Vi

Page 1

thomas

solum bokvennen 2023

j.r. marthinsen Vi forteljingar

© Solum Bokvennen AS, 2023

Printed in Latvia by Livonia Print, Riga 2023

Boken er satt med Adobe Garamond Pro 11,75/16,5

Omslag: Thomas J.R. Marthinsen

isbn 978-82-560-2785-9

isbn 978-82-560-2786-6 (epub)

www.solumbokvennen.no

Alt er ein overgang, sa reven, han vart flådd.

– Norsk munnhell

innhald Haifinnesuppe 9 Ego 15 Gåve i himmelen 29 Barna mine 37 Rekkjehusblues 47 Publikum 57 Lufthamn 65 Kanskje er det vatnet 75 Solo 89 Vi 109 Ei heilt anna tid 123
haifinnesuppe

Sonen hennar er med henne. Han rekk henne allereie til skuldrene, ein lang stake akkurat som far sin. Han helser med eit fast handtrykk og to nyfikne auge, står ein augneblink og ser etter noko i ansiktet til mora si, før han tek avskjed. Høfleg. Ho stryk han så vidt over kinnet. Ein svak unnvikingsmanøver i ansiktsmuskulaturen hans.

Ein gong i tidenes morgon var eg med henne på ein restaurant i heimbyen. Vi åt haifinnesuppe. Etterpå stod vi utanfor og ho sa det som det var, ho sa: Eg liker deg, liker du meg? Og eg likte henne, eg likte henne veldig godt, men eg likte henne ikkje på den måten ho likte meg, det skjønte eg, det stod forunderleg klart for meg. Eg sa det til henne som det var. Ho hadde invitert meg på restaurantbesøk.

11

Ho hadde stilt seg opp føre meg og våga så mykje. Det aller minste eg kunne tilby henne var ærlegdomen min. Sidan drøfta vi ikkje dette fleire gonger. Ho bur i utlandet no. Er heime på sommarferie. Ho er ei vakker kvinne. Ein kan ikkje seia at alderen har skremt henne. Snarare ber ho han med ei verdigheit og ein varme som ligg hennar medsystrer frå generasjonen vår tungt for brystet. Dei fleste av dei har noko forjaga over seg. Noko rastlaust. Ein alder som plutseleg er kasta over dei. Som om dei fyrst no har skjønt at løpet på mange måtar er køyrd. Ho skjønte det for lenge sidan, og sidan har ho foredla det ho fekk, eller skulle eg seie det ho valde.

Eg ser meg om etter mannen hennar. Han må då vere her ein stad. Må ha følgd med til byen, hatt sine eigne ærend, i periferien av hennar. Joda. Eg kan sjå han borte ved hella inn mot parken, nei, der er han, borte ved kampesteinane, dei kvite steinane som ser ut som dei er dumpa ned i landskapet for

12

å ligge der alltid. Han står ved sida av sonen deira. Han har ikkje mykje hår igjen. Det legg eg merke til. Det lyse, lyse håret hans, nesten kvitt pleidde det å vere, dannar ein krans over bakhovudet hans, enkelte fjon over midten av skallen. Han ber alderen annleis. Som om han har han i hælane. Og korleis går det med deg? seier ho. Eg kjempar for å undertrykke impulsen som heiter sjå bort. Eg ser ikkje bort. Eg står og ser henne rett inn i auga. Møte blikket hennar, det grøne, klare. Ser mildskapen som har bustad der inne. Kva skal eg svare henne? Det er noko i meg som ikkje får meg til å servere den vanlege regla, det sedvanlege visvaset om jobb og hus og heim og barn, så eg svarer henne ærleg. Eg seier at eg kjempar ein kamp eg ikkje lenger kan vinne. At kreften har spreidd seg. At no bur han overalt under huda på meg, har ete seg inn i organa mine. Det er eit under at eg står, høyrer eg meg sjølv seie, og ho ler ikkje, eg ler ikkje, det er berrsynleg heller ikkje noko å le av. I staden står ho slik at eg får kvila meg ein augneblink. Eg får kvila meg ein augneblink i venlegheita hennar. Så

13

er det at ho ei stund seier noko om sentimentalitet. Eg nikkar til henne, sjølv om eg ikkje er samd. Eg kallar det noko anna.

Seinare sit eg ute i skogkanten åleine. Høyrer gaupene bjeffe. Dei leikar visst. Det nye kolet. Eg bit enden av nokre tankar som ikkje fører nokon stader hen. Lener meg over armlenet på lenestolen eg har slept ut hit, drikk glaset tomt, det brenn nedover i brystet, det går hol på magesekken min. Ser for meg ansiktet hennar då ho snudde seg og såg tilbake mot meg. Ho vinka. Neven min var òg oppe, armen min. Eg såg henne slik ho såg ut då ho danna seg det biletet av meg som vil bli ståande etter meg når eg ikkje er her meir. Som ein som stod for eit vegval i livet hennar ein gong då ho var heilt ung. Som ein som gjorde eit val som også rørte henne. Eg veit ikkje om ho hugsar at vi åt den brune suppa med det vakre namnet. Eg hugsar ikkje korleis ho smaka. Men eg veit ein ting. At uansett kva som hender, vil ho hugse meg til den dagen ho ligg for døden. Eg held fast i den tanken.

15 ego

I dei eldste albuma hennar, ikkje det frå barndommen, ikkje det som har mormors lykkjeskrift i kvitt blekk på svart kartong, men det fyrste ho kjøpte og tok i bruk sjølv, det fyrste ho byrja å fylle med bilete, frå sjukepleiarskulen og studentheimen ho budde på då, til dei fyrste bileta av far min byrjar dukka opp, hytteturar med små, stutte pilsflasker og kassegitar og heimestrikka genserar og titals smil mot ymse fotografar med det same kameraet, dei fyrste bileta frå erfaringa som kjærast på besøk, som komande svigerdotter, blyg i sofaen i ein framand heim, der skriv ho alltid under bileta av seg sjølv: Ego.

Eg hugsar eg spurde henne om det ein gong, då eg var barn, kvifor ho ikkje skreiv namnet sitt, men dette andre namnet, Ego, under bileta av seg sjølv.

17

Det dreidde seg utelukkande om det fåtalet bilete der det ikkje opptredde andre menneske, fotografi der formålet hadde vore å forevige henne, ikkje alt mogleg eller alle moglege andre, men akkurat henne, mi unge mor frå før ho var mor, naturlegvis, tatt bilete av i ein gang, ute i ein hage, føre eit skatoll, i sjukepleiaruniforma, fersk med kulepenn og sjukepleiarur i ei sølvlenke hengande frå brystlomma, eller mamma ute i naturen ein stad, solskin over ansiktet, mørkt, krølla hår, ego. Ego fotografert av kjærasten sin, skjelmsk smilande, tatt bilete av av litlesystera si, tanta mi, kvilande inntil skuldra til faren deira. Ho sa at det betydde «eg» på latin. Det er meg, sa ho, det betyr berre det, eg.

Ikkje i noko anna album sidan har ho gjort det same. Ikkje etter at ho vart gift med far min, ikkje etter at eg og syskena mine kom til verda. Eg veit ikkje, det var vel kanskje berre ikkje så mykje meir eg i verda hennar etter det. Berre éin stad har ho halde fram med det, denne egosigneringa, men der er ho til gjengjeld konsekvent, år etter år etter år, og

18

det er på kalenderen ho har hengande på kjøkenet, på eit av langskapa, med ein kulepenn bunde i ei hyssingsnor hengande ned frå seg, der er det kvart bidige år ringa rundt ein spesiell dato, og då står desse tre bokstavane inne i sirkelen. Ego. Ego fyller

år, ego blir førti, femti, no har ego vorte seksti, snart fyller ho sytti, før vi veit ordet av det er ho åtti. Slik

følgjer ho seg sjølv, med eg-et sitt, gjennom livet, skrive ned på denne einaste staden, på kalenderen som viser tida som fossar framover, rute for rute, kolonne for kolonne, utan omsyn og utan fakter: livet som går.

Og eg veit at ho har sete føre denne kalenderen òg på tidspunkt då livet ikkje gjekk, men då det stansa opp og heldt likevel fram. Det veit eg. Eg veit at ho sit der ein gong på slutten av nittitalet, det er morgon, det er laurdag, vi er hos far vår, så dette er hennar frihelg, og til forskjell frå dei andre helgane er ho åleine, kjærasten hennar måtte reise ut på plattforma, kalendrane klaffa berre ikkje betre, det er laurdag morgon og ho har laga kaffi, Mocca-

19

masteren surklar og kanskje tenkjer ho på oss, på kva vi gjer oss i same augneblink, på den andre sida av byen, hos han der …, då ho plutseleg blir var ein skikkelse utanfor vindauget. Ho blir var ein skikkelse utanfor vindauget, seier eg, på den andre sida av gjerdet. Bikkja hoppar opp og gøyr, ho registrerer den uklipte halen som piskar gjennom lufta, og ho ser denne skikkelsen kome mot porten, jau ho ser det, ho ser skikkelsen

hekte låsen av porten og skyve han inn, ho ser skikkelsen seie noko til bikkja, klappe han på hovudet, før skikkelsen rettar seg opp der ute og tek dei få skritta mot døra. Det neste ho høyrer, er lyden av ringjeklokka som klemtar til og som deretter fortek seg i rommet til rekkehuset som om han aldri hadde vore der, og så får ho presten inn hos seg, i vindfanget, ho ser og ser ikkje at han kjem inn, at han løftar beina over stablane av sko og støvlar, at han støttar seg til karmen i gangen og at han beheld jakka si på, presten som deretter følgjer henne inn igjen på hennar eige kjøken, dette raudmåla rommet, hardangerraudt, som epla, inn på kjøkenet

20

med furuskapdørene og den vesle varmtvasstanken i hjørnet, alt for liten, det rekk ho å tenke: Vi har jo altfor liten vasstank, og presten loser henne ned, han byr henne stolen, nærast pressar henne ned på han, insisterer, men mjukt, og ho set seg, ho er tung når ho set seg, ho er forferdeleg lett, eig inga eigenvekt, og han dreg stolen for bordenden ut, det er plassen min, det er uvesentleg, og ho ser på han, ser opp på han, møter presteansiktet som gjennom vatn, som frå kraftig avstand, ho ser at det sit ein framand mann på kjøkenet hennar og han seier ord, ho høyrer at han kvernar nokre ord ut av kroppen sin, ser munnen røre seg, medan han gnir seg over kjaken, som om han soignerer seg, halvt i skjul, som om denne situasjonen ikkje tillèt bøss, ikkje tillèt at noko stikk ut av han, at så mykje som mogleg skal vere som det alltid pleier å vere, her på kjøkenet, koparkjelane bak han, bak presten, det sit ein prest på kjøkenet hennar og han lyg ikkje, presten sit på kjøkenet hennar og han tullar ikkje, han ristar tungt på hovudet sitt så ho skal forstå at det finst ikkje eit grann tull i det han seier, at dette er den situasjo-

21

nen, dette er presten som kjem heim til deg og, men det skal ikkje vere sånn, ho seier det, nei, ho roper det, skyv seg opp ved å ta tak i bordplata, stolen skrensar ut bak henne, han legg ei hand på underarmen hennar, han ho skal falle og brekke over tjue år fram i tid, det er uvesentleg, det er ingen heime i huset, det er berre henne, ungane er hos faren, det er egotid, egohelg, og presten lyg ikkje, han ristar på hovudet og snakkar roleg til henne, han seier at det gjer han frykteleg vondt, men at det er sant: Han er død.

Han fall om på riggen, det var tidleg om morgonen, no er klokka halv eitt, det var for litt sidan! det var no for litt sidan! Han var komen ut frå lugaren, hadde kjent at det var noko, det var noko som ikkje var, det skulle ikkje vere sånn, og var kome seg ut i den tronge lyse korridoren, neven pressa mot brystkassa, og så var han fallen og død var han, presten seier at dei prøvde å gjenopplive han, lenge, at dei heldt på lenge, at det var gode kollegaer der, kollegaer som var glade i han og dei hamra og pusta, dei ropte og trykte og drog i han, for å banke livet inn

22

i han igjen, men han var allereie død i fallet, seier presten, han seier dette siste stille, nærast kviskrar det, legen meinte han var død allereie i fallet, at han fall død om, på golvet, ramla saman, at han deisa i golvet langt der ute i Nordsjøen, langt frå alle, i dette kunstige samfunnet han jobba i, der døydde han, men eg snakka med han i går kveld, seier ho

fyrst lågt, og så høgre, eg snakka med han i går, eg, ja, seier presten, eg veit det. Han veit ikkje det, kan

ikkje vite det, det var berre to menneske som visste noko om den samtalen, men det er uvesentleg, han

trøystar henne, legg prestehanda si på underarmen hennar, lèt han ligge der, prøver å roe henne, vere

tryggleik for henne, vere ro, og ho nektar, men det er sånn, ho nektar, men det er heilt sant, og då, akkurat då, då er ho ikkje ego, akkurat då er ho ikkje nokon. *

Tjue år etter denne nittitalsdagen har det stått ego ytterlegare tjue gonger på kalendrane hennar

23

på kjøkenet. Tida går. Ho løftar dottera mi opp, løftar barnebarnet sitt, og ho seier: I dag er det tjueseks år sidan vi flytta inn i huset vårt, tenk deg det då, guten min? Og eg er tilbake, sjølvsagt er eg det, sjølv om ho snakkar om eit hus eg for lengst har slutta å tenkje på som vårt, eg flyttar meg i tid og rom, som om eg ikkje eig vern mot minna, ikkje eig forsvar mot kjenslene, eg er i huset att, det er fyrste gong, det er den fyrste gongen eg er i huset og eg går inn saman med syskena mine, det er her vi skal bu no. Nei, det er allereie skjedd, i det vi gjekk over dørstokken: No bur vi her. Så brått. No er det her vi bur. Men veggene. Og tapetet. Det eg ser gjennom vindauga, dei grøne fargane frå plantane som veks utanfor. Og bilen. Bilen ho har kjøpt, som svogeren hennar har hjelpt henne med, drege på bilauksjon og ordna for henne, fyrste, andre, tredje hammarslag, selt til den nyskilde kvinna med det fortapte draget over ansiktet, mor mi. Ho. Du. Mamma. Ego. Ho er mor mi og der står ho den gongen, i 1993, og ho prøver å vere tapper, trur de ikkje vi skal få det fint her, då, de?

24

seier ho og det finst ikkje begeistring i stemma, det finst berre tap, som renn utover, som treffer det gulna golvet som oppkast, og renn i klumpete laup utover tomleiken, ei meandrerande sorg, slik ser ho ut, den tynne kroppen hennar og den kunstige overtydinga i stemma, i dette klistrande, klengete blikket ho gir oss, som om ho skrik om hjelp, fyrst meg, så bror min, så systera mi.

Litt seinare har ho sett jenta mi ned igjen, ho leikar på golvet, plukkar opp ei Minni Mus-dokke eg ein gong kjøpte i ein bruktbutikk, ho ler, ho har ein knapp på magen, ein irriterande funksjon, men ikkje i dottera mi si verd, for denne vesle jenta er det ein fantastisk knapp, Minni Mus ler og eg held auge med mor mi, freistar tenkje meg fram til korleis ho synest det har spelt seg ut for henne, dette som er livet hennar, slik ho no kanskje i sitt indre oppsummerer det, i møte med barnebarnet sitt, medan ho er på besøk hos oss, hos meg, i utlandet, i alt dette fremma, kor mykje av alt det som var meg, blir synleg når ho kjem køyrande ned innkøyringa,

25

og kor mykje ho på same vis liksom tek med seg når ho dreg igjen, etter ei veke, fjorten dagar, gi og ta, alltid ein avskjed, ei reise, dei norske bilskilta som forsvinn, blinkar seg ut av forteljinga for no, oppe ved vegen, eit einsleg klemt i bilens tute, og så er ho vekk igjen, ute av syne, ute av verkelegheita, på ein måte, jo så dramatisk: ute av verkelegheita, for nokre månader, eit halvt år, kanskje berre nokre veker, det er aldri til å seie heilt når vi sest, men no

står ho på golvet mitt og ser på dottera mi, ho ser på barnebarnet sitt og tidlegare i dag var eg sikker

på at mamma skulle døy. At det var no ho døydde, mamma, her hos meg, at det var akkurat her hos

meg ho skulle døy, og eg såg allereie for meg, med lynets fart såg eg for meg meg sjølv snakke i telefonen i etterdønningane, etter at ambulansen, eg såg for meg at eg snakka med systera mi, at eg ringde henne, eg kunne formeleg merke orda forlate meg: Mamma er død.

Men ho døydde ikkje, ho stod og heiv etter pusten, det var noko ho skulle fortelje meg, noko uvesentleg, slik mødrer over heile verda fortel barna sine

26

uvesentlegheiter, det er eit konstant jag som startar i barndommen og endar med døden, den eine eller den andres død, same kan det vere, det er ikkje noko opphald i ordstraumen, og ho sette ein rugbrødbit i halsen, ho vart så ivrig, og plutseleg så eg at ho stivna, at armane hennar løfta seg, gjekk mot ansiktet hennar, og ein gong fekk eg eit velmeint råd av ein forfattar, ho sa: ikkje skriv om familien din, du kan skrive om kva du vil, kva som helst, berre ikkje skriv om familien din, men ho ante ikkje kva ho snakka om, forfattaren, for det er berre eg som har akkurat mi mor, det er berre ho som er mora mi, det går ikkje an å generalisere tydinga hennar, relativisere eksistensen hennar, og eg banka henne hardt i ryggen, eg høyrde orda: Heimlich-manøver! i mitt indre og tok armane mine rundt henne, knytte dei på midten av kroppen hennar og pressa inn mot brystet hennar, prøvde å legge presset skrått inn nedanfrå, slik eg har lært på livbergingskursa i barnehagen, desse skrekkveldane der vi høyrer om kor gale det kan gå, kor lite som skal til før eit lite barn omkjem, døyr i ei leikeulykke, forsvinn,

27

forsvinn frå oss som er foreldre, og eg drog til, og det peip i strupen hennar, og kona mi kom springande og byrja å dunke og slå, og til slutt høyrde eg stemma hennar, mammas, svak, som med altfor lite gjennomstrøyming, som om ho var pint, tynn, og ho peip at ho tissa på seg, eg tissa på meg, og eg tenkte, då eg kikka nedover henne, der ho stod og heldt hendene klemte til halsen medan dottera mi stod og glante med store auge på farmora si, eg kikka nedover henne, og eg såg at ho ganske riktig hadde tissa på seg, eg tenkte: no trudde du at du skulle døy. No var du sikker. Etterpå vaska eg golvet med hender som skalv ukontrollert.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.