Oseana opningsprogram

Page 1

OPNINGS PROGRAM 18.-26. juni 2011


STORSLÅTT opningskveld av Oseana Fredag 17. juni blir Noregs første lavenergi kunst- og kulturhus offisielt opna med eit mangfald av kulturinnslag i Oseanasalen. Billettane vart utselde på ein time. KVELDEN ER EIN FORSMAK PÅ OPNINGSVEKA SOM STARTAR LAURDAG 18. JUNI!

VELKOMMEN TIL OSEANA No er det ikkje lenge igjen å venta! Om nokre veker opnar ei av dei mest spennande kunst- og kultursatsingane i Noreg i dette tusenåret. Me gler oss!

Det som byrja med ei fantastisk gåve frå Per Grieg Sr. for nokre år sidan har utvikla seg til ei framtidsretta satsing som vil gje osingar, menneske i nabokommunane og andre gjester gode opplevingar året rundt. Oseana Kunst & Kultursenter vil ha den nest største scena i Hordaland. Karane bak restauranten ”Færingen” har vunne prisar for si restaurantdrift med gode drikkevarer og smakfulle matvarer frå nærområdet. Den nasjonalromantiske kunstsamlinga som Per Grieg Sr. har brukt fleire tiår på å samla, blir utstilt her. Ramma for arrangementa er eit vakkert og miljøvenleg bygg i sjøkanten og med utsikt over Bjørnefjorden.

På våre nettsider, oseana.no, finn du meir informasjon om Oseana Kunst & Kultursenter. Her kan du kjøpe billettar, og her får du informasjon om dei ulike arrangementa. Det er også mogleg å leige lokale til konferansar og andre arrangement.

NO ER DET IKKJE LENGE IGJEN Å VENTA! Oppstarten er helga 17-19. juni. Haustprogrammet blir klart rundt skulestart i august. Frå september vil arrangementa koma tettare og tettare, med stor breidde og variasjon. Me opplever god entusiasme og høge forventningar frå kunstnarar, musikarar, politikarar, tilsette i kommunen og andre osingar me har vore i kontakt med.

HOVUDSAMARBEIDSPARTNARAR:

2

Me som er så heldige at me får arbeida med Oseana kvar dag gler oss til å visa deg kunst og kulturopplevingar som ein ikkje har funne i Os tidlegare.

Kim Kristoffersen dırektør


HEI OSING!

Kva forventar du deg av Oseana? INNHALD INGVILD HETLEFLÅT 68 ÅR Eg forventar yrande aktivitet på mange plan. Mykje klassiske- og jazzkonsertar. Eg skal absolutt nytte huset!

RONJA SKAATHUN, 16 ÅR Eg håpar det blir halde dansekurs der, gjerne hip hop. Eg håpar det ikkje bare blir halde konsertar med countryband, men og noko for oss unge.

Per Grieg: Med rotfeste i Os

s. 03

Griegsamlingen

s. 04

Utstilling frå lokale kunstnarar

s. 05

Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo: Ikkje heilt A4!

s. 06

Havfest - folkeopera som du aldri før har sett det

s. 07

Oseana opningsprogram

s. 08

Svingande jazz og sveitt blues

s. 10

Gunnar Nagell Dahl: Ein spenningsøkjande festivalsjef

s. 11

Suksessen “Smakverket” til Oseana s. 12 HÅKON MATHISEN, 26 ÅR

ISAAC LEKVEN, 42 ½ ÅR

Eg forventar at Oseana blir ein samlingsplass som kan skapa tilhøyrsel i Os. Det er positivt at det no blir satsa stort på kultur i bygda.

Eg forventar at det blir meir liv i bygdo og at folk blir meir engasjerte. Oseana er nok for lite for mitt favorittband, men det er jo lov å håpe på at Pearl Jam finn vegen hit!

JOACHIM WAGNER-LARSEN 26 ÅR Eg forventar at bergenserane lar seg lokka hit og at Oseana vil ha same effekt her som Grieghallen har hatt i Bergen.

Terje Søviknes - ein kontrollfreak

s. 13

Jiri Hlinka Klaverakademi

s. 14

Fakta om Oseana

s. 15

Forsidefoto: Tekst: Layout: Trykk: Distribusjon: Opplag:

Vidar Langeland Veronica Simoné Fjeld Picapoint Studio AS Media Trykk Vest Distribusjon 25.000

3


PORTRETT

Med rotfeste i Os Per Grieg Sr. er ein vaksen mann i sin beste alder, med nok penger i banken til å kunne byggje og drifte eit kunstmuseum kvar som helst i Noreg eller verda for den saks skuld. Valet vart Os. Han er ein mann med sterke kjensler, ikkje berre for kunsten, men og for denne vakre bygda. Per Grieg Sr. har sterke band til Os. Som liten gut ferierte han i familiens sommarhus på Strøno i åtte veker kvar sommar. Det var langt ”pokker i vold” for ein liten bygut. – Frå Lepsøy vart vi rodde ut til det tomme huset av ein bondeven, og då vi først var kome på plass var vi isolerte frå resten av verda. Utan vatn, elektrisitet eller telefon. Her fekk eg rotfeste og ein nærleik til sjøen som eg likte svært godt, og tida med storfamilien på Strøno blei viktigare med åra.

– Det er kanskje bakvend å seie ”det likar eg ikkje”, men viss eg ikkje føler noko så er det ikkje kunst for meg. Samlinga har inga anna line enn at det er kunst som eg har likt.

Sidan den gong har det maritime vore viktig for Per. Han vart skipsreiar og er i dag dagleg leiar for Grieg Foundation. Med ein far som var arkitekt og oppteken av estetikk, og ei mor som var brennande engasjert i musikk, fekk Per auga opp for kultur og biletkunst i ung alder.

Per er ein bestemt mann, men han finst ikkje egoistisk. Han ser ingen verdi i å halde kunstsamlinga si for seg sjølv. Enklast ville det kanskje vore å medverke til at den flotte rekka av museum i Bergen vart enno større, men Per såg mot Os då han bestemde seg for å vise fram samlinga si.

– Interessa for måleriet fekk eg som ung siviliingeniør på femtitalet. Då vart eg fast inventar hos Paus Knudsen, eitt av få kommersielle galleri på den tida. I galleriet til Knudsen fekk eg sjå store verk av blant anna Nikolai Astrup.

– Eg har fått merke den krafta som finst i Os, som får tinga gjort. Eg ba om eit møte med Terje Søviknes og la tretti millionar på bordet, med et ønskje om å byggje eit kunstmuseum i Os.

Mystikken i måleria til Astrup vekte kjensler i unge Per.

4

Kjensler som skulle resultere i ei av Bergens største, private kunstsamlingar. Som kunstkjøpar lar Per seg aldri påverke av debatten samtidskunsten kan føre med seg. Han handlar kunst som har overlevd over tid, og som rører noko i han.

Per hadde eit behov for å gje noko tilbake til bygda som han ser på som si andre heimstad. Dette har no resultert

i at Grieg Foundation er Oseanas største private bidragsytar. Dei har gått inn med 65 millionar kroner. – Det er utruleg mykje pengar for noko ein ikkje veit kjem til å overleve? – Viss ein skal drive med allmennnyttig verksemd, må ein kaste seg ut i det. Eg veit jo at Grieghallen har endra Bergen. No kan vi ikkje tenkje oss byen utan den kulturelle storstova. Det same er eg overtydd vil skje for Os og Oseana. Per Grieg Sr. seier han har røtene sine i Os, at delar av identiteten ligg her i bygda, i fjella og i fjorden. Han har hjartet sitt i Os og håpar no at kunstsamlinga i Oseana er ei samling som osingane kan bli glade i. – Når eg blir trøytt og lei og treng noko friskt i houvudet, vender eg meg mot kunsten. Då får eg denne fridomen av tanke som er så fantastisk. Per blir engasjert og samstundes mild i blikket når han får snakke om kunst. Det same gjeld når han får tenkja på barndomsminnena frå Os. Så kan ein spørje om det er slik at skipsreiaren no har fått sjansen til å gjere noko for Os, eller om det er Os som har gjort noko for Per?


Griegsamlingen Griegsamlingen består av kunst, hovedsakelig billedkunst, som er eiet av Grieg Foundation og andre innenfor Grieg Group-sfæren. Den er samlet over en 50 års periode, og stort sett har undertegnede stått for innkjøpene. Det har ført til at samlingen er ganske personlig, uten noen overordnet strategi eller linje, bortsett fra det som subjektivt har vært oppfattet som spennende til enhver tid. Nokså tidlig ble det som kan kalles en Gullalder i norsk malerkunst, nemlig produsert av kunstnere født rundt midten av 1800-tallet, et fokusområde. Blant mange spennende navn finnes: Christian Krohg, Frits Thaulow, Eilif Peterssen, Harald Sohlberg, Thorvald Erichsen, Nikolai Astrup Ludvig Karsten, Erik Werenskiold, Theodor Kittelsen, Christian Skredsvig og Edvard Munch. For å få en viss bredde på det som etter hvert fikk ambisjonen av å fremstå som et mini nasjonalgalleri, kom det på den eldre side til navn som: J.C.Dahl, Eckersberg, Flintoe, Tidemand, Gude, Balke og Baade. Og fra den noe senere periode: Aulie, Ekeland, Enger, J. Johannessen, Heramb, Karl-Erik Harr, Gullvåg og Per Krohg. I en senere periode har vi forsøkt å komplettere med spesiell vekt på Vestlandskunstnere, som Xan Krohn, Henrik Lund, Knud og Nils Bergslien, Bernt Tunold, Olav og Frida Rusti, Lars Osa og Ingebrigt Vik. For å ha noen representanter fra våre kjære naboland, Danmark og Sverige, har vi sikret oss noen av Skagenmalerne som Michael og Anna Ancher, L. Tuxen, naturmaleren Bruno Liljefors, familieromantikeren Carl Larsson, og Anders Zorn.

Vibeke Harild.

Maleri målt av Sigurd Bugge, Os.

Rosemåleri med typisk Os-rosemåling.

Håndtverk av Vibeke Harild.

Utstilling frå lokale kunstnarar Oseana Kunst & Kultursenter får ei heilt ny utstilling med utvalde verk frå kring 40 lokale kunstnarar. Samlinga opnar 18. juni. Vibeke Harild har sett saman utstillinga. – Dette er ei utstilling som favnar om mykje, frå skulpturar og treskjæring til maleri, rosemåling, teikning, tekstil, foto, glas og keramikk, fortel kurator Vibeke Harild, som leier arbeidet med utstillinga. Nokre verk har aldri vore vist tidlegare og er laga speiselt for denne utstillinga. Det er også ei historisk utstilling, med gamle objekt innan måleri og rosemåling. Som ein av dei få stadene i landet har Os ein tradisjon i rosemåling som har vore ubroten i nær 200 år.

“Sognebud“ av Adolph Tidemand.

«Kvennagongog Jølstratun» av Nicolai Astrup.

Breidde og kvalitet – Eg tykkjer at breidde er viktig når det er ei åpningsutstilling og objekta eg har plukka ut held eit høgt nivå, fortel Harild. Den erfarne kunstnaren og galleristen frå Danmark har dei siste to månadene arbeidd med å velja ut kring 50 kunstverk, mellom anna keramikk, glasarbeid, tekstil, teikningar, rosemåling, treskjæring, foto og skulptur. Ho er ikkje ferdig med arbeidet, men har nokre veker på seg til å treffa fleire kunstnarar. – Os kommune har ei lang historie med kunstarbeid innanfor husflid og produksjon av møblar. Også i vår

tid har osingane valt å arbeida med kreative uttrykk innanfor husflid, design og kunst, fortel ho. Vibeke legg til at det blir mogleg å kjøpa nokre av kunstverka i utstillinga, men ikkje alle er til sals. Anerkjent kunstnar Vibeke Harild driv til dagleg Vedholmen Galleri saman med ektefellen, iren Peter Marron. Dei to anerkjende kunstnarane har budd i Os Kommune i 12 år, og flytta til Søre Øyane på grunn av det spesielle lyset ute i fjorden. Her opna dei eit lite galleri med høgt og internasjonalt nivå på utstillingane. Vibeke har studert ved Kunstakademiet i Århus, ved Depart. of Art i Colombus Ohio (USA) og ved Bergen Kunsthøgskule der ho tok hovedfag. Tidlegare har ho vore styreleiar i Hordaland Kunstsenter for Norske Kunsthåndtverkere (NKNV) og regionsleiar NKNV. Ho var leiar for styringsgruppa til Norske Kunsthåndverkerers landsdelsutstilling «Taktil». No er ho styremedlem i Fondet for utsmykning i Bergen Kommune og sit i representantskapet for Kunstmuseene i Bergen. – På denne utstillinga er det med mange erfarne kunstnarar, men også ukjente talent som får visa fram sin produksjon, sier Vibeke. Ho vil ikkje framheva nokre kunstnarar eller verk. – Det er ingen som skal bli nevnt meir enn andre, det er såpass bra nivå på alle at det er det ikkje grunn til. Eg vil ikkje seia så mykje mer no. Eg synes kunstverka skal få snakka for seg sjølv!

5


PORTRETT

Kunstnarparet Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo har to døtre og ei bikkje, men er ingen typisk kjernefamilie. Paret, som har laga opningsframsyninga til Oseana, lever som kunstnarar flest, i strukturert kaos, ofte med dusinvis av ballar i lufta.

Ikkje heilt A4! – Kva er det du drikk? Kaffe mocca? Det vil eg også ha! Då får du ta det same som meg, Glenn, vi som er så like! Heidi Tronsmo er multikunstnar og eit fyrverkeri av ei dame. I ein bås på Peppes Pizza i Os har ho tatt plass saman med ektemaken gjennom 25 år, komponist Glenn Erik Haugland. – Vi blei kjærestar i 1985 og gifta oss i 1986. Det var eigentleg eit halvt år for seint. Vi hadde planar om å gifte oss allereie same år som vi vart kjærestar, men så fekk eg fullstendig panikk og avlyste på ståande fot! Det gjekk fort i svingane når dei to formaliserte kjærleiken til kvarandre på midten av åttitalet. Det høge tempoet har på ingen måte stagnert med åra. Saman har dei to av dei mest imponerande kunstneriske cv`ane Noreg har sett. Nyleg vart barneoperaen ”Poy”, produsert gjennom ekteparets selskap Opera Omnia, headhunta til den nederlandske nasjonaloperaen. Heilt unikt i norsk samanheng. – Vi er medvetne på å ikkje tenkje at ”dette skal bli ein suksess” når vi går i gang med ulike prosjekt. Viktigast av alt er for oss å vere i stoffet og tvinge fram eit endeleg uttrykk gjennom konsentrert leik.

6

Paret har oppfostra to jenter, som no er i tjueåra. Som foreldre har Glenn og Heidi alltid forsøkt å nærme seg bornas alder etter kvart som dei vaks opp. Leik har stått sterkt hos familien som har hatt bustad i Oslo, Italia og no på Haugland i Os. Litt morosamt er det jo at eldstedotter, Anne Goro, ikkje opplevde system i kvardagen før ho byrja på folkehøgskule.

arbeid foran urpremieren av folkeoperaen HavFest i Oseana. – Heilt fryktlaust har vi gått inn i dette prosjektet. Vi er meir redde for at nokon i ensemblet skal bli ramma av sjukdom enn at framsyninga ikkje skal falle i smak.

– Vi måtte le når vi over telefon fekk høyre at ho var overraska over at dei på skulen hadde faste måltid til faste tidspunkt.

Heidi og Glenn håpar dei er så dyktige i faget sitt at dei kan bu kor som helst og produsera for kven som helst. Akkurat no er paret meir enn nøgd med å bu på Haugland, i ei bygd som har forstått at kultur er viktig som næring.

Ingen dagar er like i kunstnarheimen på Haugland. Nokre dagar held Heidi til i eit lite hus på småbruket som ho har kalla ”Lurestovo”. Glenn sit gjerne pal i ”komponistbula” si, men som oftast er det på kjøkenbenken at dei store idéane tek form.

– Kulturnæringa er verdas femte største industri. Forhåpentlegvis vil Oseana bidra til at produksjonar herfra blir sendt vidare ut i verda.

– Vi kastar ball til kvarandre heile tida, og ofte må vi jobbe parallelt med fleire framsyningar. Då kan temperaturen bli høg på kjøkenet, men han når aldri kokepunktet. Det er mykje latter i båsen på Peppes Pizza. Glenn og Heidi snakkar i munnen på kvarandre og iretteset den andre der det trengs. Akkurat no er dagane fylt opp med

Med musikkteater i utvida forstand har Opera Omnia fått ein posisjon i kulturlivet som står sterkt både nasjonalt og internasjonalt. Like sterkt som kunstnerparet sjølv, kanskje nettopp på grunn av at dei er alt anna enn A4.


HavFest – folkeopera som du aldri før har sett det! Hovedoppsetjinga under opningsfesten til Oseana er ei fargerik og eksperimentell framsyning, som på tvers av musikksjangre vil engasjere store og små. Heile familien er invitert når Guri Kunna og resten av Havfolket byr opp til HavFest!

– HavFest er forfriskande og tankevekkjande. Det er ei eventyrleg framsyning med eit filmatisk lydbilete. Noko liknande har aldri blitt vist i Os!

– Dette er ein heilt ny måte å nærme seg opera på. Utgangspunktet er henta frå tangoen, men her er fleire musikalske sjangre smelta saman.

PÅ SCENA: Guri Kunna: Vinden: Arnfinn: Bredronninga: Skarvar:

Havprinsar: Glenn Erik Haugland er komponist, prosjektansvarleg og dirigent på folkeoperaen HavFest. Ei framsyning som er skreddersydd til opninga av Oseana. – I tråd med miljøprofilen til Oseana, er alle kostymer og scenografi i HavFest gjenbruk. Tema er miljørelatert, og alt du ser på scena er laga av resikulert materiale. Under opningsfesten skal publikum få bli kjend med kystens herskerinne, Guri Kunna. Lenge før norrøn tid trudde kystens folk på denne mytiske figuren som var stolt, vakker og mektig. Heidi Tronsmo er manusforfattar og medkomponist, og speler rolla som Guri Kunna på scena. – Guri Kunna er lunefull, og heilt uforskyldt skapar ho storm og ubalanse når ho forelskar seg i mennesket, Arnfinn.

Eit orkester av proffe musikarar og unge amatørar vil skapa rammane rundt HavFest. Framsyninga blir den første i Oseana sin storsal og Haugland har difor bedt om ekstra lang prøvetid. Viktigast av alt blir plasseringa av orkesteret på ti mann.

Heidi Tronsmo Terese Mungai Ståle Ytterli Magnhild Korsvik Malin Brimsholm, Tonje Mykkeltveit og Adeline Eikanger Gustav Navas Hasfjord, Martin Myrlid Herfjord, Bjørn-Erik Ulvatne

– Vi må få tid på oss til å teste ut akustikken i rommet, men også kor orkesteret skal få ein naturleg plass. Oseanasalen har inga orkestergrav og akkurat no er vi svært spente på å sjå kor orkesteret til slutt vil ende opp. Svaret på orkestergåta får vi først den 18. juni. Då er det urpremiere i Oseanasalen i Oseana. Sjå festprogrammet for andre speledatoar.

Gjennom ei frodig musikkforteljing blir vi kjend med Havfolket, Brefolket, kongar og dronningar. Vi møtar Gurifolket og Vinden, og blir med på ei reise som har som mål å rydde opp i problema som Guri Kunna skapar med dei amorøse kjenslene sine. Haugland trur publikum kjem til å elske det musikalske uttrykket.

7


PROGRAM

VELKOMMEN TIL STORSLÅTT OPNINGSFEST 18.-26. JUNI!

LLAURDAG 18.JUNI 13:00 OPNING AV KUNSTSAMLING OG UTSTILLINGSLOKALE

Per Grieg Sr. har ei av Bergens største og interessante kunstsamlinger. No har du mogelegheit til å sjå verka til nokre av Noregs største kunstnarar gjennom tidene på nært hald. Me opnar óg utstillingrommet der du kan sjå både nye og gamle kunstverk frå Os.

13:00 OPE HUS

Oseana held dørene opne for alle dei som er nyfikne på korleis Os si nye storstove ser ut! Ope til kl 15:00.

14:00 GRATIS ANSIKTSMALING OG ABLEGØYER MED KÅRE KNALL

Klovnen Kåre Knall har greie på dette med underhaldning for store og små. Ta med deg borna på ballongshow og eit tullete trylleshow heilt utanom det vanlege!

16:00 GRATIS KONSERT MED SØRE NESET MUSIKKLAG

Søre Neset Musikklag kjem med eit variert repertoar.

SUNDAG 19.JUNI 10:00 OS FRIMERKEKLUBB STILLAR UT I FOAJÉEN

19:00 HAVFEST I OSEANASALEN

I samarbeid med Opera Omnia inviterer Oseana på folkeopera i Oseanasalen. HavFest er hovudframsyninga under opningsfesten, ei fargerik og spektakulær familieframsyning med eit filmatisk lydbilete du sjeldan får oppleve. Varer til kl. 21:30. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice eller på posten.

I samband med opninga av Oseana vil det bli sal av eigne Oseanafrimerke. Sjå også Os Frimerkeklubb si utstilling i foajéen. Utstillinga og sal av frimerke vil gå føre seg til og med torsdag 23. juni

12:30 THE BERGEN PIPE BAND

Forrykande sekkepipeopptog frå Osøyro til Oseana, med påfylgjande konsertarrangement. Varer til kl 13:00.

13:00 OPE HUS

Oseana held dørene opne for alle dei som er nyfikne på korleis Os si nye storstove ser ut! Ope til kl 15:00.

13:00 GRATIS KAMMERKONSERT

Lærarane ved Kongshaug vidaregåande skule har øvd og øvd, og øvd enno meir for at denne søndagsmatinéen av ein kammerkonsert skal bli så minneverdig som mogeleg. Kom og la deg imponera!

17:00 SENIORDANS, KOR OG LEIKARRING

19:00 URPREMIERE AV FOLKE OPERAEN ”HAVFEST”

MÅNDAG 20.JUNI

Os Pensjonistforening arrangerer dans og gratis underhaldning. Varer til kl 18:30.

19:00 HAVFEST I OSEANASALEN

I samarbeid med Opera Omnia inviterar Oseana på ein folkeopera heilt utanom det vanlege. HavFest er hovudframsyninga under opningsfesten, ei fargerik og spektakulær familieframsyning med eit filmatisk lydbilete du sjeldan får oppleve. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice eller på posten.

I samarbeid med Opera Omnia inviterar Oseana på ein folkeopera heilt utanom det vanlege. HavFest er hovudframsyninga under opningsfesten, ei fargerik og spektakulær familieframsyning med eit filmatisk lydbilete du sjeldan får oppleve. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice eller på posten.

21:30 RIO - ROCK I OSEANA

Os Rockeklubb og Søfteland Rock’n LOL inviterer til heftig rockekonsert i foajéen! Kvelden vil innehalde rocke-quiz, eit eksklusivt musikalsk innlsag samt musikk frå ein DJ. Her blir det klubb-stemning for dei som likar høgt desibelnivå! Vil Oseana verte sertifisert som ”Rock`n Roll Approved Venue”? Varer til kl. 24:00 Billettar får du i døra.

T YSDAG 21.JUNI 19:00 HAVFEST I OSEANASALEN

I samarbeid med Opera Omnia inviterar Oseana på ein folkeopera heilt utanom det vanlege. HavFest er hovudframsyninga under opningsfesten, ei fargerik og spektakulær familieframsyning med eit filmatisk lydbilete du sjeldan får oppleve. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice eller på posten.

FOR BILLETTER TIL ALLE ARRANGEMENT 24. OG 25 . JUNI, sjå www.osoren.no 8


ONSDAG 22.JUNI 17:00 KAMMERKONSERT

Konsert med master class elevar frå Jiri Hlinka klaverakademi. Billettar får du i døra. Til ca. 18:30.

20:00 KROHNENGEN BRASS BAND

Eit av Noregs beste brassband kjem frå Sandviken og byr på høg musikalitet på mange plan. No kan du få oppleve Krohnengen Brass Band LIVE i Oseanasalen. Til ca. 21:30. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice, posten eller i døra.

TORSDAG 23.JUNI 17:30 ST. HANSAFTEN I MOBERGVIKJO

Os turlag og Os Speiderlag inviterer til tradisjonell midtsommarfest for heile familien. Stort St. Hansbål og musikk med Os Spelmannslag og Dursamskipnaden vil setje stemninga og lage fest for store og små. Arrangementet er gratis. Arrangementslutt 19:30.

21:00 BILLY T BAND M/ BERNIE MARSDEN I OSEANASALEN

Billy T Band levarer svingande blåtoner til ståkarakter og fekk nyleg Spellemannpris for årets bluesalbum i 2010.

ca.22:00

TONE LISE MOBERG I FOAJÉEN

Tone Lise Moberg frå Os imponerar med sitt jazztalent i foajéen. Saman med bandet speler ho latinamerikansk musikk.

BB LYNGS BLUESBAND I VARGASALEN

Blues med sjel og energi frå BB Lyngs Bluesband i Vargasalen!

ca.22:30

ca.23:30

BERNIE MARSDEN I OSEANASALEN

Det blir fullt trøkk i Oseanasalen med Bernie Marsden, tidlegare gitarist i Whitesnake, når han kjem med ein hyllest til Rory Gallagher.

RICH HARPER I VARGASALEN

ca.00:30

Opplev eit liveband av ekstraordinær sort med amerikanaren Rich Harper i Vargasalen.

20:00 VAMP I OSEANASALEN

Osøren Blues & Jazzfestival har, i samarbeid med Oseana, hanka inn VAMP for å kickstarte årets festival. VAMP er Noregs fremste utøvarar av folkemusikk, kombinert med viser og rock. Billettar får du hos billettservice eller på posten.

FREDAG 24.JUNI 17:00 OPNING AV OSØREN BLUES & JAZZFESTIVAL MED BILLY T BAND.

Billy T Band vann årets Spellemannpris for beste bluesalbum i 2010. Dei opnar årets festival i foajéen!

LAURDAG 25.JUNI 12:00 FESTIVALJAM MED HEREIDE AND THE BLUESGANGSTERS

Det blir formiddagsjam i solveggen på terrassen med utadvendt og ernergisk blues frå Hereide and the Bluesgangsters.

HEREIDE AND THE BLUESGANGSTERS I FOAJÉEN

Matiné med utadvendte Hereide and the Bluesgangsters i foajéen.

ca.15:00

ca.16:00

BLUE NOTE SHUFFLE I FOAJÉEN

20:00 PAPA SLIDE BAND I VARGASALEN

Opplev dei lokale heltane i Blue Note Shuffle i foajéen.

ca.17:00

Høyoktanblues frå Bergen i form av Papa Slide Band!

20:00 OSØREN JAZZENSEMBLE I FOAJÉEN

Osøren Jazzensemble speler svingande tradjazz akkurat slik det skal vere!

PAPA SLIDE BAND I FOAJÉEN Papa Slide Band frå Bergen avsluttar matinéen i foajéen.

19:30 JOLLY JUMPER & BIG MOE I VARGASALEN

Jolly Jumper & Big Moe har i lengre tid blitt kalla Noregs leiande akustiske blues duo.

20:00 BLUE NOTE SHUFFLE I OSEANASALEN

Blue Note Shuffle frå Os speler moderne elektrisk texasblues og klassisk texasshuffle. Opplev dei LIVE i Oseanasalen!

20:00 TONE LINN MJÅNES QUINTET I FOAJÉEN

Svingande jazz med lokale Tone Linn Mjånes Quintet.

ERIC ”SLIM” ZAHL & THE SOUTH WEST SWINGERS I VARGASALEN

ca.22:00

Eric “Slim” Zahl & The South West Swingers var i år Spellemannominert for beste bluesalbum i 2010.

ca.22:00

WASHAMBA I FOAJÉEN

Bergensbaserte Washamba miksar latinske rytmar med jazz og folkemusikk.

ca.22:30

VIDAR BUSK & HIS TRUE BELIVERS I OSEANASALEN

Vidar Busk med original besetning!

ca.00:30

VETRHUS BLUESBAND I OSEANASALEN

Stødig liveblues med Vetrhus Bluesband frå Hardanger!

ca.00:30

RICH HARPER I VARGASALEN

Livelegenden avsluttar kvelden i Vargasalen.

SUNDAG 26.JUNI 16:00 ”VERN OM MIN JORD” I OSEANASALEN I fjor fylte Kari Fjeldstad Grieghallen med

sin miljøsong ”Vern om min jord”. No inviterer ho til konsert i Oseana. Billettar får du via www.oseana.no, billettservice, posten eller i døra.

20:00 ”MELLOM FJORDAR OG FJELL” KORKONSERT I OSEANASALEN Gjennom eit allsidig program presenteres

åtte kor frå Os - både kvar for seg og samla. Billettane vil bli lagt ut for sal frå 23. mai på Statoilstasjonen på Os, hos kora og i døra.

9


Svingande jazz og sveitt blues

– NO I OSEANA!

VAMP m/Eivør Pàlsdòttir spelar i Oseanasalen 23. juni.

Det er duka for årets happening i Os! For første gong sidan festivalen starta for tretten år sidan skal Osøren Blues & Jazzfestival flytta inn under eitt og same tak. Større, betre og med fleire store namn på programmet, blant desse ein fersk Spellemannprisvinnar. – Osøren Blues & Jazzfestival er blitt kjend for sin kvalitet og mangfald, og årets festivalprogram lovar toppartistar frå inn- og utland. Billy T Band vann årets Spellemannpris for beste bluesalbum i 2010. Dei står for årets opningskonsert! Festivalsjef Gunnar Nagell Dahl er ekstra gira foran årets festival. Kven hadde vel drøymt om at ein i 2011 skulle kunne invitere til innandørs festival? – Vi garanterer tørrskodde konsertopplevingar, god lyd og topp stemning! Som festivalgjengar kan du i år sjå fram til å vrimle frå konsert til konsert i tre salar i det nye kunst- og kultursenteret. Få med deg Vidar Busk med opprinneleg besetning, amerikanaren Bernie Marsten, Rich Harper og lokale Blue Note Shuffle, for å nevne nokon.

10

– I år kjem vi, for første gong, til å selje festivalpass. Har du pass kan du vandre fritt mellom dei tre ulike konsertsalane og få med deg fleire band på same kveld. I tillegg til å ha fullt kjør inne i Oseana vert det arrangert jam i solveggen på terrassen utanfor innganspartiet frå klokka tolv på laurdag formiddag. Få også med deg eitt eller fleire av åtte cruise som vert satt opp som tidlegare år. – Cruisa våre er enormt populære! Her får du ei fortetta stemning og ei heilt unik oppleving av musikken. Blues og jazz egner seg ofte best på små scener. Festivalsjefen forventar at 5000 blues og jazzinteresserte publikum vil vere innom i løpet av dei tre dagane festivalen arrangerast.

Med eit fyldig festivalprogram og spennande nye lokalitetar, tyder alt på at årets festival blir like sveitt og svingande som tidlegare år. Detaljert festivalprogram finn du ein annan plass i avisa.


PORTRETT Lenge såg det ut for at Gunnar Nagell Dahl ikkje ville stille til attval som festivalsjef for Osøren Blues & Jazz Festival anno 2011. Han var rett og slett lei av rutinane! Så vart det klart at årets festival blir lagt til Oseana, og dermed var spenninga i gang. No gjeld det berre for sjefen å hugse namna på årets artistar.

Ein spenningsøkjande

festivalsjef – Heldigvis har eg vondt for å hugse namn. Eg prøver å se positivt på det. Gunnar Nagell Dahl har sjølvironi på det faktum at han ikkje er særleg god på namn. Han må alltid ha med jukselapp når han blir intervjua. Ein slik lapp har han glømt i dag. Journalisten får heller spørje om kor interessa for blues & jazz kjem frå? – Far min var musiker, så interessa for musikk fekk eg som liten gut. Interessa for blues fekk eg i 1972 då eg blei kjend med bluesmiljøet i Bourbon street. Gunnar var tilsett som kokk på båt og fekk sjå store delar av verda som ung mann. I New Orleans kunne han sitje og høyre gamle bluesmusikarar jamma heilt til ølet dovna vekk. – Det var fantastisk!

I dag brukar Gunnar mykje tid på konseptutvikling innan lokal mat, og arbeid med festivalar i inn- og utland. Han er tilsett som matattaché i fylkesmannen si landbruksavdeling. Han er lidenskapeleg oppteken av mat og vil helst improvisere med råvarane. – Eg føler meg fanga viss eg må følgje ei oppskrift. Det blir som å spele musikk etter noter. Festivalsjefen prøver alltid å bryte ut av rutinar. I år er arbeidet med Osøren Blues & Jazz Festival lite prega av rutinar. For første gong sidan starten i 1998 skal Os si framste happening om sommaren samlast under eitt tak. – Det er mange fordelar ved at festivalen blir lagt til Oseana, men som konsertarena er det nye kulturhuset heilt uprøvd. Det ligg mange utfordringar i det. Gunnar er, som resten av styret i Osøren Blues & Jazz Festival, ein typisk ildsjel. Saman jobbar dei fram festival etter festival heilt utan å ta betalt for det. Festivalsjefen betalar til og med den faste medlemsavgifta. – Rich Harper! – Kva for noko? – Du spurde om eg hadde ein favoritt i årets festivalprogram. No hugsar eg namnet: Rich Harper. Som bluesartist og på gitar er han absolutt ein av mine favorittartistar. Journalisten noterer. Ho hadde gløymt spørsmålet frå starten av intervjuet. Betryggande nok gløymer ikkje festivalsjefen, og til tross av ein litt sviktande detaljhugs lovar Gunnar Nagell Dahl ein festival med fleire høgdepunkt. Festivalen tjuvstartar med VAMP i Oseana Storsal den 23. juni. Eigen omtale og detaljert program finn du ein annan plass i avisa.

Festivalsjef for Osøren Blues og Jazz Festival, Gunnar Nagell Dahl.

11


Suksessen

”Smakverket” til Oseana Mat er også kultur. Derfor skal du som tar turen til Oseana også bli begeistra på matfronten. No opnar Færingen restaurant & kafé i det nye kunst – og kultursenteret på Mobergsneset.

Bak Smakverket står ein gjeng mat- og kaffi-entusiastar som har samla si erfaring og kunnskap i eit konsept som handlar om den gode smaken. Dei ser det som ei fantastisk moglegheit å starta opp på Oseana, og til å bringa sin kompromisslause haldning til kvalitet vidare gjennom Færingen restaurant & kafé. Alt av sausar, majonesar og bakverk er laga på Færingen. I tillegg er råvarekvalitet viktig. Dei bruker til dømes bacon berre frå Brakstad og kylling frå Stange gård. I Oseana vil det også vera eit stort fokus på lokale råvarer. Færingen vil ha ope frå morgon til kveld kvar dag. Her vil du kunna nyta kaffi av dei fleste slag, i tillegg til ei rekkje smårettar, som lune smørbrød og kalde og varme lunsjrettar. All mat blir laga på bestilling, så ferdigsmurte sandwichar i glassmonter finn du ikkje her. Utover ettermiddagen og kvelden vil det også bli servert deilige middagsrettar og gourmetmenyar.

12

Os er ein kommune i sterk vekst og entusiastane i Smakverket trur det finst ein marknad for dagleg drift i bygda. Akkurat no er Smakverket i gong med å få tak i kjøkkensjef, kokkar og servitørar til Færingen restaurant & kafé. Dei ønskjer alle i Os og omegn velkomen til store smaksopplevingar i tida som kjem.


PORTRETT Før lunsj kan Terje Søviknes gjerne ha drukke seks koppar kaffi, men utan å ha hatt ein einaste kaffipause. Han har to mobiltelefonar, eitt sett øyrepluggar og i underkant av fire tusen vener på nettsamfunnet Facebook. Ordføraren i Os er utan tvil ein mann med mange jern i ilden, og det er akkurat slik han vil ha det.

Terje Søviknes

– ein kontrollfreak

– Eg vil helst vere tett på og likar å gjere ting sjølv. Eg veit at det er den raskaste vegen til målet. På mange områder er eg nok ein kontrollfreak. Terje Søviknes har is i magen. Han taklar kvardagen som travel ordførar ved å tenkja dag for dag, avtale for avtale. Akkurat no har han vore i eit møte om fergefri kyststamveg mellom Stord og Bergen. Terje sitt andlet lysar opp av praten om ei spektakulær flytebru. – Noko verda aldri har sett før! Då tennar eg! Ordføraren i Os er mildt sagt risikovillig. Han kallar det for ”kalkulert risiko” når praten går over på Oseana. Eit prosjekt som kom i gang med Terje ved roret, til tross for eit hol på mange millionar i finansieringa. – Hvis du skal venta til alt er 100% på plass, tar ting ofte altfor lang tid og det blir fort dyrare. Vi hadde øydelagt heile prosjektet om vi skulle venta til alt var på plass med finansieringa. Per Grieg Sr. sitt initativ var for godt til å takka nei til. Iphonen til Terje ringer. Det er ein frå fylkeskommunen. Ordføraren løftar telefonen til øyret, men høyrer ingenting. Øyrepluggane heng framleis i. Terje ler. Det kan nokre gonger gå litt fort i svingane.

– Kva er det kjekkaste med ordførarvervet i Os kommune? – Det er utan tvil dialogen med innbyggjarane. Eg føler at eg har fått kontakt med mange i løpet av alle åra som ordførar. Terskelen for å ta kontakt er lav, det er kanskje det eg sett mest pris på. Terje Søviknes har nytt godt av tilliten til veljarane tolv år har han fått lov til å styre skuta i Os. Jobben har ført med seg utallige prosjekt, mange av dei har vore stikk i strid med Framstegspartiet sitt politiske grunnprogram. – Carl I. Hagen har ironisk sagt at alt det FRP-politikarar ikkje skal gjere, det har eg gjort! Oppføringa av Noregs første kombinerte kunst – og kultursenter er eit av dei prosjekta som det ikkje akkurat luktar FRP-politikk av. Men under parolen om at dette er eit OPS-prosjekt, altså eit OffentlegPrivat-Samarbeidsprosjekt, har Søviknes leia både byggekomiteen og driftstyret til Oseana. Engasjementet rundt senteret har vore spanande for ordføraren å følgje. Tilbakemeldingane har vore overveldande positiv, medan nokre kommentarar har vore vanskelegare å svelgja.

– Det verste har kanskje vore at eg har blitt mistrudd på motiva for å realisere Oseana. Utan å framstå som ein sutrekopp så må eg få lov til å seie at det er litt sårt å høyre at ”no skal Terje byggje seg eit slott”. Eg taklar det, men eg kjenner litt på det. Ordføraren har ein klar ambisjon om å gjere sentrum i Os meir attraktivt for folk flest, osingar og tilreisande. Han trur det same vil skje med Oseana som det har gjort med Osbadet, at bergensarane ser mot Os for nye opplevingar saman med vener og familie. – Oseana vil gje Os ein sterkare identitet og naudsynte impulsar inn til sentrum. Eit viktig steg i riktig retning om vi skal vere det regionsenteret vi har sett oss som mål å vere. 17. juni er prosjektet, som nærmast har blitt ein baby for Terje, fullført. Då skal huset offisielt opnas av ordføraren. Kanskje er talen allereie klar? – Nei, talen blir ikkje skrive før tidlegast dagen før, men det er ingen grunn til uro. Eg har full kontroll!

13


Jiri Hlinka

Klaverakademi Klaverakademiet ble offisielt åpnet i september 2008 med Den tsjekkiske ambassadør, Den norske forsvarsminister, Fylkesmannen, Bergens - og fylkeskommunens ordførere til stede.

Akademiet er et unikt tilbud lagt til Bergen for nasjonale og internasjonale pianister i starten på sine konsertkarrierer. Professor/statsstipendiat Jiri Hlinka, som er kunstnerisk leder, er en internasjonalt anerkjent pianist og pedagog. Han har vært pedagog for flere av Norges mest kjente pianister i dag; pianister som vil dele det kunstneriske ansvar med Hlinka og etter hvert ta over etter at han oppnår pensjonsalderen i 2011. Det er blitt arrangert 5 masterklasser siden starten av akademiet, siste gang i mars 2010 med studenter fra syv forskjellige nasjoner hvorav 4 av studentene kom fra Norge. Studentene har gjort seg bemerket med egne konserter i blant annet Edvard Griegs hjem på Troldhaugen, i distriktet under Hardingtonar festivalen i juni 2009 og Kabuso mars 2010, og i Rekstensamlingene hvor masterklassen avholdes. Akademiet har innledet samtaler om deltakelse på Festspillene i Bergen. Studentene bor på Rekstensamlingene og har 6 flygler og 4 pianoer til disposisjon under oppholdet. Denne

muligheten og Jiri Hlinka som pedagog har gjort akademiet til en ubetinget kunstnerisk suksess som ikke har gått ubemerket hen i media. Akademiet har så langt basert driften på beskjedne beløp fra kommune, fylke, et par lokale sponsorer, billettinntekter fra konserter og kursavgift. Vi har ambisjoner om å utvikle akademiet videre med blant annet kammermusikk, engasjere spesielt unge talenter på ”åpne masterklasser” med Jiri Hlinka og studentene, gjøre den klassiske musikken tidsaktuell og tilgjengelig for et yngre publikum ved å benytte ulike virkemidler/ytringsformer, og lage en arena for samarbeid med andre institusjoner hvor man kan utveksle erfaringer, kompetanse og interesse for tilgrensende musikkgenre. Av historisk grunner og på grunnlag av vår erfaring så langt, ligger det spesielt godt til rette for videreutvikling av et pianoakademi på høyt nasjonalt og internasjonalt nivå i Bergen hvor man ser et økt engasjement fra Jiri Hlinkas tidligere elever som i dag har nasjonal og internasjonal anerkjennelse.

KAMMERKONSERT med Jiri Hlinka Klaverakademi 22. juni kl 17:00 Konsertintroduksjon ved Leif Ove Andsnes.

Foto: Simon Fowler / EMI Classics

14


<B N GE ER

T HA

552

K VI

>

552

552 552

JEM

BUSS TUR/RETUR BERGEN:

<H

ALH

Rute 600 frå Nesttun terminal. Meir info: www.skyss.no FOR BESØKJANDE MED BIL

Bruk parkeringsområder som er markert på kartet. Vi oppfordrar innbyggjarar i Os om å la bilen stå i perioden 18. - 26. juni for å gi plass til besøkjande gjestar.

FAKTA OM OSEANA Byggjestart for Oseana kunst- og kultursenter fann stad 24.04.09, og i juni skal bygget overleverast til driftsorganisasjonen Oseana KF. KF står for Kommunalt føretak, og organisasjonsforma kan samanliknast med eit aksjeselskap i det private. Oseana KF har eige styre, og eigen administrasjon med 4 tilsette. Direktør Kim Kristoffersen skal, saman med arrangementssjef Berit Steen, teknisk sjef Kjetil Moberg og kulturhusvert Janne Mari Hjelle, driva senteret. Terje Søviknes (FrP) og Norvald Skåtøy (AP) er høvesvis leiar og nestleiar i styret for Oseana KF.

ENERGI Oseana har Noregs største solcellepanel m/363 moduler fordelt på 463 m2. Effekt 65 kW, og forventa produksjon 45 000 kWh/år. Samla redusert energibehov m/solceller og varmepumper til Bjørnefjorden er estimert til 695 000 kWh/år. Oseana har gjennom dette fått økonomisk støtte og forbildestatus som energieffektivt kulturbygg av ENOVA.

INVESTERING, BYGG 5 800 M2

DRIFTSBUDSJETT 2011

PRIVATE Grieg Foundation Oseanalauget

50,0 mill 26,6 mill

OFFENTLIG Fylkeskommunen Stat Os kommune

11,5 mill 1,4 mill 61,4 mill

ANNA Sal av parkeringsplassar Momsrefusjon TOTAL

4,0 mill 39,3 mill 194,2 MILL

Rest til finansiering *

16,5 mill

Total budsjettramme

210,7 mill

*

Løn

kr 2 150 000

Andre ordinære driftskostnader

kr 2 015 000

Oppstartkostnader

kr 2 300 000

Driftskostnader *

kr 6 465 000

Kommersielle inntekter (arr., husleige, restaurant, catering)

kr 2 815 000

Kommunal støtte **

kr 1 350 000

Eingongsinntekter oppstart

kr 2 300 000

(Grieg kr 1 500 000, Os kom. kr 800 000) Driftsinntekter

kr 6 465 000

* pga oppstart i juni er 2011-budsjettet basert på 2/3 år ** den kommunale støtta inneheld tidlegare driftskostnad m/Fjellheim, husleige for Kulturskulen og subsidiering av husleige til frivillige lag og organisasjonar.

I påvente av fullfinansiering vert rest 16,5 mill kr lånefinansiert gjennom Oseana KF, og renter dekkja av eit rentefond på 10 mill kr frå Grieg Foundation. Arbeidet med statlege støtte og sponsormidlar held fram i 2011.

15


OSEANA OPNINGSPROGRAM Velkommen til storslått opningsfest 18.-26. juni Billetter og meir info finn du på www.oseana.no, www.osoren.no, billettservice og posten. Ved enkelte arrangementer seljast også billettar i døra.

Oseana treng frivillige til oppgåver som publikumskontakt, vakthald, rigging, omvising og anna type arbeid. Ta kontakt med kulturhusvert Janne Mari Hjelle, tlf. 97 09 69 97 eller på mail: janne@oseana.no

ADMINISTRASJON, OSEANA Kim Kristoffersen - dırektør kim.kristoffersen@oseana.no

tlf. 992 40 394

Berit Steen - arrangementsjef berit.steen@oseana.no

tlf. 916 84 128

Kjetil Moberg - teknısk sjef kjetil.moberg@oseana.no

tlf. 959 88 955

Janne Mari Hjelle - kulturhusvert janne.mari.hjelle@oseana.no tlf. 970 96 997

www.oseana.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.