Nyhendemagasinet 2012 nr. 2

Page 1

Nyhendemagasinet Nr. 2 - 2012

FLYKTNINGAR I ØYGARDEN Side 12

NY KULTURPLAN 2013-2023 OG JUBILEUM 2014Side 4 Mattematikk i fokus s. 7 Øygarden Frivilligsentral Fulltidsentral frå 1. januar 2012 s. 10

– brubyggjaren


Innleiing Innhald 2 Kjære Øygardsværingar 2 Alexander og minnefondet 3 Alle elevane på Rong skule har tatt symjeknappen – beste skule i landet 3 Avslutningskonsert med kulturskulen 4 Ny kulturplan 2013-2023 og jubileum 2014- hand i hand mot felles identitet for kulturlivet i Øygarden 6 Toftøy barnehage – Ekte glede på sikker grunn 7 Mattematikk i fokus 8 Mattetimer med gamle myntar 9 Dei arbeider for deg – heile døgeret! 10 Øygarden Frivilligsentral 11 Folkehelse / Frisklivsentral 12 Flyktningar i Øygarden 13 Sara og Tegisti – to flotte jenter frå Eritrea 14 Intervju med Jon Ivar Friborg 15 7 på Servicetorget

Kjære Øygardsværingar! Sommaren er her og eg håpar at alle får ei god ferietid. Øygarden har det siste halve året hatt mykje mediefokus i ulike samanhengar. Det har vore ei utfordrande tid på godt og vondt. På 1.mai fekk me den tragiske meldinga at vår eigen store idrettshelt og godgutt; Alexander var gått bort. No er obduksjonsrapporten klar og me vonar at familien etterkvart kan få høve til å bearbeida sorga i fred og ro. Etter Alexander sin død har familien teke eit flott initiativ som etterkvart har vorte kjent som fondet” Dale Oen Experience”. Kommunen har alt vore i møte med Robin for å diskutera korleis kommunen kan hjelpa og samarbeida om fondet. Eiga sak om dette vart handsama i kommunestyre den 20. juni. I dette Nyhendemagasinet finn du og informasjon om 50 års jubileet til kommunen i 2014. Dersom du har gode innspel hadde det vore kjekt om du kunne senda dei inn til kommunen. Feiringa Foto: Øygarden kommune er til for deg og meg, og me ønskjer at alle skal delta og medverka. Eg tenkjer t.d. på ulike vis for å skapa ein felles identitet gjennom “brubyggjaren”. Då vil dette kunna vera den raude tråden i aktivitetane me saman skal gjennomføra. God lesing og ha ein flott sommar

Redaksjonen Bernt Hjørnevik Liv Edel Mikkelsen Ingunn Teigen Silvia Haugland Eva Olsvold Thor Witthil Tekstredigering: Egil Olsvold Ansvarleg utgjevar: Øygarden kommune ved Bernt Hjørnevik, kulturleiar Ide, utvikling og produksjon: PCG Bergen, Frank Modahl Grafisk Trykk: Clarks grafiske formidling Papir: Nyhendemagasinet er trykt på Cyclus offset papir. Det er eit 100% resirkulert naturkvitt papir. Opplag: 2200 stk., og Nyhendemagasinet vert distribuert til alle husstandar i kommunen.

24

1

Ø M E R KE T ILJ

Alexander og minnefondet Overalt kor Alexander gjekk spreidde han liv og glede rundt seg. Slik var Alexander. Å kunne oppleva og ta del i naturen på naturen sine premissar var viktige berebjelkar for å finna inspirasjon og energi til all trening og innsats for å nå sine mål. Saman med broren Robin planla dei å starte opp ”The Dale Oen Experience” – eit fond som skal gje born og ungdom opplevingar for livet. Alexander er ikkje blant oss meir men bodskapen som han og broren står for lev vidare. Øygarden kommune har vore ein

0 Trykksak 7

7

M

Helsing Otto Harkestad Ordførar

Desse har medverka Frå kommunen: Otto Harkestad, Åse Vik, Edvard Bolstad, Bernt Hjørnevik, Liv Edel Mikkelsen, Christel Møvik-Olsen, Silvia Haugland, Jarle Kåre Oen, Bente Guntveit og Ingunn Teigen.

2 Nyhendemagasinet NyhendemagasinetØygarden Øygarden

Denne plakaten har du sikkert sett – Øygarden støttar opp om fondet.

viktig støttespelar for Alexander og Robin i deira symjekarrierar og ønskjer fortsatt å vere med Robin i arbeidet med fondet. Kommunen har hatt møte med Robin der ein har utveksla informasjon og diskutert korleis kommunen framover kan bidra. Dette vil vi kome tilbake til seinare i haust.


Alle elevane på Rong skule har tatt symjeknappen – beste skule i landet Kanskje er det nokre nye ”storsvømmarar” på gong? Kva veit vi... Rong skule har vore med i konkurransen ”skolesvømmen”. Skolesvømmen er ein konkurranse som tek sikte på å læra elevane å symja.

Kommunen har tilbydd ungdom arbeid i ulike periodar i sommar. Det var 45 søkjarar. Sommarjobb er alltid populært og kommunen er glad for å tilbydd ungdom arbeid nokre veker slik at dei kan tena seg nokre lommepengar.

åpningstider på bibliotek, kommuneadministrasjon og andre kommunale kontor i sommar

Lærarane på Rong skule har vore bevisste på sitt oppdrag og har gjennom skuleåret klart som sagt å få alle elevane til å ta symjemerke. Under tildelinga fekk Rong skule ved elevrådsleiar Kristian Rong overrekt pokal av leiar i Hordaland svømmekrets Kari Kvale.

Øygarden rådhus har normal opningstid kl.0800-1530 i sommar. Biblioteket har sommaropningtid Man og ons stengt, tysdag 11-19 og tors/fre 10-15.

Avslutningskonsert med kulturskulen Sin vante tru arrangerar kulturskulen «sommarkonsert» som avslutning på vårsemesteret. I år var konserten lagt til Kystmuseet.

Kort om sommarjobb

I løpet av 1 ½ time fekk vi godt over 20 musikalske innslag til foreldre, søsken og ordførar si begeistring.

går du på tur?? Minner om turkonkurransen. Det er lov å gå fleire gonger – treng du nytt «klippekort» er det berre å ta kontakt med oss på kulturkontoret. Vinnarane vert presentert i Nyhendemagasinet seinare i haust.

Hellesøydagen – kryss av 11. august i kalenderen Hellesøydagen går av stabelen i august –endeleg program er ikkje klart når vi går i trykken men følg med på heimesida til kommunen.

fiskefestival Spente foreldre og søsken følgjer godt med på konserten.

Ein av lærarane Jens Holstad er god å ha for å hjelpa elevane til rette.

Ein lydhør forsamling av foreldre og born.

Lørdag 23.6 kl.11-17 fiskefestival og torgdag på Nautnes fiskevær.

Nyhendemagasinet Øygarden 3


Kulturplan

Ny kulturplan 2013-2023 og jubileum 2014hand i hand mot felles identitet for kulturlivet i Øygarden Arbeid med jubileum og ny kulturplan er i gong. Folkemøtet som vart arrangert 30.5 syner at det er stort engasjement for begge prosjekta. – Men fleire må på bana, oppmodar kulturleiar Bernt Hjørnevik. På folkemøtet deltok om lag 20 personar for å få informasjon om kulturplanarbeid og jubileum 2014. - Kommunen ønskjer at våre innbyggjarar tek vare på sjansen til å vera med og påverka den nye kulturplanen. I samband med ny ”Plan og bygningslov” er kommunen pålagd eit program for kulturplanen. Framlegget er no ute til høyring med frist 25. juni for innspel og kommentarar, seier Bernt Hjørnevik.

- Ein har valt å ta i bruk ”Facebook” som ein informasjonskanal. Kommunen vil til ei kvar tid informera og oppdatera innbyggjarane våre om framdrifta, og jubileet. Med informasjon på vår eiga heimesida syter vi for at alle kan ta del i og koma med innspel til dei to spanande prosjekta. Alle innspel og kommentarar vil verta lagt ut på heimesida slik at ein kan følgja framdrifta.

Gode samtalar og diskusjonar på folkemøte om kulturplan og jubileum 2014. 4 Nyhendemagasinet Øygarden


JUBILEUM 2014

Tema

Problemstilling

Kultur for alle

Kva er kultur for alle? Kva kan kommunen gjera for at alle vert inkludert? Kva skal til for å utvikle ”internasjonale” Øygarden?

Bygdeutvikling

På kva måte kan kulturlivet føra til meir aktivitet i bygdene? Korleis ta vare på «rommet»? (planting/søppel/støy)

Rammer

Skal ”gratisprinsippet” gjelda? Kva kan kommunen gjera for å auka rammene?

Anlegg

Er det trong for nye bygg og anlegg? Kvar bør det eventuelt setjast av areal? Korleis kan kommunen leggja til rette for revy, dans, kunst?

Bibliotek som kompetansearena

Korleis kan biblioteket bli ein betre arena for livslang læring? Korleis leggja betre til rette for skuleelevar og studentar?

Folkehelse

Korleis kan kommunen saman med lag og foreiningar bidra til auka bevisstgjering i samband med folkehelsa?

Barn og ungdom, fritidsklubb

Kva ventar du deg av ein fritidsklubb i kommunen? Korleis kan kommunen leggja til rette for initiativ frå ungdom?

Det er definert 6 ulike tema knytt til 2014-året:

Kulturskulen som lokalt ressurssenter

Korleis få til nærare samarbeid i kulturskule/grunnskole/ SFO? Korleis samarbeida mot den kulturelle skulesekken/ spaserstokken? Kva for tilbod ønskjer du frå kulturskulen?

Friluftsliv

Er det trong for tilrettelegging på eksisterande friluftsområde? Er det trong for sikring av nye friluftsområde?

• Staden Øygarden • Synleggjera Øygarden • Miljø • Festen • Historia • Involveringa

Frivilligsentral

Korleis engasjera, motivera og rekruttera til frivilligheit? Korleis få til ein god arena mellom det offentlege og private?

Andre innspel

Det er ope for innspel til kommunedelplanen innan alle fagområde.

Kommunen har sett i gong arbeid med å førebu jubileet i Formannskapet. Arbeidet vil måtte femna om dei fleste av kommunen sine fagområde. Arbeid med infrastruktur, fokus på jubileet i barnehage og skule, kulturarrangement for born, unge og eldre, vil vera viktig. Fokus i arbeidet med 50 års markeringa vil verta bevisstgjering av innbyggjarane i høve identitet, sjølvbilete, historie, framtid, og å byggja samhald. Øygarden sin profil, «Brubyggjar», skal stå sentralt i arbeidet. Markeringa i 2014 skal gje varige verdiar, og utvikla Øygarden. Eit av måla med markeringa i 2014 er at kommunen får langtidseffekt av 50 års markeringa. Jubileet vårt skal invitera til innovasjon, samhandling og utvikling.

Alle desse tema vil ha fokus og innhald knytt til gjennomføring av jubileet.

DU KAN VERA MED Har DU lyst å vera med og påverka kulturlivet dei neste 10 åra? Ta kontakt med kulturkontoret. Telefon: 56 38 20 15 / 982 12747 Mail: kulturplan@oygarden.kommune.no. Du kan og gå inn på: www.facebook.com og søkja opp kulturplan 2013-2023

Nyhendemagasinet Øygarden 5


Kommunen informerer

Nye barnehagen på Toftøy tek form i sommarvarmen.

Toftøy barnehage

Ekte glede på sikker grunn Våre visjonar med barnehagen:

• Eit barn som står på hendene på jordkloden… • Eit barn som er større enn jordkloden… • Barnet ser så inderleg nøgd ut. Det har lært noko nytt. • Det er dette vi ynskjer for borna i barnehagen: • I leik og læring, i prøving og utfordring, skal borna læra å erobra nye område. • Me vil særskilt arbeida innanfor områda song & musikk, natur & friluftsliv. • Me har eit kompetent personale som ser på borna som si store og gode oppgåve. • Dei er i barnehagen for borna si skuld. • Barnehagane våre har ein kristen føremålsparagraf.

Toftøy barnehage opnar 20. august med 6 avdelingar, omlag 90 born, i Havly sine tidlegare lokale og i administrasjonsavdelinga til gamle Toftøy skule. Ny barnehage vil stå

6 Nyhendemagasinet Øygarden

ferdig ved årsskiftet 2012/2013, og får plass til om lag 100 born. Toftøy barnehage er eigd av NLM, (Norsk Luthersk Misjonssamband) ein organisasjon som driv misjon i

Asia, Afrika og Sør-Amerika. Der vert det mellom anna drive helsearbeid. Øygarden ungdomsskule har sjukehuset Jinka i Etiopia som prosjekt. I inn- og utland driv NLM barnehagar og skular. I Noreg har vi 40 barnehagar. Vi driv og eigne grunnskular, vidaregåande skular, høgskular, bibelskular, og skular saman med andre organisasjonar. I vårt nærområde har me Kongshaug musikkgymnas, Sygna vgs, Danielsen skular og NLA Høgskulen. NLM samarbeider med kyrkja i Øygarden når det gjeld dåp-, tru- og konfirmasjonopplæring. Vi vil rosa det gode og konstruktive samarbeidet vi har med kommunen sine tilsette, og politikarane. God sommar frå NLM-barnehage i Øygarden A/S ved styreleiar Jakob Blom.


Matematikk i fokus! I Terna barnehage har barn og vaksne på småbarnsavdelinga SmåTerna hatt matematikk i fokus i fleire år. No er det komen ut ei lærebok i matematikk for førskulelæararstudentar der eit kapittel tek utgangspunkt i korleis SmåTerna arbeidar med faget. Det er Magni Lossius Hope, Høgskulen i Bergen, som har skrive kapitelet Bildenes betydning – for små barn.

Kan det freista med ei utfordrande leiarstilling i Øygarden, med arbeidsstad 45 minutt frå Bergen sentrum? Vil du verta ein sentral partnar i samarbeidet for Region Vest?

Kommunalsjef – tekniske tenester Øygarden er vertskommune for store anlegg i olje- og gassektoren og har ein økonomi som gjev rom for utvikling av tenester og infrastruktur. Me søkjer difor ein dyktig, strukturert og løysingsorientert leiar til teknisk sektor. Har du høgare teknisk utdanning, erfaring som leiar og trivst med utfordringar, ja då har du eit godt utganspunkt. Har du også kunnskap om planarbeid, kommunal forvaltning og likar å arbeida langsiktig, då vil me gjerne høyra frå deg! Du vil få gode arbeidsvilkår i Øygarden. Vil du vita meir er du velkomen til å ta kontakt med personalleiar Johannes Mikkelsen eller kommunalsjef Jarle Kvalvik på telefon 56 38 20 00, eller med vår rekrutteringsrådgjevar i Headvisor, Rune Bruket, tlf 97138423 Søknad med CV snarast, og seinast 1. juli til kandidat@headvisor.com

Sondre Ottesen Stølsnes koser seg med mattematikk i barnehagen. Det starta med eit realfagsprosjekt SmåTerna hadde saman med Høgskulen i Bergen. I prosjektperioden utvikla SmåTerna tankar og idear om korleis ein kan arbeida med matematikk saman med born frå eit til tre år. Ein av ideane var å nytta fotografi som reiskap for å visa og reflektera over korleis barn tileignar seg kunnskap om matematikk i kvardagen. Dette viste seg å vera eit blinkskot! Borna viste stor interesse for bileta, og dei vaksne fekk biletleg tala ”opna auga” for alle moglegheiter ein kan finna for læring.

I etterkant av prosjektet har pedagogisk leiar Mona Oen halde fram samarbeidet med Høgskulen i Bergen. Ho har hatt foredrag for førskulelærarstudentar og praksislærarar, og på matematikkkonferansar for lærarar og førskulelærerar. Læreboka for førskulelærarstudentar heitar Rom for matematikk – barnehagen (red. Trude Fosse)

Øygarden kommune har ledig stilling: • Allmennlærar, mellomtrinnet • Allmennlærar, småtrinnet For fleire opplysningar, sjå fullstendig utlysingstekst samt søknadsskjema på www.oygarden.kommune.no

Nyhendemagasinet Øygarden 7


Kommunen informerer

Mattetimer med

GAMLE MYNTAR 2. klasse ved Blomvåg skule har brukt myntar i mattetimane for å læra addisjon og tiar-overgong. Målet vårt var å finna myntar som ikkje er i omlaup lenger, og levera dei i banken før dei vart utan verdi. Midlane ville me gje til Kreftforeininga. Me har leita i skuffer, lommer, krukker og glas. Fleire har tømt sparegrisane sine. Elevane meinte sjølv det var viktig å gje pengane til nokon som treng det meir enn oss. Dei ville gje pengane til medisinar og god mat på sjukehuset, seier lærar Maria Haugland. Prosjektet har verkeleg engasjert, og kvar dag vart det levert inn fleire myntar. Innsamlinga har og vore utgangspunktet for delar av matematikkundervisninga. Når vi dagleg må telje, sortere i tiargrupper og leggja saman alle myntane, får elevane mykje praktisk lærdom. Ifølgje Kreftforeininga er heile 360 millionar av desse 50-øringane i omløp, omlag 180 millionar kroner. Dei fekk inn 3163 kr. Eit kjempeflott resultat, meiner Haugland. Tre elevar fekk vera med til banken for å levera pengane. Vi fekk flotte drikkeflasker som premie frå Sparebanken i Øygarden, og diplom frå kreftforeininga lokalt og nasjonalt. Mange unger og fleire 50 øringar. 8 Nyhendemagasinet Øygarden


Dei arbeider for deg – heile døgeret! Øygarden kommune har tilsette som arbeidar for reint og nok vatn til alle innbyggjarane – heile døgeret.

ut vassmålarar i kummar. Målarane gjev informasjon om noko er gale. I tillegg er vi avhengige av at publikum melder frå om lekkasje. Vatn som står og renn for å hindra frostskade kan og føra til problem med vassforsyninga. Om sommaren er lite nedbør ei utfordring. Dei fortel og om algeveksten i Stegaviksvatnet sist sommar. Dette førte til at Toftøy vassverk vart stengd, og Blomvåg vassverk måtte levera til Toftøy. Blomvåg vassverk er ikkje bygd for å levera til eit så stort område, og konsekvensen vart kapasitetsproblem og trykkproblem for svært mange innbyggjarar som vart knytt opp mot Blomvåg vassverk.

Korleis er vasskvaliteten på dei ymse vassverka?

Øyvind Bohne og Otto Hellesund frå teknisk drift og service i Øygarden kommune. «Vassgutane», som vi likar å kalla dei, rykkjer ut for at vi skal få dusja om morgonen, vaska kleda og få reint og godt drikkevatn. Når vatnet ikkje kjem i springen, eller er illeluktande, ringjer vi 930 55 010 og klagar vår naud. Og ut rykkjer «vassgutane». Ein spør ikkje om det passar. Vinter som sommar, midt på natta eller søndag ettermiddag stiller gutane i sine gule kjeledressar. Dei dreg ut i båt, tek på seg dykkarutstyr, leitar og søkjer til problemet er funne og tiltak kan setjast i verk. Otto Hellesund og Øyvind Bohne har det faglege og administrative ansvaret i arbeidet med å sikra vatnet til innbyggjarane. Saman med sine tilsette ser dei til at vatnet held godkjend standard.

Toftøy, Blomvåg, Alvheim og Bakken vassverk Øygarden kommune har fire vassverk: Toftøy og Blomvåg vassverk sør i kommunen, Alvheim og Bakken vassverk i nord. Alle innbyggjarane er knytt til offentleg vassverk, så nær

som nokre få på Sture. Øyvind Bohne fortel at grunnlaget for godkjenninga av offentleg vassverk ligg i ”Forskrift om drikkevatn” som seier at: «det skal leverast nok og godt vatn 24 timar i døgeret heile året til alle.» Kvaliteten vert sikra gjennom faste prøvetakingar, og kontroll av Mattilsynet.

Utfordringar Den største utfordringa er straumbrot. Teknologien i vassverka er sårbar. Utan straum sluttar vassverket å produsera vatn. Otto Hellesund understrekar at straumbrot aldri har ført til alvorleg mangel på vatn. Andre utfordringar er det gamle leidningsnettet, særskilt nord i Øygarden. Dei siste åra har det vore mange stormar, og leidningsnettet ligg fleire stader i sjø. Når det oppstår lekkasjar har vi store utfordringar. -Men korleis finn de lekkasjane? spør vi. -Med lytteapparat som vi tek med oss, fortel Bohne. Han fortel vidare at dei dreg ut i båt med dykkarar for å finna lekkasjar. -Nye tiltak er at det vert sett

Hellesund og Bohne fortel at Toftøy og Alvheim har moderne reinseanlegg som leverer vatn av beste kvalitet. Bakken og Blomvåg vassverk leverer desinfisert, UV-filtrert vatn. -Dette vatnet kan ha høgt fargetal, og er difor ikkje heilt klart, seier dei. Det gledelege er at i planane for vassverka ligg tiltak som betrar vasskvaliteten for dei to vassverka. Bakken vassverk får denne sommaren ny trykkaukingsstasjon, og vert kopla til Alvheim vassverk. Då får abonnentane knytt til Bakken vassverk reinsa vatn og betre trykk. Mattilsynet har gjeve ein frist på om lag 2 år for installering av nytt reinseanlegg på Blomvåg vassverk. Dei travle karane er på veg til Tjeldstø der dei skal møta dei andre «vassgutane» som og jobbar i felten heile døgeret, Marius Hansen og Geir Rong. Dei har fått tips frå publikum om ein lekkasje.

Meld frå! Hellesund og Bohne understrekar at -innbyggjarane må ikkje vera redde for å ringja og melda frå om lekkasje. Vi er svært takksame for tips! Det er viktig at innbyggjarane seier ifrå, og vi oppmodar alle om å ta kontakt når lekkasje og liknande er oppdaga. Ring oss på 930 55 010, seier dei, og svingar seg inn i bilen, klare for nye oppdrag!

Nyhendemagasinet Øygarden 9


Kultur Øygarden Frivilligsentral

Fulltidsentral frå 1. januar 2012 Liv Edel Mikkelsen er tilsett som dagleg leiar saman med Christel Møvik-Olsen. Dei driftige damene arbeidar med mange gode tiltak i kommunen. Frivilligsentralen er engasjert i folkehelsesatsinga. Målet er å skapa fleire opne møteplassar der du kan delta så mykje du sjølv ønskjer. Skilting og gradering av turløypene våre

Kano på Kystmuseet

Kurs for dei som vil verta treningsinstruktør Er du godt vaksen og kan tenkja deg å vera treningsinstruktør? Frivilligsentralen arrangerer kurs med Hordaland idrettskrins to laurdagar i juni. Vi treng spreke vaksne som vil vera instruktørar på «Zumba gold», hjerte/lunge trening. Det er viktig at du likar å trena sjølv, og har lyst til å motivera andre.

Einsam i heimen

Staute arbeidskarar som utførar dugnad med å setja opp informasjonstavler

Kanotur frå Kystmuseet (illustrasjon).

Øygarden kommune og Frivillig­ sentralen er med i eit 2- årig prosjekt: «Nasjonal standard for skilting og gradering av turløyper». Ein skilt­ standard gjev form og innhald på startskiltet, og er ein retningsvisar. Standarden har og eit graderingssystem som byggjer på dei fire gradane som skal brukast nasjonalt og internasjonalt: Grøn, blå, raud og svart løype. I sommar har me sett saman ei arbeidsgruppe av spreke menn. Dei arbeidar med å setje opp fleire startpunkttavler knytt til dei gamle stiane våre. Det er fire viktige årsaker til å satsa på skilting og gradering: • Tilrettelegging av gode naturopplevingar for alle • Hjelpa brukarane til å velja rette turar ut frå eigne føresetnader • Tilrettelegging for styrt ferdsel i nærområda til destinasjonane • Godt planleggingsverktøy for å sikra eit nettverk av varierte stiar, og gjera området attraktivt.

På Kystmuseet kan alle som vil leiga rimeleg kano. Frivilligsentralen og kulturkontoret har kjøpt inn 4 fullt utstyrte kanoar. Kano er ein familievenleg aktivitet som store og små kan vera saman om.

10 Nyhendemagasinet Øygarden

Opp og stå lett å gå. Turgruppe på Ormhilleren Tiltaket starta opp måndag 14. mai. Dette er turar med roleg tempo for dei som treng hjelp til å koma i gong. Ein bør ha godt fottøy, og yttertøy tilpassa veret. Vi stoppar som regel for ein rast. Ta gjerne med niste og sitjeunderlag. Godt humør og eit ord for dagen vert sett pris på. Turen varer om lag 2 timar. Turleiar er Else Gjøen Madsen og Sonja Eide. Etter kvart vil gruppa prøva ut fleire stiar i kommunen.

Øygarden er en liten kommune. Me kjenner kvarandre godt, og veit for det meste korleis det står til med naboen. Likevel er det mange eldre som saknar sosial kontakt og har lange dagar heime. Er du ein som har tid til overs og vil vera ein besøksven? Du vel sjølv kor ofte og kor mykje tid du vil bruka. Ta kontakt med oss på Frivilligsentralen. Det er mange som vert takksame for litt av di tid.


Folkehelse / Frisklivsentral God helse er viktig for eit godt liv. Øygarden kommune har gode økonomiske vilkår grunna olje og gass. Den verkelege verdien til kommunen ligg i alle som bur og arbeidar her.

Studentane saman med folkehelsekoordinator Bente Guntveit Fokus må difor vera å syta for gode vilkår for god helse for den einskilde, fysisk og psykisk. Med den nye helsereforma skal kommune-Noreg tenkja helse på alle område. Ulike fagmiljø skal samarbeida. Å fremja sunn og god livsstil skal vera ein raud tråd i all planlegging og alle tenester. I mars i år fekk me Frisklivsentral. Dette er eit tilbod til personar som har trong for å endra vanar når det gjeld fysisk aktivitet, kosthald og/eller røyking, og som tykkjer det er vanskeleg å få til endring på eiga hand.

FRISKLIVRESEPT Dei som ynskjer eit tilbod frå Frisklivsentralen kan få dette med ein Frisklivresept. Denne kan ein få hjå fastlegen, anna helsepersonell eller NAV. Målgruppa for Frisklivresepten er personar som har auka risiko for sjukdom/lidingar. Frisklivresepten gjev høve til å ta kontakt med Frisklivsentralen som held til på rådhuset. Frisklivsentralen gjev då tilbod om helsesamtale, og kartlegg trong for tiltak.

TILBOD GJENNOM FRISKLIVSENTRALEN Fysisk aktivitet har ein god helseeffekt for ei rekkje kroniske sjukdomar.

Aktivitet med moderat intensitet ein halv time om dagen er nok til å gje betring. Auke i aktivitetsnivået gjev ytterlegare helsevinst. Dei fleste som er fysisk inaktive ynskjer aktivitet, men finn det vanskeleg å koma i gong åleine. Frisklivsentralen gjev difor tilbod om trening i gruppe for dei som ynskjer det. Ved oppstart vert det teke ein test for å kunna måla framgang etter ei tid. Etter sommarferien vert gruppa leia av fysioterapeut. Ein kan då få rettleiing og individuelt tilpassa trening.

KUL-TURER / TURSTI­ KONKURRANSE / ANDRE TILBOD GJENNOM FRIVILLIGE LAG OG ORGANISASJONER Det er mange gode tilbod i kommunen vår gjennom kulturavdelinga, frivillige lag, organisasjonar, frivillighetsentralen og andre som legg til rette for turopplevingar og fysiske aktivitetar. Vonar mange nyttar seg av tilboda i vår flotte Øygardsnatur

BRA-MATKURS Eit sunt kosthald er viktig for god helse. I vår arrangerte Frisklivsentralen BRAMAT kurs. Det er eit inspirasjonskurs for å få til varig endring i høve matvanar og matvareval. Kurset føl Helsedirektoratet sine tilrådingar. Det kjem tilbod om nytt BRA-MAT kurs til hausten.

RØYKESLUTTGRUPPE

Trim for 60+ - møt opp onsdagar kl.11 på Peak Fitness.

TRENINGSGRUPPE 60+ I vår vart det starta opp treningsgruppe for godt vaksne. Gruppa held til i salen til Peak Fitness på Rong senter. Opningstida er onsdagar mellom kl. 11.00 og 12.00. Det vert trening i heile sommar. Her kan ein melda seg på utan Frisklivresept. Bente Davidsen er instruktør Telefon 56382000/ mobil 95436342

Dersom du treng hjelp til røykeslutt er det mogeleg via Frisklivsentralen, individuelt eller i gruppe. Det kjem tilbod om Røykeslutt-gruppe til hausten. EG VIL NYTTA HØVET TIL Å YNSKJA ALLE ØYGARDSBUARAR EIN GOD, AKTIV OG HELSEBRINGANDE SOMMAR! Bente Guntveit, Folkehelsekoordinator Frisklivsentralen i Øygarden Telefon 56382000/ 95436342 Mail: friskliv@oygarden.kommune.no

TURGRUPPE Kvar måndag kl 11 er det turgruppe med turleiar i Ormhilleren-området. Turane passar for alle som kan gå i lett terreng. Turområdet er tilrettelagt, og ein kan velja ulik lengde etter ynskje og behov. Møt opp på parkeringsplassen i Ormhilleren og ver med!

Nyhendemagasinet Øygarden 11


Tema

Flyktningar i Øygarden Øygarden kommunestyre vedtok for perioden 2010-2012 å ta imot inntil 40 flyktningar. For perioden 2012-2014 er det vedteke å ta imot inntil 45 flyktningar. Dette er menneske som har fått varig opphald i landet, og som no skal skapa seg ein framtid i Noreg. Vi vil sjå litt på kor mange som er komne til Øygarden, og kva som vert gjort for å integrera dei. I 2010 vart det busett ti flyktingar, og i 2011 kom ytterlegare ni til Øygarden. I tillegg er det komne tre på familiegjenforeining. I 2012 har Øygarden teke imot fem born på gjenforeining med foreldre.

Busituasjonen for flyktningane Flyktningane vert for det meste busett i private bustadar. Ein kommunal bustad er og teken i bruk. Det er ønskjeleg med bufellesskap for to og to. Det vert ei utfordring for kommunen med omsyn til dei som får gjenforeining med familie. Det fører det med seg trong for nye bustadar. Husvære som er eigna for einslege kan vera vanskeleg å få tak i. Tilgong på private bustadar varierer og i vår kommune.

teknisk drift, reinhald og kyrkja. Arbeidsgjevarane ser på flyktningane som ein ressurs. Røynslene er gode, og særleg ser det ut til at tiltaka innafor pleie og omsorg har gjeve gode resultat. NAV har og lagt til rette for arbeidspraksis og AMO-kurs med norskopplæring. Det er skipa rådgjeving

Integrering Det er viktig at flyktningar vert integrerte i lokalsamfunnet så raskt som mogeleg. Øygarden har lagt til rette for denne prosessen gjennom mange tiltak. God språkopplæring er ein føresetnad for å lukkast. Norskopplæringa går over tre, fire og fem dagar i veka. I tillegg kjem elleve temamøter. Det er og etablert samtalegrupper ved helsestasjonen. Praksisplassar i arbeidslivet med ein til to dagar i veka er eit prioritert tiltak. Kommunale og private arbeidsgjevarar har samarbeidd om tiltaket. Det er oppretta praksisplassar i butikk, byggfirma, malarfirma, el-installasjonsfirma, mekanisk bedrift, og restaurant. Kommunen har lagt til rette for praksisplassar innafor omsorgstenester, 12 Nyhendemagasinet Øygarden

Illustrasjonsfoto.

for søking til vidaregåande skule, lærlingeplassar og høgare utdanning. Programmet for flyktningane går over to år. Det har som mål at den einskilde flyktning skal verta sjølvforsørgd og godt integrert i det norske samfunnet. Me skal ikkje leggja skjul på at det er utfordringar undervegs. Flyktningane er ulike som nordmenn flest med omsyn til alder, utdanning og yrkesbakgrunn. Vi må heller aldri gløyma at det er gode grunnar for at dei er flyktningar og har fått opphald. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at å reisa frå alt som er kjent, familie og vener, til eit framand land, byr på vanskar som må overvinnast.


To flotte damer som trivs med praksisplass på Tednebakkane Omsorgssenter.

Sara og Tegisti – to flotte jenter frå Eritrea Sara og Tegisti kjem frå Asmara, Eritrea sin hovudstad. Det er ein by på storleik med Oslo i eit land med innbyggjartal omlag som Noreg. Men der endar likskapen. Medan Noreg er eit land med fred og demokrati og snart to hundre år med sjølvstende, er Eritrea ein ny nasjon, prega av eit brutalt styresett med interne og eksterne etniske konfliktar. For Tegisti og Sara var flukt einaste utvegen. Begge har fått opphald i Noreg som flyktningar. Samtalen går på norsk. Det er tydeleg at desse to unge har lært mykje språk den tida dei har vore i Noreg og Øygarden! Begge er kristne. Ein er katolikk den andre protestant. Kyrkja og fellesskapen der betyr mykje for dei. Sara kom til Noreg i 2009, og til Øygarden i 2010. Ho er åleine, og ho veit heller ingenting om familien som er att i Eritrea. Likevel er ho optimist. Ho trivst i landet vårt og i Øygarden. - Men eg er nok eit storbymenneske, seier ho med eit smil om munnen. - Det er nok fleire tilbod i ein by for ei som er ung! Og sjølvsagt er det stor

skilnad mellom kulturane i Noreg og Eritrea. - Det sosiale livet i Eritrea er opnare enn her, seier ho, sjølv om ho er snar med å peika på at ho er veldig godt motteken av Øygardsfolket. Ho har hatt praksisplass ved Tednebakkane Omsorgssenter i snart eit år. Denne sommaren skal ho ha arbeid som sommarvikar. Sara har tolv år skulegong frå Eritrea, og ynsket hennar er å utdanna seg innan helse eller apotek. Tegisti kom til Noreg i 2010, og til vår kommune for om lag eit år sidan. Ho har praksisplass på Tednebakkane, og ho trivst! Som Sara har ho tolv år skulegong, og drøymer om å få høve til å utdanna seg innafor helse, eller kanskje som frisør? Ho bur i lag med ei veninne her i Øygarden, og let vel om ein hyggjeleg husvert i Blomvåg. -Eg har og ein bror som er komen til landet og bur i mottak på Voss. Kontakt med familien sin i Eritrea har ho og. Det gjer

det lettare å vera langt heimanfrå. Både Tegisti og Sara har von om at Eritrea ein gong skal verta eit godt land å bu i. Sjølvsagt har dei eit ynskje om å kunne vera med og byggja sitt eige land. Dei to unge jentene ynskjer å bruka tida i Noreg til å få seg utdanning som dei kan nytta i Eritrea om sjansen byr seg. Dei er takksame for at Noreg og Øygarden har teke mot dei på ein så god måte! Leiinga ved Tednebakkane er svært nøgde med dei to som er i praksis ved institusjonen. Dei ser på flyktningane som ein ressurs, og eit innslag som kan gje nordmenn betre kunnskap om landet, menneska og kulturen deira. -Sjølvsagt er det utfordringar, seier Ingeborg Tovås, avdelingsleiar på somatisk avdeling. -Det er to kulturar som skal læra kvarandre å kjenna. Språk kan vera ei utfordring. Vi må ikkje gløyma at flyktningane er her fordi dei ikkje kan vera i eige land. Det er viktig at vi, i tillegg til å gje dei husvære, arbeid og utdanning, er medmenneske som engasjerer oss i deira bakgrunn og historie, seier Ingeborg Tovås. Nyhendemagasinet Øygarden 13


Næringsliv Tenesteområde «kultur» er eit spanande felt og vi er no på jakt etter deg, ein dyktig og ivrig medarbeidar. Øygarden har eit 50 års jubileum i 2014 og er i gong med arbeid til ny kulturplan 2013-2023, så her er det mange interessante utfordringar.

Vert du med oss å dyrka kulturkommunen?

Kultur- og informasjonsmedarbeidar 100% prosjektstilling 3 år Du skal jobbe med: Produksjon og gjennomføring av arrangement og prosjekt som: Kommunejubileum 2014, reiseliv, turisme og informasjonsarbeid. Kulturog informasjonsarbeidaren skal også vurdere og ta del i spelemiddelsøknader/ Tilskotsportalen / tilskotsaker, sakshandsaming til kultur- og utviklingsprosjekt, oppfølging ungdomsråd og generelt lag- og organisasjonsarbeid. Stillinga krev også tverrfagleg samarbeid med administrasjonen. Generelle kvalifikasjonar for stillinga: Relevant høgskuleutdanning og /eller erfaring med kompetanse frå fagområda. God kunnskap om IKT, MS Excel, Word og designprogram er ein fordel. Vi vektlegg dine personlige eigenskapar: Du er kreativ og engasjert med god evne til samarbeid og kommunikasjon. Vi treng ein fleksibel og initiativrik kultur- og informasjonsmedarbeidar som «kan ta arbeid på eiga hand». I somme høve må du rekna med arbeid på ettermiddag/kveld og du treng å disponera bil i denne stillinga. Opplysningar om stillinga: Kulturleiar Bernt Hjørnevik tlf: 56 38 20 15, e-post bhj@oygarden.kommune.no eller på http://www.oygarden.kommune.no/ stillingledig Alle søkjarar må søkje via vårt digitale søknadssenter http://min.e-kommune.no/ oygarden_kommune/ Informasjon og rettleiing kring det digitale søknadssenteret hos Servicetorget på tlf: 56 38 20 00. SØKNADSFRIST: 30.06.2012

14 Nyhendemagasinet Øygarden

Jon Ivar Friborg er utdanna landbruksingeniør innan bygg og maskin. Han er oppvaksen i Førde i Sunnfjord. Han har reist mykje, og fått mange røynsler med seg før han tok til i leiarstilling i Øygarden kommune. -Eg har arbeidd som misjonær med oppgåver innan administrasjon og bistandsarbeid på Elfenbenskysten og Mali i 8 år. Kyrkjeverje i Jølster var eg og ein periode. Ei tid arbeidde eg som bussjåfør for å ”omrøma” meg litt. No har familien busett seg på Straume. Kvifor arbeida i øygarden? Jon Ivar er oppvaksen i landlege strok og har inga interesse av å bu i ein by. -Før vi busette oss på Straume i Fjell vurderte vi og Øygarden. Når det vart ledig ei interessant stilling der tykte eg at ein liten kommune med oversiktleg arbeidsmiljø måtte vera ideelt.

Tankar om jobben -Det er sett i gong eit spanande arbeid med omstrukturering i Drift og service, seier han. -Det er eit mål at avdelinga skal nytta ressursane best mogleg og yta god service. Eit av tiltaka er ei avklaring på kva oppgåver avdelinga skal ha ansvar for, som til dømes å avdekka skjulte arbeidsoppgåver ein burde ha gjort. Kommunale eigedomar er eit godt døme. Eg vil tydeleggjera for brukarane kva dei kan venta seg av avdelinga, slik at alle veit kva ramme drift og service arbeider

Intervju Kven: Stilling:

Jon Ivar Friborg Einingsleiar – Drift og service Alder: f. 1965 Sivil status: Gift, 6 born

innafor. Dei oppgåvene som fell utanfor nokon sitt ansvarsområde må ivaretakast ein annan stad i organisasjonen.

om vassverka Det er eit område som opptek Jan Ivar. -Eit av dei viktigaste oppgåvene avdelinga har er å ha ei trygg og stabil vasstilførsle. Vassverka er under vurdering. I framdriftsplanen ligg det tiltak som skal sikra at Øygarden kommune kan takla dei vanskane som måtte oppstå. Eg gler meg til jobben og få møta innbyggjarane i Øygarden kommune. Vonar publikum tykkjer eg er ein rimeleg grei kar å snakka med, sjølv om eg ikkje alltid er einig med den eg samtalar med, seier han med glimt i auga. -Mitt inntrykk er at kommunen er ein god arbeidsgjevar, og har eit grunnlag som gjev det mogleg å driva godt, avsluttar han.


Faktainformasjon om Øygarden kommune Øygarden kommune har 5 kundevertar på Servicetorget: Ingunn Teigen, Torill Hellesund, Silvia Haugland, Inger Helen Hellesund og Astrid N. Rustad Telefon: 56 38 20 00 mandag til fredag mellom kl 08.00 og 15.30 Ordførar: Otto Harkestad (AP) Rådmann: Edvard Bolstad Folketalet pr 1.1.2011: 4500 Areal: 64,2 km2 Næringsareal: 1500 dekar (Naturgassparken Vest) Industri ca 1100 dekar (Kollsnes og Sture) Tal nye bustadar i 2011: ca 30 Ledige tomtar hus: om lag 800 Ledige tomtar hytter: om lag 10 Tilsette i kommunen: 379 årsverk Elevtal ved skulane: 613 Antal ungdomsskular: 1 Øygarden Ungdomsskule Antal borneskular: 5 Alvheim skule, Bakken skule, Blomvåg skule, Rong skule, Toftøy skule Born i bornehage: 248 Antal bornehagar: 3 kommunale / 4 private Kommunale: Tjeldstø barnehage, Terna barnehage, Breivik barnehage Private: Havly barnehage, Spurven familiebarnehage, Knappen familiebarnehage, Brum familiebarnehage Born i kulturskulen pr jan-12: om lag 180 Anlegg 2 fotballstadion med krøllgras: Rong Stadion og Nesemyra Stadion Symjehall i Kulturhuset Terapibasseng i Øygarden Rådhus Nyttig kontaktinformasjon Sentralen: 56 38 20 00 Øygarden Bibliotek: 56 38 22 20 Kystmuseet i Øygarden: 56 38 50 50 Viktig kontaktinformasjon: FAX: 56 38 22 31 Legesenter dagtid: 56 38 21 10 Legesenter ettermiddag/kveld: 56 38 93 00 Viktige nettstader www.oygarden.no www.godesirklar.no www.naturgassparken.no Send oss e-post til: postmottak@oygarden.kommune.no Organisasjonsnummer: 938 766 223 Besøksadresse: Øygarden Rådhus, Ternholmvegen 2, 5337 Rong Postadresse: Øygarden kommune, 5337 Rong

7 på servicetorget

Kva planar har du for denne sommaren? Astrid N. Rustad

Eg vonar på godt ver, slik at eg kan få malt ferdig huset. Nett no skal eg på Vestlifekonsert i London med dotter mi. Ferien har eg til gode til utpå hausten ein gong. Det vert London då og!

Eirik Stølsnes Ferieturen i år går til Nord-Noreg og Troms. Der skal me vitja slekta til sambuaren min. Nett no er eg på farten til å reisa ut på tankskip. Eg vert borte i nokre veker på arbeid.

Liv Edel Mikkelsen Eg gler meg til fjorten dagar ferie med varme i Kroatia. Så vert det vel litt hagearbeid. Eg vonar sjølvsagt på litt varme her i Øygarden og, så vi kan koma oss ut i holmane og kanskje våga meg på eit bad!

Kirsten Flåten I ferien vert det tur til hytta på Voss. Elles tek eg no livet slik det kjem, men vonar på litt sommartemperatur snart!

Anders Vik Om ikkje lenge vert det tur til Danmark, tidlegare Aust-Tyskland og Polen med cruise-båt. Det gler eg meg til. Ein slik tur var utenkjeleg i min ungdom. No er slik velstand mest allemannseige i Noreg!

Solbjørg Vik Kvar sommar har eg hatt tradisjon for å reisa ei veke til fjells. Rallarvegen og turar i fjellet vert prioritert i år og. Drivhus med tomat-, agurkproduksjon og blomar tek mykje tid, så eg må halda meg heime om sommaren. Eg likar å reisa om hausten og då helst utanlands, og i år går turen til Tyrkia.

Liv Nordvik Eg har stor hage og må vera heime og stella den, seier Liv med eit smil. Ho har barneborn og oldeborn som kjem på vitjing, og trivst best med å vera heime. Men kjenner eg borna mine rett, kjem dei nok og hentar meg for ein kjekk tur i sommar og!

Konsert med Bjørn Eidsvåg på Kystmuseet Konsertinfo: 31. august kl 20. Dørene vert opna kl 19. Billettar kr 430 – sal på Kystmuseet og Kundeservice på Sartor Senter. Sal av mat og øl/vin. Born kun ifølgje med vaksne.

Nyhendemagasinet Øygarden 15


Nyhendemagasinet

– brubyggjaren


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.