Osøren Blues & Jazzfestival 2011

Page 1

23.-25.

juni


LEIARAR /

STYRET

2011 1. Gunnar Nagell Dahl STYREMEDLEM / FESTIVALSJEF Gunnar er 52-modell og har vore med i styret i 10 år, dei seks siste som ­­festivalsjef. Han har eit imponerande oversyn over alt som skal gjerast og leiar styret med fast hand. Vanlegvis er han matattaché hos Fylkesmannen, men ser ikkje sånn ut. Segling og musikk er hovudinteressene, og festivalen, naturlegvis.

2.Arne Aarseth STYREMEDLEM 29 år, pluss, pluss, seniorrådgjevar på internasjonalt utdanningssamarbeid. Glad i fisking, terrengsykling, ski og fotturar i fjellet. Gamal rockesongar, men liker allslags musikk. Har ansvar for informasjon, heimesider og festival­magasinet, noko han har gjort sidan festivalen starta. Andre året som ­styremedlem. Imponert over kunnskapsnivået og arbeidsgleda i styret.

FESTIVALSJEFEN:

Endeleg er vi klare! Det er ikkje for mykje sagt at styret i Osøren Blues og Jazzfestival har sett fram til årets festival med spaning. Ny arena, nye løysingar og farvel til alle gamle rammer om festivalen. Koss vil det gå? Vi har stor tru på dette. Konsertane skal alle vera i Oseana, i tre ulike salar. Oseanasalen, som er den største, tar ca 1100 gjester, utan amfiet. I Vargasalen er det plass til ca 250 og på Terrassen er det plass til 4 – 600, alt avhengig av veret og plassering av scene, utstyr, bord og stolar. Programmet i år er stort! Vi startar med våre gode vener i Vamp på sjølvaste jonsoksafta. Dei hadde eit ynskje om å koma til opninga av Oseana, og det har vi klart å få til. Vi har etter kvart opparbeidd eit stort kontaktnett med artistar og artistbyrå i Noreg og utlandet. Alle ynskjer å senda artistar til festivalen på Os, samstundes som artistar som vi har hatt tidlegare, gjerne vil koma tilbake til Os og oppleva den gode festivalstemninga publikum og arrangørane legg opp til. Programmet

spenner difor frå artistar frå USA, UK og Norge til artistar frå lokalmiljøet, som vi har god grunn til å vera stolte av. Dei seinare åra har vi hatt festivalen i Vognhallen og Visningsenteret. Vi kjem også til å halda fram med dei populære cruisa med Midthordland som er nesten fullteikna kvart år. Styret i Osøren Blues & Jazzfestival tek på seg kvart år eit stort ansvar økonomisk, vi er difor avhengige av at vi har gode samarbeidspartnerar, friviljuge og støttespelarar og ikkje minst eit publikum som stiller opp og deltar på arrangementa. Utan desse partane hadde Osøren Blues & Jazzfestival ikkje gått i hop. Nytt av året er at vi brukar festivalpass og dagpass som gjev tilgang til alle konsertane i Oseana. Kvar kveld kan ein høyra fleire band og ein kan forflytta seg fritt mellom dei ulike arenaene i Oseana. Kjem festivalen til å gå som vi planlegg, kan eg lova at vi skal laga stor festival også til neste år. Vi vil også, slik vi har gjort det i løpet av dette året, arrangera store konsertar i Oseana og andre stader gjennom heile året! Så kjære publikum! Velkomne til årets Osøren Blues & Jazzfestival i det nye Oseana!

Gunnar Nagell Dahl

FESTIVALSJEF

3. Hans Bjørn Bakketeig STYREMEDLEM Hans Bjørn har rukke å bli 53 år og har site i styret i fire av dei. Han er gamal musikar og interesserer seg framleis for det, i tillegg til humanitært arbeid i Moldova.

4. Tore Lekve STYREMEDLEM 46 år, Rig Manager. Tore er glad i familieliv, musikk og trening. Han er med på tredje året i styret. Har mest med arrangement og booking av artistar å gjøra og synes samarbeidet i styret er godt.

DIREKTØREN:

Kjære bluesog jazzentusiaster! Det er en stor glede for meg å ønske Osøren Blues & Jazzfestival 2011 velkommen inn i splitter nye lokaler på Mobergsneset. Dette blir forhåpentligvis et løft for festivalen, for publikum og et høydepunkt som vi alle ser frem til 24. og 25. juni.

1 3

2 4

Torsdag 23. juni tjuvstartes festivalen med selveste Vamp i Oseanasalen. Dette blir en historisk dag for Oseana med nesten 1200 mennesker i Os nye storstue. Merk: konsertstart kl. 20:00 presis!

Årets festival blir en ny opplevelse både for festivalarrangøren og for oss. Noen barnesykdommer vil det nok være. Jeg oppfordrer derfor publikum om å være litt ekstra tålmodige. Gi oss tilbakemeldinger, både positive og negative, så lover vi å gjøre vårt beste for at alle skal bli fornøyde!

Ha en flott festival!

Kim Kristoffersen

DIREKTØR, OSEANA KF www.oseana.no

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


The 2011 artists: Knut Hetleflåt, Norway Knut Bryn, Norway Karin van Ommeren, Netherlands OM DU TRENG Simona Bocchi, SKYSS Italy Fabio Rebora, Italy klokka 2215 Det vil gå nattbuss til Bergen Italyog 0135. (2245 Simonetta på laurdag),Baldini, 2315, 0010 Tony Casanelli, Italy Bussar Os-Bergen (linje 600) Boutros Romhein, Syria/Italy Marina Bors, Romania PARKERING Petre Virgiliu Mogosanu, Romania Det er Eric ikkjeMalou, moglegTogo å kjøra inn på festivalområdet.

SLIK KJEM DU INN PÅ FESTIVALEN I år må du ha festivalpass. Du kan altså ikkje kjøpa billettar til einskildkonsertar. Festivalpasset gjeld anten for begge dagane eller for berre den eine. Når du kjem i døra, byttar du ut festivalpasset til eit synleg teikn som du får utdelt. Det gjer at du kan koma inn på alle konsertane denne dagen eller begge. Hugs at festivalpasset ikkje gjeld på cruisa. Dei har eigen billett. Festivalpassa kostar 450 for fredag, 550 for laurdag og 900 for heile festivalen. Det vil vera konsertar samstundes i alle dei tre salane på Oseana. Sjå nærare på programmet på siste side.

Men det finst godt om parkeringsplassar andre stader i sentrum: på begge sider av elva, bak den gamle Os kulturutvikling Irisfabrikken, ved riksvegen nedanfor barneskulen Postboks OS 240, 5203 Os SJØFRONT og i kyrkjegardsområdet. BOLIG PROSJEKT Norway

ETASJE 1

STYREMEDLEM Einaste høna i korga er 52 år og student. Liker musikk i alle sjangrar­frå klassisk til rock og blues. Karin er med i Os swingklubb, for dans er ein stor lidenskap. Ho har vore i styret i to år og jobbar helst med sponsorar, mat og diverse forefallande arbeid og synes det er kjekt å vera med og laga festival i Osbygda.

14 6

6

6 6

19 6

6

16

6

6 8

6.Andreas Lekven

6

19

11

17

www.sculpture.no

5. Karin Daviknes

19

19

SCULPTURE 2011

Arne Mæland, phone: +47 90792575

19

16

Os International symposium of Sculpture 26th of june – 9th of july 2011

STYREMEDLEM

5

27 år og dermed yngstemann i styret. Han er ingeniør av yrke og naturlegvis difor den som har stø og sikker hand om alt det tekniske. Det har han hatt dei to og eit halvt åra han har vore med i styret.

18

8 3

7. Per Kristian Hægland

7

5

STYREMEDLEM

5 OS SJØFRONT BOLIGPROSJEKT

Oseanasalen

ETASJE 2

Vargasalen Terrassen

13

Per Kristian er sjølve veteranen i laget som første leiar og initiativtakar til festivalen. Han er 61 år og driftsteknikar i Nordsjøen. For han står reiser og natur høgst, i tillegg til musikk, sjølvsagt. No styrer han på med booking av artistar og forventar ei flott festivalhelg.

8. Dag Steinar Jacobsen STYREMEDLEM

13

4

Dag har vore med i styret i to år. Han er 57 år og salgssjåfør. Ferdig bak ­rattet blir det tur i skog og mark og trim. Musikkinteressene går i retning blues og hard rock frå litt tid tilbake. Han har stor tru på årets festival og reknar med at den blir endå betre enn tidlegare.

13

ETASJE 2

19

10

2

2

1

3 10

10

1 2 3 4 5

INNGANG FOAJE AMFI/TRAPP OSEANASALEN KUNSTUTSTILLING

6 7 8 9 10

VARGASALEN CAFÉ KONTOR KLASSEROM TERRASSE

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

11 12 13 14 15

KUNSTFORMIDLING GANGBRO BAKSCENE PARKERING KINOROM

16 17 18 19

DUSJER/ GARDEROBER KJØKKEN BILLEDMAGAZINE LAGER

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19

INNGANG FOAJE AMFI/TRAPP ST0RSAL KUNSTUTSTILLING ØVINGSROM CAFÉ KONTOR KLASSEROM TERRASSE KUNSTFORMIDLING GANGBRO BAKSCENE PARKERING KINOROM DUSJER/GARDEROBER KJØKKEN BILLEDMAGAZINE LAGER

5

7

6

8


ÅRETS

VI ØNSKJER Å TAKKA DEI SOM GJER FESTIVALEN MOGLEG:

SPONSORAR

hydraulic solution

Skaathun Bilverksted LAKK & KAROSSERI

Mecmar AS®

Mechanical and marine engineering

mecmar

Trivsel

Ansvarleg utgjevar: Osøren Blues & Jazzfestival • Ansvarleg redaktør: Arne Aarseth • Utforming: Picapoint Studio AS Trykk: Mediatrykk • Distribusjon: Vest Distribusjon • Opplag: 25.000 4

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


Eit med alt

VAMP M / EIVØR PÁLSDÓTTIR OS E A

Frå ei varsam byrjing i 1990 der nokre unge menn i Haugesund forsøkte seg med melodiskisser, til dagens Vamp med 600 000 selde plater fordelt på 11 CD-ar, fire singlar, to DVD-ar, minst, er det eit langt sprang.

T OR S D

NA S A

AG 23 .J

LE N

UNI K

L 20

I dag er dei i absolutt førstedivisjon her i landet, veletablerte, speler med stort symfoniorkester, når det høver slik, og samlar tusenvis av tilhøyrarar på samtlege av konsertane sine. Vamp har alltid vore eit band der både musikk og tekst held eit nokså oppsiktsvekkjande høgt nivå. Alle som har høyrt dei, og det er vel alle nordmenn, kjenner melodiane deira, og gode tekstforfattarar som lyrikarane Kolbein Falkeid og Arnt Birkedal, for å nemna eit par, har vore med og gitt bandet nettopp denne høge kvaliteten. Musikken er flott, han svingar, musikarane kan faget sitt og gir alt på scenen. Dei syng på sin eigen vakre haugesundsdialekt og det er ikkje for mykje sagt at bandet har bana veg for distriktsnoreg til VG-lista i løpet av desse åra. Dei har også gått nye vegar, slik dei gjorde då dei inviterte gode kollegaer til å ta seg av mesteparten av vokalarbeidet på CD-en En annen sol, som låg på VG-lista i 10 veker og nådde 3.plassen i 2000. Dette året har dei spelt med den fabelaktige færøiske songarinna Eivør Pálsdóttir, som syng på haugesundsk som om ho skulle ha vakse opp der. Ho er aktuell med si sjuande plate no, Larva, og syng naturlegvis også eit nummer på færøisk under konsertane. Ho kjem til Os under prefestivalen på sankthansaftan, ho med, og festivalstyret saman med Oseana gler seg truleg like mykje som publikum til denne kvelden.

Følg med!

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Foto: Dag Thorenfeldt

5


BILLY

T

BAND Ein hjørnestein i norsk blues

Amerikaneren Bill Troiani har hatt bassen som levebrød i 40 år. I USA spelte han med ei rekkje kjende artistar innanfor mange sjangrar, og då han flytta hit i 1997, blei han ein av hjørnesteinane i bluesmiljøet i Oslo-regionen.

OSEANA FOAJÉEN I NI KL 17 U FREDAG 24.J

OS E A NA S A

F R E DAG 24

LE N

.J UNI K L 21

I fleire år har han vore den som har stått på scenen flest gonger på Muddy Waters i Oslo. Bandet, som består av Håkon Høye, gitar/vokal, Ian Fredrick Johannessen, gitar og Alexander Pettersen, trommer, i tillegg til sjefen sjølv på bass, speler gamle klassikarar og eige materiale innanfor mange sjangrar og med mykje humor og speleglede. Deira andre album ”L.O.V.E. (Just A Silly Notion)” har fått mykje merksemd og ros og blei nominert til spelemannspris i 2011. Det fekk dei også, så vi tippar dei er ekstra sugne på å visa seg fram for ospublikumet. På festivalen i år skal dei opna showet og speler seinare same kveld i hovudsalen.

Tema Fusion

Lind Bad Ingrid

÷ 20%

÷ 20%

OSO 200 liter varmtvannsbeholder. 30% mer energisparende

5990,Så enkelt. Så lekkert, To buede dører med en enkel heve-/senkemekaniske. Dørene kan svinges både inn og ut. Gir økt romfølelse og meget enkelt renhold.

4990,-

Introduksjonspris

PRIMA baderomstilbehør

Enestående avløpsåpner. 1 liter spann

320,-

11590,Dusjkabinett med karet i hvit akryl. Meget stabilt med kraftige, justerbare føtter. Flott rund design med svingdører. 90x90 cm Høyde 210

÷ 25%

2 liter spann

600,6

Landboden, 5200 Os • Tlf. 56 57 60 90 • Fax. 56 57 60 91 • E-mail: e-r-se@online.no

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


PAPA SLIDE EN VARGASANL I KL 20 U FREDAG 24.J

MATINÉ I F OAJÉEN LØRDAG 25 .JU

NI KL 17

Musikk i sommarvinden

OSEA

N

ASALE LØRD N AG 25. JUNI K L 24

Gode oddingar Osøren Blues og Jazzfestival har hyrt inn Vetrhus Bluesband mange gonger. Bandet har nærast fanklubb i bygda og er nærast legendariske på festivalane våre.

ISE

BLUESCRU

RGE7N FRÅGB24E 0 .JUNI KL 1 3 FREDA

VETRHUS BLUESBAND

Papa Slide er eit velspelande band med osingen Rune Nordvik i spissen. Dei har nyss gitt ut ein CD med tittelen “What are we living for”, og framstår som endå betre enn før. Papa Slide Band består av kjende medlemmer som Arild Seim på gitar, Geir Rognø på bass, Valentin Donev på trommer og sjølvsagt gromguten Rune Nordvik også på gitar og song. Dei som var og høyrte bandet under festivalen, haustprogrammet i fjor og konserten på påskeaftan på Peppes, veit kva dei kan venta seg, så det er ingen grunn til å nøla. Dette er musikk som varmar i førjulskulda og kjøler i sommarvinden. Det blir truleg fullt hus i Vargasalen på Oseana denne kvelden.

Mest ingen kan greia å skapa slik stemning på bluescruiset og meir enn ein gong har dei nærast krope opp og ned vegger i Fjellheim under konsertane sine. I fjor var det mange som etterlyste Vetrhus Bluesband på festivalen, og programutvalet måtte lova å sjå på saka. Det har dei gjort, men dei ivrigaste fekk ein liten forsmak på julebluesen i Fjellheim no sist. Denne gongen har dei to konsertar under festivalen, så det er berre å velja kor du vil høyra dei.

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

7


OSØREN JAZZENSEMBLE

OSEANA FOAJÉEN I 20 UNI K L FREDAG 24.J

BLUESCRU ISE

FRÅ OS KAI LØRDAG 25.J UNI KL 10

Dei gamle er framleis eldst

I SE BLUESCRU

AI OSNIK FRDÅ L 2130 AG 24.JU K FRE

Osøren Jazzensemble har vore med på alle festivalane. Det var i si tid det første jazzbandet som blei skipa i bygda, og for mange osingar representerer dei Jazz med stor bokstav. Når store dagar og hendingar skal feirast, skal Osøren vera med. Slik har det vore i ein mannsalder, og slik skal det vera. Men det er ikkje berre nostalgi som gjer at bandet er med. Bandet forsvarar plassen også reint kunstnarleg. Det er velspelt, svingande og slik tradjazz skal vera. Samansetjinga av bandet har veksla noko, heile tida med ein fast kjerne på banjo, trombone og klarinett, og noko av populariteten til bandet ligg nok i dette. Du veit kva Harald Lekven, Geirmund Sandven og Geir Mildestveit er gode for. Men dei tre andre er snart for veteranar å rekna, dei òg. Både Stein Inge Brækhus på trommer, Ole Amund Gjersvik på bass og Are Ovesen på trompet er gamle kjenningar. Osøren er sjølvskrivne på cruisa, og skal på fjorden to gonger, den eine saman med den svært gode vokalisten Tone Linn Mjånes.

BLUESCRUISE

M/TONE LINN MJÅNES 8

JOLLY JUMPER

& BIG

MOE

Kjell Inge Brovoll, alias Jolly Jumper og Jan Erik Moe, alias Big Moe, høyrer til eliten innanfor norsk blues og har dei siste 10 åra vore mellom dei mest populære og etterspurde til festivalar og klubbkonsertar i både inn- og utland. Nyleg gav dei ut sitt fjerde album ”Welcome To Jimbo Jambo Land” med 15 sterke låtar som haustar kjempegode kritikkar. Jolly Jumper er ein av Norges beste blues munnspelarar, ein svært dyktig låtskrivar og ein av få vokalistar her i landet som kan tolka den spesielle stilen som spring ut frå bluesens vogge: Mississippi-deltaet!

VARGASAL E

N LØRDAG 25 .JUNI KL 20

Toppduo tilbake på festivalen Big Moe har også spelt blues i mange år, både profesjonelt og på hobbybasis. Han speler alt som har med strengar å gjera og er til liks med Jolly også ein racer på munnspel. Begge har dei turnert mest heile verda rundt og fått spela med om lag alt som tel av personlege favorittar og toppfolk innanfor sjangeren. Dei har også gitt ut fire kritikarroste album og har etter kvart tatt steget opp i toppeliten sjølve. Dei har vore på Osøren Blues og Jazzfestival fleire gonger, og det skal bli flott å høyra dei igjen no etter nokre års fråvær. I år har dei med seg pianisten Daniel Røssing, som har spelt med Chuck Berry i tre år. Han skal vera fantastisk, seier dei som har høyrt han.

FRÅ OS KAI LØRDAG 25.JUNI KL 12

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


TONE

LISE MOBERG E A NA S O I EN 2 FOAJÉ 24.JUNI KL 2 AG FRED

Tone Lise Moberg er ein framståande representant for den nye bølgja av sterke kvinnelege jazz-vokalistar i Norge og er etter kvart ein av dei mest profilerte jazzsongarane på Vestlandet. Den til no einaste plata ho har gjeve ut i eige namn, Looking on, i 2006, fekk mange gode meldingar både lokalt og nasjonalt. Særleg var meldarane imponert over den djupe og avrunda røysta hennar og dei originale versjonane av gamle standardlåtar, i tillegg til gode eigenskrivne, som på ingen måte stod tilbake for dei meir kjende. På festivalen i år kjem ho med Heine Bugge på trekkspel, Ugo Santagelo, klassisk gitar, Erik Halvorsen, piano, Torbjørn Hillesøy, bass, Audun Humberseth, perkusjon og Tor Bjarne Bjelland, trommer.

Djupt og sensuelt

BB LYNGS BLUESBAND

VARG A

SALEN FREDA G 24.JU NI K L 22

Speleglede og kvalitet

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

BB Lyngs Bluesband har eit repertoar som mange kunne misunna dei, sprudlar av speleglede og skaper stemning overalt der dei speler. Bandet er ikkje meir enn 11 år gammalt, men det må vera lov å seia at medlemmene har lagt bak seg sin første ungdom, stort sett, ja, kanskje bortsett frå pianisten Øystein “Boogieman” Undem. Men trass ung alder, alt i forhold til resten av gjengen, har han skapt seg eit stort namn for pianospelet sitt. Stort namn har nestoren i laget, vokalist Helge Lynglund òg, naturlegvis, ettersom han var den som starta det heile. Han har

sin eigen spesielle stil, noko han deler med resten, for både Atle Mjørlaug på bass og ikkje minst Ole Thomsen på gitar er kjende og lett kjennelege musikarar for den som har følgt med nokre år. Frank Jacobsen har kome til på trommer i tillegg til full blåsarrekkje – spesielt for festivalen. Dei er Stein Håvardstun – trombone, Audun Sæbø - trompet og Erlend Dyrnes - Altsax. Mykje av inspirasjonen har bandet henta frå Chicago, New Orleans og pianoboogie, men dei har likevel sitt eige særpreg. Høyr på CD-en “Snatch it back” frå 2008, så forstår du kva vi meiner. Sal no 2 i Oseana på fredag blir staden å gå om du vil høyra dette fabelaktige bandet. Dei speler berre denne kvelden.

9


Foto: Askeladden/Tom Haga / MIR

Ta båtveien til bluesen!

www.ossjofront.no

Gratis båtplass hos Os Sjøfront hele festivalhelgen!

I anledning Osøren Blues & Jazzfestival stiller StorBergen alle sine båtplasser til fri disposisjon for festivalgjester og andre besøkende. Få en forsmak på livet på Os Sjøfront, nærmeste nabo til Oseana Kunst & Kultursenter.

Gratis båtplass hos Os Sjøfront under Osøren Blues & Jazzfestival 10

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


LEN A S A N OSEA UNI KL 2330 G 24.J FREDA

BERNIE MARSDEN

Bernard John «Bernie» Marsden er ein engelsk gitarist, mest kjend for si tid som medlem av hard rock-bandet Whitesnake frå 1978 til 1982. Han var også medlem av bandet Paice, Ashton og Lord i 1977 og grunnleggjar av bandet Alaska.

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Engelsk toppgitarist til festivalen Bernard John «Bernie» Marsden, tidlegare gitarist i Whitesnake

På 1990 og 2000-talet spelte han saman med sine tidlegare kollegaer i Whitesnake i coverbanda The Snakes, The Company of Snakes og M3. No kjem han til Osøren Blues og Jazzfestival med eit knallbra band og låtane til den irske gitarlegenden Rory Gallagher. I 2009 ga Bernie Marsden ut CDen ”Bernie plays Rory” og denne inneheld 12 av låtane som Rory Gallagher kanskje er mest kjent for.

Van Morrison, Phil Lynott, Thin Lizzy og U2. Rory Gallagher ble kjend for då han starta bandet Taste i 1967. Taste blei oppløyst i 1970, og Gallagher starta då si solokarriere. Hans karismatiske stil og utrulege konsertar gjorde han kjend over heile Europa. Han ga ut ei rekkje plater og turnerte ustanselig med sin trio. Bernie Marsden har med seg Richard Newman på trommer, Jim Kirkpatrick på gitar og David Levy på bass.

Rory Gallagher døydde i 1995, 47 år gammel, og han var ein av Irlands mest kjende musikarar, på linje med

11


RICH

HARPER

Rich Harper er ein fantastisk gitarist og liveartist og blir sett på som ein av dei beste amerikanske bluesartistane.

Han har sett saman eit utruleg sterkt og svingande band. Det er basert i Los Angeles, men Rich er opphavleg frå Pennsylvania. Bandets konsertar er voldsomme og mest utagerande sessions, og publikum får rett og slett aldri nok av dette bandet.

Han lærte seg å spela gitar ved å lytta til store namn som Clapton, King, Gallagher og Allman, men utvikla eigen spelestil etter kvart.

Dei siste 10 åra har bandet turnert store delar av verda, USA, Europa, Asia og Australia, og utgitt ytterlegare 3 CDs (5 totalt). Sverige har stått på plakaten kvart år sidan dei tok Åmål Blues Fest med storm i 2004, og i sommer turnerte bandet Norge for første gang. Rich Harper Band deltok på dei store blues-festivalane - Skånevik, Arendal og Notodden i tillegg til ei rekkje mindre festivalar og klubbar under den 6 veker lange sommerturneen.

Etter å ha spelt rundt på små stader i Pennsylvania, flytta han til L. A. for å finna likesinna og danna Rich Harper Blues Band. Det gjorde han og gav ut debut-CD-en “Don’t Think Just Play” som ble valt til Amazon.coms “Emerging New Blues Artist”.

Topp gitarist frå USA

Etter dette har det berre gått ein veg: oppover. Europa kom etter då bandet ga ut den andre CD-en, “Bottle Up Blues” og fekk førsteplassering på Amazons liste i Sveits. Bandet har turnert over heile verda og hatt det frykteleg travelt. Så å få dei hit til Osøren Blues og Jazzfestival er eit meisterstykke. Det er også musikken deira.

Publikum fekk ei musikkoppleving av dei sjeldne og i Arendal kom politifullmektig Asbjørn Olsen opp til scenen etter konserten og uttalte: ”Mister Harper – this has been the best two hours of my life!” !

Ta vel imot Mr. Rich Harper!

A LE N S A N OSEA 24.JUNI KL 24 AG FRED

OSEANASA L

EN

LØRDAG 25 .JUNI KL 24

Råtøft Dette bandet har hausta mange lovord overalt kor dei kjem. Frigaard speler sjølvlaga låtar og coverlåtar av Georg Thorogood, The Fabulous Thunderbirds, ZZ TOP osv. Det er tredje gongen dei speler på Osøren Blues og Jazzfestival, og denne gongen er det båtpublikumet som får gleda av å høyra dei. Frigaard er eit fyrverkeri som leverer eit tøft, stilfullt og gneistrande show med eit strålande band i ryggen.

12

Bandet består av Reino A. Småland på gitar, Peter H. Sæverud på bass og Jan Petter Ågotnes på trommer, i tillegg til Terje Frigaard sjølv på munnspel og vokal. Det kjem til å bli bølgjer på båten i år, kjenner vi Frigaard rett.

FRIGAARD U I SE R C S BLUE K AI

S FR Å AOG 25.JUNI

LØRD KL 18 / KL 21 KL 15

/

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


ORDFØRAREN:

Velkommen til Osøren 2011! 17.-26.juni vert det folkefest i Os-bygda! Vi skal ta i bruk vår nye storstove Oseana kunstog kultursenter, og markerer dette med tidenes opningsfestival på Mobergsneset. Osøren Blues- og Jazzfestival utgjer ein viktig del av programmet. For første gong skal heile festivalen arrangerast under eitt tak, med fleire scenar i Oseana. Det skal svinga i Oseana siste helga i juni! I Oseana får vi osingar og Bergens-regionen eit unikt senter. Naturen, nærleiken til Bjørnafjorden og friluftsområde i Mobergsvikjo, utsikta mot Folgefonna og Sunnhordlandsfjella, kunstsamlinga til Grieg, konsertfasilitetane og Restaurant Færingen gir eit spesielt og kraftfullt konsept. Vi har all grunn til å vera stolte over det bygget som no har reist seg på Mobergsneset.

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy

MS Midthordland, fredag og laurdag:

Verdas finaste blues- og jazzcruise

Takk vera store og generøse gåver frå Grieg Foundation og andre private aktørar har Os kommune fått eit kunst- og kultursenter andre kommunar berre kan drøyme om – og det med svært avgrensa kommunale midlar. Prosjektet har vore ei eventyrleg reise, som enda med røyndom. Eit senter osingar og tilreisande i alle aldrar vil nyta godt av i generasjonar! Vi ynskjer Osøren Blues- og Jazzfestival, med arrangør, artistar og publikum hjarteleg velkomne i Oseana, og ser fram til eit årelangt samarbeid for gode konsert opplevingar på Mobergsneset! Velkommen til Os og Oseana!

Terje Søviknes ORDFØRAR OS KOMMUNE Blues-cruise med verdas finaste båt er ikkje å forakta. MS Midthordland er den første sjøbussen her i landet og blei bygt straks etter krigen. I mange år gjekk båten på Bjørnefjorden, vart sidan send 20 år i utlende, men enda til slutt der han høyrer heime, i midthordlandsbygdene med Bjørnefjorden under kjølen. Båten er praktfull å sjå, alt er ført tilbake til slik det var då han vart bygd, bortsett frå eit par meir praktiske detaljar som høver seg for ein båt som skal trafikkera charter, leige og ikkje minst blues- og jazzmarknaden. Det er ikkje for mykje å seia at bluescruisa med MS Midthordland har vore noko av det mest populære festivalen har hatt å by på sidan starten i 1999.

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Billettane blir fort utselde, og stemninga om bord er høg på kvart einaste cruise. I år blir det sju cruise, fem med blues og to med jazz. Det første startar som vanleg på fredag med Vetrhus Bluesband om bord heilt frå by’n. Jolly Jumper & Big Moe tar over når båten vel har kome fram til Os seint på fredagskvelden, og laurdag føremiddag byr vi og Os kommune på to cruise særleg mynta på pensjonistar med Osøren Jazzensemble og Tone Linn Mjånes som gjesteartist. Bluesfenomenet Frigaard tar dei tre siste cruisa på laurdag. Set sjøbein og velkomne om bord.

13


Moderne tannbehandling i nydelege lokale ved Oselvo. Alt frå implantat til tannbleiking. Vi tar imot nye pasientar og kan tilby akutthjelp.

Tlf. 07000

OS TAXI

ÅPNINGSTIDER: Mandag-torsdag: 08.00 - 18.45 | Fredag: 08.00 - 15.45 Eigen parkering, rett inn frå Landboden!

56 30 11 88 Tannregulering tlf.: 56 30 22 04 | Fax: 56 30 11 77

www.tanngarden.no

Spar 1000-vis av kroner på å bytte forsikringsselskap - så har du mer penger til konserter og kultur! Besøk vår nettside og beregn pris på dine forsikringer! www.hyllandinvest.no

Du kan også sende en SMS med kodeord INVEST til 2030 og vi vil ta kontakt med deg. Vågshaugen 34 5200 OS Telefon 56 56 55 55 E-post: kontor@hyllandinvest.no

RÅDGIVNING, FORSIKRING OG INVESTERING 14

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


Foto: Thor Lønning

VIDAR

Tilbake med superbandet sitt ‘His True Believers’ er tilbake på norske scenar med Vidar Busk i spissen.

Det var med dette bandet Busk fekk gjennombrotet sitt i 1997 med plata Stompin’ Our Feet With Joy. Plata blei ein klassikar i bluesmiljøet, og Vidar Busk plasserte seg i eliteklassen som gitarist etter å ha spelt på Notodden same året og fått heidersprisen der. Året etter fekk han Spellemannsprisen som årets artist for det andre albumet sitt, I Came Here To Rock. Vidar Busk er kjend for å lika turnelivet, og det var slik det starta i 1975 då han som femtenåring drog til USA

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

OSEA NASA LØ L RDAG

25.JUN IK

BUSK EN

& HIS TRUE BELIEVERS

L 22

for å spela med Rock Bottom som hadde oppdaga den dyktige ungdomen på ein av dei mange konsertane sine her i landet. Då han kom tilbake i 1990, spelte han med forskjellige band, deltok på plateinnspelingar og på jammar. Først sju år etter heimkomsten kom debuten hans.

av dei første åra. No er han tilbake med debutbandet sitt. His True Believers gir ut Stompin’ Our Feet With Joy på nytt i remastra versjon og med nyinnspelte låtar av originalbesetninga som består av Rune Endal på bass, Arne Fjeld Rasmussen, munnspel og Martin Windstad på trommer.

Vidar Busk er ikkje redd for å gå nye vegar, og etter den tredje plata gav han ut ein trilogi som la seg langt meir opp til soul og andre stilartar. Han fekk ny spelemannspris for den andre av desse, Love Buzz, i 2003, men mange bluesentusiastar synes han gjekk vel langt utafor dei spora han hadde trekt opp i løpet

Det er desse som kjem til oss lørdagskvelden under festivalen. Vil du høyra ein av verdas beste gitaristar i sin sjanger med eit band i same klasse, må du kjøpa billett denne kvelden. Du får ei oppleving du ikkje kjem til å gløyma.

15


HEREIDE & THE BLUESGANGSTERS

ÉE N JAM I FOAJI KL 12 .JUN LØRDAG 25

MATINÉ I F OAJÉEN LØRDAG 25 .JU

NI KL 15

Trio med eige bluesuttrykk Hereide & The Bluesgangsters er eit band med energi og trøkk.

De spelte under jammen på festivalen i fjor og var eit av banda som samla fullt hus under vinterbluesen i år på Peppes der dei imponerte publikum med kompetent og suverent spel. Bandet har base i Sunnhordland og tel i tillegg til frontfigur Bård Henrik Hereide frå Skånevik på slagverk og vocal, også osingen Stig Arne Sund og Simon Sandvik frå Bømlo på bass. Om nokon trudde at dei er novisar i bluesen, kan vi fortelja at dei har ein ganske imponerande CV med talentpris i Skånevik i 2006, og Notodden bluesfestival same året før dei gjekk i studio i 2007. Bandet speler en miks mellom den gamle og “ekte” storbybluesen, og moderne funky powerblues.Har du ikkje høyrt dei før, har du litt å gle deg til. Ja, sjølv om du har høyrt dei før også.

OSEANA FOAJÉEN I 16 L

.JUNI K LØRDAG 25

LØRDAG 25

LEN

.JUNI KL 20

BLUE NOTE

SHUFFLE Texasblues på heimleg grunn

16

OSEANASA

Blue Note Shuffle er ein trio frå Os, og dei fleste med interesse for blues kjenner bandet som ein svært velspelande trio med texasblues som spesialfelt. Dei skriv mange av låtane sine sjølve, men trår også til med gode standardlåtar av Stevie Ray Vaughn, Vidar Busk og The Paladins. Bandet spelte ei viktig rolle i fjorårets festival og fungerte som backingband for jammen på Visningssenteret. Denne gongen skal dei tre karane, Steinar Lyssand på gitar, Timmy Kristiansen på bass og Kjell Arne Haringstad på trommer vera på scenen åleine. Blue Note Shuffle er eit toppband, og medlemmene er garva musikarar som har vore ute minst ei haustanatt. No står sommarnatta for tur.

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


Bygg din boligdrøm...

www.hibahus.no

estill Les eller b er på log våre kata us.no h www.hiba

Frihet til å velge sin egen hytte Hvem drømmer ikke om et sted hvor naturen bestemmer takten og utsikten, friheten og tiden? Ja, hvem har ikke lyst på sin egen hytte?

5 NYHETER OG 24 SPENNENDE MODELLER

NYHETEN Lomvi - befriende enkelt Lomvi er i sin helhet formet etter prinsippet «jo enklere jo bedre». Eksteriøret gir et moderne minimalistisk uttrykk. Store stuevinduer og pulttak gir hytta sitt særpreg, og skaper en lys fritidsbolig med overbygget uteplass og skjermet inngangsparti. Også det innvendige bygger på enkle, men gode og praktiske romløsninger, med oppholdsdel i ene enden og soveromsfløy med tilhørende bad i andre. Entreen byr på god garderobeplass og et lite toalettrom. Lysrik og åpen stue/kjøkkenløsning, hvor den sosiale spise-plassen ligger meget sentralt innenfor de store vinduene. Sofakroken er litt mer lun og tilbaketrukket, med utgang til delvis overbygget uteplass. Fire store soverom med mulighet til sengeplass for 11.

Solide leverandører til HIBA® HUS

HIBA® HUS, HYTTE, GARASJE - kontakt din lokale forhandler: Os Byggsenter AS Trond Opdal Tor Åge Thuen Harald Thuen Jostein Ivarsen OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Tlf 930 09 606 Tlf 926 10 337 Tlf 920 84 940 Tlf 928 04 728

trond@osbyggsenter.no tor@osbyggsenter.no harald@osbyggsenter.no jostein@osbyggsenter.no 17


TONE

LINN

Tone Linn Mjånes har skaffa seg eit namn innanfor showbiz.

MJÅNES

Ho har stått på scenen i Bergen med det fabelaktige bandet Mostly bossa på Evans og Voksne herrers orkester i Logen bar, i tillegg til at ho har spelt med Osøren Jazzensemble meir eller mindre fast under Osøren Blues og Jazzfestival dei siste åra.

OSEANA FOAJÉEN I 20 .JUNI KL

LØRDAG 25

I år kjem ho med sin eigen kvartett. Dei speler velkjende standardlåtar i skikkeleg mainstreamstil saman med noko av hennar eige materiale.

BLUESCRU

M/TONE LIN

ISE

N MJÅNES

I tillegg set dei sitt preg på nokre utvalde poplåtar med klåre røter i jazzen, friskt og freidig, vakkert og vart, der Tone Linn sin vokal og sterke sceneframføring blir flankert av strålande musikarar som Magne Thormodsæther,bass, Erik Halvorsen, piano og Tore Ljøkelsøy, trommer. Tone Linn Mjånes er eit stort talent som det er vel verd å høyra.

FRÅ OS KAI

LØRDAG 25

.JUNI KL 12

Standardlåtar i mainstream stil

WASHAMBA FOAJÉEN I OS EANA

LØRDAG 25.JU

NI KL 22

Rytmefest 18

Washamba spelar groovy, dansbar musikk inspirert av afrikansk og kubansk tradisjon. I tillegg til Osøren Blues og Jazz Festival (2004 og 2006), har bandet spelt på Nattjazz, Sildajazz, Fritio i Os, Zanzibar International Film Festival og, ikkje minst, på bondefestivalen Sabasaba i Dar es Salaam, Tanzania. Låtane er komponert av saksofonist og osing, Bjørn Blomberg, og passar både for dei som vil dansa og dei som vil lytta.

I bandet finn vi fleire musikarar busett i Os og Bergens-området, inkludert trompetist Hallvard Lyssand, bassist Arne Hernes, pianist Aasmund Brekke, gitarist Arve Ulvik og trommis Audun Rolex Humberset. Bandet har også fått med seg den brasilianske stjerneperkusjonisten Celio de Carvalho, kjend frå ei rekkje band her i landet og langt utafor og tanzanianaren Filipo Njaidi som både speler perkusjon og syng swahili washambalåtar. Dette kjem til å bli litt av ein rytmefest.

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


Hva har du

under Bluesen …?

PRIVATmegleren Bjørnefjorden gratulerer Os med festival og nytt kunst og kultursenter Skal du selge eiendom i sommer / høst gir vi nå eget ”festivaltilbud” !

Festivaltilbud Kontakt oss før Osøren Blues & Jazzfestival slutter 26.06 så gir vi

-

Utvidet markedspakke til rimeligste pris Gratis fotograf Gratis Heli-fotografering Og som alltid, vår salgsgaranti

Kontakt oss for et uforpliktende festivaltilbud.

Tlf: 56 30 32 30

Vi tar på oss alt arbeid innan: • • • • • •

VVS - Nybygg - Rehabilitering Varmepumper - leverer og installerer Høytrykkspyling av rør TV-inspeksjon av rør Lekkasjesøk Rehabilitering av avløpsledning utan oppgraving

Jordmorsvingen 2, 5200 Os | ssamdal@online.no

Tlf. 56 30 15 83 | Mob. 917 56 680 | Mob. 911 29 783 www.samdalrør.no

Sommerens beste priser!

Kypros

Sol &Bad

Nå kan du sikre deg sommerens beste priser til Kypros. Øya har Middelhavets beste badevann og 340 soldager i året. Ta med deg familien til barnevennlige Fig Tree Bay, og bo på Leilighetshotellet Paramount ❊❊❊+ – et perfekt bosted for en vellykket ferie. Priseksempel:

15/8, 1 uke 3695 2 uker 4495 22/8, 1 uke 2995 2 uker 4895

Gratis All Inclusive for barna

Pris/pers. når to reiser sammen. Direktefly med behagelige flytider fra Bergen hver mandag hele sommeren. Vår nettbutikk er døgnåpen og du får alltid nettrabatt.

voksen) (ett barn pr.

BESTILL DIN REISE I DAG! OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

www.vitaltour.no Tlf. 56 57 47 50 19


Totalleverandør innen lyd, lys og scene

Lys & Lys Produksjoner tilbyr et bredt utleieassortiment innenfor

Installasjoner

lyd- og lysutstyr til konserter, eventproduksjoner, festivaler, messer,

Lydutstyr

bryllup og andre festlige arrangement – såvel til private som profesjonelle arrangører.

Lysutstyr

Vi kan levere svært store komplette produksjoner, inkludert store utescener fra vårt eget utleielager.

DJ-utstyr Scene

Adresse: Industriveien 49 5200 OS Telefon: +47 56 30 93 90 Fax: +47 56 30 04 44 Mail:

20

post@llprod.no

www.llprod.no

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


50-tal i høgsetet Eric ‘Slim’ Zahl & the South West Swingers er inspirert av 50-talet og set si ære i å vidareføra dei gode tradisjonane frå denne tida med sitt eige rocka uttrykk. Bandet har spelt på festivalen før og gjort stor suksess, og det har dei gjort overalt sidan starten i 2006.

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Dei har spelt på ei rekkje kjende klubbar i inn- og utland, og publikum har fått høyra deira versjonar av store låtar av folk som Teddy Morgan, Brian Setzer, Candye Kane, Keb Mo’ og Norges eigen Vidar Busk. Aldri har dei gjort skam på låtane heller, skal vi døma av kva andre musikarar som Kim Wilson i The Fabulous Thunderbirds, som uttalte at han hadde eit ønske om å spela med bandet.

VARG A

SA LE LØRD N AG 25. J UNI K L 22

ERIC SLIM ZAHL & THE

SOUTHWEST SWINGERS

Bandets medlemmer er profesjonelle musikarar med fartstid i mellom andre Reidar Larsen & the Storytellers, Zydeco Supply, Johnny & the Beels, BB Lyngs Bluesband, Stavanger Bluesband m.m. Eric ‘Slim’ Zahl - vokal/gitar Øystein ‘Boogieman’ Undem - tangentar Roald Brekke - bass/vokal Atle H. Strøm - trommer/vokal

I fjor under festivalen vår gav dei ut ei ekstrautgåve av debutplata si, Daddy O, som dei seinare har blitt nominert til Spelemannsprisen for.

21


OS&FUSAPOSTEN ynskjer OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011 lukke til med arrangementa.

Hvem vil du helst ha besøk av? En elektriker på jobb - eller en brannmann på jobb?

Gamle sikringskap kan være brannfeller Vi har mange flere elektriske apparater i hjemmene våre i dag enn for bare 20 år siden. Belastningen på sikringer og ledninger blir større enn de har vært beregnet for. Faren for varmgang og overbelastning er stor, og dermed også brannfaren.

Du kan lesa mykje om og frå festivalen i lokalavisa.

En elektriker kan redusere brannfaren hos deg Du trenger ikke bytte sikringsskap - bare innmaten. Kontakt oss, vi kan gi deg et bindende tilbud!

Rød Elektro As Mobergsbakken 50, 5200 Os Telefon 56 57 66 30 | www.rod-elektro.com

Tlf. 56 30 29 50 – Faks 56 30 24 77 – E-post: post@osogfusa.no – Web: www.osogfusa.no

e, ontroll, servic trenger EU-k m kk, er vi la so l og bi g en in Har du eopprett ad sk r le el r r le le type! reparasjon, de deg, uansett årsmodell el r fo rett verksted sr den Hjulstilling lister som ha es ev kr Vi har spesia m so yr og det utst kontroll åte! kompetanse l på beste m bi n di re re KUN KR for å repa av r oss til eiere Vi henvende iler. ab ler og firm både privatbi

790,-

Alt i g karosseri o lakkering. g Personbil o lastebil.

Service på alle bilmerker!

Reparasjon og skifting ! av frontrute

s O å p d e t s k r e v l bi (eks mva)

D i tt

Skaathun Bilverksted

Te l e f o n 5 6 5 7 4 8 8 8 | Te l e f a k s 5 6 5 7 4 8 8 9 | I n d u s t r i v e g e n 8 9

|

5200 Os

|

ska-bilv@online.no

Åpningstider: mandag - fredag kl 07.00-16.00 22

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011


Velkomen

Opningsfestival 17.-26. juni

Oseana er særs godt egna til konferansar og andre arrangement der ein ynskjer kvalitet. Bygget er på 5800 kvadratmeter inkludert restaurant, kunstmuseum og storsal med scene og plass til 12-1300 personar. Oseana er ein unik kombinasjon av kunstmuseum og kulturhus, berre ein drøy halvtimes køyring frå Bergen sentrum eller Flesland Flyplass. Eit vakkert bygg i vakker natur. Oseana KF har eige styre, og eigen administrasjon med 4 tilsette. Direktør Kim Kristoffersen skal, saman med arrangementssjef Berit Steen, teknisk sjef Kjetil Moberg og kulturhusvert Janne Mari Hjelle, driva senteret. Me står parat til å ta imot dykk og alle typer arrangement. Kontakt oss på www.oseana.no

program FESTFOrESTilling

17/6

UTSElT

HAVFEST

18/6

FÅ Bill.

Kl. 1900

HAVFEST

19/6

FÅ Bill.

Kl. 1900

HAVFEST

20/6

Bill.

Kl. 1900

r.i.O

20/6

BillETTSAl i DørA

Kl. 2130

HAVFEST

21/6

Bill.

Kl. 1900

Konsertintro v/leif Ove Andsnes

Jiri HJlinKA MASTErClASS 22/6

BillETTSAl i DørA

Kl. 1700

KrOHnEngEn BrASS BAnD 22/6

Bill.

Kl. 2000

VAMp

23/6

FÅ Bill.

Kl. 2000

VErn OM Min JOrD

26/6

Bill.

Kl. 1500

MEllOM FJOrDAr Og FJEll 26/6

Bill.

Kl. 2000

Folkeopera av glenn Erik Haugland

Folkeopera av glenn Erik Haugland

Folkeopera av glenn Erik Haugland

rocken kjem til Oseana

Folkeopera av glenn Erik Haugland

“Med laus jakke og skreivt smil”

Familiearrangement

Korkonsert med 8 av Os sine sentrale kor

(Statoil Os)

For fullt program, sjå www.oseana.no Billettar på www.oseana.no, www.billettservice.no og i døra.

Møt oss i Oseana

Kim Kristoffersen Direktør

OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL 2011

Berit Steen Arrangementssjef

Kjetil Moberg Teknisk sjef

Janne Mari Hjelle Kulturhusvert

23


23.-25. juni

FESTIVALPROGRAM 23. JUNI

TORSDAG

STAD

PRISAR

20:00

VAMP m/Eivør Pálsdóttir

Oseanasalen

300,-

24. JUNI

FREDAG

STAD

PRISAR

17:00

BillyT Band

Foajéen i Oseana

Gratis

17:30

Vetrhus Bluesband*

Cruise frå Bergen*

550,-

20:00

Papa Slide Band

Vargasalen

Dag-/festivalpass

Osøren Jazzensemble

Foajéen i Oseana

Dag-/festivalpass

21:00

BillyT Band

Oseanasalen

Dag-/festivalpass

21:30

Jolly Jumper & Big Moe*

Cruise frå Os kai*

300,-

22:00

Tone Lise Moberg

Foajéen i Oseana

Dag-/festivalpass

BB Lyngs Bluesband

Vargasalen

Dag-/festivalpass

23:30

Bernie Marsden

Oseanasalen

Dag-/festivalpass

24:00

Rich Harper

Vargasalen

Dag-/festivalpass

Dagspass fredag kr 450,- / Helgepass fre-lør kr 900,- / *Cruise ikkje inkludert i passa. 24. JUNI

LØRDAG

STAD

PRISAR

10:00

Osøren Jazzensemble*

Cruise frå Os kai*

150,-

12:00

Jam: Hereide & The Bluesgangsters

Foajéen i Oseana

Gratis

Osøren Jazzensemble m/Tone Linn Mjånes*

Cruise frå Os kai*

150,-

Matiné: Hereide & The Bluesgangsters

Foajéen i Oseana

Gratis

Frigaard*

Cruise frå Os kai*

300,-

16:00

Matiné: Blue Note Shuffle

Foajéen i Oseana

Gratis

17:00

Matiné: Papa Slide Band

Foajéen i Oseana

Gratis

18:00

Frigaard*

Cruise frå Os kai*

300,-

20:00

Blue Note Shuffle

Oseanasalen

Dag-/festivalpass

Jolly Jumper & Big Moe

Vargasalen

Dag-/festivalpass

Tone Linn Mjånes Quartet

Foajéen i Oseana

Dag-/festivalpass

21:00

Frigaard*

Cruise frå Os kai*

300,-

22:00

Eric Slim Zahl & The Southwest Swingers

Vargasalen

Dag-/festivalpass

Washamba

Foajéen i Oseana

Dag-/festivalpass

Vidar Busk & His True Believers

Oseanasalen

Dag-/festivalpass

24:00

Vetrhus Bluesband

Oseanasalen

Dag-/festivalpass

24:00

Rich Harper

Vargasalen

Dag-/festivalpass

15:00

Dagspass lørdag kr 550,- / Helgepass fre-lør kr 900,- /*Cruise ikkje inkludert i passa.

Sjå www.osoren.no for festivalprogram!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.