Rock n' LOL

Page 1


til... Ein festival blir tid i ein søftelendingar mykje n tilbrakte ein gjeng For om lag fire år sida old for fuktige kveldar forh e god og arar mar, forsterk spelt kjellar utstyrt med trom r og musikken som vart rt rann kreativiteten ove på Søfteland.­Etter kva på ein minifestival i seg vde prø n nge framført. Gje strikk som og laga måtte berre bli i inngangspengar, eit å kjellaren, med ein pils den allereie nemnde det absolutt ingenting var a ning Stem m. backstagero lt festivalarmband og eige ksjonen” ikkje fekk spe attra vud ”ho at det dempar var utsetja på, men ein liten e. oan høg lyd frå nab på grunn av klagar på men fekk vist fram musikken sin, leiga eit lokale for å få ta saken i Dei prøvde seinare å a. Då var det berre å leig å til nok al gam 70 pallar til svar at dei ikkje var heimesnekra scene av e på Søfteland vart ei ar og festival. eigne hender. I ein hag stelt i stand for konsert en hag og inn leid a opna reist, eit festivaltoalett jorde like ved. Camping festivalcamping på eit festival. Alle Det vart også laga til d for ein utseld fyrste ban 11 e heil lte spe dei 100 fredagen og laurdagen t og det same gjorde billettane forsvann kjap dei tilgjengelege­200 festivalskjortene. på bondegard på Sanden en ut av hagen og til ein der 16 ulike artistar Året etter flytta festival ar, dag sert kon to til vart også utvida a låg heilt Søfteland. Festivalen ar dette året. Camping vrig bestod av 260 pall til besøkande var vitne stod på scena, som forø 600 et. slag liske idyl og var av det ning! nede ved eit stort vatn stem god k astis fant , billig øl og gode konsertar, god mat opp for ge hadde no fått auga eit hakk i fjor og man å vart dobla Festivalen vart løfta end te i stand. Besøkstalet stel å v drei d elan Søft tar kva denne gjengen på mare 300 pallar og artis , scena bestod av nær skulen og til heile 1200 besøkande lar, Karin Park, Ungdom Vau Lars n, nge Gje og som John Olav Nilsen å ein suksessfestival. Kvelertak­sørgja for end

2


Velkomen til OL Søfteland Rock n’ L festival 2010! No er det igjen klart for festival på Søfteland. Også i år har vi satt saman eit program vi er veldig stolte av. Arti stane vi kan presente er ei blanding av all den ra musikken vi i Rock n’ LOL-styret likar. Vi er så heldige at vi kan setj a saman eit program beståande av Hardco Hip Hop, Soul, Psyked re, elia, Pop, Metall og ikkj e minst god gamalda Rock n’ Roll! gs Festivalområdet er lagt til rette for større scen e og større produksjon enn vi har hatt dei tidle gare åra. Vi byggjar ikkj e scena av pallar i år, men det betyr like vel ikkje at vi klarar å gje heilt slepp på desse pallane vi er blitt så glad e i. Dei skal no bli til golv i den heilt nye LOL-baren vi har fått laga. Med utviding kjem naturleg nok også meir arbeid og større utgifter. Vi er utruleg takk same og glade for at så mange er positive , stiller opp for oss og ikkje minst rekk ut ei hjelpande hand når det er nødvendig. Utan støt ta og hjelpen vi får frå våre sponsorar, samarb eidspartnarar og med hjelparar hadde vi aldr kunne gjennomføra nok i o i nærleiken av det vi no gjer! Ein stor takk og femten tomlar opp går ut til alle våre herl ege festivalgjengarar. Nytt for året er at vi vil arrangera konsert og aktivitetar for barn og unge på festivalområde t laurdag formiddag. Det blir mellom anna barneforestilling med ei bandet Ila Auto allereie klokka 10. Vi ønskjer med dette å kunne gje dei aller minste ei mog legheit til å kunne ta del i musikken. Vi håp ar dette kan gje dei inte resse og inspirasjon til å starta eller fortsetja å spela musikk. Kanskje vi får sjå nokon av dei på Rock n’ LOL-scena nokre år fram i tid?

Vel møtt til festiv al!

3


DATAROCK

DATAROCK slapp sitt kritikarroste debutalbum, Datarock Datarock, i 2005 og har etter det aldri sett seg tilbake. Dei er Noregs mest internasjonalt aktive band med over 600 konsertar bak seg i 32(!) land jorda rundt. Oppfølgjaralbumet, Red, kom ut i fjor og hausta utruleg bra tilbakemeldingar med blant anna seks auge på terningen frå Bergens Tidende. Dei feirar i år sitt 10-års jubileum og Rock n’ LOL får ta del i feiringa av Noregs mest stilfulle band. Dei har ein heilt unik og eigen måte å underhalde på og vi kan heilt klart skilte med at vi har booka eit av Noregs beste liveband, om ikkje det aller beste! Med dei raude joggedressane,­konstant ­publikumsfrieri og allsong frå start til slutt på verds­kjente låtar som ”Fa Fa Fa”, ”Computer Camp Love” og den nyaste radiohitten ”Amarillion”­skal DATAROCK laurdag 17. juli avslutta historias fjerde Rock n’ LOL Festival. Konserten vi kjem til å få servert blir ei konsert­oppleving Søfteland seint vil gløyma!

4


Audrey Horne Toschie tek med seg bandet sitt “heim” til Os fredag 16. juli. Audrey Horne, som nyleg varma opp for AC/DC på Valle Hovin, gav i mars ut albumet “Audrey Horne” til stor glede for både Noregs musikkanmeldarar. Leiande sjanger­magasin som ”Scream” og ”Metal Hammer” spara heller ikkje på godorda. Audrey Horne mottok i 2005 Spelemannspris i klassen metall for debutalbumet ”No Hay Banda”. Dei vart også nominerte i same klasse med sitt neste album, ”Le Fol”, to år seinare. Kven veit, kanskje dukkar det opp endå ei nominasjon etter årets plateslepp også?

Vi gledar oss uansett stort til å sjå eit Audrey Horne og ein Toschie i storform på ”heimebane” fredag 16. juli. Forvent deg heavy riffing, catchy vokal og classic rock innpakka i eit moderne lydbilete.

Ila Auto Sommaren 2006 spelte Ila Auto inn sitt ­debutalbum, “If You Keep Pickin’, It Might Never Heal”. Fem rutinerte musikarar med tidlegare erfaring frå ulike rockeband sa seg leie, og bestemte seg for å gå “nye” vegar ved å hengi seg til bluegrassmusikken, banjo, m ­ andolin og dobro. Og etter å ha sikra seg Spelemannsprisen for beste country­plate, kunne gutta trygt konstatera at dei hadde komen inn på rett spor. Året etter gav dei ut andreplata “Over The Next Hill”, der blant anna singelen “Little Honey” utmerkte seg ved å liggje­inne på “NRK Norsk­toppen” i vel 20 veker. Også dette året vart bluegrassgutta nominert til Spelemann, men denne gongen utan å nå heilt opp. På den sjølvtitulerte tredjeplata “Ila Auto” (2009) tok bandet atter ei ny og god vending­

då dei byrja skrive tekstar på sitt eige morsmål og ikkje på engelsk, som på dei to fyrste platene. Vi i Rock n’ LOL er heilt overbeviste om at gutane i Ila Auto kjem til årets festival med meir enn nok krutt i bagasjen til å få hæla i taket både under “vaksen­konserten “fredag, og under “barne­ konserten” laurdags formiddag klokka ti!

5


I spissen av kreativ kommunikasjon Se www.picapoint.no

6


Lars Vaular

Med nasjonal anerkjennelse, tre strake radiosinglar og Spelemannsnominasjon i beltet, burde kanskje 2009 verta omtala som det store gjennombrotsåret for Lars Vaular. Men med dei siste månaders bransjesnakkis og etterkvart hitsingelen ”Rett opp og ned” skjønte dei fleste at den unge rapparen i fjor berre gav oss ein smakebit på kva som er i vente. Etter at Lars var på alles lepper under årets Bylarm slapp han sitt tredje soloalbum i byrjinga av mai. Natt og Dag gav blant anna albumet full pott og Åsane-guten fekk femmarar­nærmast kasta etter seg for skiva.

Heilt sidan platelanseringa har det vore lite fred å få for Lars. Han har spelt for folk over alt i landet og blir stadig dradd fram i rampelyset. Det blir umogleg å stå rett opp og ned når Lars Vaular kjem tilbake til Søfteland og Rock n’ LOL fredag 16. juli!

Purified in Blood Gjengen i Purified In Blood frå Stavanger/ Sandnes-området debuterte med albumet ”Reaper of Souls” i 2006. Dei fekk gode tilbakemeldingar og noverande programleiar i Lydverket, Asbjørn Slettemark, trilla fram femmaren og kalla plata ”Blodig bra”. Seinare det året vann dei Alarmprisen for beste livegruppe. Og det i konkurranse med blant anna Turboneger, Madrugada og ­Kaizers Orchestra. Etter at det oppstod indre stridigheitar i bandet bestemte dei seg for å leggje Purified på hylla i 2007. Året etter fann gutane igjen tilbake til kvarandre og det var klart for eit blodig comeback for PiB. Deira nye album, ”Under Black Skies”, kom i butikkane i juni tidlegare i sommar og det snakkast allereie om årets plate!

Nokre av medlemmane i PiB var i fjor med kompisane i Kvelertak og opplevde dei syndige­tilstandene på Søfteland og Rock n’ LOL. Vi tar dei i mot med opne armar også i år og gledar oss til bekmørket kjem til ­Søfteland fredag 16. juli!

7


SerenaManeesh Frå det sjølvtitulerte debutalbumet kom i 2005, har det altså no gått fem år før andre albumet endeleg følgde opp i mars i år. Gruppa har oppnådd uvanleg høg status utanfor Noregs grenser, og i 2006 varma bandet­opp for Oasis. Året før turnerte dei saman med The Dandy Warhols, før dei i 2007 slo følgje eit stykke på vegen med Trent Reznor sitt Nine Inch Nails i samband med deira verdsturné, og spelte konsertar i Australia og Japan. I løpet av mars og april i år har dei blant anna spelt på South By Southwest festivalen i Austin, Texas og ei heil rekkje andre storbyar i Nord-Amerika. Dei signerte også nyleg på det legendariske, britiske selskapet 4AD.

I mars i år slapp dei altså det vel etterlengta albumet ”S-M 2: Abyss in B Minor”, og Serena-Maneesh står mellom anna på plakaten til Hove-, Øya- og Roskildefestivalen denne sommaren. Rock n’ LOL flyr gruppa direkte inn frå Belgia og kan dermed også skimte med det same! Gjer deg klar for eit møte med ein vegg av lyd med lag på lag av fuzz-gitarar.

Blood Command Det er ikkje tvil om at det kjem utruleg mange gode band og masse bra musikk frå Bergen, men akkurat no er det eit band som skil seg ut frå alle andre. Blood Command er namnet på det kulaste, tøffaste og feitaste bandet Bergen no har å by på. Bandet visar korleis rock anno 2010 skal høyrast ut! Blood Command slapp sitt fyrste album, ”Ghostclocks”, tysdag 18. mai og har sidan den dag blitt spelt hyppig av oss i Rock n’ LOL. Bandet klarar å lage ein herleg miks av hardcore, moderne rock og dansbare rytmar på ein heilt særeigen og rå måte, som den siste tida har fenga mange. Listing 8

på radio, hyppig speling landet rundt og gode tilbakemeldingar har gjort at Blood Command­no står fram som eit av dei verkeleg­gode og kraftfulle rockebanda i Noreg. Forvent deg og gled deg til allsongrefreng, ninjariffing, sint pønk, dansing, attitude og ”Party All The Way To The Hospital”!


9


FREDAG 16. JULI gs 18:00 Abbabaklen 18:30 Norma Sass ga Bunga 19:30 Death by Un 20:15 Ila Auto e 21:30 Audrey Horn 22:30 Blackroom 23:30 Lars Vaular Blood 00:30 Purified in OBS! Vi gjer merksam på at endringar kan førekoma.

10


LAURDAG 17. JULI 10:00 Gratiskons ert med Ila Auto 11:00 Aktiviteta r for barn og unge 17:00 Abstractiu m 17:30 Myrna Braz a 18:30 Warfart 19:00 Heilag Olav med Hjelparar 19:30 Bone Shaker s 20:00 Gerilja 21:00 Kiss Kiss King Kong 22:00 Blood Comm and 23:00 Serena-Man eesh 00:00 DATAROCK

11


Gerilja Gerilja vann Zoom Urørt i 2007, saman med Sigh & Explode. Juryen sa at Gerilja er “en rocketrio med egne idéer og et knippe virkelig gode låter. Retningen i musikken overrasker iblant og bandet har evnen til utfordre publikum. Juryen tror dette er et band som kan vokse seg store om de slipper seg enda mer løs.” Sjølv trekk det oslobaserte bandet frem fire tilfeldege faktorar som har vært med på å forma bandet: Fotballspilleren Claudio ­Cannigia har hatt innvirkning på bandets fashion, livsanskuelse og estetikk. Astronomen Carl Sagan har bestemt deira filosofiske fundament og etikk, mens Marc Bolans holdning og yrkesprofesjonalitet og

har vore ein viktig inspirasjonskjelde. Den siste faktoren er Sly and the Family Stone som har gitt Gerilja groove og jig. Vi i Rock n’ LOL har lenge vore fan av Gerilja. Vi trur derfor dette kjem til å verta ein ­konsert ingen bør gå glipp av!

Bone Shakers Bone Shakers består av fire pur ekte søftelendingar og har base i Os Rocke­ klubb. Bandet har den siste tida vore aktiv på ­spelefronten og har nyleg spelt på Kvarteret, Garage, Eggstock. Dei vart også plukka ut som ein av ti finalistar i finalen i 5071-­festivalen si talentkonkurranse, ILOD. Ein demo frå bandet er undervegs og søftelendingane har allereie nye, spanande ting på gong. Med attitude og høg gitarføring leverar Bone Shakers presis, catchy og tight ”rett-i-trynet”

12

rock n’ roll. Bli ikkje overraska om det rykkar i nakkemuskelen og at rockefoten får fart på seg. Gjer deg klar for heilt ekte søftelandsk rock laurdag 17. juli!


Kiss Kiss King Kong Powertrioen Kiss Kiss King Kong frå Bergen kjem til Søfteland for å gje oss ein leksjon i riffing. Bandet leverar overstadig engasjert ellevill rock og sjølv om dei berre er tre i bandet, klarer dei å skape eit stort lydbilete. Kiss Kiss King Kong består av tre av dei beste rockemusikarane i Bergen, som har bestemt seg for å spela den musikken dei sjølv likar aller best. Det betyr at vi får rock, sånn som dei og VI vil ha det!

­ ellacopters kan ein ikkje ant enn å gleda H seg til å sjå og høyra den eksplosive rocken til Kiss Kiss King Kong!

Med samanlikningar med band som Motorpsycho, Led Zeppelin, The Who og

Death By Unga Bunga Etter å ha sett Death By Unga Bunga på Kvarteret­i Bergen tidlegare i år var saken enkel.­Dette bandet måtte koma til Rock n’ LOL. Dei unge gutane frå Moss har funne mykje inspirasjon frå mellom anna 13th Floor Elevators, The Sonics og Velvet Underground. Å beskriva musikken er ikkje lett, men garasjepunk, psykadelia, doo-wop og freakbeat er kanskje det næraste vi kjem. Med Death By Unga Bunga ligg alt til rette for ein reise tilbake til 50-talets rock ‘n’ roll,

60-talets garage & surf og 70-talets punk. På scena leverar bandet ein eksplosjon av eit sceneshow fullt av sveitte, energi og underhaldning.­Gjer deg klar for skrubbsår og rivne stemmeband!

13


Blackroom Blackroom er det nye namnet på bergensbandet Lorraine. Tidlegare har dei gjort seg vel bemerka i både inn- og utland med ­mellom anna låta ”I Feel It”, som var den mest spelte norske låt på NRK P3 i 2006, A-lista av kredible XFM Radio UK, vann prisen ”Best Electronic Act” under britiske BT Digital Music Awards og vart utnemnd som ”the best debut of 2005” i TimeOut Magazine. No er Blackroom snart klar med nytt album i nytt electro format, og vi har fått tak i dei til

å presentera dette materialet på Søfteland i sommar. Møt opp for ein heftig og dansbar oppleving! ”Neon og glowsticks kom faen tilbake”

Norma Sass To veker etter vårt eige kjære Manheads frå Os i 2008 vart kåra til “ukens urørt” med låta “Demonizer”, var det “Norma Sass” sin tur til å overta stafettpinnen med låta “Japan”. Dei fekk følgande skussmål frå NRK Urørt sin redaksjon: “Norma Sass er siste prydbusk fra et indiepop-­Oslo i kraftig oppblomstring. Rosenrøde klanger og godlynt trommedominans­hyller inn ”Japan”, en låt som gir oss enda større tro på at Youngstorget er det nye Toronto.” Dei inkasserte Zoom Urørt Prisen 2009 og spelte då i ein heil del norske byar i vårt landstrakte land. ZoomUrørt-juryen meinte den gong at jentene kunne kome til å

14

begeistre unge og vaksne over heile landet og at dei gjekk ei lys framtid i møte. Sjølv beskriv jentene musikken sin som trist med en glad vri, og glad med en trist vri. Med ei såpass vag beskriving anbefalar vi at du kjem å høyrar dei på LOL-scena i sommar, og gjer deg opp ei eiga meining. Sjå opp for god stemning!


15


Abbabaklengs Gjeller og inhalatorar, astma og vannskrekk, glasauge og tørre armholer. Abbabaklengs er som ein sommarkotelett; har du riktig tilbehør, så blir det jævlig bra! Abbabaklengs gjer sin aller fyrste konsert på Rock n’ LOL i sommar og stillar med anten fire eller fem medlemmar. Det kjem heilt an på om det ligg gode vibbar i lufta. For nokon blir Abbabaklengs for mykje, for andre for lite, for nokon for ute, for andre for inne. Uansett kva det enn blir, skal det i alle fall bli spanande å sjå dette rykande ferske prosjektet med medlemmar frå band som Manheads, Strapons, Mellomgass og Skilt. At vi har booka det bandet med det absolutt kulaste namnet kan vi utan tvil vere sikre på. Så sikre at vi skriv det endå ein gong: ABBABAKLENGS!

Abstractium Bandet er av den ferske sorten. 15- og 16-åringane har berre spelt ilag sidan hausten, men har allereie klart å bli eit nokså presist og tøft rockeband. Med ein slik øveog speleiver som desse unge gutane visar kan vi ikkje tru anna enn at dei om nokre år blir å finne på endå fleire scenar omkring! Vi gledar oss til å sjå dei flinke gutane i aksjon i sommar og ikkje minst til den vidare utviklinga.

16


Warfart Warfart består av eit knippe gamle ringrevar frå Os Rockeklubb. Bandet er i dag eigentleg ei vidareføring av noko hardt og brutalt noko som starta ein gong på 90-talet. Av uviss grunn blei det den gong lagt på is, men dei er no tilbake og tøffare og meir brutal enn nokon gong. Det er liten, om inga, tvil om at Warfart er det tyngste bandet i Os. Noko som forsterkar akkurat den påstanden er at då dei hadde sin debutkonsert på opninga av ”Ole B Råkk Kafè” i Lysefjorden, presterte dei å få heile rockepuben nedlagt. Og det på opningskvelden til rockepuben!

Forvent deg mykje tung metall frå tunge musikarar og ein liten dose humor attåt. UP THE WARFARTS!

Myrna Braza Norsk-filippinske Myrna Braza lagar soulmusikk med høflege nikk til funk-, jazz-, blues-, og rnb-sjangeren. Debutalbumet ­hennar, ”Free As A Bird”, kom ut tidlegare i år og fekk blant anna terningkast 5 i VG. Etter det vart ho plukka ut og stemt fram til å spela på årets Norwegian Wood i Frognerbadet. Vi har stor tru på at Myrna løftar stemninga og får sola til å varme om kapp med hennar flotte stemme. Sjå for deg grønt gras, skyfri himmel, noko kaldt i glaset og sjelfull musikk utover garden. Ha auga opne for dansande kyr!

17


Med fisk fra

Kontaktinfo: COLD CAT AS Tlf. 901 00 056 e-post: geir@coldcat.no

18


Praktisk info: KOM DEG TIL LOL! Søfteland ligg, i følgje mange, perfekt til me llom Os i sør og Bergen i nord. Festiva len arrangerast på bon degarden til bonden Olav Valle på Sanden. For å koma seg til Søfteland må ein følgja E39 og når ein då kjem til Søf teland Skule tar ein fyrste avkøyring til høgre og inn på Eik haugvegen.­ ­Under festivalen vil vak tar og skilt rettleia deg til det nydelege festivalområd et! OVERNATTING Festivalen har eiga fest ivalcamp. For å sikra seg ein teltplass på campinga bør ein vera tidleg ute. Vil ein ikkje overnatte­ i telt under festivalen kan ein også nytta fest ivalen­sin samarbeidspartnar Bjø rnefjorden Gjestetun, som ligg ei 10 minutters køyretur unn a. Festivalcampinga opn ar torsdag 15. juli klokka 17.00. SERVERING Det vil bli sal av mat, drikkevarer, festivalskjo rter og litt diverse anna gjennom heile festivalområdet si opningstid. Ein kan betala med båd e kort og kontantar. ALDERSGRENSE Festivalen har inga ald ersgrense. Når det førs t skjer noko i bygda vil vi gjerne at så mange som mogle g kan få ta del i moroa. Men vi har eit eige skjenkeområd et med aldersgrense­18 år. HU GS LEGITIMASJON! BILLETTAR Du kan kjøpa billettar hos vår hovudsponsor , Joker Søfteland,­på Musikkver ket på Amfisenteret på Os og på www.softelandrock. no.

Festivalpass: 600, Dagspass: 345,19



Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.