1
INNHALD
HELSING FRÅ ORDFØRAREN
uvérfestivalen Side 4 Allsong på kaien og Full storm konsert – ei gåve til innbyggjarane i jubileumsåret!
Allsang på kaien Side 5 Opning av Uvérfestivalen vert å gjenta suksessen med «Allsang på kaien».
Å sjå seg sjølv i samanheng med verda og historia, gjev perspektiv på eige liv og livnad. Når ein trur ein bur langt frå «den store verda der det skjer», viser det seg at me bur alle midt i der det skjer - fordi alt har og er i ein samanheng. Kjenner du historia vår frå nære fortid og kva historiske hendingar har å seie for kulturen, samfunnsutviklinga og den me er i dag?
ØYGARDSMILA Side 8 Øygardsmila for alle! Om du vil jogga, gå eller trilla barnevogn, så meld deg på.
FULL STORM Side 9 Vinni, Ole Paus og Storm Weather Shanty Choir – her blir det full storm laurdagskvelden i Ovågen.
I 2014 feriar Øygarden at nasjonen vår er 200 år, og at Øygarden er 50 år som sjølvstendig kommune. Det er ein viktig milepæl for landet vårt, for øygardsværingar, for deg og meg. Men kjenner du bakgrunnen for dette jubileet? Ei lita gjennomgang av dei viktigaste hendingane syner oss at kloke menneske i fortida vår gjorde eit banebrytande arbeid med viktige grunnleggjande verdiar som utgangspunkt: Den demokratiske tenkinga og folkeretten som har gitt oss eit trygt og fritt land å bu og leva i. Eg vonar at dette året, så langt, har gitt øygardsværingane gode opplevingar gjennom spennande aktivitetar og møteplasser der fortid, notid og framtid smeltar saman. Øygarden sin kultur og historie er satt på dagsorden og mange har fått gleda og ny kunnskap om dette. Mange flotte opplevingar og arrangement har vore ein del av feiringa som starta med eld og fyrverkeri i januar 2014. Me ser fram til fleire flotte kulturelle opplevingar i siste
Nyttig informasjon Baksida Informasjon om billettsal og parkering.
2
Otto Harkestad Ordøfrar
Brubyggjaren Øygarden
Historie og symbolikk bak Øygarden kommune sitt kommunevåpen og logo
«Brubyggjaren Øygarden». I 2011 var eigen logo klar. Tanken bak slagordet og logoen er å spela på dei karakteristiske trekka ved øykommunen: Bruene, øyene og fargane i solnedgangen.
Det er 50 år sidan Øygarden kommune blei etablert. I 1964 blei tidlegare Hjelme kommune og delar av tidlegare Herdla kommune slått saman til Øygarden kommune. I dag er resten av Herdla ein del av Askøy kommune.
Logoen og slagordet «Brubyggjaren» skal fortelja omgjevnadane kva rolle Øygarden kommune ynskjer å spela i lokalsamfunnet.» Brubyggjaren» skal ikkje berre binda folk og øyar saman. Det går bruer mellom fortid og notid, gamle og unge, mellom innbyggjarane og dei ulike kommunale tenestene og tenestene seg i mellom.
Namnet Øygard siktar til at fleire øyer ligg som eit gjerde (gard) mellom havet og landet innanfor. Med 550 øyer og fiske som viktigaste næringsveg, var det naturleg å velja eit sjøsymbol i kommunevåpenet. Sjømerka hjelpte fiskaren med å ferdast trygt på havet. Kommunevåpenet frå 1964 symboliserer sjøen, med svart sjøvarde på ei bølgje av sølv mot ein blå bakgrunn. Det er Magnus Hardeland som har teikna kommunevåpenet. I løpet av dei 50 åra som Øygarden kommune har virka, har det skjedd store endringar innan samfunnsutvikling, næringsliv og kommunikasjonen med dei omliggjande kommunane. Køyrer du frå Bergen langs Rv 555 og Rv 561, og strake vegen til endes mot nord, køyrer du over 13 bruer på hovudvegen. Til saman 22 bruer kan du køyre over, dersom du dreg inn på sidevegane langs hovudvegen.
Bruer må etablerast mellom kommunen og næringslivet, mellom notid og framtidige visjonar, og ikkje minst mellom kommunen og regionen, og resten av verda som Øygarden skal vera i dialog med. Grunntanken er at der menneske møtes, oppstår det verdiskaping. Ein aktiv «Brubyggjar» skal vera handlekraftig og leggja til rette for at god samhandling og utvikling skjer. Kombinasjonen av øyene i hjarteform sender vonleg ut positive signal til mottakaren. Men det er ei utfordring å få samsvar mellom signala «Brubyggjaren» Øygarden kommune ynskjer å gje, og det kommunen faktisk klarar å gjennomføra i møte med innbyggjarane. Dette utfordrar kommunen til å ha fokus på best mogleg tenestekvalitet for innbyggjarane, heile tida!
Øygarden kommune ynskjer å vera ein synleg kommune og har gjennom verdi – og visjonsarbeid, utarbeidd slagordet
3
U VFÉESR T I VA L E N
Uvérfestivalen - fredag 5. september og laurdag 5. september
R É V U F E S T I VA L E N Allsang på kaien og Full storm konsert – ei gåve til innbyggjarane i jubileumsåret! Her ute mellom øyene har øygardsfolket levd med storm og stilla, og bygd livet sitt kring naturelementa. Som gammal fiskarikommune, og no ein moderne oljekommune, er det havets grøde som har gitt gode levekår til folket – enten det har vore fisken eller «oljegullet» Når sjøsprøyten står til himmels og vinden tek tak i huset, står øygardsværingen støtt. No er nye generasjonar komen til, saman med mange som søkjer ei utfordrande fritid. Den barske, men vakre naturen, himmel og hav - dei blømande lyngheiane tek pusten frå mange nye innbyggjarar. Når det blæs ein kald vind frå nord, er den som «sprudlande sjampanje», seier nokon. Men kanskje er det uveret som dreg dei fleste hit. I vår moderne og urbane tid, treng mange å kjenne at me lever i ein større samanheng. I møte med urkreftene kan me kjenna på vår eigen styrke og kraft. Me blir små i den mektige naturen i Øygarden! Så det måtte bli ein Uvérfestival på programmet i jubileumsåret for Øygarden kommune. Ein festival me vonar
4
vil røre ved gleda kring fellesskapet song og musikk gjev oss. Å syngje kjente og kjære songar i eit kystlandskap som tek vare på historia for generasjonane framover, er ei av jubileumsgåvene frå kommunen til innbyggjarane. Me vonar at møtet våre lokale, unge aktørar får med dei kjente og kjære artistane me har invitert, kan gje inspirasjon og mot til å fortsetja å utvikla songen og musikken hos den enkelte deltakar. Det er ungdommen som er framtida for jubileumskommunen. Det er dei som skal byggja vidare og ta vare på det som generasjonane før har bygd opp. Om storm og uver kjem over Uvérfestivalen rår ikkje Øygarden kommune over. Men me kan lova eit innhaldsrikt og flott program, med håp om at Uvérfestivalen kan bli eit fast innslag i åra som kjem.
U VFÉESR T I VA L E N
Allsang på kaien - fredag klokka19.00 - 5. september
FRISK BRIS / ALLSANG PÅ KAIEN: Me trur at suksessen frå 2013 med 1000 glade og syngande menneske blir vidareført i jubileumsåret 2014. Med varierande program for store og små er det lagt opp til ein opplevingsrik kveld for heile familien. Nasjonale musikarar I år møter du Elisabeth Andreasson, populært kalla Bettan, som er ein kjær artist for mange. Ho er ein allsidig artist som gjerne syng både country, pop og musikalar. Kom og syng med henne!
Damene i The Licksome Chicks; Anita Heggholmen, Linda Ekeland og Ingrid Watnedal er tre damer som er «stolt tå vera stril». Dei brukar dialekt, harmonika og humor. Kine Oen er ein kjent og kjær stemme for oss i Øygarden. I 2013 blei ho nasjonalt kjend gjennom deltaking i IDOL. Ho er brassbandentusiast og vår egen klokkeklare songstjerne. Petter Rong går på Øygarden Ungdomsskule. I fleire år har han vore ein sjølvsagt deltakar på Ungdommens Kulturmønstring (UKM). Han brukar eit Keyboard til å spele kjente melodiar og tolke dei om til sine eigne.
Rune Larsen har vore i Øygarden før, med vakker julekonsert og lun humor. Kven hugsar ikkje det populære programmet «Lollipop» frå slutten av 1980-talet. Også han er ein allsidig og populær artist Lokale aktørar Øygarden kommune er stolte over å presentera eigne, lokale utøvarar. Flotte artistar som skal vera med på det proffe laget.
Olaug Alvheim er ein usignert artist med sine røter frå Vestlandet- Sunnfjord /Øygarden. Med sin glade utstråling og kraft leverer ho eigne verk med innlevelse og ektehet som fangar deg inn i ei roleg atmosfære i ditt univers av følelsar. Gospelteens frå Øygarden spreier songlede og varme med sitt vakre og varierande repertoar. Gled deg til å synge saman med dei. Denne kvelden står allsongen i fokus, med musikk som heile familien kan kosa seg med. Her kan alle nynna med under konserten og la seg inspirera til å ta songen med heim og syngje vidare i fellesskap med venner og familie.
mber
epte g 5. s
Freda
Kr
en i Ovåg rsen, useet une laen og R , n Kystm e ss eO ndreahicks, Kin eth A Stad Elisab icksome C The L r Rong r Aktøra Pette erte teress 150,Alle in år kr. 4 1 / u t: uppe / born billet Målgr Dags n kr. 350,e s ) Vak Billett 18 år illett: ars b ersgrense g a d ld 2 0,- (a ebyr Kr. 70ne er eks. g sida a is å bak r P n du p n fi l a illetts om b asjon m r fo In Tid
350,-
VAksen Pris eks gebyr .
00
kl.19.
Kr
150n,bor
5
Forsyningsbasen i Øygarden
Vi er med på feiringa
Alltid gode tilbod på Rong 6
KALENDEROVERSIKT 2014
www.oygardenkommune.no
5. september kl. 19.00
Allsang på kaien
September
Kystmuseet i Ovågen 6. september kl. 12.00
sø ma ti on to fr lø
Øygardsmila Start og mål Rong Senter 6. september kl. 19.30
Festivalkonsert Kystmuseet i Ovågen 8. november kl. 10.00-16.00
November
Spel- og matfestival Rong Senter
YX RONG BLOM SERVICESENTER AS 5331 Rong TLF. 56 38 72 80
30. november
Autorisert Bilverksted - Bilvaskemaskin Dagligvarer - Varm mat - Stor kiosk - Kafe
Kollsneshallen
sø ma ti on to fr lø
Sølvguttene
ÅPNINGSTIDER: Man - Fred, 07 - 22, Lørdag 09 - 22, Søndag 10 - 22
VI ER HER. Øygarden
SPV
7
U VFÉESR T I VA L E N
Øygardsmila - laurdag klokka 12.00 - 6. september
6. september Klokka 12.00 på Rong Senter
Vi ynskjer å skape eit årleg mosjonsløp og ein folkefest for Øygardsfolket som passar for alle. Om du ønskjer å springa, gå eller trilla barnevogn, då Øygardsmila passer for deg! Vi vonar mange vil kjenna på at Øygardsmila er eit motiverande mål som inspirerer til å stå litt ekstra på i treningsarbeidet. Øygardsmila startar og avsluttast ved Rong Senter. Vi spring sørover til barnehagen på Toft, der vi kryssar vestover mot Toftøydalen. Derifrå går løypa nordover mot Torsvik, eller Kjøpmannsvågen for dei som er lokalkjent. Frå Kjøpmannsvågen er det ei knallhard stigning før me er tilbake på gangvegen, og på veg nordover igjen mot Rong Senter. Løypa vil vera godt merka, og funksjonærar vil bli utplassert på strategiske stadar slik at tryggleiken blir ivareteken.vb
Påmelding 1. august - 31. august: 250 kroner 1. september - 5. september: 300 kroner
*Eit gebyr til Norges Friidrettsforbund på kroner 50 kjem i tillegg til den annonserte prisen.
8
FUll storm - lAUrdag klokka19.30 - 6. september
FESTIVALKONSERT Dette er kvelden for det vaksne publikummet som får møte solide norske artistar som og syng på norsk. Ole Paus var ein sentral artist under visebølgja for 30 år sidan. Han er fortsatt like sentral i musikk–Noreg med dagsaktuelle tekstar innan humor, samfunn og politikk. Med rusten røyst og raske replikkar, held han publikum i ande heile tida! Saman med Ole Paus kjem Vinni, eller Øyvind Sauvik, som er namnet hans. Ein Hiphopartist som skreiv grunnlovslåta i rapversjon til 1814-fimen for jubileumsfeiringa på Eidsvoll. Han er ein inspirerande artist med stor kreativitet.
Kr
500,-
Pris eks. gebyr
U VFÉESR T I VA L E N
Sjantirockarane Storm Weather Shanty Choir er seks staute menn frå Stord (og Sveio). Dette er musikarar med bakgrunn frå rock, heavyrock, visesong og ein seglskutesjømann og sjantimann med mange års fartstid frå SS Statsraad Lehmkuhl og med mastergrad i sjantiar. Denne gruppa får eit stadig større publikum, og nyt stor respekt i rocke- og folkemusikkmiljøet. Den som høyrde dei på Tall Ships Races- dagane i Bergen i sommar, kan nok skriva under på at her blir det sjanti med trøkk og boblande speleglede! Det lokale bandet Freddy Caused Pain er oppvarmingsband på scena frå kl.19:00. Om ikkje det blir vind i håret under Uvérfestivalen, trur me det kan bli ei stormfull og spanande musikkoppleving som publikum kan ta med seg inn i haustkveldane. Kjekke minner å sjå tilbake på, både for store og små! Ver velkommen til Øygarden og Kystmuseet i Ovågen.
30 kl.19. mber e t p e s ag 6. Laurd en ty Ovåg Shan seet i Tid ather u e m t W s Ky torm Pain aus, S d Ola P dy Cause Stad i, n in d V e r F og r Choir Aktøra år ver 18 Alle o 8 år) lett: rsgrense 1 pe il p u b r s lg g Må lde Da 0,- (a ) Kr. 50 Billett 18 år illett: ars b ersgrense g a d ld 2 0,- (a a Kr. 70ks. gebyr aksid e is r u på b P d n n sal fi billett n om jo s a Inform
9
10
Vi er nå Øygarden kommune sin hovedbank, og ønsker å gratulere alle kommunens innbyggere med 50-års jubileet! Besøk oss gjerne i våre lokaler på Straume eller ring oss på 04800.
11
12