års jubilantane.
medarbeidarane og mimra litt om kva som skjedde i verksemda, men og i samfunnet, det åra jubilantane vart tilsett.
Fungerande verftsdirektør, Terje Johansen heldt kveldens festtale, kor han takka dei trufaste
Deretter vart dei ropt opp til podiet ein etter ein, kor Holger Iversen las opp eit kort resyme av den enkelte si erfaring i verksemda. •
SYSTEMPOSTEN
93
Takk for samarbeidet ÅRETS JUBILANTAR Då Systemposten gjekk i trykken i desember, var det kome inn meldingar om at følgjande personar har gått eller skal gå av med pensjon i 2019. 40 år Lars-Arne Førland, Gisle Kjetil Vik, Tore Nævdal, Bjørn H. Eiliertsen, Jarle Larsen, Stein Gunnar Podlen, Jarle Alvsvåg, Jon Helge Fjellanger, Egil Våge, Jostein Dahl, Sigbjørn Arvid Sætre, Bernt Olav Katla, Arvid Nordhus, Magne Bjelland, Tor Arne Tveita.
Kværner takkar for samarbeidet gjennom mange år og ønskjer lukke til med pensjonisttilværet.
Olav Fagerheim
30 år
Sverre Hugøy
Thor Viggo Vaage, Svein Løland, Ole Jacob Henriksen, Nesfer Eduardo Galvez, Jarle Harkestad, Roger Vinsjevik, Asle Valvatne, Henning Bjelland, Reidar Bauge, Willy Tvedt, John Arne Lee, Tore Skår, Kjell-Morgen Sagstad, Kristin Mellesdal Lysen, Sverre Myklebust.
Magnus Olai Sønstabø
Jan Roald Nysæther Ingrid Nysæter Mongstad Sverre Myklebust Børge Brede 25 år Geir Åge Aasvik, Tina Steinsland, Rune Bekkevold, Morten Ersland, Rolf Terje Røsvik, Odd Geir Kloven, Rune Fosse, Wilgot Lorentsen, Ole Gjert Hansen, Bjarte Vassnes, Rolf Mikalsen, Mariann Bukkøy, Sigurd Andre Maraas, Andre Lier, Jan Martin Bernes, Kenneth Litlehamar, Helge Rekve, Per Gregersen, Åge Åsbø, Anne-Grethe Nesse, Kjartan Skulstad, Arne Restad, Nils Haugen.
Ragnar Jensen Sigve Polden Jovanovic Predrag Nguyen Phuoc Son Rolf Egil Vaga Tor Arne Tveita Dagfinn Lid Bjarne Emil Rykkje Harald Halvorsen Stein H. Hellestveit Berent Folgerø Per Grønås Terje Johnsen
94
SYSTEMPOSTEN
SYSTEMPOSTEN
95
HISTORIEGRUPPA VED KVÆRNER STORD INDUSTRIMUSEUM
Årsrapport 2019 Følgende oppgaver har vi arbeidet med i 2019: Modell av STATFJORD A
Besøk
Vi har hatt tre mann på jobben dette året. Obs. Vi mangler flareboomen. Har etterlyst denne flere steder uten å få positivt svar. Vi setter nå i gang for å lage Flarebommen.
a) Den 16. juni hadde verftet Åpen dag. Industrimuseet var åpent fra kl. 13.00. Vi hadde veldig mange besøk på Industrimuseet den dagen.
Båtbilder Vi hadde en del bilder som ikke var digitalisert. En mann har dette året jobbet med dette. Vi fortsetter neste år.
Offshore bilder Denne jobben ble påbegynt i januar 2019. Dette er en stor jobb. Vi fortsetter neste år.
Alle Offshore Produkter bygget ved Aker Stord / Kværner Bilder av alle offshore produkter er nå rammet inn og hengt opp i Statfjord A rommet.
Tilrettelegging for rullestolbrukere
Vi serverte hvit dame til alle gjestene. Medlemmene i Historiegruppa var tilstede og orienterte om museet. Vi fikk inntrykk av at alle hadde tenkt seg på museet. b) Den 23. august var Kronprins Haakon på besøk på verftet angående 100-årsjubileet. Kronprinsen besøkte også Industrimuseet hvor han hilste på lederen Leif Nilsen og deretter på alle medlemmene av Historiegruppa. Kronprinsen fikk også overlevert boka «Industriavdelingen». Kronprinsen fikk deretter se bildene på Kongeveggen.
Vi har nå heis for rullestol brukere (høst 2018).
Det var god stemning då Leif Nilsen (t.h.) viste Kronprins Haakon rundt på Industrimuseet 23. august. Foto: Øyvind Sætre
c) Den 4. oktober hadde vi besøk av en avdeling fra Kværner med avdelingsleder Håvard Kalve. Det var 20 mann. Derfor delte vi det slik at det ble to grupper. Omvisningen tok ca. to timer. Deltagerne var fornøyd med omvisningen.
Vi har omvisning for elever på ca. 20 min. Det er fire grupper av ca. 25 personer. Leif foreleser to grupper. Håvard foreleser to grupper. f) I tillegg har vi hatt enkelt personer på besøk.
På veggen hadde vi bilder av følgende: Vi har nå et toalett for rullestolbrukere. Vi har arbeidet med å få ordnet adgang for rullestolbrukere fra rom til rom.
• Kong Haakon VII med familie fra besøk på Verftet i 1948. Videre var Kong Olav her i 1958, hvor Prinsesse Astrid døpte redningskrysser R/K Haakon VII.
Dette var en stor jobb som nå er ferdig.
• I mai 1969 var Kronprins Harald og Kronprinsesse Sonja her.
Vi har hatt en rullestolbruker som har testkjørt gjennom museet. Virker nå bra.
• Kronprinsesse Sonja døpte T/T Kong Haakon VII.
Bibliotek
• I 1991 var Dronning Sonja og Kronprins Haakon på verftet.
Vi har fortsatt bøker og tidskrifter som må registreres og plasseres i biblioteket. Nye hyller er nå laget i biblioteket.
96
SYSTEMPOSTEN
Kongeveggen blir nå utvidet med Kronprins Haakons besøk den 23. august 2019.
Omvisere var: Håvard, Terje, Rolf, Magnar og Leif. d) Den 17. oktober hadde vi besøk av nok en avdeling fra Kværner med avdelingsleder. Det var tolv personer med på omvisningen. Vi fikk gode ord for omvisningen.
Totalt besøk i 2019 er 205 personer. Vi ser gjerne at flere Kværner-ansatte kommer på besøk. Ring mobil nr 415 31 042 så ordner vi omvisning. Stord, 29. oktober 2019 Leif Nilsen Leder av Historiegruppa v/Kværner på Stord
Omvisere var: Håvard, Stein, og Leif. e) 5. november er det omvisning. Det er Falturiltu som kommer på besøk. Det er videregående skole på Stord og Fitjar med ca. 100 personer.
SYSTEMPOSTEN
97
Julenøtter
Glimt frå gamledagar «1999 har vært et høyoktan-år,» skreiv direktør Lars Solberg i julehelsinga i Systemposten. Det var fem prosjekt i parallell dette året: Åsgard A blei levert tidleg på året, Eldfisk vassinjeksjon levert midt i ferien, Veslefrikk blei modifisert, reparert og levert i løpet av to hektiske sommarmånader. I tillegg var det aktivitet på Oseberg Sør og Snorre B.
Forseinkingar i stålleveransar frå Tyskland medførte startvanskar for bygginga av stålunderstellet til Valhall bustadkvarter for Amoco Norway. Den nye storferja til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap vart døypt 26. mai. Det var første skipsdåp på tre år. Stord Verft hadde dette året eit oppdrag med å byggja om boreriggen Henrik Ibsen til flotell. Riggen kom i november 1979, og vart i løpet av eit halvt års tid bygd om til bustadplattform. Over 600 personar var involvert i det hektiske prosjektet. 15. juni inviterte verksemda pensjonistar og ektefelle til pensjonisttreff. Nærmare 200 benka seg til formiddagstreff i vestibylen i Kulturhuset, Stord si nye storstove. Juleutgåva av Systemposten 1979 var eit jubileumshefte for å feire verksemda sitt 60-årsjubileum, med fyldig omtale av historia.
På den positive sida vann Aker Stord oppdraget med å byggja Snorredekket og Oseberg bore modul, noko som utover 1990 ville gje full sysselsetting. I tillegg hadde verksemda oppdraget med å byggja strekkstaga til Snorre og prefabrikasjon av røyr for vassinjeksjon på Ekofisk. Leif Nilsen takka for seg etter 43 år i verksemda. «Jeg syns bedriften har gått gjennom en så fantastisk utvikling at en burde tenke alvorlig på å få til et industrimuseum på Aker Stord», sa Leif Nilsen til Systemposten då han slutta. 2. juni var det «kransaskål» for det nye driftsbygget, mellom dokken og utrustingskaien. Produksjonsleiing, materialteknisk, installasjon og transport/maling flytta inn i det nye bygget utpå hausten same år.
Det blei sett ny rekord i antall personar som var i aktivitet på verftet. 6 500 er «all time high, og det blei i tillegg til leiren på Kjøtteinståa etablert leir med 800 senger på Heiane, og leigt flotell med kapasitet på 300 senger. Fagrørsla organiserte tre politiske streikar dette året, mot regjeringa sin olje- og industripolitikk. I juni gjekk fem bussar frå Stord til Oslo for å delta på ei massemønstring. Arne Eskil Hyttebakk deltok som første Aker Stord-sveisar i yrkesOL. Han kom på 15. plass. Øyvind Hjelmen slutta som fotograf ved Aker Stord, og med det stod verksemda utan bedriftsfotograf for første gong på 38 år.
2. Kor mange lærlingar tok Kværner på Stord inn dette året? 3. Kva dato vart Sildoljefabrikken registrert som eige selskap? 4. Kor mange besøkjande var det på verftet under «Sverdrup Sundag» i februar? 5. Kva heiter kunstnaren som har laga jubileumsmaleriet på austveggen av Velferdsbygget?
12. Kva heiter verdas største tungløftefartøy, som henta Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform i mars? 13. Kva heiter den nye stasjonærsaksa på demoleringsanlegget? 14. Kor mange Kværner-medarbeidarar stilte på startstreken under årets Sunnhordland Maraton? 15. Kven fekk æra av å leggja ned grunnsteinen i den nye kaien på Kværner?
6. Kor mange vindmølleunderstell skal Kværner levera til Hywind Tampenprosjektet?
16. Kva heiter historiegruppa på Stord sitt første kvinnelege medlem?
7. Kva heiter engineeringsselskapet Kværner samarbeidde med på Johan Sverdrup utstyrs- og bustadplattform-prosjektet?
17. Kor stor er den nye fabrikasjonshallen for isolasjonsboksar som vart etablert på verftsområdet denne hausten?
8. Kor mange verft er involvert i fabrikasjon av modular til Johan Castberg?
18. Kor mange Kværner-medarbeidarar fekk denne våren vitnemål for fullført teknisk fagskule?
9. Kor tung er den største modulen som skal byggast til Johan Castberg? 10. Kven fungerer som verftsdirektør inntil Jarle Henriksrud skal gå inn i stillinga? 11. Kor stor overnattingskapasitet er det på den mellombelse leiren Kværner har etablert på Heiane? 16. Åsta Lorentsen 17. 1000 m2 18. 13 19. Fornybar energi og FPSO 20. 1997
Gullfaks C starta 2. mai 1989 ferda mot havet. I kjølvatnet følgte permitteringar, stod det å lesa i sommarutgåva av Systemposten. I julenummeret oppsummerte direktør Rolf Waage med at 1989 hadde vore eit svært vanskeleg år for medarbeidarar og bedrift, med permitteringar, store organisasjonsendringar og bemanningsjustering.
12. Pioneering Spirit 13. Fenris 14. 160 15. Statsminister Erna Solberg
Sjølv om tapet av Statfjord B hausten 1978 var eit stort nederlag, fekk verksemda nokre mindre oppdrag på prosjektet. Fabrikasjonen til tre modular til Statfjord B tok til på vårparten 1979, noko tidlegare enn planlagt.
1. Kven er dette?
19. Kva for to nye forretningsområde kunngjorde Kværner at det skal satsast ekstra på framover? 20. Kva år kom Njord-plattforma, som no er til oppgradering hos Kværner, i produksjon?
6. 11 7. KBR 8. 12 9. Rundt 3200 tonn 10. Terje Johansen 11. 350 rom
Systemposten 1999
1. Roar Kyvik, hovudverneombod 31 8. desember 1919 5500 Magdalena From Delis
Systemposten 1989
2. 3. 4. 5.
Systemposten 1979
SYSTEMPOSTEN
99
Juletrefest Torsdag 9. januar kl. 17.00 i Samhald Underhaldning ved Chiclets, kaffi og kaker til dei vaksne, brus og snop til borna. Påmelding ikkje nødvendig.
Velkomen!
Bedriftsorgan for Kværner på Stord | Desember 2019 – 74. årgang Opplag: 3 000 Redaktør: Odd Naustdal Telefon: 905 76 079 E-post: odd.naustdal@kvaerner.com Adresse: Kværner AS, boks 2000, 5409 Stord
100
SYSTEMPOSTEN
edaksjonen: Elisabeth Sætrevik R Lars Melkevik Layout: Byrået Sydvest Trykk: Kai Hansen Haugalandet