FrP-Høyre - Politisk regnskap 2015

Page 1

Felles politisk rekneskap 2011ďšş2015


Osingar har gitt FrP og Høgre tillit til å styra Os kommune i 16 år. Det er eit stort ansvar. Vi har jobba hardt for leva opp til tilliten og levera resultat.

2 • Felles politisk rekneskap FrP/H


Det gode liv i Os Vår visjon har vore å skapa ein attraktiv kommune med vekstkraft og evne til å fornya seg sjølv. Osingar i alle aldrar skal leva det gode liv i Os. Barn og unge skal ha gode oppvekstmiljø, og våre eldre skal oppleva tryggleik i kvardagen. Primærtenestene barnehage, skule, helse og omsorg har alltid vore vår 1. prioritet. I tillegg har vi freista å etablera gode tilbod på fritidsarenaen. Osbadet i 2006, Oseana i 2011 og no sentralidrettsanlegget på Kuventræ og kjøp av Raudlio/Stokkedalen i denne valperioden. Det er slike tiltak som gjer Os ekstra attraktiv for tilflytting og næringsetableringar. Den tilliten de har gitt oss i 16 år har vore med på å gje Os eit stabilt fleirtal med handlekraft. Vi har kunna tenkja langsiktig, og realisert prosjekt etter kvart som økonomien har gitt rom for det. Utan god økonomistyring og overskot i kommunerekneskapen hadde ikkje dette vore mogeleg. Vi er stolte over

at Os kommune i dag vert omtala som ein av dei mest veldrivne kommunane i landet. Vi er effektiv, tenestene er gode og utsiktene for framtida er lyse i høve næringsetableringar og vekst knytt til ny E39 Os-Bergen. Og det utan ei krone i eigedomsskatt. Utan eit tett samarbeid mellom politikarar, administrasjon og tillitsvalde hadde ikkje dette vore mogeleg. Vi vil nytta høve til å takka alle tilsette i kommunen for ein framifrå innsats 24/7 i teneste for osingane. I denne politiske rekneskapen freistar vi å oppsummera noko av det som har skjedd i Os dei fire siste åra. Vi voner de vil finna heftet interessant, og ynskjer kvar og ein av dykk eit godt val 14. september! Os treng stabil styring også i åra som kjem!

TERJE SØVIKNES

MARIE E. L. BRUARØY

Os Fremskrittsparti

Os Høyre Felles politisk rekneskap FrP/H • 3


2 0 1 1 -2 I T R UTFØ

015

Økonomi og styring Os kommune har kjøpt heile eigedommen på Kuhnle for vidare utvikling. Kommunebarometeret – klatra i 2014 til nr. 59 av 428 kommunar! Kommunebyråkratibarometeret NyAnalyse – Os har nest lågast kostnad til administrasjon av alle landets kommunar! Os er ein av få kommunar utan eigedomsskatt i Bergensregionen – dette er eit stort konkurransefortrinn overfor næringslivet.

Os kommune har ein robust økonomi. God finansavkastning og solid økonomistyring har gitt veksande overskot dei siste åra: 23,1 mill. kr i 2012, 34,0 mill. kr i 2013 og 46,3 mill. kr i 2014. Det er bygd opp solide fond for framtida. Overskota har gitt rom for større investeringar i barnehagar, skular, kommunale bygg og omsorgsbustader. Lånegjelda er imidlertid aukande, og kommunen må framleis driva effektivt og nøkternt i åra som kjem.

4 • Felles politisk rekneskap FrP/H

Resultat Os kommune

Millioner kroner

Ny Kommuneplan for Os 2015-27 – lagt langsiktige strategiar for vidare utvikling av Os-bygda, vert vedtatt i 2015.

Vi vil skape resultat Vi gjer det vi seier Vi lyttar med respekt Vi meiner entusiasme inspirerer

Stram økonomistyring er sjølvsagt krevjande for tenesteområda våre, men alternativet med eventuelle underskot og kutt er langt verre. FrP og Høgre vil difor gje ros til alle tilsette i Os kommune som kvar dag leverer solide tenester til oss innbyggarar, ofte innan stramme rammer.

Finansporteføljen etter salet av BKK/Oskraft er no på 230 mill. kr – solid gjennomsnittlig avkastning pr år! Folkevekst på 2,5-3,5% pr år – vi rundar snart 20 000 osingar.

Mykje av Os kommune sin suksess dei siste åra er tufta på eit unikt samarbeid mellom politikarar, administrasjon og tillitsvalde, og at alle sluttar lojalt opp om verdiane i Os inspirerer-prosjektet.

50 45 40 35 30 25 20 15 10 5 0

2011

2012

2013

2014


UTFØR

T I 201 1 -2

015

Rehabilitering og mindre utbygging av Hegglandsdalen skule og Kuventræ skule – ingen bussing av sentrumselevar til Søfteland. Opning av nye Nore Neset ungdomsskule, samt modernisering av Os ungdomsskule i 2014. Opning av nye Lysekloster skule i 2015. Prosjekt Betre læringsresultat – tidleg innsats med m.a. auka lærartettleik, ”Leselos” og ”Dei Utrulege Åra”.

Barn og unge

IKT i skulane er styrka – ekstraløyving på kr 1.500.000,- i 2015-budsjettet.

Valperioden 2011-15 har vore barn og unge sin periode. Aldri før har det vore investert så mykje i skulebygg i Os – totalt ca. 350 mill. kroner.

Vidareført prosjekt ”Kjør for livet” for ungdomsskuleelevar – motorcrossanlegget i Kolskogen.

Kvaliteten i skulen er også sett i fokus. FrP/H har etablert Prosjekt Betre læringsresultat, med ekstra lærarressursar til 1.- og 2. trinn.

I 2015 er det også løyvd 4 mill kroner ekstra til utstyr og innventar i Os-skulane (pultar, stolar, undervisningsutstyr m.m.)

Uteområdet ved Os barnehage vert rusta opp – ekstraløyving på kr 700.000,- i 2015-budsjettet.

Tidleg innsats og fokus på overgangen barnehageskule skal gje kvar einskild elev betre oppfølging.

Os kommune har framleis full barnehagedekning, og FrP/H har etablert kommunal kontantstøtte for 2-åringar for å sikre småbarnsforeldre valfridom.

Barnevernet er styrka med fleire nye stillingar i perioden.

På ungdomstrinnet er det etablert eit eige meistringsteam som gjev støtte til ungdommar som slit i skulekvardagen.

Skulehelsetenesta er styrka, og Noregs andre nærjordmorsenter er opna i Os kommune. Felles politisk rekneskap FrP/H • 5


2 0 1 1 -2 I T R UTFØ

015

Samhandlingsreforma er følgt opp, har etablert øyeblikkeleg hjelp-senger på Lurane og eigne ambulerande kols- og diabetesteam. Os beredskapssenter er etablert på Moberg 2012 – samlokalisering av Os Brann- og Redningsteneste og Os Legevakt. Os Brann- og redningsteneste får i 2015 ny bil med høgderedskap. Fellesskapsreiser til Kypros/Lanzarote er vidareført som eit fantastisk tilbod til psykisk utviklingshemma i Os og heile Hordaland. Dagtilbodet for demente er utvida i Gamleheimshagen. FrP/H har prioritert tilskot til friviljug arbeid innan eldreomsorga – årleg driftstilskot til Os Pensjonistforening, Os Senioruniversitet, Trygg i Os, Seniortreff i Oseana og tilskot til utvidinga av Os Eldresenter. Psykiatri og rus – bufellesskapa i Stegen, Idrettsvegen og Byvegen gjev eit godt tilbod til målgruppa. Lege-, fysioterapi- og ergoterapitenestene er utvida i takt med folkeveksten. Mottak av flyktningar i perioden – frå 10-15 personar pr. år, fokus på god integrering. 6 • Felles politisk rekneskap FrP/H

Helse og omsorg Perioden 2011-15 har vore prega av planlegging for den store utvidinga på Luranetunet. Hausten 2015 startar bygginga av vel 90 nye omsorgplassar sør for dagens bygningsmasse. Integrert i anlegget vert det etablert ein 1300 m2 stor tropisk hage med glastak, trær, blomster, rennande vatn og gode sosiale møteplassar. Dette vert eit eldorado for bebuarar, personale og besøkande. Anlegget vert spesielt tilrettelagt for personar med demens. Etter at dei nye omsorgsplassane er opna i 2017, er neste steg ei rehabilitering av den gamle delen av Os sjukeheim. Her kan det komma fleire omsorgsbustader, lokalmedisinsk senter

og utvida spesialisthelsetilbod. FrP/H har i tillegg satsa på oppbygging av heimetenestene, tryggleikssjukepleiar, kvardags-rehabilitering og etablering av Frisklivssentral i perioden. Nyleg vart også Bjørnefjorden Bufellesskap for psykisk utviklingshemma opna på Kuhnle. Her har 12 unge osingar fått eit fantastisk tilbod! I tillegg er dagsenteret på Kuhnletunet utvida. I perioden har også kommunen kjøpt heile eigedommen på Kuhnle for vidare utvikling.


UTFØR

T I 201 1 -2

015

Friplassen Søfteland – friidrettens svar på ballbingar vert våren 2015 etablert ved Søfteland skule. Eige fond til forskottering av nærmiljøanlegg – har resultert i mange nye anlegg i regi av lag- og organisasjonar, og ei rekkje ballbingar er rehabilitert. Tilskot på kr 500 000 til ny 7ar-bane på Søre Neset.

Kultur, idrett og friluftsliv Hovudsatsinga i perioden har vore utviklinga av Os Idrettspark Kuventræ. Utbygginga er i full gang med ny kunstgrasbane og nytt friidrettsanlegg. Hausten 2015 startar også arbeidet med ny dobbel fleirbrukshall. Dermed får Os kommune og Os Turn eit anlegg på Kuventræ med 3 kunstgrasbanar, 3 hallflater, friidrettsanlegg, treningsstudio og Osbadet! Det nye anlegget til 60 mill kroner er eit spleiselag mellom Os kommune og Trond Mohn. I tillegg kjem tippemidlar og momsrefusjon.

Eit anna høgdepunkt var kjøpet av Raudlio og Stokkedalen til friluftsområde. I alt har vi sikra nær 11 000 mål, tilsvarande 7% av heile Os kommune, til friluftsføremål, jakt og fiske! Dette vil komme generasjonar av osingar til gode.

Framo Lysekloster Idrettspark er utvida i eit samarbeid med Lysekloster IL. Utvida motorcrossbane i Kolskogen – arealet er frigitt av Forsvaret, byggesakshandsaming pågår og truleg vert anlegget realisert hausten 2015. Turveg Tøsdal-Nordmarka og ny parkering for turgåarar på Tøsdal er opparbeida i samband med legging av ny hovudvassleidning på strekninga.

Felles politisk rekneskap FrP/H • 7


2 0 1 1 -2 I T R UTFØ

015

Areal, teknisk og samferdsle Den store saka i denne perioden har vore E39 Os-Bergen. FrP/H-regjeringa fremja sist haust saka for Stortinget, og 18.november 2014 sa Stortingsfleirtalet endeleg ja. Berre Miljøpartiet dei Grøne og SV er i mot prosjektet. Og til hausten startar vi opp! Ei anna stor sak er ferjefri E39 sørover, med bru over Bjørnafjorden. FrP/H har og vore klår på at skjergarden i Søre Øyane skal skjermast ved ilandføring av brua i Os. Bru til Bjørnatrynet med tunell vidare, eller neddykkingsalternativet som er prioritert av Statens Vegvesen, er det einaste FrP/H kan akseptera. Vi har god dialog med Statens Vegvesen og Samferdselsdepartementet for å sikre den beste løysinga med tunnel frå ilandføringa og heilt inn til Moberg. Slik fjernar vi òg all gjennomgangstrafikk Halhjem-Moberg, noko som betyr mykje for bustadmiljøet i heile Søre Neset krins. 8 • Felles politisk rekneskap FrP/H


UTFØR

Lyseparken Næringsområde – utvikla konsept for Bergensregionens nye store næringsareal v/E39 Os-Bergen. Arbeidd tett med næringsaktørar som vil etablera seg i Os, t.d. Hardanger Lefsa, AF Gruppen og Munck Cranes. Fylkesvegen Grindavoll-Storumbakken får 2 felt og gang-/sykkelveg + punktutbetring mot Lepsøybrua – oppstart i august 2015. Kommunal veg over Søvikåsen er rassikra i perioden. Vedlikehaldsfond vei – ekstraløyving på 10 mill. kr til vedlikehald og reasfaltering av kommunale vegar i 2015-16. Vedlikehaldsteam bygg – etablert ambulerande vedlikehaldsteam med tømrar og malar for å styrke vedlikehaldet av kommunale bygg.

T I 201 1 -2

015

Rehabilitering av vass- og avløpsnettet – auka løyvingane til oppgradering av eksisterande nett og bygd ut fleire nye hovudtrasear. Bergen Vann KF – innleia samarbeid om drift og vedlikehald av vassforsyninga i Os. Nybygg for Os ASVO og Teknisk drift – er under prosjektering på tomt i Kolskogen. Bustadbygging og folkevekst – folkeveksten er framleis høg med 2,5-3,5% pr. år og FrP/H har aktivt lagt til rette for nye bustadområde. Rullering av Arealplanen – vert starta opp hausten 2015. JA-haldning i arealsaker – handsama alle byggesaker individuelt og gjennomført synfaringar for å sikra best mogeleg resultat og at alle partar vert høyrd.

Nytt hovudreinseanlegg for kloakk (OHARA) – lagt i fjellanlegg i Liafjellet, oppstart i løpet av 2015.

Felles politisk rekneskap FrP/H • 9


UTFØR

T I 201 1 -2

015

Parkeringshus og oppgradert kollektivterminal – vil bli realisert ved sida av Os Rådhus over dagens kollektivterminal. Europan13 – internasjonal arkitektkonkurranse der Osøyro med Esso-tomten er ein av fem deltakarar frå Noreg, innlevering av konsept juni 2015.

Prosjekt Liv på Øyro vart etablert i 2013. Sidan er det utarbeid stads- og moglegheitsanalyse for Osøyro, og ei rekkje delprosjekt er no i prosjekterings- og gjennomføringsfasen. Bydraget, med opprusting av gata og torget mellom den gamle brannstasjonen og den gamle banken/ Oselvo, er starta opp no i vår. Her vert det nytt dekke, overbygde fortau, grønt, lyssetting og nytt torgbygg med servering og leikeareal. FrP/H har samarbeida tett med næringslivet for å skapa nytt liv på Osøyro. Optimismen er tilbake, og i kommande valperiode vil fleire prosjekt bli realisert!

10 • Felles politisk rekneskap FrP/H

Servicetilbod Os Gjestehamn – ny bryggje v/Oseana, nye straumuttak, internett og skilting. Bølgjedemparar i Os Hamn - løyvd 21 mill. kr til nye bølgjedemparar, oppstart haust 2015. Bubilparkering på Haugsneset – løyvd midlar til opparbeiding av bubilparkering for Osøyro i 2015. Aktivitetsprogram ”Liv på Øyro” – eige aktivitetsprogram for Osøyro, med Bryggedans, Osfest og andre arrangement der Os kommune er bidragsytar. Oppkjøp av eigedom på Osøyro – Os Bygg og Eigedom AS har kjøpt to leigegardar for rehabilitering og utvikling med bustader og moderne næringsareal, vore i dialog om samla utbygging av Kvartalet frå Dragesethjørnet til Sparebanken Vest.


Foto: Varde Solutions

Felles politisk rekneskap FrP/H • 11


Os kommune er inne i ei rivande utvikling. Kommunen går med overskot, folkeveksten er høg og til hausten startar arbeidet med E39 Os-Bergen. Skular og eldreomsorg vert bygd ut, og entusiasmen er på vei tilbake på Osøyro. FrP/H har gitt Os eit stabilt og handlekraftig fleirtal gjennom 16 år.

14. september er valet ditt! Godt val!

www.os.hoyre.no www.osfrp.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.